Kjelda nr. 2 2013

Page 1

kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.38 Side 1

Kjelda

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Nr. 2 - Juni 2013. Ă…rgang 22

Sogn og fjordane fylkeSkommune

Fylkesarkivet pĂĽ Internett: www.fylkesarkiv.no


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.38 Side 2

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

Stemmerett for kvinner i 100 år Den 11. juni i år er det 100 år sidan kvinnene fekk stemmerett. Rundt om i Noreg blir det markert på ulikt vis. Her i Sogn og Fjordane har det blitt lagd ei utstilling: «Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane». Utstillinga består av tekst og bilete om 26 kvinner frå Sogn og Fjordane, ein plakat for kvar kommune. Utstillinga skal ut på vandring over heile fylket i løpet av 2013. Eg tykkjer utstillinga er gripande, og opnar opp for undring og ettertanke. Vi kjenner att mange kjende kvinner: frå legendeskikkelser som St. Sunniva og Jostedalsrypa til våre dagars kvinneprofiler innan politikk og underhaldning: Liv Signe Navarsete og Tone Damli. Men

her er og andre damer: Rangele Varlid, Malla Moe, Randi Blehr og Gustine Hjelmeland. Kjenner du til namna? Sannsynlegvis ikkje. Mange av desse kvinnene er ukjende for oss i dag, komen bort på den vegen som historieforteljinga tek gjennom tida. Diverre har kvinner og kvinners innsats i stor grad blitt usynleggjort opp gjennom historia, bevisst og ubevisst. Vi som arbeidar i museum og arkiv ser det tydeleg: kvinner generelt er – og det er særleg tydeleg om ein går litt attende i tid – lite synlege i litteratur og kjelder. Både arkiv og museum har nok i mange tilfelle skyld i det sjølve. Gjennom verne- og formidlingsarbeid har kvinnens kår og hennar livsverd

Redaksjon Snorre Øverbø (red.) Elin Østevik, Per Olav Bøyum, Marit Anita Skrede, Erle Hind Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt, men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Marit Anita Skrede. Utforming: skrivargarden.no

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no Fylkesarkivar: Snorre Øverbø, tlf. 57 65 64 01, snorre.d.overbo@sfj.no Arkivarar: Ole Stian Hovland (fagleiar), tlf. 57 65 64 19, ole.stian.hovland@sfj.no Marit Anita Skrede (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 20, marit.anita.skrede@sfj.no Kjerstin Risnes (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 06, kjerstin.risnes@sfj.no Cecilie Astrup Bustad (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, cecilie.astrup.bustad@sfj.no Geir Utmo (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, geir.utmo@sfj.no Randi Melvær (bibliotek/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, randi.melvar@sfj.no Elin Østevik (fotoarkivar) tlf. 57 65 64 18, elin.ostevik@sfj.no Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf. 57 65 64 14, per.olav.boyum@sfj.no Erle Hind (musikkarkivar), tlf. 57 65 64 12, erle.hind@sfj.no Bodil Marie Nornes (prosjektarbeidar), tlf. 57 65 64 17, bodil.marie.nornes@sfj.no

vore sett på som mindre «viktig» enn menns. Men det har og ein del med kva som er overlevert av kjelder og arkiv frå tidlegare generasjonar. I arkiva våre er kvinner omtrent fråverande frå 1800-talet og langt inn på 1900talet. Desto betre då er det at vi kan bruke kvinnestemmerettsjubileet til å hente fram nokre av desse «ukjende» kvinnene. Utstillinga «Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane» syner oss andre forteljingar enn dei vi plar møte i skrift og på skjerm. Ta deg tid til å gå og sjå utstillinga og møt 26 kvinner frå heile fylket. Møt Rangele, Randi, Gustine, Samuline og alle dei andre damene som på sine område var sterke kvinnestemmer – og som framleis er det den dag i dag. (Les meir om utstillinga på s. 4 i dette nummeret av Kjelda) Snorre D. Øverbø Fylkesarkivar

Nettstad: www.fylkesarkiv.no

Personalnytt side 29. FRAMSIDEBILETE: Unni Løvlid. Foto: Ingvil Skeie Ljones/Grappa Musikkforlag.

2


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.38 Side 3

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

Innhald • Leiar Av Snorre D. Øverbø.......................................................................................................................................................................................................... s. 2 • Eit mangfald av kvinner Av Sigrun Espe .............................................................................................................................................................. s. 4 • Ingvald Totland Slipp og Mek. Verkstad Av Egil Totland................................................................................................................... s. 7 • Publisering av stadnamn frå Luster på internett Av Randi Melvær..................................................................................... s. 11 • Stadnamn i dikt Av Randi Melvær.................................................................................................................................................................................. s. 12 • I krysninga mellom tradisjon og fornying Av Erle Hind................................................................................................................... s. 13 • Tilvekst til biblioteket 06.02.2013-24.05.2013 Av Randi Melvær .............................................................................................. s. 18 • En meget uhyggelig historie .......................................................................................................................................................................................... s. 18 • Melding av Flora-soga, band 1, av Gaute Losnegård Av Finn Borgen Førsund......................................................... s. 19 • Vågsøy Historielag - Årbok 2012 Av Randi Melvær.................................................................................................................................. s. 21 • Etterlysing av ”Årbok for Sogn” 51/2005.................................................................................................................................................... s. 21 • Hornindalens Friskole Av Per Olav Bøyum........................................................................................................................................................... s. 22 • Kontaktkonferansen vel overstått Av Ole Stian Hovland...................................................................................................................... s. 25 • Arkiv skapt etter 1964 skal klargjerast for avlevering til depot Av Marit Anita Skrede................................. s. 26

3


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.38 Side 4

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

Eit mangfald av kvinner Av Sigrun Espe

Mosaikkbilete. Sett saman av Mariell Øyre, 2013.

Laurdag 4. mai vart utstillinga Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane opna på Kaupanger. Sigrid Moldestad sine stemningsfulle tonar, gode ord og talar, god kortreist mat og ikkje minst alle dei flotte kvinnene portrettert i utstillinga, var med på å skape eit vellukka arrangement. Alle desse kvinnene kan du lese meir om på nettsida kvinnestemmer.net. Jubileum Utstillinga og prosjektet Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane er ei markering av hundreårsjubileet for kvinners stemmerett. Men den er også ein del av fylkesjubileet - vi feirar i år at Sogn og Fjordane fylke har eksistert i 250 år, og denne utstillinga set fokus på kvinnene i fyl4

Arbeidsgruppa som har jobba med utstillinga. Frå venstre: Kjerstin Risnes, Sigrun Espe, Anna Avdem og Marit Anita Skrede. Foto: Aud Ross Solberg.


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.38 Side 5

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

ket. Kvinnene i Sogn og Fjordane har tradisjonelt ikkje gitt så høg lyd frå seg. Men kvinnene har utan tvil sett sine spor, og bana vegen for dei verdiane og den plassen kvinner i dag har, i sine lokalsamfunn og i det store samfunnsbiletet. Samarbeidsprosjekt Prosjektet Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane har vore eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Musea i Sogn og Fjordane og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Sidan i haust har ei arbeidsgruppe beståande av Anna Jorunn Avdem frå De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum, Kjerstin Risnes og Marit Anita Skrede frå Fylkesarkivet og Sigrun Espe frå kulturavdelinga jobba med prosjektet. I starten av prosjektet vart det grave fram informasjon om veldig mange kvinner frå heile fylket. Den tøffaste jobben i heile prosjektet var utveljinga av dei 26 kvinnene (ei frå kvar kommune) som skulle portretterast, sidan så mange andre flotte kvinner måtte veljast vekk. Arbeidsgruppa har hatt god hjelp frå andre tilsette på Fylkesarkivet og frå Sunnfjord Museum, Nordfjord Museum, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Kystmuseet. Kvinnene Eit av måla med utstillinga var å vise fram eit utval av kvinner frå fylket: Eldre og yngre, kjende og ukjende, lågmælte og høgrøysta, tradisjonelle og nyskapande. Vi kan blant anna lese om bondekona Rangele som gifta seg for tredje gong i ein alder av 80 år, og det med ein mann som var over 20 år yngre; Nikka Vonen som var folkeminnesamlar, skulestyrar og målkvinne i Fjaler; den engelske fjell-

Frå utstillingsopninga ved Sogn Folkemuseum. To sterke kvinnestemmer: dei to spelkvinnene Sigrid Moldestad og Samuline Seljeset. Foto: Sigrun Espe.

klatraren Margaret som fell for ein Kvikne-gut og vart hotelleigarfrue i Balestrand; Ingeborg Grytten frå Askvoll som var prestedotter, salmediktar, ei av to kjende kvinnelege diktarar i Noreg på 1600-talet og spedalsk; Sogndalsjenta Tone som vart nasjonal kjendis; Malla Moe frå Hafslo som var misjonær i Swaziland i over 60 år; og presteenkja Sara i Selje som skreiv dikt og hadde eigen fiskebåt.

Kvar for seg fortel kvart kvinneportrett ei personleg historie, men samla viser kvinnene fram eit fylke med mangfald og variasjon. Konsert Sigrid Moldestad var eit naturleg val når arbeidsgruppa skulle velje ut ein artist til utstillingsopninga. Gjennom prosjektet Taus i 2007 gjorde Sigrid ein viktig jobb med å fortelje historiene til spelekvinner 5


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.38 Side 6

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

Ein del av utstillingsplakatane, her frå utstillinga på Kaupanger. Foto: Sigrun Espe.

frå Nordfjord og Sunnmøre. Ei av desse spelekvinnene, Samuline Seljeset frå Hornindal, har vorte ein del av denne utstillinga også. Gjennom sin musikk og sine tekstar skapte Sigrid ei naturleg og flott ramme rundt opningsarrangementet. Vandreutstilling Utstillinga representerer heile fylket. Ei kvinne frå kvar kommune er portrettert. I tillegg til desse 26 kvinneportretta er det fire plakatar som omtalar kvinner i eldre historie, kvinner i politikken, kvinner med makt og vegen fram mot ålmenn stemmerett. Utstillinga er trykt opp i tre eksemplar som kjem til å vandre rundt i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. I mai månad vart utstillinga opna på museet på Kaupanger, og 11. juni skal fylkestinget vere med på utstillingsopning på Sunnfjord Museum i Movika i Førde. Etter kvart kjem utstillinga til å verte satt opp også på Kystmuseet og på Nordfjord Museum. Det er folkemusea i dei tre regionane som administrerer plakatsamlingane, så om de er interesserte i å 6

låne utstillinga er det berre å ta kontakt med museet i din region eller med Kulturnett Sogn og Fjordane. Utstillinga skal også vere ein del av Den kulturelle skulesekken og det vert laga eit eige opplegg for ungdomsskular. Skular kan få dekka utgifter til transport for å sjå utstillinga ved eit av musea.

På Flickr kan de sjå fleire bilete frå utstillingsopninga: www.flickr.com/kulturnettsfj.

Digital formidling Alle kvinnene i utstillinga er å finne på kvinnestemmer.net, prosjektet si eiga nettside utvikla av Mariell Øyre, som også står bak formgjevinga av plakatane. På nettsida kan ein finne fleire bilete, fleire tekstar, kjelder og bakgrunnsstoff, samt lydfiler. Dei som har ein smarttelefon kan også få fram mykje av denne ekstrainformasjonen gjennom mobilapplikasjonen Layar samtidig som ein går rundt og ser på utstillinga. Ved å satse på digital formidling i tillegg til plakatutstillinga håper vi å nå ut til enno fleire med prosjektet. Vi håper også at nettsida kan leve vidare i fleire år og vere ein ressurs for skular og andre som jobbar med kvinnestemmeretten og kvinnehistorie i fylket.

Utstillingsplakaten av Yaklin Sabeshiny Sureskumar frå Eid.


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.38 Side 7

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

Fylkesarkivet henta i mai i år arkivet frå Ing. Totland Slipp & Mek. Verksted A/S. Den skriftlege dokumentasjonen frå denne verksemda er såleis verna for ettertida. I tillegg har eigarane vore så historieinteresserte og framsynte at dei har lagt ned ein stor innsats for å ta vare på gjenstandar frå bedrifta. Altfor ofte skjer kulturvernarbeid på den måten at anten arkivet eller den materielle historia vert teke vare på, utan omsyn til at det skriftlege tilfanget og gjenstandane utfyller kvarandre. I Kalvåg har særleg Ove Totland brukt mykje tid og ressursar på å pusse opp eit gammalt verkstadlokale og klargjere utstyr og gjenstandar for publikum. Resultatet er eit privat museum som på ein veldig fin måte presenterer historia om bedrifta gjennom 90 år. Nedanfor presenterer me ein historikk om Ing. Totland Slipp & Mek. Verksted A/S, skriven av Egil Totland, barnebarnet til Ingvald.

Ingvald Totland Slipp og Mek. Verkstad Av Egil Totland

Slipp og verkstad Ingvald Totland var fødd på Bryggja i 1895. Han flytta til Kalvåg omkring 1902 saman med mora Petrine Roset Totland. Faren Martines Iversen Sylte Morsæth døde i 1897. Hos Sæternes i Måløy gjekk han i smed- og montørlære, og i 1916

starta han si eiga verksemd i leigde lokale i kjellaren i ”Larsen”-huset, men alt året etter vart det bygt eige verkstadbygg og båtslipp på Kalvøya. Tomta kjøpte han av Johan Melstvedt. Kalvåg var ein strategisk plass for ei slik verksemd, med dei rike torske-fiska på den tida. Den første

tida reiste Totland rundt ein del og monterte nye motorar i båtane. I fiskesesongane var det fullt opp med arbeid, dag og natt. Motorane var enklare då enn no. Reservedelar laga han på dreiebenken i verkstaden sin. Eller han fekk delar frå Måløy, Florø eller Bergen. Godt dampskipssamband til Kalvåg kunne då komme godt

Totland Slippen i 2009. Fotograf: Egil Totland

7


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.38 Side 8

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

med i om lag 25 år. Men på Kalvøya var det etter kvart lite laglege tilhøve. Særlig fordi sjøen kunne stå hardt på der slippen låg. I 1939 vart difor alt saman flytta opp i Kalvågen der det var betre hamneforhold. Arbeidet heldt fram som før, med fiskebåtane som det spesielle arbeidsfeltet.

Ingvald Martinesen Morsæth Totland f. 26.11.1895.

med. Forutan reparasjonar og vedlikehald av motorar hadde han fiskebåtar på slipp. Det kunne vere botnsmørjing, maling og anna vedlikehaldsarbeid. I periodar hadde han ein mann til å hjelpe seg. I dei rolegare periodane sommar og haust, laga han dei første åra mange trantønner i metall.

I 1943 vart Totland skada på linjearbeid, i nokre år vart då verksemda redusert, men så kom det nytt liv inn. Etter kvart kom alle dei tre sønene Roger, Ove og Magne inn i verksemda. Dei hadde alle opplæring i sveising og mekanikk. Ove, som også hadde teknisk utdanning, tok over som dagleg leiar i 1957. I 1961 vart verksemda omorganisert til aksjeselskap. Firmanamnet vart endra til Ing. Totland Slipp og Mek. Verkstad AS. Men også andre endringar var på gang. Fram til 1956 hadde arbeidet med fiskebåtar på slipp og til reparasjon, samt produksjon av fiskerullar vore hovudsaka. Men så vart det sett i gang med nye produkt.

Frå fiskerullar til dørstokkar og landbruksreiskapar Det første nye produktet dei starta med var smijernsarbeid til offentlege bygg i fylket, særleg trapperekkverk. Så laga dei og takkonstruksjonar i stål. I 1958-59 fekk dei arbeid på Bremanger Smelteverk med å vedlikehalde omnar. Dei laga og større jernkonstruksjonar til smelteverket. Kring 1960 var såleis verksemda i ferd med å endre produksjonen heilt. Det gamle verkstadbygget inni Kalvågen vart for lite. Eit nytt 10 meter høgt bygg på 400 m2 vart sett opp på Kalvøya i 1962. Det var ikkje lenger aktuelt å bygge slipp, då det vart slutt på båtreparasjonane. At fiskebåtane fall ut i ei verksemd som vart starta med fiskebåtane som kundar, var ikkje tilfeldig. Frå femtiåra og utover skjedde det store endringar i fiske-flåten. Talet på båtar under 50-60 fot vart drastisk redusert, større båtar vart aktuelle. Ved nybygginga i 1961 vart planane

Eit meir varig produkt vart fiskerullane til line, garn og not. Etter kvart vann han seg mykje erfaring med fiskerullane. Under krigen utvikla han ein type som han tok patent på. Denne var tilpassa både line- og garnfiske, og kunne brukast både på kystfiske og på havfiske. Ingvald Totland gifte seg 7. desember 1920 med Marta Rasmusdatter Andersen, dei fekk 4 born: Bergljot f. 1921, Roger f. 1927, Ove f. 1933 og Magne f. 1938. Då Ålfot Interkommunale kraftselskap bygde kraftlinjene sine ferdige i 1922 vart Totland linjevakt og reparatør, ved sida av sitt daglege yrke, ein jobb som han heldt fram 8

Magne framfor ei av maskinene for produksjon av dørterskler.


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.38 Side 9

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

omstille seg og finne på noko nytt. Som vi har sett, førte dette til verkstadprodukt i ei heilt anna gate enn tidlegare. Det viktigaste produktet framover vart den automatiske dørterskelen som Johannes Øksland frå Ryland hadde teke patent på og som vart utvikla av Ingvald og Ove Totland. Denne blir montert under døra og vert løfta opp når døra vert opna. På det meste vart det produsert 20.000-30.000 årleg.

Reklame for grasspreiar.

om ein større slipp på Kalvøya forkasta av Totland. Marknaden her var alt dekka i Florø og Måløy. Berre der vart det eit komplett tilbod på dei reparasjons- og servicetenester som dei moderne fiskefartøya kravde, og gjerne ville få utført på ein stad. Såleis vart Kalvåg akterutsigla. Skulle Totland Mek. Verkstad klare seg, måtte dei

I syttiåra vart det laga ein del skipsmaster til Ankerløkken i Florø. I 1970-71 prøvde dei seg også på å produsere skistativ til bilar, men desse vart for dyre. Viktigare vart ein større produksjonsavtale med Bremanger Smelteverk på røyr og jernkonstruksjonar. Dette var bakgrunnen for at verksemda utvida med ein ny sveisehall i 1974. Den var like stor som nybygget i 1961, og var utstyrt med moderne produksjonsutstyr og ein 15 tonns kran.

Reklame for automatisk dørterskel.

Det hadde vore ein fem-seks personar i arbeid sidan 1962. Frå 1975 vart arbeidsstokken auka til 12. Då avtalen med Bremanger Smelteverk vart oppsagt i 1981, vart seks av desse permittert, og det store nybygget har for det meste stått ledig. Men nye produkt hadde vore under utprøving i sytti-åra. No var det landbruksreiskap verksemda ville prøve seg på. I 1982 vart det sett i gang produksjon av silograsspreiar, som vert nytta til å spreie og jamne graset ved innlegging i silo. Dei hadde då vore gjennom fem års produktutvikling i samarbeid med Landbruksteknisk institutt på Noregs Landbrukshøgskule. Det vart og sett i gang prøveproduksjon av ein type sjølvlessande traktorskuffe.

Frå museet: Produksjonsutstyr til automatisk dørterskel.

Men det mest vellukka produktet i så måte er utan tvil den automatisk dørterskelen ”Total”, som verksemda har produsert 750 000 av i løpet av over 40 år. Silograsspreiaren har dei laga 1700 eksemplar av. Driftsgrunnlaget og

9


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.38 Side 10

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

produkta til Ing. Totland Slipp og Mek. Verkstad AS har såleis blitt noko heilt anna enn det Ingvald Totland i si tid starta opp med. Ove Totland og broren Magne Totland er no komne opp i pensjonsalderen, og dei tykkjer det er på tide å gje seg. Broren Roger trakk seg ut av firmaet i 1997. Så 90 år med industrihistorie er no slutt (2006). Retten til å produsere dei patenterte sjølvløftande dørstokkane vart ført over til Florøverksemda Vestnes Produkt AS. Ing. Totland Slipp & Mekanisk Verkstad AS og Totland Eiendom AS vart selt til Kalvøya Utvikling 24.11.11. Frå museet: gamle støypemodellar.

Slippen utanfor museumslokalet.

10


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.38 Side 11

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

Publisering av stadnamn frå Luster på Internett

Av Randi Melvær

Stadnamnmøte den 7. mai 2013 i Gaupne: Rundt bordet sit (frå venstre) Olav Stølen frå Jostedal historielag og koordinator for heile kommunen, Arne Kvalen frå Hafslo sogelag, kultursjef Erling Bjørnetun og Valborg Heløy frå Luster sogelag.

Sidan 2002 har sogelaga i Luster kommune arbeidd med stadnamna sine slik at samlinga med namn skulle bli best mogeleg. Dei starta med ei samling på 11 094 stadnamn som blei samla inn på 1980-talet. Dei fleste ville latt det vere med det. Men sogelaga i Luster ville forbetre innsamlinga. Luster sogelag, Hafslo sogelag og Jostedal historielag sette i gong med det store arbeidet. Heile 2 700 km2 Luster er den største kommunen i fylket med eit flatemål på 2 700 km2. Med dette kjem mange stad-

namn. Busetnaden er også grisgrendt, utan mange tettstadar. Det gjer også at stadnamna blir hugsa betre enn om det hadde vore byar og tettstader. Der kvardagslivet ikkje endrar seg så mykje, vil stadnamna bli hugsa lenger. To nettstader Kommunen har no løyvd pengar til å få publisert stadnamna på Internett. Dei vil vere tilgjengelege på to nettadresser. På www.fylkesarkiv.no finn du for kvart namn ei dialektform av namnet skriven med lydskrift og ei normalisert form. Namna er også tilgjengelege på

www.fylkesatlas.no. Her vil namna ligge med den normaliserte forma slik som stadnamna frå Statens kartverk. Det er lova om stadnamn som krev at vi også har ei normalisert form. Fylkesarkivet sine normaliserte namneformer ligg nært opp til dialektformene. Hjelp til å søkja i databasen Dei som ikkje får til å søkje opp namna på Internett, kan ringe Fylkesarkivet mens ein har pc-en føre seg og bli rettleidd stegvis fram. Telefonnummeret er 57 65 64 00. Det ligg no (pr. 22. mai 2013) 2 098 stadnamn ute på nettet. 11


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.38 Side 12

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

Stadnamn i dikt Av Randi Melvær

Arnfinn Urnes: Arnfinn Urnes vart fødd 2. april 1888 og døydde i 1952. Han var son av Søren Jørgenson Urnes og Rannei Vee. Han gifta seg med Ida Julia Vetti fødd 31. januar 1895 i Årdal i Sogn. Foreldra hennar var Jørgen Vetti og Jørgina Moen. Arnfinn Urnes gjekk ut av Stord lærarskule i 1910. I folketellinga i 1910 for Hyllestad finn eg han som «ugift folkeskolelærer» og «enslig losjerende» i ein familie i Skor (Utløbakken). Fødestaden står oppgjeven som Hafslo. Truleg har han hatt eit kort vikariat, sidan han i «Norske skulefolk» er registrert som lærar i Hjartdal same året. Han var lærar i Hjartdal i Telemark 1910-12, i Furnes i Hedmark 1912-14, på Kvitingsøy i Rogaland 1914-18 og på Jevnaker i Oppland frå 1918. Diktet er frå samlinga «Dei heimlege tonar» som kom ut på Lunde forlag i Bergen i 1935. I samlinga er det fleire dikt om Urnes og om Sogn. Eg tek dette diktet inn i Kjelda fordi det fortel om stadnamn i fjellet over Urnes i Luster kommune.

På Odnes-fjelli (Eit lite minnekvad) Her rett eg heime er, eg glad meg kjenna; ja her er mine fjell og tjørnar små. Her fjell bak fjell stig fram or lufti blå, og bekkjesildror millom lyngen renna.

Og der på grøne bø ligg Nyestølen, her skog det vaks båd’ stor og gjæv og grom den tid dei upp frå Fodnasete kom og rudde so den tridje seterbøen. So mang ein gong som gut eg her hev vanka – me oftast var ein tvo ell’ tri i lag; ja det var tid – det var ein annan dag når her me sprang umkring og blåbær sanka. Og attmed ligg Nystøltjørn og drøymer imillom siv med surr av ørnastøng. Um glade born som hoppa her og song du fagre tjørn so mangt eit minne gøymer. Eit lomepar deg kvar ein sumar gjesta og bygde reir ved bredden din ein stad; med skip me ofte leika her so glad, ja slike ting seg godt i minne festa. Kjelder: •Personopplysningane kjem frå Carsten Schanke i Forum på Digitalarkivet. Opplysningane har han frå «Norske skulefolk» 1934. •Også personopplysning frå artikkeldatabasen Fjognedok. •Folketelling frå 1910 i Hyllestad teken frå Digitalarkivet.

Der lengst i vest seg breida bjørkelider frå Uglehaugen og burt til Tausasvad; i Åsen der eg ofte sprang så glad – no sæle minni fram i hugen glider. Der burte hev me gamle Røssesete, der støl det var i mange Herrens år, og etter seli murar enno står, derfrå vart stølen flutt til Fodnasete. So smal og djup seg Kjøadalen svingar, her Bamse-far hev rusla mang ein dag og freista gjeva ku og sau eit labbeslag, den karen ei um slaktet lenge tingar. Og ser eg so mot sud, ris Middagsfjellet so høgt mot sky med varde øvst på topp, Her er Urnes-fjella som Arnfinn Urnes skreiv om. Stadnamna her er namn frå kartverder mang ein gong som gut eg rusla upp ket sitt kart. Det skal om ikkje så lenge kome fleire stadnamn frå Stadnamnprosjektet i og stal meg burt frå mor og seterstellet. Luster i dette området. 12


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.38 Side 13

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

I krysninga mellom tradisjon og fornying Unni Løvlid Norsk folkesongar fødd 23. mars 1976 i Hornindal, busett i Oslo Aktuell med ny plate, Lux, sleppt i april 2013 Skal spele på Førdefestivalen i sommar Utdanna frå Norges musikkhøgskole. Ho er den fyrste som har utøvande hovudfag i tradisjonssong Har samarbeidd med Draup, Karl Seglem, Arne Nordheim, Maja Ratkje og Ørjan Matre Er medlem i gruppene Rusk og Seven Winds Arbeider som utøvande frilansmusikar i inn- og utland Stemma hennar er klar som vestlandslufta, og i musikken hennar er det mange luftehol og få ord. Melodiane er tufta på folkemusikk, samtidsmusikk og elektronisk musikk. Honndølen Unni Løvlid, som er ein av folkemusikkens fremste utøvarar, er i år plateaktuell med «Lux», og utover sommaren gjer ho ei rekkje konsertar rundt om i fylket. I dette intervjuet fortel folkesongaren om lys, håp og tålmod.

ein veldig akademisk veg.» Mor til Unni, folkesongar Oline Løvlid, tilnærma seg folkemusikken på eit meir tradisjonsbunde vis. Ho budde i Hornindal og byrja gradvis å samle inn materiale i lokalmiljøet. «Då eg var heime i feriar og slikt kunne eg berre bli med mor mi på innsamlingsturane. Ho hadde aller-

Av Erle Hind

eie opna dørene for meg. Eg kunne kome rett på besøk til dei som ynskte å lære frå seg. Eg har vore utruleg heldig,» stadfestar Løvlid. Gjennom studiane ved Norges musikkhøgskole og fordjupinga i tradisjonane frå Nordfjord, kombinerer Unni Løvlid akademia og tradisjon. Masteroppgåva Ein song etter … er tufta på det folkesongaren har lært av kjeldene i heimbygda Hornindal. Ho fortel at møtet med dei eldre storsongarane i Nordfjord vart svært viktig, både for hennar musikalske utvikling og på eit meir personleg plan. «Pernille Støverstein, Lina Gausemel og Elling Seljeset den yngre, og mange av desse her storsongarane – me utvikla vennskap. Me vart ein gjeng, særleg desse damene, vart ein gjeng som berre møttest og var i lag, og song og song

Opphavleg kjem Unni Løvlid frå Nordfjordkommunen Hornindal. Ho er fødd inn i ein rik folkemusikktradisjon. «Eg vaks opp i Hornindal med barnekor og spelemannslag. Etterkvart begynte eg å bli interessert i folkesong. Eg var med på kurs i Hornindal, med Elin Grytting og veldig mange av dei eldre folkesongarane i Hornindal,» fortel Løvlid. «Etterkvart fekk eg byrje å gå i lære med nokre av desse eldre, mellom anna Marta Seljeset Frøland. Eg var veldig heldig, fordi då eg flytta til Sandane for å gå musikklinja på Firda vidaregåande i 1992, og seinare då eg studerte ved Norges musikkhøgskole, så gjekk eg

”Lux” cover Grappa musikkforlag 2013. 13


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.38 Side 14

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

Foto: Ingvil Skeie. Ljones/Grappa musikkforlag.

og song og song. Og sladra og snakka om familie og naboar, om livet, kjærleiken, ungdomstida og alt. Dei vennskapane der, det var veldig sterkt. Det var vel eigentleg det som inspirerte meg til å halde på med folkesongmaterialet frå Hornindal. Eg fann noko veldig tidlaust. Det var eit utruleg flott fleirgenerasjonsmiljø der alle aldrar fekk lov til å vere med. Eg opplevde det som svært trygt. Folkesongen var det samlande for oss, det som gjorde at ein søkte seg til kvarandre.» «Ida Lillestøl og Pernille Støverstein, Jorunn Lødøen, og Marta Seljeset Frøland og Synnøve Lillestøl, alle dei var viktige for meg. At ein berre møttest og var i lag og song. Dei retta på kvarandre. Alle desse her har vakse opp i lag. Mange er i slekt. Å høyre dei korrigere kvarandre, å sjølv bli korrigert av dei, det var veldig fint for meg. Alle 14

desse damene er utruleg viktige førebilete for meg, i dag også. Dei har eg med meg kvar einaste dag.» Å vere medviten sin eige tradisjon Unni Løvlid fortel at det å verte del av folkesongmiljøet fekk stor verdi for fleire enn ho sjølv. «Jorunn Lødøen tok til å synge folkesong samstundes som meg, ho var med på same kurset som meg på slutten av åttitalet. Det som skjedde med utøvarar som ho, og fleire andre, var at ho i løpet av desse songsamlingane vart medviten på at ho hadde ein eige tradisjon. I den vesle bygda Hornindal gjekk songtradisjonen frå å vere sovande til å verte sett i gang igjen. Det skjedde ekstremt mykje frå byrjinga av nittitalet og framover. Det var veldig mange som fekk ei oppleving av at «oj, eg har noko som berre eg har, og dette betyr noko. Dette er eit viktig materiale». Og den igangsetjarperioden, den fekk

eg lov til å vere ein del av, eg fekk observere den. Det var veldig sterkt. Det med å sjå at noko du allereie har, har ein verdi for andre. Ein tek for gjeve at alle har same tradisjon eller materiale, men så oppdagar ein at det er unikt». Unni Løvlid fortel at sjølv om ho tidleg vart interessert i å utforske folkesong, så har ho spelt andre instrument og. «Eg har spelt hardingfele og piano og alle dei tinga der, men eg har jo vore ein slaur til å øve,» ler ho. «Eg gjekk i lære på hardingfele hjå Sven Nyhus (tidlegare professor i folkemusikk ved Norges musikkhøgskole, journ. komm.), og eg hugsar at han ein undervisningstime brølte at eg var den dårlegaste eleven han nokon gang hadde hatt,» fortel Løvlid og ler høgt. «Då tok eg hemn, og byrja å øve i skjul. Eg øvde sinnsvakt masse i totre veker, fleire timar om dagen. Eg


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.38 Side 15

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

spelte «Brureferd på Vossevangen», berre sånn heilt ut av det blå. Då vart Sven Nyhus heilt sjokkert. Men eg slutta å øve etter det. Det var eit stunt,» ler ho. Folkesongaren forklarer at hardingfelespelet alltid har vore ein hobby. Løvlid fortel at ho er veldig glad i å halde på med musikk, men at ho må få lov til å kose seg med det, og ikkje vere flink til alt. Det må vere lystprega. Ulike kulturuttrykk vert smelta saman i Løvlid sitt musikalske univers. Den tradisjonelle folkemusikken er i brytning med samtidsmusikken. Samstundes som Løvlid tek vare på tradisjonsmusikken, så skapar ho noko nytt av gamle tradisjonar. Sjangrane brytast. Tradisjons-beraren forvaltar, foredlar og formidlar folkesongane, og ho syt for at folkemusikken frå Sogn og Fjordane vert brukt og vidareført. Unni Løvlid sin musikk let seg vanskeleg plassere i ein kategori, men ho gjer bruk av element frå vokal folkemusikk, religiøse folketonar, elektronika og samtidsmusikk.

«Lux» i legendariske Rainbow studio med hjelp av Jan Erik Kongshaug og Peer Espen Ursfjord. Tidlegare har Løvlid hatt med seg musikarane Helge Sten, Frode Hatli, Hild Sofie Tafjord, Håkon Kornstad og Lene Grenager, for å nemne nokre få. På årets utgjeving er berre fire musikarar med. I tillegg til Unni Løvlid på folkesong, spelar Håkon Thelin på «Lux». Kontrabassisten vann spelemannsprisen i klassa samtidsmusikk for 2012. Glasduoen Draup er også med. Hydrofon eller glas – det er spørsmålet «Fyrst testa eg ut mange forskjellige ting, mellom anna ein hydrofon (ein slags undervassmikrofon nytta til å fange lydbølgjer under vatn, journ. komm.). Eg tenkte eg skulle ta opp Hornindalsvatnet,» seier Løvlid og ler høgt. «Eg hadde liksom masse sånne konseptuelle idear. Bruke naturlydar og forskjellige ting. Men så vart eg ikkje fornøgd med det eg laga. Da kom eg på at eg kunne jo bruke Draup!». Draup består av Liv-Jorun Bergset

og Randi-Merete Roset, som begge kjem frå Stryn. Dei vidareførar glastradisjonen etter Matias Orheim frå Stårheim i Eid kommune, og er, på same måte som Løvlid sjølv, formidlarar av Nordfjordtradisjonen. Draup har fleire gongar tidlegare samarbeidd med Unni Løvlid. Plata «Lux» vart spelt inn i Rainbow studio i november 2012. «Sjølve studiotida var 2-3 dagar, og etterpå brukar ein mykje tid i studio for å mikse plata og gjere etterarbeid. Men hovudjobben når ein lagar ei sånn plate er jo forarbeidet. Det å lage ei tydeleg avgrensing, og lage ein konseptuell tanke rundt kva, kvifor, korleis. Eg opplever det som ekstremt annleis å gje ut ei plate, samanlikna med når eg held ein konsert,» seier tradisjonsberaren. «Det er mykje konsertmateriale som eg ikkje ville brukt på ei plateutgjeving. Ei plate er eit ganske sjølvstendig format slik eg opplever det, og ein skal ikkje gje ut noko utan at ein verkeleg tenkjer at dette her er viktig å gjere. Det å til dømes gje ut ei plate for å dokumentere hornin-

Løvlid ser ut til å lage musikk tufta på tanken «less is more». Ved fyrste lyttinga kan lyttaren verte slått av enkelheita ved melodiane på «Lux», men samstundes er musikken kompleks og nyskapande. Ho maktar å sjå utover tradisjonsmusikken sine råmer. «Lux» er folkesongaren si fjerde soloplate, og hennar fyrste utgjeving sidan «Rite», som kom ut i 2008. «Lux» vart sleppt 26. april 2013. På utgjevinga finn me åtte melodiar, der dei fleste er folketonar frå Sogn og Fjordane. Hennar andre soloutgjeving, «Vita», vart spelt inn i Emanuel Vigeland sitt mausoleum på Slemdal i Oslo. Plata fekk namnet sitt frå ei 800 kvadratmeter stor freske i gravkammeret («vita» er italiensk for «livet»). Helge Sten (Deathprod) var produsent for plata, medan Unni Løvlid har spelt inn

Foto: Ingvil Skeie. Ljones/Grappa musikkforlag.

15


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.38 Side 16

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

dalstradisjonen, det meiner eg er veldig merkeleg. Då kan ein like gjerne gå til Fylkesarkivet og hente ut materialet der. Det finst jo allereie. Kvifor skal eg gje ut ei dokumentasjonsplate med noko som allereie er dokumentert?». Det er stor forskjell på å framføre eit materiale på ein konsert og å nytte dei same kjeldene når ein skal spele inn ei plate i studio. «Når eg syng heilt åleine, så løyser eg den einskilde song på ulikt vis, frå gong til gong. Det kan vere tempo, det kan vere tid, det kan vere ut i frå om eg er åleine eller om eg syng det i ein stor konsertsal. Det tonale er forskjellig frå gong til gong. Opplevinga av å synge fleirstemt med meg sjølv når eg arbeider med dette – frasering, det å strekke, å modulere –, alt dette endrar seg frå gong til gong. Når eg arbeider med kontrabassist Håkon Thelin og Draup på glas, så opplever eg at eg kjem nær materialet på ein slik måte

Foto: Ingvil Skeie. Ljones/Grappa musikkforlag. 16

som eg opplever materialet på, akkurat no. Samspelet opnar opp for nye mogelegheiter, ny estetikk, nye måtar å tolke materialet på, som eg likar veldig godt. Det er ein slags tilstand som eg synest er veldig fin, som og handlar om å vere til stades akkurat no. Og når du klarar å vere det, så opnar det seg nye løysingar for korleis ein tenkjer musikk.» Løvlid fortel at ho syng materialet annleis på «Lux» enn ho ville ha gjort om ho nytta det heilt solistisk, til dømes på ein fylkeskappleik. Nettopp det set ho pris på ved musikken – at ein kan få lov til å bruke ulike sider av seg sjølv, alt etter situasjonen. «Eg opplever at materialet opnar seg veldig i det samspelet som vi har, og at det opnar opp for nye tolkingar og nye måtar å oppleve melodiane på,» forklarar ho. Lys og håp I plateomslaget skriv kontrabassist

Håkon Thelin at dei fleste av folketonane på «Lux» handlar om det uunngåelege. Fleire av melodiane er gravferdssongar, der dauden er eit sentralt tema. På solodebuten «So ro liten tull» (Løvlyd, 1999) song Løvlid rim og regler knytt til born, medan på platene «Rite» (Grappa/Heilo 2008), «Vita» (Grappa/Heilo 2005), og no «Lux» er tema for mange av songane hennar det sakrale rommet, livet og dauden, og gudskjærleik. Særleg på årets utgjeving er materialet tufta på voggeviser om dauden. Ho tolkar melodiar nytta når ein skulle frakte den daude vekk frå huset, og ho framfører songar nytta i gravferd. Nokre av tekstane er lokale, barokke tolkingar av religiøse doktrinar. Samstundes som det er mykje daud i gravferdssongane, er det mykje lys og håp og. «Lux» betyr lys på latin. «Lyset er rett og slett eit gjennomgåande tema i alle tekstane på plata. Men og når det gjeld det tonale: me arbeider jo mykje med overtonar. Det er eit veldig sterkt overtone-


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.38 Side 17

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

spekter i materialet me held på med,» seier folkesongaren. Unni Løvlid fortel at den nye plata eigentleg skulle ha kome ut i 2010. «Men eg hadde ikkje noko å fortelje. Eg hadde ikkje lyst til å gje ut noke. Og heldigvis for meg så er eg på eit plateselskap som har tålmod med meg,» seier songaren og ler. «Eg har veldig open kommunikasjon med Grappa musikkforlag. Dei gjev meg total fridom til å forme musikken slik eg meiner er riktig. Det synes eg er fantastisk. Når det gjeld å gje ut ny plate, så har eg ikkje vore klar før no.» På «Rite» hadde folkesongaren sjølv skrive og komponert alle åtte melodiane, medan materialet på årets utgjeving i hovudsak er tradisjonelle salmetonar frå Sogn og Fjordane. Tekstmaterialet er skrive av forskjellige forfattarar frå 1600talet og framover. Folketonar frå fylket er hennar hovudtradisjon, det er den musikken ho brukar mest når ho reiser rundt og held konsertar. «Eg skulle gjerne ha fordjupa meg enda meir i tradisjonsmateriale frå Sogn og Fjordane,» fortel Løvlid. «Om du fyrst går inn i eit materiale, så stoppar det jo ikkje. Det berre held fram og held fram. Du blir jo aldri ferdig. Og i og med at eg lever som frilansar, og reiser rundt som ein liten bohem, så er det jo veldig mykje materiale eg ikkje har hatt tid til å lære meg. I Sogn og Fjordane er det jo masse, masse materiale som eg verkeleg skulle ynskje at eg hadde hatt mogelegheita til å bruke ti år på. Men tida strekk ikkje heilt til». Tradisjonsberaren seier at ho ynskjer å bruke meir tid på å gå gjennom samlinga med gotiske handskrifter på Nasjonalbiblioteket i Oslo. Tidlegare har ho fordjupa seg i mange svartebøker, og nytta materiale derfrå som utgangspunkt for songane. Til dømes har ho skrive nye vers.

I sommar er Unni Løvlid engasjert i eit prosjekt om St. Sunniva. 1. juni var det urframføring av Therese Ullvo sitt tingingsverk på øya Selja, som ein hyllest til heilage Sunniva. Songaren gjev renessansemelodien La folia som døme på tidleg musikk frå Sogn og Fjordane. Dette er ein av dei meste utbreidde folketonane i Europa, og det finst hundrevis av variantar i fylket. «Mykje av grunnen til at eg har valt meg salmetonar til «Lux», er tekstmaterialet. Tekstane er utruleg direkte. Om du først går inn og les dei, så er det ganske heftig. Ofte er det den daude sjølv som syng – du syng deg sjølv «over på andre sida». Det er veldig brutalt, det er veldig rått og rett på sak. Og den måten å skrive på har eg veldig sansen for.» Eit døme på dei sterke tekstane på plata finn me på «Nu solen går ned». Melodien er etter folkesongaren, spelemannen og forteljaren Paul Johan Berstad frå Selje (1908-1993). Samuel Olsen Bruun har skrive teksten, og Løvlid syng mellom anna denne strofa: «Jeg slukker mitt lys og jeg lukker min dør. Jeg går til mitt leie og legger meg ned, Gud, la meg få sove i trygghet i fred!». Teksten på «Byssan byssan» er ukjend, medan melodien er etter Marta Seljeset Frøland frå Hornindal (1909-2000). Folkesongaren var eit viktig førebilete for Unni Løvlid, både som menneske og som læremeister. Folkesongaren fortel at ho ofte arbeider med fleire tekstversjonar av same melodi. Det gjeld særleg innan salmesong, der ein forandrar tekstane frå salmebok til salmebok. I arbeidet med plateutgjevinga har ho også nytta notesamlingar, mellom anna etter Olav Sande frå Leikanger (1850-1927). Melodien på «Afften Psalme (Dagen viger og gaar bort) er frå Sogn, og er nedteikna av Sande. «I plateomslaget står det veldig utfyllande om den einskilde forfattar og materiale,» fortel songaren. «Det

er eit ganske omfattande omslag nettopp på grunn av all informasjonen om materialet. Det er ting eg synes er veldig viktig å få med, særlig fordi om me reduserer folkemusikken til å berre vere konsertmusikk, så har vi redusert den så ekstremt. Og eg har veldig tru på at når me tar med oss denne musikken inn i eit plateformat eller konsertformat eller kva som helst –, at ein og tar med nokre av historiene bak, for å ta med den ideverda som høyrer til folkemusikken. Den er i alle fall veldig viktig for meg, når eg står på ein scene og formidlar musikken. Eg har med meg historiene i måten eg tolkar materialet på.» Det musiske mennesket Honndølen er ein av dei fremste formidlarane og fortolkerane av Nordfjordtradisjonen. På spørsmål om kva ho vektlegg når ho skal formidle musikk, seier Unni Løvlid at teksten er det viktigaste i folkesong. «Alt det andre er underlagt teksten. Men når det gjeld akkurat den produksjonen her, så vil eg og seie at det å tore å ta seg tid, å tore å ta seg tid til å vere til stades akkurat no, det er kanskje det viktigaste.» For folkesongaren Unni Løvlid har det vore viktig å tore å bruke hennar eige materiale på alle dei særskilte, unike måtane som ho gjer, i staden for å gå til ein anna tradisjon for å tore å gjere det same. «Når Jon-Roar Bjørkvold snakkar om det musiske mennesket, så har eg ikkje lyst til å reise til Gambia for å finne det, eg har lyst til å finne det i Hornindal,» seier ho. «For meg handlar det mykje om å tore å bruke det som er nærmast. Og det er veldig vanskeleg. Det er veldig tøft. Og det tek tid, rett og slett. Det er så mange lag du må arbeide deg igjennom. Du må vere ærleg.»

17


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.39 Side 18

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

Tilvekst til biblioteket 06.02.2013-24.05.2013 • Vågsøy historielag: Årbok 2012. • Glimt frå Gulen, kultursogeskrift 2000. Gulen kultursogenemnd, 90 s. • Hervik, Frode: Dronning Ingerid og bisp Nikolas. Selja forlag 2006. 175 s. • Reite, Hans Jakob: Førde – frå steinalderen til Himmelbrua – Selja forlag 2007, 31 s. • Mauritzen, Hilde: Fjærland. Selja 2007, 40 s. • Sele, Katrine: Herifrå. Selja forlag 2006. Foto Oddleiv Apneset, 175 s. • Lepra. Lorentz M. Irgens et.al., Selja forlag, 2006, 96 s. • Ulvestad, Harald Elling: Fyrbyggeren, fyrformann Elling Ulvestads forteljing 1909-1954. Selja forlag, 2008, 144 s. • Ole Kandal og Kristine Ness sine etterkomarar, slektshefte utgitt til vårt slektsstemne i Kandal den 09. og 10. august 1997. Eige forlag 1997?, 31 bl. • Noss, Aagot: Kvinneklede i Sogn, døme på ein vestnorsk tradisjonell klesskikk. Novus forlag – Norsk Folkemuseum, 2012, 127 s. • Sandal, Per: Den gamle industrien på Foss i Sogndal (foredrag/utrykt manus) u.å. Utgjeven med nokre tillegg som artikkel i Årbok for Sogn 42/1996. • Alfabetisk oversikt over biografiar ved Vik lokalhistoriske arkiv. Fram til 2012. Utskrift 2012. • Slinde, Anders I.: Restaureringsarbeidet ved Ølmheim kyrkje i Norum sokn i 1964. Manuskript, 2 s. Vedlegg: Kommunale vedtak frå 1965. <2013?>

Av Randi Melvær

Ole Kandal og Kristine Ness sine etterkomarar, slektshefte utgitt til vårt slektsstemne i Kandal den 09. og 10. august 1997. Er det nokon av Kjelda sine lesarar som veit kven som har samla og skrive dette heftet? Då vil vi gjerne ha ei melding på e-post til randi.melver@sfj.no eller på telefon 57 65 64 00.

En meget uhyggelig historie har i den senere tid gaaet om her i Gloppen og tilstødende bygder om en daabsakt, der skal være foretaget paa Bredheim mellem sidste jul og nytaar. En mand deroppe havde nemlig forskaffet sig en liden hundehvalp, og i et julegjæstebud, som han holdt, skal han have fundet paa at foretage en ordentlig daabshandling med denne, siges der. Man klædte paa hunden omtrent som paa et almindeligt daabsbarn. (Hvorvidt man brugte noget salmevers, skal jeg ikke kunne sige, da rygtet herom deler sig.) En af de saakaldte «faddere» bar vand frem, en anden tog kappen af, en tredje, der siden har gaaet under navn af «hundepresten», øste vand over hvalpen, idet han gav den et par navne, der paa en gang vidner om en høi grad af raahed og foragt for det hellige, samt ogsaa om mangel paa dannelse, og hvad man kalder god tone. Ja saaledes fortælles der, og hvis dette

18

medfører sandhed, da var det jo en høist oprørende seene, der foregik paa Bredheim hin kveld. Tænk, drive spot med en hellig Guds indstiftelse paa en saadan maade! Drive gjøn med noget, den hele kristenhed anser for helligt! Det formelig isner i en ved at høre en saadan historie; enhver, der har lidt mer af alvor i sig, gyser ved den blotte tanke paa en saa bespottelig handling som denne omskrevne. Det var en drøi spas, og man kommer uvilkaarlig til at mindes det afvigtige ord: «Gud lader sig ikke spotte». Jeg vil herved tillade mig at henlede rette vedkommende opmerksomhed paa ovenstaaende og da først og fremst opfordre hr lensmand Støve til at undersøge sammenhængen i denne uhyggelige sag. En sag som denne bør vel ikke ties ihel. Fjordenes Blad 7. mai 1889


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.39 Side 19

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

Melding av Flora-soga, band 1, av Gaute Losnegård

Av Finn Borgen Førsund

Ei slik bok er jo for den allmenne lesar, så kvifor ikkje la slike få uttale seg? Eit par lesarar sin spontanreaksjon etter å ha bladd i boka: «Dette var ei interessant og spanande bok, full av gode illustrasjonar og bilete. Boka har på første side eit godt og oversiktleg kart over Flora kommune med nabokommunar. Så tar boka føre seg utviklinga frå forhistorisk tid til 1860, med klare overskrifter. Her er mykje nytt og interessant stoff frå kysten. Gaute Losnegård har gjort eit kjempearbeid. Dette er ei bok for den vanlege lesar. Les boka!” Så held bokmeldinga fram: Floraboka er i fargeprent, som ei praktbok i stort format. Moderne formidling av lokalhistorie er ikkje lenger i svart og kvitt. Og slik må det gjerne vere. Ikkje minst for ei sannare formidling av måleri og museumsgjenstandar. På Florakysten ligg det særmerkte fjellet Kinnaklova. Eit velkjendt siglingsmerke sidan mellomalderen, og ei velkjent bakgrunnskulisse til det årvisse Kinnaspelet. Lurer du på korleis dette kløyvde fjellet er blitt til, kan du slå opp på side 21. Noko om geologien er vanlegvis eit lausrive kapittel i allmennsogesjangeren. Slike lausrivne geologitekstar meiner eg ikkje har noko i ei allmennsoge å gjere. Og nettopp fordi historia dreier seg om endring, bør geologien fjernast frå denne litteratursjangeren. Men i Florasoga er geologien gjort relevant; til å forklare fjellformasjonar, lokal topografi, og jordsmonnet på

ulike stader, som t.d. på Svanøy. Vi finn og geologisk forklaring på grunnlaget for oljeutvinninga, som på Snorrefeltet, som har fått stor økonomisk verdi for Florasamfunnet. Geologidelen har elles ei relevant drøfting av ulike havnivå fram gjennom tidene, og isbreane sine verknader på landskapsutforminga. Dei første menneska Omsider møter vi dei første menneska det finst spor etter i Flora. Spora er registrerte og tolka av arkeologane. Forfattaren maktar å gi ei god og til dels levande skildring av steinaldersamfunna i området. Folk og sagatradisjon på 800- og 900-talet er det og funne plass til. Det er etter mitt syn på tide at faghistorikarar gjer ein kritisk bruk av sagaforteljingane i si historieskriving. Desse har altfor lenge blitt bortstabla som frodige eventyr, og nærast bannlyste av faghistorikarane dei siste 100 åra. Dette til stor skade for folks interesse og kunnskap om vår eldste historie. Det er på tide å kombinere sagatekst og arkeologi i denne eldste tidsbolken. Det vil vere ei utfordring for historikarane som no er i sving med fylkessoga å finne ut meir om lokale hovdingar på 800- og 900-talet. Kvifor ikkje granske Egilsoga kritisk, kombinere den med relevant arkeologisk materiale, og dermed kanskje kaste nytt lys på fylkets eldste historie? 1000 – 1520 I denne perioden fokuserer forfattaren på dei to nye trendane i mellomaldersamfunnet: rikssamlinga

og kristninga. Medan den første kan ha regional interesse for Sogn, (var Harald Hårfagre sogning?), kan kristninga ha større interesse for kysten til fylket. Flora ligg midt i eit område med kring 30 store steinkrossar mellom Kvitsøy og Stad. Desse monumentale kristne symbola markerer kvar eit kristent område, forklarer forskarane. Teorien er at såkalla mikro-område utgjorde kristningas første fase her til lands. Det er tenkbart at lokale, nykristna hovdingar stod bak. Krossen på Svanøya med sine runer, er datert kring 1000 år attende. Ein av dei høgste steinkrossane er Korssundkrossen. Den er 4 meter høg, og er resultat av eit avansert handverk. Geologane fastslår at krossen er henta ut av berget i Hyllestad, der kvernsteinhogging føregjekk på den tida. Det er utruleg at den smekre steinkonstruksjonen har stått slik i 1000 år. Elles er det ikkje mykje konkret å finne i Flora frå tidleg mellomalder. Kolbein frå Batalden er ein av få personar nemnd. Han fekk eit dramatisk endelikt. Kvifor ikkje skrive om Berle-Kåre? Han var ein frodig figur med dramatiske innslag i livet, og ein stor berserk, skriv Snorre. Ein berserk i Florasoga ville ha gjort seg, sjølv om han høyrde til grannekommunen i nord. 1520 – 1800 Her er utgreiing om gardrydding og folkevekst i fokus, etter herjingane til Svartedauden og andre pestepidemiar etter 1350. Elles har forfattaren funne rom for detaljert 19


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.39 Side 20

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

framstilling av skattetrykket på 1600-talet. Men kva seier desse opplysningane? Kanskje forfattaren burde ha supplert med fleire prisar i samtida for å illustrere skattetyngsla. Ein detalj krev ofte fleire for å bli meiningsfull i teksten. For å illustrere verdiar i fortida, som kan vere forståelege for det moderne menneske, kan verdien på ei ku vere grei å gripe til. Men heller ikkje ei ku er alltid ei ku. Ei ku i vår tid mjølkar åleine det same som to besetningar på 1700-talet gjorde. 1800 – 1860 Her er vårsilda i fokus. Det har sin grunn i at silda var grunnlaget for skipinga av Florø i 1860. I dette kapitlet serverer forfattaren ei solid og massiv opprulling av kjeldeseriar, som i mangt minner om Per Sandal sitt monumentale verk om Gloppen og Breim. Stoffet her er så omfattande at Atle Døssland skreiv i ei melding av ei gardssoge at knapt ein utedass var oversett i tekst eller foto. Om florasoga 1800 – 1860 kan det sameleis seiast: knapt eit innsig av vårsilda er utegløymd av forfattaren. Vårsildfisket i Flora er omstendeleg presentert. Men rosina i pølsa godt gøymt: i oppsynslege Reve sin rapport omtalar han det forhold at ein fiskar kunne tene like mykje på eit par veker, som på eit heilt år: - Sildefisket tænker han (dvs. fiskaren) paa og taler han om hele Aaret rundt, og hvad han i det foregaaende Aar vandt af Erfaring og Midler, anvendes paa næste Aars Udrustning (…) Såleis hadde vårsildefisket eit fascinerande drag på folk i samtida, der fiskaren kvart år hadde ny sjanse til rikdom.

20

Om å setje det lokale inn i ein større samanheng Dette er tidvis ei utfordring for lokalhistorikaren, då det enten kan bli for mykje eller for lite av overordna tekstar. Her følgjer eit døme på korleis Losnegård løyser ei slik utfordring: I 1850-åra gjekk det på nytt ei vekkingsrørsle over landet som utfordra det autoriserte presteskapet, med universitetsprofessor Gisle Johnson i brodden som predikant og folketalar. Dei tok no til å skipe indremisjonsforeiningar som arbeidde for vekking og sosialt ansvar blant kyrkja sine eigne medlemmer. Det første indremisjonslaget i Sunnfjord vart skipa i 1865 av folk frå Bremanger, Kinn og Vevring. Dette er eit godt døme på å setje det lokale inn i ein større samanheng, med opplysande og kort tekst. Florø by Florø vart etablert med eit vedtak i Stortinget i 1860. Lokaliteten var ei aude strand, som saman med dårlege fiskeri dei neste tiåra, gjorde at byen ikkje fekk nokon pangstart. I Indre Sogn var det i 1860 vakse fram tre tettstader utan politiske vedtak. Det galdt Vikøyri, Sogndalsfjøra og Lærdalsøyri, den siste med byplanar frå 1840-talet, og kjend marknadsplass frå sist på 1500-talet. Det var den største tettstaden i fylket då Florø vart etablert. Desse sentra syner eit særdrag med Sogn og Fjordane: tyngda av busetnaden var inst i fjordane, i motsetning til resten av Sør-Norge, der byane ligg langs kysten. Etableringa av Florø på kysten til Sogn og Fjordane skulle bøte på dette.

Tyngda av busetnaden i indre strok var eit særdrag alt i mellomalderen, Lusakaupangen, ein av få ”byar” i landet, i mellomalderen, i Kaupanger. Noko som kunne ha vore meir drøfta i Flora-boka er den låge urbaniseringsgraden i Sogn og Fjordane (4 prosent i 1875). Til samanlikning er urbaniseringsgraden i Hordaland og Rogaland 25 prosent, og under 20 prosent i Møre og Romsdal. Norgesrekord i spreidd busetnad fram til vår tid, er eit hefte ved moderniseringa som har gjort Sogn og Fjordane til taparfylket i moderne tid. Dette vil nok vere eit tema i neste band, med større fokus på Florø by si utvikling. Teksten i dette verket flyt fint, han gir god formidling, og er ein tekst for ålmenta. Forfattaren er ein god forteljar. Det er ikkje enkelt å skrive historisk sakprosa, som er bygd opp på vidt ulike kjelder frå ulike tider. Teksten vitnar om solid fagleg handverk. I eldre kystsoger har historikarane hovudsakleg nytta seg av tradisjonelle agrarkjelder, og dermed ikkje fått fram dei fiskerihistoriske og sjøfartsmessige sidene ved samfunnsutviklinga. Bønder og gardar har erobra sidene i historia, der fiskarar og båtfart skulle hatt dominansen. Dette er langt frå tilfelle med Flora-soga. Gaute Losnegård har hatt nase og forstand til å finne fram, og bearbeide det fiskerihistoriske kjeldemateriale, og har smidd ei kraftfull framstilling av Flora si kysthistorie. Boka er på 495 sider, med instruktive notat til kvart kapittel, register og biletliste. Nok eit solid produkt frå Selja Forlag.


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.39 Side 21

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

Vågsøy historielag – Årbok 2012 Av Randi Melvær

har skrive minne frå «Rasmus Street». Artikkelen inneheld minner både om menneske og dei himmelske dropsa som blei selt i lausvekt i kolonialforretninga. Sonja Lied har også skrive barndomsminne frå Måløy. Forfattarar som skriv lokalhistorie er som regel menn. Samanlikna med andre lokalhistoriske årsskrift er det mange kvinner som skriv i dette skriftet. Dei er heile sju av tolv forfattarar. Det gir ein god balanse mellom menn og kvinner. Eg trur dette har noko å seie for val av emne. Eg vonar Vågsøy historielag held fram som dei har begynt med årboka si!

Etterlysing av «Årbok for Sogn» 51/2005: Uveret «Berit» hausten 2011 utanfor nausta i Kråkeneset. Foto: Torfinn Kråkenes.

Flott årbok laga av Vågsøy historielag - den første årboka deira lover godt for framtida! Det er alltid spanande å lese noko nytt frå eit av sogelaga. Her har historielaget i Vågsøy gått saman om å lage ei årbok. Styret fortel at fleire i kommunen opp gjennom åra har skrive for «Årbok i Nordfjord» og «Jul i Nordfjord», men at dei no ville ha eit skrift som var for dei som berre vil lese om Vågsøy. «Årbok 2012» er den første årboka dei lagar. Andre verdskrigen og fiskeri To av artiklane har stoff frå Den andre verdskrigen. Her er stoff frå dagleglivet under okkupasjonen og stoff frå Måløyraidet. Den siste artikkelen fylgjer ein tysk offiser, Karl-Adolf Lohr frå Hamburg, som

miste livet under raidet. Fisk og fiske har fått tre artiklar, den eine er ein song om arbeidet på «fiskebuda». Kvinnelege forfattarar To kvinner, Ellen Sture og Kjellaug Kvåle har gått saman om å skrive om helse i artikkelen «Arbeid for helse og velferd – kvinner i front». Herdis Holvik har skrive ein omfattande artikkel om utvandring frå Vågsøy til USA med utgangspunkt i utvandrarane i 1885. Ho har også med lister over utvandrarar. Liv Henjum har skrive ein jubileumsartikkel: «Hundre år med Venstre i Vågsøy». Livsminne Livsminne er alltid kjekt å ha med i ei lokalhistorisk årbok. Ingri Føleide

Er det nokon av Kjelda sine lesarar som har eit ekstra eksemplar av Årbok for Sogn nr. 51/2005? Kan du tenkje deg å gje bort dette eksemplaret? Dette nummeret er det einaste som Fylkesarkivet manglar av Tidsskrift og Årbok for Sogn. Vi vil veldig gjerne ha settet komplett, og museet var tom for dette nummeret av årboka. Nummer 51 inneheld mykje stoff om livet i dei gamle prestegardane i Sogn. Det er mykje livsminne. Her er også stoff frå unionsoppløysinga i 1905 og målsak, dessutan ein artikkel om kvinneunderskriftene som blei samla inn til tross for at kvinnene ikkje hadde stemmerett. Hermund Kleppa har også ein artikkel om kroninga av kongen i 1906 og kongebesøk i Sogn same året.

21


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.39 Side 22

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

Hornindalens Friskole Av Per Olav Bøyum

Skule skapar strid. Det har det alltid gjort. På 1880-talet førte usemje om lærartilsetjing i Hornindal til opprettinga av ein privatskule. I møteboka frå friskulen vert bakgrunnen for konflikten beskriven slik: Då lærar- og kyrkjesongar Knut Kirkhorn døydde i 1885, samla mange av innbyggjarane i Hornindal seg bak Kristian Loen sitt kandidatur til den ledige posten. Skulestyret innstilte då også Loen på fyrsteplass, men likevel gjekk jobben til Ivar Hole, ein søkjar frå Sunnmøre. Han hadde berre støtte frå presten. Utnemninga skapte mykje harme mellom folk, og "Presten fik høre ilde for, at han havde bevirket et saadant Resultat". Eit halvt år seinare døydde Hole, og nok ein gong vart det strid om tilsetjinga av ny lærar. På oppmoding søkte Loen posten, men etter mykje att og fram vart han funnen for lett. Ved denne tilsetjinga var det visst-

Haakon Aasvejen (1862-1919) frå Hegra i Stjørdal, son til gardbrukar Gunnar Aasvejen og Henrikke Henriksdotter.

22

nok lærarstanden som stakk kjeppar i hjula: "Det saa ud til at Lærerstanden inden Distriktet havde avgjørende Indflydelse i alt offentligt Stel og naar dette ikke kunde opnaaes ved egen Dygtighed saa skulde Intrigerne gjøre Tjeneste [...] Resultatet av hele Staaket blev den, at Liljedahl fra Lyster i Sogn blev udnevnt". Edvard Liljedahl var nok i mange hornindølers augo ein svak kandidat fordi han var sogning. Det kjem tydeleg fram i eit brev ein del gardbrukarar og husfedre sende til skulestyret i 1886: Naar stiftsdirektionen nu har anbefalet et par ansøgere fra Sogn at komme i betragtning ved indstillingen, da må vi hæfte os lidt derved. Vi skal gaa udfra, at de af stiftdirektionen anbefalede ansøgere, hvad dygtighed angaar, kan ligestilles med hr. Loen - noget vi forresten ikke har kjendskab til. Enhver vil dog være enig i, at det at flyttes over i helt fremmede forholde vil have sine vanskeligheder at overvinde, selv om læreren er et mønster paa velvillighed. Lærere, som ikke er det mindste kjendt med en bygds seder og skikke eller med det ejendommelige i folkekarakteren, kan først sent finde sig tilrette og vil fra først af savne det grundlag og den støtte, som er nødvendig for et frugtbringende arbeide paa barneskolens område. […] Mænd fra Sogn er ogsaa, hvad dialekten angaar, mindre skikede til at komme i et intimere forhold til børnene her og kan derfor først efter lang tid efterkomme paalægget om at bruge barnets eget maal ved undervisningen. Nyttårsdag 1887 var Liljedahl på plass i Hornindal. Tilsetjinga førte til

eit varmt ordskifte i Fjordenes Blad. Vener av Liljedahl i Luster gav han gode skussmål. Dei kom i tillegg inn på at Liljedahl "fik ogsaa Skrivelse fra Mænd, der nydere fuldt saa megen Tillid og Agtelse i Hornindalen, [...] og disse anmoder han alvorlig om at modtage Posten". Sogneskepsisen var såleis ikkje einerådande i bygda, og striden handla vel helst om andre ting enn fogderikamp og dialektforskjellar. Truleg botna konflikten meir i politikk og livssyn. Loen vart rekna som radikal, medan Liljedahl nok hadde eit konservativt sinnelag. Då Loen for andre gong vart vraka til ein lærarjobb i Hornindal fekk protestane eit konkret uttrykk. På eit kyrkjelydsmøte kom det fram planar om å starte privatskule. Loen fekk tilbod om jobben, men på grunn av sjukdom, og dessutan av omsyn til familien, kunne han ikkje takke ja til posten. Det vart då sett ut lysing i fleire aviser. Haakon Aasvejen frå Stjørdal fekk til slutt tilslaget. Han hadde utdanninga si frå seminaret i Klæbu, og stilte elles med lærarerfaring frå ein privatskule i Elverum. Hornindalens Friskole Skulen kom for alvor i gang 5. september 1887. Husrom vart leigd hjå Otto Knudsen Grodås på Sanden. Frå dagboka går det fram at 23 elevar i alderen 8-15 år møtte fram til det fyrste skuleåret. Dette talet kan ikkje ha vore fullstendige, for i årsmeldinga vert det opplyst at i alt 45 born hadde besøkt skulen. Kanskje skuldast forskjellen i elevtal at det er noko uklart kor tid skulen faktisk byrja. I møteboka står det at "Lærer L Sunde fra Stryn vikarierede først nogle Uge". Desse vekene er


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.39 Side 23

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

ikkje tidfest, men det skjedde i påvente av at Loen skulle tiltre stillinga, så det må ha vore vinteren/våren 1887. I tillegg til barneskulen la styret hausten 1887 planar om å starte opplæring for konfirmert ungdom. I januar 1888 tok folkehøgskulen imot dei fyrste elevane. Med Haakon Aasvejen kom det ein svært dugande skulemann til Hornindal. Saman med Johannes Aashamar, ein annan lærar ved skulen, sette han eit varig preg på mange elevar. Ola Rotevatn fortalde i ein avisartikkel i Fjordabladet i 1947 dette om Aasvejen og Aashamar: Aasvejen var mannen på kateteret. Når han stod der og fingra med klokkekjeda og fortalde soga, anten det var no om grekarar og romarar eller om Harald, Olav, Sverre med deira menn, so sat vi ikkje lenger i Honndalen; med heile vårt tilvære vart vi flytta til Grekarland, Egypt eller Svolder. Livs livande kunne han gjere emnet. Aashamar var meir kamerat, men i skuletimane sessa han oss mellom blomar, åker buskap og alt sommarheimleg, midtvinters. So var han no slik ein brand i rekning. Vi skulle ikkje tru at to og to var fire, fordi han sa det - vi skulle prove det. Ingenting dugde for han uten det var prova. Økonomien var heile tida ei utfordring. I 1888 gjekk skulen med eit underskot på 103 kroner. Det viste seg dessutan vanskeleg å drive inn kontingenten, og restanselister måtte skrivast ut fleire gonger. I 1890 var gjelda komen opp i over 500 kroner. Til slutt var nok finansieringsproblema ei avgjerande årsak til at skulen måtte dra inn årene. Kor tid det skjedde fortel ikkje kjeldene i vårt arkiv, men det siste møtet som er registrert i forhandlingsprotokollen er datert 19. april 1891.

"Et Hug i Ræven" Privatskulen kom til å splitte bygda. Nøyaktig kor stor støtte det såkalla friskulepartiet hadde, er vanskeleg å vite. I ein avisartikkel i Fjordenes Blad i 1890 blei det påstått, rett nok frå motstandarane av skulen, at dei som støtta friskulen og sende borna sine der ikkje utgjorde meir enn ein halv skulekrins. Det som i alle fall er sikkert er at det private skuleprosjektet i Hornindal fyrte opp folk. Ærekrenkingar og trugslar om vold gjekk gjennom bygda. I 1890 klaga Aasvejen sine støttespelarar over ein gardbrukar som skulle ha udtalt sig i haarde Ord om Hornindalens Friskoleinteresenter og Venner. Han skal saaledes have sagt, at Friskolepartiet er det største "Raatepak og Fantepak", og vi har Vidner paa, at han har sagt, "at Friskolepartiet skal passe sig, saa det ikke snart skal faa et Hug i Ræven" Den bitraste striden stod likevel mellom Haakon Aasvejen og presten i Hornindal, Fredrik Riis Krogh. "Krig i Hornindal" I 1889 vedtok Stortinget ei ny lov for folkeskulen på landet. Ho gav auka makt til kommunane og skulekrinsane. Tidlegare hadde presten vore sjølvskriven formann i skulestyret, men no stod medlemene i styret fritt til å velje leiar. I Hornindal vart Aasvejen valt til formann i skulestyret. Krogh nådde ikkje ein gong opp til å bli nestformann. Dette utfallet tykte presten lite om. I desember 1889 trampa Krogh inn på eit møte i fattigkommisjonen og laga brudulje og skandale. Han raste over valresultatet i skulestyret, og kalte Aasvejen for "falsk profet" og "ulv i faareklæder". Basketaket mellom Krogh og Aasvejen nådde etterkvart rikspres-

Krogh måtte offentleg beklage uttrykka han hadde nytta mot Aasvejen. Dette dementiet stod på trykk i Fjordenes Blad 15. april 1890.

sa. Dagbladet gav generøst med spalteplass til konflikten. Under overskrifta "Krig i Hornindal" publiserte dei eit referat frå eit kyrkjelydsmøte der Krogh grunngav skuldingane sine. Aasvejen var grundtvigianar, og tilhøyrde såleis ei kyrkjeleg retning som ifylgje presten "led af flere betænkelige Skjævheder". Den la for det fyrste ikkje nok vekt på det heilage gudsordet. Grundtvigianismen hadde elles ei for sterk tru på det gode i mennesket, og var i tillegg for tolerante overfor fritenkjarar. Deretter gjekk Krogh inn på problema han konkret hadde med Aasvejen. Under eit lærarmøte på Nordfjordeid skal Aasvejen ha hevda at borna ikkje burde bli 23


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.39 Side 24

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

berre Guds hjord vill, han gjorde det til og med på kråkemål. Dei to kamphanane inngjekk til slutt forlik, men vart aldri vener. Krogh trakk attende skuldingane sine - om enn motvillig. Aasvejen på si side pakka snippen og drog i 1890 vidare på livsvegen, som førde han til AustAgder. Han var tydeleg vonbroten over motstanden han hadde møtte frå dei "moderate", som dominerte i Nordfjord.

Frå møtet i Hornindal skulestyre 20. desember 1889. Aasvejen vart valt til ny formann med seks stemmer, Krogh fekk to, Liljedahl og Rasmus Lødemel fekk ei stemme kvar. Valet på nestformann fekk dette resultatet: Rasmus Lødemel seks stemmer, Krogh to, Liljedahl og Amund Tomasgaard ei kvar. Det skulle vise seg at soknepresten ikkje var heilt nøgd med resultatet.

tvungne til lekselesing. Krogh var usamd i dette. Eit anna klagemål galdt kateteret på skulen, der det stod "Oplysning og Fremskridt". I fylgje Krogh var det alvorleg at det viktigaste av all opplysing, den kristne, ikkje var nemnt. Dette peikte mot at "Kristendommen ikke sættes særdeles højt der". Krogh lista opp det eine punktet etter det andre for å grunngje kraftuttrykka han hadde slyngt ut mot Aasvejen. Syndelista var lang. Til dømes skal Aasvejen ha uttalt at "den kirkelige Forkyndelse er for tør og lovmessig". Og då nokre elevar på friskulen sat og skribla under ei gudsteneste, så trudde rett nok ikkje Krogh at Aasvejen hadde gjeve dei lov til det, men "det ligger meget nær at anta, at han i alfald vidste om det". Dessutan viste Aasvejen for stor toleranse for fritenkjarar. Han hadde hengande eit bilete av Bjørnstjerne Bjørnson på skulen: "det er en bekjendt nok, at B.B. er ligefrem Fiende af Kristendomen". Aasvejen hadde òg gjeve boka «Oppdragelsen» av Herbert Spencer til soknebiblioteket. I fylgje Krogh leid boka av ein sentral feil, nemleg 24

at det religiøse i oppdraginga ikkje var nemnt. For ikkje å støyte Aasvejen valde Krogh likevel å ta ho inn i boksamlinga. Til dette kommenterte Dagbladet, nærast spitig, i ein fotnote: "End Præsten da, som af pure Hensyn til Aasveien indlemmer en saadan Bog i Biblioteket! Sætter han Hensynet til Aasveien over Hensynet til sin Menighed?" Etter den lange lista med bevisføring kunne ikkje dommen frå Krogh bli anna enn knusande: Jeg er nu færdig, og som man vil se, har jeg nu vist, at Aasvejen er en falsk Profet, og at mine Udtryk om ham er berettiget. Jeg maa herefter stille mig i bestemt Modsætning til Friskolen, og jeg beder de Forældre, som har sine børn der, at de opsiger Aasvejen snarest muligt og nedlægger Friskolen. Ja, kjære Folk gjør dette, saa kan vi faa fred i Bygden. Ola Rotevatn kom i ein artikkel i Fjordabladet inn på at det i tillegg var ein språkstrid mellom dei to. Krogh skulle verne om både den reine læra og det reine språket i kyrkjelyden. Aasvejen førte ikkje

Men Aasvejen gjorde eit sterkt comeback. I 1898 kom han attende til Sogn og Fjordane, då han vart utnemnt til styrar ved Fjordenes amtsskule i Florø. Seinare vart han redaktør av Fjordabladet. Han var dessutan ein av skiparane av Firda Mållag, og hadde elles mange verv. Arkivet Arkivet me har registrert på Hornindalens Friskole er ikkje stort. Forutan ei møtebok inneheld det ei dagbok og ein del korrespondanse. I tillegg finst det nokre avisutklypp. Men om arkivet ikkje ruvar i magasinlandskapet, så er det eit materiale med krut i.

Kjelder og litteratur: • SFF-92027 Hornindalens Friskole • Aasvejen, Haakon: Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914 : I. Folkehøgskulen II. Amtskulen III. Private ungdomsskular. Kristiania : Kyrkjedepartementet, 1914 • Dagbladet 14.02.1890 • Fjordenes Blad • Haakon Aasvejen i Allkunne • Hornindal kommune. Skulestyret. Møtebok 1867-1899 • Lothe, Anders A.: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø: Firda lærarlag, 1950 • Øvre-Eide, Bergljot: Noko om striden kring Aasvejens Folkehøgskule 18871890 i Hornindal. I: Årbok for Nordfjord 1963


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.39 Side 25

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

Kontaktkonferansen vel overstått Av Ole Stian Hovland

Årets kontaktkonferansen samla om lag 70 personar på Hotel Alexandra i Loen (Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)

Kommunearkivordninga ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane arrangerte sin årlege kontaktkonferanse på Hotel Alexandra i Loen, 23. og 24. april.

munane og fylkeskommunen, samstundes som deltakarane får drøfta

faglege utfordringar med kollegaer frå andre arbeidsplassar.

Målgruppa for kontaktkonferansen var arkivleiarar og arkivmedarbeidarar i kommunane og fylkeskommunen. Konferansen samla om lag 70 personar. Fylkesarkivet kom i mål med årets konferanse også, trass snøføre, fly som ikkje landa og fråfall av føredragshaldarar. Me er svært nøgd med at tema me fokuserte på engasjerte deltakarane. I tillegg er me svært nøgde med den nettverksbyggjande effekten eit slikt arrangement får. Det er viktig for Fylkesarkivet å ha god kontakt med dei me samarbeider med i kom-

Innkjøpssjef i fylkeskommunen, Siri Ringheim Heggenes heldt føredrag om reglar knytte til anbod (Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane) 25


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.39 Side 26

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

Arkiv skapt etter 1964 skal klargjerast for avlevering til depot Av Marit Anita Skrede

gode grunnar for det, er det i orden for Fylkesarkivet. Avleveringsinstruks Det er viktig at arkiva som blir avleverte til depot er ordna på ein god måte, og at det er lett å finna fram i dei. Alle kommunane og fylkeskommunen må, så langt det let seg gjera, utføra ordningsarbeidet på same måten. Riksarkivaren har laga overordna retningsliner for korleis dette skal gjerast. For at arbeidet med å klargjera arkiv til avlevering til depot skal vera mest mogleg konkret, skal Fylkesarkivet i tillegg utarbeida ein avleveringsinstruks som ordningsarbeidet skal

23 av kommunane i fylket har depotavtale med Fylkesarkivet. Då dei avleverte arkiv eldre enn 1964, måtte alt arkivmaterialet pakkast ned og listeførast. Her frå avleveringa i Stryn i 2007. Foto: Fylkesarkivet

23 av kommunane i fylket, samt fylkeskommunen, er med i depotordninga til Fylkesarkivet. Det tyder at dei har avtale om at me skal ta vare på dei avslutta arkiva deira og handsama innsyn. Alle kommunane har avlevert arkiv som er eldre enn 1964. No er det yngre arkiv som skal klargjerast for avlevering. Spesialrom for arkiv Eldre og avslutta arkiv skal alltid bli teke vare på i spesialrom for arkiv. Det er krav som femner om plassering, utforming og drift, vern mot ytre påverknad som vannskade og brann, samt sikring mot at uvedkomande får tilgang. Krava er så strenge at det er vanskeleg for kvar einskild kommune å stetta dei. Dette er bakgrunnen for at dei fleste kommunane her i fylket har valt å inngå ein depotavtale med Fylkesarkivet.

26

Avleveringsplikt Kommunale organ skal avlevera sitt arkivmateriale som ikkje lenger er i bruk for administrative føremål til eit kommunalt arkivdepot. Som eit minimum skal slike ordningar innebere at det løpande ansvaret for eldre og avslutta arkiv blir plassert på ein stad, at ein har til rådvelde naudsynte lokale for å ta vare på arkiva, og at ein etablerer rutinar som ivaretek dei spesifiserte krava til arkivdepot. Kommunar og fylkeskommunar kan overføra depotoppgåver til ei interkommunal depotordning. Hovudregelen er at arkivmateriale skal avleverast til depot når det er 25-30 år gamalt. Det tyder at kommunane skal avlevera arkiv som er gått ut av bruk mellom 1983 og 1988. Av ulike grunnar, passar det for fleire av kommunane å avlevera arkiv som er gått ut av bruk i fyrste halvdel av 1990-talet. Der det er

Eid kommune/Fylkesarkivet i S & Fj. Arkiv: K-14430.782

Eid kommune. Eids kommunale elektrisitetsverk Arkivskapar:

Eid Kommune. Eids kommunale elektrisitetsverk Serie:

410 - Abonnement/målaravlesing

Innhald: Abonnentar/avlesing, 1917 - 1931 Abonnentar, 1917-1920 Abonnentar, 1928-1928 Målaravlesing, 1927-1930 Målaravlesing, 1929-1931

410 - 0001

Døme på boksetikett. Det skal koma fram kven som har skapt arkivet, kva type arkiv det er, samt kva periode dette arkivmaterialet er frå.


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.39 Side 27

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

utførast etter. Målet er at instruksen skal gje kommunane og fylkeskommunen svar på spørsmåla dei har om kva dei skal gjera for at arkivet skal kunne avleverast til depot. Dei siste månadane har Fylkesarkivet vore rundt til fleire kommunar og sett dei i gang med ordningsarbeidet. Det viser seg at det er mange av dei same spørsmåla som går att. Avleveringsinstruksen skal ferdigstillast og sendast ut til kommunane og fylkeskommunen i løpet av sommaren. Tidkrevjande, men viktig arbeid Det er eit stort arbeid for som ligg føre dei som skal klargjera eit kommunalt arkiv for avlevering. Det viktigaste prinsippet dei må jobba ut frå, er at arkivet skal haldast i den orden som det er skapt. Eit dokument som er sendt til dømes frå Solund formannskap om ei spesiell sak, skal ligga saman med andre dokument om den aktuelle saka. Alle desse dokumenta ligg på same kode. Det er dessutan viktig å heile tida hugsa på at arkivet skal ordnast for æva. Difor må alt som kan skada det, fjernast. Dette er bakgrunnen for at mellom anna stiftar, bindersar og plast ikkje skal førekoma i depotarkiv. Det er også viktig at arkivmapper og arkivboksar er laga av syrenøytralt papir. Etter at arkivet er ordna, skal det registrerast i arkivregistreringssystemet vårt, ASTA. Dess meir informasjon som blir lagt inn der, dess lettare er det å finna fram i arkivet att. Til slutt må alle boksar og protokollar merkast med etikettar. Her skal det koma fram kven som har skapt arkivet, og kva type arkivmateriale det er snakk om, samt i kva periode arkivet har vore aktivt. For mange kommunar er arbeidet som ligg føre dei med å klargjera arkiva sine til depot så stort og uoversiktleg at dei har vanskar med å koma i gang. Fylkesarkivet skjønar desse frustrasjonane, men meiner likevel at arbeidet er så viktig at

Fylkesarkivet har teke på seg å ordna arkivet etter Flora formannskap som er skapt i perioden frå 1964 til 1993. Bodil Marie Nornes er tilsett som prosjektmedarbeidar, og har det siste halvåret jobba med arkivet. Foto: Marit Anita Skrede, 2013.

kommunane må prioritera å koma i gang med arbeidet. For å imøtekoma kommunane har me opna opp for at kommunane kan klargjera ein og ein arkivskapar for avlevering. Me ynskjer at kommunane startar med å klargjera formannskapsarkivet til avlevering. Ved å fokusera på berre dette arkivet, vil ikkje jobben som skal gjerast verka like uoverkomeleg. Andre arkiv, som til dømes skule-etaten og helse-etaten, kan venta til formannskapsarkivet er overført til depot. Fleire kommunar er i gang Mange av kommunane i fylket har dei siste åra pressa på Fylkesarkivet for at me skal ta i mot arkiv som er skapte etter 1964. Bakgrunnen for dette er mellom anna at dei har lite plass til å ta vare på arkiva sine sjølve. Det kan også vera krevjande å styra innsyn i arkiva. Initiativet frå vår side har drege litt ut, noko som mellom anna skuldast at me har hatt mykje arbeid med arkiva som er eldre enn 1964. Då me i fjor tok tak i problemstillinga, var det fleire kommunar som ynskte å starta arbeidet. Ein av dei fyrste kommunane som tok kontakt med Fylkesarkivet for å få drahjelp til å koma i gang med

arbeidet, var Gulen. Tidlegare arkivleiar, Randi Lise Wergeland, er der i gang med å klargjera formannskapsarkivet til avlevering. Gjennom vinteren og våren har me blitt kontakta av fleire kommunar som også ynskte å starta arbeidet. Me har hatt førebuande møte i Luster, Vågsøy, Selje, og Eid kommune. Også Aurland kommune har signalisert at ordning av arkiv vil vera ei prioritert opp-gåve frametter. Pilotprosjekt I samband med diskusjonane mellom Fylkesarkivet og kommunane om avlevering av arkiv, har spørsmålet om Fylkesarkivet kan ta på seg ordningsarbeid for kommunane vore oppe. Flora kommune kom med ein direkte førespurnad om dette. Sidan Fylkesarkivet har lite erfaring med ordning av arkiv skapt etter 1964, er dette organisert som eit pilotprosjekt. Me skal ordna formannskapsarkivet deira som er skapt i perioden frå 1964 til 1993. Ordningsarbeidet vil bli sluttført på seinsommaren/tidleg haust. Når prosjektet er fullført og evaluert, vil Fylkesarkivet opna opp for at me kan ta på oss denne type oppdrag også for andre kommunar.

27


kjeldanr02-2013:Layout 1 17.06.13 08.39 Side 28

kjelda, nr. 2 – 2013, årgang 22

Retur: FYLKESARKIVET Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682

Før og no

Øvst: Biletet syner Eidsgata i Eid kommune (Nordfjord), ein gong mellom 1900 og 1920. Eigar: Liv M. S. Dønvold. Nedst: Eidsgata anno 2013. (Foto: Marit Anita Skrede)

28


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.