Kjelda nr. 1 2013

Page 1

Kjelda

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Nr. 1 - Mars 2013. Ă…rgang 22

Sogn og fjordane fylkeSkommune

Fylkesarkivet pĂĽ Internett: www.fylkesarkiv.no


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Opphavsrett i Internettets tid Internett har gjort oss til eit skrivande folk. Eit folk av redaktørar og publisistar. Kvar dag legg titusenvis av nordmenn ut eigne bilete, tekst og lyd ut på Facebook, bloggar, heimesider, diskusjonsforum og billettenester. Men ikkje berre eigne ting. Dei deler og «låner» tekst, lyd og bilete frå andre nettstader og lenkjer til interessant stoff. Slik vert veven vevd. Mykje, ja nesten alt av slikt innhald er verna gjennom åndsverkloven, anten er vert definert som «åndsverk», eller meir beskjedent som: arbeid med «nærståande rettar». Ifølgje lova skal opphavsmannen sine rettar til eige verk respekterast. Men og tredjeperson som vert avbilda på foto, og publisert utan samtykke er ulovleg. Brot på åndsverklova kan straffast med bøter eller fengsel inntil 3 år. Dagleg vert åndsverklova brote tallause gonger, ikkje så mykje av forsett eller vond vilje, men p.g.a manglande kunnskap om lovverket på området. Når vi legg ut eigne eller andre sine bilete og tekstar på Internett, publiserer og offentleggjer vi stoffet. Det er ikkje lenger i det private rom. Vi har såleis eit eige ansvar som redaktør og publisist å ikkje bryte reglar om personvern og opphavsrett. Åndsverklova vart til før digitalisering og Internett vart oppfunne, og sjølv om det har vore justeringar i lov og forskrift dei siste åra, kan vi vel framleis seie at lova ikkje er optimal i høve det som mange opplever som dagens røyndom. Skal ei lov ha legitimitet, må ho ha respekt i folket og kunne handhevast i praksis.

Vi som arbeider innan arkiv, bibliotek og museum har våre eigne utfordringar andsynes åndsverklova. Vi er kunnskapsinstitusjonar, finansiert av skattebetalarane, og sit inne med store mengder med bilete, lyd, film, bøker og dokument. Brukarane våre, styresmaktene, ja heile samfunnet rundt oss ønskjer sterkt at vi har skal digitaliserast alt vi har og leggje det ut på internett. Det er noko vi ønskjer sjølv også. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane arbeidar kvar dag med å digitalisere og publisere innhald frå våre arkiv og samlingar. Men som så ofte elles i samfunnet, så er det kryssande krav, forventingar og gjeldande reglar. Til sjuande og sist står vi ansvarlege for forvaltinga av våre eigne arkiv og samlingar, og må styre etter gjeldande lov og forskrift. Problemet slik eg ser det er den lange vernetida for åndsverk og liknande arbeid. I dag er vernetida for åndsverk 70 år etter opphavsmannen sitt dødsår. Dvs. at opphavsretten til åndsverket eksklusiv tilhøyrer opphavsmannen sine arvingar i 70 år etter opphavsmannens død. For materiale med såkalla «nærståande rettar», er vernetida 50 år. I praksis vil det seie at t.d. fotografi teken på 1920 og 30-talet ofte framleis vil vere verna av opphavsretten. Viktige delar av kulturarven frå nyare tid, dvs. dei siste 80-90 år, - kunstverk, foto, bøker og brevsamlingar - er i realiteten underlagt eit lovverk som strengt regulerer distribusjon og tilgang, og i mange tilfelle vert fråverande på vår tids viktigaste arena for informasjon, læring og dialog, Internett.

Redaksjon Snorre Øverbø (red.) Elin Østevik, Per Olav Bøyum, Marit Anita Skrede, Erle Hind Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Per Olav Bøyum. Utforming: skrivargarden.no

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no Fylkesarkivar: Snorre Øverbø, tlf. 57 65 64 01, snorre.d.overbo@sfj.no Arkivarar: Ole Stian Hovland (fagleiar), tlf. 57 65 64 19, ole.stian.hovland@sfj.no Marit Anita Skrede (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 20, marit.anita.skrede@sfj.no Kjerstin Risnes (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 06, kjerstin.risnes@sfj.no Cecilie Astrup Bustad (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, cecilie.astrup.bustad@sfj.no Geir Utmo (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, geir.utmo@sfj.no Randi Melvær (bibliotek/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, randi.melvar@sfj.no Elin Østevik (fotoarkivar) tlf. 57 65 64 18, elin.ostevik@sfj.no Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf. 57 65 64 14, per.olav.boyum@sfj.no Erle Hind (musikkarkivar), tlf. 57 65 64 12, erle.hind@sfj.no Bodil Marie Nornes (prosjektarbeidar), tlf. 57 65 64 17, bodil.marie.nornes@sfj.no

Den einaste måten å kome utanom desse avgrensingane er å inngå avtalar om eksemplarframstilling og formidling med rettigheitshavar. I mange tilfelle går det greitt; etterkomarane til opphavsmannen ønskjer som regel å bidra til at opphavsmannen sitt verk kjem ålmenta til nytte. Særleg i ein setting der arkiva sjølve ikkje har kommersielle motiv. I andre tilfelle er det vanskelegare, t.d. fordi etterkomarane har ulikt syn seg imellom på slike bruksavtaler, eller det kan vere vrient å avklare kven som faktisk sit på rettane etter så mange år. Det finst ei eiga forskrift til åndsverklova som gir ABM-institusjonar (Arkiv, Bibliotek, Museum), eit særskild høve til å kopiere og digitalt gjere tilgjengeleg verna åndsverk, slik at dei kan utføre dei samfunnsoppgåvene dei er pålagde. Det gjeld særleg høve til å ta kopiar og digitalisere åndsverk av konserveringsmessige omsyn, dvs. kopiere verk som står i fare for å gå tapt, eller verte utsett for stort kvalitetstap. Forskrifta presiserer at bruken av slike kopiar berre kan brukast på terminalar i institusjonens eigne lokale. Dei kan ikkje gjerast tilgjengeleg på Internett. Eg voner at denne forskrifta (frå 2001) kan få ein revisjon, som opnar opp for at ABM-institusjonar, som er finansiert av det offentlege, og kan få høve til å publisere åndsverk på Internett. Men då sjølvsagt strengt regulert slik at det ikkje kjem i strid med rettigheitshavar sine økonomiske interesser. Det kan skje gjennom at opphavsmannen sine ideelle og økonomiske rettar vert sikra gjennom sentralt utforma avtalar, og at staten set av eit fond, som skal gje rettigheitshavarar ein viss økonomisk kompensasjon. Ei viktig oppgåve framover for styresmaktene bør vere å sikre ålmenta fri tilgang til kunstverk og kulturarv frå vår eigen tid, og på den arenaen der folk forventar å finne den: på Internett. Eit svært viktig bidrag vil vere å gje kulturarvs-institusjonane (arkiv, bibliotek, museum) høve til å bruke sin kompetanse, kunnskap og kløkt til å fylle si rolle som leverandør av kunnskap og opplevingar til folk flest, der dei er. Snorre D. Øverbø Fylkesarkivar

Nettstad: www.fylkesarkiv.no

Personalnytt side 29. FRAMSIDEBILETE: Truleg er det familien til doktar Einar Paashhe (1849-1931) og kona Gerhardine Helene Fredrikke, kjend som Dina Krog (1851-1922),

som sit i midten med hekletøy. Fotograf: Johan Rumohr Døsen. Datering: 1900-1902.

2


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Innhald • Leiar Av Snorre D. Øverbø.......................................................................................................................................................................................................... s. 2 • Fusjonisten Av Erle Hind ......................................................................................................................................................................................................... s. 4 • Louis Foss og 2 x Fosston Av Harald Jarl Runde.............................................................................................................................................. s. 9 • Dina Krog Paasche, kvinnepolitisk pioner Av Kjerstin Risnes...................................................................................................... s. 13 • Kristian Berge - ingeniør, friluftsmann, turist og fotograf Av Karl Årdal

.................................................................

s. 17

• Foto og Facebook Av Elin Østevik.................................................................................................................................................................................... s. 20 • Kjenner du desse? Av Elin Østevik ............................................................................................................................................................................... s. 22 • Flypioneren Thor Solberg av Bjarte Sindre Av Randi Melvær...................................................................................................... s. 23 • Stølar og stølsliv i Høyanger kommune. Strevsamt og fritt. Av Gaute Ljotebø Av Randi Melvær....................................................................................................................................................................................................................................

s. 24

• Stønad til ordning av arkivet etter Per Håland Av Per Olav Bøyum...................................................................................... s. 25 • Kyrkjebø og Balestrand på Arkivportalen.no Av Marit Anita Skrede .................................................................................. s. 26 • Smakebit frå arkivet Av Marit Anita Skrede.......................................................................................................................................................... s. 28 • Fjærland boksamling Av Marit Anita Skrede........................................................................................................................................................ s. 29 • Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag - Me er eldre enn me trur Av Harald Jarl Runde..........................................................................................................................................................................................................................

s. 30

• Nye privatarkiv på Fylkesarkivet Av Per Olav Bøyum............................................................................................................................ s. 33 • Fire fylkesmenn på flyttefot i perioden 1840-1862 Av Hermund Kleppa ......................................................................... s. 34 • Arbeidarkvinnelag i Sogn og Fjordane Av Per Olav Bøyum .......................................................................................................... s. 38 • Tilvekst til biblioteket 25.10.12-05.02.13 Av Randi Melvær............................................................................................................. s. 40 • Snadder frå arkivet Av Bodil Marie Nornes........................................................................................................................................................... s. 41 • Lov om Postvæsenet Av Bodil Marie Nornes.......................................................................................................................................................... s. 42 • Dampskipsekspeditøren - er eit viktig kapittel i Fylkesbaatane-historia............................................................. s. 43

3


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Fusjonisten Av Erle Hind

Karl Seglem Fødd i 1961 på Årdalstangen, busett i Oslo Norsk tenorsaksofonist, bukkehornspelar, komponist, plateprodusent og poet Karl Seglem har motteke Gammleng-prisen (1998), Edvardprisen (1998), Buddyprisen (2010) og Folkelarmprisen (2011) I 2013 er han aktuell med plateutgjevinga NyeSongar.no Karl Seglem har vore med på over 30 plateutgjevingar totalt (14 soloutgjevingar) Karl Seglem under framføringa av Som spor på Nasjonal jazzscene i desember 2012. Foto: Trym Schade Warloe.

Årdølen Karl Seglem om ny plateutgjeving, åra på Voss folkehøgskule, tingingsverket Som spor, eit iskaldt øvingslokale i Utladalen, norsk folkemusikk som utgangspunkt for improvisasjon, og om verdas beste flygel – som enda opp i Odda. Det er den siste dagen i januar 2013 når eg sett meg på båten frå Indre Sogn for å treffe Karl Seglem i Bergen. Kvelden før me møtast gjorde Seglem ein konsert på Chagall saman med Elin Furubotn og Sigbjørn Apeland, og dagen etter går turen vidare til Eikaasgalleriet i Sunnfjord, for ein spelejobb tilskipa av Jølster jazzklubb. Karl Seglem, tenorsaksofonist, bukkehornspelar, komponist, plateprodusent og poet frå Årdalstangen, har travle dagar, og intervjuet til Kjelda er planlagt over lengre tid, før me finn ein dag som høver. Når me møtast på Hotel Norge syner vestlandshovudstaden seg frå si beste side. Seglem sjølv budde i Bergen frå 1982 til 1995. I dag er musikaren busett i Oslo, men mykje av tida hans vert nytta på turné i inn- og utland. 4

Hausten 2013 er Karl Seglem aktuell med ny plateutgjeving saman med Eple trio. Saman dannar Seglem og jazztrioen bandet Karl Seglem Acoustic Quartet. I 2009 sleppte dei plata NORSKjazz.no. Forutan Seglem sjølv, er kvartetten samansett av Andreas Ulvo (tangentar), Sigurd Hole (kontrabass) og Jonas Sjøvaag (trommer). Seglem fortel at samarbeidet mellom Eple trio og han sjølv kom i stand gjennom plateselskapet NORCD, som han har leia frå byrjinga i 1991. «Eg har gjeve ut tre plater med Eple trio på NORCD, og likar veldig godt det dei held på med som trio.» I over 20 år har plateselskapet sleppt norsk folkemusikk, jazz, improvisasjonsmusikk og verdsmusikk. «Eg hadde ein draum om å arrangere musikken min for ein klassisk jazzkvartett, med saksofon, kontrabass, trommer og piano, heilt akustisk.» Seglem er openbart imponert over dei unge musikarane i jazztrioen. «Eple trio er samansett av utruleg duglege musikarar som lytta, og som forstod kvar eg ville med ein gong. Det var på ein måte berre å spele». Karl Seglem Acoustic Quartet si plate NyeSongar.no vart spelt inn i Odda i Hardanger, i slutten av oktober 2012. Seglem fortel at han fekk

stønad frå Fond for utøvende kunstnere (FFUK) i samband med innspelinga av den nye plata. Når ein får stønad frå FFUK skal midlane kome norsk platebransje til gode, og plata skal spelast inn i Noreg. Difor vart det eit godt høve til å spele inn plata i Odda. Verdas beste flygel – funne på eit gymnas i Odda Pianist Andreas Ulvo nytta eit gamalt flygel frå flygel- og pianoprodusenten Steinway & Sons under haustens plateinnspeling. I 1960 leverte Steinway i Hamburg eit flygel til Universitetet i Oslo sin aula. Flygelet var ein D-size, Steinway sin største modell. Seglem vert svært engasjert når han fortel om flygelet si historie. «Eg fekk nyss om flygelet som står i Odda. I 1965 greidde Dordei Raaen, biblioteksjefen i Odda, å få flygelet gratis frå aulaen i Oslo,» fortel Seglem. «Dei trong eit flygel til aulaen på gymnaset i Odda. Då flygelet stod i aulaen i Oslo var det fleire av verdas beste pianistar som spelte på det». I dag står flygelet i Formannshuset i Eitrheimsvegen i Odda. «Eg høyrde om flygelet og vart fascinert,» seier Seglem. «Også likar eg å reise ut av Oslo når eg skal spele


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

inn plate. NORSKjazz.no er spelt inn i Göteborg.» Musikken på NyeSongar.no er roleg og veldig nedpå, som den fyrste plata, noko som skulle gje musikarane utfordringar i samband med plateinnspelinga i Odda. «Me var plaga med altfor høg trafikkstøy. Formannshuset ligg kloss i Riksveg 13. Men me fekk fantastisk hjelp, og vart veldig godt teke i mot av Nina Kongtorp, kultursjef i Odda kommune.» Tangentmann Andreas Ulvo var svært nøgd med å spele på det gamle og ærverdige Steinway-flygelet. «Flygelet har ein litt anna klang, som me meiner kler det me driv på med veldig godt. Det læt litt sekstital, og har ein tung og varm klang. Flygelet er ikkje lettspelt, det gjev ein del motstand.» Om den nye plata NyeSongar.no, seier Seglem at ho er i NORSKjazz.no si ånd, men at ho er enda meir variert, og kanskje meir spanande. «Det meste er mine låtar, også er det nokre melodiar me har improvisert fram saman, og ein låt skrive av bassisten og ein av pianisten. Så det er ei blanding av komposisjonar, og fleire enn det var på NORSKjazz.no, der det berre var mine låtar.» «Eg er veldig nøgd med innspelinga. Eg bestemte meg for å gje ut denne

nye akustiske plata før tingingsverket Som spor fordi Eple trio og eg var inne i ein god periode og hadde ein fin turné,» fortel Seglem. Eit akustisk år «Eg har bestemt meg for at 2013 skal vere eit akustisk år, med fokus på den akustiske kvartetten, og skal prøve å halde fokus som best eg kan. Eg har jo mange andre ting óg. Mellom anna skal eg og Terje Isungset på turné med Rikskonsertane, og eg skal turnere saman med Elin Furubotn.» Dessutan fortel Seglem at ei rekkje av komposisjonane hans vert tilgjengelege på notar dette året. «Eg har arbeidd mykje på øyret, og no er eg veldig kry. Eg har fått hjelp til å transkribere materialet mitt, så i løpet av 2013 skal eg gje ut 35 komposisjonar på notar. Eg fekk stønad frå Norsk komponistforening, og er veldig glad for det. No kan folk høyre og spele med,» fortel han. Når det gjeld kalenderen for 2013, så har Seglem vorte flinkare til å tenkje langsiktig. «Det er veldig lurt å konsentrere seg om ein ting i gongen, og ein får mykje meir ut av eit prosjekt dersom ein har god tid.» I år satsar han på å ha tid til å marknadsføre den nye plata, og til å følgje opp platesleppet med ein turné.

«Sånn som platemarknaden er no, så lyt ein reise ut for å spele dersom ein skal selje plater. Det er på turné ein sel plater, i større og større grad. Og særleg i Tyskland». Frå dei sleppte NORSKjazz.no i 2009 har Eple trio og Seglem spelt om lag 35 konsertar saman. Haustturnéen 2012 vart avslutta med ein spelejobb i Tyskland. «Eg trur det er veldig potensiale for denne akustiske kvartetten, særleg i Tyskland. Fram til no er det mest med worldjazz-bandet eg har spelt for det tyske publikummet, og eg har gjort nokre konsertar der med Elin Furubotn. NORSKjazz.no fekk fantastiske kritikkar i Tyskland, men me har ikkje fått spelt der så mykje, fordi det er vanskeleg å få tima det med turné.» Men i løpet av turnéen i oktober og november 2013 skal Seglem og Eple trio vitje fleire tyske byar. - Kva trur du gjer at du treff den tyske marknaden så godt? «Det trur eg er fordi musikken min er heilt unik, det er ingen andre som læt slik. Tyskarane har eit veldig nysgjerrig forhold til alt som er norsk, eigentleg. Det har jo alltid vore god kulturutveksling mellom Tyskland og Noreg. Og når det gjeld sjangeren jazz, så har det tyske plateselskapet ECM og det dei har skapt, bidrege til å setje eit fokus på Noreg som er litt spesielt», meiner han. «Dessutan er tyskarane flinke til å gå ut. Dei har ein heilt anna kultur når det gjeld å gå på konsert. Fleire generasjonar går på same utestad, det er ikkje slik at attenåringane går ein stad, og femtiåringane ein annan. Eg opplever at på mine konsertar er det eit veldig stort spenn i publikumsgrunnlaget, og mangfald blant dei som kjem og høyrer på konsertane. Eg opplever tyskarane som veldig opne, det er ikkje slik at dei har bestemt seg for «hardingfele, det likar me ikkje». Dei er nysgjerrige, og om dei kickar på musikken så visar dei det. Det tyske publikummet er veldig

Foto: Oddleiv Apneseth.

5


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Foto: Oddleiv Apneseth.

skjerpa. Intenst. Ingen pratar, alle held kjeft.» Frå orgel og ventilbasun til bukkehorn Men vent ein augneblink. Før tallause plateinnspelingar, tysklandsturné, konsertar i heile Noreg, og eige plateselskap. Korleis byrja eigentleg musikkinteressa for guten som vaks opp i industribygda Årdalstangen i Sogn? Kva gjorde at Karl Seglem kom til å spele eit instrument i det heile? «Det fyrste instrumentet eg spelte var vel eigentleg eit Magnus-orgel. Det var eit elektrisk orgel med vifte som mor mi kjøpte, der det følgde med notebok og instruksar, og svenske songar. Eg vart heilt forelska i klangen i det orgelet. Dette var før eg byrja å spele i korps, eg var vel ein seks-sju-åtte år. Etter å ha spelt orgel ei stund, byrja eg i korps. Då spelte eg brassinstrument som tenorhorn, baryton og ventilbasun og dei merkelegaste ting,» smiler Seglem. «Eg hadde ein veldig god musikklærar på ungdomsskulen på Årdalstangen. Han er far til Beate Slettevoll Lech (jazzvokalist fødd i Øvre Årdal, mellom anna kjend frå bandet Beady Belle, journ. komm.). Han var fantastisk, og vart ein viktig mentor.» Etter kvart gjekk vegen frå brassinstrument til treblås. «Han som spelte saksofon i korpset 6

skulle på folkehøgskule, og då tok eg over. Eg hadde veldig lyst til å spele tenorsaksofon, fordi eg hadde skikkelig Pink Floyd-kick på den tida, rundt 1973/1974. Det var så mykje saksofon på Dark side of the Moon. Eg var heilt sjukeleg opptatt av Pink Floyd i veldig mange år,» ler Seglem. Saksofonisten fortel at Årdal kommune la godt til rette for musikkinteressert ungdom medan han vaks opp. «Det var eit ungdomssenter med instrument og øvingslokale, og alt låg til rette for at ein kunne drive på med musikk. Me fekk nøklar til øvingslokalet, og me fekk koma og gå som me sjølv ville.» Etter gymnaset gjekk vegen vidare til musikklina på Voss folkehøgskule. «Eg reiste til Voss hausten 1978. Fram til då hadde eg ikkje peiling på korkje folkemusikk eller jazz, eg hadde ikkje høyrt noko på det. Ingenting. Det var berre Pink Floyd og Zappa, Uriah Heep og Deep Purple, og alt det der. Det var veldig lite anna. Det var pop og rock. Eg tinga plater frå England, som eg fekk i posten ein gong i veka. Svære pakkar med LP-plater! Utruleg å tenke på i dag,» ler Seglem. «Me tinga plater frå Tandy's Records i London, der me fekk tilsendt slike katalogar og kryssa av, og sendte i posten med brev. Så kom platene i posten etterpå.» I løpet av dei to åra han gjekk på Voss folkehøgskule, gjorde Karl Seglem ei avgjerd om å verte musikar. Møtet med musikklærar Per Indrehus var viktig for Seglem. «Han opna dørene til folkemusikken og jazzen, og var ein slik lærar som gav deg ansvar. Han dulla ikkje med deg, han la ingenting i mellom. Samstundes oppmuntra han elevane

på ein fantastisk fin måte til å leite sjølv.» Karl Seglem trefte Kenneth Sivertsen i fyrste klasse på folkehøgskulen, då Sivertsen gjekk andre året. «Me fann tonen veldig fort, og begynte å spele i duo saman, med saksofon og gitar.» Etter det fyrste året på Voss, kom Seglem inn på Toneheim folkehøgskule, men valde å ikkje reise dit fordi han treivst så godt på Voss. Etter dei to åra på Voss folkehøgskule reiste Seglem attende til Årdal og arbeidde som dirigent for korpset, og vart der i omtrent eitt år før han flytta til Bergen for å ta delartium. «Det vart ikkje så mykje av skulegongen, det vart mest speling», humrar han. I løpet av åra han budde i Bergen spelte han i storband og initierte eigne bandprosjekt, som Ictus, GROWL og Poems for Trio. Dessutan byrja samarbeidet med perkusjonisten Terje Isungset, i duoen Isglem. Omtrent samstundes fann det fyrste møtet med spelemannen Håkon Høgemo stad. Eit iskaldt øvingslokale i Utladalen «I mars 1990 trefte eg Håkon for fyrste gong. Det var kultursjefen i Årdal kommune, Steinar Lægreid, som sa ”Du skal spele med han! Du skal skrive eit tingingsverk for Årdal kommune, men Håkon må vere med.” Det var føresetnaden,» fortel Seglem. «Javel? Hardingfele?! Kva er det for noko, liksom, tenkte eg», ler han. På denne tida hadde Seglem høyrd hardingfelespelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa spele på Voss folkehøgskule, men det var ikkje akkurat slik at tenorsaksofonisten hadde plater med hardingfelespel heime. «Eg fekk ein kassett med Håkon Høgemo av Steinar Lægreid, og beskjed om å høyre på slåttane. Eg skjønte ingenting, men det var ein låt eg likte særleg godt. Ein lydarslått kalla Huldretonar frå Sletterust som eg arrangerte som ein del av tingingsverket. Me spelte tingingsverket på opninga av kultur-


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

og industridagane i Årdal.» Tingingsverket i Årdal var byrjinga på samarbeidet mellom Håkon Høgemo og Karl Seglem. Seglem skildrar det fyrste møtet slik: «Det var ein iskald marsdag oppe på Svalheim i Utladalen. Årdal kommune hadde eit lokale der som vart nytta som øvingsrom. Håkon sa «eg kan ikkje spele noko anna, eg er spelemann», medan eg repliserte «Ja ja, du får spele slåtten din». Han spelte slåtten han, om og om igjen. Så det var jo ikkje snakk om å få han til noko anna. Og han sa jo ikkje så mykje heller. Men eg likte jo spelet hans veldig godt,» humrar Seglem. «Eg høyrde jo med ein gong at her er det noko. Det var fyrste gong eg spelte med hardingfele, og særleg klangen av tenorsaks og hardingfele – det var ei skikkeleg aha-oppleving å høyre kor fint det klang i lag. Etter den fyrste øvinga var eg utruleg lukkeleg.» Dei norske kjeldene Karl Seglem (tenorsaksofon og bukkehorn), Terje Isungset (perkusjon) og Håkon Høgemo (hardingfele) skulle seinare danne trioen Utla. Dei spelte inn si fyrste plate omtrent samstundes som Seglem spelte inn «Sogn-a-Song» (1991). Den fyrste Utla-plata vart innstilt til Spelemannsprisen, og det vart stort leven fordi mange meinte at dette ikkje var folkemusikk. «Det er mange som poengterer at det eg driv med, ikkje er folkemusikk. Det kan eg gjerne vere med å diskutere, men det er ikkje så viktig for meg. Det viktigaste er at det er god musikk, og at det er mitt eige. At det er noko eg har skapt,» fortel Seglem. «Det er det same med Jan Garbarek: «er Garbarek eigentleg jazz?». Dei diskusjonane der er eigentleg veldig uinteressante,» utbryt han. «Men når me fyrst er inne på jazz: eg forstår ikkje at det ikkje er fleire norske musikarar som brukar av dei kjeldene me har her til lands, og nyttar den norske folkemusikken som utgangspunkt for improvisasjon.

Hardingfelemusikken, til dømes, som er slik ein rik og sterk musikk med så vanvettig mykje i seg. Det er så få som nyttar kjeldene, og hentar inspirasjon derifrå, og brukar dei på nye måtar. I staden reiser dei til Austin (Texas) eller byrjar å spele banjo, eller plukkar opp irsk musikk. For meg er det heilt uforståeleg. Rett og slett. Når ein har dei kjeldene tilgjengeleg. Det forstår eg ikkje.» I tillegg til å nytte tenorsaksofon, er Seglem kjend for å spele på bukkehorn. Han fortel at Jens Brekke frå Vik i Sogn gav han bukkehornet i 1993. «Me i Utla var på turné med Nei til EU rundt om i Sogn og Fjordane saman med Oddvar Torsheim. Det var då eg fekk bukkehornet frå Jens Brekke. Eg har treft han i ettertid, og eg trur han er litt kry for det i dag!»

Det å kombinere tradisjonsinstrument og elektronikk på ein slik måte er faktisk heilt unikt. Dét er styrken i musikken min óg. Eg er veldig stolt av musikken eg har skapt, og ser i stadig større grad at eg har skapt noko som vil vare, og som er spesielt. Måten eg har gjort det på, er jo berre å arbeide. Eg har ikkje bestemt meg for at det skal låte slik og slik, eg har berre arbeidd masse.» Utover dei to åra på Voss folkehøgskule har Karl Seglem ikkje noko formell utdanning innan musikk. Rett nok har han teke timar med Knut Risnes og John Pål Inderberg, men i hovudsak har han berre spelt og spelt og spelt. På spørsmål om kva for norske musikarar, både innan folkemusikk og andre sjangrar, som Seglem sjølv lyttar til, så trekk han fram fleire hardingfelespelarar frå Sogn og Fjordane, mellom anna Synnøve S. Bjørset og Gro Marie Svidal. I tillegg nemner han Anders Erik Røine og Marit Karlberg sin folkemusikkduo Sudan Dudan. - Både geografisk og sjangermessig, er det noko musikk du er meir nysgjerrig på enn anna? «Altså, eg likar jo litt sær musikk. Men ofte vender eg òg tilbake til ting som eg har høyrt før. Bach til dømes, vender eg alltid attende til. John Coltrane må eg høyre på, eg driv og les fleire intervju med han no.»

- I løpet av dei tiåra du har vore aktiv på den norske musikkscena, har du fusjonert folkemusikk og jazz med eit stort særpreg. Kan du seie noko om korleis du har utvikla deg som musikar? «Det eg kan seie, er at eg er medviten på kva eg kan verte betre på, og kva eg har arbeidd med for å skape eit uttrykk som er mitt. Eg trur det er veldig tydeleg for lyttaren at det er eg som spelar. Det er vanleg å seie at norsk musikk lét veldig særprega og spesielt, men veldig mykje av det som folk seier er så særprega, er i mine øyre veldig lite særprega, nyskapande og originalt. Å kople folkemusikk med rock, til dømes, det dreiv jo svenskane med alt tidleg på 1970talet. Det er ikkje eitt einaste band i verda med hardingfele, der ein spelar saman med elektriske instrument. Foto: Oddleiv Apneseth.

7


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Vossajazz – eit av dei gjævaste tingingsverka i Noreg - Kva kan du seie om Som spor, tingingsverket til Vossajazz 2012? Korleis kom tingingsverket i stand? «Vossajazz spurde ganske tidleg. Seinsommaren 2011, altså i god tid. Eg vart kjempeglad då eg fekk den telefonen. Når eg har fått slike førespurnader tidlegare, så veit eg at eg arbeider veldig godt. At ein har ein tidsfrist, at ein har noko konkret ein skal gjere, og kan gå inn i det rommet og skape musikken. Det er ei fantastisk kjensle,» strålar han. «Eg følte óg at førespurnaden kom på veldig riktig tidspunkt, etter det eg hadde gjort med platene Femstein (2004), Urbs (2007) og Ossicles (2010). Eg visste med ein gong at eg ikkje skulle finne opp hjulet på nytt, eller finne på masse rare greier. Eg visste eg ville utvide, eg hadde nokre idéar som eg ikkje hadde fått arbeidd med, som eg med ein gong visste at eg ville arbeide vidare med, mellom anna det å ha med enda ei fele i bandet. Nokre av skissene hadde eg liggjande. Tingingsverket er på over ein

time, så det er ein svær jobb, men det forstår ein nok ikkje heilt i det ein går i gong. Heldigvis!», ler Seglem. «Det som óg var fint med skapinga av tingingsverket Som spor, var at når ein får såpass god tid på det, så har ein høve til å bruke mykje tid på å øve inn verket. Etter at eg hadde arbeidd med verket hausten 2011, så hadde eg fyrste møte med Håkon Høgemo i desember. Då byrja me med øvingar. Eg har jo gjort ein del tingingsverk tidlegare, og då er det slik at du leverer notar til musikarane ei tid på førehand, og så møtast alle saman tre dagar før konserten og øver som ein gal. Då manglar overskotet når ein kjem på scena og skal framføre tingingsverket for publikum. Det følte eg at me klarte å unngå i veldig stor grad denne gongen, fordi me hadde øvd på materialet over sopass lang tid. Me møttest fleire gonger undervegs i prosessen, i januar og februar, også hadde me heile veka på Voss. Det er nokså unikt i tingingsverksamanheng at det ikkje var éi note på scena. Det var ikkje ein einaste ein

som brukte notar. Alt var der på øyret, og det synest eg var veldig kjekt.» Tidlegare har Seglem laga tingingsverk til Oslo kommune, Dei nynorske festspela, Nattjazz, Balejazz, Årdal kommune, Lærdal kommune, Sogndal kommune, FN-sambandet og Grieg-jubileet i 1993. Mellom anna. Men det å skrive tingingsverk til Vossajazz er noko av det gjævaste han har gjort så langt. Tingingsverket har alltid hengt høgt i jazz-Noreg. Om musikarane som bidreg på Vossajazz sitt 31. tingingsverk, seier Karl Seglem at Håkon Høgemo var veldig naturleg å spørje, fordi dei har vore involvert i ulike samarbeidsprosjekt sidan 1990. Dessutan hadde komponisten eit ynskje om å doble hardingfela live. «Eg visste at Sigrid (Moldestad, journ. komm.) og Håkon hadde arbeidd mykje i lag, dei har jo mellom anna sleppt plata Gamaltnymalt saman med Einar Mjølsnes». I tillegg til Håkon Høgemo og Sigrid Moldestad på hardingfeler, og Karl Seglem sjølv på tenorsaksofon og bukkehorn, spelte Lars Jakob Rudjord og Andreas Ulvo tangentar. Stefan Bergman spelte bass, medan Kåre Opheim spelte trommer og perkusjon. I tillegg til musikarane tok lysog biletdesignar Tor Knutsen del i tingingsverket. Han bearbeidde Oddleiv Apneseth sine foto. Som spor vart og framført i Oslo 7. desember 2012, på Nasjonal jazzscene. Då vart det gjort opptak av konserten, og resultatet kjem på plate i løpet av 2014. Møtet på Hotel Norge går mot slutten. Seglem gjer seg klar for å reise vidare til Sunnfjord og nytt speleoppdrag. Sjølv tek eg på meg øyreklokkene og sett på Ossicles før eg spring i retning strandkaiterminalen for å rekke snøggbåten heim til Sogndal.

Foto: Oddleiv Apneseth. 8


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Louis Foss og 2 x Fosston Av Harald Jarl Runde

landsmenn vart det sagt at han var god for 300.000 dollars då han døydde 19. februar 1922 i San Diego, California.

Dei store heltane i Fosston er tømmerhoggaren Cordwood Pete og eselet Tamarack. Historiene om dei to er mange og eventyrlege. I fylgje ei kjelde var døypenamnet til Pete ”Peder N. LeDang born in Lapland, Northern Norway in 1870”. Han døydde i 1954 og vart gravlagd i Fosston. Etter teikning av Arvid Clementson.

Ikkje alle sogn og fjordingar har fått oppattkalla ein by etter seg. Ikkje berre ein by, men to byar, Fosston i Minnesota USA og Fosston i Saskatchewan Canada. Men det fekk sunnfjordingen Louis Foss eller Lars Madsson Nyttingnes som døypenamnet var. Det er og fleire byar i USA med namnet Fosston. Men det har ikkje noko med vår mann å gjere, fekk eg fortalt då eg vitja Fosston MN.

Galathea frå Bergen til Quebec. Over ein tredjedel av passasjerane på Galathea denne turen var sunnfjordingar, dei aller fleste frå Førde prestegjeld. I 16 – 17 år vart det eit omflakkande liv i Midtvesten, helst smalhans. Seinare i livet kan det vel seiast at Louis Foss – som han no kalla seg – gjorde ”karriere”, både som forretningsmann og politikar. Mellom

Men det er i det heile ikkje lett å fylgje spora etter Louis Foss. Dei fyrste åra var visstnok i Wisconsin, der han i fire år var scaler [tømmermålar?] ved Chippewaelva. Han strauk så avgarde til Black Hills i Sør Dakota under gullrushet i 1870-åra. For nokre år slo han seg ned i Zumbrota, Goodhue County, Minnesota. Der rakk han også i 1878 å gifte seg med Fredericka Johnson, av svensk ætt. I Zumbrota vart han styrar for eit par større handelsbedrifter. Familien flytte så til Pelican Rapid i Otter Tail County, også i Minnesota. ”The Thirteen Towns” og 2 x Fosston I 1876 kom dei fyrste nybyggarane til området i Minnesota som seinare fekk namnet The Thirteen Towns (Eigenleg The Thirteen Townships – Dei tretten ”kommunane”), no ein del av Polk County. Her var det indianarane som rådde og squatter’ane

Til Amerika Lars Nyttingnes vart fødd 10. april 1849 i Kinn prestegjeld. Han var av ei stor slekt som har greina seg ut i Kinn og kring Førdefjorden i generasjonar. Familienamnet Foss, som har vore brukt i ætta, kjem frå ein Desiderius Andersson Foss som budde på Flora siste delen av 1600talet. I dag er det slektningen Almar Underlid som sit på heimegarden i Nyttingneset, Nyttingnes bnr 1. Han tok høgare utdaning (amtsskulen?) og arbeidde som lærar eit par år. I 1870 var han mellom dei 281 emigrantane som drog med barken

Fosston på midten av 1880-åra. I framgrunnen til venstre, med okse og vogn framføre, butikken til Louis Foss & Co. Kompanjongen O. A. E. Blyberg var truleg av norsk eller svensk ætt. Butikkstyrar var lustringen Johannes Beim. Til høgre bustaden til fam. Foss. Den tredje bygningen i framgrunnen er ei smie. I bakgrunnen frå venstre: Prestegard, dokterbustad, saloon, butikken til Tobias/Toby Movold, nok ei smie og til slutt det vesle skulehuset. Teikninga er henta frå den offisielle heimesida til byen Fosston www.fosston.com

9


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Fosston voks fort, særleg i åra 1888 – 99 som ei tid som endestasjon for fyrste jarnvegen i området. Særleg var det dei mange tømmerhoggarane som sette sitt preg på byen. Formell status som by fekk Fosston i 1889. Men då hadde Louis Foss for lenge sidan kvitta seg med forretningane i Minnesota og drege til Vestkysten.

Familien Foss. Eigar av foto: Almar Underlid.

Louis Foss var truleg den fyrste delstatssenatoren av norsk ætt i USA. I 1893 vart han vald inn for demokratane i Washington State.

(Squatter, dvs ”En som som sætter sig på fremmed jord uden tilladelse) vart beordra vekk av ei avdeling soldatar. Men hæren sette aldri makt bak orda og dei fleste vart buande. Men då vossingen Knute Nelson kom inn i Kongressen, varde det ikkje lenge før området i 1883 vart opna for busetjing. Etter kort tid kom Louis Foss og starta butikk i kornlåven på ein farm i det som blei Rosebud Township. Handelen gjekk strykande. Etter kort tid søkte Foss om å få postkontor – med seg sjølv som poststyrar – og få staden kalla opp att etter seg sjølv. Dette gjekk i orden og Fosston vart godkjent som offentleg postkontor frå 4. september 1883.

Korleis samanhengen enn var, etter avtale mellom Hilligoss og Foss vart landhandelen og postkontoret flytta til den nye byen. Vilkåret var at namnet vart som før, noko Hilligoss gjekk med på. I same farten bygde Hilligoss hotell og hyra inn ein boktrykkjar til å starte avis. The Thirteen Towns er framleis einaste avisa i Fosston.

Ein annan nordmann, Tobias Movold frå Tufsingdalen, dreiv også ein liten landhandel i Rosebud Township. Han hadde planar eller tankar om ein by i området, oppattkalla etter seg sjølv. Men det vart ein annan av nybyggarane, W. J. Hilligoss, som sette planane ut i livet. Han kjøpte land, hyra inn ein landmålar, parsellerte ut tomter og grunnla byen ikkje langt unna butikken til Movold. 10

Louis Foss og familien vart verande i Fosston om lag to år men flytte bort etter ei hending der det vart løyst skot på han. Det var ein laurdag kveld han var på veg heim. Det var kjent at han hadde mykje pengar med og ein eller annan la seg i bakhald og skaut etter han. Han var redd for at noko slikt skulle skje og hadde alt gjeve pengane frå seg til postkøyraren Lars Moe, som skulle ta vare på dei. Når fyrste skotet kom, retta Foss opp hendene. Neste skotet gjennombora eine handa, gjekk gjennom kjaken og kom ut munnen. Handa og armen vart hardt skadde og han blei delvis krøpling for resten av livet. Det kom aldri opp noko om kven som skaut, sjølv om folk flest hadde sine tankar om akkurat det.

Det er skilnad på norsk skuleengelsk og amerikansk Minnesota-dialekt. Ordføraren i Fosston – Jim Offerdahl, ståande til høgre for flagget – var overbevist om at eg heldt ap med han då eg tok kontakt og bad om eit møte for å kome med ei offisiell helsing frå Foss/Nytttingnes-slekta heime i Norge. Men då han fyrst skjøna poenget, var det ikkje måte på. I ei snøggvending tromma han saman 20 – 30 personar til ei samling på rådhuset: Kommunale tenestemenn, bystyremedlemer, lokale sogelags- og mediafolk, slekt og pensjonistar. Ei skikkeleg triveleg samling vart det, med norske og amerikanske flagg, talar med overrekking av gåver og pins. Og ikkje minst, kaffi og lefser. Elles hadde ikkje ordføraren mykje greie på slekta si. Men systera Linda kunne opplyse at dei stamma frå ein plass som heitte Offerdal i Sogn. Foto: Harald Jarl Runde.


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Fosston med 15-1600 innbuarar, er om lag som alle andre småbyane i Midtvesten: Eit høgt vasstårn og eit par gamle kornsiloar (ikkje vist på biletet) og ei hovudgate gjennom byen. Byane et seg ut over all mark, folk brukar bilen og er tydelegvis vane med å ha god plass rundt seg.

Etter denne hendinga vart Louis Foss så nervøs at dei forlet Fosston og flytte til Pelican Rapids og i 1887 til Tacoma, Washington. Der dreiv han ein butikk i Mt. Vernon, nær Tacoma. Han blei ein svært framståande mann og to gongar vart han vald til stats-senator. Han vart oppmoda til å stille som guvernørkandidat, men avslo grunna dårleg helse. Seinare flytte dei til San Diego der han døydde i 1922.

Washington - California På Vestkysten vart det nye forretningar og Louis Foss kom for alvor inn i politikken. Det var handel og eigedomsutvikling i byane Mt. Vernon og Bucley. Han var med å starte opp Scandinavian American Bank og vart ein av direktørane. Scandinavian American Bank var for ei tid ein av dei største bankane i staten Washington med avdelingar i fleire byar. Men banken rauk visstnok over ende i 1920-åra.

Etter ”The First 100 Years 1883 – 1983 Fosston – Minnesota”.

Alt frå tida som gullgravar var Louis Foss politisk interessert. I eit brev heim hausten 1876 fortel han at ”Jeg har blandet mig en del i politikk i høst”. Han hadde halde fire offentlege talar for Det demokratiske partiet, skriv han.

I 1908 eller noko seinare, drog nokre personar for å busetje seg Saskatchewan i Canada. Plassen dei slo seg ned i kalla dei opp etter heimbyen Fosston. Etter Wikipedia og andre kjelder på nettet er Fosston SN ikkje store byen: I 2011 budde der 55 personar, dei fleste av polsk ætt.

I 1893 vart han vald inn i Senatet i Washington State, her representerte han demokratane i Pierce County. Det heiter at han tente sin nye heim-

stat ”with honour” i fire år. Mellom sakene han engasjerte seg i, var mellom anna å forhindre bruk av tobakk hjå mindreårige og tryggingstiltak på jernbanene. Louis Foss var truleg den fyrste delstatssenatoren av norsk ætt i USA. Seinare flytte Louis Foss og kona til San Diego, California. Unnateke dottera Marie og hennar born, har det ikkje vore råd til å spore opp etterkomarar. Ho vart gift med den kjende norsk - amerikanske lækjaren Christen Quevli i Tacoma. Dr. Quevli hadde eit svært godt ord på seg mellom dei norske på Vestkysten. Mellom anna la både han og kona ned eit stort og fortenestefullt arbeid for offentleg helserøkt. Ein son av broren Andreas skal visstnok ha slege seg ned som forretningsmann i Seattle og ha teke 11


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

familienamnet Foss etter onkelen. Elles var der fleire som kalla seg Louis Foss i USA på denne tida, både av norsk ætt og anna. Så ”kven er kven” og ”kven gjorde kva”, er ikkje heilt lett å finne ut av. Breva frå Louis Foss viser at han hadde eit kristent livssyn. I truleg siste brevet heim til slekta i Noreg skreiv han: Jeg bør ikke klage over Guds styrelse. Han har vært uendelig god mot mig og velsignet mig på så mange måter både åndelig og legemlig. Lars M. Nyttingnes – Louis Foss f. i Kinn prg. 10/4-1849 – d. San Diego, California 19/2-1922. g. 21. juli 1878 i Zumbrota, Goodhue County, Minnesota. Fredricka Wilhelmina [Minnie] Johnson f. i Sverige 3/1-1859 d. San Diego, California 9/91940.

Born: 1) Marie Noseph f. 1879 Zumbrota, Goodhue County, Minnesota – d. 1949. G.m. Christen Quevli. 2) Elmer Augustus f. 1880 Zumbrota – d. 1901. 3) Lottie Louise f. 1885 Fosston, Polk County, Minnesota – d. 1949. G. m. Frederick Billings. 4) Dora Elnora f. 1886 Pelican Rapids, Otter Tail County, Minnesota – d. 1900. 5) Wilhelmina f. 1891 Tacoma, Pierce County, Washington – d. 1967. G.m. Arthur G. Morton. 6) Naomi Luis f. 1893 Tacoma – d. 1959. G.m. Charles Taylor Johnson. Kjelder: • Clementson, Arvid: The adventures of ”The li’l lumber jack” Cordwood Pete. Second edition/2001. • Ostenson, Stine: ”Scandinavians

on The Pacific, Puget Sound”. • Redal, Olav: ”Sunnfjordingar i Amerika.” Firda 4/5-1930. • Viken, Eldbjørg/Reiakvam, Torleiv: ”Sunnfjordguten som vart senator:” Jul i Sunnfjord 1966. • ”The centennial history of the Thirteen Townships”. 1983. • “The First 100 Years 1883 – 1983 Fosston – Minnesota”. U. å. • Louis Foss, gullrushet til Black Hills, Fosston, “Scandinavian American Bank” og dr. Chr. Quevli er omtala på fleire nettstader. Dei viktigaste som er brukte: - commonons.wikimedia.org/wiki - no.wikipedia.org/wiki - www.fosston.com - www.norwayheritage.com • Opplysingar frå folk i Fosston. • Opplysningar frå familien Underlid/Nytttingnes/Foss. Artikkelen er ei oppdatering av ”Louis Foss: Sunnfjordingen som fekk ein heil by kalla opp etter seg”. Årsskrift for Flora Historielag 2008.

Museet i Fosston – East Polk Heritage Center – har den vakraste og mest gjennomførde utstillinga eg nokon gong har sett. Her har medlemene av det lokale sogelaget lagt ned mykje godt og kjærleg arbeid for å ta vare på minna om pionertida. Senteret, som også er møtestad for sogelaget, er i det tidlegare bustadhuset til ein av handelsmennene som slo seg opp i byen. 12


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Dina Krog Paasche, kvinnepolitisk pioner Av Kjerstin Risnes

I år kan vi feire at kvinner i Noreg har hatt allmenn stemmerett i 100 år. Kampen var lang og seig, og ære vere dei kvinner og menn som heldt ut, fremja framlegg på framlegg i Stortinget og tolte dei dei mange nederlaga. I 1901 kom det fyrste gjennombrotet med kommunal stemmerett. ”Kvindestemmeretten Er nu endelig blevet til virkelighed. Ved fornyede behandling i lagtinget erklærede to representanter, der tidligere havde stemt for oversendelse til regjeringen, at have forandret standpunkt – og dermed var kvindestemmeretten sikret.” Sogns Tidende 29. mai 1901 1901 vart eit merkeår i kampen for kvinneleg stemmerett. Endeleg, skreiv avisa, og det same jubla nok dei mange tusen kvinnene som i årevis hadde stått på barrikadane. Deira mannlege kampfeller, som år etter år hadde ført framlegga fram og teke debatten i Stortinget, hadde endeleg

Hagehyggje på Nygard der Dina og familien budde. Einar Paasche med hatt og Dina med heklety. Fotograf: Døsen, Johan Rumohr. Datering: 1900-1902.

fått gjennomslag. Vedtaket opna for at kvinner fekk kommunal stemmerett, på vilkår. Kvinner som betalte over ein viss sum i skatt eller som var gifte med menn som betalte slik skatt, fekk sin stemmerett. Menn

Ei historisk underskrift, Dina Paasche, konstituerande kommunestyre 28. desember 1901

hadde fått alminneleg statsborgarleg stemmerett i 1898 og allmenn kommunal stemmerett i 1901. Stemmerettskampen for kvinner starta i 1885 då kvinnesakskvinna Gina Krog 27. november same året heldt tale i den nystarta Norsk Kvindesagsforening i Kristiania og lanserte ideen. Ho tok til orde for at kvinner burde ha stemmerett på lik line med menn, eit revolusjonerande standpunkt i dåtidas mannsdominerte samfunn. Endringa i lov om formannskap i 1901 var såleis berre ein delsiger, men ein viktig delsiger på vegen mot allmenn stemmerett. Lovendringa opna no opp for at 200 000 kvinner for fyrste gang kunne delta i det kommunalpolitiske liv. Eitt av dei mange argumenta mot kvinneleg stemmerett var at kvinner ikkje var interesserte i å delta i politikk. Eit anna var at kvinner måtte skånast for den skarpe røyndomen. Eit gjennomgåande argument på Stortinget var at stemmerettskravet 13


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

ikkje kom frå kvinner frå det ganske land, men hovudsakleg frå kvinner i byane. Denne påstanden baserte seg nok i stor grad på synsing, men at kravet var lettare å synleggjere og hadde større gjennomslagskraft i urbane enn i rurale strok, var det neppe tvil om. Det viste også dei mange tusen støtteunderskriftene som Stortinget jamleg fekk frå kvinner landet over, hovudsakleg frå byane. Nordre Bergenhus Amt og valet i 1901 Nordre Bergenhus Amt var i 1901 eit bondesamfunn med tradisjonelt kjønnsrollemønster. Folk budde spreidd, her var ein liten tettstad med bystatus, Florø, industrialiseringa hadde ikkje nådd fylket og tradisjonane stod sterkt. Stemmetalet viser at berre 489 kvinner stemde ved dette valet, 5,3 % av dei som hadde fått sin stemmerett. Dei nye tonane om jamstelling og krav om stemmerett kom tradisjonelt frå kvinner frå borgarklassen og den veksande arbeidarrørsla. Hos oss var det mest bønder og småkårsfolk. Samfunnet var tradisjonelt og kjønnsrollemønsteret like så, men heilt utan grobotn for dei nye tankane var samfunnet ikkje. Kor mange kvinner frå fylket vårt som tok utfordringa og stilte til val, veit vi ikkje før kjeldene er nærmare granska. Det vi veit, er at ei tok ”hansken”, stilte til val, kom inn og braut den fyrste barrieren i demokratiseringsprosessen. Den fyrste kvinnelege politikaren i fylket Då Luster kommunestyre konstituerte seg 28.desember 1901, finn vi ei einsleg kvinneunderskrift blant dei 32 representantane, Dina Paasche. Geraldine Helene Fredrikke Krog Paasche, 1851 1922, vart ikkje berre den einaste kvinna i Luster kommunestyre, men også den einaste i heile amtet. Frå Nordre Bergenhus Amt vart det valt inn 775 menn og ei kvinne dette året. 14

Når vi finn berre ei kvinne her i fylket, så er det symptomatisk for kva samfunn vi hadde ved starten på det nye hundreåret. Viss vi hadde fått ei rekkje kvinnelege kommunestyremedlemmer her i fylket, ville det ha vore meir forunderleg. Trass alt, i hovudstaden kom det inn ”berre” fire og i Søndre Bergenhus Amt fekk seks kvinner plass. Likevel, det må vel kunne kallast ei bragd av Dina Krog Paasche å bli folkevalt dette fyrste året kvinner hadde stemmerett. Dina Krog Paasche Kven var så denne einslege svala i Luster kommunestyre? Kva bakgrunn hadde ho som kunne motivere henne til å stille til val hausten 1901? Det var nok ikkje kven som helst som hadde mot og mannskap til det. Det er også grunn for å fundere på korleis ho sanka seg nok stemmer til å kome inn. Kva posisjon hadde denne dama, korleis var ho? Geraldine Paasche, eller Dina, som ho stort sett skreiv seg, var prestedotter frå Fana. Ho kom frå solid presteslekt og det kondisjonerte sjiktet. Ho var dotter til stortingsrepresentant og sokneprest Hans Jensen Krog,1808 - 1897, og Ingeborg Kristine Endresen, 1813-1853. Heimen hennar var prestegarden i Fana der ho vaks opp saman med seks eldre sysken. Faren var stortingsrepresentant i frå 1862 -1864 og hadde avslutta stortingskarrieren då stemmerettsspørsmålet kom på den politiske dagsordenen i 1885. Det er all grunn for å tru at Dina voks opp i ein heim der nye radikale tankar fekk feste og samfunnsdebatten var ein del av kvardagen. I den nærmaste Krogfamilien finn vi også kvinnesakspionerane Gina Krog og Ida Cecilie Thoresen Krog, som var gift med bror til Gina, Fredrik Arentz Krog. Ida Cecilie Krog var Noregs fyrste kvinnelege student, og ei av dei som saman med Gina Krog stifta den fyrste kvinnesaksforeininga i landet, Norsk Kvindesagsforening i 1884. Dette var banebrytande damer

som skapte debatt og blest, og det er naturleg å tru at når Dina Krog stilte til val på upolitisk liste i Luster hausten 1901, ja så kom dei radikale ideane og inspirasjonen i stor grad frå slekta og miljøet. I 1887, 36 år gamal, gifta ho seg med enkemannen og legen Einar Paasche, 1849-1931. Kva Dina Krog gjorde på og kvar ho budde fram til ho i godt vaksen alder gifta seg med Einar Paasche er ikkje kjent. I folketeljinga av 1875 går det fram at ho og ei eldre syster då budde saman med faren i Fana. Han var prest og enkemann så det kan hende at Dina og systera tok seg av hus og heim på prestegarden i Fana fram til ho gifta seg. Det var ikkje uvanleg at dåtidas ugifte døtrer budde heime og gjekk inn i hushaldet. Distriktslege Paasche hadde året før busett seg i Dale sokn i Luster, der han budde på garden Nygård og dit flytta Dina inn. Ektemannen hadde to barn på 7 og 9 år då Dina gifta seg med han, og saman fekk dei to barn. I følgje folketeljinga av 1900 budde enkjefrua på garden, og hennar pleiedotter, samt fire tenarar og ein guvernante der. I 1906 vart Einar Paasche utnemnd til distriktslege i Sarpsborg og her budde dei så lenge dei levde. Det er ikkje så mykje vi veit om livet til Dina Krog Paasche då ho budde på Dale. Korkje i bygdeboka for Luster eller i den lokalhistoriske litteraturen vi har granska, er det særlege mange spor etter henne. Ho var gift med distriktslegen, og det gav sjølvsagt ein solid sosial posisjon. Garden Nygård låg like ved handelsstaden Døsen, ikkje så langt frå kyrkja og prestegarden, og distriktslegen og frua pleia omgang med folk frå bygdas høgare sosiale lag. Det høgare sosiale sjiktet i nærmiljøet ser ut til å bestå av lensmannsfamilien, prestefamilien, handelsfamilien Døsen og kanskje nokre få andre. I kva grad desse støtta Dina sitt kandidatur har vi ikkje funne haldepunkt for, men kanskje? I fall kunne det


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

alt engasjement kan ha gitt ho ein posisjon i bygda som ei kvinne å tru på, ei kvinne det var vel verdt å støtte. Og det var ikkje dei fattige kvinnene som støtta henne, for dei hadde ikkje stemmerett.

Misjonsforeiningane var ein viktig møteplass for kvinner. Biletet er teke i hagen på Kvitevodl under ein misjonsforeining for kvinner frå høgre sosiale lag. Dina Krog Paasche står bak til venstre. Fotograf: Døsen, Johan Rumohr. Datering: 1892 - 1898.

gje ringverknader, for mennene hadde nettverk og posisjonar som kunne kome godt med når det skulle veljast. I Fylkesarkivet sin fotobase finn vi nokre bilete av Dina Krog Paasche, og på fleire av desse er ho avbilda samen med misjonsforeining for betrestilte kvinner. Stort sett er det samla mellom åtte til ti kvinner på desse møta så den kondisjonerte krinsen var ikkje stor. Misjonsforeiningane var kvinnene sin friplass, og misjonsarbeidet var ei legitim bru frå den private sfæren til aktiv deltaking i det offentlege rom for mange kvinner. Aktiviteten i desse foreiningane peika ut over det nære og gav impulsar og kunnskap både om den store verda, organisasjonsliv og økonomistyring. Dei mange kvinnelege misjonærane, også frå vårt fylke, skapte også nye og alternative rollemodellar. Misjonsforeiningane var ikkje berre handarbeid, salmesong og basarar, men kanskje også ein debatt- og diskusjonsarena om politisk aktuelle saker som stemmerett og politisk deltaking når skulerte og samfunnsorienterte kvinner som Dina og hen-

nar likesinna møttest? Kanskje ho skaffa seg støtte til det dristige valet her? Desse kvinnene var no i posisjon til å stemme for fyrste gong og kunne kanskje mobilisere andre til å støtte Dina. Som prestedotter er det naturleg å tru at ho også var ein del av det kristelege livet i bygda og ikkje berre i misjonsforeininga for finare fruer. Kring hundreårsskiftet var privat velgjerd ein viktig del av betrestilte kvinners aktivitetar, spesielt i byane. Som prestedotter og truleg heimebuande til langt opp i vaksen alder, kan slikt velgjerdsarbeid ha vore ein av hennar aktivitetar. Velferdsstaten hadde enno ikkje gjort sitt inntog, og det private initiativ og den offentlege hjelpa gjekk hand i hand. Legat til trengjande var eit anna handfast bidrag frå velståande med filantropiske idear og sinnelag. Vi veit ikkje om Dina engasjerte seg i praktisk velgjerdsarbeid med fattige og sjuke i Luster, men ho og ektemannen oppretta eit fond for vanskelegstilte i Luster. Begge var også aktive i Sogn Sykepleieforening, som sytte føre sjukepleiarar til distrikta. Slikt sosi-

Banebrytande, men anonym Dina Krog Paasche er ei dame som forunderleg nok har sett få spor etter seg kjeldene frå Luster. Spørsmåla om korleis ho skaffa seg posisjon til å kome inn i kommunestyret, kan vi ikkje gje klare svar på, berre lufte tankar om og drøfte. Valstyreprotokollen for Luster 1829 -1961 gjer oss heller ikkje klokare då han berre omhandlar val til Stortinget. Det er likevel klart at sjølv om Dina hadde aldri så sterk sosial posisjon, gav mykje pengar til velgjerd, deltok i både misjon og anna samfunnsnyttig arbeid, hadde politiske ambisjonar osv., så ville det ikkje ha vore nok. Vi må hugse på at vi skreiv 1901 og samfunnet var ikkje ”gryteklart” for korkje kvinneleg stemmerett eller kvinner som trakka ut av dei vande spora, slik Dina Krog Paasche gjorde. Ho har utvilsamt fått støtte, truleg både hos kvinner og menn, til det politiske prosjektet sitt. Det fortel at ho må ha hatt eit godt ord på seg, nettverk som støtta henne og ein personlegdom som ikkje har provosert, men engasjert omgivnadane. Vi finn heller ikkje særlege spor etter henne i denne eine perioden ho sat i kommunestyret. Formannskapsprotokollen her seier lite om kven som stilte framlegg og i kva grad den einskilde representant var meir aktiv enn andre. Dina og familien flytta, som før nemnt, til Sarpsborg i 1906. I kva grad ho deltok i det politiske liv der, krev meir gransking enn vi har hatt høve til denne gongen. Vi veit forunderleg lite om henne som skulle bli ein pioner i vår politiske kvinnehistorie. Det skapar undring og er til å bli nyfiken av. Denne dama og hen15


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

nar aktivitetar skulle det ha vore kjekt å få vite meir om. Ordtaket «Ei svale gjer ingen sommar» kan vere freistande å bruke i denne samanheng. Dina Krog Paasche utløyste ikkje noko skred av kvinnelege kommunestyrerepresentantar dei komande åra, korkje i Luster eller andre kommunar i fylket. I fylgje kjeldene våre er det fyrst på 1950-talet at kvinner som gruppe så smått byrjar å vise att i kommunestyra. Då Anna Herland frå Solund i 1955 vart vald som ordførar i kommunen, skapte det store overskrifter. Ho vart då historisk som den tredje kvinnelege ordføraren i landet sidan kvinner fekk stemmerett. I dagens kommunalpolitiske landskap er ein av fem ordførarar kvinner og kvinnerepresentasjonen på om lag 38%. Korkje politiske parti eller styresmaktene er nøgde med desse tala. Dei ser på dette som manglande rettferdig fordeling av makt og dermed eit demokratisk problem. Dina Krog Paasche var ein av dei mange kvinnepionerane som tok dei

Her på garden Nygard budde familien Paasche. Tingstova der kommunestyret vart halde, låg like ved nede ved fjorden. Fotograf: Døsen, Johan Rumohr. Datering: 1890 - 1905.

fyrste stega på den politiske vegen. Meir enn 100 år seinare er vegen enno ikkje gått til endes.

Gulen kommune var ein av dei Vegen mot kvinneleg stemmerett fyrste kommunane som avleverte det kommunale arkivet sitt til depot 11. juni 1913Dette vart universell påDen Fylkesarkivet. skjedde i stemmerett samrøystes vedteken av Stortinget. Kvinner i Noreg fekk no stemmerett på same vilkår som desember 2006. Med dette var kommunearkivarane inne i ein svært menn. hektisk toårsperiode for å få kommunale arkiv eldreomenn 1964 trygt Dei fyrste krava kvinnestemmerett i Noreg vart reist i 1880-årena, plassert i depot. og kvinner byrja begynte da å organisere seg for å kjempe for sine rettar. Målet at kvinner skulle få stemmerett på same vilkår som menn..

Kommunehistoria

Det er ikkje enkelt å ha oversikt Menn fikk heilt allmenn stemmerett i 1898. Kvinneleg stemmerett vart gradover grensene til dei ulike kommuvis innført i åra etter dette: • I 1901 fekk kvinner avgrensa kommunal stemmerett. Dette galt kvinner som betalte skatt over ein viss sum, og kvinner som var gifte med menn som betalte slik skatt. Slik var det ved kommunevala i 1901, 1904 og 1907. Kvinner kunne velje og bli valde til kommunestyret. • I 1907 fekk kvinner stemmerett på vilkår ved stortingsval. • I 1910 vart det innført allmenn stemmerett ved kommuneval. Kvinner kunne no stemme på lik line med menn. • I 1913 vart det vedteke allmenn stemmerett ved stortingsval. Alle kvinner hadde no rett til å bli valde inn både på Stortinget og i kommunestyre.

16

Kjelder og litteratur: • Formannskapsprotokoll for Luster, 1897-1908 • Protokoll for valstyret i Luster, 1829-1961 • Sogns Sykepleieforening. Årsmeldingar 1901-1906 • Sogns Tidende 1901 Internett: • http://snl.no/Krog/slekt_etter_ Lauritz_Nielss%C3%B8n_Krog • http://www.lokalhistoriewiki.no/ index.php/Liste_over_de_100_f% C3%B8rste_kvinner_i_kommunestyrene • http://www.uib.no/elin/elpub/ uibmag/0103/Innsyn0103.html • http://www.apollon.uio.no/ artikler/2013/1_stemmerett.html SSB, NOS_061¬_ • http://www.ssb.no/histstat/ • http://lokalhistoriewiki.no/index. php/Kvinner_og_stemmerett • http://www.ssb.no/likestilling/ • http://www.arkivverket.no/digitalarkivet_Folketeljing1900 Hoff, Anne Marta. Dale kyrkje 750 år. 2000


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Kristian Berge – ingeniør, friluftsmann, turist og fotograf

Sjølvportrett av Kristian Berge, teke i spegelen på eit hotellrom i Måløy. (SFFf100585.271182, utsnitt)

skule, Kristiania tekniske skule og eit kurs i landmåling på Ås. Når han byrjar å fotografere er han 25 år gammal, og ein relativt nyutdanna ingeniør i Statens Havnevesen, der han jobba i til saman 43 år. Kristian Berge var meir eller mindre konstant på reisefot. Han arbeidde i Statens Havnevesen, der han hadde kysten frå svenskegrensa til Trøndelag som virkeområde, og reiste rundt heile sommaren med båten ”Måken”. I tillegg var han ein ivrig skiløpar og fotturist, som reiste i fjellet så sant han hadde nokre dagar fri. I 1921 var han på ein studietur til Berlin og Paris, og tok ein del bilete av eit Europa som var tydelig prega av fyrste verdskrig.

Av Karl Årdal

Arbeid I sitt virke som ingeniør i Statens Havnevesen, reiste Berge rundt på Norskekysten frå svenskegrensa til Trøndelag i båten ”Måken”. Arbeidet has bestod blant anna i oppmåling, kartlegging, hydrografi og kaiinspeksjon. Statens Havnevesen er på denne tida i gong med å bygge ut nettverket av statlige fiskerihamner, nesten 800 slike vert bygd frå 1842 til 1988. Han fotograferte fleire av havnevesenets prosjekt, som bygginga av Hemnes Molo på Karmøy, utgravinga av Grip kanal i fiskeværet Grip på Møre. Han tar også bilete av skip, folkeliv og landskap langs kysten.

Kristian Berge (1887-1965) frå Berge i Oppstryn, har etterlete seg ei stor og interessant fotosamling. Fylkes- arkivet har no behandla og lagt ut dei fem fyrste negativalbuma hans. Desse inneheld bilete frå perioden 1912-1924. Dette er ei interessant tid, Noreg er ung som nasjon, mykje ny teknologi dukkar opp for fyrste gong, og ute i Europa rasar fyrste verdenskrig. Ein kan tydelig sjå korleis kvaliteten på bileta vert betre, og språket vert meir moderne i denne perioden. Berge har tilsynelatande alltid med seg kameraet, og ser ut til å like å fotografere nye ting, som dei fyrste radiotårna på Tryvanshøgden og Namsbrua ved Namsos. I tillegg tek han mange landskapsbilete, spesielt glad verkar han til å vere i tronge sund og straumar. Kristian Berge Kristian Berge var fødd i 1887, og vaks opp på Berge gard i Oppstryn. Han gjekk framhaldskule, Amtsskulen på Nordfjordeid, Bergen Brigades Under-officer-

Stadar fotografert av Kristian Berge. Mange av dei er fotografert fleire gongar over mange år.

17


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Kristian Berge med eit målebord ved Stolmen i Austevoll. (SFFf-100585.271240)

Konvoi går ut frå Fedje under første verdskrig.(SFFf-100585.271166, utsnitt)

18

Verdskrig og Forbodstid Den 28. Juli 1914 braut fyrste verdskrig ut i Europa. Noreg valde, i likskap med Sverige og Danmark å holde seg nøytrale. Men norsk fisk var etterspurt, spesielt i Tyskland som var under blokade. Så dei kjøpte alt det dei kunne få tak i av norsk fisk. England svarte på dette ved å by over tyskarane, og samstundes true med å slutte å selje kol og olje til Noreg. Fiskerinæringa tente gode pengar på dei høge fiskeprisane under krigen, men sidan praktisk talt all norsk fisk gjekk til England, vart norske skip eit ynda mål for tyskarane. Spesielt etter at dei gjekk til uinnskrenka ubåtkrig 31. januar 1917. Dette førte til enorme tap av norske skip, 68 skip senka berre i april 1917. England prøvde å motvirke desse tapa med å insistere på at skip frå Noreg gjekk i eskorterte konvoier som den på biletet frå Fedje i 1917, og det hjelpte på. Men dei totale tapa vart likevel høge, 647 skip og rundt 2000 sjøfolk. Fedje var under fyrste verdskrig samlingsplass for konvoiar til Lerwick på Shetland. Verdskrigen førte også til mangel og rasjonering på mange nærings og forbruksvarer. Blant anna alkoholhaldige drikkevarer. I 1916 vart brennevinsforbodet innførd, i utgangspunktet på grunn av forsyningssituasjonen, men etter påtrykk frå politimeistrane i Oslo, Bergen og Trondheim, samt avhaldsrørsla, vart forbodet forlenga, og til sist vedteke ved folkeavstemming i 1919. Men, etter kvart byrjar folk å miste


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

nentet. Han er innom Berlin, Paris, Reims, Hamburg og København. Han skriv også ei interessant reisedagbok frå denne turen, som er publisert i Anny Berge Alsakers bok ”Ei reise tilbake til fortida”. Fleire av bileta hans frå denne turen viser tydeleg øydeleggingane etter krigen i Europa. Han har også fotografert landemerke som dessverre ikkje finst lenger på grunn av øydeleggingane under andre verdskrig. Blant anna jernbanevogna der fredsavtalen etter fyrste verdskrig vart signert.

Dette biletet er frå 1923. Ikkje alle tok brennevinsforbodet like alvorlig. (SFFf100585.274921)

respekten for lova, og smugling og heimebrenning vert utbreidd. I tillegg kunne legar skrive ut reseptar på alkohol, som mange på denne tida trudde hadde ei førebyggande effekt. Spesielt vanlig vart dette når influensapandemien Spanskesjuka

kom til Noreg i 1918. Forbodet vart oppheva etter ei ny folkeavstemming i 1926. På tur i Europa 1921 I 1921, berre tre år etter første verdskrig, reiste Kristian Berge til konti-

Katedralen i Reims, Notre-Dame de Reims, vart strekt skadd av tysk artilleri i opningsfasa av krigen. (SFFf-100585.274802)

19


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Foto og Facebook Av Elin Østevik

Facebook har blitt ein populær arena for å dele og diskutere gamle bilete. For ein fotoarkivar er det flott å sjå at interessa for foto og lokalhistorie blomstrar. Men kva reglar er det eigentleg som gjeld når ein publiserer foto på Facebook? Fotografen eig rettane, men Facebook får fri bruksrett Det er du som eig rettane til bilete som du sjølv har teke. At du publiserer eitt eller fleire av bileta på ein nettstad endrar ikkje på dette. Dersom andre ønskjer å bruke eitt av bileta du har publisert på nettet, må dei altså be deg om lov til det først. Dette er hovudregelen. Men på Facebook er det annleis. Som del av brukaravtalen du har godteke som Facebook-brukar, har du gitt Facebook «en ikke-eksklusiv, overførbar, royaltyfri, underlisensierbar og verdensomfattende lisens til å bruke alt åndsverkbeskyttet innhold du publiserer på eller i forbindelse med Facebook (åndsverklisens)». Det denne formuleringa tyder er at Facebook fritt kan bruke og vidareformidle bileta du har lasta opp på Facebook utan å be deg om løyve og utan å betale deg for bruk eller sal av bileta dine. Du har ikkje sagt i frå deg rettane til bileta dine, Facebook kan ikkje bestemme over korleis du bruker og formidlar bileta, men Facebook har altså sikra seg rett til fri bruk av bileta du lastar opp. Facebook sin rett til å bruke bileta dine gjeld heilt fram til du slettar innhaldet eller kontoen din1. Det er

ikkje mogleg å reservere seg mot dette punktet i brukaravtalen til Facebook. For den jamne amatørfotograf er kan hende ikkje dette noko stort problem, sånn reint bortsett frå at det kanskje kan vere litt ubehageleg å tenke på at Facebook faktisk har rett til å selje og vidareformidle private familie- og feriebilete som vi har publisert på Facebook. Men det dette punktet også tyder er at du må vere heilt sikker på at du har retten på di side når du publiserer bilete som andre har teke på Facebook. Vernetid for fotografi Den retten ein har til å utnytte fotografi ein sjølv har teke er regulert av Åndsverksloven. Når det gjeld fotografi, skil ein i Åndsverksloven mellom fotografiske verk og fotografiske bilete. Medan eit fotografisk bilete «viser hva som faktisk kunne sees fra en bestemt posisjon i et gitt øyeblikk», vil eit fotografisk verk «med kunstneriske virkemidler gi uttrykk for noe mer enn de ytre fakta, være fotografens fortolkning av det han ser og opplever» (Farstadvoll 2012:21). Om eit fotografi er eit fotografisk verk eller eit fotografisk bilete har altså ingenting med å gjere om fotografen er profesjonell eller amatør. Fylkesarkivet sine samlingar med foto etter dei profesjonelle fotografane frå Sogn og Fjordane omfattar til dømes i all hovudsak fotografi som «viser hva som faktisk kunne sees fra en bestemt posisjon i et gitt øyeblikk».

Alle Facebook-brukarar gir Facebook frie bruksrettar til bileta ein legg ut på nettstaden.

20

Det er altså tale om fotografiske bilete og ikkje verk. Medan eit fotografisk verk er verna i 70 år etter utløpet av fotografen sitt dødsår, er fotografiske bilete verna i 15 år etter utløpet av fotografen sitt dødsår, men i minst 50 år etter at biletet vart teke. Så lenge vernetida er gjeldande er det fotografen åleine eller hans/hennar arvingar som bestemmer over bruken av bileta. Når vernetida er gått ut seier ein at fotografiet har «falt i det fri». Når eit foto har «falt i det fri» kan kven som helst fritt bruke biletet utan å be om løyve og utan å betale vederlag for bruk. Uavhengig av om vernetida er utløpt er det god skikk å alltid namngi fotografen. Når du skannar gamle bilete som andre har teke for å legge dei ut på nettet bør du altså forsikre deg om at bileta anten har « falt i det fri» eller at du har bede fotografen om lov. I og med den frie bruksretten som Facebook automatisk får til bilete ein publiserer der, er det ein god tommelfingerregel å ikkje publisere anna enn eigne og «frie» bilete på Facebook. Og hugs også å alltid namngi fotografen. Retten til eige bilete I tillegg til å ta omsyn til opphavsretten når du legg ut bilete på Facebook og andre nettstader, må du også ta omsyn til at vi alle har retten til eige bilete. Hovudregelen er at ingen har lov til å offentleggjere eit bilete der du er avbilda, på nettet eller andre stader, utan at du har gitt løyve til det. Dette vernet gjeld i heile di levetid og 15 år etter at du er død. Dersom du har eit bilete av ein person som har vore død i mindre enn 15 år som du ønskjer å leggje ut på


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

ønskjer å dele med andre på Facebook må du difor vise aktsemd. Kan hende har Fylkesarkivet berre ein avgrensa bruksrett til biletet. Vi vil i tida framover prioritere å få på plass oppdatert informasjon om kva bruksvilkår som gjeld for dei ulike fotosamlingane vi forvaltar.

Bileta Fylkesarkivet forvaltar har ulik opphavsrettsleg status og avtalar om bruk. Bilete som er merka med «Public Domain Mark» kan nyttast fritt til alle føremål. Hugs å namngi fotografen!

Nokre av samlingane våre har alt blitt merka med «Public domain mark». Desse bileta har «falt i det fri», og kan nyttast fritt til alle føremål, inkludert publisering på Facebook. Hugs å kreditere fotografen når du nyttar desse bileta! I tillegg set vi pris på om du namngir eller lenkar til Fylkesarkivet som kjelde når du deler desse bileta på andre nettstader. Og har du utfyllande opplysningar til bileta blir vi ekstra glad for om du sender oss eit tips, slik at resultatet av Facebookdiskusjonane om kven og kva som er på biletet også vert teke vare på for framtida! Dersom du har delt innhaldet med andre brukarar og dei ikkje har sletta det, beheld Facebook retten til å utnytte innhaldet sjølv etter at du har sletta det frå din profil. 1

internett, må du spørje arvingane til den avbilda personen om løyve til å offentleggjere biletet. Det finst nokre unntak frå denne hovudregelen. Mellom anna er det lov til å offentleggjere bilete av forsamlingar og folketog i friluft utan å be alle dei avbilda personane om lov. Du kan altså legge ut bilete av 17. mai-tog, demonstrasjonstog og andre offentlege hendingar og forsamlingar utan å be kvar enkelt person som er på biletet om løyve. Du kan også offentleggjere bilete der den avbilda personen er mindre viktig enn hovudinnhaldet i biletet, som for eksempel eit landskapsbilete der du har fått med ein tilfeldig turgåar på biletet ditt. Men desse avgrensingane gjeld vel ikkje Facebook, tenkjer du kanskje? Facebook er jo privat. Eg må logge meg på med brukarnamn og passord, og bileta eg legg ut der deler eg berre med vennene mine. I følgje Ånds-

verksloven kan ein syne fram bilete av andre til venner og familie utan å be om løyve, men det må vere tette personlege eller familiær band mellom dei ein syner bileta til og ingen andre utanfor denne nære kretsen må få tilgang til bileta. Dette kravet er ikkje oppfylt når ein deler bileta med sine 200 «næraste venner» på Facebook. Fylkesarkivet sine foto og Facebook Fotografia som Fylkesarkivet forvaltar har varierande opphavsrettsleg status og bruksvilkår. Nokre biletsamlingar har «falt i det fri», andre samlingar er framleis verna. I einskilde tilfelle er opphavsretten overdratt til Fylkesarkivet, i dei fleste tilfelle har vi inngått avtalar som gir oss meir eller mindre fri bruksrett til bileta. Diverre er fleirtalet av bileta i samlingane våre ikkje tydleg merka med kva bruksvilkår som er gjeldande. Dersom du finn eit interessant bilete i samlingane våre som du

Kjelder •Erklæring om rettigheter og plikter, https://www.facebook.com/ legal/terms , sist vitja 18.02.2013 •Farstadvoll, Kristine (2012) «Fotografi og opphavsrett», i Per Olav Torgnesskar (red) Fotojuss for arkiv, bibliotek og museum, Norsk Kulturråd: Oslo Litteratur: •Torgnesskar, Per Olav (red) (2012), Fotojuss for arkiv, bibliotek og museum, Norsk Kulturråd: Oslo

21


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Kjenner du desse? Av Elin Østevik

Vi har nyleg motteke ei lita samling bilete knytt til slektene Høstaker og Ruud på Kaupanger. Her presenterer vi to av bileta: Det eine er eit gruppebilete teke i studioet til fotograf Olav Reppen i Sogndal, det andre er frå stølen Vassløysa på Kaupanger. Kjenner lesarane namnet på dei avbilda personane? Dersom du har opplysningar til bileta kan du ta kontakt med Fylkesarkivet på telefon 57 65 64 00 eller sende ein e-post direkte til fotoarkivar Elin Østevik (elin.ostevik@sfj.no).

Fire kvinner på stølen Vassløysa på Kaupanger. Eigar av biletsamlinga, Olav Kuven, undrar på om det er Kari Ruud (1899-1973) som sit bunadskledd til venstre, medan mor hennar Synneva Høstaker Ruud (1875-1958) sit lengst til høgre? Som nummer to frå venstre sit Maria Høstaker (1894-1970). Fotograf: Ukjend. (SFFf-100625.275395)

Gruppebilete teke hjå fotograf Olav Reppen ein gong i løpet av perioden ca. 1912-1921. Er det Kari Ruud (1899-1973) som står som nummer to frå høgre i bakarste rekke? Og kven er dei andre? Fotograf: Olav Reppen. (SFFf-100625.275392) 22


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Flypioneren Thor Solberg av Bjarte Sindre Denne boka er skriven av ein forfattar som er svært imponert over og engasjert i den personen han biograferer. Han vil bringe dette positive biletet vidare til lesarane sine og det greier han. Bjarte Sindre skriv i etterordet i boka: « Han var ein mann å sjå opp til, ein mann å lære av. Eg håper at eg med denne boka har klart å gi ei brei og sann framstilling av mennesket, gründaren og flyhelten Thor Solberg, og at lesarane får eit positivt inntrykk av mannen, at dei som eg vil meine han er ein personlegdom som bør minnast.» Boka blei gitt ut av Selja Forlag i 2012. Ein spanande prolog Bjarte Sindre gjer eit kunststykke med å fange lesaren sin i det han opnar boka. Det er svært dramatiske episodar i Thor Solberg si flyging han presenterer. Turen frå USA, via Labrador, Grønland, Island, Færøyene til Noreg, både frå forsøket i 1932 og gjennomføringa i 1935. Det er eit under at både flygar og navigatør kom frå det i live. Stoffet kjem att i eit seinare kapittel, så dette er berre ein smakebit slik at lesaren blir med vidare i forteljinga. Luftfartspioner og gründar Livssoga til Thor Solberg er uvanleg rik på hendingar, opp- og nedturar. Bjarte Sindre skildrar dei alle. Det er ei reise i hardt arbeid og stort vågemot, frå garden Solberg ved Årebrot i Flora, via byen Florø til Bergen, USA og tilbake til Noreg. Hardt arbeid i Noreg Thor Solberg kom frå Flora og vaks opp med 10 sysken. Alle var sunne og friske og gjorde det godt i livet. Dei heldt og godt saman og fleire av dei hjelpte Thor Solberg meir enn ein gong. Heime lærte dei å arbeide hardt.

Av Randi Melvær

Bjarte Sindre heldt eit vellukka lysbildeføredrag om Thor Solberg på Sogndal bibliotek i januar i år. Foto: RME

Oppdrag og krasj I Noreg dreiv han før andre verdskrigen med oppdragsflyging. På eit av desse oppdraga heldt både han og passasjerane på å setje livet til, og ein av dei døydde dessverre. Flyet krasja i sjøen, men nevøen som var med hjelpte flygar og passasjerar på med, livvestar og fekk dei ut av maskina. Legane trudde ikkje Thor Solberg skulle overleve. Han blei m.a. 15 cm. kortare – for beina vart knuste. Han tvang seg opp av rullestolen og trena til han greidde å gå igjen. Han må ha hatt ein jarnvilje for å gjennomføre dette. Og etter rekonvalesensperioden ville han til å fly att.

Dette var god lærdom å få med seg. Thor arbeidde først hjå eit av syskena i Florø. Så reiste han til Bergen. Der arbeidde han og skaffa seg handelsutdanning samtidig slik at han kunne opne forretning sjølv. Flysertifikat tok han i Tyskland samtidig med at han skaffa seg kontaktar for å importere tyske møblar til Noreg. Han gjorde det godt i forretningslivet, men ville likevel reise til USA. Det var den store draumen.

Verdskrig og heider Under den andre verdskrigen dreiv Thor Solberg på med opplæring av flygarar i Amerika. Seinare dreiv han flyselskap både i USA og i Noreg. I 1953 fekk han St. Olavs orden, riddar av første klasse «for fortjeneste av Norsk Luftfart.» I 1986 blei det avduka ein statue av Thor Solberg i Florø. I New Jersey er det laga ein medaljong for å ære han. Postverket i Noreg har gitt ut minnefrimerke.

Den amerikanske draumen I USA opna Thor Solberg ein rullegardinfabrikk og starta fleire rammeog glasforretningar. Samtidig fornya han flysertifikatet og var elles aktiv på fritida. Forretningsverksemda hans som gjekk svært godt finansierte flykjøpa. Han arbeidde grundig med Noregsferda, planla, avtala med sponsorar, dreiv med PR-arbeid. Han trena for å bli ein enno betre pilot, spesielt innan blindflyging. Det kom godt med under dei vanskelege tilhøva under turen til Noreg.

Fengande bok Dette var berre eit lite samandrag av boka. Bjarte Sindre har klart å fenge meg med denne boka, sjølv om eg vanlegvis ikkje les om flyging. Det er det biografiske og lokalhistoriske eg tykkjer er interessant, og den levande forteljarstilen. Forfattaren er også flink til å formidle stoffet sitt munnleg. Det fekk eg oppleve på ei tilstelling på Sogndal bibliotek no i vinter. Sindre har nok villa bringe vidare eit positivt bilete av personen, men har også teke med ting som ikkje høyrer til eit glansbilete.

Thor Solberg oppretta etter kvart fleire flyselskap både i USA og i Noreg. Han var ein stor gründar.

23


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Stølar og stølsliv i Høyanger kommune. Strevsamt og fritt. Av Gaute Ljotebø Av Randi Melvær Anders Øvrebø kjem med nokre småhistorier om friarferder i Ortnevik: «Stølshelga var festtopp for heile sommaren. Det var som regel første helga i august. Der var og «bjøllekonsertar» av og til for friarar. Ein gong firte dei ned ei kubjølle i omnsrøyret, og bjølla ramla fælt inne i omnen. Resultatet av «bjøllinga» var særs «fruktbar». «Litt syd for Fjellhytta ligg ei tjørn med tre steinar som dei kalla Møybykset. Dei mest spenstige av herrane, som greidde å hoppe over steinane tørrskodd, skulle få dama då dei kom til Solrenningane.» Årnesstølen/Kroksstølen, selet til gardsnummer 110 Kroken bruk nummer 2, ca. 1925. Innselet er lafta tømmer medan skotet eller utselet er bygd i stein. Alle personane er identifiserte: Framme frå venstre: Kari og Marta Årnes, Agnes J. og Herborg J. Kroken. Bak frå venstre: Per og Arnljot Årnes og Mattias J. og Birger Kroken. (Eigar av biletet, Herborg J. Sætre/Fylkesarkivet SFFf-1994110.0001)

Det er ei utruleg flott og innhaldsrik bok som Gaute Ljotebø har skrive. Han har gjort eit grundig arbeid med både nasjonale og lokale kjelder. Arbeidet byggjer på ei fotosamling som Alf Ringereide hadde samla. Det er Høyanger bygdeboknemnd som gav ut boka i 2012.

og utstyret budeiene hadde å hjelpe seg med. Vi finn også skildring av stølshelgar og besøk frå bygda, elles samhaldet stølsjentene i mellom.

Stølane Del to tek føre seg stølane i kommunen. Dei er ordna etter bygdelag og gir slik ei god oversikt. Forfattaren har for kvart bygdelag sett opp eit skjema med gardsnamn, stølsnamn for både heimestøl og fjellstøl, når dei slutta å støle, tida dei brukte å gå heimanfrå til stølen, høgd over

Boka er delt i tre. Den første delen tek føre seg det som var felles med stølar og stølsliv. Neste delen tek så føre seg dei einskilde stølane, før siste delen skildrar bruken av stølar i nyare tid, før litteraturliste og kjeldeliste. Bak i boka er det eit register over dei ymse stølane. Dei er også plasserte på kart på innsida av bokpermen. Ei svært så oversiktleg bok. Stølen, stølslivet, sosial møteplass Den første delen av boka tek føre seg desse emna. Dette er emne som er felles for alle stølane. Det er ein stor del av boka. Her er skildra stølsbruket i tidlegare tider, arbeidsformer

24

Buføring heim frå Solrenningane som er stølar til fleire gardar. Her blir stølsprodukta kløvja heim med reiekassar. Biletet er teke ca. 1935. (Eigar av biletet Ingeborg J. Nummedal/ Fylkesarkivet SFFf-1994023.0021)


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

nedlegging og attgroing i marka. Vi finn historia om motstandsfolka i Bjørn West-styrken som heldt til på fjellet på sørsida av fjorden mot slutten av andre verdskrigen. Dei brukte fleire sel som base. Kraftutbygginga stod også for endringar og etter kvart som ein slutta med stølsdrift tok friluftsinteressene over i sela.

Dette er stølen Mørketjørn om lag i 1923. Det var Hans L. Systad som dreiv geitestøl ved Mørketjørn i Avedalen. Han leigde med seg geiter som han stelte. Vi ser stølshusa, selet nærast og truleg fjøset bak. Kvinnene er frå venstre Klara Solheim og Johanna Avedal. (Eigar: Jonild Systaddal/Fylkesarkivet SFFf-1996163.0010)

havet, og kva slag drift dei hadde. Alle dei tre delane av boka er rikt illustrerte med foto, både gamle og nye. På grunn av den tidlegare innsamlinga av stølsfoto som Alf Ringereide hadde gjennomført er det mange gamle og gode foto. Forfattaren Gaute Ljotebø har teke mange nye gode foto. Inni teksten er det boksar med munnlege historier fortalt av fleire informantar som t.d.: «Dødsulykker på stølen. Julafta 1871 omkom husmannen på Gjelbøen, Anders Anderson Norevik (1840-1871), i eit snøskred ved Norestølen. Dette dødsfallet sette sluttstrek for drifta på husmannsplassen like ved Ytre Torvundstølen. Den 6. juli 1922 rulla Eirik Andreasson Lavik (1876-1922) utfor i nærleiken av Storhaugen ned mot Stølsvatnet, mens han hogg ved til Tjørnebotnstølen. Det er fortalt at han vart teken bort til eine selet på Norestølen, der han døydde straks etter av skadane.» Bruk av stølen i nyare tid Denne delen har to kapittel: ”Avvikling og omlegging” og ”Anna og ny bruk”. Her skildrar forfattaren endringar i jordbruket og tekniske

Boka «Stølar og stølsliv i Høyanger kommune» er ei utruleg god lokalhistorisk bok. At det blei samla inn foto frå dei forskjellige stølane på ei tid då informasjonen enno var i folks minne var viktig. Også at dei la stor vekt på informasjon til bileta gjer denne samlinga uvurderleg som kjelde. Gaute Ljotebø skriv at denne samlinga var ein føresetnad for at han kunne skrive boka. Men innsatsen til forfattaren blir ikkje mindre av den grunn.

nyvinningar som gjorde arbeidet i marka lettare t.d. løypestrengen. Her står det også om fellesfjøsar og om

Stønad til ordning av arkivet etter Per Håland Av Per Olav Bøyum Fylkesarkivet har fått tildelt 37 500 kroner frå Kulturrådet til ordning av arkivet etter avismannen Per Håland. Materialet som no vil bli gjennomgått og katalogisert er variert, og inneheld mellom anna manuskript til artiklar og føredrag, korrespondanse, sakstilfang og foto. Som bladfyk var Håland innom fleire aviser, men for mange er han nok synonymt med Gula Tidend. Han var redaktør i denne avisa i ein god mannsalder, og vil bli hugsa som ein uredd debattant, polemikar og kommentator. Håland hadde mange interessefelt. Han skapte seg òg eit namn som teatermeldar. I tillegg engasjerte han seg i ungdomslagsarbeid, politikk og i nynorsksaka. I omfang er arkivet på omlag 3 1/2 hyllemeter, og vil venteleg bli ferdig ordna til sommaren.

Per Håland i Nordfjordeid. Fotograf: ukjent.

25


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Kyrkjebø og Balestrand på Arkivportalen.no

Av Marit Anita Skrede

Kommunen femna då om dei tre sokna Vangsnes, Tjugum og Mundal. I det store og heile var grensene til kommunen faste fram til 1964, då det skjedde store endringar. Då måtte Balestrand overlata heile Vangsnes sokn til Vik og området Hella-Eitorn til Leikanger. Samstundes vart Kvamsøy sokn overført til Balestrand frå Vik kommune. 1. januar 2000 vart Fjærland sokn overført til Sogndal kommune.

Arkiv frå Lavik og Kyrkjebø er nedpakka og klart til å fraktast til Leikanger. Arkivmedarbeidarane i Høyanger kommune har gjort ein stor jobb for å førebu avleveringa. Foto: Fylkesarkivet

Eit av måla for oss som jobbar med kommunale arkiv på Fylkesarkivet, er å gjera arkiva frå kommunane meir tilgjengeleg for publikum. Ein føresetnad for dette er at arkiva er lette å finna fram i. Mange av dei eldste arkiva er, av ulike grunnar, lite tilgjengelege. Den siste tida har me jobba med å grovordna kommunale arkiv, registrera dei, og gjera dei tilgjengelege på Arkivportalen.no. Arkivportalen er inngangsporten til arkiv frå heile landet. No er arkivkatalogane frå Kyrkjebø og Balestrand søkbare i denne netttenesta. Leverte arkiv vinteren 2007 Høyanger og Balestrand kommune var fjerde og femte kommune som avleverte arkiv eldre enn 1964 til depot på fylkeshuset. Det skjedde i januar og februar 2007. Kyrkjebø var eigen kommune frå

26

1853. Mellom 1853 og 1890 vart kommunen kalla Klævold, sidan Kirkebø, før kommunen fekk namnet Kyrkjebø i 1917. I 1964 vart Lavik og Kyrkjebø kommune slegne saman til Høyanger kommune. Etter å ha vore del av Leikanger kommune frå 1837, vart Balestrand eigen kommune frå 1850.

Historia til dei to kommunane Arkivmaterialet som er avlevert frå kommunane kan fortelja mykje kommunal historie frå midten av 1800-talet og fram til siste halvdel av 1900-talet. Arkiva fortel om dei mange ulike oppgåvene som kommunane har hatt gjennom meir enn 100 år. Frå Kyrkjebø kommune har me registrert heile 84 ulike arkiv. Ein kan mellom anna få innblikk i historia til 20 ulike folkeskular, samt kva oppgåver skulestyret hadde. Og kva dreiv plannemnda med? Kyrkjebø kommune stod som formell eigar av Høyanger sjukehus frå 1934 til 1948. Det er noko arkiv om den eldste administrative historia til sjukehuset. Frå Balestrand er det registrert 64 ulike arkiv. Frå denne kommunen er det registrert arkiv frå 16 ulike folkeskular. Det er dessutan arkiv frå tre folkeboksamlingar; Balestrand, Fjærland og Tjugum. Dersom ein på ein eller annan måte er interessert i Balestrand, vil nok dei kommunale arkiva vera interessant lesnad.

Det var viktig at arkivmaterialet var godt pakka før det vart lessa om bord på flyttebilen som skulle frakta det til depot på Fylkeshuset. Foto: Fylkesarkivet

Frå begge dei to kommunane finst det arkivmateriale som er eldre enn skipinga av kommunane. Det eldste arkivmaterialet me har frå Kyrkjebø kommune, strekk seg bak til 1825. Dette er rekneskap som vedkjem


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

ARKIV

Dagen for avlevering i Balestrand – 6. februar 2007. Arkivlistene vart sjekka samstundes som kassane vart lessa på pallar. Foto: Fylkesarkivet

Kyrkjebø kyrkje. Frå Balestrand er det arkiv frå fattigstyret som strekk seg bak til 1837. I tillegg er ein skuleprotokoll frå 1844. Arkiva er tilgjengelege Det er no mogleg å få ei oversikt over kva arkiv som finst frå

Kyrkjebø og Balestrand kommune ved å gå inn på Arkivportalen.no. De kan også ta direkte kontakt med oss som jobbar med kommunale arkiv på Fylkesarkivet, så skal me hjelpa dykk med å finna fram til det de er interesserte i. Lesesalen vår er open kvar dag frå tysdag til fredag mellom 09.00 og 15.00. Me ber om at de tek kontakt nokre dagar på førehand dersom de vil vitja lesesalen for å studera arkivmateriale.

TIDSROM

Valstyret 1951-1963 Røystestyret 1945-1957 Formannskapet 1852-1967 Hjelpekomiteen 1942-1942 Granskingsnemnd 1946-1946 Nemnd - tyskarbrakker 1946-1947 Namnekomiteen 1930-1956 Tiltaksnemnda 1957-1957 Nemnd - reduksonstabell 1933-1934 Katastrofeutvalet 1943-1944 Desisjonsnemnda 1923-1959 Lønsnemnda 1936-1951 Byggekomiteen for fylkesyrkesskulen i Høyanger 1960-1964 Reguleringskommisjonen for Høyanger 1917-1944 Folkeregisteret 1936-1942 Likningsnemnda 1903-1965 Overlikningsnemnda 1935-1964 Takstnemnda 1914-1960 Heradskommisjonen 1864-1868 Kommunekassen 1861-1964 Revisjonen 1913-1947 Soknerådet 1825-1869 Høyanger bibliotek 1932-1969 Skulestyret 1879-1982 Byskuleordning 1928-1928 Plannemnda 1 937-1940 Byggenemnd Ortnevik skule 1954-1955 Byggenemnd Høyanger skule 1929-1960 St. skuleboksamlingane 1951-1970 Eksamensnemnda 1924-1936 Byggenemnda for gymnastikkbygget 1927-1929 Oversikt over arkiv frå Kyrkjebø kommune.

I 1964 var det ei storstila kommunesamanslåing i heile landet (Scheikomiteen). Før 1964 var det i Sogn og Fjordane rundt 40 kommunar. Frå 1/1 1964 vart det 26 kommunar. På det same tidspunktet skjedde det også nokre grenseendringar, og kommunekartet vart heilt endra over natta. Dette skarpe skiljet er bakgrunnen for at kommunane i fyrste omgang har avlevert arkiv eldre enn 1964 til depot.

Arkivet frå Balestrand er vel framme i depot. Listene og arkivet må sjekkast atter ein gong før det vert sett på rett hylle. Foto: Fylkesarkivet

Frå 2006 til 2008 avleverte 22 av dagens kommunar arkiv frå til saman 33 kommunar. Arkiva frå kommunane vart fyrst listeført og pakka ned ute i kommunane, før dei vart frakta til depot på fylkeshuset. Her måtte arkivarane pakka det opp att og stilla det i ein viss orden. Til slutt skulle arkiva registrerast i ASTA, arkivregistreringsverktyet vårt. Me hadde planlagt å henta inn arkiv frå ein kommune kvar månad. Dette vart gjennomført, men tida viste seg å vera for knapp til å få fullført registreringsarbeidet i etterkant. No er det ei prioritert oppgåve hjå oss å fullføra dette tidkrevjande, men spanande og viktige arbeidet. Etter kvart som me går gjennom arkiva frå kommunane, registrerer og gjer dei tilgjengelege på www.arkivportalen.no, vil me også presentera arkiva i Kjelda.

27


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Vadheim skule 1876-1963 1866-1961 Kyrkjebø skule Berge skule 1866-1959 1890-1965 Høyanger skule Måren skule 1872-1966 Norevik skule 1883-1981 Ortnevik skule 1863-1961 Strendene skule 1904-1966 Søreide skule 1882-1920 Bjordal skule 1876-1960 Fuglesetfjorden skule 1870-1887 Ullebø skule 1893-1908 Høyangsfjord skule 1866-1891 Skultestrand skule 1872-1903 Åkre skule 1879-1900 Østerbø skule 1892-1910 Osland/Ousland skule 1876-1891 Eidfjord/Eiesfjord skule 1872-1881 Dyrdal skule 1866-1871 Birkås skule 1936-1958 Framhaldskulen 1958-1961 Realskulen 1918-1969 Fattigstyret 1880-1964 Kyrkjebø kvileheim 1938-1976 Edruskapsnemnd 1936-1965 Barnevernsnemnd 1955-1964 Trygdenemnda 1947-1947 Trygdekassen/krinssjukekassen 1911-1920 Fiskarmanntalsnemnda 1938-1964 Alderstrygdnemnd 1940-1959 Arbeidsløysenemnd 1921-1939 Helserådet 1944-1964 Høyanger sjukehus 1933-1937 Jordmora 1902-1932 Bygningsrådet 1916-1960 Kommuneingeniøren 1953-1960 Brannstyret 1942-1964 Trafikk/kommunikasjonsnemnd 1934-1964 Småbruk- og bustadbanken 1920-1964 Jordstyret 1919-1965 Korntrygdkasseraren 1928-1930 Skogrådet 1929-1980 Oppgjersnemnda 1942-1951 Forliksrådet 1923-1952 Overformynderiet 1859-1966 Provianteringsrådet 1917-1920 Forsyningsnemnda 1937-1957 Forsyningsnemnda. Særnemnda for handsaming av søknadar om tildeling av elektrisk materiell 1940-1945 Prisnemnda 1941-1952 Kontrollnemnda 1939-1953

28

ARKIV

TIDSROM

Valstyret 1849-1995 Formannskapet 1849-1995 Rendedal, legat 1931-1951 Administrasjonsutvalet 1987-1993 Avgiftsnemnd 1969-1972 Byggjenemnd - kyrkje 1931-1932 Tiltaksnemnda 1968-1979 Lønsnemnda 1950-1964 Bossnemnda 1951-1972 Vassforsyningsnemnda 1950-1960 Folkeregisteret 1942-1945 Likningsnemnda 1890-1964 Heradskommisjonen 1861-1883 Kommunekassen 1849-1977 Revisjonen 1948-1955 Fjærland sokneråd 1935-1935 Tjugum sokneråd 1922-1981 Balestrand almugebok 1879-1901 Fjærland folkeboksamling 1907-1971 Tjugum folkeboksamling 1879-1972 Geistleg lønsfond 1901-1944 Ungdoms- og idrettsutval1960-1975 Skulestyret 1844-1986 Eksamensnemnda 1943-1966 Samstyret for skuleboksamlinga 1934-1972 Yrkesskulenemnd 1948-1956 Vangsnes skule 1862-1966 Lånefjorden skule 1916-1967 Nessane skule 1892-1972 Lindane/Linde skule 1950-1967 Balestrand/Sagatun skule 1860-1983 Grøneng skule 1885-1962 Sværefjorden skule 1890-1971 Vetlefjorden skule 1878-1971 Fjordtun skule 1948-1972 Ytre Fjærland skule 1888-1963 Hamrum/Mundal skule 1884-1982 Indre Fjærland skule 1862-1965 Eitorn/Eithun skule 1862-1956 Tvedt skule 1902-1902 Hovland skule 1904-1907 Skarestad skule 1890-1947 Balestrand framhaldsskule 1948-1973 Fattigstyret 1837-1964 Edruskapsnemnd 1939-1982 Trygdekassen/krinssjukekassen 1912-1952 Folketannrøkta 1952-1968 Husbanknemnda/ husnemnda 1922-1982 Bygningsrådet 1951-1971 Brannstyret 1949-1979 Viltnemnda 1952-1992

Småbruks- og bustadbank Jordstyret Skogrådet Fiskarnemnda Forliksrådet Overformynderiet Forsyningsnemnda Byggenemnd Prisnemnda Kontrollnemnda

1953-1977 1935-1971 1933-1956 1931-1973 1928-1949 1859-1976 1939-1958 1956-1961 1941-1959 1939-1953

Oversikt over arkiv frå Balestrand kommune.

Personalnytt Karl Årdal har sidan desember 2012 arbeidd med fotoregistrering og ordning/ompakking av fotosamlingar. I hovudsak dreier det seg om samlingane etter Kristian Berge, Paul Stang og Magdalena Gran. Karl er fødd i 1975, og kjem frå Selje.


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Smakebit frå arkivet

Av Marit Anita Skrede

Fjærland boksamling Av Marit Anita Skrede

I arkivet etter Fjærland boksamling ligg ei noko slita liste over bøkene som boksamlinga hadde. Lista vart påbyrja i 1915, og har blitt brukt fram til 1919. Boksamlinga har delt bøkene inn i ulike kategoriar; Religiøse bøker, Praktiske fag, Samfundslæra, Soga og Kunst, Skjönlitteratur, samt Naturvitskap og landkunna. Det var i kategoriane Religiøse bøker og Soga og Kunst boksamlinga hadde flest bøker, 47 og 46 bøker.

I arkivet etter skulestyret i Kyrkjebø, fann me desse reglane for skuleborn. Mange av reglane vil ein truleg finna på skulane enno, eller i alle fall burde ein det. Dei handlar om skikk og bruk og gode manerar. Enkelte av reglane er derimot slik at me i dag trekk litt på smilebandet, som til dømes: «Sputta skal du helst ikkje, men maa du, so bed om lov til aa gaa ut.»

Utdrag av bokoversikt frå Fjærland boksamling, 1915-1919.

29


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag - Me er eldre enn me trur -

Av Harald Jarl Runde

Aar 1921 den 24de juni var underskrivne samla på Voss i skulebygnaden åt folkehøgskulen på Seim og vedtok samrøystes å skipa fylkeslag for Sogn og Fjordane av Norsk Bonde og Småbrukarlag. 1 [lov] - - - - 2 Val: Formann Jakob Bøthun – varaformann H. P. Joranger – 3. medlem av styret Hans I. Horpedal. Varamenn Øystein Alme og Anton Kvalen. Jakob Bøthun – H. P. Joranger – Stillaug Bøyum – Oluf Øvrebø – Øystein Alme – Joh. Rognebakke Dette går fram av ei møtebok som Hans Haugen i Fjærland har funne i papira etter bestefaren, Hans I. Horpedal. Fylkeslaget er såleis skipa i 1921. Ikkje 1946/-48 som ein seinare har trutt, grunna manglande ”brev og protokollar” som det heiter. Rett nok gjekk laget inn etter 3 - 4 år. Men ein var komen i gang, også med fleire lokallag. Norsk Bonde- og Småbrukarlag er i år 100 år. Det var 21. juni 1913 at 36 utsendingar frå 20 småbrukarlag møttest på Eidsvold folkehøgskule for å stifte Norsk Småbrukerforbund. Møtestaden var vald med omhug, ein ville ha den rette historiske råma for hendinga. Som Eidsvolds-mennene i 1814, danna også småbrukarane broderkjede til slutt, medan Eidsvold Verks hornmusikk spela fedrelandssongen. I lovene som vart vedtekne, sette ein seg som mål å vere ein Faglig og upolitisk sammenslutning av lag, hvis formaal er at fremme medlemmernes økonomiske interesse gjennem fagopplysning samt gjennem samvirke og samarbeide.

30

”Småbrukaren” nr 1 april 1951. Det er mindre kjent at småbrukarrørsla i Sogn og Fjordane ei hadde sitt eige blad. Initiativtakarar var Anders M. Sølvberg og syskenbarnet Kornelius Sølvberg. Fyrste nummeret kom ut i 1949. Småbrukaren vart gjeve ut i samarbeid med bonde- og småbrukarlaga i Hordaland og Sogn og Fjordane og var tenkt å vere eit bindeledd mellom – og eit kamporgan for, småbrukarrørsla i desse fylka. Bladet vart gjeve ut berre eitt år, dei fekk ikkje inn bladpengane. Det vart gjeve ut 4 blad og eit julehefte. I 1950 vart det ikkje gjeve ut blad, men i 1951 vart dei oppmoda om å prøve på nytt. Det gjekk ikkje betre denne gongen heller, og Småbrukaren vart avslutta. Heradsagronom Sterri i Kyrkjebø vart beden om å overta som redaktør, men fann å ikkje kunne ta på seg oppgåva. Småbrukaren gjekk såleis inn i 1951. Det var R. Søreides Prenteverk på Sandane som trykte bladet.

Bakgrunnen for stiftinga var at eldsjeler såg trongen for samhandling, samvirkeorganisering og fagleg opp-

lysning blant bønder og landarbeidarane i Norge. I tillegg var jordspørsmålet sentralt. I 1919 vart namnet


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

endra til Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) som organisasjonen heiter i dag. Til alle tider har NBS hatt både store og små bønder som medlemer. Storbønder gjev uttrykk for at dei er medlemer fordi dei er samde i programmet og det næringspolitiske synet NBS står for. Ei viktig kampsak var å få eige undervisningssystem for småbrukarane. Statsminister Gunnar Knudsen (V) forkasta proposisjonen om landbruksundervisninga som blei lagt fram i 1913. I 1914 vedtok Stortinget å opprette småbrukarlærarskulen etter at statsministeren stilte kabinettspørsmål for å få vedtaket igjennom. Denne undervisningsforma gjekk fram til 1960. Ei anna hovudsak har vore ”jordspørsmålet”, prinsippet om at den som driv jorda skal eige jorda. Frå kampen for at fleire skulle eige jord gjennom arbeidar-, husmanns- og bureisingsbruka til dagens kamp for familiebruk, bu- og driveplikt. Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag Kring 1930 var næringslivet i krise. Arbeidsløysa på landsbygda og gjeldskrisa i landbruksnæringa nådde ein topp. Mange vart hardt råka av mangel på arbeid utanom bruket og dårleg avsetnad og låge prisar på produkta ein kunne levere. Hadde ein då i tillegg gjeld, tårna problema seg.

Takka vere pengestøtte frå seinare statsminister J. L. Mowinkel, kunne NBS i 1920 sende trønderbonden Hans Braset på føredrags- og agitasjonsferd til dei to Bergenhus-amta. Bondelaget dreiv på denne tida medlemsverving og oppbygging av organisasjonsapparatet. Det var også stor øsing kring spørsmålet om bøndene skulle skipe sitt eige parti (Bondepartiet skipa i 1921). Agitasjonen frå Braset fall difor ikkje allstad i god jord og det vart mykje avisskriving. Men utan at det så langt går klårt fram, må det ha vorte skipa fleire småbrukarlag i kjølvatnet av talarferda. I alle fall, det er mykje ukjent historie ”om oss sjølve” i møteboka og papira etter Hans I. Horpedal. Men kven er desse ”fedrene” på skipingsmøtet? Jakob Bøthun var frå Fresvik, H. P. Jordanger frå Marifjøra, Hans I. Horpedal og Stillaug Bøyum frå Fjærland, Oluf Øvrebø frå Solvorn og Øystein Alme frå Luster. Joh. Rognebakke var gjerne den Joh. Rognebakke frå Naustdal som vart lærar på Eikås i Jølster. Minst to var lærarar, Bøthun og Rognebakke. Anton Kvalen som

vart varamann til styret, har eg heller ikkje funne ut av. Til det fyrste ordinære årsmøtet i 1922 – som karakteristisk nok vart halde i Bergen – møtte det utsendingar frå 11 lag. Aktiviteten i lokallaga har vore stor. Her er mykje brevveksling om skeid og faglege foredrag, men også planar om utferder til Jæren og jordbruksskulen i Aurland. Men fylkeslaget arbeidde tungt. Det var lange og tungvinte reiser for å halde møte. Dårleg økonomi gjorde også sitt. Ein har kalla inn til (års)møte i Vadheim i 1924. I 1926 etterlyser landslaget innbetalingar frå fleire av lokallaga. Ein opplyser at laga såleis vil misse stemmeretten på landsmøtet i 1926. Dermed vert det stilt. Nyskiping Heilt fram til våre dagar har Landbruksselskapet spela ei stor og viktig rolle for utviklinga av jordbruksnæringa i Sogn og Fjordane. Her ligg også kimen til organiseringa av småbrukarane i fylket. Nordre Bergenhus Amts Landhusholdningsselskap vart skipa i 1857 etter at ein fram til då hadde hatt felles lag for båe amta. Landhusholdningsselskapet vart etter kvart det samlande organet for alle jordbrukstiltak i amtet. I 1912 vart vedtektene endra og selskapet fekk nytt namn, Nordre Bergenhus landbrukslag.

I Sogn og Fjordane finn ein dei fyrste kimane til organisering mellom småbrukarane desse åra. Utviklinga ser ut til å ha gått to vegar. Somme stader organiserte ein seg i ”arbeidar- og småbrukarlag”, andre stader i reine ”småbrukarlag”. Dei fleste arbeidar- og småbrukarlaga – kanskje alle – vart dei fyrste arbeidarpartilaga i fylket, direkte tilslutta Det norske Arbeidarparti. På den andre sida melde småbrukarane seg inn i Norsk Bondeog Småbrukarlag. Utklipp frå ”Fjordingen” 11. juni 1946.

Etter stortingsvedtak i 1919 vart landbruksselskapa offentlege administrasjons- og rådgjevingsorgan for landbruksnæringa. Vedtektene måtte tilpassast stortingsvedtaket og landbrukslaget fekk det namnet det no har, Sogn og Fjordane Landbruksselskap. Berre lokale bondelag, bonde- og småbrukarlag og såkalla «jordbrukslag» kunne no verte medlemer i landsbruks31


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

arbeidarpartifolk gått inn for det same. Men Småbrukarlaget sa nei. Det vart heller ikkje noko av samav Bondelaget og linga Sentralforbundet. Men det skjedde ei forvitring og forsteining i NBS. Representantskaps- og landsmøta vart meir og meir ”gamlemannsforsamlingar” og nyrekrutteringa svikta. Fylkeslaget hadde ein tung periode, medlemstalet gjekk nedover og ein kom under 100 betalande medlemer. Dette førde til at ein møtte på representantskapsmøta i NBS utan røysterett. Få av lokallaga fungerte og berre engasjementet til nokre få idealistar gjorde at ein overlevde. I 1970-åra opplevde NBS ei ny oppgangstid og hadde eit jamt tilsig av nye medlemer. Med unnatak av VestAgder og Sogn og Fjordane fekk ein eit godt fotfeste på Sør- og Vestlandet. I 1980 kom telemarkingen Lars O

Frå møteboka 1921.

selskapa. Men som det heiter i eit avisreferat frå fyrste årsmøtet etter nyskipinga: Det gamle styret blev gjenvalgt efter at det hadde vist sig at den nye lovs bestemmelser om at styret skal vælges med to medlemmer fra smaabrukerlagene og to medlemmer fra jordbrukslagene ikke kunne opfyldes, da der ikke var fremmødt nogen representant fra fylkets 6 smaabrukerlag (Sogningen 3/71920). I 1930-åra arbeidde særleg Anders M. Sølvberg for å skipa nye lokallag og eit fylkeslag. Fjellvangen som han vart kalla, var bureisar på Fjelli i dåverande Innvik kommune. Han var ein idealist og ein slitar. Striden gjaldt å verte med i Landbruksselskapet og få målsmenn inn i styret der. Noko som vart nekta,

32

ikkje heilt lovleg. Så kom krigen i vegen, men saka mognast. 31. mai 1946 vart det halde eit møte i Høyanger, og fylkeslaget blei skipa på nytt. 25 lokallag var tilslutta og Sølvberg vart fyrste formannen. Etter eit rabalderårsmøte i 1947 i Landbruksselskapet, vart bonde- og småbrukarlaga etter mykje om og men godkjende året etter som medlemer. Anders M. Sølvberg og Nils Vik frå småbrukarlaga kom inn styret til landbruksselskapet. Nedgang og ny giv Utover på 60-talet var småbrukarrørsla og NBS langt nede og det var prøvt ei styrt avvikling av laget. Bondelaget og Landbrukets Sentralforbund gjorde ein framstøyt for å få i stand ein ny topporganisasjon i landbruket. Dette var ikkje nye tonar, ved fleire høve hadde mange landbruksbyråkratar og sentrale

Lokallag som er nemnde i papira etter Hans I. Horpedal. Nokre av laga kan vere nemnde under fleire namn. Breim Eikås [Jølster?] Eivindvik [Midtunvågen?] Feios Fjærland Fresvik Indre Hafslo Innstevik [Truleg Høyanger sørside] Innvik Jølster [Eikås?] Lyster Midtunvågen [Eivindvik?] Solvorn Utvik Også korrespondanse om skiping av lag i Naustdal, men det har truleg ikkje blitt noko av.


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Romtveit inn i landssstyret i NBS. Då han overtok som leiar i 1982, vart det ny satsing på småbrukarrørsla. Medlemsverving og aktivitet i fylkeslaga vart prioritert. I 1983 vart Åsmund Berthelsen tilsett som fylkessekretær i Sogn og Fjordane. No kom det ny giv i organisering og nyskiping av gamle og nye lag. Laga vart no organiserte kommunevis med medlemer frå ein eller fleire kommunar. Medlemstalet vart tredobla på to år og nye folk kom inn som tillitsvalde. Romtveit vitja fylket, samla fulle hus og skapte blest om småbrukarrørsla. Medlemstalet var på topp i 1992. Då var det 721 betalande medlemer fordelt på 18 lokallag. I våre dagar har Fylkesmannen overteke oppgåvene til Landbruksselskapet. Men selskapet er framleis liv laga, no som ein interesseorganisasjon for aktørar i landbruksnæringa med tilknytning til Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane Bondeog Småbrukarlaget eit av dei to faglaga i fylket. Rett nok er me små med noko under 400 medlemer i høve til ”storebror” Bondelaget, men med same rettar og plikter overfor Fylkesmannen og andre offentlege etatar. Kjelder og litteratur •Harald Jarl Runde: ”Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag Jubileumsskrift 60 år 1946 – 2006.” Som tillegg til Årsmelding 2006. •Trond Feiring, Olav Rovde, Sigvart Tøsse: ”Lat oss rydja og byggja oss grender Den norske småbrukaren 1913 – 1988.” 1988. •Arkivsaker etter Hans I. Horpedal •Eige arkiv og årsmeldingar Vidare byggjer artikkelen delvis på ein kronikk av Merete Furuberg, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Nye privatarkiv på Fylkesarkivet i 2012 Av Per Olav Bøyum Det vart registrert 51 nye privatarkiv i 2012: SFF-2012101 Wangensten, Solveig SFF-2012102 Lunde, David SFF-2012103 US-Collection SFF-2012104 Fjordane Raud Ungdom SFF-2012105 Førde Raud Ungdom SFF-2012106 Høyanger Raud Ungdom SFF-2012107 Sogn og Fjordane Raud Ungdom SFF-2012108 Vågsøy Raud Ungdom SFF-2012109 Sogn og Fjordane Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) SFF-2012110 Fagleg 1. mai-front Gloppen SFF-2012111 Einskap - Solidaritet i Førde SFF-2012112 Fagleg 1. mai-front Førde SFF-2012113 Raud Arbeidarfront i Gloppen SFF-2012114 Sognaarkivet SFF-2012115 Tredje verda komiteen Sandane SFF-2012116 Orrestad, Gunnar SFF-2012117 Hengesteg, Margreta SFF-2012118 Stenehjem, Mikkel Larsson SFF-2012119 Sanda, gnr. 75, br. 4 – Gaular SFF-2012120 Amerikabrev frå Feios og Leikanger SFF-2012121 Yttri, Gunnar SFF-2012122 Fjordane Folkeakademi SFF-2012123 Sogn og Fjordane Folkeakademi SFF-2012124 Høyanger Samvirkelag SFF-2012125 Årdal-Sogn Rotaryklubb SFF-2012126 Sogn og Fjordane Bondekvinnelag SFF-2012127 Sogn og Fjordane Utmarkslag SFF-2012128 Sætremyr, Ole Ingvald SFF-2012129 Balestrand Radio Elektriske SFF-2012130 Lunde, Lars R. SFF-2012132 Leikanger Kunstlag SFF-2012133 Sogn og Fjordane biblioteklag SFF-2012134 Sogndal og Leikanger Revmatikerforening SFF-2012135 Ytre Sogn Fagforening, avd. 168 i Fellesforbundet SFF-2012136 Hotell og Restaurantarbeiderforbundet Avd 107 Sogn og Fjordane SFF-2012137 Fellesforbundet Hotell, Restaurant og Reiseliv avd. 270, Sogn og Fjordane SFF-2012138 Askvoll Fagforening Avd. 139 Fellesforbundet SFF-2012139 Fjaler AUF SFF-2012140 Sogndal Bygningsarbeiderforening avd. 477 SFF-2012141 Kaupanger Skog og Land, avd. 562 i Fellesforbundet SFF-2012142 Luster Bygning avd. 756 i Fellesforbundet SFF-2012143 Hyen Jern og Metall avd. 19 SFF-2012144 Vik Fagforening Avd. 161 i Fellesforbundet SFF-2012145 Fellesforbundet avd. 019 Sogn og Fjordane Fagforening SFF-2012146 Dale Bekledningsarbeiderforening avd. 105 SFF-2012147 LO Sogndal og omland SFF-2012149 Hagebruksutstillingen for Sogn SFF-2012150 Eikås, Kristian SFF-2012151 Biblia, det er, Den gantske Hellige Scrifft SFF-2012152 Dale, Margit SFF-2012154 Kjøpstemna for Sogn 1938

33


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Fire fylkesmenn på flyttefot i perioden 1840 – 1862

Av Hermund Kleppa

Nordre Bergenhus Amt (frå 1919 Sogn og Fjordane fylke) blei oppretta i 1763. I åra 1763-1939 var fylkesmannsembetet sin administrasjon nært knytt til fylkesmannen sin bustad. Den første fylkesmannen budde på Kaupanger. I åra 1771-1843 hadde Nordre Bergenhus amt adresse Bergen. Deretter følgde ein periode med skiftande adresser i Sogn og Fjordane før fylkesmannsembetet fekk adresse Nybø, Leikanger, frå 27. september 1862. Men kvar heldt fylkesmannsembetet til i perioden 1840-1862? Kva var adressa til Nordre Bergenhus amt? Oversynet her byggjer på gjennomgang av innkomen post til Nordre Bergenhus Amt. Lite i trykte kjelder Sogn og Fjordane hadde fire fylkesmenn i åra 1840-1862/1863. Trykte kjelder har lite informasjon om kvar dei budde. Boka Engesæter og Thue: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år (1987): I ein tekst til eit bilete som viser Lærdalsøyri står det: «Frå 1840 til 1862 budde dei fleste fylkesmennene (..) her.». Boka

Hans Seip: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. (1958): «Amtmann Kastrup (…) vart buande i Bergen til 1840, då han flutte til Lærdal. I Lærdal budde so han, amtmann Tostrup (1844-1852) og amtmann Aubert.» Bygdebøkene for Lærdal og Sogndal har bustadopplysningar om ein av dei fire fylkesmennene, fylkesmann Aubert, bygdeboka for Leikanger om Falsen. Om kjeldene til dette oversynet Oversynet i denne artikkelen byggjer på førstehandskjelder: 1) Arkivet til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, a) arkivserie kontorarkiv, åra 1840-1862, b) arkivboks med dokument vedkomande statleg embetsbustad for fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Arkivserien inneheld mange brev/dokument med påført adresse. Biografiske opplysningar byggjer på boka til Hans Seip. Christian Ulrik Kastrup (1784-1850) Fylkesmann i åra 1833-1844. I hans embetsperiode hadde amtet desse postadressene: 1) 1833-1840:

Brev til Nordre Bergenhuus Amt, poststempla Bergen 5.3.1861, sidestempla Fjalir (fylket sitt eine dampskip, det andre «Framnæs») same dato, adressert Balestrand. På denne tida var futen Landmark (busett i Balestrand), konstituert fylkesmann. Foto: Stortingsarkivet.

34

Fylkesmann Christian Ulrik Kastrup (17841850), fylkesmann 1833-1844. I hans tid hadde embetet postadresse Bergen frå 1833 til hausten 1843 då garden Einemo i Lærdal vart adresse. Foto: Stortingsarkivet.

Bergen. Heile 1840: Bergen. Vidare i åra 1841 og 1842, til hausten 1843: Bergen. 2) Frå hausten 1843: Lærdal, garden Einemo (fleire skrivemåtar: t.d. Enemoe, pr. Leirdalsøren). Det står mange stader at Fylkesmannen flytte frå Bergen til Sogn og Fjordane i 1840. Adressene på innkomen post til embetet tyder på at det rette årstalet er 1843. Biografiske opplysningar: Kastrup vart fødd i Stavanger 1784. Han vart fenrik ved 1. Trondhjemske Infanteriregiment 1808, tok juridisk eksamen i språk 1808, tok avskil som offiser (løytnant) 1811, vart regimentskvartermeister og auditør på Vardøhus festning 1811 og samstundes tollkontrollør i Vardø 18131814. Han vart fut i Nordhordland og Voss 1917, fylkesmann i Finmarkens amt 1828, i Stavanger amt 1829 og i Nordre Bergenhus amt 1833-1844. Han var gift med Erika Kristine Stalin. Christian Ulrik Kastrup døydde på Rostad, Inderøya, i 1850.


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

desse adressene: 1) Frå 1852 til hausten 1855: Sogndal, Kaupanger, 2) Frå hausten 1855 til hausten 1860: Lærdal, Lærdalsøyri. Fylkesmann Aubert arbeidde iherdig for å skaffa embetet fast bustad (adresse). Han skreiv fleire brev til Indredepartementet. Sommaren 1859 fekk han tilbod om eigedommen Skorpen i Førde. I brevet står m.a.: Framside på brev, datert 13. september 1843, adressert til garden «Enemoe, pr. Leirdalsøren». Foto: Stortingsarkivet.

Hans Tostrup (1799-1856) Fylkesmann i åra 1844-1852. I Tostrup sin periode hadde embetet desse adressene: 1) 1844 - til hausten 1846: Lærdal, Einemo. 2) Frå hausten 1846: Sogndal, Kaupanger (fleire skrivemåtar, t.d. «Kopanger pr. Leirdalsøren») til han gjekk av 1852. Biografiske opplysningar: Tostrup vart fødd i Hjelmeland, Rogaland, 20. oktober 1799. Han var først landkadett i militæret, deretter tilsett på sorenskrivarkontoret i Ryfylke. Tok norsk juridisk embetseksamen 1824, kopist i Kyrkjedepartementet 1825, student 1826, fullmektig i

Hans Tostrup (1799-1856), fylkesmann 1844-1852. I hans tid hadde fylkesmansembetet postadressene Einemo (Lærdal) 18441846 Kaupanger (Sogndal) (1846-1852. Foto: Stortingsarkivet.

Kyrkjedepartementet 1829, cand. jur 1830, universitetssekretær 1832, auditør ved Fredriksvern verft 1836, konstituert fylkesmann i Jarlsberg og Larvik amt 1843, fylkesmann i Nordre Bergenhus amt 1844, i Kristians amt 1852. Tok avskil 1854. Han var stortingsmann frå Nordre Bergenhus amt 1848. I 1844 var han medlem av ein kongeleg kommisjon om rekneskapsstellet i marinen. Han var gift med Fredrikke Christine Schaft. Hans Tostrup døydde i Christiania 1856, mest blind. Michael Conrad Sophus Emil Aubert (1811-1872) Fylkesmann i åra 1852–1860. I Aubert sin periode hadde embetet

«I Forbindelse med min Skr af 13de fm [13.07.1859] betræffende min Udsigelse [oppseiing] fra den Huusleilighed, jeg hidindtil har beboet paa Lærdalsøren skulde jeg herved give mig den ære at indberette, at Landhandler Schultz i Førde under det nys sluttede Amtsformandskabsmøde gjorde mig Tilbud om at sælge sin Eiendom Skorpen for en Priis af 5000 Spd til vordende Amtmandsbolig. Dette er visstnok dyrt, men jeg frygter for, at intet fordeelagtigere Arrangement nogensinde vil blive at erholde, men at heller Vanskelighederne ved at tilveiebringe en passende Bolig for Amtmanden i N.B. Amt Aar for Aar ville hengaae, og jeg troer derfor at kunde anbefale, at dette Tilbud antages.»

Dette huset har adresse Brattgjerde 27, Lærdal. Det ligg på Einemo, og var etter alt å døma huset fylkesmann Kastrup og fylkesmann Tostrup leigde i åra 1843 – 1846. Foto: Stortingsarkivet.

35


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Bergen, samt diverse pt-adresser, 3) Frå 27. september 1862: Leikanger (garden Nybø). I 1863 vart Nybø statleg fylkesmannsgard/bustad. Korrespondanse mellom Falsen og Indredepartementet inneheld informasjon om bustad. Nedanfor følgjer to døme, det eine frå brev (konsept), september 1861, det andre frå september 1862:

Framside på brev til Nordre Bergenhuus Amt, poststempla Bergen 15.3.1852, adressert til «Kopanger» (Kaupanger). Foto: Stortingsarkivet.

Fjordane 1858. Han var gift 3 gonger: 1) med Inger Christine Baade, 2) med Gjertrud Sophie Løberg, og 3) med Caroline Johanne Marie Løberg. Dei siste var systrer. Michael C.S.E. Aubert døydde i Sande 8. november 1872.»

Michael Conrad Sophus Emil Aubert (18111872). I hans tid hadde fylkesmansembetet postadresse Kaupanger 1852-1855, og Lærdalsøyri 1855-1860. Foto: Stortingsarkivet.

Biografiske opplysningar: Aubert vart fødd i Christiania 2. juli 1811. Han vart student 1828, cand. jur. 1835, kopist 1830-1836. I 1836 vart han sorenskrivarfullmektig, stiftsoverprokurator i Bergen 1841, sorenskrivar i Lofoten og Vesterålen 1847, fylkesmann i Nordre Bergenhus amt 1852, borgarmeister i Trondhjem 1860, sorenskrivar i Nordre Jarlsberg 1866. I 1858 var han formann i ein kongeleg kommisjon om verneplikt og utskriving. Han var 3. varamann til Stortinget for Nordre Bergenhus amt i 1857. Aubert var sterkt medverkande i skipinga av Fylkesbaatane i Sogn og

36

John Collett Falsen (1817-1879) Fylkesmann, 1861–1869. Futen Landmark i Balestrand var konstituert fylkesmann frå Aubert slutta i november 1860 til Falsen tok over i 1861. Landmark møtte som konstituert fylkesmann på fylkestinget juli 1861. I Falsen sin periode hadde amtet desse adressene: 1) august – september 1861: Sogndal (Loftesnes). 2) Frå månadsskiftet september/oktober 1861 til 27. september 1862:

1) «De to foregaaende Amtmænd [Tostrup og Aubert] boede i længre Tid paa Kaupanger i Sogndal i Indre Sogn, indtil min Formand [Aubert], da han ikke længre kunde beholde denne Bolig, saa sig nødsaget til at flytte til Leirdalsøren [hausten 1855], hvor han boede til Leie i et Huus, der i flere Henseende efterlod mange Savn.» «Den Bolig jeg for Tiden benytter paa Gaarden Loftesnes i Sogndal, blev mig tilbuden alene for Sommeren, da den ikke antages tjenlig for Vinteren og kan, efter nu at have beboet den en Maaned, tilføie at den ikke engang afgiver tilstrækkelig Beskyttelse i et saa koldt og fugtigt Efteraar, som nu haves. (overstreka: Jeg kan saalede ikke forblive her (overstreka slutt) Idet jeg saaledes ikke havde ventet at kunne og heller ikke kan forblive i denne Bolig, har jeg forsøgt at skaffe mig en anden, uden at det har lyk-

Brev til «Amtmanden i Nordre Bergenhuus Amt», poststempla Trondhjem 19.10.1855, adressert til «Lærdalsøren». Foto: Stortingsarkivet.


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Øyregata 1, Stødnahuset, Lærdalsøyri (2013). Dette huset leigde fylkesmann Aubert i åra 1855-1860. Foto: Stortingsarkivet.

at indberette, at jeg den 27de (overstreka: d.M. tager Bopæl paa Gaarden Nybø (overstreka slutt) tilflytter Distriktet og tager paa (sic) Bopæl paa Gaarden Nybø i Lekanger Præstegjeld i Sogn Fogderi; som jeg ifølge vedlagte Affskrifft af Contrakt med Sorenskriver Hjorth har indkjøbt enten til Embedsgaard eller til privat Eiendom for mig.» Oppsummering Nordre Bergenhus Amt hadde i åra 1840-1862 følgjande postadresser: John Collett Falsen (1817-1879). I hans tid hadde fylkesmannsembetet postadresser Sogndal (Loftesnes), Bergen og Leikanger (Nybø). Garden Nybø vart statseigd fylkesmannsgard i 1863. Foto: Stortingsarkivet.

kedes mig at erholde bogen saadan i Sogn.» 2) «Ved Kgl. Resol af 28 Septbr 1861 blev det mig naadigst tilladt at tage Bopæl i Bergen for et Tidsrum af eet Aar frå samme Aars Høst at regne. I Skrivelse 18de d.M til det Kgl. Dept. har jeg givet mig den Ære

• 1839-1843 Bergen (fylkesmann Kastrup) • 1843-1846 Lærdal, garden Einemo (fylkesmann Kastrup og fylkesmann Tostrup) • 1846-1855 Sogndal, Kaupanger (fylkesmann Tostrup og fylkesmann Aubert) • 1855-1860 Lærdal, Lærdalsøyri (fylkesmann Aubert) • 1860, i første halvår: Balestrand, Askelund (konstituert fylkesmann, fut Landmark) • 1860, august-september: Sogndal,

Loftesnes (fylkesmann Falsen) • 1860-1861 Bergen (fylkesmann Falsen) • 1862, frå 27. september, Leikanger, Nybø (fylkesmann Falsen) Artikkelen er opphavleg skriven for Kultuhistorisk leksikon. Kjelder • Engesæter Aage og Thue, Johs B.: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. (1987). • Seip, Hans: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. 1958 • Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, I Kontorarkiv. Arkivserie C. Inkomne brev.

37


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Arbeidarkvinnelag i Sogn og Fjordane

Av Per Olav Bøyum

I 2013 er det hundre år sidan kvinner i Noreg fekk stemmerett på same vilkår som menn. Kampen for stemmerett stod høgt på dagsorden i arbeidarrørsla. I jubileumsåret kan det såleis vere på sin plass å sjå nærare på arbeidarkvinnelaga i Sogn og Fjordane.

Den fyrste kvinneforeininga i AP såg dagsljoset i 1895. Frå kring 1900 kom det til ei rekkje slike foreiningar, men likevel utgjorde ikkje kvinnedelen i Arbeidarpartiet i mellomkrigstida meir enn 14-16 % av den totale medlemsmassen (Bratteli : 120 og Blom : 9).

Kvinner fekk i 1901 innskrenka stemmerett ved kommunale val. Men den nyvunne retten resulterte ikkje i eit stormlaup til stemmelokala. På landsbygda var det i 1901 berre 9.5 % av dei røysteføre kvinnene som nytta seg av stemmeretten sin (Bratteli : 62).

Det har blitt hevda at kjønnsperspektivet vart tona ned i norsk arbeidarrørsle i mellomkrigstida, i alle høve samanlikna med Sverige og Danmark (Blom 1998:6). Noreg var i større grad dominert av ei revolusjonær arbeidarrørsle, men større vektlegging av klassekamp enn konflikt mellom mann og kvinne.

Den fyrste tida florerte det heller ikkje med kvinnelege folkevalde. Valet i 1910 gav ein kvinnedel på 1,6 % i norske kommunestyre. I åra etter sank det litt, før det i 1934 igjen var oppe på 1,6 %. Det store hoppet kom med «kvinnekuppet» i 1971, då representasjonen steig frå 9 til 15 % (Bratteli : 63).

Frå Fylkestidende 07.03.1950. Stryn Arbeiderkvinnelag må truleg ha blitt skipa rett etter krigen. Det finst i alle fall ikkje spor av foreininga i fylkespartivet sitt arkiv frå mellomkrigstida.

38

Utover 1930-talet er kjeldestoda slik at det er mogeleg å fylgje både medlems- og lagsaktiviteten i Sogn og Fjordane. Kontingentoppgjeret for siste kvartal i 1934 viser at det var 792 medlemmer av Arbeidarpariet. 71 av desse, nærare 9 %, var kvinner. Dette var såleis noko mindre enn tilslutnaden på landsbasis, men det bør skytast inn at det kunne vere store endringar i medlemsmassen frå kvartal til kvartal. I Sogn og Fjordane skal det fyrste kvinnelaget ha blitt skipa i Høyanger i 1925. Foreininga ser ut til å ha vore ein einsleg svale nokre år, men utover 1930-talet fekk lagsarbeidet ein god dytt framover. I ein avisartikkel frå 1934 rapporterte Kåre Fostervoll om at det var sju kvinnegrupper i Sogn og Fjordane: «dei fleste frå våren 1933, då sekretær Thina Thorleifsen tok ein turnè gjennom fylket». Talet på kvinneforeiningar ser ut til å ha halde seg nokolunde stabilt på 6-7 fram mot 1940. Nokre vart lagde ned, medan andre kom til.

Fylkesarkivet fekk i 2007 inn arkivet frå Astrid Marie Nistad, ei av dei mest markante kvinnelege Arbeidarparti-representantane frå Sogn og Fjordane. Ho var stortingsrepresentant i åra 1989-2001, og dessutan statssekretær i Olje- og energidepartementet i perioden 1986-1989. Biletet er henta frå www.stortinget.no

Kvinnelag tilslutta Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane Fylkesarkivet har dokument frå fem arbeidarkvinnelag. Det eldste er frå Aurland Arbeiderkvinnegruppe, som vart skipa i 1934. I møteboka står det å lese at «foreningen skal arbeida for gode formål blant dei arbeidande som skulde trengja det ved sjukdom og liknande og elles so foreningen vert enige om». Av referata går det fram at medlemmene ofte møttest for loddsal og høgtlesing. I 1937 «var det ein liten deskosjon um att me skulde få burt rusdrykken». Elles var det oppe mange av dei vanlege sakene som dominerte arbeidarrørsla på 1930-talet, som stønad til ofra for den spanske borgarkrigen og hjelp til Finland. Fylkesarkivet har vidare motteke materiale frå Førde Arbeidarkvinnegruppe, Underdal Kvinne-


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Det kjeldene våre ikkje gjev svar på er kven den fyrste kvinnelege kommunestyrerepresentanten frå Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane var. Og tilsvarande: kven var den fyrste ordføraren? Viss nokon av lesarane sit inne med kunnskap om dette vil me bli svært takksame for å høyre frå dykk.

Kaupanger og Amla kvinnegruppe vart stifta 1. januar 1939. Den einaste resten av arkivmaterialet frå denne foreininga er ein ubrukt protokoll. Som vart kverrsett i 1941. Mange partiarkiv gjekk tapt under krigen, og truleg må resten av materialet frå kvinnegruppa ha blitt vekke i krigsåra.

gruppe og Leikanger Arbeidarlag – kvinnegruppa, men for desse laga er det berre tale om fragment, i hovudsak rekneskap. Det mest omfangsrike arkivet me har registrert er det frå Øvre Årdal Arbeidarkvinnelag. I fyrste møteboka blir det opplyst at: Torsdag den 24 januar 1946 vart det av forman i Øvre Årdal Arbeiderlag hr. Ivar Sterri og kassereren hr. Sigurd Hjelmås inkalt til kvinnemøte i hjemmet til fru Jenny Øvstetun. Hensikten med møtet var å stifte ei kvinne-gruppe i tilslutning til Det norske Arbeiderparti, og Øvre Årdal Arbeiderlag. Jenny Øvstetun vart vald til formann. Elles i styret sat Syneva Vee (kasserar), Haldis Øren (sekretær), Klara Hestetun og Johanna Moen. Protokollane vitnar om eit livskraftig lag med mykje aktivitet. Allereie fyrste året står det å lese i årsmeldinga at det hadde vore 10 medlemsmøte. På stiftingsmøtet teikna det seg 52 medlemmer. Alle forutan ei står oppførte med yrke «husmor» i medlemsprotokollen. Debattane i laget kunne bli livlege. Frå møtet 16. februar 1948 vert det

referert til ein «heftig diskusjon». Nøyaktig kva saka dreidde seg om kjem ikkje tydeleg fram, men alle frammøtte medlemmer skreiv under på eit protestskriv som dei sende til formannskapet. Som gjennomgangen viser finst det arkiv etter kvinnelege lag og foreiningar tilslutta Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane, men dei er ikkje veldig mange. Det skuldast nok dels at det faktisk eksisterte få slike kvinnegrupper her i fylket, i alle høve før krigen. Det er òg grunn til å tru at nokre arkiv kan ha gått tapt i krigsåra. Men heller ikkje etter 1945 har me registrert mykje materiale frå arbeidarkvinnelag. Kanskje finst det slike arkiv rundt omkring på loft eller i kjellarar?

Litteratur og kjelder • Vi er de tusener- : Arbeiderpartiets kvinnebevegelse 1901-1976 / redigert av Randi Bratteli. Oslo : Tiden, 1997 • Sogn og Fjordane Arbeidarparti gjennom 60 år : 1920-80 • Kregnes, Gudrun: Kvinner i strid gjennom 95 år : Hamar arbeiderpartis kvinneforening 1902-1997 • Blom, Ida: Et dobbelt ansvar : kvinner og menn i norsk arbeiderbevegelse 1918-1940. I: Årbok for Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek 1998, s. 5-33 • SFF-2007033 Øvre Årdal Arbeidarkvinnelag • SFF-88127 Aurland Arbeiderkvinnegruppe • SFF-88148 Sogn og Fjordane Arbeidarparti

Abonner på Kjelda! Ring tlf. 57 65 64 00 Eller send e-post til: postmottak.sffarkiv@sfj.no Ei årstinging kostar 195 kr.

Frå Sogningen 26.10.1934. Gudrun Gjesme vart vald inn i Lærdal kommunestyre i 1934. Men var ho den fyrste kvinnelege APrepresentanten i eit kommunestyre i Sogn og Fjordane? 39


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Tilvekst til biblioteket 25.10.12-05.02.13 • Love for Nordre Bergenhus amts landhusholdingsselskab vedtagne under selskabets årsmøde i 1895. 3 s. • Beretning om Nordre Bergenhus landhusholdningsselskab for aaret 1903. 1904, 43 s. • Beretning om Nordre Bergenhus amts landhusholdningsselskabs virksomhet i 1908. 1909, 65 s. • Indberetning om Nordre Bergenhus Amts Landhusholdningsselskabs Virksomhed i Tiden fra 1ste Januar til 15de Juli 1867. 8 s., 2 bl. • Landbrugs- og industriudstilling for Nordre Bergenhus Amt. 1893, 1 ark. Dette er ein plakat. • Fra landhusholdningsselskabets bestyrelse Olaj Olsen i landhusholdningsselskabets bestyrelse. Nordre Bergenhus landhusholdningsselskab, 1895, 1 ark. • Rekneskap 1942-43 Sogn og Fjordane fylke. 1943, 39 s. • Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn nummer 11. Historielaget 1944, 143 s. • Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn nummer 23. Historielaget 1970, 99 s. • Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn, nummer 24. Historielaget 1973, 90 s. • Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn, nummer 25. Historielaget 1976, 158 s. • Losnegård, Gaute: Historia om Flora : bind 1 før byen kom : tida fram til 1860. Selja forlag 2012. • Sogehefte for Gaular 2012. Gaular sogelag 2012, 66 s. • Borgund kommune : 1/1-1864-1/1-1964. Borgund kommune 1964, 4 bl. (Heftet inneheld berre songar, av dei songen «Borgund vene bygdi vår» skriven av H.B.H. • Årsmelding for Sunnfjord fylke av D.N.T. 1948. 1949, 7 s., 4 bl. • Årsmelding frå Sogn og Fjordane skogselskap 1952. 1953, 35 s. • Årsmelding frå Sogn og Fjordane landbruksselskap 1949-, 5 bind. • Sogn og Fjordane fylke : Rekneskap 1947-48. 1949, 44 s. • Tabeller vedkommende ligningsresultater for skatteåret 1920-21 i Sogn og Fjordane fylke. 1921, 23 s. • Nilsen, Halkild: Kirkelige og religiøse forhold i Bergen stift i biskopene Pavels’ og Neumans tid. Gyldendal, 1949. 463 s. • Hoprekstad, Olav: Vestlandske lærarstemna 1861-1961. 1961, 145 s. • Jacob Aaland 1865-1950 : ved avduking av bautasteinen i Randabygda 10. juli 1977. 6 s. • Sogeskrift frå Hyllestad 2012. Hyllestad sogelag, 111 s. • Sande, Olav: Norske tonar fyr heim og skule. 1904-1910, 4 band. • 17. mai 1983. Sandane. 17.mai-nemnda? 17 s. • Katalog over unghestsjå, hingstar til kåring og marar til stambokføring (Dølehest) : Sogn og Fjordane fylke 1945. 55 s. • Indrebø, Gustav: Stadnamn og stadnamninnsamling. Gula Tiden Prenteverk, 1932, 24 s. • Førde historieskrift. 2012. <utgjeve av> Førde historielag. 156 s. • Bjørgvin bispestol : byen og bispedømmet. Universitetsforlaget, 1970, 248 s. • Julehelsing frå Bjønnaposten 2012. IL bjørn, 2012, 79 s. • Ness, Steinar: Gaularvassdraget i Sogn og Fjordane : demokrati og vasskraftutbygging : avgjerdsprosessen sett frå bygdene si side. Møre og Romsdal distriktshøgskule, 1980. 121, 17 s. • Samla plan for vassdrag : Henjeelva, Herman<n>sverk, Nyastøl. Fellessekretariatet, 1984. • Samla plan for vassdrag : Frønningen : Sagelva, Frønningen. Fellessekretariatet, 1984. • Tilleggsundersøkelser av vilt- og fiskeinteressene i Gaularvassdraget av John Atle Kålås … Direktoratet for vilt og ferskvannsfisk, 1984.

40

Av Randi Melvær 102, 14 s. • Timberlid, Jan Anders: Sogndal bygdebok : gods, gardar og folk Kaupanger sokn. Band 1: Prestegarden – Rudsvik. Av Jan Anders Timberlid og Berit Selseng. Sogndal sogelag, 2012, 456 s. • Timberlid, Jan Anders: Sogndal bygdebok : gods, gardar og folk Kaupanger sokn. Band 2: Kaupanger – Tingastad. Av Jan Anders Timberlid og Berit Selseng. Sogndal sogelag, 2012, 544 s. • Årbok Høyanger 2012. Høyanger historielag, 112 s. • Floraminne : Flora Historielag årsskrift 2012. 88 s. • Bondevik, Jarle: Kløvjalass : dikt samla 2012. Bodoni forlag, 47 s. • Vern om Gaula : livsnerve i godt landbruksmiljø, typevassdrag for Vestlandet : rettkome vernekrav i kraftrikt fylke. Informasjonskomiteen for Gaularvassdraget, 1980. 29 bl. • Gaularvassdraget : ureining og vassforsyning etter ei eventuell utbygging : ei vurdering av utgreiingar og sakshandsaming til no. Informasjonskomiteen for Gaularvassdraget, 1980, 15 bl. • Larsson, John Y.: Utbygging av Gaularvassdraget – virkning på arealgrunnlaget for landbruket av John Y. Larsson og Arne Grønlund. Jordregisterinstituttet, 1979. 18 <19> s. • Helle, Turid: Naturressursar og andre miljøkvalitetar i Sogndal tettstad ; Turid Helle, Ingvild Austad <og> Mary Holmedal Losvik. Sogn og Fjordane distriktshøgskule, 1989, 69, VII s. • Austad, Ingvild: Kulturpåvirket og kulturbetinget vegetasjon : kulturlandskap i Sogn : Lauvingstrær. Sogn og Fjordane distriktshøgskule, 1983, 54, 17 s.


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

• Slektshefte for etterkomarane etter Guri og Espen Eggum av Bjørg Langeland og Jorun Dalaker. 17 bl. • De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum : landskaps og driftsplan for friluftsmuseet av Ingvild Austad og Olav Aaraas. Sogn og Fjordane distriktshøgskule, 1990. 92 s. • Aas, Sverre: På leit etter lokalhistorie i attgrodde tun i Henjasanden på Systrond. Leikanger kulturutval, 1988, 35 s. • Indre Offerdal : arbeidsliv og miljø på ein særmerkt gard ved Årdalsfjorden frå midten av 1800-talet til siste krigen : prosjektarbeid ved SFDH samfunnsfag Turid Sperre, Reidar Vetti, Wenche Haugen og Geir Kåre Utmo. 1982, 60 s. • Solund sogeskrift år 2012 ; Solund sogelag, 258 s. • Ljotebø, Gaute: Stølar og stølsliv i Høyanger kommune : strevsamt og fritt. Høyanger bygdeboknemnd, 2012, 206 s. • Bergfjord, Kjell: Mjølk og meieri i ei skiftande tid : med Vestlandsmeieriet som aktør frå 1958 til 2002. Tine meieriet vest, 2004, 176 s. • Susag, Mari Trine: Norwegians uniting in Duluth : a century of Norwegian American organizational life ; by Mari Trine and Chris Susag. Duluth, MN.,2006, 77 s. • Steen, Fredrik Martin Budtz: Steens skrifter om Førde sokn. Ragnar Indrebø, 2012, 6 b. • Først – lengst – høgst : friidrett I Sogn og Fjordane fram til år 2000. Sogn og Fjordane Friidrettskrins, 2001. 240 s. • Brugrand, Odd Helge: Lærdal kviss : 501 spørsmål og svar om den grøne kommunen. Baltic-Scandinavian News Agency, 2012, 63 s. • Sogn Kjøpmannslag 50 år, 1911-1961. Redaksjonsnemnd: Hans

• • • • • •

• • • • • • • • •

Ulvestad <et.al.>, 31 s. Vedtekter for Sogn meieri Sogndal i Sogn. <utan år>, 8 s. Framlegg til vedtekter for Indre Sogn Meierilag. <utan år>, 8 s. Vedtekter for Indre Sogn Meierilag. 1951, 8 s. Love for Sogn og Fjordane Sjøtrygdelag. Maaløy, 1929.12 s. Førar for Nordfjord Folkemuseum. 1993, 16 s. Askeland, Erling: Nokre lokalhistoriske emne til bruk i skulane i Sogndal kommune. Erling Askeland og Arne Birkeland. <utan år>, 38 s. Kjerringa, Askeladden og kongen sjølv : eventyr frå Sogn og Fjordane. Ove Eide og Finn Egil Eide, 2012, 119 s. Sindre, Bjarte: Flypioneren Thor Solberg, Selja 2012, 175 s. Russøy, Egil: Møtet med Hans Nielsen Hauge : historia om Anna frå Voss og Bertel frå Naustdal. Selja, 2012, 174 s. Rognes, Jørgen: Aust-vest heime best, 1990, 99 s. Svangstu, Mai og Roterud, Henny Eikum: Strandstaden Marifjøra. 1995, 51 bl. Ole Kandal og Kristine Ness sine etterkomarar : slektshefte utgitt til vårt slektsstemne i Kandal den 09. og 10. august 1997. 31 bl. Kulturvern : utstilling i Gloppens sparebank. Gloppen bondekvinnelag, 1976, 15 s. Kjøllesdal, John M.: Eid i eldre tid. Fjordabladet, 1992. 31 bl. Sindre, Bjarte: Posten i Flora, posthistorie. Eige forlag, 2012. 202 s.

Snadder frå arkivet Av Bodil Marie Nornes

Når ein jobbar med arkiv kan ein finne mykje artig. Mellom nokre dokument fann eg ein dag nokre avisutklypp. Ein annonse på eine sida frå Bergens Tidene i 1974 må eg få lov å dela med lesarane av Kjelda. Teksten lyder « Møller`s Kattemat er på glass med skru-

lokk. Det er praktisk. De burde få Dem en katt! » Denne annonsøren meinte at praktiske glass med skrulokk var grunn til å skaffe seg katt. I dag trur eg at denne produsenten ville fått mange dyrevenner på nakken.

Faksimile, annonse i Bergens Tidende 20. mars 1974.

41


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Lov om Postvæsenet Av Bodil Marie Nornes

Framsida på Lova om Postvæsenet. Foto: Bodil Marie Nornes

Overskriftene Lovverket er eit staseleg verk. Her er løva fletta inn i bokstaven V. Foto Bodil Marie Nornes

Ved arbeid i magasinet på Fylkesarkivet kom eg over eit eksemplar av Lov om Postvæsenet 1871, med elleve kapittel fordelt på 16 sider og vedteken den 3.mai 1871. Ein av paragrafane som gjaldt framsending av post, vil eg dela med lesarane av Kjelda.

Besiddelse af saadanne. Wægring herimod straffes med Bøder fra 60 Skilling til 5 Spd. ”

Når det gjaldt framsending av post, så var mottoet truleg allereie denne gong ”Posten skal fram, heil og uskadd til rett tid”. I kapittel XI §45 heiter det at ”Enhver skal etter Signal vige af Veien for Posten, ligesom Enhver skal være pligtig til, naar Posten maatte tiltrænge hjælp til sin Befordring, at afgive Befordringsmidler, forsaavidt han måte være i

42

Denne lova vart vedteken på Stockholms slott den 3. mai 1871 under Kong Carl si hand og segl.


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Damskipsekspeditøren – er eit viktig kapittel i Fylkesbaatane-historia Rune Vanberg fortel om "Benesen". Olav Bennæs, eller «Benesen» som alle i Innvik kalla han. Her er han i full «mundur» slik eg hugsar han. Han var styrar av dampekspedisjonen i Innvik. Ein gong hadde han annonse i lokalavisa. Annonsa lydde slik: Er du i tvil om leia - spør tjukken på kaia - han kan dykk rettleia - om heile greia. Det «Benesen» ikkje visste om takstar, rutetider, båtar og liknande, var ikkje verd å vite. Han hadde eit uvanleg godt minne, og var eit oppkome av historier. DS-ekspedisjonen i Innvik var som i dei fleste fjordbygder, ein nyhendebørs og ein samlingsstad for bygdefolket.

Olav Bennæs, var dampskipsekspeditør i Innvik. Biletet er utlånt av Gyda Bennæs. Kvernhus i Fjærland. Teikninga er laga av kunstmålaren Kjærnstad. Han er fødd i 1975 og bur i Stange.

43


kjelda, nr. 1 – 2013, årgang 22

Retur: FYLKESARKIVET Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682

Før og for enno lenger sidan

Høyanger fotografert frå «platauet ovenfor Hjetland» i høvesvis april 1916 og juli 1953 (nedst). Utbygginga av industristaden Høyanger vart grundig dokumentert av verket sine fotografar. Det var i 1915 at utbygginga av industristaden vart planlagt, medan arbeidet først kom i gong i februar 1916. I høve 100-årsjubileet for industristaden i 2015 skal det no skrivast allmennsoge for Høyanger. Det er Jan Anders Timberlid og Martin Byrkjeland som skal skrive soga. Vi vonar at dei vel 7000 fotografia frå verket, som Fylkesarkivet i dag tek vare på, kan bli ein ressurs i dette arbeidet. Fotograf: Eugen Nordahl-Olsen.

44


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.