Page 1

Kjelda

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Nr. 3 - Desember 2012. Ă…rgang 21

Sogn og fjordane fylkeSkommune

Fylkesarkivet pĂĽ Internett: www.fylkesarkiv.no


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Skuffande arkivmelding Så kom den til slutt, dokumentet vi arkivarar har gått og venta på: «Stortingsmelding om arkiv». Kulturminister Hadia Tajik lanserte regjeringa si arkivmelding under ei tilstelling på Riksarkivet i Oslo 9. november. Eg må med ein gong seie at eg er skuffa. Arkivmeldinga inneheld inga sterk og samlande visjon, og ingen nye grep på arkivfronten. Brorparten av meldinga tek føre seg staten sin eigen arkivetat, Arkivverket og Riksarkivaren. Men ho er merkeleg mangelfull når det gjeld framlegg til konkrete tiltak. Det er i grunn underleg, ja nesten slåande paradoksalt, når meldinga trekkjer fram dei mange og store utfordringane arkivsektoren står ovanfor, og samstundes ser vi ein påfallande mangel på konkrete tiltak for å bøte på utfordringane. Dette er særleg tydeleg i den delen av meldinga som omhandlar kommunesektoren (inkl. fylke) og privatarkiv. Her kan vi i og for seg lese ein grei status på korleis stoda er rundt om i Noregs land. Vi kan lese om dei utfordringane som vi som jobbar med dokumentasjon og arkiv møter i landet. Stikkordsmessig handlar desse utfordring-

ane om gode og trygge arkivdepot for papirarkiv, sikring av elektroniske arkiv, vern av verdfulle privatarkiv og digitalisering av papirarkiv for å tilgjengeleggjere dei betre. Eg vil for eigen del legge til arkivdanning og dokumentfangst i kommunane som ei kjerneutfordring. Dette siste er lite omtalt i arkivmeldinga, men svært viktig. Store delar av verksemdene sin kommunikasjon på e-post, SMS, chat og på sosial media kjem aldri inn i arkivet som dokumentasjon og kjelde til informasjon. Men så kjem vi til det viktige: kva skal gjerast? Meldinga føreslår ingen endringar i ansvarstilhøve eller organisering av arkivarbeidet i kommunal sektor. Ei heller framlegg om konkrete tiltak som kan bøte på tilhøva. Departementet nøyer seg med å understreke Riksarkivaren sin tilsynsverksemd andsynes kommunal arkivsektor skal styrkjast, og at Riksarkivaren skal arbeide aktivt med å etablere digitale depotordningar i kommunane. Det kanskje mest skuffande i meldinga er den delen som går på privatarkiv, det vil seie arkiv etter lag/organisasjonar, bedrifter og

Redaksjon Snorre Øverbø (red.) Elin Østevik, Per Olav Bøyum, Marit Anita Skrede, Erle Hind Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Per Olav Bøyum. Utforming: skrivargarden.no

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no Fylkesarkivar: Snorre Øverbø, tlf. 57 65 64 01, snorre.d.overbo@sfj.no Arkivarar: Ole Stian Hovland (fagleiar), tlf. 57 65 64 19, ole.stian.hovland@sfj.no Marit Anita Skrede (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 20, marit.anita.skrede@sfj.no Kjerstin Risnes (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 06, kjerstin.risnes@sfj.no Cecilie Astrup Bustad (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, cecilie.astrup.bustad@sfj.no Geir Utmo (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, geir.utmo@sfj.no Randi Melvær (bibliotek/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, randi.melvar@sfj.no Elin Østevik (fotoarkivar) tlf. 57 65 64 18, elin.ostevik@sfj.no Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf. 57 65 64 14, per.olav.boyum@sfj.no Erle Hind (musikkarkivar), tlf. 57 65 64 12, erle.hind@sfj.no Bodil Marie Nornes (prosjektarbeidar), tlf. 57 65 64 17, bodil.marie.nornes@sfj.no

personar. Pr. i dag er det tilnærma null innsats frå sentrale styresmakter for å sikre denne verdfulle delen av norsk kulturarv. Tilfeldigheitene rår på dette arbeidsfeltet, om eit arkiv vert sikra eller køyrt på boset. Er du så heldig å bu i eit område med ein oppegåande arkivinstitusjon eller museum, kan kanskje noko bli berga. Er du ikkje så heldig, vil viktige delar av lokalhistoria forsvinne, utan at nokon lyfter ein finger. Ut frå den vesle biten (2 små avsnitt) vi kan lese om tiltak for privatarkiv i meldinga, kan vi konkludere med at slik vil det bli framover og. Og som ikkje det var nok: ei lita statleg løyving som har gått til å støtte verne- og ordningsarbeid for privatarkiv, skal no avgrensast til berre å gjelde arkiv som allereie er oppbevart i musea. Støtteordninga for privatarkiv vert i realiteten avvikla for verksemder utanfor museumssektoren. Eg hadde forventa eit kraftfullt grep for å ta hand om denne viktige, men akk så neglisjerte delen av vår dokumentarv. Departementet nøyer seg med å påpeike at «Riksarkivaren [bør] utarbeide ein strategi for privatarkivarbeidet i Noreg». For oss som arbeidar med privatarkiv, kommunale og fylkeskommunale arkiv til dagleg, er dette ei skuffande og tannlaus stortingsmelding. Ho grip ikkje skikkeleg tak i dei utfordringane vi føler så sterkt. Meldinga har karakter av å vere ein statusrapport, og i liten grad eit verkty for reform og handling.

Snorre D. Øverbø Fylkesarkivar

Nettstad: www.fylkesarkiv.no

Personalnytt side 37. FRAMSIDEBILETE: Postkort med vintermotiv. Utgjeve av K.L.A. Poststempla 19.12.1907. Fotograf: Ukjend. Eigar: Johan Øren.

2


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Innhald • Leiar Av Snorre D. Øverbø.......................................................................................................................................................................................................... s. 2 • Fylkeshistoria godt i gang Av Oddmund L. Hoel ............................................................................................................................................ s. 4 • Ei syrgjeleg julehelg i Nordfjord Av Bodil Marie Nornes..................................................................................................................... s. 5 • Kaupanger hovedgård anno 1763 Av Jan Anders Timberlid ............................................................................................................... s. 6 • Per Håland i Nordfjord Av Per Olav Bøyum/Per Håland

.........................................................................................................................

s. 9

• Eivindvig Præstegjelds Almue- og skolebibliothek Av Marit Anita Skrede...................................................................... s. 12 • Sogn og Fjordane Bondekvinnelag Av Bodil Marie Nornes .............................................................................................................. s. 13 • Arkivet frå Gulen kommune fram i dagen Av Marit Anita Skrede............................................................................................. s. 16 • Rolf Myklebust-prosjektet er avslutta Av Erle Hind............................................................................................................................ s. 19 • Stort fokus på personregistermateriale Av Cecilie Astrup Bustad............................................................................................... s. 21 • Ukjende Aurlandsbilete - kjenner du desse bileta? Av Elin Østevik .................................................................................. s. 22 • Nytt og spanande oppdrag for Fylkesarkivet Av Ole Stian Hovland...................................................................................... s. 23 • Jakt 1846-1850 i Sogn og Fjordane fylke Av Randi Melvær........................................................................................................... s. 24 • Kyr og vegarbeid Av Cecilie Astrup Bustad.............................................................................................................................................................. s. 26 • Tårnhuset i Sogndalsfjøra Av Bodil Marie Nornes........................................................................................................................................ s. 27 • Entreprenørskap i skulen gjev viktig kunnskap Av Kjerstin Risnes ................................................................................... s. 29 • Heimstadformidlaren Av Erle Hind ........................................................................................................................................................................... s. 31 • Bjørnejakta i Sunndalen i 1912................................................................................................................................................................................ s. 33 • MIL i 100 - 1910-2010 Av Randi Melvær................................................................................................................................................................ s. 36 • Eit nasjonalt husmanssenter i Luster? Av Per Olav Bøyum............................................................................................................. s. 38 • Malla Moe-minnesteinen på Hafslo Av Hermund Kleppa.................................................................................................................... s. 43 • Tilvekst til biblioteket 17.05.2012-24.10.2012 Av Randi Melvær................................................................................................ s. 45 • Nye prisar og leveringsvilkår for foto Av Elin Østevik.......................................................................................................................... s. 47 • Mitt vesle private digitaliseringsprosjekt - Frå lysbilde til digitale objekt Av Geir Utmo...................... s. 48 • Slektforskardagen 2012 Av Per Olav Bøyum....................................................................................................................................................... s. 49 • Bibel frå 1550 til Fylkesarkivet Av Per Olav Bøyum.................................................................................................................................. s. 50 • «Nordre Bergenhus Amtscontoir» til Leikanger 27. september 1862 Av Hermund Kleppa...................... s. 51 3


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Fylkeshistoria godt i gang Av Oddmund L. Hoel

Arbeidet med den nye firebands fylkeshistoria for Sogn og Fjordane er no i full gang. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og høgskulane i Sogn og Fjordane og i Volda. Avtala var på plass i november 2011, og gjennom 2012 har mannskapet kome på plass og arbeidet teke til for fullt. Høgskulane har delt oppgåva slik at historikarmiljøet ved Høgskulen i Volda tek seg av band 1, som går frå dei eldste tider til ca. 1750. Forfattarar er dei to unge historikarane Harald Tafjord, som skriv om mellomalderen, og Harald Krøvel som skriv om tida før ca. år 800 og etter ca. år 1500. Med i forskingsgruppa deira er Hans Jacob Orning,

Atle Døssland og Arnfinn Kjelland, alle røynde historikarar som er tilknytt Høgskulen i Volda. Historikarmiljøet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er hovudansvarleg for prosjektet og tek seg av band 24. Anders Timberlid skriv om tida 1750-1875, underskrivne om tida 1875-1945 og Hege Roll-Hansen om tida etter 1945. Timberlid og underskrivne var tilsette ved HiSF frå før, medan Roll-Hansen er engasjert for denne jobben. Hovudredaktør og fagleg leiar for heile prosjektet er professor Ola Svein Stugu, historikar ved NTNU i Trondheim med tung røynsle frå region- og byhistorisk arbeid som Trondheims og Trøndelags historie. I tillegg deltek Finn Borgen Førsund i referanse-

gruppa for prosjektet med sin breie historikarbakgrunn frå fylket. I haust har fylkeshistorieprosjektet vore med på å skipe til to opne seminar. Det eine var i Selje 8. september i lag med Klosterakademiet og Den norske historiske foreining, og hadde tittelen «Klosteret på Selja – i Norge og i verda». Det andre var i Florø 2. november og vart kombinert med Flora kommune og Selja forlag si lansering av Flora-soga, band 1, skriven av Gaute Losnegård. Det vil bli halde eit nytt seminar i september 2013 i samband med 250-årsjubileet til fylkeskommunen. For prosjektet er desse seminara svært viktige møtepunkt med historiekunnige og historieinteresserte folk både innanfor og utanfor fagmiljøa.

Forfattarar og hovudredaktør samla i Selje i april. Frå venstre Hege Roll-Hansen, Harald Krøvel, Anders Timberlid, Oddmund L. Hoel, Harald Tafjord og Ola Svein Stugu.

4


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Det fyrste møtet i styringsgruppa vart halde 19. september. Der sit fylkesordførar Åshild Kjelsnes, Sissel Loen og Nils Gjærland frå fylkeskommunen, og dekan Gunnar Yttri, Ola Svein Stugu og underskrivne frå HiSF. Den fyrste store oppgåva for styringsgruppa vert å gjere avtale med forlag og biletredaktør. Bokmanuskripta skal vere klare sommaren 2015, så utgjevinga av verket vil skje etter dette. Prosjektet har i 2011-12 hatt tre arbeidsmøte og har lagt eit godt grunnlag for arbeidet med dei einskilde banda. Det har vore viktig heilt frå forprosjektet i 2009 at det skal vere ei kronologisk framstilling som ser alle emne i samanheng frå periode til periode, altså ikkje ei reint tematisk historie (som t.d. Vestlandets historie, 2005). Det er også ein viktig premiss at det skal vere ei brei samfunnshistorisk framstilling der den politisk-administrative historia knytt til fylkesmannen, fylkeskommunen og dei offentlege institusjonane berre utgjer ein del. Ei viktig målsetjing er å forklare dei særdraga ein kan observere i Sogn og Fjordane når ein jamfører med andre fylke. På den eine sida kan fylkeshistoria sjåast som ei nedgangshistorie frå at området hadde ein sentral politisk og økonomisk situasjon i mellomalderen til å tape for Bergen og fylka ikring når det gjeld folketal, urbanisering og økonomisk utvikling i nyare tid. På hi sida har fylket ofte gjort det bra på kulturelle, sosiale og politiske indikatorar, som politisk deltaking, folkeleg organisering og trivsel. Her ligg det store spørsmål som fylkeshistorikarane vil arbeide mykje med.

Ei syrgjeleg julehelg i Nordfjord Av Bodil Marie Nornes Gjennom ordninga av arkivet til Ytre Fjordane Kraftlag har eg som tidlegare nemnt funne mykje god historie. Eg har gjennom siste året presentert litt stoff frå dette arkivet til lesarane av Kjelda. Arkivet inneheld òg dokumentasjon på arbeidsulukker både med og utan dødsfall, i tillegg til ulukker hjå abonnentane der nokre ulukker medførte dødsfall. I dette julenummeret har eg ei lita historie som fortel at det ikkje alltid er like greitt for alle i jula. I sakarkivet kom eg over ei trist dødsulykke i Nordfjord på 1950-talet. Dette minner oss òg på at dei første åra med straum i bygdene var det ikkje berre enkelt. Denne hendinga skjedde kl. 01, natta til veslejulaftan. Familien i heimen hadde gått til sengs og kona i huset skulle gjera siste finpussen før ho la seg. Dottera i huset tykte det vart så stille på kjøkenet og gjekk ned for å sjå etter mora og møtte eit frykteleg syn. Rapporten fortel at mora sat i utslagsvasken lena bakover med høgre skulder støtta mot tappekran for kaldt vatn, som sto open. Mora hadde venstre skulder i vindaugskarmen og var tilsynelatande medvitlaus. Dottera prøvde å få mora ned, men i det ho rørte mora, fekk ho kraftig støyt. Dottera sette i eit veldig skrik som fekk husbonden i huset, som hadde lagt seg, til å komma ned. Då han kom i kjøkkendøra fall begge kvinnene ned på golvet. Kva som var årsak til denne feilen har eg ikkje funne svar på, men folk frå kraftlaget gjorde målingar og kontroll same dag. Det einaste unormale dei fann var ein spiral i ei 800 watts plate i komfyren som var avbrent. Det såg ut som dette periodisk har stått i samband med komfyrens gods. Abonnentane i nabolaget hadde ikkje merka noko unormalt. Kjelde: SFF-2011149 Ytre Fjordane Kraftlag

Ein finn meir om fylkessogeprosjektet på jubileumsnettstaden til fylkeskommunen, www.sfj250.no. Oddmund L. Hoel er fyrsteamanuensis i historie ved HiSF og prosjektkoordinator for fylkeshistoria.

Her ser ein eit glimt frå reolane i magasinet der materialet til YFK er oppbevart. Foto: Bodil Marie Nornes.

5


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Kaupanger hovedgård anno 1763 Av Jan Anders Timberlid

Kaupanger hovedgård slik husa var før brannen i 1850. Hovudbygningen var ein staseleg toetasjes lafta og utvendig panelt tømmerbygning. Byggverket har grunnkonstruksjon frå Iver von Ahnen si tid som eigar, kring år 1700. Ut frå teikningar og måleri å dømma var den raudmåla og samansett av ein midtbygning med to fløyar mot sjøen. Teikninga er datert 28.8.1846 og heng i dag på Kaupanger hovedgård. Den har såleis overlevd brannen i 1850.

Kaupanger hovedgård fekk ein sentral posisjon i 1763 då Joachim de Knagenhjelm vart utnemnd til den første amtmannen i det nystifta Nordre Bergenhus amt. Skipinga kom etter initiativ frå Knagenhjelm sjølv då han sat som fullmektig hjå stiftamtmann i Bergen, Ulrik Fredrik Cicignon. Knagenhjelm fekk ”efter sit eget Engagement” busetja seg i Kaupanger med den grunngjevinga å ” ... være Almuen og de kongelige Betienter, samt Tingene, mere nær.”. Dette var eit argument som vanskeleg let seg forsvara dersom vi ser Kaupanger sin geografiske posisjon i høve til resten av fylket. Tidlegare sat amtmannen for Bergenhus i Bergen og styrte. Men no skulle Kaupanger bli ein kortvarig administrasjonsstad, Knagenhjelm fekk berre ha dette embetet i åtte år. I 1762/63 hadde han 6

kome i vanskar i samband med inndrivinga av den såkalla ekstraskatten, noko som gjorde at han i 1771 vart forflytta til Bodø. Her vart han seinare utnemnd til fylkesmann i Nordland der han vart verande fram til sin død i 1796. Etter 1771 vart embetsstaden flytta attende til Bergen der den vart verande fram til 1840 då det kom attende til fylket.

Kaupanger hovedgård – eit kongerike i Sogn og på Vestlandet På det tidspunket Joachim Knagenhjelm busette seg som amtmann i Kaupanger, var Kaupanger hovedgård eit kongerike som omfatta eigedommar i Sogn, i Sunnfjord og i Nord-Hordaland. I samband med at eigaren av Kaupanger, Iver von Ahnen, i 1685 gifta seg med enkefru Marie von Hatten på Losna, vart Losna-godset på 73 eigedommar

også lagt til Kaupanger. Dermed nådde Kaupanger hovedgard si høgd med omsyn til eigedommar. I nær 100 år, fram til 1771, låg det 136 gardar og gardepartar til godseigaren på Kaupanger. Godset hadde såleis store leigeinntekter frå dei gardane det åtte.

Jordbruksdrifta Ei anna side ved godsdrifta var jordbruket, men denne delen representerte ikkje dei store verdiane trass den høge skylda godset hadde. Her var det skogen som utgjorde mesteparten. Skal vi dømma ut frå det godseigaren sjølv skreiv i året 1808, var det så dårleg at sjølv godset ikkje greidde å skaffa nok til eiga hushaldning: ... men betragtes at Gaardens Jordskyld for det allermeste bestaaer af Fyrre Skov, altsaa af klippet og stenet Jord, hvor intet i Forhold til


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

anden slags Jord vexer eller trives, hverken af Høe eller anden Avling, saa indseer man letteli , at hvad Gaarden indbringer af saadanne Ting langt fra forslaaer til mit Brugs nødvendigste Bestridelse, men derimod aarlig maa kjøbe af alle Deele her: Korn, Rug, Smør og Slagtefæe i store Quantiteter, ja indtil Høe naar det kan bekommes .... Ser vi på storleik av buskap og åkerbruk opp gjennom tidene, hadde godset meir enn nok til å fø ein familie og dei folka som arbeidde der. Godseigaren sine vurderingar er gjort i samband med ei skattleggjing, og i ein slik samanheng var det viktig å få trekt ned omfanget av det som han skulle betala skatt av. Når det gjeld talet på dyr, har vi problem med å skaffa oss skikkelege opplysningar frå den eldste tida. I og med at garden oppnådde status som adeleg setegard i 1636 og dermed hadde fått skattefritak, vil mange kjelder vera utan opplysningar for godset; grunnlaget for skatten kvilte

Joachim de Knagenhjelm (1727-1796) var 36 år gammal då han som ugift kom attende til Kaupanger som amtmann. Han var nest eldste son i ein søskenflokk på 12. Familien Knag hadde i 1721 overteke Kaupanger hovedgård, same året fekk familien tillagt adelsnamnet –hjelm. I 1763 var det søstera, enkefru Wenche von der Lippe Knagenhjelm, som styrte godset etter at mannen kaptein Niels Peterson Sunde døydde i 1754. I dei åra broren sat som amtmann, var det ho som dreiv godset ved hjelp av ein forvaltar. Men Joachim kom også med innspel i høve til drifta, mellom anna galdt dette skogen.

Dei største plassane Havnen, Hagen, Brekka, Holten og Hola betalte årleg ei avgift på 4-5 riksdalar, dessutan kom pliktarbeidet på 24 og 31 arbeidsdagar som var gratisarbeid. Det var denne arbeidskrafta som skulle utgjera den viktigaste arbeidsstokken ved godset.

mellom anna på jordbruksproduksjonen. Dei eldste oppgåvene er frå 1657/58 som seier at godset hadde fire hestar, 29 kyr, ein okse, 30 sauer, like mange geiter og fire svin. I eit matrikkelførearbeid frå 1723 står det at godset inkludert fire husmannsplassar hadde tre hestar, 20 vinterfødde kyr og like mange sauer og geiter. I eit skifte etter Catharina Knagenhjelm i 1772 (mor til amtmannen) kom det fram at godset hadde 14 vaksne kyr i tillegg til tre som var med kalv, sju kviger, to oksar, fire hestar inkludert ein jelk (ein kastrert hingst), 13 sauer, fem geiter og to killingar. Det som overraskar er at det ikkje var meir enn tre hestar på godset i ei tid då skogsdrifta byrja å ta seg opp. I hovudsak var det leiglendingane og hestehusmannsplassane som hadde mesteparten av tømmerdriftene, men også fleire av drengene på godset tok del i dette arbeidet med godset sine hestar.

get for godset var skogen. Dette kjem fram i samband med det nemnde makeskiftet frå 1606 der eigaren Gjøde Pedersen fekk overdrege garden. Her vart det vist til ”.. en skiønn Furreskov som til Kopanger og Stedie ligger, hvilken langt bedre skal være end Gaarden selv.”. Den produktive skogen dekkar i dag 20.000 dekar, eller omkring 40% av godset sitt totalareal på omkring 50.000 dekar. Som nemnt vart Kaupanger utnemnd til adeleg setegard i 1636. Dette innebar ikkje berre at garden hadde skattefritak, men vel så viktig var det at godset kunne skipa trelast direkte til utlandet i staden for å gå gjennom næraste tollstad som i Bergen. Som det står i privilegiebrevet frå 1636 ”Og skal det være Indlendiske og utlendiske frit for med Skibe for hans Gaarde at indløbe, og de der at indtage, Dog vores og Norges Crones Told og Rettighed herudinden Uforkrenched i alle Maader ....”.

Skogs- og sagbruksdrift Det som skulle verta sjølve grunnla-

Dette betydde at utanlandske skip

7


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

kunne koma til Kaupanger og føra trelasten direkte til marknaden i utlandet. Sjølv om Joachim de Knagenhjelm ikkje hadde hand om drifta på Kaupanger hovedgård, hadde han idear om skogsdrifta. Såleis ser vi at ein av dei første ideane om skogreising vart formulerte av han. I eit skriv datert Kaupanger 14. mai 1765 står det mellom anna: Da der paa mange Stæder ingen Skov findes, hvor dog viiser Tægn til at gienstaaende Rødder tilforn og i Ældgamle Tider at have været Fure Skov, saa skal een hver Jordbruger som ingen Skov haver, være forbunden at indsamle Furru Frøe og giøre Forsøg paa de dertil bequemme Stæder samme at saae, og deraf aarlig i det mindste at opælske og for Creaturernes Beskadigelse indhægne 30 Stykker saadanne unge Planter.........

Arbeidskraft Til å driva dette godset hadde godset leiglendingar, husmenn og tenestefolk. Den viktigaste av desse var husmennene som hadde plassane sine i nærleiken av hovudgarden. Talet på desse kjem fram i samband med ei skatteliste som futen sette opp i 1762.

Ei atypisk bygd I tillegg til Kaupanger hovedgård finn vi også godset Øvre Amla i Kaupanger, det gjer bygda til noko atypisk i vestlandssamanheng. Det som karakteriserte vestlandet var eit egalitært samfunn, det vil seia at det var liten skilnad på folk. Med eit omfattande husmannsvesen vart det store forskjellar mellom godseigarane og dei andre som budde i bygda. Samanlikna med husmenn elles i fylket og på vestlandet fekk husmennene i Kaupanger ein heilt spesiell funksjon. Her var dei reine jord- og skogbruksarbeidarar, ikkje berre på Kaupanger hovedgård, men også på det andre godset. Avgiftene for plassane var svært høge samanlikna med det vi finn elles i fylket, dessutan vart denne betalt i arbeid. I tillegg eksis8

Brev adressert til Joachim de Knagenhjelm i 1764.

terte det ei uavgrensa arbeidsplikt etter at avgifta var betalt. Plassane kunne gje eit visst levebrød for ein familie, men ordninga med ein jordlapp var brukt av godseigaren til å skaffa seg billeg arbeidskraft til drift av garden, sagene og delvis skogen. Såleis kom husmennene her til å bli meir arbeidarar enn jordbrukarar.

vera den vanlege formuleringa. Andre kontraktar kunne ha ei anna: husmannen skulle ”....udvise sømmelig Ærbødighed, Underdanighed og Lydighed, ligesom han i sit Arbeid skal lægge for dagen Flid, Stadighed og Udholdenhed .”. Med slike formuleringar får vi bilete av at avstanden mellom godseigar og husmann var stor.

Stor skilnad på folk – den strenge og den milde godseigar

Men det fanst også ei meir formildande side ved dette forholdet; ei meir faderleg eller såkalla paternalistisk haldning som gjekk på å ta vare på folka sine. Paternalismen kravde av ein god godseigar at han skulle kjenna ansvar for folka sine, hjelpa dei med arbeid og korn i dårlege år eller pengar til å betala gjeld når dei hadde kome i knipe. Til vederlag venta han full lojalitet og at husmannen retta seg etter vilkåra som stod i kontrakten.

Vilkåra til husmennene kjem fram i kontraktane som dei måtte skriva under på i samband med overtakinga. Innhaldet i desse vitnar om at husmennene var underdannige i høve til godseigaren. Det fanst eit eige punkt som sa noko om dette: ”Skal han og hans Huusfolk viise all sømmelig Ærbødighed, saavel i Ord som i Giærninger, mod mig som hans redte Huusbonde og Eier”. Dette tyktest å


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Per Håland i Nordfjord Av Per Olav Bøyum/Per Håland

Per Håland vart fødd i Høyanger i 1919. Han starta som journalist i ei lokalavis i heimbygda, før han i 1947 fekk jobben som redaktør i Fjordabladet i Nordfjord. Deretter gjekk karrierevegen vidare til VG. Seinare vart han redaktør i Vest Agder og etter det politisk redaktør i Varden.

ge bladfolk gjekk i skule hjå «Gula-Per», som Håland vart kalla. Håland hadde ei glødande interesse for teater. Det er blitt hevda at han melde fleire premierar på Det Norske Teatret enn nokon annan kritikar. I tillegg var han ein av initiativtakarane til det som skulle bli Hordaland Teater.

Men det var fyrst og fremst som redaktør i Gula Tidend i Bergen at Per skaffa seg eit namn som bladmann. I vel 25 år styrte han denne tradisjonsrike nynorskavisa, ofte i blest og hardt vêr. Med ein sylkvass penn fekk Per snøgt eit namn som bladstyrar, og Gula Tidend vart lagt merke til utover den tradisjonelle lesarkrinsen.

Per Håland hadde òg eit sterkt engasjement for nynorsksaka og ungdomslagsarbeid. I tillegg var han aktiv i politikken. Nokre år fungerte han til dømes som fylkessekretær for Venstre i Sogn og Fjordane.

Per Håland sette sitt preg på meir enn Gula Tidend. Avisa har blitt kalla ein oppfostringsanstalt for unge nynorsk-skrivande journalistar. Mange dykti-

I dette stykke fortel han om arbeidet i Firda Ungdomslag rett etter krigen. Som artikkelen viser, var det ei hugnadsfylt tid Per hadde i Nordfjord.

Det var bladstyrar eg skulle bli i Nordfjord, det vart avgjort tollegg tidleg den fine fredssommaren 1945. Men so ville ikkje styreformannen i Fjordabladet, ein sakførar på Nordfjordeid, gje frå seg bladet. Og karen hadde stelt seg slik i krigsåra at han hadde mist røysteretten, so både luteigarar og lesarar ville gjerne ha nye folk til å ta seg av dette tradisjonsrike bygdebladet. Men sakførarar er ikkje gode til å riste av seg. Mannen tviheldt både på styreformannsposten og på bladstyrarkrakken der han slett ikkje burde vere. Dermed laut luteigarane gå rettens veg for å få att bladet sitt, og dette tok tid. Sjølv sat eg i ei forsyningsnemnd i Hardanger og venta på at oppseiingstida skulle vere ute. Ut på sommaren fekk eg fri for å styra med valstriden i Venstre i Sogn og Fjordane, og då dei to tingmennene våre vel var attvalde, bar det attende til Hardanger.

Om det var Einar Skarstein, Hallvard Sindre, Per Roti eller eit anna ljost hovud som fann på det, veit eg ikkje, men ut på hausten kom der spurnad om eg kunne tenkje meg å vere det me i dag kallar organisasjonssekretær, men som då heitte ferdaskrivar i Firda Ungdomslag for å gjere meg kjend i Nordfjord medan rettskverna mol ute på Haugane.

teken vart eg alle stader. Arbeidsplanen som styret i F. U. hadde lagt var sers klok, og for fylkeslaget dertil økonomisk. Eg skulle vere 2-3 dagar på kvar stad, helst slik at fleire lag kunne vere

Dette var freistande, og so snøgt oppseiingstida mi var ute, drog eg nordetter. Einar Skarstein kjende eg frå før. Far hadde vore formann og styreformann i Sogn Ungdomslag i mange år, og sjølv var eg og aktiv i den frilynde ungdomsrørsla. Oppgåva mi skulle vere å få laga godt i arbeid att og rettleie nye folk i lagsstyra om praktisk ungdomsarbeid av alle slag. Førejulsvinteren er ikkje nett trivelegaste tida å reise i. Men vel mot-

Per Håland i Nordfjordeid. Fotograf: ukjent.

9


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

saman om kvart kurs, som me kalla det. Og attåt rettleiing i lagsarbeid skulle me på desse kursa planlegge ein programkveld sidan på vinteren, som skulle skaffe pengar til Firda Ungdomslag til å betale ferdaskrivaren. På desse kveldane skulle so eg vere talar. På den måten fekk me 10-12 lagsleiarskeid kring i Nordfjord den første førejulsvinteren, til bodet kom like før jul, om at no hadde skifteretten gjeve Fjordabladet attende til luteigarane, so no måtte eg kome til Eid. Då var eg om lag ferdig i Selje, og hadde visst berre att eit eller to lag på ruta mi. Desse kveldane, ein eller to kvar stad, ja stundom tre og tre kunne vere saman, gjerne ein kveld i kvar grend, der jentene gjorde seg føre med noko godt, var ikkje opne møte. Det var lagsstyre og andre tillitsmenn som skulle samlast for å få ein kveik i arbeidet. Men sjølvsagt kunne ikkje dei gamle trufaste lagsfolka halde seg vekke når der var noko i ungdomshuset, so frammøtet var retteleg bra, same korleis veret var. Og utruleg mykje fekk me tid til. Me gjekk gjennom grunnlaget for den frilynde ungdomsrørsla, møtestyring og ordskifte, programplanlegging og festleiing, møtebok og lagsblad, rekneskap og lagsarkiv, oppgåva til formannen og andre i styret, tilhøvet til fylkeslaget og bygda – ja, alt det som kunne ha interesse. Det eg ikkje kom på var det alltid ein eller annan som spurde eller tok fram, so til slutt visste eg mykje meir om ungdomslagsarbeid enn då eg tok til. Livlege ordskifte kunne der stundom bli når me skulle ha øving i å leia eit ordskifte, og gjerne tok opp til drøfting aktuelle saker i bygda.

10

Serleg alvorsame møte var det ikkje, ungdomen plar sjeldan vera alvorstyngd. Songen fekk eit stort rom, men eg fann snøgt ut at nordfjordingane song mykje langsamare enn eg var van med frå Sogn og Hardanger. Me prøvde oss med folkedans. Somme kunne litt frå før. Stundom skulle eg prøve å rettleie litt, endå eg just ikkje er nokon songfugl eller noko danseløve. I Heggjabygda fekk eg prøve meg som skodespelinstruktør og. Me laga sketsjar og talekor og tablå. Ei av dei fyrste oppgåvene mine for Firda Ungdomslag var å helse frå fylkeslaget på 60-årsfesten til Hornindal Ungdomslag. Trivelege Dølheim var fullsett av unge og eldre honndøler, og fest vart det – dei kunne lage gilde festar i Dølheim dei åra, og eg kom etter kvart på mange av dei. Å få oppleve at same spelmannen som spela på skipingsmøtet ogso strauk opp eit par slåttar 60 år etter, det var eineståande. Ei kone som ogso hadde vore med 60 år før dansa honndalsspringaren so fint at ingen ville tru ho var langt over dei 70. Det er slike ting som gjev oss tru på at ungdomslaga har ei oppgåve ogso med å knyte band mellom generasjonane og med å halde oppe verdfull tradisjon. At ungdomen heldt tradisjonane oppe, hadde eg elles sett alt om sundagsmorgonen. Der var strødd so fint med sagflis mellom to tun ikkje langt frå Sanden – guten hadde nok ingen vanske med å finne veg heim den natta. Mange staute menn og kvinner som har vore med like frå fyrste åra fekk eg gleda av å helse på kring i laga. Ikkje få av dei var framleis med so ofte dei hadde høve til det. Dei fleste bygdene i Nordfjord hadde ordførarar som me finn på lista over tillitsmenn i

Firda Ungdomslag nokre år før, og som hadde vore aktive i laga sine lenge. Ikkje få av dei berande kreftene i ungdomslaga var aktive i andre lag, i songlag, fråhaldslag, bondelag, idrottslag, misjonslag og indremisjon. Og slik høyrer eg det framleis er i somme bygder. Det er gildt, for bygdene har ikkje meir folk enn at samhald trengst. Sanneleg vakna ikkje lagslivet og arbeidsviljen til att kring i Nordfjord. Dei to åra eg var på Nordfjordeid var det knapt ei helg eg ikkje var i elden som talar på ein eller annan fest eller andre tilskipingar. Det nedbrende Finnmark trong hjelp, og i mange bygder hadde dei Finnmarkskveldar. Dei ville reisa folkebad. Ungdomshuset trong vøling. Bondelaget vakna til liv att og skipa til fest. Helselag, songlag og andre ville syne at der var liv i dei, og den tid høyrde der ein festtalar med. Eg var ungkar og fri, ville gjerne bli kjend med folk kring i dei mange bygdene og grendene, so eg var sjeldan vanskeleg å be so sant eg hadde tid. Ofte kunne det bli festtale både laurdagskveld og sundagskveld – eg for att og fram i fjorden som ein skutel stundom. Møtet med lag og bygder var gildt. Ofte møtte eg ein festkultur som ein knapt finn maken til i større samfunn. Serleg i avstengde bygder og grender hadde dei funne fram til ei sameining av gamalt og nytt som verkeleg imponerte. Utruleg flinke spelmenn kunne ein få oppleve. Men maken til Hyen og Hestenesøyra, der so å seie kvar mann såg ut til å vere spelmenn, og der jentene var like snøgge som gutane til å by opp til dans, kan eg knapt minnast nokon annan stad. Eg opplevde årsmøtet og stemna som Firda Ungdomslag skipa til for Noregs Ungdomslag på


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Nordfjordeid i 1939, ei stor oppleving for alle oss unge som fekk vere med. Den storfelde festen i Loen – og ferda attende i ei lang bussrekkje den vakre sommarnatta gjennom eit tverrsnitt av Nordfjord – ugløymande minne. Berre synd at sundagsstemna vart øydelagd for so mange. Sunnmøringane ville plent ha henne til Åsentunet i Ørsta. Men dei hadde ikkje sytt for ferjer eller båtar nok til å føre stemnelyden over fjorden frå Folkestad til Volda, so mange laut snu og dra attende gjennom Stigedalen. Ei gild stemne var møtet mellom nordfjordingane og norskamerikanarane ved Gimmestadkyrkja ein fin sundag. Mykje gjævt folk frå begge sider av havet møttest. Desse stemnene tener Firda Ungdomslag til ære. Firdastemne 1947 i Hornindal vart ogso ei oppleving, med menn som professor Jac. S. Worm-Müller og Herman Wildenwey som høgdepunkt i godt program, og med mykje gjævt folk frå heile fjorden samla. Men Nordfjord har mange andre stemne som samlar folket, bygdestemner og møte mellom fleire bygder, fjellstemner og øystemner. Eg fekk den gleda å tale på Brekkestemna på Utvikfjellet 1946, medan endå Gabriel Reed var med, aktiv og kvikk, frisk og levande trass i sine mange år. Det var 50. stemna. Veret var strålande, og svært mykje folk kom. Men det var berre eit år sidan krigen slutta, og ikkje alle restriksjonar frå dei åra var vekke. Difor kom det ein stor flokk politimenn frå Flora med sjølvaste politimeisteren i brodden for å sjå til at folk ikkje brukte bilar og bensin til hugnadskøyring. Her ville dei nok få rik fangst om dei for alvor tok til å kontrollere.

Men eg sa klårt frå i talen min at i eit fritt land burde politiet ha nyttigare oppgåver enn å prøve hindre at grannar møttest til stemne. Til all lukke vart det ikkje noko av kontrollen, og stemna vart hyggjeleg – likeeins festen i Urdarbrunn i Utvik. På Brekkestemna 1970 vart eg og beden om å tale. Eg hadde talen frå 1946 liggjande. Og betre er ikkje verda enn at storparten diverre framleis var aktuell nok – bortsett frå merknadane til politiet. Men attåt dei politiske fåresignala har kjemisk trugsmål mot luft og vatn, mot fugl og fisk, dyr og menneske sigla opp og gjort det meir turvande enn nokon gong med eit samarbeid over landegrenser. Fjellstemner og stølstemner, bygdestemner og samlingsstemner for fleire bygder, øystemner og dalstemner fekk eg vere med på, og utrulege mengde god rjomegraut vart kokt og eten, tunnevis av kaffi sett til livs av glade stemnefolk som hygde seg saman i finveret. For mange var dette det årlege høvet til å møtast. Vonleg vert alle desse stemnene framleis skipa til, og vonleg er folk like ihuga etter å møtast som dei var for 25 år sidan då 5 års krigstid hadde hindra so mykje samkvem mellom bygdene.

dei mange gledene som lever i minnet. Eg vart glad i Firda Ungdomslag desse åra, og har sidan fylgt fylkeslaget og ungdomslagsarbeidet i Nordfjord med stor interesse. Difor var det gledeleg å få kome til 75-årsstemna i Olden. Og no gler eg meg til landsstemna i Stryn 1972, til atter å møte unge og eldre ungdomslagsfolk frå nordfjordbygdene. Takk fordi eg fekk møte Firda Ungdomslag og nordfjordungdomen på ein slik gild måte. Og signe minnet om Einar Skarstein som var ungdomshovdingen i mine nordfjordår. Me vart vener, samarbeidde godt og møttest ofte i dei alt for få åra han fekk arbeide for heimbygda, for Nordfjord og for bondeyrket. Synd at ein som han aldri kom i styret for Noregs Ungdomslag. Nett i etterkrigsåra ville han der kunne ha gjort mykje for landsskipnaden vår, fordi han so godt kjende ungdomslagsarbeidet frå grunnen. Minde, 24. januar 1972 Kjelde SFF-2004011 Håland, Per

I to år hadde eg den gleda å få møte storparten av det som då var Firda Ungdomslag. Eg var på styremøte, lagsleiarskeid og stemner i fylkeslaget, på stemneferder til landsmøte, på alle slags møte og tilskipingar i dei fleste einskildlaga. Og eg var med på arbeidet med å skipe nye lag eller nyskipa lag som hadde sovna. Mykje gild ungdom møtte eg desse åra. Mange har eg møtt att sidan, på landsstemner eller på andre måtar. Sjølvsagt var der stundom vonbrot. Men det er

11


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Eivindvig Præstegjelds Almue- og skolebibliothek Av Marit Anita Skrede

Det meste som finst i dei kommunale arkiva er skapt etter formannskapslovene i 1837. Men ikkje alt. I arkivet frå Gulen kommune ligg ein katalog som viser kva bøker biblioteket hadde i 1828. Katalog over Eivindvigs Præstegjelds Almue- og Skolebibliothek 1828 er eit lite hefte, berre 15,5 x 10,2 cm. Det er åtte blad i heftet. Til saman er det gjort 128 innføringar, noko som truleg er talet på bøker som biblioteket eigde. Heftet er delt i tre, etter kva format bøkene har hatt: folio, grand og oktav. Bøkene i folio-format har vore dei største, over 40 cm. Bøkene i grand-format var mellom 22,5 og 40 cm, medan bøkene i oktav-format var

mindre enn 22,5 cm. Dei aller fleste bøkene til biblioteket var i oktav format. Eg ville tru at eit bibliotek tidleg på 1800-talet i hovudsak hadde oppbyggjande, kristne bøker. Men der tok eg feil, i alle fall dersom biblioteket i Eivindvik er representativt. Her var i hovudsak bøker om historie, geografi, samt noko skjønnlitteratur. Mellom forfattarane finn me historikaren Gerhard Schönning. Biblioteket hadde boka »Om de norskes og en Del andre nordiske Folks Oprindelse» (1769). Dette er boka der Schönning, med bakgrunn i Syndefloden, reknar seg fram til når

Ei lita bok som fortel om innhaldet i eit bibliotek for nesten 200 år sidan.

12

Noreg vart folkesett. Bibelen fortel at Syndefloden la jorda aude, og at det berre var Noah og hans etterkomarar som overlevde. Schöning meinte at det gjekk 100 år frå Noahs ark stranda i Arafat-fjella, og til forvirringa ved Babels tårn. Med bakgrunn i at det hadde teke 100 år frå Arafat til Babel, rekna han ut kor lang tid dei ville ha brukt til Noreg. Han meinte at dei kom fram til Nordkapp mellom 2457 år og 2557 år etter skapinga, det vil seia 600-700 år etter Syndefloden. Han meinte å dokumentera at Noreg vart folkesett like tidleg som Italia og Hellas. I si samtid var dette vitskap, eit innspel i debatten om når Norden vart folkesett.


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Sogn og Fjordane Bondekvinnelag Av Bodil Marie Nornes

I sommar fekk Fylkesarkivet inn arkivet til Sogn og Fjordane Bondekvinnelag. Møtebøkene fram til 1989 mangla, men arkivet inneheld ei tjukk utklyppsbok frå avisene frå 1949 fram til kring 1980, som gjev oss mykje historie om laget. Ut frå desse avisutklyppa vil eg formidla noko av historia til laget. Eit avisinnlegg skrive av Ingebjørg L. Ølnes fortel at fylkeslaget vart skipa 24. april 1948 og det var 26 bondekvinnelag fordelt over heile fylket. Eit anna innlegg fortel at staden for skipingsmøtet var Kyrkjebø. Borghild Nordlid var leiar for Norges Bondekvinnelag og var med på både skipingsmøtet på Kyrkjebø og 10-årsjubileet som vart halde på Mo. Ved 10-årsjubileet var det auka til 65 lokallag i fylket. Oppgåvene til bondekvinnelaga var opplysningsarbeid, kurs, demonstrasjonar, studiearbeid, sosiale spørsmål og arbeid for helsestell. Føremålsparagrafen til Bondekvinnelaget lyder slik: Norges bondekvinnelag er ein sjølvstendig organisasjon, men står tilslutta Norges Bondelag og arbeider i sam-

svar med Norges Bondelag sine lover og retningslinjer. Forutan å vera kvinneorganisasjon, er Norges Bondekvinnelag også ein reisning, ei rørsle med avgjort ideologi. Laget sitt føremål er å samla alle kvinner som delar det syn at jordbruk, skogbruk og fiske er dei fundamentale næringane. Bondekvinnelaget skal verna om bygdefolket sine økonomiske, sosiale og kulturelle interesser og byggja på nasjonal og kristen grunn. Norges Bondekvinnelag er ein upolitisk organisasjon. Første årsmøtet eg har funne referat frå, vart halde den 21. mai 1949 i ungdomshuset Viking i Førde. På dette møtet vart første leiaren Ingebjørg Ølnes frå Sogndal samrøystes attvald. Tema på årsmøtet var kvinnas rolle i heimen. Ho skulle vera «dronninga» i sitt rike og verne om store og små, heimen skulle vera eit mønster etter far og mor. Det vart halde tale om verdsetjing av kvinna sitt arbeid og synt film om fjøsstell. Ingebjørg Ølnes avslutta møtet med at vi må gå saman for å få laga våre større og sterkare.

Fardal Kongens fortenestemedalje i sølv for lang og trufast teneste som budeie, etter søknad frå Sogn og Fjordane Bondekvinnelag. Notat i utklyppsboka seier at ho truleg var den første kvinna i landet som fekk kongemedalje for budeieyrket. Referatet frå årsmøtet i 1955 fortel også om bondekvinnelaget sitt arbeid. I 1954 hadde dei i Sogn og Fjordane halde demonstrasjonar av smørbrødskjering, sild-, frukt- og grønsakmatlaging, fryseri- innpakking og oppsetjing av blomster. Studieretningane dette året var «Huset og Heimen». Bondekvinnelaga har gjennom åra gjeve gåver til ymse formål. Det kan nemnast at i 1954 gav dei utstyr til kyrkjer som til dømes altarduk, løparar, brudestolar, sølvvasar og messehakel. Til bedehus gav dei gardiner og handkle og til skular gav dei orgel, gardiner, lampettar og komfyr. Dei gav frukt til Nord-Noreg og eit lag planta 4000 granplantar. Eit lag har kjøpt inn elektrisk bakstehelle til utlån og dei har elles kjøpt inn dekketøy til ulike formål.

I 1952 fekk budeia Ølgård Rusti frå Medlemane i fylket var med i styre og stell som til dømes skulestyre, barnevernsnemnder og kommunestyre. Ingebjørg L. Ølnes, var med i formannskapet, som den første kvinna i kommunestyre og formannskap i Sogndal.

Omslaget til programmet for ACWW konferansen Oslo i 1971

Referat frå årsmøtet i 1956 fortel at Sogn og Fjordane Bondekvinnelag no hadde over 2000 medlemar og var det fjerde største i landet. Nytt tiltak dette året var kurs i husmorgymnastikk, møteteknikk og møteleiing. I 1957 var fylkesårsmøtet i Lærdal, og då vart det etterlyst meir nynorsk i Bondebladet. Formannen i

13


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Norges Bondelag svara at stykka i bladet vart skrive på den målforma dei kom inn på, så det var berre å komma i gang med skriving. Ved årsmøtet på Vereide i 1965 var Ambjørg Sælthun leiar. Tema var born, heim og skule. På dette tidspunkt hadde berre 25 prosent av lærarane i folke- og framhaldskulen godkjent utdanning og kravet frå årsmøtet var lærarskule i fylket. Saklista dette året fortel oss vidare kva bondekvinnene var opptekne av. Dei var som vanleg opptekne av studiearbeid og dette året ytte dei 32.000 kroner til ymse formål som til dømes utstyr til kyrkjer, Norges Bondekvinners Hjelpefond og Feriefondet. Dei hadde samarbeid med andre organisasjonar blant andre Norske 4H, Noregs Familieråd og ACWW som er ein verdsomfattande kvinneorganisasjon (Verdens Landskvinner).

Saka om lærarskule i fylket vart i 1971 utsett frå regjeringa si side. Den 5. juni 1971 skreiv Årsmøtet i Bondekvinnelaget brev til Kyrkjeog undervisningsdepartementet med oppmoding om å fremja proposisjonen og utvida lærarskuleklassane i Sogndal til ein lærarskule i Sogn og Fjordane. Dei meinte at alle hovudspørsmåla var avklara og at ein ikkje kunne venta til Distriktshøgskulen for fylket kjem, det kunne enno gå lang tid. I 1970 - åra var det fri abort, prevensjon, helse og sjukehusbygging som var tema. Årsmøtet i 1973 vart halde i Balestrand. Ambjørg Sælthun vart attvald til leiar same år som ho vart vald inn på Stortinget for Senterpartiet. Sosialminister Bergfrid Fjose tala til årsmøtet om helsetenesta. Ho tok utgangspunkt i sunnheitslova frå 1850, som er den eldste i Europa i sitt slag. Dei ynskte ikkje ei sentralisert helseteneste, men meinte at sentralsjukehus var naudsynt. Dei ville bygge ut den offentlege lækjartenesta og tilsetje fleire helsesystrer. Lova for helsestasjonar for mor og barn var eit tryggleiksmoment i lokalmiljøet. Jordmødrene fekk rolle i helsearbeidet med kontroll og prevensjonsrettleiing. Barnefødslane som på dette tidspunktet for det meste føregjekk på sjukehusa, gav færre fødselsskadar.

Frøken Ølgård Rusti frå Fardal fekk i 1952 Haakon VII fortenestemedalje i Sølv for 40 år som budeie. Faksimile `so han sa ` 2006.

14

Årsmøtet hadde oppe spørsmålet om sjølvbestemt abort og sende ein resolusjon til sosialdepart e m e n t e t . Resolusjonen sa:

Etter vårt syn vil fri abort vere ei krenking av menneskeverdet og dei kristne grunnsetningane, og me tek klårt avstand frå ei endring i abortlova som vil gjeva høve til sjølvavgjort abort. 53 utsendingar stemde for resolusjonen, 6 var ueining i ordlyden og 1 stemde mot. Mellom bondekvinnene var det ulike meiningar om odelslova. Alle lokallag uttalte seg, og ein skulle tru dei var for likestilling mellom gutar, jenter og adoptivborn. Men dette var ikkje tilfelle. 1975 var eit travelt år for bondekvinnene i Sogn og Fjordane. Saman med Hordaland bondekvinnelag var dei i perioden 7-16. mars på landbruksmesse i Bergen og stilte ut bygdebunader. Dei var også med og arrangerte kvinnedag under Vestlandske Bondestemna. Same år vart det halde traktorkurs på Mo. Overskrifta i avisa var: ”Kvinner styrer og steller med traktoren like godt som (med) mannen”. Første kurset vart halde året før. Då var det 4 kursdeltakarar. Dette året var det 13, av dei ein mann. På kurset fekk deltakarane innføring i dagleg stell og vedlikehald av traktoren. Dei fekk undervisning i køyring med og utan tilhengar, tilkopling av reiskap, køyring i terreng og bratt bakke, rett bruk av traktor i terrenget med særleg vekt på steile- og veltefare. Konklusjonen var at kvinner står ikkje attende for menn når det gjeld å lære seg bruk og stell av traktor. 1975 var òg Det europeiske arkitekturvernåret. Bondekvinnelaget hadde brevkurs ”Arkitekturvern på bygdene”. I 14-15 kommunar var bondekvinnene med i eit prosjekt og registrerte 250 stølar og stølsgrender. På Norges Bondekvinnelagets årsmøte i 1980 var det framlegg om to stemmer per bruk i landbruksøkono-


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

på ferievekene var kvardagsmenneske også i ferievekene, og oppmoda alle deltakarane om å melda seg på. Eit referat frå 1958 fortel at medlemane i Sogn og Fjordane var skeptiske til ferieveke då dei starta opp seks år tidlegare. Men i 1958 kunne ein knapt skaffe plass til alle som melde seg på.

Leiarar og æresmedlemar i fylgje avisutklyppa

Utdrag av prologen som Ambjørg Sælthun skreiv til årsmøtet i Sogn og Fjordane bondekvinnelag som vart halde i Lærdal i 1957. Faksimile frå utklyppsboka til Sogn og Fjordane Bondekvinnelag.

miske organisasjonar. I mange organisasjonar er det mykje gammalmannstankar å finne. No var det opp til kvinnene sjølve å vise seg aktive.

Ferieveka Staten gav støtte til ferieveka som var eit tilbod til husmødrer som deltok i ymse kvinnelege organisasjonar. Ferieveka var ei av hjartesakene til Ingebjørg L. Ølnes og har fått mykje merksemd i utklyppsboka. Allereie på årsmøtet i 1955 er det referert etter Ingebjørg at ei av dei store hendingane i 1954 var 50 kvinner frå fylket hadde ferieveka på Maristova Turisthotell. Første klyppa frå ferievekene var frå Frøystad pensjonat på Reed i Breim 9-15. mars 1956. Norges Bondekvinnelag fekk ein lut av desse pengane. I 1956 vart det arrangert to ferieveker på Breim med 24 deltakarar på kvart kull. I eit intervju med Ingebjørg L.

Ølnes, truleg i 1957 fortel ho at ynskjemålet er at alle medlemane i bondekvinnelaga skal få vera med på ei ferieveka. Ho har snakka med nesten alle delatakarane og dei kan fortelja at dei ikkje har hatt anna ferie enn å vitja gifte born ein eller annan stad, og ikkje lengre enn frå laurdag til søndag. Det var fleire som aldri hadde drøymt om å få bu på hotell ei veka som feriegjest. Enkelte bondekvinnelag sendte medlemar kvart år, og andre sendte aldri. Organisasjonane og Statens Feriefond dekka ein del av utgiftene, så eigenandelen var rimeleg. Det største problemet var å få arbeidshjelp heime. Nokre hadde rikeleg med hjelp heime, andre måtte få husmorvikar eller snille grannar. Ingebjørg nemnde og at bondekonene ofte hadde størst problem med at dei såg seg sjølv som uunnverlege i heimen og gjerne ville styra sjølve. Andre trudde kanskje at dei ikkje var fine nok eller hadde for lite utstyr til turen. Ingebjørg avslutta med at alle

Formenn Ingebjørg Ølnes, Sogndal, formann 12 år frå 1948 Marie Ryssdal, Sandane, formann i 3 år. Vald på årsmøtet 1960. Annbjørg Sælthun, Ljøsne, formann i 5 år 1963-1967 Klara Berg, Viksdalen, formann i 9 år 1968 - 1976 Edith Engesæter, Brekke, formann i 3 år frå 1977-1979. På dette årsmøtet fekk ho heider og ære etter 13 år i styre. 1980 vart Anny Felde frå Breim formann. Æresmedlemar Æresmedlemer i Sogn og Fjordane Bondekvinnelag: Ingebjørg Ølnes, Sogndal, Marie Tomasgård, Hornindal, Marie Ryssdal, Sandane og Ambjørg Sælthun, Lærdal Formenn Norges Bondekvinnelag: Ingebjørg Ølnes 1959 - 1963 og Ambjørg Sælthun 1971-1974. Kjelde: • SFF/SFF-2012126 Sogn og Fjordane Bondekvinnelag Utklyppsbok

15


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Arkivet frå Gulen kommune fram i dagen Av Marit Anita Skrede

Gulen er ein stor kommune i utstrekning. Topografien gjer at det er tidkrevjande å flytta seg mellom ulike delar av kommunen. Kartet er henta frå www.fylkesatlas.no/Norge digitalt

Gulen kommune var ein av dei fyrste kommunane som avleverte det kommunale arkivet sitt til depot på Fylkesarkivet. Dette skjedde i desember 2006. Med dette var kommunearkivarane inne i ein svært hektisk toårsperiode for å få kommunale arkiv eldre enn 1964 trygt plassert i depot.

som eigen kommune, og i 1858 vart også Utvær tinglag skilt ut som eigen kommune. I 1859 vart Lavik og Brekke kommunar slått saman til Lavik og Brekke kommune. I 1890 vart namnet på Eivindvik kommune

endra til Gulen kommune. På dette tidspunktet budde det 3202 innbyggjarar i Gulen og 2195 i Lavik og Brekke kommune. 1. januar 1905 vart Lavik og Brekke kommune delt i Lavik kommune og Brekke kommu-

Kommunehistoria Det er ikkje heilt enkelt å ha oversikt over grensene til dei ulike kommunane. Mange av kommunane har både endra namn og hatt grense-endringar ved fleire høve. Me fekk formannskapslovene i 1837, og det er frå dette tidspunktet me snakkar om kommunar i Noreg. Eivindvik kommune vart oppretta i 1837. I 1850 vart Brekke sokn skilt ut 16

Panorama-bilete teke av fotografen Martinus Eliasson Askeland.


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

ne. 1. januar 1964 vart Brekke komI 1964 var det ei storstila kommune slått saman med Gulen kommune.munesamanslåing i heile landet (Schei-komiteen). Før 1964 var Sogn og Fjordaneirundt 40og det Desse istadige endringane grenser kommunar. Frå 1/1 1964 vart namn på kommunane gjev oss som det 26 kommunar. Påutfordringar. det same jobbar med arkiv fleire Den orden som skjedde me set arkivet i skal tidspunktet det også spegla røynda. I ein del tilfelle er dette nokre grenseendringar, og komvanskeleg å fylgja Dersom munekartet vartfullt heiltut.endra overein protokoll frå t.d. Brekke skule vart natta. Dette skarpe skiljet er brukt frå 1837 til 1860, høyrer den bakgrunnen for at kommunane i i realiteten til i tre fyrste omgang har kommunar; avlevert arkiv eldre enn 1964 til depot. Frå 2006 til 2008 avleverte 22 av dagens kommunar arkiv frå til saman 33 kommunar. Arkiva frå kommunane vart fyrst listeført og pakka ned ute i kommunane, før dei vart frakta til depot på fylkeshuset. Her måtte arkivarane pakka det opp att og stilla det i ein viss orden. Til slutt skulle arkiva registrerast i ASTA, arkivregistreringsverktyet vårt. Me hadde planlagt å henta inn arkiv frå ein kommune kvar månad. Dette vart gjennomført, men tida viste seg å vera for knapp til å få fullført registreringsarbeidet i etterkant. No er det ei prioritert oppgåve hjå oss å fullføra dette tidkrevjande, men spanande og viktige arbeidet. Etter kvart som me går gjennom arkiva frå kommunane, registrerer og gjer dei tilgjengelege på www.arkivportalen.no, vil me også presentera arkiva i Kjelda.

Eivindvik, Brekke og Lavik og Brekke kommune.

Få innbyggjarar, mange arkiv Gulen kommune er og har vore ein stor kommune i utstrekning. Innbyggjartalet har likevel ikkje vore særleg høgt. Den store utstrekninga har ført til at det er mange arkiv frå kommunen. Me har mellom anna registrert arkiv frå rundt 40 ulike folkeskular. Dette speglar den vanskelege topografien i øykommunen. Det har vore skular «på kvart eit nes og kvar ei øy». Slik måtte det vera i ei tid med dårlege kommunikasjonar. Mange stadar var båten det einaste framkomstmiddelet, og foreldra måtte senda ungane ut i båt for at dei skulle koma seg på skulen. Det seier seg sjølv at det ikkje var kjekt i all slags vêr. På grunn av lange avstandar og vanskar med å koma seg fram, måtte ein av og til ty til kreative løysingar. Då ein til dømes bygde Småvågane skule, var det ungar frå to grender som skulle gå på skule der. For at det skulle bli mest mogleg rettferdig, vart avstanden frå grendene målt opp. Det vart funne ein stad som låg like langt frå begge grendene, og der skulle skulen byggast. Dette var langt frå busetnad, men innbyggjarane gjekk inn på eit kompromiss som begge partar kunne godta. Det same prinsippet om lik avstand til skulen vart brukt då Granli skule skulle byggast. Dette bygget står på ein haug mellom grendene Brosvik, Rutle og Rutledal. Alle ungane måtte gå gjennom utmark for å koma til skulen. Trass i at me har arkiv frå om lag 40 skular, har me ver-

ken arkiv frå Småvågane eller Granli skule. Det er truleg at tilsynsutvala frå desse skulane ville kunne fortelje desse historiene meir utfyllande.

Mangfald i arkiva Det som kjem inn med dei kommunale arkiva representerer eit stort mangfald. Det speglar i fyrste rekkje aktiviteten i kommunen gjennom rundt 150 år. Dei fleste arkiva som kom inn frå Gulen er frå siste halvdel av 1800talet til midten av 1900-talet. Det er likevel nokre unnatak. I formannskapsarkivet ligg mellom anna eit trykt dokument frå 1695. Det er ei forordning som gjeld skussmål og løfte for ekteskaps- trulovingar og viingar. Offentleg truloving var påbode frå 1589 til 1799, og skjedde med prest og fem vitne. Du kan lesa meir om dette dokumentet i Kjelda nr 2/2012. I arkivet frå Gulen fann me også eit panorama-bilete teke av fotografen Martinus Eliasson Askeland (18901948). Originalen er heile 18 x 90 cm. Martinus Eliasson Askeland er særleg kjend for å ha vore spesielt interessert i fototekniske nyvinningar. Han var mellom anna tidleg ute med å skaffe seg kamera for pano-ramafotografering. Med panoramakameraet kunne han ta detaljerte bilete av store folkemengder. På biletet er ca 180 personar avbilda. Dei lysare og til dels uklåre partia i biletet skuldast at kameraet roterte samstundes med at filmen vart eksponert.

Endeleg i arkivportalen.no Det endelege provet på at me har jobba oss gjennom kvar del av eit arkiv, er at det er blitt tilgjengeleg på

17


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

www.arkivportalen.no. Dette er ein felles nettstad for alle arkiv i landet, og her vil ein etter kvart få oversikt over alle arkiv som finst. Ein kan søka på til dømes `Gulen`, og få opp oversikt over alle registrerte arkiv som gjeld Gulen. Dersom det er dei kommunale arkiva ein er interessert i, kan ein snevra inn søket med å berre søka på arkiv som er oppbevart hjå fylkesarkivet.

Kjelder: • Gjerde, A. 2002. Kommunane i Sogn og Fjordane. Grenseendringar gjennom tidene. I: Kjelda nr. 3, 2002. • Nornes, B.M. 2012. Forordning om skussmål og løfte for ekteskapstrolovelser og vielser 1695. I: Kjelda nr. 2, 2012.

Uprenta kjelder: • Østevik, E. 2012. Nytt AskelandPanorama. Nyhende på www.fylkesarkiv.no

Oversikt over avleverte arkiv frå Gulen kommune. Me har no oversikt over 81 arkiv eldre enn 1964 frå Gulen kommune.

ARKIV

TIDSROM

Valstyret 1898-1983 Røystestyret 1909-1979 Manntalsnemnda 1862-1937 Formannskapet 1695-1977 Arbeidarkomiteen i Gulen for arbeidarbank og boligbank 1905-1963 Krigsskadenemnd 1962-1971 Likningsnemnda 1887-1964 Overlikningsnemnda 1909-1912 Kommunekassen 1854-1978 Revisjon 1877-1919 Eivindvik folkeboksamling 1828-1828 Skulestyret 1820-1981 Skulehusnemnd 1921-1921 Samstyret for skuleboksamlinga i Gulen 1933-1972 Byggenemnd for Byrknes skule- og lærarbustadar 1959-1968 Byggenemnd for Undertun skule 1946-1957 Eksamensnemnda 1928-1971 Undertun skule 1870-1970 Eivindvik skule 1857-1970 Neverdal skule 1892-1944 Nordgulfjorden skule 1861-1874 Losnegaard og Nelleland skule 1873-1874 Losnelandet skule 1869-1871 Utvær skule 1868-1868 Rutledal skule 1865-1963 Oppedal skule 1895-1956 Oppdalsbygda skule 1881-1980

Gulen er klar for neste steg Seks år etter at Gulen kommune avleverte arkiv eldre enn 1964 frå Gulen og Brekke kommune, er dei no i ferd med å planlegga avlevering av yngre arkiv. Randi-Lise Wergeland har tidlegare vore arkivleiar i kommunen, men skal dei komande to åra jobba med avslutta papirarkiv. Fylkesarkivet rosar denne bruken av ressursar. Me tykkjer det er svært fornuftig at personar som har jobba lenge i organisasjonen og kjenner arkiva godt blir brukte til denne jobben. Det er naudsynt å kjenna og skjøna organiseringa i kommunen for å kunne ordna arkiva. Det vil alltid vera meir ressurskrevjande at "utanforståande" skal gjera denne jobben. Wergeland håpar at ho i prosjektperioden kan avlevera kommunearkiva frå perioden 1964 til 1995 til depot på Hermansverk. Etter ei synfaring i arkivlokala til kommunen og diskusjonar rundt dei ulike arkiva, rår Fylkesarkivet kommunen til å starta med å klargjera formannskapsarkivet for avlevering. Arkivet ser ut til å vera i rimeleg god orden, og dette vil vera eit avgrensa prosjekt å ta fatt på i fyrste omgang for arkivarane. Fylkesarkivet vil fylgja tett opp arbeidet med å klargjera formannskapsarkivet for avlevering, og meiner det er realistisk at arkivet kan avleverast i fyrste halvdel av 2013.

18

Austgulen skule Sletteland skule Nyborg skule Høvik skule Dalsøyra skule Veddevik skule Eidsfjorden skule Rørtveit skule Grinde skule Fivelsdal skule Sande skule Ånneland skule Sandøy skule Eide skule Mjømna skule Brimnes skule Sørøyane skule Hisarøy skule Øyane skule Dingen skule Sygnefest skule Svardal skule Vikelund skule Haugland skule Fleire skular Birknes/Bjørknes/ Byrknes skule Brandangersundet skule Losna skule Ørnes skule (også Syd-Ørnes) Nordøyane skule Hille skule Fortsettelsesskule Byrknes framhaldsskule Fattigstyret Gulen gamleheim Vergerådet Fiskarmanntalsnemnda Helserådet Jordmora Distriktslækjaren Arbeidsnemnd Småbruk- og bustadnemnd Jordstyret Fiskenemnda Hestenemnda Skogråd Korntrygdkasseraren Oppgjersnemnda Overformynderiet Forliksråd Provianteringsråd Prisnemnd Byggenemnd Forsyningsnemnd

1881-1970 1864-1955 1903-1931 1864-1920 1940-1971 1916-1926 1871-1987 1876-1924 1921-1923 1902-1985 1897-1981 1857-1969 1863-1874 1899-1965 1865-1972 1916-1921 1897-1965 1892-1979 1892-1896 1894-1950 1893-1969 1902-1933 1931-1950 1960-1970 1821-1895 1865-1971 1892-1892 1893-1898 1868-1900 1896-1961 1866-1866 1901-1927 1963-1964 1823-1964 1913-1962 1904-1949 1922-1945 1831-1980 1902-1971 1867-1956 1936-1969 1936-1969 1919-1973 1949-1984 1943-1944 1934-1949 1925-1973 1938-1960 1859-1984 1924-1933 1914-1923 1945-1954 1950-1962 1940-1976


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Rolf Myklebust-prosjektet er avslutta Av Erle Hind

Prosjektet med å katalogisere, digitalisere og formidle arkivet etter Rolf Myklebust vart avslutta sommaren 2012. I mai 2011 fekk Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 100 000 kroner frå Norsk kulturråd til å katalogisere, digitalisere og formidle arkivet etter musika-

ren og tradisjonsmusikksamlaren Rolf Myklebust (1908 – 1990). Myklebust vart fødd i Stryn i Nordfjord i 1908. Han var leiar for programposten Folkemusikkhalvtimen på NRK Radio frå 1952 og fram til han gjekk av med pensjon i 1978. I 1983 vart han tildelt Fylkeskulturprisen.

Opphavleg vart prosjektperioden sett frå 1. oktober 2011 til 31. mars 2012, men prosjektet vart utsett i tre månader. Prosjektet vart avslutta 30. juni 2012. Dei involverte var musikkarkivar Erle Hind og prosjektmedarbeidar Bodil Nornes. Nornes arbeidde med det skriftlege arkivmaterialet, medan Hind arbeidde med det audiovisuelle arkivmaterialet etter Rolf Myklebust. Bakgrunnsinformasjon om arkivet etter Rolf Myklebust Arkivet etter Rolf Myklebust vart deponert til Fylkesarkivet i 1993. Omfanget er fire hyllemeter. Arkivet inneheld Rolf Myklebust sine private eigedelar, som han oppbevarde i leilegheita si i Oslo. I 1993 vart arkivmaterialet grovregistrert i arkivregistreringsverktøyet Asta, men elles er det ikkje gjort noko med arkivet. Det skriftlege materialet inneheld mellom anna notisbøker frå opptaksferder, avisutklipp, personlege brev, private manuskript, radioprogramoppsett, og manus til boka «50 år med folkemusikk». Materialet omfattar også noteskrifter etter andre utøvarar, ført i penna av Rolf Myklebust. Notematerialet er ikkje Rolf Myklebust sine eigne komposisjonar. Notematerialet inneheld også arrangement laga av Rolf Myklebust (arrangement av verk som er skrive av andre komponistar). Det audiovisuelle materialet består av seks kassettar og 13 spoleband. Dette er lydopptak der Rolf Myklebust har rolla som journalist i programposten Folkemusikkhalvtimen i NRK Radio, ikkje som utøvar.

I 1982 kom Rolf Myklebust si bok «Femti år med folkemusikk».

I løpet av dei ni månadane Fylkesarkivet arbeidde med prosjektet, hadde me mange utfordringar. Fyrst og fremst har prosjektet kasta lys over ei rekkje juridiske problemstillingar som er nye for Fylkesarkivet si

19


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

terialet var særs dårleg merka. Innan formidling av arkivmaterialet skreiv me eit par nyhende på Fylkesarkivet sine heimesider. Dessutan er arkivmaterialet publisert på arkivportalen.no. Som allereie nemnt var formidlingsdelen den sida av prosjektet som kravde mest av vi som arbeidde med prosjektet. Arkivet må ha løyve frå opphavspersonane for å formidle arkivmateriale på nett. Det er ikkje aktuelt å gjere materialet tilgjengeleg på nett dersom ein ikkje har avtale med alle som har rettar til verket (komponist, arrangør, utøvar, og så bortetter). Det

Arkivet etter Rolf Myklebust vert oppbevart i Fylkesarkivet sitt magasin (foto: Erle Hind)

musikkavdeling. Arbeidet med arkivet etter Rolf Myklebust har avdekt fleire juridiske problemstillingar innan opphavsrett, åndsverk, vederlag, personvern og publisering på internett. Den største utfordringa ved prosjektet var knytt til å avgjere kven som har rettar til materialet etter Myklebust, eller sagt på ein anna måte: kven som har rett til å avgjere kva Fylkesarkivet kan og ikkje kan gjere innan bruk og formidling av arkivmaterialet. Arbeidet med arkivet etter Rolf Myklebust vart inndelt i ulike område. Ordningsarbeidet var vanskeleg fordi det skriftlege arkivmaterialet var prega av mange kopiar og dublettar. Me digitaliserte alt det audiovisuelle arkivmaterialet (lydopptaka) etter Myklebust. Notematerialet og bileta vart ikkje digitalisert av omsyn til åndsverklova. Når det gjeld registreringsarbeid vart lydopptaka etter Myklebust lagra som digitale filer, og registrerte i Fylkesarkivet sin database for tradisjonsmusikk. Materialet er tilgjengeleg for søk på Fylkesarkivet sine heimesider. Lydopptaka vart i tillegg registrerte i registreringsverktøyet Asta. Det skriftlege materialet vart finregistrert i Asta. Registreringsarbeidet var utfordrande fordi lydma-

20

(foto: Erle Hind)

å få i stand avtalar med alle dei som har rettar, så lang tid etter at arkivet vart deponert til Fylkesarkivet, er i praksis ei umogleg oppgåve. Trass i at arkivmaterialet har nyhendeinteresse, vurderte Fylkesarkivet det slik at det er for vanskeleg å få i stand avtalar med alle som har rettar til arkivmaterialet. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane takkar Norsk kulturråd for midlane!


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Stort fokus på personregistermateriale Av Cecilie Astrup Bustad

I 2012 har det vore stor aktivitet når det gjeld avlevering av personregistermateriale.

Avleveringar i 2012 Det er to kommunar som har avlevert personregistermateriale i 2012: Vik og Gloppen. Samla har dei avlevert om lag 13 hyllemeter, men Gloppen kjem med ei ny avlevering i desember på minst fire hyllemeter. I desember står også Høyanger kommune klar med fire hyllemeter. Vågsøy kommune har avtale om ei større avlevering i desember, men det er usikkert kor mykje som er klart. Forutan avleveringar av kommunalt materiale, har det også komme inn gamle tannhelsejournalar frå 11 av dei offentlege tannklinikkane i fylket i 2012. I alt har dei avlevert om lag 26 hyllemeter. Fylkeskommunen har også avlevert om lag 2,5 hyllemeter frå andre einingar.

Personregistermateriale, også kalla rettigheitsdokumentasjon, består av klientmapper frå dei ulike kommunale og fylkeskommunale einingane, til dømes barnevern, PPT og tannklinikkar. Dette er svært viktig materiale å ta vare på, då me ser at talet på klage- og erstatningssaker mot stat og kommune aukar.

Kvifor tek me vare på dette materialet? Alle kommunar og fylkeskommunar er pliktige til å kunne dokumentere at dei har gjennomført oppgåvene dei har overfor innbyggjarane. Dei siste åra har det vore ein stor auke av saker der personar går til sak mot stat og kommune for manglande oppfølging og hjelpetiltak, særleg når det gjeld skulegang. Dei fleste kommunar og fylkeskommunar har også hatt gåande ulike former for oppreisingsordningar for tidlegare barnevernsbarn. Denne auka i saker vert spegla i talet på førespurnader om innsyn som kjem til Fylkesarkivet. I 2011 kom det 54 førespurnader, medan det til no i 2012 har komme 59. Ofte er det lett å tenke at personregistermateriale berre skal takast vare på av omsyn til klienten, men det er også med på å stadfeste at det offentlege har gjennomført sine lovpålagde oppgåver.

Klargjering av materiale Fylkesarkivet stiller strenge krav til avlevering av personregistermateriale, og i 2011 vart det halde kurs for ei rekke av kommunane i fylket. Før materialet kan avleverast til

Tannhelsejournalar frå dei fylkeskommunale tannklinikkane. (Foto: Fylkesarkivet)

Kommunar: Fylkesarkivet må det ordnast og listeførast. Mellom anna må alt av binders, stifter og plast fjernast, og kvar einskild mappe må førast opp på ei avleveringsliste. I mange tilfelle er det lenge sidan einingane har avlevert arkivmateriale, og prosessen fram til alt er klart kan vere lang og svært tidkrevjande. Difor er det naturleg å tru at det vil komme inn store mengder til Fylkesarkivet dei neste åra. Når materialet er klart til avlevering, vert det henta av arkivarar frå Fylkesarkivet. Mappene blir nøye kontrollert, og i dei tilfella der kvaliteten ikkje er tilfredsstillande, må arbeidet takast att. Materialet skal takast vare på for all ettertid, og me vel å stille så strenge krav til avleveringa fordi det skal vere så lett som mogleg å finne fram i. Det er viktig å sikre at dokumentasjon ikkje går tapt.

•Vik •Gloppen •Høyanger (vil komme i desember) •Vågsøy (vil komme i desember)

Fylkeskommunen: •Askvoll tannklinikk •Nordfjordeid tannklinikk •Rødstokken barne- og ungdomsheim •Hardbakke tannklinikk •Selje tannklinikk •Førde tannklinikk •Naustdal tannklinikk •Årdalstangen tannklinikk •Øvre Årdal tannklinikk •Sentraladministrasjonen •Bremanger tannklinikk •Hyllestad tannklinikk •Sande tannklinikk

21


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Ukjende Aurlandsbilete – kjenner du desse bileta?

Av Elin Østevik

Kjellaug Bjelde i Aurland har ei innhaldsrik samling med gamle foto etter sin eigen og mannen sin familie. Ho har gjort ein stor og grundig jobb med å få namn på så godt som alle desse gamle familiebileta. Det er berre eit fåtals bilete i samlinga som så langt ikkje har latt seg identifisere. Eit av dei uidentifiserte bileta er eit gruppebilete som Kjellaug Bjelde trur må ha blitt teke i USA. Biletet syner ein familie på heile 17 personar. Dei har kledd seg i finstasen og er blitt fotografert i studioet til ein profesjonell fotograf. Biletet er 19 x 24 cm og har nok blitt sendt til Noreg med tanke på at det skulle hengjast opp på ein stovevegg - kanskje hjå slekt som har blitt igjen i gamlelandet? I og med at biletet er del av samlinga med familiebilete som Kjellaug Bjelde har frå Aurland og Vassbygdi, er det grunn til å tru at familien på biletet har ein eller anna form for tilknyting til ein av desse stadane.

er eit gruppebilete som truleg syner ungdom frå Aurland. Er det ein skuleklasse eller er det kanskje ei gruppe konfirmantar som har blitt teke bilete av ein gong på slutten av 1800-talet? Kjellaug Bjelde trur at nr. 2 bak frå høgre kan vere (Nils) Andrias Bjelde (1886-1966), eller evt. ein yngre bror av Andrias. Kjenner du namnet på nokre av personane? Dersom du har opplysningar til nokon av desse bileta set vi pris på om du sender ein e-post til postmottak.sffarkiv@sfj.no eller tek kontakt med oss på telefon 57 65 61 00.

Fylkesarkivet skal låne inn og digitalisere fotosamlinga til Kjellaug Bjelde i løpet av 2013. Bileta saman med opplysningane Bjelde har samla inn vil utgjere ein viktig tilvekst til det historiske fotomaterialet Fylkesarkivet har frå Aurland kommune.

Det andre biletet som vi gjerne vil ha lesarane si hjelp med

Ein staskledd familie samla til fotografering, truleg i USA. Familien har truleg band til Aurland. Kven er dei? Fotograf: Ukjend. SFFf1989002.272851 22


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Eit gruppebilete frå tida rundt førre hundreårsskifte. Biletet er truleg frå eller har i det minste ei tilknyting til Aurland. Kven er ungdommane? Fotograf: Ukjend. SFFf-1989002.272850

Nytt og spanande oppdrag for Fylkesarkivet Flora kommune har gjort avtale med Fylkesarkivet om å ordne kommuneadministrasjonen sitt arkiv frå perioden 1964 – 1993. I arkivet til Flora kommune står det viktig og spanande dokumentasjon om verksemda til kommunen. Eit av desse arkiva skal no gjerast klart til avlevering til Fylkesarkivet. Dette betyr at arkivmaterialet skal gåast gjennom, finsorterast, at ein fjernar innhald som kan skade papiret og at ein pakkar det i trygg emballasje og merker og registrerer det etter arkivfaglege prinsipp. Arkivet som skal ordnast er det som dokumenterer verksemda til sentraladministrasjonen og den politiske leiinga frå 1964 og fram til 1993. Ei av oppgåvene til Fylkesarkivet er å hjelpe kommunane med å sikre at arkiva er tilgjengelege som informasjonskjelder og dokumentasjon for kommunen. Dette

Av Ole Stian Hovland

betyr samstundes å tryggja arkiva som kjelder til historia og å gjera dei tilgjengelege for alle for all framtid. Denne perioden femner om ei tid prega av utvikling og endring. Arkivet dokumenterer såleis ei spanande tid i Florø by si historie, med mellom anna sjukehussak, byutvikling, næringsutvikling og vekst i industrien. Fylkesarkivar Snorre Øverbø er svært nøgd med at Flora kommune har gitt oss denne oppgåva. - Dette blir på ein måte ein ny jobb for oss. Fylkesarkivet har til no teke i mot arkiv frå dei aller fleste kommunane våre som er skapt mellom 1837 og 1964. Perioden som kjem etterpå inneber ein stor vekst i dei kommunale administrasjonane. Byråkratiet veks, dokumentflyten vert større og arkiva vert enno meir omfangsrike. No er tida moden for å trygge denne delen av historia og skaffe oss røynsler med desse arkiva.

23


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Jakt 1846-1850 i Sogn og Fjordane fylke Av Randi Melvær

Klipp frå «Beretning om Kongeriget Norges økonomiske Tilstand i Aarene 1846-1850 med tilhørende Tabeller.» I kapittelet om binæringar er det eit avsnitt om jakt. Klippet viser vesentlege skilnader frå jakt den gongen og jakt og dyrepopulasjonar i dag i fylket vårt. Det viser også noko om uttak av rovdyr i området.

Nordre Bergenhuus Amt «Jagten drives i dette District ikke som stadig Næringsvei. Imidlertid skydes aarligen endeel Harer, Aarfugle og Ryper samt vilde

Reensdyr, som deels afsættes paa Østlandet men især i Bergen. I Søndfjord samt i Evindvigs Præstegjeld findes fremdeles Hjorte, hvorav aarligen nogle faa skydes. I de forløbne 5 Aar ere Præmier udbetalte for følgende i Amtsdistrictet dræbte Rovdyr: Bjørne 83 Ulve 46 Gauper 23 Jærve 9 Ørne 730 Bergugler 36 Hønsehøge 167

I forrige Femaarsberetning anførtes, at Districtet i Aarene 1841-1845 havde været temmelig befriet for Ulve. Dette gjælder desværre ikke om den nu forløbne Periode, i hvilken Ulvene have anrettet betydelige Ødelæggelser ikke alene paa Reensdyr, Faar, Geder og Sviin, men ogsaa paa Hornkvæg og Heste. Som allerede foran under 3die Afdeling paapeget, er man af den Formening, at de ere blevne hidlokkede ved de efterhaanden indførte tamme Reensdyr. At der i Løbet af 5 Aar ikke er blevet dræbt flere end 46 Ulve, viser, at Loven af 4de August

Eit foto frå Nordfjordeid, om lag 1905. Det viser stolte jegerar med ein hjort som dei skaut ved Movatnet. Hjorten vog 200 kg utan hovud. Jegerane var Pål Heggen, Paul Åsebø, Matias Hjelle, K. Spangberg og Knut Heggen Hjelle. (SFFf-1998081.0004) Eigar: Petra Hjelle. Fotograf: ukjend.

24


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

1845 her ikke kan have virket synderligt til Udryddelsen af dette overordentlig skadelige Rovdyr. Aarsagen hertil er, at Ulvene i den største Deel af Aaret ideligen streife om fra den ene Egn til den anden, og saaledes ere vanskelige at oppasse og dræbe. Rimeligviis vilde man bedst opnaae Øiemedet ved at eftersøge deres Reder, medens Ungerne endnu ere smaae; men, saavidt vides, har man hidtil ikke synderlig betjent sig af denne Fremgangsmaade.»

Hjort «I Søndfjord samt Evindvigs Præstegjeld findes fremdeles Hjorte, hvorav aarligen nogle faa skydes.» Slik var stoda for hjort og hjortejakt i fylket vårt i åra 1846-1850. Hjorten har teke seg fram i heile fylket vårt etter dette. Statistisk sentralbyrå har statistikk for hjortejakt frå 1892 til 1977 heilt ned på fylkes- og kommunenivå. Her kan ein lese korleis talet på felte hjortar aukar, ikkje alltid for kvart år men som trend. Frå 56 felte dyr i 1892 til 1 684 i 1977 for fylket vårt. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane/Statistisk sentralbyrå har statistikk over felte hjortedyr i 2007. Denne viser 10 548 felte dyr i fylket. Også her kan ein lese ut tala for kvar kommune. På 157 år er det m.a.o. ein svært stor auke. At det er færre rovdyr hjelper sikkert til, men det må jo være andre biologiske årsaker som er vel så viktige. Dette må eg la biologane greie ut om. Kan forskjellen også ha noko med rapporteringsrutinar å gjere?

Biletet er frå Gloppen i 1922. Jaktlaget på åtte mann viser fram fangsten – tre hjortekoller. Frå venstre ser vi: Jacob J. Mjellem (Lia), Sigurd Rønnekleiv, Anders J. Mjellem, Jacob O. Mjellem. Bak frå venstre: Ola J. Mjellem, Erik A. Rønnekleiv, Daniel Mjellem og Bertel D. Mjellem. (SFFf-1988021.0002) Eigar: Knut Sande. Fotograf: ukjend.

premie på «Bergugler» - hubro. Eg skjønar ikkje heilt kva for skade dei kan gjere. Dei lever av smågnagarar, fuglar og noko fisk. «Lov om utryddelse af Rovdyr og Fredning af andet Vildt» blei innført i 1845. I åra 1846-1850 blei det i heile landet skote 1 324 bjørnar, 1 132 ulvar, 592 gauper, 339 jervar, 10 714 ørnar, 1 690 hubroar og 2 151 hønsehaukar. Statistisk sentralbyrå har ein svært interessant nettartikkel om husdyr og rovdyr og om halvblinde lensmenn som betalte ut skotpremiar til svindlarar. Du kan også lese om at ulvejakta kan utdanne uthaldande krigarar i fredstider.

tus.no/29722_9g8MtxKpQr8.img • Artikkelen frå Statistisk sentralbyrå heiter «Frå skuddpremier til fredning og irregulær avgang». Du finn han på denne nettadressa: http://www.ssb.no/ histstat/artikler/rovdyr/ art-2004-05-05-01.html

Rovdyr I ein statistikk frå Direktoratet for naturforvaltning søkte eg på rovdyr (ulv, bjørn, jerv og gaupe) felte i 2007 i fylket vårt. Den viser at berre tre jervar var døde eller felte: ein i Lærdal, ein i Årdal og ein i Luster. Dette er faktisk eit høgre tal for jerv enn i 1840-åra. Men det er ikkje uttak av dei andre rovdyra. Eg stussar svært på at det tidlegare var skot-

Kjelder: • Jaktstatistikk 1846-1977, Statistisk sentralbyrå 1978. Norges offisielle statistikk A 955. Denne finn du på Internett. URL: http://ssb.no/histstat/nos/nos_a95 5.pdf •Jaktstatistikk for 2007 URL: http://sognogfjordane.miljosta25


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Kyr og vegarbeid Av Cecilie Astrup Bustad

Ein kan komme over mykje artig stoff i gamle kommunale arkiv. Under arbeidet med å ordne saksarkivet til Solund kommune før 1964, dukka det opp fleire dokument i ei sak der ein bonde kravde erstatning for ei avliden ku. Dødsårsak: dynamittinnpakningspapir og gummihanskar!

Bakgrunnen for erstatningskravet På slutten av 1950-talet skulle det byggast veg mellom Vaulen og Hardbakke i Solund kommune. Ein bonde har hatt kyrne sine ute på beite, og i september 1959 finn han ein dag den eine kua død. Kua vert sendt til obduksjon hos dyrlegen, og han slår fast at kua døydde av akutt trommesjuke. Trommesjuke er ein fordøyelses-sjukdom hos drøvtyggarar, forårsaka av feil eller brått skifte av fôr. Dyrlegen meiner at i dette tilfellet har kua vorte forgifta av avfall etterlate av vegarbeidarane, til dømes emballasjen til dynamittpakkane, og at dette er den direkte dødsårsaka. I tillegg finn han to fillete gummihanskar i vomma til kua. På grunnlag av obduksjonen fremjar bonden eit erstatningskrav mot kommunen, der han krev 1000 kr i erstatning for kua. Han engasjerer sakførar til å føre saka, og ein del av korrespondansen i saka ligg i arkivet til formannskapet.

Offentleg byråkrati Av korrespondansen går det fram at saka dreg i langdrag. Ordføraren vart

Det vart ein lang prosess å få avgjort søknaden om erstatning frå bonden som mista kua si på beite. (Fotograf: ukjent)

26

først kontakta av sakføraren 11. desember 1959. Etter å ha purra på svar 1. og 30. mars, får han omsider svar 19. april. Det viser seg at formannskapet har vidaresendt saka til vegsjefen for å få ei uttale frå han vedkomande erstatningsansvaret, og dette vart gjort i byrjinga av januar. Formannskapet har ikkje høyrt frå vegsjefen, og vil ikkje behandle saka før han har uttalt seg. Av brevet frå formannskapet går det og fram at vegsjefen har fått oversendt uttalen frå dyrlegen. Etter vidare leiting i arkivet dukkar det opp eit brev frå vegsjefen. Brevet er stila til vegdirektøren, med ønske om ein uttale frå han. Vegsjefen vil ikkje ta avgjerda sjølv, men brevet viser at han stiller seg svært tvilande til dyrlegens konklusjon om dødsårsaka: NN, adresse Hardbakke, har ved overrettssakfører Rolf Jolmstar fremkommet med erstatningskrav på kr. 1000,til Solund kommune for en ku som ifølge dyrlege-erklæring skal være død av akutt trommesyke. Dyrlege Nygaard, Leirvik i Sogn, mener at der er grunn til å tro at kua er blitt forgiftet av avfall fra vegarbeide, f. eks. emballasje etter dynamittpakkene og at dette er dødsårsaken. Videre fant han ved obduksjon 2 fillete gummihansker i vommen på kua. At hanskene var fillete var jo nokså rimelig etter at de var tygget drøv på. Solund formannskap ber om en uttalelse fra vegvesenet da de aldri har hatt saker av liknende art der ute. Man kan vanskelig tro at en ku ville avgå ved døden av å spise noe innpakningspapir fra dynamitteskene. I eskene er der vokset papir, selve eskene er vanlig papp. Selvsagt bør slikt papirrusk samles sammen og brennes. Det har en sagt fra, det er bra noen dager, så blir det igjen slengt rundt omkring. Vegarbeiderne pleier også vanligvis legge fra seg arbeidshansker ute. Man har aldri før hørt at kuer har slukt i seg arbeidshansker av gummi. Dette må formentlig ha vært et usedvanlig

forslukent eksemplar av arten. Da man her heller ikke tidligere har hørt om dødsfall blant kuer som har spist slikt papir tillater man seg å forespørre herr Vegdirektøren om der has kjennskap til liknende tilfeller i vegvesenet. Det ville være av interesse med en uttalelse fra sprengstoffabrikken om det kan tenkes at innpakningspapiret i eskene kan bli forurenset av nitroglyserin. Videre bes opplyst hva herr Vegdirektøren i tilfelle mener om ansvarsforholdet. Det er jo også formentlig den mulighet til stede at kua har pådratt seg trommesyken på grunn av en annen diet enn innpakningspapir fra sprengstofesker eller gummihansker. En ku som glefser i seg gummihansker kan være troende til å ta inn andre farlige retter. Vegsjefen i Sogn og Fjordane Egil Abrahamsen

Korleis ender saka? Brevet til vegdirektøren er datert 4. februar, men 19. april har formannskapet altså endå ikkje høyrt frå vegsjefen. 4 dagar seinare sender vegsjefen ei purring til vegdirektøren, med kopi til formannskapet. Til formannskapet opplyser vegsjefen at han ikkje har fått svar frå vegdirektøren, men at ingen av ingeniørene her har hørt om forgiftning av kuer ved embalasje for sprengstoff. Jeg kan neppe tro at Solund kommune kan gjøres ansvarlig for kuas død. Dessverre fann eg ingen dokument som viser kva utfallet av saka vart. 27. april sender vegsjefen brev til sakføraren om at saka, med påfølgande purring, er sendt til vegdirektøren, utan resultat. Dagen etter vert dette vidareformidla til bonden, og det er det siste dokumentet eg fann.

Kjelder: • Solund kommune. Formannskapet. Korrespondanse/saksarkiv.


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Tårnhuset i Sogndalsfjøra Av Bodil Marie Nornes

Natta den 4. februar 1965 brann det gamle tårnhuset som husa blant anna Sognatun kafé i Sogndalsfjøra ned til grunnen. Huset var eigd av mine besteforeldre og eg var ikkje fylt seks år, men denne katastrofen sit som klistra på minnet mitt. Det var ein katastrofe, for leigebuaren Jens Djupevik som budde på eit loftsrom brann inne, i tillegg til at mine besteforeldre vart sterkt skada. Huset var eit vakkert tårnhus, som denne natt vart jamna med jorda.

Berit Reppen, svigerdotter til Margit og Eirik Reppen, fortel at dei vart vekt av telefon i 3- 4-tida om morgonen. Alfhild Lægreid ringde og fortalte at tårnhuset sto i lys loge og at dei måtte komma ned straks. Sonen deira, Nils, kasta seg i bilen, men Berit måtte vera att i Reppen med to små born og full fjøs med mjølkekyr. Kjell Hofslundsengen kom og hjelpte til med mjølkinga, medan mora kom frå Hafslo og hjelpte til med barnepass. Berit kan stadfesta mykje av det som sto i avisa Sogn og Fjordane fredag

5. februar 1965. Kårfinn Skjeldestad som arbeidde på kaien, gjekk og venta på ein båt, og gjekk seg ein tur. Han oppdaga då at tårnhuset i Fjørevegen sto i full fyr. Han varsla brannen og ved å kasta noko hardt på vindauga i andre etasje klarde han å vekka ekteparet. Huset sto i full brann, og einaste vegen ut var gjennom glaset. Eirik prøvde å finne Djupevik, men det var umogeleg på grunn av eld og røyk, og fekk problem med å finne vegen attende til soverommet. Han måtte heise Margit ut gjennom glaset og sleppa ho ned. I fallet fekk ho fleire beinbrot i tillegg til stygge brannsår som ho sleit med resten av livet. Ein av brannmennene hjelpte ho vekk, og fekk stygge brannsår på begge hendene. Eirik vart også skada då han hoppa og trefte både is og stein, men vart skriven ut frå sjukehuset etter ei kort tid. Brannvesenet sette opp stigar utafor vindauga der Djupevik låg, men hadde ikkje sjanse til å nå han for logane. Djupevik vart funnen på rommet sitt i halv - tolvtida på føremiddagen. Eg hugsa framleis at det var att litt raudmåling på den sida av veggen, resten var berre kolrestar og skal av det tidlegare so flotte huset. Paradokset er at Jens Djupevik som var sjukleg og nett utskriven frå sjukestova, og var frårådd å reisa heim og bu åleine på garden sin på andre sida av fjorden. Han fekk seg rom i sentrum og omkom så tragisk. Årsaka til brannen var truleg ei lampe i samband med byggearbeid og utviding av huset.

Slik såg det flotte tårnhuset ut rundt 1900. I hagen står Ola Nilsson Reppen, son til fotografen. Foto: Privat. (Eigar: Bodil Marie Nornes)

I dag klagar vi på lange avstandar til sjukehus, men reiseruta til sjukehuset i Lærdal med livstruande skadar kan vi ikkje førestille oss i dag. Avisa Sogn og Fjordane fortel at dei

27


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

under taksten berre var innreia med eit rom på arken, som hadde altan framfor.

Foto frå stova i tårnhuset. Frå v. Kari Bremer, Mimi Mossige, fylkesagronom Lende, dyrlege Johs. Schanche Mossige og Sigrid Mossige. Foto: Fylkesarkivet.

skadde vart straks sende med bil til Hermansverk og køyrde med snøggruta til Lærdal. Dei var ikkje framme på sjukehuset før på morgonkvisten. Berit sat att på garden i Reppen og i fleire timar visste ho ingen ting om korleis det gjekk i Fjøra. Tårnhuset, også kalla Reppenhuset, stod på tomta som i dag har adresse Fjørevegen 12, og blant anna husar Sy- og Strikkebui. Tomta, bruk nr. 16, vart utskilt frå Arvollgarden i 1891 til Olav Nilson Reppen. Son hans, fotografen Nils O. Reppen, fødd i 1856, åtte huset frå 18981925. I fylgje branntaksten som vart halden den 24. april 1893, var huset ferdig i 1893. Branntaksten gir eit inntrykk av korleis huset og ein fjøsbygning såg ut då desse var nye. Parsellen hadde to bygningar, ein fjøs 13,60 m lang, 7,35 m brei og 3 m høg, oppført av tømmer og standarverk i ei høgd, tekka med spon på gråsteinsmur. Bygningen hadde skorstein og gjødselkjellar, var innreia til kufjøs, stall og svinehus, samt for-rom og eldhus og vart taksert til 1500 kroner. Våningshuset som låg 3,75 meter frå 28

fjøset var 13,50 m langt, 9,30 m breitt og 4,75 m høgt. Huset var oppført av tømmer i ei og ei halv høgd på ein «betydeleg» gråsteinsmur. Huset hadde to arkar, var tekka med hun og torv og i sørlige hjørna eit tårn som var innreia i to altanar, ein i kvar etasje. I første etasje var det forutan kjøkken og to spiskammers innreia fire rom, med merknad i branntaksten om at to av dei ikkje var ferdig innreia. Frå gangen førte det ei trapp opp i andre etasje som

Vidare fortel taksten at huset hadde to omnar og ein komfyr av malm med to loddpiper frå bjelkelaget. Sjølve bygningen vart taksert til 7500 kroner, skorstein og brannmur 160 kroner og omnane med røyr 180 kroner. Tilsaman vart begge bygningane taksert til 9340 kroner. Berit fortalde at fotografen utvandra til Amerika i 1895, og kom attende rundt hundreårskiftet med mange impulsar, blant anna teikningar til utbetring av huset. Gardsbruket i Reppen pakta han vekk til folk frå garden Elvagjeng. Fotografen skilde seg frå første kona og gifte seg att med paktardottera Eli Jondotter Elvagjeng. I tårnhuset hadde han fotoatelier og diverre forsvann mykje av materialet hans i brannen. Heldigvis var ein del sett bort andre stader og er enno bevart blant anna hjå Fylkesarkivet. Forutan fotoatelier har delar av huset vore utleigt til blant anna frisørsalong og kafédrift. Sogn Ungdomslag leigde huset då det brann og hadde drive kafé der sidan 1959. Det var med 8 tilsette og ei ekstrahjelp ved kafeen som hadde 80 sitjeplassar. Sognatun dreiv med utviding av bygget som skulle gje nye 70 sitjeplassar då den brann ned. Kjelder: •Lensmannen i Sogndal 12.16. •Branntakstprotokoll, Sogndalsfjøra 1878-1901. Register •Sogn og Fjordane avis 5. februar 1965 •Timberlid, Jan Anders og Selseng, Berit: Sogndal Bygdebok. Gardar og folk i Stedje sokn, band 1 og 3 (2007) Munnleg kjelde: Berit Reppen

Slik såg tårnhuset ut dagen etter brannen. Faksimile avisa Sogn og Fjordane 5. februar 1965.


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Entreprenørskap i skulen gjev viktig kunnskap

Av Kjerstin Risnes

Like sikkert som at trekkfuglane fyk sørover på denne tida, like sikkert er det at vi får besøk frå 8.klassane frå Leikanger ungdomsskule. Dei skal hente kunnskap om bygda si og kjem då til oss. Det likar vi godt. Entreprenørskap er eit viktig satsingsområde for skulen, nasjonalt, regionalt og lokalt. Som ein del av denne skulesatsinga har Sogn og Fjordane fylkeskommune og Leikanger Ungdomsskule underteikna partnarskapsavtale om entreprenørskap. Eitt av måla for den nasjonale satsinga er auka samarbeid mellom skulen og det private- og offentlege næringslivet. Auka kunnskap og kontakt med lokalsamfunn og arbeids- og samfunnsliv skal gje betre grunnlag for val av utdanning og yrke. Entreprenørskaps- tanken er også forankra i kommuneplanen for Leikanger 2008 - 2016 der det er vedteke at skulen skal samarbeide med offentleg og privat næringsliv for å sikra eksisterande, samt utvikla nye arbeidsplassar og verksemder. Besøket på Fylkesarkivet er såleis eit lekk i dette arbeidet, og målet vårt er å gjere elevane kjende med kven vi er, kva vi steller med på vår arbeidsplass og korleis vi arbeider. Hos oss vil dei også få tips og idear om lokalhistoriske emne og kva kjelder dei kan arbeide med i prosjektet «Bygda vår», som står på timeplanen til 8.klassane om hausten. På ulike vis, m.a. gjennom bygdevandring og besøk på Fylkesarkivet, får dei såleis ny og anna kunnskap om Systrondsbygda. Programmet hos oss kan variere litt i innhald frå gong til gong, men alle avdelingar vert presenterte på ulike vis. Ungdom og Internett høyrer

Gamle foto er populært, og fotoarkivar Elin Østevik har mykje å fortelje til ei lydhøyr forsamling. Foto: Fylkesarkivet.

naturleg saman. Nettsidene våre er såleis ein viktig inngangsport når vi skal presentere dei ulike fag- og arbeidsområda våre, og ikkje minst vise fram mangfaldet av lokalhistorisk stoff og kjelder dei kan finne digitalt hos oss. «Learning by doing» er ein god læringsmetode. For at elevane skal lære seg å finne fram i databasane våre, brukar vi gjerne ein lokalhistorisk spørjeleik, eller kviss som det heiter no for tida, kor dei må navigere seg gjennom fleire av databasane våre for å kunne svare på spørsmåla. Dette ser ut til å vere ein populær aktivitet, og dei er lynraske til å gjere seg kjende på sidene våre. Arbeidet vårt føregår ikkje berre framfor ein pc-skjerm på kontoret. Det fysiske arbeidet med arkiva går føre seg i kjellaren. Vi syner difor fram dei ulike arbeidsromma våre. Dei fleste arkiva kjem inn på mottaksrommet. Der vert dei klargjorde og mellom anna sjekka for sopp. Har vi mistanke om sopp, vert papira plasserte i avsugsskapet for turking og reinsing.

Ordningsrommet er neste steg i løypa for det fysiske arkivarbeidet. Stundom ber arkiva preg av at dei har stått på loft og i kjellar. Då må støvsugaren fram og maskene på. Det nyttar ikkje å vere «fin på det» når ein skal jobbe med arkiv! Støv, sand og jamvel litt muselort er ikkje ukjent kost for ein arkivar, og det er ikkje helsefremjande å puste inn finkorna støv. I arbeidet med gamle papir, vert det også nytta hanskar. Dei kvite hanskane våre vekkjer som regel undring hos elevane, men også dei har si forklaring. Materialet er skite uansett kor mykje vi støvugar og turkar av det. I tillegg må vi handsame det med varsemd. Vi tek vare på arkiva for æva, og feitt frå fingarane våre set seg på dei verdifulle papira og øydelegg dei. Difor må hanskane på. Arkiva vert ordna etter alle kunstens reglar, eller rettare sagt etter eit arkivfagleg system, plasserte i mapper og arkivboksar og innførte i eit dataprogram som gjer at vi til ei kvar tid veit kva vi har i magasina våre, og kvar. Den nye arkivinformasjonen vert

29


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

dei sjølve får prøve seg på gotisk handskrift med penn, blekk og trekkpapir vert ikkje undringa mindre, men forståinga kanskje større. Det er vanskeleg øving å lære seg å skrive med å skrive med penn og blekk. Dei strevar og prøver, og pennesplittane får verkeleg køyrt seg, men alle vil prøve.

Dei kvite hanskane må på når vi skal bla i gamle arkivstykkje. Gamle handskrivne skuleprotokollar kan vere ei utfordring å lese, men kan fortelje meir enn det ser ut ved fyrste augekast. Foto: Fylkesarkivet.

vidare lagt ut på nettstaden Arkivportalen.no http://www.arkivportalen.no, som er ei nasjonal søkjeteneste. På ordningsrommet står også den store bokskannaren vår som er i dagleg bruk. Mange av førespurnadane våre handlar om å få kopiar av t.d. ein skuleprotokoll, einskilddokument frå eit saksarkiv og likande. Tidlegare tok vi papirkopiar og sende per brev, men fleire og fleire vil ha det materialet dei bestiller digitalt, via e-post, og då tek vi skannaren i bruk. Her skjer også det kontinuerlege arbeidet med å skanne protokollar som t.d. formannskapsprotokollar og ulike privatarkiv som i tur og orden vert lagde ut på nettsidene våre, til nytte og hygge for dei som vil arbeide med lokalhistoriske kjelder heime i si eiga stove. For å gje eit innblikk i korleis den konkrete arbeidskvardagen kan vere for ein arkivar, får elevane nokre små oppgåver, der dei må arbeide med primærkjelder og lese eldre handskrift og gotisk trykt skrift. Elevane let seg stadig imponere over alt det handskrivne materialet. Side opp og side ned med dei sirlegaste bokstavar, skrive med penn og blekk. Slikt tykkjest framandt for dagens pc-generasjon. «Har dei verkeleg skrive alt dette for hand? At dei orka » er ein gjennomgåande kommentar. Og når 30

Sjølv om vi er eit arkiv og ikkje eit museum, har vi nokre få gjenstandar som konkretiserer og utfyller historia som arkiva fortel, m.a. ein gamal skulepult frå Sogns Barneheim. Her høver det alltid godt å stogge opp og gje eit glimt inn i livet til dei som i si tid budde på den einaste barneheimen i fylket, som låg i Strandavegen på Leikanger. Den smale tosetaren vekkjer alltid merksemd, holet til blekkhuset like så, og det er stor stas å få sitje på pulten. Det er vel kanskje meir tvilsamt om elevane hadde tykt det var stas å sitje der i seks stive skuletimar, dag etter dag. Magasina med sine 10 000 hyllemeter er ein populær del av informasjonsløypa vår. Magasina våre rommar både foto, musikk, stadnamn, privatarkiv, kommunale -og fylkeskommunale arkiv, og det tyder mellom anna kilometervis og kilovis av papir. Her får elevane innføring i kva type arkiv vi oppbevarer, kvifor, samt sjå døme på ulike arkiv. Dei fleste elevane har sjølvsagt ikkje tenkt gjennom kvifor det er viktig å oppbevare slike arkiv og at dei faktisk ikkje berre er eit skattekiste for historieinteresserte. Vi freistar difor å formidle at arkiva handlar både om kulturarven vår og dokumentasjon som vil vere viktig for den einskilde og samfunnet. Fylkesarkivet har dei seinare åra mange døme på at arkiva våre har vore svært verdifulle for dei mange som har søkt Oppreisingsordninga i Sogn og Fjordane om erstatning for tapt barndom. Arkivet etter Sogns Barneheim har i denne samanheng vore viktig for mange. Den gamle skulepulten frå Sogn Barneheim og forteljinga

om korleis det viktige barneheimsarkivet, som heilt tilfeldig vart redda av ein arkivar frå Fylkesarkivet, vil vonleg vere med å skape forståing for det historiske aspektet, men også kor viktig rettigheitsdokumentasjon er. Som før nemnt får elevane sjå døme på ulike arkivstykkje. Det er moro å sjå kor andektige dei vert når dei varsamt får halde i eldgamle protokollar, og kor undrande dei ser ut når dei verkelege store, tunge, handskrivne og skinninnbundne protokollane kjem fram. Fylkesarkivet arbeider også med elektroniske arkiv, og framtidas arkiv vil sjå heilt annleis ut enn det vi har i dag, spesielt arkiv frå det offentlege, når dei ein gong vert fullelektroniske. Då vil våre 10 000 hyllemeter kunne plasserast i nokre små boksar fulle av elektronisk materiale. Det er også ein kunnskap det er viktig å formidla til dei unge som om nokre år skal gjere sine utdanningsval. Arkivarfaget må naturlegvis også endre seg i takt med den elektronsike røynda, noko det for så vidt alt har gjort. Men papirarkiv, det vil vi ha som arbeidsfelt lenge, lenge. Fylkesarkivet ser stor pris på slike skulebesøk, og det ser også ut som elevane har det kjekt og lærerikt. Det sjølvsagt ei utfordring å klare å presentere slikt stoff på ein interessant og spanande måte for 8.klassingar. Håpet er likevel at vi får formidla litt kunnskap om arbeidsplassen vår, korleis det er å arbeide på Fylkesarkivet, ein av dei mest spanande arbeidsplassane i kommunen, og kvifor arkiv er viktig for den einskilde og samfunnet. Har vi klart å inspirere nokon av dei til å tenkje oss som ein framtidig arbeidsplass, vert vi stornøgde, likeeins om dei ser på Fylkesarkivet som ein ressurs, ei kjelde til kunnskap. Vi ynskjer også andre skular i fylket velkomne.


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Heimstadformidlaren Av Erle Hind

Erlend Apneseth Fødd i 1990 i Jølster i Sunnfjord Spelar hardingfele Aktuell med plata «Jølster 2012» Student ved Ole Bull Akademiet på Voss Fekk i 2008 Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris Fekk i 2012 Sparebank1 sitt TÆL-stipend (foto: Vegard Fimland)

«Den må tidleg krøkast, som god krok skal bli», heiter det. Eventuelt kan ein syte for å vekse opp i Jølster. Sunnfjordkommunen har fostra fleire storspelemenn enn dei fleste kommunane i fylket. Spelemenn som Knut L. Sandal, Anders Viken, Sigmund Eikås og Moses, Petter og Adolf Paulen har alle sitt opphav i kommunen. Erlend Apneseth høyrer til den yngre generasjonen spelemenn frå Jølster. Dei siste åra har han vekt åtgaum som soloutøvar på hardingfele. Erlend Apneseth er aktuell med plateutgjevinga «Jølster 2012», som vart sleppt under årets Førdefestival. Spelemannen fortel at idéen til plateprosjektet kom i stand for nokre år sidan, ved at Gro Marie Svidal kontakta han, Synnøve S. Bjørset og Sigmund Eikås. Initiativtakar Svidal ville høyre om dei andre spelemennene var interesserte i å ta del i eit felles prosjekt med musikk frå heimkommunen.

«Sjølvsagt sa eg ja,» seier Apneseth. «Eg er veldig takksam og audmjuk når det gjeld «Jølster 2012»-prosjektet. Dei tre andre er spelemenn eg har sett opp til heile oppveksten, og det å skulle stå ved sida av dei med mitt eige uttrykk var noko eg måtte ta inn over meg.» 22 år gamle Apneseth, som er den absolutt yngste av spelemennene som tek del i prosjektet, fortel at han har vakse på prosessen. «Det er noko ekstra skummelt ved å spele inn soloslåttar. Det er nakent og gjennomsiktig, og noko ein skal kunne stå for åleine.» Han er nøgd med resultatet, og tykkjer «Jølster 2012» er ei variert og bra utgjeving. Særleg kjekt var det å oppleve at plata vart nominert til Folkelarmprisen. «Det er veldig moro at det finst så mykje bra musikk å ta av ifrå sin eigen heimkommune!», seier han. På plata «Jølster 2012» presenterer fire av dei fremste nolevande spelemennene frå Jølster sine favorittslåttar frå heimkommunen. Gro Marie Svidal, Synnøve S. Bjørset, Sigmund Eikås og Erlend Apneseth er solistar på

plata, her finn ein ikkje noko samspel. Kvar einskild spelemann gjer si personlege tolking av tradisjonelle slåttar frå heimbygda. Apneseth nærmar seg slåttemusikken frå Jølster med audmjukskap. På «Jølster 2012» finn ein spelemannen sine tolkingar av slåttane «Brureslått etter Knut L. Sandal», «Stillelåt», «Springar etter Bensen» og hallingen «Gamlestovslåtten». Han formidlar slåttetradisjonen frå heimkommunen på ein framifrå måte. Det er nære band mellom utøvarane som tek del i plateprosjektet «Jølster 2012». Sigmund Eikås har vore læremeister for så å seie alle som har spelt hardingfele i Jølster. Apneseth har dessutan lært slåttar av Gro Marie Svidal og Synnøve S. Bjørset. Då han fyrst tok til å spele hardingfele i tiårsalderen, gjekk han i lære hjå Knut Sandal. Etter kvart gjekk han i lære hjå nemnte Sigmund Eikås. Tjuetoåringen frå Svidalen har bakgrunn frå Indre Sunnfjord Spelemannslag og 31


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

«Eg har alltid utforska korleis fela høver seg i andre samanhengar enn den tradisjonelle folkemusikken,» seier jølstringen. «Dei siste åra har eg drive meir og meir med fri improvisasjon, og eg har mellom anna samarbeidd med dansekompaniet Carte Blanche i Bergen». Dessutan har han opptredd i ulike improvisasjonskonstellasjonar, og i fleire jazz/folk-baserte grupper. Erlend Apneseth er elitespelemann på hardingfele, og kan syne til solide resultat på lokale, regionale og nasjonale tevlingar. I 2008 vart han tildelt Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris. I 2010 blei han tildelt 10 000 kr frå Sparebanken Sogn og Fjordane si kultursatsing Furorestipendet, i tillegg til at han vann publikumsprisen. Same år var hardingfelespelaren ein av tre norske deltakarar i Førdefestivalen sitt Talent-prosjekt. Tidlegare i 2012 tok han imot Sparebank1 sitt TÆL-stipend på 30 000 kr. Jølstringen er i byrjinga av karrieren sin, men det er ikkje tvil om at ein kjem til å høyre meir frå han.

(foto: Vegard Fimland)

musikklinja på Firda vidaregåande skule. Dei siste åra har han vore student ved Ole Bull Akademiet på Voss. Som del av undervisinga på skulen har han storspelemannen Håkon Høgemo som hovudlærar. Apneseth fortel at han elles har reist til Setesdal i Agder for å ta timar med Daniel Sandèn-Warg. Spelemannen frå Jølster finn dessutan inspirasjon hjå Nils Økland. Når han ikkje tek del i undervisinga på Ole Bull Akademiet, reiser Erlend Apneseth rundt om i fylket og resten landet for å spele konser32

tar. Sommaren 2012 spelte han mellom anna på Haukeliseterfestivalen og ein av Gjesmekonsertane på Sogn Kunstsenter i Lærdal. I juli 2012 blei prosjektet «Jølster 2012» realisert i form av ei plateutgjeving. Det var plateslepp i Haarklousalen på Førde kulturskule under årets Førdefestival. Fylkesarkivet var til stades og dokumenterte konserten, der dei fire spelemennene frå Jølster synte utmerkt solospel. Apneseth fortel at han ikkje berre har drive med solo hardingfelespel, men og spelt musikk i andre sjangrar.

«I tida framover er det mykje spennande som skjer», fortel han. «Det er først og fremst ein del nye samarbeidsprosjekt eg gler meg til å ta fatt på no i haust, med både konsertar og plateinnspelingar på sikt,» avsluttar Erlend Apneseth.


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Bjørnejakta i Sunndalen i 1912 Av

Artikkelen er henta frå Geoatlas (www.geoatlas.no). Den er skriven av elevar i 6. klasse og lærarar ved Storesunde skule, 1985-86. Geoatlas er eit tverrfagleg læringsopplegg retta mot skulesektoren. I denne tenesta vert faga knytte saman med hjelp av kart, artiklar og multimedia som elevane lagar sjølve. På geoatlas.no ligg det masse spanande stoff frå heile fylket!

For nesten hundre år sidan blei den siste bjørnen skoten i Stryn kommune.

Bjørn tok kvige ”Det leid ut i oktober og berre to kviger gjekk att i setrehamnen i Sundalen. Det var ein mann frå Hopland som åtte kvigene, og han hadde ikkje høve til å vere med då dei andre jaga sine krøter heim i midten av september. Såleis vart desse kvigene gåande att åleine i Sognskarbakkane, framfor setra. Ein dag då nokre budeier frå Grov var av stad for å mjølke kyrne sine, som då gjekk på haustbeite i Maurtegjerdet heimafor Alfoten, fekk dei auge på ei framand kvige som såg svært skremd og medteke ut. Dei skjøna at det var den eine av dei to kvigene som hadde gått att i setreda-

len. Den andre kviga var ikkje å sjå. Då folk heime i bygda fekk vite om dette, vart det straks sett i gong leiting, for det var truleg at rovdyr hadde vore på ferde. I eit dike like framfor sela på setra fann dei kviga. Ho låg drepen, og det var tydeleg at ein bjørn hadde gjort udåden. Etter fara å døme hadde bjørnen jaga kvigene føre seg frå Sognskarsbakkane og heim til setra. Han nådde att den eine kviga på myra, og med eit kraftig byks slo han framlabbane i korsryggen på henne. Korsbeinet brast av, kviga segna om, og bjørnen gjorde det av med henne. Det var også far å sjå etter bjørnen i råsa heimanfor setra. Bjørnen sette truleg på sprang etter den andre kviga

1. rekkje frå v.: Erik Guddal, Sivert Guddal, Lasse Erdal og Ivar Guddal. 2. rekkje f.v.: Andreas Berge, (Arne)Jon Erdal, Lars P. Skåre, Rasmus A. Skåre, Isak Flo, Kolbein Flo (Melsen), Ivar Sigdestad, Martin A. Aaning og Akslun Tenden. 3. rekkje f.v.: Peder A. Guddal (Riset), Lars N. Guddal (Johans), Mons R. Guddal, Jens Folven, Ferdnand Kierulf Tranaas, Nils Sundal, Rasmus Folven, Østen Grov (Øyane). Fotograf: K. Aaning. Datering: 12.10.1912

33


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

og, men han miste nok teften av henne. Kviga hadde truleg spunge gjennom skogen høgare oppe, for det var den vegen kvigene tok til setra på framturen, etter at dei vart sleppte ved Skårledet. Dette redda truleg livet hennar.

Jakta er i gong Det ryktast fort nede i bygda at ei kvige var drepen av bjørn på Sundalssetra. Det kom bod med ”Fridtjof Nansen” til Flo at Isak og Kolbein (Melsen) måtte kome for å vere med på bjørnejakta. Men Isak var på rypejakt den dagen, og det leid langt på dag før dei kom seg av garde. Dei overnatta i Guddal hos systera til Kolbein. Det var seks mann som låg over på Sundalssetra den natta. Nokre av desse hadde gått ut på myra om ettermiddagen og trakka bort alle spor etter bjørnen. Dei ville sjå om han våga seg bort til kviga om natta. Og rett nok. Det var tydelege spor som viste at bjørnen hadde vore der. Han kunne ikkje vere langt unna! Morgonen den 12. oktober (datoen er noko usikker, andre meiner noko før) kom det 15 mann til setra for å vere med på bjørnejakta. I alt var det såleis 21 mann som skulle jage fram og skyte bjørnen. Fire mann, som var tidleg ute, hadde lagt seg i leift (på post), to i Sognskaret og to i Kamperhamrane. Det var naturleg at bjørnen ville prøve å kome seg unna på ein av desse stadane. Då skulle desse stå klar til å skyte bjørnen. 17 mann organiserte manngard. Skyttarar og jagarar delte seg då på ei linje tvers over dalen med slik avstand mellom kvar at dei hadde augekontakt med den næraste på begge sider. Bjørnen skulle ikkje kunne passere usett. Jaget starta ved setra og skulle ende opp i Sognskaret. Det var ei spanande jakt, for alle var sikre på at bjørnen gøymde seg ein stad i nærleiken av setra. Men jaget kom heilt fram i 34

Sognskaret utan at dei hadde sett snurten av bjørnen. Fire mann av dei som gjekk i manngard, kom fram på eit høgdedrag ikkje langt frå leiftarane i Sognskaret. Det var Isak Flo, Kolben Flo (Melsen), Ivar Sigdestad og Lasse Erdal. Høgdedraget låg over skogavakset, og dei hadde god oversikt.

"Her kjem bjørnen" Det var ikkje mange gøymestader for bjørn å sjå her oppe, og dei var bestemte på å slutte av bjørnejaget. Derfor tok dei fram nista og sette seg til å ete. Ein av dei ropte opp til leiftarane: ”Her er ikkje nokon bjørn!” Dermed kom leiftarane nedover for å slå seg ilag med dei andre. Det var Ivar Guddal (Jørn-Iver) og Akslun Tenden (Akslun i Nesa). ”Når vi ikkje får skyte bjørn, så får vi prøve å jage opp ei rype å skyte på”, sa ein av dei. Jørn-Iver rulla av garde ein stein. Denne trefte ein større stein som låg laust på eit svaberg, og med eit rabalder fór steinane utfor ein liten hammar. Der under hadde bjørnen gøymt seg, men no spratt han fram og la på sprang mot dei fire. Kolbein var den første som fekk auge på bamsen. ”Her kjem bjørnen” skreik han og dermed treiv dei børsene sine alle fire. Bjørnen bykste ned ein bratt bakke vel 100 meter frå jegerane, men tida var knapp, for han var i fullt sprang ned mot ei skoghole for å gøyme seg. Dei fire var samde om å skyte på likt, men Isak greidde ikkje å vente på signalet. Skotet for av garde, men i det same reis bjørnen opp i eit byks og skotet berre snerta skinnet og musklane under brystet og vomma. Bjørnen merka godt kula, for i skoghola vart det eit mask utan like. Han dengde laust på fjellbjørkene så det gule lauvet fauk ikring han og mose og vidjer vart kasta i lufta. Jegerane skaut så snart dei såg ein skimt av rovdyret gjennom krattskogen, og ei stund small det tett. Likevel kom bjørnen i retning mot skyttarane. Dei såg kor han beit seg i sidene for kvar kule som snerta. Ein ørliten augneblink

glytte han framfor ein stein berre 25 meter frå dei. Men då var han snar å trekkje seg tilbake, elles hadde han nok fått baneskotet med det same. Noko høgare oppe og heime stod Rasmus A. Folven og Østen Grov. Dei fekk auge på bjørnen og var med på skytinga. Leiftarane, som ikkje såg at bjørnen sprang fram under hammaren, fekk seg ein støkk då det tok til å smelle. Kulene kom farleg nær, og dei fann det klokast å leggje seg i dekning for kuledrivet. I om lag 5 minutt var det hektisk skyting, men så stilna det av. Bjørnen låg att livlaus mellom fjellbjørkene. Jegerane gjekk bort for å sjå nærare etter, men Iver Sigdestad åtvara dei andre. ”Bjørnen kan låtast vere daud og brått vakne til liv når vi kjem attåt!” sa han. Så gjekk han sjølv fram og sette ei kule i skallen på han for å vere sikker. Det var ein noko over middels stor hannbjørn. Han vart skoten omkring klokka 12. Dei andre i jaktlaget høyrde skotsalvene, og det tok ikkje lang tid før alle var samla ikring den livlause bamsen. Jegerar og jagarar jubla med huing og skriking over den store bragda. Bjørnen var ille tilreidd av dei mange kulene. Det vart seinare talt opp 22 treff, men mange av kulene hadde berre så vidt snerta bort i. To av føtene var mest oppmelne av blyspisskular (eksploderande kuler). I den tette krattskogen var det vanskeleg å sikte inn gode treff. Så stod det berre att å frakte fangsten heim. Akslun Tenden åtte ein hest, Borkjen, som var kjend for å vere særleg sterk og uthaldande. Det vart bestemt at ein av dei sprekaste skulle springe ned til Hjelle for å hente denne. Valet fall på Sivert Guddal, som då var 23 år gammal. Han skunda seg alt han var god for, og det gjekk ikkje meir enn 1 time og 50 minutt før han var nede. Men Borkjen var leigd bort til kaptein Bolstad (kaptein på ”Fridtjof Nansen”), og Sivert måtte vente tolmodig til kapteinen var fer-


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

dig før han kunne køyre dei andre til møtes med hest og slede. I mellomtida bytte dei andre i jaktlaget om å bere bjørnen heim over ei slags båre. Båra var laga av bjørkestokkar som var bunde saman av børsereimar. Dei møttest på Skårene, og bjørnen vart lagt på sleden. Borkjen

drog godt ei stund, men så var han ikkje lenger å rikke. Då var det ein som kom på at hesten skulle få lukte på bjørnen. Som tenkt så gjort, og bjørnelukta sette fart på Borkjen. Sidan gjekk det utan stopp heilt heim til nyvegen. Der vart det skote salutt, og mykje folk, unge som gamle, var møtt fram for å sjå udyret. Det var åt

å bli mørkt, og somme hadde lykter for å sjå betre. Anders Folven (f. 1904) kan hugse at far hans løfte han opp slik at han skulle få kome til og sjå bjørnen i folketrengselen. Leif Skåre (f. 1904) minnest den vonde lukta som kom av at bjørnen var gorskoten (skoten gjennom magen). Neste stopp var Hjelle. Då jaktlaget kom dit, stod kveldsmaten ferdig dekt inne på hotellet. Dei kunne gå rett til bords, og ta inn eit velfortent måltid. Bjørnen vart lagd under tak til neste dag. Då vart han flådd, og dei modigaste nytta høvet til å smake ferskt bjørnekjøt. Kunstmålar Tranaas, som var med i vaktlaget fekk sendt kjøtet (69 kg) og skinnet til Bergen. Skinnet vart stoppa ut, og bjørnen står no utstilt i det tidlegare ungdomshuset på Hjelle (no Idrettshuset). Det er den siste bjørnen som er blitt skoten i Oppstryn. Kjelde: Skrive i ”Grendatidende” av elevar i 6. klasse og lærarar ved Storesunde skule, 1985-86. Forfattar: 5. til 7. klasse, 2010

Abonner på Kjelda! Ring tlf. 57 65 64 00 Eller send e-post til: postmottak.sffarkiv@sfj.no Ei årstinging kostar 195 kr.

Bjørnen utstilt i Oppstryn idrettshus. Fotograf: Jon R. L. Vik. Datering: 22.09.2010

35


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

MIL i 100 – 1910-2010 Av Randi Melvær

I sommar dukka det opp ei bok i postkassa vår. Det var ei bok om Måløy idrettslag si historie. Laget feira hundreårsjubileum i 2010. 296 sider lokal idrettssoge mellom to permar tek seg flott ut med systematisk oppbygging og fotografi til illustrasjon av teksten. Fleire forfattarar har levert tekstar: Ingrid Føleide, Leidulf Eide, Nils Holvik, Erik Orten og Terje Sølvberg. Den siste har også vore leiar av prosjektet. Boka er ei idrettssoge, men også ei soge over

utviklinga av byen Måløy.

Oppdeling i tiår Etter ei innleiing om oppretting av idrettslag i Noreg og i Nordfjord, byrjar boka sin hovuddel. Først kjem opplysningane om skipingsåret og skipinga før forfattarane tek føre seg aktiviteten i laget i kvart tiår utover. Den første historia byggjer på munnlege kjelder og avisartiklar, då skriftlege protokollar manglar fram til 1938. Då laget blei stifta heitte det ”Moldøen Turn og Idrætsforening”.

Det første turnlokalet var i ei sjøbu, Hans Kvalheim si bu. Ho skifta namn til «Riisnesbuda» etter at ho fekk nye eigarar. Gymnastikk og turn var den første aktiviteten i idrettslaget. I 1922 stod Friheim turnhall og forsamlingshus ferdig. Her fekk lag og organisasjonar flotte lokale til aktivitetar. Idrettsforeininga og ungdomslaget hadde gått saman om planane og arkitekten var den kjende Reimers Meyer frå Bergen.

1930-åra I desse åra blei det drive idrett i fleire forskjellige greiner: turn, friidrett, symjing, stuping, og fotball. Turnlaget blei noregsmeistrar i 1938. Laget hadde også turning for gutar. I symjing og stup i vestlandsmeisterskap fekk MIL både førstepremiar og andrepremiar. Dei hadde og fleire krinsmeistrar.

1940-åra I januar 1940 heldt laget det første skirennet. Denne vinteren var det gode snøtilhøve. Men, så kom krigen og idrettsstreik. Idrettslaget blei lagt ned og lokala i turnhallen blei brukt av tyskarane til innkvartering av soldatar. Den 27. desember 1941 under Måløy-raidet brann arkivet til laget opp. I 1945 slo to lag seg saman (Moldøen Turn og Idrætsforening og Måløy Fotballklubb) og blei til Måløy Idrettslag. Her var det plass til både turngruppe, fotballgruppe, friidrettsgruppe og symjegruppe. Idrettslaget laga til revyførestillingar også. Idrettslaget prøvde å få bygd både ny fotballbane og symjehall.

1950-åra

Slik ser boka ut. 36

I desse åra var det stor aktivitet for born og unge. I 1950 reiste turnerane til landsturnstemne på Lillehammer.


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Same året reiste også barneturnerane til krinsmeisterskap på Sandane. Måløy Stadion stod ferdig i 1958 til stor glede for friidrettsgruppa og fotballen spesielt.

1960-åra I dette tiåret byrja laget med husmorgymnastikk. Dette var ein landsomfattande aksjon for å betre helsa til kvinner. Turnerane var aktive, det var fotballgruppa også. I 1960 var MIL nummer to i fylket, juniorlaget nummer ein og i aldersfastsett fotball var dei krinsmeistrar. Nokre av turane til kampar i indre Sogn gjekk med sjøfly sidan vegane var lange og smale og overnatting var naudsynt. Elles var det fiskebåtar, rutebåtar, drosjer og privatbilar som var transportmiddel. I dette tiåret starta MIL med terrengløp. Tilhøva på idrettsbana var ikkje gode. Det var mangelfullt med garderobeplass, vatn og toalett. Ved Vågsøy ungdomsskule blei det bygd gymnastikksal. Her fekk idrettsgruppene trene. I tillegg til dei vanlege idrettane heldt MIL også mosjonsparti både for damer og for menn. Symjehall kom i 1966. Dette inspirerte symjarane til større aktivitet for ei stund. Så blei hallleiga for høg for dei og skulen tok over symjeopplæringa. Konkurransesymjinga blei difor lagt ned.

1970-åra I desse åra var det stor aktivitet på fotballfronten. Turngruppa var også aktiv, m.a. reiste dei på Nordisk Gymnastikkfestival i Herning i Danmark med heile familien i privatbilar. Som nye idrettsgreiner kom slalåm og handball inn i klubben. For handballen var det dessverre ikkje innandørs bane i byen som var stor nok, så dei måtte til Sandane for å trene. Dette blei for tungvint.

aktivitetar. Fotballgruppa i Måløy hadde kontakt med fotballgruppa Lerwick Spurs frå Shetland. Denne kontakten heldt seg over fleire tiår. Friidretten fekk ein ny giv både i breidde og spiss. Turnerane var aktive med reising til stemner.

1990-åra Trim- og lysløype var ønskjemålet den gongen. Denne ville dei leggje i samband med stadion. Her trengtes også tribunar for publikum. Idrettsskule for borna er nytt for 1990-åra. Dette var eit tilbod for aldersgruppa tre til åtte år. MIL bygde også eit idrettsbygg på stadion.

2000-åra No fekk MIL tippemidlar til trimløype og løypa stod klar i 2005. Innebandy er blitt ein ny aktivitet også i Måløy. Fotballklubben Tornado og fotballgruppa i MIL gjekk saman i Tornado Måløy Fotballklubb. Boka blir avslutta med referat av jubileumsfestar og liste over leiarar opp gjennom åra. Alt i alt er dette ei fin og innhaldsrik bok. Skal eg kome med ynskjer for nye bøker av andre lag og organisasjonar, hadde det vore fint med datering av avisfaksimilane. Det kan også stillast spørsmål ved om ein skal bruke svært uskarpe foto i ei bok. Eit pluss får boka av meg for dei morosame anekdotane i rundt format som fotballar.

Personalnytt Bodil Marie Nornes er tilsett som konsulent i eit prosjekt om Flora kommune. Nornes er frå Leikanger og har budd i Fardal dei siste 35 åra. Ho har vore tilknytt Fylkesarkivet i ymse prosjekt frå september 2011.

Kjerstin Risnes frå Leikanger er tilsett i fast stilling på kommunearkivordninga frå august 2010, og arbeider med offentlege arkiv/eldre arkiv.

Sigrun Espe frå Leikanger er tilsett i eit vikariat hjå ABM Sogn og Fjordane. Ho arbeider med digital kulturformidling og er ein del av kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune, men har Fylkeshuset på Leikanger som arbeidsplass.

Øystein Åsnes tok i haust til i eit eitt-års engasjement hjå Difi på Leikanger. Han har samstundes permisjon frå stillinga i kulturavdelinga.

1980-åra I 1982 blei Måløy Stadion forbetra med skikkelege garderobar med dusjar og toalett. Både fotball og friidrett fekk betra arenaen for sine

37


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Eit nasjonalt husmannssenter i Luster?

Av Per Olav Bøyum

Eldsjeler arbeider med å få på plass eit nasjonalt husmannssenter i Luster. Ein rapport er utarbeidd, og målet i fyrste omgang er å etablere ein dokumentasjonsbank om denne viktige delen av norsk historie. I ein artikkel i Jord og gjerning frå 1990 kjem historikaren Ståle Dyrvik inn på den store skilnaden det er mellom kor grundig arbeidarrørsla har blitt dokumentert, og tilsvarande kor lite som finst av dokumentasjon frå husmannsvesenet. Både husmannen og industriarbeidaren har opplevd vekst og fall. Då husmannsvesenet var på topp kring 1855, var det om lag 65 000 plassfolk med jord i Noreg. Sidan gjekk det fort attende. Arbeidaren har sjølvsagt ikkje forsvunne, slik som husmannen gjorde det, men talet på tilsette i industrien har likevel gått kraftig tilbake. Industriarbeidaren har blitt skrive

inn i bandsterke verk om arbeidarrørsla. Ein eigen institusjon, Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, blei tidleg etablert for å syta for at historia om arbeidarane og den politiske aktiviteten på venstresida vart teke vare på for ettertida. Denne innsatsen har bore gode frukter. Hyllemeter på hyllemeter med kjeldemateriale frå arbeidarrørsla har blitt verna, og den historiske litteraturen er etter måten stor. I fylgje Dyrvik er kontrasten mot husmannsvesenet slåande: «Kor bleikt er ikkje det biletet ettertida har danna seg av husmannsvesenet! Medan det enno blømde, var sosialhistoria knapt nok fødd, og få brydde seg om å portrettera dei små i samfunnet. Det vesle som finst av særskilt innsamla materiale, gir berre spreidde glimt frå sluttfasen» (Dyrvik 1990:51). Sjølv om det nok har kome til ein del litteratur om husmannsvesenet etter at Dyrvik skreiv artikkelen sin i

1990, så er framleis hovudinntrykket at denne delen av norsk historie har blitt neglisjert. I fagrapporten, som er meint å danne grunnlaget for det vidare arbeidet med husmannshistoria i Luster, kjem forfattaren, Eyvind Urkedal York, inn på det same: Og sjølv om husmannen og familien hans har fått meir plass i forsking og lokalhistorie sidan 1970, står denne ein så gong talrike og “dominerande” samfunnsgruppa svakt. […]Historiene om husmannsvesenet er ein del av norsk og europeisk historie som ikkje har blitt prioritert. Gløymd men ikkje gøymd. (York 2011) Det er difor prisverdig at Luster sogelag har teke initiativ til å skipe eit nasjonalt senter om husmannsvesenet. Det er òg naturleg å leggje eit slikt senter til Luster, som i si tid hyste svært mange plassfolk.

Husmannsvesenet i Luster Luster opplevde ein stor folkevekst i perioden 1665-1801. I desse åra auka innbyggjartalet med 107%, noko som var langt meir enn resten av Vestlandet. I same perioden steig til dømes folketalet i resten av Sogn og Fjordane med meir moderate 56%. Folkeauken i Luster vart kanalisert inn i husmannsstellet. Medan talet på gardbrukarar heldt seg nokolunde stabilt i over hundre år, meir enn fordobla husmannsgruppa seg. Bøndene utgjorde om lag 2/3 av befolkninga i 1701, men sank til litt over tredjedelen hundre år seinare.

Døsen i Luster. Tingstova ligg til venstre, nesten i sjøkanten, og hovudbygningen til høgre. Biletet er teke ovanifrå og ut fjorden. Fotograf: Johan Rumohr Døsen. Datering: 1890 – 1905 38

Tabell 1: Bønder og husmenn i Luster 1665-1801, absolutte tal og prosent. Kjelde: Assev 1991: 62. Det geografiske området i denne artikke-


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

len er det gamle Luster prestegjeld, og omfattar såleis ikkje Hafslo og Jostedal. Husmannsgruppa var langt frå homogen. I tabell 1 har eg inkludert plassfolk med og utan jord, strandsitjararar og innerstar. Med bønder er meint både leiglendingar og sjølveigande gardbrukarar. År 1665 1701 1735 1801

Husmenn 104 (39.8%) 89 (34.9%) 128 (43.1%) 262 (62.2%)

Bønder 157 (60.2%) 166 (65.1%) 169 (56.9%) 159 (37.8%)

Luster hadde eit husmannsvesen av svært stort omfang. Avgrensar ein til plassfolk med jord, så var det 125 husmenn pr. 100 bønder i Luster i 1801. For heile landet var det tilsvarande talt 62, for resten av Sogn 35, og for Sunnfjord berre 10. Tradisjonelt har det vore vanleg å dele plassfolka inn i to typar, alt etter kva funksjon dei hadde. Bygselhusmannen skulle ein helst finne i område med små gardar og lite arbeidskraftbehov. Plassleiga blei som regel betalt i pengar. Tilknytinga hans til garden var såleis relativt laus; han hadde bustaden sin på gardsbruket, men fann levebrødet sitt andre stader. Arbeidshusmannen var derimot tettare bunden til det bruket han budde på ved at han skulle svare eit visst tal arbeidsdagar hjå husbonden sin. Det har vore vanleg å trekkje opp eit skilje mellom Vestlandet, der helst den friare bygselshusmannen heldt til, mot Austlandet der den meir trælbundne arbeidshusmannen dominerte. I Luster, som andre stader, fanst det eit mangfald av plassfolk. Ein gjennomgang av 32 tilfeldige festesetlar i tidsrommet 1784-1809 viser at i seks av kontraktane skulle leiga bli betalt anten i pengar eller naturalia. I fem av avtalane hadde husmennene berre arbeidsplikt. For resten

Husmannsplassen Gjerdet på Kolstad i Dalsdalen. Husmannsplassen vart grunnlagd kring 1870 av Johannes Kolstad. Kvinna på biletet er Gjørond Kolstad (1860-1949), dotter av Johannes. Gjørond hadde ei tid plassen på Gjerdet etter foreldra, men i 1914 døydde Bottolf Andersson på Merkesgården 1 under Flikki og Gjørond flytta stova si frå Gjerdet til tufta hans. Her vart ho buande livet ut. Husmannsplassen på Gjerdet vart nedlagd, og jorda gjekk attende til garden Kolstad. Fotograf: Samson Brathole. Datering: 1910 – 1912

av festesetlane var det ein kombinasjon av pliktarbeid og leige som vart avtalt. Husmannskost og husmannsånd – i ettertid har plasskipnaden nærast blitt synonymt med noko stakkarsleg og underdanig, men var det slik? Både juridisk og politisk var det forskjellar mellom samfunnsgruppene. Til dømes kunne ein husmann ikkje sitja som lagrettemann på bygdetinget. Då grunnlova kom, fekk dei heller ikkje stemmerett. Men gjeve det store mangfaldet, så var det kanskje ikkje så store økonomiske forskjellar mellom husmenn og bønder i Luster? Kan bruken av rettsapparatet fortelje oss noko om den sosio-økonomiske forskjellen mellom dei to samfunnsgruppene?

Husmennene i rettsstellet I den tidleg moderne epoken (ca. 1500-1800) ekspanderte statsmakta på fleire område. Innan domstolsapparatet skjedde det ei omfattande byråkratisering og modernisering. Historikaren Hans Eyvind Næss hevdar at rettspleia i denne perioden

vart stadig meir eksklusiv (Næss 1995: 21). For styresmaktene var det tydeleg at profesjonaliseringa av rettsapparatet hadde skapt både større arbeidspress for dommarane og dyrare rettargang for folk. For å bøte på dette vart det innført forlikskommisjonar, fyrst i byane i 1795, og to år etter på landsbygda. Kommisjonane sitt saksområde var sivile tvistar. Etter 1795/97 skulle dei aller fleste private saker fyrst bli handsama i forlikskommisjonane, før dei eventuelt kunne bli stemna inn for underretten. Såleis vona styresmaktene på å få silt vekk mange «unødvendige og bekostelige Rettergangs-Trætter». Å fremje sin rett var slett ikkje gratis. Det er ikkje heilt enkelt å rekne ut kva det kosta å føre ei sak for bygdetinget i tidleg moderne tid. Det kunne nok òg variere ein god del. Men ein peikepinn er det mogeleg å få. Kostnadane kom fram i 56 av sakene som vart førte på tinget i Luster i perioden 1783-1810. I snitt 39


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

låg prisen for å føre ei privat sak på seks riksdalar. For å få ein idè om kor mykje pengar dette var, kan det nemnast at mot slutten av 1700-talet tente ein allmugemann sjeldan meir enn 50 riksdalar i året (Dyrvik 1999: 141). Som eit anna eksempel kan det opplysast at ei tunne korn på same tida skal ha kosta fire riksdalar. For fattigfolk som balanserte på eit eksistensminimum må ei rettssak såleis ha vore ei stor økonomisk belastning. Ved somme høve fortel rettsprotokollane tydeleg at pengar var ein viktig faktor, som ved denne gjeldssaka som kom inn til forlikskommisjonen i Luster i 1804: Omenskiøndt der blev ved all muelige Forslag; kunde dog ikke Forlig bringes tilveje imellom Parterne, hvorfor Sagen blev henviist til Afgiørelse ved Retten. – Strax efter blev dog Sagen samme Dag uden for Retten forliigt formodentlig for at bespare Retten Penger som ofte indtræffer. Ved semje i forlikskommisjonen var den som stemna ei sak pålagt å betale 40 skilling, medan den innklaga måtte ut med 24 skilling. Partane slapp å betale for saker som ikkje vart forlikte. Dette visste tydelegvis lustringane å nytte seg av. Tabell 2 syner kven som nytta seg av rettsstellet i Luster i perioden 1783-

Tabell 2: Saker på bygdeting og forlikskommisjonen i Luster, absolutte tal og prosent.

Citant

Tinget 1783-1796 Bønder 125 (69%) Husmenn 14 (8%) Kondisjonerte 12 (7%) Andre 30 (14%)

40

Tinget 1797-1810 102 (76%) 11 (8%) 5 (4%) 17 (12%)

Postkort som vart sendt som julekort til Ytre Kroken frå Gjertrud og Anders Gjelseng. Dette er truleg paret som står utanfor heimen sin på husmannsplassen Gjelseng under Sørheim. Paret rydda denne plassen og sette opp husa etter 1891. Anders var skreddar i tillegg til å driva husmannsplassen. Skreddarverkstaden var i huset til venstre på biletet. Dei lange stigane oppetter husveggen, tyder på at det var frukthage på plassen. Fotograf: ukjent. Datering: 1900 – 1910

1810. Sakene på tinget er spalta i to periodar for å vise kva resultat innføringa av forlikskommisjonen fekk. Som me ser, silte kommisjonen vekk nokre saker, men ikkje veldig mange. I kategorien «andre» er det lagt personar som det ikkje var mogeleg å fastslå den sosiale bakgrunnen til. Hovudbodskapen i tabellen er at bøndene i stor grad dominerte rettsbruken. Endå meir slåande blir denne tendensen når me veit at husmennene i 1801 var den klart største samfunnsgruppa i Luster. Innføringa av forlikskommisjonen i Luster opna ei vid dør for alle som ynskte å få sivile saker lufta i eit offentleg organ. Relativt sett auka husmennene sin del av saksmengda i forlikskommisjonen meir enn bøn-

Forlikskommisjonen 1797-1810 614 (68%) 100 (11%) 48 (5%) 143 (16%)

Begge institusjonar 841 (69%) 125 (10%) 65 (5%) 190 (16%)

dene, men likevel ser me at rettsbruken på mange måtar vart sementert etter 1797. Kva forklarer desse ulikskapane? Var det så enkelt at bøndene hadde eit større økonomisk handlingsrom når dei kom opp i konfliktar, og difor i høgare grad kunne nytte seg av rettsapparatet? Bondedominansen var nok ikkje berre eit spørsmål om ressursar. Mange av sakene som hamna på bygdetinget og i forlikskommisjonen hadde sitt opphav i eigedomskonfliktar. Ettersom husmennene ikkje sat på særskilt matrikulert jord, slapp dei såleis unna slike tvistar. Kring ein tredel av alle prosessar i Luster i perioden 17831810 kan plasserast i kategorien eigedoms- og åstadsaker. Eit meir røynleg bilete av rettsbruken finn ein ved å sjå på kategorien volds- og æressaker. Det er vanskeleg å tru at husmennene var mindre innblanda i slagsmål og sleivkjefting enn bøndene. Truleg gjev difor tabell 3 eit meir reelt bilete av korleis det stratifiserte samfunnet i Luster avspegla seg i rettsapparatet.


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Citant Bønder Husmenn Sum

Tinget 1783-1796 15 (75%) 5 (25%) 20 (100%)

Tinget 1797-1810 5 (50%) 5 (50%) 10 (100%)

Tabell 3: Valds- og æressaker på tinget og i forlikskommisjonen i Luster for åra 1783-1810 stemna av bønder og husmenn, absolutte tal og prosent. Det viser seg at bondedominansen òg var tydeleg i kategorien valds- og æressaker, men likevel ikkje like markant som når ein ser på rettsbruken i sin heilskap. Det er difor grunn til å hevde at økonomi var ein vesentleg faktor bak den skeive rettsbruken i Luster, sjølv om det naturleg nok er vanskeleg å vurdere akkurat kor stor rolle det prosessøkonomiske elementet samla sett hadde. Den solide bondedominansen i rettsstellet peikar mot at husmannsflokken jamt over hadde langt mindre ressursar enn dei som eigde eller leigde matrikulert jord. Denne vesle undersøkinga om bruken av rettsstellet er sjølvsagt berre eit lite spadetak i soga om husmannsvesenet i Luster. Som for

Forlikskommisjonen 1797-1810 54 (59%) 37 (41%) 91 (100%)

Begge institusjonar 74 (61%) 47 (39%) 121 (100%)

resten av landet gjeld det enno at svært mykje graving står att. Eit nasjonalt dokumentasjonssenter for husmannsvesenet vil nok kunne både fornye interessa for og lette forskingsarbeidet for dei som vil undersøkje meir om denne spanande delen av historia vår.

Eit husmannssenter i Luster? Eyvind Urkedal York har skrive ein god og grundig fagrapport om husmannsvesenet. Konklusjonen er at Luster vil vere ein av fleire stader det er naturleg å leggje eit nasjonalt senter for husmannsvesenet. Mange gode argument peikar mot Luster. I sogelaget, med Geir Vetti i spissen, har bygda eldsjeler som verkeleg brenn etter å ta vare på minna om husmannsvesenet. Luster har òg spor i jord, sjølv om det i fyrste omgang ikkje er tale om å få på plass eit fysisk anlegg. Fleire husmannstufter ligg att som minne etter slitarane som budde der. Ja, meir enn det: Det finst om lag 60 hus-

mannsplassar med autentiske bygningar i Luster. Ein plass som Hestaskår - truleg ein av dei eldste i landet - er i ferd med å bli restaurert og kan fungere som eit formidlingspunkt for både skuleelevar og turistar. Nils Georg Brekke kjem i tillegg inn på føremonene Luster har som verdsarvkommune, og kor viktig det er «å sjå og forstå heilskapen i framveksten av det moderne samfunnet» (Sogn Avis 25.06.2012). I ein kartleggingsrapport over husmannsplassar i Indre Sogn og Hordaland vert det peika på at: Dei store hovdinggardane på dei grøne nesa i høgmellomalderen var setet for kongens menn, og ein av desse var storgarden på Orneset, med høgendiskyrkja som er eitt av våre fremste verdsarvminne – Urnes kyrkje. Dei gode jordbruksbygdene i dei lune fjordbotnane gav grunnlag for makt og rikdom, og gjennom hundreåra etter reformasjonen veks det fram eit lagdelt lokalsamfunn med storgardar, embetsgardar, høgdegardar og husmannsplassar som fører oss fram mot vår tid. I denne utviklinga er Luster i ein interessant posisjon i nasjonal samanheng, som

Ein festesetel frå Luster frå 1792: «Jeg Tosten Asbiørnsen Ness binder og herved for alle vitterliggiør at have bøxlet og fæstet til Hans Johannesen een under min Gaard Ness liggende Plads kaldet Ongelsness». Hans vart kravd ei avgift på 2 riksdalar. I tillegg plikta han seg til ”2 uger at Riise om høsten om sommeren at hug. 300 kiærrer Løv at skiære 1 Tønde Sæde agerland”. Ein dugande arbeidsmann skal visstnok ha fått unna eit storhundre kjervar lauv om dagen, dvs. 120. Skurden av ei tunne sæd kan ha tilsvara om lag seks arbeidsdagar (pantebok for Indre Sogn 5A, s. 306).

41


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Familien i Hestaskår. Framme frå venstre: Christi Bolstad (1841-1917), Johannes Hesteskår (1877-1954) og Anna Søvde (1871-1962) med Alfred Hesteskår (1913-1933) på fanget. Bak står Nils Johan (1903-1983) og Elisa Kristina (1895-1965) Hesteskår. Hestaskår er den eldste og mest uendra husmannsplassen i Luster og den fyrste som vart utskilt til eige bruk, allereie i 1902. Mange meiner det er den eldste husmannsplassen i Indre Sogn. Fotograf: Samson Brathole. Datering: 1914.

det bygdelaget i Noreg med flest husmannsplassar under dei gode gardane i bygda. Her ligg grunnlaget for ei mangfaldig kulturhistorie med særtrekk frå to landsdelar. I Luster skulle såleis tilhøva liggje godt til rette for både å grave djupt i problemstillingar om husmannsstellet, og knyte desse til dei lange linene i historia vår. Litteratur og kjelder: • Dyrvik, Ståle: Husmannsvesenet i Noreg. I: Jord og gjerning 1990, s. 51-61 • Dyrvik, Ståle: Norsk historie 1625-1814 : vegar til sjølvstende. Oslo : Samlaget, 1999. • Sogn Avis 25.06.2012 • Sogn Avis 23.06.2012 42

• Timberlid, Jan Anders: ”For Pladsen skal han slide” : husmannsskipnaden i Sogn og Fjordane / skriftstyrar Jan Anders Timberlid. – [S.l.] : Tiden, 1981. • York, Eyvind Urkedal: ”Vi Arbeidere er ingen faatallig Hær”: om husmannsvesenet i Noreg: Fagrapport som bakgrunn for eit nasjonalt dokumentasjonssenter • Bøyum, Per Olav: Konfliktar og konfliktløysing i Luster : ei gransking av rettsbruken på bygdetinget 1783-1810 og forlikskommisjonen 1797-1810. Hovudoppgåve i historie, Universitetet i Bergen, 2004 • Assev, Per : Rangspersoner, bønder og husmenn : befolkningsutvikling i Luster på 1700-tallet.

Hovudoppgåve i historie – Universitetet i Oslo, 1991 • Næss, Hans Eyvind: Vel forlikt : forliksrådene i Norge 200 år : 1795-1995. Stavanger : Kulturkonsult, 1995. • Luster kommune : ”Den materielle arven” Husmannsplassar i indre Sogn og Hordaland : ei oversikt


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Malla Moe-minnesteinen på Hafslo

Av Hermund Kleppa

I sine eldre år gjennomførte ho store reiser i Swaziland og Tongaland med si eiga misjonsvogn, The Gospel Wagon. Då ho døydde 16. oktober 1953, omtala statsleiaren i Swaziland henne som "den fremste misjonæren i Afrika".

Minnesteinen

Malla Moe-minnesteinen står attmed bedehuset på Hafslo, til høgre for inngangen i underetasjen. Bedehuset stod ferdig i 1922. Malla Moe var heime på Hafslo ei tid frå 1920. Det var vekkjing i bygda og skulehuset blei for lite til møta. Ho vart ein av pådrivarane for å byggja bedehus. Foto: Hermund Kleppa. Datering: 2012.

«Jo, min mening er at skal vi ære store menn og kvinners minne med en bautastein, bør Malla Moe ha sin. Og her bør Sogns kristne, og i første rekke ungdommen, gå til innsamling for nettopp å få reist en slik stein på Mo i Hafslo.»

Fekk sin «bautastein» Det var Carsten Line i Stavanger, misjonsven og musikar, som i 1967 på denne måten tok til orde for å reisa Malla Moe ein minnestein. Forfattar Per Hilleren i Sogndal hadde skrive bok om Malla Moe og i føreordet nemnt at det ikkje var reist nokon «bautastein» over henne. Men, «det ville kanskje ikke passe med en stein som minne om henne.» Det var bokmeldaren Carsten Line ikkje samd i. Malla Moe burde absolutt få sin «bautastein». Han fekk ynskjet sitt oppfylt 45 år seinare, 15. september 2012.

Malla Moe Petra Malene (Malla) Moe, fødd i Hafslo 12. september 1863, var dotter til gardbrukar Claus Rumohr på Mo og Brita f. Lomheim. Saman

På Hafslo kalla dei Malla Moe for Afrika-Malla. Minnesteinen over den vidgjetne misjonærkvinna frå Hafslo står attmed bedehuset. Ho var sjølv pådrivar i arbeidet med å byggja bedehus då ho var på vitjing i barndomsbygda i åra 1920-1922. Minnesmerket er ein nær prismeforma stein i lys, slipt granitt med ovaltforma portrettrelieff i bronse og

med den yngre systera si, Dortea, reiste ho i 1884 til Chicago der systera Karen budde. I Chicago kom ho med i misjonsarbeid gjennom kyrkjesamfunnet til Dwight L. Moody. I 1892 reiste ho til Afrika som misjonær i Den S k a n d i n av i s ke Allianse-misjonen (seinare The Evangelical Alliance Mission). Ho vart verande i Afrika heile livet. I over 60 år arbeidde ho som misjonær i Swaziland. Ho dreiv misjonsstasjonen "Betel" for midlar som var samla inn i kristne trussamfunn i Malla Moe (1863-1953), portrettrelieff laga av Ola Stavseng. Foto: Hermund Kleppa. Datering: 2012. Amerika. 43


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

«AFRIKAMALLA» MALLA MO 1863 – 1953 Misjonær i Swaziland 1892-1953 «Gå ut i verda og forkynn evangeliet for alle menneske.» Mark. 16:15."

Avdukinga

«Velkomen til avdukingsdagen». Program: Føremiddagsmøte, matpause, avslutningsmøte, og avduking. Det var talar av Per Nygard og Kurt Urhaug. Charles Brennesvik deltok me solosang.

rektangelforma plate med tekst. Portrettet er laga av kunstnaren Ola Stavseng, busett i Stordal på Sunnmøre. På tekstplata står:

Minnesteinen vart avduka søndag 16. september 2012. I eit fullsett bedehus gav redaktør i Evangelisten, Kurt Urhaug, eit portrett av Malla Moe sitt liv og virke. «For meg er Malla Moe eit førebilete», sa han. Fleire nytta høve til å koma fram med helsingar. «Ei av dei modigaste jentene Hafslo har fostra», sa ordføraren i si helsing, før Anders Alme avslutta. Mange hadde vore med i arbeidet med å reisa steinen. Han nemnde særskilt Erling Bjørnethun. Kåre Alme og Klaus Mo. Alme ba så møtelyden ut til sjølve avdukinga, som vart utførd av ordførar Kvalen. Høgtida slutta med fedrelandssalma. Flittig brevskrivar til Evangelisten Evangelisten er eit «upartisk blad», det vil seia at bladet ikkje er knytta

til nokon kristeleg organisasjon. Bladet har kome ut sidan 1910. Malla Moe sende ofte reisebrev til Evangelisten. Kort tid etter avdukinga hadde Evangelisten eit stykke om høgtida. Til slutt står desse orda: Da Malla døde i 1953 og ble lagt ti Afrikas jord, var alle stammene i sør Afrika representerte. Dette sier mye om hva misjonæren betydde for folket. Hun var et verktøy i Guds hånd. Malla hadde ikke skolegang og strategier, men hun hadde kjærligheten. Vi kjenner på gleden og velsignelsen gjennom alle de reisebrev Malla sendte fra Afrika, og som ble gjengitt i bladet Evangelisten.

Kjelder • Lomheim Solem, Susanna: Malla Moe. Størst av alt er kjærleiken. 2012. • Hilleren, Per: Adresse Afrika. Malla Moe – en eventyrskikkelse. 1966. • Line, Carsten: Bokmelding 1967, I Evangelisten 15.09.2012

Det hadde byrja å regna då møtelyden samlast rundt minnesteinen. Ordføraren i Luster, Ivar Kvalen, stod føre avdukinga. Foto: Hermund Kleppa. Datering: 2012.

44


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Tilvekst til biblioteket 17.05.2012-24.10.2012 • Solheim, Egil: Kyrkja i fortid, notid og framtid, Olden gamle kyrkje – 250 år i 2009, Ljosheim kapell 85 år i 2009, Olden kyrkje 75 år i 2009, Olden sokneråd. 56 s. • Nedstryn kyrkje 150 år 1859-2009, Nedstryn sokneråd, 2009. 49 s. • Røde kors Sogndal Hjelpekorps 60 år 1951-2011. 31 s. • Takle, Ivar Olav: Minne frå barneår og tidleg ungdom, Eige forlag 1990. 78 s. • Festskrift til Kaupanger Ungdomslag 1908-1968, red. av Wibeke Knagenhjelm, 58 s. • Bondevik, Jarle: Olav Sande – samlar og forfattar. 1992. 11 s. • Sande, Olav: Fraa Sogn, segner og annat. 1. Mons Litlere, 1887. 112 s. • Vilnes kyrkje 1674-1974, Vilnes sokneråd, 1974. 15 s. • Alme, Kristofer: Blanda kor, O.J. Skjeldestad, 1947. 109 s. • Urdal, Fridtjov: Båten som gjekk på tvers, vist og gale frå Sogn og Fjordane. Samlaget, 1981. 123 s. • Myrold, Lars: Syn for gudar og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane, Kommunalforlaget, 1987. 119 s. • Njøs, Odd: … berre praten gaor. Skald forlag, 1996. 117 s. • Takle, Gustav: Ungdomsmod. I kommisjon hjå Lunde, 1934. 65 s. • Loge, Øystein: Munthehuset, Ytre Kroken – eit kunstnarsenter i det unge Noreg. Munthehusets venner, 1989. 23 s. • Eldegard, Sigurd: «Sladre-pollen», komedie i ei vending. Olaf Norlis forlag, 1918. 58 s. • Eldegard, Sigurd: Byfantane - ! Farsekomedie i tri akter. Aschehoug 1926. 88 s. • Eldegard, Sigurd: Ei heimkome, spel i tri vendingar. Aschehoug, 1906. 76 s. • Eldegard, Sigurd: Bård Asalvik. Aschehoug forlag, 1925. 220 s. • Ørbech, Kari: Far min. Noregs boklag, 1964. 124 s. • Ørbech, Kari: Ho som fekk namnet Loretta. Damm, 1952. 156 s. • Helgheimshelsing 1970. Sogndal folkehøgskule 1871-1971. Sogn høgskulelag, 1970. 40 s. • Stølsheimen, Bergsdalen, Kvamskogen, turhåndbok. Bergen turlag, 1987. 77 s. • Vigdal, Kristen: Sol og skygge, dikt. Krogshus forlag, 1924. 62 s. • Vigdal, Kristen: Ved åreelden, dikt. Johs. Sætherskars forlag, 1950. 100 s. • Orvedal, Ivar: Moldmennsje, dikt. Samlaget, 1979. 94 s. • Vigdal, Kristen: Von, dikt. G. Kroghus forlag, 1922. 78 s. • Urnes, Arnfinn: Dei heimlege tonar. Lunde forlag, 1935. 24 s. • Mundal, Gudveig: Tone og tru. Lunde forlag, 1932. 56 s. • Aas, Sverre: Frå Aas til Systrond, livsminne. Eige forlag, 1995. 65 s. • Tolaas, Jon: Gjest i ditt tjeld. Noregs boklag, 1967. 51 s. • Tolaas, Jon: Rapport frå reservatet. Noregs boklag, 1969. 61 s. • Tolaas, Jon: Glasbrot, dikt. Noregs boklag, 1968. 77 s. • Grimeland, Kristian J.: Sølvtråden. Ansgar forlag,

Av Randi Melvær 1975. 213 s. • Elster, Kristian d.y.: Den skjønne ungdom, roman. Aschehoug forlag, 1923. 400 s. • Kvellestad, Anders: Heilefjellsvarden, roman, Soga om Jarle Frodesson og sonen hans. Sambåndets forlag, 1945. 221 s. • Kvellestad, Anders: Gullet frå Norden, Aurum ab aquilone venit, roman. Sambåndets forlag, 1947. 221 s. • Christensen, Hjalmar: Fogedgaarden, af en bygds historie. Aschehoug forlag, 1933. 298 s. • Kleiva, Ivar Krohn Gunvald: Bussen. Norsk barneblads forlag, 1968. 124 s. • Gil, Anders: Forteljingar. Lunde forlag, 1950. 2 b. • Grønset, Jon: Arild på Austbø. Lunde forlag, 1970. 184 s. • Sørbø, Anna: Tilbake til livet. De unges forlag, 1945. 214 s. • Berg, Arthur: I stridens hete, Kjell Bondevik. Lutherstiftelsen forlag, 1969. 126 s. • Geijerstam, Gösta af: Paradisdager i Storevik. Øens forlag, 1970. 107 s. • Hæreid, Anders: 130 forteljingar til skulebruk. Cappelen, 1906. 64 s. • Lothe, Anders: Skulesoga i Kinn prestegjeld gjennom hundrad år 1762-1860. Flora sogenemnd, 1971. 98 s. • Med Sogndal Musikklag gjennom 50 år. Musikklaget, 1978. • Tønjum kyrkje 150 år, jubileumshefte. Tønjum sokneråd, 1982. 20 s. • Farestveit, Åsmund: Berserken og mor hans. Norsk bokreidingslag, 1986. 133 s. • Ve, Søren: Utbreidsla og høgdegrensor til skog-, tre- og buskslag i Sogndal og Hafslo. Universitetsforlaget, 1968. 108 s. • Kvamme, Ragnar: Sognestubbar. Eige forlag, 1962. 87 s. • Losnegård, Rolf: Risens hjarte, skodespel. Forlaget Nordvest, 1985. 109 s. • Bakke, Kari: Til de små stier, dikt. Aschehoug forlag, 1962.79 s. • Ohnstad, Anders: Vangen kyrkje, Vangskyrkja i Aurland, kyrkje og kristenliv, jubileumsskrift: Vangskyrkja 700 år. Aurland sokneråd, 1983. 128 s. • Ohnstad, Anders: Vangskyrkja i Aurland 800 år gamal, glimt frå misjonstid og kyrkjebygging. 2002. 32 s. • Ohnstad, Anders: Bygde-Noreg er liv laga, små glimt frå Aurland si kultursoge. Eige forlag, 2003. 94 s. • Ohnstad, Anders: «Du gamle soge som stødt er ny». Eige forlag, 2008. 99 s. • Ohnstad, Anders: Kunstig vatning i indre Sogn, særtrykk av By og bygd 18. bind, 1966, s.41-52. • Ohnstad, Anders: Glimt frå farne år, Eige forlag, 1984? 16 s. • Ohnstad, Anders: Samandrag og merknader til sogeheftet Aurlandsætti i mellomalderen på Island og her heime. Eige forlag, 1999. 8 s. • Til Anders Ohnstad på 90-årsdagen 27. juni 2001, ei venehelsing frå Andreas Bjørkum, Bjørg og Jarle Bondevik. Bergen 2001. 16 s. • Klipp om Anders Ohnstad, samla av Jarle Bondevik. 2007. 6 artiklar.

45


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

• Livdtun skule 75 år, 1914-1989. 1989. 116 s. • Faugli, Per Einar: Jostedalen natur – vannkraft. NVE, 1991. 70 s. • Brekke, Jens: Dei seie so … sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen. Selja forlag, 2010. 110 s. • Sogn heime og ute, Sognelaget i Oslo 1914-1964. 1964. 103 s. • Nesse, Ola: Stjerneljos for born og ungdom. Lunde forlag. 1920 • Lærdal mållag: «Dæ va are tie dao …» i Lærdal og Borgund, lokalhistorie, hermer, forteljingar, prologar og dikt. 1983. 92 s. • Yversyn yver maaltilstandet i Fjordarne og Sogn 1911, ved Det vestlandske maalkontor. 43 s. • Kjenn ditt eige herad, Gulen. 1959. 35 s. • Orheim, Matias: Songar og salmar. Lunde forlag, 45 s. • Fortegnelse over Skydsstationer og Veilængder i Sogn Fogderi, H. Tostrup, Nordre Bergenhuus Amt, 1848. 1 ark • Djupedal, Torkjell: Selja. Selja forlag, 2006. 32 s. • Utsyn kring jordbruket i Sogn og Fjordane 1960, eit fagleg opplegg for storfeproduksjonen og geitehaldet. Utg. av Fjøskontrollutvalet i Sogn og Fjordane, 1961. 84 s. • Sinding, Holger: Gjest Baardsen, en forbryders Livsroman. Folkeskriftsselskabet 1890-91. 2 b. • Amledal, Kirsten Anny: Malla Moe, intervju med Susanna Lomheim Solem. Sogndal kyrkjelydsbladnr. 2/2012. • Norsk kvernsteinsenter bakgrunn, mål og meining. 2009? 11 s. • Geitvik, Sivert Hansson: Spelemenn på Søre Sunnmøre, i Honndalen og i Sunnylven, Loms-Jakup og spelemannskrinsen. Volda, 1938. 94 s. • Måløyraidet 1941, Knut Wigert ser tilbake og minnes. Videogram, FRO, 1987. 32 min. • Fred i 50 år, frigjøringsjubileet i Måløy 1995. Videogram IMS videoproduksjon, 1995. • Geirsnes, Jon: Gjest Baardsen, skodespel i fem akter. Marius Evjebergs forlag, 1956. 70 s. • Årebru, Peder: Ja, slik har det vore i bygda vår. Pedagogisk/psykologisk tenestekontor, 1975. 102 s. • Grepstad, Ottar: Språkfakta Sogn og Fjordane 1646-2012. Nynorsk kultursentrum, 2012. 22 , 85 s. • Adressebok for Sogn og Fjordane fylke samt firmafortegnelse for Bergen og skatteligninger. Bryde, 1975. 652 s. • Skåsheim, Anders: Bodberaren 2. Lunde forlag, 1934. 63 s. • Lunde, Ragnvald: slåttar i utval av eigne komposisjonar. Musikktrykk. Opplegg, noteskriving og layout: Svein Nesje. 1992, 16 s. • Bergset, Vidar: Nordfjord folkehøgskule 75 år, 1923-1998. Nordfjord folkehøgskule, 28 s. • Furevik, Martinus: Ein tur i april, ein mobiliseringssoldat frå Naustdal fortel. Førde, Pedagogisk tenestekontor, 1981. 11 s. • Solheim, Olav: Ausevik. Flora pedagogiske servicesentral, 1979. 11 s. • Svanøy. Tekst Olav Solheim. Flora pedagogiske servicesentral, 1980. 19 s. • Vederhus, Sigurd: Kinnakyrkja. Flora pedagogiske servicesentral, 1978. 15 s. • Til fots i Gulen. Gulen reiselivslag, 1993. 16 s. • På tur i Gulen, kulturstiar, fjellturer. Gulen kommune 1999. 23 s. • Klakegg, Lidvald: Høgmellomalder, Audun Hugleiksson hans liv og gjerning. Førde, Pedagogisk tenestekontor, 1983. 122 s. • Baardsen, Gjest: Gjest Baardsen Sogndalsfjærens Levnetsløb, forfattet af ham selv. O. Hansen, 1898. 729 s. • Plan for Sogndals fattigkommune, godkjent af kyrkje- og undervisningsdepartementet … 1901. 1 ark • Reglar for bruk av det frie skuletarvende i Vik herad. U.å. 1 ark • Sogn og Fjordane, Norge. Turisttrafikkomitéen for Bergen, Hordaland, Sogn og Fjordane. 1958. 32 s. • Skattestatistikken for budsjettåret 1948/49, Sogn og Fjordane fylke. Det statistiske sentralbyrå, 1950. 26 s. • Årsmelding for styret i L/L Firdakraft, 1953. 32 s. • Skulesoge for Atløy frå 1800-talet til 1998. Utstillingsnemnda, 2012. 51 s. • Tableau over Resultater af Skatteligningen i Nordre Bergenhus Amts Landsbygder for 1902. 1903? 1 ark • Kom til Sunnfjord varemesse, Førde. 1930. 19 s. • Fjordabladet gjennom 100 år, Marit Vestli et. Al. 1975. 135 s.

46

• Magnus, Bente: Tussehaugen, folketru om gravhaugar, Historisk museum og Sunnfjord museum, 1987. 9 s. • Professor Nikolaus Gjelsvik 18661938. Minneskrift frå Norsk måldyrkingslag. Universitetsforlaget, 1968. 94 s. Inneheld bibliografi. • A/S Årdal og Sunndal verk, en orientering om ÅSV-gruppen. Frå fossen til kasserollen. 1968. • Sogn og Fjordane Fylkeskommune 1976-86, 10 år i utvikling. Fylkesrådmannen, 1986?. 39 s. • Olsok-stemna, Askelund 30. juli 1955, tilskipa av Anders Skåsheim, 1955. 6 s. • Holstad, Guttorm: Arkitekt Peter Andrias Blix, hans kamp for å redda Hove og Hopperstad kyrkjer, 1981. 49 s. • Jølster Heimeyrkeskule 1945-1949, Heimeyrkeskulen i Jølster 19491979, attersyn. Skriftstyrar Idar Grindheim, 1979. 114 s. • Heiberg, H.: Samfundsforholde og Retstilstande i Nordre Bergenhus, 1884. B.1: Den Knagenhjelmske Grussag. 22 s. • Tang, Per: Biskop Johan Nordal Bruns dagbok paa visitasreiser i Sogn 1802, 1806 <og> 1812. Særprent av Tidsskrift nr. 2. Historielaget for Sogn, 1912. 42 s. • Olde-bygda, frå fjorden i Olden til breen i Briksdal, eit lokalhistorisk skrift. Einar Myklebust et al. Olden barne- og ungdomsskule, 1986. 46 s. • Sunnfjord ungdomsskule 25 aar, 1902-1927, Førde, 1926. 36 s. • Nesse, Oskar: Sogn lærarlag 1896-1966. Bergen, 1966. 123 s. • Kyrkjesogelaget for Bjørgvin bispedøme: Skrifter 4. 1949. 165 s. • Kyrkjesogelaget for Bjørgvin bispedøme: Skrifter 1, 1946. 110 s. • 100 år med Totland kyrkje, 1912-2012. Utgjeve av Vågsøy sokneråd, 2012. 81 s. • Befring, Olav J.: Jølstrafloraen, Eige forlag, 1981. 72 s. • Turisttrafikkomiteen for Bergen, Hordaland, Sogn og Fjordane, 1928-1958. 73 s. • Balsnes, Sigurd: «Og ljos over landet strøymde», Førde 1971?, 61 s. • Vold, Svein: Kort utgreiding um Dei heibergske samlingar, Sogn folkemuseum på Ambla. Historielaget, 1946. 19 s. • Kloster, Robert: Ekspansjon i bygdekunsten. Noen iakttagelser frå Sunnfjord og Nordfjord. Bergen museum, 1941. 22 s. • Nord-Vågsøy kyrkje 50 år, 1960-2010. Red.: Torunn Føllesdal Utnes og Bjørn Eide. Kyrkjelydsutvalet for Nord-Vågsøy, 2010. 30 s. • Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handles- og gjestgiversteder på Vestlandet. Del 3, Sogn og Fjordane. Bergen, Kystmuseet og Historisk museum, 1980. 56 s. • Regnskab over Nordre Bergenhus Amts Veikasses Indtægter og Udgifter i Sogns Fogderi 1871 : … Sønd- og Nordfjords Fogderi. 9, 10 s. • Regnskab over Nordre Bergenhus Amts Kommunekasses Indtægter og Udgifter i Sogns Fogderi 1871 : …Sønd- og Nordfjords Fogderi. 19, 20, 4, 5 s. • Veikasse-Regnskab for Nordre Bergenhuus Amt for Aaret 1848. 19 s. • Veikasse-Regnskab for Nordre Bergenhuus Amt for Aaret 1843. 14 s.


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Nye prisar og leveringsvilkår for foto Av Elin Østevik

Frå neste år av kan du bestille digitale kopiar av fotografia Fylkesarkivet forvaltar til private bruksformål. Med denne endringa ønskjer vi å gi deg større fleksibilitet i bruken av bilete frå fotosamlingane våre.

Digitale bilete til privat bruk Frå å kunne bestille papirkopiar av bileta i fem spesifiserte storleikar frå 13x18cm og opptil 40x50cm, får privatpersonar frå 1. januar også høve til å tinge digitale kopiar av arkivbileta. Dermed kan du velje om du vil bestille kopi av bilete på fotopapir direkte frå oss, eller om du vil ha ei digital biletfil frå oss som du så eventuelt kan printe ut i ønska format sjølv.

Bilete til publisering/offentleggjering Vilkåra for å bestille kopiar til trykkformål er uendra i høve til tidlegare. Når du bestiller bilete til trykkformål vil det bli inngått ein særskilt avtale mellom deg og Fylkesarkivet som skildrar kva formål biletet kan nyttast til og under kva vilkår. Fullstendig informasjon om prisar og bruksvilkår gjeldande frå 1. januar

2013 finn du i dokumentet «Prisar og bruksvilkår foto». Dei nye prisane og bruksvilkåra trer i kraft 1. januar 2013. Bestillingar som kjem inn til arkivet før denne datoen, men som ikkje blir ekspedert før etter årsskiftet vil bli fakturert i tråd med den gamle prislista. Digitale biletfiler til privatpersonar vert først levert frå 1. januar 2013 av og då i tråd med dei nye pris- og bruksvilkåra.

Dei digitale biletfilene vert levert i ei oppløysing på minimum 300 dpi i A4storleik. Dermed kan du studere detaljar i bileta på ein heilt annan måte enn det for eksempel webversjonen av bileta på fylkesarkiv.no gir moglegheit for.

Kva tyder privat bruk? Når du som privatperson tingar ei digital biletfil frå oss får du løyve til å bruke denne biletfila til privat bruk. Det vil seie at du kan lagre og sjå på biletet på din eigen PC, du kan skrive ut ein kopi til din private familiealbum og du kan også syne fram biletet til din familie og vennekrets – kort oppsummert kan du bruke biletet i privatsfæren. Det du ikkje kan gjere er å offentleggjere/publisere biletet eller å vidareformidle biletet til andre enn din familie- og vennekrets. Forbodet mot å offentleggjere/publisere arkivbileta gjeld både trykte publikasjonar og internett – også nettsider med brukarpålogging som for eksempel Facebook. 47


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Mitt vesle private digitaliseringsprosjekt – Frå lysbilete til digitale objekt Av Geir Utmo Har du mange lysbilete liggande som ingen har sett på mange år? Ein måte å få dei fram i dagen på er å digitalisere dei. Her er mine erfaringar. Eg jobbar til dagleg som Ikt-arkivar på Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Jobben består bl.a. å ta vare på digitalt skapt informasjon frå kommunane og Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane. Denne artikkelen handlar om å ta deler av jobben med seg heim. Nede i kjellarstova til foreldra mine står eit fint gamalt skap. Det inneheld mykje frå barndomsåra , bl.a. fleire kassettar med lysbilete frå tidleg på 1960-talet fram til ca. 1975. Siste gong eg hugsar å ha sett bileta må ha vore rundt 1980. Lysbildeframvisaren kom oftast fram når vi hadde selskap av noko slag. Fine bilete på eit stort lerret eller laken, dessverre ofte opp-ned og speil vent.

før. Det var rart å få barndommen spelt av på nytt. Her var det mange unge og pene versjonar av slekt og venner, også folk eg ikkje kjenner. Vi må ha vore mykje på tur, mange hendingar, bilete frå barnedåpar, konfirmasjonar, gravferder og ferieturar nordover og på Vestlandet. Bilde frå tida då familien var ein del av gode gamle NVE (Norges Vassdrag og Energivesen). Bilde frå bl.a. Innset, Bardu, Salangen, Oslo, Bergen og Vik i Sogn. Bildesamlinga dokumenterer og korleis Vik har endra seg frå 1965 og framover. Heile skanningsjobben vart ei stor mimrestund. Når det gjeld oppløysing på bileta bruker Fylkesarkivet minimumsstorleiken 3500 pikslar på lengste sida. Eit standard digitalkamera i dag tek gjerne bilete der kortaste biletsida er på +/- 3000 pikslar. Dersom bileta skal skrivast ut er det ein fordel med ei oppløysing opp mot dette. Til skjermvisning og utskrift i småformat fungerer sjølvsagt lågare oppløysing.

Er du spesielt interessert kan du finne meir informasjon via denne lenka. https://www.abm-utvikling. no/publisert/abm-skrift/abm-skrift55.html. Val av skanner er avhengig av kva du skal nytta bileta til, utskrift eller berre skjermvising. Her mykje å velje mellom. Kvaliteten på bileta mine vart jamt god. I alle fall god nok til privat bruk. Oppløysinga på bileta varierer noko, og er nok ikkje heilt etter arkivfaglege standarar. Far min må nok ha hatt eit godt fotoapparat til den tid å vere. Han er forresten berre med på to av 500 bilete. Alle bileta hans vart i si tid framkalla som lysbilete (truleg var dette billegast). Å framkalla film til lysbiletet er nok ikkje vanleg lenger. Eg er og usikker på om lysbildeframvisarar er å få kjøpt andre stader enn på Finn.no. Utfordringar i høve til manglande

Eg har lenge hatt som mål å digitalisere heile samlinga, ca. 500 – 600 bilde, men det har stadig vorte utsett. Men ei helg først i september i år tok eg meg på tak. Skaffa meg skannar, og henta lysbilda opp frå kjellarstova. Eg starta på jobben ein laurdag morgon. Installerte skanner og programvare, og starta jobben. Erfarte fort at dette kom til å ta tid. Sjølve skanninga gjekk greitt, men det gjekk mykje tid til å sjå på bilda som etter kvart vart lagra og overført til dataskjermen. Noko redigeringsarbeid vart det og. Nokre av bilda kjende eg att, men mange kan eg ikkje hugse å ha sett

48

Tidleg utgåve at Ikt-arkivaren. Bilete er frå 1964 på Altavatnet. Deler av NVE si bedriftshytte i bakgrunnen.


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

utstyr treff vi og ofte på når det gjeldt digitalt skapt materiale. Eit eksempel er gamle bakup-kassettar og diskettar. Etter i alt 13 timar var skanninga ferdig. Det som stod att, og framleis delvis står att, er å lage bildetekstar og knytte dei opp til kvart bilde. Her må det ein stor dugnad til blant familien. Eg har valt å legge bilettekstar inn i kommentarfeltet under og «egenskaper» og «detaljer» for kvart bilde. Då sikrar eg koplinga mellom bilde og bildetekst. Ein måte å sikre våre lysbilete på, er altså å digitaliserer dei. Planen min er i ettertid å lage ett eller fleire fotoalbum av bilda via tenester på nettet. Tilbake til det analoge ironisk nok. Mi oppfordring er å finne fram eigne lysbilde og få dei fram i dagen. Ein må berre innsjå at institusjonar for Fylkesarkivet ikkje kan bearbeide og ta vare på all informasjon. Arbeidet med skanning av vår familie sine lysbilde og påføring av bildetekstar har vore moro, og kan på det sterkaste anbefalast. PS. Under juletrea til næraste familien vil det i år, både bokstaveleg og i overført tyding, ligge «minnepennar».

Slektsforskardagen 2012 Av Per Olav Bøyum

Laurdag 27. oktober vart slektsforskardagen 2012 arrangert fleire stader i landet, mellom anna på Sogn Folkemuseum og Kystmuseet. Tema i år var «gamle brev fortel». Brev kan vere ei framifrå kjelde, både om einskildpersonar, til sosialhistorie og om samfunnet elles. For ein slektsgranskar som er ute etter meir enn berre dei biografiske kjerneopplysingane om eit menneske, vil gjerne ei samling med brev vere reine gullgruva. Eit brev kan fortelje om meir enn personen som skreiv det. Ei tid attende fekk Fylkesarkivet inn ei spanande brevsamling frå Bjarnhild Samland. Det er i hovudsak tale om såkalla Noregsbrev, det vil seie brev sende frå Noreg, i dette tilfellet frå Feios og Leikanger, til USA. Dei fleste breva har ein bolk om «nytt frå gamle landet». I eitt av dei vert det informert om ei tragisk ulukke som skjedde i Sogndal i 1872, der den 20 år gamle Andreas Slinde omkom. I kyrkjeboka, som naturleg nok er den føretrekte kjelda for slektsforskarar, står denne merknaden om kva som hende med Anders: Fandtes liggende død i Fjeldet, rimeligvis omkommen ved Vaadeskud Denne ulukka vert omtalt slik i eit brev som vart sendt frå Feios same året: Han havde nemlig været opp paa Fjeldet paa jagt og var næsten kommet hjem, da han ved at gaa gjennom et Krat, kom til at trække Skuddet i sit Gevær af, der ramte ham øverst i Benet og nedover, hvilket foraarsaget ham saameget Blodtab, at han døde paa Stedet. Han havde kun været istand til at slæbe sig nedover en liden Bakke, hvor han havde hældet sig til en Sten, og sad saaledes død, da man fandt ham. Ulykken skede ud paa Eftermiddagen, og man fandt ham ikke før midt paa Natten. Det var en meget opvakt Gut; han havde gaaet paa Sogndals Folkehøiskole 3 kursus, og skulde det være hans Bestemmelse nu til Vaaren at reise til Amerika for der at studere til Præst. Dette brevet utfyller og korrigerer såleis opplysingane som me finn i kyrkjeboka. Sjølve ulukke vert beskrive meir detaljert. I tillegg kjem det fram andre opplysingar om Anders – at han var ein gløgg gut med konkrete planar for framtida. På Sogn Folkemuseum serverte Fylkesarkivet fleire smakebitar frå arki va våre. I tillegg hadde Ottar Solberg eit svært interessant innlegg om ein Sogndøl som på 1830-talet drog til Bergen for å bli gullsmed. Kjelde • SFF-2012120 Amerikabrev frå Feios og Leikanger • Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 13 (18591877)

49


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Bibel frå 1550 til Fylkesarkivet Av Per Olav Bøyum

Pedersen Vatlestad, ein husmann frå Øvstedalen i Sogndal, som åtte boka. Christian IIIs Bibel, òg kalla Reformasjonsbibelen, var den fyrste fullstendige omsetjinga av den heilage skrifta til dansk. Bibelen var ei frukt av reformasjonen, innført av kong Christian III i 1536. Tidlegare hadde bolkar blitt omsett, men i 1550 kom heile Bibelen på trykk i dansk språkdrakt. Utgjevinga sette spor etter seg, både i utviklinga av skriftspråket og i litteraturen. I alt skal det ha kome ut 3000 eksemplar av Bibelen, og truleg fann om lag 100 av dei vegen til Noreg. I dag finst det bortimot 50 bevarte eksemplar her i landet. Boka Fylkesarkivet oppbevarer manglar tittelside, og ber elles preg av å ha levd eit langt liv.

Bibelen er rikt illustrert av Erhard Altdorfer.

Fylkesarkivet har motteke eit eksemplar av den fyrste komplette bibelomsetjinga til dansk, trykt i 1550. Bibelen vart i 1982 gjeve til det som då var Sogn og Fjordande Distriktshøgskule. Ynskje om å oppbevare boka i eit tryggare lokale har no ført ho til Hermansverk.

leg uklar. Fleire namn står lista opp i Bibelen, men dei er svært vanskelege å tyde. I 1847 var det truleg Peder

Bibelen blei i si tid funnen i eit uthus ein stad på Vestlandet. Eksemplaret vart kring 1900 kjøpt av Andreas Saxegaard, som gav den vidare til dottera si, Annik Saxegaard, som igjen leverte boka til Borghild Stensaker. Det var Borghild som donerte Bibelen til høgskulen. Den tidlege eigarskapen er temme50

Utsnitt frå juleevangeliet.

Litteratur • Tuastad, N.H.: Biblia/det er den gantske hellige scrifft. Serprent av Haugesund Museums årshefte 1945-1950 • Bergens Tidende 06.10.1962 • Sogn Dagblad 20.11.1982


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

«Nordre Bergenhus Amtscontoir» til Leikanger 27. september 1862

Av Hermund Kleppa

Fylkesmannen flytte til Leikanger år 1862 – ikkje 1861, 1863 eller 1864 Kva år kom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Leikanger? I trykte kjelder og på Nettet har eg lagt merke til ikkje mindre enn fire årstal. Fylkesjubileet si Internett-side sfj250.no har følgjande: «I 1861 flytte han [amtmannen] til Leikanger» NRK-fylkesleksikon opererer med nesten heilgardering 1862, 1863 og 1864. Dessutan står det «alle stader» at fylkesmann John Collett Falsen, fylkesmann i åra 1861-1869, først budde i Lærdal. Eg har vore på jakt etter kjeldebelegg for 1862. Det meiner eg å ha funne i fylkesmannsarkivet på Statsarkivet i Bergen og i Sognearkivet hjå Fylkesarkivet. Overrettssakførar John Collett Falsen blei utnemnd til fylkesmann 3. mars 1861. Han overtok embetet på seinsommaren same året, men slo seg ikkje ned i Lærdal. Han ordna seg med bustad i leigd husvære på Loftesnes i Sogndal. I månadsskiftet september/oktober søkte han Indredepartementet om løyve til mellombels - inntil eitt år å busetja seg i Bergen. Han fekk søknaden innvilga. I 1862 flytte Falsen tilbake til «Distriktet», til Leikanger og garden Nybø. (Merknad: Me er mange som har levd i den «villfarelsen» at Falsen flytte frå Lærdal. No veit me betre. Eg har alt byrja å retta opp der det let seg gjera.) Brevet (konsept) som Falsen skreiv til Indredepartementet i september 1862, inneheld interessante opplysningar om då Falsen flytte tilbake frå Bergen, ikkje minst dette at me

får ein flyttedato, 27. september 1862. Falsen viser til eit tidlegare brev der han har meldt frå om at han «den 27de [september] tilflytter Distriktet og tager Bopæl paa Gaarden Nybø i Lekanger Præstegjeld.» Og denne gongen flytte ikkje fylkesmann Falsen - med fylkesadministrasjonen - inn i leigd husvære. Det kan sjå ut som han kom til sjølveigande gard! Ja, slik står det i brevet han etter alt å døma sende til Indredepartementet: «jeg (…) tilflytter (…) Gaarden Nybø (…); som jeg (…) har indkjøbt enten til Embedsgaard eller til privat Eiendom.» Som vedlegg er det vist til kontrakt med sorenskrivar

Hjorth som eigde Nybø før garden blei fylkesmannsgard. Falsen vart ikkje sitjande lenge med Nybø som privat eigedom, - berre eitt år. I 1863 overtok Oplysningsvæsenets Fond, og med det var Nybø statseigd fylkesmannsgard.

51


kjelda, nr. 3 – 2012, årgang 21

Retur: FYLKESARKIVET Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682

Eit lite utval lokalhistorisk litteratur på Fylkesarkivet

52

Kjelda nr. 3 2012  
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you