Kjelda nr. 3 2011

Page 7

kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Skipssjefen på forpostbåt «Föhn» Av Kjell-Ragnar Berge / k-rberge@online.no

Det var to tyske konvoiar med til saman åtte fartøy som blei senka under Måløyraidet. Medan kampane rasa frå hus til hus inne i Måløy, gjekk dei fire britiske jagarane til aksjon og senka seks tyske fartøy nord i Ulvesundet, og to fartøy ved innseglinga til Vågsfjorden. Skipssjefen på den tyske forpostbåten ”Föhn” var ein av dei som fall i desse kampane.

Konvoileiar frå Bergen Ein nordgåande konvoi frå Bergen låg allereie på Måløy hamn laurdag morgon tredje juledag då angrepet starta. Forpostbåt ”Föhn” var konvoileiar for konvoien som gjekk ut frå Bergen om kvelden første juledag 1941.

Skipssjef på forpostbåt ”Föhn” var Leutnant Karl Lohr. Bak på dette biletet frå 1941 skreiv dottera seinere etter at han var fallen: ”Karl Adolf Lohr kaptein på forpostbåt Föhn var min far og ein stor helt”. (Foto: Utlånt av J.E.Lohr)

Forpostbåt ”Föhn” var opphavleg fiskebåten M-29-U „Hadarøy“ som i juli 1940 blei beslaglagt av den tyske marinen. Forpostbåten var eskortebåt og konvoileiar for den tyske nordgåande konvoien som låg på hamna då Måløyraidet starta. (Foto: Utlånt av KjellRagnar Berge)

Forpostbåten var opprinneleg fiskebåten ”Hadarøy” frå Ulsteinvik, og blei rekvirert av den tyske marinen i juli 1940. Skipssjef og kommandant på ”Föhn” var Leutnant zur See der Reserve Karl Adolf Lohr. Det blei ein strabasiøs tur nordover i snøkave og med motorstopp på eit av handelsskipa, men mellom klokka tre og fire om morgonen tredje juledag kunne ”Föhn” endeleg gå til kai i Måløy. Berre nokre timar seinare blei konvoien angripen av britiske jagarar og anten senka eller sett på land i Ulvesundet. Vorpostenboot V5108 ”Föhn”, D/S ”Reimar Edzard Fritzen” og D/S ”Norma” blei sett på land i Barstadvika, og M/S ”Eismeer” senka ved Trollebø. Ein sørgåande konvoi frå Ålesund hadde ikkje eingong passert Stad då angrepet starta, men alle forsøk frå tysk side på å stanse konvoien mislukkast. Vest for Vågsøy blei Vorpostenboot V5102 ”Donner” senka, og D/S ”Anhalt” sett på land ved Båtesundhalsen. I Ulvesundet blei D/S ”Anita L.M.Russ” sett på land nord for Brandhavnes, og slepebåten ”Rechtenfleth” sett på land ved Tvendeseter.

Fall i Måløy Leutnant Lohr blei drepen allereie i eit flyangrep då han stod på brua og var i

ferd med å ta ”Föhn” frå kai på Måløy hamn. Oberbootsmann Bollenhagen tok kommandoen, og førde ”Föhn” nordover Ulvesundet der fartøyet blei sett på land ved Ulvefalla i Barstadvika. I ein fem sider lang rapport datert 7. januar 1942 har Bollenhagen detaljert skildra hendingane frå ”Föhn” gjekk frå Bergen til fartøyet stod på land ved Ulvefalla. Like etter at båten var sjøklar klokka halv ni, gjekk flyalarmen. Leutnant Lohr var på brua, og signaliserte til handelsskipa om å lette anker. Samstundes gjekk nokre fly til angrep på ”Föhn”. Det blei opna eld frå luftvernkanonen ombord, og eit fly blei skote ned. Kort tid etter ropte ein signalgast frå brua at kommandanten var såra. Oberbootsmann Bollenhagen sprang straks til brua, og konstanterte at skipssjefen allereie var død. Ut av røyken i Måløysundet dukka to britiske jagarar opp, og tok opp jakta på dei tyske båtane i full fart nordover Ulvesundet. Like nord om Ulven fyrlykt signaliserte Bollenhagen til begge handelsskip om å dreie babord mot land. Sjølv gjekk Bollenhagen eit stykke vidare, og sette ”Föhn” på land ved Ulvefalla like sør for Kapellneset. Bordingslag frå dei britiske jagarane tok til fange ein stor del av mannskapa på dei stranda skipa, men 7


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Kjelda nr. 3 2011 by Fylkesarkivet i Vestland - Issuu