Kjelda nr. 3 2011

Page 1

Kjelda

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Nr. 3 - Desember 2011. Ă…rgang 20

Sogn og fjordane fylkeSkommune

Fylkesarkivet pĂĽ Internett: www.fylkesarkiv.no


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Historisk fylkessoge No er det klart. Historia til Sogn og Fjordane skal skrivast. Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått oppdraget. Det er ei storhending for alle oss i fylket som brenn for historia. Endeleg skal soga til Sogn og Fjordane skrivast! Bøkene skal vere klare i 2015. Planar for eit slikt sogeverk har forsåvidt vore der lenge, men dei har vorte liggande halvgøymd i ein skuff. Heilt fram til i 2008, då nokre historikarar, med Finn B. Førsund i spissen, drog opp planane att i samband med det føreståande 250-års jubileet i 2013. Sogn og Fjordane vil no for første gong få ei samlande, samfunnsmessig framstilling av si historie. Frå dei eldste tider fram til vår eiga tid. Bøkene vil dekke eit stort hol i rekkja av viktige regionalhistoriske publikasjonar på Vestlandet. Det finst allereie ein del samanfattande litteratur som har soga til Sogn og Fjordane som emne og område, men siktemålet har vore meir avgrensa, anten i tid eller rom. Men dette blir altså noko heilt nytt. For

første gong skal fagfolk setje seg ned å granske kjelder og litteratur med eitt føremål: å skildre soga til Sogn og Fjordane, slik den framstår for forskarane i dag. Men dette skal ikkje bli fagbøker i historie. Arbeidet med fylkessoga bør difor kunne engasjere fleire enn det vesle historikarmiljøet i fylket. Det må leggjast til rette for ulike former for formidlingsprosjekt og -tiltak undervegs, som kan skape entusiasme og kveik. Sogeskriving er eit krevjande gebet. Å skrive fylkessoge er ikkje mindre vanskeleg. Det stiller store krav til stor fagkunnskap, og evne til syntese og analyse. Men og til framstillingsevne og skrivekunst. Vi voner at prosjektet får gode forfattarar som er leiande innanfor sine respektive fagfelt. Forfattarar som har ei framstillingsform som er inviterande og engasjerande for den vanlege lesar. I tillegg til dette er det von om at ein gjer eit grundig arbeid med kjeldene og utvalet av dei; at ein torer å ta nokre djupdykk ned i primærkjeldene innimellom; at ein ikkje berre baserar seg på det som finst av trykte ting, men og ser litt på det som

Redaksjon Snorre Øverbø (red.) Elin Østevik, Per Olav Bøyum, Marit Anita Skrede Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Per Olav Bøyum. Utforming: sogneprent.no

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no Fylkesarkivar: Snorre Øverbø, tlf. 57 65 64 01, snorre.d.overbo@sfj.no Arkivarar: Ole Stian Hovland (fagleiar), tlf. 57 65 64 19, ole.stian.hovland@sfj.no Marit Anita Skrede (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, marit.anita.skrede@sfj.no Kjerstin Risnes (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 06, kjerstin.risnes@sfj.no Cecilie Astrup Bustad (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, cecilie.astrup.bustad@sfj.no Randi Melvær (sekretær/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, randi.melvar@sfj.no Elin Østevik (fotoarkivar) tlf. 57 65 64 18, elin.ostevik@sfj.no Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf. 57 82 50 17, per.olav.boyum@sfj.no Erle Hind (musikkarkivar), tlf. 57 65 64 12, erle.hind@sfj.no Arne Henjesand (registrator), tlf. 57 65 64 00 Carina Hatlevoll (lærekandidat), tlf. 57 65 64 00 Bodil Marie Nornes (prosjektarbeidar), bodil.marie.nornes@sfj.no ABM-Sogn og Fjordane: Øystein Åsnes, Tlf. 57 65 64 04, oystein.asnes@sfj.no Bjarnhild Samland, tlf 57 65 64 08, bjarnhild.samland@sfj.no Nettstad: www.fylkesarkiv.no

tradisjonelt sett har vore lite brukte kjelder, til dømes kommunearkiva og munnlege kjelder. Det er slikt det vert spanande sogegransking av. Vi vil gratulere Høgskulen i Sogn og Fjordane som til slutt fekk denne store oppgåva. Det blir spanande å følgje prosjektet. Vi har store forventningar, og vi gler oss til at arbeidet kjem i gang. Snorre D. Øverbø Fylkesarkivar

Personalnytt Karianne Schmidt Vindenes har gått ut i eitt års permisjon frå 04.08.2011, for å ta til i stillinga som avdelingsdirektør ved Vestfoldarkivet i Tønsberg. Ole Stian Hovland er konstituert som fagkoordinator for kommunale arkiv i permisjonstida til Karianne Schmidt Vindenes. Geir Utmo er tilsett i fast stilling som IKT-arkivar frå 18.09.2011Han kjem frå Vik og har vore tilsett på Fylkesarkivet tidlegare, i perioden 2006-2008 Bodil Marie Nornes frå Sogndal er tilsett som arkivar i eit 9 månaders vikariat ved Kommune-arkivordninga. Ho tok til 01.09.2011 og skal først og fremst ordne historiske arkiv og registrere formannskapsprotokollar.

FRAMSIDEBILETE: Frå Måløyraidet - den kombinerte operasjonen av land-, fly- og sjøstridskrefter mot dei tyske styrkane stasjonert i Måløy. Datering: desember 1941. Fotograf: ukjent. Eigar: Reidar Haugen.

2


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Innhald • Leiar Av Snorre D. Øverbø................................................................................................................................

s. 2

• 70 år sidan Måløyraidet Av Kjell Ragnar Berge ............................................................................................................................................. s. 4 • Skipssjefen på forpostbåt «Föhn» Av Kjell Ragnar Berge................................................................................................................... s. 7 • Dei tyske falne under Måløyraidet Av Kjell Ragnar Berge ............................................................................................................... s. 10 • Arkivmateriale frå Ytre Fjordane Kraftlag Av Bodil Marie Nornes ..................................................................................... s. 12 • Straumtjuveri og fuskesikringar eit problem i Ålfotselskapet? Av Bodil Marie Nornes ............................. s. 13 • Ålfotsaka Av Per Olav Bøyum ............................................................................................................................................................................................... s. 14 • Sjukehusstrid – eit moderne fenomen? Av Marit Anita Skrede....................................................................................................... s. 16 • Island - Ingolv Arnarson-minnesmerket i Reykjavik Av Hermund Kleppa................................................................. s. 20 • Årdal sogelag registrerer Hydro-bilete Av Elin Østevik...................................................................................................................... s. 23 • Oppfølging: Fotograf Martinus Eliasson Askeland Av Elin Østevik.................................................................................... s. 24 • Fattigdom og arbeidsløyse i mellomkrigstida i Hyllestad Av Kjerstin Risnes.......................................................... s. 26 • Fåberg i Jostedalen Av Randi Melvær......................................................................................................................................................................... s. 39 • Tilvekst til biblioteket Av Randi Melvær.................................................................................................................................................................. s. 41 • Kven er kven på fylkestinget 1912? Av Hermund Kleppa.................................................................................................................... s. 42 • 17. mai-feiring i Sogn og Fjordane? Av Elin Østevik.............................................................................................................................. s. 43 • Arkivarer uten grenser Av Cecilie Astrup Bustad............................................................................................................................................. s. 44 • Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD) i Sogn og Fjordane. Og, - får me ein hurtigbåt med namnet Sogn og Fjordane? Av Hermund Kleppa................................................................................................ s. 45 • Besøk frå Leikanger ungdomsskule .................................................................................................................................................................. s. 48 • 150 år sidan Henrik Angell var fødd Av Per Olav Bøyum................................................................................................................... s. 49 • Besøk av DIS-Sogn og Fjordane på Fylkesarkivet Av Per Olav Bøyum............................................................................. s. 49 • Anna Herland - første kvinnelege ordførar i Sogn og Fjordane Av Hans H. Steinsund................................. s. 50 • Ole Elias Holck - og meir til Av Hermund Kleppa........................................................................................................................................ s. 51 • Sefrusteinen Av Ragnhild Husevåg.................................................................................................................................................................................... s. 52 • Sogn og Fjordane fylke - dei trykte fylkestingsforhandlingane Av Hermund Kleppa....................................... s. 53

3


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

70 år sidan Måløyraidet Av Kjell-Ragnar Berge / k-rberge@online.no

like lenge som det var dagslys denne desemberdagen.

Slagkraftig styrke

Inne i Måløy møtte hovudstyrken sterk motstand, og på biletet kjem Commando-soldatar berande med ein såra soldat frå kampane i sentrum (Foto: Britisk krigsfotograf).

Laurdag 27. desember 1941 gjennomførde britiske stridskrefter eit angrep på Måløy og Vågsøy, i Norge kjent som ”Måløyraidet”. Aksjonen var blant dei største allierte styrkar utførde på norsk jord under okkupasjonen. Raidet vart innleia i grålysninga om morgonen

med bombardement av to tyske kystbatteri på Måløyna og Rugsundøy, og deretter landgang av Commando-soldatar. Medan kampane rasa frå hus til hus i Måløy, senka den britiske marinestyrken to tyske konvoiar med til saman åtte fartøy. Dramaet stod på i seks timar,

Målet for operasjon ”Archery” var å nedkjempe den tyske garnisonen i Måløy, øydelegge industrianlegg, og senke tyske handelsskip i området. Det var ein kombinert operasjon der både Commando-soldatar, styrkar frå marinen og flyvåpenet deltok, og det var ein nokså slagkraftig styrke som vart sett saman til dette formålet. Frå den britiske marinen deltok ein kryssar, fire jagarar, to transportskip og ein ubåt. HMS ”Kenya” var ein ny kryssar sett i teneste i 1940, og skipet fungerte som flaggskip og kommandoskip under raidet. Landstyrkane talde totalt 576 mann, storparten britiske Commando-soldatar, men blant desse var også ein norsk tropp på 33 mann frå kompani Linge under leiing av kaptein Martin Linge. Med i troppen var også løytnant Harald Risnes frå Hyllestad, seinare kjend som leiar for ”Bjørn West”. Ei

Søndag 3. juli 2005 var det minnemarkering for Måløyraidet med britiske veteranar frå Commandos til stades. Biletet er frå markeringa ved minnesmerket på Måløyna og saman med dei sju veteranane står fylkesordførar Nils R Sandal og ordførar Roger B Silden. Til venstre for ordførar Silden står Ann Jones som representerte faren som fall under raidet (Foto: Kari Midtgård Råsberg, Fjordenes Tidende). 4


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

presse-gruppe med journalistar, fotografar og eit filmteam følgde styrkane på land. Flyvåpenet opererte frå basar i Storbritannia, og totalt var 47 fly på vingene i løpet av dagen. Fly frå RAF Bomber Command bomba kystbatteriet på Rugsundøy, og sørgde for røyklegging under landgangen. I tillegg blei den tyske flyplassen på Herdla bomba, og som avleiing skulle fly angripe skipstrafikken på kysten av Jæren. Fly frå RAF Coastal Command hadde ansvaret for sikring mot tyske fly over Måløy.

Harde kampar Angrepet kom fullstendig overraskande på tyskarane, og i den kritiske halvtimen frå halv ni til ni om morgonen gjekk alt etter planen for raidet. To minuttar på ni stansa bombardementet av Måløyna, og på signal frå HMS ”Kenya” slapp fly røykbomber for å dekke landgangsstyrken. Commando-soldatane var delte i fem grupper, og gruppe to og tre gjekk i land under dekke av røykskjermen. I tettstaden Måløy har tyskarane stasjonert både infanteri og ein hamnekaptein frå marinen, til saman 122 mann. Denne garnisonen var målet for hovedstyrken av Commando-soldatane. Inne i Måløy møter den allierte styrken sterk motstand, og rundt middagstider når kampane eit høgdepunkt. I sentrum av Måløy rasar kampane mellom britiske Commandos og tyske soldatar, i Ulvesundet senkar to britiske jagarar seks skip, vest for Vågsøy senkar to britiske jagarar to skip, og på Vågsfjorden er kryssaren ”Kenya” i artilleriduell med batteriet på Rugsundøy. Nokre få tyske fly har dukka opp, og det oppstår luftkampar. Klokka 12.50 blei det frå ”Kenya” gitt ordre om å starte tilbaketrekninga, og klokka 15.00 var styrken ute av Vågsfjorden. Flåtestyrken tok med seg 77 sivile frivillige og 4 arresterte NSfolk frå Måløy. Dagen etter var styrken tilbake i flåtebasen Scapa Flow.

Store tap På alliert side fall 52 mann, 18 frå

Tre krigshistorikarar framfor minnesmerket over dei allierte falne i Måløyraidet. Frå høgre Peter Bell, Joseph H Devins og Kjell-Ragnar Berge (Foto: Kari Midtgård Råsberg, Fjordenes Tidende).

hæren/Commandos, 2 frå marinen, 31 frå flyvåpenet, og kaptein Martin Linge frå den norske troppen. Til minne om dei falne står det i dag på Måløyna ein bauta der alle namn er hogd inn. Kaptein Martin Linge er gravlagd på Vestre Gravlund i Oslo, og i sentrum av Måløy er reist eit monument til minne om kaptein Linge. Ragnvald Torheim var einaste sivile som mista livet under Måløy-raidet, og han er gravlagd ved Nord-Vågsøy kyrkje. I følgje tyske rapportar mista ein norsk los livet, og tre var sakna. Til saman 56 tyske falne er gravlagde i Bergen og Trondheim, medan 128 mann er registrert som sakna ifølgje tyske rapportar. Av desse veit vi 98 blei tekne med tilbake til England som krigsfangar, difor kan så mange som 30 til ha mista livet.

Verknader av eit vellukka raid Både engelske og tyske aviser hadde oppslag om raidet, og ikkje uventa var vinklinga nokså ulik i dei to landa. I ”The Times” er overskriftene blant anna ”Brilliant combined raid on Norwegian coast”, og ”Garrisons wiped out by Commandos” saman med ei rekkje bilete frå kampane i Måløy. I tyske ”Völkischer Beobachter” er overskrifta ”Britischer Handstreich auf norwegische Küstenpunkte verlustreich abgewie-

sen”, og senkinga av ”Vorpostenboot ”Föhn” vert skildra med undertittelen ”Heldenkampf gegen Flugzeuge, Sturmboote und Zerstörer”. Måløyraidet var utan tvil ein suksess, og blei gjennomførd med imponerande presisjon. Det fekk difor stor merksemd og blei maksimalt utnytta i alliert propaganda. I ei vanskeleg tid var raidet med på å styrke kampmoralen blant folk. Raidet gav også dei allierte verdifull militær erfaring som kom til nyttte i liknande operasjonar seinare under krigen. På tysk side vart ei rekkje tiltak sett i verk, mellom anna vart kystforsvaret forsterka, og ein stor del av dei tunge sjøstridskreftene blei overførde til Norge. Til no hadde den tyske Hæren store forlegningar inne i fjordane, men etter raidet vart den militære aktiviteten konsentrert om kysten. Lokalt i Sogn og Fjordane vart det tyske landforsvaret omorganisert, og samla underlagt ein ny stab og leiing i Førde. I litteratur etter krigen blir det også hevda at raidet var med på å endre krigens gang. På grunn av Hitler si frykt for invasjon blei det stående så store tyske styrker i Norge at det kunne fått betydning for utfallet av krigen om dei hadde blitt sett inn på andre frontavsnitt. Ein analyse av dei tyske styrke5


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Britisk kartskisse som viser operasjonane til dei to jagarane HMS ”Onslow” og HMS ”Oribi” som begge gjekk inn i Ulvesundet, og var med på å senke seks tyske fartøy. Kartskissa er henta frå ein britisk rapport etter Måløyraidet, datert 2. januar 1942. Legg merke til at datoen for raidet er blitt feil, og heller ikkje namna på dei tyske båtane er heilt korrekt.

disposisjonane etter 1941 viser at det kanskje er å overvurdere verknaden av raidet. Men det er ei anna historie som det fører for langt å komme inn på her.

Veteranar tilbake til Måløy Søndag 3. juli 2005 var det minnemarkering for Måløyraidet med åtte britiske veteranar frå Commandos til stades. Med Hans Majestet Kongens Garde som æresvakt blei det ei verdig og minnerik markering, både ved minnesmerket over dei falne på Måløyna, og ved minnesmerket over kaptein Martin Linge i Måløy sentrum.

6

Til stades var også pensjonert oberstløytnant i US Army Joseph H Devins som i 1967 gav ut boka «The Vaagso Raid», også oversett til norsk med tittel «Måløyraidet». Boka byggjer i stor grad på skildringar frå tidlegare Commandos som deltok i raidet. Det var første gong Devins var i Måløy, han skreiv altså heile boka utan nokon gong å ha vore i Måløy. Engelskmannen Peter Bell har samla store mengder materiale om raidet sett frå britisk side, og hans kontakt med The Commando Association gjorde det mulig å invitere gjenlevande veteranar frå raidet til Måløy.

Kjelder: Artikkelen er eit redigert utdrag frå boka «Havet tok» der ein også kan lese heile historia om dei to tyske konvoiane si reise mot Måløy, og lagnaden til dei åtte skipa som gjekk tapt under raidet. I boka finn ein også ei komplett kjeldeliste. • M Toft m.fl.: ”Havet tok”, 78 forlis og skipsulukker i Sogn og Fjordane, artikkel side 130-149 om skipsforlis under Måløyraidet (Selja Forlag 2003).


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Skipssjefen på forpostbåt «Föhn» Av Kjell-Ragnar Berge / k-rberge@online.no

Det var to tyske konvoiar med til saman åtte fartøy som blei senka under Måløyraidet. Medan kampane rasa frå hus til hus inne i Måløy, gjekk dei fire britiske jagarane til aksjon og senka seks tyske fartøy nord i Ulvesundet, og to fartøy ved innseglinga til Vågsfjorden. Skipssjefen på den tyske forpostbåten ”Föhn” var ein av dei som fall i desse kampane.

Konvoileiar frå Bergen Ein nordgåande konvoi frå Bergen låg allereie på Måløy hamn laurdag morgon tredje juledag då angrepet starta. Forpostbåt ”Föhn” var konvoileiar for konvoien som gjekk ut frå Bergen om kvelden første juledag 1941.

Skipssjef på forpostbåt ”Föhn” var Leutnant Karl Lohr. Bak på dette biletet frå 1941 skreiv dottera seinere etter at han var fallen: ”Karl Adolf Lohr kaptein på forpostbåt Föhn var min far og ein stor helt”. (Foto: Utlånt av J.E.Lohr)

Forpostbåt ”Föhn” var opphavleg fiskebåten M-29-U „Hadarøy“ som i juli 1940 blei beslaglagt av den tyske marinen. Forpostbåten var eskortebåt og konvoileiar for den tyske nordgåande konvoien som låg på hamna då Måløyraidet starta. (Foto: Utlånt av KjellRagnar Berge)

Forpostbåten var opprinneleg fiskebåten ”Hadarøy” frå Ulsteinvik, og blei rekvirert av den tyske marinen i juli 1940. Skipssjef og kommandant på ”Föhn” var Leutnant zur See der Reserve Karl Adolf Lohr. Det blei ein strabasiøs tur nordover i snøkave og med motorstopp på eit av handelsskipa, men mellom klokka tre og fire om morgonen tredje juledag kunne ”Föhn” endeleg gå til kai i Måløy. Berre nokre timar seinare blei konvoien angripen av britiske jagarar og anten senka eller sett på land i Ulvesundet. Vorpostenboot V5108 ”Föhn”, D/S ”Reimar Edzard Fritzen” og D/S ”Norma” blei sett på land i Barstadvika, og M/S ”Eismeer” senka ved Trollebø. Ein sørgåande konvoi frå Ålesund hadde ikkje eingong passert Stad då angrepet starta, men alle forsøk frå tysk side på å stanse konvoien mislukkast. Vest for Vågsøy blei Vorpostenboot V5102 ”Donner” senka, og D/S ”Anhalt” sett på land ved Båtesundhalsen. I Ulvesundet blei D/S ”Anita L.M.Russ” sett på land nord for Brandhavnes, og slepebåten ”Rechtenfleth” sett på land ved Tvendeseter.

Fall i Måløy Leutnant Lohr blei drepen allereie i eit flyangrep då han stod på brua og var i

ferd med å ta ”Föhn” frå kai på Måløy hamn. Oberbootsmann Bollenhagen tok kommandoen, og førde ”Föhn” nordover Ulvesundet der fartøyet blei sett på land ved Ulvefalla i Barstadvika. I ein fem sider lang rapport datert 7. januar 1942 har Bollenhagen detaljert skildra hendingane frå ”Föhn” gjekk frå Bergen til fartøyet stod på land ved Ulvefalla. Like etter at båten var sjøklar klokka halv ni, gjekk flyalarmen. Leutnant Lohr var på brua, og signaliserte til handelsskipa om å lette anker. Samstundes gjekk nokre fly til angrep på ”Föhn”. Det blei opna eld frå luftvernkanonen ombord, og eit fly blei skote ned. Kort tid etter ropte ein signalgast frå brua at kommandanten var såra. Oberbootsmann Bollenhagen sprang straks til brua, og konstanterte at skipssjefen allereie var død. Ut av røyken i Måløysundet dukka to britiske jagarar opp, og tok opp jakta på dei tyske båtane i full fart nordover Ulvesundet. Like nord om Ulven fyrlykt signaliserte Bollenhagen til begge handelsskip om å dreie babord mot land. Sjølv gjekk Bollenhagen eit stykke vidare, og sette ”Föhn” på land ved Ulvefalla like sør for Kapellneset. Bordingslag frå dei britiske jagarane tok til fange ein stor del av mannskapa på dei stranda skipa, men 7


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

D/S ”Reimar Edzard Fritzen” var med i konvoien frå Bergen, og under raidet blei skipet saman med forpostbåt ”Föhn” sett på land i Barstadvika i Ulvesundet. (Foto: Norsk Sjøfartsmuseum)

Bollenhagen saman med tre andre frå ”Föhn” klarde å gøyme seg unna på land. Dei tok seg nordover til Raudeberg der dei fekk hjelp av sivile nordmenn. Bollenhagen var såra, og blei difor neste dag send til sjukehus i Florø.

Nyhende og brev fra Bergen V5108 ”Föhn” høyrde til 51. Vorpostenflottille med landbase i Eidsvågen i Bergen. Dei fleste fartøy i flotiljen var norske fiskebåtar beslaglagde av den tyske marinen, og utstyrde med kanoner og mitraljøser. Skipssjefane var sjøoffiserar frå reserven, innkalla til teneste etter krigsutbrotet. Saman med to andre flotiljar var dei Küstensicherungsverband der Norwegischen Westküste under Kapitänleutnant Hans Bartels. Fru Lohr ble nokså raskt informert om at ektemannen Karl var fallen, og allereie måndag 29.12.41 har NSavisa ”Völkischer Beobachter” i 8

Berlin førstesideoppslag om det britiske angrepet. Der blir også ”Föhn” nemnd med namn, og lesarane får vite at forpostbåten blei senka etter ”heltemodig kamp”. Den 31.12.41 mottek fru Lohr eit kondolansetelegram frå avdelinga i Bergen, og i brev av 22. januar 1942 skriv avdelingssjef Bartels til henne og fortel korleis Karl var blitt drepen. I nytt brev frå Bartels i mars 1942 fortel han at vraket av ”Föhn” er blitt undersøkt av dykkarar, og at liket av Karl Lohr blei berga ut. Den 13. mars 1942 blei han gravlagd på Solheim kirkegård i Bergen under stor militær honnør, og marinepresten sende også brev til fru Lohr. Seinare same månad oppsøkte Bollenhagen fru Lohr i Berlin, og overleverte personleg gifteringen dei hadde funne på ektemannen Karl Lohr. Ho fekk også ein kopi av heile rapporten Bollenhagen hadde skrive.

Han har ein meir nøktern versjon av lagnaden til ”Föhn” enn den som stod i ”Völkischer Beobachter”. Leutnant Karl Lohr var ein respektert offiser blant sine kollegaer i Bergen, og i januar 1943 fekk fru Lohr på nytt brev frå avdelinga der ho blei informert om at stabsbygget til KSV Westküste i Eidsvågen var blitt døypt ”Karl Adolf Lohr-Haus” til minne om sjøoffiseren.

Familie i Tyskland Karl Adolf Lohr var fødd i 1906 i Kiel der faren var byarkitekt og mora lærar. I 1935 var Lohr ferdig utdanna jurist, og starta yrkeskarrieren sin i Berlin. Der møtte han Rosmarie som i 1937 blei kone hans, og i 1938 fekk dei dottera Sieglinde, i november 1940 sonen Jürgen. Karl Lohr vaks opp i seglarbyen Kiel og blei sjølv ein lidenskapleg seglar. Hans store maritime interesse førde han også inn i den tyske marinen der


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

han blei rulleførd som offiser i reserven. I 1939 blei han innkalla til krigsteneste, og i 1940 måtte han forlate familien i Berlin og reise nordover til Bergen. Då Karl Lohr fall ved Måløy var dottera blitt 3 ½ år og sonen 1 år. Bror til fru Rosmarie Lohr fall på østfronten i 1942, og i 1945 mista ho også begge foreldra sine i det krigsherja Berlin. Fru Lohr var dermed heilt aleine etter krigen med å forsørgje sine to born. Dette er gravstaden til Karl Lohr på Solheim i Bergen i juli 2010. Etter krigen blei det laga nye gravsteinar til dei tyske krigsgravene, og to namn står på same stein. Soldaten oppført under Karl Lohr er difor tilfeldig hamna der utan nokon samanheng med dei falne 27.12.41. (Foto: Kjell-Ragnar Berge)

Må aldri skje igjen Fru Lohr har vore enke sidan 1941, og den 27. desember samlast dei to borna og to borneborn på nytt hos mora Rosmarie Lohr som i dag er 94 år. Sonen Jürgen Lohr er pensjonert dyrlege, og han har klare meiningar om kva for tragedie krigen var, ikkje berre for eigen familie, men for millionar av mennesker. - Det var Hitler som starta krigen, men han var ikkje aleine, han hadde mange tilhengarar med seg. Difor er det svært viktig at vi fortel borna våre kva som skjedde under 2. verdskrig slik at ei slik katastrofe ikkje gjentek seg. Kjelder: • Korrespondanse med Dr. Jürgen E. Lohr, 2002-2010. • M Toft m.fl.: ”Havet tok”, 78 forlis og skipsulukker i Sogn og Fjordane, artikkel side 130-149 om skipsforlis under Måløyraidet (Selja Forlag 2003).

Familien hadde ikkje eiga sørgjehøgtid i Berlin, men denne annonsen blei trykt i 1942. (Foto: Utlånt av J.E.Lohr)

9


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Dei tyske falne under Måløyraidet Av Kjell-Ragnar Berge / k-rberge@online.no

I litteraturen etter krigen vert som regel dei tyske tapa sett til 150 falne. Truleg er opphavet til dette talet den britiske rapporten der det står: ”It is estimated that at least 150 Germans were killed in South Vaagso and Maaloy…”. Talet 150 er difor kun eit anslag frå britisk side, men har vore ukritisk brukt i publikasjonar om raidet like fram til i dag. Ved å studere andre kjelder kjem ein fram til andre tapstal. Til saman 56 falne er registrert på dei to tyske soldatkyrkjegardane i Trondheim og Bergen, 55 på den 27.12.41 og ein på 30.12.41. I tyske rapportar er det registrert heile 128

sakna, og frå britiske rapportar veit vi at 98 blei tekne med til England som krigsfangar, difor kan 30 til ha mista livet. Totalt vert då talet på tyske falne ein stad mellom 56 og 86. Namnebøkene på dei to kyrkjegardane gjer at ein også for første gong kan oppgi namn på dei tyske falne.

SoldatenfriedhofHavstein – Trondheim, falne 27.12.41. Registrert 27 falne: 12 frå infanteriet, 14 frå hærens kystartilleri og ein Luftwaffe-soldat.

12 falne i Måløy frå Infanterie-Regiment 742:

Navn:

Tenestegrad:

Alder:

Schröder, Willy Asmussen, Heinrich Burchard, Bruno Felschow, Albert Fritsch, Heinz Husen, Ewald Kempt, Rudi Müller, Hans Joachim Seidel, Alfred Bremer, Paul Suckrau, Paul Wolter, Hans

Major Feldwebel Sanitäts-Gefreiter Gefreiter Unteroffizier Gefreiter Schütze Gefreiter Ober-Gefreiter Hauptmann Ober-Schütze Gefreiter

54 31 23 32 31 33 29 30 30 38 29 22

14 falne på Måløyna frå Heeres-Küstenartillerie-Batterie 894:

Navn:

Tenestegrad:

Alder:

Essmann, Robert Fillafer, Matthias Haase, Paul Heinisch, Siegfrid Krumwiede, Heinrich Lampe, Gerhard Martinek, Josef Saschenbrecker, Emil Schrader, Ernst Stepanek, Wilhelm Willi Thiem, Walter Trumper, Hans Wesenauer, Josef Witassek, Wilhelm

Kanonier Gefreiter Gefreiter Gefreiter Ober-Gefreiter Unteroffizier Kanonier Gefreiter Gefreiter Gefreiter Gefreiter Gefreiter Gefreiter Kanonier

30 22 24 26 23 21 26 33 27 28 28 28 22 31

1 fra Nachr-Rgt Nor (mulig Brg.23 Vaage på Vombaneset):

10

Navn:

Tenestegrad:

Alder:

Egelkraut, Rudolf

Soldat

38


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

SoldatenfriedhofSolheim – Bergen, falne 27.12.41. Totalt er det registert 28 falne: 8 frå forpostbåtane ”Föhn” og ”Donner” (KSV Westküste), 10 frå handelsskipa, 3 frå luftvernet ombord (Marine-Bordflak), 3 knytt til hamnekapteinen sin stab i Måløy, og ein drepen på Rugsundøy (Batterie 9./504). Helmut Sohr var fødd den 27.12.20, så

han døde på Tangane på sin 21-årsdag. I tillegg er også ein mann frå Infanterie-Regiment 742 førd til Bergen, og to av Luftwaffe sitt bakkemannskap blei drepne på Herdla flyplass under bombeangrepet (JG77). Den 30.12.41 døde ein av mannskapet på ”Reimar E. Fritzen”.

Navn:

Tenestegrad:

Avdeling/fartøy:

Alder:

Lohr, Karl Grube, Johannes Basler, Heinrich Harms, Gustav Kintlein, Heinz Kunze, Heinrich Prasse, Kurt Rohrmann, Willi Krüger, Kurt Pfläging, Albert Acker, Johann Bender, Anton Hadel, Helmuth Kindt, Walter Bohlmann, Heinrich Bollen, Christoph Fehn, Hermann Hartig, Albert Bakenhus, Emil Rasch, Gerhard Snejdar, Wenzel Wichura, Karl Zeidler, Gerhard Schöpf, Josef Sohr, Helmut Krüger, Rudolf Diehl, Willi Wiesinger, Robert

Leutnant zur See d.R. Leutnant zur See d.R. Maschinengefreiter Verwaltungsgefreiter Matrosenobergefreiter Matrosenobergefreiter Bootsmannsmaat Maschinengefreiter Kochsmaat Matrose (Zivil) 4. Ingenieur (Zivil) Heizer II. Offizier Handelsm. Matrose 2. Maschinist (Zivil) Matrose (Zivil) Matrose (Zivil) I. Maschinist (Zivil) Marineartillerist Marineartillerist Matrose I Bootsmaat Sf. (Ltn.z.S.) Signalgefreiter Marineartillerist Marineartilleriegefreiter Obergefreiter Feldwebel Gefreiter

KSV Westküste KSV Westküste KSV Westküste KSV Westküste KSV Westküste KSV Westküste KSV Westküste KSV Westküste D/S „Norma“ M/S „Eismeer“ D/S ”Anhalt” D/S „Anita L.M.Russ“ D/S „Anita L.M.Russ“ D/S „Anita L.M.Russ“ Slepebåt „Rechtenfleth“ Slepebåt „Rechtenfleth“ Slepebåt „Rechtenfleth“ Slepebåt „Rechtenfleth“ Marine-Bordflak Marine-Bordflak Marine-Bordflak Seevert. Bergen/HaKa Bergen Seevert. Bergen/MNO Bergen Seevert. Bergen/HaKa Maaloy Batterie 9./MAA504 Infanterie-Regiment 742 Jagdgeschwader 77 Jagdgeschwader 77

35 35 19 29 22 29 21 20 17 39 27 20 28 32 28 29 28 58 20 18 18 61 19 30 21 23 29 21

D/S „Reimar E. Fritzen“

51

30.12. 41 Brennecke, Johannes 2. Ingenieur (Zivil)

Kjelder: •Namenliste Deutscher Soldatenfriedhof 1939-45 Trondheim/Havstein. •Namenbuch Deutscher Soldatenfriedhof 1939-45 Bergen/Solheim. •Der Volksbund Deutsche Kriegsgräberfürsorge e. V. •Korrespondanse med Deutsche Dienststelle, Berlin. •Eithun/Berge/Kleppa: ”Krigsår” (Selja Forlag 2005).

11


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Arkivmateriale frå Ytre Fjordane Kraftlag Av Bodil Marie Nornes

I samarbeid med Sogn og Fjordane Energi er Fylkesarkivet i gang med å samle inn og ordne det eldste arkivtilfanget frå Ytre Fjordane Kraftlag. I dette materialet ligg det spanande kjelder om krafthistoria i fylket vårt. Ålfot interkommunale kraftselskap vart stifta i 1918. Det var fylkeskommunen og fleire kommunar i ytre Sunnfjord og Nordfjord som tok initiativ til og byggje ut vassdragsressursane i Ålfoten. På grunn av store problem, både teknisk og økonomisk, vart selskapet i 1928 omdanna til Ålfotselskapet. Selskapet gjekk formelt over ende i 1938, men i 1936 vart Ytre Fjordane Kraftlag vart skipa og Ålfotselskapet vart innlemma der. I 2003 gjekk Ytre Fjordane Kraftlag saman med fleire andre selskap inn i Sogn og Fjordane Energi. Då Kjelda går i trykken er omtrent halvparten av arkivet som vart oppbevart i Florø ordna. Informasjon vi kan finna i dette materialet er om abonnentar, rekneskap og linjebygging, samt mykje driftsrapportar.

Glimt frå mottaksrommet på fylkesarkivet. Her er første billass med arkivmateriale grovsortert.

Glimt frå ordningsrommet på Fylkesarkivet. Her er ordningsarbeidet godt i gang.

12


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Straumtjuveri og fuskesikringar eit problem i Ålfotselskapet? Av Bodil Marie Nornes I arbeidet med å ordna materiale frå YFK har eg komme over fleire opplysningar som indikerer manglande inntekter for straumforbruket i mellomkrigstida. I praksis vil det seie at dei juksa med vippa frå kraftselskapet. Under etterkontroll av installasjonane sommaren 1924 kom kontrollørane over fleire tilfelle der det vart fuska med vippa. Fleire abonnentar vart melde til politiet. I alle desse tilfella kunne abonnentane opplysa om at dei absolutt ikkje hadde kjennskap til dette. Døme på fusk i desse rapportane var å kortslutta vippa med knappenål eller sikringsnål, så dei kunne bruke kokeplater mellom 500 og 1000 watt. Å bryte vippeseglet var også ein måte å stela straum på. I ein heim- der det var kontroll var mannen bortreist, og kona hadde gøymt vekk kokeplata, samstundes som ho ikkje kunne gi kontrolløren opplysningar. Til sitt forsvar sendte ein ekspeditør i ei av bygdene i distriktet brev til Aalfot Interkommunale Kraftselskap. I brevet opplyste han om at han var forundra over at seglet var brote, for han var alltid redd for kraftleidningane, med tanke på alle ildebranner og støt som foregår for tiden. Vedkommande hadde lagt merke til at det nokre månader tidlegare vart meir kraft hjå han, og han skulle sjølvsagt meldt frå om dette. Han orsaka at det ikkje vart gjort. I eit brev sendt frå Ålfotselskapet i januar 1928 er det tydeleg at dei ville setje i gang tiltak mot straumtjuveri, noko som dei såg på som eit problem. Det avstjæles adskillig kraft. Det har tatt rent overhand i det sidste. Det har vært vanskelig å skaffe fyldiggjørende beviser. Det er av stor betydning for Aalfotselskapet at få nogen straffet til skræk og advarsel. Før blir det aldrig

slut. (…) Det må fastslås at dette er simpelt tyveri- ja det simpleste av alle, og at det straffes med fængsel. I same brev er det òg nemnt eit anna problem med sikringsfusk.1 Same dag gjekk eit anna brev ut til ei frue i distriktet som tydelegvis hadde søkt om å få elektrisk kraft. Ho kunne ikkje få kraft før ein mann med same etternamn som ho hadde betalt si delvis, eller heile gjeld til selskapet. Denne mannen var dessutan av ein annan nabo meldt for tjuveri av kraft. Denne meldinga av tjuveri var sendt politimeistaren, og frua kunne difor ikkje få kraft før saka var avgjort.2 Styret sendte same år eit klage til fylkesmann Lind der dei beklaga at sjølv om dei har meldt fleire abonnentar for tjuveri, desse er tekne på fersk gjerning og har tilstått. Politiet legg bort sakene med grunn at det ikkje ligg føre fyldestgjørende bevis. Det skjer alltid at når nokon blir tekne kjem dei og ber om nåde, og hittil har desse sloppe for billeg. Avsendar ville forfølgja saka og meinte det einaste som hjelper er å få desse personane i fengsel. Dersom dei skulle sleppe med berre å betale, må det vera noko som svir: Der maate da regnes tre gange den kraftleie man antar der skulle være betalt og denten en klækkelig mulkt til en veledig institusjon eller lignende. Men en sådan mulkt bør vel ikke ligge under kr. 500,-

av. Eit normalt hushald abonnerte på 100 kw-timar for året. Lønna til ein linjevakt vart i 1928 redusert frå kr. 1,- per time til 0,80. I eit anna brev fann eg opplysningar frå ein abonnent som skreiv at han i 1927 hadde ei årsinntekt på kr 993,-.4 Problema med fuskesikring må ha fortsatt seinare. I 1951 har ein abonnent vorte meldt for sikringfusk, men saka vart bortlagt av politimeistaren etter bevisets stilling. Abonnenten la skulda for sikringsfusket på ein installatør. Då kontrollør Gregusson seinare var på staden for å kontrollera, var der framleis fuskesikringar. Seinare fekk dei lokale kraftlaga blankettar, årlege oppgåver som skulle sendast Elektrisitetstilsynet. Desse skjema inneheldt opplysningar frå årlege kontrollar. Punkt seks i desse oppgåvene var Forfalska sikringartalet på tilfelle meldingar. Resultata er fåe, eller stort sett ingen tilfelle eller meldingar.

1

Kopibok nr 35. 08.07.1927-28.02.28. Folio 367 2 Kopibok nr 35. 08.07.1927-28.02.28. Folio 370 3 Kopibok nr 35. 08.07.1927-28.02.28. Folio 400-401 4 Kopibok nr 35. 08.07.1927-28.02.28. Folio 418-419

3

Eg har ikkje nokon statistikk over kor mykje straum dei einskilde abonnentane hadde kontrakt på, men det ser ut som det var vanleg med 1 Kw til ein årspris på kr.125,-. Målarleiga var vanlegvis sett til kr. 4,-.

Kjelde • SFF-2011149 Ytre Fjordane Kraftlag

Kva fylkesmann Lind svara på dette forslaget, har eg heller ikkje funne ut

13


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Ålfotsaka Av Per Olav Bøyum Ålfotsaka er kjent som den økonomiske hengemyra fylkeskommunen og fleire kommunar i Sogn og Fjordane hamna i etter å ha starta eit interkommunalt kraftverksprosjekt i 1918. I mest heile mellomkrigstida kom Ålfotsaka til å skape hovudbry og budsjettproblem for politikarane i fylket.

lege nye krafta kunne nyttast på ei rekkje område. Til dømes vart det lagt planar om å elektrifisere fylkesbåtane. Det skuldast at det importerte kolet i krigsåra var svimlande dyrt. Eit forsøk med vedfyring i 1917 hadde ikkje gjeve eit reelt alternativ. Også for fiskeflåten låg det føre planar om bruk av elektrisitet.

Private interesser var sentrale då utbygginga av vasskraft tok til i Sogn og Fjordane. Fossefall vart kjøpte opp av entreprenørar med tanke på industribygging - og nokså sikkert òg av ein del med spekulative motiv i bakhovudet.

Fylkesmann Ingolv Christensen ymta i 1914 frampå om at kommunane burde syte for elektrisitet til bygdene. Tankane til fylkesmannen slo etterkvart rot hjå politikarane, og Aksel Mollø Christensen vart i 1917 tilsett som overingeniør for elektrisitetsforsyninga i Sogn og Fjordane.

Men meir enn i andre fylke var det dei små og private elektrisitetsprodusentane som dominerte i Sogn og Fjordane. Dei fyrste funklande lyspærene lyste opp hjå Truls Rasmussen Vassenden i Loen, truleg i 1893. Elektrisitetsforsyninga var lenge eit brokut bilete, med ei mengd ulike kraftlag som sjeldan vart blitt skipa for profittmaksimering. Under fyrste verdskrigen auka den offentlege interessa for kraftutbygging. For framtida var lys, i bokstaveleg meining. Ein såg føre seg at den vindunder-

Christensen tok straks til med å utarbeide ein plan for kraftutbygging i fylket. Den gjekk ut på at ein skulle gå vekk frå dei små kraftverka, og heller satse på store anlegg. Han såg føre seg tre soner i fylket, der fleire kommunar fekk straum frå større kraftverk. Utbygging av Årøyvassdraget skulle gje elektrisitet til bygdene i Midtre og Indre Sogn, for Ytre Sogn og sørlege delar av Sunnfjord var Gaular-vassdraget tiltenkt same rolla. Den største utbyggingsplanen galdt like-

vel Ålfoten, som skulle syte for at 16-17 kommunar i Sunnfjord og Nordfjord fekk elektrisitet.

Ålfot Interkommunale Kraftselskap Fyrste steget mot å realisere vassdragsingeniøren sin plan var å sikre fallrettane i Ålfoten, som industrimannen og kraftutbyggjaren Ragnvald Blakstad sat på. Han selde rettane for 900 000 til Ålfot Interkommunale Kraftselskap, som formelt vart skipa 7. august 1918. I alt 11 kommunar stod bak det interkommunale selskapet. Fylkeskommunen stod som garantist for 20% av utbyggingskostnadane. Intensjonen var å levere straum til både industri og private heimar. Men kraftutbygginga i Ålfoten let vente på seg. Rett etter fyrste verdskrigen var det dyrtid, og selskapet la utbygginga på is. I staden vedtok styret leige av kraft hjå A/S Bremanger Kraftselskap. Lineutbygginga kom derimot i gang, og det skulle vise seg bli kostesamt. Dei fleste kommunane i selskapet låg ved kysten, og master og kablar måtte leggjast i ein krunglete topografi, med fjordar, fjell og øyar. Men det hasta med å få opp linenettet. Avtalen med Bremanger Kraftselskap tok til å gjelde hausten 1921. Likevel hadde ikkje Ålfot Interkommunale Kraftselskap linenettet sitt klart til den tid, og i omlag eit halvt år måtte selskapet betale for straum dei ikkje fekk levert til forbrukarane. Ein del av problema selskapet hamna i skuldast også dårleg inntening. I januar 1922, like før straumleveringa kom i gang, gjorde driftsleiar Petter August Hysing opp status for teikning av abonnement. Det var ikkje ein lystig rapport. 42% av huslydane i dei områda selskapet kunne levere elektrisitet til hadde tinga straum, langt færre enn forventa. Hysing spekulerte i årsakene til den lunkne interessa, og kom med fleire forklaringar:

Delar av kroki over Brandsøy. Slike kartskisser er det ei mengd av i arkivet etter Ålfotselskapet.

14

At tilslutningen er saa liten kommer av de daarlige tider. Folk der er ukjendt med anvendelsen av elektrisitet har liten tro paa dens værdi i husholdningen, de tror nærmest det er luksus, og saa finder de at


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

nokolunde i balanse, men så kom underskota, og i 1936 makta ikkje kommunane lenger å gjere opp for skulda si. Gjelda hadde då vakse til heile 5,5 millionar. Kommunane fekk akkord, mot at dei slapp ansvar for drifta. Ålfotselskapet vart såleis i praksis avvikla i 1936, men dei dreiv nettet til 1938. Då fekk det nystarta Ytre Fjordane Kraftlag kjøpe linenettet.

Kjeldesituasjonen

Vassdragsingeniør Mollø Christensen sin plan for Ålfot Interkommunale Kraftselskap innebar primært utbygging av vassdraga Åskåra og Øksneelvane i Ålfoten, og ikkje oppsetjing av eit linenett.

det ikke er tider til utlæg av den art nu.[...] En anden grund der ogsaa har spildt en væsentlig rolle er installationerne. Folk finder disse utgifter store og venter at priserne vil falde fremover og har av den grund utsat med at tegne abonnement. Dette er vel den væsentligste grund for at tilslutningen er saa liten [...] At igangsætningen av driften først kunde ske i februar har vel ogsaa spillet en rolle idet mange der foreløbig kun agter at benytte kraften til lys tænker som saa, at nu er mørketiden forbi, nu kan vi vente til høsten.

var redusert til 10 kommunar, måtte ta med seg 4 millionar av gjelda.

Ålfotselskapet Eit nytt selskap, Ålfotselskapet, vaks såleis opp frå ruinane av det gamle. Men dette slapp heller ikkje unna raude tal i rekneskapen. Dei fyrste åra gjekk det

Ålfot Interkommunale Kraftselskap hadde i hovudsak nedslagsfelt langs kysten. Sviktande fiske gjorde at mange reserverte seg mot å betale for ei ny teneste, eit gode som helst vart nytta til lys i private heimar. Når selskapet i tillegg leverte mindre kraft enn forventa til industrien, var stoda dei fyrste åra at salet av straum var eit netto tapsprosjekt.

Ålfotsaka skapte naturleg nok debatt i samtida. I avisene vil ein såleis finne spaltemeter med artiklar og lesarinnlegg. Saka fyller dessutan fyldige mapper i dei kommunale formannskapsarkiva. Ei lite nytta kjelde er arkivet etter Ålfot Interkommunale Kraftselskap og Ålfotselskapet. Det har nok si naturlege årsak i at dette materialet i stor grad har vore uordna, og dermed i praksis utilgjengeleg for historikarar. Men denne stoda er i ferd med å endre seg. Ut på nyåret 2012 vil arkivet vere ordna og katalogisert. Her ligg truleg mykje spanande materiale om både Ålfotutbygginga og krafthistoria i Sogn og Fjordane. Siste ord om Ålfotsaka burde difor ikkje vere sagt. Kjelder • SFF-2011149 Ytre Fjordane Kraftlag - Raport over tegnet abonnement i de forskjellige herreder pr. 1 januar 1922

Ikkje før i 1925 kom balansen mellom inntekter frå kundane og leige av straum frå Bremanger Kraftselskap. Selskapet hadde då brukt svære summar på linebygging. I tillegg var det utgifter til drift og administrasjon. Desse var i overkant dryge i fylgje ein rapport som kom i 1923. Den retta utilslørte skuldingar om luksus og ukritisk pengebruk i selskapet. Krafteventyret i Ålfoten var fullt ut lånefinansiert, og selskapet akkumulerte gjeld i ein urovekkjande fart. Krisa sette for alvor inn i 1927, då fylkeskommunen ville trekkje seg ut mot å dekkje ein del av skulda. Etter harde tingingar gjekk kommunane med på ei nyskiping av selskapet. Den nye kraftleverandøren fekk overta linenettet, men eigarane, som no

Kjeldetilfanget i ålfotsaka er omfattande. I den litteraturen som er utgjeven til no, ser det ut til at den mest brukte har vore fylkestingsforhandlingane. Det er ikkje så underleg. Fylkestingsforhandlingane gjev år for år eit greitt oversyn over selskapet sin veg mot stupet. Dei er i tillegg trykte, og difor lett tilgjengelege.

Frå Nordre Bergenhus Amtstidende 12. november 1921. Driftsdirektør Hysing gjer greie for bruksmåtane til elektrisiteten. I private heimar vart den i hovudsak nytta til belysning. Hysing kunne fortelje at straumen kunne nyttast til kokeplater, strykejern og mange andre apparat.

Litteratur • Engesæter, Aage og Thue, Johs. B.: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 50 år. Oslo: Det Norske Samlaget, 1988 • Nordstrand, Leiv: “Lys og kraft til bygdens behov”: kraftforsyninga i Sogn og Fjordane 1893-1993. Sandane: Sogn og Fjordane Energiverk, 1993 • Seip, Hans.: Sogn og Fjordane fylke : eit tilskot til kommunalsoga. Leikanger: Sogn og fjordane fylkeskommune, 1958 • Solheim, Olav Birger: Aalfotsaka 1918-1938. Hovudoppgåve Universitetet i Trondheim 1986 • NRK fylkesleksikon

15


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Sjukehusstrid – eit moderne fenomen? Av Marit Anita Skrede

At det er strid om kvar sjukehusa i Sogn og Fjordane skal ligga, og kva dei skal innehalda, er kjent for alle. Då temaet for Arkivdagen 2011 var Protest, vart sjukehusstrid eitt av dei tema me på Fylkesarkivet valte å presentera på arrangementet vårt. I denne artikkelen ynskjer eg å gje eit kort omriss av utviklinga av sjukehusstellet i fylket vårt. Dei som trur at sjukehusstrid høyrer dei siste par tiåra til, må tru om att.

Helsestell og sjukehus for meir enn 100 år sidan Dersom me går eit par hundre år attende i tida, var ikkje helsesetellet mykje å skryta av. Det var få lækjarar, og dei vart heller ikkje kontakta i utrengsmål. Fram til 1836 var det to distriktslækjarar i amtet1, og det seier seg sjølv at avstandane til lækjar oftast var store. I tillegg vart det for dyrt for folk flest. Folk var vande til å klara seg sjølve. Frå 1819 hadde amtet eit sjukehus i Sogndal. Det var i dårleg stand, og på fyrste Amtstinget i 1838 vart det nedlagt. I dei komande tiåra var sjukehusspørsmålet oppe att ved fleire høve. I 1842 vart det sett ned ei nemnd for å greia ut spørsmålet om å byggja eit sjukehus i Sogn. Sjølv om dei ikkje kom med eit framlegg, var det tydeleg allereie no at det var strid mellom ulike distrikt. Amtsformannskapet vedtok at det ikkje var deira oppgåve å oppretta sjukehus for Sogn fogderi. Nemnda vart oppløyst I 1845 vart saka teken opp att, då utgiftene til sjukehus i Bergen hadde auka kraftig dei siste åra. Ei ny sjukehusnemnd kom med ei tilråding året etter: Ein må ha minst to sjukehus i amtet. Nemndi peikar på Sogndal og Førde som høvelege stadar. Amtsformannskapet gjekk ikkje inn for dette. Det vart vedteke: “At Sygehuuse ikke for Tiden blive at opp16

Lærdal sjukehus, slik det såg ut då Rolf Christophersen overtok som distriktslækjar i Lærdal i 1922. Fotograf ukjend. (SFFf-100057.110482)

rette i Amtsdistrictet”. I 1855 sa apotekar Agersborg seg viljug til å skipa eit sjukehus i Lærdal, men nemnda i amtsformannskapet meinte at Lærdal var lite eigna på grunn av dei klimatiske forholda. I 1860-åra kom Fiskarsjukehuset i Florø som ein konsekvens av sildefisket. I 1901 ville Lærdal og Borgund kommunar bruka eit gamalt skulehus på Lærdalsøyri som sjukehus. Saka vart lagt vekk, men teken opp att i 1904. I 1906 vart sjukehuset i Lærdal teke i bruk. Fylket ville ikkje yta noko støtte. Helselaget i bygda stod for drifta, fram til fylket tok over i 1914. Då vart institusjonen brukt som tuberkuloseheim. Slik fungerte sjukehuset fram til nytt sjukehus vart teke i bruk i 1930. Tidleg på 1900-talet var altså grunnlaget for to av lokalsjukehusa lagt, Florø og Lærdal.

ikkje tida høveleg. Den økonomiske situasjonen i fylket var dårleg, nokosom for ei stor grad skuldast Ålfotsaka.2 Etter lokalt initiativ, vart det i Innvik skipa ein sjukehuskomité som jobba for å skaffa distriktet sjukehus. Leiar for nemnda var distriktslækjaren i Innvik, dr. Wexelsen-Freihov. Dei hadde mellom anna på hand eit tomt på Visnes i Stryn, og dei engasjerte arkitekt for å teikna sjukehuset. I 1927 låg det føre ei rekkje sjukehusspørsmål for fylkestinget som viser at det var stor interesse for sjukehussaka rundt om i fylket.

Lokaliseringsdebatt og bygging av sjukehus

På slutten av 1920-talet vart det gjort vedtak om at det skulle byggast to sjukehus i fylket, eitt for Sogn og eitt for Fjordane. Det var stort engasjement i folket for bygging av sjukehus i Lærdal, og det kom tilbod frå bedrifta NACo i Høyanger om bygging av sjukehus der. Etter kvart vart det engasjement også i Nordfjord for bygging av sjukehus, men då på Nordfjordeid. Det vart aldri noko av planane om sjukehus i Stryn.

I 1922 kom det framlegg frå Fylkeslækjar Nielsen om å oppretta fleire sjukehus. Amtmannen fann

I 1930 la ei sjukehusnemnd, initiert av fylkestinget, fram plan for eit nytt sju-


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

kehus i Florø. Samstundes låg det føre eit tilbod frå NACo3 om tilskot til eit sjukehus i Høyanger. Fylkestinget vedtok at det skulle byggast sjukehus i Florø. Samstundes vart det vedteke å utsetja spørsmålet om sjukehuset i Sogn. Dette skuldast at det var usemje om kva som var den høvelegaste staden for eit sjukehus i Sogn. Dei to vedtaka vart signalet til ein stor strid om sjukehusspørsmålet i fylket. I Nordfjord vart det sett ned ei privat nemnd som skulle jobba for å få sjukehus også der. Singer, som fyrst hadde lova kr. 70 000 til bygging av sjukehus i Florø, trakk i 1931 tilbake denne stønaden. I staden overførte han den til sjukehusprosjekt i Nordfjord, i tillegg til at han lova ytterlegare kr. 30 000. I møte 19. mai 1931 heldt sjukehusnemnda fast på vedtaket om to sjukehus i fylket, og vedtaket om bygging av sjukehus i Florø. Dei sa at Leikanger var beste staden for eit sjukehus i Sogn, noko som i hovudsak var grunngjeve med geografisk plassering og kommunikasjon. Saka om sjukehus i Nordfjord skulle utsetjast. På fylkestinget i juni 1931 vart det vedteke å bygga sjukehus i Florø og Leikanger. Framlegget om å godta tilbodet frå NACo vart vraka, og det vart vedteke at sjukehusstad for Nordfjord skulle vera Nordfjordeid. Då samarbeidet med NACo og Kyrkjebø kommune såleis var avvist, tok NACo opp samarbeid med Kyrkjebø om å bygga kommunalt sjukehus i Høyanger. All krangelen om kvar sjukehusa skulle ligga, enda med at det vart bygd fire sjukehus i staden for to som det var semje om i 1932. Det var berre sjukehuset i Florø som kom i gang i samsvar med fylkestingsvedtak. Lærdal sjukehus kom i drift i 1930, kommunalt og privat initiert. Sjukehuset i Florø vart sett i drift i 1933. Høyanger sjukehus stod ferdig i 1934, også dette privat og kommunalt initiert. Nordfjord sjukehus var ferdig i 1936. Sidan det vart bygd sjukehus i Høyanger, valde fylkestinget i 1932 å utsetja å bygga sjukehus på Leikanger. Det var to saklege omsyn som stod

mot kvarandre i debatten om kor mange sjukehus Sogn og Fjordane skulle ha, og kvar dei skulle liggja. Frå den eine sida vart det hevda at ein ved å konsentrera sjukehusa på to stadar, ville få større sjukehus som var meir økonomiske i drift og som ein hadde råd til å skjøtta betre enn fleire små. Andre meinte at på grunn av store avstandar og vanskelege kommunikasjonar i fylket var ein ikkje tent med berre to sjukehus.

Sjukehusnemnda i Sogndal jobba også med å finna ein arkitekt som kunne teikna sjukehuset. Her ser me også dei lokale motsetnadane om kvar sjukehusa skulle byggast. I eit brev til ordførar Lars Uglum i Sogndal skriv overlege R. Christophersen: “Ark. Lindström har jo jeg samarbeidet med her og han har laget en meget god plan for en eventuel nybyggning her, men jeg skulde anta at han, som lærdöl, ikke er interesseret i å lage no`godt i Sogndal”.

Lokalt engasjement At det var viktig for dei ulike delane av fylket med nærleik til sjukehus, ser me av at det vart oppretta lokale sjukehusnemnder. I Sogndal vart ei sjukehusnemnd vald av heradstinget i 1944. Dei skulle jobba med å få bygd eit sjukehus i Sogndal. Sogndal kommune baud fylket kr 150 000 til bygging av eit fylkessjukehus der. Dei vedtok at dersom ikkje fylkestinget godtok det økonomiske tilbodet, ville kommunen bruka pengane til å bygga eit kommunalt sjukehus der. Sjukehusnemnda oppmoda helselaget i Sogndal om å kjøpa ei tomt på Rutlin som skulle nyttast til å byggja sjukehuset på. Sogndølene fekk aldri sjukehus, men fleire tiår seinare vart det bygt distriktspsykiatrisk senter på den same tomta.

Sjukehusplan og tanken om eit sentralsjukehus I 1962 vart det på fylkestinget vedteke å setja ned ei nemnd for å greia ut ymse spørsmål i samband med sjukehustenesta i fylket. Nemnda hadde fylgjande mandat: 1)Gjennomgå trongen for sjukehusplassar i fylket – bortsett frå sinnslidande og tuberkuløse – og vurdere på dette grunnlag om dei vanlege sjukehusa vi har i dag fyller rimelege krav. 2)Om nemnda ikkje finn sjukehustenesta tilfredsstillande, gjer i så fall framlegg om dei rådgjerder som bør takast – nye sjukehusavdelingar, omlegging av eksisterande sjukehus, samarbeid med sjukehus utan-

Demonstrasjon i Høyanger i samband med at fylkesordførar Ola M. Hestenes, fylkesrådmann Svein Lundevall og assisterande fylkesrådmann Knut Henning Grepstad var i Høyanger hausten 1979 for å orientera om nedleggingsframlegget sitt. Mannen som snakkar i mikrofon er leiaren for sjukehuskomiteen, Finn Trædal. Bak i biletet er Svein Lundevall. Biletet er utlånt frå arkivet etter avisa Sogn og Fjordane.

17


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

for fylket etc. – med overslag over dei kostnader kvart tiltak vil føra med seg. 3)Plan for gjennomføring av tiltaka og den rekkefylgja dei bør takast i. 4)Nemnda bør ta sikte på å bli ferdig med arbeidet sitt så tidleg at innstillinga kan leggjast fram for fylkestinget 1964. I 1965 leverte sjukehusnemnda innstillinga si, leia av fylkeslege Blaauw. Den såkalla Blaauw-planen gjekk inn for å oppretthalda den sentraliserte strukturen som ein alt hadde i fylket, men det eksisterande sjukehuset i Indre Sogn burde flyttast til Sogndal . Dette sjukehuset burde ha fleire spesialavdelingar. Dei andre sjukehusa skulle minst tredelast. Nemnda meinte at det var bruk for 440 senger ved sjukehusa i fylket. På dette tidspunktet var det rundt 300 senger ved sjukehusa.

På dette tidspunktet er Staten komen meir på bana i lokaliseringsdebatten. I stiller Helsehøyringsrunden direktoratet spørsmål ved om det er naudsynt med fire sjukehus. Dei seier samstundes at eit sentralsjukehus – og då utan andre sjukehus i fylket, ikkje vil vera ei fullgod løysing på sjukehusproblemet i Sogn og Fjordane. Fylkesmannen uttalar at dersom ein trass i det som har kome fram om busetnadsstruktur og kommunikasjonar i fylket likevel skulle finne på å sentralisera sjukehustenesta i fylket, må ein leggja ned lokalsjukehusa ein har og reisa sjukehuset på ein ny stad som ligg i det framtidige geografiske kommunikasjonsmessige sentrum i fylket. Fylkestinget i 1965 vedtok å halda på fire sjukehus. Til fylkestinget hausten 1967 vart det lagt fram skriv frå helsedirektøren til fylkesmannen om sjukehusutbygginga i fylket. Helsedirektøren tilrår at Sogn

og Fjordane vurderer sjukehusplanen på nytt. Han foreslår eitt sentralsjukehus i Florø/Førde og eitt lokalsjukehus i Indre Sogn (Lærdal eller Sogndal). Dette var starten på ein bitter sjukehusstrid som kom til å prega den offentlege debatten i lang tid. Fylkestinget vedtok å ta opp att deler av planen, men utbygginga av distriktssjukehuset for Indre Sogn skulle gjennomførast i samsvar med tidlegare vedtak. I 1968 la fylkeslege Hegbom, på vegne av fylkesadministrasjonen, fram ein ny plan. Lærdal sjukehus skulle utbyggast, og det skulle byggast eit sentralsjukehus. Sjukehusa i Høyanger, Florø og Eid skulle omskipast til sjukeheimar. Fylkestinget avviste Hegbom-planen. Fleirtalet heldt fast på vedtaket frå 1965 om utbygging av alle dei fire lokalsjukehusa. Kommunaldepartementet stadfesta i april 1969 fleirtalsvedtaket om

Vel tusen menneske møtte fram og viste si støtte til lokalsjukehuset på Nordfjordeid og Sjukehusaksjonen for Nordfjord sjukehus måndag kveld den 4. april 2011. Fakkelaksjonen kom i stand etter at regjeringa 1. april vedtok å legga ned fødeavdelinga ved sjukehuset. Fotoet er utlånt av Fjordabladet.

18


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

utbygging av alle dei fire lokalsjukehusa. Men bygginga kom ikkje i gang. Både mellom politikarar og fagfolk var det usemje om kor store sjukehusa skulle byggast. I 1970 melder Sogndal seg på igjen i lokaliseringsdebatten. Ordføraren sende eit brev til statsråd Kjell Bondevik. Han peikar på at vedtaka til fylkestinget plasserer sjukehusa “ …så langt ut i utkantane som mogeleg,…”. Han fremjar sitt syn om at vegen til sjukehusa burde vera så kort og lett som mogeleg, og legg ved fleire reknestykke som viser at det burde ligga eit sjukehus i Sogndal. Argumenta hans er at det er minst like lett å koma til Sogndal som til Flora, at det er lettare for fleire å koma til Sogndal.

Strid ved Nordfjord sjukehus Sjukehusstriden i Sogn og Fjordane vart kjend over heile landet. I 1970 toppa den seg ved Nordfjord sjukehus. Overlege Lygonis moderniserte og sette i verk nye tiltak ved sjukehuset utan at styret hadde godkjent tiltaka. Lygonis var svært populær blant folk flest. Då regjeringa Bratteli i 1972 gav klarsignal til utbygging av lokalsjukehusa i fylket, roa striden seg. Lokalsjukehusa i Høyanger, Florø og Nordfjordeid vart utvida og moderniserte.

Sentralsjukehus I 1970 såg det ut til at fylkestinget sette sluttstrek for den store sjukehusstriden, då dei vedtok utbygging av alle dei fire lokalsjukehusa til såkalla “fullverdige tredelte sjukehus”. På dette tidspunktet var det kome ei ny sjukehuslov som gav staten større mynde til å avgjera slike saker. Begge instansar gjekk inn for sentralsjukehus i Førde. Den 23. juli omgjorde regjeringa Bratteli fylkestingsvedtaket, og gjekk inn for sentralsjukehus i Førde. Vedtaket førte til sterke reaksjonar. Over heile fylket melde arbeiderpartimedlemar seg ut av partiet. I Flora Arbeidarparti melde dei fleste medlemane seg ut i protest. Lensmann Mons Monsen som var ordførarkandidat, melde seg også ut. I staden stilte han

som toppkandidat for ei upolitisk samleliste som fekk reint fleirtal i bystyret.

føda i Førde og på Voss, nordfjordingane skal føda i Førde og i Volda. 1

Denne gongen gav opprøret resultat. Då Arbeiderpartiet på nytt skipa regjering i 1973, gav ho klarsignal til at alle dei fire lokalsjukehusa skulle utbyggast og moderniserast. I tillegg vart det bygd nytt sentralsjukehus. I 1977 var alle lokalsjukehusa moderniserte. Sentralsjukehuset stod ferdig i 1979.

Nedlegging og nedbygging av lokalsjukehusa Utviding og bygging av sjukehus førte til overkapasitet. Med dette starta ei nedbygging av sjukehusa bit for bit. Sjukehuset i Høyanger hadde vore ei underavdeling av sentralsjukehuset frå det opna i 1979. Nærleiken til sentralsjukehuset var nok ein grunn til at sjukehuset i Høyanger vart lagt ned i 1982. Truleg var pasientgrunnlaget lite, og det var vanskeleg å rekruttera legar. Det vart då omgjort til fylkessjukeheim. Sjukehuset i Florø vart avdeling under sentralsjukehuset i 1994. Sjukehuset fekk sterkt avgrensa funksjonar i høve til tidlegare. I 2003 vedtok styret i Helse Vest at dei kirurgiske indremedisinske tenestene ved sjukehuset i Florø skulle flyttast til andre sjukehus i Helse Førde. Det skulle etablerast eit nærsjukehus i Florø, noko som ikkje vart noko suksess. Ingen visste kva eit nærsjukehus eigentleg var. Sengeposten på sjukehuset vart lagt ned i 2008.

Statleg drift Frå 2001 overtok Staten alle helseinstitusjonar frå fylket. I Sogn og Fjordane er Helse Førde namnet på det regionale helseføretaket. Dei har eige styre og eigen direktør. Same året gjekk Helse Førde inn for å legga om aktiviteten på Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus. Fødeavdelinga i Lærdal skulle leggast ned, og omgjerast til jordmorstyrt fødestove. Dette førde på ny til ein oppheta strid om sjukehusa. I 2011 bestemte regjeringa å legga ned fødetilboda i Lærdal og på Nordfjordeid. Sogningane skal

Fylket Les om Ålfotsaka annan stad i Kjelda 3 Norsk Aluminium Compagnie

2

Skriftlege kjelder: • Bøyum, Olav. 2004. Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane. Sjukehusutbygginga i Sogn og Fjordane. • Hjelle, Aud. 1996. Sjukehuset vårt. Fylkessjukehuset på Nordfjordeid gjennom 60 år. • Seip, H. 1958. Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. • NRK sitt Fylkesleksikon Kommunale kjelder: • Innvik kommune. Formannskapet. Korrespondanse/saksdokument. Boks 2, 19-1927. Utgreiing frå sjukehuskomiteen, 1926. • Sogndal kommune. Sjukehusnemndi i Sogndal. Møtebok 1945-1946. • Sogndal kommune. Sjukehusnemndi i Sogndal. Korrespondanse/saksdokument.

Abonner på Kjelda! Ring tlf. 57 65 64 00 Eller send e-post til: postmottak.sffarkiv@sfj.no Ei årstinging kostar 195 kr.

19


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

MINNESMERKET

Ingolv Arnarson-monumentet i Reykjavik IngolvArnarson, første landnàmsmannen på Island, har vore i rampelyset. Det er 50 år sidan Ingolv-monumentet i Rivedal blei reist, eit rundt tal rivedølene sjølvsagt gjorde stas på med stort program. Ei tid etter hadde Firda eit innsendt stykke av Ingjald Helland. Han etterlyser nformasjon om Ingolv-monumentet i Reykjavik, origina-statuen monumentet i Reykjavik er ein kopi av. Fylkesarkivet sitt nettbaserte Kulturhistorisk leksikon har artikkel om minnesmerket i Reykjavik.

Island - Ingolv Arnarson -minnesmerket i Reykjavik Av Hermund Kleppa

seg der Reykjavik no ligg. I 1924 vart det avduka eit Ingolv Arnarson-minnesmerke i Reykjavik, og i 1961 vart det reist ein kopi av monumentet i Rivedal i Sunnfjord.

"ser ut yver byen"

Ingolv Arnarson-minnesmerket på Arnarholt i Reykjavik. Bygningane i bakgrunnen høyrer til universitetet. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2007

I følgje Landnåmabok var Ingolv Arnarson den første landnåmsmannen (innvandraren) på Island. Ingolv kom frå "Fjordane". Han kom til Island året 874 og busette

Ingolv - med venstre handa festa om ein atgeir medan høgrehanda kviler på eit skjold. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2007

20

Godt synleg midt i Reykjavik vart Ingolv Arnarson-minnesmerket straks ein attraksjon etter at det var reist i 1924. I 1928 var Andreas Barsnes på Island. Han skreiv reisebrev til Gula Tidend. Om Ingolv-monumentet står det: "Det var Ingolv Arnarson som fyrst sette bu her då han fann høgsetestolparne sine att her. Han kalla staden Reykjavik etter røyken av dei varme kjeldor like ved. På Arnaholt bygde han garden sin og reiste dei gamle høgsetestolparne. På Arnaholt stend

det no eit vyrdeleg minnesmerke til æra for den fyrste landnåmsmann. Det er Einar Jonsson som hev laga det. Ein djerv viking held spjot i vinstre handi, stydjer seg til ein høgsetestolpe [jfr. nedanfor] og ser ut yver byen og vågen. Det er det fyrste ein ser av byen når skipet glid inn."

Informasjon på tre steinar Ikkje langt frå minnesmerket står det tre steinar med informasjon. Dei vart reiste i 1999. Den eine steinen fortel om då Ingolv kom til Reykjavik, den andre om korleis det gjekk med garden hans, Arnaholt, og den tredje om minnesmerket. Omsetjinga nedanfor er frå ei engelsk omsetjing av den originale teksten på islandsk.

Den eine steinen Då Ingolv såg Island, kasta han høgsetestolpane sine overbord for god

Tre tavler med informasjon til minnesmerket, oppsette i 1999. Kleppa. Datering: 2007


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

MINNESMERKET lukke. Han sa då at han skulle byggja garden sin der stolpane kom i land. Ingolv gjekk i land på ein stad som no er kalla Ingolfshøfdi (Ingolvneset). Vifill og Karli var namna på slavane til Ingolv. Han sende dei vestover for å leita etter høgsetestolpane. Dei fann stolpane ved Arnarvoll nedanfor eit slettelandskap. Om våren kom Ingolv dit. Han bygde ein bustad der stolpane var komne i land. Han budde i Reykjavik. [Kjelde: Landnåmabok.]

Den andre steinen Ein trur at garden Arnarholt vart bygd straks etter landet [det landområdet garden til Ingolv omfatta] var folkesett. Garden vart gjeven til Videy klosteret i 1534, og vart kongseigedom på same tida som Reformasjonen [kring 1536]. Arnarholt-garden vart gjeven til fengslet i 1752. Gardsdrifta var då i nedgang, og gardshusa vart rivne i 1828. Ei omfattande arkeologisk utgraving gjekk føre seg i 1998. Restane som vart funne av ein gangbær [husanlegg der romma går ut frå ein gang i midten] var frå 1700-talet, men teikn på busetjing frå 1200-talet kom óg for ein dag. Funnmaterialet har ennå ikkje blitt fullt undersøkt.

Den tredje steinen Minnesmerket av Ingolv Arnarson vart laga av bilethoggaren Einar Jonsson (1874-1954). Han laga den første skissa i 1902 og arbeidet vart avslutta i 1907. Han hadde alltid tenkt at minnesmerket skulle reisast på Arnarholt. Reykjavik handtverkarforeining sytte for å samla inn pengar til å kjøpa kunstverket, og det vart avduka i 1924. Statuen viser ein landnåmsmann med ein atgeir [eit spyd] i venstrehanda, medan høgrehanda kviler på eit skjold mot baugen av eit skip pryda med eit dragon-hovud. Odin ser ut til å vera på utsida av baugen, med [ramnane] Hugin og Muninn sitjande på akslene hans.

Utstilling I 2006 opna utstillinga Reykjavik 871 pluss/minus 2 i Reykjavik. Det er ei permanent utstilling om den eldste busetjinga i Reykjavik bygd på arkeo-

ve passa betre for islendingane sjølv enn for danske overstyrarar. Den islandske kunstnaren Einar Jonsson (1874-1954) gjekk alt med tankar om ei slik statue. Handverkarforeining i byen gjekk straks i gang med å samla inn pengar til arbeidet, og ba kunstnaren om å gå i gang.

- framståande, klok og modig I 1930 gav det islandske postverket ut ei minneutgåve i høve 1000-årsjubileet for grunnlegginga av Alltinget. Tiøres-verdien har Ingolv sitt skip som motiv. Fire menn kastar høgsetestoplane på havet.

logisk forskning og utgravingar og då særleg utgravingar i sentrum i åra 2001 - 2004. Den tradisjonelle historia om Ingolv Arnarson som kom til Island i 874 og busette seg i Reykjavik, byggjer på dei skriftlege kjeldene Landnàmabok og Islendingabok.

Minnesmerke-komiteen hadde klåre meiningar om kva kunstverket skulle uttrykkja. Det skulle samsvara med oppfatninga folk hadde danna seg frå Landnåmabok: ein framståande, klok og modig mann, trufast mot vener, lov og rett. Komiteen hadde ikkje innvendingar til sjølve statuen Jonsson emna på, men den ville ikkje ha innskrifta "Ver din eigen leiar". Det høvde ikkje på Ingolv som var ein kristen mann. Komiteen tykte heller ikkje om kunstnaren si skisse til ornament og tekst på fotstykket.

Det var lenge eit mål å få stadfesta historia ved å finna heimen til Ingolv. Dei siste funna stadfester at skriftlege kjelder og arkeologiske forskningsresultat i hovudsak stemmer overeins, at nordmenn busette seg på Island om lag på den tida skriftlege kjelder seier. Dei stadfester og at det budde folk i Reykjavik på på denne tida, men arkeologane kan ikkje gje namn på folk.

Bok Samstundes med at utstillinga opna kom det ut ei bok med same tittelen, Reykjavik 871 pluss/minus 2. Eit kapittel handlar om Ingolv-minnesmerket på Arnarholt. Framstillinga nedanfor er eit utdrag.

Islendingane tok skeia i eiga hand I 1906 var islandske alltingsmenn på besøk i Danmark. Under besøket tok danskar til orde for å gje den islandske nasjonen ei statue laga av den islandsk/danske bilethoggaren Bertel Thorvaldsen. Statua hans av den gresk-mytologiske figuren Jason vart føreslegen, men samstundes kom det forslag om ei statue av Ingolv Arnarason. Islandske aviser hadde innvendingar mot dette. Ei slik oppgå-

Skissa til Ingolv-monument kunstmålaren Sigurdur Gudmundsson laga med tanke på tusenårsjubileet i 1874. Gudmundsson legg mykje mindre vekt på ungdom, det vakre og djerve enn Jonsson i sitt kunstverk i 1906.

21


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

MINNESMERKET

Statuen var ferdig i 1907, men vart ikkje reist og avduka før 24. februar 1924.

Tankar om statue tidlegare Island Verken danskar i 1906, eller islendingen Jonsson på om lag same tida, var først ut med tanken om å reisa ei Ingolv Arnarson-statue. Så langt ein kjenner til var målaren Sigurdur Gudmundsson (1833-1874) den første. Han føreslo å reisa ei statue til tusenårsjubileet i 1874 og han laga sjølv ei skisse til figur. Skissa til Gudmundsson legg mykje mindre vekt på ungdom, det vakre og djerve, enn kunstverket til Jonsson gjer. (så langt utdrag)

- i Sunnfjord! I Noreg var det óg ein mann som hadde tankar om ei Ingolv-statue før Jonsson. Det var Andreas Aabel i Førde. Utanom arbeidet sitt som distriktslege i Sunnfjord, sysla han med historiearbeid, og rundt 1870 var han framfor alt oppteken av det historiske hopehavet mellom Noreg og Island og det føreståande 1000-årsjubileet for den første landnåmsmannen.

Ein kopi av Ingolv-minnsmerket i Reykjavik vart reist i Rivedal i 1961. Det var ei gåve til Noreg frå den islandske nasjonen. Biletet er teke straks stillaset var teke bort, før avdukinga. Fotograf: Emmy Falch. Datering: 1961

Frimerke i minneutgåva i 1974 i høve 1000 år sidan den første innvandringa. Motivet Ingolv med ein høgsetestolpe - er henta frå eit biletteppe av Vigdis Kristjansdotter etter maleri av Johann Briem. Ingolv er her framstilt som ein eldre mann enn i Jonsson sin skulptur, han har skjegg, er berrhovda og er utan stridsvåpen. 22

I juli 1874, i det aller første nummeret av Fjordenes Blad (frå 1919 Fjordabladet), hadde Aabel eit stykke om "Islands Tusenaarsfest". Han trekkjer fram at det er islendingane Noreg kan takka for landet si "eldste Saga". Skulle det ikkje vera ei verdig oppgåve nettopp for folket i Fjordane, der den første landnåmsmannen reiste ut frå, å hugsa dei "ved denne deres Tusenaarshøitid", spør Andreas Aabel. Og så oppmodar han om å gå saman om å kosta ei minnegåve, "t. Ex." skriv han, en Ingolf-Støtte.

Kjelder og litteratur Prenta kjelder: •Reykjavik 871 +/- 2. 2005. •Fjordenes Blad. 10.07.1874. •Gula Tidend. 24.07.1928. Uprenta kjelder: •Steintavler med informasjon i Reykjavik. Innskrifta omsett til engelsk av Terry Gunnell, Reykjavik. •Nettstad - Landnåmsutstillinga i Reykjavik


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Årdal sogelag registrerer Hydro-bilete Av Elin Østevik

Kurs i fotoregistrering på Klingenberg Hotel. Frå venstre: Bjørn Lindland, Elin Østevik og Oddvar Natvik. Fotograf: Jonny Asperheim.

Fredag 30. september var fotoarkivaren i Årdal og heldt kurs i fotoregistrering for Årdal sogelag. Sogelaget har nemleg teke på seg jobben med å registrere opplysningar til dei historiske fotografia til Hydro Aluminium Årdal. I september 2007 vart dei historiske delane av fotoarkivet til Hydro Aluminium Årdal deponert hjå Fylkesarkivet. Alt i alt tok vi i mot ca. 8.500 foto og kring 10.000 tekniske teikningar. Vi jobbar no med å digitalisere og registrere eit utval på 5000 fotografi frå samlinga. Viktig historisk kjeldemateriale som til dømes fotografia tyskarane tok frå byggjeprosessane i krigsåra vil bli prioritert i dette arbeidet.

Biletsamlinga til Hydro Aluminium Årdal innheld også fleire bilete teke før utbygginga tok til, som til dømes dette bilete av Øvre Årdal teke av fotograf Anders Beer Wilse ca 1910-1920. (SFFf100342.258143)

Fylkesarkivet har så langt digitalisert 2500 fotografi, og fredag 30. september vart også registreringsarbeidet sparka i gang. Vi er takksame for å få Årdal sogelag med på laget, og ser fram til eit godt og produktivt samarbeid i tida framover! Bileta frå Hydro Aluminium Årdal vil bli tilgjengelege på heimesida vår etterkvart som registreringsarbeidet skrir fram. Arbeidet i fabrikkhallane er også grundig dokumentert i fotosamlinga til Hydro Årdal. Fotograf: Ukjend. (SFFf-100342.224261) 23


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Oppfølging:

Fotograf Martinus Eliasson Askeland Av Elin Østevik

I førre nummer av Kjelda etterlyste underteikna informasjon om biletarkivet etter fotograf Martinus Eliasson Askeland (1890-1948) frå Måløy. Vi har fått god hjelp frå lesarane våre, og veit no at biletarkivet etter Martinus diverre har gått tapt. Dei eldste delane brann opp under Måløy-raidet, medan den nyare delen har blitt øydelagd av dårlege lagringstilhøve. Som lesarane kanskje hugsar frå førre nummer av Kjelda hadde Martinus etablert seg som fotograf på Hagens Hotell tidleg på 1920-talet. Atelieret var ikkje i kjellaren som det stod i førre artikkel, men i eit anneks på hotellet. Her dreiv Martinus framleis som fotograf når dei

allierte bomba dei tyske installasjonane i Måløy 3. juledag 1941. Hagens Hotell brann ned til grunnen denne dagen, og det er all grunn til å tru at storparten av Martinus sine negativ og kamerautstyr gjekk tapt i brannen. Martinus heldt fram med å fotografere etter brannen. I krigsåra var det mest passfoto han produserte har vi fått vite. Fotografia Martinus tok etter brannen i 1941 vart lagra i ei brakke på Halneset, og der vart dei ståande saman med kamerautstyret etter at Martinus døydde i 1948. Det er andre som tidlegare har prøvd å spore opp negativarkivet etter Martinus. På slutten av 1970-talet var Lars Lunde

på jakt etter fotosamlinga. Det hadde nemleg dukka opp fleire panoramabilete av militære på Nordfjordeid signert Askeland på denne tida. Lunde snakka med folk både på Askeland og i Måløy og vart fortalt at taket på brakka på Halneset hadde kollapsa. Bileta og utstyret var såleis fullstendig vasskada og kunne ikkje bergast. Det einaste som i dag er tilbake etter Martinus sin fotoproduksjon er såleis mest truleg dei papirbileta som Martinus selde til kundane sine og som har overlevd i ulike private heimar fram til i dag. Vi har vore så heldig å få låne inn og digitalisere to av desse bileta. MaryLise Vik har lånt Fylkesarkivet eit panoramabilete frå bryllaupet til frå bryllu-

Frå bryllaupet til Valborg Askeland og Anton Olai Larsson Endal i Davik kyrkje ca. 1928. På dette biletet har Martinus fanga inn over 120 personar med panoramakameraet sitt. Det originale papirfotografiet er 11 x 70 cm og syner andlet og utsjånad til alle dei frammøtte i detalj. Valborg, som var Martinus si syster, døydde i barsel året etter at dette biletet vart teke. Barnet til Valborg og Anton levde opp og fekk namnet Valborg etter mora. Anton gifte seg seinare oppatt med Margit Borghild Pedersdatter Ottem; saman fekk dei tre born (SFFf-100565.263860).

“2det kompani paa Bömoen 1923. Fotograf Askeland, Moldøen”. Martinus har truleg fått fleire fotooppdrag frå forsvaret. Vi kjenner til at han har fotografert soldatar både på Nordfjordeid, i Trondheim og på Voss. Med på dette biletet frå Bømoen er anten Nils Hillestad (f. 1904) eller Olav Hillestad (f. 1902) frå Sogndal. Det originale papirfotografiet måler ca. 15 x 60 cm. Tips oss dersom du har namn på nokre av soldatane. (SFFf-100567.263861)

24


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

pet til far hennar Anton Olai Larsson Endal og Valborg Askeland medan vi frå Kjell Magne Hillestad har fått låne inn eit panoramabilete teke på Bømoen på Voss i 1923. Det som er spesielt interessant med bryllaupsbiletet er at fotografen sjølv, Martinus, eller Tins som han også vart kalla, er med på biletet. På grunn av at panoramakameraet eksponerte filmen i ein roterande bevegelse frå venstre mot høgre kunne Martinus sette kameraet i gang og så roleg stille seg opp lengst til høgre i folkemengda. På både bryllaupsbiletet og biletet frå Bømoen ser det ut som dei avbilda personane står oppstilt på ei bein rekke, men når bileta vart tekne stod både soldatane og bryllaupsgjesten i ein halvsirkel rundt kameraet. På grunn av den roterande eksponeringa til panoramakameraet vart perspektivet fordreia. Ved å stille opp personane i ein halvsirkel motverka fotografen denne fordreiinga

og resultatet vart at det på biletet vart sjåande ut som om dei avbilda personane hadde stått på ei bein rekke i eksponeringsaugneblinken! Ein av fordelane ved panoramateknikken var nettopp det at fotografen, på grunn av den roterande eksponeringa, kunne stå mykje nærare dei han tok bilete av enn med eit vanleg kamera og likevel fange inn heile gruppa. Ei stor takk til lesarane våre som har bidrege med bilete og opplysningar til denne artikkelen. Dersom du også har bilete etter Martinus Askeland som vi kan få låne inn og digitalisere, så ta kontakt med oss! Kjelder •Munnleg og skriftleg informasjon frå Kristen Askeland, Lars Lunde, Kjell Magne Hillestad og Mary-Lise Vik.

Panoramafotografering Panoramafotografering er omtrent like gamalt som fotografiet er. Fotografiet vart oppfunne i 1839, og alt på 1840-talet vart det utvikla ulike typar av panoramakamera. Det var likevel først i 1888 med oppfinninga av den fleksible plastfilmen, at panoramafotograferinga verkeleg breidde om seg. Det finst to ulike hovudtypar av panoramakamera: Kamera med roterande linse der negativet ligg i ein bue inne i kamerahuset; og panoramakamera der heile kameraet roterer samstundes som negativet vert trekt gjennom kameraet med same hastigheita som kamerarotasjonen. Eitt av dei mest populære panoramakamera var Kodak sitt “Cirkuit”kamera som vart lansert i 1907. Dette kameraet var av sistnemnde type, og var utvikla spesifikt for å ta store gruppebilete.

Forts. neste side.

25


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Fattigdom og arbeidsløyse i mellomkrigstida i Hyllestad Av Kjerstin Risnes

Denne artikkelen byggjer på Fylkesarkivet sitt bidrag til jubileumsboka om Hyllestad kommune 150 år. Både kommunar og folk landet over kom under press i mellomkrigstida, og inntektssvikt, arbeidsløyse og aukande fattigdom vart ein realitet for mange, også i Hyllestad.

Ei tid full av motsetnader Seier du mellomkrigstida, perioden frå 1920 til 1940, til eldre folk, så treng du ikkje vente lenge før historiene kjem; om slitet og strevet, om dei harde 30-åra då arbeidsløysa var rekordhøg og fast lønna arbeid var eit framandord for mange. Dei fortel om fisket som slo feil, om landbruksprisar som gjekk til botnar og om gjeldskrisa i landbruket der trugsmålet om å måtte gå frå gard og grunn hang som ei mørk sky over folk. Svikt i inntekter gav lite å betale skatt for og utpantingslistene hos kommunen var lange. Stille vert det fortalt om den tunge, tunge vegen til fattigkassa der du som menneske fekk nedskrive verdien din, både i eigne og andre sine auge, men

Å kome på fattigkassa var sett på som skam, men i mellomkrigstida var det mange som ikkje såg anna råd då inntektsgrunnlaget brått vart borte.

det vert også fortalt om kor lite som skulle til før du hamna der. Denne tidsbolken på 20 år gjorde fleire kast på seg. Perioden 1920 – 1930

var prega av avsetningsvanskar, svingande pengeverdi og alvorlege problem i næringslivet. Arbeidsløysa steig. På slutten av 1920-talet skapte deflasjonen store vanskar for jordbruket.

Forts. frå side 25.

“ – Maaløy – Fotograf Askeland”, eitt av Askeland-bileta i Fylkesarkivet sin fotobase. Biletet er teke i 1934. Når Askeland tok panoramabilete av landskap og tettstader kunne han ikkje som ved personbilete arrangere motivet for å motverke perspektivendringane den roterande eksponeringa medførte. Ved by- og landskapspanorama måtte han i staden korrigere perspektivet når han framkalla bileta i mørkerommet. Vi har diverre ikkje nøyaktige mål på originalfotografiet. (SFFf-1995008.0004). 26


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Tidlegare optimistiske investeringar vart no til tyngjande gjeld. Spesielt hardt ramma vart mange austlandsbygder der moderniseringa i jordbruket var kome lengst, og investeringane høgast. I arbeidslivet elles svinga sysselsetjinga, og inntektene like så. Frå 1930-33 slo den store verdsdepresjonen inn over landet og arbeidsløysa vart rekordstor. Kring 1935 byrja ein økonomisk oppgangsperiode med aukande lønningar og nedgang i arbeidsløysa.1 Mellomkrigstida var likevel inga samanhengande krisetid. Tida var full av motsetnader og inneheldt både stagnasjon, nedgang og framgang. Det moderne samfunnet fekk sitt gjennombrot i perioden 1900 - 1935.2 Det betydde m.a. høgare levestandard, eit betra helsestell, utbygging av samferdsla med betre kommunikasjonar og aukande offentleg aktivitet. På landsbasis steig folketalet, og folk levde lenger. Dei største endringane skjedde likevel i og kring byane, og skilnadane mellom by og land vart store i denne perioden. Dei stadige tilbakeslaga i veksten førte til at arbeidsløyse, naudsarbeid og fattigkasse vart ei kjensgjerning for svært mange. Spesielt hardt ramma

Jordbruk var den viktigaste næringa i Hyllestad, men det var i denne perioden at Jonas Løland la grunnlaget for skipsverftet i Leirvik, dagens hjørnesteinsverksemd. Biletet viser Løland verft frå omlag 1935. Fotograf: Råsberg, Bjarne

vart dei store ungdomskulla som var klare for arbeidslivet. Arbeidsløysa svinga mellom 10 og 30 prosent, men mørketala er store.3 For mange kommunar vart det også smalhans med skattesvikt og aukande utgifter. Til liks med sine mange innbyggjarar som måtte få hjelp, måtte mange kommunar vende seg til staten og kom dermed under streng kontroll.

det fylgjande vil vi sjå på i kva grad dette også galdt Hyllestad. Korleis slo krisa ut i Hyllestad med omsyn til arbeidsløyse og fattigdom? Auka fattigdomen og kven var dei fattige? Var det dei arbeidsledige som gjekk att som fattigunderstøtta eller vart dei hjelpte på andre måtar? Dette og tilstøytande spørsmål vil vi ta føre oss i denne bolken.

Slik var den generelle nasjonale stoda. Fattigdom og arbeidsløyse går som ein raud tråd gjennom mellomkrigstida. I

Ei strid tid I 1920 budde det 2276 personar i Hyllestad4 og folketalet heldt seg

27


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

rimeleg stabilt gjennom perioden. Kommunen var då som no næringsfattig. Jordbruket var den viktigaste næringa, men fiske var også ein viktig del av næringslivet, gjerne i kombinasjon. Mange av gardane låg slik til at det var naturleg å hauste frå sjøen og havet både til eige forbruk og for sal. Inntektsgrunnlaget kvilte dermed i fyrste rekkje på den innkoma som jorda og sjøen gav. Gardane var små, nokre berre ein jordlapp, så tilleggsarbeid som ulike former for handverk, vegarbeid etc. gav kjærkomne kroner i kassen og var i mange høve det som gjorde at økonomien gjekk rundt. Sjølvsagt var det ikkje berre jordbruk i Hyllestad. Nokre hadde fiske som hovudnæringsveg, andre var anleggsarbeidarar, her var ein del tenestefolk, hovudsakleg kvinner, handelsfolk sjølvsagt og jamvel nokre industriarbeidarar.5 Eit særpreg for Sogn og Fjordane fylke var dei mange heimebuande sønene og døtrene som utgjorde viktig arbeidskraft på gardane.6 Dette galdt også for Hyllestad. Folketeljinga for 1920 fortel om heile 220 heimeverande born over 15 år som var knytte

til jordbruk og februk. 10 år seinare var talet om lag det same. Dei unge som var klare for arbeidslivet, enten som sesongarbeidar i dei periodane gardsarbeidet ikkje krov dei, eller som ville flytte ut av kommunen for å få seg arbeid, kom ingen veg, ei heller til USA etter den store depresjonen. Ungdomskulla var store, 183 000 på landsbasis i 1920- åra og heile 285 000 i 1930-åra,7 og konkurransen om arbeidsplassane var hard. Bygdene vart fylte av overflødig arbeidskraft i sin beste alder. Det vart såleis mange munnar å mette under trongare kår i denne perioden. Hyllestadsamfunnet var økonomisk avhengig av storsamfunnet. Gardane produserte for sal og svikta marknaden i form av avsetningsvanskar eller låge prisar, forsvann også mykje av inntektsgrunnlaget. Svikta fiskeria, forsvann både hovudinntekt og tilleggsinntekt hos mange. Hadde ein gjeld i tillegg, var ein ekstra ille ute. Ein bonde med lån måtte i 1928 levere mest dobbelt så mykje varer som i 1920 for å handtere den same lånesummen.8 Men krisa fekk ein fleirsidig effekt for mange i Hyllestad då dei i tillegg jordbruket måtte støtte seg på innkome utanom. Turka også denne inntektskjelda inn, då vart det problem. Og det vart det for mange. Marginane var små.

Inntektssvikt og skattesvikt

Dei fleste kvinnene hadde framleis sitt arbeid i tilknyting til gardsdrifta, som tenestefolk eller bondekoner, men på posten og telefonstasjonane var det gjerne kvinnelege tilsette. Johanne Sørebø (1892-1979) var poststyrar på Sørbøvåg frå 1929 til 1958. Fotograf: ukjend

28

Med inntektsvikt i landbruket og svikt i tilleggsinntektene, m.a. fisket som var dårleg i 1920-åra,9 vart situasjonen svært problematisk, både for kommunen som var avhengig av skatteinntektene og for dei kriseramma innbyggjarane. Til liks med sine skatteytarar fekk også kommunen i aukande grad økonomiske problem gjennom perioden. Inntektene for t.d. året 1919 danna grunnlaget for utlikninga av skattane for komande års budsjett, og når inntektene hos skatteytarane byrje å svikte, vart konsekvensen inntektssvikt.10 Dei sviktande skatteinntektene var gjennomgangstema i kommunestyret frå tidleg på 20- talet og sjølv om ikkje kommunen gjekk konkurs, var kassen tom med jamne mellom-

Den økonomiske verdskrisa stengde i stor grad porten til USA, men nokre kom seg likevel over Dammen. Ein av desse emigrantane var Gustav Hyllestad, f. 1905 som aldri kom attende. Fotograf: ukjend

rom. Fylkesskatten vart eit strev å betale, lånegjelda like så og etter kvart måtte dei be om gjeldsforhandlingar med sine kreditorar. Brev frå Fylkesmannen i 1938 viser at dei hadde fått renteakkord frå 1933- 34.11 Det økonomiske handlingsrommet var likevel svært trongt og kommunen hadde lite å møte krisetidene med. Skatten vart betalt i ettertid, opp til eitt og eit halvt år i etterkant av innteningsåret, og med små og minkande inntekter skulle det svært streng budsjettdisiplin til for å halde att pengar til skatt. Mange klarte det ikkje. Då var det å be kommunen om forståing og håpe på utsetjing av tvangssal av skattepanten, slik som brevskrivaren her må gjere. ”(…) At eg er sjyldig skat er riktig nok sandt, men da eg ingen ting tjener til skat, blir det disverre saa at skatten blir stående ubetalt. Men til trods for det, tør eg på stå at eg ikkje er blant dem som har vist utpreget uvilje for betaling av skat. For nødspengene til Hyllestad sokn oparbeidet jeg ved veiarbeide og som blev betalt som avdrg paa skat, betalt den ½-34 kr. 16. Statstilskot til jorddyrking for 4


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

utsett skatt eller fråfall av gamle skattekrav rann inn til kommunestyret i denne perioden. Ubetalte skattar førte til pantsetjing av verdiar som kunne omsetjast ved eventuell tvangsauksjon. I ei oppgåve over skattepant hausten 1933, som omfatta 90 personar, kan vi lese kva kommunen hadde teke pant i.14 Her finn vi alt frå kyr, kalvar, hest, sauer, lam, del av eit notbruk, salongrifle, etc. Det meste handla om det som skapte inntektsgrunnlaget til folk. Går vi til utpantingsbøkene for Hyllestad heradskasse finn vi at det slett ikkje er alltid noko pant å hente, ” Utlegg kunne ikkje påvises.”15 Dei ubetalte skattane vart ei pine for kommunen. Skatten var hovudinntekta til kommunen, og dei trong han sårt, men sette dei knipa for hardt på, ville folk misse det som igjen gav dei inntekter, slik som denne gardbrukaren her skisserer:

Det var ikkje berre folk som måtte søkje økonomisk hjelp. Kommunen streva, og medan fattigstyret heldt auge med fattiglemene i kommunen, førte Fylkesmannen streng kontroll med korleis kommunen disponerte pengane sine.

kvartal 1933, betalt for skat den 8/234 med kr 85. Hvilket blir til saman kr 101.” Gardbrukaren opplyser vidare at det kviler ei pantegjeld på kr 6800, samt kår, på garden. Det er ikkje arbeid å få utanom garden og ”(...) noget maa eg med familie leve av ogsaa. I vinter har jeg 4 kjør hvor av de tre er pantsatt for skatt og skal nu nogen av disse selges, saa sjønner De sjelv resten, hvad følgene vil blive. Det vil bli den enes død og den andres brød…”12 Heradskasserar O. Kolgrov fekk saka til uttale. Han viste til at skattegjelda var lita og betalingsviljen god. Han

meinte vidare at den økonomiske situasjonen også var reell og tilrådde at han fekk utsett skattekravet til han fekk meir jorddyrkingstilskot eller anna arbeidsinntekt. ”(...) Ein vert nøydd å sjå individuelt på alle slike søknader, so ein ikkje gjer skade med inndriving av skatt hjå folk som ikkje kann greida seg. Der ein merkar uviljen fær ein heller halda innåt.”13 Skatteviljen var sjølvsagt ikkje like stor hos alle, den gong som no. Nokre ville ikkje, andre kunne ikkje betale for seg. Nokre stakk vel også hovudet i sanden og venta på betre tider, eller orka kanskje ikkje ta situasjonen inn over seg. Søknadane om nedsett skatt,

” (…) Heradsstyret må vera klår over at dersom skattepantet vert selt, vert me so og segja heilt avskoren frå å greida noko som helst utloger meir. – Tek heradet pantet kan det taka resten med det same. (…).16 I verste fall måtte kommunen gje ytingar gjennom fattigkassa, og både på lang og kort sikt kunne det koste meir enn skattereduksjon eller fråfall av små, gamle krav. Likevel, kommunestyreprotokollen viser at med jamne mellomrom sette dei styrande makt bak krava og dreiv inn skattane gjennom tvangsauksjonar. Eitt slikt døme er frå møte 24. juli 1924. Då fann kommunestyret å måtte gå til realisering av skattepant. Dei vedtok at skattepantet for åra 1920-21, eldre og seinare år vart å selje snarast. Seinast i september. Men samstundes vedtok dei at ved seinare års skattar måtte ein ta omsyn og ikkje vere for hardhendte med dei som hadde lita økonomisk evne. Det galdt å finne balansen, men det var truleg ikkje lett. I åra 1921 til 1925 vart det utført 117 slike eksekusjonar17, og dette var før den verste krisa ramma landet. Vi manglar tal på tvangsauksjonane for resten av perioden, men vi kan la

29


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

likningsprotokollen for 1934 kor det går fram at av dei 692 skatteytarar dette året, var det 227 tenarar og heimeverande barn. Av ein total heradsskatt på kr 47 104 skulle kr 4 107 kome frå ” (…) ei gruppe som i realiteten var arbeidslause.”19 Kor vidt Hyllestad kommune var meir hardhendt både med omsyn til inndriving av skatt og skattelegging enn andre kommunar i same situasjon, skal vere usagt. Det krev ei meir inngåande gransking enn det som har vore gjort her for å finne det svaret. Det vi derimot kan konkludere med er at både kommunen til ei viss grad prøvde å ta omsyn. Dei skar også utgiftene så langt ned som budsjettet kunne tole. Både kommunen og skattytarane merka godt til nedgangstidene.

Arbeidsløyse og inntektsvikt

Kommunen sette stundom makt bak krava og dreiv inn ubetalt skatt, men fyrst kom kommunekasseraren med tilråding og uttale til formannskapet. Det var ikkje alltid at uttalen gjekk i den skatteskuldige sin favør.

ordførar Hans A. Risnes og formannskapet sjølv kome til orde om denne problematikken. Det gjeld framlegg til budsjett for året 1936-37 som vart sendt Finans- og Tolldepartementet til godkjenning, gjennom Fylkesmannen. I samband med budsjettframlegget søkjer kommunen om endring i skatteøre og reduksjonstabell. ” Den tabell me no brukar er reint drepande det same gjeld skatteprosenten. Det viser seg tydeleg på skatterestansarne at skattetrykket er svært, då dei tross hardhendt innkrevjing viser seg vanskeleg å få nedyver. (…) I Hyllestad er det ingen store skatteytarar som kan bera noko skatt som forslær. Difor må skatten utjamnast på småbrukararane og arbeidarne som ofte sit so trangt idet frå fyrr at dei faktisk ikkje toler skatt. (…) Hyllestad formannskap24/7-36.18 Her er det fleire interessante utsegner å gripe fatt i. Truleg må ordføraren si 30

formulering ”hardhendt behandling” bety eit sterkt fokus på tvangsinndriving av skatt. Det betydde vanlegvis tvangsauksjonar, utan at det tydelegvis fekk dei store utslaga på restansane. For mange var det truleg ikkje noko meir å gi. I 50-års skriftet om Hyllestad Arbeidarparti 1934 – 84 slår historikar Finn B. Førsund fast at fleire måtte gå frå gard og grunn i mellomkrigstida. Det kjem også fram både i protokollane til fattigstyret og kommunestyret. Ordførar Risnes, ny av året, erkjenner at skattetrykket er for høgt, rammar feil og har liten positiv effekt på kommuneøkonomien. Også Førsund held fram det høge skattetrykket på folk som hadde lite å gjere opp for seg med. Ja, Førsund skriv jamvel at dei styrande velta skattebyrdene sine over på småkårsfolket, medan dei sjølve ordna seg med ein skatt som kom dei og deira eigne til gode. Som døme på den urettvise utlikninga viser han til

Arbeidsløysa og inntektssvikten kom tidleg til Hyllestad. I 1920 skreiv distriktslegen for Lavik distrikt, som også omfatta Hyllestad, fylgjande: ”De økonomiske forhold er mindre gode for småbrukernes vedkommende, som ikke har hat anledning til å komme ut på arbeide, dertil kommer, at vinter-

Jakop Andreas Gjerdsen (1882-1953) som her er avbileta saman med kona og borna sine, var ordførar i kommunen frå 1929 – 1932. I det sivile liv dreiv han dreiv mellom anna trelasthandel, tønnefabrikk og ullvarefabrikk. Fotograf: ukjend


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Veganlegget Leirvik-Skor sysselsette mange arbeidslause. Her er ein gjeng arbeidarar frå Hyllestad i 30-åra. Dei gjekk frå Hyllestad og fram til arbeidsplassen kvar dag. Arbeidsdagen varde i 10 timar. Laurdagen arbeidde dei litt kortare dag. Bas for dette laget var Ole Stigedal. Jørgen Myklebust var 'syning.' Fotograf: Råsberg, Bjarne

fisket har slått feil de 2 siste år.”20 Om lag det same melde fylkesmann Christensen under Fylkestinget året etter. Han var uroa over arbeidsløysa som hadde byrja å melde seg, og hadde sett løyvingar til naudsarbeid på veganlegget Leirvik – Skor på sakskartet. Godtgjersla for dette naudsarbeidet var sett til kr 1 per time, kr 1,50 ved akkord. 21 Christensen melde at folk var no byrja å kome heim att frå anlegg, samt at industrien og småindustrien var råka. Hyllestad var ein av dei kommunane som var ille ute, og også han viste til det dårlege fisket dei siste åra. Kor mange ledige vert ikkje nemnt, men i møteboka til Hyllestad kommunestyre 29.11.1921 går det fram at det var omlag 80 arbeidsledige, der 25 av desse var familieforsytar. Dette var personar som hadde hovudinntekta si frå anlegg. I 1922 viser melding som arbeidsløysenemnda i Hyllestad sende til Inspektoratet for Arbeidsformidlingen at talet på ledige hadde stige til 102 arbeidsledige menn. Og arbeidsløysa greip om seg i dei komande åra. På slutten av 1920talet slo nedgangskonjunkturane inn for fullt, og betre skulle det ikkje bli på 1930-talet. Kor stor arbeidsløysa i Hyllestad var gjennom perioden, er uvisst. Korleis ein skal talfeste arbeidsløyse er og noko problematisk. Kvifor skulle ein melde sitt behov viss der ikkje var

arbeid å få, og kven rekna seg som arbeidslaus? Gjekk dei mange unge ugifte kvinnene og melde sitt behov til den kommunale arbeidsløysenemnda? Det er vel kanskje tvilsamt når ein ser på kva tilbod som fanst på naudsarbeidsfronten. Arbeidsløysetrygda, som vart sett i verk heilt på slutten av perioden, i 1939, var i realiteten eit tilbod som omfatta få ved at det krov at ein hadde vore i arbeid. Her fall langtidsledige og spesielt dei unge, uansett kjønn, heilt utanfor.22 Arkivet etter arbeidsløysenemnda kunne ha gitt svar på kor mange dei registrerte, graden av sysselsetjingsbehov, kanskje kjønn, alder og yrkesbakgrunn også, men dette arkivet er truleg blitt borte. Vi får difor nøye oss med dei sporadiske kjeldene vi har. I møteprotokollen for Hyllestad kommunestyre i 1934 den 28.03, sak 10, går det fram at det no er om lag 300 arbeidslause i kommunen. Kommunestyret krev aksjon for å skaffe midlar. I same møtet under sak 21, vert det gitt pålegg til ordførar og varaordførar om å ta kontakt med sosialdepartementet. 300 ledige skulle tilsvare 13,1 % av innbyggjarane kommunen, eit svært høgt tal, men med tanke på dei mange i arbeidsdyktig alder, så er det vel kanskje ikkje heilt urimeleg. Med slike tal var det ikkje rart at kommunestyret krov handling. Sjølv om tidene generelt sett betra seg

frå 1935, var arbeidsløysa seig å bli kvitt, noko søknadsbreva om ulike former for naudsmidlar ordførar Hans A. Risnes flittig sende, er eit vitneprov på. I brev til Sosialdepartementet 8/238 skriv han mellom anna ” (…) Eg viser til det som form. i arbeidsløysenemndi har framhelde i søknaden og vil segja at stoda til dei arbeidslause er sers vand i år. Fisket som for mesteparten av ungdommen og eldre med her ute ved havet er ei god studnad når det har slege til, er i år som kjent heilt mislukka.” Månaden etter, 2/338, skriv han til det same departementet om nye naudsmidlar og argumenterer mellom anna med at arbeidsløysa er verre enn nokon gong då veganlegget Leirvik – Skor nærmar seg slutten og sysselset berre nokre få.23 Viss vi skal ta ordføraren på ordet, vil det seie at det var meir enn 300 ledige i Hyllestad så seint som i 1938. Bortfallet av inntekter var dramatisk for mange, tapet av sjølvkjensle ved at ingen hadde bruk for ein, og at ein ikkje kunne gjere opp for seg, likeeins.

Jakta på kronene ”15/9-38 Hr. ordf. H. Risnes (…) Ein annan ting til. Her går fem seks gutar og har ingen ting å gjera no. Dei bad meg spyrja um dei kunde få byrja på Arefjellsvegen. Eg skreiv til S. Risnes for ei tid sidan, men har ikkje frett frå han. Dei har arbeidd på same staden før. Noko dagsv.tilskot må vel heradet få vil eg tru. Vyrdsamt O. Førsund.”24 Arefjellsvegen var ein av dei mange vegane som vart bygde i perioden, og vegarbeid vart ei sysselsetjing for mange. Ikkje berre i Hyllestad, men landet over vart det bygt vegar gjennom eit mylder av ulike løyvingar til bygdevegar, gardsvegar, sambindingsvegar, hovudvegar osv. Det vart såleis skapt viktige samfunnsverdiar til billige pengar og med rå handemakt i denne tida. I Sogn og Fjordane var behovet for vegar stort og interessa sterk. Alt vart teke i teneste for vegbygginga, arbeidsløyse, trong til jord, den aukande bilismen med krav om

31


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

slike anlegg, er uvisst. Både vegen over Sognefjellet og Gaularfjellsvegen vart bygde ved naudsmidlar på 1930talet, og anlegga var retta spesielt mot ungdom. I ei oversikt over arbeidarar som arbeidde på Gaularfjellsvegen i 1937 og 1938, finn vi berre ein frå Hyllestad.28 I rundskriv frå departementet står det å lese at timelønna var 45 øre før ein hadde fått røynsle, deretter akkord. Den forventa dagsløna skulle då bli kr 5. I tillegg var det fritt hus, men kosten vart trekt frå løna.29 Dagsverkstilskot var eitt av tiltaka staten sette inn for å motverke den verste arbeidsløysa og hindre at dei ledige måtte få fattigstønad. I formannskapsarkivet etter Hyllestad kommune florerer det med slike søknader til Sosialdepartementet, eller Departementet for sosiale saker som det heitte den gong. Midlane kunne nyttast til kommunalt eller privat naudarbeid. Staten kom med pengane, men mesteparten av dei totale kostnadane vart det kommunen som måtte bere.30 Det var såleis ikkje heilt gratis å få naudhjelp. Tilskotet til kommunalt arbeid var kr 2,50 per dagsverk, 8 timars dag. Tilskotet til private var kr 2. Dersom dei leigde folk inn, skulle dei sjølve leggje til 50 øre, samt halde kost31. I fylgje det før nemnde rundskrivet skulle arbeidsplassen veljast saman med vegkontoret og viss private tok inn leigefolk, skulle arbeidsløysenemnda inn i biletet. Men det var ikkje krav om å nytte arbeidsledige. Arbeidsløysemelding frå november 1922.

sambindingsvegar, og ikkje minst dei vanskelege økonomiske tilhøva i kommunane som krov kriseløyvingar, i fylgje fylkesmann Seip.25 I Hyllestad var også behovet for vegar stort både for utbetring og nybygging, samt for samanbinding mellom dei ulike delane av kommunen. Interessentane var mange. Vegen Leirvik – Skor fekk, som tidlegare nemnt, naudløyving i 1921 og vart ein viktig sysselsetjingsfaktor. I periodar var det opp til 50 mann som arbeidde

32

på anlegget. Problemet var at dette veganlegget berre var i drift om sommaren og då annakvart år.26 Slikt var ikkje mykje å leve av. Øen – Hyllestad – Staurdal var ei anna vegstrekning som naut godt av naudsmidlar. I perioden 1938 – 40 fekk anlegget kr 38 000 i slike midlar.27 Mange unge reiste ut av heimbygda på statlege veganlegg, finansierte med naudsmidlar, i denne perioden. I kva grad dei arbeidslause karane frå Hyllestad reiste ut av kommunen på

”Når krubba er tom, bitast hestane,” vert det sagt, og når det galdt desse dagsverksmidlane som gjekk til private, vart det misnøye. Dei som var heilt ledige såg ikkje med blide augo på at gardbrukarane fekk tildelt statlege midlar til å opparbeide seg veg for, helst med eiga og familiens arbeidskraft. I ein korrespondanse mellom kommunen og Inspektoratet for Arbeidsformidlingen i 1937 går det fram at kommunen er blitt klaga inn for ein fordelingspolitikk på dagsverkspengane som førde til at folk hamna på fattigstøtte. Klagaren påstod tydelegvis at desse midlane vart delte ut til dei største gardbrukarane. Ordføraren


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

slo innleiingsvis fast at klagaren ” visstnok er ”helseveik” ofte når der er arbeid å få.” Han nekta for at påstandane var sanne og viste til at kommunen året før hadde hatt i gong fleire anlegg med slike tilskot, der kommunen hadde skøytt til dagløna slik at ho vart 4 kroner for eit dagsverk på 8 timar. Elles var midlane nytta til grendevegar og arbeidarane uttekne av arbeidsløysenemnda. ” (…) At dei er millom dei interessera i desse grendevegarne er gardbrukarar er vel ikkje å koma forbi og utan at me har litt arbeid til småbrukarane må stø til dei med fattigstudnad har me diverre fleire døme på so det kan vel henda at der arbeider folk som har ei liti ”joretorve” på desse anleggi. Det kan vel elles ikkje unngåast at der av og til vert inntekne folk som ikkje burde vore med og kanskje ein annen meir trengande må gå, men stort sett torer eg å påstå at pengane er brukte rett.” Korrespondansen fortsette. 07.06.37 sende ordførar Risnes nytt brev til Inspektoratet med støtte til arbeidsløysenemnda og hevda at sidan han vart ordførar hadde han arbeidd for at midlane hadde gått til dei mest trengjande. Å påstå at dei hadde gått til dei

mest velståande, karakteriserte han som lygn.32 Men det var nok ikkje berre denne klagaren som var misnøgd med fordelinga av dagsverksmidlane. Ein annan arbeidsledig takka ordføraren for at han hadde fått arbeid, men hadde høyrt at dette hadde skapt misnøye. Han langa ganske kraftig ut mot bønder med middels store bruk som var meir opptekne av klingande mynt enn å produsere og halde jorda si i hevd.33 I 50-års skriftet til Hyllestad Arbeidarparti kjem det fram at ” (…) harmen vart vekka ved at lokale politiske koryfear kunne sette ”trengjande” bønder i naudsarbeid med dagsverksbidrag på eigne veganlegg framfor arbeidslause småkårsfolk som måtte ty til forsorgsvesenet (…)”34 Det kan også sjå ut til at fattigstyret heller ikkje var heilt nøgd med kven som fekk tilbod om arbeid. Dei ynskte i alle høve meir innsyn og meir innverknad på uttaket av dei arbeidsledige. I møte 2. mars i 1938 oppmodar dei kommunestyret og arbeidsløysenemnda om å syte for at arbeidsføre folk som får fattigstøtte måtte få tilvist arbeid. I tillegg gjorde dei krav på å få eit medlem av fattigstyret inn i nemnda.35 Fattigstyret hadde sine budsjett å stri med og ynskte naturleg nok å unngå meirkostnader der dei kunne.

Arbeidsløysa og kampen om midlane skjerpa motsetnadane mellom folk. Kronene var få, men heilt naudsynte for nokon og svært kjærkomne for andre. Sjølv om det ikkje har vore mogeleg å få fram eit klart og tydeleg bilete av arbeidsløysa, må det vere grunn for å konkludere med at arbeidsløysa var merkbar og gjorde den økonomiske situasjonen vanskeleg for dei som hadde arbeid utan for garden som tilleggsnæring, og ikkje minst for dei som var reine lønnsmottakarar.

Fattigvesenet - det kommunale sikringsnettet ”Lever til NN 30 kg siktemjøl 30 kg grynmjøl 1 kg smør 1 kg kaffi 5 liter olje 3 kg havregryn 1 kg sukker 1 pakke fyrstikker 1 kg grønsæpe 1 sort og 1 kvit trådsnelle 1 pakke vaskepulver 1 hekto gjær … den 13/11 1928 Anders Hansen”36 Dette er ein av dei mange ”matlappane ” vi kan finne i arkiva etter fattigstyret i Hyllestad frå mellomkrigstida. Desse er eit vitnemål frå ei tid der fattigvesenet var det einaste sikkerheitsnettet for

Det var kamp om dagsverkstilskota.

33


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

mange og skulle bli det for mange fleire. Då landet gjekk inn i mellomkrigstida, var fattigbudsjetta låge. 56 000 hovudpersonar fekk hjelp i 1920. I 1935 var talet auka til 156 000 hovudpersonar. Reknar vi med koner og barn som skulle forsytast av hovudpersonen, levde lag 300 000 personar eller 11 % av folket på fattigstønad. Fattigvesenet var i ferd med å bli det viktigaste forsytingssystemet grunna arbeidsløysa.37 Fattigvesenet var opphavleg det gamle samfunnets offentlege forsytingssystem for dei som av ulike grunnar ikkje kunne klare seg sjølve. Det kunne vere funksjonshemma, sjuke av alle kategoriar, foreldrelause og gamle. I løpet av siste del av 1800talet og utetter 1900-talet vart fleire og fleire grupper skilt ut frå lova. Då lova vart revidert i 1900, var tanken at ho skulle vere mellombels, og at det berre ville vere nokre få hjelpetrengjande som skulle ha hjelp etter denne lova. Svaret på forsyting og omsorg for kjernegruppene i fattigvesenet, dei gamle og sjuke, skulle kome gjennom sosialforsikring og pensjonsordningar.38 Slik gjekk det ikkje. Lova stod fram til 1964. Rett nok var det kome det til viktige bitar som fasa grupper av fattige ut av fattigsystemet gjennom ulike forsikringsordningar, og på slutten av mellomkrigstida kom behovsprøvd alderstrygd, iverksett i 1937, og lov om obligatorisk arbeidsløysetrygd i 1938. Likevel, for mange vart framleis fattigvesenet sikkerheitsnettet då trygdesystemet ikkje var ferdig. Det var hit dei som mista inntekt og arbeid måtte gå om det ikkje fanst andre utvegar. Familien hadde plikt til hjelpe til sine eigne så langt det let seg gjere, men ikkje alle kunne yte slik hjelp og slett ikkje alle hadde nokon å støtte seg på. Plikta til å hjelpe var eit kommunalt ansvar, også finansieringa, sjølv om ulike refusjonsordningar kom inn i biletet for nokre grupper. Styringsreiskapen for fattigstyret var det vedtekne budsjettet og lova, men lovtolkinga var det i stor grad det lokale fattigstyret, med presten og dei 16

34

andre styremedlemmene i Hyllestad som stod for. Eit utval av desse, som regel fem, var også medlemmer i kommunestyret, så linken mellom fattigstyret og resten av det ansvarlege kommunale styringsverket var sterk og sikra naudsynt kommunikasjon. Fattiglova av 1900 var på sett og vis ein arv frå dei fyrste fattiglovene frå 1845 og 1863. Den moralistiske arven om at fattigdom var sjølvskapt og eit uttrykk for eit teikn på dovenskap viss ein i teorien skulle kunne klare seg sjølv, gjekk enda lenger attende. Rett nok tok lova av 1900 dei arbeidslause inn i ”varmen” i erkjenning av at arbeidsløyse var eit strukturelt og ikkje individuelt problem, men lova som skulle hjelpe folk i ein periode der det moderne Noreg braut gjennom, drog likevel med seg ein tung moralistisk arv. Like eins ein streng tilsyns- og kontrollfunksjon og manglande rettigheitstankegang. Den som fekk hjelp frå det offentlege måtte finne seg i at ein ikkje hadde klagerett på vedtak, fattighjelp var dessutan eit lån som kunne krevjast tilbakebetalt og jamvel arvast. Om dette vart praktisert i Hyllestad, er uvisst, men fattigstyret i Hyllestad hadde jamlege auksjonar der dei selde unna døde fattige sine eignelutar. Fanst det ei bankbok med nokre få kroner på, vart det også teke beslag i henne, arv likeeins. Skulda skulle gjerast opp. Heilt fram til 1919 var dei fattige som fekk stønad utan stemmerett, og i mellomkrigstida kom gufset frå fortida attende. Denne gongen var det ikkje stemmeretten dei mista, men retten til å bli valt inn i fattigstyret. Ein var ugild.39 I tillegg mista dei også mista retten til å fungere som kommunale ombod viss dei hadde motteke fattighjelp det siste året. Uansvarlege fattige kunne ikkje vere med å styre kommunens økonomi. Sjølve lova vart også stramma til i denne perioden. Kommunen skulle no berre ha plikt til å hindre at folk gjekk til grunne, m.a.o. fattighjelp skulle absolutt vere siste utveg og ytingane måtte vere så knappe at dei verka avskrekkande at folk fann andre utvegar enn å gå til det

Kolbein O. Kolgrov (1874-1958) var formann i fattigstyret i fleire år, og fekk såleis innsyn i mang ein trasig skjebne. Fotograf: Råsberg, Bjarne

offentlege. Ytingane skulle helst vere i naturalia for å spare kommuneøkonomien. I kva grad fattigstyret i Hyllestad styrde etter desse prinsippa, gjev ikkje denne vesle studien grunnlag for å seie så mykje om. Protokollen til fattigstyret er lite prega av diskusjon og vurderingar som direkte kan førast attende til desse styringssignala. Naturalia vart gitt gjennom heile perioden, men å finne ut om det var aukande etter innskjerpinga i 1932, krev meir inngåande gransking. Mange kommunar var lite lystne på å gå attende til naturalia og nytta heller matlappar. Det gjorde også fattigstyret i Hyllestad, men slike vart også brukt før skjerpinga frå Sosial40 departementet. I samband med budsjettarbeidet for året 1932 – 33 sende dåverande ordførarar A. Gjertsen brev til fattigstyret. Han viste til den økonomiske krisa i kommunen og bad om at dette måtte takast omsyn til i budsjettarbeidet. Til fattigstyret hadde han vidare ei spesiell oppmoding, heilt i tråd med dei innstrammingane som staten kom med.


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

” (...). Overalt ma der vises den største økonomi og forsiktighet med ydelser eller naar man utskriver sedler til handelsmenn for kommunens regning. Det er da nødvendig at de trengende opgir de matvarre de skal ha og faa sedel herpaa da erfaring har vist at der paa sedler blir optat, tobak, chokkolade, kaffi, sukker og andre unødvendige ting, istedenfor matvarer. Der maa settes en stopper for dette frie uvæsen saa intet spilles.”41 Det gamle lovverket og dei økonomiske krisetidene førte såleis til ei ideologisk tilstramming, som ikkje gjorde skamma ved å vere fattig mindre. Vegen til fattigkassa vart truleg svært tung. Ikkje minst i samfunn der alle kjende alle og der marginane var små for mange.

Fattigstyret – hjelp og kontroll Fattigvesenet var styrt av fattigstyret, der kvart medlem hadde ansvar for kvar sitt fattigområde eller krins. Dette var ei tid då kommunal administrasjon var på eit minimum på bygdene, og det var difor formannen og styret som administrerte fattigkassa. Det kan likevel sjå ut til at dei einskilde medlemmene hadde eit visst mandat til å avgjere mindre saker, som seinare vart vedtekne på møta. Sjølv om lova laga rammene, budsjetta likeeins, hadde dei lokale fattigstyra stor makt over einskildmenneske sine liv. Lova opna i stor grad for skjønn og tolking, truleg både i positiv og negativ retning. I det daglege arbeidet hadde formannen styremedlemmene å støtte seg på. Dei hadde god lokalkunnskap, og krinsane var ikkje større enn at det også måtte bli rimeleg god personkunnskap. Men i små gjennomsiktige kommunar kunne truleg det å ha eit slikt verv vere ei byrde, og ikkje alle tykte noko om dette vervet som førte dei inn i andre sine heimar og tett på andre sitt elende. ” (…) Jeg bare venter paa første januar saa er mine 3 år slut. Heldigvis.”42 Andre derimot gjekk på att år etter år. Kontrollfunksjonen var viktig, men

kontroll var ikkje alltid einstydande med negativ kontroll. Det finst fleire døme på at der forholda var dårlege, vart det varsla og gripe inn, likeins om dei betalte pleieheimane ikkje stetta krava etter krinsmannen sitt syn. Ikkje alle var like skriveføre, og her hadde krinsmennene ein viktig funksjon ved at dei kunne formidle behova den fattige hadde til styret. Brev og meldingar frå desse tilsynsmennene fortel mykje om korleis stoda var kringom, men dei fortel også om omsorg for dei fattige. Hr. fatigstyreformann H.Nygård NN kom til meg den 7.d.m og forlanga hjelp av fatigkassa. Han hadde ikkje noko å liva av no sa han, og handelsmennene vilde ikkje borga han heller. Arbeid hadde han ikkje von um å få endå i alle fall. Han viste ikkje soleis nokon annan utveg å venda seg til, segjer han. Då han no måtte hava både mjøl, smør og kaffi, sa eg at han laut få for kr 50, - hos Ingebrikt Næss. (…) det var ein ting som eg med det same vil nemna. NN segjer, at han skal hava umlag kr 200, - i jorddyrkingspengar, men dei kunna han ikkje få fordi det skulde trekjast på heradsskatt. Eg tykkjer han burde få dei pengane, og so kunde dei heller trekja skatten noko etter kvart, når han fekk taka til å arbeida på vegen att. Får han ikkje arbeid fyrr frampå hausten att, so strek ikkje dei kr 50,- til på langt nær.

kunne variere, men innhaldet var om lag det same. Kjernegruppa var barn, gamle og sjuke som ikkje kunne klare å forsyte seg sjølv. I tillegg kom dei som fekk støtte i form av pengar, naturalia eller anna. Viktige endringar hadde kome til gjennom loverevisjonen i 1900. Legda forsvann ut med den nye lova, bortlisitering likeeins, ei slags auksjonsordning der dei med lægste bodet fekk tilslaget på fattige som trong pleie. Gruppa som trong privat pleie eller forsyting, barn, sjuke og gamle vart no bortakkorderte. Dei vart sette ut mot betaling til private, som regel til ein låg pris. Bortakkordering var forløparen til institusjonane, og seinare alternativet, for å seie det med sosialhistorikaren Anne Lise Seip sine ord.45 Dette var og den mest vanlege forsytingsforma for denne gruppa eldre i Hyllestad då kommunen ikkje fekk aldersheim før i 1967.

Det var naturleg nok småkårsfolket som dominerte fattigvesenet og dei einslege især. I ei oversikt frå 1925 t.d., var det 42 understøtta hovudpersonar dette året.44 Av desse var det 18 tenestefolk, 14 kvinner og fire menn. Den andre store gruppa var anleggsarbeidarar med 11 menn.

Dei bortsette går att i statistikkane, på budsjetta, i korrespondansen og i fattigprotokollen gjennom heile perioden. Heile spekteret pleietrengjande var representerte i dette bortsettingssystemet og omfatta alle typar diagnosar og pleiebehov som ikkje krov sjukehusopphald. Med tanke på krisetida, var det truleg ikkje denne gruppa som utgjorde dei mest kriseramma, men spørsmålet er om den vanskelege kommuneøkonomien og dei statlege påboda om tilstramming ramma dei bortsette? I kva grad fattigstyret let sparekniven rå når det galdt å vurdere kven som trong pleie, er vanskeleg å finne ut. Når det galdt betaling, ser det ikkje ut til at prisane Hyllestad opererte med skil seg frå andre kommunar. Prisen vart fastsett ut frå graden av omsorgs-pleiebehov og varierte frå om lag kr 200 opp til 400. Fattigstyret var heile tida på leit etter rimelege løysingar, men det låg innbakt i sjølve systemet. Dei synte også vilje til å setje pleieprisen opp når behovet for pleieinnsats vart endra eller andre forhold tilsa det.

Dei faste postane på budsjettet var i hovudsak pleie, støtte, lege, medisin, sjukehus/asyl og gravferd. Oppsetta

For pleieheimane var dei utsette kjærkomne inntekter. Sjølv om det kunne vere mykje pass og stell med mange

Løland 10/6-1926 Vyrdsamt Herman G. Nordstrand.43

Kven var dei fattige i Hyllestad og kva hjelp fekk dei?

35


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

av dei, gav jobben reie kroner i kassen. Mangel på pleieheimar kunne vere eit godt forhandlingskort med omsyn til godtsgjersla, men viss krava vart for høge, sette fattigstyret foten ned og vedtok at den fattige måtte flyttast til ein billigare stad. Trass i at fattigstyret hadde stramme budsjett, er det døme på at dei etter alderstrygda var innført skaut til med kommunale midlar for å kunne gje forsvarleg pleie. Truleg er dette unntaket, men når det var heilt naudsynt, let fattigstyret prinsippa vike. Det viste seg også i andre samanhengar. Etter fattiglova skulle familiane forsyte sine eigne. Men i denne perioden ser vi døme på at folk hadde det så knapt, at dei måtte ty til fattigstyret og be om midlar til å pleie og forsyte gamle foreldre. ” (…) Nu er vi komt der hen at vi simpelten ikkje magter å forsørge min mor utan hjelp. Min mand har gått arbeids løs i over et år og våre 2 voksne sønner har heller ikke hat noget arbeide av betydning. (…) Jeg tør der-

for nu fremkomme til det ærede fattigstyret med begjæring om en forpleiningsgodtgjørelse pr mnd på kr 20 (…)” Søkjaren refererer vidare, til liks med dei fleste som søkte ei eller anna form for støtte, til krinsmannen og soknepresten som var vel kjende med tilhøva.46 Lokalkunnskap og personkjennskap var ikkje alltid til det negative. Under budsjettposten Støtta sorterte dei som på ulike vis fekk støtte for å klare seg, både kortsiktig og meir langvarig hjelp. Støtta kunne gjevast på mange ulike måtar. Det kunne vere til livsopphald gjennom pengar, naturalia eller i kombinasjon. Husleige og ved er ei anna form for støtte som går att, nokre får hjelp til å reparere huset slik at det vert til å bu i, medan andre får støtte til å kjøpe ei ku, ei form for hjelp til sjølvhjelp. Fleire som hadde teke opp lån i diverse bankar, m.a. Småbruk- og Bustadbanken, fekk betalingsproblem, og fattigstyret gav

økonomisk støtte til å handtere situasjonen. Fleire av dei fattige pensjonistane som søkte om tilskot til livsopphald, derimot, vart avviste. Det er ikkje alltid at bakgrunnen for hjelpebehova kjem fram, men det vert naturleg nok vist til både arbeidsløyse, sjukdom og vanskelege tider. Når folk levde heilt marginalt, skulle det lite til før dei gjekk frå å vere dårleg stilte til å bli fattighjelpsmottakarar. Brev etter brev til fattigstyret der folk som tidlegare har klart seg sjølv må be om hjelp, vitnar om dette. Det er såleis i denne gruppa vi vil finne dei mest kriseramma, saman med dei som av andre årsaker var meir faste mottakarar av fattighjelp. Kva så med dei arbeidslause? Finn vi desse som mottakarar av fattighjelp? Dei finst, men kjeldene gjev ikkje fullgodt svar på kor mange. Med atterhald om at kjeldene ikkje er fullstendige, viser statistikken frå fattigstyret at av dei nye fattigstøtta som kjem til i perioden, dei som får støtte for første

Silda var ein viktig ressurs for bygdene ikring i fjordane, og eit notlag fanst i alle grender. Her har Sørbøvåg notlag gjort eit ekstra godt kast på vågen på Sørebø. Karane held her på å dra i hop kastet. Fotograf: ukjend

36


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

gong, er det 30 av dei 179 nye som får støtte på grunn av arbeidsløyse.47 Med same atterhald, dei åra det kjem til flest nye arbeidslause er i 1934 med 11 personar, alle menn, og nye åtte året etter.

for dei som no hadde fått sin pensjon, men om dette vart gjennomført konsekvent, vil vere uvisst. Vurderingane til fattigstyret er få, knappe og til lita hjelp i so måte, også når det gjeld det meir generelle biletet.

Med bakgrunn i dei rimeleg høge tala på arbeidslause som det vert vist til i perioden både frå ordførar og arbeidsløysenemnd, skulle vi kanskje forvente fleire av dei på fattigstatistikken. Kva kan forklaringa vere? Perioden er lang, og utan å gå nærmare inn i stoffet vil det kanskje bli fleire spørsmål enn svar. Likevel, nokre tankar kan ein gjere seg. Statistikken kan skjule dei arbeidsledige på ulike vis. Kriteria for å hamne i kategorien ”støtte grunna arbeidsløyse” er ukjende. Det kan tenkjast at dette galdt folk som var 100% arbeidslause og som la vekt på det i søknaden sin, men det kan også vere fattigstyret si tolking som vart lagt til grunn for kvar kategori ein hamna i. Det er tvilsamt om vedkomande som søkte om støtte for å pleie den gamle, sjuke mora si grunna vanskeleg tider, m.a. grunna arbeidsløyse hos mann og born, hamna i den før nemnde kategorien. Det er heller ingen kvinner i denne gruppa.

Auka fattigdommen i Hyllestad?

Å vere arbeidslaus, å søkje arbeid og inntekt, var sjølvsagt ikkje synonymt med å hamne på fattigkassa. Ressursane, det økonomiske utgangspunktet familien og den einskilde hadde for å møte krisa, måtte i stor grad vere avgjerande. Dei ulike vegarbeida, inklusive dei lokale naudsarbeida, kunne vere det bidraget som saman andre tilfeldige og kortvarige oppdrag, samt jorda og sjøen, klarte å halde mange av dei arbeidslause unna fattigvesenet. Det var også nokre gode år med vintersildfiske på 1930-talet som gav god utteljing.48 Sjølv om budsjetta var stramme og føringane tydelege, er det er ikkje mogeleg å trekke eintydige konklusjonar om kor vidt dei fattige i Hyllestad fekk dårlegare hjelp i denne perioden enn det lova la opp til. Det er heller ikkje mogeleg å sjå at ”porten” inn til hjelpesystemet vart trongare anna enn

Kva som vert oppfatta som fattigdom, er relativt. Tal og fattigstatistikk fortel berre det som vert telt og målt, og her vil dei fattige vere dei som har fått støtte av fattigvesenet. Berre slik kan eventuell auke i fattigdom målast. Dei mange som sleit og streva for å få endane til å møtast, men som ikkje bad om slik hjelp, fortel statistikken frå fattigvesenet sjølvsagt ingen ting om. Fattigbudsjetta for perioden 1920 til 1939-40 auka kraftig, frå kr 9000 til kr 1782049, omrekna til 1920- kroner skulle dette utgjere kr 30492. Budsjettauken skjedde trass i innføring av behovsprøvd alderstrygd frå1937 og statleg påbod om innskjerping i 1932, både ved vurdering av behov og type støtte. Truleg forsvann ca 25 hovudpersonar ut av fattigstatistikken dei siste åra nettopp ved hjelp av alderstrygda, men nokre få av pensjonistane hang att i systemet, som vi tidlegare har sett.50 Eit interessant trekk er at budsjettposten Støtta har ein sterk auke i perioden, faktisk ei firdobling. I 1920 budsjetterte fattigstyret med kr 1250 til denne gruppa, medan budsjettet for 1939 – 40 viste kr 5470. Auken burde tale for seg sjølv, meir enn ei firdobling. Folketalet gjekk ikkje opp, alderstrygda kom til og dei sentrale føringane låg der. I tillegg var dette ein budsjettpost der det ikkje var noko serleg refusjon å hente korkje frå stat, fylke eller andre kommunar. Lovverket gav enda til rett til vise bort fattigstøtta som hadde heimstadrett i ein annan kommune.51 Slik kunne dei sleppe å betale for andre enn sine eigne og sleppe bryet med å krevje refusjon. Talet på fattigstøtta auka i perioden. I budsjettet for 1920 – 21 var det 32 understøtta. 1935 var toppåret for fat-

tigstøtta med 79 hovudpersonar, ein auke på 146%.52 Dette skulle tilsvare 3,68% av det totale folketalet i kommunen og førte slett ikkje Hyllestad på landstoppen med omsyn til fattigdom. Likevel, i 1920 var det berre 1,41% fattige i kommunen. I realiteten var det langt fleire som var avhengig av denne fattigstøtta enn det statistikken viser. Nemninga hovudperson skil ikkje mellom einslege og forsytarar med barn. Slik sett fortel statistikken berre kven som mottok støtta, ikkje kor mange som var avhengig av henne. Det ville ha vore interessant å sjå om talet på forsytarar aukar i perioden, men der har kjeldene vore sparsame med opplysningar. Med bakgrunn i at fattigbudsjetta auka kraftig i perioden og talet på fattigstøtta steig, vil konklusjonen vere at fattigdommen auka i Hyllestad. Den kraftige auken i budsjettposten Støtta viser også at det var mange fleire enn dei pleietrengande som måtte no få hjelp.

Oppsummering Dei økonomiske krisetidene slo utan tvil inn i Hyllestad noko inntektssvikten, skattesvikten, arbeidsløysa og auken i fattigbudsjetta fortel om. Tidene var harde både for folket og kommunen. Men sjølv om det var fleire som fekk offentleg støtte gjennom fattigvesenet, gjekk ikkje straumen av arbeidsledige og kriseramma dit. Det var ikkje fattigvesenet som vart den viktigaste forsytingskjelda slik vi som så ofte høyrer om når mellomkrigstida vert omtala. Folk flest klarte seg på eit vis. Mange vart truleg redda av at moderniseringa innan primærnæringane ikkje var kome så langt. Dei hadde ikkje sett seg i botnlaus gjeld gjennom nyinvesteringar. Framleis stod familiefellesskapen ved lag på bygdene, og kronene som kom inn gjekk i felleskassa, om det var høve til det. Naudsarbeida kasta lite av seg, men noko vart det. Nøysemd og eit tilnærma naturalhushald var enno eit trekk ved mange små bruk i vestlandsbygdene, ein levemåte som kom godt med når krisetidene skulle møtast. Men

37


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

marginane var små. Verst vart det for dei som mista hovudinntekta si, dei som lite hadde frå før og dei som hadde få eller ingen å stø seg på. 1

Statistikkens historie http://www.ssb.no/histstat/nos/nos_xi_113.pdf s. 26 2 Kjeldstadli, Knut.1994:106 3 Seip 1994:20 4 Folketeljinga 1920 NOS.VII 131.pdf. s. 154 5 Ibid 6 Myking 2006:110 7 Hodne 1981:476 8 Furre 1993:83 9 Johansen 1982:161-166 10 Danielsen, Rolf, Tore Grønlie, Edgar Hovland 1987 : 159 11 Formannskapet. Sak /korresp. 1933-38 Brev datert 04.01.38 12 Formannskapet. Sak/korresp. 1933-38. Brev datert 19.11.1934 13 Formannskapet. Sak/korresp. 1933-38. Oversending datert 26.11.1934 14 Formannskapet. Sak/korresp. 1933-1938. Utpantingsliste 15 Utpantingsbok. Heradskassen 1927-40 16 Formannskapet. Sak/korresp. 1933-38 17 Femårsmelding for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Oppgåve over utpantingar og eksekusjonar 1921-25, skjema 4. 18 Formannskapet. Sak/korresp. 1933-1938. 19 Hyllestad Arbeidarparti 1984:8 20 Medisinalmelding 1920 21 Fylkestingsforhandlingane 1921, sak 51 22 Seip. 1991:94 23 Formannskapet. Sak/korrespondanse. 1933-38 24 Formannskapet. Sak/korrespondanse. 1933-38. 24 Seip. 1958:239. Hans Seip var fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 1930 til 1945. 26 Jubileumsskrift Hyllestad Arbeidarparti 1984:7 og s 13 27 Ese 2006. http://www.fylkesarkiv.no/kl/sok/?http://ww w.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=form& db=dbatlas_leks 28 Ulvestad, Olav 1998:69 29 Formannskapet. Sak/korresp. 1933-38. Rundskriv. Sosialdepartementet, 19. april 1938 30 Danielsen, Rolf, Tore Grønlie, Edgar Hovland 1987:159 31 Formannskapet. Sak/korresp. 1933-38. Brev frå Statens Inspektorat for Arbeidsformidlingen, Arbeidsforsikringen, datert 10.01.38, samt brev, datert 12.10.36, frå formannskapet til nokre oppsitjarar 32 Formannskapet. Sak/korresp. 1933-38. Brev datert 05.01.37 og 07.06.37 33 Formannskapet. Sak/korresp. 1933-38 Brev datert 04.12.38 34 Hyllestad Arbeidarparti 1984:5 35 Fattigstyret. Møteprotokoll 1913-1945 36 Fattigstyret. Sak/korresp. 1917-39 37 Seip 1994:30 38 Ibid 39 Seip 1994:34. Gjeldande frå 1932 og vart ikkje fjerna før Lov om sosial omsorg kom i 1964 40 Faktaopplysningane om fattigvesenet er i

38

hovudsak henta frå Seip 1994 og Seip 1994.1 gg.1984 41 Fattigstyret. Sak/korresp. 1930-35. Brev datert 16.01.32 42 Fattigstyret. Sak/korrespondanse 1917-30 43 Fattigstyret. Sak/korresp. 1920-27 44 Fattigstyret. Sak/korresp. 1920-27 45 Seip 1994:146 46 Fattigstyret. Sak /korresp. 1935-38. Brev datert 18.05.1935 47 Manglar fullstendig statistikk for åra 1920 – 21, samt 1932 og 1939. Sjå elles Summariske oppgåver. 48 Johansen 1982:175 49 Før refusjonar 50 Fattigstyret. Sak/korresp. 1935-38.Tilleggsopplysningar til Summarisk oppgåve over dei fattigstøtta for året 1934-35 51 Seip 1994:39 52 Fattigstyret. Sak/korresp. 1917-38. Summarisk oppgåve til Statistisk sentralbyrå

Uprenta kjelder •Formannskapsprotokollar 19201927, 1927-1934, 1933-1944 •Formannskapet. Sak/korrespondanse. 1933-38 •Fattigstyre, møteprotokoll 19131945 •Fattigstyret, Sak/korrespondanse 1917-1930, 1920-1927, 19331934,1935-1938 •Utpantingsbok. Kommunekassen 1927-1940 •Femårsmelding for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Oppgåve over utpantingar og eksekusjonar 192125, skjema 4. •Statsarkivet, kopi av arbeidsløysemelding for Hyllestad 1922 Nettressursar: •Medisinalmelding for 1920 http://www.ssb.no/histstat/nos/nos_v ii_138.pdf lese 10.02.2011 •Ese, Kristin. 2006. Riksvegen Hyllestad – Øen - Hellevik http://www.fylkesarkiv.no/kl/sok/?htt p://www.sffarkiv.no/sffbasar/default. asp?p=form&db=dbatlas_leks lese 12.11.2010 •Sosialstatistikkens historie gjennom 100 år (1850 – 1950) http://www.ssb.no/histstat/nos/nos_x i_113.pdf lese 10.03.2011 •Folketeljinga 1920 http://www.ssb.no/histstat/nos/nos_v ii_131.pdf lese 30.01.2011

Litteratur og prenta kjelder: •Baldersheim, Harald, Edgar Hovland, Rolf Danielsen, Tore Grønlie, Hans Eyvind Næss. 1987. Folkestyre i by og bygd. Norske kommuner gjennom 150 år. Universitetsforlaget •Fylkestingsforhandlingane 1921. Sogn og Fjordane fylkeskommune •Hodne, Fritz. 1981. Noregs økonomiske historie 1815 -1970. J.W. Cappelens Forlag AS •Hyllestad Arbeidarparti 1934 – 1984. •Johansen, Karl Erik.1982. Fiskerisoga for Sogn og Fjordane. Universitetsforlaget •Kjeldstadli, Knut. 1994. Et splittet samfunn 1905 - 35. I: Red. Knut Helle. Aschehougs Norges Historie Aschehoug &Co •Kontoret for Områdeplanlegging i Sogn og Fjordane. 1954. Sogn og Fjordane. Ein statistisk – økonomisk ananlyse. Arbeidsdirektoratet. •Myking, John Ragnar. 2006. Det tradisjonell bygdesamfunnet. I : Red. Knut Helle, Vestlandets historie. Samfunn. Del II •Sandal, Per. 1979. Soga om Gloppen og Breim. Band II. Frå om lag 1800 til vår tid. Gloppen Sparebank •Seip, Anne Lise. 1991. 1.gg. 1981 Om velferdsstatens framvekst. Universitetsforlaget •Seip, Anne Lise. 1994 Veiene til velferdsstaten. Norsk sosialpolitikk 1920-75. Gyldendal Norsk Forlag •Seip, Anne Lise. 1994. 1.gg. 1984 Sosialhjelpstaten blir til. Norsk sosialpolitikk 1740-1920 •Seip, Hans. 1958. Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylkeskommune •Timberlid, Jan Anders. 1995. Bygdebok for Gaular. Bind III. Gaular 1865-1990. Samarbeid og motsetningar. Gaular sogenemnd •Trafikkplankomiteen 1919. Sogn og Fjordane •Ulvestad, Olav. 1998. Gaularfjellsvegen. Soga om korleis vegen vart ein realitet 1936-38


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Fåberg i Jostedalen Av Randi Melvær

Vi har lagt ut på Internett stadnamn frå grenda Fåberg i Jostedalen. Eg har sett på ein del av dei stadnamna som ligg ute på nettet på www.fylkesatlas.no og i databasen for stadnamn. I tillegg har eg fått ei lokal kjelde, Leiv Faaberg, til å sjå på namn og opplysningar.

Gardsnamnet Fåberg Det første stadnamnet som er naturleg å ta opp er jo sjølve gardsnamnet Fåberg. Vi finn både øvre og nedre Fåberg. Garden øvre Fåberg har gardsnummer 205 og nedre Fåberg har gardsnummer 204. Truleg er øvre Fåberg den eldste garden, meiner bygdebokforfattaren. Begge gardane har i dag fleire bruk med eigne bruksnamn. Kva kan gardsnamnet Fåberg eigentleg koma av? Den eldste namneforma som Oluf Rygh har registrert er frå 1603 og det er jo eit ganske “nytt” gardsnamn. Han fann inga namneform frå mellomalderen. Garden vart truleg rydda på 1500-talet etter svartedauden. “Faabierig” er denne eldste forma frå 1603, Foberg er frå 1611, Nedre og Øffre Faaberg frå 1666 og Nedre og Øfre Faaberg frå 1723.

Steinhuset på nedre Fåberg, eit spesielt hus som blir brukt til å rettleia om vegen vidare.

gamal, som bur i kårbustaden på bruket Torstad. Dette bruket har gardsnummer 204/4 og blei skilt ut i 1929. Han hugsar mykje om dei gamle stadnamna på Fåberg og historier frå gamle dagar. Det er godt at stadnamna er nedskrivne og kartfeste, for drifta på Fåberggardane er i dag annleis enn

tidlegare. På Torstad er det ikkje drift med dyr lenger. Med dette vil mange namn bli uaktuelle å bruke. Eit av namna som ikkje er i bruk lenger er Avkjølingen som ligg på 204/4 Torstad. Det er ei bu bygd over ei grov. Her kjølte dei ned mjølk. Dei brukte

Dei to store namnegranskarane våre Oluf Rygh og Magnus Olsen har uttalt seg om gardsnamnet Fåberg. Oluf Rygh trudde at namnet kunne stamma frå ordet “Fǫð”. Magnus Olsen meinte at dette ordet er det same som gotisk “faÞa” som tyder grense. Fåberg er den siste garden før vi kjem til utmarksområda når vi reiser nordover Jostedalen. Området kan ha blitt sett på som grensa mot utmarka. Namnet til tettstaden Fåberg i Lillehammer skal ha eit anna opphav.

Stadnamn på Fåberggardane Då eg skulle finne fram til Torstad på nedre Fåberg fekk eg denne rettleiinga: “Du køyrer under Steinhuset og fram på Syne. Då ser du det.” Eg reiste på besøk til Leiv Faaberg, 86 år

Leiv Faaberg på Metlevollen. Den tidlegare potetåkeren er no delt i to av ein veg.

39


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

denne til nedkjøling av mjølk i mjølkespann. Når dei fekk tank til mjølka var det slutt på kjølinga i bekken. På Fåbergstølen kjølte dei også ned mjølka. Då brukte dei elva. Den heldt 45˚C. Den vanlege storleiken på buskapen var 3 kyr, 20 geiter og 3-4 sauer. Surpkråhammaren ligg på Torstad. Dette er eit bratt sva. Oppå dette svaet legg det seg ei snøfonn, Surpkråfonni. Denne kom ned om ettermiddagen etter at sola hadde skine på svaet. Surpkrågjelet er eit skogkledd gjel. Horpen er nabobruket til Torstad. Husa ligg i klynge rett framom Torstad. Horpen har gardsnummer 204/3. Opprinneleg vart Horpen rydda som husmannsplass og var plass fram til 1900. Horpabakkane er bratte bakkar i utmarka. Dei ligg under dette

bruket. Også Metlevollen, Metlevollsteinen og Metlevolluri er namn under Horpen. Metlevollen ligg om lag 500 m innover dalen frå Torstad. Metlevollen blei brukt til å dyrke poteter. Potetene blei veldig gode i denne åkeren. Jordarten var truleg skredjord. Metlevollen er no eng delt i to av ein veg. Jarven er ein leirhaug på 204/2 nedre Fåberg. Ein jarve er eit jordras. Det var ikkje mange jordras i grenda. Pateriskvei ligg på 204/1 nedre Fåberg, på bruket Berget. Tidlegare sa dei “pate” om poteter og dei eldste sa “Patitte”. Pateriskvei er ein mura steingarde med potetrishesjar. Potetriset blei brukt som fôr når det

var turt. Kvea var mura opp slik at geitene ikkje fekk tak i riset. Det vil seie at murane måtte halle utover. Lussiolasteinen er ein stein kalla opp etter Lussi-Ola. Han var ein fant eller omstreifar. Denne steinen ligg på felles utmark for øvre Fåberg. I felles utmark for øvre Fåberg ligg også Pentekollhola. Dette er ei hole eller eit søkk. Pentekolla er eit kunamn. Det kan ha vore ei hending med ei ku her. 3 km ned for Styggevatnet ligg ein stein som blir kalla Krossen eller Bendik-Olakrossen. Bendik-Ola budde på Horpen. Ein dag han kom ned frå fjellet fraus han i hel her ved denne steinen. Seljestuen. Dette namnet førekjem to gonger på Fåberg, ein på 204/1 Berget og ein på 205/4 Bjørneheimen. På 204 er det ein stubbe som står enno, på 205 her er stubben borte og namnet brukast no om eit vegkryss.

Biskehyrna og Middagshyrna Fjellet Biskehyrna ligg søraust for Fåberg. Det er ein 1464 m høg fjelltopp. Her sto sola når det var tid for å ete frukost (bisk). I sør finn vi Middagshyrna som er eit lågare fjell. Her stod sola når dei skulle ete middag. Mellom desse to toppane ligg Kvannafjellet. Her vaks truleg planten fjellkvann som var høgt skatta som mat, medisin og krydder. Ofte blei planten brukt så mykje at den blei utrydda. Kjelder: • Norsk stadnamnleksikon, Det norske samlaget 1997 • Rygh, Oluf: Norske Gaardnavne, tolvte bind, Nordre Bergenhus amt, 1919. • Den store stadnamninnsamlinga 1985/86. • www.fylkesatlas.no • www.fylkesarkiv.no • Øyane, Lars: Jostedal sokn. Gardsog ættesoge for Luster kommune, bd. 5. 1994. • http://www.rolv.no/urtemedisin/ medisinplanter/ange_arc.htm • Munnleg kjelde: Leiv Faaberg Dette er fjellet Biskehyrna der sola skein når det var på tide å ete frukost (bisk).

40


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Tilvekst til biblioteket 26.02.11-16.09.11 Av Randi Melvær • Rett til innsyn. Bruk av arkiv. ABM-utvikling 2010. • Maliniemi, Kaisa Johanna: Kva arkivene skjulte. En undersøkelse av kvensk og samisk i offentlige arkiver i Kistrand (Porsanger) og Nordreisa 1865-1948. ABMmedia 2010. • Åpen og samordnet tilgang til kulturarven. Anbefalinger for en vellykket tilstedeværelse i den digitale kulturelle verden. ABM-utvikling 2010. • St. Pauli Lutheran Church: A brief history of St. Pauli Lutheran Church. Camp lake township, Minnesota. 1942. • Lidvin – rett og slett. Trond Ueland og Georg Arnestad. Selja 2007. • Sogn, frå Norges næringsveie i tekst og billeder. Kristiania 1920. • Nordfjord i tekst og billeder. Utgitt av Kjenn ditt land. Oslo 1936. • Sogn og Fjordane norges amme. Videogram, Arve Sandal og Ole Fretheim. Fylkeskommunen og NHO Sogn og Fjordane, 1990. • Kvarsvik, Roger: Ørkenen Sur. Norske skjebner under depresjonen i USA. Sjøfartshistorisk årbok 2008. • Bergli, Evy: “Sagen er dog at opdrage duelige husmødre”. Husmødrenes arbeidssituasjon under skiftande kår, særleg med tanke på auka krav til hygiene i kystbygda Bremanger i perioden 1870-1920. Sogn og Fjordane distriktshøgskule 1982. • Øvrebotten, Sigrid: Småbrukarkona fortel. Artiklar frå Bergens Tidende 1964-1971.Vestlandsforlaget 2010. • Uglum, Arve: Grautmål. Skald 2010. • Thyri, Hans H.: Livskraft. Lærdal energi 1934-2009. Selja 2009. • Grov, Bjørn: NAF – 75 år i Nordfjord, 1932-2007. NAF avd. Nordfjord 2007. • Eikehaug, Tine: Kongevegen over Filefjell, forprosjektet – en mulighetsstudie. Statens vegvesen 2011. • Veiprosjektet Balestrand-Gaular, en kort oversikt, utgitt av Balestrandkomiteen 1932. • Ljøsne, Magnar: Gjesthaugen skule. Utdrag av skulehistoria til Gjesthaugen skule 1887-1974. Skuletida slik me hugsar den 1947-1963. Sogndal 2010. • Haugartun – fortid, notid og framtid. Takle-Hjartholm grendalag. Gulen 2011. • Skulane i Breim 1739-1989. Breim 1989. • Risnes, Kjerstin: Gamalost. Kjerstin Risnes og Henning Rivedal. Skald 2011. • Hovland, Ole Stian: Bevaring av elektroniske arkiv. Kva er utfordringane? Kva grunnlag må skapast? Fylkesarkivet 2002. • Kastet, Håvard: Jostedalslinja, planar om ei jernbanelinje mellom Sogndal og Otta. Norsk jernbanemuseum årbok 2011. • Gynnild, Olav: Seilas i storm. Et portrett av flypioneren Gidsken Jakobsen. Orkana 2007. • Myklebust, Kåre: På hjul. Bilen i Sogn og Fjordane 1901-

2007. Selja forlag 2007. • Elsa Eikaas, utsmykking og kyrkjetekstilar. Sogn og Fjordane kunstmuseum 2007. • Bjørn Hegranes. Utstilling Sogn og Fjordane kunstmuseum 2001. • Ludvig Eikaas. Portrettkunstnaren Eikaas. Utstilling 2005. • Tre generasjonar Florøfotografar: Christoffer L. Berg, Malvin Horne, Are Fjellestad. Red. Bjørn Fjellheim. Kystmuseet 2010. • Norum, Ingrid: Gripen av havfolket, den amerikanske fotografen Robert A. Robinson i Sogn og Fjordane. Kystmuseet 2010. • Bendz, Marit og Hattestein, Heidi: Førdefestivalen. 2011. • Aasen, Inger Lind: Vassenden skulemusikk 1969-2009. • Måløy idrettslag: MIL i 100. Ingrid Føleide, Leidulf Eide, Nils Holvik, Erik Orten og Terje Sølvberg. Måløy 2010. • Apneseth, Oddleiv: Jølster 2008. Skald 2010. • Johannes Vinjum, bror og biletkunstnar. Erlend Vinjum 2009 • Lag slektsbok, papir – multimedia – internett. DIS-Norge 2009. • Tveit, Norvald: En sjel og en skjorte. Skald 2007. • Ohnstad, Åsmund: Ættebok for Aurland 1901 til 2010. Aurland sogelag, 320 s. • Alf Tviberg, farga av naturen. Ein film om Alf Tviberg og hans engasjement for sjøfugl og natur i Askvoll. Videogram av Pedersen og Sleire, 1997. • Program, Florø 150 år 1860-2010. Hovudkomiteen, 19 s. • Gaularvassdraget, ein prøvestein på nærdemokrati. Informasjonskomiteen v. Trygve Mjell • Hyllestad 1861-2011. Kommunen og folket. Red. Finn B. Førsund, Ingemar Nordstrand og Håkon Haukøy. Kommunen og sogelaget 2011. • Nornes, Bodil Marie: Bygdas beste menn? Ei studie av bondeeliten i Sogndal prestegjeld 1647-1707. Masteroppgåve i historie 2011. • “Fagre Stryn” – ei reise i gamal tid. Jon Rasmus Langeseth Vik. Vollan video 2005. • Indrelid, Svein: Soga om Flåm band 2B. Aurland sogelag 2009. • Stryn historielag: Årbok. 2010. • Sogeskrift for Gaular. Gaular sogelag. 2009 og 2010. Førde historielag: Førde historieskrift, 2008, 2009, 2010. Sogeskrift frå Hyllestad. Hyllestad sogelag 2010. • Djupedal, Reidar: Gamle Selje. Reidar Djupedal kulturhistoriske tekstar i utval ved Ove Eide. Selja forlag 2010. • Femaarsberetninger for Nordre Bergenhuus amt 18461850 og 1851-1855. • Bilage til Nordre Bergenhus Amtsformandskabsforhandlinger i 1869 vedkommende Landbrugsskolesagen. • Amtskolesagen frå Bergen Stiftsdirektion til Nordre Bergenhus Amtsformandskab. 1873.

41


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Fylkestinget 1912 - kven er kven? Av Hermund Kleppa

Fylkestinget var samansett av ordførarane i kommunane. Dersom ordførar ikkje kunne møta, møtte varaordførar. I følgje dei trykte fylkestingsforhandlingane for 1912 var 44 personar med i tingseta. Dei er oppskrivne nedanfor. På biletet er det 46 personar, nummererte frå 1 til 46 på silhuettfigur. 2.-13. juni. 1912 møttes fylkestinget på Hotel Central i Stryn. Me har namn og bilete, men kven er kven? Me ynskjer at du kontaktar Fylkesarkivet dersom du kan plassera namna på silhuettfiguren: postmottak.sffarkiv@sfj.no Telefon: 57 65 61 00

Leiar: amtmann I.E. Christensen Adolf Andersen (fylkesfullmektig) E. Christensen (referent) 42

Medlemmer av amtsutvalet: Abraham Øvrebotten (lærar) Ivar Gurvin (gardbrukar) I Hantveit (gardbrukar) Borch (amtsingeniør) Andreas B. Vamraak (formann i amtsskulestyret)

Frå kommunane (ordførar eller varaordførar): P. Klingenberg Hestetun, Årdal (gardbrukar) M. Stubseid, Askvoll (gardbrukar) O. Sævartveit, Aurland (kyrkjesongar)


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

O. Tjugum, Balestrand (fanejunker) Jakob Myklebust, Breim (gardbrukar) Ivar S. Haugland, Brekke (gardbrukar) Kr. Indrehus, Bremanger (gardbrukar) O. Eggum, Borgund (sersjant) Ap. Rosenlund, Davik (kyrkjesongar) I. Myklebust, Eid (kaptein) O. M. Erdal, Førde (gardbrukar) Peder Hage, Gaular (gardbrukar, permisjon frå og med 8. juni) J. J. Lothe, Gloppen (gardbrukar) Hans K. Rutledal, Gulen (gardbrukar) Ole I. Joranger, Hafslo (gardbrukar) Øystein Sørebø, Ytre Holmedal/Fjaler (kyrkjesongar) O. Svor, Hornindal (gardbrukar) J. Ottesen, Hyllestad (lærar) Knut Taraldset, Innvik (gardbrukar) Lars R. Faaberg, Jostedal (gardbrukar)

17. mai-feiring i Sogn og Fjordane? Av Elin Østevik

Frå Kåre Aasebø har vi fått tilsendt eit stereofoto frå ca. 1890-1897. Fotografen er ukjend. Aasebø vil gjerne ha hjelp til å finne ut kvar biletet er teke, og lurar på om det ikkje kan vere frå Sogn og Fjordane. Kan du hjelpe? Aasebø sjølv lurar på om det kan vere Henrik Wergeland som er avbilda på fana som dei bunadskledde ungdommane er samla kring. Det siste ordet øvst på fana ser ut til å vere “skule” og nedst under personen på fana kan ein tyde ordet “standa”. Det ser også ut til å vere tekst på flagget/vimpelen som er stilt opp bak fana. Kan biletet vere frå ei 17. maifeiring i fylket? Og kva med bygningane i bakgrunnen; er det nokon som kjenner att desse? Ta kontakt med fotoarkivar Elin Østevik om du har opplysningar til biletet! (elin.ostevik@sfj.no eller telefon 57 65 64 18).

T. H. Veiteberg, Jølster (gardbrukar) H. Svarthumle, Kinn (sersjant) Gunnar Mjølsvik, Kyrkjebø (gardbrukar) A. Sørestrand, Lavik (gardbrukar) Nils Tjønn, Leikanger (kyrkjesongar) Haakon Mo, Lærdal (sersjant) Halvard Drægni, Luster (handelsmann) Olai Horstad, Naustdal (handelsmann) A. O. Listou, Selje (fanejunker) G. F. Heiberg, Sogndal (godseigar) Rasmus L. Skaare, Stryn (gardbrukar) H. Tungodden, Solund (gardbrukar) Olaf D. Refvik, Nord-Vågsøy (gardbrukar) Kr. J. Sunde, Sør-Vågsøy (ekspeditør) Gjert A. Hegrenes, Vevring (gardbrukar) N. Erdal, Vik (fanejunker)

Er dette biletet frå Sogn og Fjordane? Og i kva høve er biletet teke? Fotograf: Ukjend. (SFFf-100566.263886)

43


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Arkivarer uten grenser Av Cecilie Astrup Bustad

Arkivarer uten grenser Norge vart stifta 4. mai 2011 under Det 5. norske arkivmøtet i Tromsø. Organisasjonen skal arbeide for internasjonal solidaritet på arkivfeltet, og initiativet til stiftinga kom frå Karianne Schmidt Vindenes, som tidlegare jobba ved Fylkesarkivet. Arkivarer uten grenser oppstod først i Barcelona i 1998, og seinare er det etablert nasjonale organisasjonar i fleire land. I Europa finst organisasjonen no i Frankrike og Noreg, i tillegg til Spania. Formålet til Arkivarer uten grenser er å arbeide for internasjonal solidaritet på arkivfeltet. Arkiva har stor samfunnsmessig verdi og er ein viktig faktor for nasjonsbygging og demokrati. Dei er med på å formidle historia, samt dokumentere rettar for enkeltpersonar, organisasjonar og statar. I tillegg til bevaringa av eksisterande arkiv er det også viktig å ha fokus på sjølve arkivdanningsprosessen, for å sikre kvaliteten og innhaldet for ettertida. Og det er på desse områda Arkivarer uten grenser ynskjer å bidra. Arkivarer uten grenser Norge skal • arbeide for internasjonal solidaritet på arkivfeltet • aktivt arbeide for bevaring av arkiv i situasjonar der det er fare for at arkiv vil gå tapt • samarbeide med myndigheiter der det er aktuelt • bidra til auka forståing for arkiv og danning av arkiv som kjelde til demokratibygging og kunnskap om samfunn • arbeide for allmenn tilgang til arkiv og dokumentasjon av rettar for enkeltpersonar • følgje ICAs etiske retningslinjer for arkiv og vere upartiske i konfliktar Desse formåla kjem vidare til uttrykk i oppgåvene til Arkivarer uten grenser, som er å

44

Styret i Arkivarer uten grenser. Frå venstre: Per Sande, Heidi Grinde Rinding, Hege Brit Randsborg, Cecilie Astrup Bustad, Eirik Haachvaag Andersen, Torill Tørlen og Karianne Schmidt Vindenes.

• utvikle og drifte samarbeidsprosjekt om bevaring av arkiv og arkivdanning • skape merksemd om korleis arkiv blir tatt vare på, spesielt i land som er utsett for naturkatastrofar eller krigshandlingar • gjere myndigheiter merksame på situasjonar der arkiv kan vere i fare for å bli øydelagde • samarbeide med Arkivarer uten grenser i andre land og andre organisasjonar med liknande formål • ta i mot arkivarar frå andre land på utvekslingsprosjekt/hospiteringsordningar • lære opp arkivarar i andre land Det norske styret består av medlemmer som arbeider med arkivdanning og arkivarar frå statsarkiv, Riksarkivet og kommunearkivinstitusjonar. Tida sidan oppstarten har gått med til å få formalia på plass, registrere landkontaktar og å informere om etableringa av organisasjonen for å rekruttere medlemmer. Landkontaktane har gjerne erfaring frå arbeid i andre land, eller særleg interesse for eit land eller eit område, og kan bidra med råd og kontaktar i arbeidet med å etablere

prosjekt i desse områda. Arkivarer uten grenser har medlemskap for både enkeltpersonar og institusjonar, og medlemmene vel sjølv kor aktive dei vil vere. Medlemmene vert oppmoda til å delta aktivt, og gjerne melde seg som landkontaktar. Medlemskap er delt inn i tre ulike kategoriar: a) enkeltmedlemskap: for personar som arbeider i eller har kompetanse på arkivfeltet (kontingent kr. 400 pr. år) b)institusjonsmedlemskap: for verksemder og organisasjonar som arbeider i eller har kompetanse på arkivfeltet (kontingent kr. 1000 pr. år) c) støttemedlemskap: for personar som har interesse for internasjonalt arkivarbeid (kontingent kr. 200 pr. år) Dersom du ynskjer meir informasjon om Arkivarer uten grenser finn du det på www.arkivarerutengrenser.wordpress.com. For å melde deg inn i organisasjonen kan du sende ein e-post til arkivarerutengrenser@gmail.com


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD) i Sogn og Fjordane. Og, - får me ein hurtigbåt med namnet Sogn og Fjordane? Av Hermund Kleppa

1. mai 2012 tek Tide Sjø AS over hurtigbåtrutene mellom Sogn og Fjordane og Bergen. DSD eig 100 % i Tide Sjø og alle Tide-båtane fører DSD sitt rederiflagg frå 1903. På ein måte er det DSD som kjem til Sogn og Fjordane neste år, - med splitter nye båtar. Men Sogn og Fjordane er på ingen måte nytt farvatn for Stavangerske.

Lang historie DSD er gode på historie. Selskapet har tre DSD-bøker. Den første kom i 1930 til 75 års-jubileet, den andre til 100 års-jubileet i 1955 og den tredje til 150 årsjubileet i 2005. Det Stavangerske Dampskibsselskab vart oppretta som privat føretak i Stavanger. Føremålet var å skaffa regelmessig rutefart mellom Ryfylke og Stavanger. Den første båten var hjulbåten ”Ryfylke”. Etter kvart utvida DSD med fleire båtar og større aktivitetsområde. I dag er DSD eit storkonsern med ferje- og lokalbåttrafikk, godstrafikk og internasjonal shipping. Båtar med

Stavangerske sine kjennemerke har også kursa skipsleiene i Sogn og Fjordane og lege til kai mange stader i fylket.

Skorstein og flagg DSD sin skorstein var frå starten tre raude ringar på svart botn. Etter krigen 1940-1945 fekk nye fjordabåtar og ferjer dei tre raude ringane på gul skorstein. Flagget er yngre. Først i 1903 vart dei tre raude ringane utforma med tre raude striper på kvit botn og med ei kvit stjerne på blå trekant nærast stanga. DSD-flagget liknar mykje på Puerto Rico sitt nasjonalflagg frå 1894.

Hurtigruta Stavangerske kom med i Hurtigruta i 1919, og hadde skip i denne prestisjetunge ruta til 1978. DSD sine hurtigruteskip var såleis fast å sjå i leia på Sogn og Fjordane-kysten og var godt kjende på hurtigrutestoppestadene Florø og Måløy. DSD sine best kjende hurtigruteskip er ”Kong Haakon”

Kva med Kong Olav som namn på ein av dei nye hurtigbåtane? DSD sin ”Kong Olav” i Hurtigruta 1964-1978. Foto: postkort, Aune

(1904-1953), ”Sanct Svithun” (19271943),” Sanct Svithun” (2) (19501962) og ”Kong Olav” (1964-1978). Stavangerske gjekk ut or Hurtigruta i 1978 og selde ”Kong Olav” til Vesteraalske Dampskipsselskap.

”Sanct Svithun” Krigsforliset på Stadhavet 30. september 1943 knyter DSD og Sogn og Fjordane saman på ein særskild måte. Hurtigruteskipet ”Sanct Svithun” var på sørgåande då det blei påteke av allierte fly og sett i brann. Mannskapet greidde å setja skipet på grunn ved Kobbholmen rett ut av Ervik. Folk frå Ervik sprang straks til båtane sine og kom dei skipbrotne til hjelp. Under særs vanskelege tilhøve berga dei over 70 menneske. 44 nordmenn og ein stad mellom 12 og 20 tyske soldatar omkom. To av dei omkomne var frå Sogn og Fjordane. Vraket vart liggjande på grunn to-tre dagar før det seig ut og forsvann på djupna. Ein mann i Ervik vart beden om å prøva å berga skipsklokka. Han fekk med seg ein til å hjelpa seg og dei greidde å få klokka laus og få ho velberga på land. Straks etter vart ho sendt til Stavanger. Stavangerske inngraverte ei helsing og sende ho attende som ein symbolsk takk til Ervik-folket. Det står: "Til Ervik folket, i erkjentlighet for redning av menneskeliv ved D/S "Sanct Svithun"s krigsforlis 30. september 1943." Skipsklokka heng no som kyrkjeklokke i minnekapellet i Ervik. Skipsinspektør Brækhus var ein av dei som blei berga. Han skal vera den fyrste som sette fram tanken om at folket i Ervik burde få eit minnekapell for innsatsen sin under bergingsarbeidet. Mange slutta seg til tanken, og alt i 1944 vart det sett ned grunnstein. Krigen gjorde at det vidare arbeidet 45


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

I godsrute StavangerTrondheim Olav H. Kleppa fortel elles at DSD hadde samsegling med Innherred (Innherred Aktie Dampskibsselskab) i ei godsrute Stavanger-Trondheim. Faste stoppestader i Sogn og Fjordane var Måløy og Florø. Av ei annonse i florøavisa Firda Folkeblad i 1957 går det fram at DSD då hadde to skip i ruta,” Ulsnes” og ”Akershus”. Ekspeditør i Florø var K. Jansen. Dette flagget får me på hurtigbåtane i rutene Sogn og Fjordane – Bergen frå 1. mai 2012, Det Stavangerske Dampskibsselskab sitt rederiflagg frå 1903. I 2007 brukte DSD aksjefleirtalet sitt i Tide Sjø til å byta ut Tide-flagget med sitt eige, tradisjonsrike rederiflagg. I 2009 gjorde Fjord1 det motsette, strauk det mykje eldre Fylkesbaatane-flagget. Foto: henta frå boka ”Selskabe. Det Stavangerske Dampskibsselskab 150 år”.

vart lagt på is, og fyrst i 1968 vart arbeidet teke opp att med ny grunnstein, no på ein annan stad, like ved gravstaden. Minnekapellet Ervik Kapell stod ferdig i 1970 og vart vigsla 14. juni av biskop Per Juvkam. Nærare 1000 menneske var til stades.

”Ryfylke” Eit anna passasjerskip som tilhøyrde DSD ligg også på havsens botn ved Stadt. Vinteren 1941 var DS ”Ryfylke” leigd ut til Nordenfjeldske Dampskipsselskab for fart i Hurtigruta. I kveldinga onsdag 5. februar 1941 vart skipet stoppa og søkkt av ein britisk ubåt i skipsleia ved Kvitnes. Passasjerane og mannskapet fekk høve til å gå i livbåtar og vart berga.

Framfjorden og andre stader DSD har hatt båtar i godstrafikk på Sogn og Fjordane. Olav H. Kleppa, fødd 1942, fortel at då han kring 1960 var matros på Stavangerske sin godsbåt DS ”Tungenes”, var dei i Framfjorden, Vik kommune, og lasta talkmjøl i sekker. Dei gjekk også til Årdalstangen og lasta råaluminium for ei svensk hamn. I Sverige lasta dei stålplater for fleire skipsbyggjeri i Noreg. Dei hadde også turar til Svelgen. 46

”Austri” Eit tredje DSD-forlis i Sogn og Fjordane skjedde 19. september 1979 då lasteskipet ”Austri” forliste ved Sletringen i Gulen. Mannskapet på ni gjekk frå borde i redningsflåte, men i den grove sjøen gjekk flåten rundt og fem mann omkom. Byrknes kapell har ei kyrkjeklokke med innskrifta ”Til minne om ”Austris” forlis 1979.”

To ferjer frå skipsverftet ved Sognefjorden Stavangerske har ikkje berre mista skip i Sogn og Fjordane. Selskapet har fått to nye båtar frå fylket, begge bygde ved Løland Motorverkstad/ Løland Verft AS (no Havyard Leirvik AS), Leirvik i Hyllestad kommune. Den første var mf ”Strand” i 1966, den andre mf ”Finnøy” i 1971. ”Strand” var den eine av dei to første ferjene i det etter kvart sterkt trafikkerte sambandet Stavanger-Tau.

Legg vekt på tradisjon og historie Det kan sjå ut som DSD brukar historia si som aktiv kapital, i alle høve dei siste tre-fire åra. Då DSD i 2007 fekk aksjemajoritet i Tide Sjø, nytta DSD straks makta til å byta ut Tide-flagget med DSD-flagget frå 1903. Dessutan kom det historie i presentasjonen på Tide Sjø si Internett-side: ”Gode reiseopplevelser .. Menneskene bak Tide har hatt dette som mål siden 1855 [skipingsåret for Det Stavangerske Dampskibsselskab]. Heldigvis er et noen ting som ikke forandrer seg.” I 1990 vart DSD sine ferjer og passasjerbåtar omorganisert i eige dottersel-

skap med namnet Rogaland Trafikkselskap. I 2003 kom namnet Stavangerske tilbake. ”Mange opplevde det som en fornyet forpliktelse overfor tradisjonelle verdier”, skriv Dag Bakka jr. i boka Selskabe. Det Stavangerske Dampskibsselskab 150 år. 1855-2005. Namnet Tide Sjø er komen til vegs ende. DSD arbeider med å finna nytt namn. Det skal vera framtidsretta og vera på plass før årsskiftet. Jone Laugaland, fjordabåtentusiast i Stavanger, bloggar hardt for Stavangerske.

Tre nye båtar 2012 Det var våren 2010 Tide Sjø (DSD) vann anbodskonkurransen om ekspressbåtrutene Sogn og FjordaneBergen for perioden 2012-2020. Hausten 2011 har selskapet tre båtar under bygging for farten i dette konsesjonsområdet. Nybygga har ikkje fått namn. Men det blir ikkje i same gata som har vore Tide-praksis dei siste åra, noko med Tide; - Tideadmiralen, Tidelyn, osb. Det har Olaug Sjursø sagt, og ho er direktør for informasjon og samfunnskontakt.

Og kva skal båtane heite? Eg håpar at DSD (Tide Sjø) er på utkikk etter namn med koplingspunkt til konsesjonsområdet Sogn og Fjordane-Bergen, samstundes som dei har auge for eigen namnepraksis. DSD og Fylkesbaatane er om lag jamgamle, høvesvis 1855 og 1858. Begge selskapa har brukt geografiske namn og namn med Fjord som første ledd, t.d. Fjorddrott (1939) og Fjordprins

Frimerke utgjeve 1944 med ”Sanct Svithun”-forliset som motiv.


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

DSD har hatt fleire, ”Kong Olaf ” (1884-1944) ”Kong Haakon”, ”Kong Olav” (1964-1978). Olav V var på sju offisielle besøk i fylket. I 2007 fekk folkekongen monumental plassering i Skjerjehamn. Ein hurtigbåt Kong Olav vil kunna helsa namneopphavet ved kvar passering på same måten som hurtigrutene markerer når dei passerer polarsirkelen. Men så spørst det då, om namnet er ledig?

MF ”Strand”, levert frå Løland Motorverkstad 1966. Foto: Vestlandske Fartybyggjarlag/boka Skipsverftet ved Sognefjorden.

(1971). Fylkesbaatane har berre to personnamn og dessutan eit gudenamn i namneregisteret sitt: ”Kommandøren”, ”Jakob” (slepebåt) og ”Balder”, medan DSD har fleire, til dømes ”Kong Haakon” og ”Sanct Svithun”, og elles større variasjon enn Fylkesbaatane. FSF har likevel hatt fleire historiske personnamn som alternativ. I 1899 kunne vi fått DS ”Kveldulf ”. Eit interessant apropos til dette er at på Helgelandskysten kan folk reisa med hurtigbåten ”Torolv Kveldulvsson”, oppkalla etter ein av sønene til Kveldulv ”frå Fjordane.”

Torkjel Djupedal, med godt fotfeste i Selje, kan tenkja seg ein Sancta Sunniva på Sunnfjord/Nordfjord-ruta. Det samsvarar godt med DSD sine tidlegare helgenskip i Hurtigruta, ”Sanct Svithun” (1929-1943) og ”Sanct Svithun” (2) (1947-1962). Me får lukka augo for at det følgde uhell med dei. Begge totalforliste. Torkjel Djupedal og Selja kloster sin helgen greier seg sikkert betre.

Kjelder: • Lorentzen, H.R.: Det Stavangerske Dampskibsselskab 1855 – 12. februar – 1955. 1955. • Bakka, Dag jr.: Selskabe. Det Stavangerske Dampskibsselskab 150 år. 1855-2005. 2005. • Firda Folkeblad. 07.02.1941 • Opplysningar frå Olav H. Kleppa, Hjelmeland. • Førsund, Finn B.: Skipsverfetet ved Sognefjorden. 0000

Fjord1 Fylkesbaatane fann eit godt namn i ”Sognekongen”. Konge-namn er gode og tradisjonsrike båtnamn.

Eg har fleire gode geografiske namn på blokka: fylkesnamnet Sogn og Fjordane (DSD har hatt ”Rogaland”, fleire ord er inga hindring, ein fin-fin fanfare til fylket i høve 250 årsjubileet 1763-2013), Sogndal (vil styrkja kampen for sognebåten og vera eit heia til fylkeslaget Sogndal Fotball), Leikanger (hovudstad), Balestrand (lang turisthistorie, Norsk Reiselivsmuseum) Nærøyfjord (verdsarvnamn), Ulvesund (del av skipsleia), Bergen (Byen, tidlegare DSD-båtnamn). Personnamn: Dronning Sonja, Christian Michelsen (solid bergensrepresentant, 1905-statsminister, skipsreiar og nokre år administrerande direktør i Fylkesbaatane), Ingolv Arnarson (svær sjøfarar frå Rivedal og første landnåmsmann på Island), Otto Røsberg (adm. dir. i Fylkesbaatane som aldri i verda ville vore med på å stryka FSF-flagget. Eller kva med ei helgenkvinne og ein konge?

Hurtigruteanløp i Måløy 05.03.-11.03.1940. Annonse i Fjordenes Tidende.

47


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Besøk frå Leikanger ungdomskule Fylkesatlas og databasane til Fylkesarkivet er gode inngangsportar til å finna relevant informasjon i samband med dette. Etter ei kort innføring i arbeidet til Fylkesarkivet, delte me gruppa i to. Den eine klassen fekk ein time med foto, den andre med kommunale arkiv. Sidan bytte gruppene tema. I timen med foto fekk elevane ei kort fotohistorisk gjennomgang. Dei fekk sjå korleis fotograferinga har endra seg, frå då negativa var på glasplater til dagens digitale bilete. Sidan tema dei jobbar med er Bygda vår, fekk dei sjølvsagt sjå mange flotte bilete frå Leikanger. Mange av bileta var frå ei svunnen tid. Elevane fekk mellom anna sjå bilete frå ei tid då Systrond ikkje var like utprega byråkratisk som i dag. Her var fleire fabrikkar, mellom anna Saften, Silden og Sygna.

Onsdag 28. september vitja 8. klasse frå Leikanger ungdomskule Fylkesarkivet. Gjennom tre timar fekk dei eit lite innblikk i kva som er oppgåvene våre og korleis me formidlar kjeldene. Me set stor pris på denne typen besøk, og håpar at elevane og lærarane vil ta med seg og bruka denne lærdomen i det vidare arbeidet sitt. 48

Fylkesarkivar Snorre Øverbø ynskte besøket frå Leikanger ungdomskule velkomne. Han viste fram nettsidene våre og nokre tenester som kan vera aktuelle for skule-elevar i arbeidet deira. Kvart år har 8. klasse-elevane Bygda vår som tema. Elevane har i denne samanheng valt seg kvar sitt kulturminne som dei skal skriva om.

I den andre timen var fokus på kommunale arkiv. Me tok elevar og lærarar med på ei runde gjennom dei ulike arbeidsromma våre. Mottaksrommet er fyrste stopp for ein stor del av arkivmaterialet som me tek i mot. Sidan blir det ordna på ordningsrommet, før det får sin faste plass på magasinet. Besøket let seg imponera over magasina, som samla tek rundt 10 000 hyllemeter med arkiv. Det vart også litt tid til praktisk jobbing. Alle elevane fekk høve til å skriva namnet sitt med penn og blekk – noko som for dei fleste er ei utfordring i dag. Det blir fort litt mykje blekk på pennen!


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

150 år sidan Henrik Angell vart fødd Av Per Olav Bøyum

I mars var det 150 år sidan Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug, forløparen til Norges Idrettsforbund, vart skipa. Same år vart det fødd ein gut i Luster som skulle få mykje å seie for utbreiinga av skiidretten, både i Noreg og i utlandet. Henrik Angell vart fødd 22. august 1861, og budde dei fyrste åra av livet sitt på Kvåle i tettstaden Dale. Interessa for skigåing vart tidleg kveikt hjå Henrik. I 1884 kryssa han Hardangervidda på ski. Det skjedde same år, og før den meir namngjetne turen til Fridtjov Nansen. Etter fullført offisersutdanning fekk han arbeid i generalstaben, men det urolege lynnet hans høvde dårleg for ein kontorjobb. I 1893 sette Henrik kursen for Balkan. Han var full av beundring for folket i

Montenegro, som i fleire hundreår hadde sloss mot tyrkarane, og såleis klart å behalde fridomen sin. Angell introduserte skisporten i Montenegro, og har framleis heltestatus i landet. Også andre land fekk nytte av tenestene til Henrik. Som frankofil nølte han ikkje lenge då han fekk ein førespurnad om å lære opp dei franske alpetroppane i skibruk. Roy Andersen, biografen til Angell, meiner at det er dekning for å hevde at Henrik var med på å innføre skisporten i Frankrike. I Noreg farta Henrik land og strand rundt for å vekkje til live interessa for skigåing. For det stod visstnok dårleg til med skidugleiken på den tida. Frå Sogn rapporterte Henrik at: “Andre end enkelte rypejægere, Justedøler og endel af den ‘konditionerte ungdom’ kan ikkje siges at forstaa sig paa skiløbning, og det uagtet man overalt har den ypperligste anledning til at øve skii-

HENRIK ANGELL Relieffet er laga av bergenskunstnaren Ambrosia Tønnesen. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2000

drætten”. Foredraga til Henrik var svært populære, og gav støyten til stiftinga av fleire skilag i Sogn. Litteratur • Andersen, Roy: Henrik Angell: en nordmann på tvers. Oslo: Forum – Aschehoug, 2000

Besøk av DIS-Sogn og Fjordane på Fylkesarkivet

Av Per Olav Bøyum

15. september vitja DIS-Sogn og Fjordane Fylkesarkivet. Kring 15 frammøtte fekk ei orientering om at også andre kjeldetypar enn dei tradisjonelle arkivseriane frå Arkivverket kan vere relevante for slektsgranskarar. Interessa for slektsforsking svinga seg opp etter at NRK tidlegare i år sendte serien “Hvem tror du at du er”, der kjente personar fekk nøsta opp ætta si. Ei spanande side ved programmet var at me kom tett inn på einskildpersonar. Beingrinda - som Per Sandal kalla basisinformasjonen om menneske, som fødselsår, giftarmål og born - vart kledd på med bilete, historier og opplysingar som gjorde dei levande og fargerike. Det er tvillaust at dei viktigaste kjeldene for slektsforskarar er kyrkjebøker, folketeljingar og skiftemateriale. Men

Kjerstin Risnes viser interesserte DIS-medlemmer rundt på mottaksrom og ordningsrom. Fotograf: Geir Nilsen. Datering: 2011

når dei biografiske kjerneopplysingane er på plass, vil mange finne det vel så interessant å fortsetje slektsgranskinga med å veve fram dei levde liva. Var bestefar med i lokalt styre og stell? Kva kan ei skuledagbok fortelje om livet til oldemor? Kva kan ein landhandelprotokoll frå 1800-talet vise oss om forbruk og sjølvberging i tidlegare tider?

DIS-Sogn og Fjordane fekk ei innføring i det digitale tenestetilbodet til Fylkesarkivet, med fokus på fotografi og kommunale møtebøker, før det vart omvising i magasinet og høve til å studere eit utval framlagde kjelder frå både offentlege og private arkiv.

49


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Anna Herland - første kvinnelege ordførar i Sogn og Fjordane

Av Hans H. Steinsund

På ei lita øy på Indrevær budde Anna og Oskar Herland med dei tre borna sine. Oskar bygde ei lita ganghengebru bort til den andre busetnaden. Oskar var borte på grønlandsog islandsfiske i lange periodar, Anna hadde ansvaret heime. Ho voks opp på Geitarøy ved Kolgrov og var m. a. med og løynde flyktningar under krigen. Datering: Ca. 1955. Eigar: Oddvar Herland. Fotograf: R. Kvaale / B. Fjørtoft.

len. Anna, saman med ektemannen Oskar Herland og dei tre borna deira, hadde heimen sin på Indrevær. Oskar var fiskar og såleis borte i store delar av året. Anna var med andre ord ikkje nett arbeidslaus. Anna Sofie Herland var 42 år då ho i 1955 vart vald inn i kommunestyret i Solund. Anna, som ikkje hadde drive valkamp, stod langt nede på venstrelista og var overraska då ho vart innvald. Og tungvint vart det. Indrevær var den gongen utan telefon. Solund hadde ikkje elektrisk lys, heller ikkje vegar. Datering: 1955. Eigar: Oddvar Herland. Fotograf: Ukjend

Solund-kvinna Anna Sofie Herland vart legendarisk då ho heilt uventa vart vald til ordførar i 1955. På den tida var det sjeldan med kvinner i styre og stell. Ordførarvalet vekte difor eit oppstyr som landet ikkje hadde sett maken til. På kort tid vart Solund landskjend.

Sensasjonsoppslag landet rundt Avisnotisar og presseoppslag kunngjorde med brask og bram at Anna Herland var den første kvinnelege ordføraren i landet. Sensasjonen avtok ikkje fordi om det seinare kom fram at to andre kommunar var ute før: Utsira 1936 og Lillehammer 1940. Anna Sofie Herland (1913 - 1990) vart fødd og voks opp i ytre Solund. Som for dei fleste sulingar den gongen slutta utdanninga med folkesku50

Køyrde motorbåten sjølv Anna vart vald inn i kommunestyret i 1955 og vart ordførar same året. Ordførarar var tidlegare valde blant markante menn, no kom altså ei kvinne, og jamvel frå grasrota. Valet førte såleis til både undring og noko skepsis innabygds. Men det at ho var kvinne, vart det heilt sensasjonelle utanfor kommunen. Anna hadde inga politisk røynsle frå før og fekk sjølvsagt svært mykje å setje seg inn i. Ordførarjobben var gratis for kommunen, sjølv om ordføraren måtte gjere mykje av skrivearbeidet. Tungvint vart det også å reise inn til Hardbakke. Veglaust som her var, tok det henne to timar med motorbåten i særs vêrhardt område å køyre inn. Denne vegen reiste ho mange gonger åleine. Ei tid pakta familien ein liten gard i Steinsund og Anna fekk i periodar kortare reiseveg.

Aldersheim og dokterskyss I Anna si ordførartid var mange store saker under drøfting. Ei av Anna sine hjartesaker var å få bygt aldershei-

men som folk hadde halde basarar for i ei årrekkje. I heile valperioden verserte spørsmålet om lokalisering. Både i kommunestyret og mellom bygdefolket var det usemje. Sundriven og veglaus som kommunen var, vart ikkje Hardbakke automatisk akseptert som senter slik det er i dag. I Anna sin ordførarperiode vart det vedteke å få ny og meir moderne

Frå avdukinga av "The Norwegian Lady" i Virginia Beach 1962. Anna Herland vart vald til å representere dei norske kvinnene og fekk den store æra å avduke støtta saman med Erik Bye. Støtta er laga av Ørnulf Bast, etter opptak av Erik Bye i programmet Vi går om bord.. Framfor sokkelen ser me Anna Herland og Erik Bye. Datering: 1962. Eigar: Fylkesarkivet, SFFf88169.0016. Fotograf: Ukjend.


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Ole Elias Holck – og meir til Av Hermund Kleppa

Kong Olav vitja Sogn og Fjordane i desember 1958 og reiste med fylkesbåten "Sunnfjord". Sulingane fekk gåsværskøyta "Basholm" til å gå inn mot Krakhellesundet og helse kongen. I nordkuling med snøbyer ligg "Basholm", med namnevimpel og flagg, like inntil "kongeskipet". Skipperen, Rasmus Gåsvær i styrehusdøra, og bygdefolket vinkar til kongen. På bruvengen bak kongen står ordførar Anna Herland. Datering: 1957. Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-88165.0002. Fotograf: Ukjend.

skyssbåt til legen. Hittil hadde dokterskyssen føregått med ein gammal, liten motorbåt, som iallfall austlandslegar på langt nær fann seg vel i.

Talefør og populær blant jamlike Anna var ei ordhag kvinne. Med godt humør og humoristisk sans var det lett for henne å få folk til å høyre på seg. Det kom vel med på fylkestinget, der kommunesaker vart avgjorde og ordførarane var sjølvskrivne. Anna vart motteken mest som ei dronning. Jamvel om kommunar med sterkast representasjon gjerne drog av med mesteparten av pengane, draup det kanskje nokre ekstra kroner på Solund fordi den velsedde ordføraren var kvinne. Ingen ordførar maktar vel gjennomføre alle sine hjartesaker gjennom ein 4-årsperiode. Men Anna vart på mange måtar ein døropnar til overordna styringsorgan. Solund vart positivt plassert på kartet, noko som også kunne lette arbeidet for dei som kom etter henne.

Høgdepunktet Venstrekvinna Anna Herland fekk òg den æra å møte som vararepresentant på Stortinget ein kortare periode.

Men si store og mest eventyrlege oppleving fekk ho i september 1962 då ho saman med Erik Bye o. a. avduka "The Norwegian Lady" i Virginia i USA. Det er vel få fiskarkvinner som har vorte synt større ære. Stort arbeidspress og mange strabasiøse reiser til og frå kommunesenteret gjorde at Anna sa nei til ein ny valperiode. Siste åra av sitt liv var Anna sjukleg og budde saman med mannen ved Solundheimen på Hardbakke. I 1990 vart ho boren til siste kvilestaden av 6 av sine kvinnelege etterkommarar. Prenta kjelder • Nybø, Henrik: Artikkel i Sogn Dagblad, 1990. • Diverse avis- og vekebladsutklipp utlånt av Oddvar Herland.

Prosten i Ytre Sogn, Geir Sørebø, set søkelys på eidsvollsmannen Ole Elias Holck, ”ein av dei mest kjende personane frå den politiske historia i Ytre Sogn.” Han vil ha mannen fram i lyset i samband med grunnlovsjubileet i 2014. Eit tiltak er å skriva bok, eit anna å rusta opp bautasteinen på Alværa. Dette sluttar eg meg heilt til. Godt innspel til Høyanger kommune og fin-fint avisoppslag på papir og nett. Sørebø brukar eit jubileum til å fremja ei sak som i og for seg ville ha vore like god for, la oss seia 10 år sidan. Jubileum gjer det lettare å skapa interesse og tilslutning, og ikkje minst, å få løyst ut pengar. Dess større jubileum, dess betre, og dess meir nasjonalt tilsnitt dess lettare å løfta fram lokale bitar. Vi hadde noko tilsvarande i 2005 då heile fylket bobla av sjølvstendeåret 1905. No har vi to store jubileum, etter kvarandre: 2013 Sogn og Fjordane fylke 250 år og 2014 Grunnlova 200 år. Utan tvil kan det lagast ei bok om Ole Elias Holck som 2014-programpost i Ytre Sogn. Men eit alternativ kan det og vera å gjera horisonten litt vidare, å opna for fylkesperspektivet. Ole Elias Holck var ein av fem eidsvollsmenn frå Sogn og Fjordane, og han var ikkje berre ytre-sogning, han var frå Sogn og Fjordane. Kva med å presentera alle eidsvollsmennene samla, Ole Elias Holck, Peder Hjermann, Nils Loftesnes, Niels Nielsen og Johannes Irgens? Eg har i tankane ein slags vegviser, til personane, til valet våren 1814 (det aller første i nyare tid), til eidsvollsverket dei var med på, og til æresminne ettertida har reist? Både som fylkesjubileumssak og grunnlovsjubileumssak.

51


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Sefrusteinen Av Ragnhild Husevåg

Artikkelen er henta frå geoatlas (www.geoatlas.no). Forfattaren er Ragnhild Husevåg. Geoatlas er eit tverrfagleg læringsopplegg retta mot skulesektoren. I denne tenesta vert faga knytte saman med hjelp av kart, artiklar og multimedia som elevane lagar sjølve. På geoatlas.no ligg det masse spanande stoff frå heile fylket!

kom på legd. Ho døde 66 år gamal og vart gravlagd på kyrkjegarden på Nordfjordeid. Segna er nedskriven av Olav Haugen.

Sefrusteinen i lokalmiljøet

Sefrusteinen sett frå stien. Fotograf: Ragnhild Husevåg. Datering: 2009.

I skogen på Løkja i Eid kommune ligg det ein stor stein. Til denne steinen er det knytt ei segn. Denne fortel om kvinna Sefru som fekk eit tungt liv, men vart trøysta av fristaden sin Sefrusteinen.

Sefru vart nøydd å flytte attende til Tippen. Ho lengta attende til Løkja og oppsøkte stadig steinen i skogen. Den dag i dag heiter denne spesielle steinen Sefrusteinen. Sefru greidde ikkje å leve på Tippen i lengda og

Segna er lite kjend for folk utanfor Nordfjordeid, men Olav Haugen har gjort denne segna godt kjend i lokalmiljøet. I dag er Sefrusteinen eit turmål for mange skuleklasser og folk som bur i nærmiljøet. Steinen er merkt med ei tavle som fortel segna for alle som går forbi. Stien som går gjennom skogen er godt merka slik at det er lett å finne fram til denne spesielle steinen.

Segna Segna fortel om ei kvinne som vart fødd på garden Tippen på byrjinga av 1700-talet. Då ho vart døypt fekk ho namnet Sefru. Etter kvart som ho vart eldre fekk ho teneste på skrivargarden Leikvin på Løkja. Sefru blei gravid før ho vart gift og ho vart difor jaga frå skrivargarden. I skogen ikkje langt frå skrivargarden var ein stor stein. Ved denne opplevde Sefru nokre av sine lukkelegaste stunder. Då ho skulle gifte seg vart ho pynta til brud nett ved denne steinen. Saman med mannen, Ola Danielsen Bjørkedal Løkja, bygsla ho eit småbruk. Diverre døydde mannen etter få år og 52

Sefrusteinen har ei lett gjenkjenneleg form. Fotograf: Ragnhild Husevåg. Datering: 2009


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

Sogn og Fjordane fylke - dei trykte fylkestingsforhandlingane

Av Hermund Kleppa

Fylkestinget 1921 vart halde i Loen, Stryn. Under tingseta var fylkestinget om bord i Bergenske sin båt "Meteor". Datering: 1921 Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fotograf: Ukjend

Fylkeskommunen og fylkestinget vart oppretta ved formannskapslovene av 1837. I mange år kom fylkestinget saman ein gong i året. Møtebok og sakstilfang vart kvart år trykt opp og utgitt i bokform. Dei trykte fylkestings-forhandlingane er i dag ei gullgruve av fylkeshistorie, fylkeskommune-historie og kommunehistorie.

Amtsformannskap - amtsting fylkesting 1. januar 1919 vart fylke teke i bruk i staden for amt som hadde vore i bruk frå 1671. I åra 1763-1919 var fylkesnamnet Nordre Bergenhus Amt. Frå 1. januar 1919 vart det endra til Sogn og Fjordane fylke. Fylkestinget hadde nemninga amts-

formannskap i åra 1838-1893, amtsthing/amtsting i åra 1894-1918, og seinare fylkesting. I åra 1838-1976 kom fylkestinget saman ein gong i året, bortsett frå nokre få ekstraordinære fylkesting. Fylkestingsseta varde fleire dagar. I åra 1838-1961 sat ordførarane i kommunane som sjølvskrivne medlemmer. Ved lov av 16. juni 1961 valde kommunane fylkestingsrepresentantar for fire år, og fylkesutvalet valde fylkesordførar. Frå 1976 vart fylkestinget valt ved særskilt val.

Fylkeskommunen forvaltningseining Dei trykte fylkestingsforhandling-

ane er i røynda kjernen i fylkestingsarkivet, på same måten som kommunestyrearkivet er det på kommunenivå. Dei viser oppgåvene til fylkeskommunen og fylkestinget, og syner korleis fylkestinget løyste dei. Fylkestingsforhandlingane er og hovudkjelda til kunnskap om endringar og utvikling i alt det fylkeskommunen og fylkestinget i Sogn og Fjordane har stelt med frå starten i 1837. I åra 1838-1976 var det fylkesmannen som var ansvarleg for den fylkeskommunale administrasjonen. Fylkesmannen laga dei trykte fylkestingsforhandlingane. Frå 1976 vart fylkeskommunen sjølvstendig forvaltningseining, med eigen fyl53


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

1908 hadde saka nr. 76, og sakstittelen "Om en plan for telefonbygningen." Telefonsaka var grundig førebudd frå fylkesmannen gjennom ei saksutgreiing på 10 sider. Utgreiinga har eit oversyn over kva som hadde skjedd tidlegare i fylkestinget med å fremja utbyggjing av telegraf- og telefonanlegg. Det er teke med uttale frå kommunestyra og uttale frå telegrafdirektøren. Vidare står innstilling til vedtak frå ein komite i fylkestinget, og til slutt nærast eit stenografisk referat av ordskiftet i saka. "Myklemyr vilde helst ha Jostedalen

opført som no.1 under sidelinjer i Sogn; men her er vel vanskeligt at opnaa det bedste. Man faar derfor slaa seg tiltaals med det næstbedste." Det var ordføraren i Jostedal, sersjant Ole E. Myklemyr, som sa dette i ordskiftet. Denne eine saka på fylkestinget i 1908 er eit illustrerande døme på ei stor og viktig sak som me i dei trykte fylkestingsforhandlingane får belyst frå sentralt, fagleg hald (telegrafdirektøren) og frå lokalt nivå (kommunane). Fylkestinget samlar trådane.

Dei trykte fylkestingsforhandlingane på lesesalen til Fylkesarkivet 2008. Datering: 2008 Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fotograf: Hermund Kleppa

kesrådmann, eigen administrasjon, og med det, ansvarleg for eigne arkiv.

Fylkestingsforhandlingane 1908 - eit døme Kva er så dei trykte fylkestingsforhandlingane meir konkret? Me får eit greitt svar ved å sjå nærare på ein av årgangane. Kjennskap til ein årgang, gjev langt på veg kjennskap til dei andre. Me ser nærare på året 1908. Dei trykte fylkestingsforhandlingane frå fylkestinget i 1908 er på 772 sider og har tittelen Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger i Aaret 1908. (For 1843 er dei på 95 sider, i 1977 på 1599 sider).

1908 - døme på ei sak Telefonutbygginga var ei viktig sak i fylkestinget i 1908. Saka hadde vore føre i 1907, men då vorte utsett. Eit fleirtal i fylkestinget ønskte å henta inn fråsegner frå kommunane. I 54

Fylkestinget handsama ei rekkje årsmeldingar. "Amtsdyrlægernes beretninger for 1907" vart fremja som sak nr. 14 på fylkestinget i 1908.


kjelda, nr. 3 – 2011, årgang 20

1908 - alle sakene Innhaldet i 1908-boka er delt i tre hovudbolkar: 1) Dokument og innstillingar (1-573), 2) Forhandlingar, komiteinnstillingar og vedtak (575699) og 3) referat frå ordskifte. Først i boka, på sidene IIV-XII, kjem eit systematisk ordna register med alfabetisk oppsette hovudkapittel, underkapittel, og sidetilvising til respektive hovudbolkar. Hovudkapitla er: "Abnorme børn, Amtskommunen, Amtstinget, Amtsutvalget, Budget- og regnsabsvæsen, Dampskibsvæsen, Distriktsinndeling, Elveforbygninger, Fiskeog jagtvæsen, Fængselsvæsen, Landbruksvæsen, Medicinalvæsen, Rets- og politivæsen, Skolevæsen, Skyssvæsen, Telefonvæsen, Valg, vei- og kommunkationsvæsen, Veterinærvæsen, Forskjellig." Døme på underkapittel: "Medicinalvæsen": a) "Jordmorvæsenet" (budsjett og årsmelding, pensjon til fire jordmødre) b) "Sindsyge" (budsjett, årsmelding om dei sinnsjuke) "Iøvrig": (Søknad om tilskot til Chr. Stokstads orthopædiske institut og oppretting av apotek i Nordfjord).

1857 Om dampskibsfart paa de bergenske fjorder for begge bergensamters regning. 167 Besluttet paa ekstraordinært amtsting at anskaffe 2 dampskibe ved laan paa amtskommenen (trykt særskilt)," o.s.v. Fylket sitt eige dampskibselskap var eit stort tiltak som avspeglar seg på ikkje mindre enn 10 sider i samleregisteret 1838-1908. Det føreligg også samleregister for åra 1908-1917.

Målform Fylkestingsforhandlingane 1931 skil seg ut frå dei føregåande ved at det er nytta nynorsk målform. Det kom med eit fylkesmannskifte. Ingolf E. Christensen var den siste som nytta bokmål, Hans Seip den første som nytta nynorsk. Likevel var det ikkje slik at fylkestingsforhandlingane

tidlegare var heilt frie for nynorsk. Innstillingar frå nemnder og komitear vart i somme høve skrivne på nynorsk. Til dømes vart den første vegplanen for fylket i 1906 skriven på nynorsk.

Oppsummering Dei trykte fylkestingsforhandlingane for Sogn og Fjordane er ei særs viktig historisk kjelde på fleire måtar: 1. Dei omfattar kjernen i arkivmaterialet til fylkestinget - det øvste folkevalde organet i fylket. 2. I innhald omfattar dei heile fylket, - kvar kommune, kvar grend, direkte og indirekte kvart einaste menneske som har bygt og budd i Sogn og Fjordane. 3. Dei er etter måten lett tilgjengelege ved at dei føreligg i bokform, og 4. dei er fysisk tilgjengelege i Sogn og Fjordane. Mykje av det eldste arkivmaterialet til fylkestinget er nemleg oppbevart i fylkesmannsarkivet - som tidlegare er sendt ut or fylket, til Statsarkivet i Bergen. Dei trykte fylkestings-forhandlingane kan folk få tilgang til fleire stader, på Fylkesarkivet, Fylkesbiblioteket og Sogndal bibliotek.

Samleregister Dei trykte fylkestingsforhandlingane har stort omfang rekna i saker, sidetal, bøker og hyllemeter. For å gjera innhaldet lett tilgjengeleg, laga fylkesmannen register eller innhaldsliste i kvar bok. Det vart og laga samleregister. Det første omfattar år 1838-1886, det andre 18871907. Vidare føreligg det samleregister for begge desse, for heile perioden 1838-1908. Her er alle saker som gjennom heile perioden gjeld eitt og same hovudkapittel, rekna opp. Døme: Hovudkapittel 3. Dampskipssaker "1843 Adresse til regjeringen angaaende dampskibsfart paa Sognefjorden [side] 77.

Prenta kjelder • Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger i Aaret 1908. 1908. • Engesæter, Aage og Thue Johs. B.: Sogn og fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. 1988.

På fylkestinget i 1908 hadde ordføraren i Jostedal, Myklemyr, ordet om telefonutbygging til Jostedal. Biletet syner toppen av ein av pålane i den første telefonlina i Jostedal. Datering: 2008 Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fotograf: Hermund Kleppa

55


Retur: FYLKESARKIVET Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682

Før og no

Øvst: Eit av dei eldste bilete ein til no har funne frå Hardbakke. Til venstre litt av prestenaustet. Sjøbu med gangveg frå bryggja. Her var det krambu frå 1887/88. Naustet til Takle, naustet til Aarøy. Oppe til venstre fjøs og bustadhus Aarøy (Teigen). Vi ser og steinhellaren med mur, under der var sauehuset. Neste hus er gamleskulen, bygd 1868. Vidare Taklehuset gjort så stort 1904/05 prestehuset med stabbur og løe/fjøs, bygd 1891/92. Fotograf: A/S Stav. Forenede Fotografer. Datering: 1912. Nedst: Vinkelen er ikkje heilt identisk med det øvste biletet, men likevel skulle endringane vere godt synlege. Både naturen og menneska har forandra på landskapet. Fotograf: Per Olav Bøyum. Datering: 2011.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.