Kjelda nr. 2 2011

Page 15

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

BEDEHUS Eigar Då samlingshuset vart bygt, stod organisasjonane Sunnfjord Indremisjon og Ungdomslaget av Norges Kristelige Ungdomsforbund (NKUF) som eigarar.

Vigslinga - føremiddagsmøtet Huset vart vigsla søndag 5. september 1954 med møte kl. 11:00 og 15:30. Gustav Nydal ynskte velkomen med ord frå profeten Esaias om at Han som bur i det høge, tek rom hjå den som er broten og nedbøygd. Deretter las Johan Slettevold ein prolog han hadde skrive sjølv. Sokneprest og konstituert prost, Hjalmar Tjelta, heldt vigsletalen ut frå ordet i 1. Kongebok, kapittel 8, versa 27-28, om Guds stordom og hus mennesket byggjer til hans ære. "Gå no flittigt i dette huset, og lat huset berre vera til Guds ære og syt

for å halda huset vakkert og velstelt." Deretter song Olav Fagerheim ein song han hadde skrive for høvet, og Brandsøy songlag deltok under leiing av Norvald Nydal. Til slutt på føremiddagsmøtet tala kyrkjesongar Bertel Flaten frå Førde.

Samlingshuset då det var nytt i 1954. (Foto i Firda Folkeblad)

Ettermiddagsmøtet Folket samlast deretter til matøkt i skulehuskjellaren. På ettermiddagsmøtet var det tale av sekretæren i Sunnfjord Indremisjon, Mindor Dragsund og sekreteæren i Sunnfjord NKUF, pastor Ile. Ile minte om orda i Korinterbrevet om at alt skal vera til oppbyggjing, "det gjeld for arbeidet her i huset og," sa han. Etter at songlaget hadde sunge, gav Gustav Nydal ei utgreiing om arbei-

det med huset. Bertel Flaten las så eit dikt skrive for høgtida av emissær Ragnvald Nydal, og det vart bore fram helsingar. Deretter var det tale av Rasmus Nydal, fødd 1869, i stova i Nydal som no hadde vorte bedehus i Brandsøy. Vidare var det helsing frå Nils Nydal (83). Han var fødd i den gamle Ekrestova i Nydalen. Elles bar fleire andre fram helsingar. Bertel Flaten overrekte ein bibel frå ungdomskrinsen av NKUF.

Band til Nydal i Holsen Bonde Rasmus Gullak R. Nydal (1869-1962) budde i Nydal i Holsen, på bruk nr. 6 kalla Øvre Ekrene. Han dreiv óg som bygningsmann. Sonen Gustav, f. 1901, vart gift med Mathilde Ervik. Dei budde i Brandsøy. Ein annan son, Ragnvald, fødd 1898, var gift med Agate og busett i Egersund. Han reiste som emissær. Kjelder: • Firda Folkeblad. 16.08., 02.09, 06.09.1954. • Lys og Fred. september 1954.

Samlingshuset på Brandsøya 2008, teke i bruk i 1954. 15


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Kjelda nr. 2 2011 by Fylkesarkivet i Vestland - Issuu