Kjelda nr. 2 2011

Page 1

Kjelda

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Nr. 2 - Juni 2011. Ă…rgang 20

Sogn og fjordane fylkeSkommune

Fylkesarkivet pĂĽ Internett: www.fylkesarkiv.no


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Arkivarer uten grenser Grunnlova § 100 sikrar at alle har rett til ytringsfridom og til offentleg informasjon. Dette vert rekna som ein føresetnad for eit demokratisk samfunn. Eit samfunn med opne offentlege prosessar og avgjerder er avhengig av gode arkiv. Arkiva er viktige for den offentlege administrasjonen, for å dokumentere rettar for einskildpersonar og for å dokumentere vår felles historie. Kunnskap om arkiv, bevaring og tilgjenge til arkiv er viktig for innbyggjarar i alle samfunn. Arkiva dokumenterer fortid og notid, og tilgjenge til denne dokumentasjonen speler ei viktig rolle i utvikling av ein nasjonal identitet. Arkiv kan dokumentere rettar, men også overgrep frå myndigheitene si side. I samfunn der ytringsfridom og menneskerettar er truga kan arkiva få status som “tause vitne”. I land som har vore gjennom store omveltingar som krig eller naturkatastrofar eller som er i stor vekst er det

særs viktig å sikre gode arkiv. Gode arkivlokale, opplæring i arkivkunnskap og digitalisering er viktige føresetnader for å sikre gode arkiv. Det er særs viktig å legge til rette for allmenn tilgjenge til arkiv. Dette er eit viktig element i arkivutdanning og ofte sjølve føremålet med digitalisering av arkiv. Arkivarer uten grenser er ein ny organisasjon i Noreg som arbeider for internasjonal solidaritet på arkivfeltet. Organisasjonen skal arbeide for å utvikle og drifte samarbeidsprosjekt om bevaring av arkiv og arkivdanning, opplæring av arkivarar og skape merksemd om korleis arkiv vert tekne vare på, særskilt i land som er utsatt for naturkatastrofar eller krigshandlingar. Arkivarer uten grenser oppstod i Barcelona i Spania i 1998. Liknande organisasjonar vart etablert i andre land. I 2000 var det skipa ein internasjonal organisasjon av Arkivarer uten grenser. Denne skal koordinere og

Redaksjon Karianne Schmidt Vindenes (red.) Elin Østevik, Per Olav Bøyum, Kristjan Logason, Marit Anita Skrede Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Marit Anita Skrede. Utforming: Sogne-Prent AS.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no Fylkesarkivar: Karianne Schmidt Vindenes, tlf. 57 65 64 01, karianne.schmidt.vindenes@sfj.no Arkivarar: Kristjan Logason (foto), tlf. 57 65 64 33, kristjan.logason@sfj.no Ole Stian Hovland (fagleiar), tlf. 57 65 64 19, ole.stian.hovland@sfj.no Marit Anita Skrede (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, marit.anita.skrede@sfj.no Kjerstin Risnes (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 06, kjerstin.risnes@sfj.no Cecilie Astrup Bustad (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, cecilie.astrup.bustad@sfj.no Randi Melvær (sekretær/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, randi.melvar@sfj.no Elin Østevik (fotoarkivar) tlf. 57 65 64 18, elin.ostevik@sfj.no Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf. 57 82 50 17, per.olav.boyum@sfj.no Erle Hind (musikkarkivar), tlf. 57 65 64 12, erle.hind@sfj.no Arne Henjesand (registrator), tlf. 57 65 64 00 Carina Hatlevoll (lærekandidat), tlf. 57 65 64 00

binde saman eit aukande tal sjølvstendige einingar i fleire land. Internasjonale Arkivarer uten grenser har utarbeidd eit internasjonalt charter som dei nasjonale organisasjonane sluttar seg til. Arkivarer uten grenser Norge er den 11. nasjonale organisasjonen i dette nettverket og den første som etablerer seg i Nord-Europa. Organisasjonen vart stifta 4. mai 2011. Fylkesarkivet har vore delaktig i arbeidet med å etablere Arkivarer uten grenser i Noreg og har vore med i eit interimsstyre. Fylkesarkivet har også representasjon i det første valde styret. Fylkesarkivet sit på mykje kunnskap og kompetanse som vi kan bidra med i arbeidet til Arkivarer uten grenser. heile arkivmiljøet. Dei som er interessert i meir informasjon om organisasjonen kan gå inn på nettsida arkivarerutengrenser.wordpress.com Karianne Schmidt Vindenes Fylkesarkivar

ABM-Sogn og Fjordane: Øystein Åsnes, Tlf. 57 65 64 04, oystein.asnes@sfj.no Eirik Stanghelle Morland, tlf. 57 65 64 08, eirik.stanghelle.morland@sfj.no Bjarnhild Samland, tlf 57 65 64 08, bjarnhild.samland@sfj.no Nettstad: www.fylkesarkiv.no

Personalnytt: sjå side 29.

FRAMSIDEBILETE: Dåverande fylkesarkivar Gunnar Urtegaard og kommunearkivar Hermund Kleppa studerar ein kommunal protokoll. Biletet er henta frå

ein artikkel i avisa Sogn og Fjordane 20.mai 1987 om ordning av arkivet til Leikanger kommune. Biletet blir brukt med løyve frå avisa. Fotografen er ukjend.

2


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Innhald • Arkivarer uten grenser Av Karianne Schmidt Vindenes................................................................................................................................ s. 2 • Hermund takkar for seg på Fylkesarkivet Av Henning Rivedal ................................................................................................. s. 4 • Fyrbilete på Flickr Av Elin Østevik............................................................................................................................................................................... s. 7 • Huldra i stadnamn Av Randi Melvær........................................................................................................................................................................ s. 8 • Solidaritetstanken i arbeidarrørsla Av Per Olav Bøyum ..................................................................................................................... s. 11 • Norsk kulturråd løyver 100 000 kr til å ordne i arkivet etter Rolf Myklebust Av Erle Hind ............................................................................................................................................................................................. s. 13 • Hyllestadseminaret 2011 .................................................................................................................................................................................................. s. 13 • Bedehus og bedehuskapell i Flora Av Hermund Kleppa......................................................................................................................... s. 14 • Fotograf Martinius Eliasson Askeland - ein teknikkens Askeladd Av Elin Østevik.......................................... s. 16 • Amerikabrev frå Feios fortel frå åra 1913-1928 Av Bjarnhild Samland............................................................................. s. 18 • Minnesmerket: Ei sjeldan grav - Fjokla Demjanova Av Hermund Kleppa..................................................................... s. 22 • Gamle stølar og rike gardar Av Marit Anita Skrede..................................................................................................................................... s. 24 • Jubileumsbok - Hyllestad kommune 150 år Av Kjerstin Risnes Skrede................................................................................. s. 28 • Tilvekst til folkemusikkarkivet Av Erle Hind................................................................................................................................................... s. 29 • Ein liten refleksjon over korleis kvardagsnemningar skiftar innhald over tid Av Kjerstin Risnes.......................................................................................................................................................................................................... s. 30 • Telehistorie takka vere Oddkjell Bosheim Av Hermund Kleppa.................................................................................................. s. 31

3


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Hermund takkar for seg på Fylkesarkivet

Av Henning Rivedal

Dei fyrste læreåra

Hermund Kleppa på kontoret, iført Fylkesbaatane-skjorte og med ei bok i fanget. Foto: Henning Rivedal.

Då han var dreng hjå Olav Meling på Talgje i Finnøy kommune, fekk Hermund ein type lærdom som prega han seinare. Meling dreiv både landhandel, gardsbruk med drivhus og hadde kastenot. Hermund fekk sleppa fritt til med stort ansvar. Eitt arbeid var mellom anna å handmjølka dei fem kyrne til Meling. Ein dag kom ein mann og spurde om Olav kunne koma og sprengja ein stein i hagen hans. Det lova han, men valde å senda drengen i staden: “Kan du sprengja ein stein i hagen til ein granne”, var oppgåva Hermund fekk. Så forklarde Olav korleis det skulle gjerast: “Du går i fjøsen, finn kuskit og legg rundt dynamitten oppå steinen.” 16 år gamle Hermund gjorde som han var beden om, og steinen vart sprengd. “Slik vart eg vaksen – slik lærde eg noko nytt, seier Hermund. Olav Meling opna augo mine for spor etter historia. Eg gjorde eigne funn i fleire åkrar rundt om på Talgje og fekk ein flyktig draum om å bli arkeolog.” I staden vart det lærarskule. Han reiste til Stavanger, tok opptaksprøva som varde i 11 dagar med skriftlege og munnlege prøver i alle fag, og kom inn.

Læraren vart arkivar I 24 år har arkivar Hermund Kleppa vore ei av eldsjelene i arbeidet til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Den som skal fylla rommet etter han, får mykje å gjera. I ein alder av 70 år fullførte han nyleg maratonløp nummer 72, og då i Tskjorte med Fylkesbaatane-flagget på brystet. Slik er Hermund Kleppa ein fagmann der yrke og ideal heng tett saman. Han er for mange kjend som mannen som protesterte mot at Fjord1 Nordvestlandske AS den 10. oktober 2009 vedtok å slutte å bruke det over 150 år gamle flagget til Fylkesbaatane 4

i Sogn og Fjordane. Men for somme innan arkiv og historiemiljøet har han lenge vore ein institusjon, noko denne artikkelen skal fortelja om. Han kom til verda på garden Kleppa i Hjelmeland kommune i Ryfylke den 8. mai 1941, som nummer tre i ein syskenflokk på etter kvart åtte. Tidleg skulle det visa seg at Espen Oskeladd og Hermund Kleppa hadde mykje til felles ved at dei såg nytten i ting som andre fòr forbi. Sogn og Fjordane fylkeskommune kjem til å ha glede av det lenge, for Hermund Kleppa let etter seg ein imponerande produksjon, i skrivande stund mellom anna 674 artiklar i Kulturhistorisk leksikon.

Etter 14 år som lærar fekk Hermund arbeid i Interkommunalt arkiv i Rogaland i 1978. Dette var ein heilt ny arkivinstitusjon som skulle få orden på dei gamle kommunearkiva rundt om i Rogaland. “Eg var utdanna lærar, men heilt blank på det arkivfaglege feltet; eg visste knapt kva ein brevjournal var. Konstituert statsarkivar Lisabet Risa vart ein svært god læremeister for meg. Ho hadde alltid tid når eg melde meg med spørsmål. Seinare har eg lagt vinn på å praktisera hennar innstilling andsynes nye kollegaer”, seier Hermund. I 1983 skreiv han til nokre kommunar og sa at han kunne koma og ordna dei gamle arki-


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

va deira. Det vart avtale med Berg kommune i Troms, Kvinnherad i Hordaland og Flora i Sogn og Fjordane. “Det var spesielt å koma til Berg der Ingrid Bjerkås var den fyrste norske kvinnesokneprest. Me kom dit begge for å gjera ei god gjerning”, smiler Hermund. Bakgrunnen for arbeidet var å laga handbok i ordning av kommunale arkiv, eit tillegg til standardverket Administrasjonshistorie og arkivkunnskap, Kommunene (1986) av Liv Mykland og Kjell-Olav Masdalen. I Flora vart han kjend med formannskapssekretær Alvdis Joleik Holmen, dotter til kulturhovdingen Albert Joleik. Alvdis vart ein framifrå hjelpar for Hermund, og medan dei arbeidde, sa ho rett som det var: “Han far hadde likt dette godt.”

Gjensidige-sjefen i fylket Audun Reme i 1995. Andre bøker der Fylkesarkivet og Hermund var med på laget og med Finn B. Førsund som forfattar var: Skipsverftet ved Sognefjorden (1993), Firda Billag (1995), to sparebanksoger og Dampen og kaia, boka om dampskipsstoppestadane i fylket. I Selja Forlag sitt bokprosjekt Krigsår, Liv og lagnader i Sogn og Fjordane (2000) var Kleppa Fylkesarkivet sin mann. I tillegg nemner han særleg Fylkesarkivet si bok i jubileumsåret 2005. Året 1905 i Sogn og Fjordane var eit fellesløft av alle tilsette i Fylkesarkivet med Karianne Schmidt Vindenes, Kjerstin Risnes og Hermund Kleppa som redaktørar. Boka går inn på korleis den nasjonale

storhendinga at Noreg vart fullt og heilt sjølvstendig land og rike, arta seg i lokalområde i Sogn og Fjordane fylke. Den siste boka Hermund var medspelar i var den store vegboka Selja forlag gav ut i 2007. Boka heitte På god veg. Veghistorie i Sogn og Fjordane. Kristin Ese var forfattar og Fylkesarkivet, Statens vegvesen og Selja forlag samarbeidde om å gje ut boka. Også her var fleire av dei tilsette i Fylkesarkivet med i arbeidet i tillegg til mange i Statens vegvesen.

Barn av si tid 1970- og 80-åra var ei tid med sterk interesse for det lokale. Slagordet “Grav der du står” galdt. I Danmark kom ei bølgje av lokalhistoriske arkiv,

Til teneste i fylkeskommunen Så var det seminar om kjeldemateriale til bygdebøker hausten 1984. Fylkeskultursjef Lidvin Osland og fylkesarkivar Gunnar Urtegaard stod som tilskiparar saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane. “Eg gjekk fram til Osland og Urtegaard og sa at eg kunne seia noko om kommunearkiva.” Dette viktige kjeldematerialet stod ikkje på programmet. Denne hendinga vart mitt fyrste møte med Fylkesarkivet. Eg bytte frå Interkommunalt arkiv i Rogaland til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 1. mai 1987. Gunnar Urtegaard har seinare sagt at han merka seg at eg var oppglødd på vegner av arbeidsfeltet mitt, kommunearkiva. Ein annan som arbeidde i Fylkesarkivet då var Bjørn Bering som seinare vart byarkivar i Oslo og direktør i ABM (Arkiv, Bibliotek og Museum). Dei fyrste åra vart det mest arbeid med kommunearkiv, så nokre år med privatarkiv og så kom Kulturhistorisk leksikon. Ein del bokprosjekt kom også på løpande band; eit resultat av samarbeid mellom fleire partar innan arkivarbeid og historieskriving. Saman med fleire Gjensidige-veteranar samla og ordna Hermund arkivstoff til boka om dei lokale Branntrygdelaga i fylket. Finn B. Førsund skreiv boka som kom til på initiativ frå den historieinteresserte

Ein stubbe av ein telefonstolpe frå fyrste telefonlinja i Jostedalen, skiltet til Televerket, flagget til Det Stavangerske Dampskibsselskab som no Tide fører, nokre boksar sardinar og eit velfylt arkivskåp viser det mangslungne interessefeltet til Hermund Kleppa og strekar under evna hans til sjå det store i det små. Foto: Henning Rivedal.

5


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Høgskulane i fylket vårt og Møre og Romsdal bygde seg opp som tunge institusjonar innan lokalhistorie. Høgskulelektor Per Sandal i Sogndal var den store og lysande stjerna. Sogn og Fjordane sitt nye fylkesarkiv tok opp stadnamn, foto, kommunale arkiv, private og munnlege arkiv, kjelder og musikktradisjon som viktige arbeidsfelt. Hermund har alltid likt det breie arbeidsfeltet til Fylkesarkivet. Han ynskjer å ha ope auga for slikt som ikkje har kome godt nok til syne i kulturvernet; bedehusa til dømes, ein del av underskogen i kyrkjelandskapet. “Det er ikkje berre det prangande som gjeld. Heile folket, dei namnlause bakanfor ordførargalleriet på veggen i kommunestyresalane; heile breidda må vera med”, seier arkivaren med tyngde. Som døme på engasjerte kultursjefar i kommunane dreg han fram dåverande kultursjef Herleiv Alvheim i Aurland, som fekk laga ein samla plan for heile kulturminnevernet i kommunen, smått, stort, vidt og breitt der også gravsteinane på kyrkjegardane kom med.

Møte med den lokale kunnskapen Fylkesarkivet hadde eit mål om å oppretta og halda ein brei kontakt med kommunane. Den omfatta også lokalhistorisk interesserte menneske og sogelaga. Målet var å ha nytte av kvarandre. Så kom Kulturhistorisk leksikon som eit døme på eit samarbeid mellom kommunane og Fylkesarkivet. Det vart ein variant av den kulturhistoriske vegboka som Hordaland laga. Sogn og Fjordane sin variant vart altså eit leksikon på Internett, mykje takka vere at fylkesarkivar Gunnar Urtegaard var ein føregangsmann på det området. Hermund Kleppa har stadig vore ute i felten og møtt folk og kulturminne der dei er. Han har mellom anna dokumentert dei fleste minnesteinane i fylket vårt: “Dei formidlar historie. Dessutan er dei viktige fordi desse minnesmerka var viktige for dei som reiste dei, og det høyrer med til folkeskikken å ha respekt for slikt. Bautaen, minnesmerket står der og fortel litt til den som måtte stogga og undra seg. Eg har samla opplys6

Døme på nokre av Hermund Kleppa sine “talarstolar”; boka i framgrunnen og den tradisjonelle talarstolen. Oppå og på veggen, døme på bakgrunnsmateriale og kunnskapen han formidlar i konsentrert form. Foto: Henning Rivedal.

ningar som fortel meir om steinen, om person, om hending, om avduking og kvifor han står der”, seier Hermund.

Rikdomen me lett gløymer Ein gong Hermund Kleppa var innom Osen gard i Gaular der Atle Jarl ein gong budde og der Gaularvassdraget renn ut i Dalsfjorden, fekk han servert kaffi, kaker og tre poteter i ei skål av vertskapet Unn Karin Kleppe og Olav Johan Mo. Då han stussa litt over potetene, fortalde dei historia om iren Potts som bygde Noregs fyrste laksetrapp i fossen ved garden. Trappa fungerer godt framleis, men Potts hadde også poteter med som dei har dyrka der på garden sidan. Hermund drog til Irland, spora opp grava til Potts og har skrive om han og livsverket hans i Kulturhistorisk leksikon.

No gler Hermund seg over EuropeanaLocal eller den digitale allmenning som er i kjømda. Der skal alt lokalhistorisk tilgjengeleg materiale kunne finnast på ein felles nettportal. Han ser fram til eit fylkesjubileum i 2013, fullt av innslag frå mange, heile året. “Rolf Losnegård vil laga ungdomsmusikal av og for ungdom, framført på Tusenårsstaden Gulatinget. Sjå på kva Flora og Florø fekk til i sitt jubileumsår 2010. Og eg ser fram til fylkessoga som er i kjømda med heile historiemiljøet i fylket som drivkraft.” Hermund Kleppa vert pensjonist, men ikkje gjerandslaus; berre vent å sjå, for Hermund ser det store i det små.


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Fyrbilete på Flickr Av Elin Østevik

Ei samling glasplatenegativ etter Anders Folkestadås (1865-1914), arbeidsformann i fyrvesenet, vart nyleg publisert på Fylkesarkivet sin Flickr-profil. Samlinga gir eit glimt inn i livet og arbeidet til Folkestadås. Mellom anna dokumenterer samlinga bygginga av Kråkenes fyr i 1906, eit arbeid Anders Folkestadås leia. I tillegg til bygginga av Kråkenes fyr, inkluderer samlinga bilete frå Kråkenesbygda og fleire fyr langs Norskekysten. Somme av bileta er uidentifiserte, og vi er svært takksame om du legg inn ein kommentar eller sender oss ein e-post dersom du har opplysningar til bileta. Alle bileta på Flickr-profilen vår har "falt i det fri" opphavsrettsleg sett. Du står dermed fritt til å nytte bileta slik du måtte ønske. Bileta finn du her: http://www.flickr. com/photos/fylkesarkiv

Kråkenes fyr under bygging i 1906. Fotograf: Anders Folkestadås.

Eit av bileta i samlinga kan seiast å være særskilt interessant. Bilete er teke ca. 1900-1910 i Folkestadbygda i Møre og Romsdal og syner Johannes Flote og Anton Reite i det dei kastrerer eit vêrlam. Begge mennene har festa det som ser ut til å vere ein kvast rogn på jakkeslaga sine. I norsk folketru vart rogna sett på som eit heilagt tre som kunne verne både folk og hus mot mellom anna hekser og uver. Rogna vart brukt både i trolldom og magi, men også i folkemedisinen. I norrøn mytologi var treet knytt til guden Tor. Kan den gamle folketrua vere med på å forklare bruken av rogn i samband med kastreringa av vêrlammet på biletet? Eller er det kan hende heilt andre grunnar til at karane her har utstyrt seg med rogn på jakkeslaget? Kastrering av lam i Folkestadbygda ca. 1900-1910. Det kan sjå ut som om begge mennene har festa ein kvast rogn på jakkeslaget. Kva er bakgrunnen for bruken av rogn i samband med kastrering av husdyr? Fotograf: Anders Folkestadås.

Vi vonar at lesarane kan hjelpe oss i denne saka. Tips sendast til elin.ostevik@sfj.no

7


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Huldra i stadnamn Av Randi Melvær

Ein del av stadnamna våre avspeglar folketru i eldre tid. Folketru kan jo vera så mykje forskjellig. Det kan vere tru på overnaturlege vesen som hulder eller gyger, troll eller tussar, jutlar eller sjøormar eller andre vesen. Det er gjerne segner knytt til desse namna som forklarer kvifor namnet er blitt som det er.

Huldrefolket Huldrefolket har fleire namn, dei underjordiske, tussefolket eller hittfolket. Det finnast både mytiske segner og opphavssegner om huldrene og huldrelokalitetar. Det finnast fleire segner om opphavet til huldrene. Ein er at dei skal stamma frå Adam og den første kona hans. Elles har Nikka Vonen ei segn om Gud som trefte ei kjerring som gøymde bort ein del av ungane sine. “dei som er dulde skal bli til hulde, sa Gud.” Nokre forskarar trur at huldrefolket er tidlegare folk som

budde på gardane, sidan livet deira er så likt vanlege folk sitt. Nikka Vonen fortalde frå Sunnfjord at huldra var grønkledd og bar eit kvitt tørkle om halsen. Den grøne kledefargen går att i mykje av litteraturen. Henrik Ibsen skildra jo og huldra som “den grønkledde” i Peer Gynt. Louise Storm Borchrevink skreiv i folkeminnesamlinga si frå Nordfjord at huldra gjerne var grøn-, blå- eller gråkledd. Ho var svært vakker som ung, men stygg som gammal. Ho kunne og vera pen framafrå men heilt innhol bakfrå.

Huldrehaugen - Huldrehogen Huldehaugen Gygra sitt namn er ofte knytt til store steinar, urer eller store ”fotavtrykk” i fjellet som Gygrasteget. Her har folk hatt førestillinga om at Gygra har kasta store steinar eller dryssa utover heile urer. Huldrenamna er svært ofte

knytt til ein haug. Denne ligg ofte nær eit gardstun eller i eit gardstun. Huldrehaugen kan og ligga nær ein stølsvoll eller på sjølve vollen. Her budde huldra og folket hennar og det var viktig at folk tok omsyn til huldrefolket. Då gjekk det godt for dei. Huldrene flytta og inn i selet etter at budeiene var flytta heim att om hausten og kunne halde hus der til budeiene kom opp att til stølen om våren. I Breim blei det fortalt om ein huldrehaug: ”På Hole va dar ein liten huldrehøgje, dar skulehuset står. Dar måtte dei skvette søtmjølk på rota når dei høgg ned tre. Det skulle blidgjere dei ondejordske.” ”Det skulle vere hulder i ”Konehøgjen” ovafor Austreim. Der var det ikkje trygt å gå når det var mørkt.” Det var utrygt å gå fleire stader. På garden Fløtre var det ein haug ved ”Bjørkjebruna”. Her skulle det

I Jølster kommune er det registrert heile 15 “huldrestadnamn”. Eit av dei ligg på garden Veiteberg.

8


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

drog inn i Huldrehøgjen. “På Å-støylen (i Hyen) æ dar ein stein som heite Brurasteinen. Der har dei sett underjordiske brudepar som gjekk rundt steinen.” (Louise Storm Borchrevink) I Årdal i Sogn finn vi og ein huldrehaug og ei huldrehole med tilknyting til eit huldrebryllaup. Huldrebryllaupet som stod i Ve skal ha fått fylgjer for folket på garden. I Øvre Årdal finn vi Huldrehaugen på garden Ve (gr.nr. 9) og Huldrehola på nabogarden Moa (gr.nr. 10). (Den store stadnamninnsamlinga 1985/86.)

Bryllaupet i Ve Frå Ve i Øvre Årdal. Då vegen skulle ha namn valde dei å bruka huldresegna og å kalla denne vegen for Huldrebakken. Huldrehaugen skal ha vore i begynninga på bakken, før ein kjem opp til bustadfeltet oppe på flata.

vere hulder. I Hyen hadde dei mange stader der huldrene budde. I Breim har dei ein stein som heiter Huldrekjerka. ”Det æ ein stor stein som dei sa huldrene budde i.” Frå Innvik: ”Dar va ei plassekone nedi Høgje vi seie, på Brulandsdal. Hon sa at på Brulandsdala, dar va’kje rett trygt, dar! Hon trudde hon hadde sett huldre dar.” Desse stadene skreiv Louise Storm Borchrevink om.

Liknande stadnamn finn vi både i Vik, Høyanger og Lærdal. Truleg er det mange fleire i det stadnamnmaterialet Fylkesarkivet har som ikkje kan søkjast opp på Internett, men som stammar frå den store stadnamninnsamlinga i 1985/86.

I Jølster er det mange huldrehaugar. Ein av dei ligg på garden Veiteberg (gardnummer 18 bruksnummer 6). Dette er ein holt med gjel på begge sider. “Segna seier at dei ikkje måtte hogge skogen her, elles fekk dei tannverk. Dersom dei fekk tannverk, måtte dei slå ein hesteskosaum inn i ei bjørk her i haugen. Huldrehogen på Klakegg (g.nr. 14 br.nr. 3) er ein bratt hammar mot nord som gav ekko. Så her er huldra knytt til “dvergemålet”.

Den store stadnamninnsamlinga i 1985/86 fanga opp ganske mange stadnamn med tilknyting til huldra. Ein kan søkja dei opp med kulturkodane K260 – folketru/naturfenomen eller K261 – Lokalitet; overnaturleg vesen. På Vetrhussætra i Selje kommune finn vi både Huldrestova og Huldrehola. Desse to stadane ligg på garden Flister (gr.nr. 79 i felles utmark). Huldrehammaren er ein hammar på vestsida av Huldrehogen. Denne ligg ved ei råk på elvekanten og inne i skogen. Dette er mellom Vårstøylen og Flugestøylen på garden Flugekvam (gr.nr. 57 br.nr. 1). Huldrehamrane i Askvoll ligg på garden Røyrvik (gr.nr. 81 br.nr. 1).

I Sogndal har dei ein haug som har fått to namn. Han blir både kalla Huldrehaug og Vokeldshaug. Tidlegare stod det eit sel der og om hausten kunne dei høyre huldrene. Dette var på garden Ølnes (g.nr. 7 br.nr. 1). På gr.nr. 57 br.nr. 1, Geirene, i Sogndal ligg det og ein huldrehaug. Det står ei hytte her.

Huldrehammaren, Huldrehola, Huldresteinen, Huldrestova og Huldresvaet

Huldrebryllaup På Taraldset i Innvik skal folk ha sett eit brudefylgje av underjordiske som

“Det var eit huldrefølgje som skulle halda bryllaup i Ve. Så bad dei han Spelemanns-Ola at han for Guds skuld måtte komma. Det var som om dei ikkje kunne greia seg, utan at han var med. Først skulle dei til Moa, og sidan skulle dei til Ve og vigast. Moa var den sværaste garden som var der. Jau, han Ola reiste med huldra som bad han. Dei var der i Moa i bryllaup heile julehelga. Han Ola var så lenge vekke at kona hans vart reint forfærd for han. Så skulle dei då endeleg til Ve og vigast, og då det var gjort, gjekk dei opp i ei stove, som stod for seg sjølv, og det ikkje budde folk i. Der festa og feira dei til langt ut på neste dag. Då kom mannen i hi stova og skulle sjå kor det gjekk føre seg. Det var fullt av bryllaupsfolk inne, og han tok til å jaga ut alle saman så nær som brura. Han trua henne til å kle av seg og tok alle kleda hennar, til og med serken. Dei hadde duk på bordet og hadde dekka på med ein masse god mat. No tok han både serken og duken og reiste stad og gøymde. Huldra bad så vent om at ho måtte få att serken, men han lest ikkje høyra. Ho var att åleine då, alle hine var reist opp i ein haug ovanfor. Der stod ei fura så tjukk at ho var to famnar omkring, og ho var så gammal at ho var mange mannsaldrar. Beint under rota skulle dei ha huset sitt. Det var ein stor bygning, sa han Spelemanns-Ola. Han visste korleis den såg ut, for han hadde vore inne hjå dei mange gonger.

9


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Då brura ikkje fekk att serken sin, meinte ho han skulle få gjera like for det: ”Sidan du tek serken frå meg og kler meg naki,” sa ho, ”skal det ikkje finnast friske mannfolk og kvinnfolk i Ve til den niande ættleden!” Og sian har det ikkje vore skikkelege folk der. Somme har hatt brokk, andre fallesykje, og somme har vorte nokon toskar som ikkje har kunna snakka med folk. No er ein komen til femte leden, og framleis har ingen vore friske med mindre det skal vera no nyleg. Så laut huldra reisa naki derifrå og forlata alt godset sitt; og dei såg ho aldri meir. Duken er der enno i Ve, men hitt er borte. Somt har reist hit, somt dit, dei har klatta det vekk! Om det er att noko av serken, skal eg ikkje seia, men duken er der, det er visst. Han er så lang, at han rekk over heile langbordet. Han va dunblå, men det er liksom han har lysna no. I kvart bryllaup som har vore i Ve, har dei hatt han på bordet for å sjå han. Dermed har han falma. Det var ei gamal som heitte Lisbeth, ei halt ei, som gjekk med to stavar. Ho var syster til mor hans SpelemannsOla. Ho fortalde mangt slikt. Eg var liten då, men det er løge med det. Ungane hugsar så mangt!” Denne segna er teken frå Segner frå Sogn. Innsamla av Olav Sande med språkleg bearbeiding av Odd Njøs. Dette er ei opphavssegn som forklarer kvifor dei på garden Ve har ein stor og gamal duk som no er C14-datert til første halvdelen av 1400-talet. Segna har truleg vore med som inspirasjon til å ta vare på duken, fortalte Siri Benjaminsen. I stadnamnsamlinga til Fylkesarkivet på Internett finnast det 118 stadnamn som byrjar på Huld. (Du kan søkja dei opp slik: Huld%.) Dersom vi deler dette på tal kommunar blir det 4,53 for kvar kommune. Når vi så veit at ikkje alle kommunane har fått ut meir enn eit eksempel av stadnamna sine på nettet, så skjønar vi at dei fleste av oss har eit “huldrestadnamn” i nærleiken av der vi bur. I Årdal kommune er det 10

Dette er att av tunet på Ve gard. Her tek dei godt vare på klenodiet Huldreduken som er over fire meter lang.

åtte “huldrestadnamn” på nettet. I Jølster heile 15 “huldrestadnamn”. Trua på huldrer er vel borte no, men ein skal ikkje lenger tilbake enn til foreldre og besteforeldregenerasjonen vår så levde trua blant mange. Kjelder: • Borchrevink, Louise Storm: Frå ei anna tid, folkeminne frå Nordfjord. Oslo, Norsk folkeminnelag, 1956. • Den store stadnamninnsamlinga i 1985/86. • Segner frå Sogn. Innsamla av Olav Sande, språkleg bearbeiding av Odd Njøs, utval og illustrasjonar av Kjersti Isdal. Skald 2004. 124 s. • Benjaminsen, Siri: Innlegget “Huldreduken i Ve. Segna, duken og

rekonstruksjonsarbeidet” på seminar den 16. og 17. mars 2011 på Sogn Folkemuseum. • Hekneby, Greta: Nikka Vonen, folkeminnesamlar, skulestyrar og målkvinne. Selja forlag. • Norsk folkedikting III Segner ved Olav Bø. Samlaget 1977. • Informant: Ole Ørbeck Vee


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Solidaritetstanken i arbeidarrørsla Av Per Olav Bøyum

Internasjonal solidaritet har vore ein berebjelke i arbeidarrørsla heilt sidan framveksten av organisert klassekamp på 1800-talet. Mang ein protokoll frå fagforeiningar vitnar om eit dobbelt blikk. På den eine sida, den nære striden for løn og arbeidsvilkår på eigen arbeidsplass, samstundes har augo òg vore vendt mot utlandet.

pa over 200 nordmenn mot opprørsgeneralen Franco. Fleire døydde på slagmarka, men talet er noko usikkert. Ein av dei som sette livet til var Martin Schei frå Førde.

intervensjon i den spanske borgarkrigen. Frå 1937 vart det innført forbod mot å la seg verve og delta i kamp i Spania. Men den humanitære hjelpeinnsatsen rulla vidare – også i Sogn og Fjordane.

Noreg støtta ein politikk om ikkje-

Ein kunne kanskje tru at fagforeiningsarbeidet er sjølvsentrert, retta mot det lokale og eigennyttige - for auka løn og betre arbeidsmiljø. Det er naturlegvis òg tilfelle, men for arbeidarrørsla har aldri samhaldet stoppa ved fabrikkporten eller landegrensa. Arkiva etter partilag og fagforeiningar vitnar om eit sterkt og ektefølt engasjement mot nød og urett i andre land.

Den spanske borgarkrigen Arbeidarrørsla si soge viser ikkje alltid samklang i spørsmålet om klassesamkjensle over landegrensene. Første verdskrigen openberra at i ei krisetid slo gjerne dei nasjonale hjarteslaga tyngre enn samhaldet arbeidarane imellom. Men om den første verdskrigen splitta den internasjonale arbeidarrørsla, så kom den spanske borgarkrigen til å samle brei sympati til den republikanske arbeidarregjeringa i Madrid. Krigen starta i juli 1936, då eit høgreorientert offiserskorps freista å gjere statskupp mot den lovleg valde regjeringa, som hadde tilhøyrsle på venstresida. Opprørarane fekk støtte av landeigarar, borgarskap og den katolske kyrkja. Landet vart etterkvart delt i eit område kontrollert av opprørsgeneralen Franco, og ein annan styrt av den republikanske regjeringa. Det mest handfaste uttrykket for sympati med arbeidarregimet i Spania kom i form av frivillig soldatinnsats i Den internasjonale brigade. I alt kjem-

Borgarkrigen i Spania skapte ei stor flyktningbølgje. Over ein halv million fann vegen inn i Frankrike, og trongen for hjelp var stor. Etter andre verdskrigen stod Norsk Folkehjelp bak ulike tiltak for spanske flyktningar i Frankrike, mellom anna oppretting av helsestasjonar og sendingar av klede og mat.

11


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Spørsmålet om hjelp til Spania kom til dømes opp på eit møte i Gloppen Vegarbeidarforening i mars 1937. Foreininga vedtok å skrive ut ein ekstra kontingent på 50 øre per medlem, men understreka at bidraget var frivillig. Likevel må dette ha vore ein raus innsats, for rikdom og velstand var ikkje utbreidd mellom vegarbeidarane i Gloppen i dei harde 30-åra. I årsmeldinga for 1939 vert det opplyst at “Arbeidsløysa millom medlemmene har vore svert stor, millom 40-50 % i snitt”. Givargleda i Gloppen Vegarbeidarforening var generelt stor. Det vart løyvd pengar til sjuke medlemmer, politiske flyktningar, og då vinterkrigen mellom Finland og Sovjetunionen braut ut i 1939, opna arbeidarane på ny setleboka.

ke spanske engasjementet. Då borgarkrigen var slutt, vart Hjelpekomitèen for Spania omgjort til ein organisasjon som skulle drive med helse- og solidaritetsarbeid. Skipingsmøtet vart halde i desember 1939, rett etter Sovjetunionen sitt åtak på Finland. Organisasjonen samla på kort tid inn både pengar og mat til det finske folket. I tillegg drog ein stor kontingent frivillige for å slåss mot Stalin sine styrkar. Meir enn 700 personar skal ha stilt seg til innsats på finsk side. Men venstresida i Noreg var splitta i synet på vinterkrigen. Kommunistane stilte seg lydig bak Stalin, og var difor skeptiske til Norsk Folkehjelp sitt arbeid i Finland.

Solidaritetstanken var òg levande mellom arbeidarane i Vadheim. På eige initiativ løyvde styret i fagforeininga i september 1936 50 kroner til spanske arbeidarar. Spania-hjelpa kom på sakskartet att eit halvt år etter, då dei mottok eit skriv frå samorganisasjonen om bidrag til spanske klassefrender. Nok ein gong vart det løyvd pengar, denne gongen ei krone per medlem. 1. april 1939 erklærte Franco at krigen var vunnen. Men engasjementet for Spania slutta ikkje med nasjonalistane si maktovertaking. Etter andre verdskrigen vart blikket igjen vendt mot den iberiske halvøya. Ein ny Spaniakomité vart skipa, og fleire fagforeiningar aksjonerte mot regimet til Franco, mellom anna ved å nekte å laste skip som gjekk til Spania. Også på det politiske plan var det stor kampvilje. Arbeidarparti-regjeringa freista å få i stand internasjonale sanksjonar mot landet, men styret til Franco vart etterkvart sett på som stovereint i ei tid der kald krig og kommunistredsle kom til å dominere, både her heime og i våre allierte NATOland.

Norsk Folkehjelp Norsk Folkehjelp sprang ut av det ster12

om Norsk Dokumentasjonen Folkehjelp i Sogn og Fjordande er ikkje omfattande. Truleg har det heller ikkje vore mange lokallag her i fylket. Men frå Årdal finst det eit arkiv som vitnar om aktivitet. Norsk Folkehjelp starta opp arbeidet sitt i Årdal like etter krigen. Innsatsen ser i stor grad ut til å ha vore retta mot innanlands hjelpearbeid, men Spania var ikkje gløymt. I 1954 vart det til dømes løyvd pengar til spanske flyktningborn som vitja bygda. Arbeidararkiva er naturlegvis sentrale kjelder til kunnskap om lokal historie. Men dei har òg teke opp i seg dei store pulsslaga frå europeisk historie. Krigar og konfliktar viser godt att i sakslistene til arbeidarpartilag og fagforeiningar. Den spanske borgarkrigen, vinterkrigen mellom Finland og Sovjetsamveldet og oppreisten i Ungarn i 1956 er berre nokre få eksempel på hendingar som har vekt engasjement i arbeidarrørsla.

Litteratur • Moen, Jo Stein og Sæther, Rolf: Tusen dager: Norge og den spanske borgerkrigen 1936-1939. Oslo: Gyldendal, 2010 • Kleppa, Hermund: I kamp mot nazismen: 60 år sidan førdianar sette livet til. I: Kjelda 1997, nr. 2, s. 7 • Myklebust, Jon Olav og Årdal, Ottar: Pasaremos!: to nordmenn i spansk borgarkrig. Oslo: Det Norske Samlaget, 1982 Martin Schei frå Førde var berre 18 år då han verva seg til kampen mot Franco. Han engasjerte seg tidleg i AUF, og var ein debattglad ung mann med prinsippfaste haldningar som han omsette i handlingar då han kasta seg inn i krigen på republikanarane si side. Det er noko uklart korleis han enda livet sitt i Spania, men sannsynlegvis døydde han etter å ha fått eit skot i magen ved Mediana, ikkje langt frå Zaragoza. Truleg skjedde det 2. eller 3. september 1937, kort tid før han ville ha fylt 19 år. Odd Vattekar frå Høyanger deltok òg i den spanske borgarkrigen. Han vart seinare stortingsrepresentant for Høgre og fylkesmann i Vestfold. Det er ugreitt å gjere greie for nøyaktig kor mange frå Sogn og Fjordane som lèt seg verve til innsats i Spania, ettersom fleire av dei frivillige nytta falske pass og dekknamn. Tidens Tegn 03.11.1937.

Kjelder • SFF-90024 Gloppen Vegarbeidarforening • SFF-99004 Vadheim Arbeidsmandsforening • SFF-95003 Norsk Folkehjelp - Øvre Årdal lag


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Norsk Kulturråd løyver 100 000 kr til å ordne arkivet etter Rolf Myklebust Av Erle Hind

Norsk kulturråd løyver 100 000 kr til å katalogisere, digitalisere og formidle arkivet etter musikaren og tradisjonssamlaren Rolf Myklebust (1908–90). Myklebust var NRK sin fremste folkemusikkmedarbeidar, og han var programleiar for radioprogrammet Folkemusikkhalvtimen i ein mannsalder. Tidlegare i år søkte Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane si musikkavdeling om midlar til å katalogisere, digitalisere og formidle arkivet etter musikaren og tradisjonssamlaren Rolf Myklebust frå Stryn. I søknaden skildra folkemusikkarkivet arkivet etter Rolf Myklebust som eit uerstatteleg privatarkiv etter ein føregangsfigur innan innsamling, vern og formidling. Med sitt omfattande innsamlingsarbeid sikra Myklebust særs verdfulle skattar for ettertida. Rolf Myklebust vart fødd i Stryn i Nordfjord i 1908. Han var leiar for programposten Folkemusikkhalvtimen på NRK Radio frå 1952 og fram til han gjekk av med pensjon i 1978. Myklebust vart kjent som “Folkemusikkhalvtimen personleg”.

midlingskanal for folkemusikk. Sjølv om han budde i Oslo i mange år, er Myklebust sitt namn sterkt knytt til heimefylket Sogn og Fjordane. Det å sikre at arkivert vert ordna, registrert og gjort tilgjengeleg, er difor ei viktig lokalhistorisk oppgåve. Ein av årsakene til at Fylkesarkivet ynskte å søke midlar for å ordne arkivet, er at det i år – 2011 – er 80 år sidan radioprogrammet Folkemusikkhalvtimen vart skipa. Myklebust arbeidde med programmet nesten heile livet, og Fylkesarkivet meiner jubileet er eit glimrande høve til å få ordna arkivet etter han. No har Norsk Kulturråd løyvd midlar til handsaming av arkivet etter Myklebust. Kulturrådet har løyvd i alt 3 millionar kroner til 21 ulike privatarkiv til å ta vare på unikt materiale som dokumenterer sentrale bedriftshistorier og framveksten av mange norske lokalsamfunn. Musikkavdelinga takkar Norsk Kulturråd for midlane, og ser fram til å gå i gong med prosjektet.

Radioprogrammet var ein viktig for-

Hyllestadseminaret 2011 Torsdag 7. april vart Hyllestadseminaret arrangert for niande gong. Målet med seminaret er å spreia kunnskap om kvernsteinsdrifta og nærliggande tema i fagmiljø , og å gjera lokalsamfunna medvitne om kva ressursar ein sit med, skal ta vare på og hauste av. Dette seminaret sette fokus på vikingtid og UNESCO-nominasjon. I fyrste del av seminaret fekk me høyra doktorgradsstipendiat Irene Baug fortelja om kvernsteinsproduksjonen i Hyllestad, før me fekk vera med på ei interessant vandring i kvernsteinslandskapet. Dei eldste dateringane frå produksjonen er frå 700-800-talet. Fram til 900-talet ser det ut til at produksjonen av kvernstein var til lokalt bruk, men frå den tida var kvernstein stor eksport i Hyllestad. Ein veit lite om kven som stod bak den storstila produksjonen, men kan henda var det lokale stormenn som styrte aktiviteten? Kvernsteinsbrota i Hyllestad er nominert til UNESCO si verdsarvliste. Bakgrunnen til nominasjonen er at Noreg samarbeidar med fem andre land om å få historiske stadar frå vikingtida inn på lista. Kvernsteinsbrota er mellom anna nominert fordi dei fortel ei anna historie frå vikingtida enn den me kjenner best til no. Steinbrota er ei viktig brikke i det større puslespelet. I tillegg til kvernsteinsbrota i Hyllestad er Borrehaugane i Horten, Oseberghaugen i Tønsberg og Gokstadhaugen i Sandefjord dei andre norske kandidatane. Me fekk høyra interessante føredrag om dei store skipsgravene, samt om kor viktig vikingskipa var for rikssamlinga.

Rolf Myklebust (foto: Sogn og Fjordane folkemusikklag)

13


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

BEDEHUS

Bedehus og bedehuskapell i Flora Av Hermund Kleppa

byrja som bedehus, men dei blei oppgraderte til bedehuskapell, som vil seia at dei både som bygningar og med omsyn til bruk, langt på veg er å sjå på som kyrkjer. (Såleis er begge med i bokverket På kyrkjeferd (2002). Fire av husa har ikkje bedehus i namnet. Tre har nemninga samling i namnet, noko som kan forklarast med at i eldre tider kalla dei gjerne samklomer om Guds Ord utanom kyrkja for samlingar. Og ein stad er det opphavlege huset erstatta med nytt hus og nytt namn. Misjonsheimen i Florø, innvigd 9. april 1978, kom i staden for det gamle Florø Bedehus.

Det gamle bedehuset i Florø, bygt 1907, rive 1976. (Foto: I

Flora kommune har – etter det eg kjenner til – åtte forsamlingshus me kan plassera i kategorien bedehus. Askrova bedehuskapell (1957), Batalden bedehuskapell (1907), bedehuset i Nordalsfjorden (kring 1930), Rognaldsvåg bedehus (1913), samlingsheimen ved

Storebru (1942), samlingshuset i Brandsøy (1954), samlingshuset på Nyttingnes (1955) og misjonsheimen i Florø (1907). Dei er litt ueinsarta på fleire måtar. To er ”litt meir” enn bedehus, dei er bedehuskapell. Historia til desse to

Fylkesarkivet sitt nettbaserte Kulturhistorisk leksikon har korte artiklar om sju av dei åtte bedehusa i Flora. Nokre er litt tynne i innhaldet, både når det gjeld tekst og illustrasjonar. Me er difor takksame om nokon tek kontakt med oss slik at vi kan fylla ut og oppdatera. Artikkelen om bedehuset i Brandsøy byggjer på opplysningar me har funne i Firda Folkeblad og organisasjonsbladet Lys og fred. Det er snautt, men i dette tilefellet meiner me at noko er betre enn ingenting.

Om samlingshuset i Brandsøy "Dette huset er reist av eldsjeler. Gå no flittigt i dette huset, og lat huset berre vera til Guds ære og syt for å halda huset vakkert og velstelt." Det var konstituert prost Hjalmar Tjelta som la forsamlinga dette på minne då samlingshuset i Brandsøy vart vigsla i 1954.

sjøen i Brandsøy. Bygningen ligg orientert aust-vest og har fire vindauga på langveggen mot sør. På nordsida er eit langsgåande tilbygg med hovudinngang. Storsalen oppe er 9,5 x 5,5 meter. Huset har liggjande panel. Taket er tekt med mørke stålplater av nyare dato. Huset har full kjellarhøgd.

Huset no Samlingshuset i Brandsøy ligg høgt og fritt i bakken ved vegen opp frå 14

Tømmeret frå gamal stove Veggene er for det meste av tømmer

frå ei stove som stod i Nydalen i Holsen, Førde. Stova vart bygt i 1867. Like etter 1950 vart ho riven og køyrd ut til Brandsøy og så sett oppatt med ny romplan og ny bordkledning. Gustav Nydal stod føre arbeidet. Det var ikkje drive innsamling på førehand. Finansieringa vart ordna ved nokre pengegåver og banklån. Då huset vart teke i bruk i 1954, stod det att å innreia kjellaren, leggja inn vatn og elektrisk installasjon.


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

BEDEHUS Eigar Då samlingshuset vart bygt, stod organisasjonane Sunnfjord Indremisjon og Ungdomslaget av Norges Kristelige Ungdomsforbund (NKUF) som eigarar.

Vigslinga - føremiddagsmøtet Huset vart vigsla søndag 5. september 1954 med møte kl. 11:00 og 15:30. Gustav Nydal ynskte velkomen med ord frå profeten Esaias om at Han som bur i det høge, tek rom hjå den som er broten og nedbøygd. Deretter las Johan Slettevold ein prolog han hadde skrive sjølv. Sokneprest og konstituert prost, Hjalmar Tjelta, heldt vigsletalen ut frå ordet i 1. Kongebok, kapittel 8, versa 27-28, om Guds stordom og hus mennesket byggjer til hans ære. "Gå no flittigt i dette huset, og lat huset berre vera til Guds ære og syt

for å halda huset vakkert og velstelt." Deretter song Olav Fagerheim ein song han hadde skrive for høvet, og Brandsøy songlag deltok under leiing av Norvald Nydal. Til slutt på føremiddagsmøtet tala kyrkjesongar Bertel Flaten frå Førde.

Samlingshuset då det var nytt i 1954. (Foto i Firda Folkeblad)

Ettermiddagsmøtet Folket samlast deretter til matøkt i skulehuskjellaren. På ettermiddagsmøtet var det tale av sekretæren i Sunnfjord Indremisjon, Mindor Dragsund og sekreteæren i Sunnfjord NKUF, pastor Ile. Ile minte om orda i Korinterbrevet om at alt skal vera til oppbyggjing, "det gjeld for arbeidet her i huset og," sa han. Etter at songlaget hadde sunge, gav Gustav Nydal ei utgreiing om arbei-

det med huset. Bertel Flaten las så eit dikt skrive for høgtida av emissær Ragnvald Nydal, og det vart bore fram helsingar. Deretter var det tale av Rasmus Nydal, fødd 1869, i stova i Nydal som no hadde vorte bedehus i Brandsøy. Vidare var det helsing frå Nils Nydal (83). Han var fødd i den gamle Ekrestova i Nydalen. Elles bar fleire andre fram helsingar. Bertel Flaten overrekte ein bibel frå ungdomskrinsen av NKUF.

Band til Nydal i Holsen Bonde Rasmus Gullak R. Nydal (1869-1962) budde i Nydal i Holsen, på bruk nr. 6 kalla Øvre Ekrene. Han dreiv óg som bygningsmann. Sonen Gustav, f. 1901, vart gift med Mathilde Ervik. Dei budde i Brandsøy. Ein annan son, Ragnvald, fødd 1898, var gift med Agate og busett i Egersund. Han reiste som emissær. Kjelder: • Firda Folkeblad. 16.08., 02.09, 06.09.1954. • Lys og Fred. september 1954.

Samlingshuset på Brandsøya 2008, teke i bruk i 1954. 15


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

GLIMT FRÅ ARKIVET

1. Panorama: “Nordenfjelske Flyveavdelings Sommerøvelser 1925. Fot. Askeland. Maaløy”. Heile 77 personar og 7 fly er fanga inn av fotografen. Fotograf: Martinus Eliasson Askeland. (FAKf-100296.259995)

Fotograf Martinus Eliasson Askeland - ein teknikkens Askeladd Av Elin Østevik

“Askeland, M. E.” kan ein lese i feltet fotograf på eit tredvetals bilete i fotobasen vår. M. E. Askeland, eller Martinus Eliasson Askeland som er det fulle namnet, var i si tid kjend som ein dyktig fotograf med ei levande interesse for tekniske nyvinningar innan fotografiet. Martinus Eliasson Askeland, som etter kvart fekk kallenamnet Askeladden, vart fødd i Ugla (Askeland) i Bremanger 6. april 1890. Foreldra var gardbrukarane Elias Andreas Steffenson og Helena Elisa Rasmusdotter Hamre. Det var i løpet av første verdskrig at Martinus lærte seg å fotografere. Han jobba då som signalmann på Kvarven fort i Bergen,

og nytta fritida til å lære seg fotografering. Då krigen var over reiste Martinus heim att til Ugla. Han heldt fram med fotograferinga, og utforska stadig nye teknikkar og hjelpemiddel. På bilete nummer 2 ser vi til dømes resultatet av eit forsøk på å fotografere eit juleselskap innandørs heime på garden Ugla; på grunn av det sterke lyset frå magnesiumpulveret som Martinus nytta som blits ser dei fleste nokså medtekne ut. Berre mor hans, Helena, som hadde blitt fotografert med “blitslys” frå brennande magnesium tidlegare greidde å halde auga opne.

utanlandske produsentar av fotoutstyr og skaffa seg tidleg eit fotoapparat for panoramafotografering. Eitt av dei første bileta han tok med det nye fotoapparatet var kan hende bilete nummer 3 – eitt panoramabilete av bruka på Ugla/Askeland teke frå Ugleneset ca. 1920. På bilete nummer 1, eitt anna tidleg panoramabilete, kjem verkeleg denne teknologien til sin rett – her er 77 soldatar og 7 fly oppstilt på linje i høve “Nordenfjelske Flyveavdelings Sommerøvelser 1925”. Det originale papirfotografiet måler heile 15 x 60 cm og kjem frå Nordmøre Museum si fotosamling.

Martinus hadde direkte kontakt med

3. Askeland var svært interessert i tekniske nyvinningar på fotofeltet. Han heldt seg oppdatert på utviklinga gjennom direkte kontakt med utanlandske firma og skaffa seg tidleg det siste nye. Her har han fotografert heimstaden med det nyanskaffa panoramafotoapparatet sitt. Fotograf: Martinus Eliasson Askeland. (SFFf-100042.103752)

16


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

GLIMT FRÅ ARKIVET

Tidleg på 1920-talet flytta Martinus til Måløy der han etablerte fotoatelier i kjellaren på Hagens Hotell, og vart kjend som ein dyktig fotograf. Martinus fotograferte både nærmiljøet, hendingar og personar. Blant anna var det populært blant folk flest i Måløy å bli portrettert på den karakteristiske månekulissa vi ser på bilete nummer 4. Askeland vart buande i

Måløy fram til han døydde 29. januar 1948. Fylkesarkivet har som nemnt berre kring 30 bilete bevart etter Martinus si fotografverksemd. Vi skulle gjerne hatt meir. Dersom du veit kva som har skjedd med biletarkivet etter fotograf Askeland er vi svært takksame om du tek kontakt med oss!

4. På Måløy etablerte Askeland seg med atelier i kjellaren på Hagens Hotell. Månekulissa var ein av fleire karakteristiske kulissar Askeland nytta til portrettfotografering. Dei tre damene “på månen” jobba alle på Hagens Hotell, frå venstre: Petra Årsheim (“vaske-Petra”), Petra Nygård Benes (“værelses-Petra”) og Petra Årsheim (“kokke-Petra”). Bilete er teke ca. 19301935. Fotograf: Martinus Eliasson Askeland. (SFFf-1995066.0001)

2. Fotografering med “magnesiumblits” heime på Ugla. Magnesium gir frå seg eit sterkt lys når det brenn og det kunne som vi ser vere svært vanskeleg å halde augo opne i det sterke lyset. Fotograf: Martinus Eliasson Askeland. (SFFf-100042.103743)

Kjelder • Fotoregistrene www.nb.no/nmff • Fotobasen til fylkesarkivet, sjå http://www.fylkesarkiv.no/foto/

17


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Amerikabrev frå Feios fortel frå åra 1913 – 1928

Av Bjarnhild Samland

Ja, jeg må tilstaa det var med underlige følelser jeg stod tilbage paa Kaien i Bergen den lördagskvelden da Dampskibet seg i fra (18.03.1923) Peder Berdal (1839-1933) skreiv desse orda til son sin. Han og sonen Eirik Berdal brevveksla, og tjueto av dei breva som Peder Berdal sendte frå den vetle bygda Feios på sørsida av Sognefjorden til Amerika frå 1913 og fram til 1928, er tekne vare på. Peder var 84 år då han skreiv desse linjene. Han ønskte at skipet skulle vende og komme tilbake, for han visste at dette kunne vera siste gongen han såg Eirik. Eirik hadde utvandra til Amerika i 1913. I 1923 hadde han vore heime på besøk i nokre månadar, og med attende til garden i Sør Dakota var systersonen Ingvald. I denne artikkelen skal eg ta utgangspunkt i breva som Peder Berdal sende til sonen sin og sjå kva dei kan fortelja om tida dei var skrivne i. Me kan gå ut frå at livet i Feios hadde ein del til felles med livet i andre sognebygder. Peder Berdal var enkjemann og kårkall på garden Berdal, som ligg eit par kilometer oppover dalen i Feios. Han hadde åtte barn som vaks opp. Sonen Ivar overtok og dreiv garden. Peder levde i ei tid då det var atskillig meir folksamt både i Berdal og resten av bygda. I 1910 budde det rundt 550 menneske i Feios.

Her ser du eit brev frå Peder Berdal til sonen Eirik. Konvolutten er poststempla i Feios 20. mai 1914.

Fleire av opplysningane som Peder gav, har eg sjekka opp mot andre kjelder, og det syner at me kan festa lit til det Peder skriv. Eg har valt ut nokre tema som utmerkar seg, og eg vil sitera ein del frå breva. Peder verkar til å ha vore ein kunnskapsrik mann som var trygg på det dansknorske skriftspråket. Gjennom sitt rike vokabular, gav han gode og klare skildringar. Særskilt vakkert er det å lesa når han skildrar årstidene.

Utan unntak - årstider og vêr I følgje kyrkjebøkene utvandra 70 personar frå Feios til Amerika i åra 1892 til 1913. Gjennom brevskriving heldt ein kontakten med venner og slekt. Amerikabreva var eit samtaleemne i bygdene, skrive- og leseferdigheitene auka og mang ei helsing vart sendt gjennom breva. Amerikabrev skildrar samfunnet på den tida dei vart skrivne. Peder var ein samfunnsengasjert og opplyst mann som skreiv om alt frå livet på garden til stortingsval og avhaldspolitikk. 18

Ja nu er vi begynt at nyde Sommerens med naturens velsignede luftning fra Skov og Mark med dets blomsterflor som lyser og som for Frugttrerenes vedkommende ikke lenger netop lyser af blomster men har lagt sammen, men ved Pinsedagene var det overmaade stortartet hver en busk var saa beklæd med blomster at de lyste over fjorden fra de store hager paa Systrand. (19.06.1917) Breva viser glede og begeistring over

naturens prakt om våren og sommaren. Kontrastane til mørke og gråe haust- og vinterdagar var kanskje endå større i tida før elektrisiteten. Peder sine velformulerte brev inneheld mange skildringar av vêret gjennom dei ulike årstidene. Dette viser kor viktig vêret var for bøndene sitt arbeid. Vêret varierte frå år til år, då som no. Om vinteren dreiv bøndene gjerne med vedhogst, og då var godt sledeføre avgjerande. Ikkje minst var det ein stor fordel om snøen låg heilt ned til fjorden og kaien der båtar frakta det vidare. Peder skreiv at dei hogg og drog tømmeret ned i tunet, kløyvde det opp og køyrde det til sjøs der det vart lossa på jekter. Vinteren 1915 var godt eigna for hogst. I februar hadde det vore kaldt og lite snø, men skareføret som danna seg gjorde det lett å få tømmeret ned til garden. Seinvinter kom det eit kraftig snøfall som gav godt sledeføre like til sjøs. Deretter kom det ein kald og lang vår: Vi har nu sidst i Marts havt meget sne, saa at enskiont vi i dag har Sommermaaldag


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

ligger Sneen fast over Husene og fremmen for Berdal er det nesten fast Sne efter Veien, saa det er sjeldan paa den tid her har set saadan ut med Sne. (14.04.1915) Dagen Peder skreiv dette brevet, 14. april, var ein merkedag. Sommarmaaldag snudde ein primstaven til sommarsida, og vêret den dagen gav viktig varsel om korleis vêret skulle bli framover. Kalde vårar betydde at beita vart seint klare for husdyra. Då kunne høymangel bli eit problem: Vi er nu som sedvanlig i denne Tid i mangel for Hoi til vore Kjur og Hester me maa naa og Kjopa Hoi og Vaaren er raa og kold saa det gaar ikke saa fort med Gresset som vokser fordi vi venter saa haart på det. (18.05.1915) Vêret hadde også betyding for kornog potetavlingane på gardane. Likeeins kunne det vera ei utfordring å få turka høyet om sommarvêret var lummert og stille. Av breva kan ein lesa at det var knytt mykje spenning til vêret. Folk på gardane var heilt avhengige av godt vêr. Dårleg slått og avlingar kunne føra til mange bekymringar.

Peder og familien hadde dreng, men tenestejente vert det ikkje nemnt noko om. Når Peder nemner kvinner, er det helst snakk om nyfødde born, sjukdom eller død. Kvinnene på garden tok seg av husarbeidet, og det daglege stellet av dyra. Fire av dei fem døtrene til Peder var ugifte. Nokre var heime på garden og hjelpte til eller/og dei tente hjå andre. Peder nemnde at nokre av jentene også tenestegjorde i Kristiania og Bergen. I 1913 skreiv Peder at den eine dottera, Brita, hadde planar om å byrja på Husholdningsskole i Bergen. Ho var også ei tid i Amerika. Peder var uroleg for ho då ho streva med å læra seg engelsk. Brita kom attende til Feios.

Verdskrig og tronge tider I Sommer da Krigen raset som verst fik vi det brev som du havde skrevet til din søster Gunhild og vi kunde ei avholde os fra at obne brevet for at vi kunde erfare inholdet eftersom vi frygtede for at ogsaa du enten var udskreven og sent til opøving for at sendes til Frankrige eller stod for tur til å blive det eftersom Avisene melte saa maatte der blive nesten almindelig Udskrivning ogsaa derborte. (27.12.1918)

Kvardagslivet Peder teiknar rett nok eit bilete av kvardagslivet på garden fylt med hardt arbeid og slit, men han skriv òg om meir gledelege ting. Då sonen Ivar og kona Guro får barn nummer fire og fem, eit tvillingpar, skreiv Peder til Eirik: Vi har en ikke liden strev med de mange smaa, du erindrer vel at jeg skrev at Guro har fått Tvillinger i vaar en gut som heder Harald og pige, som bærer din Moders navn, de ere begge trivelige og friske, men det fordres meget pleie og naar jeg kommer ind i Stuen maa jeg tage et. (23.11.1917) Sjølv om det var strevsamt med mange born, legg ikkje Peder skjul på at dei liva opp i kvardagen. Kvinner og kvinnearbeid på garden skreiv Peder lite om. På gardane hadde ein gjerne både dreng og tenestejenter.

Under krigen uroa Peder seg for at nokon av hans kjære skulle måtte tenestegjere for hæren. I følgje Peder var det ingen frå Feios som vart mobilisert. Han fortalte om mangelen på matvarer under krigen. Det førte til rasjonalisering og folk måtte henvenda seg til Provianteringsraadet. Der fekk dei rasjoneringskort på matvarer som sukker, mjøl og kaffi. Bøndene fekk heller ikkje lov til å selja av eigen produksjon, som poteter og korn. Storleiken på kornavlinga skulle oppgjevast til forsyningsnemnda. Hadde ein meir enn til eige bruk, laut ein levera inn dette. Ja, vi har levet under indviklede forholde alt hvad vi skulle kjøbe det var ikke lenger fri, vi maatte først hendvende os til Provianteringsraadet og faa et kort paa hvilket var anført den vare vi skulde for den… (27.12.1918) Prisnivået var jamt over høgt. Peder

skriv om høge prisar på levande dyr som hestar og kyr. Ein vanleg vaksen hest kunne kosta opp til 1 500 kroner, som tilsvarar 43 000 kroner i dagens verdi. Sonen til Ivar er hestehandlar og gjorde nokre gode sal under krigen: Jeg skrev engang at Ivar og Andreas hadde kjøbt seg Hingst igjen som de gav 16 hundrede Kr for. Nu var de paa Udstillingen paa Lærdal og fik Præmie 3 ( …) og paa veien ud i gjen paa Dampskibet solgte de han for 3000 præmien beregnet De tjente godt paa den. Her er store Hestepriser her nu, en almindelig vaksen Hest betales med 1200 til 14 og 15. (19.06.1917) Det var også gode tider for sal av ved. Mangelen på kol skapte større behov for ved. Dette førte til høge prisar på veden. Eitt mål bjørkeved kosta i 1917 mellom 35 og 40 kroner. Ja, nu er det vanskelige tider her Prisene ere urimelige paa alle ting. Dampskibsrutene er indskrenket vi har blot et tur om ugen fra og til Bergen fordi det er mangel paa kul de maa bruge ved i stedet for Kul. (19.06.1917) Dei harde tidene heldt fram også etter krigen var over. Tjuetalet var økonomisk og politisk uroleg. Det merkast også for folk på bygdene. Peder fortel at det var høge skattar, arbeidsløyse, streik og politisk usemje i landet. Dei høge skattane gav seg utslag i at det vart trongt økonomisk for mange. Når så potetavlingane i bygda slo feil i mange år, kunne det vera vanskeleg: Vi ere alle saman friske og befinder os efter omstendigheterne vel men her begynder at blive vanskeligheter paa mange hold. Skaterne blir svære, de blir nøt til at presse ut der de kan faa inn øre Komuneskat og Statsskat ere begge saa store at det forblir vanskeligt at dække for mange (…)Og aaren nu det sidste har ikkje været saa gode som før Poteten som var en av de beste Næringskilder har slaaet feil nu i mange aar (…) Det eneste som har holdt seg er Hoiavlingen den har været god Slagtepriserne ere ogsaa ganske gode, ligesaa Fepriserne (09.01.1925) 19


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Fritid; Fjell, fjord og trøorgel Arbeidet har ein sentral plass i breva. Fritid har ikkje så mykje merksemd, men det er nemnt noko. Eit av breva får tankane mine til å gå attende til midt på 1980-talet og mine første skuleår. Då var det moderne med elorgel. Born og unge fekk muligheit til å læra seg notar og orgelspeling. Mine foreldre, som fleire andre, kjøpte inn orgel til borna. Sidan Feios er mi heimbygd, var det artig å lesa at det også på midten av 1920 - talet gjekk ei slik bølgje over Feiosbygda. Fleire hadde kjøpt seg orgel, også Peder sin familie. På ei veke i november 1925 hadde det ikkje komme mindre enn fem orgel med dampbåten frå Bergen. Mest truleg er det snakk om trøorgel som hadde ein overkommeleg pris. Vinterstid reiste ungdommane gjerne til fjells på ski. Peder fortalde om barneborna Per på 17 og Odd på 15 som var så opptekne av Skisport, særleg likte dei å reisa til fjells og gjerne vera med på hoppkonkurransar. Søndagen var den dagen i veka då ein hadde fri og kunne finna på forskjellig, slik som bading om sommaren. I eit brev frå august 1924 skreiv Peder at han kunne, i motsetnad til dei meir arbeidsføre på garden, også nytta kvardagen til bading og symjing.

Sjukdom, ulykker og sorg

Nokre år før dette herja Spanskesjuka, og det var fleire familiar som var gjennom store prøvelsar. 1,2 millionar nordmenn vart smitta, noko som utgjorde halve befolkninga. Dette var ein influensapandemi der fuglevirus smitta direkte mellom menneske. I Noreg døde om lag 15000 menneske av spanskesjuka, og Peder fortel om heile familiar som ligg sjuke og om dei som tapte kampen: Vi ere friske alle samen den Spanske syke har været noksaa slem det er faa Mennesker igjen uden de har ligget i

den og mange er døde. Ogsaa her paa Berdal ere 2 døde nemlig son til Erik han som havde gode evner, og yngste son til Johan Harald om du erindrer ham. (27.12.1918)

Osen: Dampen og kaien No skal me sjå på to tema frå breva som me ser tydelege spor etter enno i Feios, og som har parallellar i andre bygder; behovet for betra veg frå dalane til sjøen og tilkomst til – og lagringsplass ved sjøen. I Feios var Osen stoggestad for dampbåten som

Eit bilete av Osen i Feios som eg fekk då eg vitja slektningar i Amerika. Eg har samanlikna med andre bilete av Osen, og komme til at biletet må vera teke før endringane som Peder skriv om i 1915.

I breva fortalte Peder også om det triste i livet. Sjukdom, ulykker og sorg har plass i breva. Ei tragisk hending var då 25 år gamle Olav Pederson Hove mista livet: Her skede en ulykke nu i Høst. Du ved Peder Hove har Jækt og, forrige vinter kjøbte Hanssøn Ole og Hermand Linde en støre Motor som laster noksaa meget, ogsaa reiser de i lag saa de sleper jægten til Faderen og paa det vis kan de gjøre noksaa mange ture. De var da ogsaa i lag og lastet i Amle og Motoren havde tat ind formegen Dækslast, saa naar han kom i drift saa han vilde gaa rundt, og gikk ogsaa rundt saa at Dækslasten gikk over bord og Ole gikk også med og Druknede, og de tok svært på Dem allesammen. (24.11.1926) 20

Eit bilete av Osen i Feios i dag. Me ser at det er gjort store forandringar. Foto: Bjarnhild Samland, 2011.


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

gjekk frå og til Bergen. Her vart jektene lasta med ved og andre varer. Som i mange andre bygder, var dampstoggestaden sentrum og møtestad. Her heldt kjøpmenn og strandsitjarar til. Osen var òg ein allmenning som gav bønder tilkomst til sjøen og fleire bønder hadde nausta sine her. Av bilete tidleg på 1900 - talet kan ein sjå at det er mange bygningar plassert tett i tett. For bønder som ville selja ved, var det viktig å ha god tilkomst til kaien. I 1915 vart det gjort noko med dette. Peder skriv dette: I vinter har de arbeidet noget ned i Osen, de har faaet tilladelse at rive bort Nøstet, som tilhørte Sigurd Hove og N Stengjerde det som stod saa i veien naar man skulde kjøre bort paa Bryggen, og saa har de revet væk det smaa vedskuret som Kristen stod og hugget Ved, saa nu ligger veien beint hit til Dampskibsbryggen, og saa er den gamle Stenbryggen lagt lit lenger ut og lige bort i Boden til Molmesdal saa nu er der stor og bred og i hoide med den lille sted som Jægtene satte sine tau fast, saa nu har vi faaet en rommelig lasteplads. (14.04.1915)

Vegbygging – kjerre og slede må fram Like viktig som god tilkomst til kaien var gode vegar til å komma seg fram med hest og kjerre. Peder skriv om vegbygging i nokre av breva sine. Desse vegane ligg mykje på same stadane som no. Frå huset sitt i Berdal hadde Peder god utsikt då dei bygde veg oppover dalen på andre sida av elva: Jeg kan dog fortælle deg at nu har de paa den andre siden av elven kommen langt frem med ny vei de begynte nede ved Osebroen med en sving indover ganske tæt ved Anders Hamre hvor veien kløver seg fra den som gaar indover, saa gaar den som skal til Dalen frem forbi Trangehusi, lige lenge til Grinden heimen for Hestoina der krysser den gamleveien og gaar hoiere en den gamle og stevner lige mot Johannes Rognvaldsen sine Huse dog er de ikke kommet lengre med den nye vei endnu en til mit oppe om

Her ser me garden Berdal som Peder kom frå. Foto: Bjarnhild Samland, 2011.

Hestoine husi. Svære murebolker baade under veien og over veien for at støtte de bratte bakker fra at falde ned. Også på veg frå Osen og opp til Kleivaløa i Berdal vart laga i 1924. Den vetle vegstubben på om lag ein kilometer kosta 36000 (750 000 i 2010 kroner). Peder skriv: Nu er vi begynt å omlegge veien frå Osen op til Kleivaløa. De begynte paa Kleivadne og arbeidet utover og er nu kommen ner til Skroivadne Veien blir lang han svingar mit op over den gamle laugeplasen som me kalte Vægafjøra og saa gaar den tilbage igjen til Osen. Nøstet til Molmedal maa væk og Staburet og Kramboden er nedrævet det blir en hel omsving men han blir let det har arbeidet 5 arbeiderlag 28 mand de begyndte i Mai og arbeidet næsten lige til August, og nu arbeider 12 a 13 Mand, saa tanken var at faa veien istand i Høst ned i Osen. (07.08. 1924)

om hadde nok betyding for andre i bygda og i andre bygder. Skal me gi eit meir heilskapleg bilete må me gå på leit i andre kjelder. Om det finst fleire brevskattar, så ville dei vera til god hjelp. For ingenting er som dei kjeldene der menneske som var ein del av historia fortel om tida dei er ein del av. Kjelder: • Lyngvær, Roald, Bygdebok for Leikanger, Bind II Ættesoge, 1979 • Peder Berdal, Amerikabrev 19131928. • Statsarkivet i Bergen; Digitalarkivet, Skanna kyrkjebøker; Leikanger, Rinde Sokn; Ministerialbok 18871922. • Statsarkivet i Bergen; Digitalarkivet; Folketeljinga 1910 • Internett: http://www.tidsskriftet.no/?seks_ id=104930 vitja 06.03.2010 http://www.ssb.no/befolkning/main. shtml vitja 06.03.2010

Kjelde til historia Då vonar eg at eg gjennom desse breva har gitt eit innblikk i kva som rørte seg i ei sognebygd i åra 1913 – 1928. Innhaldet i breva er prega av at Peder skreiv om ting som opptok han og som han trudde sonen ville ha interesse av. Mykje av det han skriv 21


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

MINNESMERKET

Minnesmerke-artikkelen denne gongen handlar om eit minnesmerke som aldri kom, men som kanskje kan koma, viss nokon kjenner seg kalla til å ta eit initiativ. Det er ikkje snakk om noko stort og prangande minnesmerke. Det gjeld ein heilt enkel minnestein på ei grav i Eid, jamvel ei grav som vart formelt sletta i 2006, men som endå ikkje er nytta oppatt.

Ei sjeldan grav – Fjokla Demjanova Av Hermund Kleppa

”Noreg takkar deg Fjokla Demjanova, ærer deg og minnest deg ved å gje deg ein fredfull kvileplass i Noregs jord.” Med desse orda slutta tidlegare ordførar i Eid, Olav Os, talen sin i gravferda til den russiske statsborgaren, Fjokla Demjanova. Det var i 1950. Kven var ho?

1950 Fredag 12. mai 1950 vart Fjokla Demjanova gravlagd på kyrkjegarden Stokkenes i Eid. Fjokla var russisk statsborgar som hadde vore i Noreg sidan 1902, først i Finnmark og frå kring 1910 i Sogn og Fjordane. Fjordabladet hadde nokre dagar seinare eit langt stykke om Fjokla Demjanova. Overskrifta var: ”Ei sjeldan gravferd”. Vi får høyra at mange var med i gravferda, vener og kjenningar ho hadde i Eid. Fjokla Demjanova var ein innvandrar i Noreg, med opphaldsløyve, lenge før innvandring og kulturelt mangfald vart vanleg frå slutten av 1900talet.

2011 I 2006 vart grava til Fjokla Demjanova sletta. Grava stod då utan festar/ansvarleg/ kontaktperson. I 2011 var ikkje grava nytta om att, og kyrkjeverja opplyste at grava kan takast vare på vidare ved at festet vert fornya. Nedanfor følgjer livssoga til Fjokla Demjanova slik ho står i Fjordabladet 23. mai 1950, signert ”meldar”. (Mellomtitlar og hakeparantesar er innsette her.)

I Noreg 1902-1950 Ein russisk statsborgar, Fjokla 22

Skrivargarden på Løken kring 1905. Sorenskrivar Ivar Andreas Nordang kom her kort tid før 1910. Fjokla Demjanova høyrde med til huslyden. Ho var tenestejente. (Foto: I Aaland, Jakob: Nordfjord fraa gamle dagar til no (..) 1909.

Demjanova, vart gravlagd på Eid kyrkjegard, Stokkenes, den 12. mai [1950]. Ho var då 64 ½ år og har vore i landet med opphaldsløyve sidan 1902 i 45 år.

Tvangsflytta i Russland Då Fjokla var 4 år gamal, vart faren av det russiske riksstyret tvangsflytta frå det indre av Russland til grensa ved Jakobselva i Finnmark. Ho hugsa så vidt denne turen som gjekk for seg om vinteren, og saman med nokre andre vart dei førde nordvestover til Nordishavet og fekk seg tilvist bustad der.

Kontakt over riksgrensa Russarane ville ha rein russisk folkesetnad i dette grensestroket og gjorde det på denne lettvinte måten for seg. Men det var ikkje så greitt for dei som skulle livnære seg på denne staden. Det vart smått om levemåten og hard strid for tilværet. Den norske folkesetnad var på vestsida av Jakobselva og vesle Fjokla kom snart i samband med desse. Der

var veg, handelsmann, telefon og post. Med sitt lettliva lynde og sine gode evner fekk ho straks vener der og fekk lære å skrive og lese. Handelsmannen sine born gjekk på skule og ho vart tinga til å passe dei som var minst. Av skuleborna lærde ho lese- og skrivekunsten, som var ein sjeldan og uoppnåeleg herlegdom for småkårsfolk i Russland på den tid.

I teneste i Noreg Då Fjokla var 17 år tok ho seg fast teneste i Noreg og har sidan vore her. Ho flakka vide kring i NordNoreg den fyrste tid, sleit mykje, lærde ein god del og fekk røyne både godt og vondt. Då sorenskrivar Nordang flytte til Nordfjord for ca 40 år sidan [rundt 1910], fylgde ho med som tenestegjente og har sidan for det meste vore her i Eid. Nokre år tente ho hjå fru Hagen i Måløy, som hadde ein liten gard i Skavepollen, og denne overtok Fjokla styringa av.


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

MINNESMERKET Hjelpte russiske flyktningar Medan ho var her fekk ho høve til å gjera 2 av sine russiske landsmenn ei teneste som hadde den aller største verknad for framtida åt desse. Dei hadde rymt frå kommuniststyret. Unge var dei og far og mor borte. Dei meinte å ha ein onkel i England som kanskje ville hjelpe. Båten dei rymde på kom til Måløy og der fekk dei vete at dei skulle sendast til heimlandet. Då båten gjekk ut sundet, smette dei seg over bord og sumde til lands. Dei gløgge måløyværingane hadde oppdaga dette og kom dei til hjelp. No stod dei på norsk jord utan vener; våte, frosne og ingen som skjøna eit ord av det dei sa. Så mykje skjøna likevel måløyværingane at dei måtte vera russarar og då visste fru Hagen råd. Ho tok seg av gutane, gav dei mat og klæde og sende motorbåten ekspress til Skavepollen for å hente Fjokla. Dei som var glade var nok desse naudstadde ungdomane som råka ein av sine eigne, som dei kunne fortelje kva som venta og som på deira eige mål kunne gje dei råd.

Hindra utlevering

eller sjuklege. Alle stader var ho velsedd for sitt gode humør, sin dugleik, truskap og hjartegodleik. Hjarta hennar var det også som svikta, og den 7. mai orka ho ikkje meir. Ho slokna på Nordford Sjukehus stilt og fredsamt.

Gravferda Fredag 12. mai vart ho gravlagd på Stokkeneshøgda. Grannane på Bjørhovde møtte fram til gravferda saman med mange andre av hennar vener. Fjokla Demjanova stod ikkje i vårt kyrkjesamfunn. Difor var gravritualet noko onnorleis enn vi er vane med, men det var gripande og høgtidssamt. Salmesong og lesing av det nye testamentet ved ein av venene til Fjokla. Klangen frå den vene kyrkjeklokka var den samle som altid.

Takk og farvel Tidlegare ordførar i Eid, Olav Os, gav ei stutt utsyn over Fjokla sin lagnad og verksemd og slutta med å takke for det trurøkne og i alle deler vel utførde arbeid som ho hadde gjort i det norske samfunn. ”Noreg takkar deg Fjokla Demanjova, ærer

deg og minnest deg ved å gje deg ein fredfull kvileplass i Noregs jord.” Deretter la han ein blomekrans på båra og bar fram ein takk og helsing frå dei tre borna sine, Oddlaug, Kari og Kristen fordi ho i deira spede barndom tok seg av dei morlause små, var god mot dei og stelte dei i fleire år. Kyrkjeklokka stemde fulltonande i, samelunde og høgtidssamt, med same tone og klang utan omsynt til tungemål, nasjon, folkestamme eller truvedkjenning. Det var ei gripande høgtid for alle som var med i gravferda.

Folketeljing 1910 Eit søk i Digitalarkivet, folketeljing 1910, gir eitt treff. Det fanst berre ei Fjokla i landet: Fjokla Flodorwna Demjanova, fødd 7. juli 1887 i ”Rusland”. Ho høyrde til i husstandet sorenskrivar Ivar Andreas Nordang, på garden Løken, gnr. 19, bnr. 1 i ”Eid herred”. Fjokla står oppført som ”kjøkkenpike”. Det var 13 personar tilstades på teljingsdagen.

Styringsmaktene ville utlevere gutane til russarane, men det hindra snilde, hjartegode fru Hagen. Ho garanterte for opphaldet til gutane, fekk svar frå onkelen i England som ho telegraferte til og som bad henne sende gutane derover. Fru Hagen syrgde for at gutane kom i veg og utstyrde dei for reisa. Men eg spår at desse 2 kvinner har fått mange venlege tankar og gode ynskje fro dei 2 ungdomane som fekk god hjelp og trøyst i noko av den vanskelegaste stoda dei har vore i.

Tilbake til Eid Fjokla Demjanova flytte tilbake til Eid og bygde seg ei lita stove på Bjørhovde, der ho hadde nokon av dei beste og mest trugne venene sine. Gjekk på Bjørhovdsetra om sommaren, spann og spota og hjelpte til i heimane der nokon var gamle

Hovudbygningen på den gamle skrivargarden Leikvin på Løken 2011. Foto: Hermund Kleppa.

23


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Gamle stølar og rike gardar Av Marit Anita Skrede

For om lag 30 år sidan byrja arkeologane å bli klar over at det finst tufter frå jarnalderen (500 f.Kr1000 e.Kr) i fjellet på Vestlandet. Aktiviteten i utmarka vart sett på som naudsynt ut frå eit økonomisk aspekt. No viser det seg at mange av gardane med størst økonomisk velstand i jarnalderen og mellomalderen har hatt store tufteområde i utmarka i jarnalderen.

I Sogn og Nordfjord Kvar det er blitt utført arkeologiske undersøkingar bestemmer langt på veg kva kunnskap me har om tidlegare bruk av fjellet. Rundt 1980 førte dei mange vassdragsundersøkingane til at fleire område i Sogn og Nordfjord vart undersøkte arkeologisk. I den samanheng vart det funne fleire jarnalderstufter og andre spor av menneskeleg aktivitet i utmarka. Det er særleg i Sogn, men også i Nordfjord at det er funne spor etter utmarksaktivitet i form av tufter. Ein av dei mest systematisk undersøkte tuftelokalitetane er Svolset i Friksdalen i Leikanger (Magnus 1985; Skrede 2002). Her er det registrert 16 tufter, meir enn 50 kokegroper og 10 skålgropsteinar. Aktiviteten som kan knytast til tuftene kan daterast til mellom 200 og 1000 e.Kr. Ni av tuftene har to rom, medan dei andre har eitt rom. Undersøkingar har vist at minst 11 av romma har vore nytta som bustad for menneske.

Representerer Svolset eit typisk tuftekompleks i fjellområda på Vestlandet i jarnalderen? Sjølv om Svolset er større og meir omfattande enn dei fleste andre tufteområde me kjenner i fjellet her i fylket, er det likevel fleire andre område som kan samanliknast. I Hølseteli i Sogndal er det til saman registrert 22 tufter. Desse ligg på eit større område enn tuftene på Svolset, og det er ikkje 24

Teikning av tuft frå Svolset. Dei fleste fjelltuftene er avlange, men berre nokre få andre stadar er det kjende toromstufter som dette er eit døme på. Teikning: Kjell Arne Valvik

sannsynleg at alle har vore i bruk samstundes. Tuftene har også fleire andre fellestrekk. Dei eldste tuftene på Svolset kan daterast til yngre romartid (200400 e.Kr). Ikkje så mange av dei andre tufteområda har så gamle dateringar, men det er også registrert tufter frå romartid i Nyset-Steiggje (Bjørgo et al. 1992) og på Bjergane i Stølsheimen (Valvik 1998).

På Svolset er det to rom i mange av tuftene. Det er eit heller sjeldan trekk. Det er mellom anna registrert i Bjørndalen (Furnes 2001: 24ff), på Skjerdingsdalssætra (Valvik 2010) og ei i Hølseteli (Bjørkli 2008: 15). Det er langt på veg samsvar når det gjeld storleiken på fjelltuftene. Omtrent alle har eit areal mellom 12 m²og 30 m² (Indrelid 1988: 111; Bjørgo 1992: 304; Valvik 2002). Dei fleste har også same form som


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

tuftene på Svolset – rektangelforma med ein open gavl.

Kven rådde over Svolset i jarnalderen og mellomalderen? Kven som rådde over Friksdalen i jarnalderen og mellomalderen kan gjerast sannsynleg ut frå kva gardar som eksisterte samstundes med drifta der. I nyare tid er det fire gardar som har rådd over dette området, men det er berre Henjum og Røysum som kan trekkast bak i jarnalderen. På desse to gardane er det kjent til saman 33 graver frå jarnalderen. Mange av desse gravene er daterte til folkevandringstid (400-550 e.Kr), og fleire var rike kvinnegraver. Det er mellom anna funne fleire bronsespenner og smykker, samt våpen som t.d. spyd og sverd. Gravene tyder på at desse gardane har vore store og rike allereie i jarnalderen. Henjum er tidlegast omtala i skriftkjelder frå 1329 då delar av garden vart selt av Ogmund Lange til Erling Vidkunsson (DN I nr. 168). Medan Lange var kjøpmann i Bergen, var Erling Vidkunsson ein av dei mektigaste mennene i landet (Helle 1982: 344). Dette viser at tidleg på 1300-talet hadde personar utanfor bondesamfunnet eigarinteresser i garden. Jordeboka Bergens Kalvskinn frå midten av 1300-talet er den eldste skriftlege kjelda der me finn Røysum omtala (BK 48a). Dermed veit me at Røysum var eigen gard midt på 1300talet, og truleg bak i førhistorisk tid. Skattematrikkelen frå 1647 er den eldste kjelda som kan seia noko om storleiken til gardane i bygda. Den viser at Henjum betalte 8 gonger så mykje i landskyld som ein “normalgard” i Systrondsbygda. Røysum betalte dobbelt så mykje som desse. Me veit at leiglendingane på Henjum betalte svært mykje i landskyld også på 1300-talet (Holmsen 1937). Alle gardane i bygda som kan trekkast bak i mellomalderen, har i nyare tid hatt beiterettar i utmarka – eit trekk som truleg går tilbake til førhistorisk tid. Ein gjennomgang av dei ulike

utmarksområda og fjellstølane i bygda viser at gardar med geografisk nærleik ofte nyttar den same utmarka og dei same stølane (Skrede 2002: 122). På bakgrunn av kva gardar som nyttar den same stølen kan me gruppera mellomaldergardane i Leikangerbygda. Dette tyder også på sams eigedomsopphav mellom enkelte gardar. Det var fire kyrkjer i mellomalderen i Leikangerbygda som kravde inn landskyld frå gardane dei var deleigarar av. Henjum var ein av gardane med eiga kyrkje. Fleire gardar ytte landskyld til kvar kyrkje. På bakgrunn av gjennomgang av stølsrettar og kva kyrkjer som eigde dei ulike gardane kan me skilja ut visse mønster. Nærværet av kyrkjer på større gardar og kartmaterialet tyder på at bygda på eit tidleg stadium er blitt delt i ressursområde lokalisert rundt dei fem største gardane etter landskylda i 1647. Det samla kjeldematerialet peikar mot at det på Svolset i folkevandringstid og fram til vikingtid har føregått ein storstilt utmarks- og vareforedlingsaktivitet som var styrt frå Henjum, som truleg også omfatta Røysum i fyrste fasen. Plasseringa av folkevandringtidsgravene tyder på at Henjum og Røysum har vore del av det same ressursområdet på denne tida, og at gravene skal sjåast som territoriemarkørar. Utmarksressursane har tru-

leg spela ei viktig rolle for å oppnå denne rikdomen.

Forholdet gard og støl Det er i lita grad utført undersøkingar av forholdet mellom gard og støl i Sogn og Fjordane. Kan undersøkingane på Leikanger overførast til andre område? Kor gamle er dei gardane som i dag rår over store tuftesamlingar, og kva kan me seia om den økonomiske statusen deira? Har det vore mellomalderkyrkje på nokon av gardane? Kven eigde gardane i 1647, og om mogleg tidlegare?

Sogn Tre av tufteområda med mange tufter ligg i Sogndal: Hølseteli, Steinsete og Bjørndalen. Det er i dag garden Åberge som eig det området der tuftene i Hølseteli ligg. Det er ingen kjende gravminne på Åberge, men garden er nemnt i skriftlege kjelder frå midten av 1300-talet (BK 33a, 35b). Bergens Kalvskinn (BK) er ei jordebok over kyrkjeleg gods i Bergen Bispedøme rundt 1350. Garden Åberge hadde også eige kapell i mellomalderen. Til saman viser dette at garden truleg kan førast bak i førhistorisk tid, samt at den har akkumulert eit ikkje ubetydeleg overskot. Skattematrikkelen frå 1647 viser at då var garden nest størst i Sogndal skipreide, berre Kvåle var større.

Hekte funnen i grav på Røysum. Foto: Bergen Museum

25


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Garden Ølmheim eig tufteområdet Steinsete. På denne garden er det kjent fire gravminne, og den er nemnt i skriftlege kjelder allereie i 1308. Dette tyder på at også dette er ein gamal gard. På 1600-talet betalte leiglendingane her ei høg jordleiga.

det på Prestegarden har stått to bautasteinar. Desse gardane låg tidlegare under Lægreid. Garden er fyrste gong nemnt i skriftlege kjelder på 1300talet (BK 42a). Det stod dessutan ei stavkyrkje på garden. Denne skal vera oppført før 1200.

Tuftene i Bjørndalen høyrer til garden Øyre. Her er kjent eitt gravminne. Garden er omtala i skriftlege kjelder på 1300-talet (BK 35b, 36a). Denne garden betalte 1 laup smør i jordleiga i 1647, noko som er lite. På dette tidspunktet var heile garden i bondeeige. På 1980-talet vart det utført store arkeologiske registreringar i NysetSteggje i Årdal i samband med vassdragsutbyggingar. Det vart då registrert mange tufter, og ein del av desse låg samla. I Vikadalen låg fem tufteområde med til saman 12 tufter frå jarnalderen. Desse ligg i dag under gardane Hovland og Naddvik. Det har vore minst 16 gravminne på desse gardane, og dei er omtala i skriftlege kjelder på 1300-talet (BK 41b, 42a). Ut frå landskylda i 1647 var gardane mellom dei største i Årdal skipreide. Mykje tyder på at Naddvik og Hovland tidlegare har vore ein gard, og at denne kan trekkast bak i førhistorisk tid.

Tuftene i Gudmedalen ligg i dag på garden Indreli i Aurland. Det er registrert to hellekister på garden, og det er funne eit sverd frå yngre jarnalder. BK er den eldste skriftlege kjelda som omtalar garden (BK 47b). I Sogn er det eit gjennomgåande trekk at dei omfattande tufteområda frå jarnalderen ligg under store og rike gardar. Berre tuftene i Bjørndalen ligg på ein gard som ser ut til å ha vore liten på 1600-talet. Dette kan skuldast at garden har lege aude etter Svartedauden. Ein gjennomgang av eigedomsforholdet til gardane i 1647, viser at 49,1 % av eigarinteressene ligg eller har få år tidlegare lege i adelege hender. I 1661 var 22,9 % av dei totale jordeigedomane i Sogn adelsgods (Weidling 2001: 249). Dette viser at gardane med store tufteområde har vore attraktive for stormenn på 1600-talet.

Nordfjord Fossdalen ligg under Lægreid. Her er minst tre kjende gravminne frå jarnalderen. På garden Årdalstangen har det også lege minst tre graver, medan

Eitt av dei undersøkte tufteområda ligg i Nordfjord; Skjerdingsdalssætra ligg i Hjelledalen i Stryn. Mange av gardane i Hjelledalen hadde frå

Oversiktsbilete frå Skjerdingsdalen. Foto: Kjell Arne Valvik

26

gamalt av beiterettane i Skjerdingsdalen. På 1930-talet var det fire gardar som hadde rettar her; Mork, Grønfur, Grov og Skåre. Gardane Grov og Guddal ligg sentralt plassert på same moreneflata opp frå Hjelledøla, med innmarksteigar om ein annan. Tidlegare var Guddal (Gutdal) namnet på heile Hjelledalen. På gardane har det tidlegare lege store gravfelt, samt at det på Grov er funne 53 jarnbarrar. Dette syner at gardane har rådd over store økonomiske ressursar. Som i Friksdalen ser utmarksressursane ut til å ha vore viktige for å oppnå rikdom. Hovudvekta av dei daterte tuftene kan plasserast i tid til yngre jarnalder. Dette fell saman med stordomstida for gardane i Hjelledalen. Den store skred- og flaumfaren gav gardane i Hjelledalen lågare skattar enn storleiken skulle tilseia. Gjennomsnittleg landskyld var mykje lågare her enn den me såg i Sogn, men dette var likevel store og rike gardar i sitt distrikt. Også eigedomsforholdet til desse gardane var på 1600-talet heilt annleis enn det som me såg for gardane i Sogn. 65,9 % av gardane som i dag eig Skjerdingsdalen var eigd av bøndene sjølv. Berre mindre delar i gardane var lokalkyrkjeleg gods, sentralkyrkjeleg gods og krongods. I 1661 var 2,3 % av alle jordeigedomane i Nordfjord adelsgods (Weidling 2001: 249).


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Samandrag Svolset er eit omfattande tufteområde med variert bruk. Nokre andre område har like mange tufter, men då spreidd utover eit noko større område. Den kunnskapen me har i dag tyder på at ikkje alle tuftene på andre tufteområde har vore i bruk samstundes. Svolset har truleg vore eigd av ein av dei største gardane på Vestlandet i jarnalderen og mellomalderen. Også fleire av dei andre store tufteområda ser ut til å ha lege under gamle og rike gardar. Særleg er dette tilfelle i Sogn, men også tuftene i Skjerdingsdalen høyrer til under store gardar. Det er sannsynleg at rikdomen til Henjum og Røysum har samband med aktiviteten som har føregått i utmarka i jarnalderen. Det er særleg interessant at dei mange rike gravene stemmer overeins med at drifta på Svolset verkeleg skaut fart i folkevandringstida. Dette trekket kjem også tydeleg fram i Skjerdingsdalen, der aktiviteten ser ut til å vera størst i yngre jarnalder. Det er på den tida gardar i Hjelledalen syner stor rikdom. Utmarksområda har truleg spela ei viktig rolle for å oppnå denne rikdomen. Dei fleste gardane med mange kjende fjelltufter frå jarnalderen, har gjennom jarnalderen, mellomalderen og i nyare tid vore mellom dei rikaste gardane i

Det er ikkje mange gjenstandsfunn frå fjelltuftene, men perler av glas er ein vanleg type funn. Desse perlene vart funne ved registreringane i Nyset-Steiggje. Foto: Bergen Museum

skipreida sitt (sjå figur). Det har vore kyrkje eller kapell på minst fem av gardane i mellomalderen. Det er tufteområda i Sogn som ligg på gardar med kyrkje eller kapell. Frå dei fleste gardane er det skriftlege kjelder attende

Støl

Gard

Tal tufter

Landskyld 1647

Garden fyrste gong nemnt i skriftlege kjelder

Eigedomsforhold i 1647

Svolset

Henjum

16

33 ls

1329

Adelsgods 80 %, Geistleg 20 %.

Heimste Friksdal

Røysum

8

8,2 ls

BK

Hølseteli

Åberge

22

20,9 ls

BK

Bjørndalen Steinsete

Øyre Ølmheim

10 10

1 ls 11 ls

BK 1308

Urutlekråi og Hellingbøen

Hovland

7 (12)

5 ls

BK

Krongods 40%, Adelsgods 40 %, Geistleg 20 %. Adelsgods 49,5 %, Krongods 30 %, Lokale kyrkjer 20,5 % Bondegods 100 % Apostelgods 68,2 %, Lokale kyrkjer 31,8 % Krongods 50 %, Adelsgods 48 %, Lokale kyrkjer 2 %

4,6 ls

BK

Naddvik Fossdalen Gudmedalen

Lægreid Indreli

3 14

--6 ls

BK BK? 47b

Skjerdingsdal s-sætra

Skåre Grov

11 (24)

2,3 ls 4,0 ls

BK BK

1,0 ls 1,5 ls

? ?

Mork Grønfur

til 1300-talet, noko som tyder på at me kan trekka dei vidare bak i førhistorisk tid. I Sogn og Fjordane er det eit generelt samanfall mellom registrerte stølsområde og tal registrerte fornminne på gardane. Studien viser at Gravminne

Kyrkje/kapell i mellomalderen

30

Ja

0

Ja

1 4

Ja

14 14

Lensmannen heldt til her Sentralkyrkje 58,3 %, Lokale kyrkjer 41,7 % Bondegods 100% Bondegods 50%, Krongods 15 %, Bispegods 15%, Presten 15%, Kyrkja 5 % Lokale kyrkjer 100 % Bondegods 100 %

3 2 0 1 gravfelt oppteikna i 1870. (Guddal 38) 0 4

Oversikt over kva gardar som har råderett over dei ulike tufteområda, samt tal tufter. Storleiken og alderen på gardane, samt eigedomsforholdet er interessante variablar i ei slik analyse. 27


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

midtre og indre fjordstrok i Sogn og Nordfjord er særleg funnrike område i så måte. Skriftlege kjelder • Bjørgo, T., S. Kristoffersen, C. Prescott. 1992. Arkeologiske undersøkelser i Nyset-Steggjevassdraget 1981-1987. Arkeologiske rapporter 16. Historisk Museum, Universitetet i Bergen. • Bjørkli, B. 2008. Rapport frå kulturhistorisk registrering. Hølseteli. Åberge, gnr. 14, stølssameige. Sogndal kommune. Kulturavdelinga. Sogn og Fjordane fylkeskommune • Furnes, S. 2001. Registreringa av kulturminne frå eldre og nyare tid. Forsterking av hovudnettet i Sogn og Fjordane. Fardal-Meel. Sogndal, Leikanger og Balestrand kommunar. Sak nr. 99/01789. Kulturavdelinga. Sogn og Fjordane fylkeskommune. • Helle, K. 1982. Kongssete og kjøpstad. Frå opphavet til 1536 • Holmsen, A. 1937. Økonomisk og administrativ historie. Norske bygder. Bind IV. Sogn • Indrelid, S. 1988. Jernalderfunn i Flåmsfjella. Arkeologiske data og kulturhistorisk tolking. Arkeologiske skrifter. Historisk Museum. Universitetet i Bergen. No 4 – 1988. Bergen • Magnus, B. 1985. Bygda, fjorden og fjellet. Systrond i fjern og nær fortid. • Randers, K. og M. Kvamme 1992. Breheimen-undersøkelsene 19821984. II Stølsområdene. Arkeologiske rapporter 15. Historisk Museum, Universitetet i Bergen. Bergen • Skrede, M.A. 2002. Utmark og gard. Nærstudie av tufteområde i Friksdalen i Leikanger, Sogn og Fjordane. Upublisert hovudfagsoppgåve i arkeologi ved Universitetet i Bergen. • Valvik, K.A. 1998. Lee – en tradisjonell Vestlandsgård? En arkeologisk punktundersøkelse av gården Lee, Vik, Sogn og Fjordane. Upublisert hovudfagsoppgåve i arkeologi med vekt på Norden ved Universitetet i Bergen • Valvik, K.A. 2002. Kulturminne frå bronsealder til mellomalder i Tverrelvaområdet, Voss kommune. Kulturhistoriske registreringar. Avdeling for Regional utvikling. Kulturseksjonen. Rapport 11, 2002. • Valvik, K.A. 2010. Statens vegvesen, Region vest. Kulturminne og kulturmiljø – Kommunedelplan med konsekvensutgreiing for Rv 15 Strynefjellet. Asplan Viak • Weidling, T. 2001. Adelsgods i Sogn frå sent 1500-tall til 1661. I: Heimen nr 4. 2001. 28

Jubileumsbok - Hyllestad kommune fyller 150 år Av Kjerstin Risnes

I samband med at Hyllestad 1. juli kan feire 150 år som eigen kommune, vert det i desse dagar lagt siste hand på jubileumsboka med tittelen Hyllestad 1861 - 2011- Kommunen og folket. Det var sogelaget i kommunen som tok initiativ til bokprosjektet. Hyllestad kommune har vore ein positiv medspelar ved å yte økonomisk garanti og støtte. Finn Borgen Førsund, Håkon Haukøy og Ingemar Nordstrand har vore drivkreftene og utgjort redaksjonen. Jublileumsbok. Hyllestad 150 år, omslag. Boka har mange skribentar, og Fylkesarkivet er ein av bidragsytarane. Gjennom ulike tema vert det gitt eit samla historisk framstilling av historia til kommunen og folket gjennom desse 150 åra. I tillegg til at Fylkesarkivet har bidrege med stoff til sjølve boka, har vi også ytt meir vanlege arkivfaglege tenester. Kommunale kjelder er ein naturleg stad å gå når kommunal historie skal skrivast. Vi oppbevarer eldre kommunalt arkivmateriale for 22 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane, og mange av forfattarane har vore flittige brukar av arkivet etter Hyllestad kommune. I tillegg til at vi har leita fram kjeldemateriale og sendt forfattarane digitale kopiar eller papirkopiar av kjeldene, har vi også hatt gleda av å ha fleire av forfattarane som gjester på lesesalen vår. Slike besøk set vi stor pris på. Ikkje alle kan kome til oss og fordjupe seg i kjeldene og difor arbeider vi stadig med å digitalisere og publiserer kjeldemateriell på Internett. I samband med arbeidet med jubileumsboka til Hyllestad har vi lagt ut ei rekkje nye digitaliserte formannskap/kommunestyreprotokollar. Alle møtebøkene frå formannskapet/kommunestyret for perioden 1861 til 1955 ligg no på heimesidene våre http://www.fylkesarkiv.no/ under fana Databasar, Digitaliserte protokollar/bøker I tillegg finst det saksregister for dei same protokollane for perioden 1861 til 1908. Vi ynskjer Hyllestad lukke til med feiringa og vonar at jubileet og jubileumsboka vil føre til stor interesse for historia til kommunen og folket!


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Tilvekst til folkemusikkarkivet Av Erle Hind

Dette er eit oversyn over dei plateutgjevingane, DVD-ane, og litteraturutgjevingane som musikkavdelinga har fått inn i samlinga så langt i 2011.

Plateutgjevingar - Eid spelemannslag, Vindfylla spelemannslag, Nordbygda spel- og dansarlag, Spelemannslaget Fjelljom og Hornindal spelemannslag: Din og hass far sin – Runddansmusikk frå Nordfjord (gåve frå Landsfestivalen i gamaldansmusikk 2010/Arne M. Sølvberg) (2 eks.) - Førdefestivalen: Førdefestivalen 2009 (Grappa/Heilo 2009) (gåve frå Førdefestivalen) - Førdefestivalen: Førdefestivalen 2010 (NORCD 2010) (gåve frå Førdefestivalen) - Gro Marie Svidal: Hardingfele (Etnisk Musikklubb 2009) (gåve frå Gro Marie Svidal) - Karl Seglem: Ossicles (Ozella Music 2010) (gåve frå Karl Seglem) - Karl Seglem: NORSKjazz.no (Ozella Music 2009) (gåve frå Karl Seglem) - Karl Seglem: Urbs (Ozella Music 2007) (gåve frå Karl Seglem) - Karl Seglem: Reik (Ozella Music

2005) (gåve frå Karl Seglem) - Karl Seglem og Berit Opheim Versto: Draumkvedet (NORCD 2009) (gåve frå Karl Seglem) - Karl Seglem og Jon Fosse: Prosa og dikt (NORCD 2006) (gåve frå Karl Seglem) - Karl Seglem og Reidar Skår: Tya (NORCD 1997) (gåve frå Karl Seglem) - Karl Seglem/Kåre Thomsen/Ole Amund Gjersvik: Poems for trio (Hot Club Records 1988) (gåve frå Karl Seglem) - Karl Seglem/Linda Kallerdahl/Andreas Ulvo/Sigurd Hole/Jonas Howden Sjøvaag: Skoddeheimen (NORCD 2009) (gåve frå Karl Seglem) - Sigmund Eikås: Spel til dans (Grappa/Heilo 1994) (gåve frå Grappa) - Sigrid Moldestad: Taus (Grappa/Heilo 2007) (gåve frå Grappa) - Unni Løvlid: Rite (Grappa 2008) (gåve frå Grappa) - Unni Løvlid/Becaye Aw/Rolf-Erik Nystrøm: Seven Winds (Grappa/Heilo 2009) (gåve frå Grappa) - Utla: Song (NORCD 2003) (gåve frå Karl Seglem) - Vreid: V (Indie Recordings 2011) (gåve frå Vreid)

DVD-ar - Karl Seglem: Spelferd – A Playful Journey (NORCD/NORDVD 2008) (gåve frå Karl Seglem) - Vidar Underseth: Mine første feleslåttar – lær å spele fele eller hardingfele (DVD 2006) (gåve frå Vidar Underseth)

Litteraturutgjevingar - Karl Seglem: Stilla er ein åker – femti dikt og nokre songar (Samlaget 2006) (gåve frå Karl Seglem) - Godnattboka (med forteljing av Karl Seglem) (Skald 2007) (gåve frå Skald forlag) - Eventyrboka (med forteljing av Karl Seglem) (Skald 2009) (gåve frå Skald forlag)

Personalnytt Elin Østevik gjekk 1. juni inn i jobben som fotoarkivar. Østevik har jobba på Fylkesarkivet i fem år –dei tre år siste som rådgjevar i EU-prosjektet Europeana Local. Før det hadde ho eit engasjement som fotoarkivar. Kristjàn Lògason slutta 7. juni i vikariatet som fotarkivar. Lògason skal jobba med foto i til saman to månadar til hausten. Geir Utmo er tilsett som ny IKTarkivar, og startar i jobben 18.august. Utmo kjem frå jobben som dagleg leiar i Sognenett. Han har tidlegare vore IKT-arkivar på Fylkesarkivet i to år.

Førdefestivalen 2010 (NORCD 2010).

Vreid – V (Indie Recordings 2011).

29


d

kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Ein liten refleksjon over korleis kvardagsnemningar skiftar innhald over tid Av Kjerstin Risnes Som arkivarar bevegar vi oss heile tida mellom fortid og notid. Stundom vert det tid til refleksjonar kring nokre av dei endringane arkivmaterialet vårt avspeglar, mellom anna om korleis nemningar skiftar innhald over tid. For nokre dagar sidan fekk eg ein førespurnad som galdt nedlegging av ein krinsskule, samt skyss av skule-elevar tett rundt 1960. Kommunen var Hyllestad. I protokollen etter skulestyret for nemnde periode fann eg raskt svaret. På leit etter denne skulen og skuleskyssen kom eg over nokre andre saker som fekk meg til å tenkje over alle dei endringane som ligg ein slik protokoll og korleis slike endringar avspeglar seg. Sjølv om slutten av 1950/byrjinga av 1960-talet ikkje tykkjest så langt borte i tid, har det skjedd svært mykje sidan den gong, både i skulen og samfunnet elles. Som ein konsekvens av slike endringar får også dagleg brukte ord og nemningar nytt innhald. Nemninga eg byrja reflektere over, var farleg skuleveg. Kva tenkjer du på når du høyrer orda farleg skuleveg? Det same som meg, kanskje? Scenarioa kan vere mange, men det er nærliggjande å tenkje på biltrafikk. Du ser gjerne føre deg små verjelause “levande skulesekker” gåande langs ein veg der tungtrafikken dundrar forbi. For oss frå fjordafylket legg vi kanskje til rasfarlege vegar kor skuleborn dagleg vert frakta med bil eller buss. Kvart år når skulen startar opp att, har media ei rekkje oppslag om trafikkfarlege strekningar, slik Haugesund Avis fortel om her: “Skulevegen er mørk og skummel og utan lys. Det er ingen fortau og bilane køyrer fort forbi. Det er ikkje så kjekt å gå her. Eg er ofte redd, seier nytilflytta Emma Våge (8). Like redd er mamma Randi Våge. Det er uaktuelt for meg å la Emma gå åleine bort til Sagvåg skule. Eg hadde ikkje hatt fred eitt sekund. Difor kjem eg til å følgja henne heilt til noko vert gjort. Det er synd det må vera slik så lenge kommunen sin trafikksikringsplan slår fast at alle skulevegar skal vera trygge. Dei har i alle fall forsømt seg her ute, seier Våge.” Andre oppslag kan vere at foreldre sjøl30

ve skapar farlege skulevegar. Vi kan lese og høyre om politiet som bøtelegg foreldre som råkøyrer med eigne barn til skulen, utan tanke for at dei på denne måten skapar livsfarleg skuleveg for borna til naboen. Eit søk på Internett for å sjå kva Google “seier” om nemninga farleg skuleveg, stadfestar intrykket av at dagens farlege skuleveg mest er synonymt med trafikkfarleg veg. Vi skal ikkje bevege oss lenger tilbake i tid enn til slutten av 1950-talet før nemninga farleg skuleveg hadde ei heilt anna tyding. Bilisme var framleis eit framandord på landsbasis, ikkje minst i fylket vårt. I 1953 var det t.d. 76 bussar i Sogn og Fjordane og 37 personbilar

som dreiv yrkeskøyring. Fyrst i 1960 vart rasjoneringa av bilar oppheva og kven som helst kunne i prinsippet kjøpe sin eigen bil. Vegar var det derimot verre med mange stader. Fylket vårt er og var grisgrendt. På slutten av 1950-talet budde det framleis folk der “ Ingen kunne tru at nokon kunne bu”, på einbølte gardar i veglause grender. Og det var gjerne mangel på veg som skapte den farlege skulevegen. “Sak 11/58 Søknad om skyssgodtgj. – folkeskulen. Det førelåg søknad frå Hans Instefjord om ei rimeleg godtgjerdsle av di han må fylgje borna til og frå skulen i styggever. Vedtak. Då skulevegen for det meste går gjennom utmark og ulende, urd, svaberg og elvefar, meiner skulestyret at borna treng fylgje til og frå skulen skal ein vera trygge for dei. Ein vil difor rå til at Hans Instefjord får den same godtgjerdsle som andre forsytarar i liknande tilfelle – i 6 mnd for året.

Vedtaket vert å senda kommunestyret til godkjenning. Samr. “ I sak 40/59 går det fram at Hjalmar Tveit får ei godtgjersle på kr 5 per dag, 3 dagar i veka, for å fylgje dottera eit stykkje på veg til skulen. Årsaka er sjølvsagt den farlege skulevegen: “ Vedtak: Skulestyret er merksam på at vegen til skulen delvis er ufarande ( uframkommeleg) for born (…)” Framleis vil det finnast veglause gardar og grender i vårt vidstrakte land, men slike skulevegar som borna til Indrefjord og Tveit hadde, er historie. Godt er det. Slike skulevegar var heller ikkje det vanlege i Hyllestad kring 1960, men dei fanst og den kunnskapen er viktig å ta med seg. Det artige med slike omgrep eller nemningar, som t.d. farleg skuleveg, er at dei avspeglar både tid og geografiske tilhøve. I ein øy-kommune t.d., kring 1900, der sjøen var einaste skuleveg og skyssfarkosten var ein liten robåt, ville omgrepet farleg skuleveg igjen ha heilt ei anna tyding. Og slik kan vi halde på å reflektere og rekkje i historia, om ikkje i det uendelege, så lenge.. Berre ved å bruke ei daglegdags nemning som søkjeord i kjeldene våre, vil vi sjå korleis historia har endra seg og innhaldet i omgrepet like så. Historiene vil vere mange og ulike, alt etter tid og stad. Slik får vi historisk kunnskap, kanskje nokre aha-opplevingar på kor fort endringane går, men også det motsette. Samfunnsutviklinga og endringane skjer ikkje samstundes over alt og nettopp ved å studere slike nemningar, vil variasjonane og kontrastane stige tydlegare fram. Litteratur og kjelder • Arbeidsdirektoratet. 1954. Sogn og Fjordane. Ein statistisk – økonomisk analyse • Førsund, Finn Borgen. 1995. Transport mellom fjordar. Firda Billag 1920-1995. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane • Hyllestad kommune. Skulestyret. Møteprotokoll 1945 – 63 • Haugesund avis http://www.havis.no/nyheter/nattsvart-skuleveg1.1743048 Lese 01.06. 2011


kjelda, nr. 2 – 2011, årgang 20

Telehistorie takka vere Oddkjell Bosheim Av Hermund Kleppa

Fylkesarkivet har fått 36 ringpermar stappfulle med historie om telegraf og telefon i Sogn og Fjordane. Det er Oddkjell Bosheim i Lærdal som gjennom mange år har samla telehistorisk tilfang og systematisert det. Han ønskjer at samlinga skal takast vare på i Sogn og Fjordane, og han kom til at Fylkesarkivet var rette staden.

halde på med i alle år seinare. Særleg må nemnast dei mange turane han saman med kona Ågot og andre har gjennomført til fjells på leit etter telehistoriske spor i marka. Det er ikkje noko mindre enn telearkeologisk feltarbeid på sitt beste. Oddkjell Bosheim har omfattande telehistoriske kunnskapar knytta til fylket, først og fremst til Indre Sogn.

Har samla og systematisert i mange år

Innhald

Oddkjell Bosheim kom til Lærdal og arbeidde i Televerket frå 1950-talet til han blei pensjonist. Bosheim fatta tidleg interesse for den historiske sida av telekommunikasjonen. På 1970-talet byrja han å samla og systematisera ymse slag tilfang om utbygginga av telenettet: linjekursar, arbeidarar, stasjonar, m.m. Og dette arbeidet har han

Rinpermane opnar med eit oversyn over innhaldet: „I denne ringpermen finn du: ..“ Me kan opna ringperm nummer 17 som døme. Den handlar om linjekursen Lærdal – Dokki – over fjellet (Stødnaåsen) og ned til Fodnes (der sambandet heldt fram i sjøkabel over fjorden). Oversynet på første sida er eit kortfatta resyme av heile historia til

Telehistorisk skilt Bosheim har teke vare på.

denne linekursen, frå stortingsproposisjon i 1895 til stolpar og liner vart rivne i 1986. Permen inneheld kart, kopiar frå trykte kjelder og arkiv, noteringar, fotografi (eldre og nyare, mange har han teke sjølv). Forvitneleg er det „å følgja“ Bosheim pr. foto til fots langs linekursen, og sjå alle dei spora som framleis finst i terrenget.

Verdfull samling Innhaldet i dei 36 ringpermane er resultatet av Oddkjell Bosheim sitt arbeid med å samla telehistorisk tilfang gjennom mange år. Det er ei verdfull samling, både på den måten at ho er innhaldsrik og ved at Bosheim har lagt vekt på å ordna materialet slik at det er lett for andre å finna fram.

Gåve til Fylkesarkivet Oddkjell Bosehim har gjeve materialet sitt til Fylkesarkivet. Til odel og eige. Det er eit privilegium for ein arkivinstitusjon å få forvalta ei slik samling. Stor takk til Oddkjell Bosheim!

Artiklar i Kulturhistorisk Leksikon

Oddkjell Bosheim ser i ein av dei 36 ringpermane sine. Bosheim avleverte nyleg alle permane til Fylkesarkivet.

Det må og koma med at Oddkjell Bosheim har skrive fleire artiklar i Fylkesarkivet sitt nesttbaserte Kulturhistorisk Leksikon. Bosheim har også skrive artiklar om det gamle varslingssytemet i tidleg historisk tid, om vegar og andre emne.

31


Retur: FYLKESARKIVET Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682

Før og no

Øvst: Kråkenes fyr under bygginga i 1906. Fremst i biletet sit arbeidsformann Anders Folkestadås som leia bygginga av fyret. Det er truleg også han som har teke dette biletet. Du kan lese meir om biletsamlinga etter Folkestadås inne i bladet. Nedst: Kråkenes fyr fotografert frå nokolunde same vinkelen i 2008. Kråkenes fyr vart bomba og brann ned i 1945. Fyrbygningen som står på staden i dag er såleis frå 1950. Kråkenes fyr vart automatisert i 1986. I 1994 vart Kråkenes restaurert av ekteparet Thomas Bickhardt og Bettina Vick Bickhardt frå Tyskland som driv overnattingsog kaféverksemd på fyret. Foto: Thomas Bickhardt/ BickFoto.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.