Page 1

Kjelda

kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 1

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Nr. 3 - Desember 2009. Årgang 18

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Fylkesarkivet på Internett: www.fylkesarkiv.no


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 2

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Interkommunale samarbeidsløysingar – gode døme fram i lyset Kommunane blir ofte kritisert for å ikkje samarbeide nok for å løyse felles utfordringar. Det vert hevda at korkje staten som premissleverandør eller kommune har teke innover seg kor kompliserte og krevjande tenestene er som skal ytast.

på at kommunane går saman om å løyse utfordringar og problem knytt til arkiv og dokumentasjon. Kommunane leverer mange viktige tenester til innbyggjarane sine på mange område, og å sikre dokumentasjonen av denne verksemda er viktig av mange grunnar.

Det kan vel ligge noko i det, men kritikken vert fort einsidig. For det er jo klart kommunane vil samarbeide, og alle ønskjer nøgde brukarar. Men tilhøva må leggjast til rette. Det finst mange gode døme på interkommunalt samarbeid, også her i fylket. Men dei gode samarbeidstiltaka kjem sjeldan fram i media; dei berre rullar og går, og leverer år etter år, utan at det vert gjort så mykje vesen ut av det.

Alle dei 26 kommunane og fylkeskommunane betaler ein årlig kontingent som varierer etter innbyggjartal. Det er Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane som utfører arbeid for kommunane gjennom sitt fagmiljø. Oppgåvene går i hovudsak ut på å støtte kommunane i deira arbeid med arkiv og dokumenthandtering. Sidan 2006 har tenestene i Kommunearkivordninga og vorten utvida til å omfatte fysisk oppbevaring av arkiva i regi av Fylkesarkivet.

For å balansere biletet vil eg difor trekkje fram eit fylkesomfemnande samarbeid som er lite kjend: ”Kommunearkivordninga i Sogn og Fjordane”. Det omfattar alle kommunar og fylkeskommunen. Samarbeidet vart etablert allereie i 1987, og går i korte trekk ut

Dei siste åra har og elektroniske arkiv blitt innlemma i samarbeidet, og det er tilsett ein eigen arkivar for kommunane på e-arkiv. Mykje av utviklingsarbeidet innanfor arkiv i kommunesek-

Redaksjon Snorre D. Øverbø (red.) Marit Anita Skrede, Per Olav Bøyum, Olaf Knarvik Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 155,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Marit Anita Skrede. Utforming: Sogne-Prent AS.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no Fylkesarkivar: Snorre D. Øverbø, tlf. 57 65 64 01, snorre.d.overbo@sfj.no Arkivarar: Olaf Knarvik (foto), Fototeknisk avd., 6823 Sandane. Tlf. 57 86 51 24, olaf.knarvik@sfj.no Karianne Schmidt Vindenes (fagleiar), tlf. 57 65 64 06, karianne.schmidt.vindenes@sfj.no Marit Anita Skrede (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, marit.anita.skrede@sfj.no Randi Melvær (sekretær/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, randi.melvar@sfj.no Elin Østevik (EuropeanaLocal) tlf. 57 65 64 18, elin.ostevik@sfj.no Per Olav Bøyum (kommunearkiv), tlf. 57 82 50 17, per.olav.boyum@sfj.no Håvard Kastet (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, havard.kastet@sfj.no ABM-Sogn og Fjordane: Øystein Åsnes, Tlf. 57 65 64 04, oystein.asnes@sfj.no Bjarnhild Samland, tlf. 57 65 64 08, bjarnhild.samland@sfj.no Nettstad: www.fylkesarkiv.no

FRAMSIDEBILETE: Turistar på bretur ca 1900-1910. Fossefall og isbrear var det naturlege målet for ekskursjonane dei cruisereisande la ut på til lands. Det er uvisst kva for ein bre turistane her vitjar. Fotograf: Ukjend. (Les artikkel side 30)

2

toren i åra som kjem vil nettopp dreie seg om e-arkiv. På landsplan vert det i desse dagar skipa ein ny organisasjon som skal ta tak i desse utfordringane: Kommunearkiv-institusjonenes digitale ressurssenter (KDRS). Kommunane i Sogn og Fjordane vil etterkvart få tilgang til deira ressursar og kompetanse gjennom samarbeidet i vårt fylke. Interkommunalt samarbeid kan vere så mangt, og utfordringane mange, men er vinsten der, drifta rasjonell og tenestene gode, så ligg vegen open for mykje godt samarbeid mellom kommunane i Sogn og Fjordane. Snorre D. Øverbø Fylkesarkivar

Personalnytt Arild Reppen har sagt opp stillinga si som fotograf på Fylkesarkivet. Han har vore tilsett sidan juni 1996. Reppen går over i stilling hjå GSport på Sandane, Gloppen. Han slutta 1. oktober. Sturla Binder sluttar i stillinga si som arkivar – kommunale arkiv den 14. januar 2010. Han tilsett hjå oss sidan juni 2006. Binder tek til som arkivar ved Museumssenteret i Hordaland, Avd. Osterøy Museum. Oddvar Natvik går frå nyttårsskiftet over i pensjonistanes rekkjer. Sjå side 10.


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 3

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Innhald • Leiar: Interkommunale samarbeidsløysingar - gode døme fram i lyset Av Snorre D. Øverbø.............. s. 2 • Storgarden på Ålhus Av Anita Haugen...................................................................................................................................................................... s. 4 • Utbygging i Nyset- og Steiggjevassdraga Av Marit Anita Skrede.................................................................................................. s. 7 • Fossdalen i jarnalderen Av Marit Anita Skrede................................................................................................................................................... s. 11 • Ein digital allmenning tek form Av Karianne Schmidt Vindenes....................................................................................................... s. 14 • Gjekk rundt juletreet til ”ut i de små timer” Av Hermund Kleppa......................................................................................... s. 18 • Kvalfangst i Sørishavet Av Olaf Knarvik.................................................................................................................................................................. s. 19 • Dugnadsvenner Av Olaf Knarvik....................................................................................................................................................................................... s. 21 • Baldisholteppe i Det Kvite Hus Av Hermund Kleppa................................................................................................................................ s. 23 • Ferrotypiane til Bernt Askevold Av Olaf Knarvik........................................................................................................................................ s. 28 • ”With an Ocean Liner” – Orient Line og framveksten av den moderne cruiseturismen Av Elin Østevik........................................................................................................................................................................................... s. 30 • Bilfeber og turisthotell Av Håvard Kastet............................................................................................................................................................... s. 34 • Stadnamninnsamling frå garden Molde i Gulen Av Randi Melvær...................................................................................... s. 37 • Britisk Norgesekspedisjon 1984 Av Håvard Kastet..................................................................................................................................... s. 38 • Hauge bedehus på Bremangerlandet Av Hermund Kleppa................................................................................................................ s. 39 • Potts-poteten i Sogn og Fjordane 2009 Av Hermund Kleppa........................................................................................................... s. 41 • Minnesmerket. ”Varig vern av alle krigsgraver” Av Hermund Kleppa............................................................................... s. 42 • Minne om motstandsmannen Atle Svardal Av Hermund Kleppa............................................................................................... s. 43 • At bistaa Øvrigheden med Oplysninger og Betænkninger – kommunane som høyringsorgan og informasjonsleverandør Av Per Olav Bøyum.................................................................................................. s. 46 • Gamleskulen på Njøs i Leikanger Av Randi Melvær................................................................................................................................ s. 49 • I kjølvatnet til keisar Wilhelm II Av Hermund Kleppa............................................................................................................................ s. 52 • Ambrosia Tønnesen: Minst seks kunstverk i Sogn og Fjordane Av Hermund Kleppa ................................... s. 53 • Natronkake Av Aslaug Bøyum ............................................................................................................................................................................................. s. 53 • Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake Av Hermund Kleppa ................................................................................................................ s. 54 • Foreldre på tiltalebenken Bakgrunnen for Rock’n Roll-oppstyret Av Karianne Schmidt Vindenes .... s. 55 • Ressurssenter for elektroniske arkiv Av Håvard Kastet....................................................................................................................... s. 55 • Avlevering av eldre kommunale arkiv Av Karianne Schmidt Vindenes....................................................................................... s. 56 • 2013 – Sogn og Fjordane fylke 250 år – jubileumsfrimerke?............................................................................................. s. 58 • Wittgenstein-spor i Drægni-arkiv Av Hermund Kleppa ........................................................................................................................ s. 59

3


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 4

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Storgarden på Ålhus Av Anita Haugen I sumar blei det utførd ei arkeologisk undersøking på Ålhus, rett attmed Ålhus kyrkje. Dette er ein særs spanande stad, sett med historiske auge. Det er nettopp her stormann og baron Audun Hugleikson Hestakorn heldt hus. Han var nær ven av kongen, og ein viktig politikar og jurist på 1200-tallet. Fleire historikarar meiner han hadde ei særs viktig rolle i utforminga av lovverket i mellomalderen (Landslova, Bylova og Hirdskrå).

Audun Hugleikson Audun Hugleikson vert omtala som ”den visaste mannen i Landslova” i islandske kjelder. Hugleikson vaks opp på garden Hegranes på Ålhus kor han seinare reiste ei massiv steinborg. Sjølv om ein i dag ikkje kan sjå fysiske spor etter borga, vart staden der ho låg greve ut i 1934. Då fann dei spor som viste at borga må ha vore imponerande. Den låg attmed vatnet, og var om lag 22 meter lang og 13 meter brei. Mytane seier at Hugleikson reiste borga for å verne om skattane sine, og framleis fins det fleire historier som seier at det ligg ein stor skatt på botnen av Jølstravatnet. Livet enda dramatisk for Hugleikson, etter ein konflikt med den nye kongen vart han hengd i Bergen i 1302. Historia om Hugleikson syner ei spanande historie om Ålhus på 1200-talet.

Den raude prikken syner kvar det vart greve ut.

Det må ha vore ein viktig og mektig stad på denne tida. Tidlegare arkeologiske undersøkingar viser at kontinuitet i makt kan førast langt tilbake i tid. Ofte finn vi spor frå store jarnaldergar-

dar nær slike maktsenter, som til dømes i nærleiken av kyrkjer frå mellomalderen. Det var difor med stor spenning at Bergen Museum i mai byrja utgravinga på Ålhus.

Eit spanande funn Allereie då dei arkeologiske registreringane blei gjort av Sogn og Fjordane fylkeskommune avdekka dei fleire spor etter forhistorisk aktivitet. Mellom anna fann dei fleire stolpehol som gav ein indikasjon på at det truleg låg eit hus i området. To av stolpehola vart daterte til folkevandringstid (400570 e.Kr.).

Dette er eit døme på korleis eit stolpehol ser ut. Denne har tydelege skoningssteinar. Foto: A. Haugen. 4

Bergen Museum byrja difor utgravinga med å flateavdekka heile området som skulle undersøkast, det vil seie at vi fjerna all matjorda med gravemaskin. Dette er omrota masser frå dyrking, og når den er fjerna trer dei forhistoriske spora tydelegare fram i undergrunnen. Det dukka opp fleire mørke og sirkelrunde flekkar. Gleda vart stor då vi


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 5

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Langhuset i Ålhus. Spora etter dei takbærande stolpane er dekka med svart plastikk. Målebandet viser kor breitt huset har vore. Foto: A. Haugen.

oppdaga at desse låg symmetrisk i ei lang rekke, og at vi hadde funne eit sjeldan stort langhus. Etter at heile område var ferdig avdekka, byrja vi utgravinga av dei strukturane vi hadde funne. Stolpehola blei greve ut fyrst, slik at vi kunne stadfeste kor langt og breitt langhuset var. I dag er det som regel berre avtrykk frå stolpen og stein som har støtta han som er bevart, men dei kan likevel fortelje oss korleis huset har sett ut og kva dei forskjellige romma har blitt brukt til.

hus frå jarnalder kan ha sett ut, men dei var treskipa, og bygd av tre. Taka var ofte laga av torv eller spon (sjå ArkIkon si nettside). I dei mindre husa frå denne tidsepoken var det som oftast tre inndelingar av huset. Menneska budde i den eine delen, dyra i den andre og det gjekk føre seg produksjon av eitkvart i den siste delen. I dei større husa, som det på Ålhus, har huset

vore inndelt i fleire bruksområde. I den nordaustlege delen av huset har truleg gardeigaren og familien hans har budd. Det er ikkje funne eldstadar i huset. Her var takberande stolpar, og samanlikningar med liknande hus gjev denne tolkinga. Vidare må det ha vore fleire produksjons- og arbeidsrom, der ein mellom anna laga mat, klede og utførde reperasjonar. Det verkar som om

Korleis kan huset ha sett ut? Huset som openbara seg viste seg å vere heile 42 meter langt, noko som er uvanleg langt i arkeologisk samanheng. Det er svært sjeldan vi finn hus frå jarnalderen i denne storleiken. Berre spora etter dei takberande stolpane og enkelte dørstolpar eller inngangane til huset var bevart. Ved å samanlike med andre liknande arkeologiske funn, kan vi likevel seie noko om korleis huset kan ha sett ut. Huset har vore omkring 7 meter breitt og like høgt som det var breitt. Det har vore fleire rom i huset, truleg 5. Det finst fleire tolkingar på korleis slike

Uttaking av kol, ei C14-prøve, som kan fortelje oss kor gamle funna er. Foto: S. Diinhoff.

5


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 6

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Reinsing av dyrkingsprofilen. Her ligg det fleire lag med gamal dyrking, som vert vidare analysert av botanikarar. Dette fortel oss noko om kva dei dyrka, og når dei dyrka det. Foto: A. Haugen.

dyra ikkje budde saman med menneska i langhusa, men at det fanst ein eigen stall/ fjøs på garden. Og at ein i huset i staden hadde ein stor hall. Det er vanskeleg å seie om det har vore ein eigen stall på Ålhus, då denne mest truleg har lege der vegen i dag ligg. Men ut i frå storleiken på huset er det ingen tvil om at dette har vore ein stor og mektig gard. Det må ha vore ein mektig person som har eigd garden, mann eller kvinne, som nok har vore ein høvding eller storbonde i dåtidas samfunn.

Kven var denne høvdingen? I den siste perioden av romertid og utover i folkevandringstid (om lag 300-570 e.Kr.) kan ein sjå store skilnader i det arkeologiske materialet, samanlikna med eldre funn. Dette skuldast truleg at det no skjer store endringar i samfunnet. Til dømes finn vi nokre store langhus, som huset på Ålhus. Desse skil seg frå andre langhus, både i storleik og funksjon. Samstundes vert det store skilnader i gravmaterialet. Nokre graver skil seg ut som større og rikare. Ein trur difor at det oppstår ein samfunnselite, moglegvis med små høvdingar som styrer sine område. Ut frå storleiken på langhuset var det truleg ein høvding som eigde garden. Det var han og familien hans som budde her, saman med tenarar. Høvdingen må ha vore særs mektig, 6

med fleire viktige roller i samfunnet, både militært, administrativt, juridisk og religøst. Dei fleste storgardane ligg ofte i gode ressursområde, som vidare har lagt grunnlaget for makt og rikdom. Ofte finn ein importerte gjenstandar, som glas og smykker, frå Europa. Dette syner at ein har hatt nær kontakt sørover, og at ein har drive med handel eller byte av gjenstandar. Ålhushøvdingen må ha hatt fleire personar kring seg. Moglegvis kan ein samanlikne med mellomalderens leidangsordning, der høvdingen har hatt kontroll over og eigd ein hærstyrke (hird), både for å forsvare seg og moglegvis til plyndring. Såleis må høvdingen også ha hatt ein viktig administrativ og juridisk rolle, der hallen har vore ein viktig arena både for handel, alliansar og løysing av juridiske problem. I heltekvadet Béowulf er hallen omtala som ein særs viktig stad på garden. I tillegg meiner ein at fleire av dei religiøse seremoniane vert flytta inn i hallen, og at høvdingen slik fekk ein sentral rolle innanfor utøvinga av religionen. I Danmark ser ein til dømes at ofringar i våtmark tek slutt, i tillegg finn vi ikkje lenger dei store kokegropfelta. Difor meiner fleire at religiøse seremoniar vert flytta inn og utførd i hallen, med høvdingen som leiande i utføringa.

Avslutning Utgravingane på Ålhus gav spannande og overraskande resultat. Det vart funne eit langhus, som var bygd og brukt frå siste del av romertid til og med folkevandringstid. Langhuset har vore heile 42 meter langt, 7 meter breitt og 7 meter høgt. Dette fortel oss at det var ein mektig høvding som budde på staden og at Ålhus må sjåast som eit sentralt maktsentrum i eldre jarnalder.

Uttaking av fosfatprøver i langhuset. Dette kan mellom anna fortelje oss om dei har hatt dyr i huset. Foto: S. Diinhoff.

Anita Haugen er utdanna arkeolog og jobbar for tida på prosjekt for Bergen Museum. Utgravingane på Ålhus er ei av utgravingane ho har vore feltleiar for sesongen 2009. Litteratur: Diinhoff, Søren 2008 Stormandsgården på Eide – jordbrugsbosætningen i Gloppen fram mod yngre jernalder. I: Årbok for Bergen Museum 2007-2008, Universitetet i Bergen Nyttige nettsider: http://nn.wikipedia.org/wiki/Audun_H ugleikson_Hestakorn For ein god illustrasjon på korleis langhusa frå jarnalder kan ha sett ut anbefaler eg alle å gå inn på internett å sjå på sida [http://www.arkikon.no/index2.htm].

Oversikt over området som vart utgreve. Ein kan sjå Ålhus kyrkje til høgre. Foto: A. Haugen.


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 7

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Utbygging i Nyset- og Steiggjevassdraga

Av Marit Anita Skrede

Oversiktsbilete teke før utbygginga. Riskallsvatnet i bakgrunnen. Foto: Bergen Museum.

27. juni 1974 kom det melding frå A/S Årdal og Sunndal Verk om vassdragsreguleringar i Nysetvassdraget og Stedjevassdraget. I samband med dette, starta Historisk Museum i Bergen i 1981 arkeologiske feltundersøkingar. Etter sju feltsesongar hadde ein fått fleire nye og viktige resultat. Arkeologane sat att med eit stort gjenstandsmateriale med eit tilhøyrande stort dokumentasjonsmateriale. Dei arkeologiske resultata vart trykt i ein fyldig rapport i 1992, medan resultata frå dei vegetasjonshistoriske undersøkingane vart trykt i ein annan rapport same året.

Nysetvassdraget Nysetelva munnar ut i Årdalsfjorden om lag seks km sørvest for Årdalstangen. Den siste delen av vegen mot sjøen renn elva gjennom den nedste delen av Vikadalen med stupbratte dalsider. I denne nedre delen av Vikadalen får Nysetelva tilskot frå elvane som kjem frå Storevatn, Vasselavatn og Dyrebotntjørn.

Om lag tre km sør i Vikadalen stig lendet i hovuddalføret bratt oppover samstundes som dalføret dreier mot aust, opnar seg noko og flatar ut att i godt 900 m høgd. I denne etter måten opne og flate delen av Vikadalen ligg Riskallsvatn. Frå vatnet og austover er dalføret flatt og Nysetelva som har innfallsos i det nordaustre hjørnet av Riskallvatn, renn her stilt og roleg frametter mot vatnet. På denne strekninga får Nysetelva tilsig frå to andre elvar, elva gjennom Klypedalen i nord og elva frå Asvaldsvatn i sør. Dei topografiske tilhøva og naturgrunnlaget ved og rundt Riskallsvatn, særleg på austsida av vatnet, gjer det rimeleg å rekna med at utnytting av gras- og beiteressursane her må ha vore ei mogeleg bruksform også i tidlegare tider.

Stedjevassdraget Stedjeelva munnar ut i Årdalsvatnet om lag fire km nordaust for Årdalstangen. Før elva når vatnet, har ho

over ei luftstrekkje på ein km hatt eit fall på nær 500 m gjennom eit trongt gjel i dei bratte Stedjane. Innanfor Stedjeberget flatar landet ut i ein avsats der stølen Løst ligg framme på kanten. Dette relativt flate området strekkjer seg ca ein km søretter frå Løst og her renn elva gjennom myr- og skogsterreng. Vidare sørover deler landskapet seg opp i dei to dalføra Avdalen og Fossdalen medan ein mot søraust får ei ny stigning opp mot neste avsats der Berdalsvatnet ligg. Hovudtilsiget kjem gjennom Berdalselva, men det kjem også noko tilsig gjennom elva frå vatna nord for Valdresskardet. Korkje i Avdalen eller Fossdalen låg det vatn som var planlagt regulerte i 1974, og desse dalføra vart difor ikkje undersøkte. Ut frå ei vurdering av dei topografiske tilhøva og naturgrunnlaget i området rundt Berdalsvatn kan ei utnytting av beiteressursane rundt den austlegaste delen av vatnet og innover Berdalen vera rimeleg i tidlegare tider. Det tilhøvet at 7


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 8

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Konklusjonen etter undersøkinga i 1974 var at fråveret av automatisk freda kulturminne ikkje var overraskande. Området var attraktivt på grunn av gras- og beiteressursane, men stølsdrift så langt frå fast busetjing og med så tung stølsveg, hadde neppe kome på tale før ressurspresset i låglandet vart verkeleg følbart i samband med den etterreformatoriske jordbruksekspansjonen. Utforminga av dei to stølsgrendene og den bruksforma dei vitna om, vart sett på som av tradisjonell karakter.

1981 – Pressa arbeidssituasjon og mange funn

Oversikt over registrerte kulturminne i området ved Riskallsvatn. Etter Bjørgo 1992: 28.

det er godt med fisk i Berdalsvatnet gjer det også truleg at fiske kan ha spela ei rolle også tidlegare.

Dei fyrste undersøkingane Hausten 1974 vart dei fyrste arkeologiske registreringane/synfaringane gjort i området. Det vart ikkje påvist automatisk freda kulturminne ved denne fyrste undersøkinga. På stølen Urutlekråi stod eit sel. I tillegg vart her observert tre tufter som vart tolka som etterreformatoriske. Rett sør for Urutlekråi ligg stølen Nyset. Her vart

det registrert eitt ståande sel og fem tufter, også desse tolka som etterreformatoriske. Ved austenden av Berdalsvatnet rundt innfallsosen til elva som kjem frå vatna nord for Valdresskardet låg det tre tufter. Dette vart tolka som tufter etter stølen Berdalen som i fylgje informantopplysning var i bruk fram til 1920-åra. Ved vestenden av vatnet like ved utfallsosen på nordsida av han ligg det ei tuft. Denne tufta ligg rett aust for ei stående fiskebu, og vart tolka som ei tidlegare fiskebu på staden.

I 1981 ba ÅSV (Årdal og Sunndal Verk) Historisk Museum om at det vart sett i gong arkeologiske registreringar i Nyset Steiggje. På det tidspunktet hadde Historisk Museum allereie lagt planar for feltsesongen, og det var ikkje mogleg å innpassa eit stort feltarbeid i Nyset Steggje dette året. Då Stortinget valde Kårstø i Rogaland framfor Fedje i Hordaland som oljeutbyggingsområde, vart det likevel mogeleg å overføra mannskap til Nyset Steggje. På grunn av kort tid vart førebuingane til feltarbeidet mindre omfattande enn vanleg. Få av deltakarane hadde erfaring frå høgfjellsregistrering, og desse måtte dermed lærast opp i felt. Utfordringane stod i kø dette fyrste året i felt. Snø måtte fjernast med

Riskallsvatnet i 2009. Fleire av lokalitetane som vart grevne ut på 1980-talet ligg i dag under vatn. Foto: Marit Anita Skrede.

8


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 9

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

anleggsmaskiner, og det kom stadig førespurnad om større område som skulle registrerast. I tillegg var det enkelte problem med at entreprenøren øydela og dekka til fleire automatisk freda kulturminne. Då den fyrste feltsesongen vart evaluert, var konklusjonen at samkøyring mellom feltarbeid og anleggsarbeid var uakseptabelt. Det vart ikkje tid til å vurdera kulturminna samla før områda vart frigjeve. Den fyrste feltsesongen (1981) vart det registrert 73 lokalitetar. Av desse vart 50 vurdert som sikre automatisk freda kulturminne. 29 av dei 73 lokalitetane vart råka av utbygginga. I 1982 vart det i tillegg registert 14 lokalitetar ved Riskallsvatn og tre ved Berdalsvatn.

Stort apparat i sving Gjennom heile undersøkingsperioden var det eit konstruktivt og godt samarbeid med byggjeleiinga i ÅSV. Prosjektet hadde også god nytte av interesserte og lokalkjende grunneigarar. Insititutt for Radiologisk Datering ved NTH i Trondheim utførte eit stort tal C-14 dateringar og treartsbestemmelsar for prosjektet. Som ansvarleg for fornminneforvaltninga i Sogn og Fjordane i 1981, initierte førstekonservator Bente Magnus ved Historisk Museum Nyset Steggjeundersøkingane og la særleg vekt på moglegheitene for å avdekka spor etter bruk av fjellet i jarnalderen. Dette fekk stor tyding for den faglege vinklinga i prosjektet. Nesten 50 personar deltok ved dei arkeologiske undersøkingane. Dei fleste av desse var arkeologistudentar, mange var hovudfagstudentar. Tore Bjørgo leia det store prosjektet gjennom sju sesongar med feltarbeid, og var ansvarleg for å skriva feltrapporten. Arkeologane Siv Kristoffersen og Christopher Prescott var medforfattarar.

Vegetasjonshistoriske undersøkingar Det vart lagt opp til at det meste av dei vegetasjonshistoriske undersøkingane skulle fullførast i løpet av sesongen 1982. Dette fordi at mange av dei gode lokalitetane, som låg i damområdet, ville forsvinna. Det var dessutan viktig at det låg føre klare tolkingar av vegetasjonsutviklinga før det avsluttande arkeologiske arbeidet. Med dei vegetasjonshistoriske undersøkingane ynskte

Spinnehjul, bryner og vevlodd funne ved Nyset-Steggjeundersøkinga. Foto: Bergen Museum

dei å finna svar på spørsmålet om opphavet til beitebruket, og om området var råka av den store jordbruksekspansjonen i bronsealderen. Dei håpa dessutan at dei vegetasjonshistoriske undersøkingane kunne avsløra alderen og omfanget til stølsbruket, samt opphavet til jarnvinna. I tillegg ville dei skaffa fram data på vegetasjonsforhold og skoggrenser i steinbrukande tid. Pollenbotanikar Peter Emil Kaland var prosjektleiar for dei vegetasjonshistoriske undersøkingane, medan feltrapporten i hovudsak er skriven av pollenbotanikar Mons Kvamme. Dei vegetasjonshistoriske undersøkingane omfattar til saman 25 pollendiagram. I område der det i fyrste omgang vart registrert få eller ingen arkeologiske funn, viste pollendiagram i fleire tilfelle klåre teikna på at området hadde vore nytta av menneske. Dette gav grunnlag for ytterlegare prøvestikking og ved fleire høve vart det ved hjelp av denne metoden påvist lokalitetar med funn av steingjenstandar som ikkje vart funne ved fyrstegongsregistrering. Dei fyrste spora etter menneskeleg påverknad i Nyset-Steiggjeområdet var mellom 3000 og 2000 år f.Kr. I

dette tidsrommet ser det ut til at husdyr tok til å beita i området. I perioden frå rundt 2000 f.Kr og fram til Kristi fødsel skjedde det ei markert kulturlandskapsutvikling over store delar av det undersøkte området. For 2000 år sidan var truleg dei generelle vegetasjonsforholda ganske lik i dag. Der var noko bjørkeskog, men den var forholdsvis open og stadvis påverka av beite og annan aktivitet. I opne område har det truleg vore ein god del einer, men det typiske beitelandskapet som fram til vår tid har eksistert særleg ved stølane var enno ikkje utvikla i særleg grad. Starten på dette blir registrert frå 200talet. Frå dette tidspunktet er det registrert ei intensivering og konsentrering av landskapsutnyttinga.

Overveldande resultat Då undersøkingane starta i 1981, var det ingen som såg føre seg kva omfang dei skulle få. Undersøkingsområda omfatta delar av dalføra Vikadalen, Fossdalen, Berdalen, Valdresdalen og Smeddalen. I løpet av sju feltsesongar vart det dokumentert ein omfattande bruk av fjellområdet gjennom meir enn 8000 år. Til saman vart det registrert 135 lokalitetar med til saman rundt 100 tufter frå jarnalderen og mellomalderen. 48 av desse vart gravne ut. 9


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 10

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Oddvar Natvik Oddvar Natvik går frå nyttårsskiftet over i pensjonistanes rekkjer. Han kan sjå attende på nesten 20 år i teneste på kulturområdet i fylket.

Tre perler funne ved Nyset-Steggjeundersøkinga. Foto: Bergen Museum.

Totalt vart det funne meir enn 250 000 enkeltgjenstandar. Det meste av dette er avslags- og reiskapsmateriale av kvartsitt frå lokalitetar frå steinalderen og bronsealderen. Det var ikkje kjende automatisk freda kulturminne her før undersøkingane starta.

Ei tid med mange vassdragsutbyggingar Undersøkingane i Nyset-Steiggjevassdraga går inn i ei rekkje av tilsvarande undersøkingar som vart utførte på 1960-, 1970- og 1980-talet. Undersøkingane som vart utførte i fjellområde i tiåra før Nyset-Steiggjeundersøkingane konsentrerte seg i hovudsak om å registrera rundt fjellvatna. Det var lokalitetar frå steinalderen som vart påviste ved denne registreringsmetoden. Arkeologane hadde liten kunnskap om at det fanst t.d. jarnaldertufter i fjellet. Rundt 1980 vart det vist at fleire tufter i Friksdalen i Leikanger kunne daterast til jarnalderen. Dette var viktig kunnskap for arkeologane som skulle planlegga undersøkingane i Nyset-Steiggje, og dette vart også den fyrste store undersøkinga der det i stor mon vart registrert og greve ut jarnaldertufter. Trykte kjelder: Bjørgo, T., S. Kristoffersen, C. Prescott. 10

1992. Arkeologiske undersøkelser i Nyset-Steggjevassdragene 1981-1987. Arkeologiske rapporter 16. Historisk Museum, Universitetet i Bergen. Kvamme, M., J. Berge, P.E. Kaland. Vegetasjonshistoriske undersøkelser i Nyset-Steggjevassdragene. Arkeologiske rapporter 17. Historisk Museum, Universitetet i Bergen. Utrykte kjelder: Bjørgo, T. og A. S. Odland. 1981. Foreløpig rapport om de kulturhistoriske undersøkelser 1981, og utkast til arbeidsplan og budsjettbegrunnelse for 1982. Historisk Museum, Bergen. Bjørgo, T. 1982. Foreløpig rapport om de kulturhistoriske undersøkelser 1982 og utkast til arbeidsplan og budsjettbegrunnelse for 1983. Top.ark. ID 026150 Fasteland, A. 1974. Innberetning i topografisk arkiv: Arkeologiske registreringar/synfaringar i Nysetvassdraget i Årdal kommune, Sogn og Fjordane. Historisk Museum, Bergen 6/11-1974. Top.ark. ID 026112 Fasteland, A. 1974. Innberetning i topografisk arkiv: Arkeologiske registreringar/synfaringar i Stedjevassdraget i Årdal kommune, Sogn og Fjordane. Historisk Museum, Bergen 6/11-1974. Top.ark. ID 026113

Oddvar starta på Fylkesarkivet som prosjektleiar for Ættesogeprosjektet i 1990. Det vart starten på ein mangeårig innsats for å fremje kunnskap og interesse for emigrasjonshistoria vår, og særleg dei historiske banda mellom Sogn og Fjordane og USA. I 1994 vedtok fylkesutvalet å starte opp med arbeid med eit utvandrararkiv. Det vart etablert fagleg samarbeid med Vestrheim Genealogical Centre i Madison, Wisconsin. Med stort fagleg engasjement og entusiasme leia han arbeidet til prosjektet vart avslutta i 1997. Seinare har Oddvar vore involvert i publiseringsarbeid av ulikt slag: - Bladet Kjelda var han med på å etablere, og var frå starten i 1992 og heilt fram til 2007, ansvarleg for utforming og produksjon av bladet. - Var fylkeskommunen sin første web-redaktør allereie frå 1997. - Nøkkelperson i oppstarten av Kulturnett Sogn og Fjordane og Kulturhistorisk leksikon. Det som alltid har kjenneteikna Oddvar, er hans store fokus på formidling og folkeleggjering. Som språkmann har han alltid hatt eit skrått blikk på det tunge byråkratspråket som har ein stygg tendens til å spreie seg i offentleg administrasjon. Privat har Oddvar lagt ned ein stor innsats for Årdal Sogelag, m.a. som mangeårig bladstyrar. Vi som kjenner Oddvar, veit at han ikkje kjem til å pensjonera seg frå Årdal Sogelag, snarare tvert imot. Vi ønskjer han lukke til vidare! Snorre D. Øverbø


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 11

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Fossdalen i jarnalderen Av Marit Anita Skrede

Om lag 925 moh i Fossdalen i Årdal var restar etter fleire bygningar som har vore i bruk i jarnalderen. Tuftene vart funne ved arkeologiske undersøkingar i 1985 i samband med vassdragsutbygging i NysetSteiggje vassdraga. Området er no demt ned, og opplevinga av den tidlege bruken kan ein berre få ved å setja seg inn i dokumentasjonen etter utgravingane.

Fossdalen gjennom 7000 år Fleire område med kulturminne vart avdekt i Fossdalen, men den største og mest omfattande bruken av området vart gjort vest for stølsvollen Fossdalen. Området vart kalla lokalitet 122, og omfatta tre tufter, smieaktivitet, kolgroper og andre kulturlagsavsetningar. Andre stadar i Fossdalen er det registrert ei tuft som vart datert til tidleg mellomalder (990-1150 e.Kr) (lok. 121), samt to tufter frå nyare tid (etter 1530) (lok. 123 og 124). Ei kolgrop låg på sørsida av elva på ei høgde like over terskelkanten (lok. 128). Det vart ikkje registrert varmepåverka stein. Gropa er datert til siste del av eldre steinalder (4900-4620 f.Kr). Dette funnet viser at menneske heldt til i Fossdalen for nærare 7000 år sidan, men truleg berre i ein kortare periode. Berre lokalitet 122 vart nærare undersøkt, og det er dette tufteområdet som vil bli diskutert i det fylgjande.

Typiske fjelltufter Stølen Fossdalen ligg like over den høgstliggande av dei tre markerte tersklane i dalen, nord for Fossdøla. Ferdselsvegen gjennom dalen frå Årdalsvatnet til Fillefjell fører tett forbi lokaliteten. Stiar som fører over fjellet i nordaust til Berdalen og i sørvest til Raudbergsnuten og inn i Avdalen kryssar lokaliteten. Svært få stadar elles i dei bratte fjellsidene er det mogleg å ta seg opp i fjellet og over i dei andre dalføra. Alle dei tre tuftene på lok. 122 har truleg hatt ei rektangulær form med kraftige vollar av sand og stein på tre sider. Den fjerde veggen har ikkje hatt voll, og har vore inngangspartiet. Det har vore ein eller fleire eldstadar

Teikning av tuft frå yngre jarnalder, tuft 122 A. Etter Bjørgo 1992: 235.

i alle tuftene. Storleiken på dei tre bygningane har variert noko, frå 1824 m3 til 36 m3. I tuft 122A har det vore hellelegging i midtlina mot inngangspartiet. Det var eit heller rikt gjenstandsmateriale i alle tuftene, mellom anna pilespissar, perler og vevlodd. Gjenstandsmaterialet frå tuft 122A tyder på at bygningen var i bruk i vikingtida. Vollane av stein og sand har vore ytre léveggar, medan det i tillegg var indre

veggar av tre. At det har vore eldstadar i alle desse bygningane, tyder på at dei har husa menneske. Også gjenstandsfunna peikar i den same retninga. Den kunnskapen me har om korleis desse bygningane har vore, stemmer godt overeins med andre kjende fjelltufter i Sogn og på Vestlandet.

Kor lenge var bygningane i bruk? Det er utført fleire C-14 dateringar av 11


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 12

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

bygd på 200-talet, og bygning 122 C på 400-talet. Begge bygningane har vore i bruk til slutten av jarnalderen/ tidleg mellomalder. Den eine bygningen (122 A/B) vart truleg påbygd mot slutten av vikingtida.

Lok. 122 A

Spannforma keramikk frå Fossdalen. Foto: Bergen Museum

tuftene. Frå tuft 122 A er tre dateringar som viser at den sikkert kan daterast til perioden mellom 720 og 1170. Også gjenstandsmaterialet viser til vikingtida. Til denne lokaliteten er det i tillegg knytt fleire dateringar av eldstader og groper. Desse er daterte til 210 – 1150 e.Kr. I fleire av bygningane var spor etter smiing. Det er tre eldstadar i tufta, der alle ligg i midtlina. Det er såleis sannsynleg at desse har direkte samanheng med bruken av bygningen, og at bygningen har vore brukt frå 200-talet og fram til 1100-talet. Gjenstandsmaterialet viser at bygningen har vore i bruk i vikingtida.

en. Dersom denne dateringa ikkje skal knytast til denne tufta, ser det ut til at bygningen har gått ut av bruk på 700-talet. Det verkar vera mest sannsynleg at det har vore to bygningar i området. Den eine har hatt to rom (122 A/B), det eine med ei brukstid mellom 210 og 1150 e.Kr, og det andre med ei brukstid mellom 880 og 1020 e.Kr. Den andre bygningen har truleg vore i bruk mellom rundt 440 og 990 e.Kr. Ut frå dette har bygning 122 A/B blitt

Tuft AD 970-1170 Eldstad AD 770-970 Grop AD 240- 410 Tuft AD 720-880 Tuft AD 780-970 Grop AD 380-550 Grop AD 450-660 Eldstad AD 210-430 Eldstad AD 260-430 Grop BC 990-820 Eldstad AD 980-1150 Dateringar frå tuft 122 A

Lok. 122 B Eldstad AD 880-1010 Eldstad AD 880-1020 Dateringar frå tuft 122 B

Lok. 122 C Over yngste eldstad AD 880-990 Eldste fase/kokegrop AD 550-660 Yngste eldstad AD 440-770 Dateringar frå tuft 122 C

I tuft 122 B er to eldstadar daterte til siste delen av jarnalderen (880-1020 e.Kr). Dette er dei einaste dateringane frå denne tufta, og tilseier at bygningen var i bruk i den siste delen av vikingtida. Dateringsresultata peiker i retning av at tuft A og B kan vera to rom i den same bygningen. Dei yngste dateringane stemmer overeins, men det ser ut til at tuft B kan ha blitt teken i bruk på eit seinare tidspunkt. Dette kan skuldast at den eldste delen av tufta ikkje er datert, eventuelt at dette er eit seinare påbygg til tuft 122 A. Frå tuft 122 C er tre dateringar som viser at denne bygningen har vore i bruk om lag frå 440 til 990 e.Kr. Den yngste dateringa, 880-990 e.Kr, vart teken ut over den yngste eldstaden. Det er usikkert kor vidt denne skal setjast i samband med aktiviteten i dei andre bygningane, eller om den viser til yngste fase i denne bygning12

Perler av glas og rav funne i tuftene i Fossdalen. Foto: Bergen Museum


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 13

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Andre kulturspor i Fossdalen I tillegg til tuftene, er det på lok. 122 registrert fire kolgroper/kokegroper og eitt kulturlag. Gropene var mellom 1,1 og 1,5 m i diameter, og mellom 0,3 og 0,5 m djupe. Tre av gropene (122 E, F og K 59) inneheldt mykje varmepåverka stein, og skal truleg tolkast som kokegroper. Det er naturleg å setja desse gropene i samband med matlaging. Gropene E og F er daterte til 270-490 og til 770-880 e.Kr, medan grop K 59 var i bruk mellom 990 og 820 f.Kr. K 59 blir sett i samband med avslagsmateriale i kvartsitt spreidd rundt i ulike lag på flata, og viser truleg til eit kortare opphald ein gong i siste del av bronsealderen. Den fjerde gropa (122 D) inneheldt ikkje varmepåverka stein, og har truleg samband med annan aktivitet – kan hende smiing. Gropa er datert til romartid (80-330 e.Kr). 122 D 122 E 122 E 122 F 122/K59

AD 80-330 AD 400-590 AD 270-430 AD 770-880 BC 990-820

Lok. 122 I er eit om lag 13 m3 stort kulturlag. Kulturlag tyder at det er laga av menneske, men at det er usikkert kva aktivitet det viser tilbake på. Laget var opp til 20 cm tjukt. Det var kolblanda sand i utkanten, meir kol og organisk materiale lågare i forseinkinga. Det vart gjort funn av ein del gjenstandar i kulturlaget, m.a. ein fiskekrok, nål med auge, naglehovud, jarnslagg, to perler, 187 skar av spannforma keramikk, eit spinnehjul, eit vevlodd, og ein eldslagningsstein. Spannforma keramikk er ein type keramikk som berre vart brukt i folkevandringstida (400-550 e.Kr), og me veit såleis at laget vart danna i denne perioden. Truleg er keramikken frå den fyrste delen av denne perioden. Ei C-14 datering viser at laget vart danna ein gong mellom 260-540 e.Kr. Kulturlaget kan vera restar etter smieaktivitet, eventuelt ein nedbrent bygning. Dateringane frå lok. 122 viser aktivitet frå yngre bronsealder (1100500 f.Kr) til tidleg mellomalder

(1100-talet). Det ser ut til å ha vore omfattande bruk av området frå 200talet.

Kva aktivitet kan me knyta til Fossdalen? Saman med alle kulturspora i bakken som vart undersøkt, kan gjenstandsfunna eit stykke på veg seia noko om kva aktivitet det har vore ved stølen Fossdalen. Gjenstandsfunna er langt på veg av same karakter både i tuftene og i kulturlaget. Det var berre i tuft 122 C og i kulturlaget at det vart funne spannforma keramikk. Det er mykje beinmateriale av husdyr som sau/geit og gris i Fossdalen, noko som viser at husdyrhald har vore ein viktig del av livet. Det er naturleg å tenka seg at beiteressursane har vore ein av dei viktigaste årsakene til at menneska heldt til her. Funn av ein hovbrodd viser at her også har vore hest. Funn av to pilespissar viser at jakt var ein av aktivitetane som vart utført i Fossdalen. Det vart dessutan gjort funn av ein kveitekrok. Det viser at her vart laga reiskap som har vore brukt i fjorden. Truleg var det dei same menneska som heldt til i fjelltuftene som fiska i fjorden. Beinmaterialet frå Fossdalen er rikt, og viser restar etter fleire typar dyr og fiskar, sjølv om det ikkje er sikre restar etter dyr det er blitt jakta på. At menneska også har førebudd mat, viser rundt 200 skar av spannforma keramikk, rundt 10 eldflintar og fleire kokegroper. Det er funne fleire typar reiskap ved utgravingane i Fossdalen, mellom anna ein celt eller holkøks. Det er ein type øks som ofte blir sett i samband med jordarbeid, og kan tyda på at jorda vart forsøkt dyrka i Fossdalen. Det er også påvist pollen av bygg og havre, noko som også peiker i same retninga. Fem knivar og to sylar er universalreiskap som kan ha vore brukt i samband med ulike aktivitetar. Det er også funne fem bryner. Funn av to nåler med auge, seks spinnehjul og to vevlodd av kleber viser at det også vart drive med tekstilproduksjon. Av pyntegjenstandar og personleg utstyr kan nemnast 18 perler, og ein nøkkel. Perlene viser at kvinner har halde til i Fossdalen,

Celt funne i tuft 122 A i Fossdalen. Foto: Bergen Museum.

samt at dei har pynta seg medan dei heldt til der. Funn av jarnslagg kan tyda på smieaktivitet, eventuelt utvinning av jarn. I tillegg til nemnte gjenstandar, er det funne ubestemte gjenstandar av jarn, to ringar av jarn og to naglar. Ut frå dei ulike typane kulturspor me har frå Fossdalen, ser me at det har vore stor og varierande aktivitet. Bygningane har vore større enn sel som me kjenner frå nyare tid, noko som tyder på at fleire menneske har halde til her over lengre tid. Saman tyder dette på ei utvida bruk av området i forhold til det me tenker på som stølsdrift frå nyare tid. Det har vore diskutert kor vidt det kan vera snakk om fast busetjing, men eg meiner at det ikkje er truleg at menneska har halde til her gjennom heile vinteren – men kan hende ein del lenger enn ved støling i nyare tid. Trykte kjelder: Bjørgo, T, S. Kristoffersen, C. Prescott. 1992. Arkeologiske undersøkelser i Nyset-Steggjevassdragene 1981-1987. Arkeologiske rapporter 16. Historisk Museum, Universitetet i Bergen. Kvamme, M., J. Berge og P.E. Kaland. 1992. Vegetasjonshistoriske undersøkelser i NysetSteggjevassdragene. Arkeologiske rapporter 17. Historisk Museum, Universitetet i Bergen. 13


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 14

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Ein digital allmenning tek form Av Karianne Schmidt Vindenes

Fylkesarkivet er ein institusjon som vernar og gjev tilgjenge til historisk arkivmateriale frå Sogn og Fjordane. Det er ei viktig oppgåve å syte for at vi har arkivmateriale som kan danne utgangspunkt for forsking og som dokumentasjon for alle som er interesserte i historie.

arkiv), seriar (logiske inndelingar) og arkivstykke (den einskilde protokollen eller arkivboksen). Katalogane inneheld fleire faguttrykk og ein del av arbeidet vårt må difor også vere å lage gode forklaringar til arkivkatalogane. Fylkesarkivet har hatt arkivkatalogar

tilgjengeleg på Internett sidan 1995. Har du tilgjenge til Internett kan du søke i katalogane våre uavhenging av geografisk tilhøyre. Men kva skjer viss du ikkje er heilt sikker på kvar du skal finne informasjonen? Er det hjå oss, statsarkivet eller andre arkiv? Dette vil det no komme ei ny teneste som vil løyse.

Arkivmaterialet dokumenterer historia vår. Det er vår private historie, kva skule vi gjekk på og ulike former for rettigheitsdokumentasjon (helse, sosial, etc.). Det er historia til bygda eller byen vi bur i, kva tid kommunen vart oppretta, ulike grenseendringar, informasjon om kven som har styrt kommunen og til dømes kva vegar som har vorte bygde. Tilgjenget til denne dokumentasjonen er ein demokratisk rett. Men kva vil det eigentleg seie å ha tilgjenge? For det første må vi som arkivinstitusjon fortelje kva vi har på ein slik måte at alle kan forstå det. Vår måte å fortelje kva vi har, er gjennom arkivkatalogar. Desse listar opp arkivskaparar (kven som har skapt eit

Digitalisert møtebok frå Hyllestad kommune. Registreringane (metadata) til kvar einskild fil gjer at vi kan bla i protokollen. Når vi trykker ”neste side”, kommer neste side opp, her side 1 i møteboka. 14


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 15

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Arkivkatalogane er grunnlaget for å gje tilgjenge, men dei inneheld ikkje den informasjonen ein brukar vil vere på jakt etter. Då må vi til arkivmaterialet, eller rettare sagt, du må til arkivmaterialet. Alle arkivinstitusjonar har ein lesesal og den er open i arbeidstida. Vi på Fylkesarkivet meiner at dette ikkje er godt nok og har difor i lang tid sendt ut kopiar av mindre deler av arkivmateriale. Målet vårt er at du skal kunne finne fram til og få tilgjenge til arkivmateriale når du har behov for det. Fylkesarkivet vil difor ta i bruk den nye tenesta arkivportalen.no. Det er stor nasjonal semje om at det er viktig å gjere større deler av arkivsamlingane tilgjengeleg digitalt. I 2009 kom kultur- og kyrkjedepartementet med stortingsmeldinga Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv. Denne digitaliseringsmeldinga opnar med å seie at samlingane i landets arkiv, bibliotek og museum utgjer ein vesentleg ressurs for forsking, undervisning og kulturog samfunnsutvikling. Det er difor vesentleg at vi tryggar kjeldene og gjev folket demokratiske tilgjenge til kjeldene. Visjonen for regjeringa sin ikt-politikk på kulturfeltet er å gjere mest mogleg av samlingane i arkiv, bibliotek og museum tilgjengelege for flest mogeleg. Det vil i praksis seie tilgjengelege på Internett.

Treffliste frå Fylkesarkivet sin digitale katalog. Her ser vi eit lite utval av arkiv Fylkesarkivet har registrert med tilknyting til Gaular kommune. Her er både kommunale og ulike private arkiv.

Status for digitaliseringsarbeidet Fylkesarkivet gjorde som sagt arkivkatalogane tilgjengeleg på Internett i 1995. Rundt år 2000 fulgte vi opp med eit digitalt saksregister til møtebøkene i kommunane, som så vart kopla med digitale kopiar av møtebøkene nokre år seinare. Dei seinare åra har vi digitalisert enda fleire møtebøker som no er tilgjengelege på nettsidene våre. Du vil også finne andre døme på digitalisert arkivmateriale.

Riksarkivet har dei største arkivsamlingane her i landet. Dei siste åra har dei digitalisert kart, teikningar og tingslysingsmateriale. I samarbeid med statsarkiva har også kyrkjebøkene blitt digitaliserte. Dei statlege arkiva som er digitaliserte er tilgjengelege på digitalarkivet.no. Der er det også høve til å søke i avskrifter av mellom anna folketeljingar og emigrantlister. Sjølv om det i nokre år har blitt lagt ned innsats på digitalisering, er det berre ein liten del av arkivbestanden som er digitalisert og tilgjengeleg på Internett.

Korleis digitaliseringsarbeidet er organisert

Fylkesarkivet sin bokskannar i bruk. Her er det Asbjørn Ness som digitaliserer ei møtebok.

Ved Fylkesarkivet blir digitaliseringsarbeidet gjort med ein bokskannar. Denne er skånsam mot arkivmaterialet samstundes som arbeidet går relativt raskt. Den store utfordringa med digitaliseringsarbeidet er å knyte metadata til dei digitale filene. Metadata gjev oss informasjon om innhald, kontekst og struktur i materialet. Gode metadata er ein føresetnad for at vi skal kunne identifisere dei digitale filene. Dei ulike filene 15


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 16

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

sider vil også bli publisert på arkivportalen. Når brukarane søker i arkivportalen vil dei kunne få treff i katalogar frå ulike arkivinstitusjonar. Når vi søker i arkiv med tilknyting til Gaular kommune i våre katalogar får vi treff i både kommunale og ulike privatarkiv. Viss vi søker etter Gaular i Riksarkivet sin database får vi treff på ulike statlege arkiv som i all hovudsak er oppbevart hjå Statsarkivet i Bergen. I arkivportalen vil dette komme som eit felles søkeresultat som vil gje brukarane eit meir komplett bilete av arkiv knytt til Gaular, eller andre kommunar i Sogn og Fjordane.

Treffliste frå arkivverket sin digitale katalog. Søkeordet er Gaular, og vi ser at det i hovudsak er statlege arkivskaparar som er oppbevarte hjå Statsarkivet i Bergen (SAB).

må så lagrast i eit system som held kontroll på korleis filene heng saman og sikrar at dei rette protokollsidene blir kopla, slik at du kan få kjensla av å ”bla” i ein protokoll. Systemet syt også for at koplinga frå katalog til digitalisert kopi blir rett.

Representantar frå ulike arkivinstitusjonar, mellom anna Fylkesarkivet, har vore med i utviklinga av tenesta. Arkivportalen er ein nettstad der arkivinstitusjonar kan publisere arkivkatalogar. Katalogane som i dag er tilgjengelege på Fylkesarkivet sine

Viss noko av arkivmaterialet som er søkt fram er digitalisert vil brukarane få tilgjenge til dei digitale filene. Men noko av det mest spanande med arkivportalen er at du sjølv kan vere med å påverke kva arkivmateriale som skal digitaliserast. Når du etter eit søk finn arkiv du vil vere interessert i å sjå, kan du legge inn ei tinging. Viss arkivmaterialet høyrer til Fylkesarkivet vil vi få melding om at arkiv er tinga til digitalisering. Vi vil finne fram det aktuelle materialet og

Den digitale allmenning Stortingsmelding nr. 17 (2006-2007), IKT-meldinga, viser til tradisjonen med bruk av allmenningar i Noreg og i norsk kultur. Meldinga lanserer eit ynskje om ein digital allmenning, og seier at den bør vere så stor som mogeleg og innehalde informasjon og materiale av høg kvalitet. Omgrepet signaliserer at materiale som blir tilgjengeleg på allmenningen skal kunne nyttast av alle og at brukarane sjølve skal ha innverknad på korleis allmenningen skal formast. Lanseringa av arkivportalen.no er eit skritt i riktig retning. Arkivportalen vil gå inn i felles søk for ABM-institusjonar og Europeana som gjev oss tilgjenge til ein digital allmenning for heile Europa.

Arkivportalen.no Arkivportalen.no er ei teneste som er utvikla av stiftinga Asta. 16

Søkeresultat for søkeordet ”krig” i arkivportalen. Frå symbola ytst til venstre ser vi at søket gjev treff i registreringar på ulike nivå. Det er sjølve arkivet (arkivskåpet), arkivstykket (boksen) og arkivmapper. I tillegg er det treff i registreringar om den som har skapt arkivet (organisasjonskartet).


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 17

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

digitalisere det. Du vil då få melding når arbeidet er gjort og kan finne det digitaliserte materialet på arkivportalen. For å tinge arkiv til digitalisering må du vere registrert som brukar og logga på. Då kan du også lagre søk, legge søkeresultat på ei ”tralle” slik at du kan finne tilbake til det seinare og du kan tinge materiale som du vil sjå på lesesalen vår. Dei ulike arkivinstitusjonane vil legge til rette for ulike typar av tenester no i byrjinga. Som ein av dei første institusjonane vil Fylkesarkivet legge til rette for at brukarane kan tinge digitalisering av arkivmateriale. Vi ser dette som ein stor føremonn. Vi vil då vite at materialet vi digitaliserer vil bli brukt. Arbeidet vi legg ned vil også kunne komme til nytte for fleire enn tingaren sjølv. Brukarane vil på denne måten vere med å prioritere kva arkivmateriale som skal digitaliserast.

Problemstillingar Dei nye tenestene byr på mange fantastiske moglegheiter. Det er likevel viktig å vere merksam på avgrensingar og problemstillingar. Arkivinstitusjonane har framleis ein jobb med å katalogisere heile arkivbestanden. Brukarane må difor vere klar over at katalogane som blir tilgjengeleg på arkivportalen, ikkje alltid gjev det fullstendige biletet av kva som finst av arkiv. Ei anna problemstilling er også kor detaljerte katalogane er. Eg trur detaljerte registreringar vil føre til hyppigare bruk, og vi må difor sjå til at det ikkje er materiale som blir gøymt vekk fordi det ikkje er godt nok registrert. Faren på litt sikt vil vere at vi får ein overrepresentasjon av einskilde kjelder i forskinga, medan andre kjelder vil bli usynlege. Ei problemstilling vi som arkivinstitusjon også må vere klar over er at materiale som allereie er digitalisert vil kunne bli ekstra hyppig brukt, slik at vi må vere merksame på andre

Arkiv som er lagt på ”min tralle”. Arkivboksen og mappa høyrer til Landbruksdepartementet, Skogavdelinga S, kontor for skogbrukssaker. Neste steg kan no vere å tinge desse arkivstykka for digitalisering.

arkiv vi også meiner bør digitaliserast for å bli betre tilgjengeleg. Digitalisering vil aldri kunne erstatte besøk på lesesal og spørsmål til arkivinstitusjonar. Sjølv om fleire arkivinstitusjonar arbeider med digitalisering, vil det i veldig lang tid berre vere ein liten del av arkivbestanden som er tilgjengeleg digitalt.

Vegen vidare

Nettstader refererte til i artikkelen: www.fylkesarkiv.no www.digitalarkivet.no www.arkivverket.no www.arkivportalen.no (ikkje tilgjengeleg før lanseringa) www.stiftelsen-asta.no Kjelder: Stortingsmelding nr. 24 (2008-2009) Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv.

Vi er ikkje i tvil om at vi vil gjere vårt materiale tilgjengeleg på arkivportalen. Det vil føre til eit betre tilbod til brukarane våre, og portalen vil samstundes vere eit godt arbeidsverkty for oss. Vi ser også fram til enda betre tenester som gjev brukarane enda større påverknad, der de kan vere med å skrive kommentarar til arkivmateriale og lenke saman materiale på ulike måtar. Det er spanande prosjekt på gang og vi vil sjå ei vidare utvikling dei næraste åra. Arkivportalen vil bli lansert i løpet av eit par månader. Følg med på www.fylkesarkiv.no for meir informasjon om når vi tek arkivportalen i bruk. 17


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 18

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Gjekk rundt juletreet til ”ut i de små timer” Harald Oppedal og andre eldsjeler arbeider med å leggja til rette for nytt liv i det gamle skulehuset i Gravdal i Torskangerpollen i Vågsøy (Kjelda, nr. 2, 2008). Skulen stod ferdig i 1907 for Våge – Oppedal krins. Målet er å gjera skulehuset til ein stad der folk kan koma og møta historia til Torskangerpollen og Våge. Eitt delmål er å samla tilfang som fortel om skulehuset i bygda og livet i skulen. Skulehuset var meir enn undervisningslokale. Det hadde funksjon som grendehus. Dei har fått inn ein del arkivmateriale frå ungdomslaget”Framtid”. Arkivet inneheld mellom anna møtebøker (referatbøker) og den handskrivne lagsavisa Havblikk. I eit julenummer av Kjelda passar det å ta med referatet frå juletrefesten i fredsåret 1945. Og som illustrasjon til lagsavisa som er nemnt i referatet, tek vi med avishovudet til nummer 11, 2. påskedag, 14. april 1941. Dei tversgåande felta i raudt kvitt og blått under illustrasjonen, vil eg tru signaliserer nasjonal haldning.

18

Juletrefest U.L. ”Framtid” avholdt sin årlige juletrefest i skolehuset 2dre Juledag. Festen begynte Kl. 5 efm [ettermiddag]. Med at hornmusikken spilte nogen nummer hvoreftefter formannen holdt en velkomsttale, samtidig holdt han en liten tale for disse som haddde vert ute under krigen og som no var komne heimigjen. Han foreslo derefter at synge fedrelandssangen. Hele forsamlinga reiste seg og sang ”Gud signe vårt dyre fedreland” til heder og ære for dem som hadde satt sine liv på spill og som hadde gitt sitt liv for friheten og fedrelandet. Hornmusikken spilte så nogen nummer. Derefter holdt Øverby en gripende festtale, formannen takket så Øverby for de gode ord som han hadde sagt. Så blev det gang om juletreet en stund. Efterpå opplyste formannen at der var mat og få kjøpt i kjelleren, og ekte kaffe [i motsetning til erstatningskaffi under krigen], og alle som vilde, kunde gå ned og forsyne sig. De

Av Hermund Kleppa

som ikke fikk plass til fyrste boring [bordesete], gikk rundt juletreet mens de ventet på avløysning. Efter matpausen spilte atter Hornmusikken nogen nummer, også fikk vi høre første del av avisa som va skrevet abv Evy Sunde, og hadde et godt innhald. Så blev det gang om juletreet igjen til det blev opplyst at nu skulde vi få høre resten av avsia. Var første delen god, så var ikke siste delen ringere, så jeg tror sikkert at det falt i god jord alt i hop. Så blev det gang om juletreet igjen til ut i de små timer, og alle var enige om at det hadde vert en grei og hyggelig fest. Referat John Voge (skriver)


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 19

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Kvalfangst i Sørishavet Av Olaf Knarvik

Kvalbåten ”Pol XI” på fangstfeltet i Sørishavet. Ved skutesida ligg det ni døde blåkvalar som er pumpa opp med luft for å halde seg flytande til dei blei vinsja ombord i kvalkokeriet ”Norhval”. I baugen på ”Pol XI” ser vi harpunen. På dekk står fire av mannskapet. Mennene er ikkje identifiserte. Fotograf: ukjend. SFFf-1997004.0046

Disse bileta er teke frå det flytande kvalkokeriet ”Norhval”, som dreiv med kvalfangst i Sørishavet i perioden 1945-1962. Båten hadde fleire menn frå Bremanger om bord. Pga. utarming av ressursane i Nord-Atlanteren drog ein til Sørishavet for å utnytte kvalbestanden der. Teknologien utvikla seg i takt med tida, ein hadde etter kvart både harpun med kanon og flytande kvalkokeri. ”Norhval” var svært godt utstyrt med eiga helikopterplattform, og var det første norske handelsskip med radar. Kvalfangaranes effektivitet økte kraftig saman med utviklinga i teknologien. Mannskapet om bord på ”Norhval” var opptil 400, deriblant lege, kjemikar, kokkar, byssegutar, bakarar, pølsemakar, i tillegg til kvalfangarane. Sesongen

Flensing av blåkval ombord i det flytande kvalkokeriet ”Norhval”. Mannen til venstre er Nils Eikeset frå Bremanger. Vi ser fleire menn i arbeid med å partere kvalen som skal kokast til olje. Reiarlaget Melsom & Melsom i Larvik hadde fleire menn frå Ytre Bremanger ombord i båtane sine. Fotograf: ukjend. SFFf-1997004.0042

19


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 20

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

varde frå september til mai, og kvalen blei hovudsakleg brukt til olje. Men dei lagde også andre produkt som essens av kjøttet, leverolje og vitaminprodukt. Blåkvalen blei nesten utrydda og følgjelig freda frå 1966. Kjelder: www.hvalfangstmuseet.no www.sydhav.no hvalfangerklubben.net http://larvikinaerfortid.origo.no//bulletin/show/128880_norhvalvaart-flytende-kokeri www.op.no/lesernes/filmer

Her er det hovudet på ein blåkval som vert flensa ombord i det flytande kvalkokeriet ”Norhval” i Sørishavet. I bakgrunnen ser vi stim stige opp og menn i arbeid med flenseknivar. Mennene er ikkje identifiserte. Fotograf: ukjend SFFf-1997004.0061

Sommar i Sørishavet. Her ligg drivisen tett og vi anar sola i horisonten. Dette var eit daglegdags syn for mannskapet på det flytande kvalkokeriet ”Norhval”. Dei dreiv kvalfangst i dette området frå september til mai. Reiarlaget Melsom & Melsom var aktive i denne kvalfangsten til 1962. Fotograf: ukjend. SFFf-1997004.0047

20


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 21

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Dugnadsvenner Av Olaf Knarvik

Frå venstre Jens Chr. Aure, Kari Remvik, Jan Rødset, Marianne Gjerde, Inge Almklov, Hanne Heen og Inger-Johanne Indrestrand. Foto: Ragnar H. Albertsen 2009, FAKd-0673.00014

På besøk hos kollega Ragnar H. Albertsen ved FylkesFotoarkivet i Møre og Romsdal fekk vi vere med på en DIS-dugnad, som organiserast kvar tysdag. DIS-gjengen (sjå bilete) som Ragnar kallar dei, feirar faktisk 10 årsjubileum i desse dagar. I løpet av den tida har ein kasta seg over samlingane etter fleire av dei viktigaste fotografane frå Ålesund etter bybrannen: mellom anna Johannes Sponland, Sigvald Moa og Enok O. Simonnæs. Totalt har det blitt digitalisert og registrert ca 70 000 bilete frå perioden 1904 til 1920, alle frå glasplater. Med ein hard kjerne på 8-9 personar som blir fordelt på arbeidsoppgåvene avfotografering (digitalisering), biletbehandling og registrering av data, har dei oppnådd ein enorm flyt og framgang i arbeidet. På biletet frå ein tidlig dugnad i 2000 kan vi sjå arbeidet som blir gjort som på eit slags

samleband. Dei fotografiske negativa blir ompakka til syrefrie konvoluttar, bileta blir digitaliserte og biletbe-

handla slik at de egnar seg både for arkivering og internettvisning. Informasjon om motivet blir avskrive frå

Den første dugnadskvelden høsten 2000. Frå venstre: Lars Martin Thomassen, Kristin Støbakk Stavrum, Aina Kristin Morsund, Kåre Stafset, Sverre Håskjold, Oleif Melseth, Sverre Kjemphol og Terje Pettersen. Bakerst ved døra står Ragnar H. Albertsen. Foto: RAL, FAKd-0242.00036.

21


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 22

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

originalkonvoluttane eller kartotekkort og blir ført inn på excel-lister som må jamførast med bileta. Dette genererer ei stor mengde data som dugnadssjef Albertsen kontrollerer og administrerer, slik at det kan bli tilgjengeliggjort på heimesida til FylkesFotoarkivet: www.fylkesfoto.no. Ragnar sjølv seier at prosjektet er heilt avgjerande for å få frem materialet som elles ligg gøymt i arkiv og magasin. Det at ei gruppe frå DIS har stilt opp kvar tysdag i ti år har gjort at det har vore mogeleg å arbeide seg gjennom store mengder, slik at fotografane blir synliggjort og at bileta frå arkivet kjem fram i dagslyset og på dataskjermen. Ragnar seier at ”tysdagskveldane begynner å bli noko av det viktigaste i jobben min”, og vi skjønner at tydinga for Fylkes Fotoarkivet i Møre og Romsdal er stor. Saman har dei flytta fleire tonn med fotografiske glasplater inn og ut av hyllene, og fleire fotoarkiv står på ventelista. Men kvantiteten er ikkje det einaste som blir oppnådd, det ser vi mellom anna på responsen på bileta som blir lagt ut. Eit døme er bilete AM-95003.007173 (sjå bilete) som vart digitalisert på dugnad og publisert på heimesida til FylkesFotoarkivet med biletteksten ”Tingar: Aspen” som einaste informasjon. Nokre år seinare kunne ein observant informant via Internett tilføye heilt ny informasjon som gav liv og meining til biletet. I tillegg er det sosiale ein viktig del av dugnadskveldane. DIS-gjengen består av folk med forskjellig bakgrunn som brukar kunnskapen og erfaringa si til å fornye arbeidsmetodane. Eit anna bidrag er lokalkunnskapen til DIS som gjev mykje viktig informasjon til biletmaterialet. ”Det sosiale er fantastisk”, seier Jan Rødset, ein av deltakarane gjennom fleire år. DIS-gjengen har heilt forskjellig yrkesbakgrunn i fylgje Rødset: ”det er ikkje to som har vært innom same yrke. Her er det både elektrikar, lege, kontorfolk og sjukepleier med”. Det roterast på arbeidsoppgåvene, slik at ein lærer om både data, reprofotografering, elektronisk biletbehandling og registrering. Ragnar deler generøst av kunnskapen sin og set arbeidet i gang. Etterpå samlar han saman dei lause trådane. Men først vert dugnadskvelden avslutta med god kveldsmat og kaffi!

22

Tingar: Aspen. "Det står ein friar uti gar'en, mor lilla, hau hau"? Dette er Anton Simeonsen Aspen født 20. mars 1866 på Aspa, Straumsneset, Tingvoll kommune i Møre og Romsdal. Han var nr. 4 av 5 gutter og han utdanna seg som skreddar og vart skreddermeistar. Han var skreddermeistar både i Trondheim, Ålesund og Kristiansund. Han var gift to gonger og fekk 19 barn. Då dette biletet vart teke har hans første kone nettopp døydd, og han satt tilbake med ni born. Tok han dette biletet for å få seg ei ny kone? Han gifta seg ikkje lenge etterpå. I 1909 fekk han sitt første barn med si nye kone, og da var dei allereie gift. Anton Simeonsen Aspen døydde i Kristiansund 19. februar i 1935. (Informant: Cathrine ApelsethAanensen.) Foto: Sponland 1908, AM-95003.007173.

FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal er ein avdeling under Aalesunds Museum, som frå 2004 har vært avdeling under den konsoliderte einiga Stiftinga Sunnmøre Museum.


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 23

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Baldisholteppe i Det Kvite Hus Av Hermund Kleppa

Baldisholteppet (kopi) i Det Kvite Hus, laga av kunstvevaren Kristi Meland. Teppet er 210,2 cm x 114,9 cm. Biletet er teke i 2009. Foto: By courtesy The White House.

Tysdag 8. juni 1926 tok fru president Calvin Coolidge imot ein delegasjon kvinner. Ærendet deira var å overlevere ei gåve: - ein kopi av det godt kjende Baldisholteppet og ei bok om teppet. Startstreken for dette stykket er ei lita kopiert notis frå eit blad eg har hatt liggjande ei stund. Det var amerika-arkivaren på Fylkesarkivet, Oddvar Natvik, som tenkte eg kanskje ville ha interesse av det. Ja, eg blei nysgjerrig. Og såg ei tilknytning til Sogn og Fjordane.

Melding i blad Stykket eg fekk av kollega Natvik var frå bladet For By og Bygd, nr. 16 – 7/8, 1926. Overskrifta var Baldisholteppet til presidentbustaden i Washington. Det står noko om gåva, om kven som stod bak og kva som var føremålet. ”Den siste kopien som Kristi Sekse har vove etter det gamle norske Baldisholteppet, er no hamna i ”Det

kvite huset” i Washington. Fem tusen norsk-amerikanske kvinnor som ynskte at det i Det kvite huset, skulde finnast eit minne um den norsk-amerikanske hundreaarsfesten i fjor, har punga i hop og kjøpt teppet, og for ei tid sidan var ei sendeferd av kvinnor hjaa president Coolidge og bar fram gaava som dei flidde [gav til] presidentfrua saman med ei bok av direktør Hans Dedekam um teppet, og eit utdrag av innhaldet paa engelsk, vakkert utstyrt og innbunde av Mons Breidvik.

vove med stor omhug av ei kvinne som vert rekna millom dei fremste teppekunstnarane i det moderne Noreg.

I ei tale som fru professor Gisle Bothne heldt, sa ho millom anna: ”Mange tusen norsk-amerikanske kvinnor, fraa alle kantar av landet, har slege seg i hop um ei gaave til Det kvite huset, og derved har det vorte raad for oss aa skaffa ein kopi av det vidgjetne Baldisholteppet som er arbeidt av ei norsk kvinne i det 12. hundreaaret [1100-talet]. Denne kopien er ei noggrann [nøyaktig] etterlikning av Baldisholteppet og er

Spørsmål

Fru Coolidge takka for gaava, og nemnde millom anna at daa ho kom til Det kvite huset totte ho at [det] var for liten personleg daam over presidenthuset. Ho hadde freista so smaatt aa bøta paa dette og vona at seinare presidentfruvor vilde halda fram med dette verket. Og i dette arbeidet hennar var Baldisholteppet ei kjærkomen hjelp, som ho var svært glad for.

I stykket er det fleire trådar å ta fatt i, fleire spor å følgja for å finna ut litt meir; - Baldisholteppet, gjevarane, personane Kristi Sekse, Mons Breidvik og direktør Hans Dedekam. Og kva mon tru skjedde med teppet etter at Mrs. Coolidge hadde takka for seg i Det Kvite Hus? Eg har sendt spørsmål til mange vidt omkring, både pr. vanleg brevpost og den snøggare eposten, og bladd litt i bøker og hefte. 23


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 24

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Det eine arket med Frå Bygd og Bystykket har vokse til ei heil bunke. I denne Kjelda-artikkelen har eg strikka/sydd saman noko av det eg fann.

Baldisholteppet ”Det gamle norske Baldisholteppet” kom for ein dag i 1879 på Austlandet. Då dei reiv den gamle kyrkja på garden Baldishol på Nes i Hedmark, fann dei eit tekstilstykke mellom to golvlag. Det synte seg å vera ein del av eit eldgammalt vove biletteppe. Teppet kom seinare til Norsk Industrimuseum i Oslo og har seinare vore kjent som Baldisholteppet. (Norsk Industrimuseum er i dag (2009) ein del av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.) Det står skrive om Baldisholteppet mange stader, og det er mange meiningar om alder og opphav. I Norsk Kulturhistorie (Aschehoug 1979) står det: ”Baldisholteppet er vevd i gobelinteknikk, det er vel 2 m langt og 1,18 m høyt. Materialet er ull som er plantefarget i klart rødt, gult, grønt, mørkeblått og lysere blått i fleire nyanser. Det er mulig motivet i venstre felt symboliserer april måned (etter bokstavene i arkadebuene å dømme) og at rytteren til høyre representerer mai. Kanskje har flere stykker – som vi ikke kjenner – vært sammensatt til en ”årskalender”. Forskerne tror at teppet er vevd i første halvdel av 1200-årene, kanskje noe senere, antagelig i Norge.” Men på eitt punkt er det full semje: Baldisholteppet er eit av dei eldste eksisterande vovne biletteppa i Noreg, og det beste kjende. Det ragar også høgt i europeisk samanheng. Hans Dedekam opnar boka si om Baldisholteppe (1918) med desse orda: ”Uten sammenligning et av de betydeligste og interessanteste stykker i nodisk, ja, europæisk tekstilkunst.”

følgjet hans. Sluppefolket er dei gjerne kalla i emigrasjonslitteraturen. På ei stor tilskiping i Minnesota i juni 1925 var presidentparet Coolidge tilstades. Presidenten heldt ein lang og visstnok drivande god tale. Men så var det at nokre kvinner vart misnøgde med at det var menn som for det aller meste tok hand om jubileet og at det var lite å finna om norskamerikanske kvinner i publikasjonen Norse-American centennial 18251925. Difor skipa dei like godt sin eigen organisasjon Norse Centennial Daughters Club og gav ut si eiga bok Norse-American Women, 1825-1925. Eit overordna mål var å fremja norskamerikansk litteratur, kunst og musikk. På ei liste eg har fått tilsendt over ein del medlemmer i Centennial Daughters, finn eg mange Sogn og Fjordane-namn: Mrs. H.H. Onstad, Hopland, Hillestad, Vee, Lee og Ylvesaker.

..this famous tapestry.. På årsmøtet til Centennials Daughters 1. februar 1926 vart Mrs. G. Bothne, Minneapolis, invitert til å stå føre ein komite med oppgåve å samla inn pengar til ein kopi av det ”famous tapestry”, Baldisholteppet, og gje det til Det Kvite Hus. Komiteen hadde fleire underkomitear, mellom anna ein lokalisert i Minneapolis og ein i St. Paul. Komitéstyret må ha arbeidd raskt og effektivt. Kort tid etter var oppgåva løyst: As a gift from the NorseAmerican women, a tapestry is to be presented to the President and Mrs Coolidge some time this spring. Teppet var laga av Kristi Sexe, a Norwegian girl, known the world over for her weaving. Ho hadde spunne garnet sjølv og farga det av plantefargar. Prisen var 1500 dollar.

Kristi Sekse Meland Norse Centennial Daughters Club I 1925 feira norsk-amerikanarane 100 års-jubileum. Det var i året 1825 at sluppen Restauration nådde Amerika med rogalendingen Cleng Peerson og 24

Halldor Sandvin, tidlegare rektor på Framnes folkehøgskule i Hardanger, no busett i Telemark, har skrive eit hefte om kvinna som laga kopien av Baldisholteppet.

Kristi Meland (1886-1965) voks opp i Tyssedal i Odda kommune i Hardanger. Foreldra var Jakob Jørgensen frå garden Freim og Sigrid Johannesdotter frå garden Sandvin. Begge desse gardane ligg eit stykke sør for Tyssedal. Kristi vart gift første gong i 1903 med Sjur Sekse og tok som skikken var, Sekse som etternamn. Dei busette seg i Ålvik. I 1915 tok dei ut separasjon og vart skilde. Då Kristi i 1929 vart gift andre gong med Halldor Meland frå Espe, endra ho etternamnet sitt til Meland. Etter åra i Ålvik flytte Kristi tilbake til Odda der ho leigde hus på Sandvin. I 1922 eller 1923 busette ho seg i Kvam herad (lenger nord og vest i Hardanger). Der kjøpte ho eigedomen Eikhaug, oftast kalla Vadlandshovden. Staden ligg eit kort stykke aust for Norheimsund. Frå Eikhaug hadde ho utsyn tvers over Samlafjorden mot Vikøylandet i sør, Vikøy kyrkje og Fosslid der kunstnaren Mons Breidvik budde. Mons Breidvik og Kristi Sekse (frå 1929 Meland) hadde mykje samarbeid, skriv Sandvin. Sandvin reknar med at Kristi utvikla dugleik i spinning og veving frå barndommen av, i ei tid då spinning, strikking og veving var vanleg kvinnfolkarbeid på gardane. I ung alder gjekk ho i lære, først på Henriette Schønberg Erkens husmorskule ved Hamar og seinare tre kurs på Den kvinnelige Industriskole i Kristiania. I 1925/26 deltok på i to kurs ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole. ”Mønstertegner Kristi Sexe” står det på vitnemålet hennar. Kristi var ekstra interessert i plantefarging. Kristi Sekse (Meland) tok snart til med undervisning i kunstveving, og frå 1927 dreiv ho vevskule. I brosjyra Kristi Melands Vevstove lyste ho ut kurs som varde i 4 månader. Nyttevev, kunstvev, spinning, plantefarging og fargelære stod på læreplanen. Kristi Meland døydde 4. desember 1965 og vart gravlagd på kyrkjegarden ved Vikøy kyrkje. Mannen ligg gravlagd ved sida. Begge gravene er varig verna og stelte med av Kvam herad.


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 25

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

arbeidet med kopien av Baldisholteppet, og at teppet ”nu” var utstilt i ein sal i Kunstindustrimuseet der det originale teppet var hengt opp. Arbeidet hennar hausta lovord. Direktør Grosch hadde uttalt ”sig med megen varme om det dyktige arbeide.” Artikkelen avslutta med at teppet skulle sendast til Amerika ”i nær fremtid”. (Henrik August Grosch (18481929), museumsmann, knytt til Christiania Kunstindustrimuseum frå starten 1876, konservator 1878 og direktør 1894-1919. Ivrig i arbeidet for husfliden. Skreiv mykje om kunst og kunstindustri i aviser og blad. Fleire publikasjonar om tekstilkunst.)

Kristi Meland (1886-1965). Ho hadde Sekse som etternamn i åra 1903 til 1929. Foto: Frå Halldor Sandvin.

Kristi Meland sitt Baldisholteppe Sandvin har halvanna side i heftet sitt om Baldisholteppet som hamna i Amerika, men eg har ikkje funne nok informasjon til ein fullgod historikk til teppet, som til dømes kven sin ide det var å laga ein kopi, kven som var med i prosjektet, når ho byrja på arbeidet og når ho var ferdig. Det kan sjå ut som Sandvin heller ikkje hadde fullgodt kjeldemateriale å halda seg til. Sandvin skriv følgjande: ”Kristi vart peika ut til å kopiera Baldisholteppet. Ho var ferdig på Industriskulen i 1920. Dette ærefulle oppdraget må ho ha fenge tidleg i 1920-åra, sikkert etter tilråding frå skulen. Det er sagt at teikning, spinning, farging og veving tok eit halvt år. Arbeidet vekte åtgaum. Ho hadde dei fremste rådgjevarar, noko som sikkert kunne verka forvirrande. Det krov at vevaren var sjølvmedviten og sjølvstendig. Me veit ikkje om ho hadde hjelp i arbeidet, men resultatet var i alle høve hennar.” På førespurnad til Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design fekk eg opplyst at dei har ”ytterst lite” om dette, men kopien dei sende meg av eit stykke i avisa Tidens Tegn, 9. desember 1925, var nyttig. Her går det fram at Kristi Sekse ”netop” hadde avslutta

Når Tidens Tegn skriv at teppet ”netop” var ferdig, kan det ikkje vera snakk om ”for ei vekes tid eller to sidan”. Teppet var nemleg på utstilling i rådhuset i Odda sommaren 1925. Men ”netop” kan gje meining i høve til eit prosjekt som hadde gått over fleire år. I tidsskriftet Nordmands-Forbundet (Oslo) står det i nr 1-1926 at ”Baldisholtæppet, eller rettere sagt den av Kristi Sekse i Nordheimsund, Hardanger, vævede kopi” var kome til New York og sendt vidare til den norske ”ministeren [ambassadøren] ”Bryn” i Washington.

Mons Breidvik I Frå By og Bygd-stykket går det fram at det følgde ei bok med teppet, - ei bok om Baldisholteppet skriven av ”direktør” Dedekam og eit utdrag av innhaldet på engelsk. Boka var vakkert utstyrt og innbunden av Mons Breidvik. Me har sett at Mons Breidvik budde i same kommunen som Kristi Meland, i Kvam herad. Bibliotekpersonalet på Sogndal bibliotek skaffa meg Reidar Storaas si bok Vestlandskunstnaren Mons Breidvik. Mons Breidvik (1881-1950), teiknar og grafikar, vart fødd og voks opp i bygda Breivik i dåverande Brekke kommune, Sogn og Fjordane, no (2009) Gulen kommune. Breivik ligg 3-4 kilometer aust for ferjestaden Rutledal. Mons Breidvik gjekk i lære hjå Harriet Backer, Erik Werenskiold og Johan Nordhagen, og studerte og arbeidde elles fleire stader i utlandet.

Vinteren 1897-98 gjekk Breivik på Framnes ungdomsskule (folkehøgskule). Der møtte han Anna Heradstveit frå Kvam herad. Dei gifte seg i 1905 og fekk seks born. Kunstnarparet budde i Breidvik i åra 1905-07, på Heradstveit i Kvam 1907-10 og frå 1910 på Fosslid i nærleiken av Vikøy kyrkje. Anna døydde i barselseng i 1914. Breidvik hadde seinare tre ekteskap. Mons Breidvik budde ni år i Amerika. Den 5. april 1925 gjekk han om bord i amerikabåten Bergensfjord i Bergen. Han ville prøva lukka som kunstnar på andre sida av Atlanterhavet. Hundreårsmarkeringa for utvandringa var og med i reiseplanane hans. Alt på Bergensfjord møtte han mange som skulle til Amerika for å vera med på hundreårsjubileet. Seinare møtte han fleire, mange fleire. Han var tilstades på festdagane i Minnesota i juni, der det er sagt at 60 000 menneske var tilstades. Han høyrde talen til president Coolidge og han laga eit portrett av presidenten. Mons Breidvik hadde fleire utstillingar i Amerika, og han laga fleire større arbeid. Eit monumentalarbeid finst i Grace Episcopal Church. Long Island, USA. Breidvik kom tilbake til heimlandet og Kvam i 1936. Han døydde 15. august 1950 og vart gravlagd på kyrkjegarden ved Vikøy kyrkje.

Ideen Eg spekulerte ei stund på kven som kom på å gje kopien av Baldishol-

Framsida på biografien om Mons Breidvik, skriven av Reidar Storaas, utgjeven av Selja Forlag 2000. Portrettet er sjølvbilete frå 1907. 25


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 26

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

teppet til Det Kvite Hus. Det låg nær å tenkja på Mons Breivik. Han kjende sikkert betre enn mange andre det originale Baldisholteppet. Han var sambygding med Kristi Sekse og visste om arbeidet hennar. Han kom til Amerika midt oppi hundreårsfeiringa for den norske innvandringa til Amerika i 1925, og kom etter alt å døme i kontakt med folk som var med i dei mange arrangementa, medrekna kvinner i The Centennial Daughters. Han høyrde talen til president Coolidge i Minnesota. Og det var Breidvik som laga eit kunstferdig utforma omslag til namneliste/bok som følgde med gåva. Det låg nær å tenkja på Mons Breidvik som opphavsmann til tanken om å gje kopien av Baldisholteppet til presidentparet Coolidge.

Hus. Og fekk svar. Ei god utgreiing om historikken fram til dags dato, men litt skuffande at ho antyder at teppet kanskje aldri hang oppe på nokon vegg i Det Kvite Hus i det heile teke. Dei har ikkje prov på det. Men teppet har dei. Det mæler 210,2 x 114,9 cm og er i god stand. Sjå berre fotoet Melissa Naulin fekk ordna for meg. Ho skriv: I am afraid that the history of the tapestry here at the White House is not very exciting. We do not know if Mrs. Coolidge ever displayed the tapestry after receiving it. We have never seen it in room photographs from that peri-

od. We conduct an annual inventory og furnishing but for some reason the tapestry does not appear in the inventory until 1931, and by that time, it has already been moved to a cedar storage close to the Third Floor. The inventories indicate that it remained there until at least 1937, when it disappeard altoghether from the inventory for the 40 years. The tapestry was rediscovered in storage in 1977 and readded to the inventory. It has not been displayed since. Men kva med boka? Kristi Meland sitt Baldsiholteppe ser ut til å vera i per-

Eg fann ingen ting om Breidvik og Baldisholteppet i boka til Storaas. Men Halldor Sandvin hadde svaret. Det var Mons Breidvik som kom på å gje Kristi Sekse sitt Baldisholteppe til Det Kvite Hus. Sandvin sende meg ei notis frå avisa Scandinaven, Chicago, 25. mai 1926, signert ”H. Bryn” (den norske ambassadøren i Washington). Ambassadøren viser til ei notis i same avisa 23. april, der det feilaktig står at det var hans ide, at han og kona hadde kome på ideen etter å ha sett Baldisholteppet på ei reise til Noreg og deretter teke initiativ til pengeinnsamling. Det er feil, skriv Bryn. ”Det var Maleren Mons Breidvik (..) som fattet ideen..”

Baldisholteppet i Det Kvite Hus-historikk Presidentfrua, Mrs. Calvin Coolidge (fullt namn: Grace Anna Goodhue Coolidge), tok vel imot kvinnene som kom med kopien av Baldisholteppet, og sa i takketalen sin at det ville koma vel med i planane hennar om å ordna med meir utsmykking i presidentbustaden. Eg får eit bestemt inntrykk av at både ho som fekk og dei som gav var svært godt nøgde. Og eg kan tenkja meg at ”kopien av det gamle norske Baldisholteppet” gjorde seg godt på ein av veggene. Men så lurer eg på: Kva skjedde med teppet seinare, under andre presidentfruer? Var dei like begeistra? Eg skreiv til Melissa Naulin i Det Kvite 26

Saman med Baldisholteppet følgde ei presentasjonsbok. Framsida er dekorert av Mons Breidvik. Dekorasjonen har tre element: tittel (The Baldishol Tapestry), vikingskip og Det Kvite Hus. Foto: By courtesy The White House.


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 27

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Tittelbladet i presentasjonsboka utforma av Mons Breidvik. Foto: By courtesy The White House.

fekt stand og i trygg forvaring, derimot kan ingen finna ut av kva som skjedde eller ikkje skjedde med Hans Dedekam si bok om Baldisholteppet. I

Frå By og Bygd-stykket ser det greitt ut, Dedekam si bok var med. Men var ho det? Ikkje alle kjelder er samstemde. Eit par stader står det at det følgde med eit omslag med namn på representantar for gjevaren, The NorseAmerican Centennial Daughters. Noko bok er ikkje nemnd. Eg spurde Melisa Naun om dette også. ”.. a bit confusing”, skriv ho. Ho kan ikkje sjå at dei har ei bok om Baldisholteppet. Derimot har dei eit omslag med namn. Omslaget er dekorert med ordet Baldisholteppet som tittel, og vikingskip med kvinner om bord og Det Kvite Hus som dekorasjon (sjå framsida). Bodskapen er lett å skjøna: Kvinner med norske røter kjem til Det Kvite Hus med ei gåve, (ein kopi av) Baldisholteppet. Spekulasjonar rundt dette må bli at boka av ein eller annan grunn er komen på vidvanke eller, at delagasjonen ikkje hadde med Dedekam si bok, at det av ein eller annan grunn ikkje blei noko av. Melissa Naun sende meg eit foto av omslaget. Ja, det er ”vakkert utstyrt” med ordet Baldisholteppet i kunstferdig utforma bokstavar som tittel, og vikingskip med kvinner om bord og Det Kvite Hus som dekorasjon (sjå framsida). Omslaget er ikkje signert, men teikninga er utan tvil eit Mons Breidvik-arbeid.

Interessant? Dermed er eg komen i mål med dette vesle spøtet mitt som starta med eit lite stykke i eit blad. Det var kjekt å halda på med, men, så presser det seg inn eit spørsmål: Er nå denne hendinga back in 1926 - at eit norsk biletteppe vart gjeve til Det Kvite Hus i 1926 - interessant? Er det noko meir enn det me i dag vil nemna som ein jippo? Hans Dedekam si bok Baldisholtæppet. Norsk Allkunnebok frå 1950-åra er alltid god å ha for hand. Forfattaren av boka som i følgje Frå By og Bygd følgde med teppet, Hans Dedekam (1872-1928), var kunst- og kulturhistorikar. Han var direktør for Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum (frå 1908) og for Kristiania Kunstindustrimuseum (frå 1919). Boka hans om Baldisholteppet kom ut i 1918 og var tileigna direktør H. Grosch på 70-årsdagen hans. Boka som er på 60 sider, har eit resymé på fransk og 38 illustrasjonar. Ho blei berre trykt i 300 eksemplar.

Det kan seiast fleire ting. Hendinga var tvillaust viktig for gjevaren som det stod mange bak, og for mottakaren, presidentparet Coolidge, vil eg tru. Og det var ei gåve knytta til eit viktig innslag i den amerikanske soga, den norske innvandringa gjennom 100 år. Gåva symboliserte sambandet mellom to land, eit døme på postkortslagordet hands across the sea. Det var ei kvalitetsgåve (ein god kopi av eit stykke stor tekstilkunst i norsk og

europeisk mellomalder. Og framfor alt, gåva og hendinga var ei kvinnesak. Nett dette kjem svært tydeleg fram i Breivik si teikning. Når såg me ein så feminin framstamn på ei vikingskip, og når såg me eit vikingskip med kvinner som mannskap? Og endeleg kan eg ta med at hendinga i 1926 har relevans til Sogn og Fjordane på fleire måtar. Eitt tilknytningspunkt er at eit nasjonalt klenodium som Baldisholteppet på ein måte er knytta til nasjonalt eigarskap. Alle eig ein liten aksje i det. Eit anna tilknytningspunkt er at ein av aktørane, vestlandskunstnaren Mons Breidvik, fødd og oppvoksen i Gulen, også er Sogn og Fjordane sin kunstnar. Og, ettersom gåva var eit utvandrings/innvandringstiltak, har hendinga klar tilknytning til Sogn og Fjordane, det fylket som i høve til folketalet hadde størst utvandring til Amerika. Så, eg tykkjer det er fullt på sin plass å henta fram Baldisholteppet i Det Kvite Hus og børsta støvet av hendinga, no framfor eit presidentbesøk i det eine landet, og eit mogeleg statsministerbesøk i det andre. Prenta kjelder: Storaas, Reidar: Vestlandskunstnaren Mons Breidvik. Selja forlag 2000. Sandvin, Halldor: Kunstvevaren Kristi Meland I Bygdejol – gamalt frå Kvam. 2007. Tidens Tegn, 09.12.1925. Baldishol Committee. I Souvenir Norse-American Women 1825-1925. St. Paul, Minn. 1926. Takk for opplysningar frå (og god jul til kvar og ein): Melisssa Naulin, Det Kvite Hus Anita Kongssund, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Oslo Liv Røyneland, Kvam folkebibliotek, Norheimssund Brita Jordal, Norsk Vasskraft- og industrimuseum, Tyssedal Petter Naess (og fleire andre), Den amerikanske ambassade, Oslo Inger Dyrnesli og Oddmund, Kinsarvik bibliotek Dag Sæverud, Voss folkemuseum Reidar Storaas, Nesttun. Halldor Sandvin, Bø i Telemark. Annlaug og Martin Bjørke, Øystese. 27


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:50

Side 28

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Ferrotypiane til Bernt Askevold Av Olaf Knarvik

Blant skattane ein kan finne i fotoarkivet, er ferrotypiane frå privatarkivet til Bernt Askvold eit definitivt høgdepunkt. Bileta har ei ibuande visuell kraft og mystikk som er svært slåande. Nokre grunnar til dette kan vere at dei er produsert med ein fotografisk teknikk som i stor grad legg premissa for korleis bileta ser ut. Bileta er mørke, tunge og har ein alvorleg stemning. Samtidig ber dei preg av tidas tann i form av rust, riper og falma tonar, i tillegg til at dei heilt openbart er tatt i ein heilt anna tidsalder. Ferrotypiet nyttar seg av at undereksponerte negativ ser positiv ut når dei leggast over ein mørk bakgrunn. Bileta blei limt på ei tynn svartlakkert metallplate, og har derfor ein dominerande mørk tone. Dei lysaste partia (høglysene) er gjerne kremgule og ikkje heilt kvite som i ”vanlige” bilete. Dermed får ein bilete med ein særeigen tonalitet, noe som saman med alderen deira (før 1900) bidreg til å skape stemning og mystikk. Denne prosessen hadde også ein praktisk bieffekt, da ein treng mindre lys for å undereksponere enn ved vanlig fotografering. Derfor trengte ikkje motivet vere stille like lenge som ved bruk av andre fotografiske teknikkar, noe som blei nytta til portrettfotografering. I tillegg hadde ferrotypiet fordelen av at det var billig og at materialet var praktisk da det ikkje så lett kunne knusast fordi det var laga på tynne metallplater. Av den grunn kunne det også bli sendt pr brev og fikk på engelsk tilnamnet lettertypes. Biletane blei ofte lagt i små papprammer som vist på bilde SFFf100499.222943. Teknikken ferrotypi var hovudsakelig i bruk frå 1856 til slutten av 1800-tallet. Sjølv om ferrotypi var ein populær prosess som ofte blei brukt til spontan og uformell fotografering, viser biletane i Askevold si samling at besøk hos fotografen kunne vere ein veldig seriøs affære. Både barn og voksen blei prega av stundas alvor, kvar man satt i sine finaste klede til fotografering. Det er bare eit lite snev av smil 28

Ferrotypiene til Bernt Askevold_1. SFFf-100499.222949. Fotograf: ukjend.

å sjå i bilde SFFf-100499.222989, det ser nesten ut som om det er på tross av omstenda. Ein del av desse biletane har blitt handkolorert, noe som er tydelig å sjå på dei litt for store raude flekkene på kinna. Det er uvisst kven personane på biletane er, men bak bilde SFFf100499.222943 står det ei innskrift som antydar at dama på bilde er hans

andre kone Ingebjørg Olene, også kalla ”Lina”. Mannen er mest sannsynlig Bernt Askevold sjølv. Kjelder: Kjelda 3 – 2007, Arild Reppen http://en.wikipedia.org/wiki/Tintype Minnestein over Bernt Askevold, Hermund Kleppa. SFFkl-101758 The Focal Encyclopedia of Photography


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 29

kjelda, nr. 3 – 2009, ürgang 18

Ferrotypiene til Bernt Askevold. SFFf-100499.222954. Fotograf: ukjend.

Ferrotypiene til Bernt Askevold. SFFf-100499.222972. Fotograf: ukjend.

Ferrotypiene til Bernt Askevold. SFFf-100499.222989. Fotograf: ukjend.

Ferrotypiene til Bernt Askevold. SFFf-100499.222943. Fotograf: ukjend. 29


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 30

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

”With an Ocean Liner” – Orient Line og framveksten av den moderne cruiseturismen Av Elin Østevik Framveksten av den moderne cruiseturismen kan seiast delvis å ha funne stad i norske farvatn. På slutten av 1800-talet begynte nokre få reiarlag å arrangere det som vart kalla ”pleasure cruises” til dei norske fjordane. Ein av dei mest sentrale aktørane i den nye næringa var britiske Orient Company, også omtala som Orient Line.

Orient Steam Navigation Company Orient Company, med fullstendig namn Orient Steam Navigation Company, vart grunnlagt i 1878. Selskapet vart danna gjennom samanslåinga av selskapa Anderson, Anderson & Co. og Fredrick Green &

Co. Båe desse to sistnemnde selskapa dreiv skipsfart, og det nye selskapet, ofte omtala som Orient Line, hadde Australiafarten som sin primære marknad. Mellom anna var Orient, saman med selskapet P&O, ansvarleg for transporten av post mellom Storbritannia og Australia. Handelen med Australia var på sitt travlaste i perioden oktober til februar, og ut på 1880-talet vart det stadig viktigare for Orient Line å finne ein måte å tene pengar på også i lågsesongen. Lågsesongen for Australia-farten fall saman med høgsesongen for feriereiser i Europa: I jakta på betre inntening involverer Orient Line seg i den framveksande cruisenæringa.

Orient Line sitt dampskip ”Ophir” på Nærøyfjorden. Fotograf: Philip Heywood Hadfield.

30

I 1880-åra er cruisebransjen heilt i oppstartsfasen. I 1884 arrangerte Ocean Steam Yachting Company tre cruise – eitt av dei til “nordlege breiddegradar”. Wilson Line og North Company var to andre tidlege tilbydarar av ”pleasure cruises”. Frå 1887 reklamerte også Bergenske Dambskibsselskap og Nordenfjeldske Dambskipsselskap for fjordreiser. Denne aktiviteten må likevel seiast å ha vore sporadisk, og svært få cruise var blitt arrangert når Orient i 1889 sender to av skipa sine på cruise til høvesvis Middelhavet og Noreg.

Å reise på ferie sjøvegen Når Orient involverer seg i det som etter kvart blir cruisenæringa, er ideen


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 31

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Engasjementet og konkurransen aukar Orient Line sine to cruise i 1889 var ein suksess, og allereie året etter vart det arrangert seks cruise til Noreg i perioden juni til august. Desse cruisa markerte starten på eit vedvarande engasjement, ikkje bare i cruisetrafikken til Noreg, men i cruisebransjen generelt for Orient Line. Cruisetrafikken vart ei viktig inntektskjelde i tillegg til Australia-farten, og i løpet av få år tilbaud Orient Line cruise året rundt. Vinter og vår gjekk cruisa til varmare strok som Middelhavet og Karibia, medan dei om sommaren gjekk til Noreg og dei baltiske landa. Orient Line sin suksess gjorde at også andre selskap involverte seg i cruiseturismen for å utnytte ledig skipska-

pasitet. Innan 1900 tilbaud både Orient Line, P&O, Royal Mail, French Line, Norddeutsche Lloyd og HAPAG sommarcruise til Noreg og Baltikum i tillegg til cruise til Middelhavet og tropane. I tillegg innleia reisebyrået Thomas Cook samarbeid med Hurtigruta.

Orient sin suksess Til tross for den auka konkurransen klarte Orient å halde på posisjonen som ein leiande aktør innafor cruisenæringa i mange år framover. Ein av dei viktigaste grunnane til det var at selskapet var først ute med å organisere engasjementet sitt i cruisebransjen i eit langtidsperspektiv. Allereie i november 1890 hadde dei til dømes klart tabellen for cruisa vår, sommar og haust 1891. Denne langtidsplan-

Fjord og fjell i vakre fargar – Orient Line var ein pioner når det gjaldt å reklamere for cruisereiser i form av fargeplakatar. Plakaten er designa av Odin Rosenvinge.

om å reise på ein kortare ferie til sjøs i tråd med ein fastlagd timeplan eit heilt nytt konsept. Tidlegare hadde det å reise sjøvegen blitt sett på som både ubehageleg, farleg og usikkert. Kvifor var det no mogleg å selje konseptet ”kortare sjøreise for fornøyelsens skuld”? Historikaren David Williams peiker på ei rekke årsaker. For det første vart det utvikla betre, meir effektive og stabile båtar som gjorde det mogleg å segle i tråd med ein fastlagd timeplan. Konkurransen selskapa i mellom førte også til at kvaliteten på lugarane vart høgare. Vidare fann det stad ei velstandsutvikling i samfunnet som gjorde det mogleg for fleire samfunnsgrupper å reise på ferie utanlands. I tillegg peiker Williams på to kulturelle faktorar som bidrog til å fremje ideen om ”cruise som ferie”. Kring midten av 1800-talet hadde nemleg det å reise på cruise med eigen yacht utvikla seg som ei populær rekreasjonsform blant dei høgaste samfunnssjikta. Samtidig hadde reisebyråa stor suksess med å selje gruppereiser til dei noko lågare, men framleis velståande samfunnssjikta. Å reise på cruise vart såleis oppfatta som attraktivt fordi det gav passasjerane høve til å etterlikne livsstilen til den rike eliten.

Passasjerane på Orient Line sine Vestlandscruise vart tilbydd å kjøpe både fotobøker og lanternefotografi (ein tidleg form for lysbilete) for å minnast turen på dei norske fjordane. Her ser vi eit handkolorert og teksta lanternefotografi frå Bryggen i Bergen. Fotograf: Philip Heywood Hadfield.

31


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 32

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

bidrog Orient Line sterkt både til å skape biletet av cruisereiser som ein luksuriøs ferieform og til suksessen til denne nye bransjen.

Fjord, fjell og – vikingar? Saman med Baltikum var Noreg den travlaste og mest populære cruisedestinasjonen rundt førre århundreskifte. Kvifor var Noreg eit attraktivt reisemål?

Hadfield si bok ”With an Ocean Liner..” må ha blitt godt motteken blant dei cruisereisande, for den kom nemleg i stadig nye utgåver utover 1900-talet. Her ser vi Fylkesarkivet si raude 8. utgåve frå 1910 og artikkelforfattaren si blåe 10. utgåve frå 1922. Fotograf: Elin Østevik.

During the cruises the ”Ophir” will make through the Norwegian Fiords she will introduce some hundreds of people to the beauties of this wonderful land of quiet fiords and rushing rivers, precipitous mountains and sylvan declivities, and to a people who, for industry, self-respect, genuine politeness, and hospitality, are unequalled by any other nation in the world. Slik innleiar Philip Heywood Hadfield, skipslege hjå Orient Line, si skildring av eit 14-dagars cruise til dei norske fjordane i 1910. Det er altså både den ville, vakre naturen og folkeslaget som lever og bur i dette dramatiske landskapet som lokkar cruisepassasjerane til Noreg. Sitatet ovanfrå er henta frå boka "With an Ocean Liner (Orient Co’s.

I fjordlandskapet kunne tidsepokane skli over i kvarandre: Her ser vi i Hadfield sine ord ”A fiord scene and a viking ship”. For ordens skuld – biletet er teke ca. 1900-1910 og vikingskipet er ei sognejekt. Vikingtida danna for mang ein reisande eit til tider svært nærverande bakteppe for opplevinga deira av Noreg.

legginga mogleggjorde ein langvarig marknadsførings- og tingingsperiode – noko som var og er avgjerande for å lukkast i bransjen. Orient Line var også på mange vis ein pioner når det gjaldt marknadsføring. Selskapet var tidleg ute med å publisere illustrerte reklamar, og dei var også det første cruiseselskapet som reklamerte med påkosta plakatar i fargar. Orient retta seg mot toppenden av 32

marknaden, og la stor vekt på den høge kvaliteten på produktet dei tilbaud i all marknadsføring. Skipa sin storleik, si kraft og flotte interiør vart framheva; det same vart kvaliteten på mat og drikke og servicen ombord. I tillegg var Orient Line tidleg ute med å tilby kundane turguidar – allereie i 1890 publiserte dei heftet ”Pleasure Cruises to the Land of the Midnight Sun by the Orient Company’s SS ”Garonne” and ”Chimborazzo””. Slik

Slik kunne eit 14-dagars Vestlandscruise med Orient Line arte seg. Tabellen er sett opp med utgangspunkt i 1910-utgåva av ”With an Ocean Liner..” av P. Heywood Hadfield.


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 33

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

A cruise to the fiords of Norway I løpet av eit 14-dagars cruise til Vestlandet får passasjerane i Hadfield sine ord sjå ”the best of Norway“. Og kva var det beste? Jo, det var fjordfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Tabell 1 syner reiseruta for det fjorten dagar lange fjordcruiset i 1910, medan kartet syner reiseruta for eit 14-dagars cruise i 1922. Det er som lesaren ser små variasjonar mellom dei to reiserutene: Sognefjorden, Nordfjord, Geirangerfjorden og Hardanger er hovudattraksjonane. Undervegs er det lagt inn rom for å vitje isbrear, dalføre og fossefall, og ein kan også velje å reise nokre etappar til lands. Desse såkalla ”overland” turane gav passasjerane høve til å komme nærare inn på det norske landskapet. Cruiset i 1910 inkluderte ”overland”-etappar frå Visnes (Stryn) til Geiranger, og frå Odda til Sand i Ryfylke. I 1922 var stoppestadane noko annleis, og passasjerane hadde tilbod om tre ulike ”overland” turar: Visnes til Geiranger, Øie til Hellesylt, og Tysse til Norheimsund. Orient Line sine Noregscruise var ein varig suksess. Og sjølv om Orient Line forsvann som eige selskap i 1965, kjem stadig nye cruisereisande til dei norske fjordane på jakt etter nettopp fjord, fjell og fossefall.

Reiseruta til Orient Line sitt 14-dagars Vestlandscruise i 1922. Bergen er første stoppestad på vegen nordover mot Sogn, Nordfjord, Geiranger og Romsdalen. Hardanger er siste stoppestad før turen går tilbake til Storbritannia.

S.S. ”Ophir”) Through the Fiords of Norway. A Photographic Memento of a Fortnight’s Cruising” som Hadfield både førde i pennen og illustrerte med sine eigne fotografi. Boka vart seld som suvenir til Orient Line sine passasjerar, og vi kan anta at det biletet Hadfield skapar av Noreg og fjordcruiset, samsvarer med det ”offisielle” biletet av Noreg som verksemda Orient Line ønskte å promotera til gamle og nye kundar.

Og det er som sagt dramatisk Vestlandsnatur i form av bratte fjellsider, smale fjordar, fossefall og isbrear dei britiske cruisepassasjerane blir servert – i tillegg til ein dose fascinasjon for dei ”hardføre” nordmennene som bur her. I Hadfield sin tekst ser vi nemleg tendensar å setje likskapsteikn mellom det norske og det norrøne, mellom bønder og vikingar, sognejekter og vikingskip.

Kjelder: Hadfield, P. Heywood (1910), With an Ocean Liner (Orient Co’s S.S. ”Ophir”) Through the Fiords of Norway. A Photographic Memento of a Fortnight’s Cruising, 8th edition, The London Stereoscopic & Photographic Co. Ltd. Williams, David M. (2000), “Market Pressures and Innovation: The Orient Steam Navigation Co. and the Development of Pleasure Cruising, 1888-1900”, The Northern Mariner/Le Marin du nord, X, nr. 4:1-12. Fotosamlinga SFFf-1992078 http://www.shipsnostalgia.com/guides/ST_Sunniva(1887), sist vitja 16.06.09. 33


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 34

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Bilfeber og turisthotell Av Håvard Kastet

Jostedalen var frå gammalt av ei avsides og isolert bygd. Kommunen grensa verken til fjord eller sjø. Dette var av betyding i ei tid der vatn og fjorden batt, i staden for å skilje. Dei fleste kjeldene som omtalar dalen legg vekt på kor uframkommeleg det var. Vegbygging i Jostedalen tok til mot slutten av 1800 talet og i 1895 stod ein hovudveg ferdig.

Rutebilen kjem til Jostedal Vegbygginga markerte eit vendepunkt for dalen. Frå å vere ei bygd der ein i dei fremste dalføra like godt kunne reise til Sjåk eller Nordfjord som å reise ned mot fjorden, var det no vegforbindelse med resten av fylket. Rutebilen som byrja å køyre i 1916 gav folk nye moglegheiter, men bilkøyringa hadde ein trong start i Jostedalen. Det var ikkje slik at ein kunne køyre fritt om ein hadde bil. Ein Kongeleg resolusjon frå 1913 forbaud køyring på hovudvegane i Nordre Bergenhus amt, med mindre ein køyrde etter faste rutetider med godkjenning frå heradsstyret. Sogns Automobilselskap med eigar Per J. Næss i spissen, søkte formannskapet i Jostedalen om løyve til å køyre på bygdevegen i 1916. Av heradsstyret si behandling av kan vi lese følgande: I den anledning fattedes sådan enstemmig uttalelse: Det anbefalles at Sogns Automobilselskap faar erverve automobilfart i Jostedalen fra den side veistyret bestemmer under betingelse av at kjøringen foregår efter fast rute, der tilstrekkelig bekjentgjøres og at indenbygdesfolk faar reise med selskabets automobiler for halv frakt. (...) Løyve blei gjeve under dei strenge føresetnadane som lova betinga. Køyringa måtte foregå etter faste ruter som var gjort godt kjende. Eit anna premiss for løyvet var at bygdefolket skulle få skyss for halv frakt. Slik kom den første bilruta i stand i Jostedalen og det tok ikkje lang tid før bygdefolket ville ut og køyre. I 34

Vegstandard anno 1926. Vegparti gjennom Gardsjølet, Kvennadalen og rundt Mauraneset. Fotograf: Anders Beer Wilse. År: 1926. Eigar: Norsk Folkemuseum.

Sogns Tiend den 10.07.1916, står det ein artikkel om ein skuletur frå Jostedalen: Fraa Jostedalen var lærar Kronen med 17 skuleborn ute paa ferd i fyrre vika. Dei gjekk fraa heimbygdi yver fjellet til Luster og saag sanatoriet, fylgde so baaten til Amble og saag museet der; kom so til Sogndal og saag seg um her. Og fraa Sogndal fekk dei so fylgja automobilen innover. Alle 17 born med læraren fekk so vidt plats. Dette maatte vera ein framifraa gild

tur, som serleg læraren bør ha takk for. Desse borni høyrer til langt uppe i Jostedalen, og dei fleste av dei hadde ikkje set sjøen fyrr. Det er tydeleg at det var både trongare og meir stas med ein biltur i 1916 enn kva det er i dag. Rutebilane var i starten opne bilar med opp til sju sete. Trafikksikkerheit låg mange tiår fram i tid, og prinsippet var at ein stua bilen så full som råd. Bilturen vart også ein ny form for rekreasjon og tidtrøyte. Å reise med rutebilen var artigt. Ein fekk sett mykje på kort tid, samtidig


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 35

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

som doningen må ha vore spennande i seg sjølv. I ei tid da dei fleste daglege gjeremål kravde arbeid, må bilturen ha vore ei stor fridomsoppleving. Vi ser her eit nytt fenomen som kom med biltrafikken - at turen, eller bilturen, i seg sjølv blei målet med reisa.

Jostedalsbræens Turisthotel Det var stor interesse blant turistane for ruta til Jostedalen, og P. Næss tok etter kvart initiativ til å bygge eit hotell i Jostedalen, nær Nigardsbreen. Sogns Tiend saksa dette stykket frå Aftenposten i 1919. Den for turisttrafiken altid interesserte hoteleier P. Næss fra Sogndal er kommet til Kristiania sammen med et par andre repræsentanter for automobilselskapet i Indre Sogn. Herrene skal kjøpe en ny bil, som skal sættes ind i de allerede populære ruter Sogndal-Fortun, Sogndal-Jostedal. Disse ruter som fører gjennem Sogns mest storslagne partier, sættes i gang

fra midten av denne maaned. Reisetrafikken gjennem Jostedalen ventes at ville faa en rask utvikling i de nærmeste aar. Paa Hoteleier Næss initiativ og vistnok med økonomisk støtte av det konsortium, som har sikret sig vasdragsrettigheterne i Dalen, bygges der nu et turisthotel oppe i Jostedalen vis-a-vis Nigardsbreen, hotellet faar en dominerende beliggenhet med udsigt til hele bræen. Fra hotellet og bort til bræen kan man spadsere paa en halv times tid. Man er nu ifærd med at bygge grundmuren og selve hotellet ventes at være under tak til høsten, saaledes at det kan sættes i drift ved begyndelsen av næste sæson. Bilerne kommer til at gaa helt frem til hotellet og næste aar kan man altsaa reise fra Kristiania den ene formiddag og spise middag paa Jostedalsbræen den næste." Jostedalsbræens turisthotel, som det vart kalla, opna i juli 1920. Sogns Tidend publiserte ein liten notis 14.

Juli 1920 om at folk kappast om å vere fyrst til å skrive seg inn i framandboka (Gjesteboka). Fyrstemann var overingeniør M. Rostad frå Kristiania. Han var i Jostedalen i samband med befaring og stikking av Jostedalslinja. Rostad, saman med fire andre ingeniørar, sjekka inn 6. juli 1920. Biltur til Jostedalen blei umåteleg populært og det blei satt opp ekstraruter. Siste overnattingsgjesten forlot hotellet 12. september 1920. Da hadde det vore 114 overnattingsgjester det året. Flesteparten av desse var folk frå Sogn, men det var rundt 25 frå Kristiania og rundt 10 frå Bergen. Det var også ein og annan frå Skien, Ringerike og Aker. Første utlending skreiv seg inn 5. juli 1921, som første gjest det året. Denne herren var frå USA. Same året kjem det også turistar frå Danmark, England og Tyskland. Etter kvart vert det vanleg å sjå utlendingar frå Europa og USA på

Jostedalens turisthotel og Nigardsbreen anno1926. Wilse hadde ofte med personar i bileta sine. Fotograf: Anders Beer Wilse. År: 1926. Eigar: Norsk Folkemuseum. 35 31


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 36

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

hotellet. Litt sjeldnare var asiatane, men det kom folk derifrå også. I 1923 dukka det opp ein fyr frå India, og året etter kom det to frå Japan innom. Den eine frå Kobe og den andre frå Jokohama.

Kven var turisten Mellom gjestene finn vi også nokre kjende navn. Blant desse var Sverre Parelius Riisnæs som seinare blei NS-medlem og utnemnt som Justisminister av nazistane under 2. verdskrig. Anders Beer Wilse var på vitjing i 1926. Wilse var fotograf og tok nokre usedvanleg flotte bilde av forskjellige motiv i Jostedalen. Mellom anna hotellet og Nigardsbreen. Ludwig Wittgenstein, den austerriske filosofen, var og blant gjestene. Den typiske bilturisten som vitja gammlehotellet på 1920-talet var gjerne lege, ingeniør, lærar eller liknande. Dei hadde ei stilling eller eit yrke som gav dei nok midlar til å reise. Da reiste dei frå hotell til hotell med bil i rutetrafikk. Typiske plassar dei kom frå og reiste vidare til var Sogndal, Marifjøra, Stalheim, Luster, Solvorn og så vidare. Alle desse plassane hadde hotell. Det var lettvint å reise rundt med bilen og dei fekk sjå mykje. Med bakgrunn i notisen i Sogn Tidend som beskriv korleis folk kappast om å skrive seg fyrst inn i framandboka, er det også tenkeleg at turistane var opptekne av å holde rede på kor mange hotell dei hadde vitja og samanlikne med andre om kven som hadde vore flest stader og reist lengst. Det var sjølve turen og opphaldet på hotellet som stod i fokus. Den fagre og spektakulære naturen blei rammene dette føregjekk i. Spaserturar bort til breen var ein del av dette og iskollossen vakte stor begeistring. ”Nigardsbreen er den vakreste i verden” skreiv ei tysk dame i 1926. Desse tidlege ”bilturistane” som kom til Jostedalen var fornøgde med å betrakte naturen. Fyrst seinare, utover 1940 og 50-åra, blei det vanlig å skrive i kommentarfeltet at dei hadde vore på Lodalskåpa eller på breens høgste punkt. Vi ser ei utvikling der folk i større grad vil ut og oppleve naturen som eit mål i seg sjølv. Ei gruppe med studentar frå Oslo skreiv i 1964 som hensikt med oppholdet 36

Kongelig reolution av 1913. Frå Norsk Lovtiende. 2den aveling. Samling av love, resolutuiner m.m. O.KR. Young. Kristiania. 1913.

”[å] Dette i ein bresprekk”. Andre skreiv ting som ”At oppleve fjellet”, eller liknande. Det var likevel ikkje alle som kom med bil til å byrje med. Det var ofte raskare å gå over fjellet, enn å ta rutebilen rundt – samtidig som det var ein fin opplevelse. Det var mange som reiste over breen, kom over fjellet frå Sjåk eller austfrå. Ein skreiv i annmerkningsfeltet at dei prøvde å komme seg frå Fåberg til Fortun, men at dei snudde på grunn av hagl og uver. Andre skreiv at dei gjekk på ski frå Fjærland, over breen og ned Nigardsbreen. ”En interessant og opplevelsesrik tur” skreiv dei. Nigardsbreen var nok ikkje berre enkel å ta seg ned i juli månad, så det må vi tru dei på. Etter kvart blei fleire turisthytter oppgjevne som forrige og neste opphaldsstad. Styggevasshytta, Fjelli i Stryn, Bødalssæter og Turtagrø er døme på desse. Etterkvart var det også fleire som skreiv seg inn som førar eller patentførar. Trafikken over breen var til stades frå starten og med tida blei det ein større andel som kom over fjell og bre. Denne andelen eksistera nok i våre dagar også, men i ein forholdsvis liten grad.

framandboka kan ein lese kommentarar som ”Utruleg hyggelegt”, ”herleg sted” og ”græpa godt”. Middagsmaten fekk også mykje skryt. Den typiske hotellgjesten var i godt humør og gav uttrykk for det: ”Godt øll” skreiv ein, ”kom saa og måtte desværre reise igjen” skreiv ein annan.

Bilfeberen Vegen og bilen opna Jostedalen og gav grunnlaget for hotelldrift. Dette var ei stor endring for bygda som før hadde vore så avsides og utilgjengeleg. Folk reiste gjennom dalen før også, men ikkje på langt nær i same målestokk. I 1910 blei det behandla ei sak i heradstyret der skysstasjonane ynskte å redusere hestehaldet på grunn av liten trafikk. Vi snakkar slik sett om ein eksplosiv auke i turistrafikken utover 1920-åra. Rutetilbudet vart utover i 1920-åra

Livet på hotellet Serveringa på hotellet bestod av frukost, middag, smørbrød, kaffe, kaker og kveldsmat. Utover dette blei det servert øl, vin, mineralvann, sukkervann, sigarer og sigaretter. Turistane som vitja hotellet gav uttrykk for at dei var fornøgd med opphaldet og oppvartinga. I feltet Anmerkning i

Notis frå Sogns Tiend 14. Juli 1920, om åpninga av hotellet.


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 37

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

utvida med lastebil og postruter frå Gaupne. I 1928 blei bilforbodet av Kongeleg resolusjon frå 1913 oppheva og året etter bestemmte heradsstyret at bilkøyringa skulle bli frigjeven. Dette gjorde dei med ” vissa [om] at so snart bilfeberen Kring bygdene gjev seg, vil bilkøyringa på Jostedal verta heller liti – utanom den naudsynlege trafikferdsla som bygdi treng”. Med den vurderinga bomma heradsstyret stygt. Bilfeberen la seg aldri, heller tvert imot. No om dagen er bilkøying ein kvardagsleg ting og på rutebussen finn ein mest berre skuleungom. I dag er det eit hotell, to campingplassar og eit herberge i Jostedalen. Nigardsbreen har trukke seg tilbake i lengde, men ikkje som hovudattraksjon. Turistane strøymer på som aldri før. Kjelder: Framandbok Jostedalsbredens Turisthotell. 1920-29 Framandbok Jostedalsbredens Turisthotell. 1936-52 Jostedalsbrædens Turisthotel. Sogns Tiend 14.07.1920. Fraa Josetdalen. (skuleelevar på tur) Sogns Tiend 10.07.1916 Møtebok for formanskap og kommunestyre. Jostedalen kommune. 19071915 23.02.1910 sak nr. 4. Reduksjon i hestehaldet ved skyssatsjonane i Jostedal. Møtebok for formanskap og kommunestyre. Jostedalen kommune. 19151925 17.05.1916 sak nr. 4 Søknad frå Sogns automobilselskap om ruter i Jostedal. Møtebok for formanskap og kommunestyre. Jostedalen kommune. 19251939 28.01.1928. Sak nr. 2. Køyring med automobil i N.B. Amt (kgl res 25.07.1913) utale. 20.04.1929 sak nr. 2. Bilkøyring i jostedalen – ny førehaving. Norsk Lovtiende. 2den aveling. Samling av love, resolutuiner m.m. O.KR. Young. Kristiania. 1912. Norsk Lovtiende. 2den aveling. Samling av love, resolutuiner m.m. O.KR. Young. Kristiania. 1913.

Stadnamnsamling frå garden Molde i Gulen Intervju med Eivind Molde Av Randi Melvær

Fylkesarkivet har nettopp motteke ei stadnamnsamling frå Eivind Molde som over mange år har arbeidd med stadnamna på garden han kjem frå. Resultatet er blitt eit hefte med ei verdfull djupinnsamling med stadnamn som fortel kvardagshistorie frå garden, ei historie som no forsvinn med endra arbeidsliv på garden. Kvifor begynte du å samla inn stadnamn? Dette er namn som har vore i bruk i svært lang tid. Mange av namna har eg sjølv høyrt og brukt i oppveksten. Men no er dei i ferd med å gå i gløymeboka. Eg meiner namna har historisk verdi, og er viktige å ta vare på. Derfor sette eg i gang. Korleis får du presentert stadnamna på ulike vis i heftet? Alle namn er presenterte i tekst, på kart og på bilete. Kvart namn har eit nummer som er sett inn på karta og fotografia. Særleg bileta er viktige for å gjere det enkelt å oppfatte kvar staden er. Namnelistene inneheld også uttale og ei forklaring som gjerne seier noko om bakgrunnen for namnet og kva områda har vore brukte til, t.d. korndyrking, skrapslått osb. Dei 168 namna er delte inn i tre grupper – namn i innmark, i utmark og på fjellet. Eg har også teke med namna på gardsbygningane, og lagt inn informasjon om kva funksjon dei har hatt, store ombyggingar osb.

Kva tykkjer du er det viktigaste med det arbeidet du har gjort? Det viktigaste er at namna er tekne vare på. Alle dei som har levd og arbeidd på garden opp gjennom tidene, har hatt eit forhold til desse namna. Dei er ein viktig del av gardshistoria. Kva for kjelder har du nytta, skriftlege og munnlege? Den viktigaste kjelda var far min, som var fødd og oppvaksen på garden. Vi hadde mang ein gjennomgang av namnelistene, og vi var ute i marka, der han peika ut kvar staden låg. Samtidig la eg vekt på å fange opp det som var gjort av innsamlingsarbeid tidlegare. Ein av brørne mine sat på ei handskriven liste med namn som han hadde fått frå bestefaren vår. Og så fekk eg tak i den samlinga som Gustav Indrebø laga i samarbeid med skulane i 1932. Utskiftingsdokument og bygdebok hadde også nyttig informasjon. Har du gode råd og idear til andre som kan tenkje seg å gjera eit liknande arbeid som det du har gjort? Kvar og ein får gjere det på sin måte, men ein må vere førebudd på at det vil ta tid. Det er mange detaljar som skal på plass. Og det er viktig å få namnesamlinga så komplett som mogeleg. Det aller viktigaste er likevel å komme i gang, å gjere det. Viss ikkje, kan ein interessant del av historia gå tapt.

37


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 38

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Britisk Norgesekspedisjon 1984 Av Håvard Kastet

Christopher Blakey at heile turen var inspirert av ei interesse for Slingsby og hans rolle i norsk tindehistorie, i tillegg til eit ønske om å lage seg ein utfordrande ekspedisjon for ei gruppe på 40 ungdomar.

Minneplaketten til Miles Gurzynski. År: 2004. Fotograf: Christopher Blakey. Eigar: Fyrda/Fylkesarkivet.

Om du skulle vere på Gallen, fjellet inst i Stardalen på vestsida av Jostedalsbreen, så kan det vere at du finn ein minneplakett over ein Miles Gurzynski. Denne stammar frå ein britisk ”noregsekspedisjon” for 25 år sidan. I 1984 reiste ei gruppe på 39 engelske ungdommar på noregsekspedisjon. Miles skulle ha vore med, men blei drepen i ei motorsykkelulukke før turen. Minnet hans blei heidra på denne måten. Ekspedisjonen vart kalla Adventure Dolphin Ice Cap Expedition 1984. Ekspedisjonen var delt i tre etappar. Første etappe var å padle frå Bergen til Balestrand i kano. Denne etappen kalla dei for Nansen. Andre etappe var å gå fra Balestrand til Sandane. Då måtte dei over Jostedalsbreen via Flatbrehytta i Fjærland, til Stardalen i Jølster og vidare nordover til Oldedalen i Stryn. Denne etappen kalla dei for Shackleton. Siste etappe var padling tilbake til Bergen, kalla Watkins. Det snodige var at engelskmennene hadde med seg ein kano over breen. For folk som er vande med breturar så er ikkje dette ein veldig logisk ting å gjere. Det byr på mykje ekstraarbeid og ein oppnår ingen ting med det, men ei eller anna forklaring må ligge bak. På spørsmål om dette fortel turleiar 38

Blakey fortel at dei ville prøve å drage noko over breen på same måte som dei gjorde i gamledager da folk forserte breen med varer og fe. Dei var også inspirert av fleire engelske polarekspedisjonar. Spesielt Shackleton’s Imperial Trans-Antarctic Expedition (1914 -1917) som endte med at skipet Endurance blei skrudd ned i isen og Shackleton med mannskap måtte drage livbåtane over isen i ein episk retur for å berge seg. Tanken var antakeleg å kjenne litt på strabasane sjølve. Dei vurderte å ta med alle kanoane over breen, men sidan gruppa bestod av ungdomar så nøgde dei seg med den eine. Dette interesserte aviser som VG og Bergens Tidende. Sistnevnte publiserte ein artikkel 14. august i 1984 der dei fortel om kanoslepinga. ”Kanoen glei fint på slep, men det kosta litt krefter og evner til manøvrering opp og ned bratthenga”, sa Chris Blakey til BT den gong. Det er ikkje utenkeleg at dette er ein av dei berømte britiske ”understatementa”. Det var rundt

1500 høgdemeter dei måtte opp med denne kanoen, før dei så måtte buksere den ned i Stardalen. Minneplaketten til Miles Gurzynski, som blei drepen i ei motorsykkelulukke før turen, blei montert opp på toppen av Gallen inst i Stardalen. Denne plaketten blir nok etter kvart eit kulturminne den også, for i dag er det lite truleg at nokon får lov å sette opp slike minne i nasjonalpark eller høgfjell. I Noreg er det ein sterk tradisjon for sporlaus ferdsel og respekt for naturen. Ein kan vel seie at den britiske ekspedisjonen var eit uttrykk for ei tenkning der naturen blir sett på som noko som må overvinnast, medan den norsk tradisjonen er at naturen skal opplevast, nytast og verdsettast. Slik sett, eit lite kulturminne på ein fjelltopp i Jølster. Jostein Aasen i Norgesguidene hadde nokre av ekspedisjonsmedlemmane med på tur fra Flatbrehytta til Stardalen i august i år. Dette markerte 25-års jubileet for 1984-ekspedisjonen. Aasen seier at dei tykte det var ein flott tur og at det var fornuftig å gjere han utan kano. Dei tykte nok det var slitsomt denne gongen også. Nokre hadde padla frå Gudvangen, men ingen tok heile turen frå Bergen.

Postkort med Stardalen og Gallen som motiv. År: før 1926. Fotograf: Carl Normann. Eigar: Hermund Kleppa/Fylkesarkivet.


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 39

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

BEDEHUS

Hauge bedehus på Bremangerlandet Av Hermund Kleppa

Hauge bedehus på Bremangerlandet 2009. Bedehuset stod ferdig i 1903. Tilbygget vart bygt i 1970-åra.

Bedehuset på Hauge er eit av dei eldste bedehusa i Sogn og Fjordane. Lærdal var først ute med bedehus i fylket. Me kjenner ikkje årstalet, men Lærdalsørens bedehus eksisterte i 1872. Dei neste var Førde (1881), Marifjøra (1888),Vik (1891), Sogndal (1895) og så kom tre i 1903: Luster (Dale), Nordstranda (Selje) og Hauge bedehus på Bremangerlandet.

Gode kjelder Hauge bedehus er historisk godt dokumentert. Dei som bygde huset sytte for å notera utførleg i ein ”forhandlingsprotokol”. Eg har diverre ikkje hatt høve til fullt ut å nytta meg av protokollen for denne vesle artikkelen. Stykket blir difor berre eit riss, nokre få glimt.

”længe følt savnet” Første sida i Forhandlingsprotokol for Bremangerpollens bedehus seier noko om starten og føremålet: ”I Bremangerpollen har man længe følt savnet af et kristelig forsamlingshus hvor man rummeligt og godt kunde samles om Guds ord. I en opbyggelse [møte] 3de febr. 1902 ledet af emisær Filip Skår, kom endel indremissionsvenner overens om at vælge en komite, 8 mænder skulde tage sagen under nærmere overveielse.” Dette var tidleg på året i 1902, og dei åtte mennene var ”Forhenv. Lærer J. Høines, Birger Igland, Gullak B. Hauge, Daniel O.

Førde Olai T. Senneset, Kristen M. Førde, Nils P. Klungresæt og Kristoffer K. Svarvestad.”

Hvor det er yndig at være, Og hvor hver tørstende synders sjæl Læskes af lysets og livets væld.

Ferdig i 1903

Vogte da, Gud, Gjennem tiderne du Huset nu bygd til din ære! Uden al svig Lyde ordet frå dig, Af dig velsignet det være! Vi dig anraaber, o, Jesus Krist. Komme dit rige baad’ her og hist!

Eitt trekk går ofte att ved bedehusa i fylket: Det går lang tid frå tanken blir teken opp til huset står ferdig. Hauge bedehus passar ikkje inn i dette mønsteret. Det tok nokså nøyaktig eitt år frå byggjekomiteen kom i arbeid til huset stod ferdig. Tomtespørsmålet vart løyst ved ”grundkontrakt”, datert 9. mars 1903. To grunneigarar, Andreas H. Hauge og Søren J. Hauge, avstod ”uden nogensomhelst godtgjørelse” kvar sitt vesle ”arial” til bedehustomt. Anders K. Varpe bygde huset etter ei byggjekontrakt på 4100 kroner. Trelasthandlar O. Roald i Ålesund leverte bygningsmaterialen. Sluttrekninga kom på kr. 3946,91.

Høvesong Rasmus J. Grotle var kunnig i å formulera seg i vers. Han skreiv song til ”Indvielsen af bedehuset paa Hauge”. Songen vart jamvel trykt opp på eige ark. Andre og siste verset av åtte lyder slik: Her nu et hus Sig har reist af grus, Lys over bygd det skal bære. Gid det maa staa Som et hjem for Guds smaa

Eldre og nyare del Ein dag i oktober 2009 var eg innom på bedehuset på Hauge. Det ligg på nedsida av vegen eit kort stykke før handelssenteret når du kjem utover. Eksteriøret vitnar særs tydeleg om at her er ein eldre del og ein yngre del. Ut frå nordre og vestre hjørne av den eldre huskroppen med møne, går den nyare delen med flat tak. Eg hadde ordna meg avtale med Audhild Elvevåg. Ho opna dørene og viste meg rundt.

Storsalen Storsalen er i den gamle delen. Her er høgt under taket, golvfeltet med komfortable stolar går i vinraudt, veggene er lyse i gult og øvste feltet i himlingen blåmåla. På opphøga felt framme står eit inventarstykke som minner mykje om altar i ei kyrkje, altarbord og altartavle. Biletet i ”altartavla” er Jesus bergar Peter i storm på Genesaretsjøen. Til 39


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 40

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

BEDEHUS samles om Guds ord”. Det var føremålet for dei som reiste bedehuset i 1903. Og det har vore tilfelle heile tida seinare, i vekslande omfang, og ulike former, også irekna ein del sideaktiviteter. Ei annonse i Fjordenes Tidende, 7. november 1968 er eit godt døme: ”Misjonssambandet. Møter i Bremanger bedehus frå 5. – 9. nov. kl. 20.00. Sundag 10. nov. festmøte kl. 17.00. Tale, song og musikk. Lynutlodning av kaker m.m. Du er hjarteleg velkomen til alle samvær. Helsing Misjonsambandets lag.”

Det er ”rummeligt” og høgt under taket i bedehuset på Hauge i ”Bremangerpollen”.

Ei notis i Indremisjonsvarden, 23. april 2005, i høve at Bremanger Indremisjon skulle arrangera krinsårsmøte, innheld og nokre opplysningar om aktiviteten. Det hadde vore drive Yngres sidan 1943. Hillbjørg Grotle hadde vore leiar gjennom 40 år. Det hadde vore skif-

venstre står talarstolen og til høgre piano. Veggene er utsmykka med broderte bibelord i glas og ramme, både av eldre og nyare dato. På det eldste står eit ord frå Johannes Openberring 22. kapittel 27 vers, i gammal, høgprosaisk form: Aanden og Bruden Siger Kom! Og hvo som Hører sige Kom! Og hvo Som trøster komme. Og Hvo som vil tage LivSens Vand uforskyldt! Det same bibelverset lyder litt annleis i dagens nynorske målform: Anden og brura seier: ”Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: ”Kom!” Den som tørstar skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn utan betaling.

Mange andre rom Den gamle delen har elles ein småsal og eit galleri. Det opphavlege galleriet vart ein gong avdelt i to rom, kjøkken og stove, og ei tid nytta som husvære. No er stova møblert for smågrupper. Den nye delen, som vart oppført i 1970-åra, har stort rom og godt utstyrt kjøkken. I kjellarhøgda er innreidd for ungdomsaktivitetar.

Bruk ”hvor man godt og rummeligt kunde 40

Både storsalen og andre rom er utsmykka med broderte bibelmotiv/bibelord. ”Se, jeg staar for Døren og banker!” er bodskapen på dette som heng i Storsalen.


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 41

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

BEDEHUS tande frammøte, frå heilt nede i 2-3 stykke til opp til 18-20. Fleire organisasjonar hadde halde møte, m.a. Indremisjonen, Misjonssambandet og Den Indre Sjømannsmisjonen. Det kjem til uttrykk pessimisme med omsyn til rekrutteringa: ”Det er ikkje mange unge som kjem til, og difor vert det dei same som står med år etter år.”

Kyrkjeleg bruk 1908-1914 Det vart bygt ny kyrkje sør på Frøya i 1864. Den gamle kyrkje på Grotle vart riven straks etter. Med eitt fekk folket rundt Torskangerpollen lang kyrkjeveg. Og rundt Novelandet kunne veret stå hardt på. Då bedehuset vart bygt i 1903, hadde det alt vore arbeidd fleire år for at bygda skulle få si eiga kyrkje. I 1903 fekk søknad om eiga kyrkje støtte frå presten, og i 1908 vart Bremangerlandet eige kyrkjesokn, men utan kyrkje. Same året vart bedehuset vigsla til kyrkjeleg bruk, og seinare brukt til kyrkjelege handlingar til 1914 då den nye Bremanger kyrkje stod ferdig.

2009 Me sat attmed eit bord i den store salen, like ved to hyller der det står eit sett av Sangboken og fire kollektkorger, den eine masseprodukt i grå plast. Elvevåg fortalde at det skulle vera konfirmantførebuing klokka to. Dei skulle halda til i rommet i den nye delen. Elles fortalde ho at det er Normisjon (samanslutning av dei tidlegare Norsk Lutehersk Indremisjonsselskap og Den norske Santalmisjonen) som eig huset og at det er eitt styre for huset. Dei held møte med tilreisande, og dei har ein årviss basar siste søndag i advent og juletrefest. Men dei har måtta slutta med søndagsskule og yngres/tysdagsklubb fordi frammøtet blei for lite. Huset blir elles nytta til private tilstellingar; - gravferder, bryllaup og årmålsdagar. I 2009 framstår bedehuset på Hauge som eit godt og tenleg hus, både for å samlast om Guds Ord og for mange andre føremål.

Potts-poteten i Sogn og Fjordane 2009 Av Hermund Kleppa

Eg kan berre seia det med ein gong: 2009 blei ikkje det store året for Potts-poteten, korkje i kjerneområdet Osen i Gaular, eller på forsøksfelta på HenjaRøysa i Leikanger. Noko under middels er vel den mest korrekte karakteristikken. Olav Johan Mo, den store og einaste Potts-potet-dyrkaren i fylket, forklarar det slik: Hadde potetene i jorda rundt 17. mai, som vanleg. Etter ein god start sette det inn med turke, noko som gjer ekstra utslag på den flate og sandhaldig jorda i Osen. Vatning strekte ikkje til. I slutten av vekstsesongen, frå slutten av august og utover i september, var vêret stikk motsett, med nedbør nesten kvar einaste dag. Radene stod i vatn. Tok opp først i okto-

ber. Avlinga var mindre enn normal og i tillegg var det ein del skurv. På forsøksfelta hjå Henning Rivedal og Hermund Kleppa følgde folk spent med – nærast frå dag til dag. Der og blei det vatna. Lauvet gav seg i tidlegaste laget. Men det blei Potts-poteter! I alle storleikar. Skurv her også, men Olav Johan forsikrar om at skurv på setjepotet ikkje er einsbetydande med skurv på nykomarane. Kjerstin Risnes har laga potetkaker av dei første dyrka Pottspotene i Sogn. Dei gav god deig. Og potetkakene smakte fortreffeleg! Så no er overskotet sett til lagring og åling for ny forsøksdyrking neste år.

Kjelder: Audhild Elvevåg: Munnleg informasjon. Møtebok for Hauge bedehus.

41


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 42

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

MINNESMERKET

”Varig vern av alle krigsgraver” Av Hermund Kleppa

Fylkesarkivet har som overordna mål å medverka til å ta vare på historie. Hovudregelen er: a) å ta hand om, b) å ta vare på, og c) å formidla (historie, historisk kunnskap). Krigsgravene våre er ein spesiell del av den historiske arven. Her i Kjelda har eg fleire gonger teke opp emnet krigsgraver. Eg er oppteken av at dei blir tekne vare på, og eg har eit ønskje: At alle krigsgravene i Sogn og Fjordane vert freda graver, at dei får status som verna graver som det offentlege påtek seg eit overordna ansvar for med omsyn til stell og vedlikehald. Grunngjevinga er fleirdelt: a) det vil sikra varig vern b) det vil sikra lik status frå stad til stad c) det vil motverka gløymsle

Krigsgraver Kva er ei krigsgrav – i vår samanheng?

Firebinds-biografiverket Våre falne, som kom ut i åra 1948-1951, har omtale av fleire tusen falne. Ordet falne omfattar fleire enn soldatar eller krigsmenn som miste livet i kamp med våpen i hand. Redaksjonskomiteen hadde ei grundig drøfting på kven som skulle koma med i heiders-bokverket Våre falne. Dei enda opp med fylgjande retningslinje: ”... alle som døde under krigen, skal være med, for så vidt som krigshandlinger var årsaken eller en vesentlig medvirkende årsak til deres død.” Biografiane er jamtover korte og inneheld berre viktige faktiske opplysningar: - yrke, bustad, fødselsdata, foreldre, deltaking (i forsvar, motstandskamp, sjøfart, osb.), hending som førde til døden, dødsårsak og dato, og, kvar den falne eventuelt ligg gravlagd. (Dei fleste fekk aldri

Krigsgrav i Florø. Det står på gravsteinen at Atle Svardal fall for fedrelandet 13 – 3 – 1945. Og så står fjerde verset i Laurence Binyon sitt dikt For dei falne innhogge. Det handlar om å ikkje gløyma. Grava til Atle Svardal er ikkje særskilt freda som krigsgrav. Eg har høyrt at det var på nære nippet at grava vart sletta for eit par år sidan, fordi den ordinære fredningstida var ute. 42

ei grav, så som alle dei som kom bort på havet.) Ei krigsgrav er etter dette: grav til ein person som er omtala i bokverket Våre falne.

Underleg Norske krigsgraver i utlandet er automatisk freda etter ein internasjonal konvensjon om krigsgraver. Utanlandske krigsgraver i Noreg er automatisk freda etter denne konvensjonen. Men norske krigsgraver i Norge er ikkje freda automatisk. Fredning av norske krigsgraver her i landet må formelt gjerast av rette styresmakter, dvs. dei kyrkjelege fellesråda som forvaltningsorgan for kyrkjegardane. Krigsgravene har ulik status frå kommune til kommune. I somme kommunar har krigsgravene status som verna krigsgrav, i andre kommunar har dei ikkje det. Krigsgravene er ulike i så måte at gravutstyret (minnestein/gravstein/ innskrift) i mange tilfelle i seg sjølv signaliserer at dette er ei krigsgrav, medan andre ikkje gjer det. Det bør vera eit minstemål at alle krigsgravene vert varig verna. Dei gravlagde vart alle offer for krig og krigshandlingar. Og dei kom alle med i minne-biografiverket Våre falne. Eg har skrive ein artikkel i Kulturhistorisk Leksikon om motstandsmannen Atle Svardal frå Florø og om minna me har over/om han av meir eller mindre allmenn karakter. Den artikkelen tykkjer eg høver godt som døme på det eg har skrive her om krigsgraver allment, grava til ein motstandsmann som fall for fedrelandet ved Breivik den 13. mars 1945. Me skuldar Atle Svardal å ikkje gløyma han. Det medverka Florø historielag til då dei i september 2009 sette opp ei minneplate der han fall, men likevel er det grava hans som er det sterkaste og næraste minnet.


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 43

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

MINNESMERKET

Minne om motstandsmannen Atle Svardal Av Hermund Kleppa

Var med i krigen i Noreg våren 1940 som sersjant. Var så ei tid i politiet, men drog til England våren 1941, der han fekk opplæring som radiotelegrafist og vart sett inn i etterretningstenesta. Var tre gonger i Noreg, hadde med sendar og sende rapportar om konvoiar på kysten. Fall i strid under rassia ved Breivika, nord for Florø, 13. mars 1945. Gravlagd i Florø. St. Olavsmedalja med eikegrein, Krigsmedalja og Distinguished Service Cross. Omtala i Firda Folkeblad 5. juni 1945.” Atle Svardal (1919-1945) fall for fedrelandet 13. mars 1945 ved Breivik.

Tysdag 13. mars 1945 fall løytnant Atle Svardal i skotveksling med Gestapo-menn og tyske soldatar. Han var vaktmann på ein illegal radiosendar i fjellsida eit kort stykke opp frå garden Breivik nord i Flora kommune. Svardal vart gravlagd frå Florø kyrkje i august. Det stod æresvakt ved båra hans og fleire hundre menneske fylgde fridomskjemparen til siste kvilestaden. Namnet hans er med på fleire minnesmerke.

Frå omtalen i Firda Folkeblad Fredssommaren 1945 hadde fleire lokalaviser oppslag om fridomskjemparen Atle Svardal. Utanom omtalen Firda Folkeblad hadde 5. juni (stod også i Firda, Førde), hadde avisa også eit stykke om gravferda i august. Første gongen Svardal var på oppdrag var hausten 1941. Han var då saman med Dagfinn Ulriksen, som også var frå Florø. Dei opererte først frå Solberg, ein gard like sør for Breivik, men flytte etter kort tid over til den folketome Gåsøy som ligg mellom øya Hovden og fastlandet. Der var dei i 7-8 månader.

Omtale i Våre falne I åra 1948-19521 kom firebindsverket Våre falne ut. Her står det bilete og omtale av alle som miste livet i krigsåra der krigshandling var ei medverkande årsak. Om Atle Svardal står det: ”ATLE SVARDAL, løytnant, Florø. Fødd 16. januar 1919 i Sogndal, Sogn og Fjordane, son til Daniel Svardal, fødd 1887 i Kinn, og Gyrid, fødd Lunde, fødd 1890 i Aurland. Gift 1942 i Skottland med Edith Jeanine Maigre, fødd 1918 i Sydney, Australia. 1 barn [Patric Atle]. Mellomskule, handelsskule, befalsskule, politiskule.

Andre gongen, i februar 1943, kom Svardal saman med Eivind Vik frå Unneland ved Bergen. Dei kom til Breivik og budde hjå Isak Bredvik dei fire første månadane, deretter i Blåura ovafor Husefestvatnet der dei bygde ei hytte. Dei stod i samband med Dagf inn Hjertenes i Florø. I slutten av september reiste dei attende til England. Om den tredje gongen Svardal kom tilbake, skreiv Firda Folkeblad i juni 1945: ”I august 1944 kom Svardal att for tridje gong. Då var han i lag med

Fredrik Persen frå Bergen. Dei vart landsett i Hovden denne gongen, og kom roande inn til Breivika. No budde dei heile tidi i ei hytte i fjellet ovafor Breivik. Hytta var det om lag uråd å sjå. I fyrstningi av mars var dei ferdige med arbeidet sitt og skulde attende over Nordsjøen. Men før dei kom avgarde vart dei overrumpla av tyskarane. Vi hugsar at dei hadde ein svær rassia på den tid, soleis var dei oppe i fjellet ved Solberg og leita og tysdag 13. mars stana dei fram på hytta til Svardal og Persen ovafor Breivik. Hytta var omringa, då dei to nordmennene vart merksam på dei. Svardal forsvara seg, men døydde. Persen måtte overgje seg, og fekk den mishandling som tyskarane brukte til dei fekk offeret til å forklara seg. Like etter arresterte tyskarane Isak Bredvik, Dagf inn Hjertenes og Magnus Uren. Bredvik hadde hatt mykje med Svardal og kameraten hans å gjera dei to siste gongene han var her. Hjertenes hadde hatt samband med dei alle tre gongene, m.a. henta dei i motorbåten sin, og Uren hadde vore med og sett opp hytta. Magne Sørbotten hadde og vore med på å setja opp hytta, men han greidde å koma seg vekk. Sigrun Solberg hadde hatt samband med Englandsfararane alle gongene, og Gestapo kom og vilde henta henne. Men ho greidde å røma, og heldt seg vekke til freden kom. Gestapo sette gæveri på brystet til dei gamle foreldri hennar, og vilde truga dei til å seia kvar dotteri var, men dei sa ingen ting og tyskarane gav seg.”

Meir om hendinga 13. mars Radiostasjonen til Svardal og Persen ovafor Breivik hadde kodenamnet Roska. Staden låg lagleg til for å observera skipsfarten i den inn43


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 44

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

askjers hovudleia. Grytidleg om morgonen 13. mars sette Gestapo i gang ein stor aksjon med 30 soldatar frå Husefest som ligg rett nordom Breivik. Svardal og Persen ante fred og ingen fare. Dei heldt på å koka kaffi og det var røyken som avslørte gøymestaden. Då trefninga var over, sette Gestapo fyr på hytta med den døde, og folk blei nekta å gå opp til hytta.

MINNESMERKET Vigra, frå avdelingskamerater i Secret Service, frå Heimestyrkane, frå fenrik Dagfinn Ulriksen og frå Harald Svindland (..), frå klassekameratar i folkeskulen ved lærar Lothe, frå Florø by ved ordførar Solheim, frå Florø turn- og idrettsforening ved kontorsjef Sunde. Fenrik Persen som var saman med Svardal då dei vart overfalne av tyskarane, la ned krans frå seg og takka for tida dei var saman.”

Mellombels gravlagd Eit par mann frå Florø tok seg likevel fram til den nedbrende hytta. Dei hadde eit viktig ærend, å ta hand om leivningane etter Atle Svardal. Dei fekk lagt han i ei sinkkiste dei hadde med, og fann ein stad dei kunne gravleggja han mellombels. Då dei kom attende frå oppdraget, hadde dei med seg ein stut i båten. Det var ærendet deira, å henta ein stut, om nokon skulle spørja.

Til slutt vende sokneprest Tjelta seg til kona til Atle Svardal, Edith Jeanine Maigre frå Australia. På engelsk gav soknepresten uttrykk for at alle var stolte av mannen hennar og innsatsen han hadde gjort.

Gravferda

Namnet skrive i stein fleire stader

Dei fire som stod æresvakt og to av brørne til Svardal bar båra til grava. Ei militæravdeling gjekk først i det store gravferdsfølgjet.

Tysdag 5. juni 1945 hadde Firda Folkeblad dødsannonse: ”… løytnant Atle Svardal falt ved Florø i kampen for fedrelandet 13. mars 1945, 26 år gammel ..” Og i august hadde same avisa gravferdsannonse: ”Gravferd. Atle Svardal vert gravlagt frå Florø kyrkje tysdag 14. august, kl. 14. Familien”

To fridomskjemparar frå Florø vart gravlagde i august 1945, - flymekanikar Erling Vårdal, måndag 13. august og løytnant Atle Svardal dagen etter. Begge gravferdene ”var syrgjehøgtider som folk seint vil gløyma” (utheva her), skreiv Firda Folkeblad.

Kyrkja var ”heilt sprengt”, skreiv Firda Folkeblad, ”visseleg den største gravferd som har vore her.” Mange militære var komne langvegs ifrå, og englandsfarar stod æresvakt ved båra. Båra var dekt av det norske flagget.

Atle Svardal har namnet sitt skrive fleire stader: a) på gravminnet på grava hans på kyrkjegarden i Florø, b) på krigsminnesmerket ved Florø kyrkje, c) i berget oppom Breivik der han fall og d) på ein minneplakett i metall same staden.

Sokneprest Hjalmar Tjelta gjorde teneste. Han tala ut frå bibelordet om kveitekornet som må i jorda og døy for at det skal gje grøde. Det vart lagt ned ei rekkje kransar. Firda Folkeblad rekna opp alle:

Namnet hans på grava

”Frå dei næraste ved Maria Hødal, frå befal og mannskap i 4. bataljon ved løytnant Sletten, frå Sjøforsvarets Overkommando ved løytnant Lammethun, frå offiserar og mannskap på ”shetlandsbussen” 44

THEY SHALL NOT GROW OLD AS WE THAT ARE LEFT GROW OLD AGE SHALL NOT WEARY THEM NOR THE YEARS CONDEMN AT THE GOING DOWN OF THE SUN AND IN THE MORNING WE WILL REMEMBER THEM Orda på engelsk er 4. verset i diktet kalla For dei falne av Laurence Binyon. Bodskapen er at han, som mange andre, fall for fedrelandet i ung alder, - han og dei skal ikkje bli gamle, slik som vi som lever att vert gamle, og vi skal ikkje gløyma dei, vi skal minnast dei, alltid.

Namnet hans på krigsminnesmerke ved Florø kyrkje I parken ved Florø kyrkje står det store krigsminnesmerket over falne frå Flora i krigen 1940-1945. "Våre falne fortener eit verdig minnesmerke", stod det i oppropet til folk om å yta pengar sommaren 1945,

Atle Svardal vart gravlagd på kyrkjegarden i Florø. Grava hans er markert med ein liggjande stein. Grava har (2009) ikkje status som varig verna krigsgrav. På steinen står skrive: LØYTNANT ATLE SVARDAL FØDT 16-1-1919 FALL FOR FEDRELANDET 13-3-1945 VED BREIDVIK

Krigsminnesmerket i Kyrkjeparken ved Florø kyrkje. ”Ungdom tek opp arven” var tittelen på eit stykke i Firdaposten 6. mai 2000. Iris Kvellestad talte ved minnesmerket.


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 45

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

MINNESMERKET "komande ætter må minnast (utheva her) det dei gjorde og manast til dåd." Minnesmerket vart avduka ein søndag i august 1946 med kring 1500 menneske til stades. Det står 33 namn på minnesteinen. 18 høyrde heime i Florø, 11 i Kinn, 3 i Bru og 1 i Eikefjord. Dei 18 frå Florø var: Atle Svardal (utheva her), Malvin Johan Aas, Olav Aas, Odd Batalden, Ansgar Broholm, Alexander Eikevoll, Trygve Eikevoll, Nils Jørgen Fuglesang, Hans Joakim Hatlø, Rudolf Johannessen, Nils Johan Kittang, Jostein Julius Knapstad, Mathias Andreas Midtbø, Erling Olsen, Leif Anton Pettersen, Sigfred Sandvik, Arvid Steinhovden og Erling Johan Vårdal.

Namnet hans to gonger der han fall I september 2009 skipa Florø historielag til ei minnestund på staden der Atle Svardal fall. Det lokale grendelaget rydda og merka ein sti fram til bergskorta det Svardal og kollegaen hans heldt til med radiostasjonen sin. Det vart festa ei minneplate i bergveggen. På plata står skrive:

ROSKA På denne staden låg radiostasjonen Roska under 2. verdskrig. Motstandsmannen Atle Svardal frå Florø fall her i kamp med Gestapo den 13. mars 1945. Den andre agenten som var Fredrik Persen frå Bergen, blei teken til fange. Denne

plaketten blei sett opp av Flora historielag den 6. september 2009. Men det står ei anna innskrift i berget også. Ein gong har nokon rissa inn namnet hans og datoen: ATLE SVARDAL 15 - 3 - 1945 Prenta kjelder: Firda Folkeblad, 05.06, 17.08.1945. Firda, 09.06.1945. Firdaposten, 03.09.2009 Eithun, Grethe o.fl.: krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 19401945. Uprenta kjelder: Informasjon frå: Kinn kyrkjelege fellesråd. Bjarne Haugnes, Florø.

Minneplaketten som blei sett opp i september 2009. Til venstre skimtar me namnet ATLE SVARDAL og datoen 15 - 3 - 1945 innhogge i berget. 45


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 46

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

At bistaa Øvrigheden med Oplysninger og Betænkninger – kommunane som høyringsorgan og informasjonsleverandørar Av Per Olav Bøyum

Sildeopptak ved Nautøy i Solund vinteren 1928-29. Det er not- laget til Oluf Trovåg frå Solund som haustar ”havets sølv”. Med i notlaget var folk både frå Solund, Gulen og Hyllestad. Mennene turkar opp nota og rimmar silda inn i dei større notbåtane. Så ror dei bort til føringsfartyet og leverar. Folk som er med på biletet er ma. Lasse, Frid og Ingvald Rysjedal frå Hyllestad, Olav Breidvik og Ingar Hjartås frå Gulen, Mons Breidvik. Fotograf: Kverhellen.

Opp gjennom åra har kommunestyre og formannskap i Sogn og Fjordane måtte uttale seg om ei rekkje saker: om presteløner, dampskipsfart, konventikkelplakaten, månadsting, hestebeiting, trankoking av sommarsild, sjukehus og mykje meir. I mange av svara ligg det spanande informasjon om ymse sider ved tidlegare samfunn – som til dømes fiske i Ytre Sogn for over 150 år sidan. At embetsmenn søkte råd og opplysingar i lokalsamfunna var ikkje nytt. Det hende ofte at sorenskrivar og fut henta informasjon frå ålmugen på bygdetinga. Også kyrkjebakken vart brukt til same føremålet. Men med formannskapslovene frå 1837 blei høyringsfunksjonen institusjonalisert, og pålagt kommunane som ei av fleire oppgåver dei skulle stelle med. 46

Spørsmål frå styresmakter og embetsmenn fall i tre grupper (Steen 1968:38). For det fyrste galdt det reine rutinesaker, som til dømes gjennomsnittsprisen på korn for utarbeiding av kapiteltaksten. Ein anna type spørsmål sprang ut av saker for ein særskild kommune. Ofte ville amtmenn ha formannskapet si meining om nye bygdevegar, oppretting av landhandel med meir. Ein tredje kategori var uttalar om lovforslag som regjeringa ynskte å få inn før endeleg avgjerd i Stortinget. I aukande grad vart òg dei kommunale organa nytta av ålmugen til å fremja eigne interesser. Det er mange døme på at einskildpersonar bad formannskap og kommunestyre om erklæringar, gjerne om dugleik og arbeidserfaring.

Det var formannskapet som i hovudsak var tiltenkt rolla som lokal ekspertise, men også representantane måtte av og til uttale seg i saker. Stundom hende det òg at ordføraren gav erklæring utan å rådføre seg med dei andre folkevalde.

Fiske i Eivindvik prestegjeld Eit eksempel frå Eivindvik prestegjeld viser kor detaljrik ein uttale kunne vere. I 1841 fekk formannskapet ei rad spørsmål om fiskeria i kommunen. Svara inneheld forvitneleg informasjon om korleis denne næringa vart driven i Ytre Sogn mot midten av 1800-talet. Om fiske etter torsk vart det opplyst at: Torsk fiskes med Snøre i Martii Maaned langs hele Kysten, naar dette Fiske slaar ret til, hvilket neppe har været Tilfældet siden 1788 i nogen


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 47

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

synderlig Mængde, men senere kun af og til i faae Døgn under Utvæhr, Notøe, Indrevæhr, Gaasvæhr, og allevegne undenfor Strømsfjorden lige til Indreøe og Laagøe, samt ogsaa i Birkenæshavet. Dette Fiske foregaaer oftest paa de almindelige Skalder, Banker, eller Fiskemed, i kortere og længere indtil 1 Miil Afstand fra Land, og alene i de store Fiskeaar forgik dette Fiske nær under Land og ind i Bugter og Fjorde. Seif isket blei grundig beskrive. Formennene delte dette fisket inn i fire kategoriar, avhengig av både storleiken på fisken og årstida den blei fiska: sei, småsei, pale (også kalla småsei) og mort. Om småseifisket kom fylgjande fram: […] den mindre Sei, kaldet Smaasei, fiskes med Søkkenøder Sommermaanederne især Juni og Julii paa visse saakaldte Skalde eller Grunde langs Havkysten, saasom især under Utvæhr Indrevæhr fornemmelig paa den saakaldte Gjønnevaag – Flue under Gjønnevaag, og flere Steder, saavidt vides alene i Utvæhr Skibrede, fra Notøe Utvæhr Indrevæhr

og allesteds udenfor Strømsfjorden under Yttrø, og til dels i Indresulen fra Ravnøe, Olderkalv og Laagøe, Stensund, Raake og flere Steder. Dette Fiske var aldeles ukjendt her i Egnen indtil afgangne Kjøbmand Lyder Nicolaisen, afdøde Nicolai Nicolaisens Fader hentede et par Søndmøringe til samme Fiskevæhr paa Indrevæhr og lod dette Fiske bringe i Gang med at anskaffe de saakaldte Søkkenøder, som er bundne i en fuldkommen Firkant og sænkes ned paa de mindre dybe Grunde eller Fluer samt derfra fra alle 4 Hjørner eller Ører optrækkes med 1 eller 2 Baade paa hvert Øre og saaledes danner en Sæk hvori Fisken findes ofte i stor Mængde indsluttet […] I 1841 dreiv sønene til dei to sunnmøringane framleis med rettleiing for sulingane om korleis dei skulle fiske sei med søkkenot. Vidare vart det gjort greie for fiske etter pale: Pal eller Smaaseifiske med saakaldt Dorg eller som det paa nogle Steder drives med Troe det er Stang, undertiden med Snøre under bestandig Roen fremmad allevegne foregaar ligefra

tidlig om Foraaret til ud paa Høsten dog mest om Foraaret og ud paa Sommeren. Dette Fiske drives allevegne dog mest langs den hele Havkyst, især ude med de saakaldte Svaber ved udløbet af Sognefjorden til dels længere ind i Sognefjorden lige til den saakaldte Liehelle og Lihesten under Falbøen og flere Steder længere ind i Fjorden. Ogsaa dette fiske er saare fordelagtigt, især for mindre Formuende, da Fiskeredskabet er lidet bekosteligt Aarstiden saare beqvem, men jordbrugende Bønder spilde ofte megen Tid derved, da Fiskeriet oftest foregaar om Natten og derved gjør Folket uskikket at arbeide om Dagen. Derfor blev dette Fiske i Fortiden drevet meget hyppigere, da Jorddyrkningen stod langt længere tilbage end nu. Dette Fiske tjener især til Husbrug, men ogsaa sjelden til Salg især Tuskhandel inde i landet. Fiske etter mort vart beskrive slik: Den fjerde Sort Sei er den almindelige Høstmort som er Seiens egentlige første Stadium eller første Størrelse til Afbenyttelse; den fiskes oftest med smaae Kastenøder […] Den fiskes

Seifiske i Nordfjordeid. Datering: 1895-1930. Fotograf: Isak I Hellebust.

47


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 48

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

allevegne baade yttre on indre og næsten til enhver Tid af Aaret i større og mindre Mængde, dog Langt fra i saa stor Mængde som Sommersilden og tjener ligeledes til Husbrug som og til Salg eller Tuskhandel inde i Landet, mest saltet. I tillegg kjem det fram at ymse fiskeartar vart tekne på større djupne, og med tjukkare line og større onglar: Qveiter Helleflyndre Brosme Lange og Torsk ere de Fiskearter som fanges paa denne Maade, helst høieste Sommer, skjøndt ogsaa til andre Aarets Tider. Dette Fiske driver Almuen af Utvæhr Skibrede og endeel af Øeboerene i Gulen Skibrede især Qværsøe Kokøe og Hille med særdeles Fordel, der afsættes ved Tuskhandel med Korn og Poteter og alle slags Sulvarer i Sogn med Undtagelse af tørret Lange som afsættes i Bergen og paa Handelsstederne. For Utvæhr Skibredes Almue er dette Fiske i umindelige Tider været den aller fordelagtigste Erhverskilde og forskaffet dem det væsentligste Livs Ophold, men den fordærvelige Brændeviinsbrænden og Sogns der af flydende Forarmelse, har nu for en stor Deel lukket dette farlige Spiskammer for Sulingerne, thi en bydes ofte Brændeviin i stedet for uunværlige Producter til Livets Ophold.

lyste at ”Formandskabets Medlemmer kun bestaaer af Mænd af Lægklassen, der som saadan ei ere saa lykkelige at være i Besiddelse af de til omhandlede Hvers Udførelse fornødne Kundskaber”. Tilbakemeldingane amtmenn og regjering fekk kunne vere både knappe og inkjeseiande, og særleg galdt det lovforslaga (Hovland 1987:58 og Steen 1968:41). Men om mange av uttalane var korthogne og lite opplysande, så utgjer likevel fråsegnene til formannskap og kommunestyre samla sett eit nyttig informasjonstilfang om ymse tilhøve i lokalsamfunna i Sogn og Fjordane.

Tilgjengeleg på Internett Fylkesarkivet har gjort eit krafttak for å gjere tilgjengeleg saker frå formannskap og kommunestyre, heilt attende til 1837. Til no er det registrert om lag 80 000 saker i ein database som er søkbar på Internett. Sjølv om registreringa på langt nær er komplett, vil denne tenesta vere ein framifrå inngangsport til ein viktig del av lokalhistoria i fylket.

I tillegg har me digitalisert fleire av formannskapsprotokollane. Det betyr at det er mogeleg å gå frå ei sak i møtebokregisteret til den originale kjeldekopien. Med andre ord kan du lese om kva dei folkevalde i Sogn og Fjordane har meint om stort og smått – heime i di eiga stove.

Kjelder: Gulen kommune. Formannskapet. Møtebok 1837-1885 Luster kommune. Formannskapet. Møtebok 1838-1857 Litteratur: Hovland, Edgar: Grotid og glanstid : 1837-1920. I: Folkestyre i bygd og by : norske kommuner gjennom 150 år. Oslo: Universitetsforl., 1987 Steen, Sverre: Lokalt selvstyre i Norges bygder : første fase. Oslo: Cappelen, 1968 Steinsund, Hans H.: Fiskeméda nøklar til havsens grøde. 2001. URL: http://www.sffarkiv.no/sffbasar/defaul t.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art _id=2&spraak_id=1&ptype=single

Fråsegna til formennene i Eivindvik går over 11 sider, og er såleis ikkje representativ for denne typen saker. Det skil seg ut som eit svært vidløftig svar, noko som sjølvsagt heng saman med at fiske var ein viktig næringsveg i prestegjeldet, særleg i Utvær. Dette var såleis eit område formennene i Eivindvik, særleg dei som kom frå dei ytre øyane, hadde inngåande kunnskap om. At mange av uttalane frå Eivindvik var omfangsrike kan òg ha samanheng med at kommunen på 1840-talet hadde ein ordførar, prost Dahl, som var nidkjær i arbeidet, kunnskapsrik og dessutan ein mann med meiningar om mangt. Det var ikkje alltid kompetansen til formennene strakk til. Då formannskapet i Luster skulle uttale seg om ei ny lov om brennevinsbrenning i 1843, orsaka dei sine ”ringe Evner”, og opp48

Frå møtebokregisteret. Dei nyskipa formannskapa måtte frå starten av uttale seg om ei rekkje saker.


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 49

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Gamleskulen på Njøs i Leikanger Av Randi Melvær

I 1860 fekk vi ei ny skulelov, ”Lov om Almueskolevæsenet paa Landet”. Som ein verknad av denne lova, gjekk skulane i stor grad over frå å vera omgangsskular til å bli fastskular. ”Forsaavidt Bostederne ligge saa nær sammen at et Antal af mindst 30 skolepliktige Børn fra Hjemmet hver Dag kunne søge samme Skole, holdes denne i eget dertil opført eller leiet hensigsmæssigt Locale.” Lova gav kommunane rett til statlege tilskot dersom dei gjekk ut over lova sine minimumskrav til skulehald. (Myhre, s. 47-50) Dette blei ein viktig motivasjon for kommunane til å satsa på skulen. Skulehuset på Njøs var ei av fleire ”Skolestuer” eller ”Rodestuer” som blei tekne i bruk i dei næraste åra etter at lova var innført.

”Skolestue paa gaarden Nedre Niös” I kommunestyret i Leikanger kommune blei det i 1861 handsama fleire saker som hadde med skulane å gjera. Første gong vi finn noko om skulen på Njøs i møteboka for kommunestyret er våren 1861. I møte 14. mars tok kommunestyret opp bygging av tre nye skular. I ”Legangers Sogn” var det skulen på Nedre Njøs dei ville byggja.

Nøyaktig skildring Skulekommisjonen – dvs. skulestyret kom med framlegg om korleis skulane skulle sjå ut. Dette finn vi i kommunestyreprotokollen. Her er skulehusa omtalt nøyaktig med mål på romma, tal på vindauge og høgd under taket. Dersom ein i dag ser på skulehuset på Njøs, vil ein sjå omlag dei same vindauga og og den same rominndelinga. Framlegget til vedtak var slik: Under lemmen skulle skulestova ha ei høgd på fire alner. (0,6275m x 4=2,51m) Skulestova skulle vera åtte alner lang og ni alner brei (5,02m x 5,64m). I tillegg til skulestova skulle det vera eit kammers på fire alner i innvendig lengde og fem alner i innvendig breid-

Her ser vi gamleskulen i dag, midt mellom ein plommehage og ein eplehage. Dei to vindauga til venstre går inn til skulestova og vindauget til høgre går inn til kammerset. Huset er teke godt vare på. Foto: RME 2009.

de. Kammerset skulle ha dør inn til skulestova. I tillegg skulle det vera ein gang på fire alner i firkant, med skorstein og dør inn til skulestova. På langsida av skulestova skulle det vera to vindauge og på kvar av kortsidene eitt vindauge. I kammerset skulle det vera eitt vindauge. På taket skulle det leggast ”Taksteen”. I nærleiken av skulen skulle det settast opp eit ”simpelt Wandhuus”, dvs. ein enkel utedo. Kommunestyret gjorde vedtak om høgda under lemmen skulle vera høgre enn framlegget, 4,5 alner, og det vedtok og eit minstemål på vindaugo. Etter dette gjekk det åtte månader før saka med skulen fekk vidare framdrift i kommunestyret. Den 21. november valde kommunestyret to menn til å ha oppsyn med bygginga av skulen på Njøs. Dei to valde var ”Gaardmænderne Niels Johannessen Niös og Anders Olsen Niös”.

Tilbod om leige og kjøp av hus Men, like etterpå fekk kommunen inn eit tilbod om å leiga eit lokale til skulebruk, og saka tok ei ny vending. Tilbodet kom frå Niels Jörgensen

Niös. Lengda på leigetilbodet var frå først i januar til 24. juni. Dette skulle kosta fire Speciedalar ”foruden” ved. Utleigar var og interessert i å selja huset til skuleføremål. Framlegget til kjøpekontrakt innsendt til formannskapet lød slik: Vi undertegnede sælger og affhænder det os tilhørende Huus forhen tilhørende John Monsen Njøs, bestaaende af Lemstue, Kammer med Kjøkken, med tilhørende Tomt, for den Kjøbesum 200 – to hundrede – Speciedalere, der udbetales os det Halve til 14de April og Resten til 20de September dette Aar. Kommunestyret kjøpte huset av Niels Jørgensen og medeigarane Anfind Anfindsen og Tomas Johannessen Niøs. Med dette veit vi at gamleskulen på Njøs opprinneleg var bygd for anna føremål enn skuledrift, truleg bustadføremål. Sidan skulehuset blei kjøpt ferdig, veit vi ikkje den nøyaktige alderen på huset. Det einaste vi veit er at det må vera eldre enn frå 1861. Vilkåret for kjøpet var at selgarane 49


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 50

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Eit oversiktsfoto frå tidlegare tid, teke av Håkon Njøs. Her ser vi skulestova og landskapet omkring. Vi ser gardane på Nedre Njøs og i Gjerdet. I bakgrunnen ligg Henja, Røysa og Dalen. Fotograf: Håkon Njøs

skulle gjera til dels store endringar på huset, slik at det samsvarte med skulestova som blei skildra på møtet 14. mars 1861. Kommunen skulle betala 200 Speciedalar og selgarane skulle gjera desse endringane på huset: 1. Forhøielse af lemmen efter Anvisning 2. Gadedøren til Stuen udtages og Indgangen tilbygges 3. Brandmuren forhøies og Peisen tilmures 4. Forhøielse af vinduerne og et nyt Fak vinduer indsættes 5. Forsvarlig bordklædning omkring hele Huset 6. Taget afftages og paalægges forsvarligt Vi veit ikkje akkurat når dei tok skulehuset i bruk, mellom 1862 og 1864 eingong? Eigarane var vel interesserte i å gjennomføra endringar og sal så snøgt som råd?

Vidare oppussing og tilstelling Skulehuset blei pussa opp utetter 1860/70-åra. I 1863 Kom skulestyret med eit framlegg om å bordkle nordveggen på skulehuset innvendig. Dette blei vedteke av kommunestyret 25. 50

februar. Huset blei måla i 1864 og i 1876. Stiftsdireksjonen (Stiftet var det vi i dag kallar bispedømmet. Stiftet hadde oppsyn med skulane.) stillte krav om måling av skulehusa. Kommunestyret ville bruka ein raud farge rundt vindauga utvendig, og ein kvit oljemåling til vindauga og dørene innvendig. Kommunestyret løyvde 12 Specidaler for kvart av skulehusa. 4. april 1876 valde kommunestyret representantar ”der i Lóbet af Sommeren har at faa Skolehuserne malet med Tjære og Venetiansródt.” For Njøs var det Nils Olsen Bakkegaard som blei vald. Tjære må ha vore til utvendig måling.

Pulter med Bænke, Kateter og Væggtavle Skulehuset måtte ha inventar for å kunna brukast. Hans Hansen Njøs og Niels Johannesen Njøs skulle sørge for at dette blei klart innan 1. januar 1864. Snikkar Ferdinand O. Kammen fekk kontrakt på dette arbeidet og leverte rekning 18. mars året etter. Då må vi rekna med at pultar og det andre var på plass. I 1865 i møte 9. desember blei to mann valde av kommunestyret til å skaffa omnar og beslag til vindauga.

Endring av skulekrinsane Allereie i 1878 kom det eit framlegg frå ”Skolekommissjonen” om endring av skulekrinsane i hovudsoknet og i tillegg tilsetja ein lærar til. Kommunestyret bad kommisjonen om å omgjerda vedtaket om krinsar, men støtta utsegna om å tilsetja ein lærar til. Vedtaket blei utforma slik: ”1) En tredeelt Skole paa Njös med 27 Uger (undervisning) og Forpligtelse for Læreren at læse paa Borlaug saamange Uger som Skolekommissjonen maatte bestemme.” Med dette vedtaket fekk kommunen motstand frå lærar Olav Sande, som underviste på Njøs men som ikkje ville undervisa på Borlaug (på sørsida av Sognefjorden). Året etter blei vedtaket om undervisning på Sørsida utsett eventuelt til læraren flytta.

Motstand mot å legga ned skulen Den vesle skulen innfridde truleg ikkje krava som kom til skulane og uteområda etter kvart. Skulen på Njøs var tredelt. 1. klasse var småskule, 2. og 3. klasse var storskule. Frå 1891 til 1895 sank elevtalet frå 74, til 63. (Beretning om Leikangers folkeskoler


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 51

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Ingen veg utanom

elevtal som 171 (i 1896). Det kan jo ha vore ein samansåing av skulekrinsar, og at elevane i praksis blei flytta seinare enn 1896. I alle høve var dei på plass på Nybø skule i 1900. I Femårsmeldinga for 1895-1900 står det slik: ”I femaaret er Njøs og Halland skular samanslegne til ein sjaudelt skule. Alle born yver 8 aar gjeng i skule – undanteke 2 som er faamingar. – ”

Men så hadde tida løpt frå det vesle skulehuset på Njøs. Teikningar for nytt felles skulehus for dei to krinsane Halland og Njøs skulle leggast fram for oppsitjarane. Skulestyret sin formann fekk i oppgåve å kontakta oppsitjarane om val av tomt og om dei var viljuge til å ta på seg ein del utgifter med transport av materiale til den nye skulen. Dette var truleg ei utfordring når oppsitjarane helst ville bruka dei skulehusa dei allereie hadde.

Sal av skulestova

Det nøyaktige året elevane frå Njøs flytte ut i Nybø skule veit eg ikkje. I femårsmeldinga for perioden 18961900 er det ikkje oppført nokon skule på Njøs, og Nybø skule hadde så høgt

På møte 13. desember 1899 valde kommunestyret ein komité som skulle stå for salet av skulestova på Njøs med tomt. Dei som vart valde var Jens A. Henjum, Schak Henjum og Hans I. Njøs. Salet av skulehuset gav kommu-

Formannskaps- og kommunestyreprotokollen for Leikanger i 1857-1865.

for 5-aaret 1891/95) I 1892 ba skulestyret heradsstyret om støtte til å utsetta samanslåing av Njøs og Halland skulekrinsar til Nybø krins i tre år. Det var ”kirkedepartementet” som hadde vedteke samanslåinga. Denne saka var oppe i kommunestyret 6. desember. Tidlegare på året handsama og kommunestyret ei sak om dei to skulekrinsane, men då var framlegget frå overtilsynet og amtsskulestyret at ein måtte byggja tre nye skulehus, og det såg ikkje kommunestyret seg i stand til å gjera. (Vedtak i møte 11. mars).

Lokalt engasjement I våre dagar er det ofte stor lokal motstand mot å legga ned skular. Det var det for skulen på Njøs og. Oppsitjarane fann fleire føremuner enn ulemper med å halda fram med skule på Njøs. I 1893, engasjerte folk på Halland og på Njøs seg for å behalda skulehusa sine. Kommunestyret støtta oppsitjarane og skulestyret sitt vedtak. Dette vedtaket skulle gå til ”Det kongelige kirke- og undervisningsdepartement”. Også det neste året, i 1894, handsama kommunestyret ei liknande sak. Kommunestyret støtta ”fællesmøde af Hallands og Njøs’s skolekredse” i utsetting av samanslåing. ”Lov om Almueskolevæsenet paa Landet. Stockholms Slot den 16de Mai 1860”. 51


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 52

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

nen til saman 690 kr. Huset gjekk for 660 kr til Johannes L. Njøs, ”Privetet” (utedoen) gjekk til P. Handal for 15 kr, og to ovnar blei selde for tilsaman 15 kr til Hans I. Njøs og H. M. Knudsen. ”Kommunen udreder de med skyldsætningsforretningen forbundne udgifter.” Amtsskulestyret (fylkesskulestyret) skulle godkjenna salet etterpå. Heilt ferdige med salet av skulestova var dei likevel ikkje med dette. Salet av huset og tomta var i orden, men kommunen eigde ikkje grunnen til veg, og denne måtte oreignast. Dette

blei ordna i 1901 og i 1902, då Johannes Th. Njøs fekk utbetalt 120 kr for å avstå grunn til veg, tilvist i møte 26. juni. Med dette var skulestova blitt privat bustadhus med tomt og veg, som ho er den dag i dag. Kjelder: Leikanger kommune: kommunestyreprotokollane for 1857-1865, 18661884 og 1884-1902 Femårsmeldingane: Beretning om Leikangers folkeskoler for 5-aaret 1891/95 Melding um folkeskulen i Leikanger, Sogn 1896-1900

Lov om Almueskolevæsenet paa Landet 1860. Myhre, Reidar: Den norske skoles utvikling : ide og virkelighet. Fabritius, 1976. Njøs, Odd: Litt om gamle skulehus på Systrond. Artikkel i Systrendingen 1/2003. Aas, Sverre: Olav Sande eit liv i ord og tonar 1850-1927 : skulemann, folkeminnesamlar, diktar og toneskald. Systrond sogelag 1998. Lothe, Anders A.: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Firda lærarlag 1950.

I kjølvatnet til keisar Wilhelm II Av Hermund Kleppa

I perioden 1889-1914 var den tyske keisar Wilhelm II på årvisse vitjingar i Noreg. No skal Svein Skotheim følgja i kjølvatnet hans, og skriva bok. Skotheim var nyleg innom på Fylkesarkivet for å høyra om Fylkesarkivet har kjeldemateriale. Skotheim er på jakt etter fotografi, skrivne ting i trykte kjelder, noteringar i brev, anekdoter, ja, kva

det måtte vera. Dersom nokon ”der ute” veit noko, har tips, som kan vera til nytte for Svein Skotheim, kan dei melda frå til Fylkesarkivet. Kulturhistorisk leksikon har to artiklar med tilknytning til keisar Wilhelm II, den eine om då keisaren i 1911 var brannsjef i Balestrand, den andre om ein marinegast som miste livet i Fjærland.

Keisarskipet ”Hoenzolleren” for anker ved Holmen i Balestrand ein gong i åra 1910-1914. Fylkesarkivet har ei fotosamling som gir innblikk i keisar Wilhelm sine ferieturar til Balestrand. Fotografia er tekne av Magdalena Gran, som nærast var fast sommargjest på Kviknes Hotel i åra 1910-1915. Magdalena Gran kom frå ein velståande Bergensfamilie og fekk innpass i keisaren sin omgangskrets i Balestrand. Fotograf: Magdalena Gran.

52


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 53

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Ambrosia Tønnesen: Minst seks kunstverk i Sogn og Fjordane Av Hermund Kleppa

b) eitt i Høyanger (skulemannen Andreas Vamraak), c) to i Sogndal på ein minnestein (folkehøgskule-byggjarane Henrik Dahl og Mette Dahl) og d) eitt i Luster (ungdomslagsmannen og militærmannen Henrik August Angell). Ambrosia Tønnesen la stor vekt på portrett-likskap. Likskapen mellom portrettet av kunstmålaren Anders Askevold (1834-1900) i denne strekteikninga og portrett-relieffet på minnesteinen i Askvoll er eit illustrerande døme.

Det er 150 år sidan Noreg sin første kvinnelege bilethoggar kom til verda. Ho blei fødd i Ålesund, studerte og arbeidde mange år i utlandet og budde fast i Bergen frå 1910. "Ambrosias hender udødeliggjorde noen av tidens største menn og kvinner," skreiv Bergens Tidende i eit stort jubileums-oppslag, laurdag 31. januar. I Sogn og Fjordane har me minst seks kunstverk av Ambrosia Tønnesen (1859-1948).

Ein dag i slutten av mai fekk me e-post frå Bjørghild des Bouvrie i Bergen, ei grandniese til kunstnaren. Ho hadde sett artikkelen vår i Kulturhistorisk leksikon om Ambrosia Tønnesen si J.C. Dahl-statue i Bergen og lagt merke til at me der har eit foto av ein svært dårleg avisoriginal. Bjørghild des Bouvrie sende oss kopi av eit originalfoto til erstatning. Det sette me stor pris på og kvitterer med nytt bilete i Kulturhistorisk Leksikon og attgjeving av same biletet her i Kjelda.

Desse kakene var brukt til frukost og til non i fire-tida. Kaffi og mjølk var drikke til. Kakene er lite laga i dag, men var brukt i Holsen og bygdene rundt. 1/2 kg kveitemjøl 1/4 kg grov kveite 1/2 ts salt 2 matskeier sukker 2 teskeier natron Kefirmjølk eller kulturmjølk til deigen er passleg å kjevla ut Elt alt godt saman og bak ut med kjevle til ein leiv som er 6-7 mm tjukk. Stikk ut med eit lokk i passe storleik. Steik på takke eller steikepanne med middels varme. Er best nysteikte med meierismør og sukker eller brunost. Desse kakene var brukte i heimbygda mi i staden for vanleg brød, frå før steikeomnen si tid.

Eitt av hovudverka til Ambrosia Tønnesen er statuen av J.C. Dahl over inngangen på kunstmuseet Permanenten i Bergen. Utanom Dahl-statuen "finnes det mange andre spor etter frøken Tønnesen i Bergen, og enda flere ute", skreiv BT. Dei seks "spora" i Sogn og Fjordane me tek fram her, er seks portrett-relieff i bronse på fem minnesteinar: a) to i Askvoll (kunstmålaren Anders Askevold og den norsk-amerikanske presten Bernt Askevold),

Natronkake

Portrett av Anders Askevold på minnesmerket i Askvoll er laga av Ambrosia Tønnesen. Minnesmerket vart avduka 1. juledag 1934, 100 år etter at Askevold vart fødd.

Denne oppskrifta har Fylkesarkivet fått inn i 1992 frå Aslaug Bøyum, Kirkeveien 28 b, 6800 Førde. I samlinga vår har den fått nummer MAT 920123.

53


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 54

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake Av Hermund Kleppa

Sogn og Fjordane har i haust vore vitne til eit eineståande fenomen, ein aksjon for å få behalda eit rederiflagg. Den 27. november heldt aksjonen markering på Hella ferjekai med T-skjorteslepp (T-skjorter med Fylkesbaatane-flagget på brystet, appell og Fanevagt, framført av Leikanger Mannskor. Vestlandsrevyen var tilstades og dekka hendinga. Aksjonen Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake! er i vid tyding ein aksjon for å ta vare på og gjera seg nytte av tradisjon og historie. Her er nokre klipp frå appellen: Vel møtt! – til ferjer, bilar og folk! Datoen er 27. november 2009. Me er samla om - og rundt Flagget til Fylkesbaatane, - her på Hella ferjekai. Me har to ferjer med oss, Selje og Lærdal, ei på kvar side. (..) 27. november er ein sterk dato for flagget til Fylkesbaatane. Det var den 27. november 1857 – det året også på ein fredag - at fylkesmann Aubert, - sokneprest Sverdrup - og fylkestinget i Sogn og Fjordane, kom saman til ekstraordinær tingsete i Førde og fatta det dristige og framtidsretta vedtaket - om å gå i gong med fylkeskommunal dampskipsdrift! (..) Det overordna målet for Fylkesbaatane var: Å skaffa regelmessig transport for folket i Sogn og Fjordane, slik at fylket vårt kunne følgja med i utviklinga! Framnæs og Fjalir gjekk i rutene sine til langt inn på 1900-talet. Etter kvart kom fleire til – med det same føremålet – og under det same flagget: Hornelen, Sogn, Kommandøren, Stavenes, Atløy, gode, gamle, Fanaraaken og alle dei andre. (..) Flagget til Fylkesbaatane vart etter kvart eit kraftsymbol på eit folkeeigd og folkestyrt transportselskap - som 54

gjennom generasjonar skapte - og skaffa framgang og utvikling - i Sogn og Fjordane. Det er dette Fylkesbaatane-flagget står for. Og det er dette flagget Fjord1 Nordvestlandske AS har vraka. Det er dette flagget mannskapa på Fjord1 Fylkesbaatane sine ferjer og båtar blei pålagde å fira for godt den 10. oktober i haust. - Det var vemodig, uttalte Stig Kristoffersen, - men me måtte gjera det som var bestemt. Ein av mannskapa på ei av ferjene her, sa det sterkare: Det var galskap. Sjå på flagget her. Det er på land. Me vil ikkje ha Flagget til Fylkesbaatane på land, eller i glas og rame i eit styrerom. Me vil ha det tilbake der det høyrer heime, på ferjene her i HellaDragsvik-Vangsnes-sambandet og på alle dei andre Fjord1 Fylkesbaatanefartøya, i vind og sjøsprøyt, som Per Jon Oden sa det i rikskanalen P2 nyleg. (..) Og til slutt: La markeringa i dag også vera ein heider til dei folkevalde som for 152 år sidan - sette starten for Fylkesbaatane - og flagget til

Fylkesbaatane. Vår melding til dei og alle andre er: Me Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake – og – me kjem ALDRI – til å stryka det.

Maolkamp i kyrkjao Da va temmale hare diskusjon om dei skulde innføra landsmaol i kyrkjao pao Nese. Dei mektige vilde ha da slik som da hadde vå. Ein ao dei røyste seg i kyrkjao unde debatten: ”Viss de ikkje teke te vit no, so æ da ikkje leinje før satan sjølle staor i døri.” Ei gamadl kona røyste seg og støtta han: ”Eg meina da æ beste at me helde pao da spraokje so Luther brukte.” Frå Illustrert tyleskap, 9.aorgaong. Jens Brekke Heimastølen forlag, Vik 2009


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 55

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Frå Fjordabladet 9. juli 1957

Foreldre på tiltalebenken Bakgrunnen for Rock’n Roll-oppstyret Det var ungdom frå vanskelege heimar som hadde påtakeleg få interesser som sto bak Rock’n Roll-oppstyret i Oslo i fjor, går det fram av ei sosiologisk etterrøkjing. Dei 80 som vart arrestert kom frå alle strok av Oslo. Svært få var skulegutar, dei fleste læregutar. Dei fleste var mellom 13 og 18 år, nokre mellom 19 og 25, etter måten få over 25 år. Dei aller fleste har vore oppe i bråk tidlegare. Men berre nokre få var påverka av alkohol. Eit av dei mest markante drag i biletet er at dei heimane gutane kjem frå, avvik få det normale, men andre ord heimar der konflikter er dagleg kost. Berre nokre få av dei unge dreiv sport eller las noko anna enn dårleg litteratur.

Av Karianne Schmidt Vindenes

Dei dreiv tida mest med å rekja gatelang og på kino. Det er dei relativt få aggressive som dreg hopen med i bråket, dei aller fleste kom berre for å sjå. Nett før resultatet av denne etterrøkjinga vart lagt fram hadde Oslo-journalisten Henry Holm, som har gjort mykje for å hjelpe unge lovbrytarar og kjenner deira psyke ut og inn eit radiokåseri i ”Foreldre på tiltalebenken”. Det ser ut til å vera så alt for rett at ein heil generasjon og det samfunn han har vore med på å prega, har eit alvorleg ansvar for den yngste generasjon si utvikling. Kva kulturelle og åndelege verde har vi lært dei å respektere, kva skjønsæmd har vi gjeve dei av ansvar og plikter, i privatliv og i samfunnet, kva interesser har vi lært dei å sette pris på?

Det er vel snautt tvil om at mellomgenerasjonen i dag – foreldra til dei yngste unge – har vore sterkt opptekne av sitt eige velvære og sin eigen framgang, av sin eigen levestandard. Det har vore ein generasjon sterkt prega av matrialisme, av ynskjet om å nyte livet. Og borna går vidare i dei spor som er dregne opp for dei. Dei unge dreg ut på måfå frå heimar der egoisme og manglande vilje til å ta omsyn til andre har skapt konflikter som kastar djupe skuggar over familielivet. Rotlause og misnøgde, utan å ha lært noko ideal, dreg dei ut på gata. Og så rek dei gatelangs, stikk innom kinoen, rasar avgarde på motorsyklen – eller stikk innom ein kafe eller eit danselokale. Kjem dei heim er det for å få mat og sluke kulørte blad og bøker. Brøl og brak vert deira form for fest – eit verkeleg friluftsliv eller hard og utviklande idrottstrening er framand for dei, like eins kunsten og bøkene si eventyrverd.

Ressurssenter for elektroniske arkiv Kommunane i Sogn og Fjordane er i ferd med å gå over til fullelektroniske arkiv. Dette er ein del av utviklinga med stadig meir elektronsike system i sakshandsaminga. Dette gjev oss nye utfordringar med å bevare arkiva. I staden for å flytte kasser med arkivmateriale til Fylkesarkivet må det produserast eit uttrekk av databasen, dette må kvalitetssikrast slik at data ikkje går tapt. Ein del av denne prosessen er også å konvertere uttrekket til eit format som står seg over tid. XML er eit ISO-standardisert format og passar til dette formålet. Dataverda utviklar seg raskt og dataformat kan bli forelda over nokre få år. Med bakgrunn i denne problematikken har fleire kommunearkivinstitusjonar difor teke initiativ til å etablere eit kompetansesenter som heiter Kommunearkivinstitusjonenes digitale ressurssenter, eller KDRS i kortform. Dette ressusrssenteret skal jobbe med metodeutvikling i forhold til elek-

Av Håvard Kastet

troniske arkiv. Utfordringane vi står ovanfor beskrivast godt i uttala frå Riksarkivaren: "Inntil vår tid har det stått som mer eller mindre gitt at arkiver akkumulerer og bevarer seg selv. Overgangen til elektronisk arkivering gjør bildet et helt annet. Elektronisk arkivert informasjon er informasjon som går naturlig til grunne etter få år hvis det ikke gjøres noe aktivt for å bevare den.” Elektroniske arkiv representerer eit nytt fagfelt som er under utvikling. Ei utfordring er å bygge opp naudsynt kompetanse. KDRS skal vere eit nasjonalt kompetansesenter. Dei vil tilby metodesett, kompetanse og opplæring og vil vere til stor nytte for kommunearkivinstitusjonane. KDRS vil også tilby eit fjerndepot for elektronisk arkivmateriale. Fylkesarkivet ser på KDRS som eit viktig initiativ og vil difor gå med i samarbeidet når det vert etablert om eit til to år.

55


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 56

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Avlevering av eldre kommunale arkiv Av Karianne Schmidt Vindenes

I november 2009 markerte vi avslutninga på eit prosjekt som har vart i tre år. I 2006 opna Fylkesarkivet eit nytt depot. 22 kommunar har depotavtale som seier at vi skal oppbevare papirarkiva deira. I tillegg er alle kommunane med i ei ordning med depot for elektroniske arkiv. Prosjektet som no er avslutta er innhenting av papirarkiv frå om lag 1837 til 1964. Avslutninga vart markert med avlevering av arkiv frå Aurland 13. november. Tidlegare same månad fekk vi også inn arkiv frå Jølster kommune.

Avlevering av arkiv frå Jølster kommune Torsdag 5. november sende Jølster kommune 13 pallar med dei eldste kommunale arkiva med lastebil til Hermansverk. Arkiva inneheld historisk verdifull dokumentasjon frå Jølster vart eigen kommune i 1837 fram til kommunereguleringa i 1964. Sjølve pakkinga av arkivmaterialet var det arkivleiar Svanhild Røkenes, Liv Marie Årdal frå

Tilsette i Jølster kommune er ferdig med arbeidet med å klargjere dei eldste arkiva for avlevering. Her ved Arve Dvergsdal, Svanhild Røkenes og Liv Marie Årdal. 56

Arkivmaterialet frå Aurland klart til å bli plassert inn i Fylkesarkivet sitt magasin.

tenestekontoret og feiar og vaktmeister på kommunehuset Arve Dvergsdal som stod for. Dei hadde gjort ein grundig jobb, slik at flyttinga og oppstilling i magasinet har gått greitt for oss her på Fylkesarkivet. Etterkvart vil vi ordne arkiva, og gjere dei enda betre tilgjengeleg for publikum gjennom digitalt innhald på Internett, gode arkivkatalogar og artiklar i Kjelda og på Internett. Avlevering av arkiv frå Aurland kommune 13. november avleverte Aurland kommune 10 pallar med eldre kommunalt arkivmateriale. Arbeidet med pakking og klargjering av arkivmaterialet har blitt gjort av arkivmedarbeidar i kommunen, Solfrid Løland Borlaug. Arkivet vert no sett opp i Fylkesarkivet sitt magasin. Vi vil skrive lister over alt materialet som no er oppbevart hjå oss. Når det arbeidet er ferdig vil

arkivet vere tilgjengeleg for bruk. Oppsummering av arbeidet med avleveringane Den kommunen som var først ute med å avlevere sine eldste arkiv var Naustdal. Kommunen vart valt først fordi dei ikkje hadde veldig store mengder med arkiv, at arkivet var godt ordna og merka og fordi avleveringa ville innehalde arkiv frå to kommunar, Vevring og Naustdal. Vi brukte nemninga prøveavlevering og nytta høvet til å teste ut praktiske problemstillingar og korleis rutinane våre fungerte. Vi gjorde oss nyttige erfaringar og justerte også rutinane våre noko i høve dei kommunane som stod att. Før kvar avlevering har vi hatt eit avleveringsmøte i kommunen. Der har vi hatt møte med dei som skal vere ansvarlege for avleveringa og pakkinga. Vi har gått


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 57

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Andre stader har vi kunne pakka på pallane inne for så å trille pallane ut i bilen. Spesielt der vi ser at pallane måtte pakkast utandørs har vi vore spente på véret. Heldigvis var det berre ein gong elementa ikkje var heilt på vår side. Det var i Måløy, ein augustdag i 2007. Det var meldt regn og vi hadde presseningar klare til å dekke arkivmaterialet. Vi kom nesten i mål, men då vi var klare til å laste den siste pallen på lastebilen, kom styrtregnet. Vi klarte heldigvis å få pallen på bilen utan at arkivmaterialet blei vått.

Korleis er det mest praktisk å stable kassene på pallar? Dette var noko av det vi lærte under prøveavleveringa i Naustdal.

Den største avleveringa vi hadde var frå Flora kommune. I mai 2008 fekk vi avlevert arkiv frå Florø, Kinn, Bru og Eikefjord. For å frakte alt materialet trengte vi ein semitrailer og vi måtte ha truck for å laste pallane på og av bilen. På grunn av mengda var dette ei spanande avlevering å planlegge. Dei som arbeidde i kommunen var veldig strukturerte og gjorde eit godt arbeid med pakkinga.

gjennom rutinane våre og diskutert praktiske problemstillingar. Dette er ein metode vi er godt nøgde med og som vi ser fører til at kommunane vert godt førebudd på den jobben dei skal gjere og at kvaliteten på arbeidet i kommunane er høg. Avleveringsdagen er også det praktiske på plass, og bering, lasting på pallar og på bil har gått veldig effektivt og greitt. Ved ei avlevering er det mykje vi kan planlegge, men det er alltid nokre usikre faktorar. Mellom anna véret. I omtrent alle kommunar har vi måtte ta materialet ut i friluft. Tilhøva i kommunane har gjort at vi fleire stader har pakka på pallane utandørs.

Striregn i Måløy medan vi lastar den siste pallen på lastebilen. I Måløy måtte vi pakke pallane ute, men hadde plastikkpresenningar klare i tilfelle regn. Vi såg at dei mørke skyene kom stadig nærmare og skunda oss for å bli ferdig. Det heldt nesten, men også den siste pallen kom trygt på plass i lastebilen. 57


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 58

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Når vi no har alle avleveringane på plass har vi reflektert over det arbeidet som har blitt gjennomført. Prosjektet har medført eit stort løft for kommunearkivordninga og Fylkesarkivet. Vi har fått ny kompetanse og eit betre tilbod til brukarane våre. Vi har no gode moglegheiter til å drive

aktiv formidling og legge til rette for forsking på dei kommunale arkiva. Det viktigaste er likevel at materialet er sikra ei trygg oppbevaring. Vi som arbeider på Fylkesarkivet er imponert over det gode arbeidet som har blitt gjort i kommu-

nane. Utan det strukturerte og gode arbeidet som arkivleiarane og deira medarbeidarar har gjort, ville ikkje arbeidet med å hente inn og plassere arkivmaterialet gått så bra. Vi vil rette ein stor takk til alle som har vore med på arbeidet i kommunane.

Ein nøgd gjeng som arbeider med avleveringa frå Flora. Frå venstre Marit Anita Skrede frå Fylkesarkivet, Jan Osa, Grethe Whitehead, Inger Eide Haukås og Gunnar Frøland frå kommunen og Sturla Binder frå Fylkesarkivet. I bakgrunnen kan vi sjå trucken som lastar arkivmaterialet inn på bilen.

2013 – Sogn og Fjordane fylke 250 år – jubileumsfrimerke? Det nærmar seg byjubileum i Florø. Byen vart grunnlagt ved kongeleg ”proposition” 25. februar 1860. Kultursjef og jubileumsgeneral Edvin Helgheim har opplyst at det vil bli ”storslagne arrangement heile året”. Eit anna stort jubileum nærmar seg også. I 2013 fyller Sogn og Fjordane fylke 250 år. Jubileumsfrimerke er god reklame. I 1998 feira Egersund 200 års-jubileum. Eitt av jubileumstiltaka til Egersund var eigne jubileumsfrimerke. Motiva var hamnebilete og produkt frå Egersund fajansefabrikk. 58

Jubileumsfrimerke i høve Sogn og Fjordane fylke 250 år vil vera ei fin-fin sak. Men då må det frå offisielt hald sendast ein søknad i ein rasande fart. Nålauga for å få tildelt særfrimerke er trangt, og mange prøver seg. Frimerke til eit fylkesjubileum skulle liggja godt an. Medan Posten har gitt ut fleire byjubileums-frimerke, har det aldri kome frimerke i høve fylkesjubileum, - kanskje fordi ingen har kome på å søkja.

Sogn og Fjordane-frimerka her kom ut som Fylkesarkivet sin aprilspøk i 2009.


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 59

kjelda, nr. 3 – 2009, årgang 18

Wittgenstein-spor i Drægni-arkiv Av Hermund Kleppa

- Enorm respons på aksjon for å byggja opp att hytta til den verdskjende filosofen Ludwig Wittgenstein (Sogn Avis 5.12). Hytta stod avsides på nordsida av Eidsvatnet i Skjolden. Det er David Connearn som står bak aksjonen. Sogn Avis følgjer opp og etterlyser alle slags spor knytta til Wittgenstein-hytta. (Les meir) Fylkesarkivet kan by på eit interessant spor, i ein protokoll ført i penn av Halvard Drægni (1869-1950). Halvard Drægni dreiv assortert landhandel i Skjolden då

Wittgenstein bygde hytta si i 1914. Rekneskapsbøkene til Drægni viser at Wittgenstein handla hjå Drægni, og i 1914 finn me notert spikar, boltar og mykje anna som trongst til å byggja hytta hans. Kulturhistoriske Leksikon har ein artikkel om Wittgenstein-minnesmerket som står på ei utkøyrsle på riksvegen mellom Skjolden og Fortun. Ein av illustrasjonane er ei faksimile frå ei rekneskapsbok i Drægni-arkivet. (Les artikkelen Lenkje til artikkelen)

God Jul og godt nytt år!

"Julaftan hjå Bjørn og Aase Udberg i 1949. Furua er henta inn og ferdig pynta." Foto: Aase Udberg, SFFf-1996079.0039 59


kjeldanr03-2009

14-12-09

09:51

Side 60

Retur: FYLKESARKIVET Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682

Over: Det originale Baldisholteppet, funne 1879 i Baldishol kyrkje på Nes i Hedmark, no i nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design i Oslo. Foto: copyright Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design Under: Kopi av Baldisholteppet i Det Kvite Hus, Washington. Teppet er laga av Kristi Meland og blei gjeve til Det Kvite Hus i 1926. Foto: By courtesy The White House. (Les om Baldisholteppet i Det Kvite Hus på sidene 23-27).

Om Baldisholteppet i Norsk Kulturhistorie (1979): Baldisholteppet er vevd i gobelinteknikk, det er vel 2 m langt og 1,18 m høyt. Materialet er ull som er plantefarget i klart rødt, gult, grønt, mørkeblått og lyrere blått i flere nyanser. Det er mulig motivet i venstre felt symboliserer april måned (etter bokstavene i arkadebuene å dømme) og at rytteren til høyre representerer mai. Kanskje har flere stykker – som vi ikke kjenner – vært sammensatt til en “årskalender”. Forskerne tror at teppet er vevd i første halvdel av 1200-årene, kanskje noe senere, antagelig i Norge.

Profile for Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda nr. 3 2009  

Kjelda nr. 3 2009