Kjelda nr. 3 2004

Page 1

Kjelda

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Nr. 3 - Desember 2004. Årgang 13

Året 1905 Dette dobbeltnummeret av Kjelda, på 68 sider, inneheld mykje stoff om året 1905, i tillegg til det vanlege Kjeldastoffet. 1905stoffet tek til på side 32.

ul God J og ttår! y N t God Fylkesarkivet på Internett: www.sffarkiv.no

Christian Michelsen , sjefen for 7. juni regjeringa

I 1905 vart Norge ein fri og uavhengig nasjon då landet reiv seg laus frå unionen med Sverige. Hundreårsjubileet skal feirast gjennom heile 2005. Christian Michelsen sitt namn vert gjerne knytta til frigjeringsåret 1905 meir enn noko anna namn. Kjelda har i dette nummeret brei omtale av hendingane i 1905, med vekt på folkerøystingane. Sjå sidene 32 –66.


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Fylkesarkivaren har ordet Gunnar Urtegaard

Bort med Petter Smart’ane Etter kvart er svært mange tenester lagde til rette for bruk via Internett og fleire kjem. Me kan nemna likning, bank, transport, reiser, overnatting, sørvistilbod, kommunale tenester med meir. Både i privat og offentleg sektor ser ein verdien av å gå saman om felles løysingar og felles standardar for registrering og formidling. Ein ser verdien av å utvikla felles nettbaserte løysingar for registrering og vedlikehald av opplysningar. Dette har sjølvsagt mange føremoner: 1. Brukarane får oversyn ein stad og slepp t.d. å slå opp på alle buss – og båtselskap eller gå innom nettsidene til alle hotella for å finna den informasjonen dei treng. 2. Ein etablerer standardar som brukarane kjenner

att og vert vane med. 3. Ein samlar ressursane til utvikling slik at kostnaden vert mindre for den einskilde kommune eller institusjon og tenesta vert best mogeleg. 4. Ein profesjonaliserer drifta slik at teknologar tek seg av teknologi og fagfolk tek seg av dei faglege sidene som gjeld innhald. 5. Ein får system som er dokumenterte og som kan snakka med kvarandre. 6. Ein utviklar i fellesskap rasjonelle rutinar kring produksjon av innhald, og legg felles grunnlag for nye og spanande tenester som t.d. mobile tenester, integrering på nye måtar og så vidare. Diverre er ikkje dette stoda på kultursektoren. Biblioteka

Redaksjon Gunnar Urtegaard (redaktør), Oddvar Natvik, Karianne Schmidt Vindenes Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax: 57 65 61 01. postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no Kjelda kjem med 3 nummer i året, eitt dobbeltnummer. Ei årstinging kostar kr 125,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Karianne Schmidt Vindenes. Utforming: Oddvar Natvik.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no Fylkesarkivar: Gunnar Urtegaard, tlf. 57 65 64 01, gunnar.urtegaard@sf-f.kommune.no Arkivarar: Arild Reppen (foto), Fototeknisk avdeling , 6823 Sandane. Tlf. 57 86 51 24, arild.reppen@sf-f.kommune.no Øystein Åsnes (musikk), Tlf. 57 65 64 04, oystein.asnes@sf-f.kommune.no Ole Stian Hovland (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, ole.stian.hovland@sf-f.kommune.no Karianne Schmidt Vindenes (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 06, karianne.schmidt.vindenes@sf-f.kommune.no Berit Selseng (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 07, berit.selseng@sf-f.kommune.no Snorre D. Øverbø, (fagleiar), tlf. 57 65 64 03, snorre.d.overbo@sf-f.kommune.no Randi Melvær (sekretær/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, randi.melvar@sf-f.kommune.no Prosjekt: Hermund Kleppa (møtebok-prosjekt), tlf. 57 65 64 02, hermund.kleppa@sf-f.kommune.no Oddvar Natvik (informasjon, amerikaportal), tlf. 57 65 64 05, oddvar.natvik@sf-f.kommune.no Kjerstin Risnes, (møtebok-prosjekt), tlf. 57 65 64 13, kjerstin.risnes@sf-f.kommune.no Kariann Norum (engasjement, møtebok-prosjekt), tlf. 57 65 64 13. Nettstad: www.sffarkiv.no

2

er komne lengst når det gjeld standardar, felles bruk av databasar og etablering av samordna tenester til publikum. I motsetnad til arkiv og museum har dei og fått øyremerka midlar til dette - både her i landet og i mange andre land. Kvifor arkiv og museum ikkje har fått det, kan undra oss. Men sjølv på bibliotekområdet er det langt att. Sjølv i eit lite fylke som Sogn og Fjordane får du i dag presentert ei lang liste over ulike databasar dersom du vil søkja på Internett etter litteratur i bibliotek, institusjonar med meir i dette folkefattige fylket. Dette er ikkje god sørvis til publikum. For arkiv og museum er stoda endå verre. Sambruk av databasar mellom ulike institusjonar og regionar er mest totalt fråverande. Store kulturinstitusjonar har nettsamband og datautstyr som ein medels slektsinteressert pensjonist. Dei slit med gode registreringsrutinar. Vegen til nettet med katalogopplysningane synest lang, skræmande og fårefull som ein Besseggatur for ein nyoperert hoftepasient. Dei lokale institusjonsdatabasane kring i landet inneheld på same tid opplysningar om millionar av gjenstandar, foto, arkiv med meir. Dei tilsette er opptekne av å få dette fram, og gode nettenester her ville revolusjonera tilgangen for folk flest. Mange stader kring i landet har kvar kommune utvikla sin eigen kulturkalender. Du må hoppa ut og inn av tallause og ulike tilbod for å få oversyn over kva som skjer i ein region. På heile Vestlandet er det mest ingen kommunar som nyttar Kulturnett Noreg sin felles kulturkalender. I andre fylke finn me døme på at mest alle kommunane har samla seg om denne og er soleis med på eit nasjonalt spleiselag, felles standardar og dei har ingen utgifter til utvikling, drift og vedlikehald av tenesta. (framhald side 31)


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Berit Selseng

Hylling eller å gjera åt ”Når beisti ikkje vilde una, koma heim, so var det einkvan som hadde gjort ilt. Då fekk ein tak i ein som kunde gjera åt.” I lokalsamlinga til De Heibergske Samlinger er det to små handskrivne lappar som begge er ”middel” for å få kyrne til å gå heim til stølen. Den eine er truleg frå Lærdal etter dialekten:

”Dei fekk fat i eir som dei skrapa av kyrkjeklokka og blanda med mold. Dette la dei under ein jordfast stein på stølsvollen, i det dei sa fram ei åtgjerd. So lenge finnen hylla soleis kom kyrne alltid heim; men sidan trådde dei.”

Frå Sogndal har me denne historia:”Budeione var ofte plaga med at kyrne ikkje vilde koma ”E sæte me ni paa ein jorfaste heim til stølen og lata seg mjølka. Då fekk dei stein, E vil dessa mine (Krav til einkvan til å hylla kyrne. namn) Krøter hygja og hydla Det kunde gjerast på Heim. Heim or Beite, aa heim i mange måtar. Sume tok Laite. Mæ Øgtabel ska dai stao noko mold under ein me mi Sældør. Gud gje dei vilde jordfast stein i trodi, være Budeia og Stølen so hulde og helst der som det ein kjære, so Jesus og Jomfru Maria, gong hadde fare lik yver. sin kjære Velsignede Søn monne Denne moldi skulde budeia ha i være, I tre Navn ........F. S. og H. saltet og gjeva dei kyrne som var Fader Vor, Læses tre Gange. leide til å koma. Andre skov noko Dette gjere E fordi at Kjørne mine fint ut or bjølla og gav dei kyrne gaar heim.” som var leide til å fylgja. Den andre lappen er frå Sogndal: Sume kunde vera sers flinke til å hylla. Heime sprang dei jamt etter ”Middel for hjemgang paa Sæteren. Jeg sidder mig ned paa en han Skora-Lars. Han var ein dyreelskar og kunde både lækja og hylla Gjordfaste Sten, Eg vil disse mine med kunster og ord. Ei kona sende krøter hygja og hølla heim. Gud bod etter han, og han kom. Han gje de vilde være Budeia og Stølen bad kona bitta inn bjøllekui. So so hulde og tru og kjære So Jesu og reiste han inn i fjøset åleine, kom Maria sin kjære Velsignede Søn ut att og reiste åt skotet. Der las munne være.” han nokre ord og gjorde teikningar Denne vart funnen i ei lommebok i handi med fingeren. So tok han ein raud klut, gjekk ut i trodi og som tilhøyrde Nils Gerhard veifta med han. Etter den dag kom Larsen Øyre ved registrering av kyri i rett tid.” buet hans. Han var fødd i 1859, ugift og hadde fattigstønad. Han Frå Hafslo vert det fortalt at når døydde 31.07.1936. Lensmann kyrne ikkje ville gå heim kunne Faleide som leverte lappen til ein ta nokre hår mellom horna museet, skriv: ”Nils Øyre var på ei bjølleku som gjekk heim og jeger og ferdedes meget i skog og gjeva dei. Ein kunne og mjølka mark. Han var meget overtroisk noko mjølk or ei slik bjølleku og og fortalte ofte om syner, særlig gjeva dei, men det måtte ikkje dei som åtte kua sjå. Eller ein kunne i forbindelse med skjulte skatter. Han forsøkte ofte å finne guldet på ta jord under ein jordfast stein, Skrik, men uten held. Sogndal 29/9 blanda ho med salt, og så karva noko tobakk smått og ha det i – 36.” saltet. Litt mjøl skulle ein og ha Innsamla folkeminne frå Sogn i det. Så skulle ein leggja denne viser at hylling var eit kjent røra under ”hovdakodden” begrep. Jord frå jordfast stein (puta) og sova på det før ein gav går att mange stader, då gjerne det til beisti. Eit anna råd var å blanda med metall, salt eller drepa ein orm mellom påske og andre ting: pinse og koka han. Logen skulle

dei gjeva slike kyr som la seg vekke. Då var det slutt med den sykja. I Jostedalen vart fortalt: ”Når ei kyr trådde, kunde ein gjera henne fri for det på denne måten: Ein tok noko mold under ein jordfast stein på det leigarmålet (= jordi, segjer forteljaren) der ho skulde vera, og so rørde ein moldi saman med salt, og las denne bøni medan ein rørde: ”Dette saltet skal du få, so du ikkje herfrå skal trå, korkje frå bø eller støl, men du skal her vera.” Dette måtte gjerast på fastande hjarta, kyri måtte heller ikkje ha ete noko, når ein gav henne denne røra.” Ordliste: - hyggja: ”have Omsorg for, pleie med Omhu, røgte (for ex. Kreature)” (Aasen) - hylla: gjera (husdyr) tillitsfulle, heimevande - trå: ”længes, hige, stunde efternoget; Nogle Steder især om Kreature, som ofte søge hen til et Sted eller som længes tilbage efter en Flytning.” - åt: gjera åt, lækja (særleg med trolldomsråder)/gjera åt for ei sykje/trolla. Kjelder: - Norsk Folkeminnesamling, Bondevik, Kjell og Bøyum, Sjur H. - Sognaarkivet k.75 o.24. 3


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Berit Selseng

Jul i fjøset – gamle tradisjonar Alt levande skulle ha ekstra godt stell julekvelden/ juledagen, så vel menneske som dyr. Jamvel småfuglane fekk sitt julenek. Husdyra vart ekstra godt tekne vare på med eit slag magisk rituale for å verna dei mot vondt og auka trivnaden.

T. Kittelsen: “Blakken og Tungubben.” Kanskje dei ventar på ein godbit til jul?

det fyrste dei fekk når budeia kom i fjøset joledagsmorgon. So skulde ho segja til dei at no skulde dei få jolesmak.”

Frå Sogndal vert det fortalt:” Kyr og øyker fekk malt og salt jolaftan. Alle jolaftnar brann det ljos heile natti. Um joledagsmorgon då kona vakna, tok ho på seg den reinvaska konehuva si og gjekk åt fjøset med dei brennande ljosestubbane som Som lita jente høyrde eg sagt: var att. I døra stana kona, helsa på ”Julemalt og påskesalt er godt for kyrne og sa kva høgtidsdag ein då hadde. Etterpå gjekk ho med den alt”, eit artig lite rim, men elles brennande ljosestubben til kvar kyr sa det meg ikkje noko. Då eg for og sveid håri i herdetoppen. Dette ei tid sidan såg gjennom noko innsamla folkeminnemateriale som gjorde ho av di hulder og anna uty ikkje skulde få makt yver kyrne. ligg som kopi ved Fylkesarkivet fekk eg med eitt forståinga av det Elles kunde det henda at huldri kom i fjøset og mjølka kyrne. Dei vesle rimet. Det var ekte gamal nedfelt tradisjon og det me vil kalla batt og upp øykehalane; og skov noko av ljosestubben som var att av overtru. joleljoset, brædde det og smurde på juret til kyrne. Då sette det seg ikkje I 1930-åra vart det innsamla noko vondt i det.” folkeminne kring i landet, og frå Sogn finn me materiale frå fleire av bygdene her samla av m.a. Kjell Frå Hafslo fortalde ei gamal ”jenta” på 81 år: Bondevik og Sjur H. Bøyum. ”Då eg var ung, tente eg på Tradisjonen med malt og salt går att i bygdene. ”Alle after skulde dei Modlandsmarki. Julafta kom husbonden til meg og sa: ha malt og salt i saman. Det var

”No skal du stad og gjeva kyrne salt og malt, og so skal du segja:”I kveld er det julafta”. ”Men då svara eg at eg skulde gjeva dei salt og malt, men segja noko til dei bryr eg meg ikkje um. Mannen sjølv måtte stad og segja desse ordi til kyrne.” Dette med å tala til dyra finn me att fleire stader. I Sværefjorden i Balestrand brukte dei å gjeva kyrne ein dusk av eit kornband julafta. For kvar kyr dei gav sa dei høgt inni øyra hennar: ”I kveld er det julafta og i morgon er det joledag.” Joleljoset som vart nemnt i Sogndal finn me også att i Balestrand. Det var det som var att av joleljoset som vart kalla jolestubben. ”I Esefjorden fortel dei soleis: Han som bar jolestubben var heilag. Han gjorde ikkje noko. Dei andre hadde småe ljos som dei kveikte i jolestubben. Med dei småe ljosi brende dei ein kross på krossryggen åt kvart fenadbeist. Han som bar jolestubben hadde med ei kjengja øl og ei jolekaka. Av dette gav han uksen og bjøllekyri kvar sin halvpart”. I Sværefjorden brukte dei å brenna to ljos, eit på kvar bordsende. Dei sveid kyrne på krossryggen jolemorgonen med ljosestubbane. Når det var gjort, kveikte dei i den busti som står på rumpetangen. Slokna varmen straks i håri, var kyri feig, ho kom til å døy før året var ute. Dei gav bjøllekyri og oksen øl og kaka jolemorgonen og sa: ”God morgon okse; Gud signe deg kyr.” På Vangsnes fekk bjøllekyri og storstuten øl, for at dei skulle koma på stølen i rett tid om sommaren. I Fjærland sveid dei også kyrne på krossryggen, då skulle dei ikkje koma til å ”skjena” om sommaren. Dei gav aldri ris eller lauv til beisti joledagen. Dersom eit beist gjekk laust i fjøsen jolemorgonen, kom dei til å missa det i det komande året. Låg alle kyrne på eingong jolenatta, tydde det stor ulukka. I Balestrand hadde

4

4


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

dei hund i fjøset om natta, så den kunne hindra at alle låg på eingong. Fjøslemmen var soveplass før i tida, men jolekvelden låg ingen i fjøset. ”Det var slikt putr og snakk der jolanatti. Bjøllekyri og stuten skulde snakkast heile natti. Men ingen visste kva dei sa. Dei tala hebraisk segjer sume.” Same tradisjonen finn me også på Jylland i Danmark. At mange makter var lause jolenatta var noko alle visste, og det var om å gjera ikkje å uroa desse, anten det no var oskereia, gardvoren eller andre, men verna seg mot vonde makter og halda seg inne med dei gode. Prøvde ein å lura på dyra eller dei usynlege maktene julenatta kunne det gå reint ille, ja på livet laust, ein var heldig vart ein berre kasta ut. Ikkje så rart at ein prøvde verna seg mot alle slag trollmakter, med tjørekrossar på dører, ljå i høystabben, sigd i kornstålet. I dag er alle desse åtgjerdene gått ut av bruk, men enno heng me opp fugleband og gjev kanskje litt ekstra godt til husdyra fordi det er jul, utan å tenkja over at dette er restar av gamle rituale. Og så ber me graut ut i uthusa og syng: ”På låven sitter nissen med sin julegrøt”. Kjelder: - Norsk Folkeminnesamling. Bondevik, Kjell, Bøyum, Sjur H.

H. Gude: “Kastet ud.” Slik gjekk det om ein prøvde lura fjøsnissen.

Fredrik Vilhelm Bull-Hansen, 1852 – 1923, var sokneprest i Leikanger i perioden 1897 – 1923. Kyrkja og prestane gav 7.junivedtaket i 1905 om å løyse opp unionen all si støtte og Bull Hansen var ikkje noko unntak i så måte, tvert i mot. I samband med Kvinneunderskriftsaksjonen, som både var ein opprør- og støtteaksjon, gav han si fulle støtte til kvinnene ved å leggje ut underskriftslister i sakristiet. Her kunne kvinnene gå etter gudstenesta den 13.august og skrive seg på. Vi veit ikkje når denne julesalmen er skriven, men han er skriven før jula 1907. Kanskje han enda til er spesialskriven til jula 1905? Kjerstin Risnes 5


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Hermund Kleppa

Framsida på teikninga. To særamerikanske element er tydelege på landskapsteikninga; dei avrunda brysta på uthusbygningane og vindmølla der den vaksne hjelparen har funne det nødvendig med ei forklaring: Pompe for vand.

Julehelsing frå Amerika Fylkesarkivet har over eitt tusen Amerika-brev. Fleire av dei er julebrev på den måten at dei er daterte i desember og ved at avsendaren skriv noko om jula; fortel litt om korleis dei feirar jula i Amerika, tek nokre minnestreif om jula i gamlelandet, og ynskjer

god og gledeleg jul til mottakaren.

vart gift 1912/1913 med Thora. Dei fekk to døtre, Agnes, fødd kring 1914 og Judith, fødd Eg har funne fram eit døme på det kring 1916. Fylkesarkivet har fleire brev og kort frå Emanuel. me kan kalla jul i Amerikabrev, Breva inneheld mange ulike i brev frå Emanuel Offerdal til systera Karen Jørgine i Offerdal i opplysningar: om kvar Emanuel budde, kva han arbeidde med og Årdal, og stogga ved eit par spor etter to tanteungar ho hadde der. livnærde seg av, om økonomiske og politiske tilhøve i Amerika, tankar om Noreg og ynskje og Emanuel Offerdal, fødd 1875, draumar om å få reisa på besøk utvandra til Amerika i 1902 og til heimlandet. I tillegg skreiv han om sine næraste, kona og dei to ”småjentene”.

Brev datert i mars 1919 [...] småjæntene er bra friske. Den ældste er imidlertid meget mager af sig, da hun lidet spiser, men er forøvrigt bra frisk. Judith den yngste er derimod kraftigere - spiser som en hest og ser ud som en blomst med røde kinder og er saaledes et rent prakteksemplar paa sundhed. Den ælste Agnes beder mig hilse til alle sine tanter, onkler og Cusiner og siger hun snart kommer til Norge. Hun er en meget opvagt unge og er allerede begyndt at blande ind engelske ord naar hun taler om forskjellige ting sjønt vi taler udelukkende norsk for det meste for at de begge skal faa anledning til at lære norsk forinden de begynder paa den engelske skole, da jeg har lagt merke til at de fleste barn efter at de begynder paa skole lidt efter lidt glæmmer det norske sprog og benytter sig af det engelske.

Brev datert i desember 1923 Dette er eit julebrev frå Emanuel heim til systera Karen Jørgine, (sikkert også skrive med tanke på dei andre slektningane i Offerdal.) Agnes er ni år, Judith sju. Foreldra ynskjer at jentene skal ”vera med” i julebrevet meir enn ved at han berre fortel noko om dei. Det fylgjer eit eige brev frå Agnes (og Judith) i konvolutten. Agnes har fått god hjelp med brevet sitt. Ein vaksen er ”godt synleg” både i innhald, ord og vendingar; eit par stader også meir beinveges, 6


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

ved at hjelparen har teke fatt i blyanten sjølv, i fyrste lina og heilt til slutt. Kanskje far eller mor også assisterte ved å halda i, eller over, handa til Agnes. Agnes hadde ikkje byrja i skulen enno, sjølv om ho var ni år. Det var så lang skuleveg, nesten seks kilometer. Utanom å laga sitt eige brev, fekk dei leggja ved kvar sin hårlokk og fleire teikningar. (Ting laga av born er sjeldan vare i arkiva våre.) Epping NDak Decber 4 25 Kjære Tante Jæg vil idag sende deg nogle ord da pa ansker at jig sende nogle faa linjer med det samme Jeg bliver na 9 aar den 28 denne maaned og skulalde jeg like at komme til Norge for at se mine tanter onkler og Caousiner men jeg tror at dere alle der hjemme vilde blive forundret om jeg kom tel Jul og ingen kejdner mig men jeg er ikke stor nok endna til at reise saa langt saa dere fær være fornoid

med disse faa linjer saa lenger intil videre og saa ønsker jeg eder alle en Glad Jul Fra agnes Offerdal og Judith Offerdal skrive tilbage Breva frå Emanuel heim til Offerdal inneheld berre nokre få og spreidde opplysningar om Agnes og Judith Offerdal. Litt veit me også om dei frå andre kjelder. Eg kom tilfeldig over ei notis i Sogns Tidend om Judith. Medan Agnes fekk eit langt liv, vart Judith brått riven bort i ung alder.

Sogns Tidend, 30.12.1938. Brevet frå Agnes og Judith til tanta i Offerdal, Årdal.

Frå baksida på teikninga, med teksten ’From Judith Offerdal to Auntie’ (’Frå Judith Offerdal til Tante’). Fire personar til er med på teikninga. 7


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Hermund Kleppa

”Englesang fra himlen følger -” Dei store kyrkjelege høgtidene i året - påske, pinse og jul - har til alle tider inspirert versemakarar av alle slag. Dei store diktarane finn me representerte i salmebøkene. Dei mindre kjende, frå by og bygd, figurerer av og til i lokalaviser og julehefte. Her er to juletekstar, den eine på bokmål, frå 1904, av Johannes Kvellestad, - den andre på nynorsk, frå 1938, av Brynjulv Kvåle. Johannes Kvellestad (1875-1912) frå husmannsplassen Vika under Kvellestad i Vevring, lærar i Naustdal og redaktør for bladet Ungdomsvennen 1906-1912. Brynjulv Kvåle (1907-1977) frå Kvåle i Sogndal, agronom, vart gardbrukar på Smilla i Hyllestad, var jordstyreformann og hadde andre kommunale verv.

Jul igjen

Fred yver jordi

Hør, nu kimer det fra taarn! Englesang fra himlen følger Saligt bud til jordens børn bæres ud paa tonebølger. Jesus kommer som vor ven Aa, nu blir det jul igjen!

Fred yver jordi! Fred frå Guds himmel! So tona det fagert frå Betlehems by. Gled deg du villfarne menneskevrimmel, Gud hev de gjeve sin kjærleik påny. Sjå stjerna ho lyser mot stallen som hyser Guds son som skal frelsa deg, vegville, lyd.

Se, han kommer, Herren stor, kongen i Gud-faders rige. Himmelsk glans og englers kor flommer høit om jorderige. Hør, nu jubler himmelem, Aaa, nu blir det jul igjen! Glæden titter indom dør Smil og glans faar hvert et øie Freden kommer, synden dør Sindet løftes mod det høie. Jesus kommer, syndres ven. Aa, nu blir det jul igjen! Jul til store, jul til smaa, jul til hvert et fattigt hjerte Jul til hver i armest vraa og til dem i dybest smerte! Jesus kommer, syndres ven, og saa blir det jul igjen. Johs. Kvellestad (Nordre Bergenhus Amtstidende, Florø, 21.12.1904).

8

Høyr songen av englar! den himmelske songen, ber enno idag oss um Gudssonen bod. Og Betlehemsstjerna, som stråla hin gongen, ho enno kan lysa so leid me kan sjå. Men dauvt er vårt øyra, me ikkje vil høyra, og vegen til krubba me ikkje vil gå. Tenk um den stjerna fekk stråla og strøyma sitt leidande ljos bå’ i sud og i nord! Tenk um me kunde all vondskapen tøyma, elska vår næste - som barnet si mor! Då kunde me kveda i fagnad og gleda om sælaste sanning; Fred yver jord! Brynjulv Kvåle (Sogns Tidend, Sogndal, 23.12.1938).


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Hermund Kleppa

Hummar og hummarfiske To personar har kontakta oss om hummar og hummarfiske. (Kjelda 2/2004). Gunnar Sigdestad held på å transskribera (skriva om) to handskrivne bøker etter sokneprest i Davik, Claus Frimann (1746-1892). Han har kome over ei hummar-innførsle som er interessant på fleire måtar. Ho gjev konkrete opplysningar om oppfiska kvantum, utskiping, prisar og forteneste i eit nytt fangstområde, den nordlege delen av Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Det står: ”den 25de Juli [1826] fortæller Hr. Johan Ravn: at i dette Aar eller siden Hummerfiskeriet begyndte her paa Grændsen: er paa Søndre Søndmør, og i Capelsognet [Vågsøy] og Rogsunds Sogn fisket og udskibet 30,000 Hummere og deraf i Capelsognet og Rogsunds S. udskibet fra Waagsberget 3500 Stykker. (mest fra Qvalem Wedvig, Refvig.- Nu i Juli Maaned gives kun 3 s. pr. Stykket. Adskillige Mænd har fisket for 30 Spd.”

(Kjelde: Sokneprest i Davik, Claus Frimann, 1746- 1829: Indførselsbog 1825-1829) Gunn Leite, Værlandet, fortel at dei fiska hummar i øyane der ute i det små. Dei hadde hummarkassar til oppbevaring og leverte til lokal oppkjøpar. Ein oppkjøpar heitte Peter Nikko. Han hadde ein god del større hummarkasse, han, og leverte til brønnbåt som kom og

Me etterlyste gamle hummarfiskebilete Kjelda 2/2004, men så langt utan resultat. Dette biletet er frå Rogaland. Det står i boka ’Utstein Kloster. Livet på den gamle slektsgården’, 1973, og har biletteksten ’Ut med hummerteinene’.

kjøpte opp. Ein gong han skulle levera, var kassen tom, det hadde gått hol i botn. Nikko’en skal då ha sagt: - Å, ja, det e kje berre netto.

Ambassadejakt på Aurlandssko Hugsar dykk saka om Assistenten til den amerikanske finansministeren som i 1947 bad den norske ambassaden i Washington DC om hjelp til å skaffe nokon spesielle sko frå Aurland? Eg meinte at dette ville vere ei artig historie for dei som arbeidar ved ambassaden i dag. Eg sende difor Kjelda nr. 2 – 2004 til ambassaden. No nyleg fekk eg eit brev frå dei der dei takka for Kjelda og la til at det var ”en riktig morsom historie”. I brevet som eg la ved Kjelda nemnde eg at dei måtte sei ifrå dersom dei skulle sitte på andre dokument vedrørande denne saka. Det gjorde dei ikkje, og det er difor framleis usikkert om finansministeren sin assistent likte Aurlandsskoa. Karianne Schmidt Vindenes 9


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Gunnar Urtegaard

Fylkesatlas – også for kultur

Utsnitt frå det nye fylkesatlaset som viser alle gardar i fylket som det er registrert bilete frå (svart firkant). Me ser at det er litt frå alle deler av fylket, men det er ujamn dekning. Her treng me hjelp.

10

Siste året har Fylkesarkivet vore sentralt i arbeidet med å utvikla ei ny og betre kartteneste på Internett. Tenesta har fått namnet Fylkesatlas for Sogn og Fjordane og er ei brei, felles satsing for Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmann i Sogn og Fjordane. Det digitale kartet som ligg i botnen av tenesta kan visa landskapet som vanlege digitale kart, som flyfoto der slike finst eller som Økonomisk kartverk når dette er mest tenleg. Opp på desse ulike basiskarta kan du som brukar leggja ei lang rekkje med ulike tema. Du kan sy saman ditt eige temakart. Her kan du t.d. kombinera ulike ting som busstopp, fiskeplassar, stadnamn og restaurantar om du føler at det

er nett det du treng. Du kan og teikna i kartet og leggja inn eigne ting. Dette kan vera nyttig for ein sakshandsamar. Eit viktig føremål med den nye kartløysinga er at alle tilsette i fylkeskommunen og hjå fylkesmannen skal det beste og mest oppdaterte kartgrunnlag for handa i sitt daglege arbeid. Det kan og vera at du har lyst å teikna inn på kartet kvar du gjekk på tur, og deretter senda kartutsnittet til vener og kjende.

Ei teneste for publikum Fylkesarkivet har arbeidd med kartfesting av kulturhistoriske opplysningar sidan 1985 då me starta arbeidet med stadnamn. Det nye fylkesatlaset vil visa ein del av fruktene av dette arbeidet. Me oppmodar brukarane om å nytta det nye atlaset. Ikkje bruk det berre som oppslagsverk, men sjå og etter kva som manglar. Me

vil nemna eit par døme på kva du som brukar kan sjå etter.

Gardsleksikon Fylkesarkivet har registrert alle matrikkelgardane i fylket i ein database. Alle gardane er kartfesta ved at dei er registrerte med koordinatar. Det tyder at du kan visa alle gardane på ulike typar basiskart som Øk, flyfoto med meir. For kvar einaste gard er det og laga koplingar til andre kjelder som foto, folketeljingar og liknande. Søkjer du t.d. fram garden Foss i Sogndal på kartet, og klikkar på den, får du opp ei liste som syner kva informasjon Fylkesarkivet eller De Heibergske Samlingar – Sogn Folkemuseum har om nett denne garden. Kvar natt går det ein rutine som kontrollerer om det er kome nytt stoff for dei ulike gardane og legg dette til i basen.


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13 For garden Foss nær Sogndal sentrum vil du finna desse opplysningane gjennom det nye fylkesatlaset: 30 treff i gjenstandsdatabasen 3 treff i flyfoto 42 treff i foto 1 treff i folketeljing 1825 1 treff i folketeljing 1835 1 treff i folketeljing 1845 13 treff i matrikkel 1890 1 treff i Oluf Rygh Norske Gaardnavne 3 treff i stølar i 1930-åra 33 treff i matrikkel 1950 44 treff i stadnamn

Gardar med bilete Gjennom Fylkesatlas kan du og visa på kartet alle gardar i fylket som Fylkesarkivet har registrert bilete frå. Fylkesarkivet har noko informasjon om alle gardane i fylket våre, men me har ikkje alt me ynskjer oss. Kanskje manglar me eldre eller nyare foto nettopp frå gardar som du kjenner godt ? Me ber brukarane av Fylkesatlas om hjelp. Gå inn på den eller dei gardane du har tilknyting til eller har foto frå og sjå om det finst bilete frå desse. Er det tomt ? Har du foto me ikkje har ? I så fall ynskjer me at du tek kontakt og låner oss bilete til avfotografering.

Målet vårt er å samla eit godt utval bilete om alle gardane og bruka i Sogn og Fjordane. Me må hugsa på at resultatet av dette arbeidet skal verta ei varig teneste for folk i fylket i åra og generasjonane som kjem. Livet på gardane våre har endra seg svært mykje dei siste 50 åra. Det gjeld alle, frå småbruk langs kysten til buplassar og gardar under Jostedalsbreen og ved foten av Jotunheimen. Denne prosessen kan me fanga inn og dokumentera i dag, ikkje om 50 år. Fylkesarkivet ynskjer soleis å invitera til dugnad her. Sjå etter for dei gardane du kjenner. Kan du hjelpa oss med bilete så ta kontakt. At nett desse gardane og får god dokumentasjon kviler på alle, ikkje berre på oss i Fylkesarkivet. Me kan ikkje på nokon måte makta ei slik oppgåve åleine. (Sjå kart side 10: gardar med bilete).

Stølar med bilete Fylkesarkivet har og registrert alle stølar me kjenner til i fylket vårt. Desse er og kartfesta. Me har og registrert inn alle opplysningane frå den store sætergranskinga i fylket i 1930-åra. For nokre stølar har me laga eller fått laga artiklar

om bruken i eldre tid med meir. For svært mange stølar har me og foto som fortel korleis dei nytta desse områda, men me manglar mykje. Me har som mål å få samla dokumentasjon (bileta, artiklar, intervju, video m.m.) av alle stølane i fylket. Me vil på det viset får skriva soga om kvar støl og slik ta vare på denne delen av soga vår. Me tykkjer at det er viktig å ta vare på soga om fjella våre og bruken av dei. Me vil og etter kvart får lagt inn informasjon om turar og stiar i fylkesatlas. Over tid vil dette veksa fram som eit flott oppslagsverk om livet i fjella våre og bruken av dei. Det vil og vera til gleda for folk som i dag nyttar fjella til rekreasjon og naturoppleving. Sjå etter på fylkesatlas om me har bilete frå dei stølane du kjenner til. Me er og svært interessert i nyare bilete. Ta med kamera når du går på tur, ta bilete av stølsområde og del desse med Fylkesarkivet og dei som nyttar det nye fylkesatlaset. Det nye fylkesatlaset inneheld og mykje anna spanande kulturstoff. Adressa finn du på Fylkesarkivet, fylkeskommunen og fylkesmann sine heimesider.

Kartet syner svarte, trekanta symbol for alle dei stølane i fylket som Fylkesarkivet har foto frå. Det er noko frå dei fleste bygder i fylket, men det er svært ujamn dekning mange stader.

11


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Karianne Schmidt Vindenes

Nasjonal arkivkonferanse

- for kommunale og fylkeskommunale arkivinstitusjonar Tema for konferansen var korleis vi som arkivinstitusjonar arbeider med å gjere arkivmateriale tilgjengeleg. Fylkesarkivet har i fleire år gjort kjeldene våre tilgjengelege på Internett. Den teknologiske utviklinga gjer at vi har høve til å presentere arkivmateriale på nye måtar. Ny teknikk gjer det også mogeleg å presentere nytt arkivmateriale som til dømes video. Eit spanande felt når det gjeld formidling frå arkiv er korleis vi kan tilpasse formidlingsarbeidet til ulike grupper. Eit foredrag som gjorde inntrykk på tiløyrarane var om korleis Bergen byarkiv hjelper tidlegare barneheimsbarn med å finne fram til dokumentasjon om oppveksten deira.

Jan Olav Fretland opna konferansen.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane var i år arrangør av kommunearkivkonferansen. Dette er ein årleg konferanse som samlar deltakarar frå fylkesarkiv,

byarkiv og interkommunale arkivinstitusjonar. Vi valde å legge konferansen til Balestrand og Kviknes hotell. Dato for konferansen var 7. – 9. september.

Kommunearkivkonferansen er viktig for oss som arbeider med kommunale og fylkeskommunale arkiv. Institusjonane er ofte små og at arkivarar frå heile landet samlast ein gong i året er viktig for å halde ved like det faglege nettverket som vi alle har utbytte av.

Ordning av arkivet etter formannskapet i Aurland kommune Kommunearkivordninga ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har ordna og gjort tilgjengeleg eldre kommunalt arkivmateriale sidan 1987. Dette er eit stort og viktig arbeide som også i dag utgjer ein stor del av arbeidet ved kommunearkivordninga. Det siste store ordningsarbeidet til kommunearkivordninga er arkivet etter formannskapet i Aurland kommune. Det ferdig ordna arkivet etter formannskapet i

12

Aurland kommune omfattar mellom anna møtebøker frå formannskap og kommunestyre frå 1837 til 1981 og sakarkiv frå 1837 til 1977. I tillegg er møtebøker frå formannskapet registrert i møtebokregisteret til Fylkesarkivet. På http: //www.sffarkiv.no/ sffbasar/ kan ein søke i møtebokregisteret og finne fram til alle saker som vart handsama i formannskap og kommunestyre frå 1837 og fram til byrjinga på 1900-talet. Nærare

informasjon om kva arkivmateriale som er registrert frå Aurland kommune finn ein under same internettadresse som nemnt ovanfor, ved å velje ”arkivkatalogar”. Dei eldre arkiva til Aurland kommunen er plassert hjå kommunen. Dei som arbeider med lokalhistorie frå Aurland, og vil nytte seg av dei kommunale arkiva kan ta kontakt med kommunen eller Fylkesarkivet.


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Snorre D. Øverbø

Arkivarane sin olympiade - to deltakarar frå Sogn og Fjordane

23 - 28 august i år var det ein stor arkivkonferanse i Wien: International Congress on Archives. Kvar 4. år arrangerer den internasjonale arkivorganisasjonen The International Council of Archives (ICA) ein arkivkongress, der arkivarar frå heile verda møtest. I år var arrangementet lagt til Wien, Austerrike. Gjennomgangstema var ”Arkiv, minne og kunnskap”. 2000 deltakarar, frå 118 land, deriblant to frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, fekk høve til å ta del i eit svært omfattande og interessant fagleg program. Her kom ein både inn på arkivteori og standardisering, og meir praktiske og jordnære ting som korleis ordne arkiv og korleis gje publikum best

mogeleg tenester. Kongressen la opp til både foredrag, seminar og arbeidsgrupper. Det faglege utbyttet må karakteriserast som tilfredsstillande. Programmet var så vidtfemnande og variert, at alle fekk oppleve noko som var relevant for dei.

Sterke inntrykk frå Balkan Mitt sterkast inntrykk frå konferansen var eit foredrag av Andras Riedlmayer om arkiv og kulturminne i kjølvatnet av balkan-krigene. Riedlmayer som til dagleg arbeider ved Harvard University i USA, vart sendt til Balkan av FN for å kartleggje øydeleggingane av kulturminne under balkankrigane. Balkankrigene på 1990-talet

resulterte i ei massiv øydelegging av arkiv og andre samlingar av kulturminne i Kosovo og BosniaHerzegovina. Riedlmayer synte øydeleggingane på lysbilete, og fortalde om at serbarane målretta utsletta det eine viktige kulturminne etter det andre. Tusenvis av verdfulle dokument - dei eldste frå 1100-talet vart øydelagt av granateld og eldspåsettingar. Slikt gjer inntrykk på ein arkivar frå Noreg. Riedlmayer sitt gripande føredrag minner oss om at arkiv representerar store verdiar, både for oss som fellesskap og som einskildindivid, kulturelt og rettsleg. Kjelder: http://www.wien2004.ica.org

Aktuell bok

Bumærker fra Sogn ’Bumærker! Hvad er det for noget da’ - har jevnlig været det første svar paa mine henvendelser til sogningene, om de havde været i besidelse af saadanne.”

i sognebygdene. Her finn vi bumerke frå alle kommunane i Sogn.

Bumerke er eit interessant emne, som opptek mange, kanskje særleg ættegranskarar. Det finst mykje litteratur på emnet. Eg fann ein grundig artikkel på internett, Boka gjev eit oversyn over dei med mange tilvisingar till annan bumerka Heiberg samla inn på sine mange samlarferder rundt om litteratur: Slik innleiier Gjert F. Heiberg boka si om bumerke frå Sogn. Ho vart skriven i 1902, og på Fylkesarkivet har vi kopi av det handskrivne manuset til boka. Sogndal bibliotek har og ei utgåve.

http://www.cappelen-krefting.no/ hans/bumerker/bumerkerdel01.htm

Snorre D. Øverbø 13


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Karianne Schmidt Vindenes og Randi Melvær

Arkivfrukt på fruktbare dagar Kvart år vert det arrangert fruktbare dagar på Leikanger. Arrangementet er ein tradisjon som markerer slutten på frukthaustinga. Fruktbare dagar handlar om meir enn frukt. Det er plass til underhaldning, foredrag, utstillingar og sal. I år var det også plass til arkiv. Fylkesarkivet nytta dagen til å syne kva tilbod vi har til dei som ynskjer å studere heimstaden sin. Vi hadde utstilling der vi viste eldre foto frå Leikanger og trekte fram lokale artiklar frå Kulturhistorisk Atlas og Leksikon.

Gulleplet

Stadnamn er noko som mange er interesserte i, og på fruktbare dagar hadde vi ei utstilling som viser korleis stadnamn vert samla inn og oppbevart hjå Fylkesarkivet. I tillegg hadde vi ein stadnamnkonkurranse der oppgåva var å skilje ut stadnamn som ikkje var frå Leikanger. Denne konkurransen var populær og vi fekk inn mange svar.

som er eit stadnamn frå Vik. Stadnamnet blir brukt noko annleis i dag enn det blei brukt tidlegare, og blir brukt om eit større område enn før. Før blei det brukt om ein gamal leikeplass litt nede i lia over Hove-gardane, der folk ofra til sola for å få ein god sommar. (Opplysningen er frå adnamninnsamlinga i 1985/86.) I dag blir stadnamnet Pridla mest brukt om fjelltoppen eller fjellområdet mellom Seljadalen og Bøadalen i Vik. Den øvste delen av fjellet her heiter eigentleg Ovriseggi.

I tillegg til konkurransar og utstillingar, hadde vi foredrag der vi presentererte dei ulike tilboda Fylkesarkivet har til dei som er interessert i lokalhistorie og heimstaden sin.

Stadnamnkonkurransen Var du ein av dei 50 som prøvde å svare på spørjekonkurransen om stadnamn på Fruktbare dagar laurdag 2. oktober? Mange har spurt etter fasiten, så difor kjem han her. Vi presenterte 20 stadnamn og av dei skulle ein plukka ut seks som ikkje var frå Leikanger. Oppgåva var nok vanskeleg, for vi fekk berre ein som svarte rett på alt. Dei seks namna som ikkje finnst i Leikanger er:

som er eit stadnamn i Balestrand. Dette er namn på ein rund fjellknaus som sett frå Esebotn ser ut som eit eple. Det er og namnet på ein nedlagt fjellstøl til garden Kvalheim (gardsnummer 15). Stølen ligg under fjellknausen på 7-800 m.o.h. etter stølslistene frå 1930-åra

Pridla

Njøsen

som er eit stadnamn frå Gaular. Denne var vanskeleg for mange, sidan vi i Leikanger har gardsnamnet Njøs, med Øvre Njøs og Nedre Njøs med mange bruk for kvar matrikkelgard. Ein kan nesten kalle det eit lure-spørmål. Njøsen er ein gard i Gaular kommune, gardsnummer 128. Oluf Rygh har ei utgreiing om gardsnamnet Njøsen i Norske Gaardnavne. Det er elles vanleg at gardsnamn finnast att i fleire kommunar, men gardsnamna Njøs finn ein berre i Leikanger og Njøsen finn ein berre i Gaular. (Det var og eingong ein margarinfabrikk som heitte Njøsens margarinfabrikk i Bygstad.)

Biletet viser det vestlegaste av dei to tuna på Tvibyrge. Vi ser at det ligg fleire store steinar på innmarka. Kulturlandskapet på Tvibyrge er elles prega av høge steingjerder murte opp av tilreisande murarar frå Flatøy nord for Bergen. Gjerda varierer i høgd frå ein til to meter og stod ferdige i 1871. Gjerda er ein samanhengande bøgard som skulle halde bufeet ute i utmarka. 14


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Brystduksteinen

som er eit stadnamn frå Askvoll kommune. Steinen ligg på øya Tvibyrge på gard nummer 58 bruk nummer 1. Det var ein stein som blei brukt til å tørke klede på før. Stadnamn som fortel oss noko om kvinnearbeid blir ofte utegløymde imninnsamlingar. Difor er det ekstra kjekt at dette stadnamnet no blir teke vare på. Tvibyrge er i dag fråflytta men blir brukt til sauebeite. Øya ligg vest for Herland på Atløy. På kartutsnittet ser du plasseringa av steinen i høve til andre stadnamn ved tunet på Tvibyrge. Utskrifta er teken frå http:// .fylkesatlas.no.

Solheimsnakken

som er ein konstruksjon etter mønster av Sigdestadnakken i Bremanger. I fleire kommunar i Sogn og Fjordane finn vi gardar som heiter Solheim, men ikkje i Leikanger. Solheim er eit populært gardsnamn. Det er heile 14 Solheimsgardar i fylket, i tillegg til Solheimsbakken og Solheimslien. Fjellet bak Solheim kan t.d. heite Solheimsnakken. I basen vår med lokale stadnamn får ein ikkje treff på Solheims-nakken men til saman 35 namn som er anten Solheim eller samansette namn med Solheim som første del av namnet.

Nakken er eit mykje brukt fjellnamn i Fjordane, i Sogn finn eg i basane våre berre ein “Nakken” i Vik, Høyanger og Årdal. I Flora, Askvoll og Bremanger er “Nakken” mykje brukt. På garden der “Nakken” ligg vil folk oftast berre bruke den enkle forma av stadnamnet, men i bygda elles treng ein ofte å kople fjelltoppen til gardsnamnet for å gjere greie for kva topp ein meiner.

Binesete

som er eit stadnamn frå Sogndal. Vilhelm Flugheim skreiv om dette namnet i 1935 på ei stølsliste. Han skriv at det er namnet på ein nedlagt støl til garden Skjeldestad, gardnummer 63. Han ligg i Skjeldestadåsen, omlag 500 m.o.h.

Kartutsnitt frå Tvibyrge. Her ser vi kvar Brystduksteinen ligg i høve til andre store steinar på innmarka. Brystduksteinen og Storesteinen ligg framleis i terrenget, men Oskesteinen er sprengt bort. På Oskesteinen brukte dei tidlagare å tømme oska frå vedomnane.

Den einaste som hadde alt rett, og som er vinnar av eit års-abonnement på Kjelda er

Kari Skaar

6863 Leikanger

Vi gratulerer! Kjelda kjem i posten! 15


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Randi Melvær

Stadnamntur med Luster sogelag - til Engjadalen og Råum Vel 40 menneske – deltakarar og arrangørar – møtte fram i Engjadalen aust for Gaupne søndag 15. august i år. Per-Arvid Hauge i Luster sogelag og stadnamngruppa for sogelaga hadde organisert godt, slik av vi som kom utanbygds frå fann vel fram. Alle deltakarane, både kjende og ukjende, fekk ein tur rik på kulturhistorisk

informasjon og vakker natur. Veret var og godt organisert, det var akkurat høveleg for turgåing og stadnamnorientering under open himmel. Turen var lagt opp med ei kort vandring mellom tre postar der deltakarane fekk orientering om stadnamn, lokalhistorie og kommunehistorie frå dei 30 åra med storkommune i Luster. Engjadalen er ein hengande dal med fråflytte gardar (Belgen og Åberge), slåttemarker, stølar og hytter. Det skal vere 4000 da slåttemark der oppe i eit slakt og fint terreng. Det er gardane nede i Gaupne som har slåtter her oppe, i tillegg til gardsbruka på Råum. Jorda vart utskifta i 1907 med overutskiftning i 1910. Turdeltakararne samlar seg ved post 1. Vi står på Hyllarhaug i Engjadalen med utsyn over slåttemarker, stølar og hytter. (Foto: RME). Biletet nedanfor: Utsikt frå vegen til Råum over Gaupne sentrum og Rønneidsgardane (gardsnummer 88). Her var det Henrik Røneid og Steinar Molland som fortalde om stadnamn på Rønneid og gardshistoria for Rønneid som er den største og folkerikaste garden i Gaupne sokn. Garden strekkjer seg frå tunnelen i sørvest ved Lambaskori og Rønneidsberget på vestsida av Jostedalselva til Leirmo i grensa til Leirdalen i Jostedalen. Tidlegare låg alle bruka i eit felles klyngjetun. Dette tunet er det framleis restar att av og blir kalla ”Heim i gardane”. På Rønneid har dei hatt mange slag teneste eller funksjonar. Det var skulehus, bakeri, tobakkshus, smørmottak, meieri, skjenkestove, skysstasjon, landhandel, telegrafstasjon (18991978) og bensinstasjon (1930-1990) Det er i dag 14 grunneigarar på Rønneid. Ein gang i tida var det heile 45 husmannsplassar under Rønneid. To av dei låg på Gjellene over ”gardane”. Dei fekk elektrisitet i 1946-47. (Foto: RME).

16


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13 Elisabeth (Drevdal) Skau var kvar sommar med sysken og foreldre i Engjadalen for å slå og hesje graset på slåttemarka deira oppe i dalen. Dei heldt på omlag ein månad. Om vinteren køyrde faren høyet ned til garden i Gaupne med hest og slede. Her fortel Jan P. Haugen om stadnamna i heile den frodige Engjadalen. Vi får høyre om Gjetarknubben og Gjetarhaugen, Trondgjerdet og Stuagjerdet - namn som fortel om gjeting og slått i dalen. Vi får og høyre om vegen som vart bygd frå Gaupne og opp til Engjadalen. Kvar sving fekk namn etter ein som var med og bygde vegen: Klokkaren, Storkrikane og Storpreikaren etter ”Preikarper” og ”Storeper”.(Foto: RME).

Nedanfor: Kulturkontoret hadde klart å samla dei fem siste ordførarane for storkommunen Luster til ein samtale og gjennomgang av dei viktigaste sakene i kommunene dei 30 siste åra. Kultursjef Erling Bjørnetun intervjua. Intervjuet blei dokumentert med lyd- og videoopptak. Kulturkontoret vil legge dette ut på nettet. Storkommunen vart skipa i 1963 som resultatet av ein lang prosess heilt frå 1950-talet og ordførararne var: Anders Bjørk 1963-1976 Kåre Øvregard 1976-1978 Knut P. Nes 1978-1980 Jan Haugen 1980-1989 Ernst Veum 1990-2003 Torodd Urnes 2003Rundt bordet ser du dei fem siste på lista. (Foto: RME).

Til side 29

17


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Randi Melvær

Stadnamna i Loen fram i lyset Loen bondelag og Loen og Rake bygdekvinnelag vil gå saman om å verne stadnamna i Loen gjennom dagleg bruk og eit stadnamnhefte på kvart bruk i bygda. Heftet skal alle kunne slå opp i for å lære dei gamle namna og hindre at dei døyr ut.

Minnene om dei to store rasulukkene i Lodalen ser ein i dag også på kyrkjegarden. Her er støtta frå det første store raset frå Ramnefjell med flodbylgja i 1905. (Foto: RME).

18

Den 21. september arrangerte dei to laga eit møte der dei drøfta korleis dei skulle legge opp arbeidet. Ein ansvarleg for kvar matrikkelgard var invitert til møtet. Laget fekk kopiar av stadnamninnsamlinga for Loen sokn frå 1985/86. Dette materialet vil bondelaget og bygdekvinnelaget no supplere, slik at Fylkesarkivet si innsamling blir meir fullstendig. Dei vil så gå i gang med å lage eit stadnamnhefte til kvar matrikkelgard, som kvart bruk skal ha sin kopi av. Arbeidsgruppa blir leia av Jens Hogrenning.

Dette er eit viktig kulturvernarbeid. Stadnamna er ein levande del av kvardagskulturen vår. Sluttar vi å bruke dei, døyr dei ut. Det kan skje ved endringar i næringslivet som ved overgang frå jordbruk til andre næringar. (Les Kjartan Fløgstad si bok Dalen Portland : roman. (Samlaget 1978), eller sjå på stadnamntilfanget for industrikommunen Årdal). Det kan og skje ved sal av jordbrukseigedommar. Dersom ein samanliknar stadnamntilfanget på bruk som har vore i drift av same familie i mange hundre år med bruk som har vore på sal, vil ein sjå vesentleg færre stadnamn på det selde bruket. Her har mange av dei tradisjonelle stadnamna døydd ut. Når Fylkesarkivet får inn suppleringar på stadnamninnsamlinga for Loen, vil stadnamnsamlinga for Stryn kommune

bli betre enn ho er i dag. Det er særleg opplysningar om naturform og bruken av stadane som manglar på einskilde kartblad i Loen sokn. Fylkesarkivet ynskjer Loen bondelag og Loen og Rake bygdekvinnelag lukke til med det viktige vernearbeidet. Elles ynskjer Fylkesarkivet og hjelp frå andre bygder i Stryn til å supplere stadnamnmaterialet for kommunen.

Ved Lodalsvatnet i gråvér. Her ser vi båten som fraktar turister på Lodalsvatnet om sammaren. Denne dagen, den 22. september var det lite turistar på vatnet, likevel vitnar biletet om ei aktiv reiselivsnæring i området. Ute på neset ser vi Strand camping der bondelaget og bygde-kvinnelaget heldt møtet sitt dagen før. Kva heiter vika der turistbåten ligg? (Foto: RME).


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Snorre D. Øverbø

Glasnost på Internett

- Rapport frå opninga av Komintern-arkivet Den 26. august 2004 i Wien skjedde ei storhending på den internasjonale arkivscenen: Kominternarkivet på internett vart offisielt opna. For berre for 15 år sidan ville dette vore totalt uhøyrt. - At kommunistpartia (les: Stalin) sin internasjonale revolusjonære bevegelse skulle leggje sine arkiv ut på internett?! Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane var til stades på denne historske dagen. Komintern, eller Den tredje Internasjonale, vart skipa så tidleg som 1919 i Moskva, berre 2 år etter revolusjonen i Russland. Formålet var å stimulere til etableringa av nasjonale kommunistparti rundt om i verda, og setje ut i livet ei verdsomspennande revolusjonær rørsle. Komintern styrde og koordinerte dei legale og illegale handlingane til ca 50 kommunistparti og tilknytta organisasjonar. Organisasjonen vart oppløyst i 1943.

nordmenn (jf. illustrasjon). Kominternarkivet har 66 underarkiv og 521 seriar. Totalt er er det utarbeidd 22 000 (1) sider med arkivkatalogar. I tillegg finst det 1 million digitaliserte bilete. Som vi kan sjå finn vi fleire nordmenn registrert i Kominternarkivet. Dei fleste var kjende norske kommunistar frå 1920- og 30talet: Emil Løvlien, Arne Pedersen, Adam Egede-Nissen, Jørgen Vogt, Johann Strand-Johansen, Johan Slåttelid, Leif Kreyberg, Olaf Bjerke, Just Lippestad og sist men ikkje minst, Peder Furubotn.

Topp hemmeleg

Oleg Naumov frå Den russiske statsarkiv for sosial og politisk historie heldt eit interessant innlegg om arkivet, og om Sovjetsamveldet si arkivforvalting i det heile. Kominternarkivet som i dag er tilgjengeleg i sin heilskap, var Komplekst arkiv fram til september 1991 totalt Komintern var ein stor byråkratisk sperra for innsyn. Berre 2 - 3 høgt tiltrudde arkivarar hadde organisasjon. Den hadde over tilgjenge til desse 150 ståande komitear og fleire hundre tilsette i administrasjonen mappene. i Moskva. Resultatet var eit svært Arkivforvaltinga omfattande og komplekst arkiv. Heile arkivregistret er no søkbart hadde i det heile ei høg stjerne på www.comintern-archives.com. I tillegg er ein del av dei viktgaste i Sovjetstaten. Store delar av dokumenta digitaliserte. den sentrale Arkivet er imponerende i sitt statlege omfang og kompleksitet. Hele arkivforvaltinga arkivet rommer 55 millioner stod under manuskriptsider på nesten 90 direkte leiing ulike språk. av KGB og etterretningsDatabasen inneheld 230 000 tenesta. I mapper, inkludert 93 000 dag sorterer personmapper. Deriblant fleire

Det finst ei mappe på ”sogningen” Peder Furubotn i Komintern-arkivet. Peder Furubotn, fødd i Brekke, Gulen 29.08.1890, var kommunist og ein av dei mest markante og omstridde leiarane i arbeidarrørsla i Noreg. I følgje Torgrim Titlestad var han ”kanskje Norges mest kontroversielle politiker på på 1900-tallet”. På 1930-talet var Furubotn medlem i presidiet i Komintern, og budde i Moskva 1930-1938. Furubotn døydde i 1975.

arkivforvaltinga (som i dei fleste vestlege land) under kulturdepartementet. Kjelder: - http://www.cominternonline.com/ - Torgrim Titlestad: ”Peder Furubotn”, i: Norsk biografisk leksikon, band 3, Oslo 2001.

Peder Furubotn (1890-1974). 19


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Fotohistorie

Av Arild Reppen

Fotografiet sine første år i Sogn og Fjordane - nokre utviklingstrekk

Det tok ikkje lang tid frå fotografiet første gong vart offentleggjort i Paris i 1839, til dei første bileta vart tekne i Norge. Alt i 1840 kunne Henrik Thøger Winther (1786-1851) syne fram dei første bileta frå Christiania.

Grodås i Hornindal 1895, teke frå Svor med gamle Svåraviknaustet i framgrunnen. Vidare fram i fjæra står Klemetnaustet og Ivanauste. Mildristova på øvresida av vegen. (Fotograf Jacob A. A. Kirkhorn, SFFf-1989020. 0008, eigar Synneve Lillestøl).

Dei første frå Sogn og Fjordane som vart portrettert fotografisk måtte reise til Bergen eller andre byar. Naturleg nok var det i byane dei første fotografane etablerte seg. Grunnen til det har med befolknings- og dermed kundegrunnlag å gjere. Det skulle enno ta nokre år før dei første fotografane etablerte seg i Sogn og Fjordane. I artikkelen her oppsummerer vi nokre av hovudtrekka i utviklinga den første tida, i eit lokalt perpektiv

Frå Paris til Vestlandet 1839 er rekna som fotografiet sitt fødselsår. Det året vart franskmannen Louis-Jaques Mandè Daguerre si oppfinning

fotograf i 1920 på 7833. Få eller ingen tettstadar i vårt distrikt kunne skilte med eit slikt kundegrunnlag. Folketalet i Flora kommune (etter dagens kommunegrense) år 1900 telde 5707 innbyggjarar. I Førde var talet 2913 innbyggjarar. Skulle ein livnære seg som fotograf med eit slikt befolkningsgrunnlag var det naudsynt å verke innanfor eit stort Daguerrotypiet hadde sin periode geografisk område. Fotografen Olai Fauske frå Førde skreiv i eit brev i fram til kring 1860. På den tida var det ingen etablerte fotografar i 1904 (lenge etter at daguerrotypiet Sogn og Fjordane, og difor heller var overteke av andre teknikkar) ingen ”Daguerrotypistar” frå vårt at ”Ved at reise forskjellige steder i fjordene (nemlig større steder) da fylke. Roger Erlandsen skriv i si der ikke i Naustdal eller i Førde var bok om fotografiet sine første noget større arbeide tror jeg at man hundre år i Norge at kunde gjøre forretning og stadig ”Det er typisk for denne første have arbeide.” fasen i fotografiyrkets historie at daguerrotypistene måtte besøke Historia om fotografane frå Sogn et relativt stort geografisk område og Fjordane tek til i overgangen for å kunne livnære seg. Grunnen mellom daguerrotypiet og nyare til dette var at Norge manglet tilstrekkelig store konsentrasjoner av teknikkar (utviklinga og utbreiinga de befolkningsgruppene som hadde av fotografiet har for ein stor del vore teknikkstyrd). Det finst mulighet til å kjøpe deres relativt dyre produkter.” Ei samanlikning av likevel ein del daguerrotypiar av personar frå fylket. Dei folketal illustrerer dette; I Oslo var gjennomsnittleg tal innbyggjarar pr. har reist til Bergen eller andre byar og blitt fotografert der. Fylkesarkivet har to Daguerrotypiar i samlingane. Den første daguerrotypisten på NordVestlandet var Claus Peter Knudsen. Han var fødd i Trondheim, men tok til som fotograf i Ålesund, der han er rekna som byen sin første og einaste daguerrotypist. Daguerrotypiet offentleggjord. Daguerrotypi er unike bilete. Av kvart finst det berre eitt eksemplar. Kunnskapen om den nye oppfinninga breidde seg raskt, og same året som oppfinninga vart offentleggjord i Paris gav Hans Thøger Winther det omtale i sitt Intelligensblad.

Ein tur til by’n

Den første tida måtte ein altså til Bergen (eller andre byar) for å verte fotografert. Det var vanleg å ordne dette når ein likevel hadde eit ærend i by’n. Kostnadane med fotografering var i byrjinga så høge at berre overklassen hadde høve til å la seg fotografere. Men prisfallet kom raskt, og alt i 1864 20


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

kunne ein kroppsarbeidar verte portrettert for ei dagsløn. Og når ein likevel var i by’n kunne det jo høve bra å ta med eit portrett av seg sjølv heim att.

Lars E. Brendefur (1855-1946) frå Eid var aktiv som fotograf i perioden ca. Omreisande fotografar 1873-1900. Gjekk i lære – dei første bileta frå i Ålesund. Sogn og Fjordane Fotograferinga Dei første fotografane som kom til var attårnæring for bonden fylket var omreisande fotografar. Lars, som og var Mellom desse var den kjende fotografen Knud Knudsen (omtalt ein særs dyktig i Kjelda nr.2/2003). Frå Knudsen spelemann. har vi mellom anna nokre tidlege Ola Rasmussen bilete frå Sogn i 1869 og 1872. Lid (1829-1879) Desse bileta er mellom dei frå Eid var aktiv første som eksisterer i frå Sogn i perioden ca. og Fjordane i det heile. Spesielt 1860-1879. Vi for desse bileta er at fleire av dei har ingen bilete syner bønder og fiskarar i arbeid (sjølv om bileta nok var oppstillt). etter denne fotografen. Seinare skulle landskapet overta Ola var først heilt som motivområde for dei gardbrukar, omreisande fotografane. Det var men slo seg seinare ned på først og fremst for turistnæringa Knudsen og dei andre fotograferte, Nordfjordeid som fotograf, og var ein av dei første fotografane der. og det var den ville og vakre naturen turistane var interessert i å Kanskje nokon av lesarane kjenner sjå på bileta. Av andre omreisande til bilete etter Ola Rasmussen Lid? fotografar som har fotografert i Sogn og Fjordane, er Axel Lindahl Thora Bentzen (1866-?) var ein av dei sentrale. Og ikkje minst fødd i Bergen og var søster av fotograf Hulda Bentzen (fotograf må vi nemne Jacob Kirkhorn, i Bergen). Thora gjekk truleg i som vart fødd i Hornindal og er rekna som den mest framtredande lære hjå søstera, og arbeidde ei tid på 1890-talet landskapsfotografen på i Førde. Ho Nordvestlandet. flytta seinare til Bergen. Dei første fotografane Vi har nokre etablerer seg bilete etter Kven som var aller først til å Hulda i arkivet, etablere seg som fotograf i fylket er men ingen ikkje heilt sikkert, men vi kjenner etter Thora. til ein del av fotografane som var Kjenner nokon først ute. Her presenterer vi eit lite av lesarane til utval, og bilete dei har teke. bilete av Thora Bentzen? Jakob Andreas Andersen Kirkhorn (1841-1908) var mellom dei Fotograffirmaet første frå fylket til å etablere seg ”Kahrs og som fotograf. Han var aktiv som Fasting”. Marie fotograf frå om lag 1860. Tok Kahrs og Elise først handelsutdanning i Bergen, Dorothea der han og vart utdanna til Fasting (1836fotograf. Han tok til som fotograf 1919) dreiv i Hornindal, og reiste mykje kring firmaet ”Kahrs i landet. I 1869 åpna han atelier i og Fasting” i Molde, der folketalet gav eit betre Vik i Sogn og grunnlag for verksemda. Firmaet perioden 1895har vore i uavbrote drift fram til i 1898. dag, og er såleis mellom dei eldste i fylket. Dette er eit lite

utval av fotografar som var blant dei første til å etablere fotografisk verksemd i vårt fylke. Det er ikkje eit komplett oversyn. Felles for mange av desse første fotografane i vårt distrikt var at fotograferinga var ei av fleire inntektskjelder. Dette heng direkte saman med at marknaden i fylket vårt, med små bygder og ingen store sentra, ikkje gav tilstrekkeleg grunnlag for å overleve på fotografering aleine.

SFFf-1988027. 0176, ukjent motiv, fotograf Lars E. Brendefur.

Til side 22

Inga og Johannes Tenold med guten Jon og dåpsbarnet Mari, 1896. Fotograf Marie Kahrs Wiese, SFFf-1988003. 0239, eigar Vik Lokalhistoriske Arkiv. 21


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Frå side 21 Til Høgre: Portrett av ukjent brudepar frå Gloppen. Fotograf er Helge Waldemarsen Lyslo. Biletet er i kabinettformat (ca.11x17cm), eit format som er noko større enn visittkortet (ca.6x10cm). Det fanst og større format.

Album med visittkort etter Jacob Aaland, Sandane. Grunna format og pris vart vivittkort populære samleobjekt, og særskilde album tilpassa formatet kom i handelen. Albuma var gjerne fint forseggjort, med lås og med innbinding i skinn med utsmykking.

Ola R. Lid var gardbrukar og fotograf, Christoffer Berg frå Florø arbeidde på kemnerkontor ved sidan av fotograferinga.

førde til at marknaden for fotografane auka sterkt, og det førde dermed og Og Per Engum frå Vik var til ei sterk auke livsforsikringsagent, kommisjonær i tal fotografar. for Algårds fabrukkar, styrar på Portrettbiblioteket, arbeidde på posthuset, fotograferinga og hadde hårklippemaskin! Dette var er berre nokre av dei mange livsgrunnlaget, som hadde fotografering som ryggraden, inntektsgrunnlag ved sidan av i fotografanna arbeid. verksemdene. Den gong som no. Tekniske nyvinningar

- fotografiet vert allemannseige

Som nemnt tidlegare i artikkelen, har teknologiske nyvinningar vore ein sterk pådrivar for utbreiinga av fotografiet. Med overgangen frå daguerrotypiar, som er unike eksemplar som ikkje kan kopierast, til negativar og kopieringsprosessar, kunne fotografi produserast i fleire eksemplar til ein rimeleg penge. Etter kvart kunne også ”vanlege” folk få sitt portrett teke. Det fotografiske visittkortet fekk ei sentral rolle i utbreiinga av fotografiet. Pris og utbreiing gjorde at det vart tilgjengeleg for ”alle”. Erlandsen skriv i si fotohistorie at ”Det fotografiske visittkortet var det enkeltprodukt som fikk størst konsekvenser for fotografyrket i forrige århundre.” Det fotografiske visittkortet vart fort eit populært produkt, som

Nokre hovudtrekk Igjen vil eg ta fram Erlandsen og hans standardverk om norsk fotografi si historie. ”Dersom man skulle formulere et hovedtrekk ved utviklingen innen fotografien i perioden fra 1850-årene til den første verdenskrig, måtte det bli at fotografene vokste frem som en yrkesgruppe, en profesjon.” Mens dette er ein hovudtendens generelt ser vi at utviklinga på vore kantar, på bygda, har fulgt eit litt anna mønster. ”Mens etableringen i byene tok til relativt tidlig og hang nøye sammen med introduksjonen

av det fotografiske visittkortet i første halvdel av 1860-årene, gikk utviklingen på landsbygden langsommere.” Vi ser altså at busetnadsmønsteret har hatt ein direkte og viktig innverknad på fotografiet si historie i vårt fylke. Utan folkegrunnlaget frå større sentra var ikkje tekniske nyvinningar nok til å etablere fotografyrket. Mange hadde fotografering som inntektsgrunnlag ved sidan av anna verksemd, og det var lenge vanleg å verte fotografert i samband med ein bytur. Kjelder: Roger Erlandsen – Pas nu paa! Nu tar jeg fra Hullet! – Om fotografiens første hundre år i Norge – 18391940. Susanne Bonge: - Eldre norske fotografer. Oddlaug Reiakvam – Bilderøyndom, røyndomsbilde.

22


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Frå fotoarkivet

Av Arild Reppen

Holvikjekta på Gloppefjorden Holvikjekta er eit kjend ”landemerke” for dei fleste med interesse for lokalhistorie i Nordfjord. Vi har ikkje mange bilete av jekta på fjorden - her er eit av dei sjeldne. Jekta er fotografert på fjorden på Sandane, med Ryssdalshorn i bakgrunnen, og nokre jenter i framgrunnen. Kven jentene er veit vi ikkje. Biletet er teke av E. J. Andersen frå ”Viking View Company” i Minneapolis, Minnesota i USA, i samband med kroninga av kong Haakon 8,6 meter breidde. Jekta VII i Nidarosdomen 1906. var mest nytta til å frakte tre og trelast. I dag er Prins Carl av Danmark Holvikjekta den siste av vart vald til norsk konge sitt slag som er att i Norge. av Stortinget den 18. november 1905. Originalen til biletet er ein stereoskopi. Stereoskopi Holvikjekta er bygd i er to bilete av samme 1881, og var i bruk fram motiv som er tekne med til 1906. Kring 1875 var to objektiv med om lag det om lag 30 slike jekter i samme avstand som Nordfjord, og Holvikjekta mellom auga våre. Ved var blant dei største med å betrakte desse to bileta sine 20 meter lengde og gjennom eit stereoskop,

eit enkelt instrument, vert resultatet eit bilete med ein tredimensjonal verknad. Stereoskopiet vart første gong vist i 1851, og vart i løpet av kort tid eit av dei første visuelle medier for masseunderhaldning.

SFFf-1994327. 0001. Biletet er utlånt av stiftinga nordfjordjekt.

23


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Minnesmerket

Av Hermund Kleppa

Vegminnestein i Standal, Flora kommune Minnesmerke-teigen denne gongen handlar om tre minnesmerke. Odd Standal i Florø har sendt oss opplysningar om ein eit hundre år gamal veg-minnestein i Standal, og Per Birger Lomheim på Hermansverk har fortalt om avdukinga av ein minnestein om ”norsk vegbygging” Tyin i haust. I Melhus i Sør Trøndelag vart det nyleg avduka eit minnesmerke over ein kapellan som gjorde mykje for bygda. Den same kapellanen vart seinare sokneprest i Eid.

Øvre Standal og Standalsvatnet. Biletet kan daterast til næraste åra etter 1905 på grunnlag av den tydelege, nybygde vegen (ferdig i 1905). (Foto: I Floraminne, 2001).

Førde, like vest for Eikefjord. Etter det eg kan skjøne, er dette stein dei har komme over under anleggsarbeidet, med ei form som har bydd seg fram til oppreising. Eg tykkjer det er kjekt at dagens vegbyggjarar har auge for slikt, og at sansen for merkesteinar er livs levande.

Eg fekk lyst å sende inn bilete av ein merkestein eg har vakse opp med. I hundre år har steinen stått i skiljet mellom Øvre og Nedre Standal i noverande Flora kommune. Bygda har to gardsnummer (103 og 104). Han Odd Standal, rektor på Florø vart reist då bygda fekk ny veg vidaregåande skule, har lagt merke tidleg på 1900-talet. Bygda var då til at veg-minnesmerke ikkje berre er ein del av Kinn kommune. Seinare av gamal dato. Standal skriv: vart det Bru, og så Flora. Talet nede på steinen er avstanden til Det er enno vanleg å markere neste stabbestein med innhogde grenser, både mellom fylke og tal. kommunar, med forseggjorde merke i ulike material. Vanlegast Steinen er om lag to meter høg er vel fargerike skilt av aluminium, og 40 cm brei. Eg kan hugse det men betong førekjem, og endåtil stod ein noko mindre stein av naturstein. Eg har lagt merke til same slaget nokre hundre meter at dei som byggjer veg, av og til lenger vest, men den er no borte. set opp bautaliknande steinar, Slike steinar er ikkje til minne t.d. langs vegen mellom Florø og om store menn eller ulukker. Dei

er tause vitne om folk som har hatt auge for form og glede over eige handelag. Maskinene gjer tungarbeidet i våre dagar, men steinfolk er steinfolk, no som før. Me hadde nokre spørsmål, - om steinen nokon gong har vorte nemnd med eige namn, om han i si tid hadde funksjon som merkestein i høve til vedlikehald den tida gardane var pålagde å halda bygdevegane i stand. Eg har hatt kontakt med Anton Holm ( 88 ), som voks opp nokre hundre meter frå denne steinen. Han minnest at han i barndommen leika mykje med ungane i huset som står tvers over vegen frå steinen, men han er sikker på at steinen aldri hadde noko namn. Han hugsar også at vedlikehaldet av bygdevegen låg på dei einskilde brukarane. Etter utskiftinga av innmarka i 1911 låg dei fleste eigedommane slik at kvar brukar åtte på begge sider av vegen. Vegen vart bygd i 1904, altså før utskiftinga. På den tida budde oppsitjarane i Øvre Standal i klyngetun, og vegvedlikehaldet må ha vore delt mellom brukarane etter eit anna system enn eigedomsgrenser. Eg meiner at eg i oppveksten såg fleire stabbesteinar med innhogne tal, men eg finn dei ikkje att no. Steinen står som sagt i skiljet mellom dei to gardane ( Øvre og Nedre Standal). Det kan vere nærliggjande å tru at den markerte grensa for kor langt oppsitjarane på dei to gardane hadde vedlikehaldsplikt. - Når eg får god tid, vil eg studere dette emnet vidare. Standal og alle andre som gjev seg i kast med veghistoriske spørsmål, har mange stader å gå

Me ønskjer opplysningar om minnesteinar! Kontakt Hermund Kleppa, tlf. 57 65 64 02. Epost: hermund.kleppa@sf-f.kommune.no 24


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

for å finna opplysningar. Nedanfor nemner me tre: kommunearkiva, trykte fylkestingsforhandlingar og vegvesenet sitt arkiv på Hermansverk.

Kommunearkiva Vegsaker har alltid vore gjengangarar på kommunestyra sine saklister. Både i møtebøkene og saksarkivet til kommunestyret/ formannskapet finst det veghistorie. Veg til Standal stod t.d. på saklista til Kinn kommunestyre 6. mars 1884, (og fleire gonger seinare). I møteboka er innført: Skrivelse fra Mads H. Standal, hvori Herredsstyrelsen anmodes om at bidrage til Anlæg af en Vei fra Søen til Øvre-Standal. Enstemmig besluttedes: Herredstyrelsen anser det ønskeligt om Opsidderne i Øvre-Standal kunde faa oparbeidet vei, og maa derfor anmode Veistyrelsen om at lade Strækningen fra Søen til Øvre Standal undersøge, samt fremkomme med en Kalkyle over Veianlægget beregnet efter en 3 Alens Bredde.

trengst ein kortare strekning frå sjøen opp til ”plataaet” Standalsvatnet ligg på. Den lengste delen av vegen vil få liten eller ingen stigning. Garden Standal har 12 oppsitjarar med samla matrikkelskyld 24 Mark. Utan veg har dei ”besværlig adkomst til Søen.” Amtsingeniøren rådde til amtstilskot fordelt over 5 år.

Vegvesenet sitt arkiv på Hermansverk

Det eldre arkivet frå den statlege vegadminstrasjonen i Sogn og Fjordane er oppbevart hjå Statens Vegvesen, Region Vest, distrikt 6, på Hermansverk. Det tok si tid å få vegen bygd. Sak Arkivet er ordna og katalogisert 13, 31.10.1905: av folk frå Statsarkivet i Bergen. Skrivelse fra de af herredsstyrelsen Avdelingsingeniør Per Birger valgte kommite D.S. Langeland Lomheim er veghistorikaren og Andreas A. Standal om paa på huset. Han har dessutan kommunens vegn at besigtige det hand om ei omfattande samling oparbeidede veistykke fra Øvre Standal og nedover. Kommiteen fant veghistoriske foto av nyare dato. at veien var (efter beste skjøn) i den Eg var på besøk for å høyra og stand at kommunen bør overtage sjå kva han har i arkivet om vedligeholdet. vegen Standal-Sjøen. Lomheim Merknad: Vegen var ikkje heilt fann fram ei særs innhaldsrik ferdig i 1905. omslagsmappe og litt til! Eg kunne bla i profilar som viser Trykte fylkestingsbåde lengdesnitt og tverrsnitt, forhandlingar ja, som nesten viser vegen meter Dei offentlege vegprosjekta gjekk for meter, og eg kunne studera ofte over lang tid og var innom brev og ”skrivelser” av mange fleire instansar. Amtsingeniøren slag: om planar og prosjektering, førebudde vegprosjekta til om finansieringa, om arbeidet og handsaming i amtstinget, og arbeidarane, og mykje meir. vegsakene er tekne med i dei Eg noterte meg at veganlegget årlege trykte fylkestingsforhandli vart utsett i fleire år. Stikkinga ngane. vart fyrst ordna hausten 1901, og arbeidet på akkord 1, lengst inne, Standalsvegen stod på saklista tok til den 24. april 1902. G.M. til amtstinget i 1895 (og fleire Hjelmeland (frå Ytre Hjelmeland gonger seinare). Av referatet går i Gaular) var oppsynsmann det fram at amtsingeniør Borch (og flittig brevskrivar). Mads har førebudd saka. Det vert vist H. Standal hadde ansvaret for til kontrakt med oppsitjarane vegrekneskapet. om deira ytingar. Vegen er Midtsommars 1904 var dei kostnadsrekna til kr. 3.646. Det ferdige til og med akkord

25. Hausten 1905 overtok kommunen vedlikehaldet på det stykket av vegen som då var ferdig, og 15. desember 1906 skreiv oppsynsmann Hjelmeland fylgjande i brev til amtsingeniøren: I kveld har jeg den fornøielse at meddele Dere, at veianlegget Øvre Standal - Søen i Kinn, er idag færdigbygget, og Overgruset fra Pæl 254 til dets ende som er Pæl 364. regnskabet skal blive sent fra mit hjem, over samme, naar jeg faar det færdigt. nat reiser jeg herfra og hjem. Alt vel. Alt vel, - så lenge det varde. Den 8. januar 1907 gjorde ein elveflaum skade på det nordre karet i Standals bro. Hjelmeland vart beden om å reisa og sjå på skaden og rapportera til amtsingeniøren. Om flaumen står det:

Denne vegsteinen, med årstalet 1904 og talet 230, står i skiljet mellom gardane Øvre og Nedre Standal, ca 1 km frå sjøen eller kaia i Standalsvika. Årstalet kan stå for at vegen var ferdig hit frå øvst i dalen i 1904. Det andre talet kanskje for akkordnummer 230. Eller - kan det tenkjast andre forklaringar? (Foto: Odd Standal).

Den ovenomskrevne Vandflom, havde vist været forfærdelig stor, ja gamle mænder siger at Dem ikke har set end saa stor Flom i sin tid her. Til side 26

25


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Minnesmerket

Vegminnestein på Tyin Fredag 3. september vart ein ”bauta” avduka på Tyin. Minnesmerket står på parkeringsplassen ved Tyin Fjellstue. På steinen står innhogge:

På eine sida står namna CARL JOHAN * HUGO og HALFDAN PEDERSEN (Ingeniørar i Krag-perioden).

NORSK VEGBYGGING Deretter: Til heder for alle * som var med og bygget ut * høyfjellsvegene * under vegdirektør * Hans Hagerup Krag

I ein omtale i bladet Valdres, 4.9 går det fram at minnesmerket slett ikkje er reist til heider for alle som var med og bygde høgfjellsvegane, men til heider for ingeniørane. Elles er opplyst at minnesmerket er designa av Erik Brand Olimb, som også leia prosjektet på vegner av Bautautvalet i Tekna.

Nede: Reist i 2004 og ein logo og Tekna (Tekna står for TekniskNaturvitenskaplig forening, tidlegare Norske sivilingeniørers forening).

Me legg til at Hans Hagerup Krag (1829-1907) var vegdirektør i perioden 1874-1903. Han søkte då avskjed etter meir enn 50 års teneste i vegvesenet. Krag er best kjend for vegen frå Telemark til Røldal og Odda over Haukelifjell. Omlegging av vegen over Filefjell Til venstre: den nye vegminnestein skjedde i Krag sin vegdirektørpå Tyin vart avduka 3. september periode. 2004. (Foto: Per Birger Lomheim).

Sokneprest i Eid på minnestein i Melhus Presten Niels Nielsen Dahl (1806-1854), sokneprest i Eid 1851-1854, ligg gravlagd ved Eid kyrkje. På grava står eit vakkert gravminne ”sat af hans sørgende menighed i Eids Præstegjæld.” No er den same presten heidra med eit

4

Tre sentrale personar i arbeidet med å reisa minnesmerket over Melhus-presten (og Eidpresten) Niels Nielsen Dahl: frå venstre bilethoggar Kristofer Leirdal, Erik Tofte (nestformann i Melhus Historielag) og Arnfinn Melbye. (Melbye sende ei tid etter avdukinga eit omfattande dokumentasjonsmateriale til Fylkesarkivet.) På minnesmerket står det skrive: Niels N. Dahl * Kapellan * Ordfører * Stortingsmann * Foregangsmannen * som førte Melhus * inn i en ny tid * Han fikk realisert * Gimse bru * Melhus Sparebank * Allmueboksamling * Melhus Brannkasse. 26


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Gaute Losnegård

Basar til inntekt for islandsmåleriet I dei førre nummera av ”Kjelda” har Hermund Kleppa hatt nokre artiklar om innsamling av pengar til måleri til Island i 1874. Noreg er eit lite land, og om ein driv på med fleire prosjekt parallelt, vil ein stadig finne kryssande spor. Underteikna skal vere medforfattar for ei bok om utvandringa frå Noreg til Island som skal kome neste år. I tillegg arbeider eg med bygdebok for Jondal kommune i Hardanger. I samband med det siste held eg på å gjennomgå lokalaviser for Hardanger mot slutten av 1800-talet. Lokalavisene for 130 år sidan var mindre lokale enn i dag. I avisa ”Hardangeren” er feiringa på Thingvellir i 1874 fyldig omtala så vel som arbeidet med Islandsmåleriet. I juni 1875 vart det skipa til ein basar i Førde til inntekt for dette måleriet, og det ser ut til at bidragsytarar frå store delar av Vestlandet har vore involvert. I ”Hardangeren” nr. 25/1875 er arrangementet skildra slik: Basaren i Førde til Indtægt for Islandsmaleriet fra Dale løb over al Forventning heldigt af. Der indkom

omkring halvandet hundrede forskjellige Sager, for største Delen fine og smagfulde Kvindearbeider, som vilde have gjort Lykke paa det mest udsøgte Marked, medens vi her paa Landsbygden neppe turde ventet slig Afsætning, som de dog fik. De fleste Ting var her fra Amtet, men ikke faa fra Bergens By og ellers lige fra Moss og Namsos. Pigeskolerne i ”selve Dale” og Ullensvang i Hardanger var rigt og fagert representærede, den sidste ved et straalende Hardangerliv, som ved Lodtrækning blev udbragt til henimod 10 Spd. En og anden Bondegjente glædede os ogsaa ellers ved i Gjerning at vise Tanken sin Deltagelse, ligesom vi føler en særegen Trang til at ihukomme ”Søster Halldis” for hendes ”pittoreske” og morsomme Bidrag. Det kontante Nettoudbytte udgjør 110 Spd., som er indsat i Førde Sparebank. En liden, endnu usolgt Rest vil senere paa tjenligste Maade søges realiseret. De mange ”kjære Søstre”, der saa venligt imødekom vor tillidsfulde Opfordring, tilligemed alle de, som paa anden Vis har medvirket til det gode Udfald, modtage vor hjertelige Tak! Bazarkomiteen At biletet skulle kome frå ”selve Dale”, har nok samanheng med Nikka Vonen sin jenteskule

minnesmerke til, på Melhus i Sør Trøndelag.

banken i Nordfjord, Nordfjords Sparebank (1853).

Niels Nielsen Dahl døydde 21. juli 1854 kort tid etter at han hadde måtta søkja avskil på grunn av sjukdom. Denne presten Dahl var ingen kven som helst. Han kom frå Melhus, der han i 13 år utanom prestetenesta som kapellan, også hadde engasjert seg sterkt i den verdslege vingarden. Han vart seinare kjend som presten knytta til fire store B-tiltak: Bru over Gaula, Bygdebrannkasse, Bank og Bibliotek. I den korte tida si på Eid var han også innom ein slik b, - han var med og skipa den fyrste

Dahl-minnesmerket i Melhus vart avduka laurdag 4. september 2004. På den kring tre meter høge steinen er festa to tekstplater og eit relieff laga av bilethoggaren Kristofer Leirdal, kjend for ei rekkje arbeid, mellom anna i Nidarosdomen. Lærar og lokalhistorikar Arnfinn Melbye (85) har i mange år interessert seg for presten og samfunnsbyggjaren Niels Dahl, og nå var det Melhus Historielag som tok på seg oppgåva med å få reisa han eit minnesmerke.

der. Sannsynlegvis er det ho som står bak tanken om at Ingolf kom derifrå – bygda Rivedal fekk ikkje ”opphavsretten” før i 1950-åra. Både ho og målaren Anders Askevold var medlemmer av Vestmannalaget, eit nasjonalt inspirert mållag i Bergen som engasjerte seg i kontaktar til Island. Mykje truleg er det her ideen kom opp om å skaffe til veges eit måleri i gåve til islendingane. Då var det naturleg at dalsfjordingen Anders Askevold tok på seg oppgåva med å måle det. Gaute Losnegård er historikar. glosnega@start.no

Nytt frå

Musikkavdelinga Musikkavdelinga har motteke arkivmateriale etter spelemann Lars Fjell frå Jølster og korpsarrangør Arne Torskangerpoll frå Vågsøy. Fylkesarkivet takkar for avleveringane og oppmodar samstundes andre til å ta kontakt med oss dersom dei sit på notesamlingar, songtekstar, lydopptak, filmopptak, video, eller anna materiale knytt til musikk og dans i fylket som bør sikrast for framtida.

Ein av Lars Fjell sine komposisjonar som no er avlevert til Fylkesarkivet: ”Liv-Marsen”.

27


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Litteratur

Av Karianne Schmidt Vindenes

’Kathe, alltid vært i Norge’ ”Alltid vært i Norge” var setninga som fanga forfattar Espen Søbye. Setninga var skriven av Kathe Lasnink, ei jente på 15 år, som svar på eit spørsmål i ”Spørreskjema for Jøder i Norge”. Skjemaet var fylt ut 16. november 1942, 10 dagar før Kathe Lasnik vart arrestert saman med mora og eine søstera si og deportert til Auschwitz. Espen Søbye har i boka Kathe, alltid vært i Noreg, fortalt historia om denne jenta og familien hennar som kom som flyktningar til Noreg frå Litauen i datidas Russland i 1908. Det er i hovudsak to grunnar til at eg vel å omtale denne boka her i Kjelda. For det første fortel Søbye ei spennande og viktig historie. For det andre er det forfattaren sin bruk av kjeldemateriale som gjer denne boka heilt spesiell. Historia om familien Lasnik er på mange måtar historia til ein stor del av befolkninga som levde i Oslo på denne tida. Boka fortel

om skulekvardag, arbeidsliv, heim og fritid. Delar av historia er på den andre sida unik for den jødiske befolkninga. Boka fortel om haldningar til jødane elles i samfunnet, arbeidskonfliktar som skuldast etniske spenningar og sjølvsagt den tyske invasjonen i 1940 med konfiskering av jødane sine eigedelar, korleis fleire flykta til Sverige og sjølvsagt den store arrestasjonen av jødar 26. november 1942. Søbye nytta som sagt historiske kjelder for å skrive denne boka. Han nytta både offentlege kjelder som folketeljingar, skulearkiv, likningsprotokollar 28

og jødekartotek, private kjelder som minnedagbøker og munnlege kjelder, mellom anna fleire skuleveninner av Kathe. Gjennom kjeldene har forfattaren funne informasjon for å kunne fortelje historia om Kathe og hennar familie. Samstundes gjev han eit bilete av heile samfunnet i perioden 1908 til 1942.


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Den 9. oktober 2002 heldt sogelaga, kulturkontoret og Fylkesarkivet eit kurs om stadnamn på Fjordstova i Luster. Det var Per-Arvid Hauge i Luster sogelag som tok initiativet til å ta oppatt arbeidet med stadnamninnsamling i Luster. Kvart av sogelaga valde seg ein stadnamnansvarleg og desse tre utgjer ei arbeidsgruppe som står for organisering av arbeidet:

Frå side 17

Stadnamntur med Luster sogelag (framhald frå s. 17)

Luster sogelag: Per Arvid Hauge Jostedalen historielag: Kristen Ormberg Hafslo sogelag: Anders Kvalen Kultursjef Erling Bjørnetun samordnar arbeidet og står for kontakten med Fylkesarkivet. Stadnamngruppa har som målsetjing både å skape aktivitet som er knytt til stadnamn og å komplettere kommunen si innsamling av stadnamn. Fylkesarkivet vil digitalisere materialet, syte for vitskapleg handsaming og legge innsamlinga ut på nettet etterkvart som kartblada blir ferdig handsama frå sogelaga og kommunen si side. Luster er ein stor og vidstrekt kommune med eit areal på heile 2702 km2. Under innsamlingsaksjonen i 1985/86 blei det samla inn 9 702 stadnamn - men dette dekkjer langt frå heile kommunen. Truleg vil Luster kommune bli den kommunen i fylket som får flest innsamla stadnamn av alle dei 26 kommunane. Sogelaga vil no prøve å få alle stadnamna i kommunen nedskrivne på lister og kart og med lydopptak av uttalen. Fylkesarkivet ynskjer dei lukke til med arbeidet og ser fram til å få digitalisere materialet og leggje det ut på Internett til bruk for alle interesserte. Kjelder: - Informantar på turen til Luster sogelag - Øvregard, Kåre: Stølar og stølsliv i Luster kommune. Skald 1999. - Øyane, Lars: Gards- og ættesoge for Luster kommune, IV Gaupne sokn. 1991 - http://www.luster.kommune.no Oppslag den 25.10.2004.

Staden der ordførarane blei intervjua blei namnsett. Plassen i vegkanten har ikkje noko namn frå før, det har sogelaga undersøkt. Etter denne ordførarsamlinga skal han heite ”Ordførarsete”. Etter intervjuet blei namneplata høgtideleg avduka. Det var dagens ordførar Torodd Urnes som fekk æra av å avduka namneskiltet. Frå venstre ser vi kultursjef Erling Bjørnetun, Torodd Urnes, Knut P. Nes, Kåre Øvregard, Ernst Veum Jan A. Haugen. De ser og det enkle, transportable lydanlegget som gjorde til at alle deltakarane på turen fekk høyra det som blei sagt på ein framifrå måte. (Foto: Jan Reidar Njøs). Til høgre: Framme på Råum, gardsnummer 73 bruksnummer 1, blei vi møtt av ein svært velstelt hage som fløymer over av blomar. Her er det frodige fuksier planta i gamle sinkbøtter. Husa har takheller frå eit helleberg innom garden. Her ser vi over Gaupnefjorden til den karakteristiske fjelltoppen Molden. Lars E. Øyane kjem i bygdeboka for Gaupne sokn med fleire mogelege tolkingar av gardsnamnet Råum. Gardstuna ligg høgt over fjorden, knappe 400 m.o.h. Matrikkelgarden har vore oppdelt i sju bruk, og på det meste

var det fem husmannsplassar. Plassane blei nedlagde på slutten av 1800-talet og dei fleste av husmannsfolket reiste til Amerika. (Foto: RME). 29


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Litteratur

Av Randi Melvær

Litteratur til Fylkesarkivet, november 2003 - oktober 2004 Det er no lenge sidan vi har presentert tilveksten vår av lokalhistorisk litteratur i Kjelda. Sist vi hadde med eit oversyn var i Kjelda 3-2003 (s. 32), der vi hadde med bøker til og med oktober 2003. I dette nummeret held vi fram med boklista frå november 2003 til og med oktober 2004. November 2003

• Starheim, Ottar: Tunge tak : historia om

godstransporten i Sogn og Fjordane. Selja forlag 2003. 176 s. • Bondevik, Jarle: Stadnamn frå Sogndal : hovudfagsoppgåve i nordisk. Bergen 1961. 223 s. • Dvergsdal, Daniel: Stadnamn frå Jølster : hovudoppgåve til historisk-filosofisk embetseksamen 1949. Bergen 211 s.

Desember 2003

• Løvlid, Unne: ”Ein song etter ... ” : hovudfag

i utøving med fordypingsemne ved Norges Musikkhøgskole 2002. 81 s. • Sogeskrift for Naustdal 2003. Skriftstyre: Harald Jarl Runde, Leif Slettehaug, Torleiv Førland. Naustdal sogelag. 62 s. • Flokenes, Kåre: Stadnamn frå sør-vestre delen av Vevring herad : hovudoppgåve i norsk til historiskfilosofisk embetseksamen. Bergen 1961. 133 s. • Måløy : brua og byen ; av Ottar Starheim og Terje Sølvberg. Måløybrua as 2003. 199 s. • Toft, Malvin: Havet tok : 78 forlis og skipsulukker i Sogn og Fjordane. Selja forlag 2003.

Januar 2004

• Bruaset, Oddgeir: Eg bur oppå ein plass - i Sogn.

Genesis 2003. 197 s. • Øvregard, Kåre: Leirdalen - ei perle i Luster : jordbruksbygda, storflaumane frå Brimkjelen, Vassdragsutbygginga. Eige forlag 2003. 105 s. • Bondevik, Jarle: Og ordet vart nynorsk : soga åt den nynorske Bibelen. Norsk bokreidingslag 2003. 144 s. • Rakkenes, Øystein: Himmelfolket : en norsk høvding i Zululand. Cappelen 2003. 319 s. • Skrivervik, Anna: Tilbakeblikk. Eige forlag 2003. 132 s. • Kristiansen, Arne: I livets huskestue. Eige forlag 2003. 182 s. • Solund sogeskrift : år 2003. Solund sogelag 2003. 199 s. • Fet, Jostein: Skrivande bønder : skriftkultur på Nord-Vestlandet

Oversikt over litteratur som er komen til Fylkesarkivet. Send oss bøker, skrifter og hefte som blir utgjevne i Sogn og Fjordane, eller som omhandlar fylket. Denne litteraturen er tilgjengeleg på lesesalen til Fylkesarkivet. Kontakt Randi Melvær, tlf. 57 65 64 00. Epost: randi.melvar@sf-f.kommune.no 30

1600-1850. Samlaget 2003. 435 s.

Februar 2004

• Sogndal

helselag 100 år : 1903-2003. 65 s. • Bondeliv ; av Jacob K. Førde og Bjørn Grov. Eige forlag 2003. 129 s. • Bjørnarheim, Rolf: Historieglimt. Eige forlag 2003. 146 s. • Kroken, Jacob: Solveigsæter-sagnet i versform av J.K. Eige forlag 1929. 7 s. • Furnes, Hallgeir: Planskisse for 9-årig skole i Sogn og Fjordane. Skoledirektørembetet 1963. 75 s.

Mars 2004

• Torvanger, Magnus Helge: 101 fjordabåtar :

fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 18582000. Selja 2000. 303 s. • Indrelid, Svein: Soga om Flåm band 1 : bygdi. Aurland sogelag 2003. 283 s.

April 2004

• Foreningen til motarbeidelse av

omstreifervæsenet: Omstreifermissionen 19181921 : treaarsberetning ; ved Ingvald B. Carlsen. Kristiania 1922. 48 s. • Varehandel i Kyst-Norge: Ingolf Austgulen 2003. 95 s. • Hafsloalbumet II : skule, moral og fritid i gamle Hafslo kommune ; av Susanna Lomheim Solem, Johannes og Olav Kjell Lomheim. Eige forlag 2003. 141 s.

Mai 2004

• Barstad, H.J.: Bergenhusingerne i felten 1808-

1811. 2 band. • Timberlid, Rune: Priseld. Selja forlag 2004. 252 s. • Nord-Vestlandet - liv laga? Red: Gammelsæter, Bukve og Løseth. Sunnmørsposten forlag 2004. 276 s.

Juni 2004

• Sogeskrift frå Hyllestad. Hyllestad sogelag 2003

87 s. • Vik kommune : stadnamn. Fylkesarkivet 2003. 303 s. • Flora-minne. Flora historielag årsskrift 2003. 80 s. • Tveit, Norvald: Ein vestnorsk stat. Skald forlag 2003. 172 s. • Grønskag, Ole Johan: (Filantropicana) Skald forlag 2003. 130 s. • Ord etter ord : heidersskrift til Oddvar Nes ... Norsk bokreidingslag 1998. 280 s. • Hopperstad family tree. Red. Alnora Albertson. 1987?


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

• Ness, Atle: Fjaler : gards- og ættesoge. Band A og • Hornnes, Ingvald: ”Hjelp oss å B blir ført fram til 2003. Fjaler sogelag 2003. • Hans Gjesme : landskap og portrett. Sogn og Fjordane kunstmuseum - Gjesmegalleriet. Skald forlag 2004. • Fjordenes blad (1874-1920) mikroform. Mikrofilmkopi frå NBR 2004. • Fjordabladet (1920-1971) mikroform. Mikrofilmkopi frå NBR 2004. • Fjaler 2003. Fjaler sogelag. 55 s. • Bratager, Laura Ringdal: Over hav og land : ...pionerliv i Minneapolis ... 1925. • Bratager, Laura Ringdal: Digte og Smaafortællinger. 1918. • Jørgensen, Johannes: Davids falne hytte. H.N.Hauges venner 1948. 71 s. • Norsk innvandringshistorie. Red. Knut Kjelstadli. Pax 2003. 3 band. • Stolte bønder <i Fjordfylket>. Landbruksselskapet 2004. 63 s. • Lotsberg, Johanne: Gamle Lotsberg og bygda i helg og sykn. Eige forlag, år? 78 s.

hjelpe” : Sogn og Fjordane røde kors i 50 år. Førde 1998. 132 s.

Juli 2004

• Lidele galen lidele god : norsk

vokalmusikk samlet og redigert av Siri Haukenes og Sylvi Kielland. Norsk musikkforlag 2001. 192 s. Boka inneheld fleire songar frå Sogn og Fjordane. • Sogn og Fjordane teater - 10 år fjordalangs. Red: Rolf Losnegård og Henning Rivedal. 1987. • Audun Hugleiksson : frå kongens råd til galgen ; Yngve Nedrebø et.al. Selja 2002. 191 s.

Oktober 2004

• Hjelmervik, Inger Thorun:

Kjerringkavet : fiskarkvinner i Sogn og Fjordane fortel. Selja forlag 2004. 143 s. • Hegge, Per Egil og Ulland, Leif Arne: Det var i 1905... Andresen & Butenschøn 2004. 118 s.

Bort med Petter Smart’ane

Frå side 2

(framhald frå side 2)

Når eit lokalt sogelag vil samla inn foto eller stadnamn, overlet dei gjerne til ein fingerferdig student eller son til eit styremedlem å utvikla ein database. Rutinar for registrering vert utvikla så lokalt og så fantasifullt at det for ettertida har mest ingen verdi.

Det er svært viktig at heile kultursektoren samordnar seg på ein meir profesjonell måte. Faginstitusjonar må og i større grad tilby lag, organisasjonar, kommunar og andre som ynskjer å gjera ein innsats, løysingar som er fagleg gode og som samsvarar med faglege stadardar. Den Det er ikkje noko teknologisk i teknologiske infrastrukturen til vegen for at me i dag kunne ha arkiv og museum må løftast frå ein felles stadnamndatabase for roteloftet til morgondagen. Det heile landet eller i alle fall ein felles er ikkje enkelt å samordna 5-10 måte å løysa like oppgåver på . Petter Smart databasar for foto Ein slik base kunne utviklast i eit breitt samarbeid og ville verta ein fantastisk reiskap for både verneinteresser og brukarar. Stoda er slett ikkje slik. Sentrale fagmiljø kan ikkje semjast om felles faglege løysingar. Lokalt veks det fram Petter Smart-løysingar.

eller stadnamn til ei samla teneste. Ofte er meirarbeidet så stort at ein kan gjera oppgåva på nytt. Det kviler og eit ansvar på alle som løyver midlar. Når det gjeld teknologisk infrastruktur og strategisk tenking er kanskje kultursektoren den svakaste eleven i klassen i dag. Dette er meir enn underleg då alle nikkar og er samde om at nett ny teknologi kan få kulturinstitusjonane sine tenester ut til eit breiare publikum.

Mikrofilmlesar med kopifunksjon På Fylkesarkivet sin lesesal har vi no fått oss ein mikrofilmlesar med kopifunksjon. Dette er ein Minolta MS6000. Den er grei å bruke dersom ein ynskjer kopi av ei side frå ei kyrkjebok, ei folketeljing eller ei mikrofilma lokalavis. Lesesalen er open tysdagfredag kl. 9-15. Randi Melvær

Fylkesarkivet er i ferd med å byggja opp ein amerikaportal på Internett. Nettstaden er mynta på amerikanarar med røter attende til Sogn og Fjordane. Alt stoff i engelsk språkdrakt. Føremålet med nettstaden er å betra og styrka kontakten med etterkomarane etter dei som utvandra frå fylket. Gjennom denne kontakten vil me og freista få tak i meir informasjon om dei som utvandra, som t.d. amerikabrev, ymse dokument, avisutklypp, bilete, og liknande. Folk her i fylket oppmodar me på lik vis om om å senda oss informasjon om dei som utvandra til Amerika. Me vil koma attende med meir om amerikaportalen i komande nummer av Kjelda. Adressa til nettstaden: www. emigration.no 31


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Karianne Schmidt Vindenes

Unionsoppløysinga i 1905 Storthinget har i dag fattet følgende Beslutning:

Medlemmerne af det i dag aftraadte Statsraad til indtil videre som den noske regjering at udøve Da Statsraadets samtlige den Kongen tillagte Myndighet i Medlemmer har nedlagt sine Overensstemmelse med Norges Riges Embeder, da Hans Majestæt Grunlov og gjædende Love – med Kongen har erklæret sig ude af de Ændringer, som nødvendiggjøres Stand til at skaffe Landet en ny derved, at Foreningen med Sverige Regjering, og da den konstitutionelle under én Konge er opløst som Følge Kongemagt saaledes er traadt ud af af, at Kongen har ophørt at fungere Virksomhed, bemyndiger Storthinget som norsk Konge.

Statsraadets Medlemmer har derefter overtaget det dem af Storthinget overdragne Hverv. Hvilket herved meddeles til Underretning for Hr. Amtmanden og videre kundgjørelse for samtlige i Deres Distrikt ansatte affentlige civile Embeds- og Bestillingsmænd, og hvoretter alle Vedkommende har at rette sig. Rundskriv frå Det kongelige Justits- og Politidepartement, datert 7. juni 1905 Oppspelet til vedtaket i Stortinget 7. juni 1905 var at Kong Oscar II, norsk og svensk konge hadde nekta å godta konsulatlova som Stortinget hadde vedteke i mai 1905. I Statsråd på Stockholms slott 27. mai 2005 brukte kongen sin vetorett og nekta å sanksjonere lova. Den norske regjering svarte ved at alle statsrådane leverte førehandsskrivne avskjedssøknader. Kongen ville ikkje invilge avskjedssøknadene og begrunna det med at han ikkje kunne danne nokon annan regjering. Stortinget definerte hendingane ved statsrådet slik at kongen hadde avsatt seg sjølv sidan han ikkje var i stand til å skaffe landet ei ny regjering Det var dramatiske dagar i Oslo og Stockholm i mai og juni 1905, men konfliktane og dramatikken kring unionen var ikkje så avgrensa verken tidsmessig eller geografisk. I Fjordenes blad kunne ein 8. mars 1905 lese at ”der raaded paa hele festen en sterk national stemning.” 24. juni kunne ein i same avisa lese eit stykke som mellom anna handla om møtet mellom svenske fiskarar og normenn i Måløy. ”Under flagstriden i 90-aarene, men helst nu under konflikten de sidste to maaneder, er det ofte kommet til ”plitiske diskussioner”. Gjennomgaaende har kystalmuen i Sverige liden eller ingen rede paa politikk. Den ved ikke betingelserne for stemmeret, og

32


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

en stor del kjender ikke til, om de selv har stemmeret. En ting har de dog rede paa, nemlig at ”Norge ligger under Sverige”.” Polistiske diskusjonar og eit nasjonalt engasjement var ikkje avgrensa til politkarar eller til hovudstaden. Etter at Stortinget hadde vedteke at ”Foreningen med Sverige under én Konge” var oppløyst, skulle det norske folk få seie si meining om saka gjennom ei folkerøysting. 13. august 1905 var folkerøystinga halde, og folket skulle seie ”ja” eller ”nei” til oppløysinga av unionen. Resultatet av folkerøystinga viste at folket var einige med politikarane sine. Ikkje berre var det eit stort flertal som hadde sagt ”ja” til oppløysinga av unionen, også deltakinga i folkerøystinga var særdeles høg. Også i Sogn og Fjordane var det stor oppslutning om folkerøystinga. I Sogns Tidende si omlale av folkerøystinga kunne ein 18. august lese at ”Fraa Solvorn og Ornes kom dei i festtog med fleire flagg, liksom ogso Hafslo var pryda med mange væne flagg. Det var ei høgtid som aldri gløymast.”

tilgjengelege på Internett gjennom Kulturhistoriskt Atlas og Leksikon på heimesidene til Fylkesarkivet. Vi vil skrive ein artikkel for kvar kommune der vi mellom anna ser på kommunen i 1905 samanlikna med i dag, folkerøystingane lokalt, sentrale personar i kommunane og hendingar knytt til 1905 i den einskilde kommune.

Kjeldemateriale knytt til 1905 vil vere ein sentral del i 1905-pakkane. Fylkesarkivet vil avfotografere arkivmateriale slik at ein får tilgang til Fylkesarkivet har, som Sogns orginaldokument Tidende, eit ynskje om at denne på Internett. høgtida aldri skal gløymast. I 2005 Fordi det kan vere vanskeleg å lese er det 100 år sidan oppløysinga av skrifta på nokre av dokumenta, vil unionen. 1905 vert markert både vi også gjere avskrifter av kjeldene nasjonalt og lokalt. Fylkesarkivet tilgjengeg. vil med det vi har kalla ”1905pakkar” til kommunane i fylket Gjennom artiklane vil ein få bidra til dei lokale markeringane tilgang til lokalt kjeldemateriale av 1905. 1905-pakkane vil vere som kan nyttast i vidare arbeid

Innhald 1905-stoffet På 1905-sidene finn du desse oppslaga: Unionsoppløysinga i 1905 Unionsoppløysinga i 1905 - viktige datoar Konsulatsaka mellom Norge og Sverige Folkerøystingane i 1905 Røysterett i 1905 Korleis folkerøystingane skulle gjennomførast Om oppteljinga av røystene Valsokn og røystestader Resultata av folkerøystingane Unionsrøystinga i Nordre Bergenhus Amt Kongevalet i Nordre Bergenhus Amt Tabellar Kvinneunderskriftaksjonen i 1905 Kvinneunderskriftaksjonen i Sogn og Fjordane Avisene i Sogn og Fjordane i 1905 Litteratur om 1905 Stemningsrapport frå året 1905. Karl Gåta si dagbok Intervju med Arne M. Sølvberg Kongeskiftet i kyrkjebøna og på frimerka Lodalsulukka i 1905

s. s. s. s. s. s. s. s. s. s. s. s. s. s. s. s. s. s. s. s.

32 34 36 38 38 39 41 43 46 48 49 50 52 53 56 57 58 62 65 66

med 1905 lokalt. Det er viktig å understreke at artiklane og kjeldematerialet knytt til 1905 vil vere tilgjengeleg på Internett også etter jubileumsåret 2005. Skulane kan difor nytte seg av kjeldene kvar gong 1905 står sentralt i undervisninga.

Kong Oscar 2. (Foto: L. Szacinski. Frå boka ’Unionsoppløsningen 1905’, Kristiania, 1906).

Kjeldene Fylkesarkivet vil presentere er i hovudsak private arkiv, kommunale arkiv, fotografi og aviser. Eg vil nytte dette høvet til å understreke at vi svært gjerne tek imot tips om anna aktuelt materiale knytt til 1905 som er i privat eige. Dette kan til dømes vere dagbøker og anna arkivmateriale frå privatpersonar eller organisasjonar, fotografi, postkort eller gjenstandar. Viss du sit på noko interessant ber vi deg kontakte oss på telefon 57 65 64 00 eller e-post postmottak.sffarkiv@sff.kommune.no. I dette nummeret av Kjelda vil vi presentere noko av det vi arbeider med knytta til 1905. Kjelder: Arkivet etter Nordre Bergenhus Amt: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane XX, Ymse brev og rundskriv 11, 1905 – 1923, Statsarkivet i Bergen Nasjonalbiblioteket sine internettsider: http://www.nb.no/ baser/1905/tema_konsulat.html 33


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Hermund Kleppa

Unionsoppløysinga i 1905 - viktige datoar Ved årskiftet 1904/1905 hadde Norge vore i union med Sverige frå 1814, (og før det i union med Danmark frå 1380). Unionen var eit fellesskap under ein unionskonge som samstundes var konge av Norge og konge av Sverige. Dei to landa hadde eigne grunnlover, eigne nasjonalforsamlingar, eigne innanriks styringsverk, og dei hadde t.d. eigne pengar og eigne frimerke. Eit tillegg til grunnlovene, Riksakta, som begge lande vedtok i 1815, slo fast konstitusjonelle (grunnlovsmessige) tilhøve i unionen. Utanriksstyret var lenge sterkt svenskdominert, men på slutten av 1800-talet og særleg frå 1885 vart unionen sitt felles utanriksstyre ei viktig politisk sak i Norge. Konsulatstellet (styringsverk for handel og skipsfart i utlandet) var ein del av utanriksstyret. Det vart eit mål for Norge å få sitt eige konsulatstell. Etter fleire mislukka forsøk kom konsulatsaka opp på ny i 1902, og våren 1903 vart landa samde om å skipa konsulatstell for kvart land. Kvart land skulle utarbeida utkast til likelydande lover. Norge hadde sitt framlegg ferdig våren 1904, medan Sverige sitt framlegg let venta på seg. I slutten av november kom den svenske statsministeren Erik Bostrøm til Kristiania. Han hadde ikkje med seg det svenske framlegget til likelydande lover, men derimot ei liste med andre vilkår for slike lover enn dei vilkåra landa hadde vorte samde om i 1903. Eitt av vilkåra innebar at den svenske utanriksministeren kunne avsetja ein norsk kunsul. Statsminister Hagerup sa frå om at eit slikt punkt ville vera 34

i strid med grunnlova, og dessutan ”paatrykke Norge et lydrigestempel”.

grunnlovmessige rett til eige norsk konsulatvesen i inneverande stortingsperiode.

Forhandlingane gjekk i stå. Loddet er kastet, skreiv skuledirektør Karl Aas i Dagbladet 7. januar 1905. Det fælles maal vil nu ingen undgaa at se. Det er, og det kan kun være et: Unionens opløsning. Med Norges politiske vanmagt maa det nu ha en ende.

April 1905 05.04.: Oppmoding frå kronprinsregenten om å ta opp att nye forhandlingar om særskilde konsulatstell for kvart land under felles utanriksminister - og no: norsk eller svensk 13.04.: Statsminister Bostrøm gjekk av. 17.04.: Svar frå den norske regjeringa: Forhandlingar om ”unionelle forhold” kan ikkje koma på tale før norsk konsulatstell er gjennomført. 25.04.: Samansett statsråd på Stockholm slott: Ikkje grunnlag for nye forhandlingar.

Skuledirektøren fekk rett, og ting skjedde snøggare enn han og andre hadde tenkt seg. Det endelege brotet i forhandlingane kom i svensk-norsk statsråd på Stokcholm slott den 7. februar 1905. Fem månader seinare var ”unionens opløsning” eit faktum. Denne datolista omfattar hendingar i året 1905, året då Norge vart ”herre i eige hus”, fekk sin eigen konge, og vart ein heilt sjølvstendig stat. Februar 1905 07.02.: Brot i forhandlingane mellom Norge og Sverige om oppretting av særskilde konsulatvesen for kvart land. Kong Oscar stod på Sverige sitt standpunkt. 18.02.: Stortinget valde ein breitt samansett komite Specialkomiteen - som skulle ta stilling til situasjonen landet var kome i. Mars 1905 01.03.: Regjeringa Hagerup søkte avskjed. 06.03.: Spesialkomiteen kunngjorde at komiteen i sitt vidare arbeid ville gå inn for ved lov å oppretta eige norsk konsulatstell i inneverande stortingsperiode. Lova skulle iverksetjast 1. april 1906, og frå same dato skulle det felles konsulatstellet seiast opp. 11.03.: Regjeringa Michelsen vart utnemnd. I ettertid kalla 7. juniregjeringa. 15.03.: Den nye regjeringa sitt program: Gjennomføra Norges

Mai 1905 10.05.: Innstilling frå Spesialkomiteen til Lov om norsk konsulatvesen. 18.05.: Innstilling til Lov om norsk konsulatvesen samrøystes vedteke av Odelstinget. 23.05.: Lovframlegget samrøystes vedteke i Lagtinget. 27.05.: Kongen nekta sanksjon. Den norske regjeringa søkte avskjed. Kongen avviste avskjedssøknaden. Statsrådsavdelinga heldt fast på avskjedssøknaden. Siste statsråd på Stocholm slott med norske representantar. Juni 1905 07.06.: Møte i Stortinget. Regjeringa Michelsen la ned embeta sine i Stortinget sine hender. Samrøystes vedtak i Stortinget som innebar oppløysing av unionen. Vedtaket har denne ordlyden: Da statsraadets samtlige medlemmer har nedlagt sine embeder, da Hans majestæt kongen har erklæret sig ud afstand til at skaffe landet en ny regjering, og da den konstitusjonelle kongemagt saaledes er traadt ud af vriksomhed,


1905

bemyndiger stortinget medlemmerne af det idag aftraadte statsraad til indtil videre som Den norske regjering at udøve den koneg tillagte myndighed i oeverensstemmelse med Norges riges grundlov og gjældende love - med de ændringer, som nødvendiggjøres derved, at foreningen med Sverige under en konge er opløst som følge af, at kongen har ophørt at fungere som norsk konge. 07.06.: Kunngjeringa Stortingets kundgjørelse til det norske folk af 7. juni vart utsend. Kunngjeringa vart prenta i alle aviser og lesen i kyrkjene 1. pinsedag. 09.06.: Nytt orlogsflagg. Det unionsmerka flagget vart bytta ut med eit reint norsk orlogsfalgg. Flaggskiftet føregjekk på alle festningane og marinefartya 9. juni kl. 10 om føremiddagen under salutt såvel for det gamle flagget som det nye. 19.06.: I ei svaradresse til kong Oscar ba Stortinget kongen, Sveriges riksdag og det svenske folk om å medverka til ei fredeleg gjennomføring av ”uniones ophør” for å tryggja venskap og samhald mellom dei to landa. Juli 1905 28.07.: Det svenske riksdagsvedtaket i unionssaka. Eitt av vilkåra var nyval eller folkerøysting. 28.07.: Samrøystes vedtak i Stortinget om folkeavrøysting, søndag, 13. august.

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

September 1905 23.09.: Karlstad-forhandlingane vart avslutta. Oktober 1905 09.10.: Karlstad-traktaten vart vedteken i Stortinget. 13.10.: Karlstad-traktaten vart vedteken av den svenske Riksdagen. 26.10.: Karlstad-traktaten, skriven på norsk, svensk og fransk, vart underskriven. 31.10.: Stortingsvedtak om at det skulle haldast folkerøysting om statsforma søndag og måndag, 12. og 13. november. November 1905 12/13.11.: Folkerøysting, - ja eller nei til å oppmoda prins Carl av Danmark til å la seg velja til konge i Norge. (I røynda ei røysting om statsformene kongedømme og republikk). Stort fleirtal for kongedømme: 257 710 (78,9%) ja, 68 852 (21,1%) nei. 18.11.: Prins Carl av Danmark kåra (vald) til Norges konge. Prins Carl tok namnet Haakon 7. 25.11.: Kong Haakon 7., dronning Maud og kronprins Olav kom til landet. 27.11.: Kongen avla eid i Stortinget: Jeg lover og sværger at ville regjere kongeriget Norge i overensstemmelse med dets konstitusjon og love, saasandt hjælpe mig Gud og hans hellige ord! Desember 1905 07.12.: Takkegudsteneste i kyrkjene.

August 1905 13.08.: Folkeavrøysting. Folket Juni 1906 skulle svara ja eller nei til 22.06., fredag: Kongen vart krona unionsoppløysinga som hadde og salva i Nidarosdomen. funne stad ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Massivt fleirtal for ja: 368 208 ja, berrre184 nei. 22.08.: Stortinget mottok 4275 underskriftslister frå Landskvinnestemmerettsforenin gen. 244 765 kvinner svara ja til unionsoppløysinga. 22.08.: Stortingsvedtak om å be dei svenske statsmaktene om å medverka til unionsoppløysinga ved for Sverige sitt vedkomande å oppheva Riksakta. 31.08.: Forhandlingane om unionsoppløysinga byrja i Karlstad

Christian Michelsen (18571925), skipsreiar og politikar, fødd i Bergen. Først og fremst kjend for arbeidet sitt under unionsoppløysinga. Skipa regjering 11. mars 1905. Regjeringa la ned embeta sine i Stortinget 7. juni. Stortinget ba regjeringa halda fram. Regjeringa Michelsen vart seinare - med nokre endringar - utnemnd i fyrste statsråd med kong Haakon VII, den 27. november 1905. Gjekk av som statsminister i 1907. Testamenterte mesteparten av eiga si til Christian Michelsens Institutt for Videnskap og Åndsfrihet. Eigedomen hans, Gamlehaugen vart nasjonaleigedom i 1925 og vert nytta som kongebustad. Ei Michelsen-statue vart avduka i Bergen 17. mai 1938.

35


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Karianne Schmidt Vindenes

Konsulatsaka mellom Norge og Sverige ”Unionen mellom Sverige og Noreg var i teorien eit folkerettsleg hopehav mellom to statar som kvar for seg var sjølvstendige.” 1 Gjennom riksakta var statane bundne til ei felles kongemakt og ei felles utanriksstyring som det ministerielle statsrådet var ansvarleg for. Vidare fanst det eit samansett statsråd som avgjorde saker som var felles for Sverige og Noreg. I 1885 vedtok den Svenske Riksdagen ei endring i samansetninga av det ministerielle statsrådet. Der skulle det no sitte tre svenskar og ein nordmann. Denne nyordninga gav i praksis Sverige full råderett over utanriksstyringa. Dette førte sjølvsagt til protestar frå Noreg.

Konsulatkomiteen 1904. Frå venstre: Ottesen, Nilsen, Grieg, Bachke og Bryn. (Foto: Skarpmoen. Frå boka ’Unionsoppløsningen 1905’, Kristiania, 1906).

samt tre medlemmer af det norske statsraad.” 2 Det norske Stortinget nekta å godkjenne avtalen og forhandlingane vart avbrotne. Konflikten om samansettinga av det ministerielle statsrådet handla om Noreg sin påverknad i utanriksspørsmål. I perioden mellom 1885 og 1905 var utanriksstyringa ofte oppe til debatt mellom Noreg og Sverige. Til tross for fleire forhandlingsrundar kom ein ikkje fram til semje i saka.

Konsulatvesenet si praktiske rolle

Konsulatvesenet var ein del av unionen si felles utanriksteneste. Dei einskilde konsulane skulle ivareta norske og svenske handelsog økonomiske interesser i andre Etter forhandlingar i 1885 vart dei land. Felles konsulatteneste vart to unionspartane einige om ein ny eit problem for unionen fordi samansetting av det ministerielle Noreg og Sverige mot slutten av statsråd. Det vart stadfesta at 1800-talet hadde ulik tollpolitikk. statsrådet skulle vere samansett Frå 1880-åra førte Sverige ein av tre statsråder frå kvart land. proteksjonistisk tollpolitikk Men ordlyden i avtalen innebar som hadde som mål å verne om i praksis at Noreg gjekk med på innanlands produksjon ved å at utanriksministeren skulle vere legge høg toll på importvarer. svensk. ”… ministerielle sager Noreg på si side var tilhengar av skulle foredrages for Kongen af frihandel som er ein metode for ministeren for de udenrigske å fremje varebyte mellom fleire anliggender i nærværelse av to land utan hinder av tollavgifter andre medlemmer af det svenske og kvoteordningar. Noreg frykta

ein konflikt mellom svensk proteksjonisme og norske frihandelsinteresser, og var usikre på korleis eit felles konsulatvesen ville ivareta norske interesser. 3 Skipsfart og utanrikshandel spelte ei viktig rolle i norsk økonomi. For å fremje norsk skipsfart i utlandet var den geografiske plasseringa av konsulane viktig. Også her var det ulike interesser mellom Noreg og Sverige. Noreg var interessert i fleire konsular i oversjøiske områder, medan Sverige hadde eit større fokus på Europa. For Noreg ville eit eige konsulatvesen seie at dei kunne plassere konsular på dei stadene som var viktige for Noreg, og dei kunne syte for at det var norske frihandelsinteresser som var sentrale for konsulane sitt arbeide.

Konsulatsak og maktkamp mellom Noreg og Sverige Etter at Venstre vann valet i 1891 fremja dei forslag om at Noreg skulle ha sitt eige konsulatvesen. Saka om eige norsk konsulatvesen kom til å dominere kampen om utanriksstyringa fram til 1905. Historikar Jostein Nerbøvik har sagt at ”Venstre snakka om eige konsulatvesen, men tenkte på eige utanriksstyre.” 4 Konsulatsaka var ein del av eit politisk spel mellom Noreg og Sverige som handla om påverknad i utanriksstyret Noreg og Sverige hadde fleire forhandlingsrundar om konsulatsaka utan at dei klarte å komme til semje. Eit sitat frå ein av forhandlarane,

36


1905

Gunnar Knudsen kan vere med å forklare kvifor forhandlingane aldri førte fram. ”…kommer vi til klarhed i tolkning, drager vi fra hverandre; thi det klare norske standpunkt er diametralt modsat det klare svenske.” 5 I 1905 samla Noreg seg om å opprette norsk konsulatvesen på eiga hand, og 18. og 23. mai 1905 vedtok Stortinget samrøystes, lov om norsk konsulatvesen. For at lova skulle vere gyldig kravde den kongen si godkjenning. Lova om norsk konsulatvesen med større handlefridom for Noreg i utlandet var ikkje akseptabel for Sverige. Kong Oscar II nekta å sanksjonere. Neste akt i dramaet gjekk føre seg på Stortinget 7. juni der Stortinget erklærte unionen for oppløyst.

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

tryggleik var ei tid truga av Sverige, og dei to unionspartane rusta opp og førebudde militære tiltak mot kvarandre. Unionen sikra heller ikkje norsk økonomi. Den svenske proteksjonismen gjorde i 1897 slutt på ein skandinavisk fellesmarknad, noko som råka norsk næringsliv hardt. 7 Eit aukande nasjonalt medvit fall saman med dei to faktorane nemnd ovanfor. Nasjonalisme og etablering av nasjonalstatar var ein del av ein europeisk trend, og store nasjonar som Italia og Tyskland vart etablert i 1860 og 1870-åra. Norsk nasjonalkjensle gjorde det vanskelegare å godta ei underordna stilling i unionen. Denne underordna stillinga vart i hovudsak tydeleg når det gjaldt utanriksstyringa.

”Unionen gikk til grunne i spenningsfeltet mellom de norske partier.” 8 Også norsk partipolitikk kan vere Konsulatsaka er viktig fordi med å forklare oppløysinga av det var manglande sanksjon av unionen. Synet på unionen var konsulatlova som førte til 7. avgjerande for val av parti, og juni vedtaket og oppløysinga av gjorde alliansar i andre politiske unionen. Sjølv om ein kan seie at spørsmål nærast umogeleg å få til konsulatsaka formelt var årsaka til på tvers av dei politiske skiljelinene. oppløysinga av unionen, var det Høgre hadde eit ynskje om ei brei ei rekkje medverkande årsaker, og borgarleg samling, men klarte kanskje også viktigare årsaker som ikkje å samle unionstilhengarar førte til at Noreg og Sverige skilde og unionsmotstandarar. Dette lag i 1905. kan forklare at Høgre etter 1900 gradvis gjekk bort frå si ”Unionen måtte falle fordi den unionsvennlege politikk og var blitt en hindring for det norske orienterte seg meir i retning av demokrati.” 6 For å finne forklaringa Venstre sine unionspolitiske til denne uttala må vi attende posisjonar. 9 til 1884 og innføringa av parlamentarismen. Etter 1884 var regjeringa underlagt Stortinget sin kontroll. Denne kontrollen omfatta ikkje utanriksstyret, og dette har vorte lansert som ei av årsakene til unionsstriden om utanriksstyringa.

Årsaker til oppløysinga av unionen

Konsulatsaka og striden om norsk påverknad i utanriksstyringa var avgjerande for oppløysinga av unionen i 1905. Gjennomgangen ovanfor har vist at det er fleire årsaker til unionsoppløysinga. Når vi samanliknar argumenta kan vi sjå at fleire av dei også kan vere med å forklare kvifor nettopp utanrikssaka vart avgjørande for oppløysinga av unionen mellom Noreg og Sverige. Kjelder: Jostein Nerbøvik. Norsk historie 1870 – 1905, Oslo 1993 Aschehougs Norgeshistorie, bind 9 Det moderne gjennombrudd 1870 – 1905 Rolf Danielsen, Edgar Hovland, m.fl. Grunntrekk i Norsk historie, Oslo 1991 www.caplex.net, konsulatvesen Nasjonalbiblioteket sine internettsider: http://www.nb.no/ baser/1905/tema_konsulat.html Noter: 1 Nerbøvik Norsk historie 1870 –1905, side 215 2 Nerbøvik Norsk historie 1870 –1905, side 218 3 Aschehougs Norgeshistorie, bind 9, 1870 – 1905, side 207. 4 Nerbøvik Norsk historie 1870 –1905, side 219 5 Nerbøvik Norsk historie 1870 –1905, side 225 6 Danielsen et. Al. Grunntrekk i norsk historie, side 256 7 Danielsen et. Al. Grunntrekk i norsk historie, side 256 8 Danielsen et. Al. Grunntrekk i norsk historie, side 257 9 Danielsen et. Al. Grunntrekk i norsk historie, side 257

Grensevakt mot Sverige i 1905. (Foto: Skarpmoen. Frå boka ’Unionsoppløsningen 1905’, Kristiania, 1906).

Tidlegare hadde hovudargumenta for unionen vore at han garanterte Noreg sin tryggleik og gav økonomiske fordelar. Frå slutten av 1890talet var ikkje desse argumenta lenger gyldige. Noreg sin 37


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Hermund Kleppa

Folkerøystingane i 1905 Norge har hatt seks folke-røystingar. Dei to fyrste vart haldne i 1905, - den eine om å gå ut or ein union (unionen NorgeSverige), den andre om kva statsform Norge skulle ha etter at unionen var oppløyst. Nummer to og tre, i 1919 og 1926, galdt forbod mot omsetning av brennevin.. I dei to siste folkerøystingane, 1972 og 1994, skulle folket svara ja eller nei til å gå inn i ein union (EU).

Ja eller nei til unionsoppløysing Den fyrste folkerøystinga vart halden søndag 13. august. Folket (dvs. dei som hadde røysterett) skulle svara ja eller nei til unionsoppløysinga som hadde funne stad ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. I heile landet var røystedeltakinga 85%; 368 208 svarde ja, 184 svarde nei. Dei tilsvarande tala for Nordre Bergenhus Amt var, 92,5% (nummer to av alle amta frårekna byane), 16 819 ja og 3 nei. For valsoknet Vik var tala 98,4% (høgaste prosentvis deltaking i heile landet!), 692 ja, ingen nei. Landskvinnestemmerettsforeningen samla inn over 250 000 underskrifter. Etter ei oppgåve i Stortingsarkivet kom vel 2 000 frå Sogn og Fjordane.

Ja eller nei til kongedøme Den andre folkerøystinga gjekk over to dagar, søndag 12. og måndag 13. november. Veljarane skulle no svara ja eller nei til Stortinget sitt vedtak av 24. oktober om å be regjeringa oppmoda prins Carl av Danmark om å la seg velja til Norges konge. I røynda galdt denne røystinga statsforma, - kongedøme eller republikk. Deltakinga var noko mindre ved denne røystinga enn 13. august. 259 563 røysta for kongedømme, 69 264 for republikk, i prosent høvesvis ca 79% og 21%. Dei tilsvarande tala for Nordre Bergenhus Amt var 11 507 for kongedømme, 2 808 for republikk, 80,4% og 19,6 %. Hyllestad valsokn var det mest kongedømme-venlege valsoknet med 96%, medan Stryn hadde prosentvis flest røyster for republikk med 53,0%

Postkort, resultatet av røystinga 13. august.

Av Kjerstin Risnes

Røysterett i 1905 Då dei store folkerøystingane skulle gjennomførast i 1905, var det dei med røysterett etter Grunnlova § 50 som kunne gå til valurnene. Ålmenn røysterett var blitt innført i 1898 etter årelang politisk 38

kamp og i takt med samfunnsendringane. Men den ålmenne stemmeretten galdt berre halve folket, kvinnene var enno ikkje verdige til å få ein slik rett.

Ålmenn røysterett - for menn Då Grunnlova var skriven i 1814, var røysteretten eit privilegium for dei få, knytt til kvalifikasjonskrav som eigedom og inntekt. Tanken var at ”folkets røyst” skulle kome til uttrykk gjennom ein sosial elite

4


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Hermund Kleppa

Korleis folkerøystingane skulle gjennomførast I ei adresse til kong Oscar, datert 19. juni, ba Stortinget kongen, Sveriges riksdag og det svenske folk om å medverka til ei fredeleg gjennomføring av ”uniones ophør” for å tryggja venskap og samhald mellom dei to landa.

Ein urtima (omfram) riksdag gjekk med på unionsoppløysing på visse vilkår. Eit vilkår var at det norske folk skulle seia si meining enten gjennom nyval eller gjennom folkerøysting. Den norske regjeringa var førebudd på dette og Stortinget vedtok den 28. juli, same dagen som Riksdagen

sitt vedtak, at det skulle haldast folkerøysting to veker seinare, den 13. august.

av frie, uavhengige og opplyste menn. Grunnlovsendringa i 1898 gjorde slutt på desse kvalifikasjonskrava. No var det kvalifikasjon god nok å vere mann og borgar av riket.

1905, men visse grupper kvinner hadde fått røysterett i 1901ved kommuneval. Denne avgrensa røysteretten var ikkje utrykk for ynskje om jamstelling, men reint politisk taktikk. Kommunane hadde stort mynde i skattepolitikken og mange skatteborgarar var redde for at ålmenn røysterett skulle føre til mange og dyre kommunale reformer. For å demme opp for ”kommunalsosialismen” og sikre val av ansvarlege politikarar, fekk betrestilte kvinner røysterett ved kommuneval. Dette galdt kvinner som var fylte 25 åt, betalte skatt av inntekt som var høgare enn kr 300 på landsbygda og

kr 400 i byen eller som levde i ”formuefellesskap” med ein som betalte skatt. Kvinnene måtte såleis kvalifisere seg til røysteretten, medan mennene fekk han i kraft av sitt borgarskap. Det var om lag 200 000 kvinner som fekk kommunal stemmerett i 1901.

Den ålmenne røysteretten galdt stortingsval og folkerøystingar. Noko seinare, i 1901, vart det også innført ålmenn stemmerett ved kommunevala. I 1905 kunne norske menn, på visse vilkår, stemme ved alle val i landet. Vilkåra som var knytte til den ålmenne røysteretten var som fylgjande; • • • • • •

norsk statsborgarskap fem års opphald i riket røysterettsalder 25 år ustraffa ikkje sinnslidande ikkje ha motteke fattighjelp i løpet av det siste året usagt, men berre for menn

Med ein så kort frist måtte det handlast ”paa hurtigste maade”, både sentralt og lokalt. Same dagen som Stortinget vedtok at det skulle haldast folkerøysting

4

Kjelder: - Mykland, Liv og Masdalen, Kjell Olav: Administrasjonshistorie og arkivkunnskap. Universitetsforlaget AS 1987 - Mjeldheim, Leiv. Politiske prosessar og institusjonar. Universitetsforlaget AS 1987 - http://lotus.uib.no/norgeslexi/ paxlexi/alfabetet/k/k21.html

Til side 40

Ei av dei tre gamle røysteurnene frå Leikanger. Denne er frå 1865 og er framleis i bruk. (Fotograf: Øystein Åsnes, Fylkesarkivet Sogn og Fjordane, 2004).

Kvinneleg røysterett i 1905, ved kommuneval Kvinnene hadde ikkje grunnlovsfesta stemmerett og kunne ikkje delta i folkerøystingane i 39


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Frå side 39

1905

sende Justis- og politidepartementet ut rundskriv om folkerøystinga med instruks i 14 punkt om korleis folkerøystinga skulle gjennomførast. Tilsvarande rettleiing vart sendt om folkerøystinga i november. Folkerøystingane skulle haldast i samsvar med Lov om manntal og stortingsval av 24. februar 1900, med tillegg av 10. mars 1903 (Vallova), og røysteretts-manntalet ved Stortingsvalet i 1903 skulle oppdaterast av ei manntalsnemnd med lensmannen som manntalsførar. Valstyret var etter vallova samansett av manntalsføraren og formannskapet. Særskilde reglar galdt der valsoknet omfatta meir enn ein kommune. (Oversyn over valsokna i fylket, sjå side 43).

Til høgre: Innkalling til folkerøysting 13. august i Eid valsokn (kyrkjesokna Eid og Stårheim). I innkallinga orienterer lensmannen også om dei viktigaste reglane for røystinga, gjevne i Justisdepartementet sitt rundskriv av 28. juli. (Fjordenes Blad, 5. aug., 1905).

Innkalling til val måtte ordnast straks. På røystesetlane - trykte eller handskrivne skulle stå Ja eller Nei. Røystesetlar med noko meir skulle forkastast. Straks røystinga var avslutta, skulle valstyret telja opp røystene og føra resultatet inn i valboka, og ”derpaa uopholdelig paa hurtigste maade, om muligt ved telegraf ” senda melding til justisdepartementet. - skulle haldast folkerøysting i heile landet. Kvar einaste prest fekk beskjed om at dei stadene der røystinga skulle haldast i kyrkja, måtte alle kyrkjelege handlingar tilpassast dette. ”Ministerielle forretninger” måtte ein prøva å Same dag som Justisdepartementet unngå denne dagen, men sjølve gudstenesta skulle haldast som sende sitt rundskriv, gjekk det også bod frå Kyrkjedepartementet vanleg. I valsokn der kyrkja ikkje var røystestad, og gudstenesta om at det - søndag, den 13. august, frå klokka 13.00 til 15.00 kunne vera til hinder for å delta i røystinga, vart det oppmoda om i Med omsyn til valstad var bestemt at røystinga som hovudregel skulle haldast på dei same stadene som ved Stortingsvalet i 1903, men det var opp til valstyret å ta avgjerd om dette.

40

staden å halda ei kort gudsteneste i røystelokalet.

Kva vart så gjort lokalt for å kunngjera folkerøystingane? Valstyra hadde ansvar å kalla inn til valting, til røysting. ”Administrator” og formann i valstyret var til vanleg lensmannen. Offisielt vart


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

det gjort på fleire måtar: ved kunngjering på kyrkjebakken, pr. post, ved oppslag på stader der folk ferdast, gjennom annonser i lokalblad. Referatet i møteboka for valstyret i Jølster er eit godt vitnemål om korleis valstyret der kalla inn til folkerøystinga i november. Særleg merkjer ein seg at valstyret i Jølster hadde oppslag (plakatar, kunngjeringar) på meieria. Jølster er kjend som kommunen ”med dei mange meieri.”

”Administrator bemerkedes, at efterat ordre om nærværende folkeafstemnings afhold moddtoges, ikke har været afholdt gudstejeneste ved Aalhus kirke, hvor han gjennem særskildt breve til de stemmeberettigede i dette sogn har søgt at gjøre disse bekjendt med dagen for afstemningen og om at de nærmere indkaldelser har været opslaaet paa handelsstederne og meierierne i sognet. For Helgheims sogns vedkommende har indkaldelse været kundgjort ved læsning fra kirkebakken og opslag paa handelsstederne og meierierne.”

Mykje folk samla ved Midt-Gulen kyrkje. Biletet er datert ”19041905”. Det kan vera teke 17. mai 1905 då ungdomslaget ”Framover” skipa til tog frå Kjelkenes, gjennom furuskogen innover til den nye kyrkja. Nasjonaldagen var berre ein grunn til å gå i tog. ”Ekspeditør” Frimanslund på Kjelkenes hadde gjeve laget to gilde gåver: lagsfane og rom til møtelokale. Samlinga ved kyrkja 15. mai 1905 vår såleis eit særskilt høve for å ta bilete. Men biletet kan også ha vorte teke under folkerøystinga 13. august. Det var ei endå større hending.

Utanom valstyra si meir offisielle kunngjering om folkerøysting, vart det i tillegg mobilisert meir enn nokon gong, og då særleg ved

røystinga 13. august. Det var om å gjera å få flest mogeleg til å røysta, og å få dei til å røysta ja. Dette kjem det meir om i neste Kjelda. Av Hermund Kleppa

Om oppteljinga av røystene Fotografiet frå folkerøystinga 13. august 1905 utanfor ”Verdens Gang” i Oslo, med ei svær folkemengd framfor ei stor tavle der to menn oppdaterer røystetal frå kvar sin stige, har vore vanleg å sjå i sogebøker.

Valmanntalet for stortingsval viste kven som hadde røysterett. Sum avgjevne røyster kom fram på to måtar, røyster avgjevne ved: 1) personleg frammøte og 2) innsende eller innleverte røyster

(røyster ved forfaldsmelding, i dag det same som førehandsrøyster) frå folk som av ulike grunnar ikkje kunne møta fram i røystelokalet. Forfallsrøystene kunne sendast inn til valstyret eller leverast på valtinget (røystestaden).

4

Til side 42

Stor spenning og høg puls kan me trygt rekna med at det var i dei 28 valsokna i Sogn og Fjordane då dørene stengde i røystelokala og oppteljinga tok til. Her skal me kort fortelja om korleis framgangsmåten for oppteljinga.

”Folkeavstemningen 13.aug. 1905. Udenfor ’Verdens Gang’”. (Foto: Rude. Frå boka ’Unionsoppløsningen 1905, Kristiania, 1906). 41


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Frå side 41

42

I dei fleste valsokna var det fleire røystestader (røystekrinsar) der særlege røystestyre administrerte valet/røystinga. Straks røystinga var avslutta sytte røystestyret for å frakta røystesetlane, i forsegla urne eller pakke, og valprotokollane til oppteljingsstaden. Valstyret talde

så opp røystene samla for heile valsoknet.

saman med eit fylgjeskriv. Fylgjeskrivet skulle innehalda ei rekkje fastsette punkt. Det skulle Fyrst vart forfallsrøystene talde til dømes vera ei erklæring frå opp og kontrollerte. Sjølve røyste- veljaren at han sjølv hadde lagt setelen skulle liggja i attlimd setelen i røystekonvolutten og offisiell konvolutt som igjen skulle sjølv limt han att utan at nokon liggja inni ein annan konvolutt andre hadde sett på. Underskrifta

4


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

hans skulle vera attestert av to personar. Det var alt i alt mange ting å passa på, og dersom ikkje alle formalia var i orden, vart røystesetelen forkasta. Ein stad vart t.d. ei forfalls-røyst forkasta fordi valstyret meinte røystaren ikkje hadde god nok grunn til å røysta på denne måten. Dei visste han var heime, og i god nok stand til å ta seg fram til røystelokalet. Dei godkjende forfallsrøystkonvoluttane vart så blanda med dei personleg avgjevne røystekonvoluttane. Det neste steget var å opna kvar røystekonvolutt, kontrollera sjølve røystesetelen, og telja opp dei godkjende røystesetlane. Det skulle berre stå ja eller nei. Stod det noko anna, skulle røystesetelen forkastast. I Hafslo vart ei røyst forkasta fordi det stod utropsteikn etter ja, og i Sogndal ei fordi det stod: Unionen er ugjenkaldelig opløst!

Fylgjebrev til forfallsrøyst

Alle - sjuke og fråverande - må straks ordna med å førehandsrøysta, er bodskapen i denne avisnotisen, saman med orientering om korleis det kan og skal gjerast. (Sogns Tidende, 04.08.1905).

Karl Birknes (seinare Gåta) frå Gulen som på denne tida var båtsmann ombord på D/S ”Raftsund” i kystfart Bergen-Tromsø (sjå s. 58), hadde ved røystinga i november ikkje høve til å røysta i valsoknet sitt i Gulen. Han sende forfallsrøyst i posten frå Nord-Norge. Men han gjorde meir; han gjorde noko dei færraste ville ha tenkt på. Han sikra seg ein kopi, både av fylgjeskrivet (sjå motståande side) og røystesetelen.

På faksimila av fylgjeskrivet ser me at han oppgjer grunn til forfallet, og erklærer at han frivilleg og i einerom har lagt røystesetelen i konvolutten og limt han att. AndreDet endelege oppgjeret vart då: styrmannen og førsteAvgjevne røyster minus forkasta røyster = godkjende røyster. Deretter maskinisten har attesert til slutt på dokumentet. fylgde resultatet - kor mange jarøyster og kor mange nei-røyster.

Av Hermund Kleppa

Valsokn og røystestader Ved folkerøystingane i 1905 var Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane fylke) inndelt i 28 valsokn. Det var dei same valsokna som ved Stortingsvalet i 1903.

Kjelder til oppsettet over dei 28. valsokna er: 1. Utskrifter frå valstyra til amtmannen i Nordre Bergenhus Amt, 2. Arkiv frå valstyre og røystestyre. 3) Lokalaviser. 4) Gjerde, Anders: Kommunane i Sogn og Fjordane grenseendringar gjennom tidene. Kjelda 3/2002.

Eit valsokn omfatta eitt prestegjeld som med nokre unntak tilsvara ein kommune. Etter vallova var det valstyra som fastsette om røystinga skulle haldast på ein eller fleire stader 1. Jostedal valsokn i valsoknet og kven som skulle Valsoknet omfatta Jostedal røysta på kvar stad. prestegjeld som tilsvara Jostedal kommune. Det vart halde røysting Oppsettet nedanfor gjeld røystinga ein stad, i Jostedal kyrkje. 12. og 13. november. Truleg var inndelinga i valkrinsar og/eller 2. Luster valsokn røystestader mykje godt den same Valsoknet omfatta Luster ved røystinga 13. august, kan prestegjeld som tilsvara Luster henda heilt lik. kommune. Røystinga vart halden

på fire stader: a) i Dale bedehus, b) i Bolstad skulehus, Skjolden, c) i Nes skulehus, d) i Gaupne skulehus. 3. Hafslo valsokn Valsoknet omfatta Hafslo prestegjeld som tilsvara Hafslo kommune. Det vart halde røysting ein stad, i Hafslo kyrkje. Merknad: I 1963 vart Jostedal, Luster og Hafslo samanslegne til Luster kommune.

Til side 44 43


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Frå side 43

4. Årdal valsokn Valsoknet omfatta Årdal prestegjeld som tilsvara Årdal kommune. Det vart halde røysting ein stad, i Årdal kyrkje på Årdalstangen.

8. Leikanger valsokn Valsoknet omfatta Leikanger prestegjeld som tilsvara Leikanger kommune. Det vart halde røysting fire stader: a) på Nybø skule på Leikanger, b) i Fresvik kyrkje, c) i Feios kyrkje, d) på Frønningen.

5. Lærdal valsokn Valsoknet omfatta Lærdal prestegjeld som omfatta kommunane Lærdal og Borgund. Det vart halde røysting tre stader: a) i Hauge kyrkje, b) i Tønjum kyrkje, c) i Borgund kyrkje.

Merknad: I 1964 vart Hella - Eitorn overført frå Balestrand. Frønningen vart overført til Lærdal, og garden Tingastad til Sogndal. I 1999 vart kyrkjesokna Feios og Fresvik overførde til Vik kommune. Frønningen vart overført til Lærdal.

Merknad: I 1964 vart Lærdal og Borgund slegne saman til Lærdal kommune.

Postkort frå Lavik. Bilete teke ca. 1905. Båtstoppestaden til høgre og Lavik kyrkje framme til venstre. Dei røysteføre i hovudsoknet i Lavik prestegjeld røysta i kyrkja her.

44

prestegjeld som omfatta kommunane Kyrkjebø, Lavik og Brekke. Det var røysting tre stader: a) i Lavik kyrkje, b) i Brekke kyrkje, c) i Kyrkjebø kyrkje. Merknad: I 1964 vart Brekke slegen saman med Gulen til Gulen kommune. Øya Losna vart overført frå Gulen til Solund. Lavik og Kyrkjebø vart slegne saman til Høyanger kommune.

12. Gulen valsokn Valsoknet omfatta Gulen prestegjeld som tilsvara Gulen kommune. Det vart halde røysting to stader: a) i Gulen kyrkje, Eivindvik og b) i Mjømna kyrkje.

9. Balestrand valsokn Valsoknet omfatta Balestrand prestegjeld som var identisk med Balestrand kommune. Det vart Merknad: Sjå under Lavik valsokn. 6. Sogndal valsokn halde røysting fire stader: a) i Valsoknet omfatta Sogndal Tjugum kyrkje, b) på Ulvestad, c) 13. Solund valsokn prestegjeld som tilsvara Sogndal kommune. Det vart halde røysting i Fjærland kyrkje, d) på Vangsnes. Valsoknet omfatta Solund to stader: a) i Stedje kyrkje, og b) i Merknad: I 1964 vart Vangsnes overført prestegjeld som tilsvara Solund til Vik kommune og Kvamsøy overført kommune. Det vart halde røysting Kaupanger kyrkje. to stader: a) i Solund kyrkje på Merknad: I 2000 vart Fjærland overført frå Vik til Balestrand. I 2000 vart Fjærland overført til Sogndal kommune. Hardbakke, b) i Husøy kyrkje i frå Balestrand kommune. Straumen. 10. Vik kommune 7. Aurland valsokn Merknad: I 1964 vart Losna overført frå Valsoknet omfatta Vik prestegjeld Gulen til Solund. Valsoknet omfatta Aurland som var identisk med Vik prestegjeld som tilsvara Aurland kommune. Det vart halde røysting kommune. Det vart halde røysting 14. Hyllestad valsokn på ein stad, i Vik kyrkje. Valsoknet omfatta Hyllestad fire stader: a) i Vangen kyrkje, Merknad: Sjå under Balestrand valsokn. prestegjeld som tilsvara Hyllestad b) i Flåm, c) i Undredal, d) på kommune. Det vart halde røysting lensmannskontoret i Gudvangen. 11. Lavik valsokn tre stader: a) i Hyllestad kyrkje, b) i Valsoknet omfatta Lavik Bø kyrkje, Leirvik, c) i Øn kyrkje.


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

15. Askvoll valsokn Valsoknet omfatta Askvoll prestegjeld som tilsvara Askvoll kommune. Det vart halde røysting ein stad, i Askvoll kyrkje. Merknad: I 1964 vart eit område på sørsida av Førdefjorden som hadde tilhøyrt Vevring og Bru overført til Askvoll. I 1990 vart mesteparten av Holmedal kyrkjesokn overført frå Fjaler.

16. Ytre Holmedal (Fjaler) valsokn Valsoknet omfatta Ytre Holmedal prestegjeld som tilsvara Ytre Holmedal (Fjaler) kommune. Det vart halde røysting ein stad, i Dale kyrkje.

21. Bremanger valsokn Valsoknet omfatta Bremanger prestegjeld som tilsvara Bremanger kommune. Det vart halde røysting 17. Indre Holmedal tre stader: a) i Frøya kyrkje nær (Gaular) valsokn Kalvåg, b) i Hauge bedehus, c) i Valsoknet omfatta Indre Holmedal Midtgulen kyrkje, c) i Sørbotten. prestegjeld som tilsvara Indre Merknad: I 1964 vart Davik kommune Holmedal (Gaular) kommune. Det vart halde røysting ein stad, i (sørsida, med unntak av nokre gardar) slegen saman med Bremanger Sande kyrkje. Merknad: Sjå under Askvoll valsokn.

kommune.

18. Jølster valsokn Valsoknet omfatta Jølster prestegjeld som tilsvara Jølster kommune. Det vart halde røysting to stader: a) i Helgheim kyrkje, Årdal, b) Ålhus kyrkje. 19. Førde valsokn Valsoknet omfatta prestegjelda Førde og Vevring som omfatta kommunane Førde, Naustdal og Vevring. Det vart halde røysting fire stader: a) i Førde kyrkje, b) i Holsen kyrkje, c) i Naustdal kyrkje (12. november) og i kommunelokalet i Naustdal (13. november), d) i Vevring kyrkje.

22. Selje valsokn Valsoknet omfatta Selje prestegjeld som tilsvara Selje kommune. Det vart halde røysting tre stader: a) i Selje kyrkje, b) i Leikanger kyrkje, c) i Nord-Vågsøy kyrkje. Merknad: I 1910 vart kommunane Sør-Vågsøy og Nord-Vågsøy skilde ut frå Selje. I 1964 vart Nord-Vågsøy, Sør-Vågsøy og Davik kommune (nordsida,med unntak av Kjølsdalen) slegne saman til Vågsøy kommune.

25. Hornindal valsokn Valsoknet omfatta Hornindal prestegjeld som tilsvara Hornindal kommune. Det vart halde røysting ein stad, i Hornindal kyrkje. Merknad: I 1965 vart Hornindal delt og samanslegen med kommunane Stryn og Eid. I 1977 vart Hornindal (den delen som hadde høyrt til Stryn) skilt ut som eigen kommune.

26. Gloppen valsokn Valsoknet omfatta Gloppen prestegjeld som omfatta kommunane Gloppen og Breim. Det vart halde røysting tre stader: a) i Vereide kyrkje, b) i Hyen, i skulehuset i Straumen, c) i kommunelokalet på Reed.

I Innvik valsokn (tilsvara tidlegare Innvik kommune) var det tre røystestader, i Utvik kyrkje, i Olden kyrkje og her, på Faleide. (Biletet frå kring 1910).

Merknad: I 1964 vart Breim og Gloppen samanslegne til Gloppen kommune. I 1992 Lote - Hennebygda overført til Eid.

27. Innvik valsokn Valsoknet omfatta Innvik 23. Davik valsokn prestegjeld som tilsvara Innvik Valsoknet omfatta Davik kommune. Det vart halde røysting prestegjeld som tilsvara Davik kommune. Det vart halde røysting tre stader: a) i Utvik kyrkje, b) i Merknad: I 1964 vart Vevring Olden kyrkje, c) på Faleide. to stader: a) i Davik kyrkje, b) i kommune overført til Askvoll kommune Rugsund kyrkje. Merknad: I 1965 vart Innvik slegen (sørsida) og Naustdal kommune (nordsida).

20. Kinn valsokn Valsoknet omfatta Kinn prestegjeld som omfatta Florø kommune (ladestad) og Kinn kommune. Det var røysting to stader: a) i ungdomshuset Fram i Florø, b) i Eikefjord kyrkje.

Merknad: I 1964 vart Davik kommune delt og overført til kommunane Bremanger, Vågsøy og Eid.

24. Eid valsokn Valsoknet omfatta Eid prestegjeld som tilsvara Eid kommune. Det vart halde røysting to stader: a) i Eid kyrkje, b) i Stårheim kyrkje.

Merknad: I 1964 vart Kjølsdalen Merknad: I 1923 vart kommunane overført frå Davik kommune. Bru og Eikefjord skilde ut frå Kinn. I 1964 vart Florø, Kinn, Bru og Eikefjord slegne saman til Flora kommune.

saman med den ”nye” Stryn kommune.

28. Stryn valsokn Valsoknet omfatta Stryn prestegjeld som tilsvara Stryn kommune. Det vart halde røsyting tre stader: a) i Nedstryn kyrkje, b) i Oppstryn kyrkje, c) i Loen kyrkje. Merknad: I 1965 vart Stryn, Innvik og ein del av Hornindal slegne saman til den ”nye” Stryn kommune. I 1977 vart Hornindal-delen skilt ut som eigen kommune. 45


Tabellen under syner resultatet av folkerøystinga i august, då valet stod mellom ja eller nei til oppløysing av unionen med Sverige. Tabellen er sett opp etter amt (fylke), og berre for landdistrikta. Byane, eller kjøpstadene, kjem i tillegg. 121 personar i landdistrikta ville halda på

unionen, i tillegg til 63 frå byane. I alt var det då 184 som ville ha union, medan totalt 368 208 røysta mot union med Sverige (88 473 i byane). I Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane) var det berre 3 personar som ville halda på unionen. (St. meld. nr. 16 1904/1905).

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

46

1905

Av Hermund Kleppa og Oddvar Natvik

Resultata av folkerøystingane


I tabellen over oversyn over røystinga for eller mot kongedøme. Tabellen syner røystinga i amta (fylka). Kjøpstadene (40 byar) er ikkje med i denne tabellen. Det var lågare frammøte til kongevalet enn til røystinga om union. 20,5 % av dei godkjende røystene sa ja til republikk

i amta. I Nordre Bergenhus amt (Sogn og Fjordane) gjekk 19,6 % inn for republikk. For heile landet, kjøpstadene medrekna, røysta 21,1 % for republikk. Det var såleis eit overveldande fleirtal for kongedøme i 1905. (St. meld. nr. 5 1905/1906).

1905 Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Meir side 48

47


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

1905

Unionsrøystinga i Nordre Bergenhus Amt

Tabellen til høgre syner røystetala i valsokna i Nordre Bergenhus amt (Sogn og Fjordane). Amtet hadde 28 valsokn. Berre 3 røysta mot oppløysing av unionen.

Endring av eldre fylkesnamn Ved Lov om forandring av rikets inddelingsnavn, av 14. august 1918, vart amt endra til fylke og amtmann til fylkesmann. Vidare vart fleire fylkesnamn endra: Smålenene til Østfold, Jarlsberg og Larvik til Vestfold, Hedmarken til Hedmark, Kristians til Oppland, Bratsberg til Telemark, Nedenes til Aust-Agder, Lister og Mandal til Vest-Agder, Stavanger til Rogaland, Søndre Bergenhus til Hordaland, Nordre Bergenhus til Sogn og Fjordane, Romsdal til Møre (1. juli 1937 til Møre og Romsdal), Søndre Trondhjem til Sør-Trøndelag, Nordre Trondhjem til Nord-Trøndelag, Tromsø til Troms og Finmarken til Finmark.

48


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Kongevalet i Nordre Bergenhus Amt

Tabellen til venstre syner røystinga i Nordre Bergenhus amt for eller imot kongedøme. Det var 14 315 godkjende røyster i amtet, av desse røysta 2808 nei til kongdedøme (19,6 %).

Kjelder til talmaterialet for dei to folkerøystingane Heiberg, J. V.: Unionens opløsning 1905. Officielle aktstykker vedrørende unionskrisen og Norges gjenreisning som helt suveræn stat. Med talrige facsimiler og billeder. Kristiania, J.M. Stenersen & Co’s forlag. 1906. Folkerøystinga 13. august, side 311, 12. og 13. november, side 965. Stortingsmelding nr. 16 (1904-1905) handlar om folkerøystinga 13. august. Resultatet er sett opp i tabellarisk form i denne rekkefylgja: 1. Landdistrikta. Valsokna oppsette amstvis. 2. Landdistrikta. Amtsresultata 3. Kjøpstadene (byane.) Stortingsmelding nr. 4 (1905-1906) handlar om folkerøystinga 12. og 13. november. Resultatet er sett opp i same mønster som for folkerøystinga 13. august.

Meir side 50 49


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Ja til kongedøme! Hyllestad Sulen Selje Vik Indre Holmedal Førde Aurland Kinn Askvold Daviken Gulen Bremanger Hafslo Jølster Indviken Aardal Balestrand Sogndal Ytre Holmedal Lyster Gloppen Lærdal Lavik Eid Leikanger Jostedalen Hornindalen Stryn

Det var vekslande oppslutnad i Nordre Bergenhus Amt om kongedøme. Hyllestad og Sulen toppar lista, begge med heile 96 % for kongedøme. Jostedalen, Hornindal og Stryn syner liten entusiasme for kongedøme, med høvesvis 53,4, 53,1 og 53 % ja-røyster. Snittet for amtet var 80,4 % ja til kongedøme (heile landet: 79,5 %). Korleis kan ein forklara denne store skildnaden i oppslutnaden om kongedøme? Kva var det som fekk sulingar og folk i Hyllestad til å slutta så mannjamnt opp om kongedøme? Kva var det som gjorde honndølen og stryningen så skeptiske? Kan det ha noko med at einskilde sterke personlegdomar stod fram og fekk folk med seg? Kan allmenne politiske tilhøve forklara skildnadene? Andre faktorar? Me tek gjerne mot svar frå lesarane på spørsmåla ovanfor. Me vil følgja opp med 1905-stoff i komande nummer av Kjelda. 50


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Ymse tabellar frå 1905-vala Hyllestad

96,0

Jarlsberg og Larvik

94,1

Vik

98,4

Sulen

96,0

Buskerud

90,2

Indviken

97,7

Selje

94,8

Kristians

89,3

Jostedalen

97,2

Vik

94,2

Smaalenene

88,5

Leikanger

97,2

Indre Holmedal

92,9

Akershus

85,8

Sogndal

95,9

Førde

91,6

Finnmarken

85,0

Indre Holmedal

95,6

Aurland

91,5

Nordland

84,0

Kinn

95,2

Kinn

91,0

Stavanger

82,3

Gloppen

95,0

Askvold

90,7

Nordre Bergenhus

80,4

Ytre Holmedal

95,0 94,4

Daviken

89,6

Romsdal

79,4

Bremanger

Gulen

86,9

Søndre Bergenhus

77,8

Hornindalen

94,3

Bremanger

81,8

Hedemarken

77,0

Balestrand

94,0

Hafslo

81,2

Søndre Trondhjem

74,8

Stryn

93,8

Jølster

80,7

Nedenes

73,4

Lærdal

93,6

Indviken

80,1

Tromsø

72,5

Daviken

93,2

Aardal

76,8

Nordre Trondhjem

62,9

Hyllestad

93,0

Balestrand

76,3

Lister og Mandal

61,0

Eid

92,5

Sogndal

75,8

Bratsberg

56,3

Lavik

92,4

Ytre Holmedal

74,9

Lyster

91,9

Lyster

74,6

Selje

91,1

Førde

89,4

Aardal

89,0

Askvold

88,5

Jølster

88,3

Aurland

87,5

Gulen

86,2

Hafslo

85,2

Sulen

80,7

Landssnitt

92,5

Gloppen

67,8

Lærdal

66,7

Lavik

59,5

Eid

56,7

Leikanger

55,9

Jostedalen

53,4

Hornindalen

53,1

Stryn

53,0

Tabellen ovanfor syner den prosentvise opplustnaden om kongedøme i Nordre Bergenhus amt. Amtet var inndelt i 28 valsokn (sjå side 43). Gjennomsnittet for amtet var 80,4 % ja til kongedøme. Snittet for heile landet var 79,5 % ja. Sjå elles grafikk og kommentar på førre side.

Landsgjennomsnitt

79,5

Tabellen ovanfor syner den amtoppslutnaden om kongedøme. Høgst ligg Jarlsberg og Larvik med 94,1 % ja. Som me ser ligg Nordre Bergenhus amt midt på tabellen, og nær landsgjennomsnittet på 79,5 %. Lågast var oppslutnaden om kongedøme i Bratsberg amt, med 56,3 %.

Frammøtet i august til valet om oppløysing av unionen var stort. Snittet for Nordre Bergenhus amt låg på 92,5 %. Høgst frammøte hadde Vik med 98,4, som og var det høgste frammøtet på landsbasis. Ved kongevalet i november var frammøtet langt lågare enn ved unionsvalet. Snittet for Nordre Bergenhus amt var 79 % for kongevalet. Indre Holmedal hadde her størst frammøte med 90,9 %. Lægst var fammøtet i Lavik med 61,2 %. 51


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Kjerstin Risnes

Kvinneunderskriftaksjonen i 1905 - ei formidabel mobilisering

” …. Presten lyste frå kordøri, at alle kvinner yver 25 aar vilde faa høve til aa skriva sitt namn på listor, som var utlagde i sakrestiet, fy aa stydja mænnernes ja i urni. So snart preiki var ende, for kvinnorne i flokk i sakristiet, der dei kappast um aa koma til, og det var eit gripande syn aa sjaa gamle konor - sume med stav- staa aa ropa til dei yngre; ” Skriv meg! Skriv meg og !”..

Det er etter gudstenesta i samband med folkerøystinga 13.august at kvinnene i Leikanger nærmast stormar sakristiet. Avisa Sogningen 18.08.1905 gjev denne levande skildringa av stemninga som rådde i Leikanger denne dagen. Kvinnene hadde ikkje fått røysterett og kunne difor ikkje delta i folkerøystinga, men gjennom underskriftslister for

unionsoppløysinga fekk dei likevel gitt uttrykk for sitt syn.

’Mandfolkavstemningen’ som samla kvinnene til felles front for fyrste gong Det var eit slag for den norske kvinnerørsla at dei ikkje fekk røysterett til liks med mennene i 1898. Eitt av argumenta for å ikkje gje kvinnene denne retten, var at kravet om røysterett ikkje kom frå kvinner frå det ”ganske” land, berre frå ein snever krins i byane. 7.juni 1905 erklærte Stortinget unionen med Sverige for oppløyst. Den 29. juli vart det vedteke at det skulle haldast folkerøysting 13. august. I tida fram mot folkerøystinga kom det stadige krav frå kvinnerørsla om at kvinnene også måtte få delta. Men dei vart avviste med ulike grunngivingar. Eitt argument var at det ikkje eksisterte kvinnemanntal og tida var for kort til at styresmaktene kunne få dette til. Eit slikt arbeid ville dessutan ta ressursar som måtte brukast for å få mennene til å røyste for oppløysing av unionen. Kvinnene vart difor oppmoda om å bruke kreftene sine på å styre mennene sine mot røysteurnene. Slik kunne dei best visa nasjonalkjensla si. Dei leiande kvinnesakskvinnene var rimeleg provoserte over argumenta og haldningane som kom fram, og dei fyrste dagane i august vart det sett i gang landsomfattande kvinneunderskrif tskampanjar for unionsoppløysing. Totalt ulike kvinneorganisasjonar samla seg og gjekk til felles front. Dette fellesoppropet vart sendt ut over heile landet og fortel at det var mange og ulike kvinnegrupperingar som støtta aksjonen. Oppropet er stempla sokneprest Thorbjørn Frølich (ikkje synleg). Den eigentlege adressaten var kanskje prestefrua?

52


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

No ville dei ikkje lenger stå på sidelina, men vise at dei var fullt og heilt i stand til å ta ansvar for nasjonale spørsmål på lik line med menn og konkretiserte dette ved å slå ring om 7. juni vedtaket.

for menn og ein frammøteprosent på over 85 prosent; totalt 368 392 røyster. Kvinneaksjonen hadde ikkje noko offisielt apparat i Ein imponerande ryggen, og aksjonen innsats på rekordtid skulle i stor grad ”Lad ikke den 13. august finde os marknadsførast ”furtende” hjemme. Selv om våre gjennom stemmer ikke tælles, saa kan de ”jungeltelegrafen”. ”veies”, var oppmodinga frå styret Sjølvsagt fekk dei i Landskvinnestemmerettsforeni svært god drahjelp av ngen med Marie Qvam i spissen. den stemningsbølja Og det skal vitast at kvinnene sat som var, men dette ikkje heime og furta. Det vart var både opprør- og mobilsert frå alle kantar av landet, støtteaksjon. Det og eit formidabelt arbeid vart sett i var ikkje gitt at det gang. Startskotet gjekk 4-5. august skulle bli så vellukka, og fristen for å levere inn lister og i starten vart det var 19. august. 22. august skulle frå ymse hald åtvara listene overrekkjast Stortinget. mot å setje i gong ein slik aksjonen. Det fanst ikkje noko manntal å gå ut frå, og det var ikkje tid til å byggje opp noko aksjonsapparat. Breitt samansett Etter nederlaget om stemmerett i 1898 hadde røysterettsorganisa aksjon sjonane agitert over heile landet, Aksjonen var og saka hadde spreidd seg til breitt samansett mange ulike kvinneforeiningar. av ulike kvinneAksjonistane hadde difor eit visst organisasjonar som nettverk, men tida var kort og Sanitetsforeningen, måtte brukast effektivt og kreativt. Norske Kvinners Det kom framlegg om ”dør til sanitetsforbund, Norsk kvinnedøraksjonar”, det vart lagt ut lister saksforening, Landskvinnestemm i avisredaksjonane, på butikkar erettsforeningen, organisasjonen og stader der det var lett å nå dei ”Hjemmenes Vel” og ulike osv. Og som vi ser av referatet i kvinnegrupper/ kvinnelege Sogningen; det vart enda til lagt ut med-lemmer i fråhaldslag, lister i kyrkjene på sjølve valdagen. ”sedlighetslag” osv. Når vi ser på talet underskrifter, må aksjonen Resultatet var over all forventning. ha hatt brei støtte uavhengig av Heile 279 878 kvinneunderskrifter tradisjonelle skiljeliner. Det er vart samla inn. Dette er eit grunn til å tru at målet om størst imponerande tal, spesielt når vi mogeleg oppslutnad om 7.juni veit at det var allmenn røysterett

vedtaket var viktigare enn at det var ein del kvasse og sikkert ikkje like populære røysterettaktivistar som fronta aksjonen. Det må nemnast at i etterkant vart denne aksjonen brukt for å legitimere kravet om kvinneleg stemmerett, og vart nemnt i debatten då Stortinget gav stemmerett i 1913.

Denne oversikta stammar frå Landskvinde stemmerettsf oreningen og er det samla talet på underskrifter som dei overleverte Stortinget 22.august 1905.

Kvinneunderskriftaksjonen i Sogn og Fjordane I fylket vårt, den gong Nordre Bergenhus Amt, vart det samla inn 2451 underskrifter frå den største innsamlaren, Landskvinnestemmerettsforeningen. Sett i forhold til talet menn som stemde, mest 18 000, er det heller få kvinneunderskrifter frå vårt fylke. Kva kan dette

skuldast, og er dette talet rett?

mot oppløysing av unionen. Det er ingen grunn for å tru at kvinnene i fylket stilte seg likesæle til unionsspørsmålet eller Var kvinnene i skulle ha ei heilt anna syn enn Sogn og Fjordane mennene. Sogn og Fjordane var for tradisjonelle? eit bondesamfunn med eit svært Sogn og Fjordane hadde svært høg tradisjonelt kjønnsrollemønster. Dei nye tonane om røysterett oppslutnad om folkerøystinga. og jamstelling kom tradisjonelt 92,5 prosent av dei røysteføre frå dei meir kondisjonerte og stemde, og berre tre røysta i

4

Til side 54 53


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Frå side 53

Underskriftsliste utsendt av Landskvindestemmerettsforeningen. Denne lista er frå Kaupanger i Sogn.

velståande kvinnene, samt den veksande arbeidarørsla i byane. Vi hadde korkje byar, industri eller kondisjonerte i noko særleg grad. Dei nye tankane hadde ikkje så lett for å finne fotfeste i eit tradisjonelt miljø, kanskje dette kunne vere eit hinder? Vi veit ikkje, men det er lite rimeleg å tru at sjølve oppropet vart opplevd som provoserande korkje hos kvinne eller mann her i fylket. Vi har ikkje kjelder som kan fortelje om massiv støtte for kvinneaksjonen, men heller ikkje det motsette. Vi hadde seks

aviser i fylket, og førebels har vi berre funne to støtteopprop til kvinneaksjonen. I Fjordenes Blad 12.08 gjev redaktøren si fulle støtte til aksjonen :

Geografisk utfordrande fylke for ein lynaksjon

Aksjonen skulle gjennomførast på rekordtid. Dette måtte vere ei stor utfordring i eit fylke som Sogn og Fjordane. Dagens fylke ” Vi giver dette oppråb er grisgrendt, i 1905 budde det til landets kvinder vor varme tilslutning. Det vil folk mest på kvart nes. Sjølve geografien og busetnadsmønsteret utvilsomt styrke Noregs må ha vore ei hindring for ein stilling i disse alvorlige effektiv aksjon. I byane låg det tider, at ogsaa vaare kvinder er med at slaa ring t.d. lister i avisredaksjonane der om landets selvstendighed. kvinnene kunne gå og skrive Lad os nu be at alle Noregs namnet sitt. Vi hadde to aviser i kvart av fogderia. Bymodellen kvinder bli med!.. ” dugde ikkje i vårt fylke. Her måtte aksjonen organiserast noko annleis. Avisa Sogns Tidende 09.08. fortel at dei har fått ei liste frå Landskvi ndestemmerettsforeningen, men at kvinner i Sogndal ” ..alt av seg sjølv teke til med arbeidet, som gjeng fort og godt.” Fjordenes Blad på Nordfjordeid, som vi tidlegare har referert til, fortel at det var utlagt lister ” i Sprangbergs boghandel og i Brødrene Totlands boghandel”. Avisa oppmoda vidare ”... kvinder i de øvrige av vore bygder til at ta sig av sagen og sørge for at faa lister udlagt paa bekvemme steder..”. Men for mange var det lang veg til butikken og det var ikkje enkelt å få lagt ut lister på ”bekvemme steder” i eit fylke som vårt. I Fjordenes Blad 30.08 kom det fram at det vart samla inn 257 underskrifter på dei to listene på Eid. Men dei nemner ikkje andre lister. Kvinnene i Sogn og Fjordane var nær knytte til primærnæringane, og aksjonen gjekk føre seg på eit lite høveleg tidspunkt. Heime på garden var det håslått med lange arbeidsdagar, og dessutan var det midt i stølssesongen. Dette tydde at mange kvinner hadde arbeidsplassen sin høgt til fjells, langt unna underskriftlistene.

54


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Kvinnenettverk - ei mangelvare Det største problemet for ein effektiv aksjon i Sogn og Fjordane var kanskje mangelen på nettverk og alliansepartnarar. I innsamlingsarbeidet brukte dei lokallagsmedlemmer til å samle inn underskrifter og spreie lister. Her i fylket var det få kvinneorganisasjonar, med unntak av misjonsk vinneforeiningane, som hadde fått fotfeste i 1905. Aksjonistane måtte difor finne fram til enkeltpersonar som dei kunne alliere seg med, og som kunne setje aksjonen i gang i si bygd eller ein kommune. Dette måtte ta meir tid og vere mindre effektivt enn der dei kunne nytte seg av organisasjonsapparata. Systemet med kontaktpersonar fungerte sikkert i einskilde kommunar og bygder, men det var ikkje alle bygder som hadde ei prestefrue, ei Magda Knagenhjelm eller fru Postmester Michelsen som kunne vere kontaktperson og stå i spissen for aksjonen. I kor stor grad det vart brukt mannlege kontaktpersonar i dette arbeidet, veit vi ikkje, men dei var klart viktige medspelarar. Avisredaktørane er godt eit døme på dette. Det er vel elles grunn for å tru at Marie Qvam, leiar i Lan dskvindestemmerettsforeningen og nær knytt til partiet Venstre, nytta sitt politiske kontaktnett. Det var etablert ti Venstrelag i fylket, og det ville vere underleg om dei ikkje vart nytta i ein eller annan samanheng. Dømet frå Leikanger, der kvinnene kunne gå i sakristiet og skrive under etter gudstenesta, viser at presten Fredrik Vilhelm Bull-Hansen også var sentral. Kona Caroline var truleg aktivt med i aksjonen, men det var presten som hadde det siste ordet om bruken av kyrkja. Det kan også nemnast at biskopen var i Leikanger 13.august og deltok under gudstenesta. Vi kan vel trygt seie at i Leikanger var underskriftsaksjonen både velsigna og godt ”tima”. Kor vidt det var vanleg å leggje ut lister i kyrkjene veit vi lite om, og vi har heller

ikkje materiale som viser at det var vanleg å parallellkøyre ”mandfolkavstemningen” og kvin neunderskriftsaksjonen. Kanskje Leikanger var heilt spesiell i så måte ? Viss underskriftsaksjonane i fylket hadde vore organiserte på same måte som i Leikanger, er det vel grunn for å tru at talet på underskrifter hadde vore langt høgre i Sogn og Fjordane. Tilhøva vart lagt godt til rette for at mennene skulle komme seg til stemmelokala, og ei ”samkøyring” ville nok ha gitt eit heilt anna resultat.

Er talet på underskrifter rett? 22. august 1905 overleverte Landskvindestemmeretts-foreningen dei innkomne underskriftslistene til stortingspresidenten, derav dei 2451 underskriftene frå Sogn og Fjordane. Landskvinnestemmerettsforeningen gjorde i dette høvet Stortinget merksam på at alle listene ikkje var komne inn. Om dette også galdt lister frå Sogn og Fjordane, er vel ikkje heilt utenkjeleg viss vi tenkjer avstand og kommunikasjonar. Vi veit heller ikkje om det var andre lister i omløp, men det kan det ha vore. Det var tre deputasjonar på stortinget denne dagen, m.a. ” Norske kvinders nasjonalraad og andre kvindeforeninger landet rundt.” Oppropet deira var underteikna av 565 forbund og foreiningar.

Kor mange underskrifter dette utgjorde, kva forbund og foreiningar det galdt og kvar dei kom frå, veit vi heller ikkje. Vi kan ikkje sjå bort frå at det var underskrifter frå Sogn og Fjordane på desse listene, sjølv om her var få kvinneorganisasjonar. Det kan t.d. ha vore underskrifter frå kvinner i kjønnsnøytrale foreiningar.

Ord til slutt Vi har i denne artikkelen sett søkjelyset på ei side av folkerøystinga som det er forska lite på. Vi har svært få kjelder, og føremålet har ikkje vore å trekkje konklusjonar, men vise fram det vi har funne, stille nokre spørsmål og drøfte litt kring dei. Håpet er at dette kan kaste lys over eit heller ukjent tema og gje einkvan kveik til å halde fram ”gravearbeidet” om kvinnestemmeaksjonen både på lands- og fylkesplan. Spanande stoff er det i alle høve.

Sokneprest i Leikanger Fredrik Vilhelm Bull- Hansen og kona Caroline i midten, med familien rundt seg. Frå venstre: Eirik (’Bamse’), Rolf, Gottfrid, Fredrik Vilhelm, Caroline (’Ninni’), Fredrikke Cathrine og Ragnhild. Bull-Hansen var prest i Leikanger 1897 - 1923 , og han ”velsigna” underskriftsaksjonen i Leikanger. (Bilete teke ca. 1912-15. Frå Systrendingen nr 1/1999).

Kjelder: Internett: - http://www.nb.no/baser/1905/ dokumenter/smatr/1905021 s1.jpg - http://www.nb.no/baser/1905/ tema_folk.html - http://www.nb.no/baser/1905/ skolesidene/sub_2c_emne.html - http://lotus.uib.no/norgeslexi/ paxlex/alfabetet/k/k21.html - Stortingsarkivet: Landskvinnerettsaksjonen. Kopi av underskriftslister. - Heiberg, J.V: Unionens opløsning 1906. - Avisa Sogningen 18.08.1905 - Fjordenes Blad 12.08.1905 - Fjordenes Blad 30.08.1905 - Sogns Tidende 09.08.1905 55


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Hermund Kleppa

Avisene i Sogn og Fjordane i 1905 Har funne fram to private brev frå 1905. Det eine er originalt og finst berre i eitt eksemplar. Det andre er frå ei lokalavis. Begge seier litt om korleis brevskrivarane, kvar på sin stad, ”opplevde” unionsoppløysinga, og om avisene si rolle hjå dei i 1905-året. Det eine er skrive av ein lærar i Florvåg til ein kollega i Sogn og Fjordane, det andre av ein norsk-amerikanar til ei lokalavis i fylket. Som innleiing til eit kortfatta oversyn over dei seks avisene som kom ut i Sogn og Fjordane i 1905, trekkjer eg fram det som står om avisene i breva. Mannen i Florvåg skriv i slutten av brevet sitt: ”... Eg nemnde aviserne. Ja, me hev ofte stunda etter aa sjaa, kor dei hadde aa fortelja. Det hev voret ein spaning umtrent heile sumaren. Det byrja so gildt med gleda og store voner [7. juni-vedtaket], men det enda med fusk og fals og firing, at ein kunne verta heit av harme. No er daa denne Karlstad-semja vedteki av stortinget...” [Brevskrivaren uttrykkjer sterk misnøye med resultatet av Karlstad-forhandlingane i september. Han var ein av dei mange vonbrotne som meinte at Norge var altfor ettergjevande.] I oktober 1905 skreiv Endre Romøren, busett i Stoughton, Wisconsin, brev til Sogns Tidende. Han fortel at det heile sommaren var stor spenning om korleis det

56

kom til å gå med ”Gamlelandet”, og at det var rift om avisa hans.

Foreningen med Broderfolket er til Velsignelse.” (1896).

Hr. redaktør Jeg maa sige Dem mange tak for de til mig sendte nummer af ”Sogns Tidende”. Jeg læste dem grundigt igjennem, og da her er saa mange sogninger, saa maatte jeg naturligvis fortælle dem det, og alle vilde læse dem, saa nu er de ganske udslidte. Jeg tror neppe nogen avis har været grundigere igjennemlæst.

I Sunnfjord

Det kom ut seks aviser i Sogn og Fjordane i 1905, to i Nordfjord, to i Sunnfjord og to i Sogn. Tre var høgreorienterte, dei tre andre nærast venstreorgan. Alle var på ”rett side” i spørsmålet om eige norsk konsulatvesen og unionsoppløysinga. Derimot var dei delte i spørsmålet om ja eller nei til kongedømme. Sogningen i Vik gjekk t.d. sterkt inn for kongedøme, medan Fjordenes Blad gjekk like sterkt inn for republikk.

I Nordfjord Fjordenes Blad (Fjordabladet), grunnlagt 1873, kom ut på Nordfjordeid, organ for Venstre. Nordfjord , grunnlagt 1896, kom ut på Sandane, konservativ. Om seg sjølv: ”Vi haaber at dette blad vil hilses med Glæde af alle Venner af den moderatkonservative Sag.” og ”...

Nordre Bergenhus Amtstidende, grunnlagt 1872, kom ut i Florø Om seg sjølv: ”Amtets ældste, største og billigste blad. Letlæst, interessant, afpasset for menigmand. Bringer letlæste afhandlinger om næringslivet, samfunds- og kulturspørgsmaal, meddelelser om ungdoms- og afholdsarbeidet. Bringer stadig nyheder fra Fjordene og Sogn.” Merknad: Diverre ser det ut til at mesteparten av årgangen 1905 ikkje er å få fatt i. Universitetsbiblioteket sin mikrofilm har berre nokre få nummer, og papirårgangsamlinga på Kystmuseet byrjar med årgangen 1906. Som besett! Årgangane på Sunnfjord Museum er yngre. Søndfjords Avis, grunnlagd 1898, kom ut i Florø, organ for Venstre. Om seg sjølv: ”... vil arbeide for Frisind, aandelig og materiel Fremgang og en jevn, demokratisk Udvikling. .. Det er Redaktionens inderligste Ønske, at Avisen maatte bli for sine Læsere under deres Kamp for Tilværelsen og i Livets Tummel, hvad selv en liden Fyrlygte er for den Søfarende, naar han i Storm og Mørke, omgivet af Farer, søger at finde den rette Vei mod Havn.”

I Sogn Sogns Tidende, (e-en i Tidende teken bort i 1920-åra), grunnlagd 1877, kom ut i Sogndal.


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Om seg sjølv: ”Sogns Tidend var med i det varme arbeid for parlamentarisme, folkedomsstolar, ålmenn røysterett, det norske flagget, eige utriksstyre og det som fylgde ”derefter”, som Steen fyrst sa med tanke på den frigjering som landet vann i 1905. [...] I 1905 [...] stod Sogns Tidend millom dei som vilde gjera Noreg til republikk, men var av dei forsonlege under Karlstad-tingingane. Det som var sårt og tungt med umsyn på grensefestningane, vilde etterkomarane våre døma mildare, skreiv Sogns Tidend i den kvasse striden. Det var forvitneleg at Sogns Tidend fekk takkehelsing frå sjølve

Løvland for avisstykke i denne harde striden.” (1938) Sogningen, grunnlagd 1897, kom ut i Vik. ”Organ for Bondens politiske og økonomiske Interesser”. Om seg sjølv: ”Lad al Partistrid hvile nu og lad os staa som den faste, nationale Fylkning, vi danner i Konsulatsagen. Lad os ikke forspilde vore Chancer ved indbyrdes Kiv om, hvor meget Skyld det eller det Partis

Politik har. Den største Skyld har de, som nu reiser Splittelsesfanen og vækker Tvedragt inden Nordmændenes Rækker. Der kan muligens være Dissens om midler og Veie, - men i vor Opfatning og Følelse af Norges Ret er vi alle enige.” (31.12.1904.). Av Hermund Kleppa

Litteratur om 1905 Fylkesarkivet sitt 1905-prosjekt har som eit delmål å laga tilvising til trykte kjelder om 1905, og då fyrst og fremst bøker, artiklar o.a. i lokallitteraturen. Har vil me nemna to STORE bøker av nasjonal karakter som kom ut alt i 1906; no to 1905-klassikarar på over 1500 sider som i seg sjølv utgjer eit heilt lite ”bibliotek” om unionen og unionsoppløysinga.

fortælles sandt og rigtig om Opløsningsaaret, da maa der samtidig henvises til dettes Forhistorie..”, seier Yngvar Nielsen i føreordet. Det gjer historieprofessoren i fyrste delen av boka, under overskrifta Niti aar 1814-1904. Nielsen, Yngvar: Norge i 1905. Med en indledende oversigt over unionshistoriens niti aar. Horten, C. Andersens Forlag. 1906.

Somme folkebibliotek kjøpte inn bøkene, og einskilde eksemplar kan ennå finnast kringom i fylket. Begge er vanskeleg tilgjengelege på to måtar. Det kan vera vanskeleg å få fatt i dei, og dei er skrivne på eit, for vår tid, umoderne bokmål. Den eine, Unionens opløsning 1905, er ei samling norske og svenske aktstykke, sentrale dokument, (meldingar, utnemningar, val, innstillingar, fråsegner, vedtak, debattreferat, statistikk frå folketeljingane, m.m.), alt saman ordna kronologisk. Eit tillegg har tre kapittel: a) om kroninga, b) ein del av Specialkomiteen sine protokollar og c) ein rapport av 20. august 1906 frå ein utanlandsk kommisjon om nedlegginga av dei norske festningane. Dessutan har boka ei samling faksimiler av originale dokument og ei samling bilete. Heiberg, J. V.: Unionens opløsning 1905. Officielle aktstykker vedrørende unionskrisen og Norges gjenreisning som helt suveræn stat. Mad talrige facsimiler og billeder. Kristiania, J.M. Stenersen & Co’s forlag. 1906. 1230 sider. Den andre boka, Norge i 1905, er skriven av Dr. Yngvar Nielsen (1843-1916), historikar, geograf, museumsmann og politikar. Boka handlar ikkje berre om det eine året 1905. ”Skal det kunne 57


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Snorre D. Øverbø

Stemningrapport frå året 1905 Utdrag frå dagboka til Karl Gåta (1874 - 1940)

”Naar de andre av mandskabet efter dagens arbeid gaar i land på fornøielse, besøger af og til restaurationerne, dels for at ta sig en taar over tørsten, benytter jeg anledningen at studere de ældre arkivsager og trykte bøger mv., dels på Stiftsarkivet, dels på Bergens offentlige bibliothek og Bergen Museum, hvoraf jeg samler materiale til en bygdehistorie og beskrivelse av min hjembygd Eivindvik (Gulen).”

Frå Karl Gåta si dagbok, august 1905.

for lokalhistorie. Han samla inn mellom Bergen og Tromsø. og skreiv av tusenvis av dokument Først i 1919 gjekk han i land for knytt til Gulen si historie. godt og vart bonde på Gåta. Karl gifta seg i 1904 med Oline Karl Larsen Birknæs vart fødd Olsdatter Kolstad (1879 -1919) 6/1-1875 på bruket Gåta på frå Manger i Hordaland. Byrknesøy i Gulen kommune. Foreldra var Lars Gregoriusson I 1920 gifta han seg for Byrknes (1841-1921) og Helene andre gong med Oline Gurie Marie Kolbeinsdotter (1853 Henriksdotter Tveit (1878 - 1923) 1915) Faren var fiskarbonde og Han fekk 5 born som levde opp, dreiv bruket til 1907. alle i første ekteskap.

24 år gammal mønstra Karl Birknæs på som matros på D/S Vestfjord som var eigd av Vesteraalens Dampskipsselskab. Seinare vart han båtsmann, som Dette skriv den 30 årige Karl er ein erfaren matros som under Birknæs i dagboka si for året 1905. kommando av styrmannen set i (Han endra seinare etternamnet gang og leiar det vanlege arbeidet sitt til Gåta) Han hadde interesser om bord. av det sjeldne slaget, båtsmannen på D/S Raftsund. I kvar ei ledig I 1903 mønstra han på D/S stund granska han arkiv og gamle Raftsund, som gjekk med skrifter. Heile sitt vaksne liv hadde passasjerar og gods i fast rute han ein altoppslukande interesse

Karl Gåta førde dagbok i 40 år. Bøkene er svært detaljrike og godt skrivne. Alle er tekne vare på og deponert på Fylkesarkivet. Her finn ein mange observasjonar om vær, politikk, familieliv, fiskeri og ikkje minst lokalhistorie. Dagbøkene er unike i sitt slag i Sogn og Fjordane, og kastar ljos over mange utviklingstrekk som prega dei ytre delane av fylket vårt i perioden 1899 - 1940. Karl Gåta døydde 6/5-1940.

Karl Gaata si dagbok for året 1905 Dagboka frå 1905 er på 190 tettskrivne sider. Innhaldet er sterkt prega av Gåtas gjøren og laden som båtsmann på D/S ’Raftsund’. Båten gjekk i fast rute mellom Bergen og Tromsø. Kaptein var P. O. Hegge. Gåta var om bord store delar av døgnet. Året før hadde han gifta seg med Oline, men han var berre heime på Byrknes ein gong dette året. Men Karl var eit lesande menneske og, som vi skal sjå, var han på ingen måte isolert om bord i båten. Snarare tvert i mot. Vi får eit bestemt intrykk av at han følgde svært godt med i dei storpolitiske hendingane som gjekk 58


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

føre seg i dette merkeåret i Noregs historie. Frå dagboka D/S ’Raftsund’. Vesteraalens Dampskipsselskap. Kaptein (fra 20/8-1903) F. O. Hegge, Karl Gaata, baadsmand. 6/1 1905 fylte Karl Gaata 30 år, om bord i båten i Sandnessjøen 18/1: Fik i aviserne se om den store ulykke i Loen, Nordfjord, 62 mennesker kl 11 aften søndag 15/1 omkom ved fjeldskred og deraf følgende bølgegang i Loenvandet bortskyllede de huse med sovende mennesker og fjøse med Kreaturer. En næsten uhørt Naturulykke 27/5: [Med sterkt uthevet skrift] I dag er konsulatloven af Kongen nægtet sanktion. Regjeringen søger forgjeves om afsked som kongen nægter at indvilge. Det er: Norge af din hånd – Konge. Norges krone ledig 7/6 1905: Norge bliver et frit rige 7/6 [onsdag]: Norges Storthing har i dag valgt regjering med hidtilværende statsminister Michelsen som Norges hoved. Stor spending. Bladene udsender extrablade paa extrablade med nyeste telegramme. Norges folk enigt: - Unionen er oppløst. [i margen]: Mindedag i Norges historie.

skaberen fristes man at synge: ”Det er paa jorden mang en yndig dal, men ingen lignes kan ved himlens sal osv.”. D/S Raftsund afgik fra Bergen Kai no 2 kl 8 formiddag. Salluterede med 4 skud det nye flag på Bergenhus fæstning, der svarede med 4 skud

lavet et ja saaledes: [Ordet JA teikna som prikkar] JA

13/8: Vest sør vest frisk. Regnbyger. I dag er land og by flagsmykket fra rigsgrendsen til de yderste beboede havskjær i anledning folkeavstemningen ”JA” om det norske folk er enige med den 7/6 1905 fattede beslutning 12/8: I anledning folkeafom opløsning av foreningen med stemningen i morgen spredes Sverige av 4/11 1814. og opslaaes plakater overalt. Kl 1 ettermiddag foregaar Paa næsten hver stor husrude er afstemningen i kirkerne paa landet ophængt trykte nationalfarvede og i byerne hvor ingen andre flag hvorpaa staar: [handteikna lokaler kan opdrives. 11/6 [1. pinsedag]: flagg i dagboka]: 13. august 1905. I Norges selvstendighetshistorie Storskiønt veir. Naar jeg ser de JA vi elsker dette landet. vil 13. august blive en national mange smaa gaarde som grønne Christiestøtten var omkranset av festdag (mindedag). pletter med og uden skov omkring grantrær, buketter, og krandse D/S Raftsund afgik fra Bergen Bergen og nordover øiene langs samt et stort skjold hvis hvide kl 8 formiddag flagsmykket fra top leden, med de deilige blaa fjelde i yderkanter funklede av smaa til taa. øst, gribes man af en tanke saa stor elektriske lysblus. [Teikning Bergenhus fæstning skjød 21 og og skiøn som selve naturen i sin av skjoldet]. Norsk elektrisk D/S Raftsund 21 skud (5 tændtes høitidspragt, og af lov og pris til aktiebolag havde af elektriske lys ikke). 9/6: i Bergen [uthevet skrift] I dag kl 10 formiddag nedtoges unionsflaget og heistes rent splitflag på Bergenhus fæstning, med 21 Kanonskud for det gamle og 21 ditto for det nye flag. Unionen er foreløpig død. Kirkebønnerne forandres. Norge styres av en regjering med statsminister Michelsen som Norges høieste regent

4

Karl Gåta sin stemmesetel til folkerøystinga om statsform (12 - 13. nov.) Brev til Gulen valstyre frå Gåta. (sjå side ??). Avisutklypp av vår nye kongefamilie. Gåta var ein varm tilhengjar av kongedøme.

Til side 60 59


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Frå side 59

NB Jeg blev af et kanonslag kvæstet i ansigtet saa blodet randt på 4 steder. Passerede Stabben fyr kl 1/2 5 ettermiddag. Flaged ligesaa i Florø hvorfra kirkefolket kom seilende efter afstemningen. Moldøen 1/2 7 ettermiddag. Flaged ogsaa her. 14/8: På Sømandens læseværelse i Trondhjem. Stor var spendingen for udfaldet af folkeafstemningen. - Ja næsten overalt. Faa nei’er. 15/8: Trondhjem. Det var interessant at se hvor enige nordmændene har været ved afstemningen 13. august til idag. Kl 12 var det stemt 365 977 ja og 182 nei. Endnu gjenstod 12 valgdistrikt.

Til høgre: Flaggskifte på Bergenhus festning 9. juni 1905. (Side 29 i ’Norge i 1905’).

9/9: Fik her [ i Svolvær] i extra blad til Lofotposten, se telegrammer om svenske krigstrusler hvis Norge ikke vil nedlægge sine grendsefæstninger. Afgjørelsen krig-fred er udsat til 13. september i Karlstad hvor de norske og svenske deligerede har haft møde siden 31. august. 13/9: I dag skal afgjørelsen KrigFred ske i Karlstad. Stillingen kritisk. Svenskerne staar ved grændsen med 70 000 mand. 14/9: I Skagen. Intet resultat af forhandlingene i Karlstad i dag heller. Folk nysgjerrige. Venter mobiliseringsordre hvert øieblikk Kl 5 ettermiddag. Situasjonen meget alvorlig-kritisk i Sverige. 15/9: Svolvær. Mobiliseringsordre kom hertil en Dr. Andreassen passager der nu skal til Horten.

D/S Barstrand stoppedes for baad medtog Doktor Andreassen der tilhører Sanitetsvæsenet og har i dag faaet Mobiliseringsordre at komme til Drøbak. Saa alvorlig til udrykning i krig har det ikke været i Norge siden 1814. Gamle mødre og kvinder græder og er urolige fordi deres sønner og mænd skal reise i krig. I følge telegrammene skal tendendtsen være mere fredelig. Rusland, Tyskland, Frankrige og England søger at forhindre krig paa den Skandinaviske halvø. 16/9: Bodø. Udsigter til fredelig løsning mere lyse.

folkeafstemningen skal afholdes 12. og 13 november førstk. i anledning valg av Prinds Carl af Danmark til Norges konge.

26/9: Laa i Trondhjem. Kjøbte 2 bukser à kr 2,50 = 5,00. Læste resultatet af Karlstadforhandlingerne: Nedleggelse af Norges Grændsefæstninger, oprettelse af Voldgiftstraktat m.v.

5/11: Svolvær. Sendte 1 brev med forfaldsanmeldelse og stemmeseddel (ja) til Gulens valgstyre, Eivindvik til folkeafstemningen 12 og 13. november.

4/11: Fik her [i Bodø] rede paa at

12/11: I Øksnæs i dag stemte størstedelen for Kongedømme.

D/S ’Raftsund’

D/S ”Raftsund” vart bygd i 1873 i Glasgow for Det Søndenfjeldske Norske Dampskibsselskab, under namnet ”Kong Magnus”. I 1890 vart skipet kjøpt av Vesteraalens Dambsskipselskab. ”Raftsund” hadde seglføring i tillegg til dampmaskin. Ein stolte framleis ikkje heilt på dampmaskindrift. Dessutan kunne det vere meir økonomisk å nytte segl i staden for maskinkraft. 14. august 1912 brann skipet opp i hamna i Sandnessjøen. 60

4


1905

18/11: Trondhjem. Kl 6.20 aften forkyndte 42 skud fra Kristiansten fæstning at Prinds Karl af Danmark er valgt til Norges Konge og har antaket som navn: Haakon den 7de. Almindelig festflagning i Byen og havnen. [Notater i margen:] 25/11: Norges nye konge kommer til Kristiania 26/11: Dronningens fødselsdag. Michelsen give kongemiddag 27/11: Kongen aflegger forfatningseden. 24/11: Bergen. Butikpersonalet har det svært travelt med dekorationer af flag og fotografi af kongefamilien, Michelsen, Berner m. fl. i sine vinduer til morgendagen der bliver en national festdag. 25/11: Bergen (Kongedagen). Hele dagen var byen og dampskibsflaaden klædt i et ypperligt festskrud med flag i alle muelige størrelser hvor man kunde se. Ordene: ”Alt for Norge” (Kong Haakon den 7des valgsprog) var illuminered på Triangelen og trykt i alle vinduer, ligesom store og smaa billeder av Kongefamilien og Statsministrer Michelsen var smukt dekoreret med nationale farber og grønt. Folkemassen i gaderne var stor udover kvelden. Kl 10 kom fakkeltoget (det 1ste jeg har set) som et lysende ildhav fra fæstningen ud Øvregade og ned langs Sporvognslinjen over torvet til Holberg- og Christiestøtten.

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Jule- og nyttårsfeiring 1905 Utdrag frå dagboka til Karl Gåta om jule- og nyttårsfeiringa i 1905. Sjå elles eigen artikkel frå dagboka til Karl Gåta.

var en høitidelig stund. Kl 11 - 12 paahørtes gudstjenesten i Domkirken staaende, da alle sittepladse til trængsel var optagne.

24/12: Julaften. Bergen. Sørlig frisk bris. Overskyet lidt regn. Fik udsættelse med afgangen fra 24/ 12 kl 1 formiddag til juledags aften kl 5. Laa stille ved fæstningskaien hele dagen. Skured paa dekket og skalked lemmene, udsætte forsterkninger af taug da stormvarsel er ankommet tidlig om morgenen. Var ikke i land. Spiste aftensmad (Julegrød mm.) i Salonen sammen med 1ste marskinist Ole Eikenes, 2den maskinist Leonard Solhjel, 1ste styrmand Karl Kaarbø, restauratrise Anna Dahl med 2 selskabsdamer: Fru Ida Ellingsen, J. Engstrøm og søster Elen. Matroser og fyrbøder spiste sin Julegrød mm på 2den plads hvor de kunde kose sig lidt med Cigarer, Nødder, druer og frugt samt lidt øl og Konjak med Toddy eller Punch til slut. Alt forløp ganske rolig udover natten.

31/12: Nytaarsaften. Sør vestlig frisk bris. Regnbyger. Afgik fra Bodø kl 5 formiddag ud nordenom Landego. Havde bra veir over Vestfjorden. Anløb Røst kai kl 1 ettermiddag. Fik blant an dre sager 1 levende ørn i en kasse som blev nedsat i agterrummet. Kl 1/2 5 om ettermiddagen i Sørvaagen kom en af matroserne på anden vagt ned i agterrummet uden at vide om den levende ørn i kassen. I det den i mørket begynte at bevege sig troede matrosen at fanden var løs og faldt i besvimelse saa han drak op næsten en halv pøs vand. Alle matroser og fyrbødere spiste vagt om vagt (rundt middag kl 12 - 1) på 2den plads. Jeg, lods Netland, maskinist Solhjel, styrmand Kaarbø, Anna Dahl, postekspeditør J Hansen (fuld) og postassistent Tennøe spiste paa 1ste plads. Risengrød, Ryper, Æbler, Apelsiner og nødder, 1/2 øl, 1 dram m.m. saa vi havde en riktig hyggelig nytaarsaften ved Lofoten.

25/12: Juledag. Sør-vest-nordlig laber bris - overskyet med regnbyger. Kl 7 formiddag hadde jeg den fornøielse at gaa i Korskirken til ottesang under kirkeklokkenes klare klang og kiming i byens kirketaarne medens det endnu var bækmørkt, gadelykterne lyste ude og kirkelysene lyste inde under hele gudstjenesten. Salmerne: ”Kimer i klokker”, ”Fra fjord og fjære”, ”Der er i dag en frelser født” og flere gjorde et dybt indtryk under orgelets berusende klang. Det

Kjelder: - Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Karl Gåta arkiv, dagbok 1905. - Kleiva, Ivar: Gulen i gamal og ny tid, Band 3. 1996. - Stavseth, Reidar: Vesteraalens Dampskibsselskab gjennom 75 år. 1956. - www.caplex.no

Karl Gåta og resten av mannskapet på D/S ’Vestfjord’. I tida 1899 - 1903 var Gåta matros og seinare båtsmann ombord. Karl Gåta sit lengst til venstre på biletet. (Fotograf: M. Bach, Trondheim).

61


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Øystein Åsnes

Intervju med Arne M. Sølvberg I samband med Fylkesarkivet sitt arbeid med å dokumentere lokale hendingar knytt til 1905, tok eg ein telefon til spelemann, dansar og leiar for Rådet for folkemusikk og folkedans, Arne M. Sølvberg i Stryn. Eg ville vite om hendingane i 1905 sette spor etter seg i tradisjonsmusikken i Nordfjord. Ikkje uventa fekk eg lange og kloke svar.

Arne M. Sølvberg.

bruk nye instrument, men også nye slåttar. Ein var ikkje lenger nøgde med dei korte to-veks feleslåttane som vi hadde frå før i Nordfjord. Det måtte være noko større konsertnummer. Når dei ikkje fekk tak i slike andre stader, så laga dei sjølv.

veit ikkje sikkert kva år det var, gjekk Alfred Maurstad óg over til hardingfele. - Var dette godt eller gale for tradisjonsmusikken i Nordfjord?

- Vi kan no seie at det var ein skade på ein måte. Spelemannen Ola Kjellstad laga til dømes denne Einar Henden har ein gong sagt veldige Kjellstadhallingen. Det til meg at ”den største ulukke som same med Jon Rosenlid (1891har hendt i Nordfjord, det var at 1974). Han kom til Bergen på hardingfela kom her”. Eg lurte no ein tur i 1907 og fekk høyre på om han hadde teke med alle ein konsert av vossingen Sjur ulukkene, både Lodalsulukka og Helgeland. Då var det gjort. Då litt av kvart, men han avgrensa - Kva fekk 1905 å seie for skulle han óg ha seg hardingfele, det med ein gong til musikken sitt tradisjonsmusikken i Nordfjord, og gjekk til felemakar Rasmussen område. Sjølv er eg ikkje så sikker Arne Sølvberg? i Bergen og tinga seg ei. Då skulle på det, for vi var inne i ei tid då óg hans gode ven Samuel Bergset den vanlege fela var i forandring - Det kan være vanskeleg (1888 – 1974) ha seg hardingfele. som instrument. å påstå noko om årsak og Saman spelte dei mykje i bryllaup verknad her, men eg trur at den rundt om her i Nordfjord. Eg har Ein gjekk vekk i frå tarmstrenger norskdomsbylgja som slo inn eit intervju med Samuel Bergset og flat stol og over til stivare over landet gjorde at hardingfela, der han fortel at dei spelte i 10 strenger og rundare stol. som var symbolet på den norske bryllaup i 1910, og det var nokså Spelestilen endra seg dermed: folkemusikken, segla opp for fullt. lange bryllaup. Etter å ha høyrt det vart spelt meir på ein og Vi fekk ei bylgje med skifte til Jon Rosenlid i eit bryllaup, eg ein streng. Difor trur eg ein hardingfele. Ein tok ikkje berre i del av repertoaret her i Nordfjord, til dømes slåttane etter Magne Maurset (18241916), passa like bra på hardingfele. Samuel Bergset, Jon Rosenlid, ”honndalsspelemennene”og fleire med, tok berre med seg repertoaret over på hardingfela, og slåttane sto seg bra der. Men dei slåttane som ikkje følgde med over, det var gjerne Anders Reed-materialet med masse einstrengsspel. Desse slåttane kom ikkje alltid til sin rett på hardingfela og låg vel litt i dvale til den vanlege fela fekk ein ny renessanse her i Nordfjord i seinare tid. Denne epidemien med å gå over til hardingfele skjedde i dei fleste vanleg-fele-område etter århundreskiftet. Til dømes spelte Emil

62


1905

Bruheim (1903-) og Rikard Skjelkvåle (1890-1976) i Sjåk både hardingfele og vanleg fele. Og storspelemenn på Nordmøre som Hallvard Ørsal og Nils Bakke gjekk heilt over til hardingfela. Der er mange slike døme rundt om. No har pendelen slege litt tilbake til slik det var før 1905, og ein leitar opp igjen ”vanlegfele”tradisjonar no. - Kvar fekk dei hardingfelene sine frå? Dei hadde ikkje tilgong på hardingfele her på den tid, så det er døme på somme som berre bygde om dei vanlege felene sine og fekk ny stol og hals og monterte på understrenger. - Var dette særskilt for Nordfjord? - Nei. Setesdal hadde eit skifte til hardingfele lite grann tidlegare, og dei snakkar om setesdalsfela når dei spelar på slike feler i dag. Men det er ikkje noko spesielt setesdalsfenomen, for dette finn vi mange stader. Eg veit ikkje om det er tatt vare på så mange av felene frå Nordfjord, men på eit foto eg har sett av gamle Lars Thomasgaard (1865-1946) er det tydeleg at han har ei fele som var ombygd. Det blomstra etterkvart opp med felemakarar her i området. Lars Hjellbakk blei ein av dei store, og Anders Langøylid oppe på Hellesylt lagde no veldig flotte feler. Dei vanlege felene var det enkelt å få tak i masseprodusert. Gabriel Reed ”skreiv heim” feler til og med. Men når hardingfeleepidemien kom, så stimulerte det til felebyggjarkunsten lokalt. Men det må nemnast at det finst nokre få eldre hardingfeler i Nordfjord som tyder på at feletypen slett ikkje var heilt ukjent frå før. - Kva skjedde med dansen? - Dette var ei tid der nasjonsbygginga og den frilynde ungdomslagsrørsla var i vokster. Samtidig fanst religiøse haldningar om at dansemusikk og dans var ”ei styggheit”. På Firdastemnea var det til dømes forbode med dans. Slik var det mange stader. Samuel Bergset fortalde at han

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

og han Jon Rosenlid var bedne om å spele på eit Firda-stemne i Innvik. Dei fekk melding om at dei ikkje måtte spele for mykje eggjande slåttar: det kunne bli dans ut av det. Difor kom dette med folkeviseleiken inn. Ordet ”dans” skulle ikkje brukast, men ”leik” vart akseptert. Når dei på møte i ungdomslaget her lurte seg til å avslutte med dans, skreiv dei i referatet at dei avslutta med noko som likna folkeviseleik. Ingar Ranheim frå Valdres har skrive ei glimrande hovudoppgåve om dette med nasjonsbygging og folkeviseleik i ungdomslaga som då nesten fortrengde mykje av den tradisjonelle dansen. Han har óg nokre døme på den knallharde debatten som gjekk i avisene mellom dei strengt religiøse og dei meir frilynde. Desse problema hadde vi visstnok i våre bygder óg. - Kva med runddans-repertoaret som til dømes masurka og reinlender som var så populært på 1800-talet? Det må no ha fått ein del motbør etter 1905? - Eg trur kanskje ikkje 1905 var noko merkjeår i det høvet. Men at runddansane (vals, polka, masurka og reinlender) overtok etter springaren og hallingen auka kanskje argumenta for synda i dansen. Du veit dansepartnarane dermed heldt meir i kvarandre heile tida og dansa front imot front. Eg har eit artig sitat frå mor mi frå Breim, der ho herma etter ei eldre dame som var litt religiøs. Ho hadde sagt det at, ”nei dans e’kje syndigt viss berre ein dansa sterkt”, så springaren og hallingen og dette her var greitt. Kanskje sikkert óg litt av dei friskaste runddansane, men dei nye dansane som tango og dette her, det var ”eit forferdelse”. Men berre ein dansa ”sterkt” så var det greitt. - Gabriel Reed (1869-1957) frå Breim, var ein sentral person i kulturlivet i regionen. Han dreiv med opplæring av felespelarar samstundes som han var både lærar og kyrkjesongar og litt av kvart. Han sa til ungdommen

at dei gjerne kunne få låne selet hans oppe på stølen til å danse i. Men det var eit vilkår: då måtte dei danse ein springar inn i mellom av og til. Det var nok litt fordi han var redd for at desse gamle dansane skulle gå ut av bruk, for dei var heilt fortrengde av runddansane på den tida. Sjølv om vi har eit kolossalt repertoar av springarar, så trur eg at den dansen hadde sett si storheitstid som allmenn eige mot slutten av 1800-talet. - Korleis vil du samanlikne utviklinga som har vore i Nordfjord med Sunnfjord og Sogn? - Når det gjeld haldninga til dans, så var det nok likt over heile landet. Dette med skifte til hardingfela var ikkje aktuelt i Sogn og store delar av Sunnfjord, for dei hadde hardingfela frå før. Eg trur ikkje vi kan finne sånne brytningar der, som vi hadde i Nordfjord. - Ein kan vel likevel tenkje seg at desse brytningane har sett spor etter seg i repertoaret? - Det kan vi nok seie noko om. Her i fylket vart det ikkje arrangert nokon kappleikar, så ein måtte til Bergen for å spele på kappleik. Om ein ser nærare etter på kva som vart spelt på desse kappleikane, ser ein ei veldig dragning mot hordalandsrepertoaret. Det var nesten som desse lokale, korte, gamle slåttane ikkje var gode nok for kappleik. Det er eit syn som vi møter den dag i dag. Eg har sjølv fått melding av ein dommar på landskappleik at eg ikkje måtte halde på med å spele på desse korte slåttane. Etterdønningane etter konserttida med ”Myllaren”, ”Fykeruden” og Sjur Helgeland sine utbygde slåttar, slo nok til for fullt i våre bygder då kappleikane kom i gong for alvor ved forrige århundreskifte. - Desse kappleikane kan vel sjåast som ein del av nasjonsbygginga? - Ja. Det var nok ei motvekt mot desse her straumane med den nye musikken og dansen som kom

4

Til side 64 63


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Frå side 63

Catharinus Elling sine arrangement for sang og piano kom ut i 12 ulike hefte. Første hefte kom ut i 1908, utgjeve på J.M. Stenersen & Co’s Forlag.

1905

innover både i frå Europa og Amerika.

skulle komponere så det høyrdes der dei nye husa kom opp, og norsk ut, og då var folkemusikken dei gamle klyngetuna forsvann i god nok… samband med utskifting. Det var - Kva med det som skjedde av ei brytningstid på alle vis. innsamling av tradisjonsmusikk Det er litt interessant å sjå på rundt 1905? Alfred Maurstad. Hadde ikkje Så det er ein del litt motstridande han skifta over til hardingfela, ting rundt 1905. Ein skulle ta - Ja dette var godt du sa, for så hadde han neppe vorte den fram igjen og ta vare på ”Det det tenkte eg på i går, etter at rikskjende spelemannen som Norske” og hardingfela blomstra. du hadde ringt her. Det var ei han vart. Han var den fyrste som Samstundes var det nesten ein veldig innsamlingstid akkurat då. spelte hardingfele i radio, og det forakt for mykje av det gamle: Catharinus Elling (1858-1942) var han som fekk vere solist i ein skulle kaste og byggje nytt fekk statsstipend for å reise rundt Johan Halvorsen sin Fossegrimen- både når det galdt hus og musikk. å samle inn, og han fór rundt i suite. Og han kunne ikkje notar Munnspelet og trekkspelet kom fylket vårt på denne tida. Vi finn eingong! Eg trur Johan Halvorsen for fullt og vart konkurrentar til mange melodiar i frå vårt fylke i sjølv var med på å pugge det fela. desse trykte hefta hans. Drivkrafta inn, og etter konserten skulle til Elling var ikkje berre å samle og Halvorsen ha sagt noko slikt som Men attende til Ola Ryssdal. Olav ta vare på det tradisjonelle. Tvert at ”Slik skal Fanitullen spilles! Det Sæta har studert samlingane hans i i mot så retta han opp mykje som var som kniven.”. samband med det store feleverket han meinte var gale. sitt, og han seier at Ola Ryssdal - Kva status har dette innsamlings- var ein av dei mest pålitelege Elling sitt innsamlingsprosjekt arbeidet til Catharinus Elling fått i nedskrivarar han har vore borti frå skulle tydelegvis vere grunnfolkemusikkmiljøet i ettertid? den tid. Det han ikkje greidde å få lagsmateriale for komponistane forklart med notar, det prøvde han til å komponere i norsk stil. Sjølv - Det stod sikkert bra høgt då, å forklare med ord. Mange som arrangerte han ut desse tonane men i dag har eg inntrykk av skreiv ned slåttar av desse tidlege for piano. Slik var det kanskje ei at mange forskarar fnys litt tonesamlarane, dei brydde seg norskdomsbylgje i den klassiske av arbeidsmåten til Elling. I ikkje så nøye med bogestrøk og musikken óg. Johan Halvorsen notatar som han gjorde under ornamentikk rundt hovudtonane. (1864 –1935) og andre samtidige, innsamlingsarbeidet var han veldig Men Ola Ryssdal, han prøvde å få kritisk til alle som med slikt. ikkje helt seg innafor den tempererte - Kva med vokalmusikken? Torer du skalaen. Han har å uttale deg om den? vel blitt teken fram som døme på sånn - Eg veit ikkje om det skjedde som det ikkje burde så mykje dramatisk på grunn av gjerast. Men han frigjeringa frå svenskane, men berga heilt sikkert det skjedde no ei forandring med mange fine melodiar. orgelet inn i kyrkjene sjølvsagt. Eg spelar sjølv fleire Den gamle snirklete syngestilen religiøse folketonar med fargerike intervall vart frå samlingane hans. skifta til meir rettlinja songstil i temperert skala. Dei gamle Vi hadde ein anna kjømeisterfunksjonane gjekk óg innsamlar her som etterkvart ut. Men heldigvis så vart heiter Ola Ryssdal frå det skrive ned ein god del song av Gloppen. Han var fleire samlarar. Eg har ikkje studert lektor i Trondheim, nok om songen, men eg lurer og kvar sommar litt på om det store omskiftet til nytta han tida til å nynorsk, eller landsmål, gjorde at reise rundt og skrive dei norskdomsprega lærarane kasta ned slåttar. Han var vrak på ein del gamle songar med veldig aktiv rundt alderdommelege riksmålstekstar århundreskiftet og lærde elevane songar frå nye og frametter. Han norske songbøker. interesserte seg visstnok óg for - Kva med desse felebyggargamle hus som han tradisjonane då? Er det noko av det teikna ned, for han som ein enno kan sjå spor etter? såg vel at dei gamle tuna óg forsvann på - Om du tenkjer på nokon som den tid. Det var ein har gått i lære og ført vidare, så veldig byggeaktivitet er det litt lite med det dessverre.

4

64


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Hermund Kleppa

Kongeskiftet i kyrkjebøna og på frimerka Med Stortinget sitt vedtak 7. juni 1905 - 7. junivedtaket - var unionen med Sverige i røynda (ikkje rettsleg) oppløyst og Oscar II ikkje lenger Norges konge. I kjølvatnet fylgde ei rekkje ”administrative forføininger”.

det kongelege inntoget i Kristiania 25. november. Dei gamle formuleringane blei sette innatt, med unntak av kronprinsesse; ho kom til landet i 1929.

Etter 7. juni vart det også feil å bruka frimerke med motiv av unionskongen. Dette mishøvet vart også Ein var av religiøs karakter. Den ordna etter måten raskt allmenne kyrkjebøna var ikkje og på mellombels vis. lenger rett og sann i eitt og alt. Postverket sat inne med Det var meiningslaust å be for eit stort lager av ubrukte ”vor konge” så lenge landet var kongelaust. Det vart difor fastsett, skillingsmerke som no vart overstempla med same dag - ved resolusjon av 7. kroneverdiane 1.00, 1,50 juni 1905 -, at dei kongelege og 2,00. Dei vart tekne i personane som stod opprekna i bruk istadenfor Oscar IIkyrkjebøna - konge, dronning, kronprins og kronprinsesse - skulle frimerka 29. juni 1905. utelatast, og at ”kongens raad” Det tok kortare tid å kvitta skulle skiftast ut med ”vort lands seg med unionskongen på frimerka enn å få den regjering”. Seinare på året vart alt som før. Den 18. november kåra Stortinget den danske prinsen Carl (Haakon 7.) til Norges konge. Kyrkjebøna vart justert for andre gong til den nye situasjonen, ved res. av 21. november 1905, tidsnok til

nye kongen på plass. Fyrst den 10. august 1907 kom den fyrste utgåva med portrett av Haakon 7. Ein skulle venta at det hadde skjedd raskare, og seinast til kroninga i juni 1906. Men i alle høve var det minst ein som nokså snart tenkte tanken: - ny konge på nye frimerke. Det syner postkortet ovanfor, eit av dei mange med 1905-motiv som vart produserte i åra frå 1905. Oscar II-frimerka var i bruk frå 1. oktober 1878 til 29. juni 1905, same dato som dei provisoriske kongefrimerka vart tekne i bruk. Dei fyrste høgverdi-frimerka med portrett av Haakon 7. vart tekne i bruk 10. august 1907.

Lars Hjellbakk i Hornindal bygde massevis av hardingfeler – og dei finn vi i bruk. Rundt Langøylid og på Stranda var det fleire som bygde litt hardingfele, men det har ikkje vorte noko stort meir. Vi har nokon få hardingfelebyggarar som har drive litt seinare i Nordfjord, som t.d. Malvin Sølvberg og Lars Rosenlid som begge er gått bort, og Harald Kvandal som framleis er i full aktivitet med felebygginga.

Men desse har henta sine impulsar intervjuet slik det fann stad 13. frå typiske hardingfelebyggardistri oktober 2004. Teksten er redigert kt som Telemark og Hardanger. og tilpassa ei skriftleg framstilling. - Vi kunne snakka lenge enno om dette emnet, men vi må diverre avslutte her. Takk for tida di! - Sjølv takk for praten! Dette er ei omskriving av

Kjelder: - Intervju med Arne M. Sølvberg 13.10.2004 - ”Slåttemusikken i Sogn og Fjordane” - Artikkel i Kjelda nr. 3/2002 av Liv Fridtun - ”Femti år med folkemusikk” Rolf Myklebust. Det Norske Samlaget 1982. 65


1905

Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Av Karianne Schmidt Vindenes

Lodalsulukka i 1905 Men so kom sorg og sut med hast efter evne afhjulpet af naboerne, då ”Ravneblokk i vatnet brast” ligesom hans majestæt kongen i den store bylgja kjem med makt dag har givet 5000 kroner.” so hus og heim i grus vert lagt Å nei, å nei du fæle ting! Um natti mange sprang ikring og leitad etter far og mor og vesle syster, vesle bror

Det vart satt i gong ein innsamlingsaksjon i etterkant av ulukka, og Fjordenes Blad var sentral i denne aksjonen. Også amtmann i Nordre Bergenhus, J. Utheim engasjerte seg i aksjonen og uttalte i Fjordenes Blad,

Å stakkars deg, som liver att som sorgfull minnest denne natt ”Jeg henstiller, at hjælp ydes paa då ein og seksti vener kjær den maade, man i hver enkelt fekk livet tynt av bylgja svær.

Frå kyrkjegarden i Loen. Dei to like steinane i bakgrunnen er satt opp til minne om dei to store Lodalsulukkene, i 1905 og 1936. Dei fremste gravstøttene er reist til minne om dei som omkom i ulukka i 1936. For meir om minnesteine knytta til Lodalsulukkene kan de sjå i Kulturhistorisk Atlas og Leksikon (Foto: Randi Melvær). 66

Desse versa er henta frå ein minnesong som vart laga til minne om dei som mista livet i Lodalsulukka 15. januar 1905. Det er snart 100 år sidan denne ulykka som kravde 61 liv.

bygd finder mest hensigtsmæssig, idet jeg bemerker, at stiftets biskop med mig er enig i, at det ved en anledning som denne vil være at anbefale, at man paataler den kristelige bamhjertighed ved ofring i kirkerne.”

”Den frygtelige ulykke i Loen har dybt rystet alle” skrev Fjordenes Blad 28. januar. Avisa kan også fortelje om trongen for hjelp til Lodalssamfunnet. ”Den øieblikkelige nød er beredvillig og

Lodalsulukka skapte eit sterkt engasjement i 1905, og den skapar også engasjement i 2005. 100års minnet for ulukka vil verte markert på fleire måtar i Loen 14. – 15. januar 2005. I tillegg

til ei rein minnemarkering vil det verte arrangert ein konferanse om fjellskred, og eit seminar om sorgarbeid og krisehandtering. Fylkesarkivet har vorte invitert til å delta på fjellskredkonferansen for å gje eit bilete av samfunnet i Lodalen i 1905. Foredraget frå denne konferansen vil verte redigert om og presentert i Kjelda. Kjelder: Fjordenes Blad Loen Kyrkje 150 år, Loen Sokneråd 1988 Hermund Kleppa, ”Minnesmerke om Lodalsulukkene 1905 og 1936”, Kulturhistorisk Atlas og Leksikon 2001.


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13

Gunnar Urtegaard

Har du foto frå garden Åberge i Gaupne?

Kjelda har fått spørsmål frå ein person som i lang tid har vore på leit etter bilete frå garden Åberge i Luster kommune. Garden ligg i Engjadalen (over kommunesenteret Gaupne) kring 350 meter over havet. Det var 2 bruk på denne garden. Kring 1925 brann heile gardstunet ned. Personen er på leit etter foto av garden eller gardstunet slik det såg ut før brannen. Den eine brukaren på den tid heitte Lars Åberge. Kjelda vonar at nokon av lesarane kan hjelpa oss med dette. tlf. 576 56 400.

Foto som syner Gaupne i Luster. Engjadalen er dalen som går innover bak Gaupne sentrum litt til høgre i biletet. Garden Åberge ligg like frampå kanten over Gaupne. Foto: Torodd Joranger, 2002 (SFFKf-100024.100440).

Fylkesarkivet vil få ønskja alle sine lesarar ei God Jul og eit Godt Nytt År!

67


Kjelda, nr. 3 - 2004, årgang 13 Retur:

FYLKESARKIVET Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682 Av Hermund Kleppa

Målarstykket Alværa - gåve til Alltinget i 1954

I stykket om ei påtenkt kunstgåve (måleri) til Island i 1870-åra (Kjelda nr. 1/2004) nemnde eg at islandsvenen Anders Skaasheim fyrst på 1950-talet fekk ordna med ei frendegåve frå sogningar og Sognalaget i Bjørgvin (Bergen). Gåva var eit maleri av garden Alværa ved Lavik måla av ørstingen Karl Straume (1877-1968), ein av dei fremste og best kjende kunstmålarane på Vestlandet - i følgje ei pressemelding frå juli 1954.

Me har fått tilsendt eit bilete av maleriet. Det viser gardstunet i Alværa med hovudbygning og uthus, naust, bryggje og ei jekt for anker. Kunstnaren sin signatur, Karl Straume, og årstalet 1936 står nede i venstre hjørne.

Skaasheim fortel at landnámsmannen Tord Vikingsson kom frå Alværa og at han gav den nye bustaden sin i Dyrafjorden namnet Alvidru. Det går fram av brevet at det er uklårt om det var Alværa i Lavik Tord Vikingsson kom frå, men dei ynskte likevel Skaasheim reiste sjølv til Island og å gje eit bilete av ein storgard overleverte måleriet. Det skulle i Sogn, eit bilete som kunne vera ”eit teikn på takksemd frå minna om stadene dei fyrste Noreg til det islandske folk”, står det landnámsmennene kom frå. i eit brev han hadde med seg, ”for alt det dei hev gjort til å verna um Kjelde norrøn kulturarv.” Motivet var ikkje tilfeldig valt.

Skaasheim-arkivet SFF-88047, omslag 87, legg 1, 220, legg 3.

Målarstykket Alværa, 125 x 163 cm, 1936, av Karl Straume.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.