Kjelda nr. 3 2001

Page 1

Kjelda

50 kroner

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Nr. 3

November 2001

Årgang 10

10 ÅR MED KJELDA!

Stort dobbeltnummer

med fotball, musikk og ølbrygging. Kjelda avsluttar jubileumsåret med eit fyldig og innhaldsrikt dobbeltnummer med nyskrivne historiske artiklar frå heile Sogn og Fjordane. Av innhaldet kan nemnast: reisinga av Mjømna kyrkje, fleire gode oppskrifter for brygging av øl og portrett av spelemannen Klemet Espeset frå Fjaler og fotografen Nils Olsen Reppen frå Sogndal. Frå vernearbeidet til Fylkesarkivet finn me interessante innhogg i arkiva etter Sogn og Fjordane fotballkrets og Eids kommunale elektricitetsverk.

Minne og gløymsle i Sogn og Fjordane

Steinkrossane i Eivindvik i Gulen er mellom dei mest kjende kulturminna frå Sogn og Fjordane. Dei symboliserer både kristninga og etableringa av Gulatinget. Det å setja opp merke til minne om hendingar, åndelege fenomen eller personar er ein skikk som tok til i fylket vårt faktisk før steinkrossane kom opp. I denne utgåva av Kjelda kan du lesa meir om minnesmerke i Sogn og Fjordane frå eldre tider til i dag. Kjelda set også særskilt lys på ei gruppe som aldri har fått reist noko minnesmerke etter seg, og som også i særs liten grad er nemnde i den lokale sogeskrivinga: dei fattige.

Kulturhistorisk Atlas Leksikon, side 4


2

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Kulturhistorisk Atlas og Leksikon for Sogn og Fjordane - i sluttspurten, og mot nye mål

Arbeidet med Kulturhistorisk Atlas og Leksikon nærmar seg slutten. Etter planen skal prosjektet avsluttast 31 desember i år. Det vart starta opp sommaren 1999 som eit breitt samarbeid mellom kommunane i fylket, fylkeskommunen, fylkesmannen, Statens Kartverk m. fl. Fylkeskommunen har hatt ansvaret for prosjektet. 29. september same år opna internett-tenesta. Tilbodet er svært mangearta og vidtfemnande. Vi kan nemne: kulturminne-artiklar frå alle kommunar, digitale kart der brukaren sjølv kan velje kva for data som skal leggjast inn, stadnamn kartfesta digitalt, gardsleksikon og stølsleksikon for Sogn og Fjordane, reiselivsinformasjon og mykje, mykje meir. Atlas-leksikonet skil seg ut frå andre tilsvarande tenester på nettet. Det viktigaste er at ein koplar saman databasar og digitale kart, og gjev brukaren ein heilt ny innfallsvinkel til historiske data. Tenesta er gratis for alle, og du kan sjølv gjere deg kjend med tilbodet på nettadressa: http://www.sffarkiv.no/atlasleksikon

Eit så stort prosjekt, og med så mange viktige data, må drivast vidare, også etter at prosjektet formelt er avslutta. Det same gjeld for Kulturnett Sogn og Fjordane, som allereie eksisterer på “overtid”. Nett-tenestene må drivast vidare, men ikkje som prosjekt, men som eit fast arbeidsfelt, eit fast innslag i vår arbeidsdag. Fylkesarkivet ser på Kulturhistorisk Atlas og Leksikon og Kulturnettet som våre viktigaste formidlingskanalar i åra som kjem. Vi kan ikkje la slike tiltak langsamt forvitre og døy. Infrastrukturen ligg der, og innhaldet har begynt å strøyme inn. Det er etablert kontaktar med kommunane, musé, bibliotek, kulturinstitusjonar og lag/organisasjonar. Arbeidet har kome svært langt; vi har synt resten av landet korleis det skal gjerast. Men alt må vedlikehaldast og utviklast vidare. Det må skaffast ressursar til eit kontinuerleg arbeid med nettverka. Det må skapast rom for at Sogn og Fjordane skal vere leiande på kultur og IKT også i åra som kjem.

Kjelda - sogebladet for Sogn og Fjordane Bladet du no sit med i handa, er unikt på fleire måtar. Det er det einaste fylkesomfemnande bladet i sitt slag i Sogn og Fjordane. Denne utgåva er dessutan ein nyskaping: Vi har laga eit dobbeltnummer for å få plass til fleire større artiklar, pluss alt det andre som er i eit vanleg Kjeldanummer. Gjennom å slå saman haust- og julenummeret har vi nå fått spalteplass for stoffområde og artiklar som vi ikkje hadde før. I 1892 var det 289 personar i Sogn og Fjordane som fekk stønad frå fattigstellet for første gong. Kven desse personane var og kva for tilhøve dei levde under er lite kjent. Det har vore skrive lite om emnet lokalt. I ein lengre artikkel inne i bladet fortel Gunnar Yttri meir frå den gløymde soga til fattigstellet. Det finst i dag kring 300 minnesmerke i fylket vårt. Eit minnesmerke kan vere alt frå enkle steinar til kunstnerisk utførte skulpturar. Dei er plassert rundt ikring langs vegar

og på samlingsplassar. Felles for dei alle at dei på ein eller annan måte skal minne oss om personar og hendingar i fortida. Over 95 % av minnesmerka er frå 1900-talet. I ein artikkel samanfattar Hermund Kleppa særtrekk og kjenneteikn ved minnesmerka i Sogn og Fjordane. Begge artiklane har eit fylkesperspektiv, og dei syner kor viktig, relevant og interessant fylkesperspektivet er i sogearbeidet. Fylkesarkivet meiner det er trong for ein arena der historie frå heile fylket kjem fram. Kjelda ønskjer å vere den arenaen. Men dette skal ikkje verta eit blad skrive av Fylkesarkivet. Vi inviterer no forfattarar som er svangre med stoff om å komme til oss med det. Målet med Kjelda er å formidle kunnskap om historie og arkiv. Vi vonar at vi kan ha eit slikt utvida nummer kvar haust framover, med rom for fordjuping i spanande område i vår historie, som til no har vore lite granska. Det er mykje å ta av.

Snorre D. Øverbø

Innhald Kjelda nr. 3 & 4 - 2001 Leiar, side 2 Ølbrygging med tradisjonar, s. 3 Kulturhistorisk atlas og leksikon, s. 4 Verdfulle arkiv i private heimar, s. 6 Sogn og Fjordane fotballkrets, s. 8 Mjømna kyrkje 1901 - 2001, s. 11 Ruglesteinen i Angedalen, s. 14

Sentralt fotografregister på Internett, s. 15 Speletradisjonar i Breim, s. 16 Spelemannsportrett, s. 17 Vokal folkemusikk, s. 18 Slektstemne, s. 19 Glimt frå fotoarkivet, s. 20 Historiske fotografar, s. 21 Amerikanar med bilete frå fylket, s. 22 Landskonferanse for fotobevaring, s. 24 Minnesmerke, s. 25

Eids kommunale elektricitetsverk, s. 26 Motteken litteratur og musikkinnspelingar, s. 28 - 29 Siste utveg, s. 62 Brynjulv Østerbø, s. 63 Sjå på Jølster, s. 64

Større artiklar Fattigstellet i 1890-åra, s. 30 Minnesmerke i Sogn og Fjordane, s. 44 Tingbøker frå Nordfjord, s. 59


Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

3

Ølbrygging med tradisjonar

Ølet har lange tradisjonar som folkedrikk her til lands, lenge før kaffien blei innført. Det var ein sjølskreven drikk til fest og høgtid, og sidan det no nærmar seg jul tek vi med 2 oppskrifter på øl frå samlinga “Mat og matskikkar”. Den fyrste oppskrifta er på “eineøl” slik det vert laga på Arnestad i Gloppen, vi har fått denne frå Ragna B. Rygg og Gloppen pensjonistlag. Den andre oppskrifta har vi motteke frå Stryn og Hornindal pensjonistlag. Denne skildrar korleis ein går fram for å lage “kornøl”, og har før vore prenta i heftet “Matoppskrifter frå eldre tid i Indre Nordfjord” som er utgjeve av Stryn Bondekvinnelag. Av Maren Feyling

Eineøl

Til 30 liter øl 2 1⁄2 - 3 kg sukker 1,5 kg gjær Ca 2 nevar humle Einer, grøne fine toppar Spyl einen godt i rennande vatn. Kok vatn og einer til det vert brunt. For å få farge på, tilset 1 eller 2 flasker Tomtebrygg. Når det er kokt så silar ein frå einen og humla. Så tilset ein sukker og Tomtebrygg. Når det er passe varmt ca 30° C tilset ein gjær, dekker godt til og let det stå og gjære i 2 døgn. Bruk hevert og tapp ølet på flasker eller norgesglass. Etter ei veke er det ferdig til bruk. Dette er ei oppskrift som er i bruk til alle tider på året.

Kornøl

50 kg bygg deler ein i to jutesekkar. Dette legg ein i rennande vatn i 3 dagar. Når ein har teke det opp av vatnet, skal det ligge i sekkane 2-3 dagar på ein lun stad i ca 10-15º C til det spirer. Då legg ein det i grokarm i eit ca 8 cm tjukt lag. Dette måler ein med “langestanga”. Ein må sjå jamt etter det så kimen ikkje blir meir enn 2/3 av lengda på kornet. Blir kimen for lang, blir det grassmak. No riv ein opp dette så det blir heilt laust og tørkar det bort, ellers kan det mugne og då kastar ein opp av ølet. Når ein har fått det så tørt at ein kan knuse det mellom neglene, kan ein lagre det i lengre tid slik. No er det ferdig til maling, men når ein mel det må ein bryggje det med det same. Ein skal male det grovt. Blir det finmale, blir det

graut og ikkje øl. No startar brygginga. Ein må ha god plass for det er mange store “trekjørel” ein skal bruke. Ein må ha gil (jil), ruste, meiskero, humlesil, temperaturmålar og bryggjekjel som tek 50-60 l. Rikeleg eine må ein ha og han må vere grøn og frisk. Alle “kjørela” må ein vaske med “einelog”.

Brødrene Per, Ragnvald og Hans Bringeland tappar heimebrygga øl ein fin sumardag på Akse i Hyllestad år 1935. (SFFf-94127.0001).

Ein kokar opp reint vatn. Maltet har ein i gilen og bløyter det med det kokande vatnet. Ein rotar forsiktig med “meiskerona” til alt er bløytt, men ikkje blautare enn at “meiskerona kan stå. No skal det over i “rusten” som har krane nær botnen. I botnen legg ein “rustesko” inn til kranen. (Rustesko er ei tjukk fjøl med mange hol i). Ein legg eine på botnen i rusten, så eit lag malt, eine og malt lagvis. Ein slær på kokande vatn til det står om lag 10 cm over. Rusten bør ta 150 l.

På meiskerona er det vanleg å setje merke for kvar spann som ein slår over i gilen. Difor er skaftet på meiskerona oftast svært ujamnt.

No byrjar ein å tappe. Ein set ei 20 l spann under kranen og let det renne ein stråle så tjukk som ein ulltråd. No kan ein smake på vørteret og finne ut om resultatet er godt. Ein legg no 1⁄4 kg pressa humle i humlesilen og set han på plass over gilen. No slår ein vørterølet over humla. Av 50 kg korn skal det bli om lag 125 l øl. Ein må alltid passe på at vatnet står over maltet i rusten medan ein tappar øl. Ølet skal no stå til det får ein temperatur på knapt 27º C. Som gjær brukar ein “kveik” som ein har lagra frå tidlegare brygging. Kveiken er då tørka. Dette har ein opp i ølet. No skal ølet stå tildekka med eit laken og elles så mykje klede at det held ein temperatur på ca 20-25º C. Slik står det då 2-3 dagar til kveika flyt opp. Ein fløyter då av kveika og tørker ho til ein annan gong. No tappar ein opp ølet og har det på mindre kjerald (øltynner på

40-50 l) som ein korkar til. Dette kallar ein “oppskaking”. Etter ei veke skal det vere blankt og godt på smak.

Tradisjon rundt ølbollar

Ølet skulle drikkast og , gjerne frå spesielle ølbollar eller ølkjegler. Ein ølbolle er ei treskål med ein låg stett og som er rikt utsmykka og gjerne prega med ein tekst eit såkalla ølbollerim. Det finst eit utal slike rim, her er nokre frå arkivet etter Per Tang:

Før stod jeg i Lunden grøn nu er jeg en skaal saa skiøn. (1837)

Bær mig under den bedste tønde Lad godt Øl i mig rinde Drik saa baade mand og kvinde (1805)

Drikke, Dandse og Qvæde Det sømmer Folk i Drik, Men Bande, Skiende og Græde Det er en Fandens skik. (1623)

Kjelder:

Norvald, Tveit. Norsk heimebrygg - ølet som Gud elskar. Arkivet etter Per Tang: Ølbollerim, avskrive av oberstløytnant Øyen 1937, etter oppteikning av gardbrukar Gunnstein T. Gjøveland, Åmli.


4

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Kulturhistorisk atlas og leksikon Av Anders Gjerde

Kulturhistorisk atlas og leksikon er namnet på eit prosjekt som Fylkesarkivet starta opp i 1999. Alle dei 26 kommunane i fylket fekk høve til å koma med framlegg til tema for artiklar vedkommande kulturhistoriske minnesmerke, bygningar, personar og anna. I tillegg har ein del institusjonar, som t.d. Statens Vegvesen, kome med sine framlegg. Fylkesarkivet har plukka ut ein del tema som kommunane ikkje har teke med. Mellom anna har me som mål å få laga artiklar om alle minnesteinane som er reiste i fylket.

Kulturhistoriske artiklar

Den fyrste tida gjekk med til å henta inn dei ovannemnde tema til artiklar og til å skaffa forfattarar til å skriva artiklane. Det siste har vist seg å vera lett for visse

Flora Gulen Solund Hyllestad Høyanger Vik Balestrand Leikanger Sogndal Aurland Lærdal Årdal Luster Askvoll Fjaler Gaular Jølster Førde Naustdal Bremanger Vågsøy Selje Eid Hornindal Gloppen Stryn Andre

kommunar, men vanskelegare i andre. Nokre av forfattarane har lagt ned eit stort arbeid og skrive mange artiklar. For dei kommunane som er så heldige å ha ivrige forfattarar er talet på artiklar vorte høgt. Fylkesarkivet har sett som mål at det skal lagast minst 20 artiklar for kvar kommune før prosjektet er ferdig. Elles har fleire av Fylkesarkivet sine medarbeidarar bidrege med ei rekkje artiklar. I tillegg til at artiklane skal skrivast med kjeldetilvisingar m.m., skal dei også ha illustrasjonar som bilete, teikningar, faksimilar frå bøker og aviser o.l Artiklane finn ein på hovudsida til Kuturhistorisk atlas og leksikon under overskrifta Kulturminne / attraksjonar. På statistikken som er nytta som illustrasjon til denne artikkelen ser me at nokre av kommunane som t.d. Flora og Førde står med svært få eller ingen ferdige artiklar. Men for desse, og fleire andre kommunar, er det mange artiklar under produksjon. Nokre av dei er

Feb. Mars April Mai

Juni Aug. Sept.

1 2 0 5 6 64 3 4 3 3 1 2 6 2 1 0 1 0 0 4 2 2 1 0 1 3

2 3 1 11 8 64 3 6 7 7 1 2 7 3 1 0 2 0 1 4 2 2 2 0 1 3

2 5 9 12 11 64 3 7 11 7 1 2 7 3 1 0 3 0 1 4 2 2 3 0 2 4

2 5 9 14 13 65 6 8 13 7 2 2 7 5 3 0 3 0 1 7 3 2 4 0 2 7

117

143

166

190

2 5 18 14 13 65 6 8 13 7 2 2 8 5 3 0 3 0 1 7 4 2 4 0 2 7 5

2 6 20 21 13 65 6 12 14 7 4 2 10 7 3 2 3 0 6 10 4 4 6 0 3 8 9

2 6 22 22 14 65 7 13 14 7 4 3 11 8 3 3 3 0 6 10 4 4 6 5 4 9 9

+11

+42

+21

+36

+23

+24

201

243

264

nesten ferdige, men manglar t.d. illustrasjonar.

Gardsleksikon

Fylkesarkivet har lagt inn alle matrikkelgardane i fylket - i alt 2674 - i ein eigen database og kartfesta desse på digitale kart. Av dette har me laga eit Gardsleksikon der det digitale kartet har funksjon som ein port inn til historisk informasjon om den einskilde garden. Frå markeringa på kartet kan ein klikka seg inn til databasane og henta ut informasjonen som er samla om dei ulike gardane. Her finn ein - mellom anna folketeljingar, matriklar, foto, stadnamn og omtale av gjenstandar som er leverte inn til dei lokale musea.

Stølsleksikon

På 1930-talet stod Bondesafunnsavdelinga ved Institutt for samanliknande kulturforsking i Oslo Sætrar og Sæterbruk i Noreg for ei omfattande registrering av stølane i Noreg. Denne registreringa har Fylkesarkivet nytta seg av i arbeidet med å laga eit stølsleksikon. Okt. Denne registreringa tok føre seg både stølar som då var i drift 2 og stølar som for lengst var 8 nedlagde. Men i arbeidet med 28 22 stølsleksikonet fann me ut at 14 denne registreringa ikkje var 65 fullstendig dekkjande. Ein del 7 stølar var utelatne, men var med 13 i bøker som var skrivne om 14 stølar her i fylket. Ikkje minst 9 stølsboka for Luster hadde med 4 mange fleire stølar enn dei som 3 var nemnde i stølsregistreringa 12 8 frå 1930-talet. Også Statens 3 Kartverk har vore til hjelp 3 med å finna fram til fleire 3 stølar og Fylkesarkivet har nytta 0 deira godkjende skrivemåtar 6 både i arbeidet med Gards- og 10 Stølsleksikonet. Alle stølane er 5 kartfesta, men nokre av dei som 4 vart nedlagde for svært lenge 7 7 sidan har det vore tvil om 4 nøyaktig plassering på kartet. 14

284

Kulturminneartiklar utlagde på Internett fram til 18. oktober 2001, i alt 284 artiklar.


Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

5

Båten ‘Basholm’, som var på størjefiske frå 1951 til 1980. Frå artikkelen ‘Størjefisket - storfiske på 1950-talet’. Artikkelen er utlagd på Internett. (KAL/SF-1412.018).

i fylket ved å nytta søkesida som kjem fram. Treng ein reiseinformasjon om bussar, båtar og ferjer i fylket kan ein klikka på Transport.

Informasjonen om stølane ligg også knytt opp til Gardsleksikonet. Under overskrifta Tematurar finn ein tre tema, det eine er stølar. Her finn ein 94 artiklar om stølar i Gloppen kommune.

Stadnamn

Arbeidet med å samla inn stadnamn frå alle kommunane i fylket er stadig i gang. Til no er arbeidet ferdig i halvparten av dei 26 kommunane i fylket. Desse stadnamna vert registrerte og kartfesta av folk i kommunane. Fylkesarkivet legg dei inn i databasar og kartfestar dei på dei digitale karta på same måten som gardane og stølane. Stadnamn kan vera så mangt; namn på elvar og grøver, på jordlappar og åkrar, på haugar og lier, på vatn og tjørn, på gardsbruk og husmannsplassar. Og endå Kommune Askvoll Aurland Balestrand Bremanger Fjaler Hornindal Høyanger Jølster Leikanger Lærdal Naustdal Sogndal Årdal

Tal stadnamn 12 233 5 820 7 960 14 294 13 375 2 476 13 042 3 415 1 488 9 161 9 060 9 941 2 756

I alt

105 021

fleire punkt på kartet. Eit døme på eit stadnamn frå Lærdal er Forsiktig Olsen, som er eit smalt punkt på stølsvegen mellom garden Stødno og stølen Åsen. Vik kommune er snart ferdig med innsamlinga av stadnamn og i Flora er dei i gang. For å koma inn i Gardsleksikon, Stølsleksikon og Stadnamn må ein klikka på overskrifta Kart på hovudsida til Kulturhistorisk atlas og leksikon.

Andre overskrifter

Under overskrifta Kommunar vil det koma artiklar med omtale av kommunane med kommunevåpenet. Desse skal dei tilsette ved kommunearkivordninga i Fylkesarkivet skriva. Går ein inn i Statistikk finst det der ulike statistiske data om Sogn og Fjordane fylke og kommunane der. Overskrifta Overnatting gjer det mogleg å finna ulike overnattingsverksemder

Overskrifta Tematurar har me vore inne på tidlegare under omtalen av artiklar om stølar. I tillegg til desse artiklane finn ein boka Steinskuggar av Herman Starheimsæter med bilete av Jens Hauge. Boka Steinskuggar er ei diktsamling med biletillustrasjonar. Det finst òg ein engelsk versjon. Under Tematurar kan ein òg ta ein tur gjennom artiklane i Kulturhistorisk Atlas og Leksikon som tek føre seg minnesmerka i fylket. Fylkesarkivet har eigen musikkavdeling som samlar inn både musikkopptak og nedskrivne tekstar og komposisjonar. Klikkar ein på overskrifta Lyd får ein sjansen til å høyra eit lite utdrag av ein melodi eller song frå Fylkesarkivet sin samling med musikkopptak. Overskrifta Video skal gje oss tilgang til videoopptak av ulike hendingar. Her er det ikkje lagt inn noko enno. Prosjektet Kulturhistorisk atlas og leksikon skal vera ferdig til utgangen av dette året, men Fylkesarkivet vonar me kan driva det vidare. Eit leksikon treng som kjent stadig nye oppdateringar.

www.sffarkiv.no/atlasleksikon


6

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Verdfulle arkiv i private heimar

Kvart einaste år kjem det til rette verdfullt arkivmateriale i Sogn og Fjordane. Rundt omkring i heimane finst det både private og offentlege dokument som er heilt vesentlege for ei god forståing av vår lokale og nasjonale historie. Dei bør difor vernast for ettertida. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har vern av arkiv som si hovudoppgåve og hjelper både privatpersonar og kommunar med å tryggja kulturskattar. Av Gunnar Yttri

Hausten 2001 var det i alt registrert om lag 1800 kommunale arkiv i Fylkesarkivet sine databasar, og om lag 1 600 private arkiv. Alle dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane er bra representert med arkiv. Til grunn for registreringane ligg eit medvite vernearbeid heilt frå 1980-talet. Men framleis dukkar det opp materiale som ikkje er verna og som kan stå i fare for å verta øydelagt eller koma vekk. I dette Kjelda-nummeret presenterer me nokre døme der materiale frå private heimar er kome inn i vernearbeidet til Fylkesarkivet det siste året. Har du som lesar kjennskap til slikt materiale - ta gjerne kontakt med Fylkesarkivet slik at

me kan hjelpa til med å få tryggja det for ettertida.

Arkivskattar i Stryn kommune

I Stryn kommune vart Fylkesarkivet i sommar kontakta i samband med to ulike arkivskattar. Først melde Jon R Langseth Vik frå om at han og slekta sat på mykje gamle papir etter Arne Olsson Tonning (1834 -1892) og Peder L. Sunde. Langeseth Vik ønskte rettleiing i handsaming av materialet og også å få tryggja det for ettertida.

Jon R Langseth Vik frå Stryn i arbeid med gamalt og verdfullt arkivmateriale. (Foto: Gunnar Yttri),

Materialet inneheld ei rekkje særs interessante element. Her finst mellom anna utskrifter av tingbøker, originaldokumenta for byggjenemnd for Tonning skule og her finst også mykje privat korrespondanse. Særleg må likevcel nemnast papir etter Arne Olsson Tonning (1834 - 1892). Ved sidan av ei rekkje lokale tillitsverv var han Stortingrepresentant i ei årrekkje. Tonning var i høgste grad eit skrivande menneske og arkivet etter han vil vera viktig for forståing av både lokale og nasjonale hendingar i siste halvdel av 1800-talet. I august fekk Fylkesarkivet så melding om at ytterlegare materiale hadde kome fram i dagen i Stryn. No gjaldt det arkiv etter kyrkjesongar og lærar Johan Lyslo (1886 - 1978) frå Innvik. Arkivet inneheld mellom anna eldre materiale etter presten i Innvik, lærardagbøker og anna papir frå dei gamle skulane, protokoll for avhaldslaget i Innvik frå siste halvdel av 1800-talet og også arkiv etter Innvik skoglagArvingane har gjeve Magne Dragesæt fullmakt til å ta seg av arkivet etter Lyslo og vidare vern og registrering vil skje i samarbeid mellom Fylkesarkivet og Stryn kommune. Faksimile frå Fjordingen, onsdag 29. august 2001. “Ein kulturskatt til Stryn kommune.


Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Vanskeleg oppdrag i Gulen kommune:

‘Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som nn han’ Fylkesarkivet sin utsending vart for brei over herdane då han var i Gulen for å henta inn arkivmarteriale som var funne i prestegarden i Eivindvik. Sjølv om underteikna låg på magen og freista å åla seg inn den tronge opninga på kvistloftet i prestegarden, var det berre stubbar av det gamle prestearkivet som var råd å få tak i. Av Ole Stian Hovland

Godt gøymt

Kan hende at han tenkte på arkivet i skattkammeret i Babel han som gøymde det gamle arkivet etter Eivindivik presteembete, for her var det ikkje lett å koma seg inn. På lemmen i eit holrom over eine arken i prestegarden i Eivindvik ligg det flolagt med gamle papir. Kor lenge dette arkivet har lege slik og kven som har valt å løyna det på denne måten veit me ikkje, men her er i alle høve brev som er dagsett attende til kring 1900. På oppmoding frå Gulen kommune var Fylkesarkivet i september i år i Eivindvik for å henta inn dette arkivmaterialet. Me gjorde avtale med noverande eigar av prestegarden, Kristofer Tveit, og fekk samstundes ei åtvaring om at det ikkje var lett å få tak i desse papira. Like fullt tok underteikna turen til Eivindvik med ei viss von om det nok skulle verta ei råd med å koma seg inn, men det vart liten fangst. Det var såleis berre stubbar av det gamle arkivet som vart henta fram i denne omgangen. På lemmen i eit holrom over eine arken i prestegarden i Eivindvik ligg det flolagt med gamle papir. (Foto: Kristofer Tveit).

Etter arkivlova er det bevaringspåbod for offentlege arkiv. Arkivmateriale etter offentlege tenestemenn og personar med offentlege verv er dessutan verdfulle og unike som kjelder til lokalhistoria. Det er difor ikkje berre med omsyn til lova at ein vernar slike arkiv. Presten var til dømes ein svært sentral person i samfunnslivet før i tida. Han hadde mange verv og fekk kome til ordet i dei fleste samanhengar. Som døme kan nemnast at soknepresten sat som sjølvskriven ordførar i skulestyret fram til 1889 og som sjølvskriven medlem heilt fram til 1959. Det ser ut til at det kan verta ei berging for resten av dette arkivet i Eivindvik. Eigaren av prestegarden har kontaktar som han meiner har dei rette proporsjonane til å ta seg inn mellom takbjelkane og han har sagt at han vil prøve å få til ein aksjon i haust. Fylkesarkivet har difor ei von om at desse papira snart skal vera komne i trygg forvaring og at dei skal verte ordna og gjort tilgjengelege for ålmenta.

7

Korleis vert arkiva handsama av Fylkesarkivet? Vernearbeidet skjer alltid i nært samarbeid med arkiveigar eller den som måtte ha arkivet i si varetekt. Hovudpunkt i eit slikt vernearbeid vil vera: · Innplassering av materiale i trygge arkivrom. · Reinsing og ordning av materiale etter arkivfaglege prinsipp. · Sikring av dokumentasjon som er viktig for forståinga av arkivet. · Dataregistrering. · Publisering av arkivkatalogar på Internett. · Opning av arkivet for publikum. Innsyn i offentlege arkiv er regulert av offentlegheitslova. Innsynsreglar for private arkiv må avtalast i samråd mellom arkiveigar og Fylkesarkivet.

Prestegarden i Eivindvik. (Foto: Kristofer Tveit).


8

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Sogn og Fjordane fotballkrets - dei fyrste 15 åra

Av Anders Gjerde

Frå starten i 1922 med åtte lag har det skjedd store endringar i fotballen i Sogn og Fjordane. Men den fyrste tida var mager, med få aktive klubbar. Kretsen kom endeleg med i det ordinære seriesystemet i 1963. På 1970-talet fekk fylket eit lag som yppa seg med dei beste i landet. I september 2001 ligg Sogndal IL sitt fotballag på 8. plassen i Eliteserien. Dei seinare åra har klubbane i fylket levert fleire spelarar og trenarar til fotballandslaga i Norge. Florø Fotballklubb i 1923. Klubben vart skipa i 1912 og er av dei eldste i fylket. I 1925 og 1927 vart klubben krinsmeister. På 1930-talet låg klubben nede og vart seinare slegen saman med FlorøVarg og Atgeir til Florø Sportsklubb. I år spelar klubben i 2. divisjon, men ligg nest sist og kjem til å rykka ned ein divisjon. (Foto: side 38 i SFFK 75 år 1922-1997 av Frode Fretland).

Skipa i Florø

Søndag 30. april 1922 møttest seks menn på Victoria Hotell i Florø: Peder Berg frå Stryn Fotballklubb, Olav Jenssen frå Eids Fotballklubb, Alfred Edvardsen frå Florø Fotballklubb, Svein Sunde frå Falken i Høyanger, Halvd. Bøthun frå Fotballaget Motig i Fresvik og Trygve Sæbø frå Høyanger Idrettsforening. Møtet gjaldt skiping av eigen fotballkrets for Sogn og Fjordane. På skipingsmøtet vart det vedteke at Sogn og Fjordane fotballkrets skulle ha sete i Florø. Bjarne Vasbotten vart valt til formann for fotballkretsen med Alfred Edvardsen som nestformann og R. Angell-Jacobsen som sekretær, - alle tre frå Florø. Ein frå Falken og ein frå Eid utgjorde resten av styret som i alt var på fem personar. Åtte lag var tilslutta fotballkretsen frå starten av. Det var dei klubbane som er nemnde ovanfor pluss Hjelle Idrettslag og Flaams Idretts- og Fotballag.

Dei fyrste vedtaka

Det fyrste styremøtet vart halde 7. mai same året. På dette møtet vart Norges

Fotballforbund sine lover og reglar gjort gjeldande for fotballkretsen. Her vart det òg sett opp kampprogram for sesongen. Trongen for dommarar vart teken opp, og det måtte sendast folk på kurs. Laga som var tilslutta fotballkretsen måtte også melda seg inn i fotballforbundet, og melda inn fargane på draktene dei nytta. Det vart vedteke å senda søknad om å få pengestønad frå forbundet til utdanning av dommarar. Eit framlegg om ein førebels medlemskontingent for klubbane til fotballkretsen på inntil 50 øre per spelar vart vedteke.

Falken vart kretsmeister

Av dei åtte klubbane som var med frå starten av var to av dei frå Høyanger. Fyrste møtet mellom Falken og Høyanger enda med siger 3-2 til Falken. Fotballkretsen mottok protest frå Høyanger etter kampen. Det går ikkje fram kva som var grunnlaget for protesten. Protesten vart ikkje teken til følgje. Kretsmeisterskapen vart arrangert som cup-turnering. Det vart ikkje spelt nokon finale grunna vanskar med


Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

9

å få avvikla semifinalekampen mellom Eid og Florø. Kampen vart til slutt avlyst og då Falken vann den andre semifinalen var dei utropt til kretsmeistrar for 1922. Fotballkretsen sende ikkje nokon representant til forbundstinget i Bergen.

Fyrste årsmelding og kretsting

I årsmeldinga for det fyrste året går det fram at det var gjort ei seeding av laga. A-klubbane var Falken, Høyanger, Eid og Florø. Desse var dei same klubbane som hadde spelt semifinalane fyrste året. B-klubbane var Flaam, Motig, Hjelle og Stryn. B-klubbane hadde ikkje fått delta i kretsmeisterskapen. Hjelle valde å melda seg ut av kretsen då dei mangla fotballbane. Rekneskapen for fyrste driftsår synte eit overskot på 55 kr og 60 øre. På kretstinget den 3. desember på Victoria hotell i Florø vart nokre av vedtektene til fotballkretsen endra. Det vart også vedteke at kretsmeisterskapen for sesongen 1923 skulle avgjerast som poengserie i staden for cup. Alfred Edvardsen vart valt til ny formann med Lars Sætre som nestformann og sekretær, R. Angell-Jacobsen som kasserar - alle frå Florø, og i tillegg to styremedlemer. Frå 7. april overtok Bjarne Vasbotten vervet som nestformann og sekretær.

Nye lag

Våren 1923 melde Sandane Fotballag seg inn i kretsen og vart godkjent som medlem av fotballforbundet. Laget måtte gjera nokre justeringar av fargevalet på draktene sine, men elles var lover og anna i orden. I juni månad same året melde Stangfjordens Idrætslag seg inn. Høyanger Idrætsforening vann kretsmeisterskapen for 1923, medan Sandane vann klasse B. Det hadde vore visse vanskar med å få avvikla nokre av kampane grunna problem med å få løyve til å køyra bil gjennom Gaular kommune. Men alle kampane hadde vorte spelt og ingen protestar var komne inn. Dette året vart dei tre fyrste kretsdommarane godkjente: Johan Madsen, Alfred Edvardsen og herr Hermansen frå Eid.

Litt opp og ned

Dei neste åra var det fleire av klubbane som hadde vanskar med å stilla lag.

Både utgiftene med reisene til kampane og det at det var dårleg med fotballbaner gjorde at nokre av laga ikkje kunne delta. Laga frå Nordfjord arbeidde for å få kretsen delt i tre; ein for Nordfjord, ein for Sunnfjord og ein for Sogn. Men dette gjekk Sogn og Sunnfjord imot. I 1925 var det ingen av dei tre Nordfjord-laga som stilte opp, og heller ikkje Flaam såg seg råd til å stilla lag. Kretsmeisteren vart kåra av laga i klasse A, men det varierte kor mange lag som stilte opp i denne klassen. Eit år var det berre to lag med, dei to Høyangerklubbane. Falken kom difor med framlegg om at det skulle vera fire lag i klassen. I klasse B stilte fleire klubbar opp, klubbane i klasse A stilte her med B-lag. I 1927 stilte berre tre klubbar i med lag, - HIF, Falken og Florø. Desse stilte til gjengjeld med to lag kvar. Dei andre laga var suspenderte på grunn av manglande innbetaling av kontingent. Etter ei rekkje utmeldingar, som ofte skuldast nedlegging av klubbar, var det berre dei tre nemnde laga att. Men i 1929 vart ein ny klubb teken opp som medlem, - Fotballklubben Varg frå Florø. Slik at kretsen ved inngangen til dette året hadde to klubbar frå Florø og to frå Høyanger.

Høyanger Idrettsforening var det store laget på 1920- og 1930-talet. Her ser me kretsmeistrane frå 1923. I perioden som er omtalt i artikkelen vart laget krinsmeistrar 11 gonger. 1956 var siste sesongen HIF spelte i serien. Året etter finn me Høyang IL, ei samanslutning mellom HIF og Falken, i terminlistene. Høyang vart i år nr. 6 i 3. divisjon avdeling 16 med 31 poeng, - 19 bak vinnaren Stryn. (Foto: side 51 i SFFK 75 år 1922-1997 av Frode Fretland).

Propagandafotball

Sommaren og hausten 1929 sende fotballkretsen eit samansett lag frå Høyanger - Propagandalaget - rundt i distriktet for å driva propaganda for fotballen. Laget hadde spela kamp mot Gaupne ski- og fotballag i Gaupne resultat 3-1 til Propagandalaget. Denne kampanjen synte seg å bera frukter, for i februar 1930 kom det søknad om innmelding i kretsen frå Gaupne. Men samstundes melde Fotballklubben Falken seg inn i arbeideridretten og ut av fotballkretsen. For fyrste gong deltok eit lag frå Sogn og Fjordane i noregsmeisterskapen, mest kjent som cupen. Laget var Høyanger IF. Noko resultat vert ikkje nemnd i årsmeldinga, berre at dei hadde klart seg så bra at dei sikkert vart invitert også neste år.

(framhald neste side)


10

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

I 1931 hadde Florø FK turnert i Nordfjord for å drive propaganda for fotballen. Turneen vart omtalt som ein stor suksess. Kretsen rekna med at dette ville vekka ei større interesse for fotballen i dei bygdene som vart vitja. Både Florø, Høyanger og Varg spelte oppvisningskampar i distrikt som ikkje hadde eigne organiserte lag. Dette for å skapa interesse for sporten ved at folk fekk oppleva han på nært hald.

sete i Florø og alle formenn, nestformenn, kasserarar og sekretærar hadde vore frå Florø. På kretstinget i desember 1933 vart det, etter framlegg frå HIF, vedteke å flytta setet til Sandane. Malvin Sletten frå Sandane vart valt til formann. Han var formann i åra 1934, -35 og -36. I 1937 vart setet flytta til Høyanger og der vart det verande fram til 1970. Jan Rolland frå Høyanger IF overtok som formann i åra 1937 og -38.

Fire nye lag

I 1934 kom det berre eitt nytt lag med i kretsen, Stardalen IL frå Jølster. Eid Fotballklubb melde seg inn så seint på året at dei ikkje kunne få delta denne sesongen. Eid fekk året etter starta i klasse A, saman med dei beste laga. Laget frå Nordfjordeid hadde den beste fotballbana i kretsen. Dei fleste av laga spelte kampane sine på grusbaner, medan Eid hadde ei flott grasbane. Heilt fram til slutten av 1950-talet var det ingen som hadde så fin fotballbane her i kretsen som Eid.

Eit problem som gjekk att i denne perioden var mangelen på kvalifiserte/ autoriserte fotballtrenarar. Fotballkretsen gjorde mange forsøk på å få hjelp frå fotballforbundet til å få utdanna trenarar, men det synte seg vanskeleg å få arrangert kurs. Difor vart det innført ei ordning der fotballforbundet betalte trenarar frå Bergen som reiste rundt til klubbane og hadde ein kort treningsperiode med spelarane. Eit nytt kampreglement for Sogn og Fjordane fotballkrets vart vedteke på årsmøtet i 1932. Dette året hadde Førde Idrettslag meldt seg inn i fotballkretsen og fekk delta i B-klassen dette året. Fire nye lag - Sandane Turn- og IL, Stongfjorden IL, Stryn Turn- og IL og Vik Turn og IL, - kom med i sesongen 1933. No hadde kretsen ni aktive medlemslag. Same året søkte Nordfjordeid Fotballklubb om å få melda seg inn i Sunnmøre fotballkrets. Dette sette Sogn og Fjordane fotballkrets seg sterkt imot sjølv om Nordfjordeid ikkje hadde vore medlem av kretsen dei siste åra.

Setet for kretsen vart flytta

Fotballkretsen hadde frå starten av hatt

Formann

1922: Bjarne Vasbotten, Florø 1923: Alfred Edvardsen, Florø 1924: Alfred Edvardsen, Florø 1925: Ole Rye, Florø 1926: Ole Rye, Florø 1927: Ole Rye, Florø 1928: Alfred Edvardsen, Florø 1929: Alfred Edvardsen, Florø 1930: Bjarne Sunde, Florø 1931: Bjarne Sunde, Florø 1932: Bjarne Sunde, Florø 1933: Bjarne Sunde, Florø 1934: Malvin Sletten, Sandane 1935: Malvin Sletten, Sandane 1936: Malvin Sletten, Sandane 1937: Jan Rolland, Høyanger

Indre Sogn får eigen serie

Ved årsskiftet 1934/35 var 14 lag, med i alt 368 medlemer, tilslutta fotballkretsen. Gaupne kunne ikkje delta i åra 1934 til 1937 då dei ikkje hadde bane å spela kampar på. Heller ikkje Vik, Førde eller Florø hadde delteke i sesongen 1934. Stongfjorden vann klasse B, medan HIF, som så mange gonger før, vann klasse A. Eitt år seinare var det berre 9 lag med i alt 248 medlemer i kretsen. Men i årsmeldinga går det fram at seks lag hadde meldt sin interesse i å delta i ein ny underkrets-serie for indre Sogn. Desse var Aurland, Modig, Kaupanger, Jotun, Sogndal og Luster. Luster vart

Krinsmeister:

TAK Falken, Høyanger Høyanger IF Høyanger IF Florø FK Høyanger IF Florø FK SK Falken, Høyanger Høyanger IF Høyanger IF Høyanger IF Høyanger IF Høyanger IF Høyanger IF Høyanger IF (10. meisterskap) Florø-Varg Høyanger IF

medlem av krinsen men deltok ikkje i serien dette året. Kaupanger vart ikkje medlem før året etter. Det vart sett opp eigne statuttar for denne serien. Jotun vart dei fyrste meistrane i denne serien med Aurland og Modig hakk i hel. Sogndal kom heilt sist med berre eitt poeng.

Inndeling i fire soner

Fotballkrinsen hadde ved utgangen av året 1936 fått signal frå Dale IL, Holmedal IL, Balestrand IL og Fjærland IL om at desse ville melda seg inn. Det vart vedteke å dela klasse B inn i fire spelesoner - Sunnfjord, Nordfjord, indre og ytre Sogn, - etter at fleire lag no hadde meldt seg inn i krinsen. Hornindal IL og Indre Breim IL vart tekne opp som medlemer frå 1. januar 1937. Stryn kunne ikkje stilla lag denne sesongen. Bergen Aftenblad sette opp pokal til vinnaren i klasse B, sone Sunnfjord. I møteboka er statuttane for å vinna pokalen sette opp. På styremøtet 23. november 1937 går det fram at det er sendt brev til Lærdal om dei ikkje vil slutta seg til kretsen og forbundet. Lærdal Fotballklubb vart skipa dette året og melde seg inn året etter. I tillegg hadde kretsen sendt brev til Selje og Årdalstangen. I sesongen 1937 var 22 lag med til saman 635 medlemer med i fotballkrinsen. Åtte nye lag hadde meldt seg inn dette året. I tillegg til dei som alt er nemnt kjem Askvoll IL. Klasse A vart for 11. gong vunnen av HIF. Sonevinnarar i klasse B vart Eid i Nordjord, Florø-Varg i Sunnfjord, HIF i ytre Sogn og Jotun i indre Sogn. Etter ein litt treg start med få lag var no fotballkretsen i ferd med å få lag frå det meste av fylket. Men framleis vart Sogn og Fjordane sett på som ein svart flekk på fotballkartet. Denne artikkelen er skriven med utgangspunkt i den fyrste møteboka for Sogn og Fjordane fotballkrets 1922 1937. I tillegg er jubileumsboka til Frode Fretland nytta som kjelde. Tabellen i boka hans på side 67 stemmer ikkje overeins med opplysningane i møteboka.


Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

11

Då Øyfolket bygde kyrkje - Mjømna kyrkje 1901 - 2001

Av Aud Randal

Før øyfolket i Gulen fekk si eiga kyrkje på Mjømna i 1901, hadde dei i hundrevis av år hatt ein både lang og sjøhard kyrkjeveg. Dei måtte like til Eivindvik for å lyde messa, og dit inn var det heile to mil frå dei ytste øyane. Det vart fire mil fram og attende på kyrkjesøndagen med robåt og segl når det var bør til det. Folket frå Byrknesøy måtte t.d. ta ut alt i 0700 tida om morgonen for å nå fram til høgmesse kl 1100, og dei kom ikkje heim att før langt på ettermiddagen. Det var denne lange og strevsame

kyrkjevegen som var hovudårsaka til at øyfolket mot slutten av 1800 talet tok til å arbeide for ei kyrkje lengre ute i prestegjeldet. Men det skulle ikkje bli lett. Kommuneleiinga sette seg hardt imot, og som vi skal sjå måtte øyfolket til sist ta saka i eigne hender for å få kyrkja reist.

Ei tid såg det lyst ut

Gjert J. Grinde som var ordførar i Gulen frå 1886 til 1889 støtta øyfolket i krava deira, og han skal ha mykje av æra for at det vart lagt ein kyrkjegard til Mjømna i 1893. Men han såg gjerne at det kom ei kyrkje på garden også, og kommunestyret var på hans side. Dette ser vi mellom anna av eit brev han

sende til prostiet datert 11. september 1889. Han skriv: “Herredsstyrelsens Formening har været og er... at der vil blive opført Kirke paa Mjømen...men Tiden da det vil ske er vanskelig at udtale noget bestemt Formening om, man maa derfor lade det være en Fremtidstanke”. Han understrekar vidare at “Mjømen er det cetrale Punkt for denne Del”.

Stemninga snur seg

I 1889 vart Anders Hantveit (Hanetveit) ordførar etter Grinde. Han skulle vise seg å bli ein dårleg mann for øyfolket i kyrkjesaka. Han sette kjeppar i hjula så godt han kunne. Som nemt hadde (framhald neste side)

Arkivet til Sogn og Fjordane fotballkrets Av Anders Gjerde

Fylkesarkivet har i haust ordna arkivet til Sogn og Fjordane fotballkrets. Arkivet inneheld arkivmateriale heilt frå starten av og til 1990-talet. Her finn me den fyrste møteboka med referat frå skipingsmøtet på Victoria hotell i Florø 30. april 1922. Denne møteboka går fram til 1937. Også den neste møteboka er med i arkivet. Bøkene som dekker perioden 1950 til 1970 er kalla møtebøker for arbeidsutvalet. Fotballkretsen har teke vare på det meste av korrespondansen dei har hatt med klubbane, fotballforbundet og idrettskretsen. Her er det brev og skriv frå slutten av 1930-talet og frametter, men heller ikkje her er alt med. Nokre periodar som til dømes deler av 1940- og 1950-talet manglar. Mykje av arkivet inneheld saker som vedkjem dommarane. Her er referat frå møta til dommarkomiteen og ein del korrespondanse som vedkjem denne. Dommarrapportar om utviste spelarar og protestar frå klubbane på dommarar og motspelarar. Ei truleg komplett samling av dommarkort frå 1980-talet finn me i arkivet. Her kan me finna namna på alle som har vore med i alle kampar som har gått i fotballkretsen sin regi i denne perioden.

Kursmateriell finst det òg her, både for trenarkurs og dommarkurs. Ei rekkje årsmeldingar frå fotballkretsen er laga i trykte utgåver. Nokre av desse er tekne vare på. Også ein del årsmeldingar frå ein del klubbar er tekne vare, men fyrst og fremst frå Jotun IL frå Øvre Årdal. Ein liten bolk med avisutklipp om fotballen i Sogn og Fjordane er med. Her finst det både gamalt og nytt, men mest frå 1980-talet og byrjinga av 1990-talet. Av rekneskapsmateriale har me teke vare på protokollane som har vore nytta som kassabøker, portobøker o.l. Rekneskapsvedlegg av noko eldre dato finst ikkje her, men me har teke vare på alle vedlegga for året 1990. Ein protokoll som har vorte nytta til å registrera medlemsklubbane er med. Fotballkretsen er framleis i aktivitet så nytt materiale vil etter kvart koma inn å bli lagt til i arkivet. Arkivet er stort og innhaldsrikt og har alt vore nytta under arbeidet med å skriva ei bok om fotballkretsen: Sogn og Fjordane Fotballkrets 75 år 1922 - 1997 av Frode Fretland. Det er stoff her som kan nyttast når laga skal skriva si historie, m.a. har Oppstryn IL vore å sett på ein del av materialet i samband med at dei skal gje ut eit jubileumshefte. Bjarne Vasbotten (1899 - 1990), fyrste formann i Sogn og Fjordane fotballkrets. (Foto: side 39 i SFFK 75 år 1922-1997 av Frode Fretland).


12

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Mjømna fått kyrkjegard i 1893 og øyfolket såg no tida inne for å gå aktivt inn for ei kyrkje også, og den 9. juni 1894 fekk dei kyrkjesaka opp i kommunestyret for første gong som eiga sak. Men det gjekk ikkje så bra. Saka var for lite utgreidd vart det sagt og måtte såleis utsetjast til eit seinare møte. Dette hende gong etter gong og var sjølvsagt rein uthaling. Men ordføraren som no hadde fått fleirtalet i kommunestyret på si side, vart ikkje kvitt saka med denne framgangsmåten. Han måtte finne ein annan vri. Og då kommunestyret var samla på Skjerjehamn den 19. desember 1895, tok han til orde for at det skulle kallast inn til eit folkemøte i kyrkja i Eivindvik der alle røysteføre menn i kommunen kunne få høve til å røyste i saka. Møtet kom i stand på vårparten i 1896.

Folkemøte i Eivindvikskyrkja

Håkon Wergeland frå Byrknesøy som var ein ung mann då dette hende, har i sine Barneminne frå Byrknesøy i 1880-90 åra fortalt om korleis møtet i kyrkja arta seg og kva argument ordføraren hadde for å gå imot kyrkje på Mjømna. Han skal få komme til orde her: “Ordføraren...gjekk hardt i mot å byggje kyrkje på Mjømna. Det ville verte for kostesamt for heradet, ville auka skattane som var tunge nok før, og var elles ikkje turvande. Han gjorde framlegg om å røyste imot. Men då vart Byrknesingane so harme at dei reiste seg alle som ein og gjekk ut or kyrkja

i protest. Far som sat i likningsstyret og kjende godt til den økonomiske stoda i heradet, gjekk imot alle argumenta frå ordføraren... Men alle hans argument nytta lite. Fjordingane gjorde vedtak om ikkje å la øyveringane få kyrkje på Mjømna. På heimvegen frå folkemøtet stansa båtane etter avtale i Kjeøysundet, både dei frå Ånnelandsundet, Mjømnesundet, Brimnes, Byrknesøy og Sør- og nordøyane. Dei vart samde om å møtast fyrstkomande sundag i løda hans Filpus i Mjømna”. Øyfolket kunne godt forlate kyrkja for dei var i stort mindretal og kunne ikkje

Type: Langkyrkje i tre Vigsling: 5. november 1901 av biskop Johan Willoch Erichsen Arkitekt: Anders Korsvold, Gulen Byggmeister: Den same Skipet: 15.10 . 9.35m Koret: 6 . 6.35m Våpenhuset: 4.18 . 5.32m Sitjeplassar: 310 Medlemer: 750 (1901) “ 443 (2001) Namnetyding: Av mjadm, stor hofte. Øyforma minner om ei hofte. (Foto: Hermund Kleppa).

gjere noko korkje frå eller til med røystene sine. Det budde kring 750 menneske på øyane, mot kring 3000 i heile kommunen på den tid.

I løa til Filpus på Mjømna

Øyingane møtte mannjamt fram i løa på søndagen, og her vart den såkalla Mjømnekomiteen til med lærar Hans Wergeland som formann. Kven andre som var i komiteen veit vi ikkje, men oppgåva deira var å arbeide for å Hans Wergeland (1842-1929) med klassen sin på Byrknesøy kring 1907. Han var lærar på øya frå 1876 til 1920. Utan hans pågangsmot og store innsats hadde nok øyfolket fått vente lenge på kyrkje. Wergeland var opprinneleg frå Verkland i Brekke. (Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane ).


Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001 få reist ei kyrkje på Mjømna så snart som råd var. Der i løa vart dei samde om at heretter skulle dei ikkje krysse kommunen meir, men vende seg direkte til kyrkjelege instansar i von om å få saka løyst den vegen.

Mjømnekomiteen i arbeid

Det var ein handlekraftig komite, særleg var Hans Wergeland ei drivande kraft. Dei sette straks i gang med pengeinnsamling og innhenting av ymse statistiske data om folketal, matrikulerte gardar, inntekter osb. Vidare kontakta dei byggmeister Anders Korsvold som tok på seg å reise kyrkja. Til sist sette dei seg ned å lage eit framlegg til finansiering av kyrkjebygget etter kostnadsoverslag frå Korsvold, og den 6. desember 1896, vel eit halvt år etter det oppskakande møtet i Eivindvikskyrkja, hadde dei skaffa fram så mykje opplysning og dokumentasjon at søknaden til kyrkjedepartementet kunne sendast. Dei søkte om å få bli eit eige sokn under Gulen prestegjeld med eiga kyrkje. I tillegg søkte dei om eit statstilskot på kr. 4000,-. Det var sokneprest Olaf Karenus Ottesen som hadde ført søknaden i pennen. Han var ein framifrå skribent og kom til å stå for alt det skriftlege mellom Mjømnekomiteen og departementet. Ottesen var heilt på øyfolket si side i kyrkjesaka. Søknaden kom for seint til budsjetthandsaminga i Stortinget det året, og måtte liggje over til neste år.

Kyrkjeteikning, kostnader og finansiering

Som nemt, hadde Anders Korsvold teke på seg byggmeisteroppgåva. Ein betre mann kunne dei knapt fått. Det var ikkje utan grunn han bar tilnamnet “Kirkebyggeren i Fonna”. Han teikna kyrkja, først med 350 sitjeplassar og ein kostnad på kr. 14.600,-. Seinare gjekk han ned til 300 sitjeplassar og ein kostnad på kr. 13.500,-. Departementet la teikninga fram for arkitekt Schirmer som då var bygningsinspektør i staten. Han var ein av dei fremste arkitektane i landet på den tid, og var svært nøye på ting. Korsvold måtte gjere visse endringar, men fekk så teikninga godkjent. Øyfolket tok djupt i pengepungen når det galdt kyrkja. På nokre månader samla Mjømnekomiteen inn over kr. 5000,-, meir enn tredjeparten av kostnadene. I tillegg søkte dei som nemt, Stortinget om ei statstilskott

13

på kr. 4000,-. Dei fekk først innvilga kr. 3000,- som var den største summen Stortinget vanlegvis gjekk inn for til slike formål, men seinare fekk dei kr. 1000,- til med god hjelp av stortingsmann Lasse Trædal. Han var bonde på Tredal i Sogn og representerte Nordre Bergenhus på Stortinget fleire periodar, mellom anna frå 1900 til 1903. Hans Wergeland hadde teke kontakt med han. Endeleg fekk dei innvilga eit lån på kr. 6000,- av

Opplysningsvesenets fond. I samband med lånesøknaden hadde dei kontakta politikarane i kommunen med spørsmål om kommunegaranti for lånet, men det var tommelen ned. Det vart då til at desse mennene garanterte: Endre Trulsen, Birknes, Hans Wergeland, Ole L. Torvund, Gutorm Hansen, Kversø, Aslak Larsen, Bremnes og Hans F. Randal.

Klarsignalet

I kyrkjedepartementet møtte øyfolket full forståing for ønskjet sitt om ei eiga kyrkje frå første stund. I eit brev frå departementet datert 18. mai 1897 til Gulen sokneprestembete, heiter det: “Efter hvad der er oplyst om de stedlige forhold i Gulen prestegjeld, må departementet...være enig i betimeligheden af den ansøgte foranstaltnings gjennomførelse”. Men det tok si tid likevel. Først på ettersommaren i 1900 kom gladmeldinga. Departementet kunne då meddele at Mjømna sokn var oppretta ved kgl. res. av 23. juni 1900 (anneks under Gulen hovudsokn), med verknad frå den tid kyrkja vart ferdig, og at desse gardane skulle høyre til det nye soknet: “Randal, Midbøen, Tunsberg, Aan-

Anders O. Korsvold (1856-1912) frå Gulen var ein høgt respektert byggmeister i si tid, og han var meister for kyrkjer og hotell og andre hus frå ytst til inst i Sognefjorden. Forutan på Mjømna, bygde han Arnafjord kyrkje (1880), den engelske kyrkja i Balestarnd (1897), Sæle kyrkje på Kvamsøy (1903), Gaupne kyrkje (1907) og han restaurerte den gamle ærverdige Dale kyrkje i Lyster (1903). Av hotell som han bygde kan nemnast Mundal i Fjærland, Fretheim i Flåm, Maristuen i Lærdal, Nystuen på Filefjell og endelg Kvikne hotell i Balestrand. Han døydde av lungebetennelse i Balestrand under arbeidsoppdrag der i 1912. (Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane).

neland, Mjømen, Nappen, Vikingevaag, Bremnes, Børtnes, Børholmen, Kversøen, Blomholmen, Grimen, Koksøen, Baarøen, Risøen, Kvernøen store og lille, Hille, Glavær nordre og søndre, og Vatnøen”. Øyfolket jubla. Dei hadde fått det som dei ønskte. Kyrkjevegen ville bli halvert og meir til for dei fleste.

Kyrkja vert reist

Alt i 1892 hadde kommunen kjøpt inn eit mål grunn ved gravplassen på (framhald neste side)


14

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Ruglesteinen

Eit merkeleg fenomen i Angedalen Av Reidar Eide

“Ruglesteinen” er eit kjent begrep i Angedalen. Mange er dei som har vore oppå den og laga musikk for folket på gardane på hi sida av dalen. På Angedalen skule går vi av og til opp der for å “rugle”. Steinen ligg om lag 100 m. frå den nye vegen til Ramstadstøylen og det tek om lag ein halv time frå fylkesvegen å gå dit. I “FIRDA” frå 1931 finn vi fenomenet utførleg skildra: “ En fin sommerdag jeg reiste oppover Angedalen, fikk jeg høre en underlig musik fra øvre Ramstadlien - i nogen likhed av en blandet musik av horn og tromme fra eksersisen på “Vikoira”. En mann jeg traff og spurte hvad slags musik dette var, fortalte at det er en sten

Mjømna kyrkje..... (frå side 13)

Mjømna som var øyremerka til kyrkjetomt. Dette var i Hantveit si første tid som ordførar, og tyder på at han på den tid ikkje hadde noko imot kyrkje på Mjømna, elles ville han vel ha sett seg imot kjøpet. Arbeidet på grunnmuren starta opp straks etter at gladmeldinga kom på hausten 1900. Det var dugnadsarbeid leia av kyndige menn, og var ferdig tidleg i mai 1901. Korsvold som berre hadde kontrakt på sjølve kyrkjebygget, var straks på plass med arbeidslaget sitt. Det var dyktige fagfolk han hadde med på laget, og han sette si ære i å finne dei i Gulen. Det tok dei knapt eit halvt år å gjere jobben. Så vidt vi veit hadde Korsvold skaffa materialen, som var av det aller beste slaget, frå Trøndelag.

Synfaring på Mjømna

Den 29. oktober 1901 drog kyrkjetilsynet til Mjømna på synfaring. Det var sokneprest Ottesen og ein bonde L. Follevaag frå Eivindvik som utgjorde kyrkjetilsynet, og oppgåva deira var å kontrollere og vurdere om byggjear-

som beveger seg og fremkalder denne melodi når godveir er i vente.

på en søndag i så fint veir som i dag, er stenen som regel i sit rette element. Komne fram til stenen som var i livlig Ja saa! Om du vilde følge meg derop bevegelse og gav fra seg vakre toner i engang så jeg kunde få ta dette undersitt slags, blev jeg først oppmerksom lige “Fenomen” i nærmere betraktning? på, at selve stenen ikke kunne greie Med fornøielse. Vi kan godt ta turen i dette, men at det var to gutter som dag, det tar ikke lang tid derop, og netop benyttede stenen som sit instrument, idet de dansede både pols I Angedalen, like ved Førde, starta dei for 2 år og vals på stenen, og sidan opp med eit spennande samarbeid mellom derved bragte musikken barneskulen der og vaksne og eldre i bygda. frem. Samarbeidet har mellom anna som mål å legge alle kjende namn i inn- og utmark inn på fotografi. At det ikke var første gang de hadde gaaet denne Det er teke mange hundre foto som er kopierte i A3 -format. Arbeidet med registrering pågår for dansen, var sikkert nok. fullt. Skulen arrangerer kvart år 6 “stadnamnkafDe greidde at fremskaffe éar” med godt frammøte frå bygdefolket. I år konmusikk av det mest utrosentrerer dei seg mest om “soga bak namnet” og lige, som var riktig en har m.a. tenkt å jobbe med namngjevne steinar i fornøyelse at lytte til, og bygda. Dei har nett vore på tur til “Ruglesteinen” som KJELDA sine lesarar får lese meir om her. hørtes i flere kilometers Seinare på hausten står soluret på “Skarsteinen” avstand. og “Gullgruva” for tur.

beidet var utført i samsvar med “den aproberede plan”. Her skal vi koste på oss å sitere litt av det soknepresten skreiv i kyrkjetilsynsprotokollen etter synfaringa: “...Beskrivelse og Tegninger (er) i alle Dele nøiagtig befulgt ved Arbeidet, og dette omhyggelig og solid udført. Den eneste Anmerkning, man kan finde beføiet Grund til at gjøre, er den, at Bygmesteren i mange Stykker, specielt hvad angaar Snekker- og Malerarbeidet i Kirkens Indre, har udført alt langt finere og mer forsiggjort, end det kunde kræves eller ventes efter Beskrivelse, Tegning og Byggekontrakt... Det nye Sogn vil faa en vakker, hyggelig, rummelig, hensigtsmæssig og solid bygget Kirke. Og det offentlige har ikke Grund til andet end at godkjende og anerkjende den udmærkede Maade hvorpaa Byggearbeidet er udført i Henhold til Byggeplanen”.

Den stor dagen

Tirsdag den 5. november 1901, kl 1400, var øyfolket samla til vigslingshøgtid i kyrkja. Biskop Erichsen i Bjørgvin stod for vigslinga, men også andre geistlege var til stades og kasta glans

4

over høgtida. Prosten i Ytre Sogn var der, likeeins soknepresten i Hyllestad og sjølvsagt soknepresten i Gulen, Olaf Karenus Ottesen. For sokneborna var dette dagen dei hadde venta på lenge. Håkon Wergeland som hugsa dagen, fortel i sine Barneminne at trass i det sure novembervêret møtte det fram så mykje folk at dei 310 sitjeplassane i kyrkja på langt nær strakk til. Folk stod over alt både inne i kyrkja og i våpenhuset men likevel var det mange som måtte ta til takke med kyrkjebakken. Korleis Hans Wergeland og dei andre i Mjømnekomiteen opplevde dagen kan vi berre tenkje oss. Sikkert er det, dei hadde nådd det målet dei sette seg i Filpusløa for vel fem år attende. Etter vigslingshøgtida bar det til Skjerjehamn til det vakre huset til landhandlar Schreuder som Korsvold hadde vore byggmeiser for 10 år før. Der venta ein velfortent festmiddag på dei geistlege og på dei som hadde kjempa mest for kyrkja. Det vanka lovord både til den eine og den andre i talane ved festbordet denne ettermiddagen. Ikkje minst fekk byggmeister Korsvold høyre rosande ord.


Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

15

Den består i en noget flat, stor, jordfast sten, med en mindre, flat sten ovenpå, der hviler på to avsatser av understenen. Overstenen kan “dyppes” ned mot understenen når og hvor man vil. Derved fremkommer musikken.” ------ Det er også knytt eit gammalt segn til denne steinen. “For lang tid tilbake,- hundreder av år - skulde der være en gjetergutt som fant denne stenen, og som blev så indtat i denne sin opdagelse, at når han kom forbi der i skogen, måtte han alltid oppå stenen og ha en øvelse. Om søndagene var han altid ved Ruglestenen hvis været tillot det. Han holdt på med denne øvelse i mange år, til han var blitt voksen gut og var bleven meister. Siden fik han navnet Rugle. En søndag han var ved stenen, fik han høre nogen yndige toner fra en fjeldknaus på den andre side av dalen. Saa gav han nogre toner fra Ruglestenen, og straks svarte det tilbake fra knausen. Spillet fra begge sider av dalen blev gående i mange søndager fremover sommeren. Tilslut blev Rugle så overvældet av de vakre toner fra knausen, at han besluttet seg til på næste søndag, at ta turen dit for nærmere at baade se og høre. Om ikke lenge stod han like overfor en staut, kjekk jente med lur i hand. Han hilste. Spurte om det var hun som spiller så vakkert om søndagene her…….. …… Støylsjenta og Rugle vart samde om å møtast neste gong på den andre sida av dalen. Men før han gjekk, vart han beden “inn på sæterhytten på en fin rømmekolle til styrke til hjemveien.

….. Men dit navn skulle jeg gjerne vite før jeg går? -Jeg heter Kari, og du? -Mit navn er Rugle. Takk for hyggelig samvær, Kari! Og neste søndag møtes vi på den andre side av dalen for at prøve og undersøke mit spill. - Skal så, sa Kari. Da Rugle var komt op til fjelds, sendte Kari ham en fin lurlåt til avsked. Han snudde seg, vinket med hatten og forsvant bak knausen. Næste søndag var Rugle tidlig ved stenen og spilte for at retlede Kari så hun ikke tok feil av veien. Ved middagstid var hun tilstede og betraktede det underlige instrument. -Kom skal vi forsøke spille og danse sammen, til gjensidig forståelse av hinanden ved hjelp av våre instrumenter! Spillet blev gående hver søndag resten av sommeren, og tonerne fik lidt

Ruglesteinen i Angedalen. (Foto: Reidar Eide).

efter lidt mer og mer likhet med en brudeslått og bryllupstoner, som antagelig til slutt blev til virkelighet. Her slutter sagnet,Sikkert er det, at navnene “Ruglestenen” og “Kariknausen”” er kjente navne blant folk i Angedalen den dag i dag. Ruglestenen burde vært fredet.” Her vert stykket i FIRDA frå 1931 avslutta. Sikkert er det og at desse namna lever også i 2001 og at Ruglesteinen framleis ligg der,- like god til å spele på som i Rugle si tid. (Segna er noko nedkorta i høve til det som stod i Firda.).

Sentralt fotografregister på Internett Av Arild Reppen

Det finst etter kvart mykje relevant og interessant stoff på området fotohistorie og fotovern på nettet. Eit slikt tilbod er Norsk Museumsutvikling sitt sentralregister over norske fotografar og fotosamlingar. Dersom ein er på leit etter bilete av ein bestemt fotograf, eller bilete generelt kan ein få god hjelp her.

Adressa til Norsk Museumsutvikling er www.museumsnett.no/ nmu/fotosek.html . Derifrå er det berre å klikke seg vidare til fotograf/samlingsdatabasen. Pr. september 2001 er 4193 fotografar registrert i basen. Det er og mogleg å søke på motiv, og få opp oversikt over registrerte motivområde i fotografsamlingane. Og ein kan søke blant eigarar og institusjonar.

NMU har og andre tilbod på sine sider. Mellom anna kan ein få oversikt over og tinge NMU sine publikasjonar. Av interessante publikasjonar på området fotografi kan eg nemne; Rettigheter og fotografi (publisert i fulltekst på nettet), Fotokonserveringsprosjektet, Fotobevaringsboka. Det finst mange fleire i oversikten på nettet. (Meir fotostoff lengre bak i bladet).


16

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Litt om speletradisjonar i Breim

Breim er eit sterk tradisjonsområde innanfor slåttemusikken i fylket vårt. To av dei viktigaste tradisjonsberarane i slåttetradisjonen i Breim var Anders Reed og Per Støyva, og begge spelte vanleg fele, slik det var vanleg i Nordfjord tidlegare. Av Liv Fridtun

ANDERS REED (1849-1924) Anders Reed var frå Breim og var meisterspelemann på vanleg fele, og var i si tid den mest nytta spelemann i bryllaup og ved andre høve, og spela i meir enn 300 bryllaup i Nordfjordbygdene. Han spelte vanleg fele, slik det var tradisjon for i Nordfjord i tidlegare tider, og er framleis dominerande i Breim i dag. Han byrja spele fele i 15-års-alderen, og den fyrste læremeisteren hans var Gabriel G.Reed d.e.

Småbrukar i Utvik

Anders Reed tok til i skreddarlære 18 år gamal, og dreiv i yrket i om lag 20 år. Då han var 27 år gamal, gifte han seg med Rakel Larsdottir Myklebust i Breim. Dei var barnlause. På slutten av 1870-talet busette dei seg på eit småbruk i Utvik. Her tok Reed imot elevar i slåttespel. Dei betalte for seg med arbeid på bruket, og om kveldane vart det spel. Dei elevane som dugde til det, måtte vere med Anders og spele i eit visst tal bryllaup som betaling for læra. To av dei beste elevane som lærte slåttar hos Anders Reed var Moses Paulen i Jølster og Per Støyva i Breim. Begge fortalde at det var to måtar å lære slåttar på: anten å sitje ved sidan av læremeisteren og lære tak for tak, eller å “tjuvlære” slåttane ved å høyre slåttane ved ymse høve som bryllaup og festar. Anders trampa godt takten når han spela. Om ein elev hadde vanskar med takten, måtte han binde eine foten fast til Anders sin fot, som trampa takten. Ein var ikkje retteleg spelemann før ein kunne trampe takten rett med begge beina. Denne funksjonen var viktig, for takt-trampinga gjorde same nytten som rytmeinstrumenta i eit orkester.

Hadde eit stort repertoar

“Gamle-Reeden”, som han vart kalla, fekk i heimbygda opplæring i notar og felespel, og både slåttar og klassisk musikk i samspel. Den første læremeisteren til Anders var den fire år

eldre Gabriel Reed d.e. (Nes-Gabriel). Han lærde slåttar uvanleg raskt, og han hadde eit uvanleg stort repertertoar, både av gamle og nyare melodiar, slike som han trong til dansemusikken. Allereie før han var konfirmert var han ein flink spelemann. “Eg trong berre høyre slåtten ein gong, så kunne eg spele han fritt med det same”, sa han. Reed bytte og slåttar med mange andre spelemenn på reisene sine. Historia om då Anders Reed møtte Loms-Jakob ved Vassenden på Breimsvatnet er velkjend: Loms-Jakob trengde skyss til Reed, og Anders Reed baud seg til å ro heile vegen, om lag 8 km., mot at LomsJakob spelte av dei beste slåttane sine heile tida. “Og eg sprengrodde no ikkje akkurat”, fortalde Anders. Då dei kom fram hadde Anders Reed skaffa seg eit slåtterepertoar som ingen andre i Breim hadde den gongen. Fleire kjelder som Anders Reed nytta på reisene sine var P. M. Bolstad (1833-1910) i Ålesund og Magne Maurset (1824-1916) i Stryn. Maurset var arvtakar etter Kroka-Lars i Hornindal. Lærar og kyrkjesongar Gabriel Reed d.y. fortalde at når Anders var utanbygds og høyrde slåttar han likte, la han vinn på å hugse dei. Komen heim prøvde han slåttane på fela. Var det noko han ikkje hugsa heilt, forma han det til som best han kunne. “Og som regel tapte ikkje slåttane noko på dei små endringane”, fortalde Gabriel Reed d.y. Anders Reed vert skildra som ein stuttvoren, traustvaksen og triveleg kar. Han hadde god bogeføring og klangrikt spel. Springarane spelte han knapt og nett, med jamne triolar og utan medklingande laus-strengar. Spelet var levande musikalsk, tonane reine og klåre.

PER STØYVA (1896-1988)

Per Støyva var det siste bindeleddet mellom den gamle Breimsmusikken og yngre spelemenn i indre Nordfjord. Han var ein av dei beste elevane til Gamle-Reeden, storspelemannen Anders Reed.

Arvtakar etter Anders Reed

Per Støyva gjekk i lære med

Anders Reed (1849-1924), og saman med Moses Paulen (1893-1979) er desse to dei viktigaste arvtakarane etter Anders Reed. Rolf Myklebust var mange gongar hjå Per Støyva og skreiv ned slåttar. Første gong var i 1941, og i 1949 vart dei første opptaka gjort for NRK med Per Støyva som spela slåttar etter Anders Reed. Myklebust kom att til Jølster og Breim fleire gongar og gjorde opptak av både Paulen og Støyva.

Gode spelemannsvener

Per Støyva hadde og ein god ven i Anders Viken, og desse to spelte mykje saman på festar og stemne. Per improviserte understemme til Anders Viken sine komposisjonar. Men når dei spelte gamle nordfjordslåttar, var det Støyva som spelte melodien, medan Viken sekunderte.

Bindeledd til yngre spelemenn

Per Støyva var det siste bindeleddet fram til vår tids spelemenn. Han fekk ein god elev i Peder Råd, som lenge var den einaste som tok etter slåttetradisjonen i Breim. I dag er Jon Oddvar Kandal ein av dei viktigaste tradisjonsberarane i Breim og har eit stort repertoar av slåttane i Breimstradisjonen både etter Reed, Per Støyva og Peder Råd. Per Støyva, Breim, 1961. (Foto: Rolf Myklebust).


Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

17

Klemet Espeset (1828-1915) Spelemannsportrett

Spelemannen Klemet Pederson Espeset var opprinneleg frå Høydal i Øen sokn, Hyllestad. Klemet var nr. 11 av 13 syskjen, foreldra heitte Peder Olsen Høydal og Marte Pedersdotter. Klemet vart gift i 1850 med Mari Eilefsdtr. f. Gil frå Øen i Hyllestad (1818-1890). Dei fekk 5 born: Peder, Eilef, Martinus, Andreas, Brithe. Kona hans heitte Mari og var dotter til Randi Olsdtr. Og Eilef Nilsson frå husmanns-plassen Gilshaugen under Gil. Mari og Klemet overtok denne garden i 1850. “Klemet og Mari fekk plassen på livstid som vanleg var. Men leige og pliktarbeid til eigaren av plassen og kår til dei gamle vart i sum så tyngjande, at dei valde å flytte.” (Hyllestad Bygdebok I). Vi finn dei så att i Fjaler, der dei bygsla garden Espeset. Espeset var ein husmannsplass under garden Holt i Holmedal. Vi har berre få opplysningar elles om spelemannen Klemet Espeset. Arne Bjørndal nemner han i sine kjelder, han fortel m.a. at Klemet Espeset var ein kjend spelemann som spela mykje i bryllaup. Han var og av dei som reiste på Lærdalsmarknaden. Espeset lærde mykje av ein eldre spelemann, Kristoffer Andalsvik i Holmedal (d. kr. 1875 omlag 60 år gamal). Andalsvik var den fyrste som kom til Fjaler med vals og polka. Espeset spela ein slått han kalla, “Kniplaren” (Klunkaren), på trollstillt, same slåtten som Gjeitaslåtten. Ein av dei som lærde mest av Klemet Espeset var slektningen Edvard Brendehaug (1873-1936). Han var frå Brendehaug, og flytte seinare til Hellevik i Holmedal. Han var bygningsmann og møbelsnikkar. Frå Edvard Brendehaug går tradisjonsgreina vidare til

Portrettfoto av Klemet Espeset, Fjaler. Her er han kledd i svart dress og hatt, og med fela i handa. Eit flott skrin står på bakken ved sidan av. Biletet er frå kring 1900-1910, og fotograf er Arnor Bakke. Bilete nr. SFFf-95089.0005.

Kristoffer Teige (1887-1967) frå Hyllestad, som og lærte slåttar direkte frå Espeset. Teige har spela inn ein god del av slåttane på opptak for Arne Bjørndals Samling i Bergen.


18

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Variasjonar i vokal folkemusikk Folkemusikkarkivet innheld ei mengde med ulike songar og vers frå folkeleg songtradisjon, alt frå småstubbar og regler til slåttestev og skjemteviser. Ofte har dei fått ulike variantar både i tekst og tone i ulike distrikt, og nettopp dette gjer folkemusikken spennande. Nedanfor kjem nokre døme på slike variantar. Kanskje lesarane kjenner dei att i ein liknande variant frå si eiga heimbygd? Ta gjerne kontakt og tips oss! Av Liv Fridtun

Den bakvende visa

Den første vi tek med er nokre versjonar av skjemtevisa “Den bakvende visa”, som ein finn i norsk folkevisetradisjon: “Eg veitsla min støvel, eg sala mitt sverd” osv. er den mest kjende varianten. Denne forma er etter Johan Lyslo (1896-1978), lærar og klokkar i Innvik:

I fjor føre jol då griste mi ku, og kalven han drukna i solskina. Ja det er so sant so folungen gol, og kjuklingen saug si mor. Eg låg og eg datt, eg drøymde i natt, eg tykte den visa var bakvendt radt. I Selje finn ein denne songen i tradisjon etter Paul Berstad. Teksten er tilknytta Selje med at det t.d. er nemnt nokre lokale stadnamn frå Selje. Visa var delvis gløymd, men Berstad fekk leita fram att versa og såleis berga visa. Delvis er ho etter bestemor hans, og delvis etter andre kjelder i Selje. Her finst heile 23 vers! Vi tek med dei 2 første: 1. Dar va ein alur so da fanst ikkje ro. før konene song oppå kviste. Og moldmakkjen låg ned i tångja og lo, og blabra om alt det han visste. Eg låg og eg datt, eg drøymde i natt, eg tykte den visa var bakvende ratt. 2. Stormen han såg på sin breide bak, han vart så trøytte i fota,

og svart stilla raste med dønn og brak, og reiv opp skjera med rota. Eg låg og eg datt, eg drøymde i natt, eg tykte den visa var bakvende ratt.

og fao seg enkott i handa.

Paul Berstad har elles ei litt anna regle, og sjølv om temaet i regla kan minne litt om “Den bakvende visa”, er verset heilt ulikt elles.

Ro ro til Baltanskjer, drag opp seien og salt han vel. Salt han både med isel og rogn, før han te Sogn, og kjøpe barnet reine konn.

Eg sto opp sju-åtte føre dag sette bytte i ein stav, lagde slede under eit drag og kjaurde sju lass med regn før konnet kom. Eg hengde merra på veggjen og jagde selet te skogs, drog båten i skylet, og lånte sleden te fjords. Eg språng eit hav og siglde eit land, gjekk eit vatn og rodde ei strand, og dar kom det ein kvite bit og ville hunde meg. Men eg knytte haudet og gav ‘nå i neven, så markja for hundane bort over trilljen.

Jonas Åsnes i Fjaler har denne varianten:

På Sandane finn vi fleire ulike former. Først ein versjon frå Johanna Henden Ellertsson, Sandane:

Ro ro rikke, båten e’ ei stikke, mastra e’ ein pølsepinn, seglet e’ eit kurveskinn, so går båten ut og inn, ka han ve åleine.

Voggeviser

Voggesongen “Ro ro … osv.” har mange ulike variantar. Her har vi plukka ut nokre av versjonane av verset. Først ein liten voggesull etter Jenny Færøyvik, Solund:

Ro ro rugga, gje barnet tugga nye stakk, trøye god, so ska’ barnet heimatte ro te’ si gamle bestemor. Berta Storåker, Hyllestad har denne versjonen:

Ro, ro relte, kjøpe barnet belte, nye sokka, nye sko, so ska barnet heimatte ro, te si gamle bestemor,

Til slutt tek vi med to av variantane til Lars Ryssdal, Sandane:

Ro ro riske, ut på Sandane og fiske. Fisk ein fiske med isel og rogn, salta ‘nå i tynnje og føre ‘nå te Sogn, so ska’ vi bryggje og bake.

4


Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Leikevise

Barneleikar og vers til leikane er ein annan type songar som ein finn mange variasjonar på. Her er eit barnevers som vi har etter Målfrid Igelkjøn og Kristina Skarstein i Flekke (ulike variantar i nokre av strofene). Leiken til verset er omtrent slik leiken er til det meir kjende verset “Bjørnen sover”, men tonen til verset er ulik.

Plukke plukke bjørnebær, bjørnen er ‘kje heime. Bjørnen er i kongens slott/ gard, der kan han ete mykje godt/ ete’ både kjøt og kål, og bjørnen kan ‘kje ta oss. Dette biletet handlar ikkje om bjørnebær, derimot blåbærplukking på Seljeset i Hornindal, kring 1914. Ungane har det kjekt på blåbærplukking, og alle er smilande og glade! Bak f.v.: Elisa Ottosd. Seljeset (f.1905), Olava Ottosd. Seljeset (f.1903), Samuline Ellingsd. Seljeset (f. 1906). Framme f.v.: Marta Ellingsd. Seljeset (f.1909), Oline Ellingsd. Seljeset (f.1904), Otto Iversen Seljeset (f.1908). Fotograf er Arthur Edvartsen og eigar av biletet er Ivar O. Seljeset. SFFf-94111.0034.

Slektsstemne

på Monsegarden Nese,

Bruk 3, Arnafjorden, Vik i Sogn Den 13. juli 2003 vert det slektsstemne på Nese, bruk 3, i Arnafjorden. Tilskiparane ønskjer å nå fram til flest mogleg av dei som ættar frå denne garden. Her nokre av personane med opphav på Nese, bruk 3, i Arnafjorden: Elling Lasseson, f. 1723, g.m. Siri Rognaldsdotter Born: Lasse, Ola, Rognald, Jon, Kristi, Gjertrud Lasse Ellingson, f. 1747, g.m. Ingrid Steffensdotter Born: Steffen, Elling, Kristen, Barbara Kristen Lasseson, f. 1789, g.m. Gjertrud Bjørnsdotter Born: Steffen, Synnøve, Bjørn, Anna, Berthe, Lasse, Brita, Sigrid Lasse Kristenson, f. 1813, g.m. Gjøa Monsdotter Born: Ragnhild, Gjertrud, Ingebjørg, Kristen, Mons, Gjørond, Jensina Mons Lasseson, f. 1851, g.m. Berta Markusdotter Born: Jensina, Gjertrud, Lovisa, Lasse, Thea Lasse Monsson; f. 1887, g.m. Gjertrud Olsdotter Born: Mons, Ola, Einar, Kristen, Berta, Svanhild Mons Lasseson, f. 1914, g.m. Kari Eilivsdotter Born: Jorunn, Gudny, Gjertrud Heggnes (som i dag har bruket) Leirpoll/Smilden i Hyllestad: Rognald Ellingson, f. 1752, g.m. Bothilde Monsdotter, f. 1735 Born: Siri, g.m. Clement J. Holten, Synnøve, g.m. Søren Rasmusson Smilden, Elling, g.m. Olaug Rasmusdotter Lekva, Mons, g.m. Synnøve Colbeinsdotter Trausdalen/Christi Andersdotter Stigedal, Gjertrud, g.m. Rasmus Gunderson Øn, Peder g.m. Anna Bertilsdotter Hatlem. Peder Rognaldson, f. 1798, g.m. Anna Bertilsdotter Hatlem Born: Brita, Rasmus, Guri, Hendrik Familien budde på Kråkevåg, Solund Hendrik Pederson, f. 1838, g.m. Synnøve Bertilsdotter Hatlem Born: Peder, Olai, Ludvik, Bertha, Brita, Petrine Bustad: Sandvik/Skarenagle Ludvik Hendrikson Sandvik, f. 1871, g.m. Elisabeth Andersdotter Netteland Losneli Born: Harald, Einar, Leif, Alida Sunde (Bergen) Bustad: Sandvik/Skarenaglen Tilskiparane vil som nemnt kome i kontakt med etterkomarar etter desse familiane, og ha påmeldingar til slektsstemnet. Påmeldingsfrist er 27.07.2002. For spørsmål om slekt og anna, ta kontakt med:

Ro ro riske, ut på sjønen og fiske. Fisk en fiske og salta ‘nå vel, oppi ei lita kråkeskjel, so får ‘kje makkane bite ‘nå ihel.

Gjertrud Heggnes Nese, tlf. 57 69 62 04 Ansgar Sunde, tlf. 55 26 96 77 Otto Leif Sandvik, tlf. 33 11 46 97 Adresse: Otto Leif Sandvik Granev. 8, Hovland 3274 Larvik

19


20

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Glimt frå fotoarkivet

Arild Reppen

I denne spalta vil me visa fram bilete frå den rikhaldige fotosamlinga til Fylkesarkivet

På butikken i ‘gamle dagar’ “Her står jeg i butikken og skal kjøpe no til mor, får lov å gå alene for nå er jeg blitt så stor... og de som står bak disken kan’ke se meg her jeg står, og alle andre får det de skal ha, og så betaler de og går.” Slik kunne det være å for ein liten kar å på sin første handletur aleine, skal vi tru Øystein Sunde si vise. No er disken borte, og erstatta av sjølvbetjening. I glimt frå arkivet denne gongen har vi valt å syne eit bilete frå butikken frå tida før den vart sjølvbetjent.

Frå den gongen ein måtte lese opp hugselappen til den som stod bak disken. Så vart varene målt og vegde - eit kilo mjøl, og eit halvt kilo smør - og pakka inn. Det er noko sjarmerande med dette no når alt skal gå så fort og effektivt, med sjølvbetjening og strek-kodar. Det nytta ikkje å ha dårleg tid når mjølet skulle vegast og pakkast før ein fekk betale og gå. Men ein skal passe seg for å romantisere fortida. Det hadde nok sine baksider med små butikkar, lite utval, og ingen sjølvbetjening. Men at fortida kan være både eksotisk og framand, sjølv om den ikkje er så

veldig mange år gamal, det er sikkert. Og der ligg spaninga i mange av dei gamle bileta - for oss som ikkje har opplevd denne tida, vert dei eit vindauge, eller ein liten glugge, der vi kan få eit glimt inn i ei anna verd. For dei som kjenner att motivet frå sitt eige liv, hentar biletet fram eigne minne frå gløymsla.

Frå butikken til Olav K. Osnes i Eidsgata på Nordfjordeid. Det er Olav sjølv som står bak disken, og kunden er Jenny Årnes. Olav og Jenny gifta seg seinare. Butikken var i drift til kring 1980. (SFFf-98172.0026).


Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Fotograf Nils Olsen Reppen I serien om dei historiske fotografane frå fylket vårt, er vi denne gongen komen til fotograf Nils Olsen Reppen frå Sogndal. Nils Olsen vart fødd på garden Reppen i Sogndal i 1856, og døydde i 1925.

Nils Olsen Reppen hadde kamera med seg ute på reiser og. Mellom anna

21

Historiske fotografar Av Arild Reppen

Nils Olsen Reppen var gardbrukar og fotograf. Det var mange fotografar på den tida som hadde fotograferinga som ekstrainntekt ved sida av gardsbruk eller anna næring. Og slik som mange andre, reiste Nils til Amerika. Det gjorde han i 1895, men han kom tilbake nokre år seinare. 350 glasplatenegativ etter fotografen er sikra i Fylkesarkivet sine fotomagasin. Desse negativa er no digitaliserte. Etter kvart skal dei og verte tilgjengelege i databasen vår på internett. I første omgang skal dei nyttast til identifisering av motiva. Berre nokre få bilete i samlinga er registrerte til no. Digitalisering av samlingar har kome til som eit særs nyttig verkty i arbeidet med identifisering og registrering. Med utgangspunkt i desse bileta, er det mogleg å lage katalogar som kjentfolk kan bla i. Bileta i samlinga er frå ulike stader. Mange frå Sogn, men det ser ut til at finst nokre bilete av ei stor kyrkje eller ein katedral som vi enno ikkje har identifisert. Det finst nokre perler i samlinga, i kategorien folkelivsskildringar. Eit slikt bilete er det vi presenterer ovanfor med ein okse i framgrunnen. I kva høve biletet er teke veit vi ikkje, men motivet er i alle høve flott fanga inn av fotografen.

Kan hende nokon av lesarane veit noko om dette biletet ovanfor, og det fine gruppebiletet til venstre? Ta kontakt med meg: Arild Reppen, tlf. 57 86 51 24.


22

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Amerikanar med fengslande bilete frå fylket I 1958 kom det ut ei bok med tittelen “Captured by The Norwegians”. Boka var fylt med bilete frå folkeliv i Noreg, mellom anna ein del bilete frå kysten med Sogn og Fjordane. Bileta var Robert A. Robinson sitt fotografiske inntrykk frå sine reiser kring i landet. Fotografen Robert A. Robinson vart fødd i California i 1927. I 1952 kom han til Noreg, 24 år gammal. Her fekk Robinson i oppdrag å lage ei bok om den norske fiskeindustrien. Men silda forsvann, og boka kom aldri ut. I over fire år reiste Robinson langs kysten, og fotograferte fiskarar og bønder frå Bergen og nordover. På veg gjennom Sogn og Fjordane var han mellom anna innom Florø, Askvoll og delar av Sogn. Bileta er gripande skildringar av livet på Vestlandet på godt og vondt. Ei personleg skildring av fotografen sitt møte med denne landsdelen. Eit møte som må ha gjort sterkt inntrykk på Robinson. Eit utval av bileta Robinson tok kom på trykk i boka “Captured by The Norvegians” i 1958. Ei bok som vakte sterkt inntrykk då den kom. I 1995 vart bilete frå denne boka igjen tilgjengeleg i ei ny bok. Denne gongen med tittelen “Captured”. Dan Young, fotograf og tidlegare kollega av Robinson, sto bak denne boka, der og andre sider av Robinson sitt fotografiske virke vert presen-

tert.. Young skildrar Robert A. Robinson sine bilete frå Noreg og kysten på denne måten I “Captured”: “Hans bilder av det norske landskapet og menneskene han møtte er vidunderlig troskyldige. For å se et motiv på troskyldig vis, må man være troskyldig selv, hvilket han nettopp var. Men samtidig kjente han til livets mørkere sider […..] Og den mørke siden av den norske sjelen er også synlig i Bobs (Robert A. Robinson, red.) bilder fra den tid. Det er imidlertid en følelse av undring i bildene hans, en mann bergtatt av det han ser; uskyldig - det var slik han opplevde landet.” På eit tidspunkt slutta Robinson å fotografere, og drog attende til USA, der han vart buande. Men bileta frå 50- og 60-talet står attende som eit flott kapittel i fotohistoria. Og dei heldt ein høg internasjonal standard. I ein katalog frå ei retrospektiv utstilling om gruppa Manitè, som mellom andre Robinson og Young var medlem i, vert dette understreka gjennom ei samanstilling av eit bilete Robinson tok av garntørke i Florø, og eit bilete den legendariske fotografen Eugene Smith tok i Minamata i Japan fleire år seinare. Robert A. Robinson sine bilete står seg godt i den store fotohistoriske samanhangen. Den opprinnelege boka “Captured by The Norwegians” er ikkje enkel å få tak i lenger. Men Dan Young si nyutgjeving av bileta i

Utanfor Kinn 1956. “Captured” kan anbefalast på det varmaste. I tillegg til bileta, presenterer Young historia om fotografen og venen Robert A. Robinson. Kjelder: Dan Young, “Captured”. Utstillingskatalogen “Manitè”. Bilettekstane på desse sidene er henta frå boka “Captured”. Alle bilete: Foto Robert A. Robinson. Robert A.Robinson / Dan Young.

Garntørk, Florø 1953.


Årgang 10, nr 3 - 2001

Kjelda

23

Krabbefiske nær Askvoll 1956.

Sauetransport utanfor Florø 1953.

Om biletet til venstre seier Bob: “Jeg ble fortalt av lokalbefolkningen at ideen til V-form båtkonstruksjonen opprinnelig kom fra kyst-Norge. Det ble også sagt at de som brukte denne V-formete båttypen over lang tid også måtte bygge seg to hus for å kunne sitte komfortabelt hjemme - og når man så folk med V-fomete rumper på tettsteder og i byene, visste man med en gang at de var fra Vestlandet. Tro det om du vil!” Askvoll 1956.


24

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Landskonferanse for fotobevaring 2001

Av Arild Reppen

Ein gong i året vert det arrangert landskonferanse for fotobevaring, der dei ulike institusjonane som arbeider med dette fagområdet samlar seg for å lære og utveksle erfaringar. I år var konferansen lagt til Horten, byen der Norsk Museum For Fotografi - Preus Fotomuseum opna i nye lokale i mai i år. Vi er inne i ei teknologisk brytningstid for fotografiet. Alle som arbeider med fotografiske bilete må ta stilling til “den digitale revolusjonen” som enkelte har kalla det. Overgang til digitale bilete byr på mange nye mulegheiter og utfordringar. Og dette var eit sentralt diskusjonstema i innlegga under konferansen, og i dei viktige uformelle samtalane innimellom. Mange spørsmål vart reist på konferanse. Som til dømes - kva kostar det å digitalisere ei samling? Og kor lang tid tek det? Det var Siri Slettevåg frå Norsk Museumsutvikling som la fram desse i sitt innlegg, som eksempel på kva type spørsmål dei som arbeider med fotobevaring får. Og det finst ingen fasitsvar. Kva det kostar avheng av mellom anna av val av teknologi og kvalitet. Kor lang tid det tek er og særs avhengig av kva teknologisk løysing ein vel, og kva kvalitet ein vil akseptere. For å ta eit døme; Det tek nokre få sekund å avfotografere eit glasplatenegativ i nokolunde bra kvalitet med eit digitalt kamera, medan det tek 5-10 minutt å skanne tilsvarande negativ med ein god skannar til særs høg kvalitet. Med andre ord kan tidsbruken mangedoblast gjennom val av teknologi og kvalitet.

Då må ein spørje seg; Kva er det vi er ute etter? Er det berre å kunne syne eit bilete på ein dataskjerm? Då er dei fleste løysingar tilfredsstillande. Men skal vi kunne bruke det digitale biletet til andre formål, som å lage kopiar av bileta, levere til bøker, og ikkje minst for å sikre motivet og redusere bruksslitasje på originalen, då vert det med ein gong stilt heilt andre krav. Men kva krav? For å hjelpe på denne situasjonen har Norsk Museumsutvikling (NMU) sett ned ei arbeidsgruppe som skal utarbeide forslag til standardar og krav, og tekniske løysingar. Arbeidsgruppa er sett saman av tre fotografar og ein førstekonsulent. Resultatet skal verte ein vegleiar for digitaliseringsprosjekt.

er no komne i mål, og kan tilby registreringsprogram tilpassa museum og arkiv. Det eine er Primus (Museenes datateneste). Det andre er museumsprosjektet. Meir informasjon om desse er å finne på internett: www.mdt.no/ primus/ og www.muspro.uio.no/ index.shtml . Elles er Fylkesarkivet tilgjengeleg for dei som har spørsmål kring registrering og digitalisering. Fylkesarkivet har hatt sin fotodatabase tilgjengeleg på internett i tid no, og fleire institusjonar kjem etter. Ein som er av stor interesse er Norsk Folkemuseum sin base. Dette er ein omfattande base, der ein kan søke etter bilete og gjenstandar i Noregs største museum. www.norskfolke.museum.no/primusweb/ soek.html

Mellom anna er det ønskje om å etablere ein nasjonal standard som skal sikre ein minimumskvalitet. Det er ei stor utfordring å nå fram til ein slik standard på eit felt som er i så hurtig endring som digital teknologi.

Norsk Folkemuseum har registrert sine samlingar i Primus - og har nytta webmodulen i Primus til å legge basen ut på internett. Sidene deira er vel verd eit besøk.

Val av databasar for registrering av bileta var og eit tema på konferansen. To prosjekt som har gått over fleire år

Direktør ved Norsk Museum for Fotografi, Øivind Storm Bjerke, talar til ei lydhøyr forsamling. (Foto: Arild Reppen).


Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Minnesmerket Av Hermund Kleppa

I haust tok avisa Ytre Sogn (30.10) til orde for å flytta minnestøtta over dei falne i Høyanger. Avisa meiner ho vil gjera seg betre på Bytorget, enn på plassen ho står no, i gata ned mot kaien på plassen ved det gamle posthuset. Då støtta vart reist i 1947, var dette ein god plass, men ikkje no lenger når posten er flytta og rutebåten borte. Sommaren 2000 blei Landmark-steinen i Fjaler flytta frå den opphaveleg plassen på Leitet til Lillingston-heimen. Det var folk frå bondelaget som stod for flyttinga, og som eigar av steinen meinte dei at flyttinga var ei sak for dei. Det kom straks arge reaksjonar frå folk som slett ikkje var samde med flyttarane. Dei meinte at ein ikkje berre kunne fara avgarde med ein minnestein som tilhøyrde ei bygd, ei grend, som bygdefolk og utflyttarar kjende seg knytta til. I Askvoll kom det opp eit flyttespørsmål i 1999. Ordføraren kasta fram ein tanke om at minnesteinen over kunstmålaren Anders Askevold kanskje ville få ei betre plassering på ein påtenkt tusenårsstad i bygda. Protestane let ikkje venta på seg. Kjell Ask, medlem i Askvoll Sogenemnd, gjekk sterkt imot. Han meinte staden (Korseberget), fundamentet (ein oppmura fot) og utstyret kring steinen (lekkjer mellom 4 kvadratisk plasserte steinar) er viktige deler av minnesmerket. Han var og redd for at minnesteinen kunne varta skadd i ein flytteoperasjon og viste til at ein minnestein i Holmedal hadde brotna i to. (Det vart ikkje noko av flyttinga i Askvoll). Å flytta på minnesmerke er ei alvorleg sak. Erfaring syner at det i mange høve kjem sterke og til dels kjensleladde reaksjonar, ofte av negativ karakter, og då særleg når flytteoperasjonen kjem brått og bardust på folk. På bakgrunn av til dels bitre erfaringar, tykkjest det klokt å leggja opp til ein heller omfattande flytte-prosedyre der

25

Om flytting av minnesteinar brei førehandsinformasjon og innhenting av synspunkt kjem med. Kva med pålagt offentleg varsling i avisene og ved oppslag, nokolunde på same måte som ved buoppgjer? Eller opne møte? I ei kvar flytteprosedyre bør det og vera med som obligatorisk punkt å klårleggja kva som eventuelt måtte vera tenkt og sagt og skrive om den opphavelege staden. Nett det kan vera vanskeleg i mange høve. Det er gjerne lite å finna i minnesmerkemappa, om ei slik mappe i det heile teke finst.

Difor vil eit minnesmerke-arkiv, slik det er skissert i minnesmerke-stykka lenger bak i bladet, koma til stor nytte.

Sommaren 2000 flytte Fjaler Bondelag Landmark-steinen frå den opphavlege staden på Leite til Lillingstonheimen på Tysse. Steinen burde stått på Leitet, meinte somme. Det var rett å flytta han, meinte andre. (Foto: Firda).

“Steinen skal vera ein varde ved vegen”

Minnesteinen over Andreas Askevold vart avduka 1. juledag 1934. Mellom 7 og 800 menneske var tilstades. I avdukingstalen sa Abraham Strømmen også noko som understrekar stadvalet, ved vegen på Korseberget, at nett denne staden var den beste. Sjølv er eg overtydd om at Abraham Strømmen ville slutta seg Kjell Ask og andre som ikkje ville høyra snakk om flytting i 1999, ja, kanskje stilt seg i spissen for nei-til-flytting-folka. “Det er sagt ved liknande høve”, sa Strømmen i talen sin, “at steinane talar. Ja, steinane talar. Og det er um Anders Askevolds liv og yrke, hans kunst, denne steinen skal minna oss og ættene som kjem etter. Men det er ikkje berre for å vyrdsla og verna om minnet åt Askevold at steinen er rest. den skal ogso vera ein v a r d e ved vegen her, - ein varde som både me og dei som etter oss kjem skal vilja nå fram til og sjå upp til.”

Me ønskjer opplysningar om minnesteinar! Kontakt Hermund Kleppa, tlf. 5756402. Epost: hermundk@sffarkiv.no


26

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Eids kommunale elektricitetsverk “Elektriciteten gaar jo sin seiersgang over landet til glæde og velsignelse for dets borgere.” Av Berit Selseng

Tidleg på 1900-talet gjekk tanken om å nytta vasskraft til elektrisk straum som ein farsott over landet. Store og små fossefall vart utbygde som kommunale eller private verk. Også i Eid var det framsynte menn som såg seg om etter nye kraftkjelder. Ei nemnd på 5 medlemer vart sett ned i februar 1911 til å greia ut spørsmålet om eit kommunalt elektrisitetsverk. Formann i nemnda var ordføraren, kaptein J. Myklebust.

Eitt arkiv - ei soge munen. Alt i september sende nemnda inn melding om arbeidet sitt og kom med framlegg om oreigning av fossen. Eid kommune vart slik den første i landet som nytta seg av denne lova. Det vart kravd skjøn, og dette vart beramma til 26.juli 1912. Det vart teke med berre naudsynt vassrett og rett til vegar, tomter, oppdemming m.m. Difor vart innløysingssummen liten, om lag 10.000 kr. Det vart så kravd overskjøn. Denne tok plass sommaren etter, i juni

1913. No vart retten til alt vatn teke med, og samtlege andre rettar, som t.d. fiskerettar og alle innretningar ved fossen, som sagbruk, kvernbruk og laksegardar. Prisen vart sett til 25.000 kr. I august 1913 gav nemnda si innstilling til kommunen, ei sterk tilråding om å overta fossen. Dette vart einstemmig vedteke. Eit lån på 100.000 kr. skulle opptakast. “Bergens Tidende” skreiv (framhald neste side)

Men soga tek til tidlegare. Alt i 1906 kom tanken opp om å skaffa strandstaden elektrisk lys. Fargarelva var det første alternativet, og ei evt. oppdemming av Storevatnet og Kringlevatnet. Leidning skulle førast frå setrane og heim. Ein kom til at elva ikkje var heldig for eit slikt anlegg. Det vart for lite kraft til for høg pris. Fleire småelvar vart undersøkte dei komande åra, og det enda med at ein festa seg ved Leivdøla og Kviefossen. Den siste vart oppgjeven då eigarane hadde alt for store krav til verdsetjing. Arbeidet med Leivdøla heldt fram, planar og vilkår vart framlagde for leiaren av eit større elektrisk firma, som frårådde dette då det vart for dyrt og for lite kraft. Myklebust gav ikkje opp. Sist i 1908 vart det på nytt teke opp forhandlingar med eigarane av Kviefossen, og semje kom i stand med eigarane på nordsida, den siste i 1911. Halve fossen var sikra, men med mange vilkår. I kommunestyremøtet 25.febr. same år gjorde ordføraren greie for det som var gjort og overlet kontraktar, kart og berekningar han hadde til kommunen sitt rådvelde. Han vart samrøystes vald til formann i “Elektricitetskomiteen”. Lova om tvungen avståing av vassfall til kommunane, av 15.08.1911, kom same året. Ein vart då samde om at heile Kviefossen burde sikrast for komKviefossen i Nordfjordeid, før utbygginga (øvst) og etter (nedst). SFFf-901100013.

4


Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

27

Arkivordning - eit ork og ei gleda

Av Berit Selseng

På Fylkesarkivet har me fleire magasin til oppbevaring av arkivmateriale, og eit såkalla ordningsrom til ordning og registrering av dette. Dei ulike arkiva vert henta inn frå ymse hald, også kommunale saker Det hender at det går ei tid mellom innhenting og ordning, men imedan står papira trygt hjå oss. Så kjem dagen at no skal det skje. Endeleg er timen komen for å ordna dette ofte unike materialet som er henta inn i sekker, kartongar, mapper, ringpermar og rullar. Det kan vera eit kaldsleg syn å sjå for ein registrator korleis arkiv har vorte handsama, stua hulter til bulter i kassar og kartongar, med rusk og rask blanda innimellom. Eg har funne murpuss, glasbitar, daude insekt, turt lauv, mugg og sopp og mykje anna herleg i slike kassar. Materialet denne gongen var henta frå Eid e-verk for ei tid sidan. Sommaren 2001 vart det henta fram for ordning og registrering. Ole Stian Hovland og underteikna tok fatt og fekk eit oversyn over det store materialet. Hipp hurra!, det var i alle høve reint og fint, men

uoversiktleg og med mange ulike ingrediensar. Arkivet vart ordna i ulike mellombelse seriar og grovsortert. Som ofte før var det innblanda både privat og anna kommunalt arkivmateriale, også frå andre små e-verk som har gått inn i Eid. Arkivet er no for det meste ordna, men i skrivande stund ikkje ferdigregistrert. Det er nokså komplett når det gjeld det eldre materialet, heilt frå “elektricitetskomiteens forhandlinger” frå 1912 og utover. Også litt eldre skriv er tekne vare på. Her er ei stor samling protokollar og kort over tingingar, installasjon og målaravlesingar. Me finn korrespondanse, reklamemateriell og rekneskap, ulike anbod og søknadar. Møtebøker, kopibøker og journalar gjev eit godt bilete av soga til verket. Det er også journal frå kraftstasjonen over drifta frå dag til dag. Spesielt for eit slikt arkiv er mengda av teikningar, kart og luftfoto som mellombels vert lagra i store skuffer, til meir høveleg arkivemballasje kan skaffast. Dette siste har me enno ikkje oversikt over. Så er det grøvste unnagjort. Protokollar er “vaska”, med fuktig klut, no ventar dei på ein etikett som syner innhaldet.

Det same gjer alle arkivboksane som står lina opp og nesten fyller ein vegg på ordningsromet. Dei er fulle av dokument eller kort som er gjennomsett, har fått fjerna stiftar og binders, og er lagde i legg og mapper, vonleg tydeleg merkte for seinare brukarar. Det er så ein ergrar seg at det ikkje vert meir tid til å gå inn i arkivet og sjå nærare på dokumenta, men det tek for lang tid. Arkivet har fått eit arkivnummer, K-14430.782. No står att å registrera alt inn i eit dataprogram, slik at ein kan ha ein ferdig katalog i Fylkesarkivet sine databasar. Denne kan så skrivast ut som ein papirkatalog. I kvantum har me ikkje heilt oversikt enno, men det dreiar seg om opp mot 12 hyllemeter i tillegg til kart og teikningar.. Det vil seia at arkivet er putta i arkivboksar som er ca 10 cm djupe i A4 eller folio storleik, av desse går det så 10 på meteren i reolane våre. Protokollar vert lagra ståande, og det er vanskeleg å seia noko om hm-mengde før dei er ferdighandsama og oppsette. Men når alt er ferdig, klar til utkøyring til kommunen, i dette høvet Eid, då er arkivaren og registratoren tilfredse og lukkelege. Ein har gjort eit arbeid som syner, som er gagnleg og viktig for notid og framtid.

Eids kommunale..... (frå førre side) 02.09.1913: “Dette er vistnok den største bevilgningssak som har været behandlet i Eids herredstyre, men det er neppe tvil om, at det er av de beslutninger, som vil faa indgribende indflytelse paa bygdens utvikling og fremgang. ..... De andre kommuner kommer nok efter. Elektriciteten gaar jo sin seiersgang over landet til glæde og velsignelse for dets borgere.” No vart det ikkje så enkelt å koma i gang likevel. Ymse grunneigarar laga vanskar, også verdskrigen valda problem, men trass i dette var verket klart til prøvekøyring og oppstart 27.november 1915, som det første høgspente anlegg

i Nordfjord. Den opphavlege planen om 150 hk. for 100.000 kr vart undervegs endra til ei utbygging på 220 hk. og gjort i stand til endå 220, med kostnad fullt ferdig 170.000 kr. På opningsfesten 4. desember 1915 var det fest for alle i kommunelokalet, i stråleskinet frå dei elektriske lampene. “Elles straala heile Eidsdalen nedetter og strandstaden like ut til Skaarhaug i elektrisk ljos”. Det vart referert i ei avis etterpå at “ den vakre og stilfulle fest slutta ved 3-tidi..” Frå først var krafta tenkt nytta til lys, med mogelegheit til å kjøpa ekstra til

anna bruk. Det vart snøgt bruk for meir straum. I eit “Nordfjordbrev” i 1916 les me:” Den nye kraft er straks tat i industriens og haandverkets tjeneste. I Eid har man allerede en større tøndefabrikk, 2 bakerier, en smie og elektrisk forretning som alle faar sin kraft fra det kommunale elektricitetsverk. En række nye virksomheter vil snart følge efter....”. I 1920 vart kapasiteten auka til 300 hk. Då kom det veglys og kyrkja fekk elektrisk oppvarming. Alt i 1918 hadde Eid vedteke å slutta seg til Ålfotselskapet. Dette kom til å farga soga til kraftforsyninga i Sogn og Fjordane mykje, og er ei heil soge for seg.


28

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Litteratur motteken av Fylkesarkivet frå 15. mai 2001 til 15. oktober 2001

Mai 2001 u Bragstad, Jakob, oberst II. Fjordane infanteriregiment nr 10: i gamal og ny tid. 1996. Elanders Forlag. u Smidt, Johannes, Ursin, Jonny, Hopen, Bjarne Mund, Frivold, Leif, Barnes, Michael. Vår arv: streif fra norsk kirke- og ukulturhistorie i London. Red. av Frivold. 1967. Den Norske Sjømannsmisjons Forlag. u Storbekken, Egil. Bygdeviser og songer: historikk omkring sæterliv og instrumenter. 1999. Norsk Musikkforlag A/S. u Red: Prøysen, Elin, Dramstad, Leif A. Det er så vemodig mange viser: 129 viser av Alf Prøysen. 1997. Tiden Norsk Forlag uAS i samarbeid med Norsk Musikkforlag A/S. u Kvifte, Tellef. Musikkteori for folkemusikk: en innføring, Fele. 2000. Norsk Musikkforlag A/S. u Norsk Folkemusikklag, Red. Thedens, Hans-Hinrich. Nasjonal avdeling av ICTM, skrift nr. 14-2000: Genre, Familier, Begrep. u2001. Norsk Folkemusikklag. Juni 2001 u Losnegård, Gaute, Losnegård, Rolf. Peter Andreas Blix - I strid for vern og vekst. 2001. Selja Forlag og Skald. u Organ for Landslaget for lokalhistorie siden 1922. Heimen, lokalhistorisk tidsskrift 2-2001. 2001. Landslaget for lokalhistorie. u Red: Eriksen, Halvorsen, Hansen, Hegna, Jensen, Langengen, Terjesen. Arbeiderhistorie 2000, samhold må til. Tema: uArbeiderbevegelsen og andre sosiale bevegelser. 2000. Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek. u Førde sokneråd. Førde kyrkje 1885 - 100 år - 1985. 1985. Førde sokneråd. u Thue, Johs. B. Fjella skal bera fred til folket. Eit historisk essay om ei kyrkje og ei kvinne. uå. Ingvald Husabø Prenteverk. Juli 2001 u Red: Niemi, Einar, Balsvik, Randi Rønning, Hansen, Lars Ivar. Den norske uhistoriske forening. Historisk tidsskrift. Bind 80 unr. 2-2001. Universitetsforlaget. u Katalog Wingaards ovnsstøperi & Fabrik. Bergen 1914. u Voss Rotary Klubb. Minnesmerke, skulpturar og relieff i Voss kommune. 2001. uVoss prenteverk AS. u Farstad, Arnold. Kjøplaget, Felleskjøpet på Vestlandet 1900-2000. 2001. uFelleskjøpet Øst Vest. August 2001 u Nes, Otto. M.B. Landstad, Fra salmer til Skjemteviser. 1997. uJ.W. Cappelens Forlag as. u Otto, Olaf North. Hans Paludan Smith - A short history of his forebears uand relations. 1999. u Ruff, Ellen, Will, Tracy. Forward - A history of Dane: the Capital County. 2000. uWoodhenge press. u Red. Linneberg, Torunn. Matguide for Oppland: en guide til spesielle umatopplevelser. 2001. Fylkesmannen i Oppland, Landbruksavdelingen. u Seip, Anne-Lise. Sosialhjelpstaten blir til: norsk sosialpolitikk 1740-1920. uAndre utgåve 1994. Gyldendal Norsk Forlag, Oslo. u Førsund, Finn Borgen. Skipsverftet ved Sognefjorden. 1993. uVerbum Grafiske A/S, Stavanger. u Amblie, Svein. Elektronisk databehandling. 2001. Kommuneforlaget AS, Oslo. u Os, Audvar, Overå, Oddvar, Pedersen, Odd Jarl. Forvaltningsloven og kommunane. u4. utgåve 2001. Kommuneforlaget, AS uOslo. September 2001 u Hopland, Sølvi Helén. Blome i guds hage, songbok. 2001. Gilead. u Seip, Anne-Lise. Veiene til velferdsstaten: norsk sosialpolitikk 1920-75. 1994. Gyldendal Norsk Forlag A/S. u Opheim, Berit. Solè mi sæla: Folkesongar frå Vossabygdene. 1995. Ole Bull Akademiet, Voss. u Storbekken, Eli. Nattergalen - folkesang i Østerdalen. 2000. Ole Bull Akademiet, Voss. u Berulfsen, Bjarne. Den gode vise. Den norske bokklubben. u Bisgaard, J. Chr. Fra musikkens verden: Nogen moderne kunstnerportretter. 1929. Forlagt av H. Aschehoug & Co. (W. uNygaard), Oslo. u Aune, Hermann. Viser i vårkvelden. 1984. Nidaros Forlag. u Liestöl, Knut. Moltke Moe. 1949. Forlagt av H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), Oslo. u Klausen mekaniske verksted AS 1948-1998. 50 år - frå lita hytte til høge hallar. Vårdal 1998. u Randal, Aud. Mjømna kyrkje 100 år, sogeskrift. 2001. Mjømna sokneråd. Oversikt over litteratur og musikk som kjem inn til Fylkesarkivet. Send oss publikasjonar som blir utgjevne i Sogn og Fjordane, eller som omhandlar fylket. Kontakt for denne spalta er Gunnar Yttri, tlf. 57 65 64 08. E-post: gunnary@sffarkiv.no


Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

29

u Solem, Susanna Lomheim, Lomheim, Johannes, Lomheim, Olav Kjell. Hafsloalbumet, daglegliv i Hafslo gjennom 100 år. uHafslo/Sogndal 2001. Sogne-Prent AS. u Red: Borge, Magnus, Sirevåg, Trond. Norsk Arkivforum nr.1. Norsk Arkivseminar 1976. Oslo1980. Arkivarforeningen. u Red: Borge, Magnus, Sirevåg, Trond. Norsk Arkivforum nr.2. Norsk Arkivseminar 1978. Oslo1980. Arkivarforeningen. u Red: Borge, Magnus, Sirevåg, Trond. Norsk Arkivforum nr.3. Norsk Arkivseminar 1980. Oslo1981. Arkivarforeningen. u Red: Gjerdåker, Brynjulf, Jacobsen, Elin. Norsk Arkivforum nr.4. Norsk Arkivseminar 1982. Oslo1983. Arkivarforeningen. u Red: Isaksen, Larsen, Marthinsen, Sirevåg. Norsk Arkivforum nr.5. Metodeutvikling i arkivarbeidet, festskrift til Carlo Larsen. uOslo 1985. Arkivarforeningen. u Red: Johannessen, Opheim, Myking. Norsk Arkivforum nr.6. Norsk Arkivseminar 1984. Oslo 1985. Arkivarforeningen. u Red: Øverland, Thime, Bols. Norsk Arkivforum nr.7. Norsk Arkivseminar 1986. Oslo 1986. Arkivarforeningen. u Red: Skistad, Knut. Norsk Arkivforum nr.8. Medisinalvesenets sentraladministrasjon 1809-1940, Helsevesenet 1940-1983, u Landbruksdepartementet 1940-1983. Administrasjonshistoriske oversikter. Oslo 1988. Arkivarforeningen. u Stoa, Nils Johan. Norsk Arkivforum nr.9. Arkivmateriale fra dansk-norske sivile sentralinstitusjoner før 1814. Oslo 1989. u Arkivarforeningen. u Red: Martinsen, Olstad, Sandberg. Norsk Arkivforum nr.10. Norsk Arkivseminar 1988. Oslo 1990. Arkivarforeningen. u Red: Lange, Skistad, Stang. Norsk Arkivforum nr.11. Norsk Arkivseminar 1990. Oslo 1993. Arkivarforeningen. u Red: Madsen, Per, Marhinsen, Jørgen H. Norsk Arkivforum nr.12. Festskrift til Helge Paulsen 30. januar 1996. Oslo 1996. u Arkivarforeningen. u Red: Lange, Vilhelm, Låg , Torbjørn. Norsk Arkivforum nr.13. Innlegg fra Norsk u Arkivseminar: Tromsø 1993, Hurdal 1995. Oslo 1998. Arkivarforeningen. u Red: Tronstad, Roger, Lian, Oddleif. Norsk Arkivforum nr.14. u Norsk Arkivseminar 1998. Kristiansand 2000. Arkivarforeningen. u Red: Tronstad, Roger, Lian, Oddleif. Norsk Arkivforum nr.15. Artikler og u seminarinnlegg . Kristiansand 2001. Arkivarforeningen. Oktober 2001 u Skriftstyre: Foss, Gjertsen, Mjøs, Øgaard. Bjørgvin, kyrkjehistorisk årbok. 1991. u Kyrkjesogelaget. u Straume, Trygve. Folkemusikk frå Sykkylven. Bent Høgset hefte Nr. I og II. 1981. u Sykkylven sogenemnd. u Straume, Trygve. Folkemusikk frå Sykkylven. Blikde-Karl-slåttane. 1983. u Eige forlag. u Robinson, Robert A. Captured by the Norwegians. 1958. u J.W.Eides Forlag Bergen. u Hardanger Folkemusikklag. I Toneskrinet, frå Granvin-Ulvik-Eidfjord. 1993. u Hardanger Folkemusikklag Utne. u Foss, Mjøs, Øgaard. Bjørgvin - kyrkjesogelaget. 1985. u Døves trykkeri A/S - Bergen. u Hardbakke postkontor. Bilete frå Solund. 1999/2000. Posten Norge BA, u Hardbakke.

Musikkinnspelingar mottekne av Fylkesarkivet frå 15. mai 2001 til 15. oktober 2001

Juni u CD. Lorentz Hop. Hardangerfiddle. 1997. NOR CD. u CD. Veslefrekk. 1994. NOR CD. u CD. Henriksen/ Seglem/ Isungset. Daa. 2000. NOR CD. u CD. Oddvar Torsheim. Tur-retur blues. 2000. Tylden & Co. u CD. Olav Stedje. Bot og betring. 1995. Tylden & Co. u CD. Olav Stedje. 21 beste. 1998. Tylden & Co. u CD. Inge Asbjørn Haugen/ Ralph John Cupper. Over the rainbow. Evergreens volume 1. Palloa lydproduksjon, uVolda. Nordfjordeid 2001. Juli - Oktober u CD. Suitu sievas. Lejaskurzeme. Vokal folkemusikk frå Latvia. Latvia. 1997. u CD. Liv Merete Kroken/ Sigrid Terese Moldestad. Spindel. Hornindal/ Breim. Grappa Musikkforlag 2001. u CD. Marylands. Marylands. Bergen. Grappa Musikkforlag 2001. u CD. Synnøve Bjørset. RAM. Nor-CD. Jølster/ Oslo. 2001. u MC. Berit Opheim. Solè mi sæla. Folkesongar frå Vossabygdene. Kassett + bok. Voss. 1995. u CD. Eli Storbekken. Nattergalen. CD + bok. Ole Bull Akademiet, Voss. 2000. u CD. Sølvi Helen Hopland. Ein løvetann. CD + bok. Vågsøy/ Oslo. Gilead. 2001.


30

Kjelda

Fattigstellet i Sogn og Fjordane

Årgang 10, nr 3 - 2001

Fattigstellet i Sogn og Fjordane i 1890-åra Glimt frå ei gløymd soge

Av Gunnar Yttri På slutten av 1800-talet var fattigdomen godt merkande i Nordre Bergenhus Amt, det noverande Sogn og Fjordane fylke. Over to tusen personar var registrerte som mottakarar av fattighjelp. Born, vaksne og gamle var på legd eller tekne i “forpleining” rundt omkring på gardane. Andre fekk hjelp i form av pengar og mat, brensel, klede eller anna. Kommunale, folkevalde fattigkommisjonar hadde ansvaret for å syta for store og samansette grupper av folk i naud. Utgiftene til fattigstellet gjorde djupe innhogg i kommuneøkonomien. Men dei fattige si soge kom ikkje fram i den bygdebok-floraen som vaks fram i fylket i første del av 1900-talet. Bygdebøkene var einsidig retta mot garden og slekta. I tillegg følgde gjerne rosande oppramsingar om viktige menn, verksemder og hendingar. Trass i etterfølgjande utvikling innanfor bygdebok-skriving og lokalhistoriske arbeid må det vera rett å seia at dei fattige, det vil seia dei aller svakaste i samfunnet, si soge langt på veg har vorte gløymd i lokalhistoria heilt fram til i dag.1

Fattigstellet i Florø og Sogndal under lupa

Bakgrunnen for denne meir eller mindre medvitne gløymsla hjå lokalhistorikarane skal ikkje forfølgjast vidare her. Heller vil eg i denne artikkelen sjå nærare på korleis fattigstellet fungerte i Sogn og Fjordane på slutten av 1800-talet. Særleg skal me sjå nærare på to kommunar i det dåverande Nordre Bergenhus Amt på 1890-talet. Både i den vesle kystbyen Florø og i landkommunen Sogndal var ein kommunal fattigkommisjon ansvarleg for stellet av dei fattige. Etter fattiglova av 1863 var dei kommunale fattigkommisjonane pålagde store oppgåver og utstyrte med vide fullmakter. Fattigkommisjonane styrte det lokale fattigstellet.

Christian Krogh sitt måleri: “Kampen for Tilværelsen”. Måleriet vart nytta som framside på Anne-Lise Seip si bok “Sosialhjelpstaten blir til. Norsk sosialpolitikk 1740 - 1920”.

Artikkelen fokuserer for det eine på omfanget og karaktertrekka ved fattigdomen på byrjinga av 1890-talet, og stiller spørsmålet: Kven vart mottakarar av fattighjelp og kva var deira sosiale bakgrunn? Vidare er det eit mål å klargjera på kva måte fattigkommisjonen og lokalsamfunnet tok seg av dei som ba om fattighjelp. Artikkelen gjer også fleire sprang mange hundre år attende i tid. Dette avdi hovuddraga i fattigstellet på 1800-talet langt på veg var fastlagt i gamle skikkar og lover. I norsk historie vert gjerne siste delen av 1800-talet skildra som ei tid då “det store hamskiftet” tek til. Karaktertrekka ved dette hamskiftet var overgang frå eit utprega jordbrukssamfunn dominert av naturalhushald og byteøkonomi, til eit samfunn der industrien vart stendig viktigare og der pengeøkonomien breidde om seg. Samstundes som ulike typar industri vaks fram og vart ein magnet for eit stendig aukande folketal, vart jordbruket modernisert og trong mindre arbeidskraft. Folk flytte frå landsbygda og inn mot byane og dei nye industri-sentra.


Årgang 10, nr 3 - 2001

Fattigstellet i Sogn og Fjordane

Desse omveltingane under “det store hamskiftet” ga store utfordringar for fattigstellet, som var rotfesta i det gamle, tradisjonsbundne jordbrukssamfunnet. I tidsbolken frå 1840 til 1900 var fattigstellet og ikkje minst utgiftene til det stendig diskutert i Stortinget. Fleire kommisjonar vart nedsette og tre nye fattiglover (1845, 1863, 1900) på i overkant av 50 år vitnar om eit system under press og i endring.

Familien og arbeidsgjevar som tryggingsnett

Etter Gulatingslova, Frostatingslova og seinare Magnus Lagabøtes landslov hadde slekta plikt til å syta for menneske som ikkje kunne ta vare på og brødfø seg sjølv. Dette vart seinare vidareført og i fattiglovene på 1800-talet vart born og foreldre pålagt ei gjensidig forsørgingsplikt. Fattiglovverket la også plikter på arbeidsgjevar. Ved sjukdom hjå tenarskapet plikta husbonden å forsørga dei i fire veker. Ved

Arkivnamn

Askvoll kommune. Fattigstyret Aurland kommune. Fattigstyret Balestrand kommune. Fattigstyret Breim kommune. Fattigstyret Brekke kommune. Fattigstyret Bremanger kommune. Fattigstyret Bru kommune. Fattigstyret Davik kommune. Fattigstyret Eid kommune. Fattigstyret Eikefjord kommune. Fattigstyret Fjaler kommune. Fattigstyret Florø kommune. Fattigstyret Førde kommune. Fattigstyret Gaular kommune. Fattigstyret Gloppen kommune. Fattigstyret Gulen kommune. Fattigstyret Hafslo kommune. Fattigstyret Hornindal kommune. Fattigstyret Hyllestad kommune. Fattigstyret Innvik kommune. Fattigstyret Jostedal kommune. Fattigstyret Jølster kommune. Fattigstyret Kinn kommune. Fattigstyret Kyrkjebø kommune. Fattigstyret Lavik kommune. Fattigstyret Leikanger kommune. Fattigstyret Luster kommune. Fattigstyret Lærdal kommune. Fattigstyret Lærdal og Borgund kommune. Fattigstyret Naustdal kommune. Fattigstyret Nord-Vågsøy kommune. Fattigstyret Selje kommune. Fattigstyret Sogndal kommune. Fattigstyret Solund kommune. Fattigstyret Stryn kommune. Fattigstyret Sør-Vågsøy kommune. Fattigstyret Vevring kommune. Fattigstyret Vik kommune. Fattigstyret Årdal kommune. Fattigstyret

Kjelda

31

bergverk og større bruk regulerte både bergverkslov og fattiglov industrien sitt ansvar for dei trengande. Det økonomiske ansvaret for personar i naud fall altså først på nærmiljøet: Born, foreldre og arbeidsgjevar. 1800-talet såg også byrjinga på dei første private trygde- og forsikringsordningar, men dette var framfor alt for eit privilegert mindretal. I 1896 kom vergemålslova der vergerådet fekk overført ansvaret for vergelause born. I åra som følgde kom anna lovverk som overførte store deler av fattigkommisjonane sitt arbeid til andre nye offentlege organ.2 Seinare vart det oppretta offentlege og private trygdeordningar som sikra fleire og fleire grupper når ulukka var ute.

I dei første åra av 1890-talet, som denne artikkelen omhandlar, var fattighjelpa administrert av den kommunale fattigkommisjonen framleis den einaste ordninga for folk i naud. Dei “fattige” var såleis ei stor og ueinsarta gruppe: Vanføre, sjuke og sinnsjuke, foreldre- og verjelause ungar, gamle og arbeidslause og andre folk Ytterår * som ikkje klarte å brødfø seg eller dekka sine 1756-1952 eigne utgifter. 1847-1971 1837-1964 1868-1947 1859-1963 1866-1943 1923-1963 1844-1951 1870-1952 1920-1963 1795-1938 1866-1963 1865-1956 1756-1962 1827-1887 1853-1964 1857-1964 1867-1964 1861-1984 1864-1964 1855-1960 1836-1967 1839-1964 1915-1945 1859-1946 1819-1946 1813-1963 1937-1965 1846-1958 1876-1964 1934-1963 1756-1966 1756-1965 1890-1984 1844-1964 1910-1963 1876-1948 1846-1964 1863-1967

*(åra arkivet omfattar)

Lite litteratur - rikt kjeldemateriale

Når det gjeld oppbygginga av det norske fattigstellet generelt, er det kome både større bokverk og hovudoppgåver som gjev eit godt kunnskaps-grunnlag.3 Ønskjer ein derimot å studera korleis fattigstellet var lokalt er det påfallande lite litteratur å gjera seg nytte av, jfr. den manglande dekkinga i bygdebøkene som vart nemnt innleiingsvis. Men arkiva etter dei høvesvise kommunale fattigkommisjonane (seinare kalla fattigstyret) gjev eit framifrå grunnlag for å opparbeida meir kunnskap om det lokale fattigstellet. I Sogn og Fjordane er det bevart slike arkiv for alle gamle og nye kommunar. I hovudsak er materialet plassert i dei eldre arkiva i kvar einskild kommune, men for ein del eldre arkivsaker kan dette vera avlevert til Statsarkivet i Bergen.4 Arkiva openberrer eit ganske finmaska nett for registreringar og kontroll av dei trengande. Kvar person som ba om hjelp frå fattigkommisjonen vart registrert og ein samla kommisjon vurderte behovet for å gje hjelp. Kvar einskild fattiglem kan sporast i fattigkommisjonen sine møteprotokollar, i kopibok over utsende brev eller i korrespondansearkivet. For kjøpstadane (byane) vart det ført eit eige fattigmanntal der dei fattige vart delt inn i ulike klassar. Med det innhogget fattigstellet gjorde i kommuneøkonomien er det I dei kommunale arkiva har Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane registrert og ordna 39 arkiv etter fattigstyra (fattigkommisjonane) fram til om lag 1964 (tabellen til venstre).


32

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Fattigstellet i Sogn og Fjordane

også heller lett å spora i arkivet etter kommunekassane og likningsnemndene.5 Attpåtil dette lokale systemet vart statistiske opplysningar om dei trengande samla inn av fattigkommisjonen og rapporterte til sentrale styremakter. Statistikken skulle danna grunnlag for tiltak innanfor eit området som i samtida var mykje omdiskutert.6 Det er tidlegare påvist at fattigstatistikken og grunnlaget han bygde på ofte var mangelfull. Ikkje minst var rapporteringa i frå kommunane av vekslande kvalitet. Tala som kjem fram kan såleis ikkje takast for eksakte storleikar, men gjev likevel systematiske overslag om stoda.7

Registrering og kontroll - ein gamal skikk

Den heller omfattande registreringa av dei fattige var på den eine sida ein naudsynt del av fattigkommisjonen sitt arbeid med å administrera fattighjelpa. Det å formidla hjelp kunne vera ei samansett og stor oppgåve som gjorde bokføring påkravd. Både naturaliar og pengar skulle fordelast etter visse reglar. Dessutan skulle det lagast budsjett og førast rekneskap som etter fattiglova skulle godkjennast av kommunestyret. Samstundes hadde både lokale og sentrale styremakter andre grunnar for å halda godt oversyn. Dei fattige og då særleg omstreifarar og lausgjengarar vart oppfatta som eit trugsmål mot lov og orden. Dette omsynet synest likevel å verta overskugga av trongen for å halda dei kommunale utgiftene så låge som råd var. Eit system der kvar som ba om offentleg hjelp vart registrert og nøye vurdert var den beste garantien for at utgiftene til fattighjelp vart haldne nede. Fattigstøtta var i det heile prega av sparepolitikk og minimumsytingar. Utlikning av fattigskatt var eit omstridd tema, og mange røysta for at fattighjelpa fullt ut skulle tuftast på almisser og frivillege gåver.8

Dei “verdige” og dei “uverdige” fattige

Det å føra kontroll med dei trengande hadde røter langt attende i tid. Frå gamalt vart dei fattige delt i to hovudgrupper: Dei “verdige fattige” som skuldlaust hadde enda i fattigdom, hadde eit rettmessig krav på hjelp. Dei “uverdige” var personar ein meinte skulle kunna brødfø seg sjølve, og til denne gruppa høyrde gjerne lausgjengarar, omstreifarar og arbeidsskye personar. Dei var “uverdige” til fattighjelp avdi dei sjølv var skuld i fattigdomen sin. Haldninga til desse var fordømmande og offentleg lovverk skulle hindra at lausgjengeri og tiggarferder fekk utvikla seg. I dansketida kom passtvang (1619), tvangsarbeid for betleri (1629) og tukthus vart også oppretta. Desse tiltaka i Danmark-Noreg hadde bakgrunn i liknande tiltak i andre europeiske land. Klassifiseringa i “verdige” og “uverdige” var openberrt eit uttrykk for at styremaktene ville ha kontroll på dei som ba om hjelp, men markerer også at synet på fattige og tiggarar på 1600-talet var eit anna enn i mellomalderen (om lag år 700-1500) . Då hadde dei rike og veltilpassa sikra seg gode og kristelege gjerningar ved å gje almisser til dei fattige, og dei fattige hadde hatt ein naturleg og høvesvis respektert plass i samfunnet. Tunge kriser på 1500-talet med uår og omveltingar i jordbruket førte til at europeisk ideologi og mentalitet vart rista i grunnvollane. Under trugsmålet om naud og store hordar av tiggarar, vart biletet av den fromme og gode fattige erstatta av biletet av den frekke og arbeidsskye lausgjengaren, eit vandrande trugsmål mot lov og orden.9 Tigginga vart kriminalisert. Tidlegare hadde det vorte rekna som ei kristen velgjerning å gje almisser til dei fattige, men no vart det lagt ned forbod mot å gjera dette direkte. Heller skulle ein gje gåva si gjennom det offentlege systemet slik at hjelpa kom fram til dei “rette”. Då det det første meir landsomfattande fattiglovverket i Noreg vart bygt opp i åra frå 1741 til 1790 var klassifise-ring og kontroll med dei trengande ein sentral målsetnad. Fire stiftsanordningar (Akershus 1741, Bergen 1755, Christiansand 1786 og Trondheim 1790) regulerte fattigomsorga og lausgjengar-straffer.10 Anordningane etablerte eigne lokale forvaltningsorgan, fattigkommisjonar som skulle ha ansvar for handsaminga av dei fattige i eit område avgrensa geografisk til prestegjeldet (fattigdistriktet). Fattigkommisjonane avgjorde kven som skulle understøttast, dei førte tilsyn og kontroll med dei fattige og dei fekk også ansvar for å likna ut og samla inn fattigskatt til finansiering av fattigvesenet.

“Arbeidsløs”, måleri av Sven Jørgensen, nytta i Anne-Lise Seip si bok “Sosialhjelpstaten blir til. Norsk sosialpolitikk 1740 - 1920”.


Årgang 10, nr 3 - 2001

Fattigstellet i Sogn og Fjordane

Retten til hjelp og dei fattige arbeidsføre

Då ny fattiglov vart vedteken av Stortinget i 1863 var eitt av dei fremste måla til lovmakarane å få ned utgiftene til fattighjelp. Fattiglova av 1845 hadde påført kommunane store utgifter til fattigstellet og klagemåla på auka skattetrykk var mange. Oppfatninga i kommunane og i Stortinget var at 1845-lova var for inkluderande og ga alt for store grupper rett til hjelp frå fattigkassa. No skulle det knipast inn slik at kommunane og skattebetalarane berre fekk utgifter til dei “rette” trengande. 1863-lova slo fast at samfunnet hadde plikt til å yta hjelp til trengande, men det vart lagt inn føringar for ei strengare vurdering av den einskilde. Og andre endringar i lova var eit tilbakesteg for dei fattige. Mottakarar av fattighjelp kunne umyndiggjerast. I ei tid der røystretten var knytta til menn med eigedom eller rettar var dette eit trugsmål som berre gjaldt eit fåtal av folkemengda. Men dei fattige vart også haldne utanfor då røysteretten vart radikalt utvida på slutten av 1800-talet og på byrjinga av 1900-talet. Først i 1919 fekk mottakarar av fattighjelp røysterett. Fattigkommisjonen hadde dessutan rett til å senda heim fattige som ikkje hadde heimstad i kommisjonen sin kommune. Like mykje som fattiglova heimla samfunnet si plikt til å hjelpa den som verkeleg var komen i naud, var lova altså utstyrt med paragrafar som skulle skremma folk frå å be om hjelp frå det offentlege i utrengsmål.

Kjelda

33

Utviklinga av det kommunale, sjølvstyrte fattigstellet

I 1890-åra var fattigkommisjonane både i by og bygd folkevalde organ med stort sjølvstende til å utforma fattighjelpa innanfor sine kommunegrenser. I byrjinga av hundreåret hadde stoda vore ei heilt anna. Fattiganordningane frå 1700-talet slo fast at presten skulle vera ordførar i fattigkommisjonen og fattigdistriktet skulle ha same geografiske grenser som prestegjeldet. Dei høvesvise stiftsdireksjonane var overordna administrative instansar, med prost og amtmann i kontrollerande mellomposisjonar. Den geistlege orienteringa, med presten som leiar og inndeling etter prestegjeld, var ei følgje av den posisjonen kyrkja og kristendomen hadde hatt innanfor det norske fattigstellet heilt frå kristendomen kom til landet. Frå gamal tid vart deler av skatten til kyrkja øyremerkt dei fattige, og klostera delte ut almisser og var også ansvarleg for oppretting av hospital og fattighus. Fattiganordningane var i funksjon heilt fram til 1845 då dei vart avløyste av den første norske landsdekkande fattiglova (ei lov for landkommunar og ei for bykommunar). Framleis var soknepresten sjølvskriven formann i landkommunane, i byane skulle magistraten stilla med formann..

Det som likevel særmerkte styringa av fattigkommisjonane utetter 1800-talet var for det eine det kommunale utgangspunktet og at ein i stendig større grad tufta styringa på valde, Lovverk og politikk la ikkje opp til at styremaktene skulle ikkje sjølvskrivne representantar. Formannskapslovene av koma med tiltak før den einskilde ba om hjelp. Noko 1837 hadde etablert det kommunale sjølvstyret. Kommunane moderne levestandard-omgrep fanst ikkje. Malen for å ha rett fekk no den økonomiske styringa med fattigvesenet og til hjelp var naud og då naud i den meining at mottakaren var den geografiske inndelinga i fattigdistrikt komen under eksistensminimum. skulle heretter følgja dei kommunale I Amund Helland sin “Topogrensene, ikkje prestegjeldet. Ein del av det føregåande ordskiftet grafisk-statistisk beskrivelse i Stortinget galdt korvidt retten til Fattiglova av 1845 slo fast at med unntak over Nordre Bergenhus Amt” fattighjelp også skulle inkludera av formannen skulle fattigkommisjonen frå 1901 vart bygrensene til arbeidsføre. I ei tid med arbeidsløyse bestå av valde representantar. Då StortinFlorø ladested skildra slik: både i by og bygd, og der fleire av dei get alt i 1863 vedtok nye fattiglover forby arbeidslause reiste frå stad til stad på og land var ikkje presten lenger sjølvskr“Grændsen for Florø gaar fra havet jakt etter arbeid, var dette eit sentralt ca. 40 m. Vest for moloen, imod iven formann i fattigkommisjonen i landspørsmål. sydsydvest ca. 225 m., derfra ca. kommunane, men var sjølvskriven vanleg 200 m. mod sydøst og derpaa kommisjonsmedlem både i by og land. ater 200 m. mod sydsydvest indtil Dei moralske overtonane og spareiveren Presten sitt sjølvskrive medlemsskap i nær Litleelvens udløb af Litlevatn. var tydeleg: Var det rett at samfunnet den lokale fattigadministrasjonen fekk Grændsen følger saa Litlebækken skulle fø på personar som hadde både vara ved då ny fattiglov vart vedteken i til dens udløb i Storevatn, hvorpaa evner og helse til å klara seg sjølv? 1900 og heilt fram til denne fekk avløysgrændsen dannes af Storevatn indtil Motspørsmålet var: Har ikkje samfunnet ing av lov om sosial omsorg i 1964.11 Kværnebækkens udløb af Storeveit ansvar for folk som både kan og atn, følger saa Kværnebækken indtil vil arbeida, men som ikkje får fatt på ca. 40 m. fra dennes udløb i GadBåde fattiglova av 1845 og 1863 var arbeid?. devaagen. Fra dette sted eller ca. 40 eit uttrykk for framvoksteren av det m. fra Kværnebækkens udløb gaar kommunale sjølvstyret i Noreg. Staten grændsen i sydlig retning, dog ikke i Etter mykje om og men i Stortinget fekk eit heilt marginalt ansvar for ret linje, indtil den her gravede kanal opna 1863-lova opp for at også friske dei fattige. Det var kommunane som gjennem eidet mellem Brandsøens arbeidsføre kunne få hjelp etter nærare skulle skaffa dei naudsynte midlar og vestlige og østlige del, hvilken kanal vurdering av den einskilde institusjonar. Stiftsdireksjonane sitt ligger i byen. fattigkommisjonen. Dessutan kunne tidlegare mynde som eit overstyre for Af Florø bys territorium er det, som fattigkomm-isjonen setja krav til og dei lokale fattigkomm-isjonane fall no. berørt, kun den vestlige del, som er tilvisa arbeid til den arbeidslause. nogenlunde bebygget.” Dei kommunale fattigkommisjonane nytta


34

Kjelda

Fattigstellet i Sogn og Fjordane

Årgang 10, nr 3 - 2001

amtmannen som bindeledd til statlege styremakter, men var sjølvstyrte i forsørginga av dei fattige. Uavhengig av prosessane i retning av sjølvstyre og demokratisering innebar det ei sosial deklassering å verta avhengig av fattighjelp. Ordbruk som å “synke ned i fattigdom”og “falle andre til byrde” vitnar om at mottakarar av fattighjelp var lite verdsette. Fattiglova av 1863, som på somme måtar var eit demokratisk framsteg i høve til styringa av fattigstellet, presiserte på andre sida at dei som mottok fattighjelp ikkje utan vidare var fullverdige samfunnsmedlemmar (jamfør trugsmål om tap av røysterett og heimsending).

Fattigkommisjonane i Florø og Sogndal

I den vesle kystbyen Florø (669 innbyggjarar i 1891) heldt fattigkommisjonen i byrjinga av 1890-åra møta i i Florø handelsforening sine lokale. Her var det magistraten i Florø by, O. Lind som var formann, og elles møtte sokneprest G. Olsen og kjøpmann F. Faye.12 Møteverksemda i åra 1890 til 1895 veksla mellom 1 og 5 møte årleg. Sogndal fattigkommisjon møttest i same tidsrommet 5 til 6 gonger i året i kommunehuset i Sogndalsfjøra. Formann var gardbrukar Johannes O. Bondevig (oldefar til Kjell Magne) , men til støtte i arbeidet sitt hadde han i alt 15 kommisjonsmedlemmer eller tilsynsmenn frå heile kommunen. Skilnaden på tal kommisjonsmedlemmar mellom Florø og Sogndal kan dels forståast med bakgrunn i skilnad i folketalet. Florø hadde 669 innbyggjarar i 1891, Sogndal hadde 3507 det same året. Som me skal koma attende til nedanfor var talet på fattige i Sogndal langt større enn i kystbyen, og følgjeleg var arbeidsmengda også av eit heilt anna omfang.13 Viktig for fattigkommisjonen sin storleik var det nok også at fattigkommisjonen i Florø opererte innanfor eit heller lite flatemål. I Sogndal skulle kommisjonen styra eit høvesvis vidt område beståande av sokna Sogndal, Norum og Kaupanger. I hovudsoknet Stedje låg strandsitjarstaden Sogndalsfjøra med “93 huse og 441 beboere” i 1891.14 Ser ein på etternamna til kommisjonsmedlemmane i Sogndal, eller tilsynsmennene som dei vart kalla, fordeler desse seg jamnleg på gardar med bra spreiing rundt omkring i kommunen: Bondevig, Nordnæs, Engesæter, Vangestad, Fimreite, Staveteig, Rusten, Husum, Foss, Fjæren, Flaaten, Aarvold, Fladland, Aaberge, Vatlestad og Gjerde. Med ei slik spreiing kunne tilsynsmennene halda kontroll med dei fattige same kor dei heldt til.

Fåmannsveldet og kontrollen med dei fattige

Det var formannskapet som bestemte talet på medlemmer i fattigkommisjonen og dette vart nok både i Florø og Sogndal fastsett ut ifrå trongen for å kunna ha oversyn og føra god kontroll med dei trengande i alle deler av kommunen. Men det offentlege “kontrollapparatet” strekte seg lenger enn til kommisjonsarbeidet. Dersom fattigkommisjonen tvilte på at ein person var så fattig og elendig som han ga seg ut

Lensmann Olaus Lind var formann i Florø fattigkommisjon i 1890-åra, eit verv han kombinerte med mange andre verv. (Biletet er henta frå “Florø gjennem 75 år”).

for, var det kort veg til likningsnemnda for å undersøka siste års inntekt. Dessutan hadde gjerne kommisjonsmedlemmane også sete i andre styrande organ noko som gav styrke til oversynet. Ikkje minst galdt dette Florø by der formannen i fattigkommisjonen, Olaus Lind, var magistrat og lensmann. Lind er omtalt slik i “Florø gjennem 75 år”: “Han var medlem med eller uten stemme - ikke bare av bystyret, - men av næsten alle de styrer og kommisjoner byen hadde. Han utarbeidet forslag til byens budgett, han anviste regningene, målte op byggetomter og var politi.”15 Sokneprest G. Olsen var medlem av fattigkommisjonen og han var også med i skulestyret. Samlinga av maktposisjonar på få hender ga ikkje berre godt oversyn, men også høve til effektiv handling. Eit slåande og gripande uttrykk for dette finn me i fåmannsveldet i Florø by si handsaming av tre born i 1895. Skulestyret med sokneprest G. Olsen i brodden vedtok i mai dette året at tre born skulle utelukkast frå undervisninga og det vart tilskrive fattigkommisjonen “om at sørge for at få dem indsat i Pleiehjem på landet”. Soknepresten tok saka direkte vidare med seg til fattigkommisjonen der han hadde sete og fattigkommisjonen fatta same dag vedtak om at borna skulle setjast ut på landet “snarest mulig” og på “billigste måde” for fattigvesentet si rekning og mot refusjon frå foreldra.16


Årgang 10, nr 3 - 2001

Fattigstellet i Sogn og Fjordane

Talet på fattige og utgifter til fattigstellet

Florø

Fattigstatistikken skilde ikkje mellom “hovudpersonar” anten dei var einslege eller var personar med ansvar for å forsørgja andre. Slik sett ga ein einsleg mottakar av fattighjelp same utslag på statistikken som ein mottakar som hadde talrik familie han skulle forsørgja med fattighjelpa. Eventuelle born, ektefelle og andre personar som “hovudpersonen” skulle forsørgja vart ikkje medrekna. Både på landsbasis, fylkesvis og kommunevis var nok talet på personar som var avhengige av fattighjelp langt større enn det statistikken viser.17

Sogndal

I det følgjande skal me sjå litt nærare på omfanget av fattigdomen på 1890-talet. Dette med i første rekkje hjelp av fattigstatistikken. Som nemnt tidlegare må ikkje dei presenterte tala oppfattast som eksakte storleikar, men meir som overslag. I vår samanheng er det likevel særleg viktig å vera merksam på at det berre var såkalla “hovudpersonar” som vart tekne med i statistikken. Dette var sjølve mottakaren eller den som hadde krav på fattighjelp.

Landet

I byrjinga av 1890-åra mottok kvart år mellom 70 og 80 000 hovudpersonar i Noreg fattighjelp. Dette utgjorde nærare 4 prosent av folkemengda. Folketalet i Noreg var ved inngangen til 1900-talet druge 2,2 millionar

Nordre Bergenhus Amt

Ser me på fattigstatistikken for Sogn og Fjordane for 1892, mottok 2 220 personar fattighjelp i det dåverande Nordre Bergenhus Amt. Det vil seia om lag 2,5 prosent av folkemengda.

Kjelda

35

I tidsrommet 1890-1895 låg talet på hovudpersonar som fekk “understøttelse” frå fattigkommisjonen i Florø på 10 - 12. Det vil seia om lag 1,5 prosent av folketalet. Florø by sine utgifter til fattigstellet utgjorde for det aktuelle tidsrommet omkring 1500 kroner pr. år. Jamfører me dette talet med den kommunale skatteinngangen i byrjinga av 1890-åra finn me at fattigsstellet reiste avgarde med om lag 1/3 av inntektene. I tidsrommet 1890-1895 var omkring 100 hovudpersonar understøtta av Sogndal fattigkommisjon, det vil seia i underkant av 3 prosent av folketalet. Tala varierte noko frå år til år med til dømes 83 understøtta i 1892 og 110 i 1895. Sogndal kommune sine utgifter til fattigstellet utgjorde for desse åra godt over 5 000 kroner. I 1890 utgjorde fattigutgiftene mest halvparten av dei totale kommunale utgiftene, i etterfølgjande år om lag 30-40 prosent.18

I 1890 såg fattigrekneskapen slik ut i Sogndal: Ordføraren Utgifter til utsette born og vaksne Pleie av sinnsjuke Pleie og kur av andre sjuke Gravferdsutgifter Refusjon til andre kommunar Understøtting til andre fattige

60,00 1 279,50 812,39 754,20 28,47 429,93 2 513,76

I alt kroner

5 878,25

Arkivet etter Sogndal fattigkommisjon vitnar om ei omfattande verksemd og gode dokumentasjonsrutinar. På biletet ser me den første møteboka til kommisjonen. (Foto: Hermund Kleppa).


36

Kjelda

Fattigstellet i Sogn og Fjordane

Årgang 10, nr 3 - 2001

For både Florø og Sogndal gjaldt det at fattigutgiftene skulle haldast på eit minimumsnivå. I Sogndal var det fast skikk å gje litt ekstra til dei fattige til “Julehøitiden” i siste møtet i fattigkommisjonen før jul, men elles låg det eit jamnt sparetrykk på fattigkommisjonen i all deira gjerning. Jamfører me fattigutgiftene til Florø by og Sogndal ser me at i høve til det høge talet på understøtta så var utgiftene til fattigstellet i Sogndal små i høve til Florø. Hadde det vore samsvar mellom talet på fattige og storleiken på fattigutgiftene skulle utgiftene vore om lag ti gonger større i Sogndal enn i Florø. I røynda var dei berre knappe fire gonger så høge. Bakgrunnen for dette er nok at medan Florø by understøtta dei fattige mest utelukkande med pengehjelp, så vart vesentlege deler av fattighjelpa i Sogndal gjeven i form av naturalia, legd og pleie i private heimar. Desse hjelpeformene gav ikkje tilsvarande utslag i kroner og øre i kommunerekneskapen. (Sjå elles meir om dei ulike støtteformene nedanfor).

Kven var dei fattige?

Det har vorte hevda at fattigvesenet i Noreg i siste halvdel av 1800-talet i praksis var eit hjelpeprogram for dei lågare sosiale lag. Dei fattigunderstøtta låg økonomisk sett i utgangspunktet heilt på botnen, berre unntaksvis var det personar frå høgare sosiale lag som kom i eit slikt uføre at dei trong fattighjelp.19 Tal frå Nordre Bergenhus Amt i 1892 støttar opp om dette. Dette året kom det til 288 nye trengande hovudpersonar i amtet. Men medan embetsmenn, offentleg tilsette elles og det som måtte vera av handelsdrivande ikkje rekrutterte til gruppa av trengande i det heile, så kom over 80 prosent av dei nye trengande frå lågare lag som husmenn, arbeidarar og tenarskap. Resten av dei nye trengande var i hovudsak sjølveigande bønder og fiskarar. Sams for dei trengande var nok at dei kom frå lag av folket som ikkje hadde forsikringar eller nettverk ikring seg som kunne hjelpa i ein naudsituasjon. Særleg utsette var nok dei som heller ikkje hadde familie ikring seg. Då var fattigkassa den einaste utvegen om naud skulle koma. Tek me utgangspunkt i sivil status, viser statistikken frå Nordre Bergenhus Amt frå 1892 at mellom dei 2 220 som fekk fattighjelp var over 1309 einslege: Foreldrelause uekte born: Morlause uekte born: Ugifte vaksne menn: Ugifte vaksne kvinner: Enkemenn utan born: Enkjer utan born:

26 18 251 484 141 389

Kven var dei fattige i Florø og Sogndal?

Ser me nærare på omstenda i Sogndal og Florø i dei tidlege 1890-åra så ser ein snøgt at dei familielause sto utsett til. I Florø var 7 av 12 mottakarar av fattighjelp frå 1890 til 1895 einslege.Yrkesmessig var dei vaksne fattige i Florø knytte

Fattigstatistikken for 1892 er noko av grunnlaget for denne artikkelen. Frå 1865-66 løvyde Stortinget midlar til eit eige kontor under Kyrkjedepartementet med fattigstatistikk som hovudoppgåve. Seinare vart dette ei oppgåve for Statistisk Sentralbyrå som vart oppretta i 1876.

til fiske, handverk (sying, muring) og annnan type arbeid (teneste, dagarbeid og vedhogging). I Sogndal var det i 1892 mest dobbelt så mange einslege mottakarar av fattighjelp som familieforsørgjarar, og dei einslege var jamnt i eit klart fleirtal i næraste etterfølgjande år. Noko systematisk oversyn for sosial og yrkesmessig bakgrunn for dei fattige i Sogndal finst ikkje, men gjennom studiar av fleire år med korrespondanse går det klart fram at det i all hovudsak var småkårsfolk som rekrutterte til dei trengande. Husmenn, dagarbeidarar og tenestefolk utgjorde det overveldande fleirtalet.20

Kva var årsakene til fattigdomen?

Dei større arbeida om fattigstellet i Noreg på 1800-talet held fram at den offentlege fattighjelpa i all hovudsak var retta mot å avhjelpa naud. Freistnader på å førebyggja fattigdom eller å gje hjelp til sjølvhjelp var mest fråverande. Dette var også kritikken mot det gamle fattighjelp-systemet: Fattighjelpa ga ikkje folk hjelp til å koma ut av uføret, berre


Årgang 10, nr 3 - 2001

Fattigstellet i Sogn og Fjordane

til å leva vidare i det. Fattigkassa var ein endestasjon på ei trøysteslaus ferd utan retur-billett.21 Men både sentrale styremakter og lokalt fattigstell var likevel opptekne av kva som var bakgrunn og årsak for fattigdomen. Fattigstatistikken tok mål av seg til å kartleggja årsakene til fattigdomen på individnivå. Dette skjedde ved at kvart kommunale fattigstyre måtte melda inn kva som var “Aarsagerne til Trangen” for dei som kvart år tok mot fattighjelp for aller første gong.

Noreg

I “Riget” var det 11 247 hovudpersonar som tok mot støtte frå fattigstellet for første gong i 1892. Årsakene til trongen fordelte seg slik:22 Alderdomssvaghed: Sygdom: Vanførhed og blindhed: Aandssvaghed og Sindssygdom: Ulykkestilfælde: Arbeidsløshed: Dovenskab: Drikfældighed: Forsørgerens Død: Forsørgerens Rømning eller Udvandring: Andre Aarsager:23 Uopgivet:

1290 6248 229 463 206 827 132 177 584 247 840 4

Sogn og Fjordane fylke

I Nordre Bergenhus var det i alt 289 personar som fekk støtte frå fattigstellet for første gong i 1892. Årsakene til trongen fordelte seg slik: Alderdomssvaghed: Sygdom: Vanførhed og blindhed: Aandssvaghed og Sindssygdom: Ulykkestilfælde: Arbeidsløshed: Dovenskab: Drikfældighed: Forsørgerens Død: Forsørgerens Rømning eller Udvandring: Andre Aarsager:

33 171 7 10 7 13 8 3 9 1 27

Årsaker til fattigdommen i Sogndal og Florø

Arkivet etter fattigkommisjonen i Sogndal inneheld kopiar av dei rapportane som vart sende til statistikk vedrørande årsakene til fattigdomen. Nokon systematisk gjennomgang av desse rapportane er ikkje gjort, men dei mest vanlege årsakene synest vera alderdom, ulike typar sjukdom og vanførleik, og i ikkje liten grad arbeidsløyse. Særleg verkar det som sjukdom, og dei ekstrautgiftene til lækjar dette kunne medføra, var nok til å velta mange sitt økonomiske sjølvstende overende. Det vart ikkje rapportert om årsaker som dovenskap og drukkenskap. Kan hende var ikkje dette noko problem for fattigkommisjonen i Sogndal, eller kan hende vart slike saker heilt avviste av kommisjonen.

Kjelda

37

Fattigkommisjonen i Florø by førte i tråd med fattiglova for byane eit eige manntal for dei understøtta på denne tida og lista her opp fattiglemmene sin sivile status og også kva som var årsaka til fattigdomen. Dei vaksne fattiglemmene i Florø by hadde alle hamna i uføret grunna sjukdom eller alderdom. Meir tvilsame årsaker som “dovenskab” og “drikfældighed” fanst ikkje mellom dei som fekk fattighjelp i Florø.

Heimstadretten - lokalsamfunnet skulle syta for sine

Etter gamal norsk skikk var det det området der den fattige hadde heimstad som hadde plikt til å syta for den fattige. Den einskilde hadde eit moralsk og nedarva krav på hjelp frå den fattigkommunen der ein hadde arbeidd og opphalde seg. Individet hadde sine band og rettar i eit geografisk avgrensa område. I den bygda eller byen individet hadde ytt til fellesskapet, kunne det og ha voner om å få noko att om naud kom. Den såkalla heimstadretten vart vidareført og presisert i fattiglovene på 1800-talet. Heimstadretten vart knytt til den einskilde kommunen. Heimstadkommunen skulle bera utgiftene til fattighjelp, uansett om ein person no var flytt vekk frå kommunen. Ved epidemiar og sinnsjukdom var amtet (fylket) heimstadkommune og amtskommunen skulle såleis også dekka utgifter til dette. Utlendingar og omstreifarar hadde ingen heimstadrett og her dekka staten halvparten av eventuelle fattigutgifter, resten fall på opphaldskommunen. I ei tid der folk flytte stendig meir frå stad til stad, og ikkje minst frå bygdene til byane, kom heimstadretten ofte i fokus og vart eit sentralt punkt i ordskiftet om fattigstellet gjennom heile 1800-talet. Frå ein var 15 til 63 år kunne ein oppnå heimstadrett. Born arva foreldra sine band til dei var 15 år, kvinna fekk mannen sine band ved ekteskap. Heimstadretten vara likevel ikkje evig. Etter fattiglova av 1863 var det to års hevdstid. Dersom ein person hadde budd i to år i ein ny kommune hadde vedkommande opparbeidd heimstadrett til den nye kommunen. Ein føresetnad var likevel at vedkommande ikkje hadde motteke fattighjelp, hadde tigga, eller vorte behandlar for epidemisk eller smittsam sjukdom i denne tida. I så fall ville hevdstida for heimstadrett verta nullstillt. Likeeins opparbeidde ikkje ein som sat i fengsel eller ein som var tvangssend hevdstid i bustadkommunen. Dersom bustadkommunen hadde fattigutgifter på ein person som hadde heimstadrett i ein annan kommune, kunne bustadkommunen krevja full refusjon føste året, og 3⁄4 dekking det andre året. Heimstadretten skulle hindra at ein fekk ei oppsamling av fattige i byane. Lokalsamfunnet kunne ikkje kvitta seg med fattigutgiftene ved å gje dei fattige reisepengar eller skyss til ein annan kommune. Mottakskommunen ville då etter lova ha rett til refusjon frå heimstadkommunen. Ville fattigkommisjonen først nytta flytting av fattgighjelpmottakaren som middel, måtte flyttinga skje utover landegrensene. Innanfor tidsbolken 1890-1895 skjedde det ein gong i Sogndal fattigkommisjon. Etter søknad frå ein fattighjelp-mottakar kosta fattigkommisjonen Amerika-billett til vedkommande.


38

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Fattigstellet i Sogn og Fjordane

Kommunar i konflikt

Stadfesting av heimstadretten for den einskilde fattighjelpmottakar var faste og omfattande saker for fattigkommisjonane i ei tid der folk flytte stendig meir. Statistikken for fattigstellet for Nordre Bergenhus i 1892 viser at i Sogn vart det dette året understøtta 1 086 hovudpersonar. Av desse vart det henta inn refusjonar for 39 hovudpersonar, og det vart utbetalt for 28 til andre kommunar. I Sunn- og Nordfjord vart 1 134 støtta. Av desse vart det henta inn refusjonar på 24, medan det vart vart betalt refusjonar for 45. Tala kan verka småe, men ein gløtt inn i korrespondansen til både Florø og Sogndal fattigkommisjon viser at bakom kvar refusjonssak låg det mykje arbeid for fattigkommisjonen for å få heimstadretten endeleg stadfesta. Sakene kunne gå i fleire år, ikkje minst avdi kommunane hadde alt å vinna på å påvisa at ein annan kommune var heimstad for den fattige. Heimstadretten ga god grobotn for konfliktar mellom kommunar. Ofte var det usemje om kvar ein trengande faktisk hadde heimstadrett. Fattigkommisjonen i Sogndal hadde gåande ei rekkje slike saker på 1890-talet. Dette ikkje berre med nabokommunar, men med kommunar både i NordNoreg og på Sørlandet. Ein annan type konfliktstoff var det at mange kommunar fekk det dei oppfatta som urimelege refusjonskrav. Det var ein klar tendens til at fattigkommisjonane ikkje var så sparsame i høve til trengande når fattigkommisjonen i etterkant kunne krevja refusjon frå ein annan kommune. Særleg vart det klaga frå landkommunane på at bykommunane kravde store refusjonar. Konfliktar mellom kommunar vart levebrød for juristar, og fleire av denne yrkesgruppa slo seg opp nett på rettsstridar om heimstadrett i siste halvdel av 1800-talet. På andre sida ga dei same stridane tyngjande uvisse for dei fattige. Kven skulle betala for dei fattige i det tidsrommet det var strid om heimstadrett? I utgangspunktet var dette opphaldskommunen si plikt, men ofte vart ytingane utsette eller haldne særs låge til striden om

I tidsbolken frå 1840 til 1900 var fattigstellet og ikkje minst utgiftene til det stendig diskutert i Stortinget. Fleire kommisjonar vart nedsett og tre nye fattiglover (1845, 1863, 1900) på i overkant av 50 år vitnar om eit system under press og i endring. Alle lovene ga store fullmakter til dei lokale fattigkommisjonane. På biletet framsida av fattiglova av 1863 som var den gjeldande for den tida artikkelen dekkjer.

heimstad var avgjort. Juristane var vinnarane og dei fattige taparane i ein kamp der kommunane nytta mykje tid og kløkt på å overføra mest mogleg av utgiftene på andre kommunar. Eit døme på at dei fattige kunne falla mellom fleire stolar finn me i Sogndal der fattigkommisjonen i 1893 måtte støtta ei enke med born som hadde flytt frå Lærdal til Sogndal. Fattigkommisjonen i Sogndal makta ikkje å hala refusjonar frå Lærdal, og på andre sida nekta enka å flytta attende til Lærdal slik sogndølene helst ville. Stridsmålet hadde pågått eit halvtårs tid då fattigkommisjonen i Sogndal ved juletider fekk melding om at enka og borna låg sjuke i heimen i Kvam og mangla “det Nødvendige til Livs Ophold”. Då var det på høg tid for fattigkommisjonen “at undersøge Forholdene i hendes Hjem og avhjelpe den øieblikkelige Nød”. Formannen skreiv til tilsynsmann Flaaten at han måtte sjå til at den sjuke familien “ikke lider nogen Mangel”.24

Kommunal kynisme

Om ikkje strid om heimstadrett og refusjonar var nok, så opna også lovverket for kommunal spekulasjon og kynisme. Etter fattiglova plikta huseigarar å melda frå om nye innflyttarar til fattigstyret. Frykta for fattigutgifter medførte også ofte oppretting av kommunale folkeregister. Dette sikra mottakarkommunen kontroll med når nye innflyttarar kom til. Dersom den lokale fattigkommisjonen oppfatta at dei nyinnflytte var potensielle fattighjelp-mottakarar, var det om å gjera at dei ikkje rakk å opparbeida ny heimstadrett. Dette kunne unngåast ved å stikka til dei nye sambygdingane fattighjelp før dei hadde opparbeida ny heimstadrett. Då vart hevdstida nullstillt og opphaldskommunen kunne krevja refusjon av heimstadkommunen. Personar som heldt på å få heimstadrett kunne med nokre få øre til legehjelp haldast unna livet i endå nokre år. Dette skjedde mange gonger (rett nok ikkje i den aktuelle tidsbolken i Florø og Sogndal) og klagemåla til departementet var mange.25 Den nye fattiglovkommisjon av 1896 sa ein hard dom over kommunane si praktisering av heimstadretten. Etter fattiglova av 1900 skulle alle kommunale tvistemål heretter avgjerast ved valdgift av departementet. Ei departemental handsaming avlasta nok kommunane si sakshandsaming og ga mindre rom for kynisk kommunal framferd. Men i prinsippet heldt stridane om heimstadrett fram på 1800-talet. I samband med førearbeidet til den nye lova


Årgang 10, nr 3 - 2001

Kjelda

Fattigstellet i Sogn og Fjordane

om sosial omsorg var det klart at heimstadretten sto for fall. Byane, eller tilflyttingsområda, ville vidareføra heimstadretten, men ikkje bygdene. I 1949 i ordskiftet vart det på Stortinget fortalt om ein familie i “tredje generasjon” som vart underhalden av heimstadkommunen. Bustadkommunen stakk til familien litt hjelp med jamne mellomrom slik at dei ikkje skulle få heimstadrett der. Heimstadretten kan sjåast på som ei ordning i eit samfunn som såg det som si oppgåve å halda folk på plass. I det moderne Noreg var mobilitet blitt økonomisk naudsynleg, og heimstadretten fall altså vekk i den nye lova om sosial omsorg i 1964.

Lokalsamfunnet sine hjelpemåtar

Korleis forsørgde så kommunane i Noreg dei mellom 70 og 80 000 trengande hovudpersonane i 1890-åra? I siste del av 1800-talet var det i hovudsak tale om fem ulike måtar:26 1) Legd 2) Bortsetjing til private forpleiarar 3) Understøtte i heimen i form av pengehjelp eller naturalia 4) Arbeidsformidling 5) Fattighus, arbeidshus og tvangsarbeidshus Dei ulike støtteformene hadde utgangspunkt i ulike samfunnsskipnader. Legd og bortsetjing var nært knytta til jordbruket og gardsskipnaden og kan saman med understøtting med naturaliar sjåast på som bondesamfunnet sine hjelpemåtar. Pengehjelp i heimen førekom nok lenge mest i byane, men etterkvart som pengeøkonomien breidde seg vart dette også ei vanleg hjelpeform. I Nordre Bergenhus Amt fekk 432 personar pengehjelp i heimen i 1892, medan 350 fekk hjelp i form av naturaliar. I Florø by vart fleirtalet av dei fattige understøtta med pengehjelp i heimen på 1890-talet. Fattigkommisjonen hadde lovheimel til å tilvisa arbeid til folk som ba om støtte frå fattigkassa. Slik arbeidsformidling føregjekk både i Sogndal og Florø, men omfanget var ikkje stort. Truleg var det ikkje så mykje arbeid å tilvisa. Men fann fattigkommisjonen at ein trengande var arbeidsfør kunne kommisjonen setja som føresetnad for å gje støtte at vedkommande utførte arbeid for fattigkommisjonen.27

39

Fattigkommisjonen i Sogndal sende i mange år tilbakeståande born til “Sæthres institut for åndsvage børn ved Bergen”. Instituttet sitt reglement var samanfatta i 13 punkt.

Utbygginga av institusjonar for å ta hand om dei fattige var mest eit byfenomen og hadde gjerne opphav i meir industrialiserte område. Det fanst fleire typar fattighus. Fattige som fattigkommisjonen meinte var arbeidsføre kunne sendast på tvangsarbeidshus. På andre sida vaks det på 1800-talet fram rørsler som sikta mot å etablera fattiggardar på landet. Dette var gardsbruk der dei fattige skulle bu og brødfø seg sjølv med det dei kunne produsera på garden. Trass mange freistnader på å skapa ei større rørsle for utbygging av fattighus gjekk dette lenge smått i landkommunane, men frå 1880-åra vart fleire etablert. Omkring 1900 hadde nærare sytti landkommunar skaffa seg fattiggardar eller fattighus. Mange av desse institusjonane vart seinare omorganiserte til sjuke- og gamleheimar. I Noreg var 2 276 hovudpersonar innlagt på fattighus i 1892. Men dei ulike typane av fattighus var framfor alt eit austog sør-vest-norsk fenomen. I Nordre Bergenhus Amt var det i alle høve på 1890-talet ingen fattighus og ingen av dei fattige vart heller sende utanom fylkesgrenesene for å leggjast inn på fattighus. I dei følgjande avsnitta skal me sjå nærare på dei mest vanlege hjelpeformene i dette fylket legd og bortsetjing.

Legda - ei bør for bøndene

I Noreg vart i 1892 3 045 av 78 681 hovudpersonar understøtta med bruk av legd. Ser me på tal frå Nordre Bergenhus vart 296 av dei 2 220 hovudpersonane i Nordre Bergenhus Amt understøtta med hjelp av legd i 1892. Legd var ikkje aktuelt for bykommunen Florø, medan det i perioden 1892-1895 var 5 til 8 personar av dei understøtta i Sogndal som var på legd. Legda var ei form for tvangsforsørging av fattige som vart pålagt gardbrukarane anten dei likte det eller ikkje. Legda var ein del av skattlegginga. Dei mest vanlege formene var omgangslegd, der fattiglemmen vart sendt ikring på ulike gardar,og årslegd, der gardane var så store at ein person kunne vera der heile året. I tillegg fanst det også andre


40

Kjelda

Fattigstellet i Sogn og Fjordane

Årgang 10, nr 3 - 2001

former for legd: arbeidslegd - der gardsbruket skulle gje arbeid til den fattige, straffelegd - nytta til avvikarar som vart sende på rask omgang mellom fleire gardar, skulelegd - der gardsbruket skulle syta for at fattige born fekk høve til å gå i skulen, oppvegd legd eller varelegd - der gardbrukarar skulle støtta dei fattige i heimen med matvarer.

Sparing og rasjonelle omsyn medførte at ordninga med setja bort fattige ved såkalla lisitasjon fekk fotfeste mange stader på landet. Systemet vart tilpassa skatteytarane, det vart lyst ut anbodsmøte, gjerne i slutten av året, kor fattige og potensielle forpleiarar møtte opp. Her vart dei fattige “selde”. Den som tok minst for å ha dei i pleie fekk tilslaget.

Ein føresetnad for legda var truleg det relativt store tenarhaldet og dei store familiane, med heimeverande born desse kunne ta seg av legdslemmene. Omlegging av drifta til familiebruk og stor utflytting gjorde at det vart vanskelegare å administrera legdshald på gardane. Fattiglovkommisjonen av 1896 ville avskaffa legda av humane grunnar. Legda forsvann med fattiglova av 1900.

“Bortakkordering” - eit hjartelaust system?

Dei glidande overgangane mellom støtteformene og uklare nemningar gjer det vanskeleg å slå fast omfanget av legda. Og i møteboka for fattigkommisjonen i Sogndal går det til dømes fram at kommisjonen fordelte legd på i alt 35 hovudpersonar i 1892,28 samstundes som det vart berre rapportert om 8 slike understøtta hovudpersonar til Statistisk Centralbyrå. Bakgrunnen synest å ha vore at skiljet mellom det fattigkommisjonen i Sogndal kalla legd og andre støtteformer (sjå særleg nedanfor om bortsetjing til private forpleiarar og understøtting med naturaliar) kunne vera uklart. Det var fattigkommisjonen som fordelte legda. Dette skjedde ved at kommisjonen ut ifrå skatteevna til kvar gard rekna ut kor mange veker dei plikta å halda legd. Kvar av dei som skulle ut i legd vart så førte opp med kor mange veker dei skulle vera på kvar gard. Nokon kunne klara seg med legd på berre to gardar i laupet av eit år. Dei fleste måtte likevel gå mellom fleire gardar, og einskilde var innom meir enn 10 gardar i året.29

Bortsetjing til private forpleiarar

Den mest vanlege forsørgingsmåten på 1890-talet var bortsetjing av dei fattige til private forpleiarar. I samtida vart dette kalla for “bortakkordering”. I 1892 var 20 110 av dei 78 681 understøtta “bortakkorderte”. I Nordre Bergenhus var det også den mest vanlege forsørgingsmåten med 554 av 2 220. I Florø by var 3 personar bortakkorderte på landet i 1892, i Sogndal var 24 bortakkorderte. I utgangspunktet var “bortakkordering” ein forsørgingsmåte for fattige som trengde full pleie og tilsyn. Dette kunne vera foreldrelause born, det kunne vera eldre, sjuke og vanføre, og det kunne vera sinnsjuke. Ulikt legda skjedde “bortakkorderinga” ved at private tok forsørginga på seg frivilleg mot betaling. Som legda kravde dette lite kommunal administrasjon, sjølv om utleigetilhøvet ofte vart regulert årleg. Den bortsette kunne vera på same stad år etter år.

Det var vanleg å setja vekk sinnsjuke til privat “forpleining”. Stellet skulle følgja denne instruksen og skulle godkjennast av distriktslegen.

Systemet kunne nok fungera lite humant til tider. Personar som sjølv var vanskelegstilte og som kan hende slett ikkje var skikka til å ha ansvar for andre, kunne fristast til å by lågt for å sikra seg inntektene fattigpleien ville gje. Det har vorte hevda at økonomiske omstende gjorde sitt til at fattigkommisjonane i mange tilfelle la mindre vekt på om forpleiarane var skikka til vervet sitt, enn på kontrollen med at dei vekksette vart forsvarleg handsama.30 Fattiglovkommisjonen av 1896 ville forby lisitasjon og fekk eit einstemmig storting med på dette. I ordskiftet ved innføringa av ny fattiglov ikring 1900 vart ordninga samanlikna med slaveauksjonane i USA.


Årgang 10, nr 3 - 2001

Fattigstellet i Sogn og Fjordane

Korleis systemet med “bortakkordering” fungerte må nærare studiar enn den føreliggjande avgjera. Både fattigkommisjonane i Sogndal og i Florø uttrykkte i sin korrespondanse og sine møtebøker langt meir sut for utgiftene enn for kva vilkår fattigfolk på legd eller i privat forpleining fekk.31 Ein skal likvel vera varsam med å trekkja slutningar om kor hjartelaust systemet var på så spinkelt grunnlag som denne artikkelen har. Uansett må slike slutningar ta utgangspunkt i den historiske stoda fattigkommisjonane arbeidde innanfor.

Bortsetjing av fattige på vilkår

Det går elles fram av arkiva at i ein del samanhengar vart det sett handfaste krav til pleiarane for at dei skulle få ansvaret for pleie av fattige. Særleg galdt dette bortsetjing av sinnsjuke der vilkåra for bortsetjinga vart nedfelt i ein standardkontrakt mellom fattigkommisjonen og forpleiaren. Kontrakten skulle godkjennast av amtmannen. Kontrakten regulerte ikkje berre dei økonomiske tilhøva, men var knytt til ein instruks frå distriktslegen. Her vart det stilt konkrete krav til stell, bustad og klede. Dessutan hadde ein tilsynsmann frå fattigkommisjonen rett til å føra tilsyn med at den sinnsjuke vart teken vel hand om. Tidlegare har me elles fokusert på at organiseringa av det lokale fattigstellet var bestemt ut ifrå trongen for å halda kontroll med dei fattige og å halda fattigutgiftene nede. Det er openberrt at det same nettverket kunne nyttast til å halda auga med dei private forpleiarane, ikkje berre i eigen kommune, men også der dei fattige skulle setjast vekk utanfor kommunen. Me augnar eit nettverk der ulike fattigkommisjonar i fleire kommunar heldt kontakt og utveksla informasjon, ikkje berre for å halda fattigutgiftene nede, men også for å følgja opp dei fattige sine rettar. Eit bra døme finn me då ein gardbrukar lenger ute i Sognefjorden kontakta Sogndal fattigkommisjon. Gardbrukaren baud seg til å ta eit fattiglem i pleie til ein langt lågare pris enn det som var sett frå den gardbrukaren som faktisk hadde det dåverande ansvaret. Fattigkommisjonen i Sogndal gjekk ikkje utan vidare inn på det langt betre tilbodet. Først skulle det undersøkast om fattigkommisjonen i vedkommande kommune kunne gå god for at vedkommande tilbydar var skikka til å ta seg av ein hjelpelaus fattig. Det viste seg at den aktuelle fattigkommisjonen ikkje kunne gå god for underbydaren og vedkommande fekk følgjeleg heller ikkje noko tilslag frå fattigkommisjonen i Sogndal. Vedrørande handsaminga av fattige born kan det verka som fattigkommisjonen i Sogndal var lite nøgd med det eksisterande systemet. I alle høve gjaldt dette handsaminga av evneveike ungar. Fattigkommisjonen hadde plassert fleire slike ved “Sæthres institut for åndssvage børn” i Bergen. Men formann Bondevig meinte i ein korrespondanse med fattigkommisjonen i Luster i 1893 at det ikkje hadde vore til så stor nytte for verken borna eller fattigkommisjonen.32 Me har også eit anna klart teikn på at ein i Sogndal kjende seg lite nøgd med den eksisterande handsaminga av fattige born. Då det låg føre planar om å etablera ein institusjon for fattige born på Leikanger på byrjinga av 1890-talet, skulle det såkalla Sogns børnehjem tuftast på frivillege bidrag.

Kjelda

41

Heradsstyret i Sogndal opna då opp for at den nye institusjonen kunne få tilskot av same storleik som det ville kosta å halda borna heime. I påfølgjande år ga fattigkommisjonen i Sogndal kjærkomne bidrag til etableringa av den nye barneheimen.33

Oppsummering og perspektiv

Gjennomgangen av arkiva etter fattigkommisjonane i Sogndal og Florø på byrjinga av 1890-talet saman med statistisk materiale, gjev innsyn og kunnskap om korleis fattigstellet fungerte for druge hundre år sidan. Avslutningsvis vil eg samanfatta nokre av funna i artikkelen og freista å dra nokre slutningar. Dei fattige i byrjinga av 1890-talet var ei stor og ueinsarta gruppe menneske: born, vaksne og gamle, vanføre, sjuke og sinnsjuke, foreldrelause- eller verjelause born, arbeidslause og andre som ikkje kunne brødfø seg sjølv. Dei kommunale fattigkommisjonane var utstyrt med vide fullmakter og organisert for å hjelpa og føra kontroll og tilsyn med alle dei fattige. Med utgangspunkt i Sogndal og Florø må ein kunna hevda at kommisjonane var organisert på eit vis som ga lite rom for å snika til seg fattighjelp ein ikkje hadde rett på. I Sogndal var kommisjonen samansett av tilsynsmenn for heile kommunen. I Florø var personar med leiande rollar og godt innsyn i styre og stell (lensmann, prest og magistrat) i brodden. Fattigkommisjonane hadde som rettesnor for sitt arbeid at utgiftene til fattighjelp skulle haldast på eit minimumsnivå.. Men omfanget av fattigdomen gjorde likevel at fattigutgiftene gjorde djupe innhogg i kommuneøkonomien. I landkommunen Sogndal var legd og bortsetjing til private forpleiarar dei viktgaste hjelpeformene. I Florø by var pengehjelp i heimen det vanlegaste. Fattigkommisjonane, i vårt tilfelle særleg i Sogndal, la ned eit omfattande arbeid. Mykje av innsatsen var retta mot å få stadfesta heimstadretten til dei fattige. Dette var avgjerande for kva kommune som måtte kosta utgiftene til stell og støtte. Usemje om heimstadrett gagna ikkje dei fattige si stode, og kunne heller ikkje vera godt for samarbeidsklimaet mellom nabokommunar. Denne artikkelen har lagt fokus på eit kort historisk tidsrom og har utelukkande teke føre seg arkivmateriale etter to kommunar. Føremona med dette er at ein kan gå relativt detaljert og systematisk til verks og innanfor det aktuelle tidsrommet få fram særtrekk ved det aktuelle emnet. Men ulempene er også rikt tilstades. For å gjera slutningar på tryggare tuft burde undersøkinga vore utvida i tid. Dessutan burde fleire kommunar i eller utanfor Sogn og Fjordane fylke vore undersøkte. Kjeldegrunnlaget kan også utvidast. For ei forståing av det lokale fattigstellet vil dei kommunale arkiva som her er presentert, vera heilt grunnleggjande. Samstundes bør dei utfyllast med materiale frå statlege og fylkeskommunale arkiv og aviser. Likeeins kan ein gjerne ta i bruk munnlege kjelder. Minna om det gamle fattigstellet og dei folkelege forteljin-


42

Kjelda

Fattigstellet i Sogn og Fjordane

gane om dette sit fast spikra i hovudet på dei eldste mellom oss. I arbeidet med denne artikkelen snakka eg lauseleg med eit par eldre personar i Sogndal kommune om emnet. Snøgt kom det fram at “han Bondeviken (formann i fattigkommisjonen) var ein godt likt mann. Han gjekk for å vera rettferdig”. Dessutan kom det også fram at det var stor skilnad på kor godt dei ulike gardane tok vare på dei fattige som var på legd. Nokre bønder sette si æra i at dei fattige skulle få godt stell medan dei var der, medan andre let dei gå “for lut og kaldt vatn”. Innhaldet i slike munnlege framstillingar vil sjeldan kunna sporast i dei offentlege arkiva. Trass i denne artikkelen sine klåre grenser burde det vera grunnlag for å slå fast at dei fattige si soge bør vera med i eit kvart større, seriøst bygdesogearbeid. Dei fattige var talrike og måtte vera ein godt merkande del av dagleglivet. Utgiftene til fattigstellet reiste stundom avgarde med over halvparten av kommunebudsjettet. Gardane hadde plikter til å halda legd og andre hadde ekstrainntekter ved å ta på seg stell av fattige. Dei fattige si soge er til no ikkje fortald og er i seg sjølv eit interessant emne. Ved å studera korleis ein i tidlegare tider tok seg av dei veikaste i samfunnet, ser ein kanskje også røtene til vår eiga tid si handsaming av og haldningar til desse gruppene i dag.

Noter

1) Her finst sjølvsagt unntak. Jan Anders Timberlid har til dømes i “Bygdebok for Gaular. Band 3. Gaular 1865 - 1990. Samarbeid og motsetningar.”(1995), gjeve fattigdomen ei relativt utførleg handsaming. Eit lokalhistorisk verk av eldre årgang som gjev omtalen av fattigdom og fattigstell litt omfang er Jon Laberg si bygdebok “Balestrand. Bygd og ætter.” (Bergen 1934). 2) Sentrale lover som kom innafor det som tradisjonelt var fattigkommisjonane sitt område var vergemålslova (1896, avløyst av barnevernlov i 1953), dei Castbergske barnelover (1915), lausgjengarlova (1900), edruskapslova (1932) og arbeidarvernlova (1909). Ulike trygde- og forsikringsordningar kom også til etterkvart. Her kan nemnast: Ulukkesforsikring for fiskarar (1908) og sjømenn (1911), sjukeforsikring (1909), mødreforsikring (1914), alderstrygdlov (1936), arbeidsløysetrygd (1938) og barnetrygd (1946). 3) I denne artikkelen er det særleg gjort nytte av følgjande litteratur: Nordstrand, Leiv: Mellom to fattiglover: Norsk fattigvesen 163 - 1900. (Hovudoppgåve i historie, Universitetet i Bergen, hausten 1976), Seip, Anne-Lise: Sosialhjelpstaten blir til. Norsk sosialpolitikk 1740 - 1920 (Gyldendal 1984, 2. utgåve 1994), Seip, Anne-Lise: Veiene til velferdsstaten. Norsk sosialpolitikk 1920 - 75 (Gyldendal 1994). 4) For ein fullstendig arkivkatalog for dei eldre arkiva etter fattigstyra som står plassert hjå kommunane, sjå www.sffarkiv.no. 5) Til den føreliggjande artikkelen er nytta følgjande arkiv: Arkivet etter Florø fattigstyre og Florø likningsnemnd, i arkiv for eldre arkiv i Flora kommune. Arkivet etter Sogndal fattigstyre og Sogndal likningsnemnd, ved Sogndal lokalhistoriske arkiv. 6) Bakgrunnen var at Stortinget i 1865-66 hadde løyvt

Årgang 10, nr 3 - 2001

midlar til eit eige kontor under Kyrkjedepartementet med fattigstatistikk som hovudoppgåve. 7) Om manglar ved statistikken, sjå Nordstrand, side VIII - IX. Til den føreliggjande artikkelen er nytta Fattigstatistik for Aaret 1892 (Det statistiske Centralbureau 1895). 8) Eit slåande uttrykk for sparepolitikken var då den første landsdekkande fattiglova av 1845 alt i 1863 vart avløyst av nytt lovverk. Det føregåande ordskiftet i Stortinget omhandla for ein stor del korleis fattighjelpa kunne gjerast billegast mogleg, og lovendringa som følgde ga fattigkommisjonane betre høve til å nekta å gje hjelp enn 1845-lova. (Seip, side 65-76) 9) Englund, Peter: “Om fattigdommens historie” i “Fortidens landskap: om mordet på Karl XII og andre essays” (Universitetsforlaget 1992). 10) Fleire europeiske land hadde i føregåande år gjort liknande tiltak, men fattig-anordningane hadde nok også bakgrunn i at fattigdomsproblemet hadde fått nye dimensjonar i Noreg. I 1665 budde det om lag 440 000 menneske i landet, i 1801 var talet dobla til 883 000, og truleg auka dei lågare laga mest. Sjå Nordstrand, s. 1 - 8, og Seip side 17 - 51. 11) Ein kan gjerne seia at det var eit uttrykk for kyrkja og kristendom sin nedarva posisjon innanfor fattigstellet at presten fekk sete i fattigkommisjonane også etter 1863-lova. Tilsvarande vart fattigvesenet på sentralt hald lagt til Kyrkjedepartementet då Noreg fekk eiga grunnlov i 1814. Sosialdepartementet vart oppretta i 1916. 12) Fattiglova for byane, kjøpstadane, av 1845 slo fast at magistraten skulle vera ordførar, soknepresten skulle vera med og elles så mange medlemmer som kommunestyret bestemte. Magistraten var frå gamalt staten sin representant i byane. Både statlege og kommunale oppgåver låg til magistratembetet og magistraten fekk også ei sentral rolle i lokalforvaltninga etter innføringa av det kommunale sjølvstyre med formannskapslovene i 1837. Magistratembetet vart oppheva i 1922. I større byar kunne magistratembetet verta utført av fleire personar. 13) Omfanget i arbeidsmengd kombinert med solide dokumentasjonsrutinar har resultert i eit særleg stort og rikhaldig arkiv etter fattigkommisjonen i Sogndal. Her kan nemnast at for tidsbolken 1890-1895 skreiv Sogndal fattigkommisjon nærare 200 brev, og førte i same tidsrom detaljerte møtebøker, kopibøker, postjournalar og rekneskap. 14) Amund Helland sin “Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt”, Anden del, s. 153. 15) E.M. Hole: “Florø gjennem 75 år” (1935), s.25 16) Kvifor fattigkommisjonen nytta retten til å ta borna frå foreldra og ut or skulen går ikkje klart fram korkje av møtebøkene for skulestyret eller fattigkommisjonen. 17) Fattigstatistikken deler hovudpersonane inn i undergruppene “einslege” og “familieforsørgarar”. Eit grundigare og større arbeid enn det føreliggjande, burde kunna gjera utrekningar ikring kor mange avhengige av fattighjelp som løynde seg bak gruppa “familieforsørgarar” . 18) Tal på fattig er henta frå fattigstatistikken. Fattigrekneskapen er henta frå rekneskapsbøker for Sogndal fattigstyre.


Årgang 10, nr 3 - 2001

Fattigstellet i Sogn og Fjordane

19) Nordstrand, side 17. 20) Sjå til dømes utfylte skjema “Oplysninger om de i Sogndals Fattigdistrikt i 1890 for første Gang av Fattigvæsenet understøttede Personer”, i korrespondanse og sakarkivet for 1890 21) Sjå Nordstrand, side 51 - 79. 22) Fattigstatistikken for 1892, Tabell 7, s. 59, er langt meir detaljert enn det utvalet som her er gjort. Statistikken gjer mellom anna greie for skilnader mellom menn og kvinner og også mellom by og land. 23) “Derunder stor Familie, uægte Børn, Forsørgerens Arrestation, Uaar og mislykket Fiske. “ 24) Kopibok for Sogndal fattigstyre, Brev til hr. Nils Flaaten av 22.12.1893, og brev til Fattigkommisjonen i Lærdal av 30.12.1893. 25) Seip, s. 139. 26) Om dei ulike hjelpemåtane, sjå Nordstrand s. 80 - 91. 27) “ Sjå til dømes Florø fattigkommisjon, i møtebok frå 27. august 1894 der ein mann fekk garanti for husleiga si mot at han utførte arbeid for fattigkommisjonen, 28) Møtebok for Sogndal fattigkommisjon, 16. desember 1891. 29) Legda vart fordelt på slutten av kvart år og nøye lista opp i møteboka. 30) Nordstrand, side 82 - 84. 31) Sjå til dømes saka ovanfor frå Florø i 1895, der tre barn skulle setjast vekk på “billigste måte”. Det vart ikkje skrive noko om kva krav som skulle setjast til borna sine nye heimar. 32) Brev frå fattigkommisjonen i Sogndal til fattigkommisjonen i Luster av 10. februar 1893. 33) Sjå brev frå Sogns børnehjem til Fattigkommisjonen av 14. desember 1892, med påteikning av fattigkommisjonen av 31.12.92 og av Sogndal heradsstyre, 1. februar 1893. Bidraga til etableringa av institusjonen er å finna i møtebok for Sogndal fattigkommisjon.

Kjelda

43


44

Kjelda

Minnesmerke i Sogn og Fjordane

Årgang 10, nr 3 - 2001

Minnesmerke i Sogn og Fjordane frå eldre tider til i dag

Av Hermund Kleppa Vik kommune fekk i sommar eit nytt minnesmerke, ein to meter høg bauta med ei messingplate der det er innskrift og teikning av ei budeie attmed ein ystekjel. Steinen vart oppsett til ære for gamalosten og avduka i nærvær av mykje folk på den årlege Gamalostfestivalen. Fylkeskultursjef Lidvin Osland heldt avdukingstalen og stod føre avdukinga. Gloppen kommune vart óg eit minnesmerke rikare sist sommar, ei metallplate bolta fast i fjellet på vegen opp frå Breimsvatnet til høgdegardane Dale og Hunskår. Dette minnesmerket vart oppsett til minne om gamlevegen opp til grenda og dei som bygde han. På same måte som med gamalostbautaen i Vik, vart veg-minnesmerket i Gloppen avduka på ei tilskiping med mykje folk til stades. Me har her to døme på reising av minnesmerke - nokon set seg i sving og får ordna med at det vert sett opp minnesmerke, ein “bauta” og ei plate, til heider, markering og minne. Den høgtidlege avdukinga går føre seg i nærver av mykje folk.

Verdfulle kulturminne

Minnesmerka er verdfulle og viktige kulturminne fordi, a) det har vore praksis å reisa minnesmerke, særleg det siste hundreåret, b) mange menneske har vore med i reisingsprosessen, og c) dei er sette til minne om personar og hendingar som sette spor i historia, både lokalt og i vidare samanhengar. Minnesmerka er kulturminne med fleire sider. Då misjonsfolket i 1992 reiste ein minnestein over misjonæren Hans Paludan Smith Schreuder i Sogndal, sa ordførar Bjørk i sin helsingstale at han var viss på at minnesteinen kom til å bli ein kulturskatt for Sogndal. Rimelegvis hadde han då ikkje berre steinen, sjølve minnesmerket, i tankane, men fyrst og fremst det steinen blei sett til minne om: ein misjonspioner fødd i Sogndal, og arbeidet hans for å vinna heidningar i Afrika for Kristus.

Minnesmerke reist sommaren 2001 til heider for gamalosten. Presidenten i Norsk Gamalostlag, Jon Moberg og fylkeskultursjef Lidvin Osland ved bautasteinen etter avdukinga. (Fotograf: Gunnar Kleven, Sogn Avis).

Det viktigaste og mest interessante - for dei som reiste minnesmerket og for folk i ettertid - er det minnesmerket er sett til å minna om eller til å markera. Dette kjem m.a. fram ved at reising av minnesmerke i mange høve er ein post i eit meir omfattande program. Reising og avduking av “utvandringssteinen” i Seimsdal i Årdal i 1994 til dømes, var berre eitt programinnslag av fleire under utvandringsdagane det året. I ettertid får dei fleste minnesmerke fleire kulturminnesider. Dei minner om det dei vart reiste for, dei minner om men-


Årgang 10, nr 3 - 2001

Minnesmerke i Sogn og Fjordane

neska som reiste dei, og dei får ein kulturhistorisk verdi i seg sjølv. Minnesmerka er viktige kulturminne til liks med bygningar, fotografi, møtebøker, stadnamn, folketonar, m.m. Dei er berarar av kunnskap om folk og hende i fortida.

Etablering av eit minnesmerkearkiv

Fylkesarkivet har i nærare to år samla tilfang, opplysningar og fotografi, til eit minnesmerke-arkiv for fylket. Målet er å skaffa fram rikhaldig informasjon om kvart minnesmerke, for å få oversyn, for å sikra og bevara viktig kunnskap knytta til minnesmerket, og for å gjera minnesmerke-dokumentasjon tilgjengeleg for bruk. Minnesmerke-arkivet vert bygd opp med mappe på kvart minnesmerke ordna kommunevis. Inngangsdøra er romsleg. Alle objekt får plass som i skrift og tale vert omtala som bautastein, bauta, minnestein, minnestøtte, monument, støtte, minneplate, m.m. Me tek og med skulpturar, statuer og andre kunstnarskapte arbeid, oppsette til minne, men ikkje kunstverk som berre er sette til utsmykning. Vidare er tekne med to minne-bygningar, eit par minne-bilete og nokre minneinnskrifter i berg og stein. Endeleg er tekne med eit par særlege gravminne oppsette av familie og pårørande. Nemninga minnesmerke brukar me som fellesnemning sjølv om ho språkleg sett ikkje er heilt dekkande. Alle objekta

Kjelda

45

er nemleg ikkje opphavleg sette som minne om noko eller nokon. Her er mange variantar. Eit objekt kan ha vorte sett til minne, til heider, både til minne og heider eller som markering. Og nokre objekt veit me slett ikkje kvifor vart reiste, eller me er usikre.

Mangfald og fellestrekk

Minnesmerka er ei gruppe kulturminne med mange fellestrekk men og store variasjonar. Me kan sjå på korleis dei fordeler seg i tid, og på geografisk fordeling på kommunane i fylket. Me kan sortera dei i grupper etter ulike kjennemerke, og me kan sjå nærare på særlege sider eller aspekt ved dei. I dette stykket vil me sjå nærare på korleis minnesmerka fordeler seg over ein periode “frå dei eldste tider” til i dag, sortert kommunevis i nokre hovudgrupper etter kva dei er reiste for.

Minnesmerka i fire hovudperiodar

Pr. 20. september 2001 hadde me opplysningar om nær 300 Sogn og Fjordane-minnesmerke. (Tabell neste side). I dette talet er og rekna med kring 25 minnesmerke med tilknyting til fylket andre stader. Tabellen syner kommunevis fordeling og i tillegg fordeling av minnesmerka utanom fylket.

Kommunefordeling

Tabellen syner at det gjennomsnittleg er 10 minnesmerke i kvar kommune, med ytterpunktene Stryn med 30 og Hyllestad med 3. Variasjonane skuldast fleire ting, m.a. a) geografisk storleik og folketal, b) i krigsåra 1939-1945 hadde kystkommunane jamtover fleire falne enn innlandskommunane, og dermed fleire minnesteinar (t.d. Askvoll 8, Luster 0), og c) at somme kommunar til sine tider hadde ein eller fleire særs ivrige minnesmerke-reisarar medan andre ikkje hadde det.

Utanom fylket

Me ser at nær 25 minnesmerke med tilknyting til Sogn og Fjordane, finst andre stader i landet og ute i verda. Eitt av dei står på Svalbard, minnesmerket over falne i krigen 1940-1945, eit anna ved Nordsinni kyrkje, Nordre Land. På namneplata til Svalbard-bautaen finn me tre Sogn og Fjordane-namn: Sigvald Høyland og Ingvald Bøen, var frå Davik. Einar Sverdrup, direktør ved Store Norske Spitsbergen Kulkompani og oberstløytnant, var fødd i Solund. Steinen på Nordsinni vart reist til minne om soldaten Johannes Årseth frå Gaular.

Døme på minnestein med tilknytning til fylket utanom fylkesgrensene. Denne minnesteinen over Johannes Årseth frå Gaular står ved Nordsinni kyrkje ved Dokka i Oppland. Han fall i nærleiken av ungdomshuset i bygda 25. april 1940. Ungdomslaget på staden reiste minnesteinen og har til kvar 17. mai seinare bunde krans og festa på minnesteinen. Laget har og eit minnebilete av Årseth i lagshuset sitt. (Foto: Nordsinni Ungdomslag, 2001).


46

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Minnesmerke i Sogn og Fjordane

Oversyn over minnesmerke i Sogn og Fjordane

Steinkors ca. 950 - 1050

1050 - 1900

1814 - steinar

Falne 1939 - 1945

Personar

Hendingar

Andre

1900-talet 1900-talet

Bautasteinar til 1050

Før 1900

Sum

Askvoll Aurland Balestrand Bremanger Eid

3 3 1 0 3

0 0 0 0 1

1 0 0 0 0

1 0 0 1 1

8 1 0 3 1

5 3 4 2 6

0 0 0 0 0

0 1 1 0 5

18 8 6 6 17

Fjaler Flora Førde Gaular Gloppen

2 0 0 0 1

2 1 0 0 2

0 0 0 0 0

0 0 0 0 0

1 4 0 2 2

5 6 5 2 6

0 0 0 0 0

1 0 1 0 3

11 11 6 4 14

Gulen Hornindal Hyllestad Høyanger Jølster

0 0 0 0 0

2 0 0 1 0

0 0 0 0 0

0 0 0 1 2

3 2 2 4 1

3 2 0 4 6

1 1 1 0 2

0 2 0 1 1

9 7 3 11 12

Leikanger Luster Lærdal Naustdal Selje

3 0 0 0 1

0 0 0 0 0

0 2 0 0 0

0 2 2 2 0

4 0 1 2 2

1 4 4 0 1

1 3 3 0 2

0 1 0 4 0

9 12 10 8 6

Sogndal Solund Stryn Vik Vågsøy Årdal

3 0 0 0 0 0

0 0 1 0 0 0

1 0 0 0 0 1

3 0 1 0 0 3

1 6 5 5 5 1

7 0 12 5 1 0

3 0 8 2 2 1

0 1 3 1 2 6

18 7 30 13 10 12

Sum

20

10

5

19

65

35

278

Utafor fylket

1

2

2

4

6

94 5

30 2

3

25


Årgang 10, nr 3 - 2001 I Zululand tronar pionermisjonæren Hans Schreuder på sokkel på ein av misjonsstasjonane sine. På Island står to minnesmerke over Ingolf Arnason, den fyrste landnåmsmannen. Han kom frå Sunnfjord, nærare bestemt frå Rivedal.

Hovudgruppene i tabellen Bautasteinar fram til 1050 Rundt omkring i fylket finst minst 20 eldgamle bautasteinar. Dei er etter måten tynne, naturleg forma steinar nedsette i jorda og frå kring ein til nær åtte meter høge. Dei fleste er utan innskrift av noko slag. Steinane er jamtover vanskelege å datera, men ein reknar dei blei reiste i jernalderen 500 f.Kr.-1050 e.Kr. (Vikingtida ca 750 - 1050). I Leikanger er det tre slike steinar, den best kjende er Baldersteinen. Runesteinane er og tekne med i bautastein-gruppa. I Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder, står m.a. dette om bautasteinar:

Minnesmerke i Sogn og Fjordane

Kjelda

47

Minnesmerke i form av plate med inskripsjon festa i berg, på vegen frå Breimsvatnet til Høgdegardane, oppsett og avduka sommaren 2001.

Dei finst einskildvis eller i grupper. Dei kan markera midten av ein haug, røys eller steinlegning, eller stå i kanten av slike. I Norden er dei vanlege i Norge, Sverige og på Bornholm. Ved steinar på flat mark er det funne branngraver, fornminne eller ikkje noko som helst. Dei har ofte namn, gjerne etter personar. Ei alternativ tolkning går ut på at nokre er sette som ‘fruktbarhetssymbol’, knytta til førestellingar hjå folk lenge før vikingtida. Bautasteinen er eit offer på “frukbarhetens alter” på ein stad for rituell handling, ei foreining mellom bautasteinen og jorda, som uttrykk for høvesvis det mannlege og kvinnelege prinsipp i natura. Artikkelen oppsummerer med at bautasteinane i førhistorisk tid hadde fylgjande funksjonar: markering av graver, fruktbarhetssymbol og minnesmerke. Steinkors frå kristningsperioden Ein særeiga gruppe nedsette eller oppreiste steinar er steinkorsa frå kristingsperioden, ei vel hundre år lang misjonstid frå siste halvparten av 900-talet. Sogn og Fjordane har fleire, og velkjende er to i Eivindvik, ein i Korssund, på Svanøy, på Rygg og i Loen. På Midthjell i Nordfjord står kopi av eit steinkors som er oppbevart på Historisk Museum i Bergen. Når det gjeld spørsmålet om kvifor desse korsa vart reiste, tek me med kva som står i ein artikkel i Skillings Magazin 1846: “Man har troet, at disse Kors have tjent de første kristne Samlingsstæder for at udøve deres Andagt førend Kirker bleve opførte. Andre er imidlertid af den Formening at man i kristendommens første Dage opreiste slige Kors, for ved den Underkraft man tillægger Korstegnet, at fordrive de onde Ånder og hedenske Dæmoner. Begge Dele kunne have være Tilfældet.” Ei god kjelde til kunnskap om steinkorsa er biskop Fridtjov Birkeli sitt arbeid “Norske steinkors i tidlig middelalder”, 1973. Steinkors ved kyrkja i Loen. Det skal opphaveleg ha stått ein stad ned ved sjøen kalla Korsneset. På kyrkjegardsmuren framfor er sett opp ei informasjonstavle. Skøyten talar for seg, ein gong i tida har korset brotna. (Foto: Hermund Kleppa).


48

Kjelda

Minnesmerke i Sogn og Fjordane

Årgang 10, nr 3 - 2001

Baldersteinen på Leikanger, bautastein frå førhistorisk tid, måla av dansken Carl Anton Saabye på midten av 1800-talet. Fleire målarar på denne tida var oppgødd over dei gamle bautasteinane og festa dei til lerreta sine. Eitt velkjent bilete signert Johannes Flintoe viser ein no bortkomen bautastein på Slinde. Henrik Wergeland laga skisser av Baldersteinen på ferda si gjennom Sogn sommaren 1832. (Foto: Terje Eggum)

større vegutbetringsarbeid som var ferdig i 1793. c) Ein minnestein i Fjærland oppsett til markering av Oscar II sitt besøk i bygda året 1879. d) Minnesteinen ved Korskyrkja i Bergen, oppsett i 1893, til minne om 5 marinesoldatar som mista livet i den vidgjetne trefninga ved Alvøen i 1808. To av dei var sogningar. Dei to siste kan me sjå på som startskotet for minnesmerkeboomen som skulle koma på 1900-talet. Minnesmerke frå perioden 1050 - 1900 Etter bautasteinane og steinkorsa fylgjer fleire århundre nesten utan oppreiste steinar til minne eller markering. Me har berre opplysningar om i underkant av 10 frå heile perioden, og nemner fire av dei: a) Ein bogforma stein i Solvorn, lokalt kalla Kjøtbogen, med årstalet 1693 innhogge. Steinen skal vera reist til minne om eit hardt uår då folk måtte slakta ned buskapen sin for å overleva. b) Stiftsstøtta på Filefjell, eit kostbart minnesmerke i importert marmor, truleg oppsett sommaren 1797. Støtta vart sett til minne om eit

Minnesmerke på 1900-talet Var det langt mellom kvar gong ein minnestein kom opp i åra før 1900, skulle det henda dessto oftare i tida etter. Det 20. århundret opna med ei rad nye minnesteinar knytta til jubileumsåret 1914 i store deler av landet. Minnesteinar over personar vart reiste gjennom heile perioden. Verdskrigen 1939-1945 resulterte i minnesmerke over falne i nesten alle kommunane. I siste halvparten av decenniet kom det mange minnesteinar om hendingar, t.d. heilt mot slutten, fleire tusenårssteinar som markering av nytt tusenår. Me skal sjå nærare på omfanget av minnesmerka på 1900-talet fordelt på nokre hovudgrupper, - 1814-steinar, minnesteinar over falne etter verdskrigen 1939-1945, minnesmerke reiste over personar og om hendingar. 1814 - minnesteinar Perioden 1850-1905 var sterkt prega av nasjonal reising med 1905 som høgdepunkt. Lokalt kom kanskje unionsoppløysinga med Sverige best til syne om hausten då folk røysta over styreformene kongedømme eller republikk. Knapt nokon gong har kyrkjesøkinga vore større og kyrkjene meir nasjonalt pynta. Året 1914 vart det store jubileumsåret, for 1814, for grunnlova og 17. mai, eidsvollmennene, soldatane som låg på grensa og slost mot “svensken”, og kanonbåtane som gjekk til åtak på engelske krigsskip som “stengte hver havn”. 1914 vart året for tilbakeblikk, på hundre framgangsrike år, attvinning av norsk sjølvstende og eige norsk kongedømme. 1914 vart året for markeringar, for å reisa minnesmerke, for å reisa bautasteinar! Me ser det t.d. i lokalblada. Gong på gong står det om minnesteinar og bautasteinar. Fleeire stykke signert av kraftpatrioten og soldaten framfor nokon, oberst Henrik Angell, fødd i Luster. Han hadde t.d. eit stykke i Sogns Tidend, 30.1.1914, der han viser til at det alt var reist minnesteinar i Lærdal, Årdal og på Voss. Angell har framfor alt sut for soldatane i frå ufredsåra 1807-1814, og manar folk til å ta fatt: 1814-minnestein i Holmedal. På steinen står: Reist til frægd - for kvar bygdemann - som varde landet - då striden brann - 1807-1814. (Foto: Hermund Kleppa).


Årgang 10, nr 3 - 2001

Minnesmerke i Sogn og Fjordane

“Tyngre tak hev ingen teke fyr Norig enn hine som fraus og svalt i dei lange ufredsåri - anten dei laag på grensa eller paa festningar eller maatte manna kanonbaatar og skansar. Det var dei som skreiv den 17. mai inn i soga. Skulle det ikkje vera noko for ungdomslaga å tenkja på? Enno er det tid, og stein er der nok av. Det spørst berre om tiltak, vilje og hjartelag. (...) Hogg so inn i steinen anten namni paa hine fedrelandsforsvararar eller so berre dette: Steinen er reist til minne um dei stridsmenn fraa (.....) som skreiv 17. mai med sitt blod - eller noko liknande. Men skriv paa norsk!” Og 1814-minnesmerke kom opp i hopetal. Me har opplysningar om 23, 19 i fylket og fire utanom. Nordfjord har 3, Sunnfjord 5, og Sogn 11. Minnesmerka i Sogn er med unnatak av eitt (Holck-minnesmerket i Alværa i Høyanger) å finna i den indre del av fjorden; Sogndal har 3, Årdal, Luster og Lærdal 2 kvar og Vik 1. Dei fire utanom fylket er: a) ein minnestein ved Korskyrkja i Bergen til minne om slaget ved Alvøen 16. mai 1809, b) ein i Østfold til minne om slaget ved Berby hausten 1808, c) ei minneplate i muren på Borgund kyrkje i Ålesund til minne om Eidsvoll-mannen Niels Nielsen, representant for Nordre Bergenhus Amt, og d) ei støtte på Ringerike til minne om Gamle Svarten, kaptein Jürgensen, den vidgjetne sjefen for Lærdalske lette infanterikompagni. 1814-minnesmerka vart reiste i perioden 1902-1914 med unnatak av Alvøen-minnesmerket som vart avduka 16. mai 1893. Dei fleste vart reiste i 1914 og avduka på nasjonaldagen.

Minnesmerke knytte til verdskrigane 1914-1918 og 1939-1945 Verdskrigen 1914-1918 Noreg var nøytralt under fyrste verdskrigen og slapp dermed frå krigshandlingar på norsk jord. Derimot gjekk det hardt ut over den norske utanriksflåten og norske sjøfolk. Ein reknar at over 2000 sjømenn miste livet som fylgje av torpederingar, minesprengingar eller sabotasjehandlingar. Norges Rederi-

Kjelda

49

forbund reiste i 1928 eit minnesmerke ved den norske sjømannskyrkja i London. I våpenhuset vart det sett opp 8 koparplater med namn på dei omkomne og opplysningar om skipa. Nokre av dei kom frå Sogn og Fjordane, t.d. står “Carl B. Lyngnæs, Florø” oppført mellom dei omkomne då Bergenske Dampskibsselskab sitt skip D/S “Pollux” krigsforliste 19. mars 1917. Me kjenner ikkje til minnesmerke i Sogn og Fjordane fylke knytta til nordmenn som miste livet ved krigsforlis i åra 1914-1918. Derimot stod det eit minnesmerke samansett av seks element på kyrkjegarden i Eivindvik i åra 1931-1961. Det var sett opp på gravene til britiske marinemenn som omkom då skipet deira, HMS “Partridge”, vart torpedert 12. desember 1917 av ein tysk ubåt under eskortering av ein austgåande konvoi. No står det ein liten stein i Eivindvik, med ei tekstplate, til minne om denne krigshendinga i havet utanfor Gulen. Verdskrigen 1939-1945 Bokverket Våre falne, som Staten gav ut i 1948, inneheld biografiar og bilete av nordmenn som fall i krigsåra 1939-1945. Over 100 var frå Sogn og Fjordane eller heimehøyrande her. Minnesmerka over falne i 2. verdskrigen, i alt 66, avspeglar kva krigen kosta i menneskeliv. Berre 3 kommunar, Luster, Balestrand og Førde står med null minnesmerke, høgast ligg kystkommunen Askvoll med 8. Andre verdskrig-minnesmerka vart for det meste reiste i åra 1945-1955, tre-fire vart reiste under krigen, og nokre få mange år etter. Det siste, ein minnestein over falne frå Davik sokn, vart reist så seint som år 2000, 60 år etter at krigen kom til Noreg. Hyllestad hadde avduking av sin minnestein i 1999, til minne om krigsinnsats, - leiaren for gruppa Bjørn West, Harald Risnes, og dei frå Hyllestad som var med i kampane i Valdres i aprildagane 1940. Straks krigen var slutt, kom det stor fart arbeidet med å reisa minnesmerke over dei falne rundt om i landet. På riksplan blei det nedsett ei nemnd som skulle gje rettleiing og utøva kontroll med at minnesmerka svara til visse kunstnariske og estetiske krav. Nemnda skulle óg visa til habile kunstnarar. Me kjenner ikkje til at nemnda hadde beinveges kontakt med lokalnemnder i Sogn og Fjordane. Krigsminnesmerka er reiste av to hovudgrunnar, - til minne om den eller dei som kjempa og ofra livet for fridom og fedreland, og til påminning for folk i etter-

Postkort laga til jubileumsåret 1914. Teiknaren har henta element frå vikingtida, bautasteinen og skjoldmøya.


50

Kjelda

Minnesmerke i Sogn og Fjordane

Årgang 10, nr 3 - 2001 Minnesteinen over lettmatros Leo Aarseth ved Vevring kyrkje, avduka 1. juli 1951. Leo omkom i krigsforlis 12. juni 1940. Hjalmar Aarseth, bror til Leo, legg ned krans. (Foto: Else Aarseth).

tida, om å vera budd til å verja landet når situasjonen krev det. Ordførar Hundvebakken, Vevring (no Naustdal) sa fylgjande i talen sin ved avdukinga av minnesteinen over Leo Aarseth: - den noverande generasjon i Vevring, vil minnast Leo som son, bror og sambygding. For deira del trengst ingen minnestein. Men han er reist fordi at komande slekter skal hugsa denne staute ungdomen som gav alt, seg sjølv, for land og folk. Dei aller fleste minnesmerke knytte til innsats for fridom under 2. verdskrigen har som regel plass i dei lokale 17. mai-feiringane. Det blir lagt ned krans og sagt minneord. Elles har det jamleg vore markeringar ved runde tal for høvesvis okkupasjonen og fridomsdagen. Sogn og Fjordane hadde tre

Frå ei markering ved minnstøtta over dei falne ved kyrkja i Florø tidleg på 1960-talet. (Fotograf: J. Stafsnes)

minnesmerke knytte til 2. verdskrigen over menn som fall på “den andre sida”. No er det att to. Det eine står i Hyllestad, det andre på kyrkjegarden i Høyanger. Det fyrste står til minne om ei fælsleg skyteulukke i ein tysk kanonstilling 28. juni 1941 då 13 soldatar miste livet. Dei ligg gravlagde i Bergen, men tyskarane sette opp eit minnesmerke nær ulukkesstaden. Det andre er sett til minne om frontkjemparen Carl Uno Sundberg, som vart såra på Austfronten, og døydde på eit tysk lasarett 13. april 1943. Minnesmerket over Sundberg er i røynda eit gravminne sett opp av næraste pårørande, men gravferda derimot, var mykje, mykje meir enn eit privat føretak. Utanom dei pårørande var


Årgang 10, nr 3 - 2001

Minnesmerke i Sogn og Fjordane

representantar frå Rikshirden, Hirdmarinen, Hirdmusikken, Germanske SS Norge, Frontkjemparkontoret, Staten, Nasjonal Samling, og fleire andre offisielle instansar tilstades. Det tredje, ein minnestein over Gulbrand Lunde på Sunnmøre, kulturminister i Quisling-regjeringa, fødd og gravlagd i Vik, vart smadra av heimevernstyrkar i maidagane 1945. Minnesmerket i Hyllestad ber og spor av hardhendt medfart. Det vart visstnok hive på sjøen etter krigen, men berga oppatt og sett på plass. Då krigen var slutt såg den vinnande parten på krigsminnesmerka hjå den tapande parten som noko som måtte bort. Dei kunne verta krigsstimulerande i framtida. Difor fastsette dei allierte sitt kontrollråd for Tyskland at alle krigsmonument, frå begge verdskrigane, skulle fjernast og øydeleggjast. Me kjenner ikkje til i kva omfang påbodet vart teke til fylgje, men det er rimeleg å tru at mange vart øydelagde, som me og har døme på i Noreg. No, over 60 år etter, må me vel kunna semjast om at dei to tapande-part-minnesmerka som overlevde i Sogn og Fjordane, er verdfulle minnesmerke og kulturminne. Dei medverkar til heilskap. Personar - flest menn Det finst minst 93 minnesteinar i fylket over personar, frårekna minnesteinane over falne i krig eller for krigsinnsats. Dei er alle reiste som heidersteikn, som minne om personen/

Kjelda

51

ane og livsverket deira. Dei omfattar eit vidt spekter av “titlar”, i litt rund tyding: felespelar, komponist, kunstmålar, matematikar, filosof, skogreisar, misjonær, lærar, diktar, fylkesmann, stortingsmann, fiskar, idrettsmann, skyttar, jurist, prest, bondeførar, oberst, eidsvollmann, lækjar, lekpredikant og rallar. Dei fleste personane fekk minnesmerka sine etter at dei var avlidne, men det finst og eit døme på at ein person fekk høve til å vera tilstades på avduking av eige minnesmerke, nemleg direktør Kloumann ved NACO i Høyanger. Avdukinga skjedde i 1929 på 50-årsdagen hans. Elles ser me at mange av person-minnesteinane har vorte reiste i høve eit eller anna jubileum, eller rundt år, og på stader knytta til personen. Kvinnene er kraftig underrepresenterte på minnesmerka i fylket. Me veit berre om to med eigne steinar, og nokre få saman med menn. Dei to er Nikka Vonen frå Dale i Fjaler og Bolette Pavels Larsen frå Bergen. Minnesteinen over skulekvinna Nikka Vonen står ved heimen hennar i Dale, medan Bolette Pavels Larsen-steinen står i Fjærland. Det var mannen hennar, bankfullmektig Ole J. Larsen, som med god hjelp frå hotelleigar Olaus Dale fekk reist ein prektig stein til minne om kona, forfattarinna og målreisingskvinna, Bolette Pavels Larsen. Minnesteinen står i Fjærland der ekteparet ein lang periode var på årvisse besøk. Inntrykket er elles at kvinnene også er fråverande i minnesmerke-nemndene, men det verkelege biletet her, kan syna seg annleis etter grundigare gransking. Eitt heiderleg unnatak er Amanda Igland frå Bremanger. Det var ho som gjekk i brodden for å få reist fiskarmonumentet på Hauge i Bremanger. Elles har me eit kvinneinnslag i Gaular. Gustava Lunde skreiv eit høve-dikt til avdukinga av minnesmerket på Sande over dei to gaulværingane som fall i 2. verdskrigen. Hendingar - sorg og glede Fleire av minnesteinane om hendingar er knytta til ulukker og uår. Me har alt nemnt Kjøtbogen i Solvorn med årstalet 1693 innhogge til minne om eit fælt uår. I Stryn sette Johan Gjørven i 1995 opp ein minnestein om eit snøras som i 1868 kravde liv og eigedom. I Stardalen i Jølster, sette dei og på 1990-talet opp ein minnestein om snøskredåret 1868 og dei 14 som omkom på garden Heggheim. Etter dei to store Lodalsulukkene, i 1905 og 1936, som til saman kosta 135 menneske livet, vart det sett opp 6 minnesmerke. No er det berre fem att. Det fyrste, ein minnestein oppsett sommaren 1905, vart teken av flodbylgja i 1936. Berre 3 jarnboltar står att i berget der han stod. Minnestein over person. Denne står på grava til stortingsmann og lensmann S.K.Aarnes ved Oppstryn kyrkje, og vart reist av “heimbygda”. Relieffet er laga av bilethoggaren Anders Svor frå Hornindal. (Foto: Hermund Kleppa).


52

Kjelda

Minnesmerke i Sogn og Fjordane

Årgang 10, nr 3 - 2001

Det finst og minnesmerke om gledelege og nyttige hendingar. Det yngste er minneplata på vegen frå Breimsvatnet til høgdegardane Dale og Hunskor. Eit anna av ny dato står på Grodås i Hornindal, - kopi av ein høg telefonpåle av stein dei sette opp i 1893 til minne om då telefonen “kom til” Hornindal. Originalen vart øydelagd ved eit uhell i 1950-åra. Og eit tredje står ved vegen inn til Myklebustdalen i Gloppen, ein stein med tekstplate reist i 1994 til minne om vegen dei fekk hundre år før og om kva vegen fekk å seia for utviklinga i dalen. Andre Denne gruppa omfattar minnesteinane som ikkje høver inn i gruppene ovanfor. Dei er nokså ueinsarta på fleire vis. Me går ikkje nærare innpå “innhaldet”, men berre nemner nokre døme: To er sette til minne om utvandringa til Amerika (Seimsdalen, Årdal, i 1994 og Fjelli, Stryn i 2000), fleire står som markering av stader: gamal kyrkjestad (Reed og Austrheim i Gloppen, Utvær i Solund og Silda i Vågsøy), kraftutbygging (Førde i Jølster), minnevarde (Hundvikfjellet i Eid), tusenårssteinar (Nordfjordeid, og Holsen i Førde)

Eit hundreår med minnesteinar

Det går ei linje frå bautasteinane folk reiste i eldgamle tider, fram til ca 1050 e. Kr., til bautaen over gamalosten dei avduka i Vik i sommar. I praksis - det å reisa bautasteinar. I form og materiale grovt tilhogde steinar sette til minne eller markering. Namnet, gamalnorsk bautasteinn - teke oppatt i nyare tid, ofte forkorta til bauta, t.d gamalost-bautaen. Bautasteinane fekk sin renessanse frå slutten av 1800-talet, m.a. ved at målarar brukte dei som motiv og ved at “nasjonalrørsla” oppmoda ungdomslag og andre til å reisa bautasteinar til jubileumsåret 1914. 1900-talet vart eit bautastein-hundreår, eit minnesteinhundreår, eit minnesmerke-hundreår som saknar sidestykke i historisk tid. Rundt om i Sogn og Fjordane står minst 200 minnesmerke (minnesteinar, bautasteinar, osb.) over personar, om hendingar og til markering.

Minnesmerke om Lodals-ulukkene i 1905 og 1936 oppsett utanfor Loen kyrkje i 1991.

Fylkesarkivet ynskjer å samla kjeldtilfang om minnesmerka i fylket, til kunnskap om ei ovring (eit fenomen) som kom til uttrykk i heile fylket og som mange menneske var med på.

Haraldsstøtta ved Haugesund vart reist i 1872 til minne om Harald Hårfagre som etter Noregssoga eg hadde i folkeskulen på 1950-talet, samla Norge under ein konge ved slaget i Hafrsfjord i 872. Småstøttene i omkrinsen symboliserer småkongane og rika deira Harald “samla til eitt rike”. Det er grunn til å tru at dette nasjonale minnesmerket, samansett av element som likna på dei meir enn tusen år gamle bautasteinane, var med og påverka til den omfattande minnesteinreisinga som fann stad fram mot, og i jubileumsåret 1914.


Årgang 10, nr 3 - 2001

Minnesmerke i Sogn og Fjordane

Kjelda

53

Kjenneteikn ved minnesmerke på 1900-talet Tabellen på s. 46 viser at i historisk tid er reising av minnesteinar eit 1900-tals fenomen. Dei fleste minnesmerka vart sette opp i denne perioden. Nedanfor fylgjer ei gruppering etter fysiske kjennemerke. Innskrift til minne - naturleg plassert stein, i berg

Kjenneteikn: Enkle, korte innskrifter i berg eller naturleg plassert stein. Døme: I 1914 vart far og son drepne i eit snøras på veg inn Tundalen til stølen deira i Fresvikjordalen. Etterpå hogg nokon inn årstalet 1914 i ein stein på staden det skjedde. Nokre år tidlegare vart den 50 år gamle Anna Torkildsdotter drepen i ei arbeidsulukke. Ho fekk ei høyvelte (rodde) over seg. Her og vart ulukkseårstalet, 1904, hogge inn i ein stein på staden.

Minnestein - innskrift, framside/bakside

Kjenneteikn: Etter måten høge steinar, naturleg forma eller bearbeidde. Skriftteikna oftast innhogde. På framsida står kven/kva steinen er reist over/for, på baksida av og til kven som reiste steinen og når. Døme: Minnesteinen ved den gamle dokterbustaden i Vadheim. Innskrifta på framsida informerer om kven steinen er reist til minne om (to frå bygda som fall i krigen 1940-1945) og på baksida kven som reiste steinen. (ungdomen) På garden Eitorn i Leikanger står ein vel to meter høg “bautastein”. Han vart sett opp kring 1950 av gardbrukaren. På steinen står innhogge namnet på den fyrste brukaren i hans slekt og årstal. På Lønne i Lånefjorden, Balestrand, står ein liknande “gardsstein”.

Minnestein - innskrift og plate

Kjenneteikn: Som føregåande, men med innskrift på metallplate eller i kombinasjon, både på stein og plate. Døme: På ein minnestein ved Oppstryn kyrkje over Kolbjørn K. Bolstad, som fall 7.2.1945, er det ei kun-

stnarleg utforma bronseplate over innskrifta på steinen nedunder. På minnesteinen på Borlaug, Lærdal, over falne soldatar, står heile innskrifta på metallplate.

Minnestein - innskrift og relieff

Kjenneteikn: Portrett i støypt metallrelieff, oftast kunstnarsignert. Innskrift. Nokså vanleg. Døme: Johannes Haarklou-relieffet i Haukedalen, Førde, er signert Maja Refsum, 1927. Gabriel Reed-relieffet på Utvikfjellet er signert Alv Nyland.

Minnesmerke - skulptur

Kjenneteikn: Byste, heilfigur, eller meir samansett kunstverk. Ofte plassert på sokkel. Innskrift. Etter måten stor kostnad. Døme: Gustav Indrebø-steinen i Årdal, - ein byste signert Dyre Vaa står på steinsokkel laga av steinhoggar Jørgen Solheimsnes frå Årdal i Jølster. Rallarmonumentet i Øvre Årdal, avduka av Einar Gerhardsen våren 1968, er laga av bilethoggaren Odd Hilt. Det er reist til minne om dei som arbeidde vegar og tunnellar i fjellet på Tyinanlegget frå 1911 til 1940.

Minneplater

Kjenneteikn: Metallplater som oftast oppsette til minne og informasjon om ein stad eller ei hending. Ofte festa i berg eller stein utan noko i tillegg. Døme: På den gamle kyrkjestaden nedmed vatnet på Reed i Gloppen vart det i 1986 sett ned ei helle med informasjon om at “her her stod kyrkjene i Breim til 1886.”

Minnebygningar

Kjenneteikn: Bygningar oppsette til minne. Døme : Hausten 1943 vart hurtigruteskipet D/S “Sanct Svithun” bomba av allierte fly i skipsleia ved Stad. Meir enn 50 menneske omkom. Folk i Ervika utførte eit imponerande bergingsarbeid. I 1970 vart det vigsla eit minnekapell i Ervik og skipsklokka frå “Sanct Svithun” er no kyrkjeklokke i kapellet.

Minneobjekt inne - plater, tavler, byste osb.

Kjenneteikn: Laga til plassering innomhus. Av mindre omfang, ulike typar, som t.d. skulpturar, bilete. Finst truleg mange objekt kringom i fylket til minne om personar, hendingar. o.a. Døme: 13. mars 1941 vart D/S “Samlanes” minesprengt ved den engelske sørvest-kysten. Heile mannskapet omkom. Erling Kandal frå Breim var ein av dei. 1. mai 1948 heldt Nesstranda ungdomslag minnehøgtid. Dei hadde skaffa eit vakkert bilete som vart avduka og hengt opp i ungdomshuset. 17. mai 1914 vart det avduka ein minnestein over dei to som framfor nokon annan bygde Sogndal folkehøgskule, Henrik Dahl og systera Mette. Same dagen fekk skulen overlevert ei byste av Dahl til å ha ståande inne i ein av skulesalane. Bysta var ei gåve frå sogndølene. Rallarmonumentet i Øvre Årdal, avduka av Einar Gerhardsen våren 1968, er laga av bilethoggaren Odd Hilt. Det er reist til minne om dei som arbeidde vegar og tunnellar i fjellet på Tyinanlegget frå 1911 til 1940.


54

Kjelda

Minnesmerke i Sogn og Fjordane

Årgang 10, nr 3 - 2001

Kjelder til kunnskap om minnesmerka Minnesmerkearkivet for Sogn og Fjordane skal innehalda eit breitt kjeldemateriale til kunnskap om minnesmerka og kva dei er oppsette for. Dei einskilde kjeldestykka kan vera dokument i original eller kopi, eventuelt tilvising, t.d. til minnestein- nemnd/ komite. Tilfanget kan vera møtebøker (frå nemnder), saksdokument (avtalar, brev, teikninger, skisser, manuskript, m.m), rekneskapsmateriale, noteringar (t.d. opplysningar frå munnlege kjelder, stoff frå trykte kjelder (bøker, hefte, aviser, m.m.), biletmateriale (fotografi, film, video, m.m.) Kvar minnesmerke-mappe skal innehalda: opplysningar om minnesmerket no (plassering, storleik, materiale, form, tilstand, eigar, grunn, o.l.) og historisk dokumentasjon. (når vart minnesmerket reist, kven gjorde det, kvifor, det handtverksmessige/kunstnariske, avduking, flytting, m.m.) Innsamlingsarbeidet så langt har vist at den samla dokumentasjonen om kvart minnesmerke som regel finst spreidd mange stader: a) det kan finnast i kommunalt arkivmateriale, i arkiv til lag og organisasjonar, i andre privatarkiv, i fylkeskommunale arkiv, i statlege arkiv, i prenta tilfang (bøker, hefte, tidsskrift, aviser), i fotosamlingar, og i minnet til folk. b) det kan finnast oppbevart hjå private, i arkivinstitusjonar, i bibliotek, NRK-arkivet Sogn og Fjordane. Å få fatt i alt eller det meste, er som å løysa eit puslespel, berre med den skilnaden at du fyrst må leita opp bitane.

Minnestein i Eivindvik

Innsamlingsarbeidet kan illustrerast med eit døme frå Gulen. På kyrkjegarden på sørsida av kyrkja i Eivindvik står ein gravstein (minnestein) som skil seg litt ut frå dei andre såvel i form som storleik. Innskrifta “fortel” at han vart reist av slekt og vener over “A. Bredvik [d. 1952] og hustru Ragna [d. 1979]”. Spørsmålet melder seg: Kven var han denne “A. Bredvik” som fekk ein så stasleg minnestein på grava si, når skjedde det, og kven stod bak?

Eitt av fotografia i arkivet til Gulen Sparebank frå avdukinga av minnesteinen i Eivindvik over lensmann Augustin Bredvik. Steinen var sveipt i det norske flagget og mykje folk var tilstades på avdukingshøgtida. (Fotograf: Ukjend.)

Sjølv møtte eg “A.Bredvik”-minnesmerket under arbeid med arkivet til Gulen Sparebank. I ei biletsamling låg fire fotografi tekne på avdukingsdagen. Tidlegare banksjef Magnor Midtun kunne gje opplysningar: a) om hovudpersonen: Bredvik var med i bankstyret mange år, b) om nokre av personane på biletet: - ordførar Ludvik Kjellevold, sokneprest Johan Vatne, fru Bredvik, boktrykkjar Eide frå Bergen som i mange år var ein god ven av Bredvik og frue. I ei jubileumsbok til Gulen Sparebank fekk “A.Bredvik” eit ansikt - (så, det var slik han såg ut!), og i arkivet etter Gulen Sparebank går det fram at banken hadde krans til gravferda og ytte tilskot til minnesteinen. På leit i “Firda” fann eg stykke om Bredvik då han fylte 80 år, 20. januar 1948, og minneord då han døydde fire år seinare. Sjølv om det heilt sikkert er meir å finna, t.d. om avdukinga, i “Firda” og andre stader, er det no såpass rikt innhald i mappa på minnesmerke “Augustin Bredvik”, at det kan lagast eit lite stykke. (sjå s. 000)

Ynskjer dialog

I arbeidet med å byggja opp minnesmerke-arkivet er det svært mykje å vinna ved samarbeid, ved at me når fram til folk som kan “forsyna” oss med tilfang, mykje eller lite, alt er av interesse: opplysningar, fotografi, dokument, tilvisingar. På leit etter tilfang til eit minnesmerke som


Årgang 10, nr 3 - 2001 står på Ålahøgda, ikkje langt frå den gamle båtstoppestaden i Kvammen, no Askvoll kommune, fekk me tips om å venda oss til Ragna Rørvik. Resultatet var opplysningar om minnesmerket som ikkje finst nedskrivne nokon stad, og fleire fotografi frå avdukinga. Utan desse opplysningane og

Minnesmerke i Sogn og Fjordane

Kjelda

55

desse fotografia, ville mappa på minnesmerke “Ålahøgda” vore mykje tynnare. Difor er det så viktig at me kjem i kontakt med folk som veit om noko, som kan supplera kjeldematerialet til kvart minnesmerke. Det kan skje på fleire måtar, - skriv, ring, send e-post, eller stikk innom.

Hugseliste for kjeldeinnsamling

Kva er av interesse? Alt! Det me har særleg interesse av, kan samlast under fylgjande 9 punkt: 1. Namn - kva kallar ein minnesmerket lokalt ? (Til dømes Angell-steinen, Bautasteinen.)

2. Opplysningar om stad - så utførleg at ein ukjend kan ta seg fram. Bruk gjerne meter i høve til fastpunkt, t.d. vegkryss så og så.

3. Opplysningar om minnesmerket (ei kort utgreiing om form, materiale, storleik, - lag gjerne ei enkel skisse, noter mål o.a.)

4. Innskrift/inskripsjonar. Noter line for line. Bruk stjerneteikn * for å markera at her byrjar ny line. Bruk store og små bokstavar i samsvar med originalinnskrifta.

5. Kven laga minnesmerket? Utforming, innskrift, namn/signatur på eventuell kunstnar. 6. Minnesmerke-historie. Her er alle opplysningar om soga til minnesmerket av interesse. Når vart minnesmerket reist? Kven gjorde opptak? Kven var drivkraft/gjorde arbeidet? Avdukinga? Eventuell flytting? Vert minnesmerket “brukt” på nokon måte, t.d. minnesteinar over falne i 17.mai-feiringa. Ta med referanse til eventuell omtale i trykte kjelder (aviser, blad etc).

7. Opplysningar om person(ar) hending, o.l. minnesmerket er knytta til. Her og er eventuell referanse til trykte kjelder av interesse.

8. Finst det nokon som var med då minnesmerket vart reist, som kan fortelja litt om arbeidet på lydband? 9. Finst det foto? Frå arbeidet med å setja opp minnesmerket, avdukinga, person(ar)/hending knytta til min-

nesmerket, kransepålegging, eventuell tidlegare plassering, minnesmerket nå. Her er me interessert i å få låna, eller få tilvising.

Dette fotografiet fra avdukinga av minnesteinen i Ålasvingen i Askvoll over falne var det Ragna Rørvik som greidde å få fatt i til oss. Biletet er svært verdfullt minnesmerke-dokumentasjon. Den store folkemengda er eit talande vitnemål om at reising av minnesteinen og avdukinga i 1950 var ei stor hending i bygda. (Foto: Svein Olsen, Bergen).


56

Kjelda

Minnesmerke i Sogn og Fjordane

Årgang 10, nr 3 - 2001

Til minnesmerke-reisarar i perioden 2001-2010! Minnesmerke-arkivet er ikkje berre retta mot fortida og dei minnesmerka som er på plass rundt om kring. Målet er å supplera med nye etter kvart som dei måtte koma. Ynskjedraumen er difor at kvar einaste minnesmerke-ansvarlege nemnd/instans/person heretter er omhyggeleg med å dokumentera heile reisings-prosessen, og så ved vegs ende, når duken har falle, avleverer alt til Fylkesarkivet for oppbevaring og bruk. Om dette kunne verta praksis, vil folk i ettertid sleppa å leita med lys og lykte i krer og krokar etter minnesmerke-stoff.

Ein enkel “arkivplan” kan vera: noteringar om “arbeidets gang” (journal), møtereferat, korrespondanse og saksdokument, eventuelt trykt program, rekneskap (også vedlegg),manuskript (til talar, helsingar) avisutklipp, biletdokumentasjon (også frå arbeidet fram til avduking), lydopptak (t.d. avdukingstale). Les elles hugselista ovanfor om kva som er av særleg interesse.

Minnesmerke-artiklar på Internett Eit viktig mål for arbeidet med minnesmerke-arkivet er å gjera kjeldematerialet tilgjengeleg for bruk, - for skular, reiselivsnæringa og folk flest. Det gjer me mellom anna ved å laga ein kortfatta, illustrert artikkel om av kvart minnesmerke i ein Internett-versjon av eit kulturhistorisk atlas/leksikon for Sogn og Fjordane (www.sffarkiv.no/atlasleksikon). Me er interessert i kommentarar til desse artiklane, supplerande opplysningar, korrigeringar og spørsmål. Ein stor fordel med eit digitalt kulturhistorisk/atlas leksikon, samanlikna med ei bok, er at me på denne måten kan oppdatera kontinuerleg. Ved utgangen av september, var det laga 91 minnesmerkeartiklar, fordelt med 80 på kommunane og 11 utanom fylket, slik oppsettet nedanfor viser. Døme på ein artikkel står på neste side. Askvoll Aurland Balestrand Bremanger Eid Fjaler Flora Førde Gaular Gloppen Gulen Hornindal Hyllestad Høyanger Jølster Leikanger Luster Lærdal Naustdal Selje Sogndal Stryn Vik Vågsøy Årdal Utanom fylket Til saman

5 2 1 4 7 1 1 0 2 4 2 1 1 3 3 8 3 2 3 2 11 8 7 0 2 11 91

Julespørsmål Dette minnesmerket står ein stad i Nordfjord, same staden som Christian Wennevoldminnesmerket. Greier du å finna dei rette svara på spørsmåla under og sender dei inn til oss innan 15. januar, kan du verta den heldige vinnaren av boka om stoppestadene til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. (NB! Det er ikkje lagt ut artikkel om dette minnesmerket på Internett.) 1. Kvar står minnesmerket? 2) Kven er mannen på steinsokkelen? (Namn og “yrke”) 3) Bysten er signert ES 92. Kunstnaren er busett i Sogn og Fjordane. Me er ute etter namnet. Send svaret til: Fylkesarkivet, postboks 27, 6861 Leikanger.


Årgang 10, nr 3 - 2001

Augustin Bred vik (1868-19 52), lensman Gulen frå 18 ni 96 til 1948.©

Minnesmerke i Sogn og Fjordane

Kjelda

Minnesteinen på grava til Au Eivindvik. Ha gustin Bredvik n vender no mot vest meda (midt i biletet) står på sø rsi n han opphav leg vende mo da av kyrkja i t aust. ©

Minnestein i Eiv lensmann Bre indvik over dvik

Augustin Bre dvik (1868-19 52) var lensm år. Ein av "d ei byggjande an menn i Vestla n i Gulen i meir enn 40 "Firda" i eit minneord. D ndsbygdene en 15. ", skreiv minnestein på grava hans ve august 1954 vart det av duka ein d kyrkja i Eiv indvik. Minnesteine n Minnesteinen er samansett av to hovudele slipt namnest ment, ein ståa ein i ein mørk nde del med bergart mot ei framfor ein ho noko lysare "r risontalt plasse åme", og rt del med ein for blomar innf krossmerkt st elt i ein låg ka ein og eit felt rm Steinen vend er mot vest, og . det står: LEN FØDT * 20. JA SMANN * A. NUAR 1868 * BREDVIK * D Seinare er se tt til: OG HUST ØD * 15. MARS 1952 RU * RAGNA 1886 * DØD * * FØDT * 25. 24. OKTOBE SEPTEMBER R 1979 Nedst på stei nen står: REI ST AV SLEK Minnesteinen T OG VENNER vart avduka 15 . august 1954 . A. Bredvik Minnesteinen Au gustin Kristians like etter avdu on Bredvik, fø 19 54 .© kinga i august bonde og fiska dd 20.01.1868 r Kristian Han i Bremanger, sson Bredvik Botn. Han var var son til og Anne Jørg gift to gonger ine Klausdotte , 2. gongen 28 Rasmusdotte r .09.1926 med r Møklebust (1 Ragna Johann 886 - 1979) frå ekteskapa va e Nordfjordeid. r barnlause. H Begge an døydde 15 Augustin Bred . mars 1952. vik gjekk amts skulen (folkeh jordbruksskule øgskule) i Flor i Førde. Yrke ø slivet byrja m lensmannsbe ed fem år som og Mo tjent i Selje, de retter 1 1⁄2 år lensmann i G i Bergen, før ulen ved juletid han vart er 1896, ei st 20. januar 19 illing han hadd 48. e til han gjekk av Engasjert i sa mfunnslivet Bredvik var ei n mykje aktiv person i samfu vidare; - i offe Frå avdukinga nnslivet både ntlege organ, 1954. Ordføra av minnesteinen 15. augu lokalt i Gulen i næringslivet mellom anna st r Ludvik Kjell og og organisasj medlem av ko evold ved minnesteinen. on slivet. Han va m I ba m fo kg un rli ru ks es nnen soknep rådet i over 30 tyret i nesten Jo ha n Va tn e. r rest © 40 år . år So , og m venstre-politika formann i vararepresen tant frå Sogn r på na sj on alt og Fjordane fy 1922-1930. H lke i tre perioda nivå var han an sat i styret r i åra for Fylkesbaat 44 og 8 år. El an les e og Sogn Billa styret for fleire var han sterkt interessert g, høvesvis skogsaka og styringsorgan; engasjerte se styremedlem gi i Bergens Skog formann i Gulens Skoglag i 46 år, sels formann i Sogn og Fjordane sk kap i åra 1916-1942, frå 19 Bergens Skog 42 formann i selskap. Lens ogselskap som dette året vart skilt ut frå mann Bredvik Sparebank, frå var og med i 1916 til 1925 styret for Gulen so formann. I tille gg hadde Bred m styremedlem, og frå 19 25 til 1943 so vik ei rekkje an m dre tillitsverv. Medaljen for Borgardåd I eit minneord vart det sagt om byggjande m han: "--- lensm enn i Vestland ann Bredvik va sbygden uvanl r ein

www.sffarkiv.no/atlasleksikon

57


58

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Minnesmerke i Sogn og Fjordane

Minnesteinen over målaren Anders Askevold - pynta med det norske flagget julekvelden 1944

Minnesmerke-avduking er høgtid og fest. Det føregår om sommaren, i strålande ver (helst) med mange folk til stades. Minnesmerket er tildekka, flagget heist, og det er pynta med grønt og blomar. På programmet står song og musikk, talar og helsingar, og sjølve høgdepunktet, avdukingtalen og stunda når “duken fell”. Me kjenner berre til eitt einaste minnesmerke som vart avduka midtvinters, minnesteinen over Anders Askevold på Korseberget ikkje langt frå kyrkja på Askvoll. Det skjedde 1. juledag 1934. Tidspunktet var ikkje tilfeldig. 25. desember 1934 var hundreårsdagen for Anders Askevold sin fødsel. Det knyter seg ein særskild juleepisode til Anders Askevold-steinen. Ein mann fortel om det i sogeskrift nr 7 for Askvoll kommune. Like før jul kom Teodor Askvold til far hans, Leif Pedersen, og ba han pynta bautasteinen til jul. Det var tanken å bruka eit norsk flagg og granbar og få det på plass seint på julekvelden slik at kyrkjefolket skulle møta ein pynta Anders Askevold på veg til kyrkja 1. juledag. Eit slikt føretak var ikkje det enklaste folk kunne gje seg i kast med på denne tida. Det var mange tyskarar på Askvoll og bruk av flagget var strengt forbode for folk flest. Det skulle lite til før deg blei reagert. Leif Pedersen og sonen greidde det, å få ordna både med flagg og granbar.

1. juledag gjorde folk på veg til Askvoll store auge. Og det kom ikkje tyske reaksjonar. “Natt til 2. juledag”, skriv mannen eg ikkje veit namnet på, “vart stasen fjerna.” Dei snakka aldri noko meir om hendinga så lenge krigen varde.

Anders-Askevold-minnesteinen står på Korseberget nær kyrkja på Askvoll. Relieffet er laga av bergenskunstnaren Amborsia Tønnesen (1859-1948). Då ordføraren for eit par år sidan tok til orde for å flytta steinen til ein etter hans meining meir høveleg stad, kom det straks protestar. Mellom anna vart det peika på at plasseringa og fundamentet er ein del av minnesmerket, staden var valt med stor omhug, - noko som kjem fram i avisnotisen i Firda 1.9.1934: Nemnda ber kommunestyret til å seia si meining.

Til venstre: Notis i Firda 1. september 1934.


Årgang 10, nr 3 - 2001

Tingbøker frå Nordfjord

Kjelda

59

“Den gruelige gjerning udi Tyttingvåg” Ei dramatisk historie frå Nordfjord tingbok 1661

Av Hjørdis Otneim

Bergensborgaren Berndt Jensen

Hovedpersonen i denne hendinga var Berndt Jensen med familienamnet Balchen. Han var truleg ein innflyttar frå Bergen og hadde busett seg i Korsvik i Vereide ein gong føre 1630 i følgje Jacob Aaland.1 Berndt hadde gifta seg med Malene, enkja etter lensmann Oluff Nilsen Vereide. To av sønene til Malene og den avdøde Oluff, Nils og Absolon Oluffsen, var såleis Berndt sine stesøner. Abel og Absolon Berndtsen var Berndt Jensen sine eigne søner. Dei er alle fire, i tillegg til Berndt sjølv, med i denne forteljinga. Bergensborgaren Berndt Jensen dreiv truleg med handel, og låg i den samanhengen i hamn i Tytingvåg der denne hendinga, som her skal forteljast, fann stad. Han var vel på veg til Bergen. Berndt hadde problem med at ein av mannskapet, stesonen Nils Oluffsen, hadde stukke av. Berndt oppfatta situasjonen som om det nærast var mytteri på gang, og let sinnet sitt gå ut over den andre stesonen, Absolon Oluffsen. Så rullar det heile på seg til det endar med ei tragedie. Hendinga i Tytingvåg kom opp på tre ulike rettsmøte i Gimmestad skipreide, to på Vereide og eitt på Andenes. Det vart forhøyr av dei involverte, og alt vart skrive inn i tingboka samstundes med at det vart sagt. Derfor er tingbokreferata slikt eit unikt kjeldestoff. Eg har forandra litt på skriftbiletet slik ein finn det i tingbøkene for at historia skal vere lettare å lese. Eg har dessutan fiksa litt på teksten her og der for å gjere den meir forståeleg, men har elles prøvd å halde den så nær opp til den opphavlege som mogeleg, for å halde på noko av atmosfæren. Så bli med til Vereide den 12. mars i 1661 og høyr om denne gruelege hendinga som nett hadde gått føre seg i Tytingvåg:

Retten vart sett på Vereide 12. mars 1661

Anno 1661 den 12. mars blev en Stevnestue holdet paa Werreid aff Kongelig Majestets fogd Jens Pedersen, overværende disse efterskrevne nemlig, Rasmus Borgesen Rødsetter, Oluff Skjerdal, Anders Rødsetter, Mogens Arnestad, Anders Pedersen Hestenes, Anders Hjelmsetter, Jon Gåsemyr, Paul Følleid, Knud Fitje, Jacob Hauge, Simen Rygg, Anders Ravnestad. Samme dag havde fogden, Jens Pedersen, ladet udi Retten indfordre2 en mand ved navn Berndt Jensen, Borger udi Bergen, som haver beganget3 en gruelig gjerning udi Tyttingvåg den 8. mars om natten i mellem fredag og lørdag

Bygdetinga

Frå langt attende i tida har det vorte halde ting i dei ulike bygdelaga rundt om i landet for at folk i lokalsamfunna skulle kunne ordne opp i sine mellomvære på fredelege måtar. Det var også på tinga at dei norske mellomalderkongane kunne “tinge” med folk, dvs. at dei kunne gjere ulike slags avtalar med folk om t.d. skattar eller militærteneste. På 1500-talet forandra Europa seg. Dei store oppdagingane hadde sett fart i handelen, det vart folkeauke og meir aktivitet. Det var på denne tida at moderne statar voks fram. Danmark-Noreg var eitt av desse kongedøma som utvikla seg til moderne statssamfunn. I denne prosessen tok dei dansk-norske kongane klokeleg utgangspunkt i det som allereie fanst av politisk og rettsleg organisering og brukte det i sin statsbyggingsprosess. Dette var bakgrunnen til at dei gamle bygdetinga i 1590 fekk status som første-instans i rettshierarkiet. Året etter vart det bestemt at det skulle finnast ein fast skrivar ved desse bygdetinga, ein sorenskrivar som skulle ta seg av alt skriftleg arbeid og dessutan vere rådgjevar for dei lokale lagrettemennene som skulle døme i sakene. Då det i 1634 kom ei forordning om at alt som gjekk føre seg ved tinga, skulle dokumenterast, var tingbøker allereie teke i bruk i mange fogderi i landet. Den eldste bevarte tingboka er datert 1613 og er frå Jæren og Dalane.

Nordfjord tingbøker

Dei tidlegaste bevarte tingboksreferata frå bygdetinga i Nordfjord startar 25. juni 1641. Dei går deretter uavbrotne fram til 23. juni 1645. Vidare har ein samanhengande referat frå 1. juli 1649 til 19. april 1651. Fra 9. juni 1655 og fram til 23. november 1661 er det igjen ei samanhengande rekkje med referat. For resten av 1600-tallet finst bevarte bygdetingsreferat frå åra 1663, 1679, 1681, 1682-83 pluss størstedelen av 1690-talet. Det dreiar seg om referat frå vanlege vår- og haustting, leidangs- og saketing, stemnestover og fylkesting. (framhald neste side)


60

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Tingbøker frå Nordfjord

på sin stesøn Absolon Olufsen, i det han ham med fem sting havde stukket, og udi samme tumult har han sin egen kjødelig søn Abel Berndtsen stukket i armen så han straks på steden døde. Fremkom for retten den beskadigede Absolon Oluffsen og bekjende begyndelsen og enden på denne gruelige ulykke som følger:

Absolon Oluffsen si framstilling av det som hende

Absolon Oluffsen hadde blitt hardt skadd, men greidde likevel å komme med følgjande rekonstruksjon av det som hadde blitt sagt og gjort i den fiskebuda dei heldt til i den natta i mars 1661 i Tyttingvåg. Tilspurde Berndt Jensen sin stesøn Absolon: “Hvordan kom det til at Nils drog hjem uten mitt forlov ? “ Der til svarede han: “Det vet jeg ikke av.” Sagde han til ham igjen: “Nu vil du også drage av uten mit forlov ? “ Svarede Absolon: “ Jeg er ikke langt draget ennu.” Sagde Berndt: “Gud bedre mig, at de således går under jorden mot mig, och drager nu Nils bort, får jeg at skaffe en kar i hans sted. Sådant selskap haver jeg at drages med, og sådant folk er jeg innkommen med, såsom kjeltringselskab og tjuvepakk.” Spurde Absolon: “Hva er det vi har stjålet ? “ Svarede Berndt: “Hva gjorde din fader, stjal han ikke fra kirken ? “ Svarede Absolon: “Vi ere kommen av sådan ærlig folk som I.” Der med stod Absolon opp og gikk på gulvet, og da sprang Berndt frem til ham og tog ham i håret och slog ham et øreslag eller to. Da sagde Absolon: “O fader, beder Gud eder bevare, og vakter eder hvad I gjør.” Berndt sagde: “Hva skal jeg vokte mig for ? Er jeg redd for dig ? “ Der med grep han til kniven som stod i veggen, og stakk Absolon over skulderen opp imot halsen, och skar nedover over akselen, som nu synligen blev fremvist for retten. Med det samme han fikk den skade, tog Absolon om Berndts hand, och mente at holde handen hvor udi han hadde kniven, så han ham ikke mer skulde beskadige. Skar så Berndt det annet skar på samme arm, over for albuen, og tvende andre der hos inden på armen som ere alle store. Det femte sår på hjertet som er stukken, hvilke alle øyensynlig for retten blev anvist. Men efter han de tvende sting bekom, førte Absolon ham over ende på gulvet og satte sitt kne på armen til den ende, at forhindre ham ikke mer at stikke. Ligevel bekom han bemelte tre sår av ham.

Nordfjord fogderi hadde sin første sorenskrivar, Morten Thorbersen, i funksjon allereie på 1590-talet. Seinare høyrer vi om Trugels Jensen. Frå 1611 og fram til 1628 var det Maurits Jensen som fungerte som sorenskrivar. Han vart deretter fogd i Nordfjord fram til han døydde i 1639. På Herredagen på Skåden i 1623 høyrer vi om at Maurits Jensen var til stades, og at han hadde med seg tingboka for Nordfjord. Det er sannsynleg at praksisen med å skrive tingbøker starta då han tok til som sorenskrivar i Nordfjord i 1611. Men det som måtte ha funnest av tingbøker i denne første tida, har gått tapt. Det vi i dag har bevart av tingbokmateriale, startar i 1641. For nokre år sidan tok eg til på evigheitsarbeidet med å transkribere dette kjeldestoffet, og vart etter kvart meir og meir fascinert av det eg las og skreiv. Då eg først hadde forstått den gotiske handskrifta og blitt innforstått med den private rettskrivinga til dei to sorenskrivarane, Ivar Ankersen og seinare Søren Christensen, og trengt meg gjennom det stive, danske kanselli-språket, så møtte eg levande menneske stige fram frå gløymde tider. I transkribsjonsarbeidet fann eg for året 1661 eit rettsreferat som gir ei uvanleg dramatisk og levande skildring av ein far som kom til å drepe sonen sin. Det er mest som eit ferdig filmmanus slik det er skrive ned av sorenskrivar Søffren Christensen. Det er denne historia som er attgjeven her. I mellertid Berndt låg under ham på govet, og som Absolon fornam at blodet forløb sig, og hans arm begyndte at styrne, sprang han på døren i en fiskebo. Og som han då utkom, og vilde holde døren til at Berndt ikke skulde komme ut effter ham, då hørde Absolon at Berndts egen søn Abel ropte og sagde: “O fader, nu fick jeg skade.” Da sagde Berndt: “ Fikk du skade, o min Søn.” Og med samme slapp Absolon ut på marken og gikk opp i gården Tyttingvåg. Og straks der effter kom Berndt efter ham der Absolon han låg på bordet i Laurises stue, och sagde til Absolon: “Du skalt ikke sige, at jeg gjør hjem sogen på dig.”4 Han begerede5 at folk skulde komme neder at se hans barn før det døde. Og der med fulgte ham neder Paul, og Lauris Zakrisen og Lauris Andersen Tyttingvåg, samt Anders Rasmusen tjenendes enken samme steds och aff disse personer gikk følgende med Berndt inn i huset: Paul Danielsen og Lauris Andersen.


Årgang 10, nr 3 - 2001 Og da de indkom, låg Abel Berndtsen i sengen, og tog de på ham, og da talte han intet till dem. Men siden spurde han de omkringstående om de ikke havde et stykke ingefær. Og ingen var som det havde. Og siden talede han ikke et ord, og litt der efter gikk de til sengen igjen. Da var han død.

Berndt Jensen vedgjekk det han hadde gjort

Berndt vedgjekk etter denne framstillinga til Absolon at han hadde skadd stesonen sin, Absolon, og dernest drepe sin eigen son Abel. Men han la til at det siste var skjedd i uvilje og våde. Korleis det eigentleg kunne gå til, er litt vanskeleg å forstå. Jacob Aaland forklarar det med at lyset gjekk ut, og at Berndt derfor hadde teke feil av Absolon og Abel, men dette står det ikkje noko om i tingboka så vidt eg kan forstå. Absolon bad om nåde hos øvrigheita for sin høge alderdom og sine umyndige barns skuld. Retten syntes at saka var vanskeleg, og utsette det heile til dei hadde søkt råd hos ein høgare instans, dvs. hos lagmannen.

Fogden og sorenskrivaren si reiserute våren 1661

Av tingboka frå 1661 får vi vite at fogden Jens Pedersen Randulf og sorenskrivar Søren Christensen i dei fylgjande vekene som vanleg drog på ein runde rundt i Nordfjord fogderi og heldt vårting i fylgjande skipreider: Stadt, Davik, Eid, Stryn, Olden og Gimmestad. Deretter var dei til stades på eit rettsmøte i Hornindal i Eid skipreide. Så ser det ut til at dei hadde tid til to rettsmøte etter kvarandre i mai/juni i 1661 i Gimmestad skipreide for å sluttføre saka mot Berndt Jensen. Her skal de få høyre korleis det enda.

Lagrettemennene som var til stades på rettsmøta

På det aller fyrste rettsmøtet som vart halde på Vereide den 12. mars i 1660, var tolv lagrettemenn til stades, fem frå Vereide og sju frå Gloppen. Det kan truleg forklarast ut frå det at møtet blei innkalla på kort varsel, og at det derfor ikkje var gjort i ei handevending å få tak i lagrettemenn frå Breim sokn som også høyrde til under Gimmestad skipreide. Dei følgjande to rettsmøta, det som fann stad den 14. mai på Andenes, og det deretter den 12. juni på Vereide, tok begge føre seg berre denne eine saka. Tingboka viser at det då kom seks lagrettemennene frå Breim sokn, to frå Gloppen og fire frå Vereide. Namna på dei var som følgjer: Oluff Skjerdal, Rasmus Førde, Oluff Reed, Aksel Sårheim, Mons Arnestad, Anders Lote, Anders Hjelmesæter, Knut Fittje, Jon Jordanger, Christoffer Seime, Oluff Bøe, Jon Gåsemyr. På desse to siste tingsamlingane, var det den same lagretten som sat. Det var desse mennene som saman med sorenskrivaren skulle døme i dei sakene fogden og andre tok opp på tinget.

Andenes 14. mai 1661: Absolon Oluffsen forklarar seg på nytt

På rettsmøtet som vart halde på Andenes den 14. mai 1661

Tingbøker frå Nordfjord

Kjelda

61

skjedde fylgjande: Fogden fremesket6 Absolon Oluffsen som tilforne haver verit for retten strax effter hand av sin stefader Berndt Jensen var bleven stukket, som i tingbogen foliant7 34 finnes indført, og nu her for retten ham tilspurde, om hva han tilforne havde bekjendt, og hvorledis det havde sig tildraget med Berndt sin egen søn Abels dødelige avgang. Då har Absolon nu her for retten bekjent, at den tid hand tilforne har bekjent om Abel, då var hand meget svag og skrøbelig, at de sting hand av sin stefader bekommet havde, så hand ikke rett kunde eigentlig fortelle hvorledis tilganget var, men nu sagde at Abel fikk sin skade i armen inde i stuen, då Abel kom på golvet og vilde skille dennem ad. Absolon bad inderligen her for retten med sin moder og søskinde at øvrigheden i den beste mening med hans stefader vilde handle, och hand på sin person haver Berndt aff hjertet efterlatt for det hand kunde have gjort ham imod.

14-åringen Absolon Berndtsen forklarar seg

Med på denne Bergensturen hadde Berndt med seg ein annan av sine eigne søner som berre var 14 år. Han heitte Absolon slik som stebroren og låg og sov då tumultane sto på som verst. Også han måtte i retten og vitne om det han visste i denne saka. Berndt Jensens sønn Absolon Berndtsen som er 14 år gammel, fremkom for retten og bekjendte at han lå da denne ulykke skjedde. Men da skaden var skjedd, og hans fader gikk opp i gården, da våknet han og gikk til sin broder som stukken blev og hørde at hans salige broder Abel sagde: “Gud forlade dig, Absolon !” Fogden tilspurde Berndt Jensen om han haver noget videre at fremføre udj retten til sin sags befrielse, svaret “nei”.

Niels Oluffson Vereide som var årsak til hendinga

Niels Oluffsen Vereide var altså stesonen til Berndt Jensen. Noko godt forhold mellom dei ser det ikkje ut til å ha vore mellom dei sjølv om Nils kalla Berndt for far. Det var Nils sin ulydnad som sette det heile i gang. Niels Oluffsen Vereide bleff tilspurd om han drog frå sin fader imot hans vilje, svaret at hans fader vel visste at han hjem reiste og gav ham kost hjem med sig. Effter sådan leilighed satte Fogden bemelte Jens Pedersen udi rette, att effterdi Berndt Jensen sådan gruelig gjerning haver beganget, med sin egen sønn Abel udi Tyttingvåg den 8. mars då han var kommen udi klammeri med sin stesønn Absolon, og Abel blev stukket i armen så han derefter døde. Årsaken til deris klammeri var at Berndts anden sønn Niels Oluffsen var dragen fra hanem i bemelte Tyttingvåg i mot hans vilje, som hans broder Absolon for retten bekjente, og om Berndt, ikke bør for sådan gjerning at lide efter M. B.8 2 och 9 kapittel. . .


62

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

Tingbøker frå Nordfjord

Saken haver vi opptaget på tre ukers dag, efterdi her faller en anden bekjendelse av Absolon Olufsen, enn han til forne haver bekjendt hvilket vi til voris overdommer bør at forstendige og hannem om god rådføring anmode.

Dødsdomen over Berndt Jensen

Sidan Absolon på dette rettsmøtet hadde kome med fleire opplysningar, måtte lagrettemennene og sorenskrivaren igjen rådføre seg med lagmannen og utsette den endelege domen i tre veker til. Så utpå sommaren, nærare bestemt den 12. juni 1661 var sorenskrivaren og dei same lagrettemennene samla på Vereide for å kome med endeleg dom i saka mot Bernt Jensen. Etter å ha lese og studert lovene og tydelegvis konferert med lagmannen og dertil nøye tenkt seg om, såg dei ikkje anna råd enn å døme Bernt Jensen frå livet met mindre den “høye øvrighed ham mildeligen will benaade, og hans boslodd at were forbrutt till Hans Majestet effter Loven”.

hadde desse opplysningane sine i frå, så det er vanskeleg å seie noko heilt sikkert om korleis det gjekk. I alle fall kunne det ikkje vere lett for Berndt å leve vidare med eit slikt mord på samvetet. Noter

1) Aaland, Jacob: Gloppen-Breim, Bygde og ættesoga, s 283 2) innfordre = innkalle for retten 3) beganget = begått/gjort 4) hjem sogn(heimsokn) = valdsverk mot nokon i hans eigen heim 5) begerede=spurde om/ynskte 6) eske =spørje 7) foliant = side i tingboka 8) M.B. = mannebolken = ein del av lova 9) Aaland, Jacob: Gloppen-Breim, Bygde og ættesoga, s 283

Alt Bernt Jensen eigde, skulle tilfalle kongen, og han ville bli henretta med mindre han ikkje blei benåda av øvrigheita, altså av kongen. Det hjelpte ikkje om stesonen hans bad for han eller at Bernt var familieforsørgjar, heller ikkje det at drapet ikkje var gjort med vilje. Her var det “auge for auge og tann for tann”. Eit liv var blitt teke, det laut straffast med døden for å oppretthalde balansen i tilværet. Om han blei benåda av den høye Øffrighed eller ikkje, seier ikkje tingboka noko om. Jacob Aaland9 skriv at han slapp med ei bot. Aaland skriv også at Berndt gifte seg oppatt då Malene var død, og då med ei kvinne som levde til 1699 då ho var 39 år gamal. Det høyrest no litt urimeleg ut. Men dersom noko av dette er rett, vart Berndt i alle fall ikkje henretta i 1661. Men Aaland seier ingenting om kvar han

Siste utveg - Fylkesarkivet

Redaksjon Snorre D. Øverbø (ansvarleg), Gunnar Yttri, Oddvar Natvik Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Fylkeshuset, Boks 27, 6861 Leikanger Tlf. 57 65 61 00. Fax: 57 65 61 01. Kjelda kjem med 3 nummer i året, eitt dobbeltnummer. Ei årstinging kostar kr 95,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Utforming: Oddvar Natvik.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkeshuset, Postboks 27, 6861 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 Konst. fylkesarkivar: Snorre D. Øverbø, tlf. 57 65 64 01, epost: snorreo@sffarkiv.no Arkivarar: Arild Reppen (foto), Fototeknisk avdeling , 6823 Sandane. Tlf. 57 86 51 24, epost: arildr@sffarkiv.no Liv Fridtun (musikk), Leikanger, Tlf. 57 65 64 04, epost: livf@sffarkiv.no Ole Stian Hovland (kommunearkiv), Leikanger, tlf. 57 65 64 09, epost: oleh@sffarkiv.no Gunnar Yttri (kommunearkiv), Leikanger, tlf. 57 65 64 08, epost: gunnary@sffarkiv.no Berit Selseng (kommunearkiv), Leikanger, tlf. 57 65 64 07, epost: berits@sffarkiv.no Maren Feyling (sekretær/stadnamn), Leikanger, tlf. 57 65 64 00, epost: marenf@sffarkiv.no Prosjekt: Hermund Kleppa (Atlas-Leksikon), tlf. 57 65 64 02, epost: hermundk@sffarkiv.no Oddvar Natvik (foto/Atlas-Leksikon), tlf. 57 65 64 05, epost: oddvarn@sffarkiv.no

Nettstad: www.sffarkiv.no

Gunnar Hemre Ringheim på Voss arbeider med å skaffa opplysningar om A/S Stalheim-Gudvangen Automobilselskap. Han har kontakta Fylkesarkivet og fortalt at han har søkt etter dokumentasjon på Statsarkivet i Bergen, men så langt ikkje funne noko der. No vonar han Fylkesarkivet kan hjelpa, og skriv fylgjande om bilselskapet: Selskapet trur me vart skipa i 1920. Hotella i Gudvangen og på Stalheim var aksjonærar - kanskje fleire. Forretningskontoret må ha vore i Gudvangen, etter som bilane var S-registrerte. Ruta som vart køyrd var frå Gudvangen til foten av Stalheimskleivi. Dei to første bilane me kjenner til var S-2 (Fiat) og S-24 (Buick). Grunna spesielle omstende på Stalheim, gjekk selskapet i oppløysing i 1926. O. Hylland og Gudvangen Skysslag starta opp att kvar for seg, men slo seg fort saman att i nyskiping av laget - no med dei nye eigarane på Stalheim som aksjonærar. I 1936 gjekk det nye laget inn i det nyskipa A/S Voss-Stalheim-Gudvangen Automobilselskap med sete på Voss. Har nokon opplysningar eller foto knytta til bilselskapet Gudvangen-Stalheim? I så fall, ta kontakt! Biletet: Gudvangen med den S-2-registrerte rutebilen til Gudvangen Automobilselskap. Me etterlyser fleire rutebil-foto frå Gudvangen-Stalheim i 1920-åra. (Foto utlånt av Jakob Bø, Voss.).


Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001

63

Brynjulv Østerbø i Laksevåg har vore på besøk hjå oss. Han hadde med seg to stykke han har skrive om den illegale farten til Shetland under krigen, fleire fotografi og eit trykt hefte om Fagforeningens Musikklag. Mesteparten av stoffet må diverre stå over til eit seinare nummer. Østerbø skriv mellom anna: Eg er fødd og oppvoksen i Høyanger, der aluminiums-fabrikken ligg. I Høyanger “koka” dei aluminium i svære omnar, og støypte dei i blokker (ingots) frå 30 kg til plater opp til 10 tonn. I Holmestrand låg søsterfabrikken som foredla metallet til skipsplater og kjøkkenutstyr. Transporten gjekk med båtar, opp til fleire båtar frå Austrheim i Hordaland. Tidleg i 1950-åra arbeidde eg i Holmestrand, på valseverket der vi gjekk 3-skift. Vi var på kaien når båtar kom frå Høyanger for lossing, og der vart eg kjent med Olav Bergsvik. Han førde den familieeigde båten “Bergsvik” frå Austrheim. Tre brør var med som mannskap, og alle hadde vore ute under krigen. Olav var ein ekte Englandsfarar under krigen. Han reiste over i tjueårsalderen, og vart kjentmann på dei norske motortorpedo-båtane (MTBane) som gjorde raid på norskekysten. Han snakka lite om den tida. Eg prøvde å få noko ut av han, men det var lite. Ein gong sa han til meg: Har du nokon gong drukke sjøvatn? - Nei, sa eg, og spurde, har du? Meir ville han ikkje seia om den saka. Det lurte eg mykje på, men svaret fekk eg ikkje før 50 år seinare, i boka Krigsår i kystbygder.

Tidleg i 1941 sende tyskarane ut ordre om at spesielle årsklassar skulle registrerast for arbeidsteneste. Olav Bergsvik var ein av dei som skulle registrerast. Saman med Håkon Olav Austrheim og Ludvik Austrheim stal dei ein motorbåt. Båten var i svært dårleg stand. Kompass stal dei frå ein annan båt, og dette vart ikkje korrigert, noko som førte til at dei gjekk nord for Shetland. Dei endra så kurs til 90 grader babord. Då dei var komne nesten opp under land, rauk propell-akslingen. Hjelpelause dreiv dei mot nord. Dei hadde lite vatn og var plaga av tørste. I nesten tretten døgn dreiv dei rundt på havet. Været var dårleg, med storm og snøkave. Til slutt nådde dei land ved Ona fyr. Båten vart reparert, og dei gjekk mot sør. Kan henda var det fleire i Austrheim som ville vere med på ny tur vestover. Men heime venta foreldra med klar melding. Båten skulle leverast tilbake til eigaren, og gutane måtte

melde seg til lensmannen. Dette vart gjort, men alle forstod at dei no var i ein farleg situasjon og måtter røma snarast mogeleg. Etter endå eit mislukka forsøk, kom Bergsvik seg over til Shetland med m/k “Bøfjord”. Østerbø fortel vidare at i ein ferie fekk høve til å vera med Bergsvik på ein tur frå Holmestrand til Måløy. Frå Bergen til Solund reiste vi om natta, og Olav fortalde og han lyste med lyskastaren på kvart eit hus og nes. - Det huset er raudt, sa han og slo på lyset, og det stemte. - Der låg vi tre døgn ein gong, sa han, og lyste inn i ei vik. Olav Bergsvik er no åtti år gamal.

Motorkutteren “Bergsvik” gjekk i 1950-åra mellom Høyanger og Holmestrand, lasta med aluminium den eine vegen og sement frå Brevik på tilbaketuren. Brynjulv Østerbø fekk vera med på ein tur i ferien sin ein gong. Her sit han til venstre på romluka med Olav Bergsvik ved sida.


64

Kjelda

Årgang 10, nr 3 - 2001 Retur:

C

FYLKESARKIVET Fylkeshuset Postboks 27 6861 Leikanger ISSN 0803-9682

Sjå på Jølster! - Eg er forundra over kor lite mange verksemder i Sogn og Fjordane brukar historia si i marknadsføringa! - sa Finn B. Førsund under boksleppet sparebanken i Jølster skipa til på Kjøsnes, fredag 2. november. Det var boka “Jølster. Hundre år med bygd og bank.” som folk fekk i hende, rykande fersk frå Selja Forlag.

nytta banken på Skei etter at bygda fekk vegsamband nordover i 1986). --- Bokslepp 2. november i bygdehistorisk miljø på Kjøsnes, der m.a. ei dramatisering av opningsdagen 1. april 1901 stod på programmet. To fyrsteklassar var innbedne og borna fekk etterpå kvar sitt

På Fylkesarkivet ynskjer me at arkivtilfanget me samlar, ordnar og oppbevarer, - den kulturhistoriske kapitalen me har i magasina våre, skal kasta av seg, koma til nytte, - nå og i framtida. Det er ikkje eit mål i seg sjølv å samla inn, salta ned og gøyma bort. Bankarkivet i Jølster har alt kome til nytte for ei bok og for ei utstilling. Slik vil me ha det!

Finn B. Førsund har skrive teksten og ei boknemnd har saumfare heile Jølster på leit etter gode bilete. Fylkesarkivet har ordna det eldste bankarkivet og på den måten lagt tilrette eit viktig kjeldetilfang for bokskrivaren. Lite historie i marknadsføringa? Her er i alle høve eitt glimrande døme: Sjå på kva Sparebanken Sogn og Fjordane - Jølster har prestert dette året: --- Ei svært tiltalande bok om bygda og banken i høve jølstrabanken sitt hundreårsjubileum. Jølstringane har verkeleg noko å sjå fram til, eit eksemplar av boka i posten, som helsing frå banken og “kvittering” for god oppslutning om bygda sin eigen bank gjennom 100 år. (Husstandane i Fjærland får også glede av boka, mange fjærlendingar har meir og meir

gåvekort på 100 kroner av den fyrste kasseraren i banken, alias banksjef Juklestad, for høvet kledd i fin, gamal direktørdress. --- Ei bankhistorisk utstilling Den nye bankjubileumsboka har i banken på Skei og filialen mange rammetekstar, mellom anna på Vassenden, bankhistorisk småstubbar om dagleglivet og spørjetevling for bygdefolket, jubileumsfest i høve bankarbeidet. Her er ein: opningsdagen 1. april 1901, jubileumsgåver til born og Ei tid før jul i 1922 fekk banken brev vaksne, og visst endå meir. frå ein kunde som ville ta ut 300

kroner. Eitt hundre av dei bad han om å få sendt til ein annan person i grenda. “Han har vel bruk for pengar til jul, han og,” står det til slutt i brevet til bankkasseraren.

ein vri på dette: Ei verksemd (t.d. Sparebanken Sogn og Fjordane Jølster) + ei aktiv boknemnd + eit arkiv (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane) + ein forfattar (t.d. Finn B. Førsund med kring 20 lokalhistoriske titlar på merittlista) + eit forlag (t.d. Selja Forlag - eit av dei beste i landet) = trestjerners bok!

By og land - hand i hand, var eit politisk slagord i mellomkrigstida, og meint som ei oppskrift for å oppnå godt resultat. Eg har lyst til gjera

Jølster - Hundre år med bygd og bank er langt meir enn historia om sparebanken i Jølster frå 1901 til 2001. Boka fortel om dei store endringane som har skjedd i næringsliv, busetnad og lokalstyring på 1900-talet. Sparebanken i Jølster har heile perioden spelt ei aktiv rolle i bygdeutviklinga. Boka fortel om skiping av banken, og gir mange forvitnelege glytt av drifta gjennom heile 1900-talet. Illustrasjonsmaterialet er framifrå, noko som fyrst og fremst skuldast arbeidet til banken si boknemnd med Arne Sandnes, Lidvar Klakegg, Margunn Gåsemyr og Kjell Juklestad. Dei greidde å skaffa fram ei rekkje gode og og illustrerande bilete som for ein stor del aldri har vore på trykk tidlegare. Nemnda var elles til stor hjelp for forfattaren og forlaget med å henta inn stoff og lesa korrektur. Boka kan kjøpast hjå Selja Forlag, Postboks 151, 6801 Førde. E-post seljafor@online.no Og hjå bokhandlarane i fylket.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.