Gloppen friidrettslag - årsmelding 2014

Page 40

Veteransesongen 2014 Innandørs

Vi hadde med to utøvarar under den kombinerte norske og nordiske veteranmeisterskapen i Haugesund 7.-9. mars. Dagfinn Nyhammer (60-64) deltok på 60m, 200m og 400m, i tillegg til at han tok gull med det norske førstelaget på 4x200m stafett. Jørgen M. Holme (80-84) deltok i kule og vektkast. Totalt returnerte dei til Gloppen med ni medaljar i bagasjen frå dei to meisterskapane.

Terrengstafettane

Etter mange år med sterk innsats i Holmenkollstafetten makta ikkje løparane våre i klasse 55+ mix å stille lag i 2014. Vi kan derimot glede oss over at vi var tilbake med eit herrelag i Olden. Jan Erik Roset, Eivind Rauset, Jon R. Hauge, Reidar Moldestad og Knut Roger Nesdal sprang GFIL inn til sølvmedalje, 20 sekund bak Jølster. Med mange GFIL-veteranar i god trening før neste sesong bør vi kunne gi Jølster reell kamp om gullet siste helga i april. På Breimstafetten skulle vi ønskt at vi var representerte med meir enn det eine laget vårt i yngste herreklasse. Men all ære til dette laget (Jan Erik Roset, Bent Inge Eide, Eivind Rauset, Sveinung Søreide, Dagfinn Nyhammer og Arne Mykland), som tok ein flott andreplass i ei klasse med fem deltakande lag.

Banestemne

Sju utøvarar frå GFIL deltok i veteran-NM på Ravnanger Idrettspark på Askøy 20.-22. juni. Else Lundestad Bakkelid (35-39) var einaste kvinne i troppen, men var til gjengjeld i særklasse vår sterkaste utøvar. Ho deltok i sleggje (40,10), diskos (38,37), kule (9,29) og vektkast (11,46) med fire gull som resultat. På herresida gleder vi oss spesielt over at Vegard Vereide (40-44) stilte til start på 800-meter, meir enn 20 år etter at han sist var med på baneløp. 2.20,26 og femteplass lèt seg så avgjort høyre etter så mange år ute av det gode selskap. Elles deltok Jon R. Hauge (40-44) på 400m og 800m, Magnar Holvik (60-64) på 100m og 200m, Jakob Eirik Lothe (60-64) i kule og diskos, Dagfinn Nyhammer (60-64) på 100m, 200m og 3000m og Jørgen M. Holme (80-84) i sleggje, diskos, kule og vektkast. På 1000-meter stafett i klasse 40-49 år gjekk vi (Magnar Holvik, Dagfinn Nyhammer, Vegard Vereide og Jon R. Hauge) sigrande ut av sølvkampen mot Jølster. Vi var heller ikkje langt bak vinnarane frå arrangørklubben Ask Friidrett, som hadde den utflytte glopparen og tidlegare hekkekjempa Bård Sandal på laget. KM blei arrangert på Byrkjelo 30.-31. august. Desse sju GFIL-veteranane deltok: Else Lundestad Bakkelid (sleggje, diskos og kule), Jon R. Hauge (100m og 200m), Per Andenæs (diskos), Magnar Holvik (100m og 200m), Jakob Eirik Lothe (høgde og kule), Olav Lyslo (200m, 800m og 5000m) og Jørgen M. Holme (sleggje, diskos og kule).

Veteranserien

Det blei ein klar poengtilbakegang for alle tre laga våre. Likevel kan vi glede oss over at damelaget i 3.-divisjon greidde tredjeplassen og med det berga det andre opprykket på rad. Enkeltresultata på dette laget var det svært høg klasse over, men totalt fem noteringar kan vi ikkje vere fornøgde med. I år kan vi ønskje Merete Helgheim velkomen som veteran. Etter Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

40


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.