Page 1

Gloptimisten • JUNI

7

2018

Bli meir kjende med NM-deltakarane frå Gfil Vi har stilt følgjande spørsmål til våre aktuelle NM-deltakarar:

Steinar Kleppe (slegge) Hei! Eg er Steinar Kleppe og bur i Naustdal saman med kone og barn. Her jobbar eg som geolog i Nordic Rutile som jobbar med å utvikle eit gruveprosjekt i Engebø­ fjellet. Årets treningsvinter har mildt sagt vore begredelig. Har vore veldig krevande med jobb, og det kombinert med husbygging og et hek­ tisk familieliv har dessverre ført til et alt for lavt fokus på trening. Får sjå etter kvart. Meisterskap på Byrkjelo er alltid kjekt, så eg skal nok uansett form greie å slepe meg inn i ringen. Mål­ setningane i år er for første gang på fleire år ikkje å ta medalje, men rett og slett å stille. Kjem, basert på veldig få treningsøkter, til å slenge med leppa til dei som hav­ nar under meg slik at dei tar seg godt saman til neste år!

• Skriv litt om deg sjølv

Marte Rygg Årdal (slegge)

Hei! Eg er 26 år, forlova (Richard, red.anm), tannlege i Førde og sleggekastar. I vinter har eg fått trent meir enn dei siste studieåra, så det har vore bra. Men det er ikkje så enkelt å få kaste i Førde på vinterstid då det ikkje er varme i ringen. NM på heimebane blir veldig kjekt! Målet er fina­ le og så nærme pallen som mulig!

• Korleis har årets treningsvinter vore?

Thomas Mardal (slegge)

Thomas Mardal er 21år, singel og student på Univer­ sity of Florida der eg kastar slegge. Treningsvinteren har gått fint, det har vært en lang se­ song for meg allerede men eg ser fram til konkurransa­ ne som ventar i Norge. Har hatt litt forkjølelsar innimel­ lom og litt hofte- og rygg­ problemer men ingenting dramatisk. Nm på heimebane blir veldig stas, spesielt sidan Ju­ nior NM på Byrkjelo gjekk so bra! Dessutan er Byrkjelo eit av dei finaste anlegga i landet, etter mi meining! Målsetninga mi i NM blir å kaste over 70m og ta sølv. Det blir en veldig kjekk kon­ kurranse med veldig høgt nivå!

Hans Sande (slegge)

Hans Sande, (22, singel) er for tida busett i Bergen der han er på 2. året av utdan­ ninga si innan Marintekno­ logi. Har budd i Bergen i tre år no der 2 av dei har vore pre­ ga av skader i lår og hofter. Hausten 2017 blei veldig dårleg treningsmessig, der det blei gjort eit forsøk på å gje musklaturen mykje kvile og behandling. Dette gav til ei viss grad resultat der star­ ten på 2018 har gått vesent­ leg betre. Fått trena godt no i nokre mnd. og formen ser ut til å skulle bli bra fram mot NM. NM på heimebane blir naturlegvis moro å være med på, etter fleire år med skader har det vore eit mål å kome seg i form til det stev­ net og nærme seg 60m på heimebane.

Merete Helgheim (kappgang)

Else Lundestad Bakkelid (diskos) Hei! Eg heiter Else Lundstad Bakkelid, er 41 år og gift med Bjørn Bakkelid. 6 gutar i alderen 5-19 år. Førskule­ lærar, jobbar på avdeling og som styrar i Bakkeligrenda barnehage. Har vore ein trenings­ vinter med trening jamt og trutt, med hovudfokus på styrketrening. Ikkje skade el­ ler sjukdom. Bli kjekt å få delta på NM på heimebane. Har som mål å kaste opp mot 50 meter, aller helst over 50 meter!

Merete Helgheim: 38 år! Samboar. Arbeider i Mattil­ synet. Aktuell friidrettsøving på NM: 3000m kappgang. Tre­ ninga var passe bra i vinter frå november til februar. Er nå på andre omgang med forkjøling etter februar, men er heldigvis nokre veker igjen til august og NM. Sliter elles med ein skade i foten som aldri heilt blir bra, så blir lite spesifikk trening. Målet med NM er å ta medalje. Kanskje det blir mitt siste seniorNM (eg er faktisk også veteran i frii­ drettssamanheng). Byrkjelo vil vere ein fin plass å avslut­ te kappgangkarriera på (men skal aldri si aldri…)!

Evald Osnes De­ vik (slegge) Eg er ein blid, kjekk kar frå rygg som hive slegge. Er for augeblikket i Sogndal der eg studera eit årsstudie i idrett og personleg trening. Eg er nett blitt 23år og er i eit forhold. Jobbar også deltid i Widerøe på sandane. Årets treningsvinter har vore veldig prega av eit nytt miljø. Her i Sogndal er det ikkje mogleg å drive friidrett på vinterstid. Så det har ikkje vore noke kasting Ellers så har eg vore litt plaga med sjukdom og skader. Primært kne og lår Det kjem til å bli svært kjekt å delta på NM på hei­ mebane. Det er noko som gjer meg mykje motivasjon for å satse vidare. Eg håpar på medalje. Blir det pers og, er det ein stor bonus.

• Korleis blir det å stille på heimebane, og kva er målsetjinga for meisterskapet?

Trude Raad, (slegge og diskos) Mitt namn er Trude og eg er 28 år. Eg er utdanna ergo­ terapeut og jobbar som mil­ jøterapeut i eit bufellesskap. Har tatt vidareutdanning i spes.ped og nettopp ferdig med eksamen i åtferdsvan­ skar på høgskulen. På fritida kastar eg sleg­ ge. Vinteren har vore kald i år, og det har gått utover kastinga. Kroppen har ikkje takla kulda, så det har blitt mindre kasting enn planlagt. Men eg har fått trent godt i styrkerommet. No gjelde det å kaste mykje og godt, så har eg tru på lange kast. Vore ein del småsjuk i haust og vinter, men har tatt lite ska­ de av det.

Simon Hjelle Lidal (spyd) Eg er ein spydkastar som går på lærarstudie i Halden, og konkurrere for Gloppen Fil. Eg er 20 år, er singel, og skal jobbe på hydro alu­ minium til sommaren. Denna oppkjøringen til sesongen har ikkje gått som planlagt, eg har slete med eit operert korsbånd, og har ikkje fått kasta optimalt eller trent optimalt etter det. Men det går mot lysare tide og eg er snart i topp form igjen. Eg har endå ikkje klart å kvalifisere meg til NM ­ et, men det satsar eg på å klare ut gjennom sesongen. Det hadde vore kjempeartig å delta på NM på heimeba­ ne, men målsettingane for meisterskapet må vere å få til oppgåvene mine som eg skal gjere i kastet, så får me­ terane komme etter det.

Marit Årdalsbakke (diskos)

26 år, vokse opp på Skei i Jølster. Bur i Oslo og jobbar som Fysioterapeut samtidig som eg satsar på vektløfting. Fann ut i sommar at eg ville prøve å kvalifisere meg til NM sidan det var på Byrkjelo, eg hadde uansett tenkt å reise for å sjå på. Så kvifor ikkje konkurrere også når eg først var der, berre for morro skuld. Eg har ikkje konkurrert eller kasta diskos sidan NM i 2014. Mitt første NM i friidrett var på nettopp Byrkjelo i 2011. Derfor ekstra kjekt å komme tilbake og kaste igjen under årets NM.

Av: Robert Andre Moldstad, Ole Morten Mardal og Nils Ove Roset

Profile for Birgith Hjelle Roset

NM 2018 bli kjend med Gfil-troppen  

NM 2018 bli kjend med Gfil-troppen  

Profile for friidrett
Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded