Page 1

INFORMASJON

NM–spesial GLOPPEN FRIIDRETTSLAG - GLOPPEN KOMMUNE - JUNI 2018

Lever blant «krokodiller»

Vi varmar opp til nytt NM

Vellukka antidopingseminar

Utøvarar og støtteapparat i Portugal

Hovudsponsorar er:

. . . er generalsponsorar for Gloppen Friidrettslag


2

Gloptimisten • JUNI

­

Leiaren har ordet Norsk friidrett er i vin­ den for tida! Det eine toppresultatet avløyser det andre, det er ikkje lenger slik at alt står og fell på ein utøvar slik som tidleg på 2000-ta­ let då landet vårt berre hadde Andreas Thor­ kildsen å stole på i internasjonale meister­ skap. Det er over 20 år sidan siste «gullalder» med namn som Hoen, Moen, Rodal, Haug­ land og Hattestad. Den gongen satsa forbundet på toppane og gløym­ de rekrutteringa. I 2005 var det ikkje lenger breidde i toppen, medieinteressa forsvann og det var tydeleg at det måtte satsast på rekruttering. Det vart starta opp med rekrutteringslandslag i alle øvingsgrupper, og no etter over 10 år ser vi resultat av det arbeidet. I GFIL har vi kvart år sidan starten hatt med utøvarar på slike forbundslag, det var Trude Raad som «bana veg» i 2006. Med eitt unnatak alle i kast. Rekruttlandslaget har vore avgjerande for at laget vårt i denne perioden har fått 4 deltakarar på internasjo­ nale juniormeisterskap(EM/VM) og der 3 av dei har nådd finale. Vi er no i ferd med å få vår første internasjonale seniorutøvar i Thomas Mardal, han har det som skal til for å klare det! For forbundet og dei som styrer pengesekken er det freistande å gå «all in» på dei som er oppe på toppnivået, det er etablert Team Tokyo, ei satsingsgruppe mot neste OL der det blir gjeve god økonomisk støtte. Samtidig ser vi at støtta til mange av dei nest beste er nesten lik null. For å vere med på rekruttlandslaget et det no innført eigenandelar, det var det ikkje i starten. Går norsk friidrett i same fella som på slutten av 90-talet? Her lokalt ser vi fram til festdagar på Byrkjelo i august. Betre drahjelp enn Warholm og Ingebrigtsen skal ein leite lenge etter, i år vert nok medieinteressa større enn på lenge. Når både GFIL og Jølster har sterke utøvarar på plass bør også lokalt publikum ta turen til Byrkjelo desse dagane. Det 4. senior-NMet vil nok bli det sterkaste resultatmessing, men det skal noko til for å overgå 2011 når det gjeld det arrangementsmessige, vêr og publikums­ frammøte. Opp i all dette fokuset på dei beste må vi ikkje gløyme rekrutte­ ringa lokalt i moderlaga. Det vart nyleg avvikla Gloppemeister­ skap, vi ser tendens til «ny giv» i Hyen og STIL. BBIL har også jobba bra dei siste åra, Fjellhug/V og Brodd kunne hatt litt større breidde. For dei yngste treng vi at foreldre stiller på, ikkje ber­ re til transport, men også til instruksjon og leiing. Kompetansen finst og kan overførast, det hjelper lite når foreldra ikkje kjem lenger enn til parkeringsplassen. Foreldra må inn på indre bane på treningane og lære friidrett i lag med rekruttane. Med ønskje om ein god friidrettsesong! Sportsleg helsing Jørund Årdal

Ope Gloppenmeisterskap 2018

også at det er høve for andre klub­ bar å delta. I år deltok det utøva­ rar ifrå Vikane, Jølster, Svelgen og Stryn. Bra,men det er plass for flei­ re. Friidretten i fylket er ikkje stør­ re enn at utøvarane må nytte dei høve som byr seg av konkurransar. Takk til alle klubbane i Gloppen

Byrkjelo stadion i strålande veir. Det er skjeldan vi har hatt «veir­ gudane» med oss så til dei grader som i år. 20 – 25 grader. Meir el­ ler mindre vindstille. Fantastisk!! Gloppenmeisterskapet er først og fremst eit rekrutteringstiltak for klubbane i Gloppen.Ope betyr

Jan Otto Aae

Vår og sommar 2018

Mandag:

Kl. 1830-2000 Bukta - intervall - oppmøte ved Firdahallen 1815 eller direkte i Bukta hjå Nils Ove.

Tysdag:

Kl. 1800-2000 Byrkjelo stadion - avreise 1740 frå Stilstova

Onsdag:

Kl. 1830-1930 Gloppetrimmen frå Mardal skule

Torsdag:

Kl. 1800 - 2000 Byrkjelo Stadion. Avreise 1740 frå Stilstova

Fredag:

Kl. 1700-1900 Loggane / Rygg skule. Kast og styrke.

Kl. 1700-1900 Loggane / Rygg Skule. Kast og styrke

Kl. 1700-1900 Loggane / Rygg skule. Kast og styrke. • Presis oppmøte! • Godt kledde - er eit krav i dårleg veir.

• Husk tørt under etter trening. • Ha ete godt i god tid så ein ikkje stiller svoltne på trening.

•Ha med litt matpåfyll i bagen til like etter treninga. Drikke er også viktig.

Spørsmål om treningane kan rettast til niovero@online.no eller 41415380

Kiropraktor

Eigil Instebø 994 88 373

^ƚŽůƚƐƚƆƚƚĞƐƉĞůĂƌƚŝů 'ůŽƉƉĞŶ&ƌŝŝĚƌĞƚƚƐůĂŐ

Styret i GFIL 2018: Leiar: Nils Ove Roset Nestleiar: Jørund Årdal Økonomi: Olav Holvik Styremedlem: Ole-Bent Søreide Styremedlem: Ole Morten Mardal Styremedlem: Liv Randi Teige Styremedlem: Else Lundestad Aktivrepr.: Robert André Moldestad Varamedlem: Even Rønnekleiv Varamedlem: Jan Otto Aae

er lagsblad for Gloppen Fri­ idrettslag (GFIL) skipa i 1990 av moder­laga STIL, Brodd, Fjellhug/ Vereide, Hyen og BBIL. GFIL driv junior-, ­senior- og veteranfri­idrett i Gloppen.

Vi søker etter

Bladet kjem ut til alle husstan­ dar i ko­mmunen tre gonger i året.

REDAKTØR For snarleg tiltredelse

Meir info om stillinga får ein ved å kontakte leiar i Gloppen Friidrettslag

for ein fin konkurransekveld. Dyk­ tige folk i nøkkelposisjonar gjorde kvelden til ei prima oppleving for deltakarane.Takk til «dåkke» alle. Resulatliste side 18 og 20

TRENINGSTIDER

Gloptimisten er lagsavisa til Gloppen Friidrettslag. Den har vore i drift sidan 1990 med vekselsvis 3 og 4 nummer i året. Avisa går til alle husstander i Gloppen som informasjonsavis samt at vi sender den til utflytta glopparar med friidrettsbakgrunn. Såleis når den fram til mange.

Den som vert tilsett må ha gyldig førarkort for personbil og disponere eigen bil, ha tilgang på laptop og skikkeleg fotoapparat. Det vil følge med mykje gratiskøyring og gratisarbeid. Det er ein fordel med forholdsvis høg kompetanse på idrett.

2018

Redaktør: Nils Ove Roset

Sandane

Lagskontor i Øvrevegen 10 Tlf. 970 34 389 Telefon 57 88 46 00

e-post: gloppen.friidrettslag@enivest.net Nettredaktør heimeside Nils Ove Roset www.gloppenfil.no Bankkonto: 3710.07.06130


Gloptimisten • JUNI

3

2018

Bodil Fjellestad og Gloppen hotell sørga for flott servering.

Aksel Rødland frå Vest Politidistrikt, Stian Grimseth, Håkon Hjelle Roset, Evald Devik, Merete Helgheim, Jan de Lange frå Antidoping Norge under antidopingseminaret på Firda sist i april.

Odd Kjetil Tonning frå generalsponsor Sparebanken Sogn og Fjordane vert intervjua av Håkon Hjelle Roset saman med Evald Osnes Devik.

Antidopingseminaret vart ein suksess Laurdag 28. april var alt klart for Antidopingseminar på Sandane. Etter lang planlegging, heilt tilbake til november 2017, kunne vi mønstre det beste av foredragshaldarar frå Antidoping Norge, politiet og idretten.

Arrangørane var Firda Vidare­ gåande skule, Gloppen FIL og Gloppen Hotell. Idrettslinja med Magne Larsen i spissen såg her mulighetane for topp undervis­ ning og ikkje minst som forebyg­ gande tiltak i lokalsamfunnet, på skulen og idretten. Dopingspøkel­ se er reelt alle stader. Våre unge utøvarar, elevar og andre må gjerast bevisste på å gjere rette

val. Jan De Lange frå Antitoping Norge avd Bergen var ein engasje­ rande foredragshalder som fenga eit ungt publikum. Askel Rødland frå Vest Politidistrikt vinkla fore­ draget sitt mot den strafferettsle­ ge sida. Til slutt var Stian Grimset sin historie ein vekkar og ei sterk oppleving å høyre hovudpersonen sjølv fortelje korleis det var å bli teken i doping.

Det heile vart toppa med ei flott servering frå Gloppen Hotell. Baguettar, saft og masse frukt vart transportert opp i kafeen. Alle kosa seg med god sportslunsj. Bo­ dil & Terese og Gloppen Hotell skal ha stor takk for bidraget. Det er så viktig med gode, positive samrbeidspartnarar. I lag får vi til mykje. Pressa var tilstades heile seminaret og fekk med seg alle

tre foredragshaldarane. Det vart eit flott oppslag i Firda tidend ! Eit særs viktig tema vart veldig godt belyst. Så til alle som ikkje var der – de gjekk verkeleg glipp av noko veldig bra ! NOR

Tek over som økonomileiar Olav Holvik har tatt over som øko­ nomileiar etter Else Løkke (15 år som kasserar/økonimileia!) Olav har lang fartstid i friidretten som langdistanseløpar. Han har sitt dag­ lege virke som reknskapsførar og vil som naturleg er ha stålkontroll på økonomien.

Konfirmasjon, dåp, bryllaup eller Konfirmasjon, dåp, bryllaup eller50-­‐årslag? 50-årslag? Koldtbord, sosakjøt, suppe eller steik? Koldtbord, sosakjøt, suppe eller steik? Du bestemmer og bestiller, folkehøgskulekokkane steiker og kokar!

Du bestemmer og bestiller, folkehøgskulekokkane steiker  og kokar!

Vi leverer heim til deg, eller du kan leige festlokale på skulen. Ta kontakt for informasjon og bestilling. Tlfdu 57kan 86 80 40 festlokale på skulen. Vi leverer heim til deg, eller leige

Vi støttar Friidretten i Gloppen


4

Gloptimisten • JUNI

– stolt sponsor!

– stolt sponsor!

2018


Gloptimisten • JUNI

5

2018

STIL-friidrett og rekrutteringa der

Treningsstemne på Idrettsplassen.

Troppen frå STIL/Brodd i Sparebank1 leikane Ørsta.

Året starta godt med heile 20 deltakarar frå STIL på Trivselshalleikane i januar. Utover vinteren og våren har vi hatt ei trening i veka for aldersgruppa 8-12 år ilag med FjV. Oppmøte er brukbart, med ca 15 – 20 på treningane. Terrengløpa på Myra i april er ein suksess med 70 - 80 deltakarar, dei fleste under 10 år. På stafettane i april hadde vi ster­ ke gutelag i Olden og Breim, men strevar med å få jentene til å sprin­ ge ‘langt’ og slite seg ut.   Idrettsplassen på Sandane er ikkje noko mønsterbruk, men no i tør­ ketida har det vore leveleg for dei yngste, og dei som enno ikkje har fått smaken på skikkeleg banedek­ ke. På stemna no i mai har ikkje så mange tatt steget ut og vore med. Vi hadde eit triveleg treningsstem­ ne på Idrettsplassen i regi FjV og med bra deltaking. På Gloppen­ meisterskapet fekk vi mobilisert 11 deltakarar frå STIL, og det er vi nøgde med. I spiss hadde vi Chris­ topher (G-13) og Mathea (J-11) med høgdehopp som ga godt over 900 poeng på Tyrvingtabellen.  To dagar etterpå gjekk Honndalsleika­ ne av stabelen, med tre deltakarar frå STIL. Dei tre var einaste frå Gloppen under 15 år som deltok. Dagen deretter fekk vi seks delta­ karar med på Sparebank1 leikane i Ørsta. Med i teamet frå Gloppen var også Gulisara Dyrnes frå Brodd IL. To flotte stemne i nærområdet som hadde fortjent betre deltaking frå Gloppen. Spesielt stemna i Ør­ sta i mai og august er trivelege, og med stor deltaking frå Sunnmøre. På stemna ser vi også at nivået va­

Tobis og Sondre kasta spyd i Ørsta.

Andreas (G-8) i svevet på Idrettsplassen. rierer veldig; og det betyr at det er plass til alle. Våre utøvarar hev­ dar seg godt resultatmessig, i sterk konkurranse med Dimna og andre sterke klubbar. Dei sankar man­ ge medaljar og oppnår fine resul­ tat. Dei trivast og har det kjekt på stemneturane. I Ørsta tok Gulisara (J-12) gull både på 60m og leng­ de, og Mathea Svalheim (J-11) tok gull på 60m hekk og lengde. Begge desse oppnår på ein god dag over 900 poeng på fleire øvingar. I til­ legg hausta dei andre deltakarane også fleire medaljar. Sondre Sval­ heim (G-11) deltok desse to varme dagane på heile 11 øvingar – og sanka fem medaljar berre i Ørsta. Men mange kvir seg på å delta på stemne. Truleg er fokus og følt press på å vinne og vere best så stor at dei som ikkje trur dei kan vinne ikkje stiller opp. Redselen for å tape synes vere stor. Det er synd. For friidretten er mangfal­ dig, og spesielt det å forbetre eigen pers er ei flott drivkraft. Men my­ kje avheng nok av at foreldra må

engasjere seg og gi ein liten puff slik at borna deltek, sjølv om lysta rett før kan svikte. På Sandane har borna eit luksus­ problem ved å ha så mange aktivi­ tetar å velje mellom. Og spesielt fot­ ballen tiltrekk seg mange alt frå 7-8 års alderen, og vert altoppslukande. Akkurat den alderen virkar kritisk viktig for friidretten å vere tilstades og få med ungane (og foreldra). Her må vi nok gå i oss sjølve i mo­ derlaga og legge til rette for auka rekruttering til denne fine sporten som friidretten er, og ein idrett på frammarsj i media på landsplan. Vi må gjere terskelen for å bli med på friidrett låg. STIL og FjV har god er­ faring med samarbeid dei siste par åra, og slik samarbeid kan nok med fordel utviklast endå vidare. For vi er få foreldre og ‘eldsjeler’ som dreg lasset, og då er det fornuftig å samle dei organisatoriske kreftene. Friidretten krev ein del utstyr i treningsarbeidet. Men utstyret er

eigentleg litt vanskeleg tilgjenge­ leg for dei aller fleste. Løpebana, kastsektor og lengdegropa ligg der, men innelåst er stativ, høgdelist/ snor, kastreiskap, startbloker, hek­ kar, spade, rive og måleband. Kjem ein ikkje med på den eine treninga i veka er det ikkje lett å få øvd på stort anna enn springing. Og får ein ikkje øvd på det tekniske så sakkar ein fort akterut. Då vert ter­ skelen for å delta på stemne høg. Med mindre ein har ressurssterke og over snittet engasjerte foreldre som kjøper inn litt utstyr eller har tilgong til utstyrsromma. Spesielt på den flotte arenaen på Byrkjelo skulle vi hatt tilgong til meir utstyr. Sjølvsagt er det ei utfordringa at ope hus gjev hærverk og tjuveri. Men kanskje kunne ein hatt eit skap eller liten container der noko basic utstyr var tilgjengeleg, even­ tuelt der tilgong vart styrt ved ‘mo­ derne’ tilgongsstyring ? Frå 12-13 år og oppover er vi pri­ viligerte å ha eit særs kompetent og imøtekomande GFIL som tek

imot dei som vil trene og satse på friidrett. Her er tilbod både til dei som berre vil trene og ikkje delta på stemne, og dei aktive utøvarane. Den gruppa utøvarar i STIL vert ikkje vidare omtala her, men er sjølvsagt ikkje gløymde av den grunn. Men vi nemner at Håkon Hjelle Roset vart kåra til årets utøvar i STIL under årsfesten til STIL i vinter, og vi er spent på utviklinga hans utover sommaren. No rettar vi fokus fram til Spa­ rebankleikane, både utøvarar og funksjonærar, med mål om å mobilisere god deltaking der. Her er det ope for 8 år og oppover, og det er flott at dei yngste også får prøve seg på eit slikt stort flott stemne i nærområdet. Stig Svalheim Leiar i STIL friidrett


6

Gloptimisten • JUNI

Christina og Arne Jostein Gimmestad Telefon 57 86 78 73

VI STØTTAR IDRETTEN I GLOPPEN

2018

Ny hettejakke

Vi hjelper deg også med:

Ditt byrå i bygda

- Gravstein - Oppussing og tilføying av namn

RISTORANTE

Firda Elektro AS

Den nye hettejakka vår er å få kjøpt på Intersport – «Sporten». Lisbeth bestiller om du ikkje finn størrelsen din.

Nordstrandsvegen 17. 6823 Sandane

Aut. Elektro og Teleinstallatør Butikk, Elektro - Tele - Kvitevarer - Lamper Eigen Kvitevareverkstad

MONA LISA pizzeria

Alle rettigheter Alle rettigheter. God og billig mat. God og billig mat Tar imot selskap selskap. Tar imot Ope til 23 kvar dag Fleirefrå nye,12 velsmakande rettar Velkomen vår restaurant. Ope frå til 12 til 23 kvar dag Velkomen til vår restaurant Sandane tlf. 57 86 66 23 Grandavegen 1, 6823 Sandane, tlf. 57 86 66 23

Støtt sponsorane våre! Dei støttar oss!

Ser du godt nok? Idrett gjev glede og overskot i kvardagen

Bestill time no! 57 86 52 66

Sandane Senter - 6823 Sandane - Tlf. 57 86 52 66


Gloptimisten • JUNI

7

2018

Intervju med aktuelle NM-deltakarar frå GFIL Vi har stilt følgjande spørsmål til våre aktuelle NM-deltakarar:

Steinar Kleppe (slegge) Hei! Eg er Steinar Kleppe og bur i Naustdal saman med kone og barn. Her jobbar eg som geolog i Nordic Rutile som jobbar med å utvikle eit gruveprosjekt i Engebø­ fjellet. Årets treningsvinter har mildt sagt vore begredelig. Har vore veldig krevande med jobb, og det kombinert med husbygging og et hek­ tisk familieliv har dessverre ført til et alt for lavt fokus på trening. Får sjå etter kvart. Meisterskap på Byrkjelo er alltid kjekt, så eg skal nok uansett form greie å slepe meg inn i ringen. Mål­ setningane i år er for første gang på fleire år ikkje å ta medalje, men rett og slett å stille. Kjem, basert på veldig få treningsøkter, til å slenge med leppa til dei som hav­ nar under meg slik at dei tar seg godt saman til neste år!

• Skriv litt om deg sjølv

Marte Rygg Årdal (slegge)

Hei! Eg er 26 år, forlova (Richard, red.anm), tannlege i Førde og sleggekastar. I vinter har eg fått trent meir enn dei siste studieåra, så det har vore bra. Men det er ikkje så enkelt å få kaste i Førde på vinterstid då det ikkje er varme i ringen. NM på heimebane blir veldig kjekt! Målet er fina­ le og så nærme pallen som mulig!

Thomas Mardal (slegge)

Thomas Mardal er 21år, singel og student på Univer­ sity of Florida der eg kastar slegge. Treningsvinteren har gått fint, det har vært en lang se­ song for meg allerede men eg ser fram til konkurransa­ ne som ventar i Norge. Har hatt litt forkjølelsar innimel­ lom og litt hofte- og rygg­ problemer men ingenting dramatisk. Nm på heimebane blir veldig stas, spesielt sidan Ju­ nior NM på Byrkjelo gjekk so bra! Dessutan er Byrkjelo eit av dei finaste anlegga i landet, etter mi meining! Målsetninga mi i NM blir å kaste over 70m og ta sølv. Det blir en veldig kjekk kon­ kurranse med veldig høgt nivå!

• Korleis har årets treningsvinter vore?

Hans Sande (slegge)

Hans Sande, (22, singel) er for tida busett i Bergen der han er på 2. året av utdan­ ninga si innan Marintekno­ logi. Har budd i Bergen i tre år no der 2 av dei har vore pre­ ga av skader i lår og hofter. Hausten 2017 blei veldig dårleg treningsmessig, der det blei gjort eit forsøk på å gje musklaturen mykje kvile og behandling. Dette gav til ei viss grad resultat der star­ ten på 2018 har gått vesent­ leg betre. Fått trena godt no i nokre mnd. og formen ser ut til å skulle bli bra fram mot NM. NM på heimebane blir naturlegvis moro å være med på, etter fleire år med skader har det vore eit mål å kome seg i form til det stev­ net og nærme seg 60m på heimebane.

Merete Helgheim (kappgang)

Else Lundestad Bakkelid (diskos) Hei! Eg heiter Else Lundstad Bakkelid, er 41 år og gift med Bjørn Bakkelid. 6 gutar i alderen 5-19 år. Førskule­ lærar, jobbar på avdeling og som styrar i Bakkeligrenda barnehage. Har vore ein trenings­ vinter med trening jamt og trutt, med hovudfokus på styrketrening. Ikkje skade el­ ler sjukdom. Bli kjekt å få delta på NM på heimebane. Har som mål å kaste opp mot 50 meter, aller helst over 50 meter!

Merete Helgheim: 38 år! Samboar. Arbeider i Mattil­ synet. Aktuell friidrettsøving på NM: 3000m kappgang. Tre­ ninga var passe bra i vinter frå november til februar. Er nå på andre omgang med forkjøling etter februar, men er heldigvis nokre veker igjen til august og NM. Sliter elles med ein skade i foten som aldri heilt blir bra, så blir lite spesifikk trening. Målet med NM er å ta medalje. Kanskje det blir mitt siste seniorNM (eg er faktisk også veteran i frii­ drettssamanheng). Byrkjelo vil vere ein fin plass å avslut­ te kappgangkarriera på (men skal aldri si aldri…)!

Evald Osnes De­ vik (slegge) Eg er ein blid, kjekk kar frå rygg som hive slegge. Er for augeblikket i Sogndal der eg studera eit årsstudie i idrett og personleg trening. Eg er nett blitt 23år og er i eit forhold. Jobbar også deltid i Widerøe på sandane. Årets treningsvinter har vore veldig prega av eit nytt miljø. Her i Sogndal er det ikkje mogleg å drive friidrett på vinterstid. Så det har ikkje vore noke kasting Ellers så har eg vore litt plaga med sjukdom og skader. Primært kne og lår Det kjem til å bli svært kjekt å delta på NM på hei­ mebane. Det er noko som gjer meg mykje motivasjon for å satse vidare. Eg håpar på medalje. Blir det pers og, er det ein stor bonus.

• Korleis blir det å stille på heimebane, og kva er målsetjinga for meisterskapet?

Trude Raad, (slegge og diskos) Mitt namn er Trude og eg er 28 år. Eg er utdanna ergo­ terapeut og jobbar som mil­ jøterapeut i eit bufellesskap. Har tatt vidareutdanning i spes.ped og nettopp ferdig med eksamen i åtferdsvan­ skar på høgskulen. På fritida kastar eg sleg­ ge. Vinteren har vore kald i år, og det har gått utover kastinga. Kroppen har ikkje takla kulda, så det har blitt mindre kasting enn planlagt. Men eg har fått trent godt i styrkerommet. No gjelde det å kaste mykje og godt, så har eg tru på lange kast. Vore ein del småsjuk i haust og vinter, men har tatt lite ska­ de av det.

Simon Hjelle Lidal (spyd) Eg er ein spydkastar som går på lærarstudie i Halden, og konkurrere for Gloppen Fil. Eg er 20 år, er singel, og skal jobbe på hydro alu­ minium til sommaren. Denna oppkjøringen til sesongen har ikkje gått som planlagt, eg har slete med eit operert korsbånd, og har ikkje fått kasta optimalt eller trent optimalt etter det. Men det går mot lysare tide og eg er snart i topp form igjen. Eg har endå ikkje klart å kvalifisere meg til NM ­ et, men det satsar eg på å klare ut gjennom sesongen. Det hadde vore kjempeartig å delta på NM på heimeba­ ne, men målsettingane for meisterskapet må vere å få til oppgåvene mine som eg skal gjere i kastet, så får me­ terane komme etter det.

Marit Årdalsbakke (diskos)

26 år, vokse opp på Skei i Jølster. Bur i Oslo og jobbar som Fysioterapeut samtidig som eg satsar på vektløfting. Fann ut i sommar at eg ville prøve å kvalifisere meg til NM sidan det var på Byrkjelo, eg hadde uansett tenkt å reise for å sjå på. Så kvifor ikkje konkurrere også når eg først var der, berre for morro skuld. Eg har ikkje konkurrert eller kasta diskos sidan NM i 2014. Mitt første NM i friidrett var på nettopp Byrkjelo i 2011. Derfor ekstra kjekt å komme tilbake og kaste igjen under årets NM.

Av: Robert Andre Moldstad, Ole Morten Mardal og Nils Ove Roset


8

Gloptimisten • JUNI

2018

Friidrett «før i verda» – medan

Eit tilbakeblikk på Friidrett Byrkje


Gloptimisten • JUNI

2018

9

vi ventar

omtale før og under NM i 1999


10

Gloptimisten • JUNI

2018

BANEREKORDAR på Byrkjelo stadion

KVINNER

Øving 100 m 200 m 400 m 800 m 1500 m 3000 m 5000 m 10000 m 100 m hekk 400 m hekk 3000 m kappg. Høgde Stav Lengde Tresteg Kule Diskos Spyd (Ny type) Slegge

Utøvar Nasjon Ottey, Merlene Jamaica Freeman, Cathy Australia Kosembova, Tatiana Tsjekkia Decker, Mary USA Kinnunen, Monica Finland Halle, Gunhild Norge Halle, Gunhild Norge Halle, Gunhild Norge Reiman, Lena Solli Norge Gundersen, Anne Norge Platzer, Kjersti Tysse Norge Haugland, Hanne Norge Larsåsen, Cathrine Norge Cusmir, Anisoara Romania Espegren, Lene Norge Fibingirova, Helena Tsjekkia Zuereva, Ellina Russland Hattestad, Trine Norge Holm, Mona Norge

Resultat Årstal 11,16 1998 22,61 1994 50,74 1985 1.58,43 1982 4.10,49 1997 8.59,38 1996 15.41,08 1999 32.47,56 1999 13,17 1996 58,68 1986 14.00.41 2011 2,00 1997 4,31 2011 7,08 1984 13,83 1999 19,54 1986 66,82 1994 61,61 1999 70,43 2011

Øving Utøvar Nasjon 100 m Karlsson, Peter Sverige 200 m Moen, Geir Norge 400 m Pötsinger, Christoph Østerrike 800 m Kipketer, Wilson Danmark 1000 m Scott, Steve USA 1500 m Andersen, Robert K. Danmark 3000 m Kiplimo, Silah Kenya 5000 m Skah, Kahlid Marokko 10000 m Nordheggen, Bjørn Norge 110 m hekk Scigaczewski, Tomasz Polen 400 m hekk Eriksson, Niklas Sverige 3000 m hinder Svenøy, Jim Norge 5000 m kappgang Sælen, Joakim Norge 1 eng mile Kiplagat, Roger Kenya Høgde Matusevich, Konstantin Israel Stav Barthel, Trond Norge Lengde Sunneborn, Mathias Sverige Tresteg Hanstvedt, Ketill Norge Diskos Hjeltnes, Knut Norge Kule Machura, Remigius Tsjekkia Spyd (Ny type) Thorkildsen, Andreas Norge Slegge Henriksen, Eivind Norge

Resultat Årstal 10,21 1996 20,64 1994 45,80 1997 1.43,13 1996 2.16,45 1983 3.35,70 1997 7.51,78 1997 13.26,72 1996 28.54,87 1988 13,48 1998 50,06 1994 8.40,98 1999 22.46.08 2011 3.59,55 1993 2,35 1997 5,40 1999 8,00 1994 17,27 1999 67,16 1985 21,00 1985 90,61 2011 71,83 2011

MENN

NORGESREKORDAR: Tresteg

17.27 m 1999 Hanstveit, Ketill IL (Norna Salhus)

Tresteg

13.83 m 1999 Espegren, Lene (IK Tjalve)

Slegge

70.43 m 2011 Mona Holm (IK Tjalve)

MEISTERSKAPSREKORDAR: Tresteg

17.27 m 1999 Hanstveit, Ketill IL (Norna Salhus)

400 m

46,38 m 1999 Quincy Douglas (IL Gular)

Slegge

70.43 m 2011 Mona Holm (IK Tjalve)

Spyd

90,61 m 2011 Thorkildsen, Andreas (Kristiansands IF)

Stav

4,31 m 2011 Larsåsen, Cathrine (IL i BUL)

800 m

2.02.03 2011 Bovim, Ingvill (IL Gular)

Tresteg

13,83 m 1999 Espegren, Lene (IK Tjalve)

NORDISKE REKORDAR: Slegge

70.43 m 2011

Mona Holm (IK Tjalve)

NORGESREKORDAR JUNIOR:

100 m hekk 13.21 2011 Pedersen, Isabelle (Norna Salhus) 1000 m stafett, kvinner junior 22 2.08.46 1988 IL Gular

byrkjelo2018

nmfriidrett.no

Nasjonalt stemne i friidrett på Idrettsplassen i Hyen onsdag 25.juli  2018   Klasser: Jenter  /  gutar:    13  –  17  år   Junior  jenter  /  gutar:  18-­19  år  og  20-­22  år   Senior  og  veteran  kvinner  /  menn   Øvingar alle klasser: 100  m  –  400  m  –  800  m  –  1500  m   1000  m  kappgang   Lengde  –  høgde     Kule  –  diskos  -­  slegge   Gutar  /  jenter  /  menn  /  kvinner     16  år  og  eldre:  3000  m  

Påmelding innan søndag 22.juli. Påmelding:

online via www.minidrett.no (utøvar sjølv) eller www.sportsadmin.no (dersom leiar melder på). Web påmelding stengjer 22. juli. kl. 23.59. Ved spørsmål, kontakt

Even Rønnekleiv, Startkontingent pr.  øving:   Tlf. 95972152, eller Jenter  /  gutar  13-­15  år:  kr  60,-­   post@hyenil.no 16  år  og  eldre:  kr  90,-­   Skal  betalast  ved  påmelding  til  konto:  3710.30.53235  

Velkomen til Hyen! Arr: Hyen  IL,  Friidrettsgruppa  


Gloptimisten • JUNI

11

2018

Smånytt frå Breimsbygda

Sommaren er komen og friidrettssesongen er godt i gang for dei fleste.

Stafettane er ferdige og banestem­ na er i full sving. I Oldenstafetten stilte vi berre med gutelag, dette pga at utøvarane våre er aktive i fleire idrettar, og deltok mellom anna i handballturneringar, denne helga. Både Olden og Breimstafet­ ten var flytta ei helg fram, i forhold til tidlegare år som igjen førte til arrangementskollisjonar. Det unge guttelaget vart her nr 8. På Breimstafetten stilte vi med gute-, jente-, herre- og Veteran damelag. Guttelaget sprang inn til ein fin 5.plass. Det er ikkje langt opp til dei beste, så med litt meir trening kan det bli enno betre nes­ te år. Det svært unge jentelaget kom på 9.pl., som er ein flott pre­ stasjon ut få alderen på jentene. Dei er så unge at vi kan stille med same laget til neste år, og likevel han år å gå på. Dei spreke Vete­ randamene vår vann som dei ville, sjølv om konkurranse der ikkje er så stor, var det ein god prestasjon. Eit ungt og sporty herrelag kom litt bak i feltet, men ein 6.pl er absolutt akseptabelt. Vi var i år ei­ nige med GFIL, om at moderlaga skulle stille eigne lag. Dette for å auke antal lag, og få fleire utøva­ rar til å delta. Ikkje nødvendigvis berre tenkje på å kunne gje Jøster hard konkurranse. Dette meiner vi at vi lukkast med, då det var fleire herrelag enn på mange år. Vi kan og nemne at Robert Andre vann Kraftprøva for senior, Malin Støyva 3.pl i dameklassen, Malene Kleppenes, nr 3. i juni­ orklassen (ny av året) og Mathias Dale, junior,kom også til finalen. Vi er også godt i gang med Idrettskule for alle opp til og med 7-år, med godt frammøte på ons­ dagane og Are som sjef i år. Frii­ drettstreningane for 8-12 år har og bra frammøte, jamt 12-15 stk på kvar trening. Det er i hovudsak Robert Andre og Reidar som har dessse. For dei frå 13 år og opp­ over er det GFIL treningane som gjeld. Her har vi deserre ikkje så mange med frå BBIL. Vi vil pre­ sisere at ein ikkje treng vere «su­

God stemning på kastbana. pergod» for å vere med på desse treningane. Berre ha lyst til å tre­ ne. Vi er mange frå BBIL som er delaktig som trenarar her, nemner Robert Andre, Gunnar Hole, Ola Bergheim og Reidar. Det som gledar meg mest med desse treningane er at her samlast mange utøvarar frå heile Gloppen, Stryn og Jølster, for å få kyndig veileding og vere med i eit kjem­ pegodt miljø. I skrivande stund (29.05) er det berre Gloppenmeisterskapet som er avvikla av banestemner. (sjå annan stad i Gloptimisten). I samband med landslagssamling i kast i Gloppen, vart det arrangert kaststemner både på Loggane og Byrkjelo. Mathias Dale gjorde her ein fin prestasjon og sette ny pers i kule med 14.74. Det er om lag 2 m lenger enn han kasta i fjor. Det ville i fjor ha plassert han på topp i landet i si klasse. Ei kjekk gut som trenar godt og etter kvart får betalt for trening. Kaya Van Hulst har og lagt mange treningsmil bak seg i vinter, og under GM persa han seg på 800m og kom godt under den magiske 2.10 grensa.

Hovud-NM

Vi er også godt i gang med føre­ buingane til årets hovud NM, som skal gå i august. Stadionbygget og tribuna blir mala og vask etter alle kunstens reglar. Rolf Kjetil og Knut, med gode medhjelparar, har full kontroll på både det meste av førbuingar til sjølve stemnet. Vi gledar oss til flotte friidrettsdagar på Byrkjelo i august. Ny stavmatte er også på plass og er svært populær ti myldring blant dei yngste. Ja faktisk så popu­ lær at vi planlegg kurs i stavhopp, i lag med krinsen. Når Glopptimis­ ten kjem ut har vi vonalegvis gjen­ nomført det .

Mathias og Robert Andre. To gode kameratar som har det kjekt i lag. Oppvarmingsløypa rundt Byrkjelo Stadion er nesten ferdig stilt, vi manglar berre tilsåing av skrånin­ gar og legging av dekke på sprint­ stripa. Løypa vert flittig brukt på dei fleste trenigane, og er såleis eit døme på at den er med og fører

til auka aktivite. Her må gjerne turgåarar og andre nytte høvet til litt trim. Med Knut Lunde i spisse har det vor gjordt ein formidabel innsats med løypa, som vil gjere Byrkjelo Stadion endå meir allsidi­ gattraktivt og flott til både arrange­ ment og dagleg bruk.

Elles så står no Sparebanklei­ kan for døra, der vi håpar på stor deltaking frå BBIL. Vi skal også i år arrangere Friidrettensdag i lag med Breim Skule. Vi skal også ha deltakarar på Framoleikane, Veidekkeleikane, Tyrvingleikan, VU-spelen og man­ ge andre mindre stemner. Friidrett er (og skal vere) moro! Reidar M.

Gloppe-Trimmen i full sving! Gloppe-Trimmen er i sitt 10. år, og sprek som aldri før. Det er godt oppmøte på trimkveldane frå Mar­ dal Skule. Ja – sjølv 16. mai, midt i stryking av bunadsskjorter og pus­ sing av søljer, møtte det opp over 60 trimmarar! I år burde det vere ekstra god grunn til å vere med. Knutholmen i Kalvåg har gjeve oss eit gåvekort på overnatting for to personar, med Havets Festbord inkludert, noko vi vil trekkje mellom dei som har minst ti av dei 16 trimkveldane i år. Ein eksklusiv premie verdt kr. 3000,-. Intersport på Sandane stiller også opp for tiande året med ho­ vudpremien; eit gåvekort på In­ tersport Sandane, med verdi på kr. 2.000,-. Tusen takk til Olin på Sporten! Men mange andre får også syn­ leg bevis på deltaking i sommarens

trim: Alle som er med minst 8 gon­ ger får premie til samlinga si. Gloppe-Trimmen går desse onsdagane: 13/6 – 20/6 – 15/8 – 22/8 – 29/8 – 5/9 – 12/9 – 19/9. Hittil (6 første trimkveldane) har desse vore med alle gongane: Marit Apalset, Anja Bakkelid, Anne Kristin Bakkelid, Martin Føleide, Åsne V Gautefall, Kjell Grimen, Kristin Hauge, Arnold Henden, Britt Holme, Steinar Lothe, Hall­ dis Lyngstad, Ane Johanne Mardal, Valborg Mardal, Anita Mykland, Arne Mykland, Marie Ravnestad, Mykland, Aud Karin Neteland, Liv Kristin E Rauset, Mathias Rauset, Per Ryssdal, Hennie Siesling, Gerd Sørebø og Pål Asbjørn Underthun Samanlagt har det så langt vore 431 startar, som er om lag det same som i fjor. Det betyr at det er gått eller sprunge ca 1600 km i det

flotte Bukta-landskapet. Raskaste tid av dei som nyttar stoppeklok­ ke har Adrian Lothe med 14,21 på dei 4 kilometerane. 15-åringen Tobias Fuglestrand er ikkje langt bak med 14,52.


12

Gloptimisten • JUNI

2018

E. E. RØNNEKLEIV 6829 HYEN

Gloppen kommune legg forholda til rette for idretten

Besøk oss på Coop-varehuset på Sandane

Ola Hjelmeset Tlf.: 578 69364

ELKJØP FJORDANE as, avd. SANDANE

SANDANE Telefon 57 86 70 10

Grandavegen 3, 6823 SANDANE telefon: 57 86 59 87 epost: gloppen@elkjop.no

OPNINGSTIDER:

GLASSMESTERFORRETNING

Måndag-fredag

7.00-23.00

GLASS - VINDUER - DØRER - FASADER

Telefon 57 86 54 22 Mobil 970 34 390

Postboks 103 - 6821 Sandane Tlf. 57 88 43 50 - Fax. 57 88 43 51

Laurdag

8.00-21.00

Arild Sæthre 97 71 69 00

Jon Arne Myklebust 90 06 56 50

Alt i elektriske installasjonar og varmepumper

Velkomen til ein hyggeleg handel!

Vaskemaskin!

6823 Sandane

med poleringsprogram

Hyen Automatstasjon

Sunnere inneklima, ventilasjon, sentralstøvsuger, rensing ­ av ventilasjon Beslag/takrenner Tak og fasadekledning,

Fyll tanken lokalt!

Tlf. Sandane 57 86 55 39 - beststasjon.no

BILUTLEIGE TLF: 57 72 50 80

6823 SANDANE - Tlf. 57 86 61 35 Fax 57 86 62 33 - Mob. 909 82 646 - 957 64 170 post@eveboblikk.no - www.eveboblikk.no reingjering Liftutleige, betongsaging/kjerneboring, branntetning

FRYDENBØ BILSENTER STØTTER GLOPPEN FRIIDRETTSLAG Vi har fantastisk støtte i Frydenbø Bilsenter på Sandane. Dei stiller velvilleg opp med køyretøy slik at vi kan kome oss på stemne rundt om i landet. Sist var vi på NM i terreng­løp i Stav­anger, då fekk vi bruke ein flott V60 H ­ ybrid. Trygg og god transport med Volvo. Takk!

VEREIDE BLOMSTER AS

Sandane Blomster - Binderi og Hagesenter

KATTAHAMRANE, SANDANE Telefon 934 12 239 / 414 12 512 www.hageland.no

Veidekke Entreprenør AS Distrikt Sogn og Fjordane Postboks 185 - 6821 Sandane Telefon 57 86 62 55 - Telefax 57 86 59 80

Dei støttar oss!

P

deservic eA Byg S

Støtt sponsorane våre!

AB

Entreprenørforretning - Ferdigbetong

Stort utval av garn og knappar! Gåver til små og store. Tankeringen til Eidehøvdingen. – og etter handelen kan vi by på is og nydeleg kaffi...

sin butikk

Sandane - Tlf. 57 86 93 20 - Mobil 920 82 529 www.daiva.no

ADVOKATANE LOTHE, MARDAL & GJENGEDAL Grandavegen 26, 6823 SANDANE Telefon: 57 88 44 00 - Telefax: 57 88 44 01 www.gloppenadvokat.no STØTTAR GFIL

Tlf. 96 22 33 66


Gloptimisten • JUNI

13

2018

Jr. landslaget i kast – alle øvingar – i Gloppen 10-13 mai Fire supre dager med friidrett. Helga starta med stevne på Byr­ kjelo helgetorsdag. To gode økter med trening fredag. Fotografering på morgonen laurdag deretter trening. Laurdag frå 1700-1900 var vi på aktivitet/teambuilding på Gloppen Camping/SFE, roing i Vikingskip, øksekast og heste­ skokasting var aktivitetane. Elling Fjellestad stod for øksekasting og Roger Kjørvik var skipper på skuta. Tusen takk for flott innsats. Glop­ pen hotell stod for all bevertning og får skryt for god mat og nok mat. Kjempeflott !!Søndag var det stevne igjen på Loggane før alle reiste heim att. Mykje god friidrett, godt selskap og ikkje minst fekk vi synt fram Gloppen frå si beste side i flott vårveir. NFIF er hjertelig vel­ komne tilbake

Teambuilding på Gloppen Camping.

Alle deltakarar og støtteapparat samle på trappa på Gloppen hotell.

Samling på Byrkjelo.

Samla til middag på Gloppen hotell.

Hesteskokasting utanfor SFE.

Kast på Loggane.

Sjefen sjølv – Thomas Rosvold – har ordet.

Hetlestøylen opp

Svinestranda Opp på Jonsokafta

Fredag 25.mai, i strålande solskinn og med heilt tørr og fin rås vart vårens utgåve av Hetlestøylen opp gjennomført. Kunne gjerne vore fleire deltakarar, men du verden for ein innsats. Mange gode tider - faktisk heilt imponerande kor fort enkelte klarar å kome seg i frå Ball­ bingen i Hovden og heilt opp på støylen!! Lengste distanse er 3 km, og der startar alle som er 11 år og eldre. Frå Brua litt lenge opp mot Hjelltunet er det 1 km å springe og bratt! Nye rekordar fekk vi ikkje i år, det vart kanskje rett og slett litt for varmt? Andreas Hetle har løyperekorden for gutar/menn på 19,46 min, og Regine Aa Sandal for jenter/damer med tida 26,39 min. Det er friidrettsgruppa og orien­ teringsgruppa i BBIL som står for dette arrangementet, og vi meiner det er ein god måte å drive med aktivitet på. Vi som grupper tenar nokre kroner, og deltakarane får trening og frisk luft. Det er rett og slett godt folkehelsearbeid. Dessu­ tan er det fantastisk å sjå kor både små og store tar ut «alt» når dei nærmar seg mål, og dei som al­ lereie er kommt i mål jublar dei fram! Vi arrangerer Hetlestøylen opp til hausten og: 31.august. Det er eit arrangement som dei andre klub­ bane i Gloppen gjerne må delta på.

Fjellhug/Vereide il er i full gang med førebuing av motbakkeløpet Svinestranda Opp. I år går motbakkeløpet på jonsokafta, som er laurdag 23. juni.

Ellisiv Hetle vann eldste jenteklassa.

Anders Paulen vann yngste guteklasse.

At løpet går ein laurdag er noko nytt, det har vore søndagar som dei fleste åra har vore arrange­ mentsdag. I år kolliderer ikkje vårt løp med korkje Storehesten Opp eller Molden Opp i Luster, og der­ med ønskjer Fjellhug/Vereide Il å prøve eit laurdagsarrangement. Dette gjer vi først og fremst for å vise fram aktiviteten på ein dag der er mykje meir folk i sentrum enn på ein søndag. Starten går på Heradsplassen kl 12.00, og knapt ein time seinare er første løpar på Svinestranda. Det blir eit tradisjonelt arran­ gement, der premieutdeling etter løpet vert på Austrheimstøylen kl 15.00. Dei tre beste i dame- og herreklassen får pengepremiar, og det vert elles ein tredjedels premie­ ring i kvar klasse. Hovudstarten på løpet er på Heradsplassen kl 12.00. Klassane over 60 år startar kl 11.30, og også andre som reknar med å bruke litt lengre tid enn den store hopen, får høve til å starte då. 14-åringar og yngre spring ei kortare løype på 3 km til Svine­

stranda, og dei startar på Austr­ heimsstøylen kl 12.00. Mosjonistane er viktige på ein slik dag, og vi håpar på at mange tek turen opp mot støylen eller Svinestranda. Enten ein startar frå Sandane og går Trivselsskogen til støylen eller toppen, eller vil køyre til Kleivane eller Austrheimsstøy­ len, og gå der frå til Svinestranda, så registrerer ein seg i sekretariatet på støylen. Det er gratis parkering på Kleivane denne laurdagen. Vi håpar at mange tek turen opp Triv­ selsskogen og til fjells! Påmeldinga i konkurranseklas­ sane skal gjerast innan 20. juni elektronisk på sidene til mosjon. friidrett.no. Svinestranda Opp er også i år eitt av 4 løp i SFE Motbakkekaru­ sell, der ein må vere med i tre av løpa for å telje i samandraget. Her

er det også pengepremiering. Løpsleiar Birger Berge og Fjell­ hug/Vereide Il ønskjer alle velkom­ ne til det 14. Svinestranda Opp!


14

Gloptimisten • JUNI

2018

Extra stort

GRILL-

UTVALG til extra lave priser! SANDANE

– stolt sponsor!

Billån på timen! Kjøpe bil, ny eller brukt? • Lån inntil 100 % av kjøpesummen* • Du kan få inntil 10 års nedbetalingstid Søk på nett eller ta kontakt med oss. Tlf. 57 82 97 00

ssf.no/billan

*Vi tilbyr billån gjennom Sparebank1 Finans


Gloptimisten • JUNI

15

2018

Aktiv vår i friidrettsgruppe i Hyen Idrettslag Meistring og idrettsglede har vore i fokus når Hyen Idrettslag har reist rundt i fylket på stafettar og stemner denne våren.

Innandørs Hyen idrettslag starta friidrettsse­ songen allereie i midten av januar då 5 utøvarar var med på innan­ dørsstemnet i Trivselshallen. Då ENGIE-leikane blei arrangert to månadar seinare var 5 blitt til 18. Det var berre arrangørklubben Florø og Førde som hadde fleire deltakarar enn Hyen på dette stem­ net. Det er imponerande og veldig kjekt. Trass i at det var meistring og idrettsglede som sto i fokus markerte Hyarane seg med mange gode resultat. Mellom anna vann August Aa Berge bestemannspre­ mien for beste hopp i guteklassane. Han hopp 4,40, som gjev 890 po­ eng etter Tyrvingtabellen.

Terrengstafettane Etter at Hyen vann guteklassa un­ der Breimstafetten i 2017 – for fyrste sidan 1993 – var det knytt stor spenning til om ein kunne gjenta bragda i år. Både gutane og jentene var tydeleg inspirerte av fjoråret, og veldig mange ynskte å vere med å springe stafett. Dette gjorde mellom anna at vi kunne stille to gutelag og eitt jentelag på Oldenstafetten i slutten av April. Hadde andre klubbar kunne stil­ le med tilsvarande del av born i relevant årsklasser ville det vore trongt om plassane på startstreken i Olden. Med dette i bakhovudet er det ikkje mindre imponerande at gutelaga blei nummer 2 og 4. Jen­ telaget blei også nummer to, men med nokre færre deltakande lag i den klassa. Etter suksessen i Olden vart ik­ kje forventningane mindre til det som skulle skje under jubileumssta­

Frå venstre: Evalill Ommedal Aa, David Eimhjellen, Johanna Akse, Odin Rønnekleiv Oppheim, Brynhild Ommedal og Ida Kristine Rønnekleiv.

fetten på Breim helga etter. Vinne Breimstafetten er viktig – også i 2018. Etter å ha leia stafetten un­ dervegs måtte gutane til slutt sjå seg slått av Jølster IL og Sandane T&IF og blei nummer 3, medan jentene blei nummer 8 - med ei lag som hadde 9 år til gode på samla maksalderen. Jentene kan med an­ dre ord stille same lag neste år.

Inspirerte born og ungdomar etter ei økt med Eivind Øygard.

Banestemner Banesesongen starta ein på Byr­ kjelo under Gloppemeisterskapen med god deltaking frå Hyen. Det var veldig gledeleg å registrere god framgang berre sidan ENGIE-lei­ kane i Florø i mars. Fyrste helga i juni reiser ein mindre tropp til Ber­ gen for å delta på Framolekene. Ei veke seinare håpar ein å kunne stil­ le ein stor tropp på Sparebanklei­ kane på Byrkjelo. I tillegg har ein god oppslutnad på seriestemna i Hyen. Det er mange «persar» som skal forbetrast i løpet av somma­ ren.

August Aa Berge med bestemannspremien i hoppøvingane for gutar.

Trening Det har vore gjennomført mykje god trening i løpet av vinteren, og ein har i vår og på forsommaren spissa denne treninga litt meir mot

Gutelaget som blei nummer 3 på Breimstafetten. Frå venstre: August Aa Berge, Jon-Ivar Rønnekleiv, Simon Ommedal, Nikolai Sårheim Ommedal, Olve Ommedal Teigland, Bjørn Andre Røyrvik. Thomas Sæten og Eirik Rønnekleiv var ikkje til stade når bilete blei teke. friidrett. For å kickstarte friidretts­ sesongen fekk vi med oss Eivind Øygard på eit 2,5 timars økt ein ettermiddag i vår. 36 born møtte på denne treninga, og utøvarane

hadde ein inspirerande og kjekk dag på idrettsplassen. Even Rønnekleiv

Thomas Mardal – GFIL og Florida Gators

I august 2017 sette Thomas kursen mot USA og Florida, for eit liv som student og idrettsutøvar.

Han studerar ved University of Florida (ca 50.000 studentar) i Gainesville, ca 2 timar nord for Orlando. Han har starta eit fireårig løp mot ein Bachelor i økonomi. Universi­ tetet dekkar alle kostnadane ved studiet (schollarship) mot at han konkurrerar for universitetslaget deira, Florida Gators. Alt ligg til rette for trening, med god oppfølging av trenar, både i kast og i styrke­ rommet. Steve Lemke, kjent for mange som tidlegare trenar for Kjell Ove Hauge då han studerte i USA, og som norsk landslagstre­ nar i ein periode på 1990-talet, har hovud­ ansvaret for treninga. Eigen styrketrenar sør­ ger for tett oppfølging på den delen. I tillegg har dei eit godt utbygd fysikalsk team, som sørger for behandling om det er naudsynt. Han er garantert medisinsk sjekk innan 10 minutt om det er behov, og har tilgang til fysioterapeut, kiropraktor, ernæringsfysiolog m.m. Eige kuldebasseng er noko av inventa­ ret i garderobebygget, der også fysio held til! Sidan han bur i leiligheit rett over gata for friidrettsanlegget, er alt veldig enkelt! «Gators» er del av 1.div innan studen­ tidrett i NCAA (det nasjonale studentidretts­ forbundet), dvs ein skule som har stort budsjett og som konkurrerar i mange ulike idrettar. Bl.a har dei eit fotballstadion som

tek 89.000 tilskodarar! Dei hevdar seg svært bra innan friidrett, og har vunne «na­ tionals» fleire gongar siste åra. Å bli beste skule heng svært høgt, og noko dei satsar beinhardt på. Det er hovudgrunnen til at dei henta Thomas frå Norge, slik at han kan ta poeng for skulen i meisterskapa!

Treningsmessig har Thomas hatt ein god haust og vinter, med fin framgang både fysisk og teknisk i sleggeringen. Etter ein snartur heim til jul, starta han rett på innan­ dørssesong i januar. Innandørs har han kasta «weight-throw»/vektkast, ei øving som ein har på alle innandørskonkurransar i USA. Han hadde tidlegare ein pers på 17.99 med

den 15.88kg tunge vekta, den auka han til 21.77m ila vinter- og våren. I mars fekk han delta i «nationals» innandørs (dvs det amerikanske studentmesterskapet), og tok ein sterk 11.plass. Herrelaget vann konkur­ ransen (får poeng per plassering i dei ulike øvingane), og Thomas kunne feire ilag med resten av laget som «national champions»! Men det sleggekastar han fyrst og fremst er, og i slutten av mars var det start på utan­ dørssesongen. Etter å ha persa med 69.30 i eit stevne i Tallahassee/Florida, var det debut på heimebane i påska. Med familien på besøk og «ringside» klemte han til med 71.88m! Han har delteke i 6 konkurransar innan vi skriv dette, og klarte å kvalifisere seg til «nationals» i den siste, med 70.26m. Den konkurransen skal gå føre seg i Eugene, Oregon, som mange vil kjenne til som ar­ rangør av Diamond League-stevne kvart år, og som skal arrangere VM i 2021! Det blir ein fantastisk avslutning på eit år, der han har delteke i to «conferense championships» (SEC, som står for South eastern conferen­ se, som består av dei statane og universiteta frå dette området), i tillegg til to «nationals». Han har kasta over 69m i alle konkurransa­ ne, tre av dei over 70! Vi ynskjer Thomas lukke til i «nationals» i Eugene den 6. juni, og ser fram til at han kjem heim for sesongen her på heimebane!


16

Gloptimisten • JUNI

2018

Alle utøvarane på samlinga på linje.

Treningsleir i Portugal 2018 Laurdag 24. mars 2018 sette utøvarar frå Gloppen friidrettslag, foreldre, trenarar og fysioterapeut kursen mot Gardermoen. Vi nytta privatbilar og reiste av garde tidleg laurdags morgon. Nokre var allereie på plass fredag, og vi var eit reisefølgje på om lag 30 personar. I tillegg til Gloppa­ rar hadde vi med oss Øystein og Torkel Bjørbek, familien Rosvold

Glade og nøgde

og Ola Stunes Isene. Med desse på laget fekk vi endå meir kastkompe­ tanse i troppen. Reisa frå Gardermoen til Faro gjekk fint og greit. Det var noko kjølig då vi landa i sju tida i Faro, så vi vart noko skeptisk til kva veir vi kom til å få under opphal­ det. Dagen etter var sola på plass og vi hadde eit flott opphald med temperaturar rundt 17-22 grader. Noko som passa aldeles fint i for­ hold til aktivitet og trening. Dagane gjekk med til trening,

soling, bading og tre gode måltid kvar dag. Vi kom fort in i denne rytmen, og på idrettsbana vart det kasta spyd, hoppa lengde, og sprunge både fort og langt. Her var det også basistrening ute, og i styrkerommet vart det løfta tyngre vekter. Ute i terrenget vart det lagt ned mange kilometer og på kast­ bana vart det kasta både slegge og diskos. Etter lange og harde økter for mange, var det utrulig flott å få hjelp av fysioterapeut Knut Sti­ an Fjellestad. Med litt massasje og gode råd frå Knut Stian, var utøva­ rane klare for nye økter. Ettter nokre dagar gjekk turen til eit handlesenter nær Albufei­ ra. Her fekk ein handla litt nytt treningsutstyr og gjerne smakt på litt anna mat enn den vi var vande med på hotellet. Omtrent annankvar kveld had­ de vi lagmøte der vi gjekk gjennom dagens aktivitet og kva vi skulle ha føre oss dagen etter. Desse møta gjorde til at alle fekk god oversikt over kva andre hadde gjort på, og felles aktivitetar og trening fram­ over. Midt i opphaldet var eine lagmøtet arrangert om ein quiss. Då hadde vi fyrst felles middag, og etterpå var det aktivitet rundt om

Trude i storslag. på hotellet for å finne ut svar på ulike spørsmål. Heimreisa vart eit kapittel for seg sjølv. Tre dagar til ende tok det å kome seg heim til Gloppen. Det var buss frå Alfamar Søndag morgon 8. april. Etter ankomst på flyplas­ sen fekk vi beskjed om at flyet vårt frå Lisboa til Oslo var kansellert så vi kom oss ikkje nokon stad den da­ gen. Vi fekk reise til eit hotell der vi vart varta opp resten av dagen. Dagen etter vart det ny busstur til Lisboa, og då vi skulle reise vidare

til Gardermoen frå Lisboa vart vi delte i tre grupper. Ei gruppe rei­ ste til Barcelona og derifrå vidare til Gardermoen. Ei anna gruppe kom til Barcelona seint på kveld og rakk ikkje flyet til Oslo, og då vart det endå ei ny overnatting. Ei tred­ je gruppe reiste til London og vart for seine til flyet til Gardermoen og måtte ta ei overnatting i London. Heimkomst vart såleis til ulike ti­ der, men alle kom seg vel heim og var fornøgde med turen! Else Lundestad Bakkelid


Gloptimisten • JUNI

17

2018

­

Tankar i tida

Idrettsarbeid er frivilleg og gratisarbeid

Også trenarbenken er solid.

Ikkje noko kan måle seg med å oppleve at ung­ dom blir engasjert i eigen sportsleg framgang. Utø­ varar har fått sine hald­ ningar gjennom klubb/ treningsmiljø/familie og legge all si sjel i å tre­ ne rett, trene nok og lar alle dei daglege gjeremål som skule/venner/utan­ omsportslege aktiviterer og heile tilværlesen bli planlagt rundt idretten. Slike utøvarar treng idret­ ten. Det er desse som blir topputøvarar og forbilder til nye ungdomar som kan tenke seg å trene for å oppnå personleg fram­ gang. Rundt utøvarane er der trenarar og leiarar som lager treningsgrup­ per heile året. Om ein ynksjer å trene for framgang eller om ein berre vil vere med for moro og for miljøet si skuld er heilt opp til kvar enkelt. Eit godt treningsmiljø er avhengig av alle kategoriar ut­ øvarar. Det er ei vekselvirkning der miljø skaper resultat og resultat skaper miljø. Underteikna har vore aktiv, friidrettstrenar og leiar samanhengande i over 35 år i Gloppen. Ingen av oss friidrettsleirane har tatt ei kro­ ne for noko av det vi har gjort. Det er eit fåtal personar i Gloppen som har idrett og kontakt med den frivillege idretten som lønna arbeid. Desse personane arbeider som tilretteleggarar på idretts­ anlegga og har også med bygging, drift og utvikling av desse. Det må vere fantastisk å ha slike jobbar der ein har mulighet kvar dag å legge til rette og få positive tilbakemeldingar frå aktiv ungdom og hardtarbeidande frivillege som ynskjer Gloppen og Idretten all mu­ leg framgang. Det må vere eit privilegium. Så spørs det då korleis desse personane forvaltar det anvaret det er å vere den viktigaste servicefunksjonen for det frivillege arbeidet som idretten yter kvar dag heile året. Det er vi som brukarar som gjev karakterane.

God stemning på kastbana.

Vi har lagt bak oss ein aktiv vår med Treningsleir, 71,88m, Antido­ pingseminar ,Breimstafett og Jr.Landslagssamling som høgdepunkt. Det er utruleg kjekt å ha med positive og framoverlente aktive, leiarar og trenarar å gjere i friidrettsmiljøet. Den 14 mars hadde Idrettsrådet etter vårt syn det viktigaste møtet på lang tid. Der vart det vedteke å få Idrettsplassen inn på planen for prioriterte anlegg i Gloppen. Idrettsrådet skulle også ha klar ein prosjekteigar så snart som mogeleg. Firda Vgs var tilstades på møtet og var klare på at Idrettsplassen var avgjerande om Firda kunne gje eit fullverdig friidrettstilbod til elevane. Idrettsrådet meinte lenge at Idrettsplassen ikkje var ei sak for dei, men snudde heldigvis. Det var utruleg positivt ! No er det håp om at det ein gong i framtida kan bli eit treningsanlegg i kommunesenteret til glede for alle sku­ lane og idretten. No utover sommaren har BBIL all merksemd retta mot Hoved NM. Dette er eit viktig arrangement. Det er ein test på organisering og kunnskap. Alle auge er retta mot nedslaget i diskos. Der er ikkje rom for å gjere feil. Dommarfeil blir snakka om i generasjonar. Men dette kan breimningane etter utallige meisterskap og BG sidan star­ ten på 80 talet. Vi ynskjer lukke til med NM og den aktive friidret­ ten skal vere så godt budde som råd er. Etter hoved NM skal vi vidare til JrNM på Bislett og UM i Overhalla.

Middag med alle samla.

I denne avisa presenterer vi dei kvalifiserte Hoved NM deltakarane frå Gloppen. Vi har stor tru på fleire medaljer til lokale utøvarar. Nils Ove Roset


Masse NYTT til til oppussing 18 Kulørkupp vårpussen! Tidligere butikknavn har nå blitt Kulør Butikknavn

Gloptimisten • JUNI

- Kulør er Norges nye farge - og interiørkjede med over 80 butikker og 200 male- og håndverksbedrifter.

Vår lidenskap for tall vil gi deg bedre resultater. Vis oss din lidenskap - få endre bedre resultater! PRODUKTNAVN

Blankett v/15

Laoreet duis feugiat eum sit facilisis tincidunt diam ex ullamcorper nulla in veniam Nordsjø maling - Tarkett sed sciurus, vel in eum qui odio duis tation euismod et. Exercigolvbelegg nulla in iriure. 3 LITER SPANN Borge tapet

348,-Royal Bindoplast 7 solskjerming 198,2,5 LITERSPANN ALLE FARGAR

PRIS

Sørstrandsvegen 6 6823 Sandane Tlf: 57 86 86 00 Accountor.no

000,-

Nye. flotte flisar

Eid Fargehandel Kulør Butikknavn

2,5 LITERSPANN ALLE FARGAR

3 LITER SPANN ALLE FARGER

Trebo-Hus a.s

Sandane Eidsgata 36, Nordfjordeid | Sted | Tlf: XX XX XX XX | Fax: XX 86 XX XX tlf. 57 80 XX 60 tlf.Gateadresse 57 86 05 68 www.kulør.no fax57 57 86 86 80 80 61, 61 www.trebohus.no fax 57 86 136823 11 Sandane - tlf. 57 86 80 60,fax

• Entreprenør • Fargehandel • Ovnar • Byggevarer • Kjøkken, bad og garderobe • Lampar og gardiner

Vi har det du treng til fornying av huset inne og ute! Velkomen innom butikken vår i Jarbrugda!

Vi støttar lag som glimtar av gull!

Sandane Gullsmedforretning 6823 Sandane - Tlf. 57 86 52 55

Breim bensin & service AS Tlf.: 979 97 024

Breim

Påfyll for bil og folk!

2018

Resultat Gloppemeisterskap Resultat 60m

J-10 Aurora Svalheim STIL 11,61 Maria Ommedal Aa Hyen 11,41 Anna Gil Breimsbygda 14,07 J-11 Mathea Svalheim STIL 9,84 J-12 Gulisara Panyarat Brodd 8,99 Ida Kristine Rønnekleiv Hyen 10,04 Evalill Aa Ommedal Hyen 12,06 G-10 Aron Døskeland STIL 10,30 Kristoffer B. Rygg Brodd 10,92 G-11 August Gloppestad STIL 9,59 Håkon Holme Hyen 9,90 Tobias Austrheim STIL 10,07 Sondre Svalheim STIL 10,49 Ard Ragnar Sundal Jølster 10,37 Sondre Devik STIL 11,00 G-12 August Aa Berge Hyen 8,85 J-13 1. Emilie Engelbrektson Brodd 8,74 J-14 1. Matilde Aa Berge Hyen 9,26 2. Marit Rønnekleiv Hyen 9,50 G-13 1. Jakob Slåtten Jølster IL 8,21 2.Viljar M. Grøneng STIL 8,98 3. Kristoffer Sandal Jølster IL 9,62 G-14 1. Håvard J. Hilde Vikane IL 8,23 2. Kristoffer Sårheim Ommedal Hyen IL 10,21

Resultat 100 m

J-15 1. Julie Kristin Skjerdal Brodd 13,79 J-16 1. Malin Gran Stryn T&IL 13,27 G-13 1. Jakob Slåtten Jølster IL 12,83 G-15 1. Thomas Sæten Hyen 12,87 G-16 1. Aron Solheim Engelsen Breimsbygda 12,51 2. Adrijus Kamantauskas Brodd 13,51 G-18/19 1. Robert Andre Moldestad Breimsbygda 12,10 2. Bent Andre Midtbø Svelgen TIF 13,23

Resultat 400 m

G-13 1.Viljar M. Grøneng STIL 1.06,48 G-14 1. Thomas Sæten Hyen IL 57,81 G-16 1. Adrijus Kamantauskas Brodd 1.04,40 G-18/19 1. Robert Andre Moldestad Breimsbygda 56,52 2. Adrian Solvang Lothe GFIL 58,24 J-15 1. Julie Kristin Skjerdal Brodd 1.05,86

Resultat 600 m

® by Strukturplast

Tel: +47 57 86 85 92 Fax: +47 57 86 52 72 www.bdo.no

G-11 Ragnar Sundal Jølster Tel: +47 57 86 85 92 BDO IL 2.02,32 Tel: +47 57 86 85Ard 92BDO Fax: +47 57 86 52 72 Nordstrandvegen 13 Fax: +47 57 86 52G-13 72Nordstrandvegen 13 1. Mathias Rauset STIL P.O. Box 53 www.bdo.no P.O. Box1.49,88 53 www.bdo.no 2. Kristoffer Sandal Jølster IL 1.52,49 6821 Sandane 6821 Sandane NO-989 127 098 MVA Resultat 800 m NO-989 127 098 MVA BDO J-17 Nordstrandvegen 13 1. Gyrid Øygard Jølster IL 2.32,84 P.O. Box 53 G-15 6821 Sandane 1. Jon-Kristoffer Navelsaker Jølster IL 2.22,02 NO-989 127 098 MVA G-16 1. Kaya van Hulst Breimsbygda 2.09,75 G-18/19 1. Adrian Solvang Lothe GFIL 2.10,30 MV 40-44 1. Jon R Hauge GFIL 2.10,82

Resultat kule 2kg

J-10 Anna Gil Breimsbygda 3,52 Tiril Maria Fuglestrand STIL 5,20 J-12 Gulisara Panyarat Brodd 7,10 Evalill Ommedal Aa Hyen 5,25 J-13 1. Emilie Engelbrektson Brodd 7,71 G-10 Lars Roth-Andenæs Fj./V 4,74 G-11 Nikolai Sårheim Ommedal Hyen IL 7,60 Isak Fjellestad Fj./V 5,98 August Gloppestad STIL 6,99 Sondre Svalheim STIL 7,84 Ard Ragnar Sundal Jølster IL 6,46

driv framleis butikken sin i Gotavegen. Velkomen til oss!

Resultat kule 3kg G-13 1. Magnus Mjellem 2- Jakob Slåtten 3.Viljar M. Grøneng

Nordstrandsvegen 10, 6823 Sandane Tlf.: 57 88 44 10 • eikenes@libris.no • www.libris.no/eikenes

Mardal Rør A/S 6823 Sandane tlf. 57 86 57 91 - Fax. 57 86 54 20

Hyen 9,04 Jølster IL 8,85 STIL 7,54

Resultat kule 4kg G-15 1. Mathias R. Dale J-18/19 1.Vilde Sårheim

BBIL

14,53

BBIL

6,66

...framhald på sistesida


Gloptimisten • JUNI

19

2018

NM junior 2018

Livnær deg på sosiale medier Prolog

Bislett 24.-26. august Det er stor motivasjon i å kunne kvalifisere seg for å delta på ju­ nior-NM. GFIL vil stille med ein tropp på ca. 10 deltakarar på Bis­ lett, mange er kvalifiserte og vi har som vanleg nye aktuelle kandida­ tar som har håp om å klare krava. Oversyn over aktuelle: Thomas Mardal (U23) Naturleg gullkandidat i slegge og diskos, sølvkandidat i kule. Reiser truleg tilbake til USA rett etter senior-NM helga før. Hans Sande (U23) Klar medaljekandidat i slegge, kanskje også diskos Simon Hjelle Lidal (U23) Kan han kopiere bronsekastet i spyd frå i fjor? Magnus Rygg Storsletten (U20) Bronse i slegge i fjor, må prøve å forsvare den. Håkon Hjelle Roset (U20) Vil vere med å kjempe om bron­ se i slegge Robert Andre Moldestad (U20) 100m/200m Håkon Fjellestad (U20) Diskos Steffen Fjellestad (U20) Slegge Arne Osnes Devik (U20) Slegge. Debutant Adrian Lothe Solvang (U20) 3000 m hinder. Debutant Julie Kristin Skjærdal (U20) 200m/tresteg. Debutant. Nær krava i begge øvingane

Etter mildt sagt mykje åtgaum etter førre runde med Steinar Hjørne (Eg fekk skryt av to eller tre personar) var ikkje Nils Ove snauare enn at han gjekk frå å spørje meg til å diktatorisk sette opp posten i sommarutgåva av Gloptimisten. På spørsmål om det også denne gongen var fritt fram var svaret «Yess. Ingen sen­ sur». Takk for det!

Introduksjon Denne gongen tenker eg å gi eit lite delkurs i det å overleve som idrettsutøvar. Ikkje reint fysiolo­ gisk, men utelukkande økonomisk. I dagens samfunn er det enkelt og greitt ein ting som gjeld: Sosiale medier. Mange tenker at det er kleint (For deg som er fødd før 1990: «Pinleg») å skulle utbrodere seg sjølv på sosiale medier, men vær ærleg med deg sjølv: Du kjem et­ ter all, all sannsynlegheit ikkje til å nå verdstoppen og på den måten tene start- og premiepengar. Sorry… Mange trur at ein må ha fleire ti­ talls eller hundretals tusen følgarar på for eksempel Instragram for å være verdt noko. Dette stemmer ikkje. Det skadar sjølvsagt ikkje, men når ein bikkar eit par tusen burde ein være godt på veg. No er det vel på sin plass å innrømme at eg på ingen som helst måte er ek­ spert på sosiale medier eller sjølv er i næreten av å kunne tene ei einaste krone på denne platforma.

Det stoppar meg naturlegvis ikkje i å ha ei meining om saken! I anledning denne utgåva av Steinars Hjørne presenterar eg difor «Steinars tre-trinns rakett til berømmelse og rikdom»

då folk enten sit på trikken/bussen eller nettopp har ete middag. Det er då telefonen ligg best i handa. Følg med på kva for innlegg som gir mest uttelling og fortsett på denne måten.

Trinn 1: Skaff deg følgerar

Trinn 2: Skap engasjement

Om du er jente er dette, og eg kan ikkje understreke dette godt nok, ekstremt mykje enklare enn om du er gut. Litt rumpe, bryst, lår og hashtags (For deg som er fødd før 1990: Emneknagg for å gi refe­ ranse til innlegget ditt) og følgara­ ne burde renne på som fluger på bederva kjøt. Generelt: Fyll opp profilen din med litt snacks for å vise nyankomne at her skjer det noko. Om du har kropp til det – spel på det! Om du er sterk – spel på det! Om du kan hive kjempe­ langt – spel på det! Ikkje legg ut bileter av katten din eller tilfeldige blomar - Vær så snill. Sjå gjerne på kva andre velluk­ ka personar legg (rumpe, bryst og lår) ut og kopier konseptet. Om du kan skille deg ut, gjer det i tillegg! Pass på å legge ut bileter av god kvalitet då dette er langt meir ap­ pellerande enn uskarpe bileter i dårleg lys. Videoar er også flotte greier, men kutt dei til slik at folk ikkje må sjå 20 sekund før det skjer noko. Bruk utruleg mange hashtags slik at sannsynet for at innlegget ditt dukkar opp ein plass. Det anbefalast å legge ut minst eit innlegg kvar dag for å akkumu­ lere følgarar. Legg også ut innlegg på fornuftige tidspunkt på dagen

Det å komme i gang er vanskeleg. Men jo meir bederva kjøtet blir jo fleire fluer kjem. Prøv å få folk til å kommentere. Dette er gull for å spreie innlegget ditt. Prøv å unngå «konkurransar» som går ut på å skrive navnet sitt bokstav for bok­ stav. Dette er patetisk. Oppfordre venar og bekjente til å kommen­ tere og like innlegga dine som ei venneteneste. Kjenner du nokon som har ein vellykka profil – få dei til å nemne deg i innlegg no og då. Om du då har nok rumper, bryst, lår eller tunge løft og lan­ ge kast kan avkastninga av slike «shoutouts» være signifikant.

FIRDA VIDAREGÅANDE – MEIR ENN EIN SKULE • Studiespesialiserande • Musikk, dans, drama • Idrettsfag

Firda vidaregåande skule Firdavegen 21, 6823 Sandane

Telefon: 57 82 53 20 - Telefax: 57 82 53 21 E-post: postmottak.firdavgs@sfj.no www.firda.vgs.no

Trinn 3: Gå til bedrifter På eitt eller anna tidspunkt be­ gynner mykje å gå av seg sjølv og du har eit jevnt og godt tilsig av følgarar. Før litt statistikk over inn­ legga dine med tanke på visningar og likarklikk slik at du har noko å forhandle med. Gå til bedrifter og sei at innlegga dine har så og så mange visningar, likarklikk og kommentarar, og høyr om det er av interesse for dei å bidra med ein viss sum per år, innlegg eller antall likarklikk du genererar på innlegg der du frontar ei eller flei­ re bedrifter. Om du i tillegg kan

Steinars hjørne

vise til idrettsprestasjonar er dette desto betre for å auke sannsynet for å lykkast med innhaustinga. Her må du ikkje være kresen, men tenk primært på eiga vinning.

Epilog Om ikkje den overnevnte raketten fungerar får du revurdere konsep­ tet ditt og prøve ei ny tilnærming. Om det ikkje går etter gjentatte forsøk er det bare til å gi opp og få seg ein jobb. Antakelegvis vil dette være sikrare og betre betalt, men eg meiner at det å legge all skam til sides og prøve seg i den relativt nye marknaden som sosiale me­ dier representerar er vel verdt inn­ satsen om du trenger omdømme eller litt klirrande mynt i kassa. Av ein eller anna grunn er det mange personar som burde være totalt uinteressante, men som likevel har ekstremt mange følgarar og som sikkert tener bra med pengar på dette. Dette kan bli deg om du tør prøve. Lykke til!


Intervjuet

Resultat Gloppemeisterskap

Kaya van Hulst Kaya van Hulst er 15 år og bur på Breim. Han og søskena Solice (4), Safien (6) og Lune (8) flytta saman med foreldra Stefan Van Hulst og Linda Van Hulst Florack frå Ned­ erland til Noreg jula 2013. Kaya er aktiv i friidretten.

– Friidrett er alt for meg, det er kvardagen min, og eg kan ikkje tenkje med ein anna i idrett å drive med i staden for friiretten.

Kaya er mellomdistanseløpar og konkurrerer i øvingane 800-meter, 1500-meter, 1500-meter hinder og 3000-meter. Kaya har som mål i 2018 å slå alle persane frå 2017 og kvalifisere seg til UM som i år skal vere i Overhalla. Han har allereie drive med friidrett i eit og eit halvt år, men har slett ikkje tenkt å gje seg med det første.

Personlege rekordar i 2017 800 meter 2,12,18 1500 meter 4,33,46 2000 meter 6,14,29 3000 meter 10,18,70 1500 meter hinder (76,2cm) 4,52,30 – Sjølv om det er kjempetravelt å drive med mellomdistanse så er det veldig kjekt. Det å sjå framgangen etter all den harde jobbinga er den beste følelsen som finst. Friidretts­ miljøet i Gloppen er unikt og her er mange å trene i lag med. Det er tydeleg at Kaya likar seg godt i Gloppen med friidretten og legg til:

A

G

H

54,49

Resultat kule 6kg

G-18/19 1 Bent Andre Midtbø Svelgen T&IF 9,85

Resultat slegge 2kg

Friidretten betyr mykje

F

Resultat lengde

Resultat kule 5kg

G-17 1. Arne Osnes Devik Brodd

Trivst på Breim

MV 85-89 1. Jørgen M. Holme

Dei to fyrste åra budde familien Van Hulst i Myklebustdalen, men dei har no kjøpt seg hus på Bø i Breim. Stefan jobbar som røyrleggjar hjå Bademiljø og Linda er marknadsan­ svarleg i Firda Tidend. Både Stefan og Linda er travelt opptekne og det å få kabalen til å gå opp er ikkje all­ tid like enkelt. – Vi trivst på Breim, sjølv om det er både mange fordelar og ulem­ per med å flytte til eit anna land. Ungane trivst på skulen og vi har fått mange vener her. Det er ikkje så ofte vi får sett familie og vener i Nederland. Men vi held kontakten, Stefan og dei tre yngste ungane er nettopp komne heim etter ei vekes tur til Nederland, Kaya har vore tra­ velt opptatt med eksamen så han og eg vart ikkje med denne gongen, seier Linda. Vi kjem til å sjå mykje til Kaya på friidrettsbana framover og det blir spennande å sjå korleis det går med han. Kanskje dei yngre syske­ na til Kaya og kjem på bana etter kvart? Kven veit, forholda ligg i alle fall til rette for det med kort avstand frå heimen til bana på Byrkjelo.

Resultat slegge 4kg

Håkon Fjellestad

A

N

D

E

L

G-15 1. Mathias R. Dale J-18/19 1.Vilde Sårheim

GFIL

21,90

BBIL

34,83

BBIL

13,71

Resultat slegge 6kg

G-18/19 1. Håkon Hjelle Roset STIL

49,47

Resultat diskos 1kg

G-15 1. Matias Dale BBIL J-18/19 1 Vilde Sårheim BBIL KV 40-44 1. Else Lundestad Bakkelid GFIL

33,30 23,51 45,28

Resultat diskos 1,75kg G-18/19 1. Håkon Fjellestad

Fj./V

35,02

2. Bent Andre Midtbø Svelgen TIF 23,71

Resultat spyd 400g

J-13 1. Maja Fuglestrand Baade Loen IL 35,65 G-13 1 Bendik Fuglestrand STIL 32,33

Resultat spyd 600g G-15 1 Mathias R. Dale J-18/19 1 Vilde Sårheim

BBIL

30,30

BBIL

19,18

Resultat spyd 800g

G-18/19 1 Bent Andre Midtbø Svelgen TIF 40,18 MV45-49 1 Runar Sundal Jølster IL 35,28

Kaya van Hulst

M

G O D E

E

D

...framhald

J-10 Anna Gil BBIL Aurora Svalheim STIL Tiril Maria Fuglestrand STIL Maria Ommedal Aa Hyen IL J-11 Mathea Svalheim STIL J-12 Gulisara Panyarat Brodd Ida Kristine Rønnekleiv Hyen IL J-13 1. Emilie Engelbrektson Brodd J-14 1. Matilde Aa Berge Hyen IL G-10 Lars Roth-Andenæs Fj./V Aron Døskeland STIL Kristoffer B. Rygg Brodd G-11 August Gloppestad STIL Isak Fjellestad Fj./V Håkon Holme Hyen IL Sondre Svalheim STIL Sondre Devik STIL Ard Ragnar Sundal Jølster IL Tobias Austrheim STIL G-12 August Aa Berge Hyen IL G-13 1.Viljar M. Grøneng STIL G-14 1. Kristoffer S. Ommedal Hyen IL G-15 1. Håvard J. Hilde Vikane IL

Resultat høgde

SY K K E L Arild Reppen reparerer gjerne sykkelen din! Service blir utført på syklar kjøpt hos oss.

2999,SJEKK PRISEN

TORQ 24 DISC JUNIORSYKKEL

Lett og sterk sykkel med hydrauliske skivebrems. Dempegaffel og 21 gir med vriskiftar. Passar til born frå 7-11 år. Vnr 260623/260646

J O G G E S KO Vi kan finne den rette skoen til deg, ved hjelp av speilkasse. Vi har stort utval av gode joggesko og fritidssko frå Nike og Asics.. Ta med annonsa i butikken, og du får 2 par treningssokkar ved kjøp av joggesko.

SJEKK PRISEN

999,-

GT-1000 6 LØPESKO DAME/HERRE

Med mjuk og støtabsorberande mellomsåle, er dette ein god joggesko for deg som trenar. Ein av våre bestseljarar. Vnr 213278/213276

INTERSPORT SANDANE SØRSTRANDVEGEN 6 6823 SANDANE

ÅPENT 09-18 (09-15) TLF: 57 88 46 00 WWW.INTERSPORT.NO

3,77 3,89 3,07 4,24 3,83 3,16 3,08 2,72 3,69 3,47 3,18 3,32 2,98 3,11 3,05 3,95 4,06 3,48 4,69

J-11 Mathea Svalheim STIL 1,25 J-12 Evalill Ommedal Aa Hyen IL 1,10 Ida Kristine Rønnekleiv Hyen IL 1,05 J-13 1. Emilie Engelbrektson Brodd 1,20 G-10 Lars Roth-Andenæs Fj./V 1,10 G-11 Ard Ragnar Sundal Jølster IL 1,20 Sondre Devik STIL 1,15 G-13 1. Christopher Solheim STIL 1,53

T I L B U D !

Ta med annonsa i butikken, og du får utstyr til verdi av kr 300,- ved kjøp av sykkel.

2,00 2,58 2,68 2,46

SANDANE

Profile for Birgith Roset

Gloptimisten juni 2018_oppdatert  

Gloptimisten juni 2018_oppdatert  

Profile for friidrett
Advertisement