__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1

ÅRSMØTET I


GLOPPEN FRIIDRETTSLAG I SFE-KANTINA ONSDAG 4 MARS 2015 kl. 1900

SAKLISTE 1

OPNING v/Nils Ove Roset

2

KONSTITUERING, møteleiar, referent og to til å signere møteboka

3

ÅRSMELDING 2014

4

MEDLEMSPENGAR 2015 – 500-250 aktiv /150 støttemedlem

5

REKNESKAP 2014 v/Else Løkke

6

BUDSJETT 2015 v/Else Løkke

7

Val av 2 personar til arbeidsgruppe for utbygging av Byrkjelo Stadion.

8

Val

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

2


Nm 2014 på Jessheim: arrangør Ullensaker Kisa IL

I. Styre / administrasjon / organisasjon Administrativ leiar Økonomileiar Sportsleg leiar Styremedlem Styremedlem Styremedlem 1. varamedlem 2. varamedlem Økonomigruppe:

Nils-Ove Roset Else Løkke Jørund Årdal Ole Bent Søreide Ragnar Eimhjellen Jon R. Hauge Else Lundestad Dag Fosstvedt Gunnar Hole, Helge Raad og Ole Bent Søreide (frå okt 2013)

Else Lundestad vart 1 vara til styret etter at Solfrid Utheim Rygg trakk seg våren 2014. Rekneskapstenester har vore kjøpt gjennom Lillian Støyva, Byrkjelo Valnemd 2014; Odd Raad, Magne Devik, Bjørn Petter Rygg. Revisorar Ragnhild Helgheim og Sissel Eide Reed Representasjon / verv Merete Helgheim, styremedlem i SFFIK Trenarforeninga sitt seminar på NIH Jan Otto Aae, Nils Ove Roset og Ole Morten Mardal, Else Lundestad og Jørund Årdal Jørund Årdal , medlem i statistikk og rekordutvalet i SFFIK Dagfinn Nyhammer leiar i dommarutvalget i SSFIK Birger Berge, medlem i dommarutvalet i SFFIK Kompetansehelg i Trondheim – Dagfinn Nyhammer. Friidrettens trenerforening – Jørund Årdal, styremedlem Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

3


Sterk, spenstig og rask !

Kontaktpersonar i friidrettsgruppene i moderlaga IL Brodd Daniel Arnestad Dyrnes STIL Catrine Evensen Mardal Fj.V Dagfinn Nyhammer Hyen IL Torbjørn Holme BBIL Reidar Moldestad MØTEVERKSEMD ARBEID I STYRET Arbeidsfordelinga har helde fram som forrige år. Vi har hatt delt leiaransvar. Jørund den sportselege delen, Else økonomi og Nils Ove administrativt. Vi har avhelde 6 styremøter med 66 protokollerte saker. Birgith Hjelle Roset har hatt ansvar for drifta av den nye nettsida og alt samarbeidet med Idrettenonline i oppstartsfasen våren 2014. Dag Fosstvedt har også dette året vore sekretær og redaktør i Gloptimisten . Jon R Hauge, Dagfinn Nyhammer har vore lagets stafettoppmenn. Jon R har også fungert som veteranansvarleg. Det har vore avhelde 2 møter med trenarane Einar Brynemo og Eivind Henriksen (trenarar til Trude Raad). GFIL styret vil framheve Dagfinn Nyhammer, Jon Ravnestad, Magne Devik, Torbjørn Holme Gunnar Hole, Reidar Moldestad og Knut Lunde som svært viktige personar utanfor styret.

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

4


Jr Nm 2014 – Thomas på 100m. SAMORDNING AV TRENING / TRENING /ANLEGG Idrettsplassen er endeleg godkjent for bruk til diskoskasting. Kommunen har klarert at vi kan sette opp bur til diskos. Anlegget står på kommunen si liste over prioriterte delanlegg for friidrett. Del anlegget som inneheld halvmåne med spurtan med lengde/tresteg/høgde og spyd samt kastbur i den andre halvmånen er inne i planane. Når dette blir realisert er uvisst. Kanskje ein skulle bygd heilt nytt anlegg over heile arealet ? Spurtan heilt rundt med alle andre øvingar også på plass. Det ville vore politisk fornuftig i høve Firda Vgs og friidrett som eitt av dei viktigaste idrettane på skulen og i heile regionen. Idrettsplassen er trass alt eit idrettsanlegg for friidrett og fotball. Hausten 2014 kjøpte friidretten i Gloppen inn spenstmatter for 20 000,- i Trivselshagen. Desse er til felles bruk for alle friidrettsgruppene som ynskjer å nytte dei. Rygg skule er treningsarena for våre beste kastarar og løparar på det meste som gjeld styrke. Loggane kastarena er flittig brukt heile sesongen. Hyen IL fekk sitt nye kastanlegg like ved stadion klart midtsommars 2014. Nytt oppvarmingsfelt rundt Byrkjelo stadion skal stå klart til Jr.Nm 2015. Joggeløype av bark/grus. Eit etterlengta prosjekt. Oppgradering av høgde/stav og arealet rundt kastburet er også på trappene før meisterskapet. Flotte greier. Etter kvart må heile anlegget totalrenoverast så ein må ikkje legge for mykje i «flikking» . Likevel er dette heilt naudsynt skal anlegget framstå som tilfredstillande framfor JrNm til sommaren.

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

5


Trude og Marte på NM Jessheim 2014

Fin tropp NM Jessheim

KASTANLEGGET I HYEN – EIN VIKTIG TILVEKST PÅ ANLEGGSFRONTEN. Flott kastbane vart klar til bruk midtsommars 2014. Ei stor glede at eit lite lokalsamfunn engasjerer seg slik på anleggsfronten.

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

6


Vanessa Sunde Hoel på JrNm i Fredrikstad.

Merete Helgheim på NM Jessheim.

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

7


STATISTIKKFØRING Jørund Årdal har ført statistikk for Gfil. INFORMASJONSABEID / PR Jørund Årdal har vore i hovedsak laget sin PR mann på det sportslege. www.gloppenfil.no er laget si nye webadresse. På Facebook finn du mykje godt nytt under Gloppen Friidrett.

GLOPTIMISTEN Gloptimisten har vi greidd å utgje tre gonger som planlagt i 2014. Dag Fosstvedt har vore redaktør med god hjelp av moderlaga sine skribentar. Han har ein enorm kapasitet og brenn for Gloptimisten. Kjekt at også heimesida vår har fått avisa lagt ut på Pdf. Utgiftene ved å gje ut avisa har blitt så store at vi ikkje maktar meir enn 3 nr. No veit vi at der er muligheter for å auke annonseprisane, men vi har valgt å halde prisane på same nivå. Heldigvis fekk vi posten med på at dette var ei informasjonsavis og ikkje ei reklameavis. Forskjellen vart at alle husstandar fekk avisa i postkassa. Gledeleg !

MEDLEMER Aktive : Støttemedlemer:

106 (2010) 110 (2010)

100 (2011) 120 (2011)

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

100 (2012) 120 (2012)

100(2013) 100(2014) 121(2013) 144(2014)

8


Veteranar og ungdomar trenar mange løpsøkter ilag. Supert.

Midtsommarstevne i Hyen. Opning av kastanlegget ! MIDDAGS SERVERING TIL TOPPIDRETTELEVANE-FRIIDRETT PÅ FIRDA VGS Hausten 2013 starta Gfil med middagsservering torsdagane til våre friidrettsutøvarar på Firda med Toppidrett. Dette var så godt motteke at vi har helde fram i 2014 og 2015. Gfil spanderer middag frå Gloppen Hotell (kraftig sponsa frå hotellet) kvar torsdag. Jan Otto, Ole Morten og Nils Ove hentar middagen frå hotellet hal fire og sereverer i kantina på Firda til 810 personar. Intensjonen var å skape heildagsskulen der våre utøvarar som torsdagane trenar på føremiddagen og skal ha kveldsøkt kl 1800 skal få godt med mat i kroppen og vere klare til både lesing og trening. Gfil set trening, mat og god helse i fokus. Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

9


Frå samlinga laurdag 6 desember 2014. Over 30 til middag i stilstova !

Jr Nm 2014 i Fredrikstad. «Familien» samla !

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

10


Kastsamling på Loggane seinhaustes 2014.

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

11


GLOPPEN FRIIDRETTSKULE 2014 – ansvarleg for opplegget: Irene Slagstad Gloppen friidrettsskule vart arrangert første veka etter skuleslutt, og viste seg til å bli tre dagar til ende med friidrett, leik og moro i strålande sol – og når opplegget var over, verka det som om både instruktørar og deltakarar var godt fornøgde. Vêrmeldingane såg på førehand fine ut for heile veka, instruktørane var på plass og ungane møtte opp blide, fornøgde og gira på å få drive med friidrett. Med andre ord var det duka for en pangstart på sommarferien, noko det også vart. Opplegget var litt ulikt frå dag til dag, men deltakarane oppheldt seg stort sett på idrettsplassen ved Stilstova, i tillegg til at vi hadde litt opplegg i Jølet og på Firda Vidaregåande Skule. Det var vel femti deltakarar i alderen 1-5.klasse som deltok på friidrettsskulen som varte frå tysdag 24.juni til torsdag 26.juni. Ungane møtte opp litt før klokka 10.00 kvar dag og var i aktivitet til klokka var vel 14.00. Dagane var lagt opp slik at ungane vart delt i 2 grupper. Dei to første dagane hadde den eine gruppa leik i Jølet og den andre mange ulike øvingar på idrettsplassen før lunsj, så bytte dei etter lunsj. På idrettsplassen fekk ungane kose seg med alt ifrå høgde til kule og sekstimeter – og det stod slett ikkje på innsatsen, her var det «full guffe» frå start til mål! Dei fleste som deltok syns kanskje det vart ekstra travelt når det nærma seg lunsj, men var klare for ei ny runde etter påfyll av niste, juice og ein ekstra godbit. Lunsjen varte ifrå 11.30 til 12.30 – og vi vart sponsa med drikkevarer som ungane fekk glede av(juice), i tillegg til at vi fiksa ein ekstra godbit(her fekk dei platekake/bollar). Torsdag var det duka for natursti på idrettsplassen og opplegg på Newtonrommet før lunsj og myldrestemne på sletta etter lunsj(for å nå over begge, vart det to bolkar på 45 minutt). Opplegget på Newtonrommet var eit samarbeid med Firda Vidaregåande skule og leia av Else Helle Bolstad. Deltakarane fekk prøve ulike stasjonar der dei blant anna fekk målte lungevolum, blodsukker, og puls – noko det såg ut som at dei tykte var stor stas. Myldrestemnet på stadion var det knytt litt spenning til hos arrangørane; tanken bak myldrestemnet er at dei skal få gå på akkurat dei øvingane dei har lyst til for så å få resultata sine. Men så til det store spørsmålet: korleis skulle det gå å sleppe laus over 50 ungar på stadion?! Det viste seg at det var ingenting å bekymre seg over, då det gjekk over all forventning og det ikkje vart noko slags problem. Alle kosa seg og fekk prøve mange ulike øvingar, før heile gjengen vart samla til grilling ved Stilstova og utdeling av deltakarpremiar og diplomar. Alt i alt verkar det som om friidrettsskulen 2014 ein stor suksess; veret var strålande så det var veldig kjekt å vere ute, instruktørane var ivrige, positive og flinke å lære ifrå seg, og deltakarane var veldig interesserte og lærevillige – nokre var allereie begynt å glede seg til neste år! Ekstra skryt til GFIL sine utøvarar som stilte på som instruktørar og godt humør heile dagane, samt tolmodigheit til å forklare, hjelpe og heie fram deltakarane gjennom dei ulike stasjonane, sjølv om det var første veka av sommarferien! Det var godt og vel 25 som stilte på og gjorde dette til ein fantastisk friidrettsskule – og det blir sett stor pris på kvar og ein! Ei kjempestor takk til alle som stilte på som instruktørar, kakebakarar, grillsjefar og vaksenleiarar ; GFIL-utøvarar, foreldre, besteforeldre, og elles andre eldsjeler fekk heile arrangementet til å gå rundt. Gfil vil takke spesielt Irene Slagstad for den framifrå jobben ho gjorde for arrangementet.

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

12


II

Økonomi

SAMARBEIDSAVTALER MED BEDRIFTER Vi har faste og solide støttespelarar i lokalmiljøet som ser at det er mogeleg å profilere seg gjennom friidretten. Det krevst tett oppfølging av sponsorane. Dette er arbeid som hovedsakeleg Gunnar Hole, Nils Ove Roset og Jan Otto Aae har utført gjennom bedriftsbesøk, profileringsmøter, fotografering etc. Vi får gode tilbakemeldingar frå alle og vi veit etterkvart av erfaring kva som må til for å ha langvarige og gode samarbeidsavtaler. Sparebanken Sogn og Fjordane , Generalsponsor ( fornya til 2017) Sogn og Fjordane Energi, hovedsponsor. (fornya og utvida til 2017) NORDFJORD SKIFER , hovedsponsor ny i 2014- 2016 (3 årsavtale) RETURA NOMIL A/S , hovedsponsor ny i 2014 - 2016 (3 års avtale) Kavli , sponsor ( fornya til og med 2015) Gloppen Hotell, sponsor ( fornya og utvida til 2016) Olav K.Henden Sport A/S (fornya 2016) Evebø Blikkeslagerverkstad (fornya 2015) Frydenbø Bilsenter (fornya til 2015) Mardal Rør (fornya til 2015) Naturfotograf Ronny Solheim + ein anonym sponsor utanfor kommunen. Frydenbø Bilsenter stiller velvilleg opp med gratis bil eit par helgar gjennom året. Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

13


To viktige eldsjeler i friidretten i Gloppen ØKONOMIGRUPPE – SKIPA HAUSTEN 2013. To nye sponsorar vart sikra våren 2014. Takka vere økonomigruppa sitt arbeid fekk laget to nye store samarbeidspartanarar i 2014. Helge Råd, Gunnar Hole og Ole Bent Søreide framforhandla treårsavtaler med Retura Nomil og Nordfjord skifer. Heilt avgjerande for drifta av laget. Desse tre er også i gang med arbeidet for å få endå ein sponsor i 2015. Vi er takknemlege for arbeidet som vert gjort for toppidretten i kommunen. Den økonomiske plattforma må vere på plass skal ein kunne tilby ein sportsleg utviklingsstige. Gfil ynskjer sportsleg utvikling. Då må ein ha litt økonomisk fridom til å gje hardtsatsande utøvarar sjansen til å satse. Takk for supert arbeid så langt !! GLOPPENKALENDAREN 2014 – EIT INNARBEIDD OG FLOTT PRODUKT. Gloppenkalendaren. I år har vi nytta fotografer, Dagfinn Nyhammer, Johnny Ravnestad, Eyolf Johnsen, Ronny Solheim, Nils Ove Roset, Atle Søreide, Per Svein Reed, Jonny Ravnestad og Jon Arne Pedersen .Takk for flotte bidrag både frå fotografer og annonsørar ! De er med på å gje eigarskap til produktet. Veidekke A/S, Coop Vest, Evebø Blikkenslagerverkstad A/S, Bakaren A/S, Sandane Gravferdsbyrå, Adv Lothe, Mardal & Gjengedal, Vereide Blomster A/S, Mardal Rør A/S, Brødrene Aa, Årdalsbakke Elektro A/S, Tannlege Øyvind Seim, Kiropraktor Eigil Instebø , Eilenæs libris, Hetle Auto, Huseiernes Landsforbund , Byggevaren Byrkjelo A/S, Sandane Gullsmedforretning, Rema 1000, Takk til alle annonsørane ! Kalendaren for 2015 vart også ein stor suksess. Utsolgt før midten av desember 2014. Dagfinn Nyhammer overtok bildeansvaret hausten 2014 medan Nils Ove fortsatt har hatt annonseansvaret.

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

14


ØKONOMISK AVTALE MELLOM MODERLAGA OG GFIL Den økonomiske avtala som er inngått starta å gjelde frå sesongen 2001. Denne avtala har vore gjeldande sesongen 2014. Gfil har i fleire år meint at denne avtala burde vore reforhandla med laga. Vi har hatt same lagskontigenten 11 år. Skulle vore justert i høve prisstigninga i det minste.

Idemyldring under Sparebankleikane !

UTØVARKONTRAKTER F.O.M 2014 Dette er noko styret har hatt på ynskjelista i fleire år men har ikkje hatt kapasitet til å gjennomføre. Ragnar Eimhjellen sa seg villeg til å sjå på dei gamle avtalane vi hadde på 90 talet for den tids topputøvarar i Gloppen. Dette arbeidet var klart til jul 2013. No er avtalene for 2015 klare . Vi tilbyr i 2015 kontrakter for alle på landslag.

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

15


III IDRETT.

Frå ein av dei gode løpsøktene våren og sommaren 2014 på Byrkjelo under leiing av Eigil Instebø. Sportsleg leiar / oppmannsfunksjonen Jørund Årdal har vore sportsleg leiar og oppmann. Alle påmeldingar har han organisert. I tillegg har han vore medieansvarleg på den sportslege delen. Jørund gjere ein kjempejobb for laget. Sesongen 2014 har fylgjande hatt trenaroppgåver i laget; Else Lundestad Jan Otto Aae, Ole Morten Mardal, Nils Ove Roset, Jørund Årdal, Odd Raad, Dagfinn Nyhammer. Ola Bergheim, Reidar Moldestad, Gunnar Hole, Birger Berge. HovedNM og JrNM utøvarar 2014:Trude Raad, Marte Rygg Årdal, Marit Årdalsbakke, Elin Isane, Else Lundestad, Merete Helgheim, Vanessa Sunde Hoel, Ingrid Hjelle Roset, Vidar Hatlem, Thomas Mardal, Hans Sande og Evald Devik. Kvalifisert var også Jon Rolf Skamo Hope. Treningsansvarleg Nils Ove Roset har vore treningsansvarleg og har hatt ansvar for samordning av og informasjon om fellestreningar. Styret vil spesielt trekke fram Else, Jan Otto, Jørund og Ole Morten som avgjerande for at vi greier å halde nivået slik vi gjere. Dei har uvurderleg kunnskap og stå på vilje.

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

16


NFIF – TRENINGSGRUPPER / SAMLINGAR / TRENINGAR. Trude Raad, Marte Rygg Årdal, Thomas Mardal, Evald Osnes Devik og Hans Sande var i 2014 med i NFIF sine utøvargrupper. Jørund Årdal som fast trenar. Vanessa Sunde Hoel fekk også tilbod, men valgte å takke nei. Dette tilbodet har utøvarane også i 2015. Trude var både i 2014 og inneværande år i DNB elitegruppe. TRUDE RAAD ER SESONGEN 2015 I DNB ELITEGRUPPE ! Svært gledeleg at Trude er med i den ypperste forbundsgruppa. Dette medfører litt ekstra økonomisk støtte og tilgang til ekstra oppfølging.

SOSIAL KVELD PÅ GLOPPEN HOTELL 7. MARS 2014

Nokre glimt frå miljøkvelden til GFIL på Gloppen Hotell no i kveld. Både klubben og krinsen v/Narve sette pris på den enorme jobben som Dag har lagt ned for friidretten. Nils Ove og Evald fekk velfortent pris frå Friidrettens venner, og Jarle heldt motivasjonstale til dei aktive. Ellers underhaldning frå Sjedu og løstige prat rundt borda for eit tettpakka rom med aktive og støtteapparat!

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

17


Jentene i byn Alfamar – Portugal påska 2014. Vi hadde eit flott 12 dagers opphold i Portugal Påska 2014. Kjempeflott plass å vere og ny tur er tinga denne sesongen. På Alfamar er der alle treningsfasilitetar for alle øvingar. Mange nasjonalitetar og kjekt å sjå på alle friidrettstoppane frå den store verda. Topp motiverande.

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

18


Stadion i Alfamar. Mykje folk påska 2014

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

19


Kastarenaen i Portugal

Gloppen friidrettslag – ürsmelding 2014

20


GLOPPEN FIL – LAKSEVÅG IL

Eit flott innlegg i julegloptimisten 2014. Skreve av mangeårig trenar og mentor i Laksevåg IL, Harald Heier.

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

21


TRENINGAR I VINTERHALVÅRET Gfil er fast arrangør av treningar i ei aldersgruppe (13-19) Gfil har her tatt seg av ”mellomgruppa”. Fj.V/Stil har tatt seg av dei yngste. Der har vore jølstringar og stårheimarar på trening i Firdahallen på torsdagane . Oppmøte har vorte svært bra. Torsdagstreningane er nok ei av dei treningane i kommunen på vinterstid med best oppmøte på ei økt i Firdahallen. Over 30 aktive har vi vore fleire gonger.Tysdagar har vi vore ute med sprint-løpstrening på Søreide og Eidsmona . Same på onsdager på intervall løping i Bukta med kort langtur i starten. Gode økter med stor innsats. Her vert utøvarane opplært til at det ikkje finst dårleg veir ! Styrketrening har vore fast tre dagar i veka på Rygg, kast likeså. Ei kastøkt har vore gjennomført på onsdager i kastburet. Torsdager har også vore inneøkt i kastburet. Dette er det beste rommet i hallen for friidrettsutøvarane. Her er det både styrke og kastfasilitetar.

Frå ei vårøkt tidleg i mars 2014 – Eidsmona. FELLES BASISTRENING Morgontreningan er fortsatt ein suksess mellom 20 og 30 utøvarar frå friidrett og fotball kvar fredag klokka 0700 til 0810. Startar ute med eitt kvarter oppvarming og fortset inne med 45 min hard basistrening. GFIL har servert frukost og drikke til utøvarane etter trening. Kjekt at fotball G16 har funne denne treninga nyttig. Magne Larsen skal ha ros for å ha fått dette til. Glimrande !

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

22


KJEKT Å SAMARBEIDE MED GHK ! I slutten av Juni skal vi arrangere Gloppen friidrett og håndballskule. Kjekt med samarbeid. Vi kallar det å gje rom for sportsleg framgang. Samarbeid og samtrening er viktig i ein liten kommune som Gloppen. Vi gleder oss!

GHK og GFIL har funne tonen og skal arrangere Gloppen Friidrett og handballskule 2015.

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

23


Tre aktive trenarar/leiarar som er glade i friidrett. FELLESTRENINGAR SOMMARHALVÅRET Mandager:

Løpsøkt Bukta – veteranar og juniorar. Kast og styrke – Loggane , Else , Jon , Jørund, Ole M og Magne. Faste Medhjelparar/trenarar kvar øk

Tysdagar Onsdagar Torsdagar

Sandane stadion/Byrkjelo stadion, Ole Morten Mardal – Nils Ove Roset – Jan Otto Aae – Else Lundestad Loggane, Jørund , Else, Ole Morten, Jon og Magne. Byrkjelo Stadion. Jan Otto Aae, Jørund Årdal , Gunnar Hole, Ola B, Else.

Fredagar:

Kast og styrke – Loggane.

Sommaren 2014 var bana på Sandane så dårleg at vi ikkje kunne nytte den til friidrettstrening. Dette vil nok ikkje betre seg i 2015. Bana er ubrukeleg til løp og hopp. Før vi får kastbur er den også ubrukeleg til kast. Det er synd at anlegget forfell slik. Byrkjelo vart arena ut midten av Juni og resten av sesongen..

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

24


Vidar og Ingrid på JrNM 2014 Samlingar Laurdag den 6 desember 2014 hadde GFIL treningslaurdag. Samla hadde vi 25 utøvarar frå Gloppen og Laksevåg saman med 10 trenarar og leiarar i aktivitet denne laurdagen. Kast og løpsøkter, sprint testing, felles lunsj på Hotellet – sponsa av Gloppen Hotell. Fantastisk !. Felles middag i Stilstova om kvelden. Over 30 til bords og lett underhaldning av Birgit med film frå friidrettskulen og Jon med film frå «farne tider» då broddgutta var småkara.

Frå samlinga 6 desember !

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

25


Her er vi samla på Ryggjaøyra i Pinsa – samling Laksevåg/Gfil

PEAB – SAMLING PÅ BYRKJELO TORSDAG 26 AUGUST Sogn og Fjordane Friidrettskrins i samarbeid med Gfil og moderlaga i Gloppen arrangerte Peab samling på Byrkjelo stadion. Dette var eit tilbod til alle 13 og 14 åringene i fylket som var aktuelle for krinslaget til årets landsdelsfinale som går på Osterøy 13 og 14 september. 25 utøvarar møtte fram. Ein topp kveld som starta 1730 og vart avslutta kl 2000 med pizza til alle. Alle disipliner vart trent på. Viktig arbeid for rekruttering i åra som kjem. Friidrettsungdom frå fjærn og nær i fylket vårt! Utruleg kjekt å vere idrettslagsleiar med så mange interesserte og positive trenarar og aktive.

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

26


Landslagsgutane – Evald – Hans og Thomas. Evald debuterte i landskampsamanheng i 2014. Hans fekk sin debut i 2013. TEMAKVELD 20 NOV 2014 – TRIVSEL MED TRENING 20 utøvarar og 6 trenarar møttest etter treninga torsdag den 20 nov. Tema var trening, kosthold, dei daglege treningane, treningstider, føring av treningsdagbok m.m. Kva var positivt og kva måtte rettast på. Gode innlegg og gode innspel ! Gfil filosofien med felleskap og fellestreningar som det viktigaste grunnlaget kom godt fram. Samstundes som alle måtte vere klar over at nok og rett trening ilag med tilstrekkeleg kvile og søvn er den beste oppskrift på å nå sine eigne målsettingar. Alle er velkomne på trening. Takk til Else som leia møtet.

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

27


GLOPPETRIMMEN 2014 Årets siste Gloppetrim er avvikla med godt oppmøte. Mardal skule har vore base 13 onsdagar for 6 sesong på rad. I løpet av desse 6 åra har det blitt spunge og gått 24000 km på buktavegane. Slå den ! Eit supert tilbod som Gfil er stolte av. Takk til vår gode sponsor GSport Sandane som støttar dette trimtilbodet og støttar Gfil ellers også som utstyrsponsor. To av eldsjelene i prosjektet, Atle Søreide og Dagfinn Nyhammer har gjort ein kjempejobb. Tusen takk begge to !

Det er allereie bestemt at det blir Gloppetrim også i 2015 ! DAG FOSSTVEDT TILDELT GLOPPEN KOMMUNE SIN KULTURPRIS FOR 2014.

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

28


Les her dei flotte orda om Dag ! Dag Fosstvedt er tildelt Kulturprisen 2014. Dag er ein person som truleg dei fleste i Gloppen veit kven er, men kanskje også ein person som ikkje like mange kjenner namnet på. Dag er nemleg ikkje av dei mest framfusne, som marknadsfører seg ved ein kvar anledning. Han er ein svært beskjeden mann når det gjeld seg sjølv. Når det gjeld sakene han brenn for er han derimot framoverlent og til stades 100 prosent. Dag Fosstvedt kom første gong til Sandane i 1941. Han starta på realskulen på Firda Gymnas, og fekk oppleve dramatikk under skuletida der. Han vart nemleg arrestert i november 1944, og hamna i fangeleir. Forbrytelsen? Som han seier sjølv: - Vi hadde gjort eit fantestykke ved å bryte oss inn i Gimle der vi stal ein radio. «Og - Jeg tok på meg skylden», som Dag så enkelt seier. Dermed vart han sendt til Espeland fangeleir, og deretter til Grini, der han sat til freden kom i mai. Neste gong Dag kom til Gloppen, var i 1973, og då for å vere lærar på Sandane Skule. Der var han til han gjekk av med pensjon i 1993. Han var ein lærar som var godt omtykt av barneskuleelevane, med sine dramatiske biletgjeringar av matematiske reglar, og krav til orden og ryddigheit. Ungane fekk med lekse heim til foreldra: Dei måtte sy i hemper på alle handdukane som ungane hadde med seg til gymmen, slik at det kunne herske litt orden i garderoben. Dag har vore ein viktig del av aktivitetslivet og «velferdsmiljøet» i Gloppen heile si tid på Sandane, og det er for dette han mottek årets kulturpris. Ein forbind han kanskje ikkje med store og vidløftige prosjekt, men han er ein person som likevel har jobba utrøytteleg med lags- og kulturprosjekt, nærast dag og natt, og i det stille. Innan idretten har han lagt ned tallause timar for friidrett og orientering. Først i Fjellhug/Vereide il, seinare i Gloppen FIL. Han har vore leiar i friidrettsgruppa i Fj/Vereide, og vore ein viktig person ved alle arrangement, enten som stemneleiar, eller som vanleg funksjonær. Dag var aktiv som veteran-løpar i orientering. På administrativt plan har han gjort flott jobb i Fjellhug/Vereide si o-gruppe, og han har også vore sterkt involvert i m.a. NordVest-Galoppen i orientering som var store arrangement på 80 og 90-talet, og andre O-arrangement.I friidrett har han både administrert og delteke aktivt. – Det har da blitt noen NM-medaljer, er hans smålåtne kommentar. For eit par år sidan var han arrangøransvarleg for NM friidrett mangekamp for veteranar. Dag har vore leiar for Sogn og Fjordane Friidrettskrins. Han har fått Friidrettens Vener sin ærespris i 1997 for flott administrativ innsats Dag er også Krinsstartar og forbundsdommar i friidrett I Gloppen FIL har han vore sekretæren, som «i alle år» har vore den som har hatt oversikta, og han har vore ei eldsjel for veteran-friidretten i kommunen. Ikkje minst må ein nemne Gloptimisten, lagsbladet for GFIL, der Dag har vore suveren redaktør i alle dei åra avisa har kome ut. Også på andre område har han ytt stor, frivillig innsats. Austrheim Mannskor har hatt stor glede av han som leiar i 4 år, og som aktiv songar i mange fleire år. Her har han også vore medansvarleg for fleire songarstemne lagt til kommunen. Gloppen Jentekor var eit flaggskip i Gloppen i mange år, og kanskje eitt av dei beste jentekora i landet. Dag var leiar i styret for jentekoret, og var sjef for eit landsstemne for jentekor som vart arrangert her på Sandane. Dag sin kommentar om stemnet: - Det var nå virkelig en stor affære. Hjartelag og hjelpsomheit har også kome til uttrykt på enno eit område; Røde Kors Besøksteneste. Dag har vore ein trufast besøksven og underhaldar på sjukeheimen i mange år. Han har ein eigen evne til å lytte og formidle, og kome i kontakt med dei som bur på sjukeheimen og i bustadane. Dette er noko han driv på med enno, og som vert sett utruleg stor pris på. Når vi til slutt tek med at han i ei årrekkje var ein svært viktig person ved arrangement av SandaneDagane, har vi fått med mykje av breidda innan frivillig arbeid som Dag har engasjert seg i. Dag Fosstvedt står på for fullt enno, i ein alder av 87 år. Summen av det han gjer no, sett saman med det han har stått for i 40-50 år her i Gloppen, gjer han til ein svært verdig vinnar av kulturprisen. Eg vil be om at Dag kjem fram og tek i mot dei synlege teikna han får som Kulturprisvinnar 2014! Gloppen Fil gratulerer ! Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

29


STEVNEARRANGERING I GLOPPEN Sparebankleikane har i alle år vore fellesprosjektet for alle laga i Gloppen. Det viktigaste arrangementet på Byrkjelo kvar sommar. Det er rekruttering av beste sort og er miljøfaktor for friidrettsfamilien i kommunen.

Sponsorsvingen !

LAGLEIING NORSKE MEISTERKAP 2014 NM senior, Jessheim: Jan Otto Aae, Jørund Årdal, Odd Raad, Ole Morten Mardal, Nils Ove Roset, Jon Ravnestad NM junior, Fredrikstad: Ole Morten Mardal, Nils Ove Roset, Jørund Årdal, Jon Ravnestad, Else Lundestad. INTERNASJONAL REPRESENTASJON /LAGLEIING Marte Rygg Årdal, U23 Nordisk i København, sølvmedalje i Slegge, Jørund Årdal, trenar/lagleiar. Evald Osnes Devik, U20 Nordisk i Kristiansand, 6 plass i slegge, Jørund Årdal, trenar/lagleiar.

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

30


FRAMFOR SESONGEN 2015 Første halvdel:       

Alfamar – treningsleir 31 mars – 12 april 25 april Oldenstafett 3 mai Breimstafett 21 mai Gloppenmeisterskap 23-24 og 25 juni – Gloppen friidrett og handballskule på Sandane 26-27 og 28 juni Sparebankleikane. Midten/slutten av juli – nasjonalt stevne i Hyen

Andre halvdel:     

14-16 august Jr NM Byrkjelo 16-19 juli EMU20 Eskilstuna 31 juli – 2 august Hoved NM Haugesund (overnatting tinga) 11-13 sept UM – Lillestrøm. (overnatting tinga – Thon Hotell Lillestrøm ) 4-6 sept Peab – Osterøy.

Frå ei morgontrening vinteren 2014/2015.

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

31


Konkurransesesongen 2014 oppsummering.

2014-sesongen var ein sterk banesesong for GFIL, men utanfor bane har vi berre Merete Helgheim som hevdar seg på nasjonalt nivå, i kappgang og motbakkeløp. Nivået på stafettlaga våre er langt frå der vi var for ca. 10 år sidan, då vi var i eliteklassa i Holmenkollstafetten. Vi har heller ingen deltakarar i terrengløp på nasjonalt nivå, dermed blir det vanskeleg å byggje opp gode stafettlag. Samtidig ser vi at løpsinteressa blomstrar rundt om i landet, så her har vi ei utfordring. Når det gjeld meisterskapsplasseringar og plasseringar på nasjonale statistikkar helt vi framleis nivået, sjølv om det i hovudsak er kastarane som når opp. Av dei 9 resultata som er gode nok til nasjonal 10 på topp i senior finn vi 8 i kast og eitt i kappgang. Vi har nykommarar som Evald Osnes Devik og Hans Sande i slegge, i 2015 blir nok også vårt fremste talent, Thomas Mardal, å finne på denne lista, sannsynlegvis både i diskos og kule. Under senior-NM fekk vi for 3. år på rad 5 medaljar og 3 resultat til mellom 4.- og 8. plass. Ekstra honnør til evigunge Elin Isane som tok to medaljer på sterke resultat! Ho held same nivå som ho hadde for over 15 år sia. Diskosresultatet hennar var berre 67 cm frå hennar beste NM-resultat nokon sinne. I kule kapra ho bronsen på eit resultat berre 3 cm frå hennar eige vinnaresultat i 1997. I samlinga har ho no 27 medaljer i NM senior! Sluttstilling i lagserien syner at begge seniorlaga har rykka opp ein divisjon, damelaget til 1. og herrelaget til 2. Delakarane på det unge herrelaget har blitt eitt år eldre, det syner igjen i resultata. Målet for 2015 må vere å halde plassane, herrelaget vil etter kvart kunne kjempe om endå eit opprykk. Av internasjonal representasjon hadde vi dette året med Evald Osnes Devik i nordisk U-20 og Marte Rygg Årdal i nordisk U23. Imponerande sleggeinnsats av Marte i København der ho i siste omgang gjekk opp frå 4. plass til sølv med ny pers på 63,05. Vi fekk endeleg ein ny lagsrekord for herrar, den første på 16 år: Evald Osnes Devik med 54,00 i slegge.

Resultat – statistikk I Breimstafetten, 4 mai 2014 herreklassa enda det slik(ny løype frå 2012): 1. Jølster IL 10,14 2013: 10,35 2012: 10.55 2. Brodd/STIL/Hyen 10,51 2013: 10,52 2012: 10.57 3. Fjellhug/Vereide 11,20 4 Nordfjord Folkehøgskule 1 11,22 2013: 11,22 2012: 11.25 5 Eid IL 11,30 6 Førde 11,30 2013:11,23 7. Nordfjord Folkehøgskule 2 11,43 2013: 13,01 Damer: 1 Førde IL 6,50 2013: 6.56 2 Gloppen FIL 6,58 2013: 7.00 2012: 7,09 3 Nordfj. FHS 7,50 2013: 7.27 2012: 7,28 4. Hornindal IL 7,56 Kraftprøva:

Jostein Joshua Fossøy(Florø T&IF) og Ingrid Hjelle Roset(Gloppen FIL)

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

32


Resultat frå dei norske meisterskapa: NM senior, Jessheim 22.-24.8. 2014: Namn Merete Helgheim Trude Raad Elin Isane Marte Rygg Årdal Elin Isane Trude Raad Marit Årdalsbakke Evald Osnes Devik Else Lundestad Bakkelid Hans Sande Thomas Mardal

Plass Gull Gull Sølv Bronse Bronse 4. plass 8. plass 6. plass 10. plass 11. plass Forsøk

Øving 3000m kappgang Slegge Diskos Slegge Kule Diskos Diskos Slegge Diskos Slegge 100 m

NM junior, Fredrikstad, 08.-10.8. 2014 Namn Marte Rygg Årdal Evald Osnes Devik Vanessa Sunde Hoel Marit Årdalsbakke Thomas Mardal Hans Sande Hans Sande Thomas Mardal Ingrid Hjelle Roset Vidar Hatlem Vidar Hatlem

Plass Gull Sølv Bronse Bronse 4. plass 4. plass 5. plass 8. plass Forsøk Forsøk Forsøk

Øving Slegge Slegge Kule Diskos Diskos Slegge Diskos 100 m 200 m 100 m 200 m

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

Klasse KS KS KS KS KS KS KS MS KS MS MS

Klasse K22 M19 K19 K22 M19 M19 M19 M19 K19 M19 M19

Resultat 14.17,95 61,46 51,13 60,14 13,19 47,70 41,78 52,85 37,30 48,28 11,17(+0,4)

Resultat 59,21 61,95 11,86 43,10 48,75 56,89 43,62 11,18(+1,6) 27,38(+0,7) 11,82(+0,5) 24,59(-0,6)

33


Internasjonal representasjon:

Nordisk meisterskap U20, Kristiansand, 17.8. Namn Plass Øving Klasse Resultat Evald Osnes Devik 6. pl Slegge MU20 58,39 Nordisk meisterskap U23, København, Danmark 27.7. Namn Plass Øving Klasse Resultat Marte Rygg Årdal Sølv Slegge K 63,05

Nye lagsrekordar: Namn Evald Osnes Devik

Øving Slegge

Resultat 54,00

10 på topp Noreg senior 2014. Plassering 1 2 3 3 4 5 6 9 10

Øving 3000 m kappg. Diskos Slegge Kule Slegge Diskos Slegge Diskos Slegge

Resultat 14.17,95 51,13 63,05 13,19 62,16 48,62 54,00 43,10 50,83

Stad Rygg, 14.9.

Namn Merete Helgheim Elin Isane Marte Rygg Årdal Elin Isane Trude Raad Trude Raad Evald Osnes Devik Marit Årdalsbakke Hans Sande

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

Stad Jessheim Jessheim København Jessheim Oslo Rygg Rygg Fredrikstad Florø

Dato 22.08 22.08 27.07 23.08 16.06 09.06 14.09 10.08 07.06

34


NFFIF sine lagseriar 2. DIVISJON KVINNER 2014 TOTALT

Pl 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14

Lag Sandnes IL Fredrikstad IF Gloppen FIL IF Urædd Sørild FIK Moelven IL Haugesund IL IF Sturla Nittedal IL IL i BUL-Tromsø Dimna IL Moss IL Lillehammer IF FIK Orion

(Res/delt) (25/11) (25/14) (25/11) (25/8) (25/8) (25/9) (25/15) (24/10) (24/10) (25/12) (23/8) (25/11) (24/9) (22/10)

Poeng 18 062 17 193 17 058 16 994 16 652 16 185 15 660 15 399 14 857 14 615 14 609 14 594 14 417 14 232

(2013) (12/1d) (13/1d) (5) (11/1d) (2/3d) (1/3d) (6) (4/3d) (14/1d) (10) (7) (8) (9) (3/3d)

Krins Rogaland Østfold Sogn og Fjordane Telemark Aust Agder Hedmark Rogaland Buskerud Akershus Troms Møre og Romsdal Østfold Oppland Hedmark

3. DIVISJON MENN 2014 TOTALT Pl 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20

Lag Selsbakk IF Gloppen FIL IK Tjalve 3. lag IL i BUL 2. lag IL i BUL-Tromsø Ask Friidrett Fredrikstad IF Bækkelagets SK Moss IL IL Tyrving 2. lag Laksevåg T&IL Snøgg Friidrett Larvik T&IF Ålesund FIK IK Hind Nittedal IL FIL AKS-77 IL Gular 2. lag Fagernes IL Sørild FIK

(Res/delt) (20/9) (20/7) (20/13) (20/15) (20/10) (20/12) (20/11) (20/9) (20/9) (20/13) (20/9) (20/6) (20/10) (20/5) (20/8) (19/6) (20/10) (17/11) (19/7) (18/9)

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

Poeng 13 651 13 568 13 411 13 212 13 124 13 053 12 935 12 914 12 868 12 399 12 291 12 130 12 078 12 037 11 775 11 738 11 357 11 269 11 161 10 926

(2013) (12) (7) (43) (5) (12/2d) (13) (6) (10) (13/2d) (20) (15) (11) (16) (14) (21) (25) (48) (14/2d) (55) (36)

Krins Sør Trøndelag Sogn og Fjordane Oslo Oslo Troms Hordaland Østfold Oslo Østfold Akershus Hordaland Telemark Vestfold Møre og Romsdal Troms Akershus Hordaland Hordaland Oppland Aust Agder

35


KLUBB:

Gloppen FIL

KRINS:

Sogn og Fjordane

ÅR:

2014

3. pl i 2. div

OBLIGATORISKE ØVINGAR ØVING

NAMN

FØDD ÅR

100m

Ingrid Hjelle Roset

1997

200m

Ingrid Hjelle Roset

1997

400m

Ingrid Hjelle Roset

800m

STAD

DATO

13.56 578

Byrkjelo

30.08

26.50 687

Lillehammer

20.06

1997

59.58 693

Lillehammer

21.06

Ingrid Hjelle Roset

1997

2.21.11 654

Nadderud

14.06

3000m kappg.

Merete Helgheim

1980

14.17.95 713

Jessheim

22.08

Høyde

Else Lundestad Bakkelid

1976

1.50 609

Byrkjelo

28.09

Stav

Ingeborg Raftevold

1998

2.00 427

Byrkjelo

30.08

Lengde

Kjersti Hjelle Eide

1997

4.64 540

Byrkjelo

28.09

Tresteg

Kjersti Hjelle Eide

1997

10.19 578

Byrkjelo

30.08

Kule

Elin Isane

1975

13.19 772

Jessheim

23.08

Diskos

Elin Isane

1975

51.13 877

Jessheim

22.08

Slegge

Marte Rygg Årdal

1992

63.05 960

København/DEN

27.07

Spyd

Else Lundestad Bakkelid

1976

31.39 569

Byrkjelo

28.09

STAD

DATO

Antal noteringar: 13

RESULTAT

Sum:

POENG

8 657

VALFRIE ØVINGAR ØVING

NAMN

FØDD ÅR

RESULTAT

POENG

Slegge

Trude Raad

1990

62.16 950

Oslo/So

13.06

Diskos

Trude Raad

1990

48.62 843

Rygg

09.06

Diskos

Marit Årdalsbakke

1992

43.10 767

Fredrikstad

10.08

Diskos

Else L. Bakkelid

1976

40.95 738

Rygg

31.08

10000m kappg.

Merete Helgheim

1980

50.50.74 726

Glostrup/DEN

13.09

Kule

Vanessa Sunde Hoel

1996

11.86 706

Fredrikstad

08.08

Slegge

Else L. Bakkelid

1976

41.06 698

Rygg

11.05

Kule

Marte Rygg Årdal

1992

10.84 649

Rygg

19.10

Kule

Trude Raad

1990

10.74 642

Rygg

19.10

Høgde

Ingeborg Raftevold

1998

1.45 565

Byrkjelo

28.09

Kule

Else L. Bakkelid

1976

9.61 562

Byrkjelo

28.09

200 m

Sandra K. Sårheim

1999

28.35 555

Lillehammer

20.06

Antall noteringer: 12

Sum:

8 401

Noteringer totalt: 12

Total sum:

17 058

Deltakarar: 11

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

36


KLUBB:

Gloppen FIL

KRINS:

Sogn og Fjordane

ÅR:

2014

2. pl. i 3. div

OBLIGATORISKE ØVINGAR ØVING

NAMN

FØDD ÅR

100m

Thomas Mardal

1997

200m

Thomas Mardal

400m

RESULTAT

STAD

DATO

11.03 834

Haugesund

05.09

1997

22.51 802

Byrkjelo

04.07

Marius Rygg

1996

53.09 640

Haugesund

05.09

800m

Jon Rolf Skamo Hope

1998

2.00.84 671

Lillehammer

22.06

1500m

Jon Rolf Skamo Hope

1998

4.22.61 576

Lillehammer

19.06

5000m

Eigil Instebø

1983

16.14.41 617

Byrkjelo

31.08

Lengde

Thomas Mardal

1997

6.71 764

Haugesund

06.09

10000m

Eigil Instebø

1983

34.46.8 587

Hyen

28.10

Tresteg

Marius Rygg

1996

12.59 625

Haugesund

06.09

Kule

Thomas Mardal

1997

12.72 647

Rygg

14.09

Diskos

Thomas Mardal

1997

44.36 763

Hyen

30.09

Slegge

Evald Osnes Devik

1995

54.00 804

Rygg

14.09

Antall noteringer:

12

STAD

DATO

Florø

07.06

Haugesund

07.09

Sum:

POENG

8 330

VALGFRIE ØVINGAR ØVING

NAMN

FØDD ÅR

RESULTAT

Slegge

Hans Sande

1996

50.83 763

3000m

Jon Rolf Skamo Hope

1998

8.50.30 727

100m

Vidar Hatlem

1997

11.75 664

Hyen

04.06

200m

Vidar Hatlem

1997

24.02 645

Lillehammer

20.06

Lengde

Vidar Hatlem

1997

6.16 642

Haugesund

06.09

400m

Jon Rolf Skamo Hope

1998

53.92 607

Lillehammer

21.06

100m

Marius Rygg

1996

12.33 596

Nadderud

14.06

3000m

Eigil Instebø

1983

9.26.31 594

Byrkjelo

06.07

Antal noteringar: 8

Sum:

Noteringar totalt: 20

Total sum:

Deltakarar:

POENG

5 238 13 568

7

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

37


Lagsrekordar pr. 01.01.2015 MENN: Øving 100m 200m 400m 800m 1000m 1500m 3000m 5000m 10000m 110m hk 400m hk 3000m H Høgde Stav Lengde Tresteg Kule Diskos Spyd Slegge Lengde u.t. Høgde u.t.

Namn Magnus Kleppe Magnus Kleppe Nils Ove Roset Nils Ove Roset Odd Bjørn Hjelmeset Odd Bjørn Hjelmeset Odd Bjørn Hjelmeset Odd Bjørn Hjelmeset Olav Holvik Olav Flølo Bård Sandal Odd Bjørn Hjelmeset Olav Flølo Olav Flølo Ole Morten Mardal Magnus Kleppe Kjell Ove Hauge Kjell Ove Hauge Arne Indrebø Evald Osnes Devik Kjell Ove Hauge Kjell Ove Hauge

Resultat 10,97 22,43 49,16 1.53,22 2.30,20 3.57,20 8.23,95 14.33,48 31.50,9 15,67 52,89 8.54,42 2,03 3,25 7,42 14,30 20,39 63,10 76,20 54,00 3,39 1,73

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

Stad Uddevalla Fana Byrkjelo Drammen Byrkjelo Førde Bislett Bislett Sandane Drammen Mosjøen Byrkjelo Skjåk Byrkjelo Byrkjelo Florø Eugene,USA Tønsberg Byrkjelo Rygg Sandane Sandane

Dato 3.8.1997 26.7.1996 11.8.1990 21.5.1990 24.5.1995 24.7.1991 9.8.1995 23.7.1998 22.7.1990 12.7.1994 15.8.1992 7.8.1999 17.7.1993 18.8.1993 3.7.1993 24.8.1991 31.5.1998 14.6.1997 24.7.1994 14.9.2014 30.6.1994 13.9.1995

38


KVINNER: Øving 100m 200m 400m 800m 1500m 3000m 5000m 10000m 100m hk 400m hk Høgde 3000m kappg. Stav Lengde Tresteg Kule Diskos Slegge Spyd Lengde u.t. Høgde u.t.

Namn Cecilie Rise Cecilie Rise Kristin Roset Kristin Roset Kristin Roset Kristin Roset Merete Helgheim Merete Helgheim Cecilie Rise Hildegunn Dalsbø Ingrid Kristiane Fardal Merete Helgheim Hildegunn Dalsbø Cecilie Rise Cecilie Rise Elin Isane Elin Isane Trude Raad Bodil Hjelmeset Cecilie Rise Marie Nyland

Resultat 12,04 25,31 55,72 2.03,64 4.10,56 9.40,5 18.07,56 37.23.59 14,8 64,82 1,76 14.00,09 2,65 6,24 13,26 14,92 55,95 64,23 51,96 2,69 1,38

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

Stad Dato Drammen 8.7.1994 Linz, Østerrike 30.8.2003 Byrkjelo 23.8.1997 Drammen 8.7.2001 Cork, Irland 6.7.2002 Sandane 9.10.2001 Sandane 18.06.2008 Sandnes 20.08.2010 Byrkjelo 21.9.1994 Sandnes 17.8.2002 Trondheim 30.7.2004 Kristiansand 24.08.2012 Byrkjelo 30.06.2005 Ebensee, Østerr. 2.8.2003 Fredrikstad 8.8.2003 Århus, Danmark 22.6.2003 Spikkestad 16.9.2005 Bislett 24.05.2012 Kuortane, Finland 17.6.2001 Sandane 26.12.1997 Stangehallen 3.2.1996

39


Veteransesongen 2014 Innandørs

Vi hadde med to utøvarar under den kombinerte norske og nordiske veteranmeisterskapen i Haugesund 7.-9. mars. Dagfinn Nyhammer (60-64) deltok på 60m, 200m og 400m, i tillegg til at han tok gull med det norske førstelaget på 4x200m stafett. Jørgen M. Holme (80-84) deltok i kule og vektkast. Totalt returnerte dei til Gloppen med ni medaljar i bagasjen frå dei to meisterskapane.

Terrengstafettane

Etter mange år med sterk innsats i Holmenkollstafetten makta ikkje løparane våre i klasse 55+ mix å stille lag i 2014. Vi kan derimot glede oss over at vi var tilbake med eit herrelag i Olden. Jan Erik Roset, Eivind Rauset, Jon R. Hauge, Reidar Moldestad og Knut Roger Nesdal sprang GFIL inn til sølvmedalje, 20 sekund bak Jølster. Med mange GFIL-veteranar i god trening før neste sesong bør vi kunne gi Jølster reell kamp om gullet siste helga i april. På Breimstafetten skulle vi ønskt at vi var representerte med meir enn det eine laget vårt i yngste herreklasse. Men all ære til dette laget (Jan Erik Roset, Bent Inge Eide, Eivind Rauset, Sveinung Søreide, Dagfinn Nyhammer og Arne Mykland), som tok ein flott andreplass i ei klasse med fem deltakande lag.

Banestemne

Sju utøvarar frå GFIL deltok i veteran-NM på Ravnanger Idrettspark på Askøy 20.-22. juni. Else Lundestad Bakkelid (35-39) var einaste kvinne i troppen, men var til gjengjeld i særklasse vår sterkaste utøvar. Ho deltok i sleggje (40,10), diskos (38,37), kule (9,29) og vektkast (11,46) med fire gull som resultat. På herresida gleder vi oss spesielt over at Vegard Vereide (40-44) stilte til start på 800-meter, meir enn 20 år etter at han sist var med på baneløp. 2.20,26 og femteplass lèt seg så avgjort høyre etter så mange år ute av det gode selskap. Elles deltok Jon R. Hauge (40-44) på 400m og 800m, Magnar Holvik (60-64) på 100m og 200m, Jakob Eirik Lothe (60-64) i kule og diskos, Dagfinn Nyhammer (60-64) på 100m, 200m og 3000m og Jørgen M. Holme (80-84) i sleggje, diskos, kule og vektkast. På 1000-meter stafett i klasse 40-49 år gjekk vi (Magnar Holvik, Dagfinn Nyhammer, Vegard Vereide og Jon R. Hauge) sigrande ut av sølvkampen mot Jølster. Vi var heller ikkje langt bak vinnarane frå arrangørklubben Ask Friidrett, som hadde den utflytte glopparen og tidlegare hekkekjempa Bård Sandal på laget. KM blei arrangert på Byrkjelo 30.-31. august. Desse sju GFIL-veteranane deltok: Else Lundestad Bakkelid (sleggje, diskos og kule), Jon R. Hauge (100m og 200m), Per Andenæs (diskos), Magnar Holvik (100m og 200m), Jakob Eirik Lothe (høgde og kule), Olav Lyslo (200m, 800m og 5000m) og Jørgen M. Holme (sleggje, diskos og kule).

Veteranserien

Det blei ein klar poengtilbakegang for alle tre laga våre. Likevel kan vi glede oss over at damelaget i 3.-divisjon greidde tredjeplassen og med det berga det andre opprykket på rad. Enkeltresultata på dette laget var det svært høg klasse over, men totalt fem noteringar kan vi ikkje vere fornøgde med. I år kan vi ønskje Merete Helgheim velkomen som veteran. Etter Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

40


at vi ikkje hadde nokon løps-/gangresultat i fjor, blir ho ein særdeles kjærkomen tilvekst til veteranidretten i GFIL. Vi må definitivt ha som mål å vere representerte i toppdivisjonen for kvinner i 2016! Herresesongen bar preg av sjukdom og skadar. Til slutt fekk vi likevel eit akseptabelt resultat for førstelaget. Vi kom på femteplass i 1.-divisjon med 14418 poeng, 1434 poeng mindre enn i 2013. Vi håper og trur at Magne Tystad er tilbake for fullt komande sesong. Som førsteårsutøvar i klasse 70-74 år har vi tru på at Magne vil bidra med høge poengsummar i 2015. Vi merkar oss elles ein fin veterandebut av Eivind Rauset (45-49). Med 19.11,2 på 5000-meter på tampen av sesongen ytte han eit viktig bidrag for å få nok løpsresultat på førstelaget. Andrelaget meir enn halverte poengsummen sin frå 2013 og var naturleg nok sjanselaust på å halde seg i 2.-divisjon.

Stemnets eldste deltakar Gunnar Tellevik etter siger i slegge i klasse 80-84. Nr.2 Harald Søbstad IL Norodd og nr. 3 Jørgen Holme Gloppen FIL.

Individuelle medaljar i veteran-NM på Askøy Else Lundestad Bakkelid (35-39) Jon R. Hauge (40-44) Dagfinn Nyhammer (60-64) Jørgen M. Holme (80-84)

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

4 gull 1 gull, 1 sølv 2 sølv 2 bronse

41


RESULTATRAPPORT VETERANSERIEN 2014 Klubbnavn: Divisjon: Krets: Pr. dato:

Gloppen FIL 1 Menn Sogn og Fjordane 31.10.2014

Jon R. Hauge Jon R. Hauge Jon R. Hauge Jon R. Hauge

F.år 1974 1974 1974 1974

Res 2.05.50 54.36 24.89 12.51

Poeng 811 776 717 653

Stad Ravnanger Byrkjelo Byrkjelo Byrkjelo 2957

Dato 21.06 28.09 31.08 30.08

Dagfinn Nyhammer Jon R. Hauge Dagfinn Nyhammer Eivind Rauset

1950 1974 1950 1968

5.37.2 4.42.7 11.45.64 19.11.2

640 629 626 503

Hyen Hyen Ravnanger Hyen 2398

28.10 28.10 20.06 28.10

Per Andenæs Per Kristian Lundby Per Kristian Lundby

1950 1948 1948

1.33 4.57 9.64

848 799 798

28.10 08.06 28.05

Per Andenæs

1950

2.38

642

Hyen Abingdon, GBR Birmingham, GBR Hyen 3087

KAST Vektkast Slegge Slegge Kule SUM

Jørund Årdal Jørund Årdal Jørgen M. Holme Matias Hope

1953 1953 1931 1947

15.81 44.08 30.46 10.35

820 804 790 733

Hyen Hyen Byrkjelo Hyen 3147

28.10 28.10 30.08 30.09

VALGFRIE Vektkast Kule Spyd Diskos SUM

Jørgen M. Holme Jørgen M. Holme Per Kristian Lundby Per Andenæs

1931 1931 1948 1950

11.27 9.14 37.22 38.78

717 713 710 689

Hyen Haugesund Abingdon, GBR Byrkjelo 2829

30.09 08.03 08.06 31.08

LØP 1 800 m 400 m 200 m 100 m SUM LØP 2 1500 m 1500 m 3000 m 5000 m SUM HOPP Høyde u.t. Lengde Tresteg Lengde u.t. SUM

TOTALSUM: Antall noteringer: Antall utøvere:

28.10

14418 20 8

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

42


17. juni 2007: NM Veteran gjekk på Askøy i helga, men med berre 4 deltakarar frå Gloppen. Jørgen Holme gjorde det ekstra godt, med 4 gull i kastøvingane. Jakob Lothe tok gull i diskos og høgde, Magnor Myklebust gull i stav, og bronse på 100 hk og lengde, medan Dagfinn Nyhammer tok bronse på 100, 200 og 400 m.

RESULTATRAPPORT VETERANSERIEN 2014 Klubbnavn: Divisjon: Pr. dato: Krets:

Gloppen FIL 2 Menn 31.10.2014 Sogn og Fjordane

Vegard Vereide Magnar Holvik Magnar Holvik

F.år 1972 1952 1952

Res 2.20.26 33.23 16.35

Poeng 566 398 347 1311

Stad Ravnanger Byrkjelo Byrkjelo

Dato 21.06 31.08 30.08

Olav Lyslo Olav Lyslo

1949 1949

26.37.59 16.15.47

216 139 355

Byrkjelo Hyen

31.08 23.07

HOPP Høyde SUM

Jakob Eirik Lothe

1953

1.23

464 464

Byrkjelo

30.08

KAST Kule Diskos SUM

Jakob Eirik Lothe Jakob Eirik Lothe

1953 1953

9.54 32.03

600 544 1144

Skansemyren Skansemyren

18.10 18.10

VALGFRIE 800 m 200 m SUM

Olav Lyslo Olav Lyslo

1949 1949

3.33.90 40.77

163 121 284

Byrkjelo Byrkjelo

30.08 31.08

TOTALSUM: Antall noteringe: Antall utøvere:

3558 10 4

LØP 1 800 m 200 m 100 m SUM LØP 2 5000 m 3000 m SUM

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

RESULTATRA PPORT VETERANSER IEN 2014

43


Klubbnavn: Divisjon: Pr. dato: Krets:

Gloppen FIL 3 Kvinner 31.10.2014 Sogn og Fjordane

LØP 1

Ingen resultat

LØP 2

Ingen resultat

HOPP Høyde SUM

F.år

Res

Else Lundestad Bakkelid 1976 1.50

Poeng

Stad

Dato

701 701

Byrkjelo

28.09

KAST Diskos Slegge SUM

Elin Isane 1975 51.13 911 Else Lundestad Bakkelid 1976 41.06 820 1731

Jessheim 22.08 Rygg 11.05

VALGFRIE Kule Diskos SUM

Elin Isane 1975 13.19 772 Else Lundestad Bakkelid 1976 40.95 702 1474

Jessheim 23.08 Rygg 31.08

TOTALSUM: 3906 Antall noteringer: 5 Antall utøvere: 2

Gloppen friidrettslag – årsmelding 2014

44

Profile for Birgith Hjelle Roset

Gloppen friidrettslag - årsmelding 2014  

Her kan du lese om aktiviteten til Gfil i 2014.

Gloppen friidrettslag - årsmelding 2014  

Her kan du lese om aktiviteten til Gfil i 2014.

Profile for friidrett
Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded