__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1

ÅRSMELDING 2020


THOMAS MARDAL MOT VERDSELITEN

Thomas Mardal er no den fremste friidrettsutøvaren frå Sogn og Fjordane. Thomas sette 25. februar ny norsk innandørsrekord i vektkast då han tok gull under SEC-meisterskapen i friidrett i Arizona, USA, i kveld med resultatet 24,16. Den gamle rekorden frå 1984 er no historie! Thomas forbetra persen sin med over 1 meter, han hadde to kast til over 24 m. Thomas er no inne i sitt avsluttande studieår ved universitetet i Gainsville, Florida, men før han kjem heim til sommaren skal han gjennom fleire spennade konkurransar i slegge, med den amerikanske studentmeisterskapen i juni som høgdepunktet. Den flotte framgange i vektkast denne vinteren peikar mot lange sleggekast når sesongen startar i april. Thomas har ein vektkastkonkurranse igjen, det er den amerikanske studentmeisterskapen om 2 veker. Det må og nemnast at Thomas også sette ny meisterskapsrekord for SEC-meisterskapen (South Eastern Conference) og samtidig ny universitetsrekord for universitetet i Florida. Thomas har delteke i 3 internasjonale meisterskap: EM-U20, VM-U20 og sist EM-U23, der han kom til finalen og tok ein sterk 10.plass i slegge. No er han på veg mot internasjonale seniormeisterskap, OL dette året kjem kanskje litt for tidleg, men i 2022 kjem det to spennande meisterskap: EM i München og VM i Oregon, USA. Det er harde krav til desse 2


meisterskapa, etter år 2000 er det berre Kristin Roset, GFIL og Øyvind Strømmen Kjerpeset, Florø T&IF, som har kvalisert seg til meisterskap på dette nivået. Med 74,28 i slegge i 2020 var Thomas berre 17 cm frå kravet til det avlyste EM som skulle gått i Paris. Han er no midt i sitt siste år som USA-student og kjem heim til sommaren. Treninga går som planlagt, vi håpar at han tek siste steget mot toppen, i 2020 enda han som nr. 37 i verda. GFIL gratulerer! -Jørund Årdal-

3


ÅRSMØTE

GLOPPEN FRIIDRETTSLAG På Mona Vekst 10. MARS 2021 kl. 18.30 SAKLISTE 1

OPNING v/leiar

2

KONSTITUERING - Val av møteleiar, referent og to til å signere møteboka

3

ÅRSMELDING 2020

4

MEDLEMSPENGAR 2021 – 200 ,-

5

REKNESKAP 2020 v/Olav Holvik

6

BUDSJETT 2021 v/Olav Holvik

7

VAL

8.

AVSLUTNING

17 åringen Matias Reksten Dale, Gfil debuterte under senior NM med resultatet 14,67m i kule. Det er berre 24 cm bak persen han sette 14 dager tidlegare. Vi gratulerer med flott innsats. 4


STORTRENING PÅ BYRKJELO JULI 2020

I. STYRE Leiar

Nils-Ove Roset

Nestleiar

Jørund Årdal

Økonomi-leiar

Olav Holvik

Styremedlem

Ole Morten Mardal

Styremedlem

Linda Van Hulst Florack

Styremedlem

Else Lundestad Bakkelid

Styremedlem

Liv Randi Teige

Styremedlem

Mathias Reksten Dale, aktives representant

1. varamedlem

Even Rønnekleiv

2. varamedlem

Jan Otto Aae

Økonomigruppe:

Gunnar Hole, Jan Otto Aae Alt av rekneskap og kasserertenester er utført av Olav Holvik.

Valnemnd 2020; Else Løkke (leiar ),Torbjørn Holme(leiar 2022), Gunnar Hole (leiar 2023) Revisorar : Magne Devik og Dagfinn Nyhammer 5


NM-INNSATS, GOD SOM GULL

Nytt NM sølv til Evald Osnes Devik under årets Nm på Fana Stadion, Richard Rygg Willanger tok 4 plassen. Gloppen Fil gratulerer.

REPRESENTASJON / VERV UTANOM KLUBBEN Jørund Årdal , medlem i statistikk og rekordutvalet i SFFIK Dagfinn Nyhammer leiar i dommarutvalet i SSFIK Friidrettens trenerforeining – Jørund Årdal, styremedlem

KONTAKTPERSONAR I FRIIDRETTSGRUPPENE I MODERLAGA(LEIARANE) IL Brodd

Liv Randi Teige

STIL

Stig Svalheim

Fj.V

Dagfinn Nyhammer

Hyen IL

Even Rønnekleiv

BBIL

Reidar Moldestad 6


MØTEVERKSEMD 2020 ARBEID I STYRET Arbeidsfordelinga har helde fram som førre år. Jørund den sportslege delen, Olav økonomi og Nils Ove administrativt. Vi har hatt 4 styremøter og GFIL har handsama 20 protokollførte saker. I tillegg er resten av saken løyste over telefon. Klubben er heldige som har Olav Holvik med oss i styret. Han er både kasserar og rekneskapsførar. Vi har også hatt viktige møter saman med arbeidsgruppa for Idrettsplassen/Idrettsrådet og Gloppen Kommune. Økonomigruppa har hatt fleire møter i høve arbeidet med fornying av avtaler . Jon R Hauge og Dagfinn Nyhammer har vore lagets oppmenn i veteranklassa. Jon R Hauge har også fungert som veteranansvarleg. Dagfinn Nyhammer og Atle Søreide har vore ansvarlege for Gloppetrimmen.

VELLUKKA KLUBBKVELD I STIL STOVA - GFIL SERTIFISERT SOM RENT IDRETTSLAG Tysdag 4 februar 2020 hadde Gloppen Fil klubbkveld i Stilstova med over 30 frammøtte aktive, foreldre, trenarar og leiarar. Antidoping Norge sitt Rent Idrettslag program var hovedtema for kvelden. Det vart arbeidd i grupper med ulike tema og problemstillinger innanfor antidopingarbeidet, gruppesvara vart gjennomgått i plenum til slutt. Gloppen Fil kjem i tida framover til å synleggjere at vi driv aktivt forebyggande antidopingarbeid. Første tiltaket som skal gjennomførast er at samtlege aktive utøvarar som trenar i våre treningsgrupper f.o.m 15 år skal gjennomføre Ren Utøver programmet. Veldig kjekt å bli sertifisert som Rent Idrettslag(varer i 2 år så skal vi gjennom ny runde) Vi gjekk så gjennom all informasjon om treningsleiren i Portugal og Gloppen Hotell leverte supergod Pizza til kveldsmat. Ein fin kveld.

7


8


COVID-19 ÅRET 2020 2020 har vore eit spesielt år også for gloppenfriidretten. Covid-året har satt sine spor både på eine og andre måten. Ikkje noko av det vi hadde på planen kunne gjennomførast, treningsleir, sponsortreff, Sparebankleikar, Gloppetrim, jr landslagsamling, reduserte NM og UM, for å nemne noko. Mest kan vi vel seie det har gått ut over konkurranseaktivitetet og samlingar. Vi alle veit kva miljø betyr for dei aktive og å reise på tur ilag har alltid vore noko å sjå fram til. Det har vi ikkje fått gjort i år. Det sete spor når ein treningsleir til Portugal blir avlyst, ein leir som var den mest offensive i Gfil historien når det gjaldt unge utøvarar. Det var ein vanskeleg vår som vart etterfølgd av ein flott sommar på heimebane, med konkurransar lokalt og gode treningar på Loggane og Byrkjelo. Det er på sin plass å rette honnør til oss sjølve for framoverlent og fornuftig tilnærming til aktivitet og konkurransar i den vanskelege perioden vi var inne i heile våren, sommaren og utover hausten 2020.

9


Anne Merete i full sving med vasking av blokker under Koronastevne-1, i mai. Det vart vaska blokker, kastredskap, hekkar og anna stadionutstyr over ein lav sko. Takk til alle som bidro til at friidrett også var muleg og dei unge aktive ikkje vart altfor skadelidande. «Ingen nevnt, ingen glemt» Vi gjorde oss tidleg nokre betrakninger omkring Covid situasjonen då den braut ut. Det viktige for oss var å legge til rette ute i frisk luft på ein trygg og god måte. Vi meina bestemt at det det fekk vi til. Gode retningslinjer utarbeidd av NFIF gav oss ein solid plattform i arbeidet med utøvarane på idrettsbana. Våre tilsette i forbundet bistod oss på ein framifrå måte med råd og rettleiing og gode innspel. Men vi missta ein del ungdomar som ville ha vore på trening om alt var som det skulle. Det er nok slik over heile idrettsnorge. Garasjetrening vart i mars 2020 eit nytt begrep. Her er «naustet» i Bukta innreia til styrke og spensttrening. Slik var det mange stader rundt i kommunen. Vi sette i gang med stevner på Byrkjelo så snart vi fekk mulighet og fekk det til på ein god måte. Det vart sjølvsagt populært å komme til oss og vi hadde klare reglar heile tida om antal og kven som fekk kome. Etterkvar vart det lettelsar. 10


KASTSTEVNE 1 PÅ LOGGANE – APRIL 2020

Flott gjeng på Loggane april 2020, foto Siri Cecilie Flatjord, Firda Tidend

Glade kara på Loggane 11


GLIMT FRÅ COVID STEVNER PÅ BYRKJELO

Stevne 1, 23. mai

Stevne 2, 4. juni

12


COVID STEVNE 3 Ny krinsrekord og årsbeste i Norge i slegge av Thomas Mardal og rekorddeltaking på 3000m menn. .

13


Stevne 3, 30 juli

OMTALE AV STEVNET PÅ GFIL SINE NETTSIDER: Både været og resultata varma på Byrkjelo i går kveld, god deltaking og mange pesonlege rekordar. Naturleg nok var krinsrekorden i slegge til Thomas Mardal høgdepunktet, 74,28 viser at Thomas er på veg mot topp internasjonalt seniornivå. Det er ny banerekord på Byrkjelo, 1 cm lenger enn Eivind Henriksen kasta under NM 2018. Samtidig smatt også Thomas forbi Eivind på den norske 2020-statistikken. Sleggekonkurransen gav fleire persar og flotte resultat: Evald Osnes Devik viste at NM-formen er på veg med 63,94, ca. 1,5 m frå pers. Persar vart det både på Håkon Hjelle Roset med 54,70 og Leif Magnus Grov Husevåg(15 år) med 56,75. Vi noterte også solid pers på Henrikke Antonsen(17 år) frå Dimna med 50,63. Jon Rolf Skamo Hope kan meir enn å gå langrenn, han leverte ein flott 3000 m på 8.39,03, pers med ca. 9 sek. Tidegare denne månaden sletta han den nest eldste lagsrekorden i GFIL med 31.45,34 på 10.000 m i Førde. Olav Holvik sprang på 31.50,9 i 1991. Mathias Reksten Dale støytte seniorkula heile 14,02, stekt resultat av ein 17-åring. For ein gongs skuld vart det ikkje pers på Steffen Melheim, men 54,86 med 1,75 kg diskos er uansett eit supert resultat. I desse 17-åringane har vi også to kastarar med internasjonalt potensial. Gledeleg at løpsinteressa er på veg oppover i fylket. Her har vi Eivind Øygard som viser veg, han stiller som "hare" og gjer ein flott jobb for dei yngre som er på veg opp

14


Gutta på 200m, Ruben Gjerde, Jakob Slåtten, Åsmund Sælen og Ola Martin Flatjord – sistnemde var klar vinnar.

15


«Slagmark» etter 3000m

Hausten 2020 var det meste mykje rolegare på Covid fronten, i alle fall lokalt og treningane hadde etter kvart funne tilbake til normalen.

16


Gfil og samarbeidet med moderlaga fungerer flott , Gloppetrimmen, treningstevner, i tillegg til alle treningane kvar veke. Siste åra har det vore svært kjekt å komme til Byrkjelo heile sommarsesongen med velvilje og idrettsinteresse i fremste rekkje. Det er rundt gode anlegg og kunnskapsrike friidrettsfolk ein møtest når grunnlaget for miljø og prestasjoner vert lagt.

SAMORDNING AV TRENING / TRENING /ANLEGG Rygg skule er treningsarena for våre beste kastarar og på det meste som gjeld styrke. Loggane kastarena er flittig brukt heile sesongen. Alle GFIL treningar har vore på Byrkjelo og Loggane. På Rygg trenar vi styrke når vi vil og så lenge vi vil. Anlegg og drift av anlegg er kommune og moderlaga sitt ansvar slik det har vore i alle generasjonar. Gfil kan vanskeleg sjå at vi skal kunne starte anleggarbeid eller kjøpe oss inn i anlegg, då vil aktiv idrett få ein brå slutt. Vinterstid trenar vi i Firdahallen og kastburet der er flittig brukt. Løpestripa og hoppgropa blir rehabilitert vinteren 2021. Vi arbeider fortsatt hardt for å få på plass styrkerom og fast plass å hoppe høgde med piggsko.

IDRETTSPLASSEN – DET ER STOR FULL STOPP I FRAMDRIFTA Alle som har følgt med i media siste halvåret har registrert at det er full stopp i arbeidet med å rehabilitere vår viktigaste utendørs treningsarena i kommunesenteret. Idretten har straks tatt over anlegget gjennom ei avtale med kommunen. Dernest har vi gjort avtale med Mohn/Sørnes om å ta ein formell henvendelse omkring prosjektet i mai 2021. Det er som kjent økonomiske grunnar til at vi ikkje kan fortsette med kommunen i førarsetet.

STATISTIKKFØRING Jørund Årdal har ført statistikk for Gfil.

INFORMASJONSARBEID / PR Jørund Årdal /Nils Ove Roset har i hovudsak vore talsmenn for klubben i media.

NYE KLUBBLOKALER I STIL-STOVA Klubben har inngått leigeavtale med STIL i høv leige av kontor/lager/arkiv i Stilstova. Vi har eigen inngang frå sida som vender mot Idrettsplassen. Alt av arkiv er flytta frå Dag Fosstvedt. Stor takk til Olav og Jan Otto for jobben med all flyttinga. Etter kvart vil vi etablere oss her med møtebord/skap etc. www.gloppenfil.no er laget si webadresse. På Facebook finn du mykje godt nytt under Gloppen Friidrett. Vi er no også på instagram….. gloppenfriidrett 17


GLOPTIMISTEN Gloptimisten har vi greidd å utgje tre gonger som planlagt i 2020 . Ny redaktør i 2020 har vore Ingrid Hjelle Roset. Ho har løyst dette glimrande.

JR LANDSLAGET I SLEGGE-KULE OG PÅ PLASS I GLOPPEN 10.-12. juli 2020 NFIF ba oss om å arrangere ei amputert og forenkla samling i Gloppen . Alt godt planlagt i høve Covid restriksjonar. KASTSAMLING MED JUNIOURLANDSLAGET OG LOGGANE OPEN Jr landslaget i kast har vore samla i Gloppen sidan fredag ettermiddag og har gjennomført treningar på Byrkjelo og Loggane. Samlinga vart avslutta med stevne på Loggane der også våre eigne lokale deltok. Mange gode resultat og god stemning! Sleggekasta til Beatrice Nedberge Laano(69,78) og Thomas Mardal(72,75) var dei sterkaste prestasjonane på Loggane Open i dag. Resultata var nær deira pesonlege rekordar og vegen fram til internasjonalt topp seniornivå er ikkje lang for desse to. Rekruttlandslaget norterte mange persar, spesielt gledeleg med to jenter over 15 meter i kule(3kg). Solide sleggepersar til Truls Engen Olsen(17) med 65,61/5k og Oda Marie Myklebust(19) med 56,70. 18


Oppholdet vart gjennomført på ein god måte ved at alle ordna overnatting og forpleining sjølve.

19


God stemning på Loggane!

Thomas med toppresultat i slegge. 20


VÅRE GODE SAMARBEIDSPARTNARAR

Stor takk til våre gode sponsorar for støtte også i eit vanskeleg år. Vi er heldige som har gode samarbeidspartnarar. Det er mykje arbeid å holde dette sponsornivået, men skal vi greie å gje eit like godt tilbod til topputøvarar som klubbar i sentrale strok må vi stå på for fullt. Klubben legg mykje ressursar i profileringstøy, alle får utlevert hettejakke, t-skjorter og grå gensar. Trenarar får også svart vinterjakke med logoer. 21


Ole Martin Flatjord (t.h.) har imponert både 200m. og 400m. i år.

II. ØKONOMI/ADMINISTRASJON/ORGANISERING Sparebanken Sogn og Fjordane , Generalsponsor ( 2020-2023) Coop Extra , Generalsponsor 2019-2021 Sogn og Fjordane Energi, hovedsponsor. (fornya 2020-2023) NORDFJORD SKIFER , hovedsponsor ny i 2020-2023 RETURA NOMIL A/S , hovedsponsor ny i 2020-2023 Gloppen Hotell, Hovedsponsor ( fornya og utvida til 2021) Olav K.Henden Sport A/S (fornya 2021) Evebø Blikkeslagerverkstad (fornya 2021) Naturfotograf Ronny Solheim

GLOPPENKALENDAREN 2021 Gloppen-kalenderen. I år har vi nytta fylgjande fotografer; Randi Ryssdal, Audhild Bogstad, Jon Arne Pedersen, Dagfinn Nyhammer ,Monica Røed Frøyset , Reidun Ask Flølo, Vidar Sandal, Aud Ryssdal, Takk for flotte bidrag både frå fotografer og annonsørar . De er med på å gje eigarskap til produktet. Veidekke A/S, Coop Vest, Evebø Blikkenslagerverkstad A/S, Bakaren A/S, Sandane Gravferdsbyrå, Adv Lothe, Mardal & Gjengedal, Hageland Sandane, Mardal Rør A/S, Brødrene Aa, Årdalsbakke Elektro A/S, Tannlege Øyvind Seim, Sunnfjord 22


Kiropraktorsenter , Eilenæs libris, Huseiernes Landsforbund, Byggevaren Byrkjelo A/S, Rema 1000, Frydenbø Bilsenter, Bakklelidgrenda Barnehage, Bygdeservice A/S Takk til alle annonsørane ! Kalenderen for 2021 vart ein stor suksess. Dagfinn Nyhammer overtok bildeansvaret frå og med hausten 2015, Nils Ove fortsatt har hatt annonseansvaret samt distribusjon og salgsapparatet. Sporten er den største selgaren av kalendarar, nærmare 200 stk solgt !! Det vart restriksjonar på dørsalg under Covid før jul 202o, men vi løyste det med å legge vippsnr og kalender i postkassene rundt om. Det gav godt resultat. Elles fekk vi solgt ein god del før salgsrestriksjonanen vart vedtekne av kommunelegen.

SAKSA FRÅ FACEBOOK «Etter ein del arbeid med Nordstrandsløpet og Gloppen Halvmaraton, har Gloppenkalenderen 2021 vore litt venstrehandsarbeid siste vekene. No er imidlertid bileta valde ut, og sende til trykkeriet i Florø. Kjenner vi E. Natvik Prenteverk As rett, går det ikkje mange dagane før vi har ferdig kalender tilbake. Då kan Gloppen Friidrettslag ta til med sal av det som plar vere flotte julegåver i god tid før julerushet. Det var så mange andre flotte bilete som kunne ha vore med, men det var ikkje meir enn 12 månader i 2021 heller. Men eg har dei i arkivet, så nye sjansar byr seg til neste år. Og ha det i tankane alt no; vi manglar ofte bilete frå november til mars - ta ditt kalenderbilete desse månadane!» (Dagfinn Nyhammer på facebook 7. oktober 2020)

Glade kalenderselgarar på sporten 😊

23


GOD AKTIVITET PÅ BYRKJELO

24


SPONSORARBEID 2020

25


Alle foto: Ronny Solheim

26


Vi har teke i bruk nytt medlemssystem: https://www.idrettenonline.no

Gjennom denne tenesta kan vi på ein enklare måte enn før ha oversyn over medlemmane etter som systemet har tilgang til NIF sine databasar. For medlemmer som skifter adresse, får ny mailadresse eller nytt tlf.nr vil vi automatisk få oppdaterte data etter kvart som sentrale personregister vert oppdatert. Systemet nyttar vi også til innbetaling av medlemspengar og treningsavgift. Vi tilrår at medlemmane lastar ned appen:

27


Dugnad under bryllup i Karnils august 2020

28


Profilering er viktig – vi meiner at klubben yter godt på dette feltet.

ØKONOMISK AVTALE MELLOM MODERLAGA OG GFIL Den økonomiske avtala som er inngått starta å gjelde frå sesongen 2001. Denne avtala har vore gjeldande sesongen 2020. Gfil har i fleire år meint at denne avtala burde vore forhandla på nytt med laga. Vi har hatt same lags kontingenten 17 år(5000,- pr klubb). GFIL er heilt avhengig av at eigarane støttar med dette bidraget.

UTØVARKONTRAKTER F.O.M 2014 Vi har også i 2020 hatt kontrakt til alle unge med Hoved Nm krav og oppover, dei er også mest aktive på reisefronten og er studentar. Evald, Thomas, Simon, Håkon og Arne. Det er nødvendig at klubben følge opp desse avtalane godt slik at ytingar og gjenytingar får det nødvendige fokus. Kontrakter er fornya/omarbeidde i høve 2021 sesongen. Jørund, Ole Morten, Jan Otto og Nils Ove har bidratt her. Jan Otto har leia arbeidet og avtalane har blitt så rettferdige som det er muleg då prestasjonar blir målt ut frå serietabellen og ikkje plasseringer i mesterskap etc.

29


DUGNADSARBEID Varetelling på Extra i jula, kalendersalg i desember og servering under bryllup i august er årets dugnadsarbeid.

TRIVSELSHAGEN- IDRETT- GJENNOMGANG – STATUS PR MARS 2021 16 desember 2016 vart det halde møte/gjennomgang av idrettsdelen i Trivselshagen etter initiativ frå Gloppen Friidrettslag. Desse møtte; Dagleg leiar Øystein Sundal, Sportsleg leiar GFIL Jørund Årdal, Leiar i GFIL Nils Ove Roset og Leiar Idrettsseksjon Firda Vgs Magne Larsen. Vi gjekk gjennom desse anlegga i hallen. Vektrom, kastareal, løpebane, høgde, lengde/tresteg, utstyr til trening i hallen, kastvegg. Møtet bestemte at der skulle lagast ei felles uttale om utfordringane i desse anlegga. Uttalen vart ført i pennen av Nils Ove Roset og Magne Larsen. Brevet vart stila til Styreleiar i IKS med kopi til Idrettsrådet og postlagt 27 januar 2017. I samråd med rektor på Firda og GFIL vert brevet vedlagt i GFIL årsmelding 2017 og 2018. Etter endringar i organiseringa av IKS Trivselshagen i 2020 kom vi endeleg i posisjon til å bli høyrde, og det vart raskt beslutta at løpebana og hoppgropa skulle rehabiliterast med nytt dekke og el motor på dekke i gropa. Arbeidet skal bli ferdig våren 2021. Dette er svært viktig for friidretten i ei elles trong tid anleggsmessig. Jan Otto har vore GFIL sin representant i arbeidet med å få fullført prosjektet. Takk for glimrande sluttspurt.

Flittig treningsgjeng i hallen. God blanding av Jølster og Gloppen. 30


Godt planlagt, men avlyst grunna Covid-19.

31


NY GFIL REKLAMEBANNER 2020

Gode treningskamerater – Tobias Fuglestrand og Håvard Klakegg. 32


VIKTIG TEMA SOM VART TATT OPP PÅ KLUBBKVELD I FEBRUAR

33


III IDRETT. SPORTSLEG LEIAR / OPPMANNSFUNKSJONEN Jørund Årdal har vore sportsleg leiar og oppmann. Alle påmeldingar har han organisert. I tillegg har han vore medieansvarleg på den sportslege delen. Jørund gjere ein kjempejobb for laget. Han har også vore på alle landslagsamlingane (januar/februar/juli 2020) som trenar samt at han var organisator og primus motor under samlinga NFIF hadde i Gloppen i juli 2020. Sesongen 2020 har fylgjande hatt trenaroppgåver i laget; Else Lundestad ,Jan Otto Aae, Ole Morten Mardal, Nils Ove Roset, Jørund Årdal, Dagfinn Nyhammer, Anne Merete Kleppenes, Ola Bergheim, Reidar Moldestad, Gunnar Hole, Stig Svalheim og Daniel Arnestad Dyrnes. Stewe Lemke er trenar for Thomas i Florida. Hoved-NM og Jr.-NM kvalifiserte utøvarar 2020: Else Lundestad Bakkelid, Thomas Mardal, Evald Devik, Håkon Hjelle Roset, Matias Reksten Dale, Arne Osnes Devik, Richard Willanger. Nyinnmeldt i laget er Kristen Brosvik (Nm klar i slegge). Laget vil spesielt på trenarsida trekke fram Ola, Else, Jan Otto, Jørund, Reidar, Stig, Daniel og Ole Morten som avgjerande for at vi greier å halde det sportslege nivået slik vi gjere. Dei har uvurderleg kunnskap og stå på vilje. Vår faste fysioterepeut Knut Stian Fjellestad og kiropraktor Eigil Instebø har vore viktige i arbeidet med å forebygge og å lege skader. I 2019 fekk vi også med oss Osteopat Elise Øygard på laget.

NFIF – TRENINGSGRUPPER / SAMLINGAR / TRENINGAR. Arne Osnes Devik (U20) og Mathias Reksten Dale har i 2020 vore med i NFIF sine utøvargrupper på Jr.landslaget . Jørund Årdal fast trenar på Jr laget. Arne Osnes Devik vart tatt ut til sesongen 2020 i slegge . Jørund Årdal er også i 2019 og 2020 sleggeansvarleg for heile gruppa. Komande sesong(2021) har vi med Matias Dale i klasse U20. Vi har dessverre ingen i klasse U23.

Mathias Reksten Dale utteken på juniorlandslaget GFIL har vore representert på junior/rekruttlandslag i kast i alle år sidan oppstarten i 2006. På laget for 2020 har vi fått med vår lovande kulestøytar Mathias Reksten Dale. Han er no i gong med førebuingane til 2021-sesongen og der målet er å kunne kvalifisere seg til EM-U20 i Tallin, Estland i juli, Mathias han nytta koronasesongen godt og har stabilisert seg på 16talet med 6-kiloskula, den same kula som han skal ha dei neste to sesongane. Skal han klare 34


EM-kravet må han han over 17,50, eit resultat som er klart innafor rekkevidde. Mathias er junior også i 2022, då er det VM U20 med eit kvalifiseringskrav på over 18 m. GFIL gratulerer med uttaket og ønskjer lukke til med sesongførebuinga.(GFIL-facebook hausten 2020)

KLARE FOR NM PÅ FANA STADION.

35


Løpstrening på Loggane hausten 2020.

TRENINGAR I VINTERHALVÅRET Gfil er fast arrangør av treningar i ei aldersgruppe (13-19) Gfil har her tatt seg av ”mellomgruppa”. Fj.V/Stil har tatt seg av dei yngste. Utøvarar frå andre kommunar har vore på trening i Firdahallen på torsdagane. Oppmøte har vorte svært bra. -

-

Torsdagstreningane har vi fått flytta til 1800-1930. I alle fall godt for dei som skal starte 07.00 neste dag. Vi har også gått tilbake til gamlekonseptet med det meste av treninga i gamlehallen. Tysdagar har vi vore ute med sprint-løpstrening rundt der det han vore mogleg i Sandaneområdet , Loggane, Eidsmona og gangvegen til Kleivedammen. Styrketrening har vore fast to dagar i veka på Rygg, kast har hatt 3 og 4 økter på Loggane. Torsdagar har det også vore inneøkt i kastburet.

36


Konkurrentar og gode kameratar, Håkon og Kristen (frå 2021 i GFIL)

Ein flott gjeng på UM – Jessheim hausten 2020. Eit Um for 15-16 og 17 åringane. Her ser de dei unge som skal føre toppfriidretten vidare i Gloppen. 37


FELLES BASISTRENING Morgontreningane er fortsatt ein suksess mellom 15 og 20 utøvarar frå friidrett, fotball og handball kvar torsdag klokka 0700 til 0810. Fyrst og fremst ser vi at dette har blitt eit tilbod til idrettselevar på Firda Vgs, men vinteren 2021 har det også blitt fleire av dei som er lokale. Det er topp integrering i lokalmiljøet at slike treningar blir populære blant elevane. Dette er i praksis basistrening på tvers av lag og idrettar som vi meiner vert altfor lite utnytta av dei aktive idrettsutøvarane i kommunen. Vi vil anta at det er mange som hadde hatt godt av dette og kan minne om at trening kl 0700 faktisk er barnemat for ein utøvar som vil prestere på idrettsbana.

Hausten 2020 – morgonøkt.

38


Dei unge sprintdamene på sommartrening i Bukta.

BOYSEN MEMORIAL 2020 – EITT AV DEI FÅ STEVNA I 2020 UTANOM GLOPPEN

«I kveld vart elitestevnet Boysen Memorial arrangert på Bislett, og GFIL hadde med tre kastarar i slegge-konkurransen. 39


Thomas Mardal, som ikkje har konkurrert i slegge sidan juni i 2019 pga ei hofteskade (og college-sesongen i år vart kansellert pga Covid-19), fekk ein god start på sesongen med pene 71.99m og 3.plass. Dette er kun 1.11m bak persen, så det lovar godt for sesongen. Evals Osnes Devik kasta også godt, med ein bra serie, der 62.72m vart det lengste. Med dette vart han nr.4 i konkurransen. Håkon Hjelle Roset var blant dei yngste denne kvelden. Litt bak årsbeste i kveld, med 50.17m (7.pl), men har tidlegare i sesongen kasta nesten 54m. Det skal bli spanande å følgje desse vidare utover sommaren Vinnar i kveld vart Eivind Henriksen med 74.21m, Hilmar Ørn Johnsson frå Island nr 2 med 72.83m.» (OMM)

NM KRAV OG NY LAGSREKORD PÅ 10000M Jon Rolf Skamo Hope og Gunnar Andre Henden sprang 10000m under eit seriestevne i Førde 16 JULI 2020. Jon Rolf løp under Senior NM kravet med 14 sekund margin på tida 31,45,34 min . Gunnar Andre Henden sprang på 33,01,40 min , vel eit minutt bak kravet. Bendik Vereide oppnådde i same stevnet tida 35.32.13 min. Flotte tider ! Gunnar presterte ein fantastisk halvmaraton på Sandane seinhausten 2020 med tida 1,12.06

40


TRENINGANE I SOMMARHALVÅRET Mandager:

Kast– Loggane 18.00-20.00

Tysdagar:

Byrkjelo stadion 18.00-20.00 – Rygg Skule styrke 18.00-20.00

Onsdagar:

Loggane kast 18.00-20.00 Gloppetrim. 18.00-20.00

Torsdagar:

Byrkjelo Stadion. 18.00-20.00

Fredagar:

Kast – Loggane 18.00-20.00 Basis 07.00 fram til ca. 15 juni – hallen

GLOPPETRIMMEN 2020 Gloppe-Trimmen i covid-året Dagfinn Nyhammer I 2020 gjekk Gloppe-Trimmen inn i den digitale verda. Koronapandemien som kom i mars gjorde det ikkje så enkelt å samle folk til arrangement, men å sleppe Gloppe-Trimmen heilt vart litt utenkjeleg. Løysinga var dermed å finne på den digitale måten. Som vanleg vart det oppstart i april, med 16 terminfesta trimkveldar. Vi baserte oss på eigenregistrering, der deltakarane kunne notere seg på liste opphengt ved Mardal Skule, eller sende inn melding om gjennomført trim til Dagfinn, på e-post, Messenger eller SMS. Innbetaling skulle gjerast etter vårsesongen var avslutta. Mange nytta seg av tilbodet, som på ein måte var rimeleg enkelt å administrere. Trimmarane kunne denne våren også velje sine eigne løyper, enten den vanlege i Bukta, eller i heimeområdet. Kriteriet var at dei måtte gå minst 4 km. Oppfølging av innbetalingane kravde ein del timar med kontakting og purring, og var det som gjorde arrangementsforma meir tungvint, og litt arbeidskrevande. Men i alle fall: Vi fekk ein del trimmarar i gang også i 2020. Haustsesongen tok vi på vanleg måte, med oppmøte i Bukta, og med felles avslutning, med premieutdeling. I alt 109 deltok frå ein til 16 gonger (163 i 2019). Heile 18 personar var ute og trimma alle trimkveldane vår og haust, der Marit Apalset framleis har ein imponerande statistikk: Ho har vore med på alle trimkveldar, kvart einaste av dei 12 åra vi har hatt Gloppetrimmen. Fantastisk! 41


Kriteria for premiering er: Ein må ha vore med minst 8 gonger, då får ein ein fin trimstatuett som premie. I år var det 62 som hadde dette kravet inne, to fleire enn i fjor. Hovudpremien, eit gåvekort på kr. 2.000,- gjeve av Intersport på Sandane, vart vunne av Dagfinn Nyhammer. Takk til INTERSPORT for det flotte, årlege bidraget med gåvekort som hovudpremie i GloppeTrimmen!Totalt har det vore 915 enkeltstartar, om lag 100 færre enn i fjor. Dette må seiast å vere svært bra, med tanke på den litt provisoriske gjennomføringa våren 2020.

GFIL vil takke Dagfinn og Atle for utruleg flott innsats i dette prosjektet.

STEMNINGSBILDER GLOPPETRIMMEN 2020

42


43


SAKSA FRÅ SPAREBANKEN SINE HEIMESIDER VÅREN 2020

SØK PÅ MEIRENNBANK.NO Velkomen til å bli betre kjend med den største banken i Sogn og Fjordane. På denne bloggen får du vite meir om kulturengasjementet vårt og samfunnsansvaret vårt. Men du får også tips om smart økonomi og smart bruk av nettbank, mobilbank og fleire andre av produkta våre. Visjonen til Sparebanken Sogn og Fjordane er å vere ei drivkraft for Sogn og Fjordane. Vi vil skape, vi vil utvikle, vi vil dele. Vi vil vere meir enn bank.

GFIL FYLLER 30 ÅR - TOPPIDRETT OG FOLKEHELSE HAND I HAND

Sparebanken Sogn og Fjordane og Gloppen Friidrettslag har inngått ein ny treårsavtale. – Vi ser idrettsglede i både toppidrett og folkehelseprosjektet «Gloppetrimmen», seier Nils Ove Roset, styreleiar i GFIL.


2. april 2020 – Kristian Helle – medieansvarleg Sparebanken Sogn og Fjordane. April er her og ein ny friidrettssesong skulle vore like rundt hjørnet. Dessverre er 2020 eit «annleis-år», men ein viktig avtale er på plass! Sparebanken Sogn og Fjordane og Gloppen Friidrettslag har i ei årrekkje hatt eit godt samarbeid. Gode samarbeid er verdt å ta vare på, og no er ein ny avtale i boks. Den nye avtalen gjer banken til generalsponsor for GFIL dei tre neste åra. Tar godt vare på alle Banksjef i Nordfjord, Odd Kjetil Tonning, ser fram til vidare samarbeid med GFIL – som også fyller 30 år i 2020. Vi gratulerer! – GFIL er eit lag som vi har hatt eit godt samarbeid med over lang tid. Dei er eit lag som veit å ta godt vare på både utøvarar, trenarar og samarbeidspartnarar, seier Tonning. – Vi er derfor veldig glade for å kunne forlenge dette samarbeidet med nye tre år. Vi ser fram til gode prestasjonar både på toppidrettsnivå og i breiddeidretten i Gloppen, held Tonning fram. – Vi ser idrettsglede i både toppidrett og folkehelse Som banksjefen er inne på har GFIL god breidde i sitt friidrettstilbod. Likevel er det vanskeleg å kome utanom kastøvingane, der dei har vore i landstoppen i mange år. Til saman i alle greiner kan friidrettslaget vise til over 100 (!) NM-medaljar i løpet av sine 30 første år, men GFIL er sjølvsagt meir enn berre toppidretten. I GFIL går konkurranseidrett og folkehelse hand i hand, seier styreleiar Nils Ove Roset. – Vi ser idrettsglede i både toppidrett og folkehelseprosjektet «Gloppetrimmen». Gleda av å nå eit mål er grunnleggande viktig for sjølvkjensla for alle og einkvar, seier Roset. Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane gratulerer med jubileumsåret og ønsker lukke til med sesongen når den endeleg kjem i gong. Vi gler oss til dei tre neste åra!

45


Gloppetrimmen er GFIL sitt folkehelsetilbod for alle som har lyst å mosjonere seg.

Evald Osnes Devik er ein av fleire frå GFIL som er i landstoppen i sleggekast. Her frå NM i fjor då han tok sølv med lengda 65,63 meter.

46


VETERANSESONGEN 2020 INNANDØRS-NM Vi fekk ein flott start på sesongen med innandørs-NM for veteranar, som gjekk i Leikvang Friidrettshall i Åsane 29. februar og 1. mars. Fire dagar før han fylte 70 år, tok Per Einar Andenæs eit suverent NM-gull i høgde utan tilløp med toppresultatet 1,31 meter, som gir 1000 poeng på veterantabellen! 1000-grensa har ikkje blitt broten på herresida av veteranar i GFIL sidan Gudmund Skrivervik oppnådde 1022 poeng i kule i 2011. Per går med dette inn på andreplass gjennom alle tider i landet i klasse 70-74 år, og han tok i tillegg sølv i lengde u.t. med det gode resultatet 2,36. Nyinnmelde Grethe Maren Myklestad (75-79) leverte også flotte prestasjonar. I vektkast (4,0 kg) gjekk ho til topps med sterke 11,31. Gullmedaljar fekk ho òg for fine 7,35 i kule (2,0 kg) og for 5,67 i tresteg. Dagfinn Nyhammer (70-74) tok sølv på 800m med tida 2.54,14, han kom på fjerdeplass på 200m med 33,07 og på femteplass på 1500m med 6.08,79. Jakob Eirik Lothe (65-69) fekk bronsemedalje for resultatet 1,12 i høgde med tilløp.

AMPUTERT SESONG Etter nedstenginga av landet i mars blei friidrettssesongen prega av mange avlysningar. Mellom anna gjekk terrengstafettane, KM på bane og veteran-NM i Førde i vasken. Førdianarane vil gjere eit nytt forsøk 25.-27. juni 2021, så får vi berre vente i spenning på om det lèt seg gjennomføre.

VETERANSERIEN Veteranutvalet i NFIF møttest i byrjinga av september for å avgjere om ein i det heile skulle arrangere veteranserie i 2020, og konkluderte med å la serien gå som normalt. Etter innandørs-NM måtte vi stort sett nøye oss med å delta på mindre, lokale stemne på seinsommaren og hausten. Herrelaget enda på den beskjedne totalsummen 11.523 poeng, som i dette spesielle året heldt til tiandeplass og fornya kontrakt på toppnivå med god margin. Hopparane, med Per Einar Andenæs i spissen, sanka flest poeng. Bjarne Hauge (65-69) leverte med 2,41 meter på ny eit godt resultat i lengde u.t. På plussida noterer vi òg Jørund Årdal (65-69) sine bidrag i slegge og vektkast. I tillegg fortener Ivar Bruun (70-74) ros for sin fine debut i veteranserien med tida 14.42,15 på 3000-meter.

47


Sjølv om vi er svakast i løp, kan vi glede oss over ein liten poengauke i løp 2. Det kan vi i stor grad takke Dagfinn sin fine innsats i Leikvanghallen for. I dei andre kategoriane går vi til dels markant tilbake. Damelaget kom på andreplass i 3.divisjon, og innfridde dermed forventningane om opprykk. Totalsummen 4.723 er fram 2.126 poeng frå året før, og ville vore god nok til opprykk frå andre til første nivå. Med 29,37 meter i slegge oppnådde Grethe Maren Myklestad 1056 poeng, som er den beste enkeltpoengsummen i Norge på kvinnesida i veteranserien 2020! Dessutan er ho første veterankvinne i GFIL med firesifra poengsum sidan Elin Isane fekk 1012 poeng i diskos i 2015. Den allsidige 78-åringen er ein uvurderleg tilvekst for oss, og tel i serien med tre strålande kastresultat og eitt godt hoppresultat. Else Lundestad Bakkelid (40-44) slo av litt frå persnoteringa i diskos i 2019, men er framleis på eit svært høgt nivå med 44,70 meter. Det er all grunn til å tru at Else og Grethe Maren vil få oss tilbake i toppdivisjonen i 2022, men på øvste nivå krevst det at vi også har noteringar i løp. -Jon R. HaugeVeteranoppmann

Per Andenæs 48


GFIL-RESULTAT I VETERANSERIEN 2020 Menn, 1.divisjon (19 noteringar, 8 utøvarar) Løp 1 200m 60m 200m 100m

Jon R. Hauge Jon R. Hauge Dagfinn Nyhammer Jon R. Hauge

1974 1974 1950 1974

27,05 (-0,2) 8,48 (-1,2) 33,07 (i) 13,75 (-1,0) Sum

607 598 583 508 2296

Byrkjelo Byrkjelo Leikvang Byrkjelo

30.07 17.09 29.02 17.09

Løp 2 1500m 800m 800m 3000m

Dagfinn Nyhammer Dagfinn Nyhammer Jon R. Hauge Magne Tystad

1950 1950 1974 1945

6.08,79 2.54,14 2.23,24 14.36,34 Sum

692 646 603 529 2470

Leikvang Leikvang Byrkjelo Byrkjelo

29.02 01.03 25.10 25.10

Hopp Høgde u.t. Lengde u.t. Lengde u.t. Høgde

Per Einar Andenæs Per Einar Andenæs Bjarne Hauge Jakob Eirik Lothe

1950 1950 1954 1953

1,31 2,36 2,41 1,15 Sum

1000 776 734 457 2967

Leikvang Leikvang Sandane Arna

29.02 29.02 29.10 12.08

Kast Slegge (5,0 kg) Vektkast (9,08 kg) Diskos (1,0 kg) Kule (5,0 kg)

Jørund Årdal Jørund Årdal Jakob Eirik Lothe Jakob Eirik Lothe

1953 1953 1953 1953

38,85 13,82 30,43 7,97 Sum

791 758 572 536 2657

Rygg Rygg Skansemyren Skansemyren

25.10 25.10 04.08 18.08

Valfrie øvingar 60m 3000m Spyd (600 g)

Magne Tystad Ivar Bruun Jakob Eirik Lothe

1945 11,50 (0,0) 1948 14.42,15 1953 20,47

421 385 327

Byrkjelo 25.10 Byrkjelo 25.10 Skansemyren 26.09

Sum

1133

Totalsum: 11 523

49


Kvinner, 3.divisjon (6 noteringar, 2 utøvarar) Løp 1

Sum

0

Sum

0

Løp 2

Hopp Tresteg Lengde u.t.

Grethe Maren Myklestad 1942 5,67 (i) 629 Leikvang 01.03 Else Lundestad Bakkelid 1976 2,15 535 Sandane 29.10 Sum 1164

Kast Slegge (2,0 kg) Grethe Maren Myklestad 1942 29,37 Vektkast (4,0 kg) Grethe Maren Myklestad 1942 11,31 Sum Valfrie øvingar Diskos (1,0 kg) Else Lundestad Bakkelid 1976 44,70 Kule (2,0 kg) Grethe Maren Myklestad 1942 7,73 Sum

1056 Byrkjelo 30.07 850 Leikvang 29.02 1906 848 Rygg 805 Rygg 1653

06.09 10.05

Totalsum: 4 723 KONKURRANSESESONGEN 2020 OPPSUMMERING. Stafettsesongen: Alle stafettane vart avlyst pga korona

Resultat frå dei norske meisterskapa: I Hovud-NM I Bergen fekk vi ei medalje, det samen som året før Under Junior-NM i Kristiansand fekk vi 1 medalje, ei mindre enn i 2019.

NM senior, Bergen 18.-20.9. 2020: Namn

Plass

Øving

Klasse

Resultat

Evald Osnes Devik

Sølv

Slegge

MS

65,10

Richard Rygg Villanger

4. plass

Slegge

MS

59,59

Mathias Reksten Dale

6. plass

Kule

MS

14,67

50


NM junior, Kristiansand, 23.-25.8. 2019 Namn

Plass

Øving

Klasse

Arne Osnes Devik

Sølv

Slegge

M19

Resultat 47,61

Nye krinsrekordar: Namn

Øving

Resultat

Stad

Thomas Mardal

Slegge

74,28

Byrkjelo 30.07.

Nye lagsrekordar: Namn

Øving

Resultat

Stad

Thomas Mardal

Slegge

74,28

Byrkjelo 30.07.

Jon Rolf Skamo Hope

10000m

31.45,34

Førde 14.07.

10 på topp Noreg senior 2020. 8 resultat rakk til å komme med på denne lista, 2 fleire enn i 2019. Thomas med ny krinsrekord i slegge, i tillegg personlege rekordar på Richard, Arne og debutanten Mathias. Plassering Øving

Resultat

Namn

Stad

Dato

2

Slegge

74,28

Thomas Mardal

Byrkjelo

30.07.

4

Slegge

65,10

Evald Osnes Devik

Bergen

18.09.

5

Slegge

63,12

Richard Rygg Villanger Loggane

25.10.

5

Diskos

52,57

Thomas Mardal

Loggane

26.07.

5

Diskos

44,70

Else Lundestad Bakkelid

Loggane

06.09.

5

Kule

15,56

Thomas Mardal

Loggane

23.08.

7

Kule

14,91

Mathias Reksten Dale

Byrkjelo

01.09.

9

Slegge

57,51

Arne Osnes Devik

Loggane

24.05.

51


NFFIF sine lagseriar. Opphaldet i 3. divisjon for herrelaget vart kotrast mogeleg, i 2021 vil det vere muleg å rykke oppatt i 1. div.

3. DIVISJON MENN 2020 TOTALT 1

Osterøy IL

(20/8)

14 048

(11/2d) Hordaland

2

Gloppen FIL

(19/12)

13 909

(12/2d) Sogn og Fjordane

3

Sandnes IL 2. lag

(20/9)

13 042

(15) Rogaland

4

Sarpsborg IL

(20/11)

13 036

(39) Østfold

5

Fredrikstad IF

(20/10)

12 844

(5) Østfold

6

IL Gneist 2. lag

(20/10)

12 776

(27) Hordaland

7

Snøgg Friidrett

(20/12)

12 438

(12) Telemark

8

Moss IL

(20/8)

12 271

9

IL Norna-Salhus 2. lag

(20/11)

12 104

(10) Hordaland

10 IK Hind

(19/8)

12 033

(26) Troms

11 Kristiansand IF

(20/9)

11 988

(18) Vest Agder

12 IL i BUL 2. lag

(19/13)

11 815

(13) Oslo

13 Larvik T&IF

(19/7)

11 789

(6) Vestfold

14 Asker Skiklubb

(20/10)

11 741

(19) Akershus

15 Bodø FIK

(20/7)

11 697

(41) Nordland

16 Sømna IL

(20/7)

11 657

(7) Nordland

17 Strindheim IL

(15/8)

11 149

(9) Sør Trøndelag

18 IL i BUL-Tromsø

(20/13)

11 035

(16) Troms

19 IL Gular 2. lag

(13/8)

10 904

(21) Hordaland

20 IF Herkules

(18/10)

10 773

(14/2d) Telemark

21 IL Sandvin

(19/6)

10 725

(32) Buskerud

22 Lillehammer IF

(16/7)

10 591

(20) Innlandet

23 Jølster IL

(16/7)

10 476

(29) Sogn og Fjordane

24 IL Gular 3. lag

(13/7)

10 131

(56) Hordaland

25 Bergens TF

(18/7)

10 112

(28) Hordaland

(13/2d) Østfold

52


KLUBB:

Gloppen FIL

KRETS:

Sogn og Fjordane

ÅR:

2020

2

OBLIGATORISKE ØVELSER

ØVELSE

NAVN

F. ÅR

RES.

100m

Robert André Moldestad

2000

12.25

200m

Ole Martin Moritsgård Flatjord

1994

400m

Ole Martin Moritsgård Flatjord

800m

STED

DATO

560

Byrkjelo

14.07

24.32

617

Byrkjelo

30.07

1994

52.71

656

Trondheim/St

20.06

Jon R. Hauge

1974

2.23.24

365

Byrkjelo

25.10

5000m

Gunnar Henden

1994

15.49.69

666

Byrkjelo

04.06

10000m

Jon Rolf Skamo Hope

1998

31.45.34

753

Førde

14.07

Høyde

Christopher Solheim

2005

1.71

569

Jessheim

29.08

Kule

Thomas Mardal

1997

15.56

830

Rygg

23.08

Diskos

Thomas Mardal

1997

52.27

894

Rygg

26.07

Slegge

Thomas Mardal

1997

74.28

1 050

Byrkjelo

30.07

Spyd

Håkon Hjelle Roset

2000

40.20

489

Falun/SWE

16.09

Antall noteringer:

11

Sum:

POENG

7 449

53


VALGFRIE ØVELSER

ØVELSE

NAVN

Slegge

Evald Osnes Devik

Slegge

FØDT ÅR

RESULTAT

POENG

STED

DATO

1995

65.10

941

Fana

18.09

Richard Rygg Villanger

1991

63.12

917

Rygg

25.10

Slegge

Arne Osnes Devik

2001

57.51

848

Rygg

24.05

Slegge

Håkon Hjelle Roset

2000

54.70

813

Byrkjelo

30.07

Kule

Mathias Reksten Dale

2003

14.91

791

Byrkjelo

01.09

3000m

Jon Rolf Skamo Hope

1998

8.39.03

774

Byrkjelo

30.07

Diskos

Richard Rygg Villanger

1991

40.51

694

Rygg

23.08

3000m

Gunnar Henden

1994

9.01.74

682

Byrkjelo

30.07

Antall noteringer:

8

Sum:

6 460

Noteringer totalt:

19

Total sum:

13 909

Deltagere:

12

54


Lagsrekordar pr. 01.01.2020 MENN: Øving

Namn

Resultat

Stad

Dato

100m

Magnus Kleppe

10,97

Uddevalla

100m

Thomas Mardal

10,97

Byrkjelo

27.6.2015

200m

Magnus Kleppe

22,43

Fana

26.7.1996

400m

Nils Ove Roset

49,16

Byrkjelo

11.8.1990

800m

Nils Ove Roset

1.53,22

Drammen

21.5.1990

1000m

Odd Bjørn Hjelmeset

2.30,20

Byrkjelo

24.5.1995

1500m

Odd Bjørn Hjelmeset

3.57,20

Førde

24.7.1991

3000m

Odd Bjørn Hjelmeset

8.23,95

Bislett

9.8.1995

5000m

Odd Bjørn Hjelmeset

14.33,48

Bislett

23.7.1998

10000m

Jon Rolf Skamo Hope

31.45,34

Førde

14.7.2020

110m hk

Olav Flølo

15,67

Drammen

12.7.1994

400m hk

Bård Sandal

52,89

Mosjøen

15.8.1992

3000m H

Odd Bjørn Hjelmeset

8.54,42

Byrkjelo

7.8.1999

Høgde

Olav Flølo

2,03

Skjåk

17.7.1993

Stav

Olav Flølo

3,25

Byrkjelo

18.8.1993

Lengde

Ole Morten Mardal

7,42

Byrkjelo

3.7.1993

Tresteg

Magnus Kleppe

14,30

Florø

24.8.1991

Kule

Kjell Ove Hauge

20,39

Eugene,USA

31.5.1998

Diskos

Kjell Ove Hauge

63,10

Tønsberg

14.6.1997

Spyd

Arne Indrebø

76,20

Byrkjelo

24.7.1994

Slegge

Thomas Mardal

74,28

Byrkjelo

30.7.2020

Lengde u.t.

Kjell Ove Hauge

3,39

Sandane

30.6.1994

Høgde u.t.

Kjell Ove Hauge

1,73

Sandane

13.9.1995

3.8.1997

55


KVINNER: Øving

Namn

100m

Cecilie Rise

12,04

Drammen

200m

Cecilie Rise

25,31

Linz, Østerrike

30.8.2003

400m

Kristin Roset

55,72

Byrkjelo

23.8.1997

800m

Kristin Roset

2.03,64

Drammen

8.7.2001

1500m

Kristin Roset

4.10,56

Cork, Irland

6.7.2002

3000m

Kristin Roset

9.40,5

Sandane

9.10.2001

5000m

Merete Helgheim

18.07,56

Sandane

18.6.2008

10000m

Merete Helgheim

37.23.59

Sandnes

20.8.2010

100m hk

Cecilie Rise

14,8

Byrkjelo

21.9.1994

400m hk

Hildegunn Dalsbø

64,82

Sandnes

17.8.2002

Høgde

Ingrid Kristiane Fardal

1,76

Trondheim

30.7.2004

Askøy

29.7.2016 30.6.2005

3000m kappg. Merete Helgheim

Resultat

13.39,80

Stad

Dato 8.7.1994

Stav

Hildegunn Dalsbø

2,65

Byrkjelo

Lengde

Cecilie Rise

6,24

Ebensee, Østerr.

2.8.2003

Tresteg

Cecilie Rise

13,26

Fredrikstad

8.8.2003

Kule

Elin Isane

14,92

Århus, Danmark

22.6.2003

Diskos

Elin Isane

55,95

Spikkestad

16.9.2005

Slegge

Trude Raad

66,35

Samsun, TUR

23.7.2017

Spyd

Bodil Hjelmeset

51,96

Kuortane, Finland

17.6.2001

Lengde u.t.

Cecilie Rise

2,69

Sandane

Høgde u.t.

Marie Nyland

1,38

Stangehallen

26.12.1997 3.2.1996

56

Profile for Birgith Hjelle Roset

Årsmelding Gloppen friidrettslag 2020  

Årsmelding Gloppen friidrettslag 2020  

Profile for friidrett
Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded