Dei tapte tinga

Page 1

jon fredrik skauge

Dei tapte tinga

… og det som står att

dreyers forlag, 2024

Innhald

Om tinga 5 Heimgarden 12 Dåpsgåvvå 18 Å nytte tida 20 Tom kopp 24 Sukker og kanel 26 Pink luster 30 Namngåvvå 32 Ring på fingeren 34 Hukkubandkroken 36 Verdiar 40 Kopp for tobakk 42 Kvar sin kumme 44 Skeive minne 46 «1 Paar sølv stæt knapper» 48 Kors på halsen 50 Fløytskeia 54 «Det e’ mang måtan på sølvskeien» 56 «Præmiesølvet» 58 Korg for sukker 62 Det er ikkje sølv alt som blenker 64 Bruresølvet 68 Trøndersølja 72 Sarkofag på bygda 75 Bygåvvå 76 Den svenske løve 78 Lønn for strevet 80 Gjatru-sølja 82 Salt i såret 86 Muus-skeia 88 Snårrå myndigheit 90 Å lukte på 92 Ølbolle som sparebøsse 94 Jesus i heimen 98 Å pusse blankt 102 Heim att 106

No kvernar eg ekte kaffe på burstråppa, i ei gild heimsmidd kaffekvern frå Rennebu.

Om tinga

Eg har vore opptatt tå ting i all mi tid. Heilt frå eg var liten og leika meg med dei tinga som fanst ikring meg. Gamle gjenstandar med historie fascinerte meg, ting som ein kunne knytte til folk i slekta mi og til andre menneskje som har levd før oss.

Eg minnest at eg fekk ei utsliten kaffekvern av farfar. Eg og kameraten min, Ole Morten, leika oss med den på burstråppa. Me prøvde oss fram med byggkånn og småstein. Eg kjem i hau at det knåsså i steinane inni kverna. Sidan har eg fått andre kaffekverner og eg har male bønner som lukta ekte kaffe.

Tinga og historia deira vart ei livsoppgåve for meg. Uavlateleg spurde eg dei gamle i slekta og eldre grannar om alt eg såg rundt meg. Sidan studerte eg blant anna kulturhistorie der eg fekk bruke og fordjupe meg i dei kunnskapane eg hadde fått i oppveksten. Eg har vore heldig og vakse opp på ein gard saman med farmor og farfar. På garden har det vore samla ting gjennom generasjonar, og fleire før meg har vore svært interesserte i historia.

Ikkje alle var som meg. Eg minnest ein gong me slo sund eit gammalt glasfat. Eg sørgde djupt over denne fine tingen som no var øydelagt. Søstera mi trøysta meg på sitt meir pragmatiske vis, og sa at eg måtte hugse at dette trass alt berre var ein daud ting. Men for meg har tinga ei historie som gjev dei liv. Dei kan fortelje ei historie om levd liv og om dei folka som har levd med dei i kvardag og fest.

I 2008 flytta eg heim att til garden og starta verksemda Reinhekla og sidan Fannremsgarden. I desse verksemdene har historieformidlinga alltid vore det sentrale. Mange har vore innom garden og handla gåver, og mange har ete mat i nystuggu, der eg har dekt på med gammalt sølvtøy frå slekta. Eg har alltid meint at å få sjå tinga i sitt rette element er ein viktig del av det å forstå historia vår. Fannremsgarden fekk etter kvart mykje merksemd, ikkje minst etter at eg vart leverandør av smør og rømme til restauranten Credo i Trondheim. Så mykje vart det eg dreiv med lagt merke til, at til og med internasjonale tidsskrift såg innom meg på garden og fekk sjå tinga i deira rette miljø.

5

Innan emnet kulturhistorie blir ting helst omtala som objekt eller gjenstandar og dei blir katalogisert og fotografert etter alle kunstens reglar. Som historikar og museumsmann skulle ein vel tru at eg hadde den same praksisen for mine eigne eigedelar. Det hadde eg ikkje. Då tjuvane tok seg inn på garden i november 2022, var det ikkje berre eit lovbrott. Det var òg eit brott mot husfreden og mot mi eiga sjelefred. Heile huset vart snudd opp ned. Synet som møtte meg, var gjenstandar som låg slengt utover golvet og som flaut saman med andre saker i huset som aviser, blad og papir. Nokon hadde tatt seg inn for å leite etter lett omsettelege varer. Eg tenkte mykje på kva som eigentleg er verdifullt for folk i dag. På kva som har økonomisk verdi for ein innbrottstjuv.

I vekene etter innbrottet bruka eg mykje tid på å rydde opp i kvart rom, i kvart skap og i kvar skuff. Eg måtte finne ut kva som var borte. I denne prosessen fekk eg eit behov for å skrive historiene om tinga mine. Eg starta med å poste desse historiene på Facebook og Instagram. Det vart ei historie om ein ting kvar dag i tida fram til jul det året.

No er nokre av desse epistlane samla i denne boka. Dei handlar jo først og fremst om historia mi, slektshistoria mi, eller dalføret si historie. Men forteljingane kan overførast til andre menneskje, andre slekter og andre landsdelar. Eg håper dette kan inspirere andre til å sette meir pris på eldre gjenstandar som me har rundt oss. I ei verd då me treng å tenkje meir gjenbruk, er det god økonomisk, sosial og miljømessig berekraft i å ta i bruk gamle ting som har vore bruka før, og som samstundes kan fortelje oss noko om historia vår.

For meg er tinga og det eg har rundt meg, frå den minste teskeia til det ruvande skatollet, ein stor del av sjela mi. Etter innbrottet måtte eg forsone meg med at dei stolne tinga var borte – ja, truleg borte for all tid. Derfor fortsette eg å leite etter nye «skattar», til dømes nytt, gammalt sølv. Eg kallar det «trøystesølv». Nokre saligheiter har kome i hus. Til jula etter innbrottet fekk eg tak i ei nygammal strøskei. På julkvelden i 2022 vart kanelen og sukkeret på mjølkesupa som vanleg strødd med ei fin strøskei.

På ei av desse skattejaktene var eg innom ein brukthandlar i Trondheim. Der oppdaga eg at det i ei «billegkasse» på disken låg knivar med initialane mine. Eg vart både varm og kald! Glad over funnet eg hadde gjort, men skremt

6

Eg livnærte meg i mange år med å saume bunader i firmaet Reinhekla.

Den folkelege klesskikken ligg hjartet mitt nære.

Allereie til jul i 2022 hadde eg fått fatt i ei ny strøskei, slik at julkveldssupa vart strødd slik som før.

ved tanken på kvar alt det andre hadde vorte av. At sølvknivane mine låg i ei billegkasse var ei underleg følelse. Det eg kjende som mine personlege ting, var med eitt blitt devaluert. Det var no berre ei vare som kunne omsettast billeg, eller i verste fall skrotast til omsmelting. I brukthandlarverda er det slik at gravert sølv har liten verdi. Det blir oftast smelta om.

Det har vist seg at tjuvane hadde omsett godset i fleire omgangar. Eg fant att ein del gjenstandar, som politiet beslagla. Noko var alt omsett, og nokre eigedelar av gull var allereie smelta om. Då gjekk det opp for meg at oldefars tjukke giftering truleg var sendt i smeltedigelen.

Det var fælt å oppleve innbrottet og eg har hatt svært vonde følelsar knytt til det som hende. Men likevel er eg takksam for alt dette har ført med seg. Eg har gått igjennom alle eigedelane mine og eg har kjent minner strøyme på. Tekstane som eg skreiv etter innbrottet, er nærast skrive i affekt. Interessa for det eg skreiv og la ut på sosiale medium, vart stor, og eg fekk nytta kunnskapen min til å fortelje om desse tinga og kva dei betyr for meg. Slik skapte denne vonde hendinga ei positiv kraft i meg og vart forløysande for meg som historieforteljar i skrift.

Dei tapte tinga får no leve vidare i epistlane i denne boka – og kan hende i ein annan god heim. Eg kjem til å halde fram med å leite vidare etter gamle saker. For interessa mi for gamle ting kan ingen tjuv ta frå meg.

9

Dåpsgåvvå

Farmor sa alltid: ‘Alt som itj e stelle ellj brent, det kjem att’, når me leita etter noko. No er mykje stole, og det er første gongen frå eit hus som i mange generasjonar har vore ope for alle.

Ein seinhaustdag, 15. oktober i 1859, kom det ein omreisande gudbrandsdøl inn på tunet til mine tippoldeforeldre. Dei dreiv den gongen skysstasjon på den gardparten av Fannremmen som dei åtte. Tettstaden hadde vore kvilestad for farande i fleire hundre år og bøndene her hadde også vore krovertar. Nett denne kvelden låg det ein liten gut i vogga, Frits Johnsen Skauge. Han skulle berast til dåpen dagen etter, dei få hundre metrane opp til kyrkjes.

Den farande dølen var blind og vart kalla Blind-Pær. Han syntes jordkaren som låg i vogga skulle ha ei gåvvå, så den litle guten fekk et fint ølkrus i bjørk. Same kruset fekk eg sjølv til dåpen av min gammelonkel Gabriel.

Kruset var nydeleg utskore med løver både på lokket, jekken og med løver som føter. Slike krus kallast ofte totenkrus og vart laga i stor stil på Toten og omlandet, og selt vidare ikring i landet. Ølkrusa vart bruka i høgtider og store lag. Då vart dei sendt rundt bordet i gjestebodet, og var då fylt til randen av maltøl. Dette kruset levde med familien Skauge i 187 år etter at den blinde mannen gav det frå seg den kvelden føre barnedåpen.

og kona Anne med

18
Jon Fredrikson Skauge sonen Frits, som fekk kruset til dåpen. Løver pryder både lokket og jekken på ølkruset, som er skore i bjørk.

tjuvar tok seg inn på Fannremsgarden i Orkdal var det ikkje berre eit lovbrott. Det var óg eit brott mot husfreden og mot Jon Fredrik Skauge si sjelefred. I vekene etter innbrotet brukte han mykje tid på å rydde opp i kvart rom, i kvart skap og i kvar skuffe. Han måtte finne ut kva som var borte. I denne prosessen byrja han å skrive ned historiene til tinga.

No er nokre av desse epistlane samla i denne boka. Den kan inspirere oss til å sette meir pris på dei eldre gjenstandane som me har rundt oss.

I ei verd då me treng å tenkje meir gjenbruk, er det god berekraft å ta i bruk gamle ting som har vore brukte før, og som samstundes kan fortelje oss noko om historia vår.

DREYER

Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.