Tempo 1 2014 Næringsmagasinet for Etne og Vindafjord

Page 40

TEKST: Astrid Eidhammer Hjelmeland FOTO: Fotograf Nordtveit

VIL EROBRA VERDA Medan etnesbuen ofte undrar seg på kva som føregår bak dørene til Promineo på kaien, så er Software-løysingane dei utviklar velkjende i oljebransjen.

Det er ikkje ein høglydt gjeng som jobbar bak kvar sin skjerm i kontorfellesskapet med utsikt ut Etnefjorden, men saman utviklar dei programvare og sel lisensar som lettar arbeidskvardagen for mange. Sidan oppstarten av bedrifta Quantum Solutions i 2007 har bedrifta slått seg saman med det Stavanger-baserte Promineo. — Det var ikkje planen å fusjonera, fortel Roar Fredriksen. Men begge bedriftene var for små og me kjende godt til dei som var tilsette. Difor gjekk fusjonen smertefritt i 2012. Roar Fredriksen er teknologisjef og ein av gründerane av IT- bedrifta, som i dag har hovudkontor i Stavanger og avdelingskontor i Etne. Målet då me starta opp for oss sjølve var å utvikla ei bedrift som kunne leva av software-utvikling her i Etne.

Folka i Promineo hadde røter i Etne, og for oss spela det ei viktig rolle når me skulle velja samarbeidspartnarar, fortel Roar Fredriksen. Administrerande direktør, Leif Arild Åsheim, har hovudbase i Stavanger men er vaksen opp i Skånevik. — Det var eit av krava at eksisterande kontor i Etne skulle bestå, understrekar Bjørg. På kundelista til Promineo finn ein mellom anna Aker Solutions, Subsea 7, Reinertsen, Aibel, Kværner, Odfjell Drilling, Conoco Phillips og Warley Parsons Samarbeidet med Rosenberg-verftet i Stavanger går mange år tilbake i tid ifølgje Bjørg Fredriksen. Produktutviklar i Promineo, Erik Danielsson, var for 10-15 års sidan leigd inn hjå Rosenberg der han jobba med eit planleggingssystem kalla Profiler. Etter at Danielsson byrja i Etne-bedrifta, Quantum Solutions (i dag Promineo) var Rosenberg klare for å utvikla systemet ytterlegare. — Det var eigentleg litt tilfeldig, fortel Bjørg Fredriksen. Me byrja heilt på ny og utvikla ein betra versjon. Innovasjon Norge var inne med støtte. Dermed fekk me utvikla det som fekk namnet Proteus på fleire bruksområde, som til dømes for dokumentering av arbeidsmiljø i store bedrifter.

Vil erobra ve

Bjørg Fredriksen er avdelingsleiar for teknologi i Promineo og har vore med sidan oppstarten i 2007. Foto: Tove E. Berg

40

1 • 2014

— Korleis fungerer programvara? — Me visualiserer data som blir henta frå ulike system som ikkje snakkar saman, til dømes planleggingsdata og faktureringssystemer/ timeføringssystemer. Me lettar derfor kvardagen for planleggarane i dei store selskapa, som treng oversikt over mannskap, timebruk og kostnadar for å finna avvik og ikkje-fakturerte timar. forklarar Bjørg.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Tempo 1 2014 Næringsmagasinet for Etne og Vindafjord by Filter design & kommunikasjon - Issuu