Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal utdrag

Page 37

Seksringen er 33–35 fot. Sjurøringen (som kyrkjebåt) er 34 fot.

Variasjonar over temaet på ulike stader

Det er talet på par årer som gjeld dei fleste stadene mellom Bergen og Nordland. På Nordmøre er åttring ein båt med åtte rom og åtte par årer. Vi kan difor ikkje sjå bort frå at åttring også på Sunnmøre opphavleg var ein båt med åtte rom eller åtte par årer. Då har nemninga overlevd ei radikal omrigging der. Sunnmørsåttringar har fem ordinære rom for roarar. (Sjå meir om snidbetningen side 44) I Trøndelag er det mangel på samsvar mellom talet på rom og talet på mannskap om bord. Gerhard Schøning (Schøning, 1775/1979) nemner båtar på 10–12 tønner med mannskap på tre mann. Slik storleik passar til det vi i dag kalle storfyring eller lestabåt og med 41/2 rom. Båtar på 20 tønner har fire mann. Det svarar til femring. Større båtar har fem mann. Det svarar til fembøring som ofte har tre par årer, men 41/2 rom å laste på. Nemningane på storleik fram mot notida tek for det meste utgangspunkt i talet på rom og lasteevne. Fyringen har fire, opp til nærmare fem rom, medan større båtar helst har nemning etter lasteevne, tolesting, trelesting osb. I Nordland er det tilsynelatande ei eintydig åretalsnemning som går langt attende. (Godal og Eldjarn, 1990, band 2). Nordlandsbåten skil seg ut også på den måten som noko særskilt i den vestnorske samanhengen. Det finst oppgåver om storleikar og fangst i Nordland så tidleg som i 1591: De fisker vel en stor Guds Gave, saa at 4 Karer som er paa en Baad som kalles Ottring, derav at de har åtte årer ombord, fire på hver side og de har 3 Snører aa dra Fisken med, da kan de vel, om Gud vil, og Fisken er meget forhaanden, dra paa en Baad 25, 30, 40, 45 Hundrer, somme mer, somme mindre (Eldjarn og Godal, 1990, band 2). Kor kjem dette særeigne frå? Har det med austleg kontakt å gjera. Fembøring er noko som høyrer Nord-Noreg til, og ordet kjem att som fembelbåt på Ålandsøyane. Ordet fembøring kjem nordantil, og det dukkar opp i Trøndelag så seint som etter 1860. Eldre folk eg har tala med (Einar Wik frå Roan f. 1898), presiserte at dei ikkje sa fembøring, men trelesting. Kan nemningsmåtane i nord ha med samisk eller austleg kultur å gjera?

Ordet færing er gåtefult

Tydinga av ordet færing ser ut til å vera uklar. Dei fleste set det saman med båt ferærd frå sagatekstar (Torp, 1919), at det dreiar seg om ei åretalsnemning. Dette stemmer

likevel lite med andre samanhengar mellom storleik og talet på folk om bord som vi har frå den gamle tida. Når det kan heite sjuæring (Torp, 1919, side 91), og at det kan vera opp til 60 mann i ein tolfæring, kan vi ikkje forstå æringnemninga som anna enn talet på par årer. Det er umogleg å ha 60 mann i ein seksroring. I ein båt med 12 par årer er det fullt mogleg. Ser vi på vestkysten under eitt, frå Bergen til grensa mot Nord-Trøndelag, er det som nemnt ovanfor ikkje talet på årer som dominerer i storleiksnemningane, men talet på par årer og talet på roarar. Slik er det også vest i havet. Tveggja manna far er islandsk nemning på båt som svarar til vår færing, altså båt for to mann som nemninga direkte seier. Båt for fire mann og med to par årer heiter der fyramannabåtur. Båt for fire (opp til fem) mann, heiter fyring i Romsdal, på Nordmøre og i Trøndelag. Fyringen kan ha to, fire eller fem par årer. Også på Færøyane refererer storleiksnemningane til talet på mann om bord. Tribekkir er minste båt. Han svarar til trebandsfæring på Nordmøre og er for to mann. Tristar er trerøring for tre mann og som då svarar til trøringen på Nordmøre. Fyramannafør på Færøyane er ein trerøring med fire mann. To ror med paret, og to sit i toft. Seksmannafør er ein firroring for seks mann. Åttamannafør er litt større. Det er ein firroring med åtte mann. Det blir mann i år. Sørover på Vestlandet er det talet på par keipar som dominerer (trekeiping, firkeiping, femkeiping). Åretalsnemning er i etterreformatoriske skrifter merkeleg fråverande anna enn for trekeipingen som mange stadar også kan bli nemnt seksæring. Når vi ser samla på dei eldre storleiksnemningane, kan vi ikkje sjå bort frå at noko skriv seg frå feiltolkingar gjorde av skribentane, og vi har mange døme på at skrivne nemningar etter kvart går inn i talemålet. Løvetann er det gode dømet. Den planten har kring 40 norske namn i dei ulike målføra kringom i landet. Ingen av dei er å lesa i vanlege botanikkbøker. Alle som går på skole, får lære det franske namnet dent de leion (= løvetann), innført av Linné og som no etter kvart er gått inn i talemålet dei fleste stadene. I Harðar saga (Islendingasogur) handlar det om ein selabát ferærðan. Det heiter slik: Þorgeir Gyrðilskeggi og Sigurður Torfafóstri fluttu vatn frá Bláskeggsá við tólfta mann og fylltu selabátinn af vatni og helltu í ker það er var út í Hólmi. Når tolv mann ber ein båt, blir det seks på kvar side. På kvar side blir det ein for kvart rom og dertil ein i kvar skott. Det passar for ein firroring. På ein færing vil det bli trongt om plassen for så mange, dersom dei skal gå med båten. På ein treroring kunne det vera plass for 12, men då passar ikkje ordet ferærðan. 33


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal utdrag by Fagbokforlaget - Issuu