norsk tysk å gå eg går zu gehen ich gehe Forskjellen mellom norsk og tysk er at dei tyske verba får ulike personendingar, på norsk bruker vi den same endinga. Tyske verb får nesten alltid ei personending, avhengig av kven som utfører handlinga. Ta verbstammen utan infinitivsendinga -en og legg til den rette endinga: f.eks. gehen geh| en 1. person singular 2. person singular 3. person singular 1. person plural 2. person plural 3. person plural Høfleg form
ich: -e du: -st er, sie, es: -t wir: -en ihr: -t sie: -en Sie: -en
ich gehe du gehst geht wir gehen ihr geht sie gehen Sie gehen
5.2.1 Sterke og svake verb Som på norsk har vi på tysk både svake og sterke verb. Dei har ulik bøying. Dei svake verba er regelmessige og kan lærast ved å lære vanleg verbbøying. Dei sterke verba er uregelmessige og må puggast. Ein del sterke verb får ein forandring i stammevokalen i presens. Det heiter vokalskifte eller omlyd. a ä e i zu fahren (å køyre, dra, reise) zu essen (å ete) ich fahre ich esse
du fährst er, sie, es fährt wir fahren ihr fahrt sie fahren Sie fahren
du isst er, sie, es isst wir essen ihr esst sie essen Sie essen
Ver obs på at denne omlyden berre finst i 2. og 3. person singular. Andre verb med vokalskifte: zu treffen (å treffe) zu geben (å gje) zu helfen (å hjelpe) zu schlafen (å sove) zu essen (å ete) zu fahren (å køyre, reise, dra) zu geben (å gje) zu laufen (å springe) zu lesen (å lese) zu nehmen (å ta) zu sehen (å sjå) zu sprechen (å snakke) zu vergessen (å gløyme) Her ser du bøyinga til nokre verb som har ei uregelmessig omlydsform: zu nehmen (å ta) ich nehme du nimmst er, sie, es nimmt wir nehmen
zu sehen (å sjå) ich sehe du siehst er, sie, es sieht wir sehen
hundertsiebenundfünfzig
157