Minigrammatikk nyn

Page 3

1.1.3 Fleirtalsending Når vi dannar fleirtal av substantivet på tysk, er det ikkje slik at alle orda får lik fleirtalsending. Nokre har endinga -en, andre -er eller -e. Ofte er det omlyd i fleirtal, dvs. at vokalen i ordet forandrar seg. Det blir vist med *. Eksempel: der Mann* – die Männer.

Bunden artikkel Ubunden artikkel

Maskulin Feminin der die

neutrum Plural das die

ein

ein

eine

-

1.2 kasus

I denne boka ser vi på to tyske kasus. Kasus er den forma eit substantiv får etter kva slags funksjon det har. Kasus er ikkje like vanleg i norsk, men vi òg har det. Eksempel: Ho snakkar. Eg snakkar med henne.

1.2.1 Nominativ Nominativ bruker vi for den eller det som gjer det som skjer i setninga, altså den som utfører sjølve handlinga. Denne delen av ei setning kallar vi òg subjekt. Der Junge singt. Die Frau spielt. Das Kind isst. Die Schüler lesen.

1.2.2 Akkusativ Det direkte objektet i setninga får kasus akkusativ. Akkusativobjektet er den eller det i setninga som blir utsett for noko. Det som ein f.eks. har, får, kjøper eller ser i ei setning, er akkusativ. Der Junge singt das/ein Lied. Gutten syng songen / ein song. Die Frau spielt die/eine Gitarre. Dama speler gitaren / ein gitar. Das Kind isst den/einen Kuchen. Barnet et kaka / ei kake. Die Schüler lesen das/ein Buch. Elevane les boka / ei bok. Legg merke til at på tysk blir den bundne artikkelen der endra til den når ordet står som akkusativobjekt, og den ubundne artikkelen til einen. Artiklane das og die og ein og eine blir ikkje endra.

kasus Bunden artikkel

nom. Akk.

Maskulin der den

Feminin die die

neutrum das das

Plural die die

Ubunden artikkel

nom. Akk.

ein einen

eine eine

ein ein

-

Guten syng. Dama speler/leikar. Barnet et. Elevane les.

hundertdreiundfünfzig

153


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.