Automatiseringssystem 2
Kapittel 13 Person- og maskinsikkerheit
Fullisolert verktøy Denne typen verktøy er 100 prosent belagde med isolerande materiale. Figur 13.16 Verktøy som er fullisolert.
Handhaldne måleinstrument Skadestatistikkar viser at feil bruk av måleinstrument og feil tolking av måleresultat frå elektriske anlegg ofte fører til ulykker og skadar. Derfor er det viktig å bruke måleinstrument rett og tolke måleverdiane rett. Eit døme på kor viktig korrekte målingar er, kan vi oppleve når stadig fleire komponentar blir kopla til i straumnettet, til dømes frekvensomformarar, laserskrivarar, kopimaskiner og lysstoffrøyr. Denne typen belastningar kan føre til at sinuskurva blir forvrengd eller inneheld overlagra spenningar, sjå figur 13.17.
Figur 13.17 Ei forvrengd sinuskurve kan føre til målefeil.
Ei forvrengd sinuskurve fører til målefeil dersom du måler med eit vanleg multimeter. For å få rett måleverdi må du måle med eit måleinstrument som måler sann RMS. RMS står for Root Mean Square og kan omsetjast til «sann effektivverdi». Desse instrumenta måler riktig effektivverdi sjølv om sinuskurva til spenninga er forvrengd, det er overlagra transientar, eller det er overlagra overharmoniske spenningar. I figur 13.18 ser vi eit instrument som måler «sann RMS».
20