
2 minute read
Sikkerheit i elektriske anlegg
Figur 13.10 Døme på verneutstyr. det bør nyttast fallnett for å verne mot fallande gjenstandar. Verktøy som blir nytta i høgda, skal registrerast for å sikre at verktøy ikkje blir gløymt att på arbeidsstaden.
Automatikarar jobbar ofte i grenselandet mellom mekanikk, elektronikk og elektro. Det er derfor viktig at du òg har kunnskap om sikkerheit ved arbeid på elektriske anlegg. Dette delkapittelet tek føre seg viktige delar av forskrifta om sikkerheit ved arbeid i og drift av elektriske anlegg (FSE-forskrifta). Det er òg viktig å setje seg inn i dei gjeldande reglane og omfanget av arbeid på elektriske anlegg på den enkelte arbeidsplassen.
Verktøy og verneutstyr ved arbeid under spenning Forskrift om sikkerheit ved arbeid i og drift av elektriske anlegg skal vareta sikkerheita ved arbeid på eller nær elektriske anlegg. Figur 13.10 viser døme på utstyr som gjer dette mogleg.
Når vi arbeider med elektriske installasjonar som ikkje er spenningssette, og som heller ikkje kan bli spenningssette medan ein utfører arbeidet, bruker vi vanleg godkjent verktøy. Når vi derimot skal arbeide på anlegg under spenning (forkorta AUS), i nærleiken av spenningssette anlegg eller på anlegg som kan bli spenningssette, blir det stilt ekstra strenge krav til verktøyet og verneutstyret som skal brukast. Alt verneutstyr må ha
Figur 13.11 CE-logo og trekantmerket, også kalla AUS-symbolet.
Figur 13.12 Arbeidshanskar.
Figur 13.13 Hjelm som gir vern mot elektrisk støyt. påstempla trekantmerket og CE-logoen. Trekantmerket, også kalla AUS-symbolet, betyr at utstyret er berekna for arbeid under spenning. CE-merket blir nytta av produsentane til å informere tilsynsmyndigheitene om at dei grunnleggjande sikkerheitskrava er oppfylte.

Arbeidstøy Arbeidstøy kan ta fyr dersom kleda er tilsølte med oljeprodukt eller liknande. Ved brann i arbeidstøyet må du aldri bruke CO2 apparat for å sløkkje. Dette kan forverre skadane fordi CO2 fordampar ved cirka –70 °C. Slike låge temperaturar kan gi alvorlege frostskadar. Det er best å bruke eit brannteppe. Med brannteppe fjernar du tilgangen på oksygen, og dermed blir brannen kvelt. Vatn, pulver og skum kan vurderast.
Hanskar Hanskar skal vere merkte med AUS-symbol, normnummer og produksjonsår. Produksjonsåret skal vere med fordi gummi har avgrensa levetid. Hanskane skal òg vere merkte med fabrikant, storleik og klasse. Hanskane bør vere personlege og merkte med namn, slik at kvar enkelt tilsett har ansvaret for å halde hanskane sine reine og kontrollere at dei ikkje har skadar. Før bruk skal du alltid kontrollere at hanskane dine ikkje har skadar. Hanskar med skadar må bytast omgåande.
Hjelm Figur 13.13 viser eit døme på ein hjelm som er konstruert for å verne mot elektrisk støyt. Det er krav til korleis hjelmar som

Figur 13.14 Verktøy som kan nyttast på lågspenningsanlegg.
Figur 13.15 Verktøy til bruk i koplingsskap. vernar mot elektrisitet, skal merkast. Merkinga fortel om den prøvespenninga som hjelmen skal tole, til dømes om han er sertifi sert for 1000 VAC og 1500 VDC. Visiret på hjelmen vernar mot lysbogar.
Handverktøy Standarden NEK-EN 60900 om handverktøy gjeld AUS-verktøy for bruk på lågspenningsanlegg. Verktøyet blir vanlegvis levert i ein eigen koffert med alle nødvendige sertifi kat og opplysningar.
Bruksisolert verktøy Bruksisolert verktøy kan brukast i koplingsskap. Med denne typen verktøy er det berre metallisk kontakt med skruane for festa til elektriske leiarar.

