1 minute read

Handhaldne måleinstrument

Figur 13.16 Verktøy som er fullisolert.

Figur 13.17 Ei forvrengd sinuskurve kan føre til målefeil. Fullisolert verktøy Denne typen verktøy er 100 prosent belagde med isolerande materiale.

Skadestatistikkar viser at feil bruk av måleinstrument og feil tolking av måleresultat frå elektriske anlegg ofte fører til ulykker og skadar. Derfor er det viktig å bruke måleinstrument rett og tolke måleverdiane re t t .

Eit døme på kor viktig korrekte målingar er, kan vi oppleve når stadig fl eire komponentar blir kopla til i straumnettet, til dømes frekvensomformarar, laserskrivarar, kopimaskiner og lysstoffrøyr. Denne typen belastningar kan føre til at sinuskurva blir forvrengd eller inneheld overlagra spenningar, sjå fi gur 13.17.

Ei forvrengd sinuskurve fører til målefeil dersom du måler med eit vanleg multimeter. For å få rett måleverdi må du måle med eit måleinstrument som måler sann RMS. RMS står for Root Mean Square og kan omsetjast til «sann effektivverdi». Desse instrumenta måler riktig effektivverdi sjølv om sinuskurva til spenninga er forvrengd, det er overlagra transientar, eller det er overlagra overharmoniske spenningar. I fi gur 13.18 ser vi eit instrument som måler «sann RMS».

Figur 13.18 Eit instrument som måler sann RMS.

Figur 13.19 Eit instrument med sann RMS måler riktig spenning sjølv om sinuskurva er forvrengd. Spenningsmåling på ulineære nett Alle spenningsgrenser som er merkte på måleinstrument, refererer til spenning mellom fase og jord. Dersom du skal måle «sann spenning» på eit nett der det er kopla til utstyr som forvrengjer sinuskurva, må du altså nytte eit instrument med såkalla sann RMS. I fi gur 13.19 ser du at eit instrument med sann RMS vil måle riktig spenning same kor forvrengd sinuskurva er. Dette gjeld òg dersom vi har varierande frekvens.

Instrumentkategoriar Instrumentet du skal bruke når du måler, må vere godkjent for bruk i den områdekategorien du skal arbeide i. Vi har fi re områdekategoriar: → kat. I: elektroniske apparat → kat. II: einfaseanlegg → kat. III: 3-fase distribusjon/nettsystem → kat. IV: 3-fase nettsystem/inntak

Instrumentkategorien avgjer kvar i anlegget du kan bruke instrumentet. Det er strengare krav til instrument som skal brukast i områdekategori IV, der ein måler på nettet/inntaket, enn i områdekategori III fordi kortslutningsstraumen kan bli høgare i kategori IV-område. Figur 13.20 viser dei ulike områdekategoriane.

This article is from: