Automatiseringssystem 2 NYN (9788211044167)

Page 19

Automatiseringssystem 2

Kapittel 13 Person- og maskinsikkerheit

det bør nyttast fallnett for å verne mot fallande gjenstandar. Verktøy som blir nytta i høgda, skal registrerast for å sikre at verktøy ikkje blir gløymt att på arbeidsstaden.

Sikkerheit i elektriske anlegg Automatikarar jobbar ofte i grenselandet mellom mekanikk, elektronikk og elektro. Det er derfor viktig at du òg har kunnskap om sikkerheit ved arbeid på elektriske anlegg. Dette delkapittelet tek føre seg viktige delar av forskrifta om sikkerheit ved arbeid i og drift av elektriske anlegg (FSE-forskrifta). Det er òg viktig å setje seg inn i dei gjeldande reglane og omfanget av arbeid på elektriske anlegg på den enkelte arbeidsplassen. Verktøy og verneutstyr ved arbeid under spenning Forskrift om sikkerheit ved arbeid i og drift av elektriske anlegg skal vareta sikkerheita ved arbeid på eller nær elektriske anlegg. Figur 13.10 viser døme på utstyr som gjer dette mogleg. Når vi arbeider med elektriske installasjonar som ikkje er spenningssette, og som heller ikkje kan bli spenningssette medan ein utfører arbeidet, bruker vi vanleg godkjent verktøy. Når vi derimot skal arbeide på anlegg under spenning (forkorta AUS), i nærleiken av spenningssette anlegg eller på anlegg som kan bli spenningssette, blir det stilt ekstra strenge krav til verktøyet og verneutstyret som skal brukast. Alt verneutstyr må ha Figur 13.10 Døme på verneutstyr.

17


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Automatiseringssystem 2 NYN (9788211044167) by Fagbokforlaget - Issuu