Automatiseringssystem 2
Kapittel 13 Person- og maskinsikkerheit
Løysemiddel skader kroppen Løysemiddel kan øydeleggje hjernen og nervesystemet. Ein kan få symptom som trøyttleik, hovudverk, svimmelheit, rus eller kvalme. Dersom ein blir utsett for løysemiddel over lengre tid, kan desse symptoma bli varige. Konsentrasjonsevna og minnet kan svekkjast. Ein kan òg bli varig ramma av sløvleik, trøyttleik og depresjon. Dersom påverknaden frå løysemiddel er for kraftig, kan ein svime av og i verste fall døy. Løysemiddeldamp irriterer slimhinnene i auga. Resultatet kan bli irriterte, raude auge. Dampen frå løysemidla kan òg skade det ytste laget av hornhinna og gi sterke smerter og tåreflaum. Figur 13.6 Løysemiddeldamp kan gi raude auge.
Forgifting med klorhaldige løysemiddel kan skade hjartet og i verste fall vere dødeleg. Løysemiddelet benzen kan skade beinmergen der blodet blir danna. Som følgje av dette kan ein utvikle blodkreft og andre blodsjukdommar. Andre løysemiddel kan skade nyrene og forårsake langvarige nyrebetennelsar eller nyresvikt. Enkelte løysemiddel kan òg gi alvorlege skadar på levra og lungene. Løysemiddel kan bli i kroppen i lang tid og gi skadar lenge etter at den ytre løysemiddelpåverknaden er fjerna. Enkelte organ tek lettare opp løysemiddel enn andre. Feittvev tek til seg mykje løysemiddel, og det kan ta lang tid før dei forsvinn. Restar av løysemiddel er funne i feittvev opptil to veker etter at dei blei tekne opp. 14