Automatiseringssystem 2 NYN (9788211044167)

Page 13

Automatiseringssystem 2

Kapittel 13 Person- og maskinsikkerheit

som bør inngå i ein HMS-plan for arbeidsplassen. I kolonnen til høgre er det sett av plass slik at personellet kan notere kva som er gjort med kvart punkt i planen. Figur 13.3 Ein helse-, miljø- og sikkerheitsplan.

Pkt.

HMS-verktøy

1

arrangere vernerundar

2

kartleggje farar

3

opprette og registrere tiltak om helse, miljø og sikkerheit

4

registrere avvik knytte til helse, miljø og sikkerheit for å lære korleis ein kan hindre at dette skjer fleire gonger

5

registrere sjukefråvær

6

utarbeide arbeidsinstruksar

7

lage eit opplæringsprogram

8

lage stoffkartotek over farlege stoff som blir nytta i bedrifta

9

ha regelmessige reinhalds-, ordens- og vedlikehaldsrutinar

Kommentar til hovudpunkta

HMS-planen blir nytta som eit verktøy for systematisk og jamleg å gå gjennom viktige element i den daglege drifta av verksemda. Dette skaper engasjement og forståing for HMS og vil vere med på å byggje positive haldningar til arbeidet med helse, miljø og sikkerheit.

Kjemikaliar og gassar Kjemikaliar er ei fellesnemning på stoff som blir nytta i industrien og på laboratorium. Kjemikaliane kan vere baserte på grunnstoff eller kjemiske sambindingar. Dei kan finnast i både væske- og gassform. Farlege kjemikaliar er stoff eller sambindingar som kan føre til helse-, miljø-, brann- eller eksplosjonsfare. Figur 13.4 viser korleis farlege kjemikaliar skal merkast. Alle verksemder skal ha eit kartotek med ei oversikt over dei farlege kjemikaliane dei bruker. Informasjon i form av eit sikkerheitsdatablad for kvar kjemikalietype skal òg vere lett tilgjengeleg på arbeidsplassen. Datablada skal innehalde informasjon om farlege eigenskapar og tilrådde vernetiltak ved bruk av kjemikaliane.

11


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.