barne- og ungdomsbøker | pocket, barn og ungdom
INGUNN RØYSET
BREVET FRÅ KRIGEN BARNDOM 1940–45
Ei dramatisk skildring av korleis det er å vekse opp i krig Jorun Emilie Holm var 12 år den 9. april 1940, den dagen tyskarane invaderte Noreg. Frå Lindøya utanfor Oslo såg ho tyske bombefly fly lågt over hustaket, på veg for å invadere Oslo. Brevet frå krigen er ei sterk og unik skildring av korleis det er å vere barn medan den andre verdskrigen går føre fakta for barn | ISBN: 9788252189537
seg utanfor kjøkenvindauget. Gjennom
PRIS KR 279,– | UTG. APRIL
dagleglivet til Jorun får vi lære om viktige hendingar i Noreg under krigen. Ho blei vekt av SS-soldatar på jakt etter Max Manus, såg skipet som frakta norske jødar til tyske konsentrasjonsleirar, og hadde skulevegen sin like ved Victoria Terrasse, der Gestapo heldt til. Boka er basert på samtalar, brev og dagbøker, og er rikt illustrert med unikt biletmateriale.
ingunn røyset (f. 1965) er journalist og forfattar. Ho debuterte med Prins Storm i 2012, og har sidan gitt ut to romanar om krigen for barn og unge: Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen og Aldri fred å få. jorun emilie holm (f. 1928) voks opp på Lindøya i Oslofjorden. Ho flytta sidan til Ulsteinvik saman med mannen sin, og bygde opp ei forretningsverksemd i lag med han. Jorun er i dag enkje.
56
Det har no gått over 70 år sidan Noreg opplevde krig og okkupasjon på eiga jord. Brevet frå krigen lèt nye generasjonar bli kjende med denne dramatiske og avgjerande tida i norsk historie.