Nynorsk på 1-2-3

Page 7

5

ARE OM NYNORSKE FANKLUBBAR Det finst folk som likar nynorsk. Det finst også folk som liker nynorsk grammatikk. Det ikkje alle veit, er at det også finst folk som elskar nynorsk grammatikk. Rundt om i landet finst det faktisk mange fanklubbar for nynorsk grammatikk, klubbar der grupper med nynorske grammatikknerdar kjem saman. Medlemmene i desse klubbane ser på nynorsk grammatikk som det tøffaste i verda. Dei diggar nynorsk grammatikk. Dei har plakatar med nynorsk grammatikk på veggane heime. Dei veit minst like mykje om nynorsk grammatikk som United-fans veit om Manchester United. Som naturleg er, ser mange på desse gruppene som rare. Derfor lever dei ofte under jorda. Dei har som regel møta sine i kjellarar eller bomberom, der ingen kan sjå eller høyre dei. I dette heftet skal eg presentere nokre av desse fanklubbane.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Nynorsk på 1-2-3 by Cappelen Damm - Issuu