Nova10 nynorsk blabok

Page 42

DISKUTER 2.16 a) Talet på artar som blir utrydda på kloden kvar dag, er anslagsvis hundre gonger så høgt i dag som i 1960. Set dykk saman i små grupper og diskuter kva dette kan få å seie for menneskeslekta. Skriv ned dei ulike argumenta i stikkordform på eit papir. Når gruppene er ferdige med å diskutere, kan de skrive argumenta på tavla. b) Det er vanleg å sortere grunngiv­ ingane for å ta vare på naturmangfaldet i fire grupper (kategoriar): økologiske, økonomiske, estetiske og etiske (moralske). Diskuter kva desse orda betyr, og sjå om de kan plassere dei ulike argumenta frå oppgåve a) i desse gruppene. 2.17 Del inn klassen i to grupper. Den eine gruppa søkjer på nettet etter avis­ artiklar der det blir argumentert mot å ha ulv i Noreg. Den andre gruppa søkjer etter avisartiklar der det blir argumentert for å ha ulv i Noreg. Kvar gruppe blir einig seg imellom om kva artikkel de synest argumenterer best for standpunktet. Vel ein ord­styrar og tre representantar frå kvar gruppe til å delta i ein paneldebatt for og imot ulv. Resten av klassen er publikum og kan komme med innspel.

GÅ VIDARE 2.18 Vel ei urfolksgruppe, og bruk internett eller oppslagsverk til å finne informasjon om korleis denne gruppa levde tradisjonelt, og korleis dei lever i dag. 2.19 Bruk internett eller oppslagsverk til å finne ut kvifor dei tidlege forfedrane våre hadde bruk for å knuse bein frå døde dyr. 2.20 I Noreg har vi fire store muslingartar som lever i ferskvatn. Alle artane filt­ rerer store mengder partiklar (sand og anna grums) ut av vatnet, og dei utgjer derfor eit viktig «reinseanlegg» der dei lever. Dessutan er dei mat for mange fiskeartar. Bruk internett eller oppslagsverk til å finne ut kva desse muslingane heiter, og kva dei har å seie for økosystemet. Kva for nokre av dei er oppførte på Norsk Raudliste, og kva er det som truar dei? Hald ein presentasjon for klassen om det du har funne ut.

Flat dammusling

2.21 Gå inn på nettstaden forskning.no og finn artikkelen «Artenes forsvinnelse». Les artikkelen, og sjå om du finn fakta, eksempel eller påstandar du ikkje kjende til frå før. Legg dei fram for klassen i ein presentasjon. 2.22 Gå inn på nettstaden viten.no og gjer programmet om bjørn og/eller ulv.

62

Nova 10 ★

Bok_Nova10_grbok_NN.indb 62

04.06.15 07:57


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.