Norsk start 1-2 Intro (nynorsk utdrag)

Page 1


Nina Rushby Flem

Sara Blikstad Nyegaard

Marie Brøvig Strømme Nynorsk

LES OG SKRIV NORSK START 1–2 INTRO

Kjære kollega

Norsk start 1–2 er eit temabasert læreverk for nyankomne elevar på 1. og 2. trinn som kombinerer munnlege ferdigheiter i grunnleggjande norsk med lese- og skriveopplæring. Boka er ei kombinert lese- og skrivebok og består av 15 kapittel med tema frå norsk, samfunnsfag, naturfag og KRLE. Målet med Norsk start 1–2 er å bidra til at elevane skal kunne delta i sosiale fellesskap og i ordinær opplæring i alle fag.

Kvart kapittel begynner med ein illustrasjon som opnar for samtale og refleksjon om temaet. Her er òg eit utval sentrale ord som elevane vil møte i kapittelet. Boka har fleire biletsider som passar fint når elevane skal øve på munnleg språk. For at elevane skal få godt læringsutbyte, er det viktig å bruke god tid på å introdusere kvart kapittel. Då får elevane aktivert forkunnskapane sine, og dei kan samanlikne ord på norsk, morsmålet sitt eller andre språk dei kan.

I kapittel 2–14 introduserer vi bokstavane. Læreverket følgjer ein bokstavprogresjon som begynner med lydar som finst i dei fleste språk. På desse sidene får elevane finmotorisk trening, og dei får øve på å spore og skrive store og små bokstavar. Kapitla inneheld òg varierte oppgåver til bokstavlæring og til det aktuelle temaet. Oppgåvene skal motivere elevane til å utforske, eksperimentere med og bruke det norske språket.

Alle kapitla inneheld tekstar til felleslesing. Tekstane handlar om barnekultur og kvardag. Kvart kapittel inneheld òg lesetekstar som er tilpassa bokstavlæringa. Desse tekstane er delte inn i tre nivå, så leseopplæringa kan tilpassast den enkelte eleven. Nedst på kvar side finn du tips om korleis de kan jobbe med læringsinnhaldet.

Lærarrettleiinga har mange tips og idear som kan hjelpe deg med å differensiere og tilpasse undervisninga til kvar enkelt elev, så bruk henne aktivt i arbeidet med boka.

Helsing forfattarane

Følelsar

glad lei seg sint redd sur

å klemme

trøytt einsam forelska sjenert

å gråte

å krangle

å smile

å slå

å le

å dytte

å tulle

å sparke

å sakne

å stoppe

å trøyste

å hjelpe

• Les tittelen på kapittelet og snakk om kva de ser på biletet. • Snakk om kva de ser på bileta. La elevane aktivt bruke norsk, morsmålet sitt eller andre språk dei kan.

Vi seier STOPP!

Snakk saman

Kva gjer barna?

Kva kan du seie dersom noko ikkje er bra?

• Les overskrifta saman. Snakk om kva de ser på bileta, og om kva personane gjer.

• Knyt følelsar til biletet, og snakk om kva de trur barna føler. Samtal om kva vi kan seie eller gjere dersom det skjer noko som ikkje er bra.

Kva ser du?

Snakk saman

Kva følelsar har barna?

Kva for ein følelse har du no?

• Sjå først på bileta individuelt eller to og to, så i fellesskap. Legg vekt på orda frå side 49 i fellessamtalen.

• Snakk om korleis vi kan kjenne igjen andre sine følelsar, og la elevane seie kva dei trur er årsaka til følelsane til barna.

• Spor Rr med fleire fargar i oppgåve 1. Vis med fingeren først.

• Snakk om forma til bokstaven, plasseringa og skriveretninga.

3 Teikn ein sirkel rundt R og r .

g l a d

r e d d

s u r

t r ø y t t

R o m a n i a

4 Tel R og r.

R:

r:

5 Skriv r.

• Spør om elevane kjenner igjen nokon av bokstavane i oppgåve 3.

• Sjå på bileta og sei orda i oppgåve 5. Lytt etter r-lyden. Elevane skriv r på rett plass.

• Kan elevane fleire ord med r-lyd? Gå tilbake til kapittelbiletet og finn ord med r-lyd. p r s t u

• Spor Ll med fleire fargar i oppgåve 6. Vis med fingeren først.

• Snakk om forma til bokstaven, plasseringa og skriveretninga.

8 Teikn ein sirkel rundt L og l .

k l e m m e

s m i l e

L i t a u e n

l ø v e

• Kan elevane fleire ord med l-lyd? Gå tilbake til kapittelbiletet og finn ord med l-lyd. p

9 Tel L og l.

L:

l: 10 Teikn ein sirkel rundt liten bokstav.

A i e a l m s

M m l n a i e

S r i l m s a

I n l i s e m

E r a m e n l N m n l a r l R s a m i e r

L i n l r s e

• Spør om elevane kjenner igjen nokon av bokstavane i oppgåve 8.

Unnskyld

– Vi skal spele fotball, seier læraren.

– Amir, spark ballen hit, seier ho.

Amir sparkar ballen.

Ballen treffer læraren i ansiktet.

Alle barna blir heilt stille.

Er læraren sint?

Er læraren lei seg?

– Unnskyld! seier Amir.

Læraren smiler.

Læraren er ikkje sint og ikkje lei seg.

– Så sterk du er, Amir, seier læraren.

Læraren ler. Alle ler.

Snakk saman

Kva gjer Amir?

Kva føler læraren?

Har du hatt eit uhell nokon gong?

• Les overskrifta og snakk om biletet. Kva kan teksten handle om?

• Les teksten høgt fleire gonger. Snakk om innhaldet.

Kva føler du?

Eg er glad fordi vi har gym i dag!

Eg er sint fordi Pia dyttar meg.

Eg er lei meg fordi eg saknar mamma.

Eg trøystar Eva fordi ho er lei seg.

Eg græt fordi Bilal slår meg.

Eg ler fordi Anna tullar.

• Les høgt, og snakk om bileta.

Eg er redd fordi eg ser ein skummel film.

• Kva føler elevane? Kan elevane fortelje om ein gong dei var glade, sinte osv.?

Les

r-r-r-r-r e-e-e

l-l-l-l-l n-n-n

r-e

l-e

r-i

l-e-s

La-ra

les smi-ler

Lara les.

Resa smiler.

Lea smiler.

Mio ler.

Lara les meir.

r-r-r-r-r

l-l-l-l-l

l-e le

r-i-s ris

l-e-s les

r-i-m rim

l-i-m lim

le-se lese

• Nivå 1: Knyt grafem til lyd. Bruk fingeren til å følgje bokstavane, og sei lyden høgt.

• Nivå 2: Trekk saman lydar til ord. Bruk fingeren til å følgje bokstavane, og sei lydane høgt i stadig raskare tempo.

• Nivå 3: Les med flyt og les ordbileta. Følg orda med fingeren. Les høgt fleire gonger.

Cappelen

12 Teikn følelsane dine. glad lei meg sint redd sur trøytt einsam

• Les og klapp, hopp, knips, tramp eller nikk stavingane i oppgåve 11 saman.

• Snakk om følelsar og om kva følelsar elevane har no. Be elevane teikne følelsane sine ved hjelp av dei ulike fargane i oppgåve 12.

13 Teikn følelsane.

• Teikn og snakk om dei ulike følelsane.

14 Teikn og skriv ord.

• La elevane teikne eller skrive ord med dei ulike lydane på norsk, morsmålet sitt eller andre språk.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.