Kapittel 2: Kva er ein tekst?
39
Skjønnlitteratur og sakprosa Det er vanleg å dele inn tekstar i skjønnlitteratur og sakprosa. Denne inndelinga er knytt til omgrepa «fiksjon» og «fakta». Det er vanleg å seie at skjønnlitteratur handlar om ei oppdikta verkelegheit, mens sakprosa handlar om den faktiske verkelegheita. Vi veit og forventar at ein nyheitsreportasje om eit drap handlar
Fiksjon: Ein fiktiv tekst er ein oppdikta tekst, og det teksten handlar om, har ikkje skjedd i verkelegheita.
om verkelege personar og hendingar. I ein kriminalroman forstår og forventar vi at personane og brottsverka er oppdikta, og at det som skjer, berre skjer i tek sten.
→
OPPGÅVE UNDERVEGS: Er desse tekstane fakta og/eller fiksjon? • ei dagbok • ei Facebook-oppdatering • ei lærebok i naturfag • ein reisekatalog • ein dokumentarfilm • ein biografi
Som du kanskje har skjønt av oppgåva ovanfor, er ikkje skiljet mellom skjønnlit teratur og sakprosa berre klart og tydeleg. Mange tekstar inneheld element av både fiksjon og fakta. Krimforfattarar tar gjerne utgangspunkt i verkelege brotts verk når dei skriv romanane sine. Forfattaren Karin Fossum fortel at ho lyttar til nyheitssendingane på radioen heile dagen, og at ho nyttar verkelege brottsverk som inspirasjon og utgangspunkt for det ho skriv om i romanane sine. Mange romanforfattarar kombinerer gjerne biografiske opplysningar og fiksjon i teks tane sine. I kapittel 7 i denne boka kan du lese meir om kva som særpregar skjønn litteraturen og skil han frå sakprosaen. Du kan også lese om kva som skil litte rært språk frå meir sakprega språkbruk. I sakprosaen er vi opptatt av at språket skal vere presist, eintydig og klart, slik at det vi seier om verkelegheita, ikkje skal bli misforstått og kommunikasjonen bryte saman. I skjønnlitteraturen er målet eit anna. Tekstane betyr gjerne noko meir og noko anna enn det vi først legg merke til. Her blir språket brukt på ein måte som skal få oss til å stoppe opp, undre oss og bryte ut av våre vande tankar og førestillingar. Forfattaren bryt med dei språklege konvensjonane ved å nytte ord på nye måtar i uventa saman hengar.
Ein faktatekst handlar om noko som faktisk har skjedd i det verkelege livet.