1 minute read

Urfolk og verdikonflikt

urfolk – folk som opphavleg har budd i eit område

Mange urfolk lever tettare på naturen enn resten av befolkninga. Derfor får endringar i natur og klima store konsekvensar for det tradisjonelle levesettet til urfolk. Urfolk har til alle tider måtta kjempe for å ta vare på landområda sine og naturressursane der. I altfor mange tilfelle har majoritetsbefolkninga gjort krav på desse. I konflikten om dei same ressursane er urfolk så å seie alltid i ein underlegen maktposisjon i forhold til majoriteten.

Til dømes har samiske reindriftsutøvarar i Noreg fleire vintrar opplevd at reinen ikkje klarar å beite om vinteren slik han gjorde før. Grunnen til det er varmare vêr, som gjer at snøen smeltar og så frys til is. Reinen klarar ikkje å komme til lavet han lever av, fordi det er dekt av is. Dette gjer at reindriftsutøvarar må fôre reinen med pellets, små kuler av gras. Pellets er dyrt, og mange har derfor måtta søkje om økonomisk hjelp frå staten for å kunne drive med rein.

Nokre stader i Noreg har ein gjort inngrep i naturen for å lage miljøvennleg kraft. Det er til dømes bygt store vindmølleparkar som skal gi fornybar vindkraft i område der det har vore tradisjonell reindrift i mange generasjonar. Mange reindriftsutøvarar argumenterer med at vindmøller øydelegg for reindrift, og dette har blitt ein verdikonflikt: Medan samiske reindriftsutøvarar kjempar for livsgrunnlaget sitt og den tradisjonelle næringa si, ønskjer den norske staten å lage fornybar energi.

Tenkjer du at fleirtalet må få bestemme? Det vil i så fall bety at samar eller andre minoritetar aldri blir høyrde. Samar i Noreg har sidan 1980-åra vore anerkjende som urfolk, og denne anerkjenninga har gitt dei ein tydelegare rett til mellom anna å bevare og styrkje institusjonane sine og kulturen sin. Det inneber at samar bør ha ein særleg råderett over landområda som dei er avhengige av for å bevare det tradisjonelle levesettet sitt. Konflikten med vindmølleutbyggjarar som ønskjer å skape meir fornybar energi i reindriftsområde, held likevel fram. I 2021 gav Høgsterett samane medhald og sa at vindmøllebygginga i reindriftsområdet Fosen ikkje var lovleg, fordi ho krenkte urfolksrettane.