1 minute read

Ulike menneske har ulike perspektiv

Synest du det er lettare å samarbeide med nokon som er lik deg sjølv? Det kan faktisk vere lurt å snakke med nokon som er ulik deg sjølv. For det kan hende at du får nye perspektiv av ein som er annleis enn deg. Kanskje endrar du litt på måten du tenkjer på, fordi du har fått nye idear og oppfatningar ved å lytte til og diskutere med nokon som har opplevd noko anna enn deg sjølv. Det at menneske i ein fellesskap er ulike, kan føre til at utfordringar blir løyste på ein betre måte enn om vi alle hadde hatt det same synet på verda.

Mangfald kan forklarast som variasjonar eller ulikskapar innanfor ei gruppe eller eit samfunn. Til dømes har vi eit mangfald av religionar i Noreg, og det finst eit mangfald av plantar i skogen.

Det at menneske i ein fellesskap er ulike, kan føre til at utfordringar blir løyste på ein betre måte enn om vi alle hadde hatt det same synet på verda.

I eit samfunn vil det alltid vere ulikskap og variasjon, men òg likskap. Felles kjenneteikn kan til dømes vere dialekt og religion. Nokre av dei felles kjenneteikna er synlege, medan andre er usynlege. Førestill deg at du tilhøyrer éin av to samiske familiar i ei bygd. Dette kan vere noko som skapar ei oppleving av fellesskap. Då kan familiane dykkar identifisere seg med kvarandre, fordi de har mange felles verdiar og kjenner til mange av rituala som er ein del av samisk kultur.

Samtidig som felles kjenneteikn kan skape fellesskap, kan dei òg føre til utanforskap. Spesielt synlege kjenneteikn kan gi inntrykk av at menneske er meir ulike enn dei eigentleg er. I nokre tilfelle fører dei synlege kjenneteikna til rasisme og diskriminering. Til dømes kan menneske med funksjonsnedsetjingar eller personar som tydeleg viser tilhøyrsel til ein religion, oppleve å bli urettferdig behandla. Derfor er det så viktig at vi er klar over at samfunnet består av mange ulike grupper, og at vi veit korleis vi kan leve saman – med respekt for kvarandre – i eit mangfaldig samfunn.

Vi er alle, anten vi vil eller ikkje, ein del av ein fellesskap. Det éin meiner er eit godt samfunn, er ikkje nødvendigvis andre samde i. Vi har alle ulike meiningar, erfaringar og verdiar. Det handlar om kva perspektiv vi har, altså om kva «briller» vi ser med. Briller er i denne samanhengen eit bilete på korleis vi ser verda. Ein som veks opp på ein gard med kjøttproduksjon, vil kanskje sjå annleis på det å ete kjøtt enn andre. Å vere klar over at ikkje alle ser med dei same brillene, gjer det lettare å forstå både seg sjølv og andre.

- Kan du skildre kva briller du ser med?