3 minute read

Verda – den felles heimen vår

Mennesket har alltid stilt eksistensielle spørsmål, det vil seie dei store spørsmåla om livet. To slike spørsmål er «korleis blei verda til» og «kvifor er vi her».

Religionar og livssyn gir ulike svar på desse spørsmåla.

I dei fleste religionar finn vi ein myte eller ei forteljing om korleis verda blei til. Desse forteljingane og mytane forklarar òg kvifor verda finst, og kva rolle menneska har i ho. Kristne, jødar og muslimar deler førestillinga om at alt er skapt av ein levande Gud. Andre overtydingar fortel om ulike guddommar som skaparar.

I hinduismen finst mellom anna myten om at Brahma er ein skapargud som skapar verda på nytt, etter at ho i kvar syklus blir øydelagd.

Naturvitskapen forklarar at verda blei til som eit resultat av ei lang utvikling over fleire millionar år, nemleg evolusjonen.

Dei ulike tankane våre om korleis verda blei til, og grunnen til at vi er på jorda, kan påverke forholdet vårt til ho.

I dei fleste religionar finn vi ein myte eller ei forteljing om korleis verda blei til.

Berekraftig utvikling

Anten du bur på Svalbard eller heilt sør i Argentina, lever du framleis på den same kloden. Jorda er den felles heimen vår, og eit viktig spørsmål blir då: «Korleis tek vi best vare på denne heimen?» I starten av kapittelet kunne du lese at berekraftig utvikling handlar om å ta vare på den verda vi lever i, både for dei som lever no, og for dei som skal komme etter oss. Då er det viktig å tenkje på korleis vi menneske brukar og fordelar pengar, korleis alle menneska har det, og korleis vi tek vare på miljøet og naturen.

Leiarane i kvart enkelt land vil nok først og fremst vere opptekne av sine eigne innbyggjarar. Men sidan landa og innbyggjarane i verda er avhengige av kvarandre, vil dei vala vi gjer i eige land, òg bety noko for befolkninga i land langt unna.

Endringar som skjer ulike stader i verda – om dei er knytte til klima, krig eller noko anna – får konsekvensar også andre stader.

ANSTENDIG ARBEID ØKONOMISK

Berekraftig utvikling handlar ikkje berre om natur- og klimautfordringar, men òg om økonomi og sosiale forhold. Arbeidet på det økonomiske feltet inneber til dømes å jobbe for å jamne ut skilnader mellom fattige og rike, og for ein økonomisk vekst som kan få fleire ut av fattigdom. Det sosiale arbeidet har som hovudmål å sørgje for at menneske har eit rettferdig og anstendig liv. Det inneber til dømes å utrydde svolt og sørgje for jamstilling mellom kjønna.

I 2015 laga FN 17 berekraftsmål som landa i verda skal nå innan 2030. For å nå måla må landa i verda samarbeide tett. Kva val må vi gjere i dag for å sikre ei god framtid?

FNs BEREKRAFTSMÅL

GOD HELSE OG LIVSKVALITET GOD UTDANNING

UTRYDDE FATTIGDOM

INDUSTRI, INNOVASJON OG INFRASTRUKTUR

REN ENERGI TIL ALLE

MINDRE ULIKSKAP

LIKESTILLING MELLOM KJØNNA REINT VATN OG GODE SANITÆRFORHOLD

UTRYDDE SULT GOD HELSE OG LIVSKVALITET GOD UTDANNING

LIKESTILLING MELLOM KJØNNENE RENT VANN OG GODE SANITÆRFORHOLD

ANSTENDIG ARBEID OG ØKONOMISK VEKST

BEREKRAFTIGE BYAR OG LOKALSAMFUNN

INDUSTRI, INNOVASJON OG INFRASTRUKTUR

INDUSTRI, INNOVASJON OG INFRASTRUKTUR

ANSVARLEG FORBRUK OG PRODUKSJON

MINDRE ULIKHET

BÆREKRAFTIGE BYER OG LOKALSAMFUNN ANSVARLIG FORBRUK OG PRODUKSJON

LIVET PÅ LAND FRED, RETTFERD OG VELFUNGERANDE INSTITUSJONAR

STOPPE KLIMAENDRINGENE LIVET I HAVET

SAMARBEID FOR Å NÅ MÅLA

LIVET PÅ LAND

FRED, RETTFERDIGHET OG VELFUNGERENDE INSTITUSJONER

SAMARBEID FOR Å NÅ MÅLENE b Prøv å finne døme på at du følgjer denne regelen i livet ditt.

1 Finst det ein leveregel som alle i verda kan bli samde om?

2 a Kva går den gylne regelen ut på?

3 Leit i nyheitene og finn ein konflikt som går føre seg no. Korleis trur du konflikten hadde utvikla seg dersom «den gylne regelen» blei følgd?

4 Er like-for-like-prinsippet eit godt prinsipp? Kvifor / kvifor ikkje?

5 Finst det situasjonar der det kan vere vanskeleg å tolerere det andre seier? Kan du eventuelt komme på nokon døme?

6 Diskuter med læringspartnaren din. Bør påstandane nedanfor tolererast, anerkjennast og/eller respekterast?

«Det bør ikkje vere lov å samlast i religiøse grupper på skulen.»

«Å ete kjøtt er det same som å ete kjæledyret sitt.»

«Eg skal vente med å ha sex til eg giftar meg.»

«Det viktigaste ein kan gjere, er å respektere foreldra sine.»

7 Korleis vil du beskrive skilnaden på toleranse og respekt? Er det enklast å tolerere eller å respektere? Gi døme.

8 Er det mogleg å leve i ein fellesskap utan anerkjenning?

Kvifor / kvifor ikkje?

9 Nemn fem ulike personar eller organisasjonar som du meiner har ansvar for ei berekraftig utvikling. Ranger dei frå dei som har størst ansvar, til dei som har minst ansvar. Grunngi valet ditt.

10 Undersøk berekraftsmåla. Kva for nokre av behova som er omtalte her, er dekte i livet ditt? Korleis ville livet ditt ha endra seg om eit av behova ikkje blei dekt lenger? Kva behov ville du gjort mest for å behalde?