1 minute read

Korleis ser du føre deg framtida?

Dei vala vi gjer i dag, vil vere med og påverke korleis verda og samfunnet vårt ser ut i morgon.

berekraftig utvikling –samfunnsutvikling og økonomisk vekst som ikkje øydelegg for dei neste generasjonane

Dei fleste av landa i verda har gått saman om å jobbe for ei berekraftig utvikling. I fleire tiår har det blitt diskutert på møte i FN korleis vi kan skape samfunn som er gode for alle. Det å jobbe for ei berekraftig utvikling er, og har vore, eit felles mål. Ei slik utvikling skal sørgje for at menneska får dekt behova sine både no og i framtida. Det betyr at vi må gjere val som er gode for oss og naturen i dag, og som ikkje øydelegg for dei som kjem etter oss.

Døme på berekraftige val kan vere å køyre elektriske bilar eller å ete mindre kjøtt. Då vil vi sleppe ut mindre klimagassar. Men det som er berekraftig på eitt område, kan hindre berekraftig utvikling på eit anna. Til dømes er el-batteri avhengige av kobolt, som blir vunnen ut av gruvearbeidarar som ikkje alltid får oppfylt menneskerettane sine.

Det er altså ikkje alltid enkelt å vite kva som er den beste løysinga eller det beste valet. Det vanskelegaste er kanskje dei gongene vi må gi avkall på noko. Korleis ville det til dømes vore å ikkje ete kjøtt meir? Eller å ikkje kjøpe nye klede heile tida? Alt dette forureinar og kan påverke den berekraftige utviklinga negativt.

FN har sett 17 berekraftsmål som landa i verda må nå i fellesskap for å skape eit godt samfunn i framtida. Måla viser korleis vi kan skape eit godt liv for menneska i dag og for dei som kjem etter oss. Mellom anna trekkjer FN fram kor viktig det er at alle barn har tilgang til god utdanning. Like viktig er det å utrydde svolt og stoppe klimaendringane. Dersom vi klarar å nå alle dei 17 måla, vil vi få eit betre samfunn for alle menneske i verda, ifølgje FN.

Kva for nokre av dei 17 måla er viktigast? Svaret på dette vil variere frå land til land. I Noreg, der alle har rett på og tilgang til god utdanning, vil mange tenkje at dette målet allereie er nådd. Då vil det vere viktigare å redusere mengda klimagassar som vi slepper ut i Noreg. Skal vi få til ei berekraftig utvikling, må alle bidra. Landa i verda tilhøyrer den same kloden, og derfor må vi samarbeide for å komme vidare. Då er det mange ulike synspunkt vi må lytte til og respektere.