1 minute read

Verdikonflikt og etiske spørsmål

Det at vi har ulike syn, gjer at vi meiner at ulike val er dei beste. Når vi jobbar med å få til ei berekraftig utvikling, vil vi møte mange etiske problemstillingar. Ei etisk problemstilling kan til dømes vere kva som skal prioriterast av matproduksjon og natur når matproduksjonen går utover naturen. Her vil det sjeldan vere eit fasitsvar, og derfor må vi diskutere slike problemstillingar.

I fellesskapen på kloden vår ser vi rett som det er at ulike verdiar og ønske kjem i konflikt med kvarandre. Dette skjer på ulike nivå.

Eit av dei lågaste nivåa er dei heilt lokale konfliktane, til dømes usemje mellom deg og naboen din.

Høgare opp finn vi det nasjonale nivået. Her er det konfliktar som går føre seg innanfor landegrensene. I Noreg, til dømes, har vi ein debatt om oljeutvinninga. Skal vi halde fram med å hente olje frå havbotnen, eller skal vi stoppe utvinninga? Olja blir brukt som energi og skapar viktige ressursar, men ho bidrar òg til klimaendringar og auka global oppvarming.

Når vi jobbar med å få til ei berekraftig utvikling, vil vi møte mange etiske problemstillingar.

Det øvste nivået er globalt, der fleire land eller verdsomspennande organisasjonar er involverte. Til dømes arrangerer FN jamleg klimakonferansar der ulike problemstillingar og spørsmål blir diskuterte. Kven skal redusere forbruket av fossilt brennstoff, kor mykje skal det reduserast, og kven skal ta ansvar for verknadene av klimaendringane? Det er utfordrande for leiarane i dei ulike landa i verda å bli samde om svaret på slike spørsmål og om kva tiltak som er best for å løyse klimakrisa. Rike land har det største forbruket i dag og har gjennom historia teke i bruk mykje fossilt brennstoff for å skape velstand for seg sjølv. Fattigare land har minst skuld i klimakrisa. Likevel betalar dei den høgaste prisen, sidan verknadene av klimakrisa ofte er verre i mange av desse landa. Skal rike land vere med og betale prisen, ved å gi økonomisk støtte? Under klimakonferansen i Egypt i 2022 blei dette diskutert, og to dagar på overtid blei landa samde om at rike land skal bidra med pengar til dei landa som har opplevd mykje øydelegging på grunn av klimaendringane.

fossile brennstoff – naturressursar som ikkje kan brukast på nytt, som kol, råolje og gass