3 minute read

Kva kan vi einast om?

Det finst ulike svar på korleis eit godt samfunn ser ut. Seinare i kapittelet skal vi utforske meiningsmangfald og usemje, men først: Finst det i det heile noko som er felles for oss alle, og som vi alle kan einast om? Og kan det som er felles, føre til at ulike menneske saman bidrar til eit godt samfunn for alle?

Den gylne regelen – like-for-like-prinsippet Vekselverknaden mellom menneske, det at vi gir og får av kvarandre, er eit viktig poeng i fleire religionar og livssyn. Likefor-like-prinsippet, som òg blir kalla den gylne regelen, går ut på at det du sjølv ønskjer at andre skal gjere mot deg, skal du gjere mot andre. Dette prinsippet kan hjelpe oss med å forstå kva som er ei rett eller galen handling. I nokre religionar er dette skrive ned i heilage tekstar, i andre kan prinsippet tolkast ut frå forteljingar i skriftene. Nedanfor ser du døme frå kristendommen, jødedommen, kinesisk filosofi og buddhismen.

Det du ikkje vil at andre skal gjere mot deg, det skal du heller ikkje gjere mot andre.

– Hillel, Talmud Shabbat 31, a

Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei.

– Bibelen, Matt 7,12

Gjer aldri noko mot andre som du ikkje ønskjer for deg sjølv.

– Konfutse, kinesisk filosof

Sår ikkje andre, for du ønskjer ikkje sjølv å bli såra.

– Udana Varga, 5:18

I ei berekraftig utvikling ønskjer vi at dei vala vi gjer i dag, etterlèt kloden i ein slik stand at det er leveleg her for dei som kjem etter oss.

Den gylne regelen tek utgangspunkt i at alle menneske ønskjer det gode for seg sjølv. Derfor vil denne regelen bidra til gode val, fordi du vil behandle andre slik du sjølv ønskjer å bli behandla. Like-for-like-prinsippet kan brukast i dei fleste samanhengar og er til dømes heilt avgjerande når vi snakkar om berekraft. I ei berekraftig utvikling ønskjer vi at dei vala vi gjer i dag, etterlèt kloden i ein slik stand at det er leveleg her for dei som kjem etter oss. Det ville vi ha ønskt at andre skulle ha gjort for oss, og derfor vil vi gjere det for dei som kjem etter.

Menneskeverd og menneskerettar

Alle menneske har nokre viktige rettar i kraft av å vere menneske. Religionar og livssyn har ulike måtar å forklare menneskeverdet, altså verdien til mennesket, på. Kristne vil til dømes hevde at mennesket har ein verdi fordi mennesket er skapt av Gud. Eit vanleg menneskesyn i India er at menneske har verdi fordi dei er mor eller far til nokon, bror eller søster, venn, slektning og så vidare. Livssynshumanistar gir mennesket ein verdi i kraft av det å vere menneske.

I 1948 skreiv 48 land i FN under på Den internasjonale fråsegna om menneskerettane. Denne fråsegna skildrar ulike rettar som mennesket har berre fordi det er eit menneske. Rettane omfattar mellom anna retten til liv og tryggleik, tanke- og religionsfridom, ytringsfridom, utdanning, berekraftig miljø og vern mot diskriminering. Menneskerettane gir mennesket ei form for vern. Men sjølv om 193 land i verda no har sagt seg samde i fråsegna, er brot på menneskerettane noko vi dessverre ser fleire døme på rundt om i verda. Både historia og notida er fulle av døme på situasjonar der menneske har opplevd å bli forfølgde og fråtekne rettane sine. Kjenner du til menneskerettsbrot som har skjedd eller skjer i dag?

Vi er alle fødde frie og like. Vi har våre eigne tankar og idear. Vi bør alle bli behandla på same måten.

– artikkel 1 (forenkla versjon)

- Er menneskerettane noko vi alle er samde i, men som det ikkje er mogleg å oppnå?

Nødvendige verdiar?

Om vi er samde om like-for-like-prinsippet og menneskerettane, har vi eit godt grunnlag for å skape eit velfungerande samfunn. Men er dette nok? Toleranse, respekt og anerkjenning blir ofte nemnde som nødvendige verdiar for å leve saman på ein god måte. Toleranse handlar om å tole at menneske rundt deg tenkjer og handlar på ein annan måte enn du gjer. Respekt er det å akseptere noko, nokon eller det nokon gjer. Anerkjenning er å uttrykkje overfor eit anna menneske at du «ser den andre». Å møte kvarandre på ein god måte når vi er usamde, er viktig for at vi skal kunne finne løysingar.

Toleranse handlar om å tole at menneske rundt deg tenkjer og handlar på ein annan måte enn du gjer.