1 minute read

Naturvern eller naturbruk?

Vi veit at handlingane til menneska har påverka og framleis påverkar naturen. Vi veit òg at vi menneske er avhengige av at naturen skal fungere for at vi skal overleve. Betyr dette at naturen er til for oss menneske? Kan vi bruke han som vi vil, eller er naturen verdifull i seg sjølv?

forvaltaransvar – ansvar for å ta vare på skaparverket regnskog – her: tropisk regnskog i områda rundt ekvator

I eit mangfaldig samfunn vil det vere ulike oppfatningar av kva naturen er, og korleis vi bør behandle han. Nokre oppfattar naturen som ein ressurs vi kan utnytte, medan andre oppfattar han som noko heilagt vi må ta vare på. Religion kan gi oss eit ansvar for å forvalte og ta vare på verda, men religion kan òg fokusere så mykje på livet etter døden at vi ikkje blir så opptekne av å ta vare på det vi har rundt oss no.

Olje, jern og treverk er døme på ressursar som vi vinn ut frå naturen. Og alle menneske er avhengige av naturen for å overleve og tene pengar. Til dømes blir store delar av regnskogen hoggen ned for at nokon vil utvikle tømmer eller gjere skogområda om til dyrkbar mark. Slik hogst har sikra økonomisk vekst, men i dag veit vi at regnskogane er «klodens lunger» som sørgjer for eit klima i balanse. Vi veit at nedhogging av regnskogen har ført til tørke andre stader. Dersom vi berre tenkjer på naturen som ein ressurs som kan brukast, vil vi kunne øydeleggje naturen slik vi kjenner han i dag. Er det viktigare å skape økonomisk vekst enn å sikre gode vekstvilkår for naturen?

Nokre oppfattar naturen som ein ressurs vi kan utnytte, medan andre oppfattar han som noko heilagt vi må ta vare på.