1 minute read

Mat og helse-timen

Det er torsdag, og endeleg er det mat og helse-time. Kasper har gledd seg til timen heile veka, for i dag skal dei lage eit skikkeleg festmåltid. Alle elevane har fått i oppdrag å førebu eit forslag til kva matretter dei skal lage, og Kasper har sett føre seg at den herlege hamburgaren hans med bacon og ost sjølvsagt vil bli ein av rettene.

Chris, Trine og ein heil gjeng frå klassen blir begeistra over forslaget til Kasper. Ali rynkar litt på nasen når han høyrer at det er med bacon, men han seier at han berre kan droppe å ha det på. Lars, som er vegetarianar, blir irritert, men han er jo alltid så vanskeleg. Siri har snakka med gjengen sin om at ho så gjerne ville lage ein samisk rett, blodpannekaker. Det er Kasper og dei andre i gjengen samde om at høyrest ekkelt ut.

Mat og helse-timen startar på uventa vis. Læraren ber klassen ha ei avstemming. Alle skal få leggje fram forslaget sitt, og så skal fleirtalet bestemme. Med ein gong blir det ein skikkeleg diskusjon i klassen. Kasper klarar ikkje dy seg, og plutseleg har han ropt høgt til Siri at han får spy i munnen av å tenkje på blodpannekaker, og at det er det sjukaste forslaget han har høyrt. Har ho gløymt at dei skal lage eit festmåltid?

Siri blir heilt kvit i ansiktet og klarar ikkje å svare.

Då reiser Carla seg. Ho seier at det som er det sjukaste, er at Kasper ikkje klarar å vere usamd med nokon utan å rope, og at han berre tenkjer på seg sjølv. – Har du nokon gong prøvd å faktisk lytte til andre?

Akkurat sånn kan vi sjå føre oss at verda er. Vi er mange ulike menneske med ulike syn, ulike meiningar og ulik religiøs og kulturell tilhøyrsel.