Globus6 naturfag nn blabok

Page 23

Menneskekroppen

Lungeblærer

Tynne luftrør i lungene

– Så lungene er eigentleg to svampar? – Nesten. Det sit millionar av små lungeblærer i lungene. Alle blærene blir fylte med luft når vi pustar inn. Det lure er at kvar einaste blære har tynne vegger med blodårer i. Derfor kan blodet ta opp oksygen frå lufta. Blodet kan også gi frå seg vassdamp og karbondioksid i lungene.

Lungene er fulle av små blærer som sørger for at blodet får oksygen.

Luftrøret

Lunge Luftrøret forgreinar seg i tynnare og tynnare rør i lungene

– Da må det gå nokre rør ned til lungene. – Det er rett. Vi pustar gjennom «to inngangsdører», nasen eller munnen. Derfrå går det eit rør ned gjennom halsen. I lungene deler det seg i mindre og mindre greiner, heilt til dei blir tynne rør som endar i lungeblærene. – Tenk om det renn vatn ned i lungene når vi drikk! – Det kan nok hende at det kjem noko ned i luftrøra som ikkje skal vere der, ja. Da seier vi at vi har fått noko i vrangstrupen. Da begynner du å hoste kraftig for å få ut det som ikkje skal vere der.

73 Globus6NaturElevbok-kap2-NN.indd 73

25.04.2008 13:16:06


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.