Borealis 2008 Programme book

Page 24

GRØNT STILLE, MYRKJEBLÅTT, LJOSBLÅTT, GRÅLYSNING, …

46

grålysning troldstilt AV NICHOLAS H. MØLLERHAUG

Dette er lista over ein del av hardingefelestillene. Dei er alle med på å gjere norsk folkemusikk til eit fenomen. Dette er også sentrale element i det kunstnariske universet til Nils Økland, som opner Borealis 2008 med bestillingsverket “Scordatura”. — Desse stillene – eller stemmingane – er representert med ørsmå forandringar frå den ordinære stemminga mellom strengane på ein fiolin, fortel Økland — Kvintar er jo det vanlege på ein klassisk fiolin. Når ei hardingfele til dømes blir stemd i “grønt stille” blir eit par av intervalla forandra og det oppstår fantastiske klangar, fargar og forandringar. Det er difor det finns så fine beskrivande namn på desse stemmingane. Økland er rekna som landets framste fornyar av tradisjonsmusikken for hardingfele - og kjend for ei rekke kritikarroste plater og eit usedvanleg repertoire. Som komponist har han skapt eit heilt eige musikalsk vokabular med hardingfelegeografien i Noreg som utgongspunkt. Dette er ein geografi over eit landskap som er definert av ulike dialektar. Feledialekten i Sogn er ein annan enn i Valdres. I Telemark speler ein på ein annan måte enn på Voss. Og samtlege av desse bruker ulike stemmingar mellom anna frå lista ovanføre. Og dei fleiste som driv med folkemusikk er veldig tru mot sin tradisjon og dialekt. Det er ikkje Økland. Då han var liten og lærde seg å spele klassisk fiolin spelte han stadig opp til dans i Haugesundsdistriktet. Han var då med onkelen sin som var ein kjend lokal trekkspelar. Slik blei Økland fortruleg med å spele etter øyra. Då han byrja på Ole Bull Akademiet på Voss og sat på første førelesing om hardingfelestiller var det som ei openberring. — På Akademiet fekk me ikkje berre høyre om denne særmerkte stemminga i folkemusikken - me fekk også vite at scordatura (sjå sitat på sida) ikkje berre fanns i den norske hardingfelemusikken men også i ein obskur del av den klassiske barokkmusikken. Den mest kjende representanten for dette er komponisten Heinrich Ignaz Biber (1644-1704). Bestillingsverket Nils Økland Ensemble framfører opningskvelden er direkte inspirert av Biber. Økland vart så fascinert av denne komponisten at han byrja reise til Holland for å studere hjå Biber-eksperten Jan Willem de Vriend. Særleg gjekk dei gjennom Biber sine visjonære Mys-

teriesonater - ein serie på 16 sonater. (Desse sonatene blir framførd i sin heilskap av festspillmusikar Bjarte Eike under Festspillene i Bergen i år. Red. anm). Som student hjå de Vriend oppdaga Økland eit anna instrument: Viola d’Amore. Det første han såg var at denne svære fela med 6-7 strenger var som ei forvokst hardingfele. Biber komponerte scordatura også for dette instrumentet - og det vil vere ein viktig del av opningsverket på festivalen. Tradisjonssynet til Økland er radikalt i ein folkemusikksetting. Han meiner at så lenge tradisjon er det vere det same som å kopiere heltane i fortida er ikkje det noke for han. Økland må gå vidare. Ifølge han finns det difor to tradisjonssyn i folkemusikken: det eine er strengt konserverande - ogdyrker fortidas speleteknikkar og bevarer kunnskap om fortidas speleteknikkar for framtida. I den andre enden har ein dei som går frametter. — Ein av dei som gjekk framover var Bjarne Herrefoss (1931-2002) frå Tokke i Telemark. Eit stort førebilete for meg. Han høyrde eg ein gong spele på ein støl. Slåttar frå Hardanger som han hadde lærd då han var liten og var dreng i Hardanger. Og ingen av dei likna noko eg hadde høyrd før. Han spelte aldri ein slått likt frå ein gong til ein annan. Det var som han hadde ein hatt med alle temane og melodiane i. For kvar gong han skulle spele rista han litt i hatten - og ut kom nye kombinasjonar for kvar gong.

Klipp frå “Fanitullen” - red. Bjørn Aksdal og Sven Nyhus: “Forbildene for mange av de om lag 20 felestillene vi kjenner fra norsk slåttespill, kan ha røtter i det som er blitt kalt scordaturateknikk (fra it., scordatura=feilstemme (som er å finne i eropeisk kunstmusikk fra tidlig på 1500 årene” “Selv om fiolinen på den tiden hadde fått sin standarstemming (accordatura), tok fiolinistene snart opp ideen om scordatura fra lutt og gambespillere.Flere italienske komponister tok også opp bruken av scordatura for fiolin, og i Tyskland nådde omstemningsmoten sitt høydepunkt på midten av 1600 tallet. Dette gjorde utvilsomt sitt til at scordaturabruken ble stående på sitt høyeste på 1700 tallet, spesielt i Italia og Frankrike.” “Fra midten av 1700 tallet kan man således registrere scordatura-notasjon i nordiske spelemannsbøker” Bestillingsverket til Nils Økland Ensemble er eit av fleire døme på scordatura under Borealis 2008. Musikken til festivalkomponist Mathias Spahlinger, Arvid Gangsø og mange av dei andre festivalaktuelle komponistane brukar også omstemming som metode. Konsertane til Gamaltnymalt samt premieren av den moderne lirekassa Slåttberg er direkte prega av denne spesielle stemmetradisjonen.

47


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.