Teikn stjernebiletet ved å følgje tala. Skriv namn på stjernebileta. Orion, Sarvva, Sjustjerna
Sjustjerna Les teksten og svar på spørsmåla. Sjustjerna er ein stjernehop. Ein stjernehop er ei samling stjerner som ligg tett saman. Eit anna namn på Sjustjerna er Pleiadane. I Pleiadane kan vi sjå sju stjerner utan å bruke kikkert. Ser vi med kikkert, ser vi mange fleire stjerner. Det er kanskje 3000 stjerner i Pleiadane. Lyset bruker omtrent 400 år frå Pleiadane til jorda. Sjustjerna blir òg kalla Sju systrer. Ei gresk segn fortel om sju systrer som vart forfølgde av jegeren Orion. Dei ropte på hjelp frå guden Zevs. Han forvandla systrene til duer og plasserte dei på himmelen. Der fekk ikkje Orion tak i dei. I Amerika fortel indianarane ei segn. Sjustjerna var sju ungdommar som gjekk ein tur på himmelen. Dei fann ikkje heim att. Dei vart verande på himmelen, og samla seg i ein liten flokk. 1. Kva er ein stjernehop? ______________________________________ 2. Veit du to andre namn på Sjustjerna? __________________________ 3. Kor mange stjerner trur vi det er i Sjustjerna? ________________ 4. Kor lang tid bruker lyset frå Sjustjerna til jorda? _______________ 5. Korleis trudde indianarane at Sjustjerna vart danna? _____________ ___________________________________________________________ ___________________________________________________________ ___________________________________________________________ Mål: Kjenne att nokre stjernebilete.
Cumulus_4_arbeidsbok_nyn.indd 13
13
27.05.2008 14:00:31