
15 minute read
Nasjonalen
UTVIKLING: Hardanger folkemuseum har ei detaljert utstilling av folkedrakter og hardangerbunader.
Finst det noko norskare, eit meir strålande vakkert plagg, enn hardangerbunaden?
TEKT OG FOTO: IRENE R. MJELDE

ETABLERT: Hardangersaumen, eller utskurdsaum som det heitte, oppstod på 1600-talet. På den tida tok lindyrkinga i Nederland seg til nye høgder og gjorde det enklare å få tak i tellelin rundt om i Europa. I Noreg oppstod hardangersaumen som ein del av draktskikken.
– Bruken vi har av bunad i Noreg er heilt unik, sjølv i verdssamanheng. Det finst ingen andre land der ein ikler seg bunaden i alle festlege lag, slik vi gjer det her. Agnete Sivertsen er til vanleg styrar på Hardanger folkemuseum og Agatunet, men nett no har ho permisjon for å vere formidlingsleiar på folkemuseet, som ligg på Utne i Ullensvang kommune. Å be denne dama snakke om hardangerbunaden er ei takknemleg oppgåve. Entusiastisk reiegjer ho for folkedrakta si historie, og overgangen til det vi i dag kallar bunad. – I tidlegare tider kunne ein berre ut i frå klededrakta sjå kva status ein person hadde, kvar dei kom ifrå, og kva ærend dei var ute i. Sjølve fasongen på drakta var den same, men utsmykking og dekor vart lagt til ut i frå kva anledning ein kledde seg opp til. Graderinga gjekk frå kvardag, via søndag, til høgmesse og høgste høgtid, innleier Agnete. – Først etter frigjeringa i 1905 gjekk folkedrakta over til å bli ei festdrakt i den forma vi kjenner til i dag.
Folkedrakta
På Hardanger folkemuseum har dei utstilt deler av folkedrakter datert heilt tilbake til 1600-talet. Museumsleiaren startar rundturen i den tidsmessige byrjinga, i hjørnet der dei eldste innsamla kledeplagga har fått plass. – Heilt tilbake i mellomalderen var ikkje kledeskikken i Noreg så ulik frå stad til stad, men utover på 1600-talet kom renessansemoten inn i bildet, og samstundes oppstod folkedraktskikkar over heile landet, fortel Agnete. Det som kjenneteiknar folkedrakta er at ho dekker folk sitt behov for klede, frå dei blir fødde til dei dør; frå dei enklaste kvardagsklede til dei mest høgtidlege festklede. Alt er ein del av den same draktskikken, og kvart geografiske område fekk etter kvart sine eigne typiske trekk. – Eit sentralt poeng i renessansetida var at kvinnene si drakt skulle ha stakk, og det ein her i Hardanger kallar opplut, altså liv, eller vest, i ulik farge og materiale. Stakken var som oftast svart eller mørkeblå, og oppluten i ein avvikande farge – som oftast raud. Oppluten blei no kanta med band og sydd fast i stakken. Dette plagget omtalast som den eldre livkjolen. I andre deler av landet kom ulike stilretningar inn og sette preg på kledeskikken vidare framover, men på Vestlandet blei renessansepreget verande oppover både på 1700 og 1800-talet. – Her gav dei nye moteimpulsane berre minimale utslag; som til dømes at bandet øvst på bringkluten blei breiare då bomullsfløyelen blei ein populær tekstil å bruke, klarerer Agnete.
Status som gift
Agnete si glødande interesse for temaet skin gjennom når ho fortel. Utgreiinga hennar blir medrivande for ein kvar lyttar.


VARIERT: Hardanger folkemuseum har utstilt eit rikt utval av eldre belte til hardangerbunaden. OMVISAR: Formidlingsleiar Agnete Sivertsen.
– No til dags vil alle vere ungdomar, men tidlegare var det det å vere gift som var tingen, fortel ho smilande. – Privilegiet det var å vere gift vistes igjen i klededrakta. Å være gift kvinne var status, og det var vanleg å vise denne statusen gjennom store hovudplagg, som ulike variantar av det kvite hovudlinet – skautet. Ugifte jenter bant flettene opp rundt hovudet med bandet «raudborde», og med «svartborde» utanpå om det skulle være riktig fint. Den einaste dagen i sitt vaksne liv ei kvinne gjekk med utslått hår var den dagen ho stod brur. Då skulle håret flaume i bølger nedom brurekrona. Agnete fortel at bruken av brurekrone kan førast tilbake til før mellomalderen, faktisk heilt tilbake til katolisismen, som eit symbol på Jomfru Maria som himmeldronning. – Etter reformasjonen på 1500-talet heldt ein fram med bruken av brurekroner i ulike variantar rundt om i landet vårt, og her i Hardanger var utgåva ein litt stor og tung variant. Agnete har flytta seg bort til det staselege paret av utstillingsdokker iført fullt bryllaupsutstyr. – I den tradisjonelle bruredrakta var stakken til brura raud. Brura bar ei sterkt dekorert «snyttatrøye», òg kalla «laskatrøye» eller «hydnatrøye». Hendene sine skjulte ho under det broderte, kvite «handaplagget».
Utsmykking
Bruken av såkalla handaplagg heng saman med eit rituelt behov for tildekking av hendene. – Ein skjuler hendene sine i møtet med det heilage – viser ærbarheit og respekt i møtet med eit heilagt rom. I løpet av første del av 1800-talet forsvann handaplagget ut av høgtidsdrakta for kvinnene, men det blei værande som ein del av bruredrakta, og er det framleis. Grunnen til det er at dei rituelle draktene blir mindre utsett for endring. Dekoren generelt er gjentakande, og fruktbarheitssymbol og geometriske former går igjen. – Utsmykking med geometriske former som motiv har vore brukt her i Hardanger svært langt tilbake i tida. Det har vore kombinasjonar av rutemønster, kors og åttebladroser i uendelege variasjonar. Naturalistiske og meir figurative motiv finst omtrent ikkje. Når det gjeld mannsdrakta fortel Agnete at denne vart utsett for større endringar enn kvinnedrakta. – Mennene var vel meir tilbøyelege til å følgje motar, kanskje litt meir påverkelege enn det kvinnene var, resonnerer ho. – I byrjinga av 1800-talet var det berre eldre menn som framleis gjekk med mellomalderen si typiske «leistabrok» i skinn, og «kofte» knytt saman med eit belte i livet. Dei yngre kledde seg i meir staselege knebukser, vestar, og trøyer, gjerne med ein «vampe», ein litt eldre variant av trøya, utanpå. Typiske renessansetrekk var kanting med band, og ståande krage. Mot midten av 1800-talet og utover, gjekk folkedrakta for herrar over til å bli meir dressliknande, mot slik dei kler seg i dag.
Samtidsmote
På slutten av 1800-talet begynte kvinnene i Hardanger å gradvis fase ut den tradisjonelle folkedraktskikken. Inn kom den mørke, langt enklare samtidsmoten – svarte kjolar, og drakter med knappetrøyer, mørke forkle og knappestøvlar. – Denne stilen er det ingenting lokalt med, presiserer Agnete. – Desse impulsane gjaldt for heile Noreg, heile Europa og også i USA. Men til drakta putta kvinnene i Hardanger gjerne på tradisjonelt lokalt tilbehøyr, som sølv, belte, og skaut som hovudplagg. Herifrå og til i dag ender vi opp med ein kledestil der ein verken kan stadfeste, eller sjå sivil status eller kvar ein kjem frå, ut frå kledestilen til ulike personar. – Denne utviklinga kunne ha vore slutten for den tidlegare folkedraktskikken, om det ikkje hadde vore for at det på slutten av 1800-talet skjer ulike hendingar som gjev denne draktskikken eit nytt liv – som bunad.
Frå vilt til vakkert
Nasjonalromantikken gjer no sitt inntog. Han legg grunnlag for at bøndene si klesdrakt går frå vere noko «trist og traurig» til å bli noko staseleg og flott – noko som folk set pris på, noko som symboliserer nasjonen. Vi går inn i ein nasjonsbyggingsperiode, og intellektuelle strømmingar fører til at det blir samla inn eventyr, folkeviser og folkekultur over heile Norden. Ein oppdagar «folket», og då òg folket sine tradisjonar og skikkar. – I Noreg hadde vi den tilleggsdimensjonen at vi var i ferd med å lausrive oss frå Sverige. Vi var opptatt av å bygge nasjonal identitet, og denne blei i hovudsak knytt til bønder og bondekulturen. Særleg gjaldt dette bøndene i indre fjordstrøk, då ein såg på deira kultur som den som hadde vore minst påverka utanfrå. Hardanger folkemuseum blei etablert i 1911, som eit av dei første folkemusea i landet. Agnete påpeikar at det ikkje er tilfeldig at Hardanger fekk status som kulturelt høgstatusområde. – Hardanger blei løfta fram i nasjonalromantikken. Landskapet som tidlegare blei sett på som skummelt og skremmande vart no vilt og vakkert. Det oppstod ei gryande turismenæring her inst i fjordane. Odda vart reisemål for engelsk overklasse og lakselordar som ville oppleve det majestetiske landskapet, og dei besøkande fann den lokale draktskikken vakker.
Politisk kraft
Det viktigaste som skjedde var likevel at norskdomsrørsla oppstod, med Hulda Garborg i spissen. – Norskdomsrørsla jobba på bredt vis med norsk språk og identitet, som eit ledd i at Noreg skulle lausrive seg frå Sverige og stå som eit fritt land. Eit av symbola dei tok i bruk var den kvinnelege høgtidsdrakta frå Hardanger. Denne draktskikken blei slik løfta ut av den lokale samanhengen og gitt eit nytt symbolsk og politisk innhald, forklarer Agnete. Drakta fekk namnet kledebunad, og seinare bunad – ei nemninga vi framleis brukar. Ved å kle seg i denne drakta viste ein at ein sympatiserte med norskdomsrørsla. Hardangerbunaden vart rekna for å vere nasjonaldrakta vår, og gjekk difor på folkemunne oftast berre under tilnamnet «nasjonalen». – I denne prosessen skjer det ein del endringar med drakta. Ho vart forenkla og standardisert. Blant anna blir enkelte plaggdelar utelete, som til dømes snyttatrøya, reiegjer Agnete vidare. – Intensjonen var at bunaden skulle vere eit plagg som alle skulle kunne ha økonomi til, og moglegheit til å skaffe seg. Ofte sydde ein sine eine bunader som elevar på folkehøgskular rundt om i landet.
Bunad for alle
I 1905 var målet nådd – Noreg vart eit sjølvstendig land. Behovet for ei felles nasjonaldrakt vart ikkje lenger like stort, og gradvis gjekk bunaden over til å bli eit teikn på lokalidentitet. Rundt om i landet skaper bygdene sine eigne utgåver, og det oppstår ein stor flora av ulike bunader. – Konseptet bunad blei særs populært. Bunadsleksikonet som blei gitt ut for ein del år sidan opererer med heile 450 ulike variantar av bunaden, alle med eigen historie og bakgrunn. Nokre av dei er direkte vidareføringar av tradisjonelle draktskikkar, mens dei i andre enden er utradisjonelle, designa drakter med lokalt særpreg frå staden dei blir brukt. Dei fleste land har ei folkedrakthistorie, men bruken av bunad som vi har hatt her i landet i godt over 100 år, skikken med å kle seg opp i bunad for store feiringar, til dømes i bryllaup og barnedåpar, er heilt spesiell. Faktisk blir det no arbeidd med å få bunadsbruk i Noreg inn på Unesco si liste over representativ immateriell kulturarv. – Det fine er at bruken av bunad går tvers gjennom det politiske landskapet. Han tilhøyrer alle, påpeiker Agnete.
Lokal import
Bunadsproduksjon er òg eit spanande tema for formidlingsleiaren, og sjølvsagt har ho sjølv sydd sin eigen hardangerbunad. Under utdanninga skreiv ho masteroppgåve om utflagging av den norske bunadsproduksjonen til lågkostland. – Tidlegare, på 1900-tallet, var det vanlig at lokale syersker spesialiserte seg på lage enkeltdelar av bunaden. Innan hardangersaum sydde gjerne ein person forkledeborder mens ein annan sydde
FRISKT: Variasjonar av raudt er den mest vanlege fargen på oppluten til Hardangerbunaden.

skjortesaumen, andre igjen sydde bringeklut og belte i sin føretrekte teknikk: brodering, veving, eller sydd med perler. Tilkomsten var nettverksbasert. – Det klassiske var at bestemor tok på seg oppdraget med å skaffe bunadsdeler, gjerne allereie rett etter at jentebarnet var fødd. Då barnebarnet nådde konfirmasjonsalder låg alt det mest tidkrevjande klart, som hardangersaumane, bringeklut og belte – sydd av naboar, slektningar eller kjente. Først då kom den profesjonelle delen av bunadsproduksjonen inn i biletet, sying av opplut og stakk, og montering. Arbeidet på systovene vart eit ledd i det i å starte kvinnearbeidsplassar oppover på 1980- og 90-talet. – Men endringar har kome her òg, underretter Agnete. – Før var både kundar og bunadsstover innforstått med at ein hadde med seg skjortesaum og forklebord når ein kom til systova for å få bunaden montert, mens det no er oppfatninga at systovene skaffar alt ein treng til ein bunad. Men, det tar fort eit par hundre timar å sy ei forklebord i hardangersaum. Då seier det seg sjølv at dei treng hjelp av andre for å kunne levere. Ingen kan leve av å sy hardangersaum her i Noreg, og jamne leveransar frå utlandet blei løysinga på eit akutt problem. Men, eg syns det er absurd at rike Noreg ikkje har kapasitet til å ta vare på sin eigen kulturarv. For deler av bunadsproduksjonen burde det vore andre løysingar.
Å velje rett
Bunadskjennaren har sjølv i mange år halde kurs innan hardangersaum. Lokale ungdomskuleelevar kjem jamleg til museet for opplæring innan kunsten. – Det er viktig for mange, kanskje spesielt for unge menneske, å kunne lage sjølv. Det lovar godt for framtida, smiler Agnete. I våre dagar vil ein gjerne sette sitt eige preg på ting. – Heile bunadsperioden har vore full av diskusjonar om kva som er «ekte» bunad og kva som ikkje er det. Men korleis skal ein eigentleg bestemme kva som er riktig og kva som er feil? Det positive er at diskusjonane heldt feltet levande, påpeiker Agnete. – Det tradisjonelle kjeldematerialet er stort og variert, men samtidig har draktskikken hatt veldig stramme rammer. For å ha oversikt skal ein ha ganske stor kunnskap om emnet. Denne innsikta ønskjer dei tilsette på museet å by på når folk besøker utstillingane deira. – Eg trur det er nyttig med historisk kunnskap når ein tek eigne bunadsval. Folk tar gjerne val ut frå kva dei syns er fint, utan å kjenne til den historiske bakgrunnen. Hadde dei kjent denne hadde dei kanskje valt annleis. Denne balansegangen er ikkje alltid like enkel.
Produsentane
Bunadsbua i Øystese er ei av dei mange systuene som sørgjer for kle opp festklare vestlendingar. I lyse, trivelege lokalar midt i sentrum av bygda set det åtte driftige syersker og produserer Hardanger sitt arvesølv. Dei har hatt god trening, for handsaumane deira er like strake og rette som hardangervegane er svingete. Det er snart 30 år sidan Signe Steinstø og Kirsten Flotve, i lag med tre damer til, opna systove i ei lita brakke. Seinare avanserte dei vidare via «det restaurerte huset i skarpasvingen» og «huset på kaien», før dei i 2019 flytta bedrifta inn i andre etasje i handlesenteret.

MANN: Detaljar på herrebunaden.

HALS: Svartsaum til vinterbunaden.

LILLA: I Hardanger er det perler som er mest brukt i bringklutar. KONTRAST: Vinterbunaden, eller sneadrakt som det ofte blir kalla i Hardanger, dukka opp samtidig med at samtidsmoten var på veg inn mot slutten av 1800-talet. Han har vore særs populær utover heile 1900-talet.


HANDLAG: Handsaumar er det mykje av på ein hardangerbunad.
– Her blir vi verande, annonserer Signe, og får eit unisont samtykke til svar frå dei andre arbeidsborda. Våren er ei travel tid for bunadssyarar. Rundt 60 unge jenter skal dressast opp til konfirmasjonen. Gutane treng nokre år til på å vekse seg ferdig, så dei kjem førebels berre innom Bunadsbua for å leige bunad for den store dagen. – Til saman syr vi om lag 100 damebunader i året, samt 40 herrebunader. I tillegg er det mykje vøling som skal gjerast. – Og utsying, supplerer Kirsten. Damene humrar.
Syglede
Den intrikate hardangersaumen på bunadsskjorter og forkle er det syarar frå venskapskommunen deira i Litauen som står for. Årleg får Bunadsbua levert mellom 70 og 100 hardangersaumar derifrå. – Vi reiste dit og lærte dei teknikken. Dei er kjempeflinke, og det kjem vel med. Vi har ikkje sjans å få gjort denne tidkrevjande jobben sjølve. For å rekke over alt arbeidet hender det at Bunadsbua sine syersker må ta med seg arbeid heim. Til dømes blir ein del av det detaljerte knappholsarbeidet på mannsbunadane gjort på kveldstid. Ved slike tilhøve kjem det vel med at dei tilsette trivst med arbeidet sitt. – Eg blir aldri lei av å sy, kunngjer Signe. – Ingen dagar er like, det er kjekt med alle kundane, og stor stas å sjå kvar enkelt konfirmant i den ferdige bunaden sin. Og så har vi det og veldig triveleg oss imellom.
Val innan rammer
Sjølv om hardangerbunaden er eit naturlig val for mange vestlendingar er det framleis mange avgjerder å ta når ein kjem til systova for å kjøpe seg bunad. Skal ein velje ein av dei ti ulike raude tekstilane til oppluten? Kanskje grønt – eller er det lilla brokade, eller burgunder spegelfløyel som fell best i smak? – Dei fleste vel ein av dei raude alternativa for vesten. Vi ser at trenden ofte varierer blant dei unge frå år til år – gjerne ut ifrå kva vi har utstilt. Vinterbunaden har dei siste åra blitt særs populær blant dei litt eldre bunadskjøparane. Når ein har pynta seg i det friske raude heilt sidan konfirmasjonstida er det mange som blir freista av denne svarte, stilreine bunadsutgåva, fortel Kirsten. Valet for stakk er heldigvis berre to; foldestakk eller «rokkastakk». Men talet fløyelsband som føl kanten nedst på stakken er viktig å ta omsyn til. Dei er eit teikn på kva bygd i Hardanger du kjem ifrå. – Her i Øystese har ein tre band, mens dei i Norheimsund brukar to. Om ein kjem vidare innover, mot Strandebarm-området, er der igjen tre fløyelsband nedst på stakken. Men eg veit ikkje kvifor det er slik, innrømmer bunadssyaren. – Det er fasinerande kor nøyaktig ein kan peike ut heimstaden til dei som ifører seg ein hardangerbunad.

BUNADSBUA: Denne muntre gjengen sørgjer årleg for å festkle rundt 100 nye hardingar. Frå venstre: Signe Byrkjeland, Linn Cecilie Nesse, Renate Marøy, Signe Steinstø, Kirsten Flotve, og Tordis Lothe. Edel Byrkjeland, Annlaug Flatabø og Gjertrud Neteland var ikkje til stades
Velutstyrt vår
Valmylderet er ikkje over når ein har valt tekstilar. Det økonomiske aspektet kjem sjølvsagt òg inn i bildet, for tidkrevjande teknikkar er meir kostbart, som til dømes handsydd holfald nedetter forklekanten i staden for maskinsaum. Så treng ein underskjørt, gjerne ei bunadsveske, og ei «laskatrøye» eller ein cape til å ha over akslene om det skulle bli for kjølig å gå med berre skjortearmar. Det er jo ikkje kvart år bunadsmånaden mai kjem med sol og varme. – Til saman er ein bunad sett saman av ni deler. Så kjem det bunadssko, hårpynt og bunadssølv i tillegg, reiegjer Signe. Mennene har litt færre val å ta enn damene. – Før i tida var det vanleg at gutane hadde raude vestar, så skifta dei til grøn vest då dei gifta seg. No vel dei det dei likar best. Det same gjeld for sølvbeltet som tidlegare berre var for gifte kvinner. Om ein vil halde fram med å bruke perlebeltet sitt gjer ein det. Reglane for bunaden er ikkje lenger så strenge. Men kva utdanning skal så til for at ein kan få lov til å kalle seg bunadssyar? – Ingen! Dei erfarne lærer opp dei nytilsette, seier Signe. – Det viktige er at ein er tolmodig og nøye, og har godt syn. Og så må ein like å sy.