MAGASINET FOR JOBB & UTDANNING 2022

Page 27

Randi Weber (50 år) – Gründer 1. Internasjonal marknadsføring, reiseliv og konseptutvikling, HR-fag.

Men det er livslang læring i arbeidslivet.

2. Fordi det er områder innan HR som eg vil vidareutvikla og som vil bidra til

utvikling i nærmiljøet og internasjonalt.

3. Kjempegodt, Rikard og Anders er utruleg flinke til å skapa framdrift og

legga til rette. Det er kjempeflinke bedrifter og veldig allsidige bedrifter i parken som gjer kvardagen inspirerande.

4. Om fem år har bedrifta mi vore medverkande til utvikling innan Firma: Weber HR & EDI Bransje: HR

fagområdet HR, og ha vore med på å fremme likestilling, inkludering og mangfald.

Tore Torsvik (50 år) – Gründer 1. Etter vidaregåande begynte eg å jobba, før eg i vaksen alder tok utdanning som

marknadsøkonom med fordjuping i Internett og multimedia. Har jobba i IT- og reklamebransjen i 20 år etter dette.

2. Eg valgte å begynna for meg sjølv for å realisera ein idé som eg, datter mi og

svigersonen hadde, nemleg Snappers. Dette er eit drop-in fotostudio som hadde første oppstart på Sartor i år. Vi ønskjer å revitalisera bransjen og gjera høgkvalitets fotografering tilgjengeleg for alle.

3. Her trivs eg veldig godt. Ein møter mennesker som er i samme situasjon som seg

selv og som genuint heier, og vil at du skal lykkast. Gode samtaler med kompetente gründerar gjer ein stor forskjell når ein sjølv er i en slik situasjon.

4. Om tre til fem år ser eg for meg at Snappers har blitt ein etablert merkevare i

Norge, Sverige og Danmark. Eg trur at det er ein marknad for det, og dei vekene vi har vore i gang på Sartor har vist dette. Uansett kva fase ein er i livet, skal det vera enkelt og rimeleg å gå til fotograf.

Firma: Snappers AS Bransje: Fotobransjen

Marita Angeltveit Fjøren (34 år) – Gründer 1. Vidaregåande skole, allmennfag, folkehøgskule, eitt år sosialantropologi

på UiB, bachelor i økonomi og administrasjon med fordjuping i rekneskap.

2. Eg fekk ein spennande moglegheit til å vera med å bygga opp eit nytt

rekneskapskontor her på Sotra.

3. Eg trivs veldig godt. Det er veldig spennande og lærerikt å vera ein del

av Gründerparken og eg opplever at vi som sit her er med på å heie kvarandre fram og dele kunnskap på tvers av bransjar. Det er verdifullt med eit sosialt fellesskap når ein driv for seg sjølv.

4. Ibalanse utvidar med en tilsett til allereie i desember. Om tre til fem år håpar

Firma: Ibalanse Sotra Bransje: Regnskap

eg vi har bygd oss opp til å bli det foretrukne regnskapskontoret på Sotra. At vi er kjent for godt samarbeid og gode løysningar.

MAGASIN FOR JOBB & UTDANNING | 2022

27


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
MAGASINET FOR JOBB & UTDANNING 2022 by Yrkesmagasinet - Issuu