1 minute read

NÆRINGSLIV OG VERDISKAPING 2023-27

9 NÆRINGSLIV OG VERDISKAPING

Vestland er eit fylke med eit variert og framoverlent næringsliv som skaper store verdiar. Det er viktig at næringslivet har gode, stabile og føreseielege rammevilkår, slik at dei kan fortsette å skape fleire trygge arbeidsplassar.

Å ha eit næringsliv som har konkurransekraft til å utvikle og fornye seg er naudsynt for å gje tryggleik for familiane og den enkelte sin økonomi, arbeidsplassar og kvalitet på offentlege velferdstenester. Vestland FrP vil legge forholda til rette for at næringslivet får tryggleik og friare spelerom til å skape ytterlegere verdiar.

Lover, løyver, konsesjonar, dispensasjonar og bevilgningar legg ofte unødige hinder i vegen for produksjonen. Vestland FrP vil derfor, så langt det er mogleg, redusere eller fjerne bruken av desse. Byråkratiet, skjemaveldet og forskriftsjungelen må reduserast, og med mindre det er klare årsaker som tilseier noko anna, så skal søknader få «JA».

Fylkeskommunen si viktigaste oppgåve i næringspolitikken er å legge til rette for næringsutvikling som gjer arbeidsplassar, velstand og tryggleik. Vestland FrP går inn for partnarskapsløysingar mellom offentlege instansar og private verksemder der ein stimulerer investorar til å satse risikokapital og å bruke kompetanse til næringsutvikling.

Private aktørar kan utføre ei rekke oppgåver som i dag blir utført av det offentlege. Konkurranse er positivt og får deltakarane til å yte sitt beste, noko som vi bør utnytte i næringssamanheng. Dette vil sikre meir effektive tenester, betre kvalitet og større valfridom for brukarane av tenestene.

Vestland FrP vil stille krav om at bedriftsretta økonomiske tiltak vert brukt til å stimulere etablering av nye verksemder og gründarar. I tillegg bør ein satse på verksemder som kan ha ein positiv effekt for større geografiske område. Å skape arbeidsplassar i etablerte

næringsklynger og å utvikle større felles bu- og arbeidsmarknader er og politiske mål for Vestland FrP.

Vestland FrP vil:

• Jobbe for meir privat risikokapital til etablering av arbeidsplassar i fylket

• Styrke verkemiddelapparatet til framtidsretta og berekraftig næringsutvikling

• Prioritere satsing på større bu- og arbeidsmarknader.

• Engasjere seg i nasjonale skattespørsmål som påverkar næringslivet på vestlandet og kjempe mot statlege initiativ som grunnrente på havbruk og fiskeri

• Jobbe for at mest mogleg av verdiskapinga på vestlandet vert igjen lokalt

• Arbeide opp mot staten for å sikre utflytting av statlege arbeidsplassar frå hovudstadsområdet til distriktet, herunder vårt område. Og arbeide for å styrke dei statlege arbeidsplassane som er i regionen slik at desse ikkje vært flytta frå til dømes Bergen til Nord-Norge som vi opplever det er krefter som arbeider for.

9.1 Akvakultur

Havbruksnæringa med oppdrett av laks og aure er ei stor og eksportretta næring som sysselset mange i Vestland, og der næringane har potensiale for å vokse mykje. Også oppdrett av torsk og andre arter kan gje stor verdiskaping til Vestland. Fylkeskommunen tildeler i dag lokalitetar for oppdrett av fisk i sjøen. Det er viktig både for næringa og for miljøet at handsaming av lokalitetssøknader går hurtig. FrP vil prioritere god bemanning for slik saksbehandling. Dette for at oppdrettsaktørar raskt skal kunne forlate lokalitetar som er negative for det ytre miljøet til fordel for betre lokalitetar. Det er viktig at ein ved tildeling av nye lokalitetar for oppdrett av fisk tar omsyn til villfiskstammene.

Vestland FrP meiner at arealavgrensingar for oppdrett av fisk i sjø i stor grad bør følge av miljø- og veterinærfaglege vurderingar, samt for å sikre allmenn ferdsel og ikkje være til hinder for andre næringsvegar på sjøen.

Vestland FrP ynskjer fri tilgang til EU-marknaden og for laksefisk, særleg med tanke på tilverka produkt. Laksefisk og produkt basert på slikt råstoff har ikkje i dag fri marknadstilgang frå Norge til EU gjennom EØS-avtalen, men berre gjennom kortsiktige og særskilte avtalar og gjensidig forståing.

Tilverking av laks rett etter slakting gjer store positive ringverknader med tanke på arbeidsplassar og auke i eksportverdi. Høgare tilverknadsgrad i tilknyting til slakteriet gjer og store miljøgevinstar med mindre trafikk på vegane, då eit lågare volum skal fraktast ut av landet.

Vestland FrP vil:

• Sikre god bemanning for sakshandsaming og tildeling av lokalitetar for oppdrett av fisk

• Fortsette å støtte etableringa av visningsanlegg og andre prosjekt for å auke kunnskapen om havbruksnæringa og skape fleire reiselivsprodukt.

• Engasjere seg mot statlege initiativ som grunnrenteskatt på havbruk og fiskeri.

• Arbeide for å bevare dagens produksjonskapasitet og utnytte vekstpotensialet.

• Være positiv til tiltak som kan redusere lakselusutfordringa, herunder ny konsesjonsordning for lukka oppdrettsanlegg i sjø.

9.2 Fiskeri

Fiskeri er ein viktig og variert næringsveg i Vestland. Vestland FrP meiner at lovlydige næringsaktørar i heile Norge skal behandlast likt frå styresmaktene si side, uansett kor dei har heimeadresse. Fiskarar frå alle delar av landet skal kunne delta i fiskeri langs heile kysten utan å bli diskriminert på grunnlag av bustad eller heimeadresse for firma og/eller fartøy. Fiskarane må og kunne levere sin fangst til det godkjende norske mottaket/pakkeriet ein sjølv måtte ønske.

Vestland FrP meiner at ein ikkje må prioritere andre næringsvegar framfor fiskerinæringa med tanke på handelshindringar og internasjonal handel.

Vestland FrP vil leggja til rette for rekruttering til fiskaryrket. Vidaregåande utdanning innan naturbruk, havbruk, fiske og fangst, samt fagskuletilboda i Austevoll og Måløy skal prioriterast. Vestland fylkeskommune skal vera ein pådrivar for fiskerihamner lang kysten, og engasjera seg i nasjonal fiskeripolitikk på vegne av fiskarane i Vestland.

9.3 Landbruksnæringa

Det er viktig for Vestland FrP med ein berekraftig landbrukspolitikk som kan gje tryggleik til bøndene og sikre forsvarleg matproduksjon. Vestland FrP ynskjer å trygge gode vilkår for heiltidsbønder som ynskjer å samle større einingar og som investerer framtidsretta i driftsbygningar og produksjonsutstyr for å sikre ein berekraftig og storskala produksjon. Ein må ikkje hindre bønder som satsar med unødige restriksjonar, byråkrati og overdrivne miljøkrav.

Vestland FrP ynskjer å utvide ordninga med tilskott til å investere i framtidsretta driftsbygningar for å sikre framdrift i moderniseringa av landbruket.

FrP hegner om den grunnlovfesta eigedomsretten, og den skal og gjelde for dei som eig landbrukseigedommar. Konsesjonslover, bu- og driveplikt, overdriven arealvern og unødige restriksjonar på omsetnad av heile- eller deler av landbrukseigedommar er i strid med den allmenne forståinga av retten til å bestemme over sin eigen private eigedom.

Vestland FrP meiner at å ha ein landbrukspolitikk som har fokus på fornying, forenkling og effektivisering er det som kan ta norsk landbruk inn i framtida

Vestland er eit viktig landbruksfylke, og fylkeskommunen skal ta i vare interessene til vestlandslandsjordbruket. Spesielt gjeld dette storfe, mjølkebruk, sau, frukt og bær, samt kystskogbruket. Vestland FrP vil arbeida for auka sjølvforsyningsgrad og beredskap. Utfordringsbiletet for vestlandslandbruket krev m.a. fokus på distriktstilskota, utdanningstilbodet ved naturbruksskulane, generasjonsskifte, investeringar ved overgang til lausdrift, forsking og utvikling, arealkonfliktar og berekraft. Vestland FrP vil samarbeida tett med landbruksorganisasjonane om desse utfordringane.

Vestland FrP vil også vidareføra satsinga på kystskogbruket. Utbygging av skogsbilvegar og tømmerkaiar bør følgjast opp med statlege investeringsmidlar til å fjerna flaskehalsar på kommune- og fylkesvegar.

Høge tollsatsar og beskyttelseregimer fører til at varer vert dyrare for forbrukarane. Spesielt på matområdet er tollsatsane høge, men og på andre områder bidreg høge tollsatsar til dårlegare utval og dyrare varer for forbrukarar og næringsliv. I tillegg kjem eit fordyrande og komplisert regelverk. Norske tollsatsar bidreg til å oppretthalde monopol innan både foredling, distribusjon og sal av mat i Norge, noko som fører til dårlegare utval og svært høge prisar. Ein reduksjon i tollsatsane må gjerast parallelt med andre tiltak i jordbruket for å sikre norsk matproduksjon og beredskap.

Vestland FrP vil:

• Arbeide for reduksjon i skattar og avgifter til landbruksnæringa.

• Arbeide for å fjerne konsesjonslovgjevinga og kvoteordningane

• Arbeide for å redusere eit unødig stort landbruksbyråkrati.

• Arbeide for å mjuke opp strenge miljørestriksjonar, slik at den enkelte bonde har fridom til å utnytte sine ressursar på ein fornuftig og framtidsretta måte.

• Arbeide for å redusere samvirkeorganisasjonane sin monopolsituasjon til fordel for ein fri marknad.

• Arbeide for at det og i landbruket skal løne seg å investere, ved at den reelle marknadsverdien skal leggast til grunn ved omsetning av landbrukseigedommar.

• Gradvis redusere tollsatsane for å sikre meir konkurranse, større utval og lågare prisar.

9.4 Reiseliv

Reiselivsnæringa er ei viktig næring som bidreg med store inntekter til Vestland. Fordi fylket har særeigne kvalitetar i form av spannande natur og kultur, som er attraktive og på den internasjonale marknaden, har næringa potensiale for videre vekst. Reiselivsnæringa er viktig for sysselsetting og verdiskaping i heile landet, og særleg i distrikta. Vestland FrP meiner at denne næringa i langt større grad må inn på den næringspolitiske agendaen slik at rammebetingelsane kan forbetrast. Det offentlege si viktigaste oppgåve er å sørge for å koordinere marknadsføringa av næringa i utlandet, og Vestland FrP vil vidareføre støtta til Fjord Norge som destinasjonsselskap for Vestlandet.

Vestland er fylket i landet med flest cruiseanløp, og cruiseturisme bidreg med milliardar i omsetnad og tusenvis av arbeidsplassar i fylket kvart år. Samstundes er det viktig at vi bidreg til å utvikle cruiseaktiviteten i ei meir berekraftig retning, der dei besøkande både legg igjen meir i lokal verdiskaping og arbeidsplassar, men og at vi reduserer dei negative konsekvensane med så mange besøkande.

Ved å jobbe saman med dei ulike destinasjonane og hamnene, så kan vi i større grad legge til rette for å spreie aktiviteten i regionane, slik at ein får lågare belastning på enkelte stadar og attraksjonar. Bergen sin posisjon som The Gateway to the Fjords må styrkast, ikkje minst som internasjonal snuhamn for cruisenæringa, slik at vi og styrkjer Flesland som internasjonal lufthamn og overnattingsbransjen i regionen.

Norge er eit høgkostland, noko som allereie er utfordrande for å få fleire internasjonale turistar til Norge. Samstundes bidreg turistnæringa med stor verdiskaping, mange arbeidsplassar og enorme skatteinntekter til Norge. Gjennom å sørge for lokal aktivitet, investeringar, arbeidsplassar og bulyst, så er turistnæringa hjørnesteinsverksemder i mange lokalsamfunn. Vestland FrP vil difor gå imot innføring av ein særskilt turistskatt som ikkje bidreg til anna en å auke dei offentlege skatteinntektene, samstundes som konkurransekrafta til norsk turistnæring vert svekka.

Krav om nullutslepp i verdsarvfjordane er unødig symbolpolitikk, som berre bidreg til å flytte utsleppa andre stader, og gjer ingen effekt på globale klimagassutslepp. Samstundes slår ein beina under på ei næring som har bygd opp kapasitet, kompetanse og arbeidsplassar i mange år. Vestland FrP ynskjer heller å samarbeide med cruisenæringa for å få på plass utsleppsreduserande tiltak, parallelt med teknologiutvikling for å få ned dei totale utsleppa frå cruisenæringa.

Vestland FrP vil:

• Arbeide aktivt for at Bergen blir styrka som internasjonal snuhamn for cruisenæringa

• Styrke merkevarebygginga av Vestlandet som reisemål både nasjonalt og

internasjonalt

• Behandle reiselivsnæringa på lik linje med andre konkurranseutsette næringar

• Jobbe for ei meir berekraftig utvikling i cruiseaktiviteten

• Seie nei til innføring av turistskatt

9.5 Maritim næring

Vestland er eit maritimt fylke og Vestland FrP ser på maritim næring som ei framtidsnæring Næringa er ein viktig bidragsytar som bidreg med betydeleg verdiskaping både til havs og på land. Moglegheitene for framleis vekst innanfor maritim næring er stor, og med kompetanse utvikla gjennom generasjonar har Vestland eit konkurransefortrinn.

Målet med den maritime næringspolitikken er å legge til rette for berekraftig næringsutvikling med størst mogleg konkurranseevne, verdiskaping og sysselsetting på Vestlandet. Føreseielegheit, rekruttering og satsing på kompetanse er ein føresetnad for vidare vekst i næringa. Vestland fylkeskommune må m.a. legge til rette for eit moderne utdanningstilbod for rekruttering til den maritime klynga

Den maritime næringa har i periodar hatt uføreseielege rammevilkår, for eksempel er tilskotsordninga for sysselsetting av arbeidstakarar til sjøs (nettolønnsordninga) svekka dei seinare åra. Stabile og føreseielege rammevilkår som sikrar konkurranseevna, er viktig for at Vestland framleis skal være eit maritimt fylke.

Vestland FrP vil:

• Arbeide med sentrale myndigheiter for å sikre rammebetingelsar som fremmer vekst av norsk maritim næring.

• Prioritere maritim utdanning og rekruttering av norsk ungdom til sektoren .

• Engasjere seg mot statlege initiativ som reduserer konkurranseevna til norsk maritim næring

9.6 Olje- og gassverksemd

Petroleumsnæringa er svært viktig for økonomien i Vestland. Næringa står for ei betydeleg sysselsetting, og bidreg til både industriell- og teknologisk utvikling. Fylket har i dag landets mest komplette kompetansemiljø innan offshore tenester, installasjonar og subsea.

Vestland FrP meiner at teknologiutvikling innanfor petroleumssektoren er svært viktig for framtidig verdiskaping i Norge. Teknologi og kunnskap frå næringa kan med fordel overførast til andre næringar, f.eks innanfor større infrastrukturprosjekt i samferdslesektoren. Vestland fylkeskommune må difor bidra til at teknologi- og kompetansemiljøa, som det har teke mange år å bygge opp, ikkje forvitrar. Fagmiljøa innan petroleumsnæringa sitter på verdifull kompetanse som kan brukast innanfor arbeidet med fornybare energikjelder

Elektrifisering av sokkelen med straum frå land vil innebere ein risiko for auka prisar på straum og nettleige, med uante konsekvensar for norske husstandar og bedrifter. I tillegg er det ei rekke industriprosjekt på fastlandet som får nei til etablering på grunn av manglande krafttilgang. Elektrifisering av sokkelen er eit tiltak med ein svært høg pris for samfunnet, gjer auka straumpris og aukar presset på kraftnettet betydeleg.

Vestland FrP vil:

• Vidareutvikle petroleumsnæringa, og bidra til kompetanseoverføring til andre næringar.

• Stoppe vidare elektrifisering av norsk sokkel med straum frå land.

9.7 Verftsnæringa og leverandørindustrien

Akvakultur, fiskeri, maritim næring samt olje og gassnæringane heng nøye saman med verftsnæringa og leverandørindustriane. Saman utviklar desse nye idear og produkt, og bidreg sterkt til sysselsetting i privat næringsliv i heile Vestland. Spennet i verksemder er stort, frå små mekaniske verkstadar med få tilsette, til dei største verfta med hundrevis av faste tilsette og tusenvis innanfor portane på store prosjekt. Dei eksterne ringverknadane av verftsnæring og leverandørindustri er svært betydeleg, og store delar av aktiviteten er ute i distrikta.

Vestland FrP vil:

• stø opp under rekruttering og utdanning av fagfolk i samarbeid med næringa.

• jobba for gode rammevilkår for industrien og kundane deira.

• sikra at det offentlege er ein konstruktiv medspelar.

• sikra at offentlege planar ivaretek fleksibiliteten næringa treng for utvikling.

• stille teknologinøytrale krav til innkjøp, og overlate utvikling til næringa.

Les meir: www.vestlandfrp.no

This article is from: