
7 minute read
KLIMA, MILJØ OG ENERGI - 2023-27
6 KLIMA, MILJØ OG ENERGI
Framstegspartiet vil ha eit samfunn basert på mest mogleg frivilligheit og minst mogleg reguleringar. I eit slikt samfunn er lovverket si viktigaste oppgåve å hindre at nokon skadar andre sitt liv eller eigedom. FrP vil gjere dette synet gjeldande og i miljøpolitikken. Miljøvernlovgjevinga må bygge på sentrale prinsipp som likskap for loven og vern av folk sine liv, helse og eigedom.
Vestland FrP vil arbeide for at verneplanar og verneinteresser ikkje skal gå utover den private eigedomsretten eller legge hindringar for næringsaktivitet.
I tråd med prinsippet om at forureinar skal betale, meiner Vestland FrP at fylkeskommunen skal ivareta miljøvern i eigen verksemd.
Vestland FrP er positiv til den miljøutviklinga vi ser i næringslivet med auka investeringar i nytt produksjonsutstyr og teknologi.
Vestland FrP ser på klima- og miljøutfordringane som ei gjennomgripande problemstilling, som fundamentalt handlar om ressurs- og energitilfang. Dersom me skal senke klimautsleppa må me samstundes sørge for at energi- og ressurstilgangen ikkje vert skadelidande. Å direkte og indirekte eksportere norsk næringsliv til andre land og verdsdelar med dårlegare miljø-, klima- og arbeidstakarvern vil både utarma norsk næringsliv og gjere netto skade på miljø og samfunn. FrP er positive til bruk av kvotekjøp for å nå klimamål.
Vestland FrP registrerer at verda er fundamentalt endra dei siste åra, gjennom energikrise og krig, men og gjennom mislukka europeisk energipolitikk. Ein vil difor peike på norsk olje og gassproduksjon som ei berebjelke i europeisk energisikkerheit. Norsk olje og gass er ein svært viktig del av Europeisk energiproduksjon. Vestland FrP meiner at denne industrien må få tilgang på nytt areal, og gode rammevilkår.
Vestland FrP har som grunnleggande syn at energiproduksjon ikkje skal subsidierast, og at rammevilkåra for elektrisk kraftproduksjon skal vera lik.
Vestland FrP går inn for at miljøproblema i Bergen med støy og støvforureining søkast løyst gjennom ei todelt satsing; - utviding av kollektivtilbodet i Bergensregionen og bygging av Ringveg Øst for å leia gjennomgangstrafikken utanom Bergen sentrum.
Vestland FrP er positive til auka bruk av el-bilar, hybrid og bilar med meir miljøvenlege drivstoffkjelder. Infrastruktur knytt til alternative energikjelder må byggast ut.
Vestland FrP meiner det må leggast til rette for bruk av landstrøm i hamnene, og at det i periodar med dårleg luftkvalitet i Bergen må være mogleg å leia skipsflåten til andre hamner i regionen.
Vestland FrP vil:
● at verneplanar og verneinteresser ikkje skal gå utover den private eigedomsretten.
● at det ikkje skal løne seg å forureine. Den som forureinar skal og stå ansvarleg for opprydding.
● at miljøproblem knytt til biltrafikk løysast gjennom utviding av kollektivtilbodet og vegbygging som kan legge trafikkerte vegar utanom tettbygde strøk.
● at ein skal utreie kjernekraftproduksjon i Vestland
6.1 Oljevernberedskap
Med stor aktivitet langs kysten av Vestland, med oljeinstallasjonar, skipstrafikk og oljebasar, ser Vestland FrP på oljevernberedskap som ei svært viktig oppgåve. Med stor skipstrafikk frå Nordsjøen er det nødvendig at oljevernberedskapen i Vestland får et løft, og at det er nok slepebåtkapasitet. Vestland FrP vil ovanfor sentrale myndigheiter krevje at kyst- og oljevernberedskapen styrkast med naudsynte deponi for oljevernutstyr og slepebåtar.
Vestland FrP vil:
● arbeide for å styrke kyst- og oljevernberedskapen
● arbeide for å re-etablere oljeverndepotet på Fedje.
● arbeide for at kvikksølvet i U864 ved Fedje vert heva.
6.2 Vindkraft
Vestland FrP er tilhengar av ei sterk satsing på fornybar kraft som er stabil og regulerbar.
Både vasskraftutbygging, kraftlinjer, tilførselsvegar og vindmøller setter spor i landskapet som er synlege, og som av mange oppfattast som forstyrrande og negative element. Dimensjonane over vindkraftanlegga gjer at slike i større grad enn anna utbygging i landskapet vekker lokal bekymring. Vestland FrP vil difor ha ei restriktiv haldning til ei vidare utbygging av store vindkraftprosjekt på land.
Negative konsekvensar for naturmangfald, friluftsliv og turisme skal særleg vektleggast i handsaminga av nye vindkraftprosjekt.
Vestland FrP meiner at lokaldemokratiet skal bestemme om det skal byggast vindkraftanlegg i kommunane på Vestlandet. Om det skal byggast vindkraft så skal dette være forankra i lokal tilslutnad, som folkeavstemming i berørte kommunar
Vestland FrP vil at både energi- miljø- natur- og lokale omsyn må ligge til grunn for plassering, dimensjonering og utbygging av vindkraftanlegg, i tillegg til at eigedomsretten må respekterast. Difor legg vi til grunn at etablering av vindparkar må bygge på lokal tilslutning frå rørte kommunar.
Havvind vil gje store mengder uregulerbar kraft. Dette vil gje store utfordringar til balansekraft og sentralnettet. Utbygginga av havvind vil bli den dyraste utbygginga av alle fornybare kraftkjelder. Får å få tilstrekkeleg med balansekraft må ein starte ei kraftig utbygging av nye vassdrag og oppgradering av dagens vasskraftverk på Vestlandet. Vestland FrP meiner at ein må konsekvensutgreie havvind mot andre energikjelder, då spesielt mot kjernekraft.
Vestland FrP meiner at kablar til og frå havvindparkar ikkje skal nyttast til eksport av kraft frå land.
6.3 Vasskraft
Vestland FrP ser at rein og fornybar elektrisk energi er svært etterspurt i heile Europa. Med bakgrunn i ny miljøteknologi og kunnskap ynskjer Vestland FrP at vernestatusen til ein del vassdrag vert vurdert på ny med tanke på utnytting av vassdragsressursane. Ein må så langt som mogeleg unngå utbygging i vassdrag som har en særleg viktig verdi for turisme og fiske. Med moderne teknologi og kunnskap om økologi og andre relevante vitskapar kan store verdiar skapast utan for omfattande inngrep i naturen. I høve til lokal kunnskapsbasert leverandørindustri, norsk handelsbalanse, økonomisk vekst i Europa og til det globale miljøet kan dei positive ringverknadane verte svært store.
6.4 Kjernekraft
Vestland FrP er grunnleggande positiv til karbonnøytral kraftproduksjon, slik som kjernekraft. Kjernekraft er den kraftproduksjonen som gjer lågast utslepp av klimagassar. Samstundes er det også den tryggaste forma for energiproduksjon, og den med lavast miljøpåverknad i form av både areal- og ressursbruk. Kombinert med europeisk kraftmangel og stipulert auke i norsk innanriks elektrisitetsforbruk vil det kunne legge grunnlaget for ein ny norsk industri.
Kjernekraft er regulerbar kraftproduksjon som ikkje er avhengig av at sola skin eller at vinden bles. Kjernekraft kan levere grunnlasta i det norske elektrisitetssystemet og vil passa godt med regulerbar vasskraft. Kjernekraft vil kunne bidra sterkt til at prisbiletet stabiliserar seg på eit akseptabelt nivå. Dette er i kontrast til uregulerbare energikjelder som vind og sol, som fører til store og uforutsigbare svingingar i pris.
Vidare meiner Vestland FrP at norsk industri generelt, og Vestland sin industri spesielt, er godt eigna til bygging av slike verk. Ein har lang erfaring i bygging av særs komplekse industrianlegg både til lands og til havs, der ein bygger på tid, kost og kvalitet. I tillegg har ein svært god kompetanse innan HMS og risikostyring.
Vestland FrP vil vera positive til utreiing av kjernekraftproduksjon i Vestland fylke, og vil legga til rette for det. Både konvensjonelle kraftverk og SMR (Små, modulære reaktorar) kan vera ei aktuell og kostnadseffektiv løysing på straumkrisa på noko sikt.
Vestland FrP er også positive til private initiativ som vil bygge ut kjernekraft på eiga rekning og risiko.
Les meir: www.vestlandfrp.no
