1 minute read

UTDANNING 2023-27

4 Utdanning

Skulen si viktigaste oppgåve er å gje kvar einskild elev størst mogleg fagleg, sosial og personleg utvikling, basert på individuelle evner og interesser. Kunnskap er ein føresetnad for eit aktivt og engasjert liv, og sjølve grunnlaget for fridom og demokrati. Eit høgt utdannings- og kompetansenivå er òg naudsynt for å styrke Norge si konkurransekraft internasjonalt, og sikre framtidig verdiskaping. Dette legg grunnlaget for levestandarden og velferdsnivået vårt.

Norsk skule må verte vidare utvikla for å møte utfordringar i framtida. Einskapsskulen må erstattast av mangfald, tilpassa opplæring og fokus på individuelle eigenskapar. Læraren sin posisjon må verta styrka, og samarbeidet mellom skule og næringsliv må betrast.

Ein framtidsretta kunnskapsskule føreset òg trygge rammer for elevane. Mobbing, trakassering, tjuveri og vald kan aldri aksepterast. Dialog er viktig for å bevare respekt for kvarandre, men nokre gonger er ikkje velmeinte antimobbeplanar nok. Dersom ikkje anna hjelper, ynskjer Vestland FrP at mobbarane vert flytta til andre skular, slik at nettverka deira vert brote og dei får høve til å endre åtferd.

Vestland FrP vil arbeide for å redusere fråfallet i vidaregåande skule. Vi vil styrke skulehelsetenesta, og betre samarbeidet med kommunane om overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande skule. Vi vil trekke inn andre faggrupper i skulane og vurdere ein modell med tverrfaglege meistringsteam som kan gje einskildelevar individuell oppfølging.

Vestland FrP vil:

• Utvikle ein framtidsretta kunnskapsskule med fokus på elevane si faglege, sosiale og personlege utvikling, basert på evne og interesser.

• slå hardt ned på mobbing og kriminalitet i skulen.

• oppretthalde mobbeombod.

• oppretthalde psykologteam.

• etablere systematiske tiltak mot fråfall i den vidaregåande skulen.

4.1 Finansiering og organisering

Framstegspartiet meiner at finansieringa av skulane er ei fellesoppgåve. Og at det er viktig at ungdom får tilbod om utdanning uavhengig av foreldre/føresette sin økonomi. Staten finansierer i dag den vidaregåande opplæringa gjennom eit rammetilskot til fylkeskommunen. Framstegspartiet ynskjer å endre dette, slik at skulane får tilskot direkte frå staten, basert på tal elevar skulen har, etter prinsippet om stykkpris. Tilskotet per elev skal dekke kostnadane til undervisning, bøker, materiell og utstyr, uavhengig av lineval. Stykkprisen må tilpassast kostnadane på dei ulike studieretningane, slik at skulane økonomisk maktar å gje eit bredt tilbod av vidaregåande kurs, spesielt innafor yrkesfaglege studieretningar. For å sikra at alle med nedsett funksjonsevne har eit tilbod om vidaregåande opplæring, vil Vestland FrP ha auka stykkpris for denne gruppa.

Fram til staten har endra finansieringssystemet, ynskjer Vestland FrP å innføre stykkprismodellen for Vestland fylke, slik at pengane fylgjer eleven til den einskilde vidaregåande skule, og at eleven står fritt til å velja skule i heile fylket.

Framstegspartiet vil at kostnadane til undervisning, bøker, materiell og utstyr vert dekka, uavhengig av linjeval. Vestland FrP vil arbeide opp mot staten for å innføre ei ordning med bok- og materialkort som gjev elevane rekvisisjon på bøker i tråd med pensumliste og materialliste. På den måten vil ein sikre at alle får tilgang til naudsynte bøker og utstyr, men at eleven sjølv kan velje leverandør. Dette sikrar eit forsvarleg tilbod av skulebøker og –utstyr gjennom fri konkurranse og valfridom for eleven.

Vestland FrP vil i den komande perioden arbeide for å ruste opp den teknologiske infrastrukturen i den vidaregåande skulen. FrP meiner at Vestland fylkeskommune bør være eit av dei leiande utdannings.- og kompetansefylka i landet. I denne målsettinga er digitale læremiddel og berbare PCer/iPad til alle elevar eit viktig verkemiddel. Like viktig er moderne undervisningsutstyr og maskiner ved dei yrkesfaglege studieretningane. Vestland FrP vil difor auke løyvingane til innkjøp av moderne utstyr til dei vidaregåande skulane.

Vestland FrP vil gjenninnføre fritt skuleval i Vestland fylkeskommune, fordi det er elevane sjølv som veit best kva skule dei vil gå på. Fritt skuleval, kombinert med stykkprisfinansiering, er eit fleksibelt system som set eleven sine ynskje og behov i sentrum. Ved at pengane følgjer eleven, vert skulane nøydd til å skjerpe seg fagleg og pedagogisk. Skulane sine inntekter vert avhengig av eleven og dei føresette sine val. Dette vil over tid skape sunn konkurranse mellom skulane, og samla heve kvaliteten på undervisningstilbodet. I delar av regionen står ein ovanfor ei stor utfordring med elevtalsnedgang dei komande åra. Målet er å gje eit mest mogleg heilskapleg skuletilbod av høg kvalitet og breidde, der færrast mogleg elevar må bu borte frå heimen.

Framstegspartiet er open for at bygging av nye skular kan gjerast av private aktørar som OPS- prosjekt (offentleg- privat samarbeid). Slike prosjekt kan gje ein monaleg samfunnsøkonomisk gevinst, rask gjennomføring og full finansiering frå start.

Vestland FrP vil:

• tilføre dei vidaregåande skulane meir ressursar, og spesielt satse på moderne digitale læremiddel og utstyr.

• Gjenninnføre fritt skuleval.

• at elevar skal ha høve til å ta vidaregåande utdanning innafor eige fylke.

• fullføre utbygginga av dei vidaregåande skulane i fylket basert på skulebruksplanen for Vestland.

• Tilsette skuleleiarar på åremål

• Opne for reklamefinansiering og sponsing av skulemateriell og datamaskiner.

• Vurdere styrka skular med tilrettelagt undervisning for elevar med store åtferdsproblem.

• Stimulere til samarbeid med kommunane om tilpassa utdanningstilbod for elevar med nedsett funksjonsevne.

• Opne opp for at private aktørar kan eige og drifte skulebygg.

4.2 Målingsverktøy og resultat

Framstegspartiet meiner god leiing er viktig for skulen si utvikling. Vi vil fokusere på eit godt samarbeid mellom skule, elevar og foreldre, på eit godt læringsmiljø, god kompetanse, kvalitet og resultat. Skulen skal være ein lærande organisasjon i stadig utvikling. Evaluering og resultat på skulen skal være offentlege. Vestland FrP vil utgreie moglegheita for å gjennomføre ei liknande undersøking som studiebarometeret i den vidaregåande skulen. Dette er for å kunne spørje elevane om deira oppfatning om kvaliteten i utdanninga si, kor formålet vil være å kunne arbeide for å styrke kvaliteten i den vidaregåande utdanninga. Meir openheit vil føre til betre kvalitet i den vidaregåande skulen.

Framstegspartiet vil at det framleis skal være eit evalueringssystem basert på karakterar, men òg andre evalueringsformer vil være nyttige som eit korrektiv til karakterane. Det er viktig at elevane lærer seg at dei i arbeidslivet vil bli evaluert fortløpande, og at skulen fungerer som ei førebuing til yrkeslivet.

Dersom skuleresultata vert haldne hemmeleg, kan dette lett verta ei sovepute for skulane og skuleeigar. Viktig forbetringsarbeid kan gå tapt. Dersom resultata vert gjort offentleg, vil skulane verte nøydd til å betre undervisninga for å vinne elevane si gunst i eit system med fritt skuleval. Resultatet er at alle skulane må gjere ein ekstra innsats, noko som over tid vil komme elevane til gode. Vestland FrP går difor inn for at skuleresultata skal gjerast offentleg, og brukast aktivt i forbetringsarbeidet i den vidaregåande skulen.

FrP vil legge til rette for auka foreldre- og elevmedverknad i skulen. Lærarevaluering er viktig som grunnlag for forbetring i lærarstaben. Dette for å kunne setje inn målretta tiltak som gjev elevane eit best mogleg tilbod. Læraren er den viktigaste personen i læringsprosessen, og mindre gode lærarar kan øydelegge mykje for ein elev sin motivasjon og lærevilje.

Vestland FrP vil arbeide for at dyktige lærarar vert påskjøna, og at lærarar vert gjeve høve til personleg utvikling gjennom etter- og vidareutdanning. Dersom det vert dokumentert at einskildlærarar over tid ikkje meistrar lærarrolla, må desse kunne omskulerast/avskjedigast.

Vestland FrP vil:

• ha openheit om læringsresultat, evaluering og tilsynsrapport i den vidaregåande skulen.

• ha systematisk forbetringsarbeid i skulane.

• Satse på god rådgjeving for elevar med tanke på linjeval og fagkombinasjonar.

• Påskjøne dyktige lærarar, og gje lærarane høve til personleg utvikling gjennom etter- og vidareutdanning.

4.3 Vidaregåande opplæring

Fylkeskommunane har ansvar for den vidaregåande skulen. Vestland FrP vil arbeida for ein skule der valfridom, kunnskap og kvalitet står i fokus. Elevane skal kunne velje mellom alternative studieretningar og fagkombinasjonar slik at kvar enkelt får ein skulegang og ei utdanning som er tilpassa eigne evne og interesser.

Studiespesialisering skal fokusere på kjernefag som norsk, realfag, bruken av informasjonsteknologi og framandspråk. Vestland FrP vil og styrke arbeidet med entreprenørskap i den vidaregåande skulen, til dømes gjennom tilbod som Ungt Entreprenørskap.

Vestland FrP er og positiv til samarbeid med kommunane om 8-13 skular der dette er aktuelt. Samlokalisering av ungdomstrinnet og vidaregåande skule vil kunne gje rom for meir differensiert undervisning tilpassa utviklinga til den einskilde elev, og redusere spranget frå grunnskule til vidaregåande opplæring.

Vestland FrP meiner det må satsast betydeleg sterkare på yrkesfaglege studieretningar. Tilbodet må utviklast i nært samarbeid med næringslivet og partane i næringslivet. Næringslivet sine behov må vera førande for dimensjonering av utdanningstilbodet, og lærebedriftene må i større grad trekkjast inn i undervisninga. Vidare må både praksis- og teoriundervisning på yrkesfaglege studieretningar tilpassast den verda eleven møter i yrkeslivet. FrP vil framheve viktigheita av eit samarbeid mellom dei vidaregåande skulane og næringslivet. Dette samarbeidet er spesielt viktig for dei yrkesfaglege studieretningane, men òg i allmenne kurs bør næringslivet trekkjast inn som fagleg kompetanse. I samarbeid med næringslivet må moglegheitene innan yrkesfag verta offensivt marknadsført.

FrP meiner at omfanget av undervisning i teori på yrkesfag bør avgrensast og knytast betre til sjølve yrkesfaget. Vestland FrP går difor inn for ei forsøksordning der elevane på yrkesfag i nokre fag kan velja bort teoretisk undervisning i byte mot meir praktisk undervisning. Vestland FrP er positive til Teknisk Allmenne Fag (TAF), kor elevane får både praktisk opplæring og nødvendig studiekompetanse for å kunne ta høgare utdanning. Vestland FrP er og positiv til ulike tiltak som Vekslingsmodellen og Produksjonsskulen for å skape alternative skuletilbod som er tilpassa elevane.

Vestland FrP vil ha ei ordning med fleksibel studietid der elevane kan ta ei meir aktiv rolle i eigen læring. Dette vil bidra til å utvikle elevane si evne til å planlegge og strukturere arbeidet på ein sjølvstendig måte. Fleksibel studietid skal kunne trekkast frå totalfråværet ved slutten av skuleåret, så lenge den nasjonale fråværsgrensa ikkje vert overskriden.

Vestland FrP vil:

• Satse på sentrale fag på studiespesialiserande.

• Innføre fleksibel studietid i den vidaregåande skulen

• Fjerne den tvungne sidemålsundervisninga, og tilby faget som valfag.

• Innføre differensiering av opplæringa, slik at elevar får undervisning på sitt nivå.

• Føre vidare sommarskulen som fast ordning.

• Føre vidare elev- og lærlingombod i Vestland fylkeskommune.

• Stimulere til samarbeid mellom dei vidaregåande skulane, og samarbeid med høgskule/universitetsmiljøa i fylket.

• At det skal leggast til rette for tettare samarbeid mellom skule og næringsliv, særleg innanfor yrkesfag, der ein større del av opplæringsansvaret vert overført til næringslivet.

• Styrke og utvide lærlingordninga med auka tilskot, slik at verksemdene vert meir motivert til å tilby lærlingplassar.

• At fylkeskommunale vidaregåande skular skal tilby næringslivet oppdragsundervisning på like vilkår som private.

• Utveksle lærekrefter mellom vidaregåande skular i same geografiske område for å nytte gode lærekrefter på ein rasjonell måte.

4.3.1 Rådgjevingstenesta i den vidaregåande skulen

Det er behov for å auke kompetansen hos rådgjevarane. Dei som arbeider som rådgjevarar er viktige for elevane sitt vidare utdanningsval. For å kunne gje elevane betre moglegheit til å realisere eigne evner og sikre sine val for vidareutdanning er det viktig å kunne gje betre moglegheiter. Å styrke rådgjevingstenesta vil og fungere som eit førebyggjande arbeid mot mindre fråfall og forseinkingar i utdanningsløpet. Vestland FrP styrke rådgjevingstenesta på vidaregåande og grunnskulen i samarbeid med kommunane.

Vestland FrP vil legge til rette for ordningar som gjer rådgjevarane moglegheit til å kunne hospitere hos bedrifter og offentlege institusjonar. Det må bli lettare å overføre kompetanse frå næringslivet til rådgjevingstenesta. Vi ynskjer og at det skal bli auka bruk av lærlingar i offentlege prosjekt. Det er og viktig med eit godt samarbeid med næringslivet og andre utdanningsinstitusjonar.

Ei velfungerande OT teneste er viktig for å unngå fråfall og utanforskap i ung alder. Difor må ein sjå på oppfølgingstenesta (OT-tenesta) der fylket kjøper skuleplassar i andre fylke. Fylkeskommunen må etablere ein mekanisme som fungerer for eleven uavhengig kva fylke eleven går på skule i.

Vestland FrP vil:

• Styrke rådgjevingstenesta i vidaregåande skule for å forhindre fråfall og forseinkingar i utdanningsløpet

• Legge til rette for ordningar som gjer rådgjevarane moglegheit til å kunne hospitere hos bedrifter og offentlege institusjonar.

• Ei velfungerande OT-teneste

4.4 Psykisk Helse (i skulen)

I ei tid der vi endå lever med etterverknadane etter pandemien, er det viktig å sikre gode og førebyggjande tiltak for å sikre god psykisk helse. Det er svært viktig at ein sikrar både førebyggjande tiltak, men og at ein får den hjelpa ein treng når ein ber om det.

Skulehelsetenestene i kommunane er ei viktig førsteline når det kjem til det førebyggjande arbeidet for barn og unges psykiske helse. Difor vil Vestland FrP sikre eit godt samarbeid mellom kommunane og fylket for å sikre at det er fleire helsesjukepleiarar tilgjengeleg på dei vidaregåande skulane i fylket.

Fleire personar føler seg einsame, spesielt etter tida med pandemi. Tall syner at kvar fjerde nordmann føler seg einsam, kategorien der dette er sterkast er blant dei yngste i samfunnet. Vestland FrP vil difor arbeide for å styrkje dei førebyggande tiltaka, og dei hjelpemidla som nyttast for å minske einsemd blant unge, gjerne med hjelp av frivillige og lågterskel organisasjonar.

Eit stadig aukande samfunnsproblem er eteforstyrringar, noko vi må ta på alvor. Det er difor svært viktig at ein tar unge som slit på alvor, så vel som sikrar førebyggjande tiltak. Dette kan blant anna gjerast gjennom å styrkje ideelle og frivillige organisasjonar som arbeider med dette, eksempelvis Rådgivning om Spiseforstyrrelse (ROS) Vestland. Dei gjer eit viktig arbeid førebyggjande, og tilbyr gratis behandling for unge over heile fylket.

Vestland FrP vil:

• Sikre førebyggjande arbeid mot eteforstyrring blant unge, dette blant anna både med å styrke kunnskapsnivået hos Distriktspsykiatrisk senter (DPS) men og gjennom samarbeid med frivillige og lågterskel organisasjonar som ROS.

• Samarbeide med kommunane for å styrkje skulehelsetenesta i både vidaregåande og grunnskule.

• arbeide for å styrke dei førebyggjande tiltaka ,og dei hjelpemidla som brukast for å minske einsemd blant unge

4.5 Fagskular

Framstegspartiet meiner at fagskuleutdanning som byggjer på vidaregåande utdanning eller tilsvarande realkompetanse, og som gjev korte, yrkesretta utdanningar, er ein viktig del av det norske utdanningssystemet. Framstegspartiet meiner at fagskuleutdanninga bidreg til å styrka den yrkesretta utdanninga, både gjennom rekruttering av unge i utdanning til yrkesretta utdanningsval, og gjennom etterutdanning av vaksne. Fagskular som er offentleg godkjende, bør ha rett til offentleg tilskot, uavhengig av om dei er offentlege eller private.

Vestland FrP meiner at fagskulane som vert drivne av fylkeskommunen innanfor same fagområde, til dømes dei maritime fagskulane, skal verta drive under ein felles profil.

Vestland FrP vil:

• Inspirere og oppmode bedrifter, organisasjonar, fagrørsla og bransjar til å etablere fagskular.

• At fylkeskommunen sine fagskular skal marknadsførast offensivt i samarbeid med næringslivet.

• At fagskulane skal ha moderne og tenlege lokalitetar.

• Etablere nasjonalt senter for yrkesfag i Vestland.

4.6 Vaksenopplæring

Vestland fylkeskommune tilbyr òg vidaregåande opplæring for vaksne. Vaksenopplæringa kan føre fram til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse. Vestland FrP vil vidareutvikle dette tilbodet, og prioritere søkjarar med vaksenrett.

Vestland FrP vil:

• Utvikla vaksenopplæringssentra med eit desentralisert tilbod ute i kommunane etter behov.

4.7 Høgare utdanning og samarbeid med næringsliv

Det har dei siste åra vore ei stadig aukande grad av utflytting frå Vestlandet, spesielt mot austlandet. Dette er ei bølge av nyutdanna unge menneske som søker lykka austpå, fordi dei trur det er der framtidas arbeidsplassar fins. Vestland FrP vil vidareutvikle samarbeidet med høgskule- og universitetsmiljøa i Vestland, for eksempel Universitetet i Bergen, NHH og Høgskulen på Vestlandet. Det er viktig med eit tett og godt samarbeid med akademia for å sikre at best mogleg kunnskap og ressursar kjem fylket til gode.

For FrP har det lenge vore viktig med ei stadig aukande verdiskaping og kunnskapsutvikling i Vestland. For å få til dette er det viktig at fleire unge og nyutdanna finn seg arbeid og ein plass å bu i Vestland fylke. Det burde arbeidast for fleire moglegheiter til praksis og moglegheiter til å for eksempel kunne skrive masteroppgåve hos bedrifter. Dette for å kunne gje studentar ein smakebit på kva Vestland fylke har å tilby av verdiskaping og spennande moglegheiter, både i det offentlege og private

Skal vi forhindre den stadig aukande grada av «hjerneflukt» til austlandet, må vi syne kvifor det er verdt å bli igjen på Vestlandet.

Vestland FrP vil jobbe for:

• å hindre «hjerneflukta» og syne fram det varierte og gode næringslivet som finst på Vestlandet. Dette gjennom eit styrka samarbeid mellom Akademia og næringslivet.

• legge til rette for eit godt samarbeid mellom fylke, akademia og næringsliv

Les meir på: www.vestlandfrp.no

This article is from: