
4 minute read
Helse og omsorg 2023-27
7 TANNHELSE
For å sikre eit best mogleg og desentralisert tannhelsetilbod til innbyggjarane i Vestland vil me arbeide for at tannhelsa vert eit kommunalt ansvar. Så lenge tannhelse til enkelte grupper er eit fylkeskommunalt ansvar vil Vestland FrP arbeide for å sikre eit best mogleg tannhelsetilbod.
Det vil være fornuftig at fylkeskommunen samarbeider med privatpraktiserande tannlegar for å gje eit best mogleg tilbod til innbyggjarane. Dette kan blant anna gjerast gjennom å lyse tannhelsedistrikt ut på anbod.
Tannklinikkane må drivast effektiv, samstundes som ein sikrar gode fagmiljø og nærleik til tenesta. Klinikkane må likevel være store nok til at fordelinga mellom dei ulike yrkesgruppene i tannhelsetenesta vert utnytta optimalt og at ein har sterke fagmiljø og god utnyttingsgrad av klinikkar og utstyr.
Vestland Frp meiner at oppgåvefordeling mellom tannlegar og tannpleiarar skal vere slik at tenestene vert ytt på det fagleg BEST eigna omsorgsnivået, også kalla BEON prinsippet. Tannpleiarar bør ha førstelineansvar for prioriterte pasientgrupper. Auka opningstider gjev pasientane, særleg dei med lang reiseveg, større tilgjenge til tannklinikkane.
Vestland FrP vil:
• ha ein effektiv struktur som gjev gode tilbod og sterke fagmiljø
• at det skal finnast offentlege tannklinikkar innan akseptabel reisetid for brukarane
• utvide opningstider og auke kapasiteten på klinikkane
• sikre tilstrekkeleg informasjon til dei gruppene som har krav på å få dekka tannbehandling
• vurdere å utvide rettane til tannbehandling for pensjonistar med dårleg økonomi

8 HELSE OG OMSORG
Det er særs viktig å setje fokus på å utdanne nok helsearbeidarar i åra som kjem, til å møte dei aukande omsorgsbehova i samfunnet.
Vestland FrP vil arbeide for at fylkeskommunen bidreg til gode helse og omsorgstenester i heile Vestland, også utover dei konkrete helse og omsorgs oppgåvene fylkeskommunen har for tannhelse og folkehelse.
Det kan t.d. vere føremålstenleg å legge betre til rette for at elevar i den vidaregåande skulen innafor helsefaga får endå betre praksiserfaring ved utvida bruk av hospitering i opplæringa. Det vil t.d. vere nyttig både for elevar og kommunar om elevane får meir kjennskap til og kunne oppleve i praksis korleis dei kommunale omsorgstenesta fungerer.
Vestland FrP vil:
• Sikre nok skuleplassar innanfor helsefaga.
• Legge til rette for god kontakt mellom skular og kommunale omsorgstenester
• Jobbe for gode moglegheiter for praksis og læreplassar til elevane
• Sikre god folkehelse ved å støtte idrett, friluftsliv og frivillig sektor
Les meir: www.vestlandfrp.no
