14 minute read

Samferdsle og kommunikasjon 2023-27

- meir fridom

3 TRANSPORT OG KOMMUNIKASJON

God kommunikasjon og infrastruktur er eit prioritert område for Vestland FrP. Vi meiner at eit framtidsretta nærings- og arbeidsliv, med ein arbeidsstokk som bur og trivst i Vestland, er avhengig av at det er enkelt og trygt å ta seg fram både i og til fylket.

Transport og kommunikasjon er eit samspel mellom både stat, fylke, kommunar, private bedrifter og kvar enkelt innbyggjar. Fylkeskommunen har eit stort ansvar, då både fylkesvegar, kollektivtransport, breiband, rassikring og ei rekke andre forvaltningsoppgåver ligg til fylkeskommunen. I tillegg er fylkeskommunen ein viktig aktør i å påverke statlege myndigheiter sine avgjersler knytt til transport og kommunikasjon i Vestland.

3.1 Kollektivtransport

Vestland FrP vil understreke behovet for eit godt og saumlaust kollektivtilbod, og meiner difor at fylkeskommunen skal ha ansvar for å organisere kollektivtransport i heile fylket. Buss, båt og bane åleine kan ikkje gje eit fullverdig transporttilbod. FrP reknar og taxinæringa som ein del av kollektivtilbodet. På same måte må personbilen være ein del av det totale transportsystemet. Vestland FrP vil difor ikkje sette desse opp mot kvarandre, men arbeide for at det skal være eit reelt val mellom privat bilbruk og kollektivtransport.

Vestland FrP er svært kritisk til at Vestland fylke innfører eigne særskilte miljøkrav til drosjenæringa. Desse krava vil føre til eit redusert tilbod, spesielt i mindre sentrale strok av fylket. Vi ynskjer difor å fjerne krava som eit fleirtal på fylkestinget har vedteke, fram til teknologi og infrastruktur er god nok til å gje eit likeverdig drosjetilbod.

Vestland FrP er oppteken av at alle skal ha eit best mogleg kollektivt alternativ til sine reiser. Difor vil vi jobbe vidare med å harmonere billettprisane, og sikre at alle bussruter, bybane og båtruter kjem inn i takstsone-systemet, og vert likebehandla.

3.1.1 Organisering

Vestland FrP vil nytte Skyss til å organisere kollektivtransporten i heile Vestland fylke. Ein må likevel sikre at Skyss er organisert på ein mest mogleg effektiv og optimal måte for å handtere oppgåvene. Ressursane skal i størst mogleg grad nyttast til gode tilbod, og i minst mogleg grad til administrasjon. Skyss må også sikre kundeperspektivet i alle ledd i organisasjonen og ha god dialog med kundar og kommunar.

Vestland FrP vil:

• nytta Skyss for å organisere kollektivtransporten i Vestland

• ha ei mest mogleg effektiv og optimal drift av Skyss

3.1.2 Buss

Fylkeskommunen bruker store resursar på rutekjøp med bruk av bussar. Vestland FrP meiner at det er viktig med god ressursutnytting, der ein har universelle krav til bussmateriell i alle delar av landet, slik at materiellet kan nyttast effektivt, også etter at ein anbodsperiode er over. Rutene vil då kunne verte rimelegare å drifte. Ein må og sette opp ruter slik at dei vert fornuftige og brukarvenlege for publikum.

Det er ein vesentleg forskjell på busstilbodet i og rundt Bergen, og tilbodet i resten av fylket. I Bergensområdet kan og bør bussrutenettverket styrkast for å gje endå betre tilbod til innbyggjarane, slik at fleire kan nytte buss som transportmiddel. I andre delar av fylket vil hovudvekta av busstilbodet knytte seg til skuleskyss, kommersielle ekspressbussar og nokre lokale ruter og ringbussløysingar.

Vestland FrP vil prioritere buss som primær kollektivløysing i Bergensområdet, og vil utvide dagens tilbod. Gjennom anbod og konkurranse mellom fleire aktørar, der ein samstundes stiller krav om lågast mogleg utslepp, vil ein kunne oppnå eit godt effektivt og miljøvenleg kollektivtilbod i regionen.

Gjennom god dialog med kommunane og kundane, vil Vestland FrP at og busstilbodet i resten av fylket skal være best mogleg. Blant anna vil vi sjå på korleis korrespondansen mellom bussar og andre kollektivsystem som fly, hurtigbåtar, ferje og bane kan betrast. Samstundes vil Vestland FrP styrke regulariteten, spesielt på kveld og helger, samt støtte oppretting av ruter som gjev god samfunnsøkonomisk gevinst, blant anna ringbussløysingar og pendlarruter i og inn til regionssenter.

Vestland FrP vil:

- Opprette fleire direktebussar mellom Bergen sentrum og omegnskommunane.

- Opprette fleire parkeringsplassar for bilar ved bussterminalar.

3.1.3 Bybanen i Bergen

Vestland FrP vil prioritere dei driftsformene som gjev best kollektivtransport og miljøforbetring i forhold til kostnad. Bybanen i Bergen kan være eit godt tilbod for dei som bur eller er lokalisert nærast traseen, men kostnaden med investering og drift er langt høgare og tilbodet er totalt sett dårlegare enn med eit tilsvarande bussalternativ.

Vestland FrP vil fullføre allereie påbyrja prosjekt for Bybanen, men vil ikkje være med på å starte fleire. Områder som ikkje har bybane, som Åsane, løysast gjennom betre busstilbod. Eit velutvikla bussalternativ med høg frekvens, moderne materiell og eigne busstrasear vil gje eit langt betre tilbod til heile regionen.

Det er lite realistisk at bybanetrase til Åsane vert realisert. Om traseen likevel vert bygd, vil Vestland FrP ikkje godta at bybanen leggast over Bryggen i Bergen.

3.1.4 Hurtigbåtar

Fylkeskommunen lyser ut anbod på hurtigbåtruter i fylket. Vestland FrP meiner at desse gjev gode tilbod til folk i fylket, særleg langs kysten og på visse strekningar i fjordane. På kysten er næringsliv og skuleungdom avhengige av hurtigbåtar som transportmiddel, og hurtigbåtane på kysten fungerer også som tilkomst til flyplassar. Vestland FrP ønskjer å vidareføre ordninga med eit fylkeskommunalt minstetilbod med båt, der kommunane kan nytte opsjon på å auke tilbodet.

Vestland FrP er positiv til å få ned utsleppa frå hurtigbåtane. Samstundes er vi oppteken av at dette må gjerast på ein måte som ikkje svekker tilbodet og aukar prisane for dei som treng båten. Vi ynskjer difor ei løysing der utsleppskutt vert lagt inn som tildelingskriterier i anboda, heller enn at fylkeskommunen skal stille absolutte krav.

Vestland FrP vil jobbe for at alle hurtigbåtane vert lagt inn i takstsonesystemet for å sikre at dei som er avhengige av båttransport i kvardagen har dei same vilkåra som andre.

Vestland FrP vil:

• Vidareutvikle og satse på hurtigbåtruta Nordfjord – Bergen, samt betra korrespondanse mot Sunnhordlandruta.

• Behalde båtskysstilbod til stadar der det ikkje finst transportalternativ

• Planlegge for å forlenge ruta nordover mot Ålesund når Stad Skipstunell står klar

• Stimulere til utvikling av hurtigare og meir miljøvenlege båtar en i dag

3.1.5 Ferje

Fylkeskommunen har ansvar for anbod der det går ferjer på fykesvegstrekningar. Ved utlysing av anbod må ein prioritere krav til reduserte utslepp, tryggleik, kapasitet og driftstryggleik i kommande anbodsprosessar. Gammalt ferjemateriell skal erstattast av moderne nybygg. Vestland FrP er positiv til både gass-, hydrogen-, og elferjer der dette er økonomisk og drifts messig forsvarleg.

Vestland FrP meiner at ferjene er ein del av vegen, og prisen for å nytte ferje skal være lågast mogleg. Vi vil jobbe vidare for å redusere ferjetakstane, både gjennom nasjonale ordningar og reduksjonar, men og gjennom fylkeskommunen sine eigne prioriteringar.

3.1.6 Flyruter

Eit godt flyrutetilbod er ofte livsnerven for lokalt næringsliv si moglegheit til å skape lokale arbeidsplassar i heile fylket. Vestland FrP er positiv til at selskap finn det lønsamt å trafikkere dei regionale lufthamnene, og vil jobbe for å få eit endå betre kommersielt rutetilbod. Samstundes er Vestland FrP tydeleg på at ein må nytte offentleg rutekjøp for å sikre at lufthamnene har eit godt nok tilbod, med god frekvens og overkommelege prisar der ein ikkje finn grunnlag for å løyse dette med kommersiell drift.

Vestland FrP er og positiv til at lufthamnene i Vestland vert utvikla vidare i regi av Avinor, og vil vurdere moglegheita for å etablere ein eksportflyplass med vekt på fiskeeksport ved ei utviding av lufthamna i Florø.

3.2 Fylkesvegar

Fylkeskommunen har ansvar for investering, drift og vedlikehald av eit mange tusen kilometer stort fylkesvegnett. For mange er dette skuleveg, pendlarveg eller næringsveg. Vestland FrP er oppteken av at fylkeskommunen skal være ein god vegeigar, og sikre at Vestland er eit fylke det skal være trygt og enkelt å ferdast i og til.

3.2.1 Organisering

Vestland FrP er det viktig at arbeidet med fylkesvegane vert organisert på ein effektiv måte, samstundes som oppgåvene vert utført med god kvalitet og høg fagleg kompetanse på dei tilsette. Det er viktig at ein har god kapasitet til å planlegge og gjennomføre vegprosjekt, samstundes må ein vurdere effektiviseringar for å sikre at midlane kan brukast på meir vegbygging, og ikkje må nyttast på byråkrati.

3.2.2 Vedlikehald

Vedlikehald av vegane er vel så viktig som nyinvesteringar, og Vestland FrP vil prioritere drift og vedlikehald av fylkesvegnettet før investeringar i nye vegar. Det er likevel viktig at vedlikehaldet vert utført mest mogleg kostnadseffektivt.

Vestland FrP vil vidareføre dagens ordning med funksjonskontraktar med private aktørar for drift av fylkesvegnettet. Ein vil stille spesifikke krav til tilbydarane med tanke på utstyr og kvalitet.

Vestland FrP har ei målsetting om å ta tilbake noko av vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane, men etter at staten overførte store mengder øvrige riksvegar til fylkeskommunane i 2010, så har dette synt seg å være ei oppgåve som er langt større enn det som er mogleg å få til med det fylkeskommunale økonomiske handlingsrommet.

Vestland FrP vil difor jobbe for at i tillegg til at det kjem meir øyremerka løyvingar over

statsbudsjettet, så vil vi ha på plass eit statleg infrastrukturfond som skal nyttast til å ta att etterslepet på fylkesvegane.

3.2.3 Trafikktryggleik

For Vestland FrP er trafikktryggleik det aller viktigaste området på samferdslesektoren, og vi sluttar fullt opp om nullvisjonen som seier at vi skal ha null drepne og hardt skadde i trafikken.

Vegane våre skal være trygge for alle som nyttar vegen, både bilistane og dei mjuke trafikantane. Vestland FrP ynskjer eit tett samarbeid med Politi, Statens Vegvesen, Trygg Trafikk, samt andre organisasjonar og næringsliv, for å finne dei beste og mest effektive tiltaka for å nå målet om null hardt skadde og drepne i trafikken.

Både i drift- og vedlikehaldskontraktane og i planlegginga av nye veganlegg skal trafikktryggleik prioriterast. Vestland FrP vil prioritere investeringsprosjekt som betrar trafikktryggleiken, dette gjeld særskilt skulevegar.

3.2.4 Rassikring

Vestland FrP vil jobbe for å auke dei nasjonale rassikringsmidlane, slik at fleire rassikringsprosjekt kan realiserast i Vestland fylke. Prioritering av rassikringsprosjekt skal gjerast etter fagleg fastsette kriterier, men det er viktig å sikre politisk forankring av kriteria, slik at ein er sikker på at ein har felles forståing for korleis ein politisk ynskjer at midlane skal nyttast. Det må gjerast ei kost/nytte vurdering i kvart enkelt tilfelle, der ein vurderer andre alternativ om det ikkje skulle være mogleg å sikre ein rassutsett veg innanfor fornuftige økonomiske rammer.

For oss veg samferdsle tungt!

3.2.5 Investeringsprosjekt

Vestland har eit stort behov for investeringar på fylkesvegnettet. Vi sluttar opp om dei overordna føringane som er lagt ned i arbeidet med Regional Transportplan 2022-2033, men meiner at løyvingane er alt for låge. Vestland FrP vil auke løyvingane til fylkesvegnettet med 500 millionar pr år i valperioden, altså 2 milliardar meir til fylkesveginvesteringar i perioden 2023-2027.

Særskilt vil Vestland FrP prioritere fylkesvegprosjekt som sikrar større bu-, og arbeidsregionar, samt gode kommunikasjonar til region- og kommunesenterfunksjonar. I tillegg vil ein prioritere ferjeavløysingsprosjekt der ein kan nytte driftskostnaden til ferje for dei 45 neste åra til å bygge veg for.

I perioden 2019-2023 fekk Vestland FrP fleirtal for å utgreie og implementere prinsippet «meir veg for pengane». Dette er eit viktig prinsipp, som gjer at vi heile tida skal vurdere korleis vi kan realisere prosjekt billegare, meir effektivt og raskare. Vestland FrP vil ved planlegging og prosjektering av vegprosjekt legge vekt på å finne løysingar som gjev meir veg for pengane, samt søke finansieringssamarbeid med kommunar, næringsliv og utbyggjarar der dette er mogleg.

Vestland FrP vil og ha ei særskilt vurdering av prosjekt som har ein så stor nasjonal eller regional viktigheit at dei bør overførast til riksvegbudsjettet. Dette kan være viktige vegar for verdiskaping, samfunnstryggleik, regionalisering eller eksport som staten heilt eller delvis bør ta ansvaret for å realisere.

3.3 Riksvegar

Vestland får ein alt for liten del av dei totale samferdsleløyvingane utifrå folketal og eksportverdiane som vert skapt her. Vestland FrP vil jobbe for å kraftig auke desse løyvingane. Det er mange uløyste vegprosjekt som er viktige for Vestland, både på utbetring og nye vegar eller trasear.

E39 er livsnerven nord/sør på Vestlandet, og ei auka satsing på realisering av delprosjekta på

E39 er avgjerande for at landsdelen kan fortsette å skape verdiar for Norge. Ein ferdig ferjefri

E39 med gul stripe vil skape enorme verdiar til nasjonen i form av auka konkurransekraft, fleire arbeidsplassar, meir eksport og meir miljøvenlege løysingar. Dette er eit arbeid som vi må samarbeide med dei andre vestlandsfylka om.

Vestland FrP vil særleg peike på følgjande riksvegprosjekt som vi framleis vil jobbe for å realisere i uprioritert rekkefølge:

• E39 Ådland-Svegatjørn (Hordfast)

• E16 og Vossebanen (K5)

• RV52 over Hemsedal

• Diagonal mellom E134 og Bergensområdet

• RV5 Markegata

• E16 Hylland-Slæen

• E134 Seljestad-Røldal, deretter Bakka-Solheim

• RV5 Sogndalsdalen

• RV13 Vikafjellstunnelen

• E39 Ringveg Øst

• E39 Heiane-Ådland

• RV15 Strynefjellet

• Tverrsamband til E39 Hordfast (Fastlandssamband Austevoll og Sunnfast)

• E39 Storehaugen-Førde

• E39 Eikefet-Romarheim

• E39 Bogstunnelen-Gaular grense

• E39 Byrkjelo-Grodås

• Rv5 Erdal Naustdal

• Rv13 Vinje-Myrkdalen

• Rv13 Byrkjeneset

• E39 Skjersura

• E39 Våtedalen

• Strekningsvise midlar til Rv13 gjennom Hardanger, herunder vegen mellom Kinsarvik og Hardangerbrua.

• E39 Flatøy-Eikefettunnelen

Fleire fylkesvegar har stor verdi for næringslivet, nasjonal verdiskaping i form av eksportverdiar, og går gjennom regionar med stort vekstpotensiale. Staten må i mykje større grad bidra over statsbudsjettet til at desse vegane vert realisert. Fylkestinget vil konkret peike på Kystvegen Bergen – Ålesund, Askøy-Bergen og Tokagjelet, og at desse bør realiserast med statlege midlar.

3.4 Bompengar

Bompengar er ein tilleggsskatt for dei som er avhengige av bilen for å organisere kvardagen. Bompengane råkar usosialt, og tek ingen omsyn til inntekt eller betalingsevne. Lokalpolitikarar frå andre parti nyttar bompengar som ein erstatning for kostnadseffektive prosjekt, og nyttar bompengar for å velje dårlege og dyre løysingar, som igjen må betalast av bilistane.

Vestland FrP vil aktivt arbeide mot bompengar, vegprising, rushtidsavgift og byvekstavtalar, og vil arbeide for finne alternative løysingar, der bilistane ikkje skal betale ekstra for å bruke vegane. FrP kan berre godta at det vert kravd bompengar for ein ny veg der lokal folkeavrøysting gjev fleirtal for bompengeprosjektet eller at ein veg avløyser ferje eller anna framkomstmiddel der ein i dag må løyse billett.

3.5 Hamner og farleier

Vestland FrP vil bidra til å vidareutvikle hamnene i Vestland. For å oppnå målsettingar om å få meir gods over til sjøtransport og i tillegg sikre tryggleiken til sjøfarande, vil Vestland FrP arbeide for at det vert innførd ei farleinorm med dimensjon‐ og kvalitetskrav. Merking og vedlikehald av installasjonar langs vestlandskysten har høg prioritet.

Vestland FrP er ein pådrivar for ferdigstilling av Stad Skipstunnel. Dette er eit nasjonalt prosjekt som vil knytte saman kysten på ein heilt ny måte, og det er avgjerande for utviklinga langs kysten at dette prosjektet vert realisert.

Vestland FrP vil jobbe for gode fiskerihamner i samråd med kommunane og staten.

3.6 Digital infrastruktur

Vestland FrP er forkjempar for eit godt breibandsnett i heile fylket. Det er ei privat oppgåve å bygge ut slike nett, gjerne i samarbeid med kommune, stat og fylkeskommune. Vestland FrP vil bidra i samarbeid og finansieringar som sikrar betre digital infrastruktur til flest mogleg innbyggjarar og næringsliv i fylket.

Vestland FrP vil bidra til at ein kan ta i bruk nye teknologiar, som for eksempel 5G, til å bygge ut nett der det tidlegare ikkje har vore kommersielt drivbart, eller for dyrt for kommunar og lokalsamfunn å byggje ut. I tillegg vil ein jobbe for eit tettare samarbeid mellom utbyggjarar, slik at ein ikkje får unødig parallellkabling.

Les meir på www.vestlandfrp.no .

This article is from: