
7 minute read
KULTUR OG IDRETT - 2023-2027
5 KULTUR OG IDRETT
Vestland FrP ynskjer eit levande kulturliv basert på personleg engasjement og fritt for politisk styring. Kultur er eit vidt begrep som omfattar alt som kjenneteiknar nasjonen og folket. Den er resultatet av dei val og verdiar vi har samla oss om, åndeleg og materielt. En skal være trygg på og ha fridom til å drive med det uttrykket innan kultur en ønsker. Vestland FrP ser det som ei viktig oppgåve å verne om vår norske kulturarv.
5.1 Eit levande kulturliv
Framstegspartiet sin kulturpolitikk byggjer på prinsippet om toleranse og ytringsfridom. Det som er kultur for den eine, treng ikkje nødvendigvis være det for andre.
Mykje av trivselen for folk er knytt til opplevingar på det kulturelle området. Lag, foreiningar og enkeltpersonar gjer ein framifrå innsats for å tilby eit variert kulturtilbod. Vestland FrP vil oppmuntre til framleis frivillig innsats, og er positiv til eit tettare samarbeid mellom kultur og næringsliv.
Eit levande kulturliv i bygd og by har stor betydning med tanke på trivsel og livskvalitet. Kulturelle aktivitetar utviklar individuelle, kunstnariske og sosiale ferdigheiter. Dette er ein berikelse for fellesskapet, gjev samhald og auka trivsel. Kultur og idrett er også en viktig arena i integreringsarbeidet av flyktningar.
Biblioteka er viktige kulturinstitusjonar i lokalsamfunna, og der det er naturleg ynskjer Vestland FrP eit tettare samarbeid mellom kommunane og fylkeskommunen om drift og utvikling av bibliotektilbodet.
Der fylkeskommunen løyver pengar til kulturtiltak er det viktig at løyvingane kjem folk flest til gode, og at born og unge vert prioritert.
Reforma «Leve heile Livet» skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger og ha tryggleik for at dei skal få god hjelp når dei har behov for det. Det skal leggast til rette for eit rikt og aldersvenleg samfunn. Derfor vil Vestland FrP stimulere til eit rikt kulturliv som kommer alle generasjonar til gode, også dei eldre.
Vestland FrP vil:
• prioritere barne- og ungdomsarbeid.
• Stimulere til et rikt kulturliv for eldre
• stimulere til auka eigenfinansiering i dei etablerte kulturinstitusjonane.
• vurdere etableringsstøtte til nye kulturtiltak, festivalar o.l.
• prioritere støtte til kulturnæringar der det er samfunnsøkonomisk lønsamt, f.eks innan filmbransjen.
• stimulere til tettare samhandling mellom kultur og næringsliv.
• Stimulere til tett samarbeid mellom kultur, idrett og integrering.
5.2 Frivillige organisasjonar
Vestland FrP meiner prinsipielt at kulturen må være basert på frivilligheit og personleg engasjement. Vestland FrP ser likevel positivt på eit rikhaldig og mangfaldig organisasjonsliv, og vil bidra til ei rimeleg grad av støtte til lag, foreiningar og enkeltarrangement der det er naudsynt. Støtte til oppstart vil verte prioritert for å bidra til forutsigbarheit. Slik støtte bør være avhengig av ein betydeleg frivillig innsats, samt inntekter frå næringsliv og kommunar.
Vestland FrP vil:
• Gje støtte til frivillige organisasjonar basert på ein vesentleg del eigeninntekt og/eller eigeninnsats.
• Opne for gratis leige av fylkeskommunale bygg og anlegg til kultur og idrettsføremål.

5.3 Idrett og friluftsliv
Vestland FrP vil prioritere barne- og ungdomsidrett. Dette kan best skje gjennom et nært samarbeid med idrettsorganisasjonane, og at det ytast praktisk og økonomisk støtte til det betydelege arbeidet som desse organisasjonane gjer. Ved prioritering av fylkeskommunale tilskot og tippemidlar til anlegg skal breiddeidretten prioriterast.
Sikring og tilrettelegging av friluftsområde er eit prioritert tiltak for Vestland FrP. Friluftsliv passer for alle aldersgrupper på tvers av generasjonane, og gjev eit vesentleg bidrag til folkehelsa. Vestland FrP ynskjer å sikre flest mogleg tilgang til skog og mark med dei moglegheiter allemannsretten gjev for friluftsliv og fri ferdsel i utmark. Vestland FrP vil legge til rette for eit aktivt friluftsliv i samarbeid med friluftslivets eigne organisasjonar. Vestland fylke har og ei lang kystline som gjev store moglegheiter for friluftsliv og med plass til alle. Vestland FrP meiner at det offentlege gjennom Plan- og bygningsloven skal sei ja til grunneigarar sitt ynskje om bygging av hus og hytter på eigen eigedom, men at det og skal leggast til rette for offentlege friluftsområde. Eigedomsretten skal vege tungt. Det offentlege skal gjennom Plan og bygningslova seie ja til grunneigarar sitt ynskje om bygging av hus og hytter på eigen eigedom, men det skal leggast til rette for offentlege friluftsområde.
Vestland FrP vil spesielt prioritere at dei med nedsett funksjonsevne og skal ha eit fullverdig tilbod innan idrett og friluftsliv.
Vestland FrP vil:
• Prioritere barne og ungdomsidrett og aktivitetar for dei med nedsett funksjonsevne.
• Bidra til utbygging av idrettsanlegg og friluftsanlegg.
• Legge forholda til rette for å etablere anlegg for idrettsgreiner som ikkje har anlegg i dag.
• Der det er naturlig søke samarbeid med kommunane om felles bygg- og anlegg.
• Auke støtta til drift og vedlikehald av friluftsområde.
• I dei tilfelle det offentlege kjøper friluftsområde, skal det skje til marknadspris.
5.4 E-sport
Etter framlegg frå FrP, så har Vestland fylke vedteke Norges første regionale e-sport og dataspelstrategi. Denne strategien har blant anna ført til at Vestland no er fylket i landet med flest lokale dataspel- og e-sportlokaler. I tillegg har ein i samarbeid med ein rekke organisasjonar bygd opp det mest komplette kompetansemiljøet i Norge på utvikling og konsekvensar av dataspeling og e-sport.
Vestland FrP vil fortsette å jobbe for å sikre at alle barn og unge i Vestland skal ha tilgang på eit organisert e-sport tilbod i sitt nærmiljø, og samstundes jobbe for å vidareutvikle kompetansen som sikrar at barn og unge som driv med dataspeling får like gode tilhøve og moglegheitar som dei som driv med andre idrettar eller aktivitetar.
Vestland fylkeskommune bør samarbeide tett med det nyetablerte nasjonale ressurs- og kompetansesenteret for e-sport for å og utvikle fleire gode konsept som kan nyttast i vidaregåande utdanning, blant anna med eigne e-sportlinjer.
Vidare vil Vestlandet FrP støtte opp om arbeidet med å gjennomføre internasjonale esportarrangement i Vestland, og bidra til meir forsking og utvikling for å styrkje norske utøvarar og miljø til å hevde seg internasjonalt.
5.5 Kulturinstitusjonar
Kulturinstitusjonar som i dag sorterer under fylkeskommunen er i stor grad allereie organisert som sjølvstendige einingar/stiftingar. Framstegspartiet vil arbeide for at dei fylkeskommunalt eigde institusjonane vert sjølveigande, framoverlente, økonomisk fristilte einingar.
For Vestland FrP er det viktig at kulturinstitusjonane vert drivne på ein effektiv måte, som sikrar at mest mogleg ressursar vert nytta til kjerneoppgåvene. Difor ynskjer vi å utgreie ytterlegare administrative konsolideringar blant kulturinstitusjonane.
5.6 Kulturminnevern
Framstegspartiet ynskjer å verne om norsk kultur og kulturarv. Bevaring av eit representativt utval kulturminne er viktig for samfunnet. Den norske kulturarven representerer store verdiar, og er med å gje nasjonen og innbyggjarane sin identitet. Det skal samstundes ikkje være slik at alle objekt som kan omtalast som kulturminne skal ha like sterkt vern. Det skal ikkje være automatikk å verne alle samanliknbare objekt.
Fylkeskommunen har eit stort ansvar innan kulturminnevern. Vestland FrP vil utøve dette ansvaret med forsiktigheit og alltid i dialog med den aktuelle kommune og grunneigar.
Vestland FrP vil og arbeide for at kommunane får større påverknad på kulturminnevernet innanfor eigne grenser. Fylkeskommunen skal være forsiktig med å nytte sin innsigelsesrett i slike saker.
Vestland FrP vil:
• arbeide for at kommunane får større innflytelse på kulturminnevernet i eigen kommune.
• arbeide for at staten tek det økonomiske ansvaret for arkeologiske utgravingar
• arbeide for auka statlege tilskot til kulturminnevern, spesielt der private sitt med eigarskap og ansvar for viktige kulturminne
• styrke arbeidet med fartøyvern for å bevare viktig kystkultur
• støtte Bergen nasjonale veteranbåthamn i samarbeid med Bergen kommune
5.7 Digitalisering
Det er i dag eit krav at ein er til stades og har kunnskap på digitale flater Ein ser at digitalisering av samfunnet går fort og at ikkje alle er med på denne reisa. Derfor vil det være viktig å ha fokus på opplæring av de som fell utanfor
Opplæring av unge skjer i skulen og det er viktig å sikre at alle får god kunnskap for å unngå utanforskap. Godt vaksne må finne kunnskapen sjølv, og her skapast det utanforskap for dei som ikkje klarer å følge utviklinga. Vestland FrP ynskjer å bidra til at alle generasjonar skal være trygge på digitale verktøy.
Vestland FrP vil:
• Stimulere til opplæring på digitale verktøy til eldre i samarbeid med kommunane.
Les meir: www.vestlandfrp.no
